Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2011

6 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Miljøverndepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2011 er på 1 102,2 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 27 mill. kroner, eller 2,5 pst. samanlika med saldert budsjett for 2010.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1400

Miljøverndepartementet

616 773

580 468

580 098

-0,1

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

465 140

494 733

522 135

5,5

Sum kategori 12.10

1 081 913

1 075 201

1 102 233

2,5

Kap. 1400 Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

207 208

221 010

229 013

21

Spesielle driftsutgifter

182 222

154 532

153 405

22

Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast

3 725

2 000

3 000

70

Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

40 240

41 528

42 505

71

Internasjonale organisasjonar

41 540

42 777

45 429

72

Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast

1 800

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast

24 119

20 750

18 750

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

3 700

3 700

3 700

75

Miljøvennleg byutvikling, kan overførast

58 492

31 000

31 000

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

21 535

21 571

20 696

79

Den nordiske verdsarvstiftelsen

5 000

5 000

5 000

80

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22

6 572

600

600

81

Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern, kan overførast, kan nyttast under post 22

20 620

36 000

27 000

Sum kap. 1400

616 773

580 468

580 098

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Talet på tilsette har variert i løpet av den siste 10-årsperioden, frå nedgang i perioden 2001 til 2005 (frå 256 årsverk til 223 årsverk) og ei naturleg styrking opp til 246 årsverk i 2010 som følgje av auka innsats innanfor områda klima og naturens mangfald.

Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl.a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøarbeidet.

Innanfor løyvinga vil departementet nytte eit beløp til kjøp av klimakvoter. Beløpet vil tilsvare dei inntektene departementet tek inn ved parkering på departementet sitt område. Desse inntektene blir førde under kap. 4400, post 02 og er berekna til om lag 100 000 kroner i 2011.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.

Miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

I 2011 blir tiltaka under posten ført vidare på om lag same nivå som i 2010.

Løyvingane som er foreslått i 2011-budsjettet vil blant anna bli nytta til ein styrkjing av miljøarbeidet i nordområdet på 5 mill. kroner. Artsdatabanken blir òg styrkja med 5 mill. kroner i 2011. I samband med iverksetjing av ny plan- og bygningslov i 2009 er det sett av midlar til å styrkje plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt. Auka kunnskap om fagfeltet og mogligheita den nye lova set kommunane i stand til å fatte vedtak som gir berekraftig utvikling av lokalsamfunn og miljø.

Midlane til artsprosjektet er no samla på posten ved at 5 mill. kroner er flytta frå kap. 1427 post 21. I 2011 er det løyvd 25 mill. kroner til prosjektet.

Post 22 Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast

Midlane under posten er knytte til underområde arealpolitikk og samfunnsutvikling under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling.

Løyvinga på 3 mill. kroner skal nyttast til statens eigne utgifter knytt til lokalt miljøvern og universell utforming. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle og post 81 Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern.

Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

Midlane under posten er retta mot resultatområde 7 Andre verkemiddel.

Posten omfattar grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over Miljøverndepartementets budsjett. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område innan departementets ansvarsområde.

Departementet har tilskotsordninga for miljøorganisasjonane til vurdering, og tek sikte på at nye reglar vil gjelde frå 2012. Organisasjonane vil få forslag til endring på høyring. For 2011 vil dei tidlegare fastsette reglane gjelde.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Tabell 6.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Rekneskap 2009

Vedteke budsjett 2010

Forslag 2011

Noregs Naturvernforbund

7 010

7 175

Framtiden i våre hender

2 790

2 856

Den Norske Turistforening

4 744

4 856

Noregs Jeger- og fiskerforbund

5 912

6 051

Friluftslivets fellesorganisasjon

2 914

2 983

Norsk Ornitologisk Forening

1 887

1 931

Noregs kulturvernforbund

799

818

Fortidsminneforeningen

3 934

4 027

Forbundet Kysten

1 761

1 802

Norsk forening for fartøyvern

1 619

1 657

Natur og Ungdom

1 428

1 462

Noregs Miljøvernforbund

252

258

WWF-Noreg

1 645

1 684

Norsk forening mot Støy

1 016

1 040

Norsk Vannforening

327

335

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

959

981

Norsk Biologforening

216

221

Norsk Zoologisk Forening

216

221

Norsk Entomologisk Forening

216

221

Norsk Botanisk Forening

216

221

Foreningen Våre Rovdyr

299

306

Noregs Sopp- og nyttevekstforening

216

221

Miljøagentene

1 152

1 179

Sum

41 528

42 505

Departementet tek atterhald og vurderer fortløpande om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Løyvinga foreslåas auka med om lag 2,7 mill. kroner. Auken relaterer seg til ei generell prisjustering og auke i kontingentane som Noreg skal betale for Kyotoprotokollen og klimakonvensjonen. Vidare aukar posten som følgje av diverse nye kontingentar til internasjonale konvensjonar og auka utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN).

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Interimssekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Kyotoprotokollen

  • Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)

  • Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar

  • Århuskonvensjonen om miljøinformasjon

  • Århuskonvensjonsprotokoll om forureina utslepp og utsleppsregister (PRTR)

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast

Midlar og oppgåver vart overført til kap. 1474 Senter for klima og miljø frå og med 2010.

Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot alle resultatområda til Miljøverndepartementet. Målet med løyvinga er å stimulere ei berekraftig utvikling.

Departementet har tilskotsordninga under posten til vurdering, og tek sikte på at nye reglar mulig vil gjelde frå 2012. For 2011 vil dei tidlegare fastsette reglane gjelde.

1) Øyremerkte tilskot

Mål

Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

I 2011 vil ordninga omfatte:

  • Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd.

  • Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.

  • Driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon).

  • Prosjekttilskot til LOOP, ein stiftelse som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall.

  • Prosjekttilskot til Avfall Noreg si Farleg avfall-kampanje 2011 som har som mål å auke korrekt innlevering av farleg avfall og å betre kunnskapen om kva som er farleg avfall og kor det skal leverast.

Kriterium for måloppnåing

I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.

Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på verksemdas resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

2) Til disposisjon for departementet

Det er sett av midlar til tilskot til miljøstiftelsen Bellona og Zero til arbeid med klima- og energitiltak. Det er òg sett av midlar som departementet vil disponere til prosjekt og tiltak som ligg innafor målsetjingane til posten, som til dømes Regnskogfondet. Departementet vil følgje opp tilskot på bakgrunn av rapportar frå tilskotsmottakarane.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.

Mål

Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.

Stiftelsen AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.

Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast

Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen.

Mål

Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016.

Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet følgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast og forståinga for historia skal styrkjast.

Kriterium for måloppnåing

Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane innan program 2 og føre fram til fysiske forbetringar.

