Del 3
Omtale av særlege tema
3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene og sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som blir utarbeidd av Miljøverndepartementet innanfor regjeringa sine fire miljøpolitiske resultatområde; bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, bevaring og bruk av kulturminne, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, eit stabilt klima og rein luft.
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet si miljøsatsing omfattar mellom anna vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminnar, bruk og vern av dei genetiske ressursane, bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.
Arbeidet med å bidra til å løyse klimakrisen og sikre nok og trygg mat til ei voksande befolkning er òg ein sentral del i departementets miljøarbeid. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen gir ein omfattande og grundig gjennomgang av mogelege klimatiltak i landbruket i tråd med regjeringa si klimamelding og klimaforliket på Stortinget. Tiltaka i meldinga har eit potensial for reduksjonar på 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalenter innan 2020. Meldinga blei presentert på den nasjonale klimakonferansen om landbruk, mat, energi og klima 2.-3. juni 2009. Meldinga er nærmare omtalt under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.
Eit anna viktig styringsdokument på miljøområdet er departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015 som blei lagt fram i 2008. Strategien legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp regjeringa sin miljøvernpolitikk og Soria Moria-erklæringa. Departementet gjennomfører no ein intern rapportering på status i departementet si oppfølging av tiltaka i strategien.
Miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar
Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing og det er utarbeida ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks- og matdepartementet ser saman med tenesteleverandørane på moglegheiter for innføring av tekniske tiltak for å redusere mengda av uavhenta utskrifter, for slik å redusere bruken av papir. Vidare vil ein som hovudregel ikkje sende ut papirkopiar av høyringsgrunnlag, men distribuere opplysningar elektronisk. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å redusere reiseverksemda. Strakstiltaka retta mot bruksutstyr (PC, skjermar og skrivarar) foreslått i rapporten frå interdepartemental arbeidsgruppe for Smart-IKT er vidareformidla til dei underliggjande verksemdene med oppmoding om å sikre at slike tiltak er gjennomført. Departementet har tatt i bruk alle delar av dei returordningane for avfall som er i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg ein pådrivar overfor eksterne tenesteleverandørar når det gjeld miljøomsyn.
4 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga
Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. Vidare har departementet for å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.
Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med St.meld. nr. 19 (2008-2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap og regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga, jf. nærmare omtale i kat. 15.00.
5 Likestilling
Likestilling i landbrukssektoren
Næringslivet er avhengige av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.
Likestilling og rekruttering av kvinner til landbruket blir i dei nasjonale og regionale næringsstrategiane sett i eit større bygdeutviklingsperspektiv, der rammene for busetjing, arbeid og trivsel på bygdene generelt blir peika på som viktige.
Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av pengar til bygdeutvikling, og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye næringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.
Strategi for likestilling i landbruket utarbeida av Landbruks- og matdepartementet kom i 2007 og omfattar heile landbrukssektoren. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Delen kvinnelege, personlege gardbrukarar i 2008 var 14,2 pst. og innanfor økologisk drift 16 pst. Tala har dei siste fem åra vore nokolunde stabile. Innanfor ei vekstnæring som Inn på tunet er delen om lag 60 pst. kvinnelege tilbydarar.
Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15-16 pst. kvinner.
Av Innovasjon Norge sine midlar til bygdeutvikling gjekk om lag 40 pst. av tilskotta og 37 pst. av lån med rentestønad til kvinner i 2008, medan tala var 29 pst. og 22 pst. i 2005.
Departementet har bedt Innovasjon Norge prioritere kvinner som målgruppe generelt, og arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Norge er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.
Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt Innovasjon Norge om å bidra til å nå dette målet.
Vidare har planen som mål at 40 pst. av dei næringsretta verkemidla innan 2013 skal gå til kvinner. Dette skjer mellom anna gjennom ei forsterka kvinnesatsing i Innovasjon Norge kalla Kvinner i fokus - som òg omfattar landbruket og dei landbruksbaserte næringane. Innovasjon Norge er aktivt oppmoda om å skaffe fram statistikk og materiale som set lys på likestillingsarbeidet.
Likestilling i landbruks- og matforvaltninga
Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet. Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 57,8 pst. kvinner og 42,2 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane. I Landbrukspolitisk avdeling er det 43,2 pst. kvinner, medan det i Administrasjons- og økonomiavdelinga er 72,3 pst. kvinner.
Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å ha ei relativ lik kjønnsfordeling blant leiarar. Pr. juni 2009 er kvinnedelen i leiarstillingar med personalansvar på 55 pst. I 2000 var talet kvinnelege leiarar 22 pst.
Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 42,8 pst. Innanfor dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer: seniorrådgjevar 50 pst., rådgjevar 62,3 pst., førstekonsulent 80 pst. og konsulent 93,3 pst.
Det ble gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2008, og kvinner fikk 58 pst. av den lokale potten. I tråd med den sentrale føringa ble såleis forholdsmessig større del av potten tildelt kvinner enn det pro rata tilseier. Lønnsforhandlingar etter Hovedtariffavtalen pkt. 2.3.4 blei i 2008 gjennomført for 17 personar. 7 av desse gjaldt kvinner.
I løpet av 2008 blei det tilsett 29 personar i Landbruks- og matdepartementet. 20 av desse var kvinner.
6 tilsette blei i 2008 tildelt kompetansestipend, av desse var 4 kvinner og 2 menn.
Det er for tida 14 tilsette som arbeider deltid, og 12 av desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2008 arbeidd 3 654 timar overtid. 55,3 pst. av overtidstimane blei utført av menn.
6 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder
Statskog SF
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, adm. dir. | 1 046 000 |
Pensjonsutgifter | 172 000 |
Anna godtgjersle1 | 132 000 |
1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser
Staur Gård AS
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, dagleg leiar | 416 668 |
Pensjonsutgifter | 41 666 |
7 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)
Frå og med statsbudsjettet for 2010 vil departementet i budsjettproposisjonane presentere standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:
Veterinærinstituttet
Bioforsk
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF)
Norsk institutt for skog og landskap
Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre Stortinget og regjeringa sin kontroll og innsyn ved å presentere same type informasjon som gis for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga vil i budsjettproposisjonen for 2011 bli supplert med budsjettoppstillingar basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt at ein vil rapportere rekneskapstala for dei tre siste åra.
Nærmare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137 post 51.
Kort beskriving av tabellmaterialet:
Tabell 1 gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2 gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.
Tabell 3 gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning pr. 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttes til: Formålet med tabellane er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.
Veterinærinstituttet
Tabell 7.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
1. Utgifter | ||
Driftsutgifter | ||
Lønnsutgifter | 162 494 | 174 381 |
Varer og tenester | 112 134 | 114 282 |
Sum driftsutgifter | 274 628 | 288 663 |
Investeringsutgifter | ||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum utgifter | 274 628 | 288 663 |
2. Inntekter | ||
Driftsinntekter | ||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 146 028 | 152 769 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | ||
Refusjonar | ||
Andre driftsinntekter | - 1 423 | 5 280 |
Sum driftsinntekter | 144 605 | 158 049 |
Investeringsinntekter | ||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||
Inntekter frå statlege løyvingar | 123 617 | 126 842 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 123 617 | 126 842 |
Finansielle aktivitetar | ||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 42 | - 73 |
Sum finansielle inntekter | 42 | - 73 |
Sum inntekter | 268 264 | 284 818 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | - 6 384 | - 3 845 |
Tabell 7.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||
Løyvingar frå fagdepartement | 72 733 | 79 071 |
Løyvingar frå andre departement | 33 400 | 36 390 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 4 800 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 19 452 | 16 252 |
Sum løyvingar | 130 385 | 131 713 |
Offentlege og private bidrag | ||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 3 862 | 3 508 |
Sum bidrag | 3 862 | 3 508 |
Oppdragsinntekter mv. | ||
Oppdrag frå statlege verksemder | 121 865 | 104 868 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 |
Andre inntekter1 | 12 152 | 44 729 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 134 017 | 149 597 |
Sum inntekter | 268 264 | 284 818 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 7.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | |
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 2007 til 2008 | |
Kontantbehaldning | |||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 70 390 | 66 555 | - 3835 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | - 10 | - 10 |
Andre kontantbehaldningar | 10 | 10 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 70 400 | 66 555 | - 3845 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | |||
Feriepengar mv. | 15 833 | 18 060 | 2 227 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 11 348 | 14 685 | 3 337 |
