5 Regelverket for deltaking i internasjonale fredsoperasjonar
Når det gjeld deltaking i internasjonale fredsoperasjonar, viser departementet til føresegn om tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar (kgl. res. 11 september 1998 nr. 870), som er fastsett med heimel i lov 23. februar 1996 nr. 9 om tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar. Lova med føresegner trådde i kraft 1. januar 1999. Føresegna sin § 4 første ledd bestemmer at personellet skal vere fylt 18 år og bør vere fylt 19 år ved tidspunktet for utsending.
Departementet vil samtidig understreke at denne føresegna gjev uttrykk for minimumsreglar, og at den norske haldninga ved utsending til FN-operasjonar er i samsvar med den haldninga som generalsekretæren i FN har teke til orde for, nemleg at dei som gjer teneste bør ha fylt 21 år ved deltaking i slike operasjonar, og at militære observatørar ikkje bør vere under 25 år.