Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070, 5575 og 5610

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

7 Sektorovergripande miljøpolitikk

7.1 Innleiing

Miljøarbeidet i dei einskilde departementa skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål. Desse er utarbeidde av Miljøverndepartementet og ligg innanfor dei miljøpolitiske resultatområda til regjeringa; bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, eit stabilt klima og rein luft, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn og bevaring og bruk av kulturminne. Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementet sitt samla arbeid med å innpasse miljøvernpolitikken i eige ansvarsområde.

Reint og rikt hav er grunnlaget for fiskeri- og havbruksnæringa. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det naudsynt med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Fiskeri- og kystdepartementet bruker mykje ressursar på kartlegging og overvaking av det marine miljøet. Det trengst eit godt kunnskapsgrunnlag for å sikre ei vellukka fiskeri- og havbruksforvaltning, og den marine forskinga bidrar stadig med ny kunnskap.

Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidare utvikling og vekst i havbruksnæringa. Styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa. Forskinga skal leggje større vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere miljørisiko. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, rømming, lakselus, utslepp av næringssalt og miljøskadelege stoff og smittespreiing.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvenleg og sikker transportform med mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid for å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvenleg og effektiv transportform. Det same gjeld arbeidet med å redusere risiko for forureining frå sjøtransporten.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i og ansvar for forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere den effektivt i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt og regionalt nivå.

For størsteparten av ansvarsfelta til Fiskeri- og kystdepartementet er miljøaspektet ein grunnleggjande faktor, og ei vellukka miljøforvaltning er ein føresetnad for ein god næringspolitikk. Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive programkategoriane i proposisjonen.

7.2 Bevaring av mangfaldet i naturen

Kunnskap om tilstanden i økosystemet er ein føresetnad for å setje i verk effektive tiltak for bevaring av naturmangfaldet. Trugsmål er til dømes overhausting, innføring av framande artar og uønska habitatendringar. Det er fleire tiltak som vert iverksett for å sjå til at artsmangfaldet ikkje går tapt. Forbod mot utkast, utvikling av selektive fiskereisskapar, kartlegging og vern av leveområde er nokre av dei tiltaka som vert nytta. Innanfor havbruk er innsats mot rømming av fisk frå anlegg og tiltak mot spreiing av lakselus prioritert. Framande artar er ei utfordring også i det marine miljøet, og nye artar er venta i våre farvatn som følgje av klimaendringar.

Fiskeri

Havressurslova set krav om at viltlevande marine ressursar skal forvaltast i tråd med føre-var-prinsippet, og med ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn både til leveområde og biologisk mangfald. Dette er i tråd med internasjonale avtalar og retningsliner, som FNs Havrettskonvensjon, Code of Conduct for Responsible Fisheries utarbeidd av FNs matvareorganisasjon (FAO) og prinsippa utvikla under WSSD i Johannesburg 2002.

Hausting skal vere berekraftig og basert på best tilgjengelege informasjon. Forvaltningsprinsippet i havressurslova forpliktar styresmaktene til, med jamne mellomrom, å vurdere alle bestandar som det blir hausta av. På grunnlag av dette skal styresmaktene vurdere kva type forvaltningstiltak som er naudsynt for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dei lange tidsseriane til Havforskingsinstituttet utgjer ein solid kunnskapsbase for overvaking av dei marine økosystema.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider for å utvikle eit meir miljøvenleg fiske. Det gjeld både å unngå skade på botnhabitat og å få til eit fiske med mindre energiforbruk. Arbeidet med å utvikle meir miljøvenlege reiskapar og metodar er prioritert. Dette er sentralt for å kunne utvikle fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og gjer mindre skade på botnhabitat. Opprydding av tapte garn er også eit prioritert tiltak.

Havbruk

I regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som vart lagd fram 1. april 2009, er det lagt vekt på fem hovudområde der miljøutfordringane blir vurdert til å vere størst framover. Strategien skisserer utfordringar, mål og tiltak som skal sikre at vidare vekst i havbruksnæringa skjer på ein miljømessig berekraftig måte utan uakseptable miljøverknader. Arbeidet knytt til denne strategien vil ha høg prioritet hos fiskeristyresmaktene og underliggande etatar i 2011.

Måla for dei fem hovudområda:

  • Genetisk påverknad og rømming: Havbruk skal ikkje føre til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

  • Forureining og utslepp: Alle oppdrettslokalitetar som er i bruk held seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og har ikkje større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

  • Sjukdom, medrekna parasittar: Sjukdom i oppdrett har ikkje bestandsregulerande effekt på villfisk, og mest mogleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

  • Arealbruk: Havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko.

  • Fôrressursar: Havbruksnæringa sitt behov for fôrråstoff blir dekt utan overutnytting av dei viltlevande marine ressursane.

Til kvart av måla er det knytt ei rekkje tiltak som skal sikre at oppdrett blir drive utan uakseptable miljøverknader. Tiltaka er både på kort og lang sikt, og inneber både styrking og betring av regelverket, forvaltningsverktøy, tekniske standardar, tilsyn, og styrking av den forvaltningsretta forskinga.

I strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring blir det lagd opp til ein kontrollert vidare vekst av torskeoppdrett parallelt med at det blir utvikla teknologi som sikrar miljømessig berekraft. Det er behov for meir kunnskap på fleire felt når det gjeld torskeoppdrett, og det vil difor bli sett i verk utgreiingar for å

  • kartleggje miljømessige risikofaktorar, mellom anna om genetisk påverknad og smitterisiko til villfisk

  • skaffe oversikt over område med sårbare kysttorskebestandar og gytefelt

  • vurdere om torskefjordar vil vere eit eigna forvaltningsverktøy for å verne spesielt sårbare torskebestandar.

I oppfølging av denne strategien vert det særleg lagt vekt på å utvikle konkrete og presise måltal for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring og utvikle og setje i verk effektive og rasjonelle måleprogram for å overvake verknadene av tiltaka.

Ressursutnytting

Dei levande marine ressursane er fornybare, men dei er ikkje uavgrensa. Fiskeriforvaltinga arbeider for å sikre ei best mogeleg utnytting av ressursane som vert hausta. Dette arbeidet skjer på fleire frontar. Noreg har arbeidd aktivt også internasjonalt for å hindre utkast og redusere bifangst. Utvikling av meir selektive reiskapar er eit tiltak i dette arbeidet. Betre utnytting av biprodukt er eit anna moment i arbeidet for å sikre god ressursutnytting.

RUBIN er ein stiftelse som arbeider for betre utnytting av marine biprodukt frå fiskeri- og havbruksnæringa. Det vert rekna med at omlag 75 pst. vert utnytta, men omfanget varierer mykje avhengig av kva art det gjeld. Mesteparten av det som vert utnytta går til fôr. Gjennom målretta arbeid kan det utviklast produkt som gir auka verdiskaping. RUBIN gir prosjektstøtte, og er ein aktiv nettverksbyggar og informasjonsspreiar for å stimulere næringa til betre ressursutnytting.

Rett kvotefastsetting er naudsynt for å hindre overhausting. Fiskeriforvaltninga nedkjempar også overhausting gjennom innsatsen mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket). Fiskeri- og kystdepartementet arbeider breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Det er ikkje registrert ulovleg fangst i Barentshavet i 2009. Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot UUU- fiske.

Fiskeristyresmaktene deltek i relevante miljøkonvensjonar og avtalar der det blir utvikla nye prinsipp, metodar og regelverk som påverkar nasjonal styring av fiskeria.

Beskytta område

Både nasjonalt og internasjonalt blir det lagt stor vekt på å beskytte marine område som er sårbare for fiskeriaktivitetar. Det er til dømes lagt restriksjonar på fiske med tunge botnreiskap i fleire område. I den nasjonale forvaltninga av dei levande marine ressursane er det lang tradisjon for å drive marin områdebeskyttelse saman med andre verkemiddel. Stenging av område ved stor yngelinnblanding er eit døme på effektivt inngrep. Fiskeriforvaltninga er oppteken av at vern alltid skal ha eit klart føremål, og at ressursar skal kunne utnyttast i verneområde dersom det ikkje strider mot verneformålet. Arbeidet med marine beskytta område (MPAer) held fram. Å få på plass Marin verneplan med marine verneområde og marine beskytta område vil ha prioritet dei næraste åra.

Framande artar

Fiskeri- og kystdepartementets innsats mot framande artar er primært retta mot overvaking gjennom Havforskingsinstituttets hav- og kystovervakingsprogram. Det blir også gjort eit arbeid på framande artar under nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Kongekrabba har si naturlege utbreiing i Beringhavet og dei nordlege delane av Stillehavet, men vart sett ut i Murmanskfjorden av sovjetiske havforskarar på 1960-tallet. I løpet av 1990-tallet vart det registrert ein tydeleg bestandsauke på norsk side, og i 2002 vart det opna for kommersiell fangst av kongekrabbe. Dagens forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007). Det er eit todelt forvaltningsregime for denne arten. Innanfor eit kvoteregulert område aust for 26 grader aust, kor kongekrabben allereie er veletablert, skal bestanden forvaltast på ein måte som legg til rette for næringsaktivitet og sysselsetting. Samtundes er det ei overordna målsetting å avgrense ei ytterlegare spreiing av bestanden. Utanfor det kvoteregulerte området er det fri fangst og utkastforbod.

