Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat
Norsk landbruk – ei komplett verdikjede med eit breitt samfunnansvar
Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri og heilt fram til forbrukar.
Jordbruket sysselsette i 2007 om lag 60 000 årsverk. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2007 ein produksjonsverdi på om lag 118 milliardar kroner og ei sysselsetjing på om lag 40 000 årsverk.
Skogbruket og skogindustrien sysselsette i 2007 i overkant av 25 000 årsverk. Skogindustrien hadde ein samla produksjonsverdi på om lag 47 milliardar kroner og eksporterte for om lag 14 milliardar kroner.
Landbruks- og matsektoren har eit breitt samfunnsansvar og spelar ei viktig rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift, og landbruket sin tenesteproduksjon elles er sentrale for den samla verdiskapinga og for å halde oppe hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna. Norsk landbruk er i utvikling, og gardane sine ressursar blir brukt på stadig nye måtar. For å lukkast med verdiskaping innanfor landbruket sin tenesteproduksjon er ein avhengig av at landbruket viser seg fram for publikum og forbrukarar som ei open og spennande næring.
Eit aktivt landbruk er grunnleggjande for halde oppe viktige verdiar. Trygg og kortreist mat, vakre kulturlandskap, friluftsliv, jakt og fiske, hagestell og parkanlegg, reiselivopplevingar og nærleik til sports- og kjæledyr er eksempel på verdiar som betyr svært mykje for livskvaliteten for svært mange. Desse verdiane er nært knytt til ein aktiv landbrukspolitikk, og auka forståing om dette er viktig for å sikre rekruttering til og interesse for sektoren.
Klimaet er i endring – samtidig treng verda meir mat
Befolkninga i verda aukar kraftig, og det er nødvendig å auke den globale matproduksjonen framover. Tilgang til nok mat og vatn er grunnleggjande behov. Det er ei stor utfordring å produsere nok mat og energi til alle menneska på jorda på ein klimavennleg måte. Òg i Noreg er det nødvendig med ein streng jordvernpolitikk som tek vare på dyrka og dyrkbar mark og gir grunnlag for å utnytte dei produksjonsressursane landet har. Dette er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Regjeringa vil leggje til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg.
Det aller meste av jordbruksareala i Noreg blir nytta til produksjon av gras og korn, og det er desse produksjonane som legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må få råvareprisar som er med på å trygge konkurransekrafta.
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
Utfordringa er å produsere maten med lågast mogleg klimagassutslepp og samtidig utnytte fornybare ressursar på ein måte som sikrar størst mogleg kutt i klimagassutsleppa. Råstoff frå landbruket kan gi store klima- og energigevinstar. Regjeringa har i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen gjort ein grundig og omfattande gjennomgang av moglege klimatiltak i landbruket.
Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir.
Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar for å gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa.
Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd
Landbruks- og matforvaltninga har eit breitt ressursforvaltningsansvar og forvaltningsoppgåvene er knytt til heile næringskjeda, mellom anna opp mot primærprodusentane, næringsmiddelindustrien og omsetningsledda. Vidare har denne forvaltninga eit verkeområde som er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtaler. Dei viktigaste er WTO-avtalen og EØS-avtalen. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel. Hausten 2009 vil det bli nye sonderingar mellom sentrale medlemsland i WTO for å klarleggje om det er grunnlag for å komme fram til ei ny avtale. Regjeringa er oppteken av å sikre at det òg i framtida vil bli rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald, matsikkerheit og levande bygder.
Trygg mat, friske planter og dyr
Regjeringa sin matpolitikk har som hovudmål at maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert.
I tillegg til å sikre trygg mat skal matpolitikken fremje god plantehelse, god helse og velferd hos landdyr og fisk, og forbrukaromsyn som kvalitet og ærleg omsetning.
Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom, slik regjeringa mellom anna legg opp til i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold.
Regjeringa legg òg vekt på å fremje verdiskaping og mangfald på matområdet. Ein vil leggje vekt på forbrukarane sine ønskje og behov. Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og riktig informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane kan utøve makt i matmarknaden. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt.
Jordbruksavtalen fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken
Regjeringa vil bidra til å sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper, og ha eit sterkt importvern for innanlands landbruksproduksjon.
Jordbruksavtalen for 2009-2010 fører vidare kursendringa regjeringa har gjort i landbrukspolitikken ved å leggje til rette for å gi landbruket eit nødvendig inntektsløft, sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, halde oppe eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.
