3 Gjeldande ordning
Gjeldande ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt byggjer på tankegangen i etterkrigstida om totalforsvarskonseptet og beredskapslagring av livsviktige innsatsvarer, mellom anna matvarer, medikament og petroleumsprodukt til bruk i ein beredskaps- eller krigssituasjon, der mangel på desse varene kunne skje som følgje av blokkerte forsyningsliner. Innanfor nedstraumsverksemda førte det med seg at staten i ein første fase av lagringa engasjerte seg økonomisk for å auke lagerkapasiteten, både i samband med at oljeselskapa bygde store anlegg for distribusjon av drivstoff, og ved å byggje eigne anlegg. Staten ved Olje- og energidepartementet kjøpte òg inn ulike typar petroleumsprodukt for å fylle opp tilleggskapasiteten.
Nytt trusselbilete og mindre behov for beredskapslagring førte i 1993/94 til sal av lagringsvolum, slik at nivået inntil hausten 2005 var om lag 420 000 Sm3, eller tilsvarande omtrent dagleg forbruk i 18 dagar i Noreg. Behaldningane skulle òg kunne brukast når det var fare for eller reell svikt i forsyningane i fredstid, også som tiltak i samordna aksjonar innanfor ramma av IEA-samarbeidet. Samstundes vart det vedteke at staten skulle trekkje seg ut av eller leggje ned dei drivstoffanlegga i fjell som staten åtte, og berre leige lagerplass i anlegg som vart drivne kommersielt. Det var for å sikre at produkta vart rullerte fortløpande ved gjennomstrøyming og heile tida oppfylte krava frå marknaden til spesifikasjon av produkta.
Produktlagra som er nemnde ovanfor, skal primært nyttast til å dempe fysisk mangel, eller fare for fysisk mangel, på petroleumsprodukt som følgje av alvorlege forstyrringar i oljemarknaden. Slik bruk av lagra samsvarar med erfaringane frå seinare år, der departementet ved fleire høve har sagt seg villig til å skyte inn mindre kvantum forsyningar i IEA-samordna krisehandteringsplanar. Det bør nemnast at berre ein av desse planane er sett i verk.
For mangelsituasjonar der årsaka er hendingar på eit høgare trinn på krisespekteret, mellom anna tryggingspolitiske og/eller krigsliknande situasjonar der ein kan vente at Forsvaret òg treng ekstra forsyningar, har styresmaktene andre tiltak på handa. Dei vert sette i verk med heimel i Sivilt beredskapssystem og fullmakter i gjeldande lovverk, til dømes lov om forsynings- og beredskapstiltak og lov om petroleumsvirksomhet.
Staten har i dag årlege utgifter til lagringa på om lag 20 millionar kroner, i hovudsak til leige av lagerkapasitet hos oljeselskapa, og om lag 1 million kroner i drifts- og vedlikehaldsutgifter for lagring i eit stort fjellanlegg som Forsvaret eig og disponerer. I tillegg kjem i gjennomsnitt 1–2 millionar kroner per år i kompensasjon til oljeselskapa for utgifter til korreksjon av kvalitetane som følgje av gjennomføringa av EUs Auto-oil-program.