Snøkrabba vart første gong observert i Barentshavet i 1996, og er førebels truleg meir utbreidd på russisk side. Det er fri fangst av snøkrabbe i norske farvatn. Det er ikkje dokumentert om arten er introdusert eller om han har vandra inn.

Resultat 2009–2010: Bevaring av mangfaldet i naturen

Fiskeri

Det er utvikla fangstmålar for pelagisk fisk for bruk om bord i ringnotfartøy. Eit nytt sorteringsristsystem vil bli påbode brukt i fisket etter augepål og kolmule i norsk økonomisk sone i 2010.

Det blir lagt stor vekt på overvaking og kontroll av fiskeriaktivitet. Fiskeridirektoratet opna i mai 2009 eit døgnbemanna norsk fiskeriovervakingssenter (Fisheries Monitoring Centre, FMC). Der blir fiskeria i norsk sone overvaka og dei tek i mot rapportar. FMC får også meldingar om rømd oppdrettsfisk, andre hendingar i kystsona og tips om fiskejuks og rømming.

Arbeidet med å avdekkje ulovleg fiske etter hummar er intensivert og Kystvakta, Statens naturoppsyn, Politiet og Fiskeridirektoratet har gjennomført ei rekkje kordinerte kontrollar. Media blir brukt strategisk i arbeidet.

Havbruk

Arbeidet med å gjere berekraftstrategien operativ er godt i gang. Den ekstra satsinga over statsbudsjettet i 2010 på 15 mill. kroner for gjennomføring og oppfølging av berekraftstrategien er blitt følgd opp i samarbeid mellom fiskeri- og miljøvernstyresmaktene. Det er sett i gang ei kartlegging av verknader av innblanding frå oppdrettfisk på gyteplassane, og det blir arbeidd med å utvikle indikatorar for utslepp frå oppdrettsanlegg og å styrkje kunnskapen om regionale tålegrenser. Når det gjeld lakselus er det arbeid i gang for å betre kunnskapen om verknadene lusa har på laks og sjøaure, metodeutvikling og problematikk kring resistens.

Fiskeridirektoratet sitt havbrukstilsyn vart styrkt med 10 mill. kroner i statsbudsjettet 2010. Midla har blitt brukt både til å styrkje tilsynskapasiteten ved regionkontora og til å auke direktoratet sin kapasitet til planlegging, koordinering og utvikling av kostnadseffektive tilsynssystem. Tilsynet blir i dag utført med fleire verktøy enn tidlegare for å oppnå betre resultat i arbeidet. Hovudområdet er rømming og faktorar som påverkar risiko for rømming. Det er lagt særleg vekt på rømming av smolt, at anlegg oppfyller krava i NYTEK–forskrifta, og at krava til maksimalt tillaten biomasse skal haldast. Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk ”Nye Visjon nullflukt” er følgd opp i 2010 og rømmingstala har gått ned dei siste åra.

Mattilsynet har styrkt tilsynet sitt innafor fiskehelseområdet i 2009 og 2010. Hausten 2009 og vinteren 2010 var det så mykje lakselus langs kysten at gjennomføringa av den varsla kapasitetsauken i 2010 vart utsett inntil vidare. Etter at Mattilsynet kom med sine meldingar hausten 2009, er det sett i verk samordna avlusingar frå og med Rogaland og til og med Nordland. I juni 2010 var det svært lite lus i oppdrettsanlegga. Hausten 2009 vart regelverket for nedkjempinga av lakselus endra. Mattilsynet har i 2010 fastsett særskild forskrift om samorda drift i Hardangerfjordområdet, for å redusere lusebelastinga på villaks og sjøaure i området. Det blir arbeidd med slike forskrifter også for andre stader langs kysten der lusebelastninga på villfisken er særleg stor.

Ressursutnytting

Fiskeridirektoratet gjennomførte også i 2009 garnopprydding. Opptak av tapte garn reduserer faren for skjult uttak av fiskeressursar, såkalla ”spøkelsesfiske”.

Fiskeridirektoratet har i samarbeid med forskingsmiljø og reiskapsindustri i land som Danmark, Sverige og Skottland følgd opp utviklinga av selektive fiskereiskapar i Nordsjøen og Skagerrak, som eit ledd i arbeidet for å redusere utkast og få betre oversikt over kva som faktisk blir landa.

Noreg, EU og Færøyane har inngått ein avtale om å innføre ei rekkje tiltak som vil bidra til å redusere risikoen for utkast og utsortering (high-grading) i pelagiske fiskeri i Nordsjøen.

Noreg har finansiert ein ekspertkonsultasjon i FAO om ukast og bifangst. Målet er å utvikle globale retningslinjer på dette feltet. RUBIN har støtta fleire prosjekt, mellom anna utnytting av biråstoff frå pelagisk industri, torsk og laks. RUBIN har også støtta prosjekt innan dokumentasjon av helse- og ernæringsmessige eigenskapar av marine ingrediensar. RUBIN har arbeidd med å utvikle ein Nasjonal plan for marine ingredienser.

Beskytta område

Noreg og EU samarbeider om eit regime for stenging av fiskefelt i Nordsjøen og Skagerrak for å verne yngel og småfisk, såkalla Real Time Closure (RTC). Systemet skal evaluerast hausten 2010.

I november 2009 vart tre nye korallområde i Møre og Romsdal, Nordland og Finnmark stengde for botntråling. Totalt har no åtte korallområde fått særskild beskyttelse mot botntråling under fiskerilovgivinga. Det er også arbeidd med kartfesting av nye område. For å hjelpe fiskarane med å overhalde aktsemdsplikta dei er pålagte ved fiske i nærleiken av kjende førekomstar av korallrev, er ytterlegare 14 korallområde kartfesta i Fiskeridirektoratet si nettbaserte kartløysning (frå januar 2010).

Rauerfjorden i Østfold vart stengt for botntråling i mai 2010, området skal vere eit referanseområde for reke- og krepsetråling.

Fiskeridirektoratet og Kystverket er med i direktoratsgruppa som arbeider med forslag til Marin verneplan.

Framande artar

Våren 2010 vart det gjennomført eit målretta utryddingsfiske av kongekrabbe vest for 26 grader aust, for statlege midlar.

Under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald har det vorte arbeidd med ein rapport om overvakingsbehov og tiltak mot framande marine artar.

Forsking og kartlegging

I dei årlege rapportane Havets ressursar og miljø og Kyst og havbruk rapporterer Havforskingsinstituttet om tilstanden i dei norske hav- og kystområda. I 2010 vart desse rapportane bytta ut med rapporten: Havforskningsrapporten 2010 - Ressurser, miljø og akvakultur på kysten og i havet.

Havforskingsinstituttet sitt omfattande samarbeid med det russiske forskingsinstituttet PINRO er eit godt døme på vellukka internasjonalt forskingssamarbeid. Desse institusjonane er sentrale bidragsytarar til den norsk-russiske rapporten om miljøstatus i Barentshavet. Fiskeridirektoratet deltek i styringsgruppa for kartlegging av naturtypar i kystsona under det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Innan utgangen av 2010 er målet at 40 pst. av det norske kystarealet skal vere kartlagd.

Systematisk kartlegging av havbotnen vart sett i gang i 2005 gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). Innanfor MAREANO-programmet vart det i 2009 samla inn data over eit areal på 13 700 km2. Året 2009 markerte avslutninga av feltaktivitetane knytt til Eggakanten, Troms I (Tromsøflaket), Troms II og Nordland VII. Prosesseringar og analyser av det innsamla materialet vart også utført i 2009.

7.3 Eit stabilt klima og rein luft

Marint miljø, fiskeri og havbruk er venta å bli sterkt råka av klimaendringane. Både i Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marint miljø og marine ressursar. Prosjekta syner at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå.

Klimaendringar reiser forvaltingsmessige utfordringar for Fiskeri- og kystdepartementet.

  • Det trengs meir kunnskap om kva for verknader klimaendringar og havforsuring vil få for livet i havet.

  • Vi må tilpasse oss klimaendringar og konsekvensar som er venta innan ansvarsområdet til departementet.

  • Innan fiskeri- og kystrelatert aktivitet må det arbeidast for å redusere utslepp av klimagassar.

Departementet vil hausten 2010 ha ferdig ein klimastrategi. Målet med strategien er å gjere fiskeri- og kystforvaltninga best mogleg rusta til å møte utfordringane som kan kome som følgje av klimaendringar, og til å bida til reduksjon av klimautslepp frå eigen sektor.

Utsleppsreduksjonar

Klimakur 2020-rapporten er ein del av den nasjonale oppfølginga av Kyoto-avtalen, og vurderer utsleppsreduserande tiltak for den nasjonale klimapolitikken. Regjeringa skal vurdere kostnadsoverslaga frå Klimakur i Nasjonalbudsjettet 2011. Fiskeri- og kystdepartementet deltek i statssekretærutvalet for Klimakur, som skal komme med innspel til denne prosessen.

Dei siste åra har auka medvit om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og partiklar. Samstundes har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar. Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefartøy, medrekna også eit friare reiskapsval. Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Departementet har starta eit arbeid for å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir høve til betre lønnsemd for flåten. Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Miljødimensjonen ved eit berekraftig fiskeri inneber utnytting av marine ressursar med eit langsiktig perspektiv - for framtidige generasjonar.

