Tilråing
Kultur- og kyrkjedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endring i lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak til lov om endring i lov 18. juni 1971 nr. 79 lov om Norsk språkråd i samsvar med eit vedlagt forslag.