Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070, 5575 og 5610

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

7 Sektorovergripande miljøpolitikk

Regjeringa vil fremme ei berekraftig samfunnsutvikling basert på ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av naturressursane. Omsynet til ei berekraftig utvikling blir innarbeidd i all samfunnsplanlegging og sektorpolitikk.

Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementets samla arbeid med å innpasse miljøvernpolitikken i eige ansvarsområde. Rapporteringa er lagd opp i høve til dei miljøpolitiske resultatområda.

For størsteparten av ansvarsfelta til Fiskeri- og kystdepartementet er miljøaspektet ein grunnleggjande faktor, og ei vellukka miljøforvaltning er ein føresetnad for ein god næringspolitikk. Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive kapitla i proposisjonen. For rapportering som gjeld ressursforsking og forvaltning av fiskebestandane viser vi til omtalen i kapitla 1020, 1023 og 1030.

7.1 Bevaring av naturmangfald og friluftsliv

Fiske og fangst

”Føre-var” og økosystembasert forvaltning er grunnleggjande prinsipp for å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane. I tillegg innfører den nye havressurslova eit nytt forvaltningsprinsipp som krev at styresmaktene skal vurdere kva type forvaltningstiltak som er nødvendig for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dette prinsippet forpliktar styresmaktene til, med jamne mellomrom, å vurdere alle bestandar som det blir hausta av. Dette krev ei betydeleg utvikling av det operative forvaltningsrammeverket, samstundes som det inneber klare utfordringar for forskinga.

Havforskingsinstituttet har det nasjonale ansvaret for overvaking av dei marine økosystema, og dei lange tidsseriane, som er resultat av den hundre år lange forskinga til instituttet, er eit aktivum som kunnskapsbase for å skjøne samanhengane i naturen.

Det er ein føresetnad å ha god kjennskap til dei kommersielle fiskeria og fritidsfiske for å kunne seie noko om verknaden dei har på økosystemet. Ny kunnskap om utøving av fisket i tid og rom og om dei einskilde økosystema er viktig for å kunne seie meir om korleis sjølve fisket påverkar økosystema.

Forvaltning av eit økosystem krev heilskapleg overvakingsinnsats også på andre artar enn dei som blir overvaka regelmessig. Det må skaffast fram meir kunnskap om djuphavsressursar som lange, brosme, blålange og breiflabb. Dette gjer ein mellom anna gjennom analyse av landingsdata, og gjennom utbygging av ein referanseflåte for hav og kyst. I tillegg må nøkkelartar og spesielle botnhabitat overvakast.

Arbeidet med å utvikle meir miljøvenlege reiskapar og metodar er prioritert. Dette er sentralt for å kunne utvikle fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og gjer mindre skade på botnhabitat. Fiskeridirektoratet vil som vanleg rydde opp i tapte garn i regi av ordninga for fiskeforsøk og utviklingstiltak.

Innsatsen for å komme det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) i Barentshavet til livs held fram. Det skal arbeidast breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Det ulovlege fisket i Barentshavet er anslått redusert med 84 pst. frå 2005 til 2009.

I kystsona legg vi stor vekt på å finne årsaker til at bestandar som kysttorsk, brisling og hummar har dårleg tilvekst. Tareskogen i Nord-Noreg er nedbeita av kråkebollar, og sukkertaren langs kysten av Sør-Noreg er også i sterk tilbakegang. Eit strategisk instituttprogram, leia av Havforskingsinstituttet, men med innsats også frå andre institusjonar, er i gang med å studere økologien i to utvalde fjordar; Porsangerfjorden som er eit ope fjordsystem i nord og Hardangerfjorden som er ein stor terskelfjord i sør.

Noregs forskingsråd sitt program ”Havet og kysten” vil framskaffe ny kunnskap om økosystemet i havet, og utvikle ny teknologi, metodikk og modellar for økosystembasert forvaltning.

Nasjonal forvaltningsplan for tang og tare vart vedteken i 2000. Fiskeriforvaltninga har ein ambisjon om å setje i gang ei revidering av den nasjonale forvaltningsplanen i perioden 2009/2010. Havressurslova (som nytt heimelsgrunnlag for tareforvaltninga) vil vere grunnlag for arbeidet.

Det er naudsynt å vurdere rollen til sjøpattedyr i eit økosystem. Det er ei prioritert oppgåve for forvaltningsorganisasjonane (til dømes Det internasjonale råd for havforsking, ICES, og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO) å definere ulike likevektsnivå for sel og kval. For å sikre tilgang på nødvendige data for å avklare grønlandsselens rolle i økosystemet i Barentshavet har Den blanda norsk russiske fiskerikommisjonen teke initiativ til eit norsk-russisk forskingsprogram med tema grønlandsseløkologi. Programmet vil vare frå 2010 til 2014.

Resultat 2008-2009

I dei årlege rapportane ”Havets ressursar og miljø” og ”Kyst og havbruk” rapporterer Havforskingsinstituttet om tilstanden i dei norske hav- og kystområda. Mellom anna har dei gjennomført forskingsprosjekt innan områda havklima, verknader på økosystema og operasjonell oseanografi.

Havforskingsinstituttet rapporterer også om tilstanden i det marine miljø til nettstaden miljøstatus (www.miljøstatus.no). Nettstaden får bidrag frå fleire direktorat, og er finansiert av Miljøverndepartementet og drifta av Statens forureiningstilsyn.

Kunnskap om dei lågare trinna i næringskjeda er avgjerande for å kunne utvikle ei heilskapleg forståing og forvaltning av havområda. Difor overvaker forskarane systematisk sesongvariasjonar og geografisk utbreiing av plante- og dyreplankton. I Norskehavet har det vore nedgang i dyreplankton dei siste ti åra, lågast i 2007. Samstundes har fisk som et plankton vakse til store bestandar, og sildebestanden er no på same nivå som på 1950-talet.

Havforskingsinstituttet har overvaka nordområda sidan rundt 1900. Frå 2005 føregår overvakinga gjennom økosystemtokt. Her samarbeider instituttet med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. Økosystemtokta dekkjer områda frå kysten til iskanten, og omfattar over 1000 prøvestasjonar der dei samordna overvaker alle vesentlege komponentar i det marine økosystemet for å gje ei heilskapleg tilstandsvurdering.

Som eit ledd i utviklinga av økologiske kvalitetsmål for Barentshavet, har Havforskingsinstituttet sett i gang eit prosjekt for å forstå korleis biomangfald i eit fiskesamfunn varierer i tid og rom, og korleis denne variasjonen står i høve til klimasvingingar og fiske. Det er påvist at artsmangfald hos botnfisk har variert lite over tid, men at det er eit romleg mønster som kan kome av at det er mindre mangfald der det er mykje fiskeriaktivitet, og/eller at mykje torsk og hyse gjer at andre botnfiskartar står mindre tett.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har bedt om å få ei vitskapleg utgreiing om kva som kan vere eit realistisk langtidsutbytte av dei viktigaste kommersielle artane i Barentshavet når ein tek omsyn til vekselverknader mellom bestandane og miljøet. Dette er eit langsiktig forskingsarbeid der ein i første omgang analyserer og modellerer dei biologiske prosessane. Arbeidet vil gje Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen eit betre grunnlag for å inkludere økosystembaserte vurderingar i arbeidet sitt.

Ved fastsetjing av kvotar prøver ein å rekne ut usikkerheit knytt til naturlege svingingar i bestanden, berekningsmåten og til sjølve fangststatistikken. Havforskingsinstituttet utviklar system som reduserer usikkerheita, og har ekstra innsats knytt til forvaltningsmessig utfordrande bestandar, til dømes kysttorsken. Usikkerheita i fangststatistikken er konsentrert om å talfeste omfanget av uregistrert fiske av norsk-arktisk torsk i Barentshavet. Dette er følgt opp i samarbeid med Fiskeridirektoratet og forskarar frå PINRO og gjennom arbeidet i ICES.

Gjennom Noregs forskingsråd sitt program, Havet og kysten, er det sett i gang fleire nye prosjekt for å styrkje Noregs posisjon blant dei leiande landa i marin økosystemforsking, og for å kunne vere ein sentral bidragsytar til auka kunnskap om det marine miljøet. Det er også ønskjeleg å få eit betre forskingsgrunnlag for ei langsiktig og heilskapleg forvaltning. Det er sett i gang prosjekt som mellom anna er retta mot tareskogsproblematikk, populasjonsbiologi og verknader av støy og oljekomponentar.

Satellittsporingsdata frå trålarflåten er nytta til å kartleggje fangstinnsats i tid og rom for å sjå på korleis fiskeria påverkar økosystema. I 2008-2009 er det sett i gang fleire prosjekter for å utvikle eit meir miljøvennleg fiske, både med omsyn til å unngå skade på botnhabitat og for å få til eit fiske med mindre energiforbruk.

Eit viktig ledd i forvaltninga er overvaking av fiskefelta slik at fiskefelt kan stengjast om yngelinnblandinga eller bifangsten blir for stor. Det er arbeidd vidare med vern av nye korallområde og det er lagt vekt på forvaltninga av sårbare artar. Det er etablert fire bevaringsområde for hummar på Skagerrakkysten.

Fiskeridirektoratet sluttførte arbeidet med å få på plass reviderte forskrifter for tarehausting i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag ved forskrifter av 6. april 2009. Desse opnar opp for hausting av tare i avgrensa område innanfor bestemte tidsperiodar etter same ordning som gjeld i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Forskriftene er ein revisjon av tidlegare forskrifter og er fastsette i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning, Havforskingsinstituttet, fylkesmannen, fylkeskommunen, tarenæringa og Fiskeridirektoratets regionkontor.

Gjennom deltaking i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar) har norske fiskeristyresmakter arbeidd for å setje i verk tiltak for å beskytte sårbare habitat. Mellom anna er det under utarbeiding reglar for fiske med botnreiskapar. Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane har også forbode fiske i ei rekkje sensitive område, habitat som inneheld hydroterminale varmekjelder og korallrev.

Arbeidet i ICES har ført til ei tilråding om at det ikkje skal tillatast nytt fiske av djuphavsartar i område der det tidlegare ikkje har vore slikt fiske, utan at det blir gjennomført ei bestandskartlegging.

Fiskeridirektoratet har arbeidd med miljøsaker i fora både nasjonalt og internasjonalt. Mellom oppgåvene kan nemnast QSR 2010 (miljøstatus-rapport) og etablering av marine verneområde på det opne hav.

Det er starta arbeid med å utforme forvaltningsplanar for dei to kystselartane havert og steinkobbe. Planane vil bli sluttført etter at Stortinget har handsama den nye sjøpattedyrmeldinga.

Som ledd i oppfølginga av den nye havressurslova har ei arbeidsgruppe frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet utarbeidd eit framlegg til regelmessig overvaking av marine ressursar. Data frå overvakinga skal inngå i ein tabelloversikt som viser status og forvaltningsmål for alle artar/bestandar som er underlagt norsk marin ressursforvaltning. Tabellane skal reviderast og drøftast med næringa og andre interessentar årleg. Utfordringa i komande år er å gje innhald og bakgrunn for ei god handheving av § 7 i havressurslova (forvaltningsprinsippet).

I 2008 har Fiskeridirektoratet delteke i fleire ulike prosessar i Noreg-EU-samarbeidet for å betre mønsteret i beskatninga av Nordsjøen og Skagerrak. Det er spesielt viktig å få på plass eit system for tidsavgrensa stenging av område (RTC-system) og betre dei tekniske reglane for bruk av meir selektive fiskereiskap.

Fiskeridirektoratet gjennomførte også i 2008 garnopprydding etter vanleg mønster. Det vart teke opp 751 tapte garn (49 pst. blåkveitegarn) med om lag 3200 meter ilar og ein del dreggar og anker. Vidare vart det teke opp 21 km liner og om lag 2000 meter trålvaier, diverse trålnett, tau og kabelrestar. Ein del av garna var gamle og hadde stått lenge på havbotnen. Resultata viser at det framleis er eit klårt behov for årlege opprydningstokt. Opptak av tapte garn reduserer faren for skjult uttak av fiskeressursane, såkalla spøkelsesfiske.

I eit samarbeid mellom Irland og England vart det i 2008 gjennomført 4 tokt for å drive garnopprydning vest om dei britiske øyane. Fiskeridirektoratet var rådgjevar i planleggingsfasen.

Havbruk

Miljøomsyn blir prioritert i havbruksforskinga. Forskinga skal leggje større vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere miljørisiko. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, rømming, utslepp av næringssalt og miljøskadelege stoff, lakselus og smittespreiing. Forskinga og styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa.