Kystverket har starta arbeidet med å lage ein metode for utrekning av klimagassutslepp ved hjelp av AIS-data. Metoden blir ferdig i løpet 2010.

Klima, marknad og produksjon

Med den breie interessa det er for miljøpåverknad av produksjon og handel med sjømat er det viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å ha kunnskap om eventuelle endra rammevilkår for næringa, i form av kva slags miljøverknader ulike former for transport, pakking og emballering av sjømat fører med seg. Departementet har difor bestilt ei kartlegging frå SINTEF Fiskeri og Havbruk i samarbeid med svenske Institutet för Livsmedel och Bioteknik (SIK) om klimaverknader knytt til transportleddet i verdikjeda. Kartlegginga viser mellom anna at tiltak som å filetere fisken før transport på veg og i luft og å overføre en del av tonnasjen til Europa frå veg til båt og tog, kan gje viktige bidrag til reduksjon av utsleppa av klimagassar i transportfasen av verdikjeda. Studia er avgrensa til klimagassutslepp i samband med transport. Andre aktivitetar knytt til handel og sjømatproduksjon er ikkje med. Det er difor vanskelig å trekkje nokon sikre konklusjonar enno.

Forsking og klimatilpassing

Eit vesentleg tiltak for å tilpasse seg klimaendringar er å halde fram med gode overvakingsseriar. Om vi følgjer med på faktorar som temperatur, forsuring og utviklinga av bestandar med meir, kan vi betre setje inn mottiltak.

Klimatilpassingsutvalet legg fram sin rapport 1. november 2010 og skal mellom anna utarbeide meir presise modellar og framtidsbilete for korleis klimaet vil endre seg. Departementet vil innarbeide dei relevante scenarioa i sine dokument og rutinar.

Forsuring av havet vil kunne ha store konsekvensar for dei marine økosystema. Det nye Framsenteret er etablert i Tromsø i 2010. Framsenteret har starta eit eige flaggskip om havforsuring, leia av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Norsk polarinstitutt.

Støy er også eit miljøproblem. Det er i hovudsak seismikk som har fått merksemd så langt, men støy knytt til vindmøller i havet kan bli eit meir aktuelt problemfelt framover.

7.4 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Eit reint hav er ein føresetnad for trygg sjømat. Langtransportert forureining er ei hovudutfordring for det marine miljøet. Forureininga blir overvaka årleg i alle norske havområde. Denne overvakinga er no betre koordinert og integrert gjennom forvaltingsplanarbeidet for norske havområde, og spesielt gjennom arbeidet i overvakingsgruppa.

Sidan 2007 har Mattilsynet, fiskerinæringa og NIFES arbeidd med ei større undersøking av framandstoff for enkelte villfiskartar. Basisundersøkingane for NVG-sild viser gjennomgåande låge verdiar av framandstoff. Det blir arbeidd med basisundersøkingar av makrell og torsk og resultata frå desse vil bli offentleggjort når arbeidet er sluttført. Kunnskapen er ein viktig del av det vitskapelege grunnlaget for EUs arbeid med risikovurderingar og tilpassing av regelverket på sjømatområdet.

Verknader av forureining frå oljeindustri er eit prioritert forskingsfelt, dette gjeld både akutte utslepp og verknader av produsert vatn. Den største utsleppskjelda i opne havområde er produsert vatn frå petroleumsindustrien med årlege utslepp på over 170 million tonn. I tillegg til den langsiktige overvakinga av forureiningssituasjonen bidrar Havforskingsinstituttet aktivt i miljøovervaking etter akutte utslepp, dette gjeld både kystnært og på sokkelen.

OSPAR (konvensjonen for bevaring av det marine miljø i nordaust-Atlanteren) utarbeider mål og program for miljøkvalitet. Ministermøtet hausten 2010 la fram ein ny miljørapport for konvensjonsområdet).

Arbeidet som Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket gjer innan maritim trafikkontroll og overvaking, drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og beredskap knytt til miljørisiko skal vere med å hindre forureining av kyst- og havområda.

Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er sentralt i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkontroll og overvaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko. Dette blir mellom anna gjort ved utskifting av beredskapsmateriell, gjennomføring av kurs og øvingar og ved å sørgje for at det blir sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket er med i arbeidet innan Arktisk råd. Her blir tiltak for å auke tryggleiken for skipstrafikken i Arktis drøfta, men også tiltak for å styrkje beredskapen mot forureining frå olje og kjemikaliar. Kystverket er ein av dei norske deltakarane i EU-prosjektet EfficienSea, som handlar om å auke tryggleiken til sjøs og oppretthalde eit berekraftig miljø. Målet for prosjektet er meir tryggleik i dei store transportkorridorane.

Fiskeridirektoratet og Kystverket er også medlemmer i den sentrale styringsgruppa som arbeider med implementering av vassforskrifta (vassrammedirektivet). Arbeidet inkluderer regionale forvaltingsplanar og tiltaksprogram. Målet med dette arbeidet er å betre miljøtilstanden i vatnet langs kysten.

Resultat 2009–2010: Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Kystverket har utarbeidd og sendt på høyring eit forslag om rutetiltak for skipstrafikken på strekninga frå Røst til Oslofjorden. Tiltaka vil flytte trafikken lenger ut frå kysten og reduserer risikoen for forureining. Forslaget skal handsamast i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), som vil gjere vedtak i november 2010. Om IMO godkjenner tiltaka, kan dei gjerast gjeldande i siste halvdel av 2011.

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle eit gjensidig rapporterings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. Det er òg inngått eit samarbeid for å utvikle ulike typar oljevernutstyr.

Fiskeridirektoratet fjerna i 2009 rundt 450 tapte garn, diverse trålnett, omtrent 19 000 meter liner og i overkant av 3 000 meter vaier.

Havbruk

Havforskingsinstituttet har arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk, og instituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr. Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Forskingsaktiviteten i fjorden knytt til forholdet mellom havbruk og fjordøkologi, har i 2010 vorte styrka.

Framandstoff

Basisundersøkinga av blåkveite vart sluttført i 2009. Sluttrapporten låg føre våren 2010. Totalt 1 288 blåkveiteprøver er analyserte for ei rekkje miljøgifter. Resultata viser at gjennomsnittsverdiar av både kvikksølv og sum dioksin og dioksinliknande PCB er under grenseverdiane, men enkeltfisk i enkeltområde overstig grenseverdiane.

Makrellprøver tekne i Grenlandsfjordane viste lågt innhald av alle dei framandstoffa som vart bestemte. Analysane av ål viste derimot høge verdiar av dioksin og furan. Spesielt gjaldt dette ål fanga i Eidangerfjorden. Her var konsentrasjonen meir enn ti gongar høgare enn EUs øvre grenseverdi for dioksin og furan.

I 2009 vart det også gjennomført eit overvakningsprosjekt for torskelever. Lever frå 49 stasjonar i 15 hamner og fjordar langs norskekysten er analyserte for dioksin og dioksinliknande PCB. Totalt vart ca. 600 torsk samla inn. 83 pst. av prøvene som er analyserte så langt overstig grenseverdien. Mattilsynet har allereie gitt generelle kosthaldsråd for torskelever. I samband med forvaltningsplan Barentshavet vart det også teke prøver, analysert og rapportert torsk frå fire stasjonar (a 25 fisk) og totalt 100 prøver på dioksin og dioksinliknande PCB i lever av torsk frå frie havområder. Sjølv om torsken i Barentshavet har mykje lågare verdiar, er også analysar av desse så nær grenseverdien at dei ikkje kan avskrivast som eit problem.

7.5 Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

Kystverket medverkar ved å vedlikehalde, dokumentere og formidle kulturminna som inngår i planen ”Verneplan for maritim infrastruktur”. Samstundes er det eit mål at flest mogleg kulturminne skal gjerast tilgjengeleg for allmenta. Det skal arbeidast vidare med å utvikle fyrstasjonar og fyreigedomar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Det er eit mål at fyrstasjonane skal vere tilgjengeleg for allmenta og at dei kan nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på.

Resultat 2009–2010: Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

Kystverket sluttførte i 2009 arbeidet med Staten sine kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet), og det resulterte i følgjande forslag:

  • Landsverneplan for maritim infrastruktur, som er sendt til Riksantikvaren for godkjenning.

  • Kystverket, Fiskeridirektoratet, Riksantikvaren og ABM-utvikling fekk i gang og finansierte eit landsomfattande tokt med veteranfartøyet M/S ”Gamle Oksøy” som eit bidrag til Kulturminneåret 2009. Toktet vitja alle kystfylka som eit seglande museum med ulike utstillingar, publikasjonar og opplevingstilbod. Kystverket sitt etatsmuseum stod for den praktiske gjennomføringa.

