Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

3 800

4 100

4 215

Sum kap 0001

3 800

4 100

4 215

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Forslag til løyving for 2013 skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygningen. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

835

960

960

Sum kap 0002

835

960

960

Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd omlag 0,8 mill. kroner som støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei òg kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal mellom anna dekkje tilskot til Kultur- og fritidsføretaket, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kr. 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kr. 100 000.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2012 overskotet for 2011 som utgjorde i overkant av 5 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2013 foreslått å løyve til saman om lag 1,7 mill. kroner til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

108 176

126 681

146 063

Sum kap 0003

108 176

126 681

146 063

For 2013 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 146,1 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2012-løyvinga. Vidare er Longyearbyen lokalstyre tilført 0,4 mill. kroner bl.a. i samband med ordninga med maksimalpris i barnehagar, omlegging av kontantstøtteordninga og innføring av valfag i ungdomsskulen. I tillegg er det foreslått ein auke i løyvinga på 14,6 mill. kroner til investeringar og 0,8 mill. kroner til driftsmidlar i samband med igangsetjing av bygging av reinseanlegg på kolkraftverket.

Lokalstyret har gjennom det kommunale føretaket Bydrift Longyearbyen ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Departementet føreset at lokalstyret avset midlar til tilstrekkeleg vedlikehald av infrastrukturen for kraft- og fjernvarmeproduksjon. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. Fjernvarmenettet er finansiert ved hjelp av låneopptak og løyvinga er nytta til å betene kostnadene ved dette lånet.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Driftsutgifter

5 825

10 200

10 484

Sum kap 0004

5 825

10 200

10 484

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Auken frå 2011 til 2012 skuldast overføring av ei konservatorstilling frå Sysselmannen, samt utgifter knytte til lokalleige, bustadleige m.v.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

37 904

34 844

35 813

Sum kap 0005

37 904

34 844

35 813

I 2011 vart det utført 40 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er overtid og engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å syte for at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og at verksemda er i stand til å møte nye utfordringar i tida framover. Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2012-løyvinga. Dette vil bidra til å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå hos Sysselmannen.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og regjeringa si satsing i nordområda.

Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2013 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

704

200

200

02

Refusjonar mv.

5 683

0

0

Sum kap 3005

6 837

200

200

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det difor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

77 499

78 500

84 500

Sum kap 0006

77 499

78 500

84 500

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2011 utførte Sysselmannen i alt 22 ambulanseoppdrag. I dette talet inngår også søkje- og redningsoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen har kontrakt om leige av helikopterteneste. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag.

Dagens helikopterkontrakt går ut i 2014. Sysselmannen og Justis- og beredskapsdepartementet har starta arbeidet med å førebu ein ny kontrakt. For å styrkje helikoptertenesta på Svalbard har Stortinget etter forslag frå regjeringa bestemt at ein ved inngåing av ny kontrakt frå 2014, skal leige to store likeverdige helikopter i staden for eit stort og eit mellomstort. Dette gjer tenesta meir robust og sikrar redningsmannskapa større tryggleik dersom noko skulle skje under eit oppdrag langt vekk frå basen i Longyearbyen. Dessutan vert beredskapstida for helikopter nr. to monaleg redusert, frå 12 timar utanom kontortida og to timer i kontortida, til to timar døgnet rundt.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy. Justis- og beredskapsdepartementet har ein kontrakt om å leige fartøyet Nordsyssel omlag sju månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen. Kontrakten går ut etter sesongen 2012. Nye sikkerhetskrav til dimensjonering av helikopterdekk vil kunne gi føringar for kor stort helikopterdekk det nye tenestefartøyet må ha. Sysselmannen har difor valt å vente før den langsiktige kontrakten om leige av nytt tenestefartøy vert lyst ut. I påvente av denne avklaringa har Sysselmannen gjennomført ein anbodsrunde om leige av tenestefartøy for sesongen 2013. Resultatet vart at Nordsyssel vert leigd òg i sesongen 2013. Kostnadene ved denne kontrakten vart noko høgare enn for tidlegare år. Meirkostnaden blir finansiert med innsparingar på andre kapittel på svalbardbudsjettet.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt i 2013 til å inngå kontrakt om leige av tenestefartøy for Sysselmannen på Svalbard frå og med 2014, jf. romertallsvedtak IV. Av omsyn til anbodskonkurransen er det ikkje ønskeleg å konkretisere nokon beløpsgrense på fullmakten.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Leigeinntekter

473

900

500

02

Refusjonar

1 209

0

0

Sum kap 3006

1 682

900

500

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gje eit presist overslag. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

4 100

4 000

2 500

Sum kap 0007

4 100

4 000

2 500

Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre, ikkje føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten. Justis- og beredskapsdepartementet har nyleg sagt opp gjeldande avtale med Telenor og tek sikte på å forhandle fram ei ny avtale til ein lågare kostnad enn noverande. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

2 189

2 162

2 220

Sum kap 0009

2 189

2 162

2 220

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.

Kulturminneplan for Svalbard 2010 – 2020 låg føre i 2011. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

1 313

1 460

1 500

Sum kap 0011

1 313

1 460

1 500

Direktoratet har hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2013 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

50

Refusjon

2 950

3 040

3 125

Sum kap 0017

2 950

3 040

3 125

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

3 675

3 756

3 860

Sum kap 0018

3 675

3 756

3 860

Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatnet ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

6 092

6 200

6 300

Sum kap 0019

6 092

6 200

6 300

Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane vert finansiert av Kunnskapsdepartementet over Meteorologisk institutts budsjett.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

13 091

10 582

11 200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

3 011

4 100

1 500

Sum kap 0020

16 102

14 682

12 700

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Løyvinga skal vidare dekkje løn og drift for delar av lokaladministrasjonen til Statsbygg. Løyvinga dekkjer òg utgifter til husleige for bygningane som vert forvalta av Statsbygg innafor husleigeordninga i statsbudsjettet.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Bustaden for Sysselmannen har over tid hatt behov for rehabilitering. Frå 2008 er det løyvd midlar som har gått med til førebuande arbeid. Reparasjons- og rehabiliteringsarbeida av sjølve bygningen starta opp i 2011. Arbeidet er venta fullført i 2012. Som ei følgje av at arbeidet vert avslutta er løyvinga redusert i 2013.

Løyvinga for 2013 skal dekkje utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald og er ei styrking samanlikna med løyvinga før arbeidet med bustaden til sysselmannen starta. Planlegging av ei utviding og tilpassing av Sysselmannens administrasjonsbygg er sett i gang. Det vil vere aktuelt å bruke delar av løyvinga under denne posten til å betene ei framtidig auke i husleiga når arbeidet med bygninga er ferdig.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

4 758

3 600

4 820

Sum kap 3020

4 758

3 600

4 820

Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til innbetalingar av husleige frå bygningar som ikkje er innlemma i husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygninga. Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen. Budsjettet er auka til eit meir realistisk nivå for forventa inntekter i 2013.

Det er foreslått at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2013 kan overskride løyvinga under kap. 20, post 01, tilsvarande inntekter utover vedtatt budsjett på kap. 3020, post 01.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

2 820

2 930

3 050

Sum kap 0022

2 820

2 930

3 050

Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal likningskontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er difor inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Skattar m.m.

795 750

161 000

159 000

71

Utførselsavgift

5 754

6 000

6 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 074

1 100

1 032

Sum kap 3030

802 579

168 100

166 032

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2013. Skatteinntektene som vart rekneskapsførte i 2009, 2010 og 2011 var unormalt høge. Dette skuldast i hovudsak eit stort overskot i gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 2008 og skatteinntekter frå verksemda til Seadrill Norge. Det er venta at skatteinntektene for 2013 vil gå tilbake til nivået for 2008 og tidlegare år. Overslaga for skatteinntektene i 2013 er likevel usikre grunna verknaden av omlegginga av bedriftskattlegginga på øygruppa.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineralar og bergartar som blir førte ut frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Inntektene som vart rekneskapsførte i 2010 var unormalt høge. Dette skuldast i all hovudsak stor produksjon hos gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 2008. Venta inntekt i 2013 er om lag 6 mill. kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner.

Pr. januar 2012 vart det vidareført 372 utmål, av desse er 211 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.

Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i forslaget til budsjett for 2013.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot

-543 563

120 715

145 738

Sum kap 3035

-543 563

120 715

145 738

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Skatteinntektene på Svalbard har dei siste tre åra vore unormalt høge jf. omtale under kap. 3030. Dette har gjeve eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet ikkje har motteke tilskot, men òg i 2011 tilbakeført midlar til statskassa.

Til forsida