3 Forslag om materielle endringar
3.1 Fleire lønnssubstitutt reknast med i dagpengegrunnlaget - folketrygdloven § 4-11
3.1.1 Innleiing
Departementet foreslår at omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar jf. folketrygdloven kap. 9 og svangerskapspengar jf. folketrygdloven kap. 14 blir tekne med i det inntektsgrunnlaget dagpengane blir berekna på grunnlag av (dagpengegrunnlaget).
3.1.2 Gjeldande rett
Dei ytingane som etter gjeldande § 4-11 er med i dagpengegrunnlaget, er i tillegg til arbeidsinntekt og dagpengar under arbeidsløyse, sjukepengar og fødsels- og adopsjonspengar etter folketrygdloven. Dette er ytingar som blir rekna som lønnssubstitutt.
3.1.3 Vurderingar og forslag til endringar
Dagpengane bør i størst mulig grad gjenspeile den normale årsinntekta ein medlem har hatt før han eller ho blei arbeidslaus.
Når det gjeld svangerskapspengar jf. folketrygdloven § 14-13, viser departementet til at dette er eit lønnssubstitutt på lik linje med dei ytingane som allereie blir rekna med i dagpengegrunnlaget. Det er ikkje grunnlag for ei ulik behandling av desse ytingane.
Forslaget får støtte frå alle høyringsinstansane som har uttalt seg.
I tillegg til desse ytingane foreslår departementet at også omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar jf. folketrygdloven kap. 9 blir rekna med i dagpengegrunnlaget. Desse ytingane kan i nokon grad samanliknast med sjukepengar.
Departementet finn ikkje noko grunnlag for å behandle nokon av desse ytingane annleis enn dei ytingane som etter gjeldande rett reknast med i dagpengegrunnlaget.
Departementet foreslo i høyringsnotatet å utvide dagpengegrunnlaget også med rehabiliteringspengar og attføringspengar. I samband med høyringa blei det foreslått at også vartpengar, venteløn og tidsavgrensa uførestønad blei inkludert. Desse ytingane kan ikkje på same måte som dei ytingane som no inngår i grunnlaget, direkte reknast som lønnssubstitutt. Særleg gjeld dette dei helserelaterte ytingane, som heller ikkje på same måte vil vere knytte til eit arbeidsforhold. I tillegg vil ei utviding av dagpengegrunnlaget med desse ytingane føre til ei høgare utbetaling, noko som kan redusere insentiva til å komme raskt i arbeid.
Departementet foreslår etter dette nå å endre § 4-11 andre ledd tredje punktum slik at omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar jf. folketrygdloven kap. 9 og svangerskapspengar jf. folketrygdloven kap. 14 blir rekna med i dagpengegrunnlaget.
3.2 Oppheving av avrundingsregelen ved berekning av dagpengegrunnlaget - folketrygdloven § 4-11
3.2.1 Innleiing
Departementet foreslår at reglane om avrunding av dagpengegrunnlaget blir oppheva.
3.2.2 Gjeldande rett
§ 4-11 gjeld fastsetjing av dagpengegrunnlaget. Fjerde og femte ledd gjeld justering av grunnlaget i forhold til grunnbeløpet i folketrygda i tida fram til krav om dagpengar blir sett fram. Grunnlaget blir deretter avrunda til nærmeste 1 000 kroner. Avrundinga kan skje både oppover og nedover og slår derfor tilfeldig ut for den enkelte medlemen.
3.2.3 Vurderingar og forslag til endringar
Sidan all berekning no skjer maskinelt, treng ein ikkje særskilte avrundingsreglar. Ein fant heller ikkje grunn til å fastsetje ein slik avrundingsregel i samband med dei nye berekningsreglane for attføringspengar etter folketrygdloven kapittel 11, som elles blir berekna etter dei same prinsippa som dagpengar. Ved berekning av attføringspengar blir grunnlaget avrunda etter alminnelege reglar. Det bør gjelde like avrundingsreglar for dei to ytingane.