Jordbruksavtalen legg vidare opp til å styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla, styrkje landbruket sin miljøprofil, ta vare på kulturlandskapet og leggje ei offensiv ramme for å tilpasse jordbruket til klimautfordringane, samt auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.
Ei distriktsnæring som tek miljøansvar
Miljøarbeidet omfattar tiltak for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket, vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka skogproduksjon og produksjon av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til mellom anna opplevingar og friluftsliv.
Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at viktige miljøverdiar blir tekne vare på samtidig som ressursane blir tekne i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.
Regjeringa legg opp til å styrkje den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007. Auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken.
Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap har høg politisk prioritet og er viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. Kulturlandskapet er viktig som ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. For regjeringa er det derfor viktig å møte utfordringane ein har knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet.
Ta heile landet i bruk
Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre den langsiktige utviklinga av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og innovasjon gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området, forskingsmiljøa og næringa.
Regjeringa ønskjer å auke verdiskapinga og busetjinga i distrikta. Eigedomsressursane, både areal og bygningar, må nyttast betre for å nå dette målet. Politikken skal støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket og samtidig leggje til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar og for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekt frå anna verksemd. Gode samarbeidsløysingar er viktige for å skapa gode produsentmiljø.
Ei livskraftig reindriftsæring
Reindrifta er ei næring som har mange positive element i seg. Den representerer i utgangspunktet ei god og fornuftig ressursutnytting i marginale fjell- og utmarksområde. Den bidrar til eit næringsmangfald, og den er ein sentral berar av samisk kultur. Reindrift som næring, kultur og livsform er på mange måtar unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Den fortener derfor positiv merksemd og regjeringa vil ha merksemd på tiltak som gjer at næringa kan sikrast, utviklast og styrkjast. I tillegg er det viktig å vere medviten om den positive effekten reindrifta har på ivaretaking av næringslivet og offentlege tenester i Distrikts-Noreg. Fleire stader er det reindrifta som er den sentrale bidragsytaren til levande bygder.
1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.: | 130,2 | 131,4 | 0,9 |
15.10 Matpolitikk | 1 334,3 | 1 344,2 | 0,7 |
15.20 Forsking og innovasjon | 382,2 | 407,8 | 6,7 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 13 266,6 | 13 808,6 | 4,1 |
Sum Landbruk og mat | 15 113,3 | 15 692,0 | 3,8 |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 15 113,3 | 15 692,0 | 3,8 |
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 344,2 mill. kroner. I forhold til saldert budsjett 2009 er dette ein auke på om lag 10 mill. kroner. Endringane ut over ordinær lønns- og prisvekst skuldast ei satsing på matområdet på til saman 10 mill. kroner, samt at budsjettet knytt til e-sporingsprosjektet er redusert med 20 mill. kroner fordi hovuddelen av kostnader knytt til utvikling av IT-infrastruktur var omfatta av løyvinga for 2009. I tillegg er den særskilte løyvinga til omstillingstiltak i Mattilsynet vidareført med 15 mill. kroner i 2010.
Satsinga på matområdet på 10 mill. kroner skal nyttast til å møte utfordringar på dyrehelseområdet mellom anna knytt til klimaendringar. Dette gjeld særleg oppfølging av dyresjukdommen blåtunge som blei påvist for første gong i Noreg i 2009.
Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett på 407,8 mill. kroner under programkategori 15.20. Forsking og innovasjon. Regjeringa gjer framlegg om ei samla forskingssatsing på 23 mill. kroner til oppfølging av regjeringa si klimasatsing innanfor landbruks- og matsektoren. Det vil bli ei opptrapping på 20 mill. kroner til forsking på fornybar energi og karbonfangst- og lagring i 2010, kor det er sett av 5 mill. kroner til auka kunnskap om opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket. Vidare vil regjeringa sette av 3 mill. kroner til forskingsprogrammet NORKLIMA i Noregs forskingsråd.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 13,8 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 542 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2009. Auken skuldast i hovudsak satsingar innanfor jordbruksavtalen og auka satsing på skog, klima og energitiltak på 25 mill. kroner som mellom anna er ei oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.
Hovudsatsinga på jordbruksavtalen er knytt til å:
leggje til rette for ei klar nivåheving i inntektene for å hente inn noko av det jordbruket har tapt i inntektsutvikling samanlikna med andre grupper i åra før.
sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.
sikre og styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla.
styrkje landbrukets miljøprofil, ta vare på kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka.
auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.
forbetre velferdsordningane for jordbruket.