  • Kystverket, Fiskeridirektoratet, Riksantikvaren og ABM-utvikling publiserte fem hefte i skriftserien Fortellinger om Kyst-Norge – eit prosjekt som rettar seg mot nasjonaljubileet i 2014.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil leggje til rette for eit berekraftig fritids- og turistfiske, der det blir teke omsyn både til at kystsona kan brukast til rekreasjonsføremål og at det biologiske mangfaldet må takast vare på. For å sikre dette, vart minstemålsreglane som gjeld for næringsfiske gjort gjeldande også for fritidsfiske frå 1. januar 2010 med nokre tilpassingar. Det er fastsett forbod mot fangst av ål også til eige konsum og det vil bli vurdert ytterlegare tiltak som kan gjelde fritidsfiske i samband med forvaltningsplanen for kysttorsk i sør. Vidare vil Fiskeri- og kystdepartementet vurdere om det kan vere eit aktuelt tiltak å innføre reguleringar for næringsverksemd som legg til rette for turistfiske.

Forskingsprogrammet Natur og næring i Noregs forskingsråd vil prioritere arbeidet med bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Innafor rammene for planlegging i kystsona kan det mellom anna leggjast til rette for meir naturbasert reiseliv. I nordområdesatsinga skal det nordnorske kystkulturlandskapet stå sentralt.

Kysten skal vere trygg og tilgjengeleg for fritidsflåten. I den samanheng deltek Kystverket i relevante utval og samarbeidsfora. Vidare skal Kystverket samarbeide med Kongelig Norske Båtforbund (KNBF) om utplassering av bøyer for fortøying. Dette vil bidra til å lette tilgang til rekreasjonsområda. Mykje av merkinga i farleiene som Kystverket gjer er også til stor glede for fritidsbåtane.

7.6 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 7.1 gir ein oversikt over utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerandre for at tiltaket blir gjennomført.

Tabell 7.1 Utgifter til miljøforbetringar

Programkategori

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

16.10 Administrasjon

6,7

6,9

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

489,7

500,1

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

202,5

209,0

16.60 Kystforvaltning1

1 260,6

692,0

Sum programområde 16

1 959,5

1 408

1 Kontrollert for tekniske endringar knytt til handtering av ubåtvraket U-864, fjerning av Murmansk og sluttføring av utskiftingsplan oljevernutstyr, blir det foreslått ein netto auke på 85 mill. kroner til miljøtiltak under programkategori 16.60.

8 Likestilling

8.1 Handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor

Fiskeri- og kystdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og representantar frå organisasjonar i sjømatnæringa sluttførte i 2007 ein handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor. Handlingsplanen rettar seg mot både forvaltninga og næringa.

Måla i handlingsplanen

Hovudmålet med handlingsplanen er at næringa, organisasjonane i næringa, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken, ved å arbeide for ein meir lik kjønnsbalanse på alle nivå. Dersom ein lukkast med dette, vil også næringa framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn.

Delmåla i handlingsplanen er:

  • Auke kvinnedelen i fiskeflåten (manntallsregister A og B) frå 2,6 pst. til 3 pst. innan 2010, 4 pst. innan 2015 og 8 pst. innan 2020.

  • Auke kvinnedelen som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst frå 4 pst. til 6 pst. innan 2010, 10 pst innan 2015 og 30 pst. innan 2020.

  • Auke kvinnedelen tilsett i havbruksnæringa frå 10 pst. til 12 pst. innan 2010, 20 pst. innan 2015 og 25 pst. innan 2020.

  • Auke kvinnedelen på vidaregåande opplæring innan havbruk frå 16 pst. til 20 pst. i 2010 og 30 pst. innan 2015.

  • Auke kvinnedelen blant eigarane i fiskeri- og havbruksnæringa.

  • Auke kvinnedelen i leiinga i fiskeri- og havbruksnæringa.

  • Kvinnedelen i underutval og i styra i dotterselskap til salslaga skal minst vere 30 pst. innan 2010 og oppfylle krava sett i likestillingslova innan 2012.

  • Auke kvinnedelen i styra i fiskerisamvirka.

  • Auke kvinnedelen i representantskapa i fiskerisamvirka.

  • Alle nye oppnemningar til offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde skal oppfylle krava i likestillingslova.

  • Ved alle nye oppnemningar til eksterne styre, råd og utval skal Fiskeri- og kystdepartementet alltid foreslå to alternative representantar, ein av kvart kjønn.

  • Kvart kjønn skal vere representert med minst 40 pst. i leiarstillingar i fiskeri- og kystforvaltninga. Kvinnedelen i leiinga skal aukast til 40 pst. innan 2015 i Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, og til 20 pst. innan 2012 og 40 pst. innan 2017 i Kystverket.

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for å følgje opp arbeidet internt og overfor underliggjande etatar. Næringa har eit sjølvstendig ansvar for arbeidet på sine område.

Oppfølging av handlingsplanen

Alle offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde oppfyller no kravet i likestillingslova.

Fiskeri- og kystdepartementet har gått gjennom regelverket for å vurdere om det er nødvendig å gjere endringar for å fremje likestilling. Det er gjort endringar i forskrift om føring av fiskarmanntalet for å leggje til rette for generasjonsskifte, noko som kan gjere det lettare for kvinner å kome inn i næringa.

Rekrutteringsprosjektet ”Sett Sjøbein” vart etablert i 2008 og blir styrt av ei breitt samansett gruppe frå næringa. Kvinner er ei viktig målgruppe for arbeidet.

Fiskeri- og kystdepartementet har bedt Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg om å fremje likestilling mellom kjønna gjennom deira forvaltning av midlar.

Det er sett eigne mål om kvinnedel i relevante tilbod under Marint verdiskapingsprogram. Sidan ambisjonen med programmet er å styrkje sjømatverksemdene i deira marknadsretta arbeid, er det venta større etterspurnad etter tilsette med høgare utdanning innan fleire områder som til dømes språk og marknadsføring. Dette kan gjera at næringa blir meir attraktiv for nyutdanna akademikarar, ikkje minst kvinner.

Kvinnedel i sjømatnæringa

I 2009 var 2,5 pst. av dei som hadde fiske som hovudyrke kvinner. Av dei som hadde fiske som attåtnæring, var 3,7 pst. kvinner. Kvinnedelen i fiskeryrket har vore stabil dei siste åra. Av dei sysselsette i havbruksnæringa var 17,1 pst. kvinner i 2008. Dette er ein auke i høve til 2006, då kvinnedelen i næringa var 13,9 pst. I fiskeindustrien er kvinnedelen i overkant av 40 pst.

Prosentdelen av kvinnelege leiarar er gjennomgåande låg i dei ulike delane av sjømatnæringa. Kvinnedelen i styre, råd og utval i fiskeri- og havbruksnæringa er låg. Dei 13 allmennaksjeselskapa i fiskeri- og havbruksnæringa oppfyller krava om kjønnsrepresentasjon.

Kvinnedelen innafor vidaregåande opplæring som er retta mot næringa speglar situasjonen i næringa, sjølv om det er noko større kvinnedel i utdanninga. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst, var 6,8 pst. kvinner i 2009. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan havbruk, var 34,1 pst. kvinner i 2009.

8.2 Likestilling og mangfald i Fiskeri- og kystdepartementet og underliggjande etatar

Den nye aktivitets- og utgreiingsplikta som tredde i kraft 1. januar 2009 inneber at rapporteringa i Prop. 1 S skal gjere greie for tiltak som er planlagde eller sette i verk overfor tilsette med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn, i tillegg til kjønn som tidlegare. I denne plikta ligg også kravet til rapportering om den faktiske tilstanden når det gjeld kjønn. Vi bruker her likestilling som eit samleomgrep for kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne. På nokre område er tal og tiltak utelete på grunn av anonymitetsomsyn når det gjeld tilsette med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn.

Alle data er per 31. desember 2009 der anna ikkje er oppgitt.

8.2.1 Fiskeri- og kystdepartementet

Arbeidet med mangfald i Fiskeri- og kystdepartementet ligg til Administrasjonseininga, som mellom anna har ansvar for personal- og organisasjonsutviklinga og lønnspolitikken internt i departementet. Administrasjonseininga har også ansvaret for å følgje opp dei underliggjande etatane når det gjeld likestilling og mangfald.

Utgreiing om tilstanden - kjønn

Kjønnsfordelinga i departementet er om lag lik, med 48,5 pst. menn og 51,5 pst. kvinner. Fordelinga er den same som i 2008. Det er overvekt av kvinner i kontorstillingane der alle tilsette er kvinner og i rådgivarstillingane der 73,9 pst. er kvinner. Overvekt av menn er mest tydeleg i toppleiinga (departementsråd og ekspedisjonssjefar) der fire av fem leiarar er menn, og i seniorrådgivargruppa der nærare 60 pst. er menn. Også i førstekonsulentgruppa er det overvekt av menn. På mellomleiarnivå er fordelinga lik mellom menn og kvinner, medan det på underdirektørnivå berre er tilsett menn.

