2 Bakgrunnen for lovrevisjonen
2.1 Endringar i burettslovene
Kommunane har ei viktig rolle i bustadpolitikken. Mellom anna har kommunen ansvar for den generelle bustadforsyninga, her medrekna eit særleg lovpålagt ansvar for å skaffe bustad til personar som ikkje sjølve er i stand til det. Dette ansvaret går fram av sosialtenestelova § 3-4, halde saman med § 2-1. Med tanke på å sikre det offentlege tilgang til å skaffe bustader til vanskelegstilte, vedtok Stortinget ei føresegn i den nye eigarseksjonslova om at staten, fylkeskommunar og kommunar, i tillegg til selskap som har til føremål å skaffe bustader og som blir styrt og kontrollert av ein av desse instansane, til saman kan overta ti prosent - men minimum ein seksjon - i eit eigarseksjonssameige som har fem eller fleire seksjonar. Dette sjølv om det er lagt ned forbod mot at juridiske personar kan overta seksjonar i sameiget, eller det er sett tak på kor mange seksjonar nokon kan eige.
I St meld nr 17 (1996-97) - Om innvandring og det flerkulturelle Norge (Innvandringsmeldinga), varsla regjeringa at den ville gjere framlegg om å endre føresegnene i burettslagslova om juridiske parteigarar, som gjev kommunane ein minstetilgang til å overta bustader for utleige, med tanke på integrering av vanskelegstilte i burettslag. På grunnlag av Innst S nr 225 (1996-97), gjorde Stortinget den 12. juni 1997 følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å fremme de nødvendige lovendringer slik at det blir lettere for kommunene å overta andeler i borettslag som kan klausuleres til utleieboliger.»
Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd (KBL) har i brev av 19. november 1996 til departementet også teke opp behovet for ei endring av lova. KBL skriv mellom anna:
«KBL vurderer det som meget positivt at Ot. prp. nr. 33 1995-1996 vedr. forslag til ny eierseksjonslov inneholder en bestemmelse i § 22 som vil gi kommunene adgang til å erverve inntil 10 % av boligene i eierseksjonssameier. KBL er imidlertid svært opptatt av at departementet snarest mulig utarbeider forslag til en lignende bestemmelse i lov om borettslag.
Bakgrunnen for behovet for dette forslaget er det faktum at en rekke borettslag i dag forsøker å hindre kommunene i å erverve boliger i borettslag. Dette er beklagelig da mange gode og etablerte bomiljøer i storbyer nettopp er etablert i organiserte borettslag.»
Dette lovframlegget er eit slikt forslag som blei varsla i St meld nr 17, og som Stortinget deretter vedtok å be regjeringa om å vurdere å fremje.
2.2 Endringar i eigarseksjonslova
Ny lov om eigarseksjonar blei vedteken 23. mai 1997 og tok til å gjelde frå 1. januar 1998. Etter den nye lova skal kommunane kontrollere at vilkåra for seksjonering er oppfylte. Er vilkåra oppfylte, skal kommunen gje løyve til seksjonering og sende kravsmålet om seksjonering med vedlegg til tinglysingsembetet. Tinglysingsdommaren gjennomfører den formelle opprettinga av seksjonane ved tinglysing av kravsmålet om seksjonering.
Lova føreset at dei som har rettsleg klageinteresse kan klage på kommunens vedtak om å gje løyve til å seksjonere ein eigedom. Når kommunen avslår slik søknad, vil klageordninga kunne fungere godt. Like eins er det høve til å klage over vedtak om å gje løyve til seksjonering. I praksis har det sistnemnde høvet til å klage reelt sett mindre å seie, då kommunen skal sende kravsmålet om seksjonering, med vedlegg, vidare til tinglysing etter at det er gjeve løyve; den som har heimelen til eigedommen har krav på at dette blir gjort omgåande. Følgjeleg kan det oppstå ein situasjon der kravsmålet om seksjonering er tinglyst på det tidspunktet ein klage blir sett fram. Ved tinglysinga får seksjoneringa rettsverknader som ein ikkje kan endre gjennom ei administrativ førehaving av klagen.