I regjeringas strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som vart lagd fram 1. april 2009 blir det lagt vekt på fem hovudområde – der miljøutfordringane er venta å vere størst framover. Strategien skisserer utfordringane, mål og tiltak som skal sikre at vidare vekst i havbruksnæringa skjer på ein miljømessig berekraftig måte utan uakseptable miljøverknader.

Måla for dei fem hovudområda:

  1. Genetisk påverknad og rømming: Havbruk skal ikkje føre til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

  2. Forureining og utslepp: Alle oppdrettslokalitetar som er i bruk held seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og har ikkje større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

  3. Sjukdom, medrekna parasittar: Sjukdom i oppdrett har ikkje bestandsregulerande effekt på villfisk, og mest mogleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

  4. Arealbruk: Havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko.

  5. Fôrressursar: Havbruksnæringa sitt behov for fôrråstoff blir dekt utan overutnytting av dei viltlevande marine ressursane.

Til kvart av måla er det knytt ei rekkje tiltak som skal sikre at oppdrett blir drive utan uakseptable miljøverknader. Tiltaka er både på kort og lang sikt, og inneber både styrking og betring av regelverket, forvaltningsverktøy, tekniske standardar, kontroll og tilsyn og styrking og auke i den forvaltningsrette forskinga.

Under området genetisk interaksjon/rømming vil fiskeristyresmaktene

  • betre tilsynet med havbruksanlegga, medrekna oppfølging av brot for å sikre at miljøvilkåra i regelverket blir haldne

  • foreslå å skjerpe regelverket om tekniske krav og standardar

  • leggje til rette for utvikling av nye teknologiske løysingar som førebyggjer rømming

  • prioritere kunnskapsoppbygging og -overføring om rømmingsrelatert åtferd og rømmingsrisiko

  • prioritere overvakingsprogrammet i nasjonale laksevassdrag og laksefjordar og auke kunnskapen om DNA-profilar og gen-stabilitet i viktige laksebestandar

  • arbeid vidare med sikte på å styrkje kunnskapen om verknadene av rømd oppdrettsfisk på ville bestandar

  • utgreie nærare om oppdrettarar bør betale for skadekompenserande tiltak sett i verk av det offentlege etter rømming

  • utgreie nærare om det skal innførast ei øvre grense på storleik av merdar og/eller tal på fisk i ein merd, av omsyn til konsekvensar ved rømming.

Under området forureining og utslepp vil fiskeristyresmaktene

  • prioritere den forvaltningsretta forskinga på miljødata, vasskvalitet og fjord- og kystøkologi, og forskinga om miljøverknader av havbruk

  • utvikle lokaliseringskriterier som skal styrkje omsynet til miljømessig berekraft

  • foreslå å innføre obligatoriske C-undersøkingar frå NS 9410, både ved løyving og under drift

  • stimulere til utvikling av MOLO (Miljøtilpassing og rasjonell arealbruk for havbruksnæringa) som eit komande heilskapleg system for regulering av miljøverknader og arealtilpassingar.

Under området sjukdom, medrekna parasittar, vil fiskeristyresmaktene

  • innføre strengare reglar for kontroll med lakselus i oppdrett

  • foreslå at lusetal også hos viltlevande bestandar er måltal for tiltak i oppdrettsanlegg

  • vurdere reduksjon av biomassen i eit gitt geografisk område om andre moglegheiter ikkje gir ønska effekt på lusetalet hos villfisk

  • vurdere å innføre tak for fysisk storleik på produksjonseiningane, og/eller mengda fisk i ein merd

  • foreslå strengare krav til brønnbåtar og transport

  • be næringa å utvikle manualar for beste praksis

  • saman med næringa utgreie tiltak for å oppnå ein betre driftsstruktur som får positiv verknad for lakselussmitte og andre sjukdomstilstandar

  • setje i verk eit eige forvaltningsregime i Hardangerfjorden.

Under området arealbruk vil fiskeristyresmaktene

  • utforme betre lokaliseringskriterium

  • vurdere innføring av særskilde verna område for havbruksforvaltninga

  • foreslå endringar i akvakulturlova for å gi styresmaktene høve til å påleggje flytting av havbruksanlegg av overordna miljø- og næringsomsyn

  • arbeide for at alle kystkommunar skal ha oppdaterte kystsoneplanar

  • vurdere retningslinjene for iverksetjing av konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova

  • setje ned eit utval for å sjå på moglegheitene for ein meir effektiv arealbruk i havbruksnæringa.

Under området fôr og fôrressursar vil fiskeristyresmaktene

  • arbeide internasjonalt for å redusere omfanget av UUU-fiske, og avgrense utkast til eit minimum

  • arbeide internasjonalt for at land som utnyttar industrifisk har eit berekraftig fiske

  • stimulere til auka bruk av marine biprodukt til fôrråstoff

  • prioritere forsking på alternative marine fôrkjelder

  • vurdere verkemiddel knytte til produksjon, import og merking av fôr og fôringrediensar for å sikre at fiskefôr som blir nytta i norsk oppdrett berre inneheld fiskemjøl og fiskeolje produsert frå berekraftig forvalta bestandar

  • stimulere til utvikling av fôringsteknologi og utvikling av fôr som aukar tilveksten og reduserer miljøbelastningane rundt anlegga.

Oppdrett av torsk vil framleis vere eit viktig satsingsområde for Fiskeri- og kystdepartementet. I regjeringas strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring blir det lagd opp til ein kontrollert vidare vekst av torskeoppdrett parallelt med at det blir utvikla teknologi som sikrar miljømessig berekraft.

Det er behov for meir kunnskap på fleire felt når det gjeld torskeoppdrett og det vil derfor bli sett i verk utgreiingar for å

  • kartleggje miljømessige risikofaktorar, mellom anna om genetisk påverknad og smitterisiko til villfisk

  • skaffe oversikt over område med sårbare kysttorskebestandar og gytefelt

  • vurdere om ”torskefjordar” vil vere eit eigna forvaltningsverktøy for å verne spesielt sårbare torskebestandar.

Arbeidet knytt til rømt oppdrettsfisk er høgt prioritert, og målet er at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Fiskeridirektoratets utvida tiltaksplan ”Visjon nullflukt” blir følgd opp i 2010. Utfordringane med å få ned rømmingstala i havbruket blir følgde opp på mange frontar, mellom anna ved å kartleggje årsakene til rømming, forsking, forbetringar av regelverket og av tekniske standardar, driftskrav og kontroll. Rømmingskommisjonen arbeider systematisk for å redusere risiko for rømming og havari. Fiskeridirektoratet skal drifte sekretariatet for kommisjonen. Det blir også arbeidd for å sikre betre statistikkgrunnlag og meir pålitelege rømmingstal frå oppdrettaraneNYTEK (tekniske krav til oppdrettsanlegg) er viktig for å sikre at oppdrettsutstyr er av god kvalitet for å hindre rømming, og både NYTEK-forskrifta og standarden vil bli følgd opp gjennom Fiskeridirektoratet si tilsynsverksemd. Risikobasert akvakulturtilsyn (Akvarisk) blir innarbeidd i den vanlege drifta til Fiskeridirektoratet. Reaksjonsforskrifta gir nærare reglar om utmåling av lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr) og tvangsmulkt. Samarbeidet mellom Økokrim, påtalemakta og fiskeristyresmaktene skal bli tettare. Målet er at forskrifta skal virke preventivt slik at det blir færre regelbrot som kan føre til rømming og andre skadar på miljøet.

Havforskingsinstituttet har utvikla ein DNA-metode for sporing av rømt oppdrettslaks og regnbogeaure, som er teken i bruk av Fiskeridirektoratet og politiet som hjelpemiddel i etterforskinga av fleire saker.

Bereevna til havbruksanlegg, plasseringa av anlegga, avgrensinga av storleiken, utforming og drift er vesentlege faktorar for ei berekraftig næring. Det blir arbeidd vidare med å utvikle, modifisere og tilpasse gode styringssystem som fastset bereevne og sikrar at denne bereevna ikkje blir passert. Føresegnene om miljøundersøkingar og miljøovervaking ved oppdrettsanlegga skal vidareutviklast. Fiskeridirektoratet vil samarbeide med miljøstyresmaktene om felles miljøovervaking, MOM (miljøovervaking av marine matfiskanlegg), og saman med Havforskingsinstituttet medverke til ei fagleg oppgradering av miljøovervakinga. Det skal utviklast eit system for miljøovervaking gjennom MOM – undersøkingar som forenklar havbruksforvaltninga si overvaking og kontroll av område der tolegrensa er passert.

Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Dette skal sikrast både ved eigne tiltak og gjennom forsking. Det vart difor innført ein fryssituasjon i Hardangerfjorden 8. april 2008, i påvente at ei eiga forskrift for heile eller delar av Hardangerfjorden som skal sikre at ein tek tilstrekkeleg omsyn til miljø, helse og berekraftig utvikling. Utkast til forskrift om eit eige forvaltningsregime vart sendt på høyring sommaren 2009, med sikte på iverksetjing frå 1. januar 2010. Ny forskrift for Hardangerfjorden skal følgjast opp gjennom tilsyn. Forskingsaktiviteten i fjorden knytt til forholdet mellom havbruk og fjordøkologi, skal også styrkast.

Fiskeridirektoratet skal arbeide for at restane etter havbruksverksemder som heilt eller delvis har opphøyrt, ikkje er til sjenanse eller skade i dei område der det var aktivitet.

Noregs forskingsråds program ”HAVBRUK – ei næring i vekst”, skal få fram kunnskap som fremmer berekraftig produksjon. Som del av dette skal prosjekt som siktar mot å redusere risikoen for rømming frå oppdrettsanlegg prioriterast. Ein prøver å finne tekniske og biologiske løysingar der drift, åtferda til oppdrettsarten, operasjonelle problemstillingar og fleirfagleg tilnærming er viktige føresetnader.

I arbeidet med å førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar blir det lagt betydeleg vekt på å forbetre det biologiske og tekniske grunnlaget for utvikling av nye og betre vaksinar.

Havforskingsinstituttet skal styrkje studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr når det gjeld kvalitet og mengde.

Økosystemretta forsking er viktig for å få innsikt i kva følgjer hausting av marine råvarer til fôrproduksjon for havbruk har for samspel og ressursar i marine økosystem.

Resultat 2008–2009

Miljøprofilen i akvakulturlova er sterkare og klarare enn i den tidlegare oppdrettslova. Lova fangar opp heilskapen og sikrar dei overordna styringsbehova når det gjeld miljøregime og miljøutfordringar framover. Miljøomgrepet i lova er vidt og dekkjer både forureining og økologiske verknader, og føresegnene i lova skal sikre at omsynet til miljøet blir teke vare på i alle trinn i produksjonskjeda. Føresegnene i lova skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa.

Utfordringane med å få ned rømmingstala er blitt følgde opp på mange frontar. Fiskeri- og kystdepartementet oppnemnde sommaren 2006 ein fast kommisjon for rømming av oppdrettsfisk. Kommisjonen er forlengd førebels til 31. desember 2010. Fiskeridirektoratet stiller sekretariat til rådevelde for kommisjonen, som skal rapportere til direktoratet. I tillegg til arbeidet i rømmingskommisjonen utfører Fiskeridirektoratets regionkontor raske synfaringar for å kartleggje årsaksforholdet og vurdere om oppdrettaren har handla tilstrekkeleg forsvarleg.

Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk ”Visjon nullflukt” vart utvida og revidert i 2008. Den rapporterte rømminga for laks og regnbogeaure er redusert fram til 2008, medan den rapporterte rømminga av torsk har auka. Samhandling med andre offentlege etatar som politi og påtalemakt, Kystverket og Statens naturoppsyn er styrka.

I fleire år har det vore arbeidd med risikobasert havbrukstilsyn, Akvarisk. I 2008 vart systemet teke i bruk i alle regionane til Fiskeridirektoratet.

Våren 2007 vart det fastsett ny reaksjonsforskrift som inneber skjerpa reaksjonar ved brot på regelverket som påverkar miljøet, mellom anna rømming. Det er nær dialog med Riksadvokaten og Økokrim om korleis brot på forskrifta skal følgjast opp. Fiskeridirektoratet starta 2007 med å offentleggjere rømmingslistene, og dette vart følgd opp i 2008 og 2009.

NYTEK-standarden og forskrifta som stiller krav til teknisk standard i dei flytande oppdrettsanlegga er under evaluering. I 2007-2008 vart det gjennomført eit spesielt prosjekt for å kartleggje risikoen for smoltrømmingar i lakseoppdrettsnæringa. Eksisterande rømmingsinstruks vart revidert og utvida etter innspel frå eit samarbeidsutval oppnemnt av Økokrim.

Tilsynet i 2008 og 2009 blir utført med fleire verktøy enn tidlegare for å oppnå større effekt i arbeidet. Dette omfattar bruk av revisjonskontrollar og tekniske kontrollar som dekkjer eit breitt spekter av kontrollparameter. Hovudområdet er særleg rømming og faktorar som påverkar risiko for rømming. Det er lagt særleg vekt på rømming av smolt i tillegg til at krava til maksimalt tillaten biomasse skal haldast. Dei nemnde kontrollane skal mellom anna omfatte alle lokalitetar av laksefisk, både matfisk og setjefisk, innanfor dei nasjonale laksefjordane og laksevassdraga. Det er i gang arbeid med å revidere dei tekniske krava til anlegg. Målet er å justere krava i høve til ny kunnskap og nye erfaringar hos næring, utstyrsleverandørar, inspeksjonsorgan og forvaltning.

I samarbeid med Miljøverndepartementet har Fiskeri- og kystdepartementet etablert eit nasjonalt overvakings- og evalueringsprogram for å følgje opp ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Overvakingsprogrammet skal gje tilstrekkeleg kunnskap om bestandsutviklinga, følgje utviklinga av dei enkelte påverknadsfaktorane både i vassdrag og fjordar og etablere gode rapporteringsrutinar som sikrar ei heilskapleg oversikt.

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for å overvake rømmingssituasjonen og ansvar for å skaffe tilstrekkeleg kunnskap om verknadene av tiltak mot rømming. Sommaren 2009 vart det fastsett ei eiga forskrift om særskild beskyttelsesregime for dei viktigaste bestandane av villaks, som oppfølging av Stortingets vedtak om vern av villaksen og ferdiggjering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar (St.prp. nr. 32 (2006–2007)). Forskrifta gir dei viktigaste villaksstammene eit særskilt vern i tråd med Stortingets intensjonar. Krava i forskrifta skal hjelpe til at rømmingsfaren blir redusert, og at villaksen i desse områda får særskilt vern mot smittsame sjukdomar. Forskrifta rettar seg mot all havbruksverksemd som blir driven innanfor dei nasjonale laksefjordane, og kultiveringsverksemd som blir drive i dei nasjonale laksevassdraga.

Havforskingsinstituttet lukkast i 2007 med å spore ei ukjend rømming tilbake til eit oppdrettsanlegg i Romsdalsfjorden basert på ein DNA-metode. Det er no utarbeidd prosedyrar for sporing av rømt laks og regnbogeaure, og i 2008/2009 gjennomførde Havforskingsinstituttet fire nye sporingsoppdrag for Fiskeridirektoratet og politiet (tre på laks og eitt på regnbogeaure). Det er vidare under arbeid eit pilotprosjekt for sporing av rømt torsk.

Avgrensingssystemet med maksimal tillaten biomasse fisk i oppdrettsanlegga, kombinert med innføring av miljøundersøkingar ved tildeling og miljøovervaking under drifta, er sett iverk for å ivareta omsynet til berekraftig og miljøtilpassa produksjon og omsynet til fiskehelse og fiskevelferd.

Det blir arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk (MOLO). Havforskingsinstituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr.

NIFES har gjennomført fleire prosjekt knytt til bruk av ulike fôr-ressursar. Dette rr mellom anna gjort med tanke på å unngå ubalansert fôr, som vil gi redusert fordøying. Redusert fordøying vil gi uønska tilførsle av næringsstoff til miljøet.

Det er gjennomført forsking om korleis fiskens behov for ulike næringsstoff varierer gjennom livssyklusen. Dette er viktig kunnskap for å unngå forureinande og uøkonomisk overdosering. Eit prosjekt i Hardangerfjorden ville kunne avklare når overgjødsling frå havbruk kan bli eit miljøproblem, og korleis det skal handterast. Prosjektet har medverka til at ein modell er utarbeidd for Hardangerfjorden.

Sjukdommar hos ville akvatiske organismar med moglege konsekvensar for arten sin eksistens

Dei mest alvorlege sjukdommane som kan true ville akvatiske artar i Noreg er krepsepest som er ein alvorleg trussel for edelkrepsen, parasitten Gyrodactylus salaris som angrip laks i elvane, og lakselus som trugar utvandrande smolt og sjøaure. Overvaking og tiltak mot desse sjukdommane blir sett i verk i samarbeid med miljøvernstyresmaktene, som forvaltar artar i ferskvatn

Resultat 2008–2009

Krepsepest har tidlegare trua edelkrepsbestanden på Austlandet, men det lukkast då å nedkjempe pesten ved å innføre forbod mot krepsing og andre tiltak for å hindre smitten i å spreie seg. Krepsepest er nært knytt til signalkrepsen som er ein framand art i norsk fauna. Etter utsetjing har han spreidd seg på svensk side, og kan truleg kome inn på norsk territorium i felles grensevassdrag. I tillegg har signalkreps vore ulovleg utsett her i landet. Signalkrepsen kan bere sjukdommen krepsepest utan sjølv å verte sjuk, men han smittar edelkreps som døyr av sjukdommen.

I 2008 vart det påvist signalkreps med krepsepest i Øymarksjøen i Marker kommune i Østfold. Funnet er truleg eit resultat av ulovleg utsetjing. Funnet syner at det er fare for at Haldenvassdraget har blitt eit permanent smittereservoar for krepsepest nedanfor Ørje sluser.

Sommaren 2009 vart det oppdaga signalkreps med krepsepest i dammar på Ostøya i Bærum kommune. Dette er også resultat av ulovleg utsetjing, og forholdet er meldt til politiet av Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning. Signalkrepsen vil bli fjerna frå desse dammane i haust.

Gyrodactylus salaris er framleis eit alvorleg problem for villaksen. Parasitten har vore påvist i totalt 46 laksevassdrag. Utryddingstiltak i regi av miljøvernstyresmaktene har i stor grad redusert utbreiinga av parasitten, og 15 vassdrag er friskmelde etter behandling. Mattilsynet har eit viktig ansvar for overvaking og avgrensing av smitte.

Lakselus er framleis ein alvorleg trussel for laks i oppdrett, men særleg for villaks. Den nasjonale handlingsplanen mot lakselus vert difor følgd opp vidare. Mattilsynet har gjennomført fleire samordna avlusingar og oppslutninga om avlusinga og deler av resultata er oppløftande.

I 2008 og første halvår 2009 er det gjennomførd ein revisjon av lakselusforskrifta. Forskrifta gir forvaltninga betre verktøy i kampen mot lakselus, og vil bidra til å redusere problema med resistensutviklinga.

Sporing og merking

Sporing og merking av oppdrettsfisk og villfisk er blitt meir aktuelt dei siste åra. Det heng mellom anna saman med behovet for å kunne verne folks helse betre, sikre fiskhelse og miljø og omsynet til forbrukarpolitikk og næringspolitikk. Fiskeri- og kystdepartementet skal følgje med og delta i debatten rundt sporing og merking, og arbeide for at slike system blir tekne i bruk i næringa.

Fiskeri- og kystdepartementet vil også i 2009 vere ein pådrivar overfor den norske sjømatnæringa for å kome fram til samverkande sporingssystem. Sporing skal kunne nyttast når mat må trekkjast attende, og som eit verktøy i innsatsen mot ulovleg fanga fisk. Det kan og nyttast som dokumentasjon for å sjå til at private merkeordningar berre blir nytta på dei produkta som oppfyller standarden. EUs forslag om innføring av fangst- og landingssertifikat for all fisk som blir importert til eller eksportert frå EU, vil gjere det særskilt viktig å prioritere sporing.

Departementet vil også følgje utviklinga i bruk av private miljøsertifiserings- og merkeordningar og utviklinga i klimamerking av mat nasjonalt og internasjonalt. Departementet deltek i internasjonale fora der desse spørsmåla er aktuelle (FNs organisasjon for mat- og jordbruk, FAO, og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD). Det er ulike syn på kva sertifiseringar av berekraft bør ta omsyn til innan området for villfangst og havbruk og korleis kostnadene som veksten i private sertifiseringsordningar inneber skal fordelast mellom forbrukarar og næring. Departementet vil hjelpe næringa med nødvendig informasjon for å kunne nytte ulike private merkeordningar.

Innanfor forskingsrådets program Norsk mat frå sjø og land er det sett i gang arbeid som kan gi ny kunnskap om verknadene av matvarer og kosthald på folks helse og sjukdomsutvikling og om faktorar som påverkar folks val av matvarer. Det er framleis behov for meir kunnskap om skadelege helseverknader av at folk blir utsette for uønska framandstoff, stoff som finst naturleg i omgivnadene og sjukdomsframkallande mikroorganismar som finst i fôr- og matkjeda. Det er i den samanhengen også naudsynt med auka overvaking av innhaldet av framandstoff i sjømaten frå våre havområde.

Resultat 2008–2009

Fiskeri- og kystdepartementet har vore ein pådrivar for å få gode sporingssystem i verdikjeda for sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet har eit særleg ansvar for å sikre at sporingssystema som blir utvikla også kan brukast i innsatsen mot omsetning av fisk frå UUU-fiske. Innovasjon Norge har saman med næringa sett i gang fleire prøveprosjekt for sporing, der også sporing i tilknyting til UUU-fiske er ein del av mandatet. Fiskeridirektoratet har ei viktig rolle i dette arbeidet, og Fiskeri- og kystdepartementet følgjer arbeidet nøye.

Innkjøparar i Europa har dei siste åra lagt meir vekt på at sjømat dei kjøper skal vere frå berekraftige bestandar, og mange ønskjer at dette skal stadfestast gjennom bruk av Marine Stewardship Council (MSC) si miljømerkeordning. Næringa har difor samla seg om å søkje om MSC-sertifisering av fleire fiskeslag. Næringa samarbeider også med departementet om å dokumentere og sertifisere norsk fiskeriforvaltning av torsk for å kunne gi betre informasjon til innkjøparar og forbrukarar om korleis torskebestanden er forvalta. Dersom dette blir vellukka kan ordninga bli utvida.

Departementet, Mattilsynet og næringa har dei siste åra saman finansiert fleire større kartleggingar av framandstoff i norsk vårgytande sild (NVG-sild), makrell, og blåkveite. Det er teke ei mengd prøvar av fisken på ulike stader og av fisk av ulike storleik/alder. Desse studiane vil gi ei unik oversikt over innhaldet av framandstoff i norsk sjømat.

Introduksjon av framande organismar

Introduksjon av framande organismar kan skje på fleire måtar. Dei kan transporterast med ballastvatn, setjast ut eller spreie seg ved eigen hjelp, mellom anna som ein følgje av klimaendringar.

Utfordringane knytt til framande artar er at vi ikkje kan føresjå korleis ein ny/framand organisme vil påverke og bli påverka av økosystemet han kjem til. Ei robust overvaking av økosystemet er viktig for å kunne fange opp nye organismar og følgje med på eventuelle endringar som konsekvens av ein introduksjon. Det er difor viktig å vidareføre og utvikle overvakingsverksemda til Havforskingsinstituttet.

Regjeringas tverrsektorielle nasjonale strategi og tiltak mot framande skadelege artar frå 2007 slår fast at forvaltning av framande organismar skal følgje grunnleggande prinsipp som føre-var-prinsippet, økosystemtilnærming og at miljøpåverkar skal betale. Fiskeriforvaltninga vil gjennomføre tiltak innanfor utbetring av regelverk, forsking og informasjon. Det kan også vere aktuelt å setje i verk utryddingstiltak der introduksjonar gjer skade på arter eller økosystem.

Resultat 2008–2009

Framande skadelege organismar er eit tema under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2008 har programmet blant anna starta arbeidet med å utvikle eit system for overvaking av prioriterte skadelege framande organismar.

I forskinga arbeider Havforskingsinstituttet mellom anna med introduserte artar gjennom å samle inn data over førekomst og utbreiing og ved å delta i internasjonale arbeidsgrupper. I gruppene utvekslar dei informasjon om strategiar for å hindre introduksjonar med skipslast og om situasjonen i dei ulike verdsdelane. Eitt prosjekt har studert den nyleg introduserte raudalgen japansk sjølyng, som på få år er vorte ein av dei vanlegaste raudalgane langs kysten frå svenskegrensa til Trondheimsfjorden, utan at artsrikdomen i området hittil ser ut til å vere påverka.

Havforskingsinstituttet har prioritert å kartleggje utbreiinga av kongekrabben. Instituttet arbeider med å utvikle metodikken for bestandsundersøkingar og studerer kongekrabbens påverknad på økosystemet. Merkeforsøk viser at kongekrabben vandrar relativt lite i våre farvatn, og det er ikkje mykje som er observert utanfor Eggakanten.

Forsking på introduksjon av artar i det marine miljøet er omfatta av Forskingsrådet sitt program ”Havet og kysten”.

I Noreg har Veterinærinstituttet og NIFES eit godt forskingssamarbeid om genmodifiserte organismar (GMO) og helserisikoen ved bruk av GMO. Forskinga om GMO er også eit viktig grunnlag for dei risikovurderingane som Vitskapskomiteen for mattryggleik skal gjere på dette området.

Bruk og vern av kyst- og havområde

Kystsona dekkjer eit areal som tilsvarar ein tredjedel av fastlands-Noreg. Dei store fiskebestandane gyt og veks opp på kysten og i fjordane. Meir enn 95 pst. av dei kjende marine organismane har tilknyting til kystsona. Dette gjer ho til eit nøkkelområde i den marine verda.

Havforskingsinstituttet har i oppgåve å auke kunnskapen om bestandsstruktur, bestandsdynamikk, økologiske vilkår og total utnytting. Instituttet har støtte i systematiske observasjonar frå delar av kysten attende til 1920, og dekkjer område frå svenskegrensa til grensa mot Russland. Mest omfattande er overvakinga langs Skagerrakkysten der det er mest påverknad frå menneske.

Kartlegging av marine naturtypar og gyte- og oppvekstområde viser at fleire leveområde er truga. Tareskogen i Nord-Noreg er til dømes nedbeita av kråkebollar. Dei næraste åra vil det bli sett søkjelys på økologien i utvalde område, både i opne fjordar som Porsangerfjorden og i terskelfjordar som Hardangerfjorden.

MAREANO, program for kartlegging og studie av havbotn, vil bli vidareført. Programmet er med på å gi eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av miljø- og naturressursane i havområda våre. MAREANO vil ha kartlagt og opparbeidd data i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten i løpet av 2010.

Havforskingsinstituttet deltek i EU-prosjekt som legg kunnskap og metodikk til rette for ei heilskapleg kystsoneforvaltning.

Fiskeridirektoratet vil halde fram arbeidet med å gjere geodata om fiskeri og havbruk tilgjengeleg for brukarane.

Etterletne oppdrettsanlegg er eit forureiningsproblem og eit trugsmål mot viltlevande arter, og sjøtryggleiken. Fiskeridirektoratet vil sørgje for at eigarar av forlatne anlegg blir pålagte å rydde opp. Det vil så langt råd er leggjast til rette for at andre aktørar kan overta utstyret frå eigarlause anlegg mot å rydde opp.

I samband med at kravet om å stille sikkerheit blir sett i verk, har det vore ein tett dialog med næringa for å finne løysingar som er minst mogleg belastande for den enkelte utøvar. Fiskeri- og kystdepartementet vil i oppfølginga ha dialog med organisasjonane i næringa om eit næringsfinansiert oppryddingsfond.

I oppfølginga av St.meld. nr.8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, er det oppretta tre faggrupper; ei overvakingsgruppe leia av Havforskningsinstituttet, ei risikogruppe leia av Kystverket og eit fagleg forum leia av Norsk polarinstitutt. Overvakingsgruppa har medlemmer frå 21 institusjonar, og skal samordne all overvaking av dei marine økosystema i nordområda. Gruppa la fram sin tredje rapport til den interdepartementale styringsgruppa i mars 2009.

Forvaltningsplanen for Norskehavet vart behandla i Stortinget 18. juni 2009. Overvakingsgruppa og Risikogruppa sine mandat vil bli utvida til å dekkje forvaltningsplanområdet for Norskehavet, men det blir oppretta eit eige fagleg forum for Norskehavet.

I 2010 skal forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten oppdaterast, samstundes med at arbeidet med sjølve forvaltningsplanen for Nordsjøen skal setjast i gang. Fiskeri- og kystforvaltninga vil delta i begge desse prosessane.

Fiskeri- og kystforvaltninga skal delta i arbeidet med implementeringa av EU sitt rammedirektiv for vatn. Vidare vil ein delta i aktuelle prosessar innan kystsoneforvaltning, medrekna kommuneplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, fylkesplanar og verneplanar etter naturvernlova/naturmangfaldlova. Regjeringa vil i 2009 formelt setje i gang prosessen for nasjonal marin verneplan. Dette er eit arbeid som mellom anna skal sikre at eit representativt utval av marine habitat får tilstrekkeleg beskyttelse. Fiskeri- og kystforvaltninga vil delta aktivt i dette arbeidet.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil delta i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av marint biologisk mangfald i kommunane.

Fiskeridirektoratet skal i samarbeid med andre beredskapsstyresmakter ivareta samfunnet og fiskeri- og havbruksnæringa sine behov for krisehandtering i sjøområde.

Overvakingsprogrammet for tareskog blir vidareført. Programmet er utvida til også å dekkje områda nord for Trøndelag. Det kom på plass reviderte forskrifter for tarehausting i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag med Fiskeridirektoratet sine forskrifter av 6. april 2009. Forskriftene opnar for hausting av tare i avgrensa område innanfor bestemte tidsperiodar etter same ordning som gjeld i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Den nasjonale forvaltningsplanen for tarehausting skal også reviderast.

AREAL-programmet til Forskingsrådet har saman med programma Havet og kysten og HAVBRUK planlagt ei felles utlysing om temaet arealbruk i kystsona. Arealbruken i kystsona er i vekst. Etablerte næringar, nye næringar og andre viktige samfunnsinteresser skal samhandle om bruk på ein måte som tek vare på ressursar, miljø og klima.

Kystverket arbeider med å etablere ei profesjonell dataforvaltning for geografiske data. Det er ein føresetnad for at Kystverket skal kunne oppfylle sine plikter i Noreg digitalt, den komande Geodatalova og INSPIRE (EUs direktiv om etablering av infrastruktur for deling av geografisk data). Det er og viktig for å kunne levere data i samsvar med krav frå eksterne brukarar. Statens kartverk Sjø og Fiskeridirektoratet er døme på store brukarar av Kystverkets data som set store krav til kvalitet og dokumentasjon.

Kystverket gjennomfører kontinuerleg oppdatering og kvalitetssikring av eigne data. Det arbeidet vil framleis bli prioritert.

Resultat 2008–2009

Fiskeridirektoratet og Kystverket tek del i aktuelle planprosessar innan kystsoneforvaltninga, medrekna fylkesplanar, kommuneplanar og reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, verneplanar etter naturmangfaldlova og nasjonalt program for biomangfald. Dessutan arrangerte dei to direktorata eit fellesseminar våren 2009 med tema ”Nye tider i Kystsona”, relatert til nytt lovverk og overføring av mynde til kommunane.

Kystverket publiserer geografisk informasjon gjennom internettenesta Kystinfo (http://kart.kystverket.no). Tenesta er i stadig utvikling, både når det gjeld tal på brukarar, mengde av tilgjengeleg informasjon og funksjonar. Trafikken på Kystinfo har auka mykje det siste året. Det blir produsert i overkant av 400.000 kart per månad gjennom applikasjonen. Fiskeridirektoratet har vidareutvikla kartinnsynsløysing til bruk for STAK-prosjektet (Stadfesting av akvakultur) og fleire kartdatasett utarbeidde av Fiskeridirektoratet og andre etatar er gjort tilgjengeleg for interne og eksterne brukarar. Direktoratet har utarbeidd retningslinjer for kystnære fiskeridata, og starta arbeidet med innsamling, registrering, verdivurdering og offentleggjering. Dette datatilfanget blir viktig i framtidig arbeid med kystsoneplanar og marin arealforvaltning (gyteområde, plassar for kaste- og låssetjing, korallar, skjel m.m.).

Fiskeri- og kystforvaltninga har arbeidd med Marin verneplan. Både nasjonalt og internasjonalt blir det lagt stor vekt på å beskytte marine område som er sårbare for fiskeriaktivitetar. Det er til dømes lagt restriksjonar på fiske med tunge botnreiskap i fleire område. I vår nasjonale forvaltning av dei levande marine ressursane har vi lang tradisjon for å drive marin områdebeskyttelse saman med andre verkemiddel. I 2009 vart Fiskeridirektoratet sin varslingstelefon lagt inn i eit eige døgnope system som skal drifte dei ulike tenestene som treng kontinuerleg drift. Fiskeridirektoratet sin varslings- og beredskapsplan for krisehandtering i kystsona blir revidert årleg og sendt ut til samarbeidspartnarane til direktoratet. I løpet av perioden har direktoratet hatt beredskapssituasjonar knytt til forlis, grunnstøytingar, algeoppblomstringar, manetinvasjon, sjukdom på kystsel, atomulykker og oljeutslepp.

Havforskingsinstituttet har dei seinare åra styrka kunnskapsgrunnlaget om naturtypar og naturverdiar på havbotnen og i kommunane langs kysten. Forskinga på økologien til ulike habitat og kva dei har å seie for biologisk mangfald er styrka. Nye korallar utanfor Vesterålen er kartlagde gjennom eit EU-prosjekt om biodiversitet.

Havforskingsinstituttet har gjennom MAREANO kartlagt naturtypar og artsmangfald i det sørlege Barentshavet og nordlege Norskehavet i dei prioriterte områda i Troms og Nordland. Botnforhold og botndyr på banker og i undersjøiske raviner er dokumentert. Utanfor Vesterålen er 330 korallrev kartlagt.

Havforskingsinstituttet har starta eit strategisk instituttprogram (SIP), med innsats frå mange verksemder, for å få til ei heilskapleg forsking på fjord- og kystøkologi. Dette er ein del av Fiskeri- og kystdepartementet si satsing på fjord- og kystøkologi.

Arbeidet med å følgje opp forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten er i gang. Fiskeri- og kystforvaltninga deltek i fagleg forum, overvakingsgruppa og i risikogruppa. Alle gruppene har levert årsrapport, og starta arbeidet med endeleg rapport som skal danne grunnlag for revisjon av forvaltningsplanen for Barentshavet m.m. i 2010.

I 2008 vart arbeidet med olje–fisk problemstillingar intensivert. Gjennom Havforskingsinstituttets ordinære verksemd og innhenting av data samlar instituttet informasjon til andre institusjonar, mellom anna om framandstoff i norsk sjømat. Instituttet deltek i Nasjonalt råd for operasjonell marin overvaking og varsling, der dei samordnar havmiljøovervakninga. Instituttet har og auka innsatsen på forsking om verknader av forureining frå oljeindustri og andre kjelder og korleis seismiske undersøkingar påverkar livet i havet.

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) meiner at kysttorsken nord for 62° er på eit faretruande lågt nivå. Genetiske analysar av kysttorsk viser ein samansett bestandsstruktur, med mange lokale bestandar. Resultata er nytta i rådgivinga om forvaltning av dei ville bestandane og dei er referansemateriale for å vurdere følgjer av rømt oppdrettstorsk og av klimaendringar. Funna kan òg ha verdi i reguleringa av torskeoppdrett. Ein førebels studie av gyteområde tyder på at terskelbasseng i dei indre delane av mange fjordar er viktige gyteområde for lokal kysttorsk. Tilbakehalding (retensjon) av fiskeegg og fiskelarver er truleg ein viktig grunn til at lokale bestandar av kysttorsk blir haldne oppe.

Kystverket har vore ansvarleg ved konsekvensutreiingar av nasjonale hamner og utdjupning av større farleier.

Friluftsliv

Fiskeri- og kystforvaltninga vil leggje til rette for eit berekraftig rekreasjons- og turistfiske, der det blir teke omsyn både til at kystsona kan brukast til rekreasjonsføremål og til bestandane. For å sikre dette, vil dei minstemålsreglane som gjeld for næringsfiske bli gjort gjeldande også for rekreasjonsfiske frå 1. januar 2010 med nokre tilpassingar: Det er fastsett forbod mot fangst av ål også til eige konsum, det vil bli vurdert ytterlegare tiltak som kan gjelde rekreasjonsfiske i samband med forvaltningsplanen for kysttorsk i sør og departementet vil vurdere om det kan vere eit aktuelt tiltak å innføre reguleringar for næringsverksemd som legg til rette for turistfiske.

Forskingsprogrammet AREAL vil prioritere arbeidet med bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Innafor rammene for planlegging i kystsona kan det mellom anna leggjast til rette for meir naturbasert reiseliv. I nordområdesatsinga skal det nordnorske kystkulturlandskapet stå sentralt.

Kystverket deltek i relevante utval og samarbeidsfora for å bidra til haldningsskapande arbeid retta mot brukarane av fritidsbåtar, og samarbeider med Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF) om utplassering av fortøyingsbøyer. Det bidreg til å gjere rekreasjonsområde lettare tilgjengelege.

Kystverket står som eigar av ei rekkje fyrstasjonar langs kysten. Fyrstasjonane er ikkje bemanna lengre og alternativ bruk er aktualisert. Fyrstasjonar kan leigast ut med vilkår om at leigetakar held eigedomen open for allmenta. Det er i dag inngått ca. 70 leigekontrakter som legg til rette for verdfull rekreasjon i sjøområda.

