10 Førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker
Finansdepartementet er i gang med å utarbeide forslag til reglar om bindande førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker. Forslaget er ei oppfølging av Næringslovutvalet sitt forslag om bindande førehandstilsegner i skattesaker og finanskomiteen sine merknader i Innst. S. nr. 145 (1998-99) Innstilling fra finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Per-Kristian Foss og Børge Brende om innføring av bindende forhåndstilsagn i skattesaker (Dok. nr. 8:39 (1998-99)).
I samband med finanskomiteen si handsaming av Dok. nr. 8:39 uttalte fleirtalet i komiteen at dei venta seg ein omtale i samband med Nasjonalbudsjettet 2000, med sikte på at departementet ville fremje lovforslag våren 2000. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak blei det uttalt at Finansdepartementet tok sikte på å leggje fram proposisjon våren 2000.
Ettersom forslaget om innføring av bindande førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker vil ha følgjer for skatteetaten sitt budsjett, ønskjer Regjeringa å vurdere denne saka i samband med budsjettet for 2001.