Kjem det administrative klageorganet fram til at løyvet skal opphevast, vil ikkje dette føre til at sjølve tinglysinga må opphevast. Sjølv om vedtaket om å gje løyve til å seksjonere blir gjort om, kan avgjerda til tinglysingsdommaren bli ståande. Departementet finn dette uheldig, og vil av den grunn kome med eit framlegg til endring i eigarseksjonslova som sikrar at slike saker får ei reell administrativ klageførehaving.
Det framgår av den nye eigarseksjonslova at eit sameige med ni eller fleire seksjonar skal registrerast i Føretaksregisteret. Sameige med åtte eller færre seksjonar kan registrerast i det same registeret. Det vil seie at den nye lova dels pålegg og dels gjev rett til registrering. Men lova er utforma slik at den berre gjev sameige som blir oppretta etter den nye lova, adgang til å bli registrert. Dette var ikkje tilsikta frå departementets side. Departementet gjer difor no framlegg om at også eigarseksjonssameige som er etablert før den nye lova tok til å gjelde, skal kunne bli registrert i Føretaksregisteret.
2.3 Departementets høyringsnotat og høyring
Den 30. januar 1998 blei eit høyringsnotat med framlegg til lovendringar sendt på høyring til:
Departementa
Fylkesmennene
Høgsterett
Borgarting lagmannsrett
Gulating lagmannsrett
Oslo byskriverembete
Trondheim byfogdembete
Bergen byfogdembete
Stavanger byfogdembete
Asker- og Bærum herredsrett
Juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo
Juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen
Forbrukarrådet
Statsbygg
Brønnøysundregistra
Kommunenes Sentralforbund
Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd
Oslo kommune
Bergen kommune
Trondheim kommune
Stavanger kommune
Norges Leieboerforbund
Huseiernes Landsforbund
Norges Huseierforbund
Juss-Buss
Den Norske Stats Husbank
Den Norske Bankforening
Sparebankforeningen i Norge
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norges Takseringsforbund
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Oslo Bolig og Sparelag (OBOS)
Bergen og Omegn Boligbyggelag (BOB)
Asker og Bærum Boligbyggelag (ABBL).
Høyringsfristen blei sett til 30. mars 1998. Det har kome inn merknader frå i alt 48 instansar. Følgjande instansar har kome med utsegner om realiteten i lovforslaget:
Justisdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Vest-Agder
Fylkesmannen i Oppland
Fylkesmannen i Hedmark
Fylkesmannen i Østfold
Fylkesmannen i Finnmark
Oslo byskriverembete
Byfogden i Bergen
Forbrukarrådet
Statsbygg
Brønnøysundregistra
Kommunenes Sentralforbund (KS)
Oslo kommune
Bergen kommune
Trondheim kommune
Stavanger kommune
Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd (KBL)
Den Norske Advokatforening
Leieboerforeningen
Huseiernes Landsforbund
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Bergen og Omegn boligbyggelag (BOB)
Asker og Bærum Boligbyggelag (ABBL)
Oslo Bolig og Sparelag (OBOS)
Boligbyggelaget USBL (USBL)
A/L Oslo og Omegn Boligforvaltning
Christian Fr Wyller
Ringvegen borettslag
Bjerke borettslag
2.4 Høyringsinstansanes generelle merknader
Dei merknadene frå høyringsinstansane som knyter seg til konkrete punkt i lovforslaget, er plasserte under dei punkt i proposisjonen dei høyrer heime i. Nokre høyringsinstansar har i hovudsak berre kome med ein generell merknad. Det gjeld Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Oslo kommune, Stavanger kommune, Leieboerforeningenog Forbrukarrådet,som alle sluttar seg til dei lovendringane som det er gjort framlegg om.