1 Innleiing
Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd. Formålet er å leggja til rette for at Norsk språkråd frå 1. januar 2005 skal kunna erstattast av ein ny institusjon som førebels er omtalt som eit kompetansesenter for norsk språk.
I proposisjonen viser departementet kort til bakgrunnen for arbeidet med å omdanna Norsk språkråd og korleis Stortinget tidlegare har behandla denne saka.
Det blir vidare gjort nærmare greie for det viktigaste av det arbeidet som til no er gjennomført etter at omdanningsarbeidet for alvor kom i gang på nyåret 2003. Proposisjonen skisserer også korleis departementet tenkjer seg den vidare prosessen, og kvifor det no er nødvendig å oppheva gjeldande lov om Norsk språkråd for å kunna gjennomføra ein slik prosess.
Departementet viser til at det ikkje trengst alternativ lovheimel for å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005. Det blir likevel streka under at dette ikkje er til hinder for at spørsmålet om alternativ lovgjeving kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.