Gjeld til leverandørar | - 5 058 | 3 668 | 8 726 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 26 059 | 16 049 | - 10 010 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 11 950 | 7 144 | - 4 806 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 60 132 | 59 606 | - 526 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår | |||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert avløyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | |||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 1 247 | 1 247 |
Fri verksemdskapital | 10 268 | 5 702 | - 4 566 |
Sum andre avsetningar | 10 268 | 6 949 | - 3 319 |
Langsiktig gjeld (netto) | |||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 70 400 | 66 555 | - 3 845 |
Bioforsk
Tabell 7.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
1. Utgifter | ||
Driftsutgifter | ||
Lønnsutgifter | 190 541 | 214 139 |
Varer og tenester | 145 062 | 173 939 |
Sum driftsutgifter | 335 603 | 388 078 |
Investeringsutgifter | ||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 16 906 | 19 073 |
Sum investeringsutgifter | 16 906 | 19 073 |
Overføringar frå verksemda | ||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 1 218 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 1 128 |
Sum utgifter | 352 509 | 408 369 |
2. Inntekter | ||
Driftsinntekter | ||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 207 740 | 232 736 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 4 328 | 4 018 |
Sum driftsinntekter | 212 068 | 236 754 |
Investeringsinntekter | ||
Sal av varige driftsmiddel | 17 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 17 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||
Inntekter frå statlege løyvingar | 161 399 | 159 199 |
Andre innbetalingar | 5 900 | 5 649 |
Sum overføringsinntekter | 167 299 | 164 848 |
Finansielle aktivitetar | ||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum inntekter | 379 384 | 401 602 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 26 875 | -6 767 |
Tabell 7.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||
Løyvingar frå fagdepartement | 103 218 | 98 623 |
Løyvingar frå andre departement | 910 | 910 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 115 551 | 110 970 |
Sum løyvingar | 219 679 | 210 503 |
Offentlege og private bidrag | ||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 7 286 | 9 405 |
Sum bidrag | 7 286 | 9 405 |
Oppdragsinntekter mv. | ||
Oppdrag frå statlege verksemder | 51 535 | 57 786 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 14 477 | 20 834 |
Oppdrag frå private | 82 062 | 99 056 |
Andre inntekter1 | 4 345 | 4 018 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 152 419 | 181 845 |
Sum inntekter | 379 384 | 401 602 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 7.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | |
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 2007 til 2008 | |
Kontantbehaldning | |||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 107 141 | 98 146 | -8 995 |
Behaldning på andre bankkonti | -1 674 | 554 | 2 379 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 105 467 | 98 700 | -6 767 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | |||
Feriepengar mv. | 18 721 | 22 620 | 3 899 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 4 915 | 2 483 | -2 432 |
Gjeld til leverandørar | 40 900 | 45 827 | 4 927 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 0 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 64 536 | 70 930 | 6 394 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår | |||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 15 454 | 9 210 | -6 244 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 9 967 | 8 579 | -1 388 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang | 510 | 510 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 25 931 | 18 299 | -7 632 |
Andre avsetningar | |||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 14 619 | 9 240 | -5 379 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetningar | 14 619 | 9 240 | -5 379 |
Langsiktig gjeld (netto) | |||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 381 | 231 | -150 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 381 | 231 | -150 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 105 467 | 98 700 | -6 767 |
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Tabell 7.7 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
1. Utgifter | ||
Driftsutgifter | ||
Lønnsutgifter | 34 521 | 35 832 |
Varer og tenester | 9 945 | 10 498 |
Sum driftsutgifter | 44 466 | 46 330 |
Investeringsutgifter | ||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 528 | 1 144 |
Sum investeringsutgifter | 528 | 1 144 |
Overføringar frå verksemda | ||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum utgifter | 44 994 | 47 474 |
2. Inntekter | ||
Driftsinntekter | ||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 12 196 | 20 240 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 12 196 | 20 240 |
Investeringsinntekter | ||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||
Inntekter frå statlege løyvingar | 31 938 | 30 927 |
Andre innbetalingar | 1 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 31 939 | 30 927 |
Finansielle aktivitetar | ||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum inntekter | 44 135 | 51 167 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | - 859 | 3 693 |
Tabell 7.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||
Løyvingar frå fagdepartement | 22 720 | 22 697 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 9 218 | 8 230 |
Sum løyvingar | 31 938 | 30 927 |