Alle dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støtter endringsforslaget.
Departementet foreslår å oppheve avrundingsreglane i § 4-11 tredje og fjerde ledd.
3.3 Endring av berekningsmåten for arbeidstidsreduksjon - § 4-13
3.3.1 Innleiing
Departementet foreslår å endre folketrygdloven § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir berekna i forhold til arbeidstida i ein 14-dagarsperiode (meldeperiode) i staden for ei veke.
3.3.2 Gjeldande rett
Etter folketrygdloven § 4-13 andre ledd blir dagpengane graderte i forhold til arbeidstidsreduksjonen pr. veke. Det vil seie at kravet om minst 50 prosent redusert arbeidstid må være oppfylt kvar veke for at ein skal ha rett til dagpengar. Unntak gjeld personar som arbeider i fast turnus med variabel arbeidstid pr. veke, og personar som arbeider meir enn vanleg arbeidstid den eine veka i ein meldeperiode og under vanleg arbeidstid den andre, jf. § 4-13 tredje og fjerde ledd.
Ein vanleg og praktisk måte å arbeide i 50 prosentstilling på er å arbeide tre dagar ei veke og to dagar den neste. I eit arbeidsforhold kor vanleg arbeidstid pr. veke er 37,5 timer vil desse delvis ledige berre ha rett til dagpengar i anna kvar veke etter gjeldande reglar, sidan nedgangen i arbeidstida berre er på 40 prosent dei vekene dei arbeider tre dagar. For desse vil verknaden av at kravet til arbeidstidsreduksjon blei endra frå 40 til 50 prosent 1. januar 2003, vere eit krav om minst 60 prosent reduksjon. Ein kan ikkje vente at den enkelte deltidsarbeidande sjølv skal tilpasse seg regelverket her, t.d. ved å arbeide to og ein halv dag pr. veke eller anna kvar veke. Ei slik tilpassing krev medverknad og velvilje frå arbeidsgjevaren, i tillegg til at tilpassinga må være praktisk mogleg t.d. ut ifrå kva som trengst på arbeidsplassen.
For å hindre denne verknaden legg Aetat til grunn ein særskild praksis for dei delvis sysselsette som arbeider nøyaktig 50 prosent av si vanlege arbeidstid. Praksisen går ut på at for desse tilfella blir den gjennomsnittlege faktiske arbeidstida i meldeperioden (to veker) lagt til grunn for kvar av vekene. Dette inneber at det blir utbetalt 50 prosent dagpengar for kvar veke, sjølv om ein faktisk arbeider 40 prosent ei veke og 60 prosent den andre. Dette blir gjort fordi desse personane elles ville kunne komme dårlegare ut enn kva som var intensjonen med regelendringa.
Ein konsekvens av at dagpengane blir graderte veke for veke er at ein delvis arbeidslaus kan få dagpengar sjølv om arbeidstida ikkje over tid er redusert med 50 prosent (40 prosent jf. tidlegare reglar). Det er grunn til å stille spørsmål ved om dette fullt ut er i tråd med intensjonen i loven.
3.3.3 Vurderingar og forslag til endringar
Bakgrunnen for behovet for å endre i berekningsmåten for arbeidstidsreduksjon er først og fremst at kravet om arbeidstidsreduksjon på 50 prosent av arbeidstida pr. veke fører til at mange delvis sysselsette ikkje fyller vilkåra for rett til dagpengar sjølv om arbeidstida faktisk er tilstrekkeleg redusert. Den praksisen Aetat legg til grunn for personar med nøyaktig 50 prosent arbeidstidsreduksjon har ikkje tilstrekkeleg støtte i lovens ordlyd. Sjølv om løysninga er rimeleg, er ordninga ikkje tilfredsstillande over tid.