I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar:

  • Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.

  • Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.

  • Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

Tildelingskriterium

Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2. Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk. Kvart tertial blir det utarbeidd rekneskapsrapportar. Det blir utarbeidd årlege rapportar og handlingsprogram for kvar programgruppe.

Evaluering

Arbeidet blir følgt opp med dokumentasjon av tilhøve ved oppstart, evaluering undervegs og midvegs og avsluttande rapport.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Midlane under denne posten gjeld resultatområda 1 Naturmangfald og friluftsliv, 3 Vassforureining, miljøgifter og avfall, 4 Luftforureining og klima og 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Det er lagt inn 1,5 mill. kroner til eit samarbeidsprosjekt med Sverige med mål om å reetablere Vänern-laksen i Trysil-vassdraget.

Mål

Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget, grenseoverskridande luftforureiningar og helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle tilskotsordningar frå departementet.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån

Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991.

Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. Departementet har fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremje forslag til løyving for Stortinget. Dette er gjort for at innfriinga av garantiar skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2011, jf. forslag til vedtak III. Det var ingen tap på ordningane i 2010. Garantiansvaret for dei som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 2,5 mill. kroner pr. 31. desember 2008 til om lag 1,34 mill. kroner ved utgangen av 2009.

Tabell 6.2 Garantifullmakt under kap. 1400 post 77

II Statsgaranterte lån i private kreditt-institusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND)

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2009

0

b)

Garantiansvar 31.12.09

1337

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2010

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2011

0

e)

Totalramme i 2011

1337

Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen

Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda.

Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF).

Mål

Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22

Midlane under posten er knytte til underområde arealpolitikk og samfunnsutvikling under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling.

Posten skal ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og føremålet universell utforming i ny plan- og bygningslov. Midlane er knytte til departementet sine tiltak i ny handlingsplan for universell utforming 2009-2013.

Dei er samordna med stimuleringsmidlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, knytt til handlingsplanen og særleg retta mot kommunesektoren.

Ettersom offentlege instansar har ansvaret for å resultatfølgje enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 22.

Mål

Ordninga skal støtte mål, strategiar og prioriterte tiltak i tråd med den nye plan- og bygningslova si styrking av universell utforming og gjennomføring av departementet sine tiltak i ny handlingsplan. Målgrupper er kommunale og regionale forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.

Kriterium for måloppnåing

Ordninga skal stimulere til nytenking i planlegging og utforming av byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk.

Post 81 Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern, kan overførast, kan nyttast under post 22

Midlane under posten er knytte til underområde arealpolitikk og samfunnsutvikling under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Midlane omfattar satsinga på Framtidas byar med 25 mill kroner. Det er òg avsett midlar under kap. 1400 post 21 til Framtidas byar. Løyvinga foreslåast redusert med 10 mill. kroner som følgje av at satsinga på Livskraftige kommunar blir avslutta i 2010. Vidare startar departementet eit arbeid med å bringe miljøvernet nærare folket. Posten foreslåast styrkt med 2 mill. kroner til dette prosjektet som er kalla «Miljø365». Føremålet er å engasjere enkeltmenneske i ulike typar miljøspørsmål, skape debatt, og motivere og leggje til rette for miljøvennleg åtferd. Gjennom informasjon og tiltak av meir handlingsretta karakter vil en søkje å skape entusiasme og engasjement både for pågåande og eventuelle nye aktivitetar.

Framtidas byar

Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten, kommunane i dei største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa og sikre eit godt bymiljø. Programmet er eitt av tiltaka i Klimameldinga og er starta fordi det er naudsynt med felles innsats og politisk vilje både frå kommunar og stat for å nå klimamåla. Arbeidet er kopla til «Klimaløftet» og «Miljø365».

Mål

Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte framtidige klimaendringar. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet.

Kommunane har utarbeidd handlingsprogram saman med regionale styresmakter og i dialog med staten. Også næringslivet, organisasjonar og innbyggjarane blir trekte med. Handlingsprogramma er grunnlag for forpliktande samarbeidsavtaler mellom byane, staten og næringslivet. Avtalene skal sikre at planar og tiltak som det er semje om, blir gjennomførte av partane.

Kriterium for måloppnåing

Med bakgrunn i dei nasjonale måla og kommunane sine eigne mål for reduksjon av energibruk og klimagassutslepp, vil det bli utarbeidd informasjonssystem og indikatorar for å kunne følgje utviklinga. Det blir lagt vekt på utvikling og formidling av gode eksempel, slik at kommunane både i og utanfor programmet kan få kunnskap og inspirasjon til å gjennomføre gode og effektive tiltak. Ei samordning av tiltak og ressursar gjennom partnarskap vil venteleg føre til meir effektiv ressursbruk og raskare løysingar.

Tildelingskriterium

Regjeringa ønskjer i første rekkje avtaler med dei byane som vil gripe tak i klima- og miljøutfordringane på ein grunnleggjande ny måte, og er innstilte på å bruke verkemidla sine slik at dei byggjer opp under felles visjonar, mål og strategiar. Den statlege innsatsen vil i hovudsak vere knytt til bruk av ordinære budsjett- og tilskotsmidlar meir samordna og sterkare retta mot måla i Framtidas byar, til dømes innafor samferdsels- og energisektoren. Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar.

Oppfølging og kontroll

Ved sida av bruk av informasjonssystem og indikatorar, blir det lagt opp til årleg rapportering av oppnådde resultat og ressursbruk innan dei prioriterte miljøområda. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk, blant anna gjennom faglege samlingar og bruk av fagkoordinatorar på kvart innsatsområde.

Evaluering

Ei følgjeevaluering av programmet blir nytta til læring både på lokalt og på sentralt nivå og gir grunnlag for å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel.

Kap. 4400 Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Ymse inntekter

8 092

337

347

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

1 446

956

1 430

16

Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar

1 687

18

Refusjon av sjukepengar

1 555

Sum kap. 4400

12 780

1 293

1 777

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,4 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Miljøovervaking og miljødata

143 887

144 558

159 958

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

131 460

140 667

149 718

51

Forskingsprogram m.m.

144 518

166 518

167 518

53

Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

5 005

6 160

6 351

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

19 738

14 538

15 038

72

Tilskot til Genøk – Senter for biotryggleik

12 400

13 900

14 900

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstituttene

8 132

8 392

8 652

Sum kap. 1410

465 140

494 733

522 135

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda, unnateke underområde Kart, geodata og eigedomsinformasjon under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Regjeringa legg vekt på å vidareføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2011 og fremjar forslag om å auke løyvingane til forsking og overvaking med respektive 12 mill. kroner og 15,4 mill. kroner i 2011.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

I 2011 er det føreslått ei totalløyving til miljøovervaking og miljødata på 160,0 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2010 på om lag 15,4 mill. kroner. Av dette skal 6,9 mill. kroner gå til å etablere ein ny modell for rovviltovervaking. Midla er omdisponerte frå kap. 1427 post 73. Til styrkt overvaking av vassressursane er det lagt inn 5 mill. kroner. I samband med villaksen, er det lagt inn 3,5 mill. kroner til auka bestandsovervaking og overvaking av virkningar frå oppdrettsverksemd.

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast, er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.

Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.

Det er i hovudsak forskingsinstitutt mv. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.

Situasjonen for tareskogen med tilhøyrande økosystem langs kysten er framleis alvorleg. Kunnskapen vi no har om årsaker til situasjonen gir grunnlag for å setje i verk tiltak. Likevel er det naudsynt med ei meir omfattande kartlegging av tilhøva for tareskogen langs heile kysten, både for å få god nok kjennskap til tilstanden og for å sikre at tiltaka vert målretta.

Posten dekkjer òg overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP og auka overvaking av truga og sårbare arter, blant anna tareskog.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga i 2011 foreslåas auka med 9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010, for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga i sektoren. Posten dekkjer grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutt (miljøforskingsinstitutta og Transportøkonomisk institutt) og dei strategiske instituttløyvingane til miljøforskingsinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Bioforsk, Jord og miljø på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Nytt finansieringssystem for instituttsektoren

Regjeringa innførte eit nytt, felles basisfinansieringssystem for instituttsektoren frå 2009, jf. omtale i St. prp nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet.

Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Det nye systemet skal fordele ein del av grunnløyvinga etter resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter. Alle indikatorane skal vektast mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (eksl. finansinntekter).

Frå 2011 vil 5 prosent av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på indikatorane nemnde over.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO) og Transportøkonomisk institutt (TØI) som er sentrale institutt innanfor sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt på sine område.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde.

Framlegget til løyvinga for 2011 inneber ein auke med 1 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2010. Auka skuldast at 1 mill. kroner er overført frå kap 1400, post 21 Spesielle driftsutgifter. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, med unntak av 1 mill. kroner som går til forskingsprosjekt med medverknad frå brukarane. Til det tverrfaglege prosjektet om kystsoneforvaltning «Bit for bit utbygging i kystsonen – Konsekvenser for natur og næring» er det sett av 0,3 mill. kroner til Noregs fiskarlag og Fiskarlagets servicekontor og 0,1 mill. kroner til Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR). Til prosjektet «Water pollution Abatment in a system of Multilevel Governance: A study of Norway`s implementation of EUs Water Framework Directive» (WAPABAT) er det sett av 0,3 mill. kroner til NIBR, og til forprosjektet om heilskapleg planlegging og utvikling av miljøvennlege småbåthamner er det sett av 0,3 mill. kroner til CIENS – Forskingssenter for miljø og samfunn.

Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Miljøverndepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda i Del III i denne proposisjonen. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd forvaltar tiskot frå i alt 16 departement. Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for departementas tildelingar av midlar til Noregs forskingsråd. Systemet vart teke i bruk frå og med budsjettåret 2010. Målstrukturen består av eit overordna mål som er operasjonalisert i tre mål med tilhøyrande delmål. Basert på desse måla er det utvikla eit sett med styringsparameter som vil vere grunnlaget for Forskingsrådets rapportering til departementa. Departementa vil i samarbeid med Forskingsrådet utvikle det nye MRS-systemet vidare.

Måla for departementa sine tildelingar er som følgjer:

Overordna mål:

Forskingsrådet skal bidra til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal framskaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for vår erkjenning.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Mål 3: Resultata til forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

For nærare omtale av systemet og måla, sjå kap. 5, Forsking og utvikling i Prop. 1 S (2010-2011) Kunnskapsdepartementet.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Framlegget til løyving for 2011 utgjer ein auke med 0,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010. Auken går til CIENS – Forskingssenter for miljø og samfunn for utarbeiding av heilskaplege informasjonspakkar for kunnskapsstatus frå forskinga.

Løyvinga inkluderer også 1,5 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund

Mål

Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Løyvinga i 2011 er auka med 1 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010.

Mål

Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

Mål

Løyvinga skal sikre drift av NINAs forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks, med 3 mill. kroner, og skal òg støtte andre naudsynte infrastrukturtiltak i institutta.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.

Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Refusjon frå diverse fond

4 000

Sum kap. 4410

4 000

Løyvinga gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 5578 i programkategori 12.20.

Programkategori 12.20 Naturmangfald og friluftsliv

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv. Resultatområde 1 omfattar berekraftig bruk og vern av mangfaldet i naturen, dvs. naturtypar, arter og genressursar, og friluftsliv. Arbeidet på dette resultatområdet omfattar òg mange internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av mangfaldet i naturen.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 1,396 mrd. kroner i 2011. Dette er ein auke på 59 mill. kroner eller 4,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2010. Dei største endringane innanfor kategorien er at det er lagt inn ei auke på 20 mill. kroner til forvaltning og skjøtsel av verneområde, 19 mill. kroner til erstatning ved rovdyrtap, 10 mill. kroner til prioriterte arter og utvalde naturtypar, 8 mill. kroner til marin verneplan, og 7 mill. kroner til dei regionale og sentrale vassregioninstansane (av ein totalauke på 15 mill. kroner til styrkt vassforvaltning).

Innsatsen mot framande arter og i høve til genmodifiserte organismar blir ført vidare på omtrent same nivå innafor programkategorien. Hovudinnsatsen med omsyn til genmodifiserte organismar ligg innafor programkategori 12.10, jf. kap. 1410 post 72 Tilskot til Genøk – Senter for biotryggleik.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1425

Vilt- og fisketiltak

75 034

78 075

80 100

2,6

1426

Statens naturoppsyn

209 114

202 000

211 832

4,9

1427

Direktoratet for naturforvaltning

1 076 082

1 057 265

1 104 031

4,4

Sum kategori 12.20

1 360 230

1 337 340

1 395 963

4,4

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

27 242

28 480

27 600

61

Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast

3 390

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

9 855

9 295

9 000

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

34 547

40 300

43 500

Sum kap. 1425

75 034

78 075

80 100

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er retta mot resultatområde 1, først og fremst underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, men involverer òg underområde 4 Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet, post 71 Sektoravgifter under Viltfondet og post 72 Sektoravgifter under Statens fiskefond. Samla sett er løyvingane noko auka i høve til 2010. Innbyrdes er fisketiltaka reduserte mens vilttiltaka er auka. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1427, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til faste tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.

Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.

Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå 2009 vart det høve til å fremje søknader om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Føremålet har vore å sikre lik behandling og betre utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. I 2011 vil det vere obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar.

Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmentas tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene, utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a.

Framlegget til løyving utgjer ein reduksjon med 0,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2010. Reduksjonen er knytt til prosjekt og administrasjon i høve til fiske. Dette skuldast lågare inntekter frå fiskaravgiftene, jf. omtalen under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast

Posten vart lagt ned i 2010-budsjettet, og midlane overflytte til løyvingane under post 01 Driftsutgifter (villreinnemndene) og post 71 Tilskot til viltformål.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

I 2011 er posten foreslått redusert med 0,3 mill. kroner. Dette skuldast nedgang i inntektene frå fiskaravgiftene. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god fiskeforvaltning, kultiveringstiltak og medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot.

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Ein kan gi tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, bruksforsking og overvaking. Tiltak kan vere direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

71.1

Hjortevilttiltak

7 846

7 750

4 250

71.2

Villreintiltak

1 787

3 350

3 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

18 928

22 700

28 900

71.4

Viltovervaking

5 986

6 500

6 500

Sum post 71

34 547

40 300

43 500

Midlane under posten er retta mot resultatområde, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar.

Ein gjer framlegg om å auke posten med 3,2 mill. kroner i 2011 som ein konsekvens av at avgiftsinntektene er venta å auke. Internt på posten er det flytta 3,5 mill. kroner frå underpost 1 Hjortevilttiltak til underpost 3 Lokale vilttiltak mv. Føremålet er å samle midlane som blir nytta av fylkeskommunane på same underpost. Bakgrunnen er endringar som følgjer av regionreforma. Fylkeskommunane disponerer no midlar på posten knytt til dei artene som fylkeskommunane har forvaltningsansvar for.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.

Etter endringane i viltlova i 2001 krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett tekne vare på ved at fylkesmennene/fylkeskommunane forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot.

Tildelingskriterium

På bakgrunn av søknader via eit sentralt nettbasert søknadssenter tildeler fylkesmannen eller fylkeskommunane tilskot til regionale utviklingsoppgåver som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.

Tiltak som kan få tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan ytast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Den skal dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetjing av bestandar, og hjorteviltdelen av programmet for vilthelseovervaking. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Frå underposten er det omdisponert 3,5 mill. kroner til underpost 71.3 for å samle tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar på same underpost.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. Det er lagt inn 0,5 mill. kroner til styrking av villreintiltaka.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.

Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av naturmangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.

I samband med regionreforma har fylkeskommunane overteke forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innafor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane. Tilskotsmidlar til fylkeskommunane er derfor budsjetterte fullt ut på denne underposten.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver på vegner av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning.

I tillegg til at 3,5 mill. kroner er omdisponerte frå underpost 71.1. i samband med regionreforma, er underposten generelt styrkt med 2,7 mill. kroner.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

51

Refusjon frå Viltfondet

61 942

52

Refusjon frå Statens fiskefond

16 000

Sum kap. 4425

77 942

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

71

Jeger- og fellingsavgifter

70 400

73 600

72

Fiskaravgifter

16 175

15 000

Sum kap. 5578

86 575

88 600

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1427 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2011, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

I dette framlegget aukar løyvinga med 3,2 mill. kroner i høve til 2010. Dette er ein konsekvens av at avgiftene blir prisjusterte i 2011. Midlane er nytta slik at tilskota til viltformål under kap. 1425 post 71 blir styrkte i 2011.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

  • Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

  • Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet i høve til innbetalte avgifter føregåande år.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2008. Ein gjer derfor framlegg om å endre desse for 2011. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitte i tabell 6.3.

For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2011 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 6.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2011 (tal i heile kroner)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2011

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

300

195 000

58 500 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

80

105 000

8 400 000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:

185

20 000

3 700 0001

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

60

2 000

120 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

265

3 000

795 000

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

155

1 200

186 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

71 701 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

485

25 000

12 125 000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

285

12 000

3 420 000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

370

20 000

7 400 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

225

6 100

1 372 500

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

24 317 500

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2011 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2009/2010. Talet er vurdert til ca. 20 000.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 6.4.

Tabell 6.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2011

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.09:

6 312

Budsjettert innbetalt i 20101:

67 419

Budsjettert refusjon i 2010 (utbetalingar frå fondet):

-70 400

Budsjettert saldo pr. 31.12.10:

3 331

Budsjettert innbetalt i 20112:

73 732

Budsjettert refusjon i 2011 (utbetalingar frå fondet):

-73 600

Budsjettert saldo pr. 31.12.11:

3 463

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01 og 71, kap. 1427 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2011 gjer ein framlegg om at 4,9 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysund-registra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 6.5.

Tabell 6.5 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2011:

(i 1000 kr)

Formål

Sentrale fallviltutgifter (kap.1425.01):

1 000

Drift villreinnemndene (kap.1425.01):

4 000

Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv., inkl. drift av Jegerregisteret (kap. 1425.01):

18 817

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

4 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

3 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

28 900

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

6 500

Sum under kap. 1425:

67 317

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

3 000

Tilskotsforvaltning i DN (kap 1427 post 01):

3 283

Totalsum:

73 600

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter.

Spesielt om lisensfelling av rovvilt

Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er foreslått redusert med 1,175 mill. kroner i høve til 2010. Reduksjonen skuldast reduserte inntekter frå fiskaravgiftene.

Nærare om Statens fiskefond

Mål

I lov om laksefisk og innlandsfisk o.a., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift for fiske etter innlandsfisk vart i 2002 sett til kr 0, slik at denne i praksis er avskaffa. Fiskaravgift til staten skal etter dette berre betalast for fiske etter anadrom laksefisk. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål. Vidare skal det ikkje betalast fiskaravgift for fritidsfiske etter anadrom laksefisk i sjøen.

Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:

  • Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.

  • Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at om lag halvparten av fondsinntektene skal gå til lokale tiltak.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk vart sist endra i 2009. For 2011 gjer Regjeringa framlegg om å justere avgiftene i samsvar med prisstigninga for perioden.

For fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag inneber framlegget ei årsavgift for enkeltpersonar på 235 kroner, mens familieavgifta er foreslått sett til 375 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år.

For fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli er det gjort framlegg om ei årsavgift på 585 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli er foreslått sett til 355 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 6.6.

Tabell 6.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2011

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.09:

1 367

Budsjettert innbetalt i 20101:

16 175

Budsjettert refusjon i 2010 (utbetalingar frå fondet):

- 16 175

Budsjettert saldo pr. 31.12.10:

1 367

Budsjettert innbetalt i 20111:

15 401

Budsjettert refusjon i 2011 (utbetalingar frå fondet):

-15 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.11

1 768

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01 og 70) og kap. 1427 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 6.7.