Offentlege og private bidrag | ||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||
Oppdrag frå statlege verksemder | 7 113 | 12 584 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 56 | 123 |
Oppdrag frå private | 3 861 | 6 609 |
Andre inntekter1 | 1 167 | 924 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 12 197 | 20 240 |
Sum inntekter | 44 135 | 51 167 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 7.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | |
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 2007 til 2008 | |
Kontantbehaldning | |||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 20 253 | 23 952 | 3 699 |
Behaldning på andre bankkonti | 8 | 2 | -6 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 20 261 | 23 954 | 3 693 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | |||
Feriepengar mv. | 4 328 | 3 957 | -371 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 477 | 2 366 | -111 |
Gjeld til leverandørar | 1 454 | 927 | -527 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | -1 686 | 2 706 | 4 392 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | -1 329 | -973 | 356 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 5 244 | 8 983 | 3 739 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår | |||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | |||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 12 964 | 13 009 | 45 |
Sum andre avsetningar | 12 964 | 13 009 | 45 |
Langsiktig gjeld (netto) | |||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 2 054 | 1 962 | -91 |
Sum langsiktig gjeld | 2 053 | 1 962 | - 91 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 20 261 | 23 954 | 3 693 |
Norsk institutt for skog og landskap
Tabell 7.10 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
1. Utgifter | ||
Driftsutgifter | ||
Lønnsutgifter | 100 867 | 112 658 |
Varer og tenester | 62 261 | 69 409 |
Sum driftsutgifter | 163 128 | 182 067 |
Investeringsutgifter | ||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 1 453 | 2 531 |
Sum investeringsutgifter | 1 453 | 2 531 |
Overføringar frå verksemda | ||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 8 218 | 8 541 |
Andre utbetalingar | 5 400 | 4 514 |
Sum overføringsutgifter | 13 618 | 13 055 |
Finansielle aktivitetar | ||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 |
Sum utgifter | 178 199 | 197 653 |
2. Inntekter | ||
Driftsinntekter | ||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 34 130 | 32 632 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 438 | 679 |
Andre driftsinntekter | 118 | 218 |
Sum driftsinntekter | 35 686 | 33 529 |
Investeringsinntekter | ||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 62 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 62 |
Overføringar til verksemda | ||
Inntekter frå statlege løyvingar | 145 778 | 160 651 |
Andre innbetalingar | 1 264 | 841 |
Sum overføringsinntekter | 147 042 | 161 492 |
Finansielle aktivitetar | ||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 |
Sum inntekter | 182 728 | 195 083 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 4 529 | -2 570 |
Tabell 7.11 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||
Løyvingar frå fagdepartement | 95 982 | 105 353 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 18 617 | 19 913 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 32 106 | 35 385 |
Sum løyvingar | 146 705 | 160 651 |
Offentlege og private bidrag | ||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 4 897 | 4 678 |
Sum bidrag | 4 897 | 4 678 |
Oppdragsinntekter mv. | ||
Oppdrag frå statlege verksemder | 17 297 | 16 347 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 3 239 | 5 555 |
Oppdrag frå private | 8 681 | 6 579 |
Andre inntekter1 | 1 909 | 1 273 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 31 126 | 29 754 |
Sum inntekter | 182 728 | 195 083 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 7.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | |
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 2007 til 2008 | |
Kontantbehaldning | |||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 50 637 | 47 952 | -2 685 |
Behaldning på andre bankkonti | 3 363 | 3 478 | 115 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 54 000 | 51 430 | -2 570 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | |||
Feriepengar mv. | 10 513 | 11 667 | 1 154 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 6 227 | 8 477 | 2 250 |
Gjeld til leverandørar | 10 399 | 9 201 | -1 198 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 0 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 27 139 | 29 345 | 2 206 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår | |||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 3 271 | 3 697 | 426 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 18 189 | 18 952 | 763 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 1 862 | 3 427 | 1 565 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang | 3 653 | 2 738 | -915 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 26 975 | 28 814 | 1 839 |
Andre avsetningar | |||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | -114 | -6 729 | - 6 615 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetningar | -114 | -6 729 | -6 615 |
Langsiktig gjeld (netto) | |||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 54 000 | 51 430 | -2 570 |