1 Hovudinnhald i proposisjonen
1.1 Innleiing
Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/55/EF om felles reglar for ein indre marknad for naturgass (gassmarknadsdirektiv II) vart vedteke i Rådet 26. juni 2003. Direktivet erstattar direktiv 98/30/EF av 22. juni 1998 (gassmarknadsdirektiv I). Fristen for å gjennomføre gassmarknadsdirektiv II i den nasjonale lovgivinga i medlemsstatane i EU var 1. juli 2004.
Den 2. desember 2005 vedtok EØS- komiteen å innlemme gassmarknadsdirektiv II i EØS-avtala vedlegg IV Energi. Etter EØS-komiteen sitt vedtak er det ein frist på seks månader for EFTA-partane til å gje melding om at interne godkjenningsprosedyrar er fullført. For Noreg inneber dette at Stortinget må samtykkje etter Grunnlova § 26 andre ledd og til endring av relevante lover og forskrifter.
Stortinget er invitert til å samtykkje til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2003/54/EF om felles regler for det indre marked for elektrisitet, direktiv 2003/55/EF om felles regler for det indre marked for gass, forordning (EF) 1228/2003 om betingelsene for adgang til nettet ved grenseoverskridende handel med elektrisitet og kommisjonsvedtak 2003/796/EF om etablering av en europeisk regulatorgruppe for elektrisitet og gass («energimarkedspakken»). St.prp. nr. 52 (2005 -2006) vart fremma for Stortinget 7. april 2006.
1.2 Generelt om innhaldet i gassmarknadsdirektiv II
Gassmarknadsdirektiv I (98/30/EF) var det første steget for å utvikle rammer for ein effektiv og fungerande gassmarknad i EU/EØS. Gassmarknadsdirektiv II er basert på at EU meiner det er eit potensial for betring på enkelte område for å fremje ein velfungerande indre marknad for naturgass. Gassmarknadsdirektiv II justerer gassmarknadsdirektiv I på fleire punkt. Særleg var det ønskjeleg å harmonisere reglane meir om tariffar og vilkår for tredjepartstilgang til overførings- og distribusjonsnetta. Vidare var det viktig å innføre nye reglar om å skilje verksemd knytt til overføring og distribusjon frå verksemd som kan vere utsett for konkurranse.
Gassmarknadsdirektiv II er utforma for å regulere ein moden marknad med etablert infrastruktur. Direktivet balanserer òg omsyna til ein marknad under oppbygging og marknader som er meir utvikla. Innafor ramma av direktivet er det mogeleg å ta omsyn til spesielle høve i dei landa der gassmarknadene er lite utvikla. Gjennomføring av gassmarknadsdirektiv II i Noreg vil difor ta omsyn til at den norske nedstraumsgassmarknaden er å rekne som ein marknad under oppbygging i tråd med direktivet artikkel 28 (2). Status som marknad under oppbygging inneber at Noreg innafor direktivet sine rammer kan bruke inntil 10 år frå 2004 – tida fram til 2014 – for gjennomføring av fleire av reglane i direktivet. I EØS-komitévedtaket av 2. desember 2005 er det slått fast at Noreg er ein gassmarknad under oppbygging. Dette gir mellom anna høve for unntak frå reglane om tredjepartstilgang, reglane om utpeiking av operatør for overføring og distribusjon av naturgass og om krav til selskapsmessig og funksjonelt skilje av operatørar for overførings- og distribusjonsnett for naturgass.
Hovudendringane i gassmarknadsdirektiv II i høve til gassmarknadsdirektiv I (98/30/EF) er:
Reglar om offentlege tenesteplikter («public service obligations») og forbrukarvern er styrka for å gi betre høve til å ivareta allmenne økonomiske interesser (artikkel 3).
Reglar om forsyningstryggleik er i hovudsak innarbeida i direktivet artikkel 5.
Det vert innført minimumskrav til «unbundling» av vertikalt integrerte gasselskap. Direktivet stiller ikkje opp krav til eigarmessig skilje (artikkel 9 og artikkel 13).
Når det gjeld tredjepartstilgang til systemet skal kundar ha rett til tilgang på grunnlag av på førehand kjende tariffar og vilkår (regulert tredjepartstilgang) (artikkel 18).
Det kan gjerast unntak frå reglane om tredjepartstilgang for ny infrastruktur, samt utvida unntak for område der gass ikkje tidligare har vore introdusert (artikkel 22 og artikkel 28).
Tempoet for marknadsopning er justert sidan marknaden for ikkje-hushaldningskundar skal opnast fullt ut allereie frå 1. juli 2004 og marknaden for hushaldningskundar skal opnast frå 1. juli 2007 (artikkel 23).
Nytt i direktivet er reglar for regulatorfunksjonane som seier at desse skal vere uavhengige av dei økonomiske interessene i sektoren. Regulatoroppgåvene er godt definerte, og inneheld mellom anna tvisteløysningsfunksjonen (artikkel 25).
1.3 Endringar i andre lover
Etter oppmoding frå Utanriksdepartementet vert det i denne proposisjonen òg fremja einskilde mindre endringar i lover som ikkje har samanheng med gjennomføringa av gassmarknadsdirektiv II.
I samband med førebuinga av framlegging for Kommisjonen for kontinentalsokkelen si yttergrense, synes det å vere høve for at Noreg har sokkel utanfor 200 nautiske mil som strekker seg over ei tenkt midtlinje med omsyn til annan stat, utan at denne staten for sin del kan gjere krav på denne delen av sokkelen. Det kan elles vere andre situasjonar der partane gjennom forhandlingar blir samde om løysingar for område utanfor 200 mil, som kan avvike frå ei midtlinje rekna ut frå partane sine kystar ved at også andre moment vert tillagt relevans i samsvar med folkeretten.
Innafor 200 nautiske mil kan det i samband med drøftingar knytt til avgrensing mot annan stat ved visse høve av praktiske grunnar vere trong for å la ei avgrensingslinje for både sokkel og sone gå ut over midtlinja gjennom avtale med framand stat.
Desse endringane gjeld følgjande lover:
lov av 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskaplig utforsking og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (sokkelloven)
lov av 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone
lov av 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet.