Del 1
Innleiing og oversikt
1 Mål og hovudprioriteringar
Regjeringa sine mål for samferdselspolitikken
Regjeringa vil leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og arbeide for å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetting. Effektive transport– og kommunikasjonsløysingar er avgjerande for å skape vekst og utvikling i næringslivet og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn i heile landet.
Det overordna målet for regjeringa sin transportpolitikk er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer dei behova som samfunnet har for transport og som fremmer regional utvikling. For post og telekommunikasjonar er det eit overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet, og eit breibandstilbod til alle.
Regjeringa har gjennom fleire år trappa opp løyvingane til transportsektoren. For å nå måla i transportpolitikken held regjeringa fram med denne innsatsen. Planrammene i Nasjonal transportplan 2006–2015 blei for perioden 2006–2009 meir enn oppfylte. Sjølv med dette taktskiftet, der løyvingane til drift, vedlikehald og utbygging av infrastruktur er løfta til eit betydeleg høgare nivå, er mykje ugjort. Regjeringa vil derfor fortsetje arbeidet med å utvikle eit effektivt transportsystem, der infrastrukturen er tilpassa stadig aukande utfordringar og behov.
Investeringsløftet i Nasjonal transportplan 2010–2019 er det største løftet for utbygging av transportinfrastruktur i moderne tid. For betre å ta vare på eksisterande infrastruktur og redusere gapet mellom transportbehov og standarden på infrastrukturen, er det også lagt opp til ein vesentleg auke av vedlikehaldet. I forslaget til budsjett for 2011 følgjer regjeringa opp løfta i Nasjonal transportplan 2010–2019 om at det skal løyvast 100 mrd. kr eller 45 pst. meir til transportinfrastruktur i heile planperioden enn lagt til grunn i førre transportplan. I budsjettet for 2010 starta regjeringa arbeidet med å fase inn dei høge økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2010–2019. Med budsjettforslaget for 2011 held opptrappinga fram.
Regjeringa har fire hovudmål for transportpolitikken; betre framkome og reduserte avstandskostnader, nullvisjonen for transporttryggleik, bidra til å redusere dei miljøskapte problema frå transport og eit universelt utforma transportsystem. Hovudmåla er nedfelte i etappemål som regjeringa følgjer opp gjennom hovudprioriteringane i dei årlege budsjetta.
Innretninga av transportpolitikken tek utgangspunkt i at transportformene har ulike eigenskapar og fortrinn i transportmarknaden, og i at det er nødvendig å tilpasse transportpolitikken m.a. ut frå ulike geografiske tilhøve. Regjeringa fører ein differensiert politikk tilpassa målet om eit moderne transportnett i heile landet. Det inneber at satsinga på kollektivtransport og jernbane er særleg sterk i og omkring dei største byane, medan veksten i løyvingane til veg er særleg sterk elles i landet. Regjeringa vidarefører i budsjettforslaget den sterke satsinga på drift og vedlikehald og nye utbyggingsprosjekt. Utbyggingsprosjekt som er sette i gang, blir vidareførte med rasjonell framdrift. Viktige prosjekt blir fullførte i 2011. Dette medverkar til å sikre næringsliv og folk flest føreseielege transportar, redusert reisetid og reduserte avstandskostnader. Rassikring er eit viktig tiltak for å skape eit meir føreseieleg transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Regjeringa har i Nasjonal transportplan 2010–2019 lagt opp til ein kraftig auke i innsatsen til rassikring, og foreslår i budsjettet full oppfølging av den økonomiske ramma til rassikring på fylkes- og riksvegar i 2011.
I dei store byområda legg regjeringa opp til å få fleire til å reise kollektivt gjennom ein kombinasjon av betre jernbanetilbod og ordningar som skal stimulere dei lokale styresmaktene til å styrkje lokal kollektivtransport og innføre restriksjonar på personbilbruken. I budsjettforslaget er dette følgt opp gjennom auka innsats på jernbane, tilrettelegging for gange og sykkel, og opptrapping av belønningsordninga. Belønningsordninga går til byar som satsar på kollektivtransport og på å redusere biltrafikken. Løyvinga er auka betydeleg i budsjettforslaget.
Ordninga med at overskotsflyplassane betaler for underskotsflyplassane blir vidareført. Samferdselsdepartementet vil vidare halde fram med å kjøpe flyruter etter anbod der marknaden ikkje leverer eit tilfredsstillande tilbod.
Regjeringa vidarefører nullvisjonen for transporttryggleiken. Det høge tryggleiksnivået i luftfart og jernbane skal oppretthaldast. Gjennom innsatsen til trafikktryggleik som er foreslått i budsjettet for 2011 og den nasjonale tiltaksplanen for trafikktryggleik, tek ein eit nytt steg mot betre tryggleik på veg. Regjeringa sitt mål om at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken i 2020 skal reduserast med minst ein tredel samanlikna med gjennomsnittet i åra 2005–2008 blir vidareført. I 2009 var talet på omkomne i trafikken på det lågaste nivået sidan 1954. Regjeringa vil likevel halde fram med eit målretta arbeid for å få talet ytterlegare ned.
Trafikkvekst og bygging av nye nødvendige infrastrukturprosjekt gjer det utfordrande å kome så langt som ønskt på alle miljøområda. Transportpolitikken skal bidra til å redusere miljøskadelege verknader av transport. Regjeringa vil oppnå dette m.a. ved å satse betydeleg på jernbanen og på tiltak som styrkjer lokal kollektivtransport og reduserer bruken av bil i tettbygde strok, og ved å styrkje innsatsen til Transnova-prosjektet.
Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle, utan behov for tilpassing eller spesiell tilrettelegging. All ny infrastruktur skal utformast etter prinsippet om universell utforming. Det er i tillegg eit omfattande behov for å oppgradere haldeplassar og knutepunkt. Regjeringa legg opp til å forsterke innsatsen til universell utforming av haldeplassar og knutepunkt.
Gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil regjeringa sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. grunnleggjande banktenester, omdeling av post seks dagar i veka og einskapsporto.
Regjeringa skal sikre at heile landet har tilgang til likeverdige og rimelege teletenester. Den digitale allemannsretten skal redusere avstandsulemper og gjere det mogleg for alle innbyggjarar å bruke offentlege elektroniske tenester. Med ein dekningsgrad på heile 99,9 pst. på mobil (GSM) og 99,6 pst. på fast og trådlaust breiband, har Noreg eit av dei best utbygde ekomnetta i verda. Regjeringa vil likevel arbeide vidare med å leggje til rette for breiband med tilstrekkeleg kapasitet til å møte framtidige behov i heile landet.
Hovudprioriteringar i budsjettet for 2011
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Kategori | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endring 10/11 |
21.10 Administrasjon m.m. | 443,8 | 428,5 | - 3,4 |
21.20 Luftfartsformål | 941,6 | 957,8 | 1,7 |
21.30 Vegformål | 14 061,2 | 15 084,9 | 7,3 |
21.40 Særskilte transporttiltak | 747,1 | 824,8 | 10,4 |
21.50 Jernbaneformål | 10 176,1 | 11 538,1 | 13,4 |
Sum programområde 21 | 26 369,8 | 28 834,1 | 9,3 |
22.10 Post og telekommunikasjonar | |||
Sum programområde 22 | 710,7 | 553,2 | -22,2 |
Sum Samferdselsdepartementet | 27 080,5 | 29 387,3 | 8,5 |
Samla budsjettforslag for 2011 er på om lag 29,4 mrd. kr. Budsjettforslaget inneber ein samla vekst i utgiftene på om lag 2 300 mill. kr, eller 8,5 pst., samanlikna med saldert budsjett 2010. Tek ein omsyn til ei eingongsløyving i 2010 til betalingar i samband med overføringa av deler av riksvegnettet til fylkeskommunane, er auken på 2,8 mrd. kr, eller 10,6 pst. Løyvingane til veg- og jernbanesektoren utgjer om lag 91 pst. av budsjettforslaget. Utgifter til vegformål er om lag 15,1 mrd. kr. Desse utgiftene utgjer den største programkategorien i departementet sitt budsjett med om lag halvparten av dei samla utgiftene. Deretter kjem utgifter til jernbaneformål med om lag 11,5 mrd. kr, som utgjer om lag 39 pst. av budsjettet.
Forslaget til samferdselsbudsjett for 2011 inneber ein betydelig auke i den statlege innsatsen både til veg- og jernbaneinfrastruktur. I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, er det presentert økonomiske planrammer med høgare årlege gjennomsnitt i siste del av planperioden enn første fireårsperiode. Regjeringa har lagt til grunn at satsinga skal fasast inn i økonomien så raskt som mogleg, men innanfor dei avgrensingane eit forsvarleg økonomisk opplegg set.
Budsjettforslaget for 2011 til oppfølging av Nasjonal transportplan inneber ein realvekst frå Revidert nasjonalbudsjett 2010 for veg og jernbane samla på om lag 1,4 mrd. kr eller 6,1 pst. Forslaget til løyvingar for 2011 til Statens vegvesen og Jernbaneverket er basert på ei jamn opptrapping av løyvingsnivået i dei tre siste åra av planperioden 2010–2013, med utgangspunkt i Revidert nasjonalbudsjett 2010. Med same auke dei to siste åra som i 2011, vil planrammene i Nasjonal transportplan vere oppfylte. I budsjettforslaget er det ein betydeleg auke av løyvinga til drift og vedlikehald.
Hovudprioriteringane i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2011 tek utgangspunkt i hovudmåla for transportpolitikken i Nasjonal transportplan 2010–2019:
Betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet og for å bidra til å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret
Transportpolitikken skal byggjast på ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren
Transportpolitikken skal bidra til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på miljøområdet
Transportsystemet skal vere universelt utforma
For post- og teletenester er hovudmålet å sikre tilgang på likeverdige og rimelege tenester i heile landet.
Framlegget for 2011 medverkar til at ein går i retning av måla for transportpolitikken. Større investeringsprosjekt blir avslutta og vil bidra til å auke framkoma og redusere reisetida. I tillegg til start av nye prosjekt er det sett av planmidlar til prosjekt som på lengre sikt vil gi betydelege framkomstvinstar. Basert på dagens utrekningsmodellar vil budsjettforslaget for 2011 stanse veksten i forfallet på riksvegnettet.
Regjeringa ser det som avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg. Gjennom ein ytterlegare auke i løyvinga til vedlikehald og fornying skal Jernbaneverket auke stabiliteten i jernbanenettet og leggje til rette for eit godt togtilbod.
Budsjettforslaget for 2011 inneber at målet i Nasjonal transportplan 2010–2019 om 1 mrd. 2009-kr til rassikring blir nådd. Den kraftige auken i satsinga på rassikring medverkar til å sikre trygge og føreseielege transportar. Det skal startast fleire rassikringsprosjekt i 2011.
Tiltak for å betre den lokale kollektivtransporten og gang- og sykkelvegar vil også medverke til auka framkome i dei store byområda.
Gjennom kjøp av tenester innan luftfart og jernbane styrkjer staten desse transporttilboda.
Både på veg og jernbane skal fleire haldeplassar og knutepunkt bli universelt utforma i 2011.
Administrasjon, forsking og utvikling
Samla budsjettframlegg til administrasjon m.m. er på 428,5 mill. kr. Løyvingane til administrasjon m.m. omfattar m.a. drift av departementet, løyvingar til Trygg Trafikk, Syklistenes Landsforening, ITS Norge og departementet sitt arbeid med samferdselsberedskap, og utgjer til saman 187,4 mill. kr. Syklistenes Landsforening får i forslaget eit tilskot som er 50 pst. høgare enn i budsjettet for 2010.
Programkategorien omfattar også løyvingar til utgreiingar, samferdselsforsking og Transnovaprosjektet. Samla er det foreslått ei løyving på 241,1 mill. kr. Dette er noko lågare enn saldert budsjett 2010. I budsjettframlegget blir løyvinga til Transnova-prosjektet auka kraftig til 73,2 mill. kr, som er 42 pst. meir enn i saldert budsjett 2010. Av denne løyvinga er 20 mill. kr ein del av satsinga på det nye Miljøteknologiprogrammet.
Luftfartsformål
Samla budsjettframlegg for luftfartsformål er 957,8 mill. kr, ein svak auke frå saldert budsjett 2010.
Til tilskot til regionale flyplassar er det budsjettert med 26,6 mill. kr, ein reduksjon på 61,2 mill. kr samanlikna med saldert budsjett 2011. Årsaka til reduksjonen er at det ekstraordinære investeringstilskotet til Avinors regionale flyplassar og eit eingangstilskot til lufthamnene Notodden og Skien løyvd i budsjettet for 2010, fell bort. Det statlege driftstilskotet på 12 mill. kr til Stord lufthamn blir vidareført.
Det er budsjettert med 692,6 mill. kr til kjøp av flytransport, noko som er ein auke på 63,4 mill. kr samanlikna med saldert budsjett 2010. Budsjettforslaget er basert på kostnadsnivået i nye kontraktar for anbodsruter i Finnmark og Nord-Troms som tok til å gjelde 01.04.2010, og gjeldande kontraktar for anbodsruter i resten av landet.
Som følgje av den internasjonale finanskrisa løyvde Stortinget ekstraordinære investeringstilskot til Avinor i 2009 og 2010. Staten tok ikkje ut utbyte frå selskapet i desse åra. Vidare blei det gitt avdragsfritak på statslånet som finansierte utbygginga av flyplassen på Gardermoen. Samferdselsdepartementet vurderer at det ikkje er behov for særskilde tiltak i 2011. Det er budsjettert med eit utbyte på 315 mill. kr i 2011 og avdrag på statslånet på 444,4 mill. kr.
Til Luftfartstilsynets budsjett er det foreslått 179,6 mill. kr i 2011. Det er foreslått 59 mill. kr til Statens havarikommisjon for transport.
Vegformål
Til vegformål er det i alt foreslått 15,1 mrd. kr. Forslaget inneber ein auke på om lag 1 mrd. kr eller 7,3 pst. frå saldert budsjett 2010. Tek ein omsyn til ei eingongs løyving til betalingar i samband med overføringa av deler av riksvegnettet til fylkeskommunane, er auken på 1,5 mrd. kr eller 11,3 pst.
Samla budsjettframlegg for Statens vegvesen gir ei oppfølging av Nasjonal transportplan 2010–2019 på om lag 47 pst. etter andre året, samanlikna med ei jamn årleg fordeling av planramma for perioden 2010–2013.
Det er budsjettert med 7,2 mrd. kr til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på 991,5 mill. kr eller 16 pst. frå saldert budsjett 2010. Basert på dei modellane vi har idag vil denne auken medverke til at veksten i forfallet av vegkapitalen blir stansa. Med budsjettforslaget kan det bli lagt om lag 1 000 km asfalt.
Det er for 2011 budsjettert med 5,5 mrd. kr til riksveginvesteringar, ein auke på 387,9 mill. kr frå saldert budsjett 2010. Investeringsmidlar til Bjørvika og prosjekta E16 over Filefjell og E6 vest for Alta er førte på eigne investeringspostar. I tråd med Nasjonal transportplan 2010–2019 er det foreslått å setje av midlar som skal sikre rasjonell framdrift av dei to sistnemnde prosjekta, noko som i 2011 inneber lågare løyvingar enn årleg gjennomsnitt i Nasjonal transportplan. Saman med løyvinga til rassikring på 1 051,1 mill. kr, aukar løyvingane til investeringar på veg samla sett med 444 mill. kr eller 6,9 pst. frå saldert budsjett 2010.
Det er lagt til grunn statlege midlar og bompengar til anleggsstart eller med sikte på mogleg anleggsstart på desse større riksvegprosjekta i 2011 (over 100 mill. kr):
E18 Melleby – Momarken i Østfold
E18 Sydhavna i Oslo
Rv 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
E18 Gulli – Langåker i Vestfold
E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal
E134 Skjold – Solheim i Rogaland
Rv 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud
E6 Fønhus – Bagn i Oppland
E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal
E105 Storskog – Hesseng i Finnmark
For fleire av prosjekta er det ein føresetnad at det blir tilslutning til foreslått bompengefinansiering.
Anleggsarbeida på fleire prosjekt i 2010 som har løyving til prosjektering, grunnerverv og andre førebuingar til anleggsstart, vil også starte.
I 2011 blir desse større riksvegprosjekta opna for trafikk:
E39 Vigeland – Osestad, strekninga Fardal – Osestad, Vest-Agder
E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset, Akershus og Hedmark
Rv 70 Brunneset – Øygarden, Møre og Romsdal
Rv 80 Røvika – Strømsnes, Nordland
Rassikring på veg er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge, og er eit område som regjeringa prioriterer. Regjeringa varsla i Nasjonal transportplan 2010–2019 ein kraftig auke i rassikringsinnsatsen både på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet. Dette blir følgt opp i 2011 med eit forslag på 1 051,1 mill. kr til rasskring, som er full oppfølging av Nasjonal transportplan i budsjettåret 2011. Forslaget inneber ein auke på 201,1 mill. kr eller 23,7 pst. frå saldert budsjett 2010. Sidan saldert budsjett 2009 er midlane til rassikring auka med 138 pst.
Av midlane til rassikring er 526,3 mill. kr avsett til fylkesvegnettet i 2010. Samferdselsdepartementet foreslår at løyvingar til rasskring på fylkesvegnettet skjer som eit øyremerka tilskot over Samferdselsdepartementets budsjett. Det er oppretta ei ny tilskotspost (post 62) til dette formålet under kap. 1320.
På riksvegnettet blir det lagt opp til anleggsstart av desse større prosjekta med rassikringsgevinst i 2011:
Rv 13 Tysdalsvatnet i Rogaland, forutsatt lokale vedtak om forskottering
E136 Vågstrandstunnelen, Møre og Romsdal, føresett tilslutning til bompengeopplegg
E10 Solbjørnneset – Hamnøy, Nordland
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med E39 Hjartåberga så snart lokale avklaringer er på plass. I tillegg foreslår departementet midlar til å vidareføre prosjekt og til tidlegare prioriterte prosjekt, m.a. rv 13 Øvre Granvin – Voss grense i Hordaland, rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal og rv 80 Løding – Vikan i Nordland.
Det blir foreslått å løyve 545 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak, noko som inneber full oppfølging av planramma i Nasjonal transportplan 2010–2019 etter to år. Tiltak for å hindre møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker der mjuke trafikantar blir påkøyrte, er prioriterte. I 2011 er det lagt opp til å fullføre fleire strekningar med midtrekkverk. I tillegg vil det i 2011 pågå arbeid med å etablere midtrekkverk som er venta avslutta etter 2011, på E134 Langebru – Skjøl i Buskerud, E6 Hagen – Gyllan i Sør-Trøndelag og E6 Mære N – Vist i Nord-Trøndelag. I tillegg blir m.a. tiltak mot utforkøyringsulykker, kryss- og kurveutbetringar og tiltak etter trafikktryggleiksinspeksjonar prioriterte. Innan drift og vedlikehald blir tiltak som ivaretek trafikktryggleik, prioriterte.
Regjeringa legg opp til å trappe opp innsatsen på programområda gang- og sykkelvegar og kollektivtransporttiltak/universell utforming. Det er foreslått å setje av 230 mill. kr til gang- og sykkelvegar innanfor vegbudsjettet, ein auke på om lag 80 mill. kr eller 53 pst. frå saldert budsjett 2010. Til kollektivtiltak og tiltak for universell utforming blir det sett av 125 mill. kr, ein auke på 60 mill. kr eller 92 pst. frå saldert budsjett 2010.
Som i 2010 foreslår regjeringa rentekompensasjon for transporttiltak i fylka innafor ei årleg ramme på 2 mrd. kr.
Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 446,4 mill. kr. På grunn av avgiftsjustering er oppfølginga noko under full oppfølging av Nasjonal transportplan. Samferdselsdepartementet legg til grunn at rutetilbodet i 2011 skal oppretthaldast på om lag same nivå som i 2010.
Særskilde transporttiltak
Det er foreslått eit samla budsjett på 824,8 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 77,7 mill. kr eller 10,4 pst. frå saldert budsjett 2010. Av dette er 513,1 mill. kr avsett til særskilt tilskot til kollektivtransport, ein auke på 84 mill. kr eller 19,6 pst. frå saldert budsjett 2010. Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det avsett 291 mill. kr.
Til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda er det avsett 431,1 mill. kr. Ordninga aukar med om lag 30 pst. frå saldert budsjett. Regjeringa følgjer med dette opp intensjonen i Nasjonal transportplan om å doble midlane til ordninga i første fireårsperiode. Departementet ønskjer i 2011 å auke delen av midlar til fireårige avtaler. Det vil likevel framleis vere mogleg å søkje om midlar for eitt år.
Til tilgjengetiltak og forsøk med kollektivtransport i distrikta er det sett av høvesvis 42 mill. kr og 20 mill. kr. For å medverke til å utvikle ein nasjonal reiseplanleggar og nasjonal forvaltning av system for elektronisk billettering er det sett av inntil 5 mill. kr. Det er foreslått å setje av inntil 15 mill. kr til å vidareføre og evaluere prøveprosjekta med samordning av bestillingstransport og TT-transport i 2011.
For å bidra til å redusere skilnader i pris på drivstoff mellom sentrale strøk og distrikta ble det i 2010 sett av midlar til ei tilskotsordning for å dekkje meirkostnader ved frakt av drivstoff til forhandlarar lokalisert i det distriktspolitiske virkeområdet. Det er sett av 20,6 mill. kr til ordninga i 2011.
Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det budsjettert med 291 mill. kr. Budsjettforslaget byggjer på prisjustering av gjeldande avtale. Som oppfølging av St.prp. nr. 24 (2008–2009) har Samferdselsdepartementet lyst ut sjøtransporttenesta Kystruten Bergen – Kirkenes på anbod, med start seinast 01.01.2013.
Jernbaneformål
I budsjettforslaget held regjeringa fram med å styrkje innsatsen på jernbanen. Det er til saman foreslått 11,5 mrd. kr til jernbaneformål, ein auke på 1,4 mrd. kr eller 13,4 pst. frå saldert budsjett 2010.
Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket er på 9,3 mrd. kr, ein auke på 10,6 pst. frå saldert budsjett 2010.
Budsjettframlegget gir ei samla oppfølging av Nasjonal transportplan 2010–2019 på om lag 48 pst. etter andre året av planperioden samanlikna med ei jamn årleg fordeling av planramma for perioden 2010–2013. For 2011 ligg forslaget til løyvingar til drift og vedlikehald godt over gjennomsnittleg ramme, med ei oppfølging på 53,7 pst.
Forslag til løyvingar til investeringar er ei ytterlegare styrking frå saldert budsjett 2010, og er eit framhald av opptrappinga til nivået på ramma i Nasjonal transportplan etter kvart som planlegginga av nye prioriterte prosjekt er avslutta og klare til anleggsstart.
Regjeringa har styrkt innsatsen til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen vesentleg dei siste åra. For 2011 foreslår regjeringa 4,9 mrd. kr til drift og vedlikehald, eksl. Gardermobanen, noko som er ein ytterlegare auke med 536 mill. kr mill. kr eller 12,2 pst. frå saldert budsjett 2010. Saman med Oslo-prosjektet representerer løyvingane ei markert satsing på vedlikehald og fornying på heile jernbanenettet. Satsinga er nødvendig for å gjere togtrafikken meir påliteleg og betre standarden på infrastrukturen. Det er budsjettert med 4,3 mrd. kr til investeringar i lina, inkl. postane 31 Nytt dobbeltspor Oslo – Ski og 33 Fysisk skilje Jernbaneverket – Bane Tele AS. Dette er ein auke på 348,5 mill. kr eller 9 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2010.