Resultat 2008–2009

Fisketurisme er ein viktig del av reiselivsnæringa og skaper både sysselsetjing og verdiar langs kysten. Denne måten å nytte fiskeressursane på må til liks med anna utnytting skje innanfor ansvarlege og berekraftige rammer. Det er difor innført ein utførslekvote som avgrensar den mengda fisk kvar person kan ta med seg ut av landet.

Innanfor Forskingsrådets program Havet og kysten er det sett i gang eit prosjekt om grunnlaget for turistfiske i kystnære område. Havforskingsinstituttet har starta eit prosjekt der turistverksemder nyttar internettportalen ALTINN til å rapportere frå fangstdagbøkene som turistar fyller ut.

Kystverket har delteke på aktuelle messer og arrangement for fritidsbåtar. Hovudarrangementet var ”Sjøen for alle”. Kystverket har også drive vedlikehald av fyrstasjonar og ført tilsyn med at leigetakarar etterlever kravet om å halde eigedomen open for allmenta.

7.2 Bevaring og bruk av kulturminne

Kystverket bidreg ved å vedlikehalde, dokumentere og formidle kulturminna som inngår i planen ”Verneplan for maritim infrastruktur”. Samtidig er det eit mål at flest mogleg kulturminne skal gjerast tilgjengeleg for allmenta.

Etatsmuseet for Kystverket vart etablert i 2008 og skal driftast som eit nettverk av fire museumsinstitusjonar. Arbeidet til dei ulike museumseiningane skal sjåast i samanheng både musea imellom og i høve til Kystverket sine oppgåver og satsingar innan kulturminnefeltet.

På grunnlag av ”Verneplan for maritim infrastruktur” vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar i tråd med føringane frå Riksantikvaren. Det betyr at det skal etablerast prosedyrar og rutinar for korleis omsynet til verna eigedomar og anlegg blir teke vare på, integrert i den ordinære forvaltninga og det ordinære vedlikehaldarbeidet.

Det skal arbeidast vidare med å utvikle fyrstasjonar og fyreigedomar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Det er eit mål at fyrstasjonane skal vere tilgjengeleg for allmenta og at dei kan nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på. Det er og naturleg å knyte verna kulturminne til relevante internasjonale prosjekt.

Samarbeidet mellom Fiskeridirektoratet, Kystverket, Riksantikvaren og ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) blir vidareført i 2010 i tråd med handlingsplanen fram mot nasjonaljubileet i 2014. Særleg blir det satsa på prosjektet ”Forteljingar om Kyst-Noreg”, der ein mellom anna tek sikte på å utarbeide ei rekkje hefte knytt til ulike sider ved Noreg som kystnasjon. Det er eit mål at prosjektet og skal resultere i dokumentarfilm(ar) om kystkultur. Det er avgjerande at etatsmuseet for Kystverket blir trekt med i arbeidet. Arrangement knytt til Kulturminneåret 2009 blir prioritert i det tverrsektorvise samarbeidet.

Resultat 2008–2009

I 2008 vart eit etatsmuseum for Kystverket etablert. Kystverkmuseet er samansett av Stiftelsen Lindesnes fyrmuseum, Tungenes fyrmuseum, ei konsolidert eining i Jærmuseet, Fyrmuseet i Dalsfjord, ei konsolidert eining i Sunnmøre museum og Lofotmuseet som er ei konsolidert eining i Museum Nord. Stiftelsen Lindesnes fyrmuseum har rolla som sentralledd i museumssamarbeidet, og vil ha ansvar for å koordinere fellestiltaka som musea deltek i.

I 2009 har Kystverket som følgje av arbeidet med Statens Kulturhistoriske Eigedomar (SKE-prosjektet), lagt fram eit forslag til ein heilskapleg verneplan for etaten – ”Verneplan for maritim infrastruktur”. Planen dekkjer heile verkefeltet til Kystverket og erstattar den tidlegare verneplanen for fyrstasjonar.

Kystverket eig framleis mange fyrstasjonar. Fyrstasjonane blir forvalta og haldne ved like anten av Kystverket sjølv, eller heilt eller delvis av leigetakarar. Det er ein føresetnad at leigetakarane har eit allmennyttig formål, slik at fyreigedomane er tilgjengelege for folk flest. Ved leigekontraktar og samarbeid med andre aktørar skal det sikrast at vernet av kulturminna skjer gjennom aktiv bruk, samstundes som ein legg til rette for at fyreigedomane kan fremme næringsutvikling.

Kystkulturnettverket mellom Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket har i 2009 arrangert den årlege kystkulturkonferansen i Oslofjorden, med hovudsete i Fredrikstad. I prosjektet ”Forteljingar om Kyst-Noreg” har ein i 2009 publisert fire hefte med følgjande tema: ”Kyst og havlandet Noreg”, ”Riksveg nr. 1”, ”Den berømte torsken” og ”Sildefiske”. Det er inngått ein intensjonsavtale om filmatisering av materialet. I prosjektarbeidet har direktorata samarbeidd tett med Kystverkmusea, Fiskerimuseumsnettverket og Sjøfartsmuseas nettverk.

Direktoratssamarbeidet og museumsnettverka gjennomførte ei stor fellessatsing i Kulturminneåret 2009: Eit kulturhistorisk ”tokt” med det gamle fartøyet for vedlikehald av fyr ”M/S Gamle Oksøy”. ”Toktet” gjekk langs heile norskekysten med ei rekkje arrangement i alle kystfylka i landet.

Kystverket har delteke i ei rekkje større og mindre samarbeidsprosjekt med både offentlege og frivillige aktørar, der målet er å fremme kystkulturinteressene.

Arrangement knytt til Kulturminneåret 2009 vart prioritert i det tverrsektorvise samarbeidet.

7.3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir spreidde i det marine miljøet, og nokre stoff kan bli oppkonsentrerte i næringskjeda og overstige fastsette grenseverdiar for trygg mat. Skal norsk sjømat stadfeste og styrkje renommeet sitt som kvalitetsprodukt må Noreg kunne vise til ein dokumentasjon for framandstoff som er tilfredsstillande i alle samanhengar. Ved å overvake havmiljøet må nivåa for eventuelle forureiningskomponentar kunne dokumenterast slik at det er mogleg å avgrense fiske i område der det kan vere forureining utover det som er internasjonalt akseptert.

Det er difor viktig også å kartleggje korleis slike stoff blir akkumulerte i matproduksjonskjeda og skaffe kunnskap om nivået av framandstoff i norsk sjømat. Kunnskapsoppbygginga skjer både ved forsking og gjennom overvakingsprogram. Resultata blir publiserte i Sjømatdata på www.nifes.no.

Det viktigaste tiltaket for å sikre lågast mogleg nivå av framandstoff i sjømat er å redusere utsleppa til naturen av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Restriksjonar på utslepp vil først etter lang tid ha verknad på villfanga fisk og annan sjømat. Oppdrettsfisk kan derimot påverkast innan rimeleg tid og det vil innverke på tilførslene av organiske miljøgifter som dioksinar og dioksinliknande PCB til befolkninga.

Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid med næringa styrkje arbeidet med å stimulere til vidare reduksjon av kjemikaliebruken og bruken av kopar i oppdrett. Arbeidet omfattar forskingsprosjekt som vurderer korleis kopar kan nyttast meir effektivt og optimalt og prosjekt for utvikling av meir miljøvenlege impregneringsmiddel. Prosjekta blir gjennomførde i samarbeid med Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond.

For å sikre ei mest mogleg miljøvenleg sjukdoms- og parasittnedkjemping skal det leggjast vekt på å utvikle alternative miljøvenlege metodar der det er råd å få til, til dømes auka bruk av leppefisk. Kunnskapsoppbygginga og forskingsprosjekt skjer i samarbeid med næringa. Det blir planlagt aktivitet i samarbeid med programmet ”NANOMAT” for å finne løysingar som kan redusere tilgroing og bruk av kopar.

I kystsona vil arbeidet knytt til forskrifta om rammer for vassforvaltninga (implementeringa av EUs vassrammedirektiv) vere viktig og vil ha høg prioritet.

Havforskingsinstituttet kartlegg gjennom MAREANO-programmet førekomst av oljekomponentar, radioaktivitet og organiske miljøgifter i nordområda.

NIFES vil prioritere metodearbeid knytt til relevante PAH-sambindingar (polyaromatiske hydrokarboner) for beredskap mot oljesøl.

Ved mudring i fiskerihamner eller fjerning av sediment i farleier skal eventuelle forureinande botnsediment handterast i samsvar med retningslinjene frå miljøvernstyresmaktene.

Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er derfor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkontroll og overvaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko gjennom utskifting av beredskapsmateriell, gjennomføring av kurs og øvingar og sørgje for at det blir sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Kystverket arbeider med eit framlegg til IMO om ulike seglingsleier og rutetiltak i området frå Røst til Oslofjorden. Målet er å oversende forslaget til IMO våren 2010. Med ei godkjenning frå IMO, vil desse rutetiltaka kunne gjerast gjeldande medio 2011.

Resultat 2008–2009

Det er etablert langsiktige overvakingsprogram for Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og kysten for viktige grupper av kjemisk forureining. Det gjeld organiske miljøgifter, olje, spormetall og radioaktivitet. Målet er å dokumentere utviklingstrekk og korleis forureining påverkar livsvilkåra for, og kvaliteten på, dei marine ressursane. Oljeselskapa er pålagde å drive tilstandsovervaking. Som ein del av dette har Havforskingsinstituttet i oppgåve å overvake om olje- og gassutvinninga til havs fører til kvalitetsforverring og har verknader på fisk. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) har ei viktig oppgåve i overvaking av sjømat, og deira utvida innsats for overvaking av villfisk skjer i nært samarbeid med Havforskingsinstituttet.

I havbruksnæringa blir det i dag nytta kjemikaliar og kopar som kan ha uønska miljøverknader. Det blir difor arbeidd med å utvikle og ta i bruk alternative metodar som kan hindre tilgroing og erstatte kjemikaliar og kopar i reingjering, vask og impregnering av oppdrettsnøter. Notvaskeria er pålagde å reinse avløpsvatnet. Stadig fleire anlegg nyttar mekaniske metodar som spyling og tørking av nøter. Forskinga skal auke innsikta i mekanismar og samanhengar for impregnering og reingjering av not og prøve ut impregnering som ikkje er koparhaldig.

Samla antibiotikaforbruk for havbrukssnæringa i 2008 var svært låg, berre 905 kg mot 1 605 kg i 2006. Medisinering av oppdrettsfisk gjennom fôr kan likevel påverke miljøet ved utslepp av antibiotikarestar. For å avgrense bruken av legemidlar, blir det satsa mykje på å førebyggje sjukdom gjennom drift, rutinar, vaksinar og vaksinasjonsstrategiar.

Matregelverket inneheld maksimalverdiar for framandstoff som skal omsetjast i marknaden. Grenseverdiane i regelverket blir harmoniserte internasjonalt både gjennom EØS-regelverket og gjennom Codex Alimentarius som er FNs globale organisasjon for matvarestandardar. Det er Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som har ansvaret for å risikovurdere framandstoff i norsk mat, inkludert sjømat.

Sidan 1994 har NIFES kvart år gjort stikkprøvebaserte målingar av innhaldet av framandstoff og næringsstoff i fisk og annan sjømat fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. For å undersøkje framandstoffsituasjonen i eit større geografisk område har instituttet i 2008 samla inn prøvar frå Barentshavet, Norskehavet, Atlanterhavet, Nordsjøen og Skagerrak. Instituttet overvakar også framandstoffsituasjonen i oppdrettslaks. Resultata blir lagt ut i databasen Sjømatdata (http://www.nifes.no/sjomatdata)

Auka havtemperatur kan mellom anna føre til auka førekomst av parasittar i norske farvatn. NIFES overvakar førekomsten av ulike artar parasittisk rundorm (med fellesnemning kveis) i dei kommersielt viktigaste pelagiske fiskeartane. Overvaking av parasittstatus er viktig, ikkje berre av omsyn til mattryggleiken, men også for å følgje utviklinga av førekomsten av kveis. Denne kunnskapen gir eit naudsynt grunnlag for ei framtidig evaluering av verknaden av menneskeskapt miljøpåverknad, som til dømes klimaendringar. Så langt viser overvakinga ein signifikant auke i førekomsten av kveis i nordsjøsild.

Botnsediment i hamner og farleier kan innehalde miljøgifter som for eksempel TBT, PCB, PAH og ulike tungmetall. I samband med utdjuping i fiskerihamner og farleier gjennomfører Kystverket undersøkingar av botnsediment etter krav frå miljøavdelingane til fylkesmennene. Dei forureina sedimenta blir tekne opp under kontrollerte forhold. Vidare handtering av massane skjer i samsvar med løyve frå miljøvernavdelingane til fylkesmennene.

Forskrifta om rammer for vassforvaltninga gjeld frå 01. januar 2007. Fiskeri- og kystforvaltninga inkludert Havforskingsinstituttet, deltek i ei direktoratsgruppe for direktivet om vatn og forvaltning av vatn leia av Direktoratet for naturforvaltning. I gruppa deltek òg representantar for Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens landbruksforvaltning, Statens vegvesen, Statens forureiningstilsyn, Folkehelseinstituttet og Mattilsynet. Regionane har i 2008 og 2009 delteke i å utarbeide forslag til regionale forvaltningsplanar jf. vassforskrifta. I den første planfasen har norske styresmakter lagt vekt på nokre få utvalde vassførekomstar. Desse utgjer om lag 20 % av norske vassførekomstar.

For å vedlikehalde beredskaps- og miljøvernkompetansen arrangerer Kystverket kurs og øvingar og deltek i opplæringsaktivitetar arrangerte av andre. Det er etablert ei operativ kartløysing: Kystinfo, der ein samlar og held oversikt over all relevant og tilgjengeleg informasjon i samband med handteringa av akutt forureining. Det er og teke i bruk ulike operative verktøy til støtte når avgjerder skal takast i planlegging og gjennomføring av oljevernaksjonar.

Gjennom ei vakt- og beredskapsordning mottek og handsamar Kystverket meldingar om fare for akutt forureining og sørgjer for at det blir sett i verk tiltak for å hindre og avgrense miljøskadar.

I oppfølginga av St. meld. Nr 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av havmiljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten er det etablert eit forum for samarbeid om risiko knytt til akutt forureining. Kystverket leiar forumet og skal mellom anna koordinere overvaking som er relevant for risikohandtering, særleg når det gjeld sjøtransporten. Forumet skal og medverke til god kommunikasjon og informasjonsutveksling om risiko mellom dei ulike etatane med ansvar innan miljøforvaltning, petroleumsverksemd og sjøtransport.

Frå 1. juli 2007 vart skipstrafikken mellom Vardø og Røst flytta ut til rundt 30 nautiske mil frå land som eit resultat av eit vedtak i IMO om oppretting av eit samanhengande system av åtte nye trafikkseparasjonssystem, knytta saman av sju tilrådde ruter. Tilsvarande arbeider Kystverket no med eit framlegg til IMO om ulike seglingsleier og rutetiltak i området frå Røst til Oslofjorden. Arbeidet med rutetiltak i Skagerrak krev eit tett samarbeid med nabolanda Sverige og Danmark. For resten av området blir arbeidet utført nasjonalt i tett samarbeid med aktuelle instansar.

Kystverket har laga eit register med opplysningar om meir enn 2003 skip med tonnasje over 100 brutto registertonn som har forlist langs norskekysten etter 1914. Fleire av desse vraka inneheld miljøgifter. NIFES overvaker innhaldet av miljøgifter i ulike artar som er fangsta på i nærleiken av vraka U864 ved Fedje, Orizaba ved Skjervøy og MS Welheim ved Florø. NIFES vurderer og mattryggleiken av fisk fanga ved vraket av kryssaren Murmansk ved Sørøy i Troms. NIFES har på oppdrag frå Mattilsynet kartlagt innhaldet av miljøgifter i utvalte fiskeartar.

7.4 Betre utnytting av biprodukt

Auka utnytting og høgre verdiskaping av biprodukt føreset at ein satsar på forsking for mellom anna å dokumentere ernærings- og helseeigenskapar. Felles prosjekt som har som mål å dokumentere verknader av ei rekkje marine råstoff blir koordinerte og støtta gjennom stiftinga RUBIN (Resirkulering og utnytting av organiske biprodukt i Noreg). RUBIN har som overordna mål å sikre større lønsemd og høgre verdiskaping av biprodukt frå fiskeri- og havbruksnæringa og betre totalutnyttinga av fiskeråstoff, for å medverke til ei berekraftig utvikling av fiskeri- og havbrukssektoren.

RUBINs strategi for å få realisert måla er å ta initiativ til og gjennomføre prosjekt og marknadstiltak, og medverke til ein samordna innsats innanfor og på tvers av næringar, styresmakter, finansieringsinstitusjonar og forsking.

RUBINs handlingsplan for 2005–2009 legg vekt på

  • utvikling av norsk biomarin ingrediensindustri retta mot dei internasjonale marknadane. RUBIN legg vekt på å optimalisere strukturen i verdikjeda

  • felles og produkt- og marknadsretta dokumentasjon av marine ingrediensar når det gjeld helse og ernæring

  • auka eksport av konsumprodukt

  • utvikling og tilrettelegging for auka uttak av ferske, sorterte biprodukt i flåte og landindustri

  • utvikling av teknologi for prosessering og utnytting av biprodukt

  • informasjon og overvaking av varestraumar

  • utvikling av regelverk.

Store summar blir investerte for å avgrense lekkasjar av miljøgifter og anna forureining frå avfall og deponi på land til det marine miljøet. Kunnskap for å setje inn dei rette tiltaka er viktig i den samanhengen. Ein ny handlingsplan for RUBIN er under utarbeiding.

Resultat 2008–2009

Den samla biproduktmengda frå fisk og skaldyr i 2008 er rekna til 688 000 tonn. Av dette er rundt 524 000 tonn utnytta. Det gir ei utnyttingsgrad på 76 pst.

Mesteparten av biprodukta blir ensilerte og frosne og brukt til dyrefôr og oppdrettsfôr, men ein aukande del av biråstoffet blir nytta av ingrediensindustrien, ein industri som er i sterk vekst her i landet og i verda elles. Det blir stadig utvikla nye produkt og ingrediensar til menneskeføde og til medisinar og spesialfôr til husdyr og kjæledyr. Utviklinga av desse nye produkta fører til høgre verdiskaping enn den tradisjonelle fôrproduksjonen, og gjer det mogleg i framtida å mangedoble verdiskapinga frå marine biråstoff.

NIFES har gjennomført forsøk som viser at fiskebein er ei god kalsiumkjelde som potensielt kan nyttast som kosttilskot for menneske og dyr. NIFES har i samarbeid med Havforskningsinstituttet gjennomført studiar for å sjå på om voksesterar frå krepsdyr kan nyttast som feittkjelde i laksefôr. Innafor ei rimeleg innblanding kan laksen nytte dette råstoffet.

Den totale bruken av biråstoff var på om lag 70 000 tonn i 2008, dette er ein betydeleg auke frå 2007.

Det er ikkje så mange miljøproblem knytt til biprodukt frå villfisk. Det som har kome til land av biprodukt har stort sett vorte utnytta, men det er framleis mykje dumping i samband med sløying om bord.

Fleire utgreiingar har konkludert med at det kan bli mangel på dei tradisjonelle fôrmidla fiskemjøl og fiskeolje i løpet av få år, og at det blir vanskelegare å nytte fiskeressursar som kan brukast direkte til mat, til fôrråvarer. For å ha nok fôrråvarer med tilstrekkeleg god kvalitet er det behov for å utnytte dei tilgjengelege fôrråvarene betre, auke utnyttinga av biprodukt og vurdere alternative fôrråvarer. Frå havet dreiar det seg om betre utnytting av marine biprodukt og om fangst på lågare nivå (krill og plankton). Marine biprodukt går inn i fiskefôr som ensilerte biprodukt, råstoff til fiskemjølfabrikkane eller som råstoff til lokalt produsert fôr.

7.5 Eit stabilt klima og rein luft

Innsatsen for å studere verknader av klima på det marine økosystemet vil vidareførast. Havforskningsinstituttet vil leggje meir vekt på å forstå korleis klima påverkar økosystemet og verknadene må kvantifiserast. Det er eit omfattande internasjonalt samarbeid om klimaforskinga.

Forsuring av havet er ein verknad av auka CO2 i atmosfæren, som vil kunne ha store konsekvensar for dei marine økosystema. Overvaking av forsuring i havet vil difor bli integrert i den ordinære norske overvakinga av marine økosystem.

Eit av satsingsområda i regjeringa sin nordområdestrategi ”Nye byggesteiner i nord” (2009), er utviklinga av kunnskap om klima og miljø i nordområda. Det vil mellom anna bli oppretta eit senter for klima og miljø i Tromsø med ansvar for å koordinere samarbeidet mellom institusjonane nasjonalt og internasjonalt.

Havklimaet er viktig for biologiske ressursar. Kunnskap om klimaendringar er også avgjerande for forvaltning av marine økosystem og ressursar, og Forskingsrådets program NORKLIMA prioriterer dette området.

Innan 2020 skal dei norske utsleppa av klimagassar reduserast med 15 til 17 millionar tonn. Etatsgruppa Klimakur 2020 skal vurdere verkemiddel og tiltak for å oppfylle klimamålet. Utreiinga skal vere ferdig i november 2009. Ho vil danne grunnlag for regjeringa si vurdering av klimapolitikken, som skal leggjast fram for Stortinget i 2010. Kystverket skal bidra i arbeidet med å beskrive og gi ei oversikt over aktuelle tiltak og verkemiddel i transportsektoren, og kva kostnader og effekt dei ulike tiltaka er venta å medføre.

Kystverket skal utvikle ein metode for utrekning av klimagassutslepp basert på AIS-data om skipstrafikken. Dei skal også gi informasjon om støyregelverket, og bidra til å løyse eventuelle konfliktar om støy i hamner.

Resultat 2008–2009

Innanfor Forskingsrådets store program NORKLIMA er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marint miljø og marine ressursar. Marint miljø, fiskeri og havbruk er venta å bli sterkt råka av klimaendringane. Fleire prosjekt er no i avslutningsfasen. Prosjekta viser at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå. Mellom anna vil torskestammane truleg flytte seg nordover som følgje av klimaendringane, og sørlege gyteområde får mindre verdi. Vekstforholda i sildestammen blir også påverka. Det er ein indirekte følgje av at klimaendringane påverkar raudåta, den viktigaste maten til silda.

Mellom anna har dei gjennomført forskingsprosjekt innan områda havklima, verknader på økosystema og operasjonell oseanografi. Studia prøver å identifisere, forstå og kvantifisere prosessane som styrer klimasvingingane i havet og utvikle metodar for å lage klimaprognosar. Vidare arbeider instituttet med å forstå kva verknad klimaet, og endringar i dette, har på økosystema. Undersøkingane omfattar rekruttering, vekst og utbreiing av plankton, krepsdyr og fisk, overgjødsling, skadeleg algeblomstring og spreiing av forureining.

Arbeidet i Klimakur 2020 har starta. Kystverket deltek i arbeidet med å skaffe informasjon om moglege verkemiddel og tiltak innan skipsfarten.

Arbeidet med å utvikle ein metode for utrekning av klimagassutslepp har starta. Kystverket samarbeider med Statens forureiningstilsyn (SFT) og Sjøfartsdirektoratet om finansieringa av prosjektet. Dersom det blir ordna tilstrekkeleg finansiering, vil metoden truleg bli ferdig i 2010.

Hamneaktivitet i nærleiken av bustadområde og bysentra kan føre til støyproblem. Når slike problem oppstår, hjelper Kystverket hamnene med informasjon om støyregelverket og med å gi råd om korleis slike saker best kan handterast.

Miljøavtalen som vart inngått mellom 14 næringsorganisasjonar og Miljødepartementet i 2008 har hatt ringverknader i fiskerisektoren. Mange fiskefartøy har fått tilskot frå Næringslivets NOx fond. Fondet vart oppretta for å redusere utslepp av dei skadelege nitrogenoksid-gassane. Fiskefartøy har mellom anna fått støtte til ombygging av motorar. Tiltaka bidreg også ofte til reduksjonar i utslepp av CO2 og SO.

Havforskingsinstituttet har gitt råd om verknader av lyd på marine organismar. Det er eit arbeid i gang saman med Forsvarets forskningsinstitutt for å gjere Sjøforsvaret i stand til å operere lågfrekvente sonarar på ein sikrare måte for miljøet.

7.6 Internasjonalt miljøsamarbeid

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i og ansvar for forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere den effektivt i internasjonale fora.

Noreg skal medverke til at global og regional forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med internasjonalt vedtekne prinsipp som berekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Vidare er det ei viktig oppgåve å bidra aktivt til at det folkerettslege grunnlaget for berekraftig forvaltning av levande marine ressursar blir følgd i forvaltninga i våre eigne fiskerisoner, på det opne havet og i andre nasjonars fiskerisoner. Noreg deltek difor i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt og regionalt nivå.