Tabell 6.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2011:

 

(i 1000 kr )

Formål

 

Prosjekt, administrasjon mv. (kap.1425.01):

3 783

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

9 000

Sum under kap. 1425:

12 783

Administrative utgifter i DN (kap. 1427.01)

1 217

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50):

1 000

Totalsum

15 000

Spesielt om lokal bruk av midlane

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Kap. 1426 Statens naturoppsyn

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

97 280

111 412

117 244

30

Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast

41 346

27 391

29 391

31

Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde, kan overførast

52 103

39 502

41 502

32

Skjergardsparkar o.a., kan overførast

18 385

23 695

23 695

Sum kap. 1426

209 114

202 000

211 832

Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv og i noko grad resultatområde 7 Andre verkemiddel.

Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn

Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996 for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn skal ha eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde og skal føre kontroll med at regelverket i fleire miljølover vert etterlevd. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst er prioriterte.

Hovudoppgåvene er førebygging av miljøkriminalitet og kontroll med at miljølovene vert etterlevde, naturrettleiing, rettleiing om regelverket og dei nasjonale miljøverdiane, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området.

Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både politiet, Kystvakta, Statskogs fjellteneste, fjelloppsynet i regi av fjellstyra og bygdeallmenningar. Samordning med politiet er særleg viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse bl.a. gjennom miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.

Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som vart gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal for verksemda og står no fram som eit landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Miljøverndepartementet har utvikla ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn og har gitt klarare styringssignal.

Miljøverndepartementet legg vekt på Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat, men viser òg til at Statens naturoppsyn har auka innsatsen når det gjeld naturrettleiing. Det er tilsett naturrettleiarar ved dei to villreinsentra, ved eit nasjonalparksenter og i Telemark/Vestfold (særleg knytt til utviklingsarbeid innafor fagområdet). SNO bidreg òg til ei toårig traineestilling som naturrettleiar ved Kunnskapssenter for Laks og Vassmiljø i Namsos. I tillegg er det engasjert naturrettleiarar i sommarsesongen både i Jotunheimen og Femundsmarka.

Direktoratet for naturforvaltning, Politidirektoratet og Riksadvokaten har utvikla ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane. Både Miljøverndepartementet og Justis- og politidepartementet har sagt seg nøgde med dette arbeidet.

Det skal framleis vere rom for fjelloppsynet som ledd i eit heilskapleg naturoppsyn, jf. Innst. O. nr. 100 (2008-2009) s. 29. Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentleg-rettslege oppsynet som Statens naturoppsyn driv. Lov om statleg naturoppsyn etablerer Statens naturoppsyn som ansvarleg for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane gjennom tilsyn med dei lovene som er opprekna i § 2 i lova. Heimelen til å føre kontroll med lovene opprekna i lov om statens naturoppsyn § 2 ligg utanfor fjellova. Det går likevel fram av standardinstruksen for oppsyn i statsallmenningar at «fjelloppsynet skal føre kontroll med at lovene nevnt i lov om statlig naturoppsyn § 2 og bestemmelser gitt i medhold av disse blir overholdt. For dette arbeidet gjelder Nasjonal instruks for naturoppsyn gitt av Direktoratet for naturforvaltning ved Statens naturoppsyn.» Fjelloppsynets lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det totale oppsynet. Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at det vert utvikla eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og Statens naturoppsyn.

Miljøverndepartementet har ansvaret for kvaliteten i det samla naturoppsynet og miljøstyresmaktene må vere trygge på å ha eit oppsyn som følgjer opp dei nasjonale miljøverdiane på ein einskapleg, profesjonell og føreseieleg måte.

Gjennom ny naturmangfaldlov som tredde i kraft 1. juli 2009, er det innført tilsynsheimlar som vil lette gjennomføringa av dei oppgåvene tilsynsstyresmakta er pålagt etter lova.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er hovudsakleg retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, og underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. I noko grad går midlane òg til underområde 4 Friluftsliv og resultatområde 7 Andre verkemiddel. Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, både i den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning, og til lokalt oppsynspersonell og naturrettleiarar, lokalt timeengasjert personell og til kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar, og til engasjert personell i samband med ulike statlege fellingsoppdrag. Utgifter knytte til oppdragsverksemda er førte under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter og post 02 Oppdragsinntekter. Andre utgifter førte under driftsposten er knytte til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr og HMS-utstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturrettleiing m.m. og utviklingskostnader.

Posten er auka med nær 6 mill. kroner i framlegget. Det er lagt inn 3 mill. kroner til nye naturoppsynsstillingar. Dette er en del av satsinga på forvaltning og skjøtsel av verneområde med totalt 20 mill. kroner. Vi viser til omtale i innleiinga til kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning under overskrifta «Satsingar for naturmangfald og friluftsliv». Til kompensasjon for lønnsstigninga er det òg lagt inn 3 mill. kroner.

Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Midlane på posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og andre område i nasjonalparkplanen i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan og andre relevante styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ymse slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane og andre verneområde i nasjonalparkplanen.

Nasjonalparkar og andre større verneområde skal på ein berekraftig måte bli meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.

Løyvinga aukar med 2 mill. kroner som del av ei satsing på forvaltning og skjøtsel av verneområde.

Post 31 Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde og skal dekkje feltvise utgifter i verneområde oppretta ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til skjøtsel for å ta vare på naturmangfald, opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum og informasjonstiltak ute.

Om lag 6 mill. kroner av løyvinga skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket, som er eit samarbeid mellom landbruk, kultur og naturforvaltning.

Løyvinga aukar med 2 mill. kroner som del av ei satsing på forvaltning og skjøtsel av verneområde.

Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast

Posten er primært retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv. I tillegg er midlane retta mot underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Posten dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert på statleg initiativ. Posten dekkjer dessutan statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta og oppsynsbåtar til Statens naturoppsyn.

Regjeringa foreslår ei bestillingsfullmakt under posten på 7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI nr. 1.

Kap. 4426 Statens naturoppsyn

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Ymse inntekter

142

146

02

Oppdragsinntekter

50

102

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

231

18

Refusjon av sjukepengar

78

Sum kap. 4426

309

192

248

Post 01 Ymse inntekter

På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.

Post 02 Oppdragsinntekter

I samband med overføringa av Statskogs fjellteneste i Finnmark til Statens naturoppsyn, er det budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseigedommen. Løyvinga er auka grunna forventa høgare inntekter enn budsjettert for 2010.

Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

128 539

137 114

155 761

21

Spesielle driftsutgifter

236 709

254 485

274 644

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

57 250

36 405

36 405

31

Tiltak i friluftsområde, kan overførast

55 987

24 500

24 500

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

14 064

19 450

10 950

33

Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast

3 805

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

5 392

54 100

54 100

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

172 003

134 981

134 981

49

Statlege tileigningar, kjøp av forsvaret sine eigedommar

856

60

Tilskot til lokalt utviklingsfond

23 000

10 000

6 000

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast

88 618

88 000

88 000

71

Forvaltningstiltak i verdensarvsområde, kan overførast

9 597

9 600

9 600

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

135 223

116 895

136 223

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

84 181

75 000

68 100

74

Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast

17 432

20 693

20 693

75

Internasjonale avtaler og medlemskap

1 006

1 042

1 074

76

Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast

17 400

17 400

37 000

77

Tilskot til nasjonalparksenter, kan overførast

15 020

19 600

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast

10 000

8 000

8 000

81

Verdiskapingsprogram for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21

10 000

10 000

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

20 000

28 000

Sum kap. 1427

1 076 082

1 057 265

1 104 031

Midlane under kap. 1427 er retta mot alle resultatområda, men i særleg grad resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, og resultatområde 7 Andre verkemiddel.

Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver

Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.

Direktoratet for naturforvaltning arbeider bl.a. med etablering og forvaltning av verneområde, forvaltning av truga arter inkludert utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar, lakseforvaltning, marin naturforvaltning, vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv. Dette arbeidet er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområdeomtala i del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:

  • Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna

  • Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep

  • Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting

  • Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning.

Satsingar for naturmangfald og friluftsliv

I budsjettforslaget for 2011 er det totalt ei auke på 83 mill. kroner når det gjeld naturmangfald og friluftsliv samanlikna med saldert budsjett for 2010. I 2010-budsjettet vart det lagt inn ei styrking til føremåla på 150 mill. kroner i høve til 2009, og likeins vart 2009-budsjettet auka med 345 mill. kroner i høve til 2008-budsjettet. Under følgjer ei oversikt over midlane som vil bli brukt på dei største satsingane.

Forvaltning av verneområde (utanom skog)

Til forvaltning og skjøtsel av verneområde er det lagt inn ein auke på 20 mill. kroner, slik at budsjettet kjem opp i 243 mill. kroner. Auka er retta mot etablering av ein ny modell for lokal forvaltning av verneområda og fordelt på kap. 1426 postane 01, 30 og 31 samt kap. 1427 postane 01 og 21. Midlane er fordelte i budsjettet som følgjer:

  • 2,8 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til miljøovervaking av verneområde

  • 48 mill. kroner under kap. 1426 post 01, ei auke på 3 mill. kroner til nye naturoppsynsstillingar

  • 29,4 mill. kroner under kap. 1426 post 30, ei auke på 2 mill. kroner til styrka tiltak i nasjonalparkane

  • 41,5 mill. kroner under kap. 1426 post 31, ei auke på 2 mill. kroner til skjøtselstiltak i verneområde

  • 6 mill. kroner under kap. 1426 post 32 til oppsyn i verneområde langs kysten

  • 16,5 mill. kroner under kap. 1427 post 01, ei auke på 10 mill. kroner til nye stillingar som områdeforvaltarar

  • 52 mill. kroner under kap. 1427 post 21, ei auke på 3 mill. kroner til drift av dei lokale nasjonalparkstyra. Midla går til prosesskostnader, konsekvensutgreiingar mv. til gjennomføring av nasjonalparkplanen, utarbeiding av forvaltningsplanar, tilsynsutval og lokal forvaltning av nasjonalparkar og verneområde. I beløpet ligg òg 2 mill. kroner til skjøtsel og ei interkommunal stilling i samband med vernet av Trillemarka-Rollagsfjell

  • 9,6 mill. kroner under kap. 1427 post 71 til forvaltninga av naturdelen i verdsarvområda Vega-øyan og det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden

  • 37 mill. kroner til nasjonalparksenter og andre informasjonssenter knytte til verneområde under kap. 1427 post 76.

Utover dette har posten til erstatningar for vern under nasjonalparkplanen, kap. 1427 post 34, ei løyving på 54,1 mill. kroner. Samla budsjett for erstatningar for vern er i 2011 65 mill. kroner (utanom skog).

Forvaltning og erstatningar sett under eit, blir det i 2011 brukt om lag 308 mill. kroner på verneområde. Då er skogvern halde utanfor, jf. omtale nedanfor.

Verdiskaping i samband med verneområde

Satsinga på verdiskaping i samband med natur- og verneområde held fram. Totalt blir for 2011 foreslått nytta 22 mill. kroner til verdiskaping. Dette er ein reduksjon i høve til 2010 på 4 mill. kroner som skuldast at eingongsløyvinga til naturbasert reiseliv i samband med Breheimen nasjonalpark går ut. Dei 22 mill. kronene blir fordelt slik:

  • 6 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til prosjektfinansiering og prosesskostnader, av dette 5 mill. kroner til verdiskapingsprogrammet.

  • 6 mill. kroner under kap. 1427 post 60 til utvikling i kommunane rundt Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat

  • 10 mill. kroner under kap. 1427 post 81 til tilskotsordninga for verdiskapingsprogrammet.

Skogvern

I budsjettforslaget for 2011 legg ein opp til å nytte 137 mill. kroner (same som i 2010) på skogvern og prosessar knytte til dette, fordelt slik:

  • 2 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til prosessutgifter i samband med skogvernarbeidet

  • 135 mill. kroner under kap. 1427 post 35 til erstatningar ved vern av skog

I tillegg er det under kap. 1427 post 60 sett av midlar (6 mill. kroner) i samband med vernet av Trillemarka-Rollagsfjell, jf. omtala av verdiskaping ovanfor.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

Virkemidla prioriterte arter og utvalde naturtypar er sentrale i naturmangfaldlova, jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009). Til å innarbeide lova i den kommunale og statlege forvaltninga, ligg det inne 48 mill. kroner, ei auke på 10 mill. kroner. Midlane ligg på følgjande postar:

  • 8 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til kompetanseoppbygging i kommunane om den nye naturmangfaldlova

  • 12 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til førebuing og gjennomføring av tilskotsordningane for prioriterte arter og utvalde naturtypar (auka med 2 mill. kroner)

  • 28 mill. kroner under kap. 1427 ny post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, ei auke på 8 mill. kroner

Rovvilt

I budsjettforslaget for 2011 er det foreslått å nytte omlag 251 mill. kroner til erstatningar, førebyggjande og konfliktdempande tiltak og til skadefellingar, ei auke på 19 mill. kroner i høve til 2010:

  • 23,1 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til bestandsovervaking, ein auke på 6,9 mill. kroner til ny modell for bestandsovervaking

  • 1,8 mill. kroner til forsking under kap. 1410 post 51

  • 16 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til skadefelling i regi av tilsette i Statens naturoppsyn, drift av kontaktnettet for rovvilt og lønn til jegerar som Statens naturoppsyn engasjerer ved ekstraordinære fellingsoppdrag

  • 5,4 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til drift av fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjering for dei regionale rovviltnemndene, drift og sekretariat (hos fylkesmennene) for rovviltnemndene.

