2 Høyringa
Høyringsnotat om forslaga om endringar i dagpengeregelverket blei sendt på høyring 15. mai 2003, til 30 høyringsinstansar. Fristen for å komme med høyringsuttalingar var sett til 15. august 2003. Følgjande instansar har hatt merknader til forslaga:
Aetat Arbeidsdirektoratet, Landsorganisasjonen (LO), Handels- og servicenæringens hovudorganisasjon (HSH), Kommunenes sentralforbund (KS), Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) dåverande Sosialdepartementet og Likestillingsombodet. Merknadene blir presenterte i samband med dei enkelte endringsforslaga.
Gjennomgåande er høyringsinstansane positive til endringsforslaga, men er noko skeptiske til endringar som kan føre til at nokon kjem dårlegare ut økonomisk enn etter gjeldande reglar. Forslaga er likevel ikkje endra etter høyringa. Unntak gjeld forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget, som er noko justert i forhold til høyringsforslaget, sjå kapittel 3.1.3.
Forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdloven § 4-16 er ei oppfølging av endringa i likestillingsloven 1. juli 2002, og medverkar til å styrkje vernet om gravide. Endringa vil gjere det mogleg å ta eit stønadsforhold opp att etter reglane i folketrygdloven § 4-16, sjølv om det er gått meir enn 52 veker, dersom det forlenga opphaldet skuldast sjukdom som følgje av graviditet. Forslaget er nytt i forhold til høyringsforslaget, sjå kapittel 3.5.
Nye er også forslaga om terminologiske endringar i folketrygdloven kapittel 4, sjå kapittel 5.3.