4 Reiarlagskatteordninga
4.1 Innleiing
Ved lov 14. desember 2007 nr. 107 vart det vedteke endringar i den særskilte skatteordninga for reiarlagselskap, som mellom anna går ut på endeleg fritak for skatt på nye inntekter frå skipsfartsverksemd, med verknad frå og med inntektsåret 2007. Ein viser til Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) og Innst. O. nr. 1 (2007-2008). Skattefritaket gjeld i utgangspunktet kjerneverksemd i form av drift og utleige av eigne og innleidde skip, jf. skattelova § 8-13. Departementet kan fastsetje i forskrift at selskap innafor ordninga kan drive verksemd i form av strategisk og kommersiell leiing og anna tilknytt verksemd.
I samband med omlegginga av reiarlagskatteordninga vart det vedteke overgangsreglar, som går ut på ei gradvis oppløysing av skattekredittane i den tidlegare ordninga per 31. desember 2006. To tredjedelar av utrekna, ikkje skattlagt gevinst skal førast på ein oppgjerskonto som skal tas til inntekt over 10 år, mens ein tredjedel av gevinsten berre skal skattleggjast i den grad eit tenkt skattebeløp knytt til denne ikkje blir brukt til kvalifiserande miljøtiltak.
Ved omlegginga blei det også gitt nye reglar for innstegskattlegginga, det vil seie skattlegginga når eit reiarlagselskap trer inn i reiarlagskatteordninga. Etter dei nye reglane skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer, der differansen mellom marknadsverdiar og skatteverdiar i hovudregelen skal skattleggjast, jf. skattelova § 8-14 tredje ledd. For selskap som trer inn i ordninga i 2007 eller 2008 er det vedteke ein overgangsregel, som går ut på at verdsetjinga av driftsmidlar, partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap skal baserast på verdiane i rekneskapen, jf. åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17 ved lov 14. desember 2007 nr. 107. Departementet føreslår at tidsperioden for overgangsregelen gjerast lengre, slik at selskap som trer inn i ordninga 1. januar 2009 skal basere verdsetjinga på verdiane i rekneskapen.
Vidare føreslår departementet eit tillegg til reglane om inntektsoppgjer når selskap trer inn i ordninga, jf. skattelova § 8-14. Siktemålet er å hindre omgåing ved sal av part i deltakarlikna selskap eller NOKUS-aksje som er omfatta av fritaksmetoden til eit nærståande selskap, som så trer inn i ordninga eller sel parten eller NOKUS-aksjen vidare til eit anna nærståande selskap innafor ordninga. Endringa går ut på at skatteverdien ved innstegskatteoppgjeret setjast til seljaren sin skatteverdi, korrigert for mellom anna inntekter skattlagt på deltakaren si hand. Er parten eller NOKUS-aksjen selt i fleire ledd mellom nærståande selskap, skal skatteverdien korrigerast for endringar i overpris eller underpris ved desse sala.
Departementet føreslår også ei oppretting av ordlyden i skattelova § 8-14 fjerde ledd, for å presisere at regelen skal gjelde ved alle typer realisasjon, og ikkje berre sal. I tillegg føreslås ei endring av skattelova § 8-14 femte ledd, slik at det skal gjennomførast eit inntektsoppgjer ved skattefri konsernintern overføring av alle slag eigedelar til selskap innafor reiarlagskatteordninga. I dag gjeld denne regelen berre for fartøy. Departementet gjer vidare framlegg om ei presisering av femte ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17 ved lov 14. desember 2007 nr. 107 slik at ein ved fastsetjing av den utrekna eigenkapitaldelen i regimet for korreksjonsskatt etter skattelova § 10-5 andre ledd tredje punktum, jf. fjerde punktum, skal gjere frådrag berre for den skatteskyldnaden som er ført i rekneskapen, og ikkje for den fulle, utrekna skatteskyldnaden basert på skattesatsen for allminneleg inntekt. I tillegg føreslår departementet enkelte opprettingar i treårsregelen i åttande ledd i overgangsreglane, blant anna slik at den berre skal gjelde partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap som ikkje er omfatta av fritaksmetoden.
