5 Endring av betalingsordninga for petroleumsskatt
5.1 Innleiing
I dag blir petroleumsskatt (terminskatt) betalt to gonger i året, 1. oktober i inntektsåret og 1. april i etterfølgjande år. Innbetalingane er no så store at dei skaper uvisse i pengemarknaden og for gjennomføringa av betalingsoppgjera i bankane. Departementet gjer framlegg om at talet på terminar for betaling av petroleumsskatt vert auka frå to terminar til seks like store terminar med forfall jamt fordelt utover året. Beløpet som blir betalt inn skal vere likt for dei tre første og for dei tre siste terminane, det vil seie at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane. Framlegget er tilnærma provenynøytralt og har berre små administrative følgjer.
5.2 Gjeldande rett
Etter gjeldande reglar blir skatt på petroleumsverksemd betalt i to terminar med forfall 1. oktober i inntektsåret og 1. april året etter, jf. petroleumsskattelova § 7. Skatten som er att skal vere betalt tre uker etter at likninga er lagt ut. Terminskatten kan bli satt opp og ned fram til forfallstida for siste betaling, jf. petroleumsskattelova § 7 nr. 3. Den skattepliktige skal få uttale seg før ei slik endring. I følgje petroleumsskattelova § 7 nr. 5 gjer departementet vedtak om renter av terminskatt og av restskatt, utrekningstidspunkt for renter av restskatt, renter på for mykje betalt skatt, renter ved endring av likning mv. Departementet har også gitt føresegn 5. september 1980 nr. 4 om utskriving, betaling og avrekning av terminskatt mv. med heimel i petroleumsskattelova § 7 nr. 6. Av denne føresegna følgjer det mellom anna at det skal svarast renter av halvparten av forskjellen på innbetalingane når det er betalt inn forskjellig terminskatt i første og andre termin. Rentesatsen er 2,75 pst., som svarar til 5,5 pst. p.a., jf. føresegna § 11.
5.3 Merknader frå høyringsinstansane
I desember 2007 sendte departementet ut til høyring eit framlegg om at talet på terminar for betaling av petroleumsskatt vert auka frå to terminar til seks like store terminar med forfall jamt fordelt utover året. Beløpet som blir betalt inn skal vere likt for dei tre første terminane og kan ha eit anna, men likt nivå for dei tre siste terminane. Det vil seie at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane. Framlegget er tilnærma provenynøytralt og har berre små administrative følgjer.
Seks av høyringsinstansane har sendt svar til departementet. Alle er positive til auken i talet på terminar for betaling av petroleumsskatt. Berre Oljeindustriens Landsforening ønskjer ei tilpassing av framlegget.
Oljeindustriens Landsforening (OLF) meiner at:
«Når det gjelder forslaget til endring i petroleumsskatteloven § 7 nr. 3 (og tilsvarende bestemmelse i forskrift av 5. september 1980 om utskriving, betaling og avregning av terminskatt mv. § 1 andre ledd) mener OLF at departementets forslag til «innskrenkning» med hensyn til å endre terminskatten kan virke uheldig. OLF foreslår derfor at det bør være mulighet for å få endret den utskrevne terminskatten fram til og med forfall for 5. termin, dvs. 1. april. Bestemmelsen om renter av terminskatt i forskriftens § 3 blir på tilsvarende måte å tilpasse dette.»
Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen har i sitt felles svar sagt at:
«Avslutningsvis tillater vi oss, med henvisning til det som er nevnt over vedrørende usikkerhet, å foreslå at det etableres en rutine for informasjon til markedet om forventet innbetalt beløp foran hver dato for innbetaling av petroleumsskatt.»
5.4 Vurderingar og framlegg frå departementet
I dag blir petroleumsskatt (terminskatt) betalt inn to gonger i året. Innbetalingane er no særs store, og dei var på om lag 94 mrd. kroner i oktober 2007, og omlag 96 mrd. kroner i april 2008. Betaling av skatt trekkjer inn likviditet frå det norske banksystemet. Dei høge innbetalingane av petroleumsskatt fører til at banksystemet må få tilført likviditet frå Noregs Bank dei første to til tre månadene etter forfall av petroleumsskatten. Banksystemet bør ha eit visst overskot av likviditet (det vil seie at dei samla sett bør ha netto innskot i Noregs Bank) for at rentesetjinga til Noregs Bank skal få gjennomslag i rentemarknaden. Noregs Bank tilfører likviditet gjennom såkalla sikra F-lån. Når behovet for tilførsel av likviditet er så stort som ved betaling av petroleumsskatten, har Noregs Bank problem med å vite kor store F-lån banken bør gje. Dette kan skape uvisse i marknaden. Særleg utanlandske bankar ser på uvissa som stor, i og med at dei ikkje kan ta opp lån i Noregs Bank. Difor har det vore ein tendens til at pengemarknadsrentene har gått opp rundt forfall for terminskatten.
For å vere sikre på å kunne gjere opp for seg også i fall noko uventa skjer, ønskjer gjerne bankane å ha meir likviditet enn dei normalt treng til betalingsoppgjera. Difor tek bankane opp dagslån i tillegg til F-låna frå Noregs Bank. I slike tilfelle fungerer lånemarknaden mellom bankane mindre godt. Då er det vanskeleg for Noregs Bank å sjå kor store ekstraordinære tilførslar som er naudsynte for at ein skal unngå store utslag i rentene i marknaden.
Sidan i fjor sommer har uroen i finansmarknadene både internasjonalt og i Noreg forsterka uvissa som storleiken på petroleumsskattane er opphav til. Departementet ønskjer å unngå at skattesystemet har slike uheldige utslag.
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å auke talet på betalingsterminar frå to til seks terminar, med forfall jamt fordelt utover året. Forfall for terminane blir 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret, og 1. februar, 1. april og 1. juni i det etterfølgjande året. Ordninga er meint å vere tilnærma lik gjeldande ordning, berre med ein auke av talet på innbetalingar. Beløpet som blir betalt inn skal vere likt for dei tre første terminane, og også likt, men eventuelt på eit anna nivå for dei tre siste terminane. Dette inneber at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane. Skattytar kan ved forfall for andre termin med verknad for dei tre første terminane (og ved femte termin med verknad for dei tre siste terminane) betale inn tillegg til terminskatten dersom terminskatten er venta å bli høgre enn utlikna terminskatt. Departementet meiner ei slik avgrensing sikrar ei enkel handtering av utrekning av renter. På denne bakgrunn gjer ikkje departementet framlegg om ei tilpassing av ordninga i tråd med utsegna frå OLF. I tillegg blir endringa av betalingsordninga tilnærma provenynøytral.
Departementet kjem også til å endre dei utfyllande føresegnene til lova for å samordne dei med endringane i betalingsordninga. Det gjeld særleg reglane om rentebetaling. Vidare vil departementet gjere naudsynte tilpassingar i skattebetalingslova 2005 § 10-22, som er venta å gjelde frå 2009.
Departementet viser til framlegg til endring av petroleumsskattelova § 7.
5.5 Økonomiske og administrative følgjer
Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative følgjene av framlegget er små. Framlegget fører til at fastsetjinga av terminskatten må flyttast fram til byrjinga av juli månad. Informasjonen frå selskapa om venta skatteinntekt må bli gitt til Oljeskattekontoret omkring 20. juni i inntektsåret, dvs. om lag to månader tidlegare enn i dag. Utrekningane av forventa inntekt er meir usikre på det tidspunktet, som igjen kan føre til fleire endringar av terminskatten. På den andre sida er framlegget utforma med innskrenkingar i høve til å endre terminskatten. Endringane kan føre til noko meir arbeid for Oljeskattekontoret og dei i skatteetaten som driv med innkrevjing.
Auken i talet på betalingsterminar fører til ei lita auke i gjennomsnittleg kredittid for selskapa. I Revidert nasjonalbudsjett 2008 er petroleumsskatten rekna til å bli om lag 229 mrd. kroner i 2008. På dette grunnlaget reknar departementet med at endringa gir selskapa ei skattelette på om lag 13 mill. kroner påløpt i 2008. Endringa blir bokført i 2009. Det er lagt til grunn ein rentesats på 6,3 pst. p.a. før skatt, som om lag svarer til den nominelle interbankrenta dei siste dagane.
5.6 Iverksetjing
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde for terminskatt for inntektsåret 2008 og seinare år. Siste innbetalinga etter dei gamle reglane var då 1. april 2008, og første innbetaling etter dei nye reglane blir 1. august 2008.