Løyvinga gjer det mogleg å få til ei rasjonell og kostnadseffektiv gjennomføring av dei store anleggsprosjekta i 2011.
Det er sett av midlar til vidareføring av desse store prosjekta:
Nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker – Sandvika på Drammenbanen
Nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen
Ny Gevingåsen tunnel på Nordlandsbanen
Holm – Holmestrand – Nykirke på Vestfoldbanen
I tillegg er det prioritert å vidareføre fjernstyringsprosjektet Eiterstraumen – Bodø og vidareføre planleggingsarbeidet på dei nye store investeringsprosjekta dobbeltspor Eidsvoll – Hamar, ERTMS (overgang til ny teknologisk plattform for signal- og sikringssystem), nytt dobbeltspor Oslo – Ski, inkl. ombygging av Ski stasjon og Ulriken tunnel. Endra planføresetnader, m.a. som følgje av Stortingets behandling, saman med behovet for auka innsats på vedlikehald og ein vanskeleg ressurssituasjon innan jernbanefaga, har ført til at enkelte store investeringsprosjekt får noko seinare planframdrift enn det var lagt opp til i Nasjonal transportplan 2010–2019. Dette gjeld m.a. Ulriken tunnel, inkl. dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen, Sandbukta – Moss – Kleberget og Alnabru godsterminal. Samferdselsdepartementet legg opp til ei ekstern vurdering av prosjektet Farriseidet – Porsgrunn før start av det blir prioritert. Departementet kjem tilbake til prosjektet i samband med 2012-budsjettet.
I 2011 blir tre store investeringsprosjekt tekne i bruk:
Gevingåsen tunnel på Trønderbanen
Dobbeltspor Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen
Nytt dobbeltspor Lysaker – Sandvika på Drammenbanen
Som følgje av nytt dobbeltspor Lysaker-Asker blir det mogleg å betre togtilbodet i Austlandsområdet for å utnytte den auka kapasiteten. Jernbaneverket planlegg å gjennomføre fleire mindre infrastrukturtiltak for å optimalisere og forbetre kapasiteten på dei aktuelle delane av jernbanenettet. Mange av tiltaka er under planlegging.
Forslaget inneheld 440 mill. kr til kapasitetsaukande tiltak. Løyvinga vil i hovudsak gå til å betre kapasiteten mellom Oslo S og Lysaker, gjere ferdig Ualand og Nodeland kryssingsspor og planleggje nye kryssingsspor på Sørlandsbanen, m.a. ved Bryne og Vigrestad, ny fjernstyring på Bergensbanen, Stavanger omformarstasjon, og vidareføring av Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebanen, Bodø godsterminal og omlegging av sporplan på Fauske stasjon.
Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt og stabilt jernbanetilbod. Det er foreslått å løyve 2,2 mrd. kr til statleg kjøp av persontogtenester i 2011. Dette er ein auke på 472 mill. kr eller om lag 27 pst. frå saldert budsjett for 2010. I tillegg til å oppretthalde dagens tilbod med NSB AS, omfattar statens kjøp av personstransporttenester transport på Gjøvikbanen, Bratsbergbanen, Ofotbanen og på strekninga Oslo – Karlstad – Stockholm.
Samferdselsdepartementet og NSB AS forhandlar om ein ny langsiktig rammeavtale frå 2012. Eit viktig spørsmål i forhandlingane er innfasing av nye tog og gradvis betring av togtilbodet etter kvart som nødvendige infrastrukturforbetringar kjem på plass.
Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 51,6 mill. kr i 2011.
I samsvar med utbytepolitikken er det foreslått å ta ut 53 mill. kr i utbyte frå NSB AS i 2011 og 18 mill. kr frå Bane Service AS.
Post og telekommunikasjonar
Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 553,2 mill. kr, ein reduksjon på 157,5 mill. kr eller 22,2 pst. frå saldert budsjett 2010. Reduksjonen gjeld i hovudsak redusert behov for statleg kjøp av post- og banktenester. For Post- og teletilsynet er det foreslått å løyve 208,2 mill. kr, ein reduksjon på 2,6 pst. frå 2010.