4.2 Forlenging av tidsperioden for overgangsreglane til endringane i reiarlagskatteordninga (overgangsreglar til endringar i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17 ved lov 14. desember 2007 nr. 107)
4.2.1 Gjeldande rett
Når eit reiarlagselskap trer inn i reiarlagskatteordninga skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer, der differansen mellom marknadsverdiar og skatteverdiar i hovudregelen skal skattleggjast, jf. skattelova § 8-14 tredje ledd. I tilfelle gevinst skal denne førast på gevinst- og tapskontoen til selskapet, som det skal svarast skatt av med minst 20 prosent av resterande saldo per år. Departementet viser til Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) side 19 til 22 for ei nærmare utgreiing om gjennomføringa av inntektsoppgjeret når eit reiarlagselskap trer inn i ordninga.
For selskap som ikkje er likna etter den særskilde reiarlagskatteordninga for inntektsåret 2006, og som trer inn i ordninga i 2007 eller 2008 er det vedteke ein overgangsregel, som går ut på at verdsetjinga av driftsmidlar, partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap skal baserast på verdiane i rekneskapen, jf. åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17 ved lov 14. desember 2007 nr. 107. Regelen gjeld ikkje for selskap som blei likna etter reiarlagskatteordninga for inntektsåret 2006, og som seinare har stige ut av ordninga.
Selskap som blir likna etter den særskilde skatteordninga må oppfylle nærmare vilkår, mellom anna krav til eigedelar og verksemd, jf. skattelova §§ 8-11 og 8-13. Alle vilkåra må i utgangspunktet vere oppfylt gjennom heile inntektsåret, jf. skattelova § 8-14 første ledd. Det vil seie at selskap må kvalifisere for og tre inn i ordninga frå og med 1. januar i inntektsåret. Nystifta selskap kan likevel tre inn i ordninga frå og med stiftelsestidspunktet, sjølv om selskapet er stifta i løpet av eit inntektsår.
Selskap som vil tre inn i ordninga etter fisjon der det overtakande selskapet fører vidare skatteverdiane, ervervstidspunkta og andre skatteposisjonar for det overførte (skattekontinuitet), kan ikkje tre inn i ordninga før 1. januar i inntektsåret etter at slik fisjon er gjennomført, jf. skattelova § 8-14 andre ledd. Eit selskap kan derfor ikkje fisjonere ut skipsfartsverksemda med skattekontinuitet til eit nystifta selskap som trer inn i ordninga frå fisjonstidspunktet. Selskapet kan tidlegast tre inn i ordninga frå og med det påfølgjande inntektsåret.
4.2.2 Vurderingar og forslag frå departementet
Alle vilkåra for å vere innafor reiarlagskatteordninga må vere oppfylt gjennom heile inntektsåret. For å komme inn under overgangsreglane om verdsetjing av eigedelar til verdiane i rekneskapen måtte selskapa såleis i utgangspunktet gjennomføre alle naudsynte omorganiseringar for å kvalifisere for ordninga innan 1. januar 2008. For mange selskap vart denne fristen for kort.
Selskapa har etter gjeldande reglar heller ikkje hatt moglegheit til å fisjonere ut skipsfartsverksemda til eit nystifta selskap som kan tre inn i ordninga i løpet av 2008. Det var også vanskeleg for mange selskap å gjennomføre ein fisjon før 1. januar 2008, mellom anna på grunn av at ein fisjon tidlegast trer i kraft etter utløpet av ein to månaders kreditorfrist, og etter at melding frå alle overtakande selskap er registrert i Foretaksregisteret, sjå aksjelova § 14-7, jf. § 13-14 og allmennaksjelova § 14-7, jf. § 13-15. Dersom fisjonen tok til å gjelde 1. januar 2008 eller seinare, er det ikkje høve for selskapet til å krevje seg likna innafor ordninga for 2008.
Siktemålet med overgangsregelen var likebehandling med selskap som trer inn i ordninga frå den tidlegare reiarlagskatteordninga, som skal basere verdsetjinga ved oppgjeret for oppbygde skattekredittar i den tidlegare ordninga på verdiane i rekneskapen.
På bakgrunn av dette meiner departementet at overgangsreglane bør endrast, slik at selskap som i løpet av 2008 har gjennomført naudsynte omorganiseringar skal basere verdsetjinga ved innstegskattlegginga på verdiane i rekneskapen.
Dette kan gjennomførast ved å endre forbodet mot å tre inn i ordninga i same år som det gjennomførast fisjon med skattekontinuitet. Eit selskap kan såleis fisjonere ut skipsfartsverksemda til eit nystifta selskap som trer inn i ordninga frå og med fisjonstidspunktet.
