4 Spørsmålet om eit alternativt lovgrunnlag
I Innst. S. nr. 155 (2003-2004) har eit mindretal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemmene frå Ap, SV og Sp, vist til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og at også den nye institusjonen derfor må ha ei klar lovforankring. Mindretalet ber regjeringa koma tilbake til Stortinget med ei vurdering av korleis dette best kan gjerast.
Departementet finn det ikkje formålstenleg å gjera ei endeleg vurdering av lovspørsmålet i denne omgang. Det er ikkje noko formelt krav om lovheimel for å etablera den nye institusjonen. Dette hindrar ikkje at spørsmålet om alternativ lovgjeving i ei eller anna form kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.
Det er m.a. nødvendig å avventa ei nærmare vurdering av dei innkomne høyringsfråsegnene, og også interimsstyret bør ha høve til å behandla alle sider av omdanningsprosessen før det blir teke endeleg stilling til kva for legale verkemiddel som eventuelt kan vera aktuelle. Det er naturleg at dette også inngår i strategiarbeidet som interimsstyret skal ha ansvaret for.
Med framhald av ei interimsbasert styringsordning eit års tid etter at den nye institusjonen er formelt etablert frå 1. januar 2005, vil det ikkje vera nødvendig å avklara moglege lovgjevingsspørsmål innan denne datoen.
Med utgangspunkt i den lova som no blir foreslått oppheva, finn departementet det likevel rett allereie i denne proposisjonen å drøfta spørsmålet om ei spesifikk lovforankring av den nye institusjonen noko nærmare.
Heimel i lov er nødvendig for å gi statlege styresmakter rett til å gjennomføra tiltak som inneber inngrep i private forhold. Ingen av føresegnene i noverande lov om Norsk språkråd har eit innhald som gir rett til den type inngrep som her er nemnde. Lova er ganske kort, og omfattar først og fremst ei opplisting av oppgåver institusjonen skal ivareta.
Lova fastset at Norsk språkråd skal verna om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, og språkets historie og eigenart, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i dei ulike variantane, og verna om dei rettar den enkelte borgar har når det gjeld bruk av språket.
Vidare er det fastsett at Norsk språkråd skal gi styresmaktene råd i språkspørsmål, særleg når det gjeld språkbruken i skulen, i Norsk rikskringskasting og i statstenesta, uttala seg om prinsipp for normering av skriftspråket og av stadnamn, og koma med forslag til lovgjeving i språkspørsmål. Dessutan heiter det i lova at Norsk språkråd skal gi råd og rettleiing til allmenta, fremja og delta i nordisk samarbeid om språkdyrking, og sørgja for å informera om resultata av rådets arbeid.
Norsk språkråd har rett nok meir spesifikke og vidtgåande fullmakter i normeringsspørsmål. Rådet kan gjera endeleg vedtak i visse normeringsspørsmål. Men dette er regulert i vedtektene og har ikkje spesifikk heimel i lova. Fullmaktene vart først tekne inn i vedtektene etter at dei var lagde fram for Stortinget gjennom St.meld. nr. 100 (1980-81) Endringer i rettskrivningen og læreboknormalen for bokmål.
Det er etter dette på det reine at Norsk språkråd også utan å ha forankring i lov kunne vore tillagt dei same oppgåvene og fullmaktene som i dag. Når Norsk språkråd likevel vart forankra i eiga lov, må det sjåast i samanheng med den spesielle språkpolitiske situasjonen som låg til grunn for at det til slutt vart semje om å skipa eit råd for språkvern og språkdyrking til avløysing av det tidlegare organet Norsk språknemnd. Norsk språknemnd var etablert frå 1952 etter ordinært plenumsvedtak i Stortinget og hadde altså ikkje særskild lovforankring slik som etterfølgjaren Norsk språkråd.
I samband med framlegget i Ot.prp. nr. 95 (2001-2002) om å oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd har departementet kort gjort greie for noko av innhaldet i den språkstriden som førte til at det i 1964 vart nedsett ein særskild komité til å gå gjennom heile språksituasjonen i landet, den såkalla Vogt-komiteen. Det heitte i den kongelege resolusjonen at komiteen i tilfelle skulle koma med framlegg til lovreglar og andre tiltak som kunne tena til å samla kreftene om å verna og utvikla norsk språk.