2 Oversiktstabellar for budsjettforslaget
Utgifter fordelt på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
Administrasjon m.m. | |||||
1300 | Samferdselsdepartementet | 167 583 | 181 000 | 187 400 | 3,5 |
1301 | Forskning og utvikling mv. | 195 678 | 262 800 | 241 100 | -8,3 |
Sum kategori 21.10 | 363 261 | 443 800 | 428 500 | -3,4 | |
Luftfartsformål | |||||
1310 | Flytransport | 588 767 | 629 200 | 692 600 | 10,1 |
1311 | Tilskudd til regionale flyplasser | 163 668 | 87 800 | 26 600 | -69,7 |
1313 | Luftfartstilsynet | 196 130 | 168 300 | 179 600 | 6,7 |
1314 | Statens havarikommisjon for transport | 52 301 | 56 300 | 59 000 | 4,8 |
Sum kategori 21.20 | 1 000 866 | 941 600 | 957 800 | 1,7 | |
Vegformål | |||||
1320 | Statens vegvesen | 18 935 131 | 14 061 200 | 15 084 900 | 7,3 |
Sum kategori 21.30 | 18 935 131 | 14 061 200 | 15 084 900 | 7,3 | |
Særskilte transporttiltak | |||||
1330 | Særskilte transporttiltak | 686 196 | 747 100 | 824 800 | 10,4 |
Sum kategori 21.40 | 686 196 | 747 100 | 824 800 | 10,4 | |
Jernbaneformål | |||||
1350 | Jernbaneverket | 7 801 295 | 8 380 300 | 9 266 400 | 10,6 |
1351 | Persontransport med tog | 1 674 168 | 1 748 600 | 2 220 100 | 27,0 |
1354 | Statens jernbanetilsyn | 37 211 | 47 200 | 51 600 | 9,3 |
Sum kategori 21.50 | 9 512 674 | 10 176 100 | 11 538 100 | 13,4 | |
Sum programområde 21 | 30 498 128 | 26 369 800 | 28 834 100 | 9,3 | |
Post og telekommunikasjoner | |||||
1370 | Posttjenester | 518 000 | 497 000 | 345 000 | -30,6 |
1380 | Post- og teletilsynet | 205 764 | 213 700 | 208 200 | -2,6 |
Sum kategori 22.10 | 723 764 | 710 700 | 553 200 | -22,2 | |
Sum programområde 22 | 723 764 | 710 700 | 553 200 | -22,2 | |
Sum utgifter | 31 221 892 | 27 080 500 | 29 387 300 | 8,5 |
Inntekter fordelt på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
Administrasjon m.m. | |||||
4300 | Samferdselsdepartementet | 4 456 | 2 000 | 2 100 | 5,0 |
Sum kategori 21.10 | 4 456 | 2 000 | 2 100 | 5,0 | |
Luftfartsformål | |||||
4312 | Oslo Lufthavn AS | 444 400 | |||
4313 | Luftfartstilsynet | 140 958 | 119 500 | 126 800 | 6,1 |
4314 | Statens havarikommisjon for transport | 474 | |||
5619 | Renter av lån til Oslo Lufthavn AS | 236 848 | 214 200 | 236 800 | 10,6 |
5622 | Aksjer i Avinor AS | 315 000 | |||
Sum kategori 21.20 | 378 280 | 333 700 | 1 123 000 | 236,5 | |
Vegformål | |||||
4320 | Statens vegvesen | 708 533 | 460 100 | 474 400 | 3,1 |
4322 | Svinesundsforbindelsen AS | 24 142 | 27 000 | 41 000 | 51,9 |
5624 | Renter av Svinesundsforbindelsen AS | 36 143 | 38 000 | 34 000 | -10,5 |
Sum kategori 21.30 | 768 818 | 525 100 | 549 400 | 4,6 | |
Jernbaneformål | |||||
4350 | Jernbaneverket | 650 334 | 597 100 | 599 000 | 0,3 |
4354 | Statens jernbanetilsyn | 273 | |||
5611 | Aksjer i NSB AS | 14 000 | 145 000 | 53 000 | -63,4 |
5623 | Aksjer i Baneservice AS | 18 000 | |||
Sum kategori 21.50 | 664 607 | 742 100 | 670 000 | -9,7 | |
Sum programområde 21 | 1 816 161 | 1 602 900 | 2 344 500 | 46,3 | |
Post og telekommunikasjoner | |||||
4380 | Post- og teletilsynet | 164 090 | 178 400 | 172 100 | -3,5 |
Sum kategori 22.10 | 164 090 | 178 400 | 172 100 | -3,5 | |
Sum programområde 22 | 164 090 | 178 400 | 172 100 | -3,5 | |
Sum inntekter | 1 980 251 | 1 781 300 | 2 516 600 | 41,3 |
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå sesjonen 2007–2008
På Samferdselsdepartementets område vedtok Stortinget i sesjonen 2007–2008 eit oppmodingsvedtak – vedtak nr. 402, 13. mars 2008. Oppfølginga av vedtaket er omtalt nærare i del III i proposisjonen.