Det endra kravet til arbeidstidsreduksjon har ein annan uheldig verknad i tillegg til verknaden som er nemnd i kapittel 3.3.2, som gjeld personar med arbeidstid pr. veke som ikkje ender på heile eller halve timar. Meldekorta blir tolka maskinelt, og berre heile og halve timer blir oppfatta. Dette inneber at dei som har 37,5 timer som vanleg arbeidstid og arbeider 2,5 dagar pr. veke, ikkje kan føre opp faktisk arbeidde timer på 18,75 pr. veke på meldekortet. Dei kan heller ikkje føre opp 18,5 timer den eine veka og 19 den andre. Det ville føre til at det ikkje blei utbetalt dagpengar den veka dei har ført 19 timer, sidan dette er meir enn 50 prosent av vanleg arbeidstid. Aetat gir derfor instruksjon til personar som dette er aktuelt for, om at dei må føre opp 18,5 timar pr. veke. 1
Dei problema som er nemnde ovanfor, kan løysast ved å endre folketrygdloven § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir berekna i forhold til arbeidstida i ein 14-dagarsperiode i staden for ei veke.
Etter departementet si oppfatning vil ei gjennomsnittleg berekning, der meldeperioden på to veker sjåast under eitt, gi eit meir riktig inntrykk av sysselsetjingssituasjonen og eit betre bilde av den faktiske arbeidstidsreduksjonen, enn når ein ser på ei enkelt veke isolert. Berekning i forhold til meldeperioden inneber dermed ei meir korrekt tolking av kravet om minst 50 prosent arbeidstidsreduksjon.
Dagpengane blir dessutan utbetalte for to veker av gangen, og ei berekning som gjenspeiler dette er etter departementets oppfatning mest føremålstenleg. Ei slik endring vil også innebere ei harmonisering med regelverket for berekning av attføringspengar etter folketrygdloven kap. 11.
Funksjonshemmedes fellesorganisasjonmeiner at endring av berekningsmåten vil føre til at nokon kjem dårlegare ut økonomisk enn andre, og går derfor imot forslaget på prinsipielt grunnlag. Departementet legg til grunn at endringa slår ut til gunst for nokon, og til ugunst for andre. Det er ikkje haldepunkt for å tru at det er fleire som kjem dårleg ut enn som kjem betre ut etter endringa.
Handels- og servicenæringens hovedorganisasjoner imot endringa dersom ho fører til at arbeidstakarar i større grad tilpassar seg slik at dei berre vil arbeide i inntil 50 prosent i gjennomsnitt i ein meldeperiode. Det er grunn til å tru at både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar vil tilpasse seg den nye berekningsmåten, utan at det er mogleg å seie noko om effekten av dette. På bakgrunn av det som er nemnd ovanfor om kva som gir det beste bildet av arbeidssøkjarens arbeidstid, kan ikkje departementet sjå vesentlege problem med at arbeidstakarar vil tilpasse seg 50 prosent arbeid i forhold til ein meldeperiode. Vilkåret for retten til dagpengar er framleis minst 50 prosent reduksjon av arbeidstida.
LOmeiner at ein må undersøkje korleis kravet om arbeidstidsreduksjon slår ut for dei ulike arbeidstakargruppene, før ein lovfester ein ny praksis. Som det går fram ovanfor, vil ein endra berekningsmåte innebere at dei som arbeider mykje kan risikere å miste dagpengene, mens dei som arbeider mindre, vil kunne komme betre ut. Det viktigaste må vere at graderingsreglane så godt som mogleg byggjer opp under hovudvilkåret om ein arbeidstidsreduksjon på minst 50 prosent. Dette kravet gjeld uavhengig av arbeidstakargruppene.
Dei andre høyringsinstansane som har uttalt seg, støtter forslaget.
Departementet foreslår på bakgrunn av dette å endre § 4-13 andre ledd slik at graderte dagpengar blir berekna i forhold til tapt arbeidstid i meldeperioden.
