2 Bakgrunn
2.1 Høyringa av framlegget om endringar i naturgasslova og petroleumslova som følgje av gassmarknadsdirektiv II
Olje- og energidepartementet sendte framlegg om endringar i naturgasslova og petroleumslova som følgje av gassmarknadsdirektiv II på høyring den 23.2.2005 (høyringsutkastet). Høyringsutkastet vart sendt til følgjande institusjonar og organisasjonar:
Alle departement
Alle fylkesmenn
Sametinget
Alle fylkeskommunar
Aker Energy AS
Amerada Hess Norge AS
BP Norge AS
Det Norske Oljeselskap AS
DONG Norge AS
Enterprise Oil Norge AS
Esso Exploration and Production Norway AS
Fortum Petroleum AS
Gaz de France Norge AS
Idemitsu Petroleum Norge AS
Kerr Mc-Gee North Sea
Marathon Petroleum Norge AS
Mobil Development Norway AS
Norsk Agip AS
Norsk Chevron AS
Norsk Hydro Produksjon AS
Norske AEDC AS
Norske Conoco AS
Norske Moeco AS
AS Norske Shell
Paladin Resources Norge AS
Pertra AS
Petoro AS
Phillips Petroleum Norsk AS
RWE Dea Norge AS
Statoil ASA
Svenska Petroleum Exploration AS
TotalFinaElf Exploration Norge AS
AS Uglands Rederi
Gassco AS
Statnett SF
Lyse Gass AS
Gasnor ASA
Naturgass Trøndelag AS
Naturgass Grenland AS
Naturgass Østfold AS
Naturgass Møre AS
GassTrans AS
Energibedriftenes Landsforening (EBL)
Den Norske Advokatforening
Oljeindustriens Landsforening
NHO
Norges Rederiforbund
TBL
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Norges Fiskarlag
Havforskningsinstituttet
Norsk gassforum
Gassnova
Norsk Gassenter
Norsk Naturgassforening
Norsk Petroleumsinstitutt
Midt-Norsk Oljeråd
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norskog
Norsk Skogeierforbund
Norsk Fjernvarmeforening
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norske Boligbyggelags Landsforbund AL
Prosess- og foredlingsindustriens Landsforening
Norsk Bioenergiforening
SINTEF Energiforskning AS
Institutt for energiteknikk
NOPEF
Kommunenes Sentralforbund
OFS
YS-Forbundet NOFU – Norges Funksjonærforbund
ZERO
Greenpeace Norge
Miljøstiftelsen Bellona
Natur og Ungdom
Norges Naturvernforbund
Norges Miljøvernforbund
Oljedirektoratet
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Enova SF
Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB)
Regjeringsadvokatembetet
Universitetet i Oslo/ Senter for Europarett
Universitetet i Oslo/ Nordisk Institutt for Sjørett, avdeling for Petroleumsrett
Det er i alt kome inn 31 fråsegner til høyringsutkastet. Av dei mottekne høyringsfråsegnene er 5 realitetsfråsegner; Norsk Naturgassforening, EBL, NVE, Advokatforeningen og DSB. Norsk Naturgassforening si høyringsfråsegn får støtte frå Norsk Gassforum og Rogaland fylkeskommune.
2.1.1 Hovudinntrykk frå høyringa
Høyringsinstansane sine merknader som er knytt til konkrete punkt i lovframlegget, vil bli handsama under dei respektive avsnitta i proposisjonen.
Hovudinntrykket frå høyringa er at det er brei semje om at Noreg i høve til nedstraums gassektor er å rekne som ein marknad under oppbygging. Den norske innlandsmarknaden for naturgass er i dag lite utvikla, men det er stor interesse for auka bruk av naturgass til energiformål i nær framtid. Det er difor no viktig at det vert lagt til rette for etablering av ein nedstraums gassektor i Noreg. Det er vidare brei semje blant høyringsinstansane om at det vil vere viktig med særskilde regionale unntak på 20 år etter perioden som marknad under oppbygging.
2.2 Endringsframlegget i andre lover
Endringsframlegget knytt til punkt 1.3 har ikkje vore på ordinær høyring. Olje- og energiministeren har i samråd med Utanriksministeren i medhald av Utredningsinstruksen vedteke at ordinær høyring ikkje skal gjennomførast fordi «særlige omstendigheter gjør det nødvendig», jf. instruksen punkt 1.3. Det er i denne vurderinga lagt vekt på at dei føreslåtte endringane neppe er særleg kontroversielle, samt at særs få organisasjonar vil ha interesse av å uttale seg. Endringane har vore lagt fram for departementa.
2.3 Utkast til lovproposisjon
Utkastet til lovproposisjon har vore førelagt departementa.
Proposisjonsutkastet har vore til lovteknisk gjennomgang.