Regjeringa legg opp til ei samla løyving på 284,5 mill. kroner til skog, klima og bioenergi. Dette er ein auke på 41,5 mill. kroner og inneber ei styrking av klimaarbeidet og regjeringa sin offensive skogpolitikk.
1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken
Landbruks- og matpolitikken har som hovudmål å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Departementet har lagt til grunn åtte delmål og tre strategiar som er avgjerande for å nå måla for landbruks- og matpolitikken.
1.2.1 Delmåla for landbruks- og matpolitikken er desse:
Delmål 1. Sikre trygg mat
Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Ansvaret for å sikre trygg mat ligg hos verksemdene i matproduksjonskjeda. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda, medverkar til at sluttprodukta er trygge.
Arbeidet med mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og framandstoff i mat eller drikkevatn. Produksjon og omsetning må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og framandstoff ikkje blir overført til menneske med mat eller drikkevatn.
Det er viktig å utvikle gode system for sporing av mat dersom helseskadelege produkt kjem ut på marknaden. E-sporingsprosjektet er eit viktig tiltak for å leggje til rette for ein nasjonal elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd.
Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet for å sikre trygg mat gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs heile matproduksjonskjeda, òg der mat blir omsett til forbrukarane, og gjennom å ta del i utvikling av regelverk.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.
Delmål 2. Fremje mangfald og andre forbrukaromsyn i produksjon og omsetning av mat
Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Merking er viktig for ærleg produksjon og omsetning, for at forbrukarane skal få riktig informasjon og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat.
Merking av opphavet til matvarer er òg eit sentralt forbrukaromsyn i matpolitikken.
Merksemd kring matglede og matkvalitet er viktig for at forbrukarane skal bli medvitne om samanhengane mellom mat og helse.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.
Delmål 3. Fremje god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd
Helsetilstanden og velferda i dyrehaldet i Noreg skal vere av den beste i verda. Dette skal gjelde for alt dyrehald, - produksjonsdyr så vel som sports- og familiedyr.
Fleire døme dei siste åra syner den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er derfor òg viktig for mattryggleiken og for å sikre tilgangen til mat i ei tid der matproduksjonen i verda må aukast.
Gjennom den nye dyrevelferdslova som blei vedteken av Stortinget våren 2009 har ein fått eit betre grunnlag for å følgje opp utfordringane knytt til dyrevelferd hos fisk og landdyr. Dyrevelferdslova har eit vidt virkeområde og omfattar òg familie- og sportsdyr. Departementet vil leggje vekt på utvikling av eit godt regelverk som er til beste for dyra og dei mange engasjerte eigarane av familie- og sportsdyr i Noreg.
Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet, og dette blir følgd opp. Løyvinga til førebyggjande tiltak mot rovviltangrep over Miljøverndepartementet sitt budsjett er vesentleg styrkt dei siste åra. Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestandane, mellom anna ved at talet på rovvilt skal haldast så nær bestandsmåla som mogleg. Det er òg sett i verk tiltak for meir effektiv felling av skadegjerande rovvilt. Ein ser ut til å lukkast i arbeidet med å nå bestandsmåla, men har ikkje i same grad lukkast i arbeidet med å redusere konflikten med beitenæringane. Det har generelt vore nær samanheng mellom tap av husdyr og tamrein på grunn av rovvilt og størrelsen på rovviltbestanden.
Friske planter er viktig for menneske og dyr både av helse-, ernærings-, miljø- og økonomiske årsaker. God plantehelse gir ein robust planteproduksjon og reduserer behovet for plantevernmiddel. Endra klimatiske og miljømessige forhold vil krevje høg beredskap mot nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av kjente sjukdommar hos planter, husdyr og vilt.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.
Delmål 4. Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
Klimautfordringa står fram som ei av dei største utfordringane i vår tid. Alle sektorar må bidra til å redusere utsleppa av klimagassar. Landbruket arbeider i stor grad på naturens premisser og kan bli meir påverka av eit varmare klima enn mange andre næringar. Regjeringa legg St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen til grunn for vidare oppfølging av klimatiltak i landbrukspolitikken.
Klimautfordringane og tiltak i landbruket for reduserte klimagassutslepp og auka opptak av CO2 vil vere eit sentralt innsatsområde for departementet i åra framover.
Meldinga viser fram tiltak som kan redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket med 1,1 millionar tonn CO2 pr. år. Meldinga viser òg fram tiltak som kan auke opptaket av CO2 i skog og jord. Regjeringa vil satse offensivt på skogen som eit verktøy i arbeidet med klimautfordringane og arbeide for at skog får ein sentral plass i eit framtidig internasjonalt klimaregime.
