4 Justisdepartementet si vurdering
I høyringsnotat 9 mars 1971, sjå Ot prp nr 4 (1972-73) side 51, jf òg side 53, uttalte Justisdepartementet følgjande om dei ulike omsyn som gjer seg gjeldande i samband med skadar ukjende motorvogner valdar:
«Lovmotivet for at vanlig tingskade voldt av ukjent motorvogn ikke omfattes av § 10 annet ledd, må hovedsakelig være bevisvansker og fare for misbruk av trafikkforsikringen. Når skadevolderen ikke er identifisert og man ikke har mulighet for å få hans forklaring, vil det lett kunne bli tvist om hvorledes skaden er voldt, om eventuell medvirkning fra skadelidtes side osv., og forsikringsselskapene vil bevismessig være vanskelig stilt. Det ville innebære en større belastning for dem å yte erstatning for tingsskade voldt av ukjente enn av uforsikrete motorvogner. På den annen side må tas i betraktning at en ukjent motorvogn (som volder skade) i det overveiende antall tilfelle vil være forsikret og dermed ha gitt sitt selskap premieinntekter. Det er en ren tilfeldighet - at skadelidte ikke har fått tak i bilnummeret - som fritar selskapet for ansvar, og det kan virke høyst urimelig i forhold til skadelidte. Forutsetningen for ansvar må naturligvis være at det føres bevis for at skaden virkelig er voldt av en eller annen motorvogn.»
Justisdepartementet har framleis det synet at ein ved utforminga av reglar om ansvar for ukjend motorvogn må leggje stor vekt på bevisomsyn. Departementet vil difor ikkje gjere framlegg om ein allmenn skadebotrett for tap årsaka av ukjend motorvogn. Ein slik allmenn regel ville særleg kunne valda bevisvanskar ved til dømes skade på andre motorvogner. Dei økonomiske konsekvensane for Trafikkforsikringsforeningen ville truleg òg bli store, og departementet har ikkje greidd ut saka på så brei basis at det er tilrådeleg med ei så omfattande endring.
Departementet meiner at dei ekstra bevisvanskane som skuldast at motorvogna er ukjend må vere av ein viss storleik før ein gjev den som har lidd tap på grunn av skade valda av ei ukjend motorvogn eit svakare vern enn den som lid tap på grunn av skade frå ei kjend. Reglar om skadebotrett for tap grunna skadar på dyr skapar truleg ikkje så store bevisvanskar som skadar på andre motorvogner eller anna lausøyre. Dei ytre skadane og andre tilhøve vil oftare seie noko om skadeårsaka når det gjeld dyr. Det kan difor vere grunn til å vurdere om ikkje omsynet til eigaren bør vere avgjerande.
Departementet meiner at ei utviding av skadebotvernet vil vere særleg velgrunna for dyr som tradisjonelt beiter i utmark utan stadig tilsyn frå eigaren. Dette gjeld hest, storfe, sau, geit og reinsdyr. Utmarksbeiting har lange tradisjonar her i landet, og utmarksbeite er ein nødvendig del av næringsgrunnlaget på mange gardsbruk. Det same gjeld reindrift. Skade grunna den stadig aukande biltrafikken har kome inn som noko nytt i dette hundreåret, utan at dyreeigarane har kunna verne seg mot faren. Omsynet til eigaren veg ikkje så tungt når det gjeld dyr han held oppsyn med og kan verne mot faren frå motorvogner. Trass i dette er departementet kome til at dei omsyn som talar mot ei utviding av skadebotvernet ikkje er så sterke at ei utviding av området for bilansvarslova § 10 andre leddet bør avgrensast til hest, storfe, sau, geit og reinsdyr. Å også gje skadebotvern til eigarane av andre dyr vil neppe føre til særleg større vanskar når det gjeld å klårleggje skadeårsaka. Verdsetjinga kan nok verte vanskelegare for einskilde slag dyr, men dette er eit problem som ikkje kjem av at motorvogna er ukjend.
Ei utviding av ansvaret bør anten vere mest mogleg allmenn eller berre omfatte dyr som naturleg beiter i utmark utan eigaren sitt tilsyn. Å velje ei anna løysing kan lett verke vilkårleg og skapa vanskelege grensespørsmål i praksis. Departementet er difor samd med Advokatforeningen i at det er ei god løysing at verkeområdet for § 10 andre leddet vert det same som for § 5 bokstav c. Denne lovføresegna gjeld skade som blir dekt når motorvogna er kjend, og det einaste som her er unnateke er «hund som går laus». Departementet ser ikkje grunn til å gje lause hundar same skadebotvern som andre dyr. Eigaren har etter lokale politivedtekter og anna lovgjeving i dei fleste tilfelle ein plikt til å halde hunden sin i band. Om eigarlaust vilt blir skadd vil ikkje det gje grunneigaren eller andre interesserte nokon rett til skadebot, jamvel om dei skulle kunne påvise eit økonomisk tap.