4 Enkelte andre endringar
4.1 Forenkling av underskriftskrav
4.1.1 Innleiing
Brønnøysundregistra har overfor departementet teke opp behovet for å forenkle underskriftskrava til føretak som skal sende inn adresse og kontaktdata elektronisk til Føretaksregisteret og Einingsregisteret. Bakgrunnen er eit ønske om å harmonisere regelverket for Føretaksregisteret og Einingsregisteret, og å forenkle den elektroniske inn-sendinga.
4.1.2 Forslaget i høyringsnotatet
Føretaket/eininga har i dag plikt til å melde endringar i registrerte data snarast mogleg til Føretaksregisteret/Einingsregisteret, jf. føretaksregisterlova § 4-1 andre ledd og einingsregisterlova § 15 første ledd.
Mange elektroniske tenester på nett bruker skjema der adresse- og kontaktdata er utfylte på førehand. Alle offentlege verksemder har plikt til å bruke slik informasjon (grunndata). Adressedata omfattar postadresse og forretningsadresse, mens kontaktdata omfattar telefonnummer, telefaksnummer, mobiltelefonnummer, e-postadresse og heimeside. Det er ein fordel for alle at slike opplysningar er oppdaterte. I dag gjer underskriftskrava i registerlovgivinga det tungvint å rette feil i desse opplysningane, når dei for eksempel blir oppdaga i førehandsutfylte skjema. Melding til Føretaksregisteret må vere underskriven av anten alle meldepliktige eller den som har signaturrett, jf. føretaksregisterlova § 4-3. Melding til Einingsregisteret skal underskrivast av dagleg leiar, forretningsførar, innehavar eller tilsvarande kontaktperson, jf. einingsregisterlova § 8. Dersom eininga også er registrert i Føretaksregisteret, kan ein følgje underskriftskrava i føretaksregisterlova.
På bakgrunn av erfaringar med elektroniske tenester og gjenbruk av grunndata frå registra, særleg i Altinn, er det behov for å vurdere enklare underskriftskrav for endringar av adresse om føretak/einingar. Forenkla underskriftskrav er aktuelt berre for mindre endringar som ikkje utløyser krav om vedtektsendring. For forretningsadresser vil for eksempel flytting av forretningskontor til ein annan kommune utløyse krav om vedtektsendring/selskapsavtaleendring. Enklare underskriftskrav vil derfor berre gjelde for adresseendring innanfor same kommune.
I høyringsnotatet vart det føreslått forskriftsheimlar i føretaksregisterlova § 4-3 nytt andre ledd og i einingsregisterlova § 8 nytt tredje ledd tredje punktum om at departementet kan gjere unntak frå underskriftskrava ved elektronisk innsending av adressa til selskapet, og for endring av opplysningar om telefonnummer, telefaksnummer, og andre elektroniske adresser.
4.1.3 Høyringsinstansane sitt syn
SSB er einig i at dagens krav til underskrifter ved elektronisk innsending av adresse og kontaktdata til Føretaksregisteret og Einingsregisteret har gjort det urimeleg tungvint å rette feil i desse opplysningane, og støttar endringsforslaget.
4.1.4 Departementet si vurdering
Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslag i høyringsnotatet, inn for ein forskriftsheimel der departementet kan gjere unntak frå underskriftskrava ved elektronisk innsending av adresse og kontaktdata.
4.2 Andre endringar
4.2.1 Innleiing
Det er behov for å gjere enkelte andre endringar i einingsregisterlova og føretaksregisterlova for å effektivisere den elektroniske kommunikasjonen, og for å harmonisere og oppdatere regelverket.
4.2.2 Forslag i høyringsnotatet
I føretaksregisterlova § 1-1 fjerde ledd går det i dag uttrykkeleg fram at krav
«i eller i medhold av loven her om underskrift eller om at klage, underretning eller liknende skal gis skriftlig, er ikke til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon».
I høyringsnotatet vart det føreslått at ein skulle ta inn ei tilsvarande føresegn i einingsregisterlova § 3, for å harmonisere regelverket i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Av føretaksregisterlova § 6-2 siste ledd går det fram at registerføraren
«skal kunngjøre opplysninger som nevnt i rådsdirektiv 68/151/EØF gjennom Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon med en gang de er registrert».
I høyringsnotatet vart det føreslått å endre føretaksregisterlova § 6-2 sjette ledd slik at føresegna viser til endringane som vart gjorde ved rådsdirektiv 2003/58/EF.
Føretaksregisterlova § 4-4 listar opp kva for vedlegg som skal følgje melding etter føretaksregisterlova § 4-1. Dokumentasjonen skal sendast inn i stadfesta gjenpartar.
I høyringsnotatet vart det føreslått å oppheve kravet til stadfesting av gjenpartar i føretaksregisterlova § 4-4. Kravet til stadfesting er ei formforskrift som skal sikre at det innsende dokumentet er rett kopi av originaldokumentet. Kravet inneber ikkje noko innhaldsmessig stadfesting, og er først og fremst tradisjonelt grunngitt. Ved Føretaksregisteret og Einingsregisteret blir ikkje manglande stadfesting på gjenpartar handheva som sjølvstendig nektingsgrunn. Kravet kan komplisere den elektroniske innsendinga.
4.2.3 Høyringsinstansane sitt syn
Ingen av høyringsinstansane har kommentert forslaga.
4.2.4 Departementet sine vurderingar
Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget i høyringsnotatet, inn for å harmonisere einingsregisterlova § 3 med føretaksregisterlova § 1-1 fjerde ledd. I tråd med forslaget går vi også inn for å oppdatere føretaksregisterlova § 6-2 sjette ledd, og vi går vidare inn for å oppheve kravet til stadfesting av gjenpartar i føretaksregisterlova § 4-4.