Tabell 8.1 Kjønnsfordeling totalt og på stillingsgrupper

Fordeling, tal

Fordeling, prosent

Stilling

Kvinner

Menn

Totalt

Kvinner

Menn

Avdelingsdirektør1

9

9

18

50 %

50 %

Departementsråd

-

1

1

-

100 %

Ekspedisjonssjef

1

3

4

25 %

75 %

Førstekonsulent

4

7

11

36,4 %

63,6 %

Konsulent

7

-

7

100 %

-

Rådgivar2

17

6

23

73,9 %

26,1 %

Seniorrådgivar

15

22

37

40,5 %

59,5 %

Underdirektør

2

2

-

100 %

Totalt

53

50

103

51,5 %

48,5 %

1 Inkl. arkivleiar, kommunikasjonssjef og to avdelingsdirektørar utan personalansvar.

2 Inkl. hovudbibliotekaren.

Kjønn og lønn

For heile departementet sett under eitt ligg gjennomsnittslønna for menn 4,5 lønnstrinn over gjennomsnittslønna for kvinnene. Dette er ein auke på 0,6 lønnstrinn frå 2008. Ei av årsakene til lønnsskilnaden kan vere at seniorrådgivarane fekk forholdsvis god utteljing i det lokale lønnsoppgjeret i 2008, og i denne kategorien er det færre kvinner enn menn. I tillegg vart det tilsett mange kvinner i 2009, og dei fleste vart tilsette i rådgivarstillingar eller lågare. Dette har også medverka til å auke skilnaden mellom gjennomsnittslønna for menn og kvinner. Kvinnelege avdelingsdirektørar blir lønna i snitt 1,8 lønnstrinn under dei mannlege kollegaene, medan skilnaden i seniorrådgivargruppa er 1,3 lønnstrinn. I tillegg til at kvinner er overrepresenterte i den lågaste stillingskategorien, er dette hovudforklaringa på skilnaden i gjennomsnittslønna mellom menn og kvinner.

Tabell 8.2 Kjønn og lønn fordelt på stillingskategori (lønnstrinn)

Stilling

Kvinner

Menn

Totalt

Avdelingsdirektør1

75,2

77,0

76,1

Førstekonsulent

49,5

44,9

46,5

Konsulent

45,7

45,7

Rådgivar2

52,6

52,5

52,6

Seniorrådgivar

64,9

66,2

65,7

Underdirektør

70,5

70,5

Totalt

58,9

63,4

61,0

1 Inkl. arkivleiar, kommunikasjonssjef og to avdelingsdirektørar utan personalansvar.

2 Inkl. hovudbibliotekaren.

Kjønn, arbeidstid og fråvær

I Fiskeri- og kystdepartementet var det 31. desember 2009 åtte personar som hadde redusert arbeidstid, og av desse var seks kvinner. Sjukefråværet i departementet har vore lågt i mange år og var i 2009 på 3,3 pst. Det totale fråværet blant kvinner var på 4,9 pst, medan fråværet for menn var på 1,3 pst. Skilnaden mellom kvinner og menn er størst når det gjeld langtidssjukefråvær.

I 2009 var totalt 20 tilsette ute i permisjonar av ulike slag. Av desse var tolv kvinner, det vil seie 60 pst. I alt sju var ute i foreldrepermisjon, av desse var seks kvinner og ein mann. Ei klar overvekt av dei som har permisjon for å arbeide andre stader er menn, til saman 63,6 pst. Det var berre kvinner som var ute i studiepermisjon dette året.

Tabell 8.3 Kjønn og permisjonar

Kjønn, tal

Kjønn, prosent

Permisjon

Kvinner

Menn

Totalt

Kvinner

Menn

Foreldrepermisjon

6

1

7

85,7 %

14,3 %

Jobbpermisjon

4

7

11

36,4 %

63,6 %

Studiepermisjon

3

2

100 %

-

Totalt

12

8

20

60 %

40 %

Kjønn og tilsetjingsforhold

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å ha færrast mogleg mellombels tilsette. Ved utgangen av 2009 var to personar tilsette mellombels. Dette utgjer om lag 2 pst. av dei tilsette og er jamt fordelt på kjønna.

Tiltak

Iverksette tiltak

Kjønn

Lønnspolitikken i departementet skal sørgje for at dei tilsette som har foreldrepermisjon ikkje taper lønnsmessig på permisjonen og omsorgsoppgåver. Departementet er nøye med å følgje opp dei som har permisjon.

Fiskeri- og kystdepartementet har personal- og lønnspolitiske retningsliner som seier kva krav og goder som er knytt til dei ulike fasane i livet. Dette er reglar som kjem i tillegg til dei som er avtalte sentralt.

Ofte knyter det seg noko sjukefråvær til svangerskap. Eitt viktig tiltak for at gravide kan halde fram i arbeid, i redusert eller full stilling, er å tilby å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida. I slike høve blir bedriftshelsetenesta kopla inn. Tiltaket er godt motteke og fungerer slik det var tenkt.

Når departementet rekrutterer nye medarbeidarar blir alltid kjønnssamansetjinga i avdelinga og departementet vurdert, og det blir avgjort om det eine kjønnet skal oppmodast om å søkje. Det vil til dømes vere relevant å oppmode kvinner om å søkje neste gong departementet rekrutterer nokon til ei toppleiarstilling. I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Nedsett funksjonsevne

Fiskeri- og kystdepartementet følgjer opp dei tilsette med nedsett funksjonsevne ved å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida og å tilby eventuelle andre hjelpemiddel og tilpassingar ved behov. Departementet har nært samarbeid med bedriftshelsetenesta om arbeidsplassvurdering, og alle tilsette kan nytte seg av tenestene deira.

I innstillingane skal rekrutterande leiar fortelje kor mange kandidatar som seier frå om at dei har nedsett funksjonsevne og kor mange av desse som har vore inne til intervju. Fiskeri- og kystdepartementet har tidlegare delteke på trainee-program i regi av Statskonsult/DIFI retta mot unge menneske med nedsett funksjonsevne. Vedkomande som var trainee i departementet i 2007 via denne ordninga, er i dag fast tilsett.

Etnisitet

Fiskeri- og kystdepartementet har få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn1. Det er også svært få søkjarar med innvandrarbakgrunn til stillingar i departementet. For å få fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn har departementet sett i gang enkelte tiltak knytt til rekruttering.

Ulike fora for å nå kandidatar med innvandrarbakgrunn er vurdert. I 2008 og deler av 2009 vart stillingane annonsert på inkludi.no, som er ein nettstad for arbeidsformidling spesielt retta mot menneske med innvandrarbakgrunn. Tiltaket har ikkje ført til fleire søkjarar med innvandrarbakgrunn. På spørsmål om kvar kandidatane har funnet utlysinga, var det ingen i denne perioden som gav opp inkludi.no som kjelde.

I utlysingane blir alle oppmoda til å søkje uavhengig av etnisitet, og dersom vedkomande er kvalifisert blir kandidatar med innvandrarbakgrunn alltid innkalla til intervju.

Planlagde tiltak

Kjønn

Det er eit mål å utvikle dei interne retningslinene slik at dei vert mest mogeleg tilpassa krav, ønskjer og behov. Til dømes kan det vere aktuelt å vurdere nærare fleksible arbeidstidsordningar som er tilpassa ulike livssituasjonar. Det er mogeleg at dette til dømes kan gjere det lettare for kvinner med omsorgsplikter å ta ei leiarstilling.

Nedsett funksjonsevne

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med Departementenes servicesenter (DSS) og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har nedsett funksjonsevne og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne på intervju. Per i dag er det ikkje mogleg å ta inn kandidatar på dette grunnlaget med mindre dei sjølve skriv i søknadsteksten at dei har nedsett funksjonsevne. Departementet tek sikte på å setje i verk dette i løpet av 2010.

Etnisitet

I 2010 vil Fiskeri- og kystdepartementet starte eit samarbeid med nettstaden ambisjoner.no for å nå ut til fleire kandidatar med innvandrarbakgrunn. Via nettsida deira vil departementet kunne profilere seg som arbeidsgivar og nå høgt utdanna kandidatar med innvandrarbakgrunn. Departementet vil også ha høve til å delta med bedriftspresentasjonar i aktuelle studentarrangement retta mot målgruppa.

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider også med DSS og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har innvandrarbakgrunn og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn på intervju. Slik det er i dag, er det svært vanskeleg å skulle avgjere kven som har innvandrarbakgrunn med mindre dei sjølve skriv det i søknadsteksten. Departementet tek sikte på å setje i verk dette i løpet av 2010.

8.2.2 Kystverket

Arbeidet med likestilling og mangfald i Kystverket er tillagt stabseining for personal- og organisasjonsutvikling.

Utgreiing om tilstanden - kjønn

Kjønnsfordelinga av tilsette i Kystverket 31. desember 2009 er 15 pst. kvinner og 85 pst. menn. Dette er ein auke i kvinnedelen på 1 prosentpoeng i høve til 2008.

Det er monaleg overvekt av menn i alle stillingskategoriar, med unnatak av gruppa konsulentar og sekretærar.

I typiske mannsdominerte yrke som skipsførarar, styrmenn, maskinistar, losbåtførarar og statslosar er nær 100 pst. menn. Av i alt 425 tilsette innanfor desse stillingane er 3 kvinner (0,71 pst.).

Også i leiarsjiktet er det ei overvekt av menn.

Tabell 8.4 Kjønnsfordeling og gjennomsnittleg lønn1 i Kystverket

Stilling

Sum tilsette

Kvinner (tal)

Kvinner (%)Menn (tal)

Menn (%)

Snitt lønnstr. kvinner

Snitt lønnstr. Menn

Leiarar2

15

23

13 %

13

87 %

80

75

Mellomleiarar4

44

9

20 %

35

80 %

66

68

Ingeniørar og rådgivarar5

223

69

31 %

154

69 %

54

59

Konsulentar og sekretærar6

66

47

71 %

19

29 %

42

44

Skipsførarar, styrmenn og maskinistar

58

-

-

58

100 %

-

46

Losbåtførarar og statslosar

370

3

1 %

367

99 %

45

49

Fagarbeidarar7

149

17

11 %

132

89 %

32

40

Trafikkleiarar

59

4

7 %

55

93 %

48

46

Statslosaspirantar

18

1

6 %

17

94 %

34

34

Kystverket totalt

1002

152

15 %

850

85 %

50

51

1 Gjennomsnittleg lønn er utan til saman ni hovudtillitsvalde, som har eigen tillitsvaldlønn.

2 Kystdirektør, regiondirektør, avdelingsdirektør og to sjefsingeniørar som er einingsleiarar ved hovudkontoret.

3 Inkludert kystdirektøren. Gjennomsnittleg lønn er eksklusive kystdirektøren, då ho ikkje har lønnstrinn etter Hovudtariffavtalen.

4 Personalsjef, økonomisjef, administrasjonssjef, sjefsingeniør, seksjonssjef og avdelingsleiar.

5 Ingeniør, avdelingsingeniør, senioringeniør, seniorkonsulent, seniorrådgivar, førstekonsulent, rådgivar.

6 Førstesekretær, konsulent, arkivleiar, losformidlar.

7 Oppsynsmann, fagarbeidar, formann, reinhaldsbetent, reinhaldar, driftsteknikar, fagarbeidar med fagbrev.

Kjønn og lønn

Det er liten skilnad mellom kvinner og menn når det gjeld gjennomsnittslønn etter A-tabellen, men det er i hovudsak menn som har tillegg i lønn etter B-tabellen.

Kjønn, arbeidstid og fråvær

Av 69 nytilsette i Kystverket i 2009 er 10 pst. kvinner og 90 pst. menn

I 2009 arbeidde 16 pst. av kvinnene og 1 pst. av mennene deltid. Tilsvarande tal for 2008 var 23 pst. kvinner og 4 pst. menn. Det inneber at Kystverket hadde 9 færre kvinner og 23 færre menn som arbeidde deltid i 2009 enn året før. Desse tala er inkludert dei som har reduserte stillingar grunna AFP.

Sjukefråveret var på 4,8 pst. 2009. Fråveret for kvinner var på 7,5 pst, og for menn på 4,4 pst.

Kystverket ga 25 permisjonar i 2009. Av dette var 15 menn og ti kvinner.

Tabell 8.7 Permisjonar i Kystverket i 2009

Kvinner

Menn

Totalt

Kvinner (pst.)

Menn (pst.)

Foreldrepermisjon

3

2

5

60 %

40 %

Jobbpermisjon

2

4

5

20 %

80 %

Studiepermisjon

-

2

2

-

100 %

Annan permisjon

6

8

14

42,9 %

57,1 %

Totalt

10

15

25

40 %

60 %

Kjønn og tilsetjingsforhold

Det var 28 mellombels tilsette 31. desember 2009. Dette utgjer om lag 2,8 pst. av dei tilsette. Åtte av desse var kvinner.

Tiltak

Det vert arbeidd kontinuerleg med haldningsskapande arbeid for å fremme likeverd, jf. Kystverkets økonomi- og fagrapport. Eit av hovudmåla i Kystverket sin likestillingsplan er å oppnå balanse mellom kjønna og likestilling innafor alle yrke og på alle nivå.

I stillingsutlysingar orienterer Kystverket om at det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillingar.

Det er framleis ein relativ låg representasjon av kvinner tilsett i Kystverket, spesielt i operative fagstillingar. Det er eit mål for Kystverket å auke talet på kvinner.

Kystverket har i 2009 hatt ambisjonar om å starte med å utarbeide ein rekrutteringsplan, men har førebels ikkje hatt kapasitet til dette. Personal- og organisasjonsavdelinga er omorganisert og styrkt i 2010, noko som vil gjere det lettare å få på plass ny rekrutteringsplan og normer for rekruttering.

Sentrale punkt i dette arbeidet vert planar, tiltak og retningsliner med omsyn til

  • likestilling mellom kjønn

  • arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne

  • arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn

I tillegg vil det bli lagt vekt på å utvikle ein aktiv livsfasepolitikk med målretta tiltak for tilsette i ulike livssituasjonar.

8.2.3 Fiskeridirektoratet

I Fiskeridirektoratet er arbeidet med å leggje til rette for og rapportere om tiltak som skal medverke til likestilling mellom kjønn, etnisitet og personar med nedsett funksjonsevne lagt til Personalseksjonen i Administrasjonsavdelinga.

Utgreiing om tilstanden - kjønn

Av totalt 496 tilsette i Fiskeridirektoratet er 222 kvinner og 274 menn, dvs. 45 pst. kvinner og 55 pst. menn. Toppleiaren er kvinne, medan det av i alt tolv mellomleiarar er to kvinner. Av dei 31 førstelinjeleiarane er elleve kvinner og 20 menn.

I 2009 vart det tilsett tre regiondirektørar (ein av dei vikar) og to seksjonssjefar. To av desse var menn. Det er lagt til grunn som prinsipp at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast, uavhengig av kjønn.

I 2009 vart det tilsett totalt 16 saksbehandlarar i Fiskeridirektoratet, av dette var ni kvinner og sju menn.

I inspektørstillingar som tradisjonelt er dominert av menn, vart det tilsett fem personar, av dette var fire menn og ei kvinne.

Kjønn og lønn

Kjønn og lønn fordelt på stilligskategori –Fiskeridirektoratet.

Stillingskategori

Kvinner (tal)

Kvinner (ltr.)

Menn (tal)

Menn (ltr.)

Direktør

1

≤5

78,0

Regiondirektør

≤5

75,0

5

75,0

Seksjonssjef

10

66,2

21

65,4

Seniorrådgivar

19

60,2

39

61,7

Rådgivar

34

51,8

73

53,2

Førsteinspektør

1

16

50,5

Seniorkonsulent

18

48,2

15

50,1

Førstekonsulent

22

46,1

20

47,4

Inspektør

13

46,6

32

46,3

Skipsførar

≤5

45,0

Driftsleiar

≤5

42,5

Konsulent

25

40,4

≤5

39,0

Kontrollør

16

34,4

Andre stillingar

6

Kjønn, arbeidstid og fråvær

I Fiskeridirektoratet var det 31. desember 2009 i alt 57 personar med stillingsprosent lågare enn 100 pst. I dette talet inngår 15 kvinner tilsett i reinhaldsstillingar med stillingsstorleik mellom 10 og 35 pst.. I deltidsstillingar mellom 50 og 80 pst. er det sju kvinner og ein mann. I alt ni personar, av dette seks menn og tre kvinner, har redusert stilling på grunn av delvis uførepensjon. Til saman 25 personar, av dette 23 kvinner og to menn er innvilga redusert arbeidstid.

Sjukefråværet i direktoratet var i 2009 på 6,1 pst. Det totale sjukefråværet blant kvinner var på 7,7 pst. medan talet for menn var på 4,8 pst.

Fråvær på grunn av sjukt barn var totalt på 546 dagar, kvinner tok ut 307 dagar og menn 239 dagar.

Tiltak

I mars 2009 vart det sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som har som mål å utvikle ein heilskapleg livsfasepolitikk for Fiskeridirektoratet. Denne skal inkludere alle arbeidstakarane utan å setje søkjelyset spesielt på einskilde grupper. Arbeidsgruppa sin visjon var å sjå nærare på eksisterande tiltak og lage nye som kan tilfredsstille dei behov som tilsette kan ha i ulike livsfasar. Eit underliggjande mål er også at menn og kvinner skal kunne søkje tiltaka på lik line og hindre at fordelinga av goda slår skeivt ut mellom kjønna. Gruppa vil særleg retta merksemda mot enkelte av tiltaka for å gi ein positiv fordelingsbalanse.

Døme på vedtekne tiltak:

  • seks lokalt forhandla fridagar til tilsette frå og med 62 år (senior)

  • seniorkurs (midtlivsfase)

  • særleg tilpassa IT-kurs (alle)

  • fleksibelt uttak av velferdsdagar (§ 22) organisert i ein tidskonto (foreldrefase/alle med velferdsbehov knytt til pleie av sjuke foreldre)

  • karriereplanlegging

Kjønn

I Fiskeridirektoratet vert møte stort sett haldne i kjernetida. Kvinner og menn har same moglegheiter til opplæringstilbod og ved tildeling av arbeidsoppgåver som kan vere karrierefremjande.

Fiskeridirektoratet betaler utgifter til barnepass ved reiser og konferansar når det trengst.

Opplæring og interne kurs vert stort sett haldne i den ordinære arbeidstida.

Ved utlysing av leiarstillingar og stillingar der kvinner er underrepresenterte, blir kvinner særleg oppmoda om å søkje. Men så lenge direktoratet rekrutterer leiarar frå eit fagmiljø med heller få kvinner er det ikkje uvanleg at ein mann vinn konkurransen. Vi ser likevel at rekrutteringa av kvinner til fagmiljøet er svært god og at dette på sikt vil auke kvinnedelen i leiarstillingar.

Nedsett funksjonsevne

I stillingsannonsar vert det opplyst at Fiskeridirektoratet har gjort avtale om inkluderande arbeidsliv og at arbeidsplassen kan leggjast til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Direktoratet tok i 2008 del i regjeringa sin plan om å få tilsett personar med nedsett funksjonsevne. Som eit resultat av trainee-stafetten vart det tilsett ei kvinne i region Trøndelag i eit eitt års engasjement fram til 31. august 2009.

For å leggje til rette for tilsette med hørselshemming er det montert teleslynge i fleire av møteromma i Fiskeridirektoratet. Det er montert talebasert etasjetilvisar i heisane.

Etnisitet

Ved utlysing av ledige stillingar vert som fast ordlyd teke med at personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje. Det er også innført eit krav til leiarane som skal intervjue, at dersom det er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn skal alltid minst ein av desse kallast inn til intervju. I løpet av 2009 vart det innkalla til intervju tre personar med innvandrarbakgrunn, og to av dei er tilsette. Det er også teke inn ein kontorlærling (kvinne) med innvandrarbakgrunn.

8.2.4 NIFES

Utgreiing om tilstanden - kjønn

Den 31. desember 2009 var det litt over 140 tilsette ved NIFES. Av dette var 65 pst. kvinner. Instituttets direktør er mann. På mellomleiarnivå er sju av ti kvinner. Totalt er 64 pst. av leiarane er kvinner.

Dei største arbeidstakargruppene er forskarar og tilsette på laboratoria. Av forskarane er 51 pst. kvinner, medan 77 pst. av dei tilsette på laboratoria er kvinner.

Tabell 8.9 Kjønn og lønn fordelt på stillingskategori.

Stillingskategori

Kvinner (tal)

Kvinner (ltr.)

Menn (tal)

Menn (ltr.)

Lærling

1

0

Teknikar

17

41

< 5

41

Avdelingsingeniør

13

47

6

46

Overingeniør

17

53

< 5

54

Senioringeniør

< 5

59

< 5

60

Stipendiat

8

45

< 5

45

Forskar 1108

< 5

47

< 5

46

Forskar 1109

14

61

17

61

Førstesekretær

< 5

43

-

-

Førstekonsulent

< 5

56

-

-

Rådgivar

< 5

59

< 5

58

Seniorrådgivar

< 5

62

< 5

64

Mellomleiarar

7

72

< 5

76

Totalt

94

46

Oversikta viser talla på medarbeidarar innanfor dei einskilde stillingskodane og gjennomsnittleg lønn, fordelt på kjønn. Kategoriar med færre enn fem tilsette er ført opp med < 5 av personvernomsyn. Leiargruppa består av medarbeidarar med svært ulik kompetanse og erfaring, og det kan nemnast at blant forskingssjefane har kvinnene i snitt eitt lønnstrinn høgare lønn enn mennene.

NIFES legg vekt på at det ikkje skal oppstå lønnsskilnader som har samanheng med kjønn. Oversikta syner små skilnader og dei skilnadene som er har etter instituttet si meining bakgrunn i andre forhold enn kjønn, mellom anna utdanning og erfaring.

Kjønn, arbeidstid og fråvær

Til saman 21 tilsette arbeider deltid, av dette er 15 kvinner og seks menn. Kvinner arbeidde til saman 245 timar overtid, medan menn arbeidde 239 timar. Kvinner har teke ut 60 dagar velferdspermisjon, medan menn har teke ut 25 dagar. Av samla sjukefråvær har kvinner teke ut 1579 dagar medan menn har teke ut 301 dagar. NIFES vil sjå nærmare på bakgrunnen for desse talla.

Kjønn og permisjonar

Til saman åtte tilsette har omsorgspermisjonar inklusive dei som har mellombels redusert arbeidstid. Av dette er fem kvinner og tre menn. Kvinner sto i 2009 for i overkant av 2/3 av den tida som vart nytta til kompetansehevande tiltak.

Tiltak

Det er eit mål å betre kjønnsbalansen i laboratoria, noko det blir lagt vekt på i rekrutteringa til desse stillingane. Instituttet har elles ikkje avdekka skilnader det er grunn til å gå ut i frå kan ha bakgrunn i kjønn.

NIFES er ein del av eit internasjonalt forskingsmiljø, noko som mellom anna inneber at mange av medarbeidarane kjem frå andre land. Ved årsskiftet var til saman 15 nasjonar representert på instituttet, noko som pregar kulturen på NIFES positivt. Dette har nok bidrege til at det ikkje er avdekka trakassering eller liknande problem som kan ha samanheng med etnisk bakgrunn.

Instituttet har derimot ei utfordring når det gjeld medarbeidarar som har nedsett funksjonsemne. Deler av bygningsmassen er i dag vanskeleg tilgjengeleg for rørslehemma, til dømes rullestolbrukarar. Dette har delvis samanheng med at ein stor del av lokala ligg i eldre verneverdige bygningar. Instituttet har i dag ikkje tilsette med nedsett funksjonsevne der dette er eit problem, men lokala er ei utfordring når det gjeld rekruttering av arbeidssøkjarar med nedsett funksjonsevne. Instituttet er ikkje kjend med at det til no har vore funksjonshemma søkjarar. NIFES legg til grunn prinsippa om universell utforming i utviklinga av dei lokala instituttet til ein kvar tid disponerer, og eit meir langsiktig tiltak i denne samanheng er ei mogleg utbygging med nybygg tilpassa også funksjonshemma. Dette vil gje funksjonshemma tilkomst til alle dei nødvendige funksjonane.

NIFES har i løpet av 2009 ikkje avdekka andre utfordringar som har samanheng med kjønn, etnisk bakgrunn eller funksjonshemming. Instituttet kjem likevel til å innføre ei meir systematisk og regelmessig overvaking av desse områda, for å sikre at eventuelle skilnader og avgrensingar som kan ha med slike forhold å gjere blir avdekka og handtert så tidleg som mogleg. Dei nærare detaljane for korleis dette skal gjennomførast er ikkje bestemt. I forlenginga av dette arbeidet vil instituttet vurdere formålstenlege tiltak.

8.2.5 Havforskingsinstituttet

Organisering av arbeidet

Arbeidet med likestilling og mangfald i Havforskingsinstituttet ligg i Administrasjonseininga, som mellom anna har ansvar for personal- og organisasjonsutviklinga og lønnspolitikken ved instituttet.

Utgreiing om tilstanden - kjønn

Kjønnsfordelinga ved instituttet er 62 pst. menn og 38 pst. kvinner. Det er store ulikskapar i fordelinga i dei ulike stillingsgruppene.

Tabell 8.10  Kjønnsfordeling og stillingskategori

Nivå

Stilling

Kvinner (tal)

Menn (tal)

Sum

Kvinner (pst.)

Menn (pst.)

1-3

Hjelpearbeidar, lærling, førstesektetær, konsulent 1064, reinhaldsbetent, reinhaldar, reinhaldsleiar og ingeniør

25

9

34

74 %

26 %

4

Konsulent 1065

9

1

10

90 %

10 %

Avdelingsingeniør 1084

8

12

20

40 %

60 %

Avdelingsingeniør 1411

2

3

5

40 %

60 %

5

Avdelingsingeniør 1085

45

54

99

45 %

55 %

Førstekonsulent

20

3

23

87 %

13 %

6

Stipendiat

12

9

21

57 %

43 %

Overingeniør

20

64

84

24 %

76 %

Forskar 1108

8

8

16

50 %

50 %

Seniorkonsulent

12

4

16

75 %

25 %

Rådgivar

8

6

14

57 %

43 %

7

Forskar 1109

18

31

49

37 %

63 %

Forskar 1110

16

43

59

27 %

73 %

Senioringeniør

4

9

13

31 %

69 %

Post doktor

8

12

20

40 %

60 %

8

Sjefsingeniør

-

4

4

-

100 %

Forskingssjef1

-

13

13

-

100 %

Forskar 1183

4

62

66

6 %

94 %

Seksjonssjef

4

5

9

44 %

56 %

Seniorrådgivar

1

4

5

20 %

80 %

9

Avdelingsdirektør

2

3

5

40 %

60 %

Forskingsdirektør

-

3

3

-

100 %

10

Adm. direktør

1

-

100 %

Totalt

226

363

589

38 %

62 %

1 Forskingssjef er 20 pst. stilling

Tabell 8.8 over viser kva stillingsgrupper som inngår i dei ulike nivåa. I alt 75 pst. av dei kvinnelege tilsette er i stillingar frå nivå 6 og nedover, medan det tilsvarande talet for menn er 48 pst. Dette syner at det er overvekt av menn i dei høgare nivåa.

Tabell 8.11 Fordeling årsverk i 2009 - funksjon og kjønn

Funksjon

Totalt

Kvinner (årsverk)

Kvinner (pst.)

Menn (årsverk)

Menn (pst.)

