2 Bakgrunnen for lovframlegget
Lov av 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd slår i § 1 fast at det skal opprettast eit råd for språkvern og språkdyrking, og at namnet skal vera Norsk språkråd. Det er tale om eit reint statleg rådsorgan, som i og for seg kunne vore etablert utan særskild lovheimel. Det materielle innhaldet i lova avgrensar seg til ei opplisting i seks punkt av kva hovudoppgåver rådet skal ha.
Det første punktet, § 1 bokstav a, slår fast at Norsk språkråd skal «verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i dets forskjellige varianter, og verne om den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket».
I det andre punktet, § 1 bokstav b, heiter det at Norsk språkråd skal «følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen».
Desse to punkta kan til saman seiast å utgjera kjernen i den opphavlege formålsparagrafen til Norsk språkråd. Det andre av desse punkta, § 1 bokstav b, kan dessutan omtalast som tilnærmingsparagrafen. Sagt på ein annan måte avspeglar § 1 bokstav b tilnærmingslinja i norsk rettskrivingspolitikk. Det er denne eine føresegna departementet med dette gjer framlegg om å oppheva.
Den aktuelle føresegna gir rett nok uttrykk for ei avmålt og moderat tilnærming i høve til det som var offisiell politikk før Norsk språkråd i 1972 avløyste Norsk språknemnd som den fremste reiskapen i den statlege språkpolitikken. Norsk språknemnd skulle etter vedtektene «på grunnlag av vitskapleg gransking [...] fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn». Tilnærming mellom målformene hadde elles vore ein del av mandatet for alle offentlege rettskrivingskomitear i det førre hundreåret.
Det var ikkje minst striden om tilnærmingspolitikken som gjorde at det i 1964 vart oppnemnt ein eigen komite til å vurdera den norske språksituasjonen. Det var denne komiteen, den såkalla Vogt-komiteen, som foreslo eit nytt rådgivande organ i staden for Norsk språknemnd, og at formuleringa om tilnærming «på norsk folkemåls grunn» ikkje skulle takast med i mandatet for det nye organet.
Kyrkje- og undervisningsdepartementet slutta seg til dette i St.meld. nr. 15 (1968-69), men la til at dette ikkje tydde at det skulle vera slutt på ei naturleg tilnærming. Vogt-komiteen hadde også lagt til grunn at «vel de fleste ønsker at vi en dag skal komme frem til ett skriftsspråk her i landet». I Innst. S. nr. 189 (1969-70) uttalte kyrkje- og undervisningskomiteen at tilnærming mellom våre to språkformer framleis burde vera eit langsiktig mål, men at denne tilnærminga ikkje måtte forserast.
Trass i at ein heldt fast ved tanken om eit felles norsk skriftspråk som eit langsiktig mål, må det kunna seiast at dei endringane Vogt-komiteen la grunnlaget for, og som fekk sitt organisatoriske uttrykk i skipinga av Norsk språkråd, representerte eit ideologisk brot med det som til da hadde vore offisiell normeringspolitikk i lang tid. Det skulle vera slutt på det ein kan kalla den aktive tilnærmingslinja. Dette kom òg til syne ved at dei viktigaste språkpolitiske interesseorganisasjonane vart direkte representerte i Norsk språkråd, og ved at rådet vart organisert i to like store seksjonar, ein for kvar målform.
Arbeidet med normeringsspørsmål i Norsk språkråd har da også i stor grad gått føre seg seksjonsvis, og ein kan knapt seia at tilnærming har vore tillagd særleg vekt dersom ein i ettertid ser på den faktiske normeringsutviklinga.
I 1981 vart det fastsett ei ny rettskriving for bokmål, som innebar at bokmålsformer som fall saman med tilsvarande former i nynorsk, no fekk konkurranse innanfor norma frå andre og mindre nynorsknære former, dvs. meir tradisjonelle former, former som fall saman med den uoffisielle riksmålsnormalen. Bakgrunnen var Vogt-komiteen si vurdering av det prinsipielt uheldige i at former som både hadde tradisjon i skriftspråket og var levande i litteratur og tale, skulle vera utestengde frå den offisielle rettskrivinga.
Vogt-komiteen hadde vist til at dette med levande former som var utestengde frå den offisielle rettskrivinga, kanskje var eit mindre problem innanfor nynorsk, men i den grad det likevel var eit spørsmål «av samme alvorlige karakter», burde det nye rådet også sjå på dette. Nynorskseksjonen i Norsk språkråd har likevel ikkje sett behov for ei tilsvarande samla gjeninnføring av tradisjonelle former i nynorsk som det som skjedde for bokmål i 1981.
Derimot har det også i nynorsk skjedd meir avgrensa justeringar i rettskrivinga. Dette meir løpande normeringsarbeidet har lang tradisjon innanfor begge målformer, og går heilt tilbake til arbeidet i Norsk språknemnd. I St.meld. nr. 100 (1980-81) gjekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet inn for å formalisera denne normeringsverksemda. I samsvar med det som vart skissert i meldinga, er nærmare reglar om dette innarbeidde i vedtektene for Norsk språkråd.
Dette inneber at Norsk språkråd har fullmakt til å gjera endelege vedtak i spørsmål som gjeld skrivemåte og bøying av nye ord og andre enkeltord som ikkje tidlegare er normerte i norsk, forkortingar, teiknsetjing, datering og andre taluttrykk, stor eller liten forbokstav, særskriving eller samanskriving og orddeling. Derimot skal alle vedtak om gjennomgripande endringar av heile system og vedtak om endring i skrivemåte eller bøying av enkeltord som tidlegare er normerte i norsk, leggjast fram for departementet til godkjenning.
Dei endringane i nynorsk rettskriving som er resultat av normeringsverksemda i Norsk språkråd, har med få unntak gått ut på å auka valfridommen, både i retning av å ta inn utbreidde talemålsformer, særleg i 1970-åra, og seinare i retning av å ta inn tidlegare utestengde tradisjonelle former. Alt i alt kan ein knapt seia at nynorsk rettskriving i denne perioden har endra seg vesentleg i tilnærmingsvennleg eller tradisjonell lei.
Sidan 1997 har dei to seksjonane i Norsk språkråd arbeidt med å forenkla og rydda opp i det gjeldande rettskrivingssystemet. Heller ikkje i dette arbeidet kan ein seia at tilnærming mellom målformene har vore noko uttalt siktemål. Alt i alt kan det ikkje seiast at det lovfesta tilnærmingsmålet har sett særleg markerte spor etter seg i den faktiske normeringsutviklinga etter at Norsk språkråd vart skipa i 1971.
I St.meld. nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg teneste vart på mange måtar tilnærmingslinja også avblåsen i meir prinsipielle ordelag:
«Regjeringa har som utgangspunkt å leggje tilhøva til rette for ei god utvikling for nynorsk skriftspråk. Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to offisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg. I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.»
Stortinget hadde i 1998 ingen merknader til denne utsegna, jf. Innst. S. nr. 174 (1997-98).
I St.meld. nr. 9 (2001-2002) er det under kap. 1.2 Mål og rammer for språkpolitikken slått fast at ei samansmelting av målformene til eit sams norsk skriftspråk ikkje lenger er aktuell politikk, og ikkje vidare tilnærming heller. Det heiter dessutan at det er eit språkpolitisk mål å hindra ei marginalisering av nynorsk som levande skriftspråk, og å leggja til rette for at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål.
I meldinga er det under kap. 5.3 vist til arbeidet med ei omlegging av Norsk språkråd i retning av eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk. I samband med dette heiter det mellom anna følgjande:
«Som ein del av arbeidet med å førebu ei slik omlegging vil likevel departementet raskt koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på sikt fører målformene nærmare saman. Dette vart også omtalt i meldinga frå 1997, og lovparagrafen er ikkje lenger i samsvar med den faktiske normeringsutviklinga dei siste tiåra. Å oppheva den sovande lovparagrafen vil likevel vera ei viktig symbolhandling. Det inneber ei endeleg stadfesting av at den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk.»
Fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, uttalte i Innst. S. nr. 109 (2001-2002) følgjande:
«Fleirtalet støttar departementet sitt syn på at «den sovande paragrafen» om på sikt å føre målformene nærare saman, må opphevast.»