Forslag
til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2013
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2013 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2013, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
28 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstiger summen av
– 10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagd ved lønstrekk
– 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.
Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Aksjonær i utlandet
Skatt på utbytte m.v. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, vert ilagd med 20 pst.
§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3
For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 6 pst.