Forslag til lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:
I
§ 8 tredje ledd første punktum skal lyde:
Er det klagapå verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved likninga.
§ 18 skal lyde:
Skattekontoret skal gjeva eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten.
§ 19 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Klaga må vera sett fram forskattekontoret , innan fristen som er nemnd i første leden.
II
Endringane under I gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid. Departementet kan gje overgangsføresegner.