1 Innleiing
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld forslag om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova).
Lovforslaget frå departementet er ein del av oppfølginga av dei synspunkt FNs menneskerettskomité har fremja i fråsegn av 3. november 2004. Fråsegna konkluderer med at ramma rundt faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL), m.a. ordninga med delvis fritak slik denne har vore gjennomført når det gjeld dei som har vendt seg til komiteen om saka, er i strid med artikkel 18 nr. 4. i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Denne artikkelen omhandlar den fridom foreldre har til å sørgje for den religiøse og moralske oppsedinga av barna sine.
Lovforslaget inneheld følgjande endringar:
Føresegna om at den som skal undervise i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålet i lova, blir oppheva.
Omgrepet »evangelisk-luthersk tru» blir erstatta med »evangelisk-luthersk kristendomsforståing».
Føresegna om fritak blir skild ut som eiga føresegn.
Omgrepet »religiøse aktivitetar» blir erstatta med »aktivitetar».
Plikt for skoleeigaren til å gi informasjon om reglane for fritak blir lovfesta.
I tillegg blir det foreslått enkelte presiseringar i føresegna om KRL-faget og i føresegna om fritak.