2 Bakgrunn
Tvistemålsutvalet gjer i si utgreiing NOU 2001: 32 Rett på sak, Lov om tvisteløsing (tvisteloven)framlegg om å heve ankesummen for anke til lagmannsretten til to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Departementet tek i utgangspunktet sikte på ei samla oppfølging av utgreiinga om ny tvistelov. Den 16. mai 2002 sende departementet likevel til høring eit høringsbrev med framlegg om enkelte endringar i tvistemålslova (heving av ankesummane og siling av ankar). Departementet meinte det var formålstenleg å følgje opp framlegget om ankesum gjennom endringar i tvistemålslova frå 1915, før resten av framlegget til ny tvistelov blir følgt opp.
I høringsbrevet bad departementet dessutan om synspunkt frå høringsinstansane på om lagmannsrettane bør få høve til å nekte å fremje ein anke når det er klart at han ikkje vil føre fram (siling). Høringa viste at eit fleirtal av instansane synest ein lyt vente med reglar om siling, og i staden vurdere slike reglar i samanheng med dei andre framlegga i utgreiinga om ny tvistelov. Spørsmålet om siling blir derfor ikkje omtalte vidare i denne proposisjonen.
Høringsbrevet vart sendt til følgjande adressatar:
Høgsterett
Lagmannsrettane
Tingrettane
Den Norske Dommerforening
Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Norges Juristforbund
Den Norske Advokatforening
Regjeringsadvokaten
Rettsvesenets IT- og fagtjeneste
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Barne- og familiedepartementet
Creditreform Norge AS
Norges Kreditorforbund
Kreditorforeningen i Oslo
Norske Inkassobyråers Forening
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
InkassoPartner AS
Assuranseforeningen Gard Oslo
Næringslivets Hovedorganisasjon
Skuld Assuranseforening
Sparebankforeningen i Norge
Høringsfristen var 1. september 2002. Følgjande instansar har komme med realitetsmerknader til høringsbrevet:
Høgsterett
Agder lagmannsrett
Borgarting lagmannsrett
Frostating lagmannsrett
Hålogaland lagmannsrett
Gulating lagmannsrett
Drammen tingrett
Solør tingrett
Tønsberg tingrett
Romsdal tingrett
Oslo tingrett
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarrådet
Forbrukarombodet
Departementet har i tillegg fått høringsfråsegn frå Landsorganisasjonen i Norge (LO).
Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader til framlegga i høringsbrevet:
Barne- og familiedepartementet
Regjeringsadvokaten