2 Arbeidet med proposisjonen
24. september 2003 sende Kultur- og kyrkjedepartementet eit notat med forslag til endringar i kulturminnelova og svalbardmiljølova på høyring til desse høyringsinstansane:
Alle departementa
Sametinget
Sysselmannen på Svalbard
ABM-utvikling
Riksantikvaren
Riksarkivaren
Toll- og avgiftsdirektoratet
ØKOKRIM
Den norske UNESCO-kommisjonen
Norsk kulturråd
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalmuseet for kunst
Alle universitetsmusea
Norsk Folkemuseum
Forsvarsmuseet
Sjøfartsmusea
Samiid Vuorka-Davvirat (De samiske samlinger)
Ringve museum
Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum
Norsk Teknisk Museum
Norges Museumsforbund
Norges Kunst- og Antikvitetshandleres Forening
Norges Veteranskipsforening
Norsk Numismatisk forening
Norsk Filatelistforbund
Den norske Dommerforening
Den norske Advokatforening
Den alminnelege høyringsfristen var sett til 15. november 2003. Det kom inn i alt 27 høyringsfråsegner. Innhaldet i høyringsfråsegnene vert omtala seinare i proposisjonen i tilknyting til dei enkelte punkta i lovforslaget. Enkelte høyringsinstansar har kome med merknader og forslag til justeringar som er søkt innearbeidde i forslaget. Generelt kan ein seie at dei fleste høyringsinstansane sluttar seg til hovudinnhaldet i høyringsnotatet.