4 Nærmare om dagens reglar om kombinasjon av AFP og arbeidsinntekt
Det er ei allmenn oppfatning at det skal lønne seg å arbeide framfor å velje å ta ut pensjon. Det er heller inga usemje om at personar som vel å kombinere pensjon med redusert arbeidstid, under elles like vilkår bør ha noko mindre i samla inntekt enn dei som vel å halde fram i full jobb. Likeins bør dei som kombinerer pensjon med arbeidsinntekt, ha noko meir i samla inntekt enn dei som vel å ta ut full pensjon. Då bør det òg vere slik at den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit større omfang, bør ha ei noko mindre samla inntekt enn den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit mindre omfang, alt anna likt.
Dagens reglar om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt fører til at redusert arbeidsinnsats opp til eit visst inntektsnivå kan gi ein auke i disponibel inntekt. Det kan vidare lønne seg å redusere arbeidsinnsatsen med to dagar framfor éin dag per veke.
Førtidspensjonsutvalet drøfta moglege justeringar innanfor dagens regelverk med eit fribeløp og ei øvre avgrensing av samla pensjon og arbeidsinntekt. Nedanfor er det attgitt nokre reknedøme frå utgreiinga som viser korleis ulike reglar slår ut. Døma viser brutto- og nettoinntekt (før og etter skatt) ved 4 G (181 480 kroner) og ved 8 G (362 960 kroner) som tidlegare pensjonsgivande inntekt når ein person reduserer yrkesaktiviteten med 20 prosent og med 40 prosent. I døma har ein òg sett på verknaden av å redusere den øvre grensa for summen av pensjon og arbeidsinntekt frå 100 prosent av tidlegare inntekt til 90 prosent av tidlegare inntekt. Vidare har ein sett på verknadene av å redusere fribeløpet på 1 G til ½ G. Elles er dei same føresetnadene lagde til grunn som i figur 3.1 og figur 3.2. Døma er vist i tabell 4.1 og tabell 4.2.
Tabell 4.1 Arbeidsinntekt på 4 G - 20 prosent pensjonsgrad
Arbeidsinntekt som yrkesaktiv | 181 480 | Nettoinntekt som yrkesaktiv | 132 667 | |
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar | 145 184 | Full pensjon - folketrygdnivå | 100 801 | |
Fullt AFP-tillegg | 11 400 | |||
Dagens avkortingsreglar: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 40 401 | |||
Samla bruttoinntekt | 185 585 | Samla nettoinntekt | 142 080 | |
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 20 200 | |||
Samla bruttoinntekt | 165 384 | Samla nettoinntekt | 131 834 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 40 401 | |||
Samla bruttoinntekt | 185 585 | Samla nettoinntekt | 142 080 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 20 200 | |||
Samla bruttoinntekt | 165 384 | Samla nettoinntekt | 131 834 |
Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering
Tabell 4.1 viser at den samla pensjonen og arbeidsinntekta etter skatt er klart høgare enn tidlegare netto lønnsinntekt som yrkesaktiv etter dei avkortingsreglane som gjeld i dag. Ser ein på pensjonen etter inntektsprøving, er frådraget i pensjonen likevel monaleg, ettersom regelen om eit tak på 100 prosent blir gjord gjeldande. Men taket gjeld lønn og AFP-pensjonen eksklusive AFP-tillegget, og det sistnemnde blir i staden redusert i same forhold som AFP-pensjonen er blitt redusert. Samla bruttoinntekt som deltidsarbeidar blir høgare enn bruttolønna til vedkomande i fulltidsstilling. I valet mellom å arbeide fire eller fem dagar i veka taper såleis arbeidstakaren økonomisk på å arbeide full tid. Desse resultata er ein konsekvens av AFP-ytingane og dagens regelverk for avkorting, slik det går fram av tabellen. Vidare er den utrekna nettoinntekta påverka av at pensjonsinntekt blir skattlagd lempelegare enn lønnsinntekt.
Dersom ein erstattar taket på 100 prosent med eit tak på 90 prosent, går det fram av tabellen at pensjonen etter avkorting blir monaleg lågare. Effekten av lågare tak reduserer den AFP-pensjonen som blir att, og gir dermed også eit større frådrag i AFP-tillegget. Likevel vil nettoinntekta bli om lag som om vedkomande held fram i 100 prosent stilling.
I tabellane har ein òg teke med reknedøme der fribeløpet er endra frå 1 G til ½ G. For dømet i tabell 4.1 får dette ikkje noko å seie, for taket på samla lønns- og pensjonsinntekt slår inn i begge alternativa (100 og 90 prosent tak).