Det daverande Norsk språknemnd hadde m.a. ein formålsparagraf som var omstridd, og var først og fremst eit fagorgan utan direkte språkpolitisk representasjon. Vogt-komiteen fekk i mandat å vurdera korleis denne nemnda, «eventuelt utbygd til eit norsk språkakademi», kunne få tilslutning frå alle som er interesserte i å verna og auka rikdommen i norsk språk. I eit eige punkt i mandatet fekk komiteen uttrykkjeleg beskjed om at å vurdera lovfesting av Norsk språknemnd eller eit norsk språkakademi og dei oppgåvene dette organet skulle ha.
I innstillinga si frå 1966 følgde Vogt-komiteen opp dette ved å fremja forslag om at Norsk språknemnd skulle avløysast av eit «språkvernråd», og at etableringa av rådet vart heimla i lov. Lovspørsmålet er likevel ikkje nærmare problematisert eller grunngjeve. Heller ikkje i dei etterfølgjande stortingsdokumenta er dette uttrykkjeleg drøfta.
Sjølv om lovforankring hadde ein klar funksjon den gongen Norsk språkråd vart etablert og i åra etterpå, kan det synast meir tvilsamt om dette formelle grunnlaget i dei seinare åra har vore med på å gi rådet og institusjonen større autoritet og gjennomslagskraft enn det som elles ville vore tilfelle. Mykje kan tyda på at slike faktorar som aktivitetsinnhald og arbeidsmåtar i dag har meir å seia i så måte enn kva slags formell forankring institusjonen har.
Dagens språkpolitiske situasjon er annleis enn den gongen Norsk språkråd vart førebudd, og den nye institusjonen er derfor tenkt innretta på ein annan måte. Eit overordna utgangspunkt er at den nye institusjonen skal driva eit meir utoverretta arbeid og leggja stor vekt på haldningsskapande tiltak. Her er det andre verkemiddel enn lovgjeving som først og fremst trengst.
Det substansielle grunnlaget i lova om Norsk språkråd er den innleiande føresegna om etablering av eit råd. Sjølve rådsordninga er elles forankra i lova gjennom føresegna i § 2 om at Kongen fastset nærmare vedtekter om samansetjinga og organiseringa av rådet og for verksemda. Som omtalt i budsjettproposisjonen for 2003 har departementet lagt til grunn at eit rådsorgan av Norsk språkråds type ikkje nødvendigvis er den mest tenlege modellen for organisering og forankring av den nye institusjonen.
I prosjektskissa har departementet lagt vekt på at institusjonen i alle høve må ha ei vidare samfunnsmessig forankring enn det ein kan oppnå gjennom fast rådsrepresentasjon med formell avgjerdsrett. Ei slik ordning kan verka ekskluderande i høve til dei interesser og grupper som det av naturlege grunnar ikkje blir plass til innanfor ein formelt avgrensa kontekst. All direkte og systematisk forankring til samfunnet utanfor bør helst skje i former som inviterer til aktiv medverknad framfor å opna for passiv representasjon.
I høyringsdokumentet av 20. januar 2004 har departementet såleis gitt uttrykk for at siktemålet må vera at den breiare samfunnsmessige medverknaden må skje i meir aktive, varierte og fleksible former enn det som er mogleg å oppnå gjennom årlege rådsmøte der ei gruppe på førehand utpeikte representantar møtest til drøftingar og avrøystingar i fast organiserte former. Departementet har på denne bakgrunn invitert høyringsinstansane til m.a. å skissera tankar om på kva område dei sjølve meiner å kunna delta i det samla språkpolitiske arbeidet, og i kva former dei kan tenkja seg å samarbeida med den nye institusjonen. Det er nemnt at slike kontaktar reint praktisk kan tenkjast organisert i mange ulike former, meir eller mindre formalisert eller fast. Det heiter at referansegrupper, dialogfora, seminar- og møteverksemd, konferansar, e-postfora er stikkord som kan seia noko om dei ulike kommunikasjonsformene som bør vurderast. Formene for dette treng heller ikkje fastleggjast ein gong for alle, men kan takast i bruk etter behov og på bakgrunn av dei røynslene ein etter kvart vil hausta.
Det er føresetnaden frå departementet si side at det oppnemnde interimsstyret i samråd med direktøren skal ha eit særskilt ansvar for å byggja ut den vidare samfunnsforankringa i tråd med premissane ovanfor. Dette vil måtta inngå som eit sentralt element i det strategiarbeidet som interimsstyret skal ha hovudansvaret for å driva fram.