4 Diverse tabellar
Garantiordningar og -fullmakter
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Dato siste St.vedtak | Ansvar pr. 31.12.2009 | Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2010 | Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2011 | |
Restverdigaranti for togmateriell, bokførte verdiar | 10.12.2009 | 2 974 000 | 2 759 000 | 2 815 000 |
Restverdigaranti for togmateriell, oppgraderingar og nyinvesteringar | 10.12.2009 | 3 525 000 | 3 225 000 | 3 225 000 |
Lån til ferjer i riksvegsamband | 07.12.2004 | 309 617 | 80 000 | 70 000 |
Sum |
I Prop. 1 S (2009–2010) var totalramma for nytt og gammalt ansvar i 2010 for lån til ferjer i riksvegsamband ført opp med 50 mill. kr. Det riktige talet skal vere 80 mill. kr, jf. tabellen ovanfor. Ved utarbeidinga av statsbudsjettet for 2010 var det føresett at ei ferje ved årsskiftet 2009/2010 anten ville bli fristilt med overgang til drifting på anbod eller at ansvaret for ferja ville bli ført over til Rogaland fylkeskommune som følgje av forvaltningsreforma. Ferja har i 2010 ikkje vore nytta i tilskotsamband, korkje i statleg- eller fylkeskommunal ferjedrift. Staten har derfor garantiansvaret for ferja også etter 2009.
Det har aldri vore utbetalingar (tap) under nokon av garantiordningane.
Bestillingsfullmakter
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Fullmakt | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
1350 | Jernbaneverket | Materiell | 800 | 800 |
Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2010 | Forslag 2011 |
1301 | 50 | Samferdselsforsking | 6 282 | 150 800 |
1301 | 72 | Tilskot til miljøvenleg transport, Transnova-prosjektet | 91 536 | 73 200 |
1310 | 70 | Kjøp av innanlandske flyruter | 728 | 692 600 |
1311 | 71 | Tilskot til ikkje-statlege flyplassar | 3 056 | 26 600 |
1320 | 23 | Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. | 192 080 | 7 170 100 |
1320 | 29 | Vederlag til OPS-prosjekt | 43 604 | 443 000 |
1320 | 60 | Forsøk | 27 713 | 0 |
1320 | 72 | Kjøp av riksvegferjetenester | 99 494 | 446 400 |
1330 | 60 | Særskilt tilskot til kollektivtransport | 99 955 | 513 100 |
1350 | 23 | Drift og vedlikehald | 323 000 | 4 923 000 |
1350 | 25 | Drift og vedlikehald av Gardermobanen | 16 200 | 76 300 |
1351 | 70 | Kjøp av persontransport med tog | 60 910 | 2 220 100 |
1380 | 70 | Tilskot til teletryggleik og -beredskap | 0 | 26 100 |
For kap. 1301, post 50 kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over posten, går over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift. Også prosjekt på kap. 1301, post 72, vil kunne gå ut over budsjettåret. Sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for nye forhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde året. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.
For kap. 1320, postane 23, 29, 60 og 72 og kap. 1350, postane 23 og 25, er årsaka til stikkordet at løyvingane heilt eller delvis blir nytta til byggje- og anleggsarbeid som går over fleire år, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane. Det er derfor naturleg at også postar utover 30-postane er gjort overførbare.
Når det gjeld BRA-programmet på kap. 1330, post 60, blir halvdelen av tilskota til bykommunar og/eller fylkeskommunar utbetalt ved prosjektstart og resten når prosjektet er ferdig. Dette medfører at siste utbetalinga ikkje finn stad før året etter prosjektstart.
Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.
Post- og teletilsynet pålegg leverandørar av elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester som tilsynet har inngått avtale med, å kjøpe beredskapsmateriell. For å sikre at leverandørane får betalt, dersom materiellet blir forseinka, er kap. 1380, post 70, gjort overførbar.
Budsjettendringar på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2010
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Prop. S | Innst. S | Saldert budsjett 2010 | Endring | Revidert budsjett |
1310 | 70 | 106 | 301 | 629 200 | 26 700 | 655 900 |
1313 | 01 | 125 | 350 | 168 300 | 500 | 168 800 |
1320 | 23 | 125 | 350 | 6 178 600 | 70 000 | 6 248 600 |
1320 | 29 | 125 | 350 | 441 000 | 59 000 | 500 000 |
1320 | 30 | 125 | 350 | 5 110 400 | 130 000 | 5 240 400 |
1320 | 61 | 125 | 350 | 28 000 | -3 000 | 25 000 |
1320 | 72 | 125 | 350 | 436 000 | -700 | 435 300 |
1330 | 70 | 125 | 350 | 298 000 | 26 200 | 324 200 |
1330 | 75 | 125 | 350 | 20 000 | -15 000 | 5 000 |
1350 | 23 | 125 | 350 | 4 387 000 | 260 000 | 4 647 000 |
1350 | 30 | 125 | 350 | 3 763 600 | -50 000 | 3 713 600 |
1350 | 31 | 125 | 350 | 130 000 | 64 000 | 194 000 |
Budsjettendringar på inntektskapittel etter saldert budsjett 2010
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Prop. S | Innst. S | Saldert budsjett 2010 | Endring | Revidert budsjett |
5611 | 85 | 125 | 350 | 145 000 | 27 000 | 172 000 |
5623 | 85 | 125 | 350 | 0 | 20 400 | 20 400 |