  • 136,2 mill. kroner under kap. 1427 post 72 til erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt, ein auke på 19,3 mill. kroner grunna auka erstatningsutbetalingar i 2009.

  • 68,1 mill. kroner under kap. 1427 post 73 til førebyggings- og konfliktdempande tiltak, ein reduksjon på 6,9 mill. kroner. Midla er overførte til forsterka ordning med lokal bestandsovervaking under kap. 1410 post 21

Villaks

I budsjettforslaget for 2011 legg en opp til å nytte 149,5 mill. kroner til villaksføremål. Dette er ein auke på 6,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2010:

  • 1,5 mill. kroner under kap. 1400 post 76 til eit samarbeidsprosjekt med Sverige med mål om å reetablere Vänern-laksen i Trysil-vassdraget.

  • 3,5 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til bestandsovervaking og til overvaking av virkningar av oppdrettsverksemd på villaksen

  • Om lag 6,7 mill. kroner under kap. 1410 post 51 til forsking

  • 3,8 mill. kroner under kap. 1425 post 01 til ulike bevaringstiltak, ei nedgang på 0,9 mill. kroner grunna reduksjon i talet på innbetalte fiskeavgifter til Statens fiskefond

  • 9 mill. kroner under kap. 1425 post 70 til lokale og sentrale fisketiltak, ei reduksjon på 0,3 mill. kroner grunna reduksjon i talet på innbetalte fiskeavgifter til Statens fiskefond

  • 6,7 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til lakseoppsyn m.m.

  • 78,4 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til særskilte tiltak for villaksen, under dette 61 mill. kroner til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

  • 40 mill. kroner under kap. 1427 post 70 til kalkingstiltak for bevaring av laksestammane i forsuringsramma vassdrag

Villrein

Samla blir det i 2011 foreslått å nytte nær 16 mill. kroner til sikring av villreinen. Det er ei lita auka på 0,5 mill. kroner i høve til 2010. Midlane ligg slik i budsjettet:

  • 6 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til arbeidet med villrein som ansvarsart og til regionale planprosessar for villreinfjella

  • 4 mill. kroner under kap. 1425 post 01 til villreinnemndene

  • 3,850 mill. kroner under kap. 1425 post 71 til villreintiltak, ei auke på 0,5 mill. kroner

  • Om lag 2 mill. kroner under kap. 1427 post 21 til Snøhetta-prosjektet

I tillegg kjem tilskot til villreinsentra under kap. 1427 post 76.

Bevaring av andre truga arter

Til arbeidet for bevaring av andre truga dyre- og plantearter blir det i 2011 foreslått å nytte 42,5 mill. kroner. Midlane ligg på desse postane:

  • I overkant av 1 mill. kroner under kap. 1410 post 21 til overvaking (primært fjellrev)

  • Under kap. 1426 post 01 er det lagt inn 0,75 mill. kroner til oppsyn med truga arter og naturtypar

  • 40,5 mill. kroner under kap. 1427 postane 01 og 21 til å utarbeide og følgje opp handlingsplanar for arter og naturtypar.

Artsprosjekt og naturindeks

Totalt er det sett av 40 mill. kroner til artsprosjektet og arbeidet med naturindeks på tre postar:

  • 25 mill. kroner under kap. 1400 post 21 til artsprosjektet for systematisk kartlegging av artene i norsk natur, av dette er 5 mill. kroner flytta frå kap. 1427 post 21 (same formål som før)

  • 15 mill. kroner under kap. 1427 postane 01 og 21 til å utvikle vidare og framskaffe fleire data som grunnlag for Naturindeks for Noreg, eit viktig verktøy for å måle utviklinga i det norske naturmangfaldet.

Framande arter

Arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien mot framande skadelege arter blir foreslått å halde fram på om lag same nivå som i 2010, dvs. 13 mill. kroner. Midlane ligg under kap. 1427 post 21 og går til blant anna tiltaksplanar, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking.

Vassforvaltning

Det blir foreslått ei styrking av arbeidet med oppfølginga av EUs rammedirektiv for vatn. Forvaltninga vil i all hovudsak bli styrt etter kjemiske og økologiske mål som blir sette i vassførekomstane. Forvaltningsplanar for dei første utvalde vassområda vart ferdigstilte i 2009, og frå 2010 til 2015 skal ein arbeide med å kartleggje, overvake og ta fram forvaltningsplanar for heile landet. I budsjettet for 2011 er det under Miljøverndepartementet foreslått løyvd til saman 48 mill. kroner til å setje i verk EUs vassrammedirektiv. Dette er ei auke på 15 mill. kroner i høve til 2010. Midlane er fordelte slik:

  • 6,9 mill. kroner under kap. 1400 post 21, ei auke på 1 mill. kroner til utredningsoppgåver

  • 10,4 mill. kroner under kap. 1410 post 21, ei auke på 5 mill. kroner til styrka overvaking av vassførekomstane,

  • 29 mill. kroner under kap. 1427 post 21, ei auke på 7 mill. kroner til regional og sentral styrking av oppgåver vassregion instansane utfører, til utvikling av system for økologisk og kjemisk klassifisering av vatn. Av midla skal om lag 3 mill. kroner nyttast til tiltak mot krypsiv.

  • 2 mill. kroner under kap. 1441 post 21 til tiltak i oppfølging av vassforskriften

I tillegg ligg det midlar under Kommunal- og regionaldepartementet i samband med at fylkeskommunane frå 1. januar 2010 overtok fleire oppgåver frå fylkesmannen på miljøsida, blant anna innafor vassforvaltning.

Havforvaltning

Det er føreslått 26 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning av dei norske havområda. Dette er ei styrking på 3 mill. kroner i 2011. Midlane er fordelte slik:

  • 14,5 mill. kroner under kap. 1400 post 21, ei auke på 3 mill. kroner til utarbeiding av forvaltningsplanar for havområda

  • 3 mill. kroner under kap. 1427 post 21

  • 5,5 mill. kroner under kap. 1441 post 21

  • 3 mill. kroner under kap. 1471 post 21

Ein gjer merksam på at beløpa under kap 1441 og 1471 ikkje var nemnde i denne oversikta i 2010-budsjettet, jf. Prop. 1 S (2009–2010).

Satsingar for friluftsliv

I budsjettet for 2011 er det sett av 120 mill. kroner til friluftslivet. Dette er ein auke på om lag 6 mill. kroner i høve til 2010. Midlane ligg på desse postane:

  • 9 mill. kroner under kap. 1400 postane 01 og 21, ei auke på 4 mill. kroner som er lagt inn til markaoppgåver og utarbeiding av ein nasjonal handlingsplan for friluftsliv (sjå òg midlar til same formål under kap. 1427 post 21). Elles skal postene dekkje oppfølging av markalova med 4 mill. kroner og prosjektet «den naturlege skulesekken»

  • 2,2 mill. kroner under kap. 1426 post 01 til friluftsoppgåver utførte av Statens naturoppsyn

  • 16,2 mill. kroner under kap. 1426 post 32 til tiltak i skjergardsparkane og friluftslivsområde langs kysten, ein auke på 1 mill. kroner

  • 3,4 mill kroner under kap. 1427 post 21, ein auke på 2 mill. kroner. Auken er lagt inn til utarbeiding av ein nasjonal handlingsplan for friluftsliv. Elles skal posten dekkje direktoratets arbeid med strandsona, inkludert juridisk hjelp til kommunar

  • 36,4 mill. kroner under kap. 1427 post 30 til utgifter ved sikring av friluftsområde

  • 24,5 mill. kroner under kap. 1427 post 31 til tiltak i friluftsområde

  • 20,7 mill. kroner under kap. 1427 post 74 i tilskot til stimuleringstiltak for friluftslivet

  • 8 mill. kroner under kap. 1427 post 78 til arbeid for friluftslivet gjennom Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

Utover dette kjem utgifter til lønn og drift for tilsette med oppgåver innan friluftsliv i Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning.

I samband med at fylkeskommunen har overteke dei fleste av fylkesmannens oppgåver innan friluftsliv (og enkelte andre miljøvernoppgåver), vart fylkeskommunanes driftsbudsjett under Kommunal- og regionaldepartementet styrkt i 2010.

Fylkeskommunen har òg overteke fylkesmannen si rolle med å fordele nokre av tilskotsmidlane under kap. 1427.

Inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON)

Bakgrunn og definisjonar

Dei attverande naturområda i Noreg utan tyngre tekniske inngrep representerer ulike typar miljøverdiar, blant anna landskapsverdiar og store samanhengande naturområde. Slike naturområde utan tyngre tekniske inngrep er naturkvalitetar er det vanskeleg å finne i mange land elles i Europa, og dei gir grunnlag for unike naturopplevingar. Store samanhengande naturområde kan òg vere viktige leveområde for arter som er følsame for menneskelege forstyrringar og inngrep, og som spreiings- og vandringskorridorar for ulike arter. På grunn av menneskeskapte klimaendringar vil venteleg mange arter i framtida ha auka behov for slike spreiings- og vandringskorridorar for å finne eigna levestader. Natur med eit urørt preg og utan tyngre tekniske inngrep er ein viktig kvalitet som også etterkommarane våre har rett til å oppleve. Bevaring av slik urørt natur er òg viktig for å ta vare på Noreg som attraktivt reisemål og som turistnasjon.

Inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON) vart etablerte som ein indikator på arealbruksutviklinga over tid og status for natur utan tyngre tekniske inngrep i Noreg. Direktoratet for naturforvaltning starta arbeidet med å kartleggje inngrepsfrie naturområde i 1994. Kartlegginga har gitt ei oversikt over status for og utvikling av inngrepsfrie område frå 1988 og fram til 2008.

Inngrepsfrie naturområde er av Direktoratet for naturforvaltning definert som område som ligg ein kilometer eller meir i luftlinje frå tyngre tekniske inngrep. Denne definisjonen er presentert i fleire stortingsmeldingar, blant anna i St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø – muligheter i skogsektoren, St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv og St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

INON-kartlegginga deler inngrepsfri natur inn i tre kategoriar ut frå horisontal avstand til tyngre tekniske inngrep:

Inngrepsfri kategori

Avstand frå inngrep

Sone 2

1-3 km

Sone 1

3-5 km

Villmarksprega

5 km eller meir

Område som ligg mindre enn ein kilometer frå tyngre tekniske inngrep er karakteriserte som inngrepsnære.

Tiltak og anlegg definerte som tyngre tekniske inngrep:

  • offentlege vegar og jernbanelinjer med lengd over 50 meter, unnateke tunnelar

  • skogsbilvegar med lengd over 50 meter

  • traktor-, landbruks-, anleggs- og setervegar og andre private vegar med lengd over 50 meter

  • gamle ferdselsvegar rusta opp for bruk av traktor tilsvarande traktorveg klasse 7/8 eller betre standard

  • godkjende barmarksløyper (Finnmark)

  • kraftlinjer bygde for spenning på 33 kV eller meir

  • massive tårn og vindturbinar

  • større steintippar, steinbrot og massetak

  • større skitrekk, hoppbakkar og alpinbakkar

  • kanalar, forbyggingar, flaumverk og røyrgater i dagen

  • magasin (heile vasskonturen ved høgaste regulerte vasstand), regulerte elvar og bekkar

Auka tap av inngrepsfri natur i Noreg

Den siste kartlegginga for perioden 2003-2008 viser at nedbyggingstakten no har auka betydeleg sidan perioden 1998-2003. Over 1 000 kvadratkilometer inngrepsfri natur gjekk tapt i perioden 2003 – 2008. Dette er ein auke på vel 30 pst. i forhold til førre perioden. For heile perioden frå 1988 til 2008 er det registrert eit bortfall på nesten 6 000 kvadratkilometer med inngrepsfri natur. Dette svarar nær på til det samla arealet av fylka Østfold og Vestfold.

Kartlegginga for perioden 2003 – 2008 viser at utbyggingar i vassdrags- og energisektoren står for ca. 40 pst. av bortfallet av inngrepsfrie naturområde, mens landbrukssektoren står for vel 30 pst. av bortfallet i same perioden.

Grunnen til at vassdrags- og energisektoren står med størst bortfall i perioden 2003-2008, er i hovudsak at det i perioden har vore utbyggingar av større kraftlinjer, auka satsing på småkraftverk, etablering av vindkraftanlegg og iverksetjing av nye/gamle konsesjonar for vasskraftutbygging. Innanfor landbrukssektoren skuldast bortfallet i all hovudsak bygging av nye skogsvegar.

Figur 6.1 Utvikling for bortfall av inngrepsfri natur i perioden
1988–2008.

Figur 6.1 Utvikling for bortfall av inngrepsfri natur i perioden 1988–2008.

Omsyn til inngrepsfrie naturområde ved behandlinga av utbyggingssaker

Inngrepsfrie naturområde representerer verdiar som må takast