1 Hovudinnhald i proposisjonen
I proposisjonen føreslår Nærings- og handelsdepartementet endringar i lovene for Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret som følgje av rådsdirektiv 2003/58/EF av 15. juli 2003. Direktivet endrar rådsdirektiv 68/151/EØF om krav til offentlighet for visse selskapsformer (første selskapsrettsdirektiv).
I tillegg føreslår vi enkelte andre endringar for å effektivisere registreringa, også i lova for Einingsregisteret, i forhold til bruk av elektronisk kommunikasjon.
Første selskapsrettsdirektiv stiller krav om offentleggjering av sentrale selskapsopplysningar for å verne tredjeperson og selskapsdeltakarar. Opplysningar om storleiken på selskapskapitalen, årsrekneskap, stiftingsdokument og vedtekter skal registrerast i eit offentleg register og kunngjerast offentleg. Første selskapsrettsdirektiv er gjennomført først og fremst ved lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og opprettinga av Føretaksregisteret. Årsrekneskapen o.a. blir registrert i Rekneskapsregisteret.
Endringsdirektivet, rådsdirektiv 2003/58/EF, moderniserer første selskapsrettsdirektiv i tråd med den teknologiske utviklinga, og inneber m.a. at registrering av selskapsopplysningar, offentleggjering og avlevering av informasjon frå Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret skal kunne skje elektronisk. Dette er i hovudsak oppfylt ved dei elektroniske tenestene til Brønnøysundregistra.
Krava i direktivet samsvarar med regjeringa sine målsetjingar om gode og brukarvennlege elektroniske tenester frå det offentlege til næringslivet. Det er eit mål at Noreg skal vere leiande internasjonalt når det gjeld elektronisk kommunikasjon mellom det offentlege og brukarane. Brukarvennlege elektroniske tenester for næringslivet er med på å forenkle kvardagen for dei næringsdrivande. Dei betrar også samspelet mellom privat og offentleg sektor, og frigjer tid til verdiskaping i bedriftene. Brukarane kan ta den nødvendige kontakt med forvaltninga når det måtte passe og der det måtte passe.
Med utgangspunkt i dagens Altinn skal det utviklast ein felles portal for elektroniske tenester til næringslivet frå det offentlege. Departementet legg vidare stor vekt på å sikre samordna tenester, å sikre tempo i utviklinga og å sikre at utviklinga samsvarer med bedriftene sine ønske og behov. For at brukarane skal velje å ta løysingane i bruk, må dei vere brukarvennlege og tilrettelagde. Først då vil satsinga gi resultat i form av effektivisering av offentleg sektor og forenkling for næringslivet.
Regelverket må tilpassast for i størst mogleg grad å leggje til rette for effektiv elektronisk samhandling. Forslaga i proposisjonen er eit ledd i dette arbeidet, i tillegg til at krava i direktivet vert gjennomført. Hovudinnhaldet i proposisjonen er:
Det er behov for enkelte oppdateringar i lovverket med omsyn til elektronisk avlevering av selskapsopplysningar og dokument frå registra. I einingsregisterlova blir det føreslått at ein skal ha rett til å få elektronisk kopi av registrerte dokument og rett til elektronisk stadfesting på slike kopiar frå registeret.
I samsvar med krav i direktivet blir det føreslått ein rett i føretaksregisterlova og rekneskapslova til frivillig å kunne registrere og kunngjere selskapsopplysningar som er omsette til det språket ein ønskjer av dei offisielle språka til Fellesskapet. Vel selskapet å kunngjere ei slik omsetjing, er det ansvarleg overfor tredjeperson dersom det er manglande språkleg samsvar mellom dei obligatoriske norskregistrerte opplysningane og frivillig kunngjorde omsetjingar. Kontrollansvaret til registeret omfattar berre dei norskregistrerte opplysningane.
I samsvar med krava i direktivet føreslår vi at plikta for dei næringsdrivande til å ta inn visse opplysningar om føretaket (organisasjonsnummer mv) i visse typar dokument skal gjelde uavhengig av kva medium dokumenta finst på, og også på eventuelle heimesider.
Opplistinga av kva for dokument opplysningsplikta omfattar i føretaksregisterlova, blir føreslått justert for å få samsvar med tilsvarande føresegn i einingsregisterlova.
Direktivet opnar for at det offentlege kan påleggje elektronisk innrapportering. Frå det offentlege si side vil det vere ressurssparande å påleggje alle næringsdrivande å sende inn dokument og opplysningar elektronisk, og det vil vere med på å effektivisere registreringa. Det vil også vere til fordel for brukarane, mellom anna når det gjeld saksbehandlingstid. Vi føreslår at ein tek inn ein heimel til å gi forskrift om elektronisk innrapportering i føretaksregisterlova, einingsregisterlova og rekneskapslova.
Vi føreslår elles ein forskriftsheimel om forenkla underskriftskrav ved elektronisk innrapportering av endringar i adressa til føretaket/eininga og kontaktinformasjon i føretaksregisterlova og einingsregisterlova.
Vi føreslår at kravet om å stadfeste gjenpartar ved innsending til registrering blir oppheva.