Regjeringa meiner at miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning må vere integrert i den samla næringspolitikken. Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode. Miljøarbeidet omfattar tiltak for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket, vern om jordbruksareal gjennom eit sterkt jordvern, vern og forvaltning av kulturlandskap og ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk. I tillegg vil departementet prioritere arbeid med bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka skogproduksjon og produksjon av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til mellom anna opplevingar og friluftsliv.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.
Delmål 5. Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring
Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar, noko som vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa. Skogbruket er ei viktig distriktsnæring og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga og dei positive klimabidraga frå skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. Finansuroa verkar òg på skogbruket, og situasjonen i skogbruket er stadig vanskeleg som følgje av dei internasjonale og nasjonale marknadstilhøva, under dette mindre etterspørsel etter trematerialar i bygg og anlegg. Departementet vil møte dette mellom anna ved å halde fram med ein aktiv skogpolitikk, jf. òg omtale under kat. 15.30.
Delmål 6. Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd
Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga, gi grunnlag for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at heile breidda av landbruket sine ressursar blir utnytta til beste for heile landet. Departementet vil stimulere til rekruttering i landbruket, styrkje verdiskapinga og innovasjonsevna i alle deler av næringa og leggje til rette for eit taktskifte for utvikling av nye næringar i landbruket. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd, men samtidig òg leggje til rette for at dei som har ønskje om å drive nye næringar får gode høve til å utvikle ny aktivitet. Frå 1. juli 2009 er det fastsett ei rekkje endringar i eigedomslovane i landbruket som skal leggje til rette for auka aktivitet og busetjing i distrikta. Nærmare omtale av eigedoms- og busetjingspolitikken står under kat. 15.30.
Delmål 7. Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester
Stortinget har sett som mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta.
Å sikre rekruttering til landbruket er sentralt. For ungdom som skal gå inn i landbruket har både økonomiske og sosiale rammevilkår betydning på valet som skal tas.
Innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i sektoren. Departementet vil føre ein kunnskapsbasert innovasjonspolitikk som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter. Det er mogleg å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, både når det gjeld bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane. Sjå òg omtale under kat. 15.20 og 15.30.
Delmål 8. Ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å holde oppe samisk eigenart
Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. For at reindrifta òg framover skal vere eit fundament for samisk kultur, må den anerkjennast og forvaltast som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta. Sjå nærmare omtale under kat. 15.30.
1.2.2 Strategiane er å utvikle:
Strategi 1. Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad
Landbruks- og matdepartementet skal gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Å gjennomføre politikken krev ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying, og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på, politikkutforminga. Viktig i samband med dette er tiltak som minkar rapporteringsbyrda og sikre betre kontroll og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren, samstundes som den informasjonen forvaltninga spør etter i stor grad skal vere data som kan gjenbrukast.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.00 Landbruks- og matforvaltning.
Strategi 2. Handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og eit sterkt importvern for norsk matvareproduksjon
Eit sterkt importvern for landbruksvarer er ein føresetnad for å holde oppe norsk matvareproduksjon. Dette følgjer mellom anna av eit høgare pris- og kostnadsnivå i Noreg enn mange matvareeksporterande land. I internasjonale forhandlingar om handel, som til dømes forhandlingar innan WTO og EØS, blir det lagt til grunn at avtalane framleis skal sikre handlingsrom for utforming av ein nasjonal landbruks- og matpolitikk.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.
Strategi 3. Forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet
Forsking er blant dei viktigaste verktøya for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga i landbruks- og matsektoren. Forsking bidreg til å halde oppe ei framtidsretta og god forvaltning av landbruks- og matsektoren. I arbeidet med å styrkje innovasjonsevna i landbruket ytterlegare skal det gjennomførast ein langsiktig og målretta innsats som resulterer i styrkt konkurranseevne i alle næringar i landbruket. Forsking for å auke kunnskapen om konsekvensar av klimaendringar og korleis ein best kan førebu seg på desse, er høgt prioritert i åra som kjem. Departementet vil halde fram med å styrkje si satsing på forsking innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og lagring. I tråd med St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning skal tilgang på trygg og nok mat for Noreg og verda vere eit viktig forskingsområde.
