1 Innleiing
Barne- og familiedepartementet gjer framlegg om endringar i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre (kontantstøtteloven).
Framlegget er ei følgje av avgjerda om å eksportere kontantstøtte til EØS-området.
Departementet gjer framlegg om ein ny lovregel i kontantstøttelova som vil gjere at føresegnene i trygdedelen i EØS-avtalen blir gjeldande for personar som arbeider på den norske kontinentalsokkelen, slik at dei får rett til kontantstøtte i same utstrekning som personar som arbeider på land.
Vidare gjer departementet framlegg om ei endring av ordlyden i nokre av føresegnene i lova. Dette er tekniske endringar som følgjer av at kontantstøtta no blir utbetalt til personar i fleire land enn Noreg.