4 Økonomiske og administrative konsekvensar
På bakgrunn av Miljøverndepartementets tidlegare vurdering og høyringar legger Kultur- og kyrkjedepartementet til grunn at lovendringane som følgje av ratifikasjon av konvensjonen ikkje vil ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Endringane vil som vist ovanfor, i stor grad vere ei systematisering av gjeldande reglar, og gjennomføring av internasjonale avtaler. Reglane vil bli administrerte av ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum og Riksantikvaren innanfor sine fagområder, i tillegg til at det er Tollvesenet som vil måtte følgje opp det nye importforbodet. Kontroll av import av kulturgjenstandar vil verte ein del av den målretta kontrollen som vert gjennomført på grensa.
Toll- og avgiftsdirektoratet meiner at det for framtida bør kunne etablerast gode rutinar mellom etatane i samband med oppgåvegjennomgangen av varer som er underlagt restriksjonar og som direktoratet for tida arbeider med. Dei peikar likevel på at «dersom man som følgje av tiltredelse av konvensjonen ønsker økt fokus på inn- og utførselsforbudet, bør den ressursmessige delen av dette drøftes nærmere med Finansdepartementet». Kontroll av forbodet mot import av kulturgjenstandar vil vere ei ny oppgåve Tollvesenet blir pålagt. Kva som vert rekna som kulturgjenstandar, vil vere likt ved forbod mot utførsel og innførsel av kulturgjenstandar. Ved den målretta kontrollen Tollvesenet gjer, vil kontroll av import av kulturgjenstandar ikkje representere noko vesentleg anna enn kontroll av utførsel av kulturgjenstandar. Den vanskelege oppgåva for Tollvesenet er å avgjere kva som er ein kulturgjenstand. Om det er ein importsituasjon eller ein eksportsituasjon er etter departementets vurdering ikkje avgjerande. Endringane vil ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar, og kontroll av forbodet mot import av kulturgjenstandar kan gjennomførast innanfor den meir målretta kontrollen Tollvesenet gjennomfører på kulturgjenstandar generelt.