3.4 Graderte dagpengar under arbeidsløyse i samband med arbeidsinntekt frå utøving av tillitsverv, omsorgsarbeid o.l. - Ny forskriftsheimel i folketrygdloven § 4-13 sjette ledd
3.4.1 Innleiing
Departementet foreslår ein ny heimel til å gi forskrift i medhald av folketrygdloven § 4-13. Ein slik forskriftsheimel vil m.a. opne for høve til å fråvike gjeldande regelverk for graderte dagpengar dersom arbeidsinntekt frå utøving av politiske tillitsverv, utøving av tillitsverv i visse typar allmennyttige organisasjonar eller omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengane blir reduserte med eit større beløp enn denne inntekta.
3.4.2 Gjeldande rett
Medlemer som er delvis arbeidslause og får mindre arbeidsinntekt fordi arbeidstida pr. veke er redusert, kan få graderte dagpengar etter folketrygdloven § 4-13. Graderte dagpengar ytast også til medlemer som er delvis arbeidslause fordi dei ikkje er fullt sysselsette, eller er delvis permitterte. Det er eit vilkår for rett til graderte dagpengar at arbeidstida er redusert med minst 50 prosent pr. veke. Graderinga reknes i forhold arbeidstida, ikkje inntekta. Dagpengane blir gitt med den same prosentsatsen av full stønad som reduksjonen i arbeidstida utgjer i forhold til den tidlegare vanlege arbeidstida.
3.4.3 Vurderingar og forslag til endringar
Arbeidsinntekta frå tillitsverv i politiske parti/organ, burettslag, visse typar allmennyttige organisasjonar samt frå omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, er i mange høve lavt lønna i forhold til den tida som blir nytta på arbeidet. At graderinga etter gjeldande reglar skjer i forhold til arbeidd tid og ikkje inntekt, kan gi små økonomiske insentiv til å yte ein ekstra innsats, fordi lønna her ofte er mykje lågare pr. time enn dagpengane. Jo høgare dagpengegrunnlag, jo større blir det økonomiske tapet, og lettare vil det være å velje bort slike verv.
Følgjande døme illustrerer dette: Ein medlem med dagpengar blir lønna med kr 400 for å delta i eit kommunestyremøte som varar i åtte timer. Graderinga blir berekna etter arbeidd tid, og på meldekortet for dagpengar skal medlemen føre opp åtte timer med arbeid. Det fører til at dagpengane blir kutta med ein heil dag. Maksimal dagsats for dagpengar er kr 847 (2004). Om medlemen har maksimal stønadssats, blir tapet i dette tilfellet kr 447 per dag.
Departementet meiner det er viktig at ein medlem kan halde fram med tillitsverv og liknande engasjement mens han/ho mottek dagpengar. Departementet foreslår derfor ein heimel til å fastsette forskrifter som gjer det mogleg å fråvike gjeldande regelverk for graderte dagpengar i enkelte tilfelle.
Ein kan ha godtgjersle/arbeidsinntekt frå frivillig innsats på ulike område, frå tillitsverv i politiske organ, burettslag, velforeiningar og andre frivillige organisasjonar. Arbeidsinntekta står ofte i rimeleg høve til den tida som blir nytta, og gir dermed som oftast like god eller betre betaling enn dagpengane, men kan variere etter storleiken på kommunen/fylkeskommunen eller styret/laget, økonomi og arbeidsmengde. Arbeidslause med omsorgslønn i tillegg til dagpengane, vil også i mange tilfelle ha låg arbeidsgodtgjersle i forhold til dei stipulerte arbeidstimane.
Departementet gjer merksam på at det berre er inntekt som skriv seg frå utføring av desse verva, som skal kunne gi grunnlag for særskilde reglar for gradering, og ikkje t.d. låg lønn frå ordinært arbeid. Det er heller ikkje meininga at all frivillig, samfunnstenleg innsats skal vere omfatta av dei særskilde graderingsreglane. Det er først og fremst den typen innsats som den enkelte på det næraste er forplikta til å gjere, t.d. politiske verv, omsorg for nære pårørande eller liknande sterke, sosiale plikter, ein tar sikte på å regulere. Ein del ulønna arbeid av sosial karakter kan etter gjeldande regelverk gjerast mens ein får dagpengar utan at desse blir reduserte, jf. dagpengeforskrifta § 4-3. Regelverket for slikt arbeid blir ikkje endra.