Internasjonale miljøfora har innverknad på fiskerispørsmål. Fiskeriforvaltninga vil vidareføre innsatsen sin på dette feltet. Målet er å sikre ei berekraftig utnytting av marine ressursar, medrekna ei berekraftig forvaltning og betre totalutnytting av sjøpattedyr, og å medverke til mindre forureining av havområda. Det er eit grunnleggjande prinsipp for norsk forvaltning av levande marine ressursar at utnyttinga skal baserast på tilstanden til bestanden og tilhøva i økosystemet, det vil seie at utnyttinga skal skje på best mogleg vitskapleg grunnlag. Dette prinsippet blir lagt til grunn i arbeidet i dei aktuelle internasjonale fora.

Viktige arenaer er havdebatten i FNs generalforsamling, FAO, Konvensjonen for biologisk mangfald (CBD), Bonnkonvensjonen og CITES (Konvensjonen for internasjonal handel med trua artar).

Fiskeri- og miljøforvaltninga er heilt avhengig av ei internasjonal grundig og veletablert rådgiving om dei levande marine ressursane og det marine miljøet. ICES spelar her ei sentral rolle for vitskapleg rådgiving om økosystema i Nord-Atlanteren. Med ein meir enn hundreårig tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid er ICES med sin rådgivarstruktur, vitskapskomitear og meir enn hundre arbeids- og studiegrupper som dekkjer heile spekteret av marin forsking, den viktigaste arenaen internasjonalt for marin forsking.

I dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane vil Noreg arbeide for at økosystemvurderingar og omsynet til biomangfald blir innarbeidd i verksemda og mandata til organisasjonane.

Internasjonalt forskingssamarbeid får stadig meir å seie. Noreg er i dag ein stor aktør i internasjonal marin forsking. Det er likevel nødvendig å styrkje det internasjonale samarbeidet om forvaltning av marine ressursar globalt og i høve til nabostatar og EU. Noreg må vidare vere ein betydeleg aktør i havforskinga med problemstillingar knytt til miljø, klima og forureining og berekraftig utnytting av fiskebestandane.

Kystverket deltek i EU-prosjektet EfficienSea. Prosjektet har som mål å auke tryggleiken på sjøen og oppretthalde eit berekraftig miljø. Hovudområdet er dei store transportkorridorane. Gjennom dei rette tiltaka skal ulykker hindrast eller føre til mindre omfattande skadar. Ein viktig del av arbeidet er å synleggjere både økonomiske og miljømessige utfordringar og moglegheiter det maritime miljøet har. EfficienSea er eit Strategisk Prosjekt i EU. Prosjektet blir leia av Farvandsvesenet i Danmark. 17 partnarar deltek i prosjektet, frå Noreg, Danmark, Sverige, Finland, Polen og Estland. Dei norske partnarane er involvert i områda ”kompetanse og rekruttering” og ”overvaking av skipstrafikken og kystsoneplanlegging”.

Kystverket har ansvaret for ei rekkje internasjonale avtalar om gjensidig bistand og samarbeid innan akutt forureining. Desse avtalane skal sikre eit godt samarbeid ved ulykker slik at ein oppnår optimal utnytting av tilgjengelege ressursar. Avtalane bidreg òg til gjensidig utveksling av informasjon slik at ein er kjend med utviklinga i andre land innan dette fagområdet. I IMO og EU vert det arbeidd for ratifisering av HNS (farlege, giftige stoff) konvensjonen. Det vil få konsekvensar for beredskapen på dette området.

Resultat 2008–2009

Det er eit viktig utviklingstrekk i internasjonal hav- og fiskeripolitikk dei siste åra at fiskeripolitikk og miljøpolitikk blir meir integrerte. Eit konkret døme på integrering av fagfelta er utviklinga av marine verneområde. Viktige retningslinjer og prinsipp med store verknader for dei marine næringane blir fastlagde i internasjonale fora. Fiskeriforvaltninga og Havforskingsinstituttet deltek difor aktivt i internasjonalt samarbeid i skjeringsflata mellom ressursforvaltning og miljøpolitikk.

Noreg har på fleire område vore ein pådrivar i dette arbeidet, og har lagt vekt på å utvide mandatet til dei regionale fiskeriorganisasjonane til også å innarbeide omsynet til biologisk mangfald.

Generelt har vern av område som er sårbare for fiskeriaktivitet som korallrev og djuphavsfjell, både innanfor og utanfor lands økonomiske soner, vekt stor merksemd i internasjonale miljøfora dei siste åra. FNs fiskeriresolusjon frå 2006 stiller krav til dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane og kyststatane om å beskytte slike habitat mot botnfiske.

I NEAFC har Noreg vore aktiv i arbeidet med å få til eit forvaltningsregime for djuphavsressursar og spørsmål knytt til oppfølging av FAOs aksjonsplan mot UUU-fiske er behandla. Norske fiskeristyresmakter har arbeidd for å rette søkjelyset på UUU-fisket og samanhengen med annan internasjonal kriminell verksemd. Forholdet til internasjonale miljø- og fiskeriprosessar, medrekna botntråling og marine verneområde, er også tekne opp i organisasjonen. I 2009 vedtok NEAFC å stengje for botnfiske i eit område på Den midtatlantiske rygg (ca. 330 000 kvadrat kilometer).Tilsvarande reglar er også vedtekne i NAFO. Noreg har fått gjennomslag for eit forslag om eit regime for hamnestatskontroll som skal sikre kontroll med ressursuttaket i området. Forslaget blir implementert av NEAFC-landa med verknad frå 1. mai 2007.

Fiskeriforvaltninga deltek også i arbeidet i fleire fora innanfor FN-systemet. Innanfor CBD og OSPAR blir det arbeidd med temaet marine verneområde. Fiskeriforvaltinga er med i førebuingane til OSPARs ministermøte i Bergen i 2010, der skal det leggjast fram ein ny tilstandsrapport om det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren.

Det er eit aukande påtrykk i CITES for å liste marine artar, inkludert kommersielle fiskeslag. Det er oppretta eit ekspertpanel i FAO som skal gi råd om listing under CITES-konvensjonen. På norsk side er det lagt vekt på at behandlinga av kommersielle akvatiske artar og utforminga av listekriteria i CITES er baserte på vitskapleg dokumentasjon og følgjer råda frå FAOs ekspertpanel. Vedtaka om listing av marine artar på partsmøtet i 2007 vart gjort i samsvar med råda frå FAOs ekspertpanel.

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle eit gjensidig rapporterings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. For å koordinere arbeidet er det nedsett ein styringskomité på departementsnivå og to arbeidsgrupper med deltakarar frå etatane og fagmiljøa. Den eine arbeidsgruppa arbeider med overvaking av oljetransport og etablering av informasjons- og meldingssystem i regionen. Den andre arbeidsgruppa arbeider med oljevernavtalen mellom Noreg og Russland om beredskapsplanar og opplæring og øvingar i oljevernberedskap i Nordvest-Russland. Det er òg inngått eit samarbeid for å utvikle ulike typar oljevernutstyr.

Kystverket deltek i arbeidet i havmiljøgruppa under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Kystverket følgjer òg utviklinga i området ved å delta i regionale prosjekt mellom anna Fiskeri- og kystdepartementet sitt Vardø-initiativ. Gjennom Arktisk Råd og arbeidsgruppa EPPR deltek Kystverket i to prosjekt som gjeld nordområda. Det er gjennomført årlege møte mellom Hovudredningssentralen i Nord-Noreg, Kystverket og russiske regionale rednings- og oljevernstyresmakter. Møtet med sentrale russiske oljevernstyresmakter er utført i samband med den årlege øvinga. Tilsvarande er det halde årlege møte for landa som er knytt til København-avtalen om gjensidig bistand og samarbeid ved akutt forureining. Her møter Noreg, Sverige, Finland, Island og Danmark inklusiv Færøyane og Grønland. Partane utvekslar informasjon og drøftar felles arbeid med vidareutvikling og betring av utstyr og overvaking. I tillegg er det under København-avtalen utarbeidd ein regional beredskapsavtale mellom Sverige, Noreg og Danmark som regulerer dei same tilhøva, og det blir gjennomført årlege felles øvingar for Noreg, Sverige og Danmark.

Kystverket er også norsk representant i Bonn-avtalen som er ein internasjonal avtale mellom kyststatane rundt Nordsjøen og EU. I avtalen forpliktar partane seg til gjensidig assistanse og samarbeid mot forureining og bruk av miljøovervaking for å oppdage og handtere forureining og hindre miljøkriminalitet. Bonn-avtalen er òg eit viktig forum for erfaringsutvekslingar.

EUs handlingsprogram mot akutt forureining til sjøs regulerer samarbeidet mellom EU- og EFTA-land ved forureining av det marine miljøet og vidareutvikling av utstyr og overvaking av kyst og hav. Etableringa av EMSA (European Maritime Safety Agency) er ein viktig del av dette. EMSA er EU sitt ekspertorgan for sjøtryggleik, og er mellom anna eit kompetansesenter innan teknikk, vitskap og kunnskap for oljevernberedskap i Europa. Det inneber til dømes at EMSA skal ha kunnskap og ressursar for å gje støtte til medlemslanda dersom medlemslanda ber om det. Kystverket har delteke på møte i EMSA innan sitt ansvarsfelt. EU-kommisjonen har bestemt at det skal etablerast eit kommunikasjons- og informasjonssystem for krisehandtering (CESIS). Det vil bli kopla til EUs overvakings- og informasjonssenter (MIC). Dette arbeidet skjer i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Kystverket deltek i det europeiske nettverket av verksemder som kan støtte kvarandre ved kjemikalieulukker (ICE – Rådgjeving ved kjemikalie-ulukker).

Kystverket har hatt formannskapet for ei arbeidsgruppe under Arktisk råd for krisehandtering, førebygging og respons (EPPR - Emergency, Prevention, Preparedness, and Response) i perioden 2007 til mai 2009. I neste periode vil Noreg ha viseformann i EPPR. Arbeidet gir god kunnskap om oljevernberedskap i arktiske farvatn.

Havforskingsinstituttet har eit betydeleg nettverk og deltek i ei rekkje internasjonale fora. Instituttet har vore ein pådrivar i å ta i bruk eit økosystembasert forvaltningskonsept.

Dei norske marine forskingsmiljøa har generelt eit tett internasjonalt samarbeid. Norske forskarar har også i 2008 hatt ein sterk posisjon i ICES og har hatt mange verv i dei ulike komiteane. Dette har mykje å seie for arbeidet med å løyse forvaltningsoppgåver. Fleire av prosjekta som er støtta blir nytta som grunnlag for søknader til EU.

Havforskingsinstituttet hjelper Miljøverndepartementet og Statens forureiningstilsyn med faglege råd i oppfølginga av internasjonale avtalar om forureining, mellom anna gjennom OSPAR.

7.7 Oppfølging av grøn stat

Fiskeri- og kystdepartementet skal gjennomføre oppgåvene sine med minst mogleg negative verknader på miljøet. Det skal takast omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av alle innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. Den miljøfaglege kompetansen skal aukast. Det skal satsast på meir bruk av videokonferansar framfor reiseaktivitet, utvida og effektiv bruk av fellestenester for regjeringskvartalet så som felles post, bod, distribusjon og trykkeritenester, og meir vekt på bruk av IKT-system i sakshandsaminga og i kommunikasjonen med andre. Kompetansetiltak for innkjøparar og andre tilsette er òg viktig i oppfølginga av grøn stat.

Arbeidet med å fremme miljø- og samfunnsansvaret i offentlege innkjøp er no teke opp att. Departementet er i gang med å utarbeide ein ny, overordna innkjøpsstrategi for departementet og dei underliggande etatane. I denne strategien er miljø- og samfunnsperspektivet eit av hovudområda, både når det gjeld kompetanseheving på området og sjølve gjennomføringa av innkjøpa.

Alle etatane under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde tek i bruk miljøleiing i verksemda si.

Det er laga ein miljøstatusrapport for Kystverket. Rapporten omhandlar innkjøp, avfall, energiforbruk og transport i Kystverket. Det vidare arbeidet med å innføre miljøleiing vil byggje på denne rapporten.

Kystverket sitt regionkontor i Troms og Finnmark arbeider for å bli sertifisert som Miljøfyrtårn.

7.8 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 7.1 Fordeling på programkategori av utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket blir gjennomført

Programkategori

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

16.10 Administrasjon

6,6

6,7

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

441,6

489,7

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

188,7

202,5

16.60 Kystforvaltning1

345,5

1 260,6

Sum programområde 16

982,4

1 959,5

1 Auken i 2010 er særleg knytt til handtering av vraka etter Murmansk og ubåten U-864, og ein auke i løyvinga til slepefartøy i Nord-Noreg og på Sørlandet.

