3 Høyring
Forslag til lovendring blei sendt på høyring 26. februar 2003 med høyringsfrist 11. april 2003. Forslaget blei sendt på høyring til desse instansane:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Bergen kommune
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Den norske kyrkja, Kyrkjerådet
Drammen kommune
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Fylkesmennene
Helsedepartementet
Human-Etisk Forbund
Islamsk Råd Norge
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunenes sentralforbund
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene
Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja
Norges frikirkeråd
Oslo kommune
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Senter mot etnisk diskriminering
Sosialdepartementet
Statistisk sentralbyrå
Stavanger kommune
Utdannings- og forskingsdepartementet
Utanriksdepartementet
Alle trudoms- og livssynssamfunn som mottar statleg tilskot.
80 av høyringsinstansane har kome med fråsegn.
Dei offentlege høyringsinstansane som har kome med fråsegn, var positive til omlegginga.
Mange trudoms- og livssynssamfunn gav uttrykk for at dei fryktar at omlegginga skal føre til meir arbeid for samfunna, særleg i startfasen. Mange trudoms- og livssynssamfunn peika mellom anna på at Den norske kyrkja har motteke ein særleg auke i si løyving for å etablere medlemsregisteret for Den norske kyrkja.
Vidare kom det fram frykt for å samle slik sensitiv informasjon. Mange trudomssamfunn har medlemmer som har personlege og historiske røynsler med forfølging og undertrykking som følgje av livssyn, og dei fryktar for at opplysningane skal bli misbrukte.
I høyringsforslaget la ein opp til at kvart trudoms- og livssynssamfunn skulle bli pålagt å informere sine medlemmer om at fødselsnummer vil bli kontrollert mot andre trudomssamfunn, Det sentrale folkeregister og medlemsregisteret til Den norske kyrkja, og at kvart enkelt medlem skulle bli gitt høve til å reservere seg mot dette. Mange av høyringsinstansane har peika på at Den norske kyrkja ikkje har krav om slikt passivt samtykke frå sine medlemmer for å skaffe fram fødselsnummer, og at det derfor ikkje vil vere rimeleg å krevje dette av trudoms- og livssynssamfunn.
Mange samfunn har vidare peika på at det vil vere nødvendig å ha ein lang overgangsperiode, då det vil ta lang tid å korrigere feil i medlemsoversikter.
Dei trudomssamfunna som høyrer til dei nordiske folkekyrkjene, peika i sine høyringssvar på at tilskot til desse trudomssamfunna ikkje blir utrekna på bakgrunn av medlemsoversikter. Tilskot til desse trudomssamfunna blir utrekna med utgangspunkt i det statistiske talet på borgarar frå det landet det gjeld og prosentdelen av befolkninga som tilhøyrer folkekyrkja i landet.