På same måte som anna inntektsgjevande arbeid, fører arbeid med slike verv til ei auke i arbeidstida. Fører arbeidet til at ein medlem har arbeidd meir enn 50 prosent av tidlegare vanleg arbeidstid, fell retten til dagpengar bort, jf. § 4-13 andre ledd. Departementet presiserer at kravet til arbeidstidsreduksjon framleis skal gjelde for dei som har arbeidsinntekt frå den type arbeidsinnsats som her er omtalt.
Departementet legg til grunn at dei særskilde graderingsreglane skal praktiserast restriktivt.
Alle høyringsinstansane som har uttalt seg, støtter forslaget.
Heimel til å gi forskrift blir foreslått tatt inn i folketrygdloven § 4-13.
3.5 Utvida rett til gjenopptak av stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom - folketrygdloven § 4-16
3.5.1 Innleiing
Departementet foreslår å utvide retten til å ta opp att stønadsforhold i tilfelle kor ei gravid kvinne har hatt avbrot i stønadsperioden dersom årsaka er sjukdom som heng saman med at ho er gravid.
3.5.2 Gjeldande rett
I medhald av folketrygdloven § 4-16 kan ein stønadsmottakar ta opp att eit stønadsforhold når han eller ho har hatt avbrot i perioden i inntil 52 veker, utan ny prøving av kravet om minsteinntekt, utan nye ventedagar og utan at dagpengegrunnlaget blir fastsett på ny. Unntak gjeld når avbrotet skuldast at medlemen har avtent verneplikt eller har deltatt i arbeidsmarknadstiltak, jf. folketrygdloven § 4-16 andre ledd, og melder seg til Aetat innan ei veke etter at verneplikta eller tiltaket er avslutta. Stønadsmottakarar som er under utdanning har berre rett til å ta opp att stønadsforholdet når avbrotet har vore inntil 12 veker.
Regelen er grunngitt med at det er naturleg å ha avbrot i løpet av ein stønadsperiode, og m.a. omsynet til ei enkel saksbehandling taler for at ein skal sleppe å setje fram nytt krav om dagpengar etter mellombelse avbrot. Den maksimale avbrotsperioden blei sett til 52 veker mellom anna av omsyn til at dagpengemottakarar skulle kunne tre inn att i den same dagpengeperioden etter fødselspermisjon i 52 veker.
3.5.3 Vurderingar og forslag til endringar
Gjennom endringane i likestillingsloven 1. juli 2002 blei vernet for gravide styrka. I likestillingsloven § 3 andre ledd pkt. 2 går det fram at ei handling som
«setter en kvinne i en dårligere stilling enn hun ellers ville ha vært på grunn av graviditet eller fødsel»
reknes som direkte diskriminerande. Etter likestillingsombodet si oppfatning må graviditetsrelatert sjukdom i denne samanhengen bli behandla likt med graviditet.
Likestillingsombodet meiner regelen om maksimal avbrotsperiode i folketrygdloven § 4-16 verkar diskriminerande for kvinner som får avbrot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker som følgje av sjukdom som skuldast graviditeten, fordi desse ikkje frivillig har vald eit forlenga avbrot. Ombodet meiner at å ikkje ta omsyn til graviditetsrelatert sjukdom i samband med avbrotsperioden etter § 4-16, vil innebere direkte diskriminering av kvinner etter likestillingsloven.
Likestillingsombodet har bede departementet om å vurdere å endre regelverket slik at det ikkje lenger verkar diskriminerande.
På bakgrunn av dette foreslår departementet at sjukdom som har si direkte årsak i graviditet, også kan gi grunnlag for unntak frå 52-vekersregelen i folketrygdloven § 4-16 første ledd jf. andre ledd, slik som ved avbrot som skuldast verneplikt eller arbeidsmarknadstiltak.