Forskarar

233,2

63,1

27 %

170,1

73 %

Teknikarar

216,7

85,7

39 %

131,0

61 %

Administrasjon

82,9

59,9

72 %

23,0

28 %

IKT

18,3

1,0

5 %

17,3

95 %

Sjøfolk

108,0

12,0

11 %

96,0

89 %

Totalt

659,1

221,7

34 %

437,4

66 %

Leiarar1

52,0

11,0

23 %

41,0

77 %

1 Inngår også i totalen.

Det er få kvinner i dei høgare vitskapelege stillingane. Aldersstruktur og rekrutteringstilfang er med på å forklare dette, mellom anna har forskargruppa sitt eige karrieresystem basert på kompetansebedømming. Det er likevel verd å merke seg at talet på kvinnelege tilsette i stillinga 1183 Forskar har auka frå to til fire i 2009.

Administrasjonen er det einaste området der det er overvekt av kvinnelege tilsette, 72 pst. kvinner og 28 pst. menn. IKT og sjøfolk er funksjonar som utmerkar seg som mannsdominerte.

Tabell 8.12 Leiarstillingar i Havforskingsinstituttet

Stilling

Totalt

Kvinner

Menn

Direktør og stab

71

1

7

Administrative leiarstillingar

6

4

2

Leiarar teknisk infrastruktur

6

1

5

Samfunnskontakt og kommunikasjon

1

1

-

Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid

1

-

1

Rederi

3

-

3

Faggruppeleiarar

18

1

17

Programleiarar

10

3

7

Totalt

52

11

41

1 Ei stilling i gruppa direktør og stab har stått ledig store delar av året.

Det er berre 21 pst. kvinnelege leiarar ved instituttet. Det er ingen skilnad på leiargruppa og i mellomleiarskiktet. Alle forskingsdirektørane er menn.

Kjønn og lønn

For heile instituttet ligg gjennomsnittslønna for menn 2,2 lønnstrinn over gjennomsnittslønna for kvinnene.

Ei av årsakene til lønnskilnaden er at 24 faggruppe- og programleiarar har nokre ekstra lønnstrinn for mellombels fungering i stillingane. Saman med det faktum at kvinner er overrepresenterte i dei lågaste stillingskategoriane, er dette hovudforklaringa på skilnaden i gjennomsnittslønna mellom menn og kvinner.

Tabell 8.13 Lønnsstatistikk per stillingskategori

Nivå

Stillingskategori

Kvinner (lønnstrinn)

Menn (lønnstrinn)

1-3

Hjelpearbeidar, lærling, førstesekretær, reinhaldsbetent, reinhaldar, konsulent 1064, reinhaldsleiar og ingeniør

36,5

36,3

4

Konsulent 1065

41,3

44,0

Avdelingsingeniør 1084

40,9

40,2

Avdelingsingeniør 1411

39,0

42,1

5

Avdelingsingeniør 1085

45,0

45,8

Førstekonsulent

46,1

48,7

6

Stipendiat

46,7

48,0

Overingeniør

52,4

54,7

Forskar 1108

55,8

56,1

Seniorkonsulent

53,3

54,3

Rådgivar

56,5

57,8

7

Forskar 1109

60,3

60,1

Forskar 1110

62,9

62,7

Senioringeniør

62,6

62,0

Post doktor

58,4

58,5

8

Sjefsingeniør

-

65,3

Forskingssjef*

-

70,6

Forskar 1183

70,8

70,4

Seksjonssjef

66,5

63,2

Seniorrådgivar

67,0

68,7

9

Avdelingsdirektør

80,4

80,3

Forskningsdirektør

-

82,7

Totalt

50,0

52,2

Kjønn, arbeidstid og fråvær

Sjukefråværet ved instituttet har vore lågt i mange år, og var i 2009 på 4,0 pst.. Dette er ein auke frå 2008 på 0,5 pst. Det totale fråværet blant kvinner var på 5,3 pst., medan sjukefråværet for menn var på 3,2 pst. Instituttet har god og systematisk oppfølging av sjukefråværet.

Instituttet har få tilsette i deltidsstillingar. I alt 26 kvinner arbeider deltid, av desse er tre med delvis AFP. I alt 15 menn arbeider deltid, av desse fem med delvis AFP.

Tokt

Instituttet driv utstrakt toktverksemd. I 2009 vart det gjennomført 10 322 toktdøgn, av desse vart 2 337 gjennomførde av kvinner, dvs. eitt av fire toktdøgn.

I 2009 var totalt 28 tilsette ut i foreldrepermisjon. Av desse var 16 kvinner og tolv menn.

Kjønn og tilsetjiingsforhold

Det vart i 2009 tilsett åtte forskarar, av dette to kvinner og seks menn. Det vart tilsett tre postdoktorar; to kvinner og ein mann og to kvinnelege stipendiatar. I tekniske stillingar vart det tilsett ni medarbeidarar, av desse to kvinner. I dei administrative stillingane vart det tilsett seks personar, av desse to menn.

Instituttet har arbeidd målmedvite med å redusere talet på mellombels tilsette. I desember 2009 hadde instituttet berre tre mellombels tilsette, som alle var menn. Ved utgangen av 2009 var det tilsett seks vikarar, av dette fem kvinner og ein mann.

Tiltak

Kjønn

Lønnspolitikken ved instituttet skal ta hand om dei tilsette si lønn medan dei har foreldrepermisjon, slik at dei ikkje tapar lønnsmessig på foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver.

I dei lokale lønnsoppgjera etter hovudtariffavtalens pkt. 2.3.3 er det alltid ei høgare fordeling enn pro rata til kvinner.

Ved kompetansedøming blir kvinnelege forskarar aktivt oppmoda til å framstille seg.

Når det blir rekruttert nye medarbeidarar vurderer instituttet kjønnssamansetjinga i seksjonen, avdelinga og instituttet, og det blir avgjort om det eine kjønnet skal oppmodast om å søkje. I fleire høve er kvinner oppmoda om å søkje leiarstillingar.

I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Frå 1. januar 2009 var alle tilsette stipendiatar kvinner, i same tidsrom er delen tilsette kvinnelege postdoktorar 41 pst.

Nedsett funksjonsevne

Havforskingsinstituttet følgjer opp dei tilsette med nedsett funksjonsevne ved å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida og å tilby andre hjelpemiddel/tilpassingar ved behov. Instituttet har nært samarbeid med bedriftshelsetenesta om arbeidsplassvurdering, og alle tilsette kan gjere seg nytte av tenestene deira. Seksjon for personal og leiingsstøtte har eit særleg ansvar for å følgje opp og støtte leiarane ved behov for tilpassingar av ulike slag.

I innstillingane skal rekrutterande leiar fortelje kor mange kandidatar som seier frå om at dei har nedsett funksjonsevne og kor mange av desse som har vore inne til intervju.

Etnisitet

Havforskingsinstituttet ønskjer på generelt grunnlag å tilsetje dei best kvalifiserte kandidatane til sine stillingar, og vitskapelege stillingar vert gjerne lyst ut internasjonalt. Praktisk mottak av utanlandske tilsette vert handsama lokalt i den enkelte eininga, og instituttet tilbyr norskkurs. Havforskingsinstituttet har internasjonal rekruttering som punkt i strategiplanen. Instituttet har implementert introduksjonsprogram for nytilsette, som også omfattar integrering av framandspråklege.

I stillingsutlysingane vert alle oppmoda om å søkje uavhengig av etnisitet, og det blir alltid teke inn kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju dersom vedkomande er kvalifisert. I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kor mange kandidatar som har innvandrarbakgrunn og kor mange av desse som har vore inne på intervju.

Administrasjonseininga medverkar i prosessen slik at ingen overser kvalifiserte kandidatar. Instituttet får dessverre få søkjarar med slik bakgrunn, og dette er ei av årsakene til at det er få medarbeidarar med annan etnisitet.

Instituttet har samarbeid med NAV der dei tilbyr praksisplassar til personar med innvandrarbakgrunn. Det har i nokre høve ført til fast tilsetjing.

9 Tryggleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormynde mellom anna knytt til trygg sjømat, fiskehelse, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar. Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gitt korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk og at resultata blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak.

Departementet har eit særskild ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane. Det er difor ei prioritert oppgåve å styrkje departementet sitt administrative styrings- og koordineringsarbeid internt og i høve til underliggande etatar slik at den operative krisehandteringa blir best mogleg.

Det er starta eit arbeid med å etablere eit risikostyringssystem i etatsstyringa. Samfunnstryggleik og beredskap skal inngå som ein integrert del av denne risikostyringa. Det er viktig å få avklart kva system og funksjonar som er samfunnskritiske, sektorkritiske og/eller etatskritiske slik at tiltaka kan setjast inn meir planmessig og strukturert.

Det er vidare halde samlingar, og beredskapsplanverka er oppdaterte og samordna med spesiell vekt på å operasjonalisere kommunikasjonsberedskapen.

Det er også sett i verk øvingar, og dette vil framleis vere ei prioritert oppgåve i 2011 både i departementet og i etatane for å øve seg i det nye planverket.

Som eit ledd i arbeidet med å styrkje eigen krisehandteringsevne har departementet teke i bruk eit elektronisk basert kriseloggføringssystem kalla KSE/CIM. Vidare deltek departementet i Krisestøtteeiningas (KSE) beredskapspool med to deltakarar.

Fotnoter

1.

Med innvandrarbakgrunn meiner vi ikkje-vestlege innvandrarar definerte som menneske frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS (Kjelde: SSB).
Til forsiden