7 Endring i lov 12. desember 2003 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.
Frå 1. januar 2004 er det innført ei generell kompensasjonsordning for meirverdiavgift i kommunesektoren. Den generelle kompensasjonsordninga er heimla i lov. 12 desember nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.
Som det følgjer av omtala i St.meld. nr. x (2006–2007) Revidert nasjonalbudsjett 2007 vil Regjeringa ikkje føreslå større endringar i kompensasjonsordninga. For å sørgje for at ordninga fungerer mest mogleg smidig, vil ein fram mot statsbudsjettet for 2008 likevel vurdere behovet for justere føresegna om forelding av kompensasjonskrav og justering av kompensert meirverdiavgift.
Etter departementet si vurdering er det òg ønskeleg å lette arbeidspresset for mellom anna revisorane ved innleveringa av kompensasjonsoppgåve for tredje periode (mai og juni). Dette krev berre ei mindre endring av kompensasjonslova. Departementet føreslår derfor at kompensasjonslova § 7 første ledd vert gitt eit nytt andre punktum der det går fram at fristen for innlevering av kompensasjonsoppgåve for tredje periode er 20. august. Når fristen for innlevering av kompensasjonsoppgåva for tredje periode vert forlenga, vert også fristen for utbetaling av kompensasjon etter kompensasjonslova § 9 forlenga.
Departementet føreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2007.