Det visast til forslaget til endring av folketrygdloven § 4-16 andre ledd.
3.6 Tidsavgrensa bortfall av dagpengar i dei tilfella kor medlemene lar vere å møte opp ved Aetat lokal - folketrygdloven § 4-20
3.6.1 Innleiing
Departementet foreslår at tidsavgrensa bortfall av retten til dagpengar når ein medlem lar vere å møte ved Aetat etter innkalling, blir sett til fire veker.
3.6.2 Gjeldande rett
Med heimel § 4-20 første ledd bokstav e kan ein medlem miste retten til dagpengar i ein avgrensa periode når han/ho lar vere å møte ved Aetat etter ei innkalling, og han/ho ikkje har ein rimeleg grunn for dette. I § 4-20 fjerde ledd går det fram at bortfallsperioden kan vere åtte eller tolv veker eller seks månader, avhengig av om andre forhold som nemnd i § 4-20 første ledd, har funne sted.
3.6.3 Vurderingar og forslag til endringar
Bortfall av dagpengane i åtte veker (minste bortfallsperiode) har store konsekvensar for dei fleste medlemenes økonomiske situasjon. Ein kan stille spørsmål om dei moglege reaksjonane etter § 4-20 er for strenge når det gjeld dei tilfella der ein «berre» lar vere å møte etter innkalling til Aetat lokal. Det å ikkje møte etter innkalling til Aetat kan ikkje fullt ut sidestillast med å ikkje ta i mot tilbod om arbeid eller arbeidsmarknadstiltak. I sistnemnde tilfelle skjer ei aktiv nekting i forhold til eit konkret tilbod, mens å la vere å møte opp etter ei generell innkalling meir har preg av passivitet. Sett i ei arbeidsmarknadssamanheng, må ein dessutan kunne leggje til grunn at det vil vere viktigast å reagere mot nekting av å ta imot tilbod om arbeid eller tiltak. Vidare kan det forholdet atdet blir reagert vere viktigare enn kva reaksjonen er.
Forslaget til endring av reaksjon ved manglande frammøte må sjåast i samanheng med avgjerdene i dei såkalla «postsakene» i Trygderetten. Dette er avgjerder kor Trygderetten oppheva Aetat sine vedtak om tidsavgrensa bortfall ved manglande oppmøte fordi ein ikkje kunne vere sikker på at innkallinga faktisk var kome fram til den arbeidssøkjande. I Aetat blei ein uviss med omsyn til korleis ein skulle praktisere reglane om tidsavgrensa bortfall i slike tilfelle, etter desse avgjerdene. Trygderetten har ikkje hatt ein eintydig praksis når det gjelder liknande saker, heller ikkje etter at Trygderetten frå 1999 også har kunna prøve fakta i sakene. Departementet meiner likevel at ein treng å revurdere reaksjonane etter § 4-20, m.a. fordi ein for streng reaksjon kan føre til at ein lar vere å bruke han. Sett i samanheng med økte aktivitetskrav og krav om betre oppfølging av arbeidssøkjarane frå Aetat, kan ein slik ikkje-bruk også vere uheldig.
Når det gjeld alternative reaksjonsformer i dei tilfella kor ein medlem ikkje møter opp etter innkalling, verkar det mest aktuelt å gi tidsavgrensa bortfall for eit kortare tidsrom enn det som no gjeld etter § 4-20. Departementet foreslår derfor å innføre ein heimel for å differensiere lengda på bortfallsperioden i dei tilfella kor innkallinga ikkje kan likestillast med eit tilbod om arbeid eller tiltak.
Det kan hevdast at reduserte sanksjonar kan føre til svekka insentiv til aktivt å vere arbeidssøkjar. Departementet meiner at risikoen for ein ikkje-bruk inneber ein større fare for svekka insentiv. Bortfall av dagpengar i minst åtte veker kan utan omsyn til insentivverknader likevel vere ein for streng administrativ reaksjon.