For å halde oppe høg kvalitet i norske forskings- og innovasjonsmiljø må miljøa søkje seg til internasjonale forskingsarenaer og styrkje det internasjonale samarbeidet.
Sjå nærmare omtale under kat. 15.20 Forsking og innovasjon.
1.3 Oppmodingsvedtak
Det er ikkje fatta oppmodingsvedtak på Landbruks- og matdepartementet sitt område i stortingssesjonen 2008-2009.
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
Landbruks- og matforvaltning m.m.: | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet: | 131 410 | 130 187 | 131 410 | 0,9 |
Sum kategori 15.00 | 131 410 | 130 187 | 131 410 | 0,9 | |
Matpolitikk | |||||
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet: | 155 897 | 160 227 | 170 108 | 6,2 |
1115 | Mattilsynet: | 1 149 288 | 1 174 102 | 1 174 073 | 0,0 |
Sum kategori 15.10 | 1 305 185 | 1 334 329 | 1 344 181 | 0,7 | |
Forsking og innovasjon | |||||
1137 | Forsking og innovasjon: | 361 111 | 382 180 | 407 831 | 6,7 |
Sum kategori 15.20 | 361 111 | 382 180 | 407 831 | 6,7 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m.: | 26 617 | 27 591 | 28 320 | 2,6 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar: | 36 757 | 34 410 | 35 584 | 3,4 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket: | 105 587 | 110 574 | 118 112 | 6,8 |
1143 | Statens landbruksforvaltning: | 315 615 | 340 615 | 352 370 | 3,5 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket: | 6 018 | 6 097 | 4 292 | -29,6 |
1147 | Reindriftsforvaltninga: | 59 554 | 60 795 | 59 983 | -1,3 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring: | 119 176 | 97 000 | 87 000 | -10,3 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket: | 24 523 | 53 256 | 69 756 | 31,0 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.: | 12 068 734 | 12 416 056 | 12 928 206 | 4,1 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen: | 108 583 | 97 000 | 101 000 | 4,1 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift: | 22 726 | 23 226 | 23 969 | 3,2 |
Sum kategori 15.30 | 12 893 890 | 13 266 620 | 13 808 592 | 4,1 | |
Sum utgifter | 14 691 596 | 15 113 316 | 15 692 014 | 3,8 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Forslag 2010 | Pst. endr. 09/10 |
Landbruks- og matforvaltning m.m.: | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet: | 11 087 | 501 | 517 | 3,2 |
Sum kategori 15.00 | 11 087 | 501 | 517 | 3,2 | |
Matpolitikk | |||||
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet: | 18 278 | 18 127 | 17 870 | -1,4 |
4115 | Mattilsynet: | 148 558 | 136 042 | 142 563 | 4,8 |
Sum kategori 15.10 | 166 836 | 154 169 | 160 433 | 4,1 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4138 | Støtte til organisasjonar m.m: | 2 346 | 2 401 | 2 478 | 3,2 |
4143 | Statens landbruksforvaltning: | 41 571 | 33 480 | 34 551 | 3,2 |
4147 | Reindriftsforvaltninga: | 1 033 | 34 | 35 | 2,9 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.: | 12 517 | 79 200 | 53 150 | -32,9 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 837 240 | 764 552 | 731 143 | -4,4 |
Sum kategori 15.30 | 894 707 | 879 667 | 821 357 | -6,6 | |
Forretningsdrift | |||||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet: | 1 644 | 950 | 750 | -21,1 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF: | 12 600 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 14 244 | 5 950 | 5 750 | -3,4 | |
Sum inntekter | 1 086 874 | 1 040 287 | 988 057 | -5,0 |
1.4 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførst»
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2009 | Forslag 2010 |
1115 | 23 | Særskilde prosjekt | 260 | 9 001 |
1138 | 70 | Støtte til organisasjonar | 18 | 20 447 |
1138 | 71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar | 2 156 | 7 873 |
1139 | 70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak | 1 673 | 15 655 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning | 19 929 | |
1143 | 70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren | 611 | 361 |
1143 | 74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering | 3 657 | 15 096 |
1144 | 77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket: | 198 | 4 292 |
1147 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 2 697 | 10 304 |
1147 | 82 | Radioaktivitetstiltak | 1 751 | 2 500 |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m. | 76 248 | 66 485 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 269 600 | |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 7 537 619 | |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 207 930 | |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 1 704 704 | |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 63 100 |
Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed komme utbetalingar i påfølgjande år.
Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjettåret. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, og dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane komande år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret og reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var, og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.