8 Likestilling

8.1 Handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor

Tilstandsvurdering – utfordringar

Kvinnedelen i fiskeri- og havbruksnæringa er gjennomgåande låg. I 2008 hadde 10 307 fiske som hovudyrke, av dei var 247 kvinner (2,4 pst.). Av dei 2 597 som hadde fiske som attåtnæring, var det 95 kvinner (3,7 pst.). I 2008 var det totalt 4 807 tilsette i havbruksnæringa, av desse var det 822 kvinner (17,1 pst.). I fiskeindustrien er kvinnedelen i overkant av 40 pst. Prosentdelen av kvinnelege leiarar er gjennomgåande låg i dei ulike delane av fiskerinæringa.

Alle offentlege styre, råd og utval innanfor Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde følgjer no likestillingslovas krav. Det som tidligare heitte Reguleringsrådet, er erstatta av eit ope høyringsmøte, fordi det gjennom fleire år viste seg vanskeleg å oppnemne eit slikt råd i tråd med krava i likestillingslova.

Kvinnedelen i styre, råd og utval i den private delen av fiskeri- og havbruksnæringa er låg. Lovreglane med krav om kjønnsrepresentasjon i styre i allmennaksjeselskap gjeld frå 1. januar 2006. Dei 13 allmennaksjeselskapa i fiskeri- og havbruksnæringa oppfyller krava om kjønnsrepresentasjon.

Mål og strategiar – tiltak

Handlingsplan for større kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

Fiskeriforvaltninga og næringa laga i 2007 ein handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor. Handlingsplanen rettar seg mot alle marine verksemder, og foreslår konkrete mål og tiltak som verksemdene kan setje i verk for å auke kvinnedelen. I planen blir det og orientert om reglar som gjeld for kjønnsrepresentasjon.

Måla i handlingsplanen

Målet med handlingsplanen er at næringa, organisasjonane i næringa, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken, ved å arbeide for ein meir lik kjønnsbalanse på alle nivå. Då vil også næringa framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn.

Delmåla er:

  1. Auke kvinnedelen i fiskeflåten (manntallsregister A og B) frå 2,6 pst. til 3 pst. innan 2010, 4 pst. innan 2015 og 8 pst. innan 2020.

  2. Auke kvinnedelen som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst frå 4 pst. til 6 pst. innan 2010, 10 pst innan 2015 og 30 pst. innan 2020.

  3. Auke kvinnedelen tilsett i havbruksnæringa frå 10 pst. til 12 pst. innan 2010, 20 pst. innan 2015 og 25 pst. innan 2020.

  4. Auke kvinnedelen på vidaregåande opplæring innan havbruk frå 16 pst. til 20 pst. i 2010 og 30 pst. innan 2015.

  5. Auke kvinnedelen blant eigarane i fiskeri- og havbruksnæringa.

  6. Auke kvinnedelen i leiinga i fiskeri- og havbruksnæringa.

  7. Kvinnedelen i underutval og i styra i dotterselskap til salslaga skal minst vere 30 pst. innan 2010 og oppfylle krava sett i likestillingslova innan 2012.

  8. Auke kvinnedelen i styra i fiskerisamvirka.

  9. Auke kvinnedelen i representantskapa i fiskerisamvirka.

  10. Alle nye oppnemningar til offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde skal oppfylle krava i likestillingslova.

  11. Ved alle nye oppnemningar til eksterne styre, råd og utval skal Fiskeri- og kystdepartementet alltid foreslå to alternative representantar, ein av kvart kjønn.

  12. Kvart kjønn skal vere representert med minst 40 pst. i leiarstillingar i fiskeri- og kystforvaltninga. Kvinnedelen i leiinga skal aukast til 40 pst. innan 2015 i Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, og til 20 pst. innan 2012 og 40 pst. innan 2017 i Kystverket.

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for å følgje opp arbeidet internt og overfor underliggjande etatar. Næringa har eit sjølvstendig ansvar for arbeidet på sine område.

Resultat 2008–2009

Departementet har sett i gang fleire tiltak som også skal bidra til styrkje kvinnedelen i marin sektor. Eitt tiltak er eit treårig prosjekt for auka rekruttering til marin sektor. Prosjektet har fått namnet ”Sett Sjøbein”. Prosjektet blir drive av to prosjektleiarar og blir styrt av ei breitt samansett gruppe frå næringa. Departementet har i 2009 finansiert prosjektet med 3,6 mill. kroner. Kvinner er ei viktig målgruppe for prosjektet.

Fiskeri- og kystdepartementet har fremma ordningar for å gjere det lettare for unge fiskarar å etablere seg med eige fartøy. Det skal tildelast 30 etablerarstipend på 250 000 kroner til kjøp av fiskefartøy, uavhengig av om fiskefartøyet har deltakarløyve eller ikkje. I tillegg blir det tildelt 10 deltakarløyve kvart år over ein periode på tre år. Kvinner er spesielt oppmoda til å søkje på desse ordningane. Ein tek sikte på at dei som får tildelt deltakarløyve, kan delta i fisket frå 1. januar 2010.

8.2 Likestilling og mangfald i departementet og underliggjande etatar

Fleire av etatane under Fiskeri- og kystdepartementet har yrkesgrupper som tradisjonelt har vore, og framleis er, mannsdominerte. Arbeidet med å betre kjønnsbalansen i underliggjande etatar generelt, og spesielt blant leiarane, er viktig og tidkrevjande. Dette er ei sak som departementet legg særleg vekt på.

Nedanfor gjer vi greie for statusen i departementet og fortel kort om situasjonen i underliggjande etatar. I tillegg gjer vi greie for tiltak som departementet har sett i gang eller planlagt.

Kjønnsfordeling

I Fiskeri- og kystdepartementet var det ved utgangen av 2008 113 tilsette. 52 pst. av desse er kvinner, mot 51 pst. året før. Auken kjem i hovudsak av at 65 pst. av dei nytilsette i 2008 var kvinner. I toppleiargruppa, som består av departementsråden og ekspedisjonssjefane, er kvinnedelen uforandra frå året før og dermed på 20 pst. På mellomleiarnivå har kvinnedelen gått opp frå 50 pst. i 2007 til 58 pst. i 2008.

Løn

Ser ein på departementet samla, er gjennomsnittsløna til menn og kvinner heilt lik. På avdelingsdirektør- og seniorrådgjevarnivå er løna noko høgare blant menn enn blant kvinner, men skilnadene er små. På rådgjevarnivå er det ingen skilnad. På førstekonsulentnivå er gjennomsnittsløna for kvinner 3,8 lønssteg høgare enn tilsvarande for menn. Om ein ser bort frå dei arkivtilsette, som alle er kvinner, og berre ser på saksbehandlarane på dette nivået, er det ingen lønsskilnad mellom kjønna.

Arbeidstid

70 pst. av dei deltidstilsette er i dag kvinner. I departementet er det åtte mellombels tilsette. Av desse er fem menn og tre kvinner. 17 tilsette er ute i permisjon. Av desse er ni kvinner og åtte menn.

Iverksette og planlagte tiltak

Med unntak av dei som arbeider i arkivet og på forkontora, der det berre er kvinnelege tilsette, og toppleiinga, der det berre er 20 pst. kvinner, er kjønnsfordelinga i departementet tilfredsstillande. Ved rekruttering til toppleiarstillingar og stillingar i arkivet og forkontora legg departementet vekt på å betre kjønnsbalansen.

I stillingsutlysningane oppmodar departementet alle kvalifiserte kandidatar om å søkje, uansett kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. I innstillinga av kandidatane må ein rapportere om talet på søkjarar som har oppgitt at dei har minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne, og kor mange av desse som vart kalla inn på intervju. Ein må også gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Departementet vil vidareføre ordninga med heimearbeid/fjernarbeid, og elles leggje til rette for fleksible arbeidstidsordningar.

Fiskeridirektoratet

I Fiskeridirektoratet er kvinnedelen totalt på 47 pst. I toppleiargruppa er kvinnedelen på. 21 pst. og på mellomleiarnivå er kvinnedelen 31 pst.

Kystverket

I Kystverket er kvinnedelen på totalt 10 pst. 13 pst. av toppleiarane er kvinner, medan kvinnedelen på mellomleiarnivå er 21 pst.

Havforskingsinstituttet

Den totale kvinnedelen i Havforskingsinstituttet er på 32 pst. Sidan i fjor har kvinnedelen i leiinga auka frå 21 til 23 pst. Kvinnedelen er minst blant sjøfolk og innanfor IT og forsking.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking arbeider det totalt 65 pst. kvinner. Kvinnedelen på leiarnivå er 55 pst.

9 Tryggleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormynde mellom anna knytt til trygg sjømat, fiskehelse, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar. Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gitt korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk og at resultata blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak.

Departementet har eit særskild ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane. Det er difor ei prioritert oppgåve å styrkje departementet sitt administrative styrings- og koordineringsarbeid internt og i høve til underliggande etatar slik at den operative krisehandteringa blir best mogleg. Dette arbeidet er starta, og det er halde samlingar og det er teke initiativ til å samordne planverk. Det er også sett i verk øvingar. Departementet skal i løpet av 2010 i samarbeid med etatane lage ei ordning som gir oversikt over sårbarheita i sektoren som heilskap og som skal liggje til grunn for risikostyringa på dei ulike områda.

9.1 Mattryggleik og omdømme

Noreg er ein av dei største sjømateksportørane i verda. Internasjonalt er mange opptekne av mattryggleik, og det er eit aukande krav til dokumentasjon.

Det konstitusjonelle ansvaret etter matlova er fordelt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Ansvaret for alt som har med innsatsvarer og primærproduksjon å gjere er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, avhengig av om produksjonen er akvatisk eller knytt til landbruket. Når det gjeld ledda etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for alle reglar som er fastsette av omsyn til folkehelsa.

Det oppstår ofte situasjonar knytt til sjømattryggleik, marknadstilgang og omdømet til sjømatnæringa. Situasjonane blir handterte på bakgrunn av ei avtalt rollefordeling mellom departmenta, Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattryggleik og dei aktuelle forskingsinstitusjonane som gir faglege råd til Mattilsynet. I tillegg samlar Eksportutvalet for fisk informasjon frå heile verda om korleis slike situasjonar påverkar dei ulike marknadane. Vitskapskomiteen og kunnskapsinstitusjonane vurderer risiko og gir uavhengige faglege råd til Mattilsynet, som har eit operativt ansvar for å setje i verk konkrete tiltak.

9.2 Helse- og miljøberedskap i havbruk

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverket som skal ta vare på helse-, velferds- og miljøtilhøve knytt til etablering og drift av havbruksanlegg. Etter regelverket pliktar alle anlegg alltid å ha ein oppdatert beredskapsplan. Planen skal ha oversikt over smittehygieniske tiltak og dyreverntiltak som er aktuelle å setje i verk for å hindre og eventuelt handtere akutte utbrot av smittsame sjukdomar og massedød, medrekna opptak, behandling, transport, maksimum opphaldstid for fisk i røyrsystem ved systemsvikt, slakting og destruksjon av sjuk og død fisk.

Beredskapsplanen skal også ha oversikt over tiltak for å hindre og eventuelt handtere fiskedød ved skadelege alge- og manetførekomstar, skadeleg vasstemperatur og akutt forureining. Planen skal vidare innehalde oversikt over korleis rømming skal oppdagast og talfestast og korleis gjenfangst skal effektiviserast, medrekna tiltak ved sleping av merdar og handtering av fisk og merdar under lasting og lossing.

9.3 Sjøtryggleik og oljevernberedskap

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for statens beredskap mot akutt forureining og for førebyggjande sjøtryggleik gjennom trygging av farvatna og drift av maritim infrastruktur og tenester for sikker sjøverts ferdsel. Kystverket er operativ etat på området, og er delegert mynde etter hamne- og farvasslova, forureiningslova og svalbardmiljølova. Ein god sjøtryggleik og god handtering av ulukker er avhengig av god samhandling mellom fleire etatar.

St.meld. nr. 14 (2004–2005) inneheld ein analyse av risiko som følgjer med sjøtransporten i norske farvatn. Det er sett i verk og under planlegging ei rekkje tiltak for å førebyggje ulukker.

Terrorberedskap i hamner

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for regelverket knytt til terrorberedskap i hamner. Dette er forankra i regelverk i IMO (FNs sjøfartsorganisasjon) og EU-regelverk, og er innført i norsk rett ved forskrifter. Tilsynsansvaret er delegert til Kystverket, som skal sjå til at hamnene og dei offentleg godkjente tryggleiksorganisasjonane opererer i samsvar med regelverket.

Det operative ansvaret for handtering av konkrete hendingar ligg til politiet, naudetatane osv. Kystverket har ansvaret for handtering av eventuell akutt forureining, regulering av farvatn og stenging av hamner. For meir omtale av terrorberedskapen i hamnene, sjå innleiinga til Kategori 16.60 Kystforvaltning.

Til forsiden