Departementet foreslår etter dette at bortfallsperioden i slike tilfelle blir sett til fire veker, og at det i desse tilfella ikkje kan gis strengare reaksjon enn bortfall i tolv veker.
3.7 Samordning av dagpengar og svangerskapspengar - folketrygdloven §§ 4-24 og 4-25
3.7.1 Innleiing
Departementet foreslår å presisere heimelen i § 4-24 om samordning av dagpengar med fulle svangerskapspengar. Vidare foreslår departementet å gi heimel for å samordne dagpengar med reduserte svangerskapspengar.
3.7.2 Gjeldande rett
Det følgjer av folketrygdloven § 14-13 at ei kvinne har rett til svangerskapspengar dersom ho etter reglar i lov eller forskrift blir pålagd å slutte i arbeidet fordi ho er gravid, og det ikkje er mogleg å omplassere henne til eit anna høveleg arbeid i verksemda. Fråveret under svangerskapet må føre til tap av pensjonsgjevande inntekt. Svangerskapspengar ytast frå det tidspunktet kvinna er pålagd å slutte i arbeidet, og fram til tre veker før fødselen.
Det er det spesielle med det aktuelle arbeidet som gir rett til svangerskapspengar. Ei kvinne som blir pålagd å slutte i arbeidet fordi ho er gravid, kan derfor være i stand til å ta ei anna type arbeid i den tida ho mottek svangerskapspengar. Ho vil da kunne reknast som reell arbeidssøkjar og vil kunne fylle vilkåra for rett til dagpengar under arbeidsløyse i den same perioden som ho oppfyller vilkåra for rett til svangerskapspengar. Samordningsreglane i folketrygdloven kap. 4 regulerer ikkje eksplisitt forholdet til svangerskapspengar.
Det følgjer av folketrygdloven § 4-24 første ledd at ein medlem som har rett til dagpengar under arbeidsløyse, og samstundes fyller vilkåra for rett til ei anna yting til livsopphald etter folketrygdloven som skal dekke same inntektstap i same tidsrom, kan velje kva for ei yting han eller ho vil ha. Regelen er eit uttrykk for det generelle prinsippet i trygdelovgivinga om at den som på same tid fyller vilkåra for fleire fulle ytingar, kan velje den mest gunstige. Dette inneber at ei kvinne som på same tid fyller vilkåra for dagpengar under arbeidsløyse og svangerskapspengar kan velje ei av ytingane, men ho kan ikkje få begge ytingane samstundes.
I § 4-24 andre ledd er det lista opp ein del trygdeytingar som fører til bortfall av retten til dagpengar. I motsetnad til m.a. fødsels- og adopsjonspengar er svangerskapspengar ikkje nemnd særskilt her. Etter folketrygdloven § 4-25 første ledd skal dagpengane bli reduserte dersom medlemen har rett til dei reduserte ytingane frå folketrygda som er nemnd i § 4-25 andre ledd. I motsetnad til m.a. fødsels- og adopsjonspengar er svangerskapspengar ikkje nemnd her. Dette inneber at kvinna vil kunne få reduserte svangerskapspengar på same tid som ho får fulle dagpengar, noko som vil seie at ho vil kunne få meir enn 100 prosent ytingar til livsopphald.
3.7.3 Vurderingar og forslag til endringar
Det følgjer som nemnd allereie av § 4-24 første ledd at dagpengane vil falle bort dersom kvinna vel å få svangerskapspengar. Av informasjonsomsyn finn departementet det likevel føremålstenleg å ta svangerskapspengar med i opplistinga i § 4-24 andre ledd bokstav e.
Det er etter gjeldande rett heimel for å samordne fulle svangerskapspengar med dagpengar, og departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn for at reduserte svangerskapspengar ikkje skal samordnast med dagpengar på same måte som t.d. reduserte sjukepengar og fødselspengar. Folketrygdloven § 4-25 første ledd bokstav e bør derfor endrast, slik at ein kan samordne dagpengar under arbeidsløyse med reduserte svangerskapspengar. Ingen av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, har hatt innvendingar mot dette forslaget.
