4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget er først og fremst knytte til auka kontroll, omlegginga av merkeordninga og avgifta til Norsk kino- og filmfond (NKFF) og innføringa av ei klagenemnd for vurdering av enkeltvedtaka til filmtilsynet.
Oppheving av dei særskilte registreringsordningane for produsentar, importørar og forhandlarar fører til reduserte kostnader og administrative forenklingar for aktørane og Statens filmtilsyn. I tillegg vil systemet i lova bli langt enklare.
Framlegga vil gi auka aktivitet for Statens filmtilsyn. Prinsippet om at Statens filmtilsyn sitt arbeid med videogram skal vere sjølvfinansierande blir ført vidare. Framlegget om ny merkeordning vil føre til meir arbeid knytt til trykking, ekspedering og refusjonsordning. Departementet gjer framlegg om at førehandskontroll av videogram etter krav frå Statens filmtilsyn ikkje skal gebyrleggjast, men at utgiftene til slik kontroll skal dekkjast av merkegebyret. Også auka kontroll i videomarknaden vil måtte dekkjast av dette gebyret.
Framlegget om å knyte avgifta til NKFF til merke for registrerte videogram vil føre til at avgifta vil bli kravd inn frå distributøren. Den nye avgiftsordninga vil gi om lag same inntekt til fondet som i dag, dersom ein legg til grunn ei avgift på om lag kr 4 per merke. Ordninga vil føre til ei viss administrativ innsparing i NKFF og noko meirarbeid i Statens filmtilsyn. Departementet legg opp til eit samarbeid mellom Statens filmtilsyn og NKFF når det gjeld avgiftsinnkrevjinga og refusjon.
Innføring av ei klageordning for alle vedtak fatta av Statens filmtilsyn vil medføre kostnader for drift av sjølve klagenemnda. Ordninga vil også medføre noko ekstra arbeid for Statens filmtilsyn. Det blir sensurert om lag 200 kinofilmar kvart år. Dei totale kostnadene vil avhengje av talet på klager som kjem inn til klagenemnda. Å vurdere dei endelege utgiftene for ei slik ordning er i dag difor ikkje mogeleg. Dei klagesakene som i dag blir handsama i Klagenemnda for videogramregistrering vil inngå i den nye klagenemnda. Utgiftene vil bli dekte inn gjennom merkegebyret for videogram og gebyret for førehandskontroll av film og videogram for framsyning.