2 Tilvisingar til det departementet som har hovudansvaret for utlendingsforvaltninga m.m.
2.1 Endringar i utlendingslova § 38a og § 38b
2.1.1 Bakgrunn
Bakgrunnen for lovforslaget er at Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2006 overtok det myndet som tidlegare låg til Kommunal- og regionaldepartementet etter utlendingslova.
Utlendingslova § 38a gir i dag Kommunal- og regionaldepartementet, i tillegg til Utanriksdepartementet, Norges Juristforbund og humanitære organisasjonar, mynde til å fremje forslag i samband med oppnemning av nemndmedlemmer i Utlendingsnemnda, jf. § 38a fjerde ledd. Det blir vidare slått fast i § 38b første ledd at ved nemndmøte skal det eine av to nemndmedlemmer trekkjast ut blant dei som er oppnemnde etter forslag frå m.a. Kommunal- og regionaldepartementet. Ved stornemnd skal to av fire nemndmedlemmer trekkjast ut blant dei som er oppnemnde etter forslag frå m.a. Kommunal- og regionaldepartementet, jf. § 38b andre ledd.
2.1.2 Departementet sine forslag og vurderingar
Departementet føreslår at «Kommunal- og regionaldepartementet» i § 38a fjerde ledd og § 38b første og andre ledd blir erstatta med «det departementet som har hovedansvaret for utlendingsforvaltningen».
Departementet vurderer det slik at det er tenleg at ein bruker den nøytrale nemninga «det departementet som har hovedansvaret for utlendingsforvaltningen» og ikkje «Arbeids- og inkluderingsdepartementet». På denne måten kan ein unngå at lova igjen må endrast ved ei eventuell seinare overføring av mynde etter lova frå eitt departement til eit anna. Forslaget har ikkje vore på høyring fordi departementet fann at alminneleg høyring openbert ikkje var nødvendig, jf. utgreiingsinstruksen pkt. 5.4.
2.2 Endring i utlendingslova § 42
2.2.1 Bakgrunn
Stortinget vedtok 26. april 2005 lov om endringer i utlendingsloven (styringsforhold på utlendingsfeltet), jf. Ot.prp. nr. 31 (2004–2005) og Innst. O. nr. 68 (2004–2005). Bakgrunnen for lovendringane var St.meld. nr. 21 (2003–2004) Styringsforhold på utlendingsfeltet, der regjeringa drøfta ulike tiltak for å få betre samsvar mellom politiske mål og prioriteringar og praksis i utlendingssaker. Lovvedtaket innebar m.a. at utlendingslova § 42 om rettshjelp fekk eit nytt fjerde ledd som slår fast at utlendingen skal ytast fritt rettsråd utan behovsprøving i tilfelle der departementet bringar eit positivt vedtak i Utlendingsdirektoratet inn for Utlendingsnemnda, og fri sakførsel utan behovsprøving i tilfelle der departementet bringar eit positivt vedtak frå Utlendingsnemnda inn for prøving for ein domstol. Etter lovvedtaket skulle dåverande fjerde ledd bli nytt femte ledd. Endringslova blei sanksjonert 10. juni 2005 og blei sett i kraft 9. september 2005.
Ved lovendringa blei det oversett at Stortinget 15. juni 2004 vedtok lov om endringer i utlendingsloven (senking av nedre strafferamme for utvisning og fritt rettsråd i asylsaker), jf. Ot.prp. nr. 51 (2003–2004) og Innst. O. nr. 93 (2003–2004). Endringslova blei sanksjonert 2. juli 2004 og blei sett i kraft 1. januar 2005. På bakgrunn av at departementet ønskte ei omlegging av tilbodet om fritt rettsråd i asylsaker, blei det vedteke eit nytt tredje ledd i § 42 og gjort endringar i § 42 fjerde ledd. Det følgjer m.a. av det nye tredje leddet at asylsøkjarar ikkje lenger har rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i første instans.
Då lovforslaget i Ot.prp. nr. 31 (2004–2005) blei fremja, hadde § 42 berre fire ledd, og det blei derfor berre fremja forslag om at dåverande fjerde ledd skulle bli nytt femte ledd. Men før endringslova blei vedteken av Stortinget, var endringslova av 2. juli 2004 blitt sett i kraft, og det innebar at føresegna hadde fått totalt fem ledd. Dette var ein ikkje merksam på ved lovvedtaket av 26. april 2005, og det dåverande femte ledd blei dermed ved ein inkurie oppheva.
2.2.2 Departementet sine forslag og vurderingar
Departementet meiner at feilen bør rettast opp så raskt som råd, ved at det blir vedteke at føresegna som utgjorde femte ledd før lovvedtaket av 26. april 2005, blir nytt sjette ledd. For å tydeleggjere innhaldet i føresegna er det likevel ønskjeleg å endre ordlyden. Tidlegare femte ledd lydde:
«I de tilfelle det er ytet fri sakførsel og fritt rettsråd uten behovsprøving, kan det offentliges utgifter i forbindelse med rettshjelpen kreves helt eller delvis erstattet dersom utlendingen har økonomisk evne til det. Nærmere bestemmelser om dette kan fastsettes ved forskrift etter loven her eller i medhold av lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp.»
Føresegna blei opphavleg teken inn av justiskomiteen under behandlinga av Ot.prp. nr. 46 (1986–1987) Om lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova), jf. Innst. O. nr. 92 (1987–88) s. 20. Det går her fram at siktemålet var å gi det offentlege eit høve til å «kreve tilbake utgifter til rettshjelp når fri sakførsel eller fritt rettsråd i første omgang er gitt uten behovsprøving«, ettersom «det er rimelig at utlendinger som har økonomisk evne til det, selv dekker sine advokatutgifter». Den føreslåtte formuleringa i § 42 nytt sjette ledd gir klarare uttrykk for dette. Forslaget inneber inga realitetsendring i forhold til formuleringa i tidlegare femte ledd.
Formuleringa i tidlegare femte ledd om at nærmare føresegner kan fastsetjast i medhald av lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp, blir føreslått stroken. Det er ikkje nødvendig å seie noko i utlendingslova om at departementet har heimel til å gi forskrifter etter ei anna lov. Forslaget har ikkje vore på høyring fordi departementet fann at alminneleg høyring openbert ikkje var nødvendig, jf. utgreiingsinstruksen pkt. 5.4.
2.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaga til endring i utlendingslova § 38a fjerde ledd, § 38b første og andre ledd og § 42 reknar ein ikkje med får nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.
2.4 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovforslaget
Til § 38a fjerde ledd:
Sjå dei generelle merknadene under punkt 2.1.2.
Til § 38b første og andre ledd:
Sjå dei generelle merknadene under punkt 2.1.2.
Til § 42 sjette ledd:
Føresegna som før lovendringa av 10. juni 2005 utgjorde § 42 femte ledd, og som det blir føreslått blir nytt sjette ledd, slår fast at dersom utlendingen har økonomisk evne til å dekkje utgifter til fri sakførsel og fritt rettsråd, kan det offentlege krevje beløpet heilt eller delvis tilbakebetalt. Den føreslåtte omformuleringa av føresegna inneber ikkje noka realitetsendring. Departementet viser elles til dei generelle merknadene under punkt 2.2.2.