3.8 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og redusert uførepensjon - folketrygdloven §§ 4-25 og 4-26
3.8.1 Innleiing
Departementet foreslår å endre samordningsreglane for dagpengar og uførepensjon/tidsavgrensa uførestønad etter folketrygdloven §§ 4-25 og 4-26, slik at det for kvilande pensjonsrett blir samordna med utgangspunkt i verknadstidspunktet og ikkje i uføretidspunktet.
3.8.2 Gjeldande rett
Etter folketrygdloven § 4-25 bokstav d og § 4-26 bokstav c skal dagpengar samordnast med redusert tidsavgrensa uførestønad og uførepensjon når desse ytingane er gitt med uføretidspunkt i inneverande år eller innanfor dei to føregåande åra. Bakgrunnen for dette er at medlemene ikkje skal kunne få dobbelt dekning for inntektstapet fordi same inntekt er med i grunnlaget både for dagpengar og uførepensjon. § 4-25 gjeld samordning med reduserte folketrygdytingar og § 4-26 bokstav c gjeld samordning med ytingar frå (anna) offentleg pensjonsordning.
Etter at reglar for samordning av dagpengar og redusert uførepensjon frå folketrygda kom, er reglane for redusert uførepensjon frå folketrygda endra fleire gonger. M.a. blei det i 1994 vedtatt ein regel om kvilande pensjonsrett.
Uførepensjonen kan revurderast og ein uførepensjonist som tek meir arbeid enn kva restinntektsevna tilseier, kan settes «kvilande», jf. folketrygdloven § 12-12 tredje ledd. Kvilande pensjonsrett kan anten gis så lenge tidsavgrensa arbeidstrening er godkjent av Aetat, eller når uførepensjonisten begynner i lønna arbeid eller startar verksemd i inntil tre år. Dette vil seie at det er mogleg for ein person med til dømes 50 pst. uførepensjon, å arbeide i full stilling i nokre år. Etter arbeidstidas utløp tas uførepensjonen opp att med nytt verknadstidspunkt,men ikkje nytt uføretidspunkt. Dersom medlemen sett fram krav om dagpengar etter at han eller ho har teke opp att den kvilande pensjonsretten, vil uføretidspunktet ligge så langt attende i tid at ytinga etter gjeldande regler ikkje skal samordnast. Dette gir overkompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt sidan medlemen vil ha rett til 50 prosent uførepensjon samstundes som han eller ho vil få 100 prosent dagpengar.
3.8.3 Vurderingar og forslag til endringar
For å hindre overkompensasjon foreslår departementet å endre reglane i folketrygdloven § 4-25 bokstav d og § 4-26 bokstav c slik at det blir mulig å samordne dagpengane med redusert uførepensjonen etter at den kvilande pensjonsretten er teken opp att.
Funksjonshemmedes fellesorganisasjongår imot endringa på prinsipielt grunnlag, fordi det vil føre til at ei svak gruppe kjem dårlegare ut enn etter gjeldande rett. Departementet viser at det prinsipielt ikkje bør vere mogleg å få meir enn full kompensasjon for tap av inntekta samanlikna med andre. Vidare viser departementet til at det i praksis er svært få som samstundes mottek delvis uførepensjon og graderte dagpengar.
Dei andre høyringsinstansane som har uttalt seg, støtter forslaget.
Departementet foreslår å endre reglane slik at det for kvilande pensjonsrett blir samordna med grunnlag i verknadstidspunktet og ikkje i uføretidspunktet.
Fotnotar
Vanleg arbeidstid på 37,5 timar er mest vanleg. Problemet med avrunding vil vere det same når avrundinga fører til at ein kjem over terskelen for 50 pst. arbeidstid, uavhengig av om den vanlege arbeidstida er 37,5 timer, 25,5 timer, osv.