Forbodet mot å tre inn i ordninga i same år som det gjennomførast fisjon med skattekontinuitet har grunnlag i at selskapa i stor utstrekning kan ha innverknad på fordelinga av inntekter og skatteposisjonar før fisjonen, jf. Ot.prp. nr. 11 (1996-1997) side 48. Til dømes kan overskott opptent før fisjonen skattleggjast fullt ut i det overdragande selskapet, dersom dette ikkje oppløysast ved fisjonen. Alternativt kan overskott fordelast i same forhold som aksjekapitalen, eller slik at overskottet blir tilnærma riktig sett i forhold til resultata for verksemdene til dei fisjonerte selskapa. Tilsvarande gjeld for underskott. Vidare kan gevinst- og tapskontoen fordelast i høve til aksjekapitalen eller tilordnast det selskap som driv den verksemda som posisjonen har nærmast tilknyting til.
Dersom ikkje alle dei fisjonerte selskapa vil bli likna innafor reiarlagskatteordninga, kan dette gi incentiv til å fordele overskott og andre skatteposisjonar på ein gunstigast mogeleg måte. Til dømes kan ein fordeling av overskott opptent før fisjonen etter same forhold som aksjekapitalen, føre til at også inntekter frå verksemd som ikkje kan drivast innafor ordninga blir friteke for skattlegging. For å hindre slike tilpassingar måtte ein vedta reglar som fastsett korleis opptent overskott og andre skatteposisjonar skal fordelast mellom dei fisjonerte selskapa. Dette vil i stor grad komplisere både regelverket og likningsbehandlinga.
Eit betre alternativ er å forlenge tidsperioden for dei allereie eksisterande overgangsreglane slik at dei også skal gjelde for selskap som trer inn i ordninga 1. januar 2009. Selskap som ønskjer å tre inn i ordninga kan såleis gjennomføre naudsynte omorganiseringar i løpet av 2008, og tre inn i ordninga frå og med 1. januar 2009. Ein slik regel vil ikkje gi skattefritak for inntekter frå skipsfart opptent før selskapet trer inn i ordninga 1. januar 2009. På den andre sida vil regelen vere enkel å praktisere for skatteetaten og selskapa, og selskap som ønskjer å tre inn i ordninga vil få verdsetjinga av eigedelar basert på verdiane i rekneskapen.
Departementet gjer såleis framlegg om å endre overgangsreglane til endringane i reiarlagskatteordninga, slik at selskap som trer inn i ordninga med verknad frå og med 1. januar 2009 ved inntektsoppgjeret skal basere verdsetjinga av driftsmidlar, partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap på verdiane i rekneskapen. Regelen skal ikkje gjelde for selskap som trer inn seinare enn 1. januar 2009.
Departementet viser til forslag til endring av åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.
Departementet føreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2007.
4.3 Omgåing av reglane om inntektsoppgjer
4.3.1 Gjeldande rett
Når eit selskap trer inn i reiarlagskatteordninga skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer, der differansen mellom marknadsverdiar og skatteverdiar skal skattleggjast, jf. skattelova § 8-14 tredje ledd. Departementet viser til Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) side 19 til 22 for ei nærmare utgreiing om gjennomføringa av inntektsoppgjeret når eit selskap trer inn i ordninga.
Ein kan tenkje seg at selskapa vil prøve å omgå reglane om inntektsoppgjer, ved å selje partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap til eit nærståande selskap innafor ordninga, framfor å tre inn i ordninga. Gevinst ved salet skal ikkje skattleggjast dersom den er omfatta av fritaksmetoden, jf. skattelova § 2-38. For å hindre slike tilpassingar er det gitt reglar som går ut på at det skal gjennomførast eit inntektsoppgjer ved sal av partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap som er omfatta av fritaksmetoden til eit reiarlagskatta selskap, frå eit selskap som skattleggjast ordinært med direkte eller indirekte eigarinteresse i det reiarlagskatta selskapet, jf. skattelova § 8-14 fjerde ledd. Det gjeld inga minstegrense for eigarinteressa. Den skattepliktige gevinsten skal reknast ut som differansen mellom skatteverdien og marknadsverdien på parten eller aksjen på tidspunktet salet vart gjennomført. Gevinsten skal førast på gevinst- og tapskontoen i det kjøpande selskapet.
Etter skattelova § 8-14 femte ledd skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer også ved enkelte konserninterne overføringar, jf. avsnitt 4.4 nedanfor.
4.3.2 Vurderingar og forslag frå departementet
Selskap kan omgå reglane om inntektsoppgjer etter skattelova § 8-14 tredje, fjerde og femte ledd, ved å selje partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap til eit nærståande selskap som er ordinært likna, før partane eller aksjane blir teke inn i ordninga ved at det kjøpande selskapet trer inn i ordninga. Dersom realisasjonen er omfatta av fritaksmetoden, vil ein eventuell gevinst ved salet vere fritatt for skattlegging. Partane og aksjane vil få ny skatteverdi på kjøparens hand, som skal fastsetjast til kjøpsprisen.
Når det kjøpande selskapet trer inn i ordninga skal differansen mellom skatteverdien og marknadsverdien på parten eller aksjen skattleggjast, jf. skattelova § 8-14 tredje ledd. Differansen vil som oftast vere liten dersom selskapet trer inn i ordninga kort tid etter salet. Dette har årsak i at skatteverdien på parten eller aksjen vert sett til kjøpsprisen ved det tidlegare salet. Det er berre ein eventuell verdiauke etter salet som vil bli skattlagt ved inntektsoppgjeret, mens all verdiauke før salet vil bli endeleg skattefri.
Det skal også gjennomførast eit inntektsoppgjer dersom det kjøpande selskapet sel eller overfører parten eller aksjane vidare til eit nærståande selskap innafor ordninga, jf. skattelova § 8-14 fjerde og femte ledd. Differansen mellom marknadsverdien og skatteverdien vil også i slike tilfelle normalt vere liten, som ein følgje av det tidlegare salet.
For å hindre at selskap omgår reglane om inntektsoppgjer som nemnt, føreslår departementet at inngangsverdien til partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap som før innsteg eller realisasjon er overført frå eit nærståande selskap, skal settast til skatteverdien for det nærståande selskapet. Tilsvarande gjeld når denne overføringa skjer frå selskap som det nærståande selskapet har direkte eller indirekte eigarinteresser i. Dette gjeld likevel berre når ein eventuell gevinst ved denne overføringa er omfatta av fritaksmetoden, jf. skattelova § 2-38.
Regelen går ut på at ein ser bort frå at parten har fått ny skatteverdi på mottakaren sin hand ved overføringa. Selskap vil berre omgå reglane om inntektsoppgjer dersom til dømes salet fører til ein høgare skatteverdi for kjøparen enn for seljaren, og såleis reduserer ein eventuell gevinst ved inntektsoppgjeret. Det er derfor ikkje naudsynt å bruke skatteverdien for det nærståande selskapet, dersom overføringa fører til ein lågare skatteverdi for mottakaren. Departementet føreslår derfor at regelen berre skal gjelde dersom salet fører til ein høgare skatteverdi for mottakaren.
Parten i det deltakarlikna selskapet eller aksjane i NOKUS-selskapet kan vere overført mellom fleire nærståande selskap. Departementet føreslår at inngangsverdien i slike tilfelle vert fastsett til skatteverdien for det første nærståande selskapet som overførte parten eller aksjane.
Inngangsverdien må korrigerast for skattepliktige inntekter frå det deltakarlikna selskapet eller NOKUS-selskapet som er skattlagt ordinært på dei nærståande selskapa sine hender. Tilsvarande korreksjon må gjerast for skattefrie inntekter og kostnadar som ikkje kan førast til frådrag og for eventuelle inn- og utbetalingar i selskapet.
Departementet føreslår derfor at inngangsverdien etter skattelova § 8-14 tredje, fjerde og femte ledd skal korrigerast ned for endringar i overpris eller underpris ved overføringane mellom dei nærståande selskapa. Det skal berre gjennomførast ei korrigering dersom summen av endringane i overpris eller underpris er positiv. Dersom summen av endringane er negativ har overføringane ført til ein lågare skatteverdi for selskapet, og det er ikkje grunnlag for å hevde at selskapet har omgått reglane om inntektsoppgjer. Overføring omfattar i denne samanhengen både realisasjon og uttak.
Departementet føreslår at ein ikkje skal korrigere for endringar i over- eller underpris ved overføringar som er gjennomført tidlegare enn tre inntektsår før året for innsteg eller realisasjon.
Slik reglane om fritaksmetoden og reglane om NOKUS-skattlegging er utforma, vil aksjar i NOKUS-selskap aldri vere omfatta av fritaksmetoden. Regelendringa som er omtalt ovanfor vil derfor i praksis berre gjelde partar i deltakarlikna selskap.
Departementet føreslår også ei oppretting av ordlyden i skattelova § 8-14 fjerde ledd for å presisere at regelen skal gjelde ved alle typer realisasjon, og ikkje berre sal.
Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 8-14 fjerde ledd og nytt sjette ledd.
Departementet føreslår at endringane i § 8-14 fjerde ledd tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2007, likevel slik at inntektsoppgjer berre skal gjennomførast ved realisasjon av part frå og med 5. oktober 2007. Departementet føreslår vidare at tilføyinga av sjette ledd tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2008.
4.4 Konsernintern overføring til selskap innafor reiarlagskatteordninga
Etter skattelova § 8-14 femte ledd skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer når eit fartøy blir overført til eit selskap innafor reiarlagskatteordninga etter reglane om skattefri overføring av eigedelar mellom selskap, jf. skattelova § 11-21. Det same gjeld når fartøy kjem inn i ordninga ved overføring av part i deltakarlikna selskap eller NOKUS-selskap. Inntektsoppgjeret skal gjennomførast etter dei same reglane som gjeld når eit selskap trer inn i ordninga.
Selskap innafor reiarlagskatteordninga kan drive skipsfartsverksemd i form av drift og utleige av eigne og innleidde skip, jf. skattelova § 8-13 første ledd første punktum. Etter endringane i reiarlagskatteordninga som blei vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107 kan departementet likevel vedta i forskrift at selskap innafor reiarlagskatteordninga også kan drive verksemd nært knytt til skipsfartsverksemda, jf. skattelova § 8-13 første ledd andre punktum. Dette gjeld til dømes strategisk og kommersiell leiing, lasting/lossing o.a.
Det kan såleis vere aktuelt å overføre også andre eigedelar enn fartøy til eit selskap innafor reiarlagskatteordninga etter reglane om skattefrie konserninterne overføringar. Etter gjeldande reglar skal det ikkje gjennomførast eit inntektsoppgjer ved overføring av slike eigedelar.
Departementet legg til grunn at det ikkje er grunn til å gjere skilnad på fartøy og andre eigedelar i høve til reglane om inntektsoppgjer. På bakgrunn av dette føreslår departementet å endre skattelova § 8-14 femte ledd, slik at det skal gjennomførast eit inntektsoppgjer når ein eigedel blir overført til eit selskap innafor reiarlagskatteordninga etter reglane om skattefri overføring av eigedelar mellom selskap, jf. skattelova § 11-21.
Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 8-14 femte ledd.
Departementet føreslår at endringa tek til å gjelda straks med verknad frå og med inntektsåret 2008.
4.5 Skattlegging av driftsmidlar, partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap ved sal eller utsteg av reiarlagskatteordninga innan tre år etter at selskapet steig inn i ordninga
Når selskap trer inn i reiarlagskatteordninga frå ordinær skattlegging i 2007 eller 2008 skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer, der verdsetjinga av mellom anna partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap skal baserast på verdiane i rekneskapen, jf. åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17 ved lov 14. desember 2007 nr. 107. Etter forslaget som er omtalt under avsnitt 4.2 ovanfor skal dette også gjelde ved innsteg i ordninga 1. januar 2009.
Departementet har lagt til grunn at verdiane i rekneskapen kan gi eit eigna mål på marknadsverdiane ved innsteg i ordninga, jf. Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) på side 33. Likevel kan ein ikkje sjå bort frå at verdiane i rekneskapen i enkelte tilfelle kan vere mykje lågare enn marknadsverdiane. For å hindre at selskap trer inn i ordninga før eit planlagt sal, skal gevinst knytt til mellom anna partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap vere skattepliktige ved realisasjon innan tre år etter at selskapet gjekk inn i ordninga, jf. åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17. Tilsvarande gjeld dersom selskapet trer ut av ordninga innan tre år. Ved utrekninga av gevinsten skal den verdien som er lagt til grunn når selskapet gjekk inn i ordninga utgjere inngangsverdien. Departementet kan gi nærmare reglar om skattlegginga. Skatteplikta gjeld ikkje for eigedelar som er skaffa etter innsteg i ordninga.
Treårsregelen gjeld også gevinst ved realisasjon av partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap som er omfatta av fritaksmetoden, sjølv om gevinst vil vere friteke for skattlegging utanfor reiarlagskatteordninga. Departementet legg til grunn at selskap ikkje vil tilpasse seg reglane ved å tre inn i ordninga før eit planlagt sal o.a. av ein slik part eller aksje. Ein føreslår derfor ein presisering i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, slik at treårsregelen berre skal gjelde gevinst knytt til partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap som ikkje er omfatta av fritaksmetoden.
Slik reglane om fritaksmetoden og reglane om NOKUS-skattlegging er utforma, vil aksjar i NOKUS-selskap aldri vere omfatta av fritaksmetoden. Det føreslåtte unntaket frå treårsregelen vil derfor i praksis berre omfatte partar i deltakarlikna selskap.
Departementet føreslår også ei presisering av ordlyden i treårsregelen, slik at den skal gjelde ved alle typer realisasjon samt uttak, og ikkje berre ved sal. I tillegg føreslår departementet ei presisering av forskriftsheimelen i åttande ledd siste punktum i overgangsreglane.
Departementet viser til forslag til endringar i åttande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.
Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2008.
4.6 Korreksjonsinntekt ved utdeling av ikkje skattlagt kapital
Ved endringane av reiarlagskatteordninga ved lov 14. desember 2007 nr. 107 blei det vedteke overgangsreglar for selskap som blei likna etter reiarlagskatteordninga for inntektsåret 2006, og som vel særskilt reiarlagskattlegging også for inntektsåret 2007, jf. omtalen av dette under avsnitt 4.1. For slike selskap skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer for opparbeidde skattekredittar per 31. desember 2006. To tredjedelar av den utrekna gevinsten ved inntektsoppgjeret skal førast på ein eigen oppgjerskonto, som det skal svarast skatt av med like store beløp over 10 år frå og med inntektsåret 2007. Den siste tredjedelen av gevinsten skal berre skattleggjast i den grad eit tenkt skattebeløp knytt til denne ikkje blir brukt til kvalifiserande miljøtiltak.
I samband med endringane blei det lagt til grunn at skatt knytt til dei to tredjedelane av gevinsten som skulle førast på oppgjerskontoen måtte skyldskrivast i rekneskapane med ein gong, utan omsyn til at innbetalingane er skyvd ut i tid, jf. Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) på side 31. Det blei derfor lagt til grunn at denne delen av gevinsten berre kan delast ut som utbytte utan korreksjonsinntekt etter at den er skattlagt. Korreksjonsinntektsreglane går ut på skattlegging av selskapa dersom det er delt ut inntekter som er skattepliktige på selskapa sine hender, men der tidfestingsreglane medfører at inntekta enno ikkje er skattlagt, jf. skattelova § 10-5.
Departementet er kjent med at selskap likevel har neddiskontert skattekredittane som er ført på oppgjerskontoen. Neddiskontering går ut på at ein tar omsyn til verdien for selskapa av å få utsett skatteinnbetalingane til eit framtidig tidspunkt. Dette fører såleis til at det i rekneskapen blir ført ei lågare skattegjeld enn som det vart lagt til grunn i Ot.prp. nr. 1 (2007-2008).
Eit grunnleggjande omsyn ved omlegginga av reiarlagskatteordninga har vore at inntekter som er opptent før 1. januar 2007 ikkje skal kunne delast ut før dei er skattlagt, eller friteke etter ordninga med fond for miljøtiltak o.a. Det er då behov for å sikre at dei to tredjedelane av skattekredittane som etter overgangsreglane skal førast på oppgjerskonto, blir skattlagt i form av korreksjonsinntekt, i den grad utdelinga skjer før skatten etter overgangsreglane blir ein realitet. Derfor føreslår departementet at ein ved fastsetjing av den utrekna eigenkapitaldelen i regimet for korreksjonsskatt etter skattelova § 10-5 andre ledd tredje punktum, jf. fjerde punktum, skal gjere frådrag berre for den skatteskyldnaden som er ført i rekneskapen, og ikkje for den fulle, utrekna skatteskyldnaden basert på skattesatsen for alminneleg inntekt (gitt at det ikkje er denne fulle skyldnaden som er ført i rekneskapen). Ved slik forutgåande skattlegging som korreksjonsinntekt blir den etterfølgjande, løpande skattlegginga over 10 år etter overgangsreglane nedjustert tilsvarande.
Departementet viser til forslag til endring av femte ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.
Departementet føreslår at endringa tek til å gjelda straks med verknad frå og med inntektsåret 2007.
4.7 Økonomiske og administrative verknader
Departementet går ut frå at dei føreslåtte endringane vil ha små administrative og økonomiske verknader.