Ot.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

I

I lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 6 fjerde ledd skal lyde:

I samband med sak etter første til tredje ledd kan partane avtale at jordskifteretten held skjønn ved friviljug avståing av grunn, bruksrett eller ved friviljug avgrensing av eigarrådvelde for eigedom som heilt eller dels skal nyttast til erstatning og som ikkje omfattast av jordskifte.I andre høve enn nemnt i første til tredje ledd, kan jordskifteretten halde avtaleskjønn som eiga sak.

§ 6 b første ledd skal lyde:

Skjønn jordskifteretten held som eiga sak med heimel i § 6 fjerde ledd andre punktumeller i anna lov følgjer reglane for rettslege skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

§ 6 b andre ledd første punktum skal lyde:

I saker etter § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 4, 8, 20 a, 26, 27, 42, 48, 50, 52, 53, 54 - 54 b, 55, 57 og 58.

§ 9 nytt sjuande til niande ledd skal lyde:

I saker etter § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum skal retten setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 11 første ledd andre og tredje punktum og andre til fjerde ledd gjeld tilsvarande. Halvparten av jordskiftemeddommarane ved jordskiftet skal oppnemnast frå utvalet etter § 14 i same lova. For at retten skal kunne setjast med to jordskiftemeddommarar, er det ein føresetnad at dei er med både i utvalet som er nemnt i § 8, og i utvalet etter lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 14.

I saker etter § 6 a skal meddommarane til vanleg oppnemnast frå utvalet etter § 14 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

§ 12 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld tilsvarande i saker etter bestemmelsene som er nemnt i sjuande og åttande ledd.

§ 17 a nytt femte ledd skal lyde:

Når partane er samde om det, kan retten i særlege høve fatte vedtak som nemnt i fjerde ledd straks. Vilkåra er at vedtaket er lese opp for partane i eit rettsmøte, og at dei seier frå seg retten til forkynning etter fjerde ledd.

§ 17 noverande femte ledd vert nytt sjette ledd.

§ 28 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det skal ikkje takast omsyn til avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet med mindre nokon kan påførast tap eller det ligg føre særlege grunnar.

Nytt tredje ledd skal lyde:

Ved voldgiftsavtale med heimel i § 85 andre ledd kan skiftegrunnlaget i skog avtalast mellom partane.

§ 61 andre ledd tredje til femte punktum skal lyde:

Vedtak etter § 87 første punktum i saker etter § 6 første til fjerde ledd første punktum kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter § 62 femte og sjette ledd i saker der jorskiftelova held skjønn etter § 6 første til tredje ledd. I saker som nemnt i § 6 b andre ledd første punktum kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten.

§ 63 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Fristen for rettsfastsetjande vedtak som er handsama etter § 17 a femte ledd, skal reknast frå vedkomande rettsmøte.

§ 74 andre ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

Når det vert krevd grensegangssak etter § 88 første ledd første punktum eller andre ledd første punktum i samband med nye grenser ved offentleg regulering av eigarrådvelde, skal vedkomande offentlege styresmakt betale sideutgifter i samsvar med andre ledd andre og tredje punktum.

§ 76 nytt fjerde ledd skal lyde:

Når det vert krevd grensegang etter § 88 første ledd første punktum eller andre ledd første punktum i samband med nye grenser ved offentleg regulering av eigarrådvelde, ber vedkomande offentlege styresmakt kostnadene

§ 85 skal lyde:

Jordskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale, har same verknaden som offentleg jordskifte. Over slikt jordskifte kan det ikkje nyttast rettsmiddel etter kap. 7. Kostnadene ved slik sak skal gjerast opp og betalast som for offentleg jordskifte.

Det same gjeld for friviljug makeskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale når makeskiftet vert gjennomført i samsvar med føresegnene i jordskiftelova, med unntak av § 1, og voldgiftsavtala kjem i staden for offentleg oreigning eller regulering av eigarrådevelde. Føresegnene i kapittel 8 gjeld så langt dei høver.

Partane kan ikkje gjere avtale om voldgift etter andre ledd i dei høva som er nemnt i §§ 6 første til fjerde ledd første punktum og 6 a.

§ 88 første ledd første punktum skal lyde:

Eigar kan krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser , grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde.

§ 88 andre ledd første punktum skal lyde:

Når det gjeld grensegang for alltidvarande bruksrett og offentleg regulering av eigarrådvelde, kan og bruksrettshavar og offentleg styresmakt krevje grensegang.

II

I lov 28. juni 1974 nr. 58 Om odelsretten og åseteretten vert det gjort følgjande endringar:

§ 16 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Når jord ved jordskifte blir overført frå ein eigedom til ein annan, eller bruksrett blir avløyst med eit grunnstykkje, gjeld det som er sagt i første stykket tilsvarande. Når nokon ved makeskifte etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o. a. § 85 andre ledd overlet odlings- eller odelsjord mot å få ny eigedom som det kan hevdast odel til, skal den odelsrettslege stillinga for eigaren, odlaren eller dei som har odelsrett vere den same i høve til den nye eigedomen som dei hadde i høve til den gamle. Det er ein føresetnad at eigedomen ein tek over ved makeskiftet, er odelsfri eller blir det som følge av makeskiftet etter forrige punktum.

Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord etter reglane i lov om jord (jordlova) 12. mai 1995 nr. 23, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir tillagt. Dette gjeld og om jorda er gått over ved friviljug handel, når fylkeslandbruksstyret har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord, og jorda - dersom det er odelsjord - er gjort odelsfri i samsvar med reglane om odelsfrigjering.

§ 32 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Når nokon i bytte for odelsjord ved makeskifte etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o. a. § 85 andre ledd tek over eigedom som det ikkje kan hevdast odel til, fell eldre odelsrett bort på den eigedomen eigaren gjev frå seg.

III

I lov 5. mai 1961 om grannegjerde skal § 16 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks- , natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønet dersom rekvirenten set fram krav om skjøn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

IV

I lov 21. juni 1963 nr. 23 skal § 60 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks- , natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønn etter kap. VII dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

V

I lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom skal § 19 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks- , natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønnet dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

VI

Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer

Til forsida