5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Etableringskostnadene er rekna til om lag kr 700 000. Beløpet er eit overslag. Brønnøysundregistra har stipulert årlege driftsutgifter til å utgjere om lag kr 300 000.
Kommunane vil som følgje av omlegginga få mindre arbeid med administrasjon av tilskotsordninga. Det vil òg venteleg bli noko mindre administrasjon hos fylkesmennene.