Tabell 4.2 Arbeidsinntekt på 4 G - 40 prosent pensjonsgrad
Arbeidsinntekt som yrkesaktiv | 181 480 | Nettoinntekt som yrkesaktiv | 132 667 | |
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar | 108 888 | |||
Full pensjon - folketrygdnivå | 100 801 | |||
Fullt AFP-tillegg | 11 400 | |||
Dagens avkortingsreglar: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 76 850 | |||
Samla bruttoinntekt | 185 738 | Samla nettoinntekt | 144 158 | |
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 60 601 | |||
Samla bruttoinntekt | 169 489 | Samla nettoinntekt | 135 939 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 64 225 | |||
Samlet bruttoinntekt | 173 113 | Samla nettoinntekt | 137 804 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 60 601 | |||
Samla bruttoinntekt | 169 489 | Samla nettoinntekt | 135 939 |
Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering
I tabell 4.2 har ein lagt til grunn det same nivået på arbeidsinntekta, men til skilnad frå tabell 4.1 er fulltidsarbeid her samanlikna med 60 prosent deltidsarbeid.
Som det går fram av tabellen, vil nettoinntekta ved 60 prosent deltidsarbeid vere høgare enn nettoinntekta i heiltidsstilling både med dei reglane som gjeld i dag, og med eit lågare tak. Det same gjeld for både 1 G og ½ G som fribeløp. Om ein samanliknar tabell 4.1 og tabell 4.2, ser ein òg at vedkomande under alle regelalternativa bortsett frå eitt, faktisk kjem betre ut ved å arbeide tre dagar i veka enn ved å arbeide fire dagar i veka. Taket for samla lønns- og pensjonsinntekt slår inn i alle alternativa i tabell 4.1. Det same er tilfellet i tabell 4.2, bortsett frå i alternativa med dagens avkortingsreglar og 1 G eller ½ G som fribeløp.
Samansetjinga av bruttoinntekta som deltidsarbeidar vil derimot vere ulik i dei to tilfella. Med lågare lønnsinntekt blir frådraget i AFP-pensjonen mindre, og det gir i tabell 4.2 også eit lågare frådrag i AFP-tillegget (som ikkje skal takast med under taket). Samla bruttoinntekt blir derfor høgare enn for alternativa i tabell 4.1 (bortsett frå alternativet med dagens avkortingsreglar og ½ G som fribeløp). Det andre momentet som har noko å seie for utrekningane av nettoinntekt, er at når pensjonsinntekt utgjer ein større del av ei gitt samla bruttoinntekt, blir skatten lågare. Dette slår ut til fordel for ein som arbeider 60 prosent.
Tabell 4.3 Arbeidsinntekt på 8 G - 20 prosent pensjonsgrad
Arbeidsinntekt som yrkesaktiv | 362 960 | Nettoinntekt som yrkesaktiv | 234 437 | |
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar | 290 368 | |||
Full pensjon - folketrygdnivå | 174 709 | |||
Fullt AFP-tillegg | 11 400 | |||
Dagens avkortingsreglar: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 55 616 | |||
Samla bruttoinntekt | 345 984 | Samla nettoinntekt | 230 064 | |
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 38 664 | |||
Samla bruttoinntekt | 329 032 | Samla nettoinntekt | 220 223 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 43 534 | |||
Samla bruttoinntekt | 333 902 | Samla nettoinntekt | 223 036 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 38 664 | |||
Samla bruttoinntekt | 329 032 | Samla nettoinntekt | 220 223 |
Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering
I tabell 4.3 og 4.4 har ein sett på tilsvarande døme som i tabell 4.1 og 4.2, men no med eit nivå på arbeidsinntekta på 8 G. Som det går fram av tabellane, vil det ved dette inntektsnivået ikkje finnast tilfelle der ein kjem betre ut som deltidsarbeidar enn som fulltidsarbeidar. Inntektsnedgangen ved redusert arbeidsinnsats er likevel liten særleg etter skatt.
Tabell 4.4 Arbeidsinntekt på 8 G - 40 prosent pensjonsgrad
Arbeidsinntekt som yrkesaktiv | 362 960 | Nettoinntekt som yrkesaktiv | 234 437 | |
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar | 217 776 | |||
Full pensjon - folketrygdnivå | 174 709 | |||
Fullt AFP-tillegg | 11 400 | |||
Dagens avkortingsreglar: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 94 281 | |||
Samla bruttoinntekt | 312 057 | Samla nettoinntekt | 215 848 | |
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 94 281 | |||
Samla bruttoinntekt | 312 057 | Samla nettoinntekt | 215 848 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 82 198 | |||
Samla bruttoinntekt | 299 974 | Samla nettoinntekt | 208 819 | |
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent: | ||||
Pensjon etter inntektsprøving | 82 198 | |||
Samla bruttoinntekt | 299 974 | Samla nettoinntekt | 208 819 |
Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering