2 Høyringa ved brev 14 mai 1997
Landbruksdepartementet tok spørsmålet om å utvide ansvaret til òg å dekkje husdyr opp med Samferdselsdepartementet i april 1995. Framlegget blei lagt fram for Vegdirektoratet og Trafikkforsikringsforeningen. Dei hadde ikkje innvendingar mot ei slik lovendring.
Samferdselsdepartementet sendte eit framlegg til lovendring på høyring 14 mai 1997. I høyringsbrevet gjorde Samferdselsdepartementet framlegg om at bilansvarslova § 10 andre leddet tredje punktum skulle få følgjande tilføying:
«... og husdyr i samhøve med opplistinga i lov om ymse beitespørsmål § 6.»
Beitelova § 6 siste punktumet lyder: «Med husdyr meinar ein i denne lova hest, storfe, gris, sau, geit og fjørfe unnanteke duer.» Grunngjevinga for framlegget var at husdyr representerer eit formuesgode for eigaren som ikkje bør ha svakare vern etter bilansvarslova enn til dømes eit gjerde eller ein port.
Departementet oppmoda høyringsinstansane til å kome med synspunkt på spørsmålet om korleis omgrepet «husdyr» burde definerast i samband med ei endring av bilansvarslova.
Høyringsbrevet vart sendt på høyring til følgjande instansar:
Finansdepartementet
Justisdepartementet
Landbruksdepartementet
Vegdirektoratet
Trafikkforsikringsforeningen
Norges Forsikringsforbund
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norske Reindriftsamers Landsforbund
Dyrebeskyttelsen
Kongelig Norsk Automobilklub
Norges Automobil-Forbund
Motorførernes Avholdsforbund
Opplysningsrådet for Veitrafikken
Forbrukarrådet
Forbrukarombodet
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Politiembetsmennenes Landsforening
Riksadvokatembetet
I tillegg har Norsk Sau- og Geitalslag uttalt seg om framlegget.