5 Merknader til dei aktuelle lovreglane
Til § 2 første ledd
Departementet føreslår å endre ordlyden i føresegna for å unngå eventuelle mistydingar ettersom kontantstøtta no blir utbetalt til heile EØS-området. «Statlig» driftstilskot blir føreslått endra til «offentlig» driftstilskot, sjå nærmare omtale under punkt 3.2. Endringa inneber ingen realitetsendringar.
Til ny § 3 a
Ein føreslår ein ny lovregel som omhandlar arbeidstakarar på den norske kontinentalsokkelen. Lovregelen svarer til føresegnene i barnetrygdlova § 6 og folketrygdlova § 2-4. Siktemålet er å gi rett til kontantstøtte for born som er busette i utlandet, i same utstrekning og med den same personkrinsen som etter EØS-avtalen.
Føresegna gjer at forordning 1408/71 blir gjord gjeldande for arbeidstakarar o.a. på den norske kontinentalsokkelen på same vis som ho gjeld for personar som arbeider på land.
Til § 7 andre og tredje ledd
Ein føreslår at kontantstøttelova § 7 blir endra tilsvarande endringane i § 2. Heller ikkje desse endringane inneber realitetsendringar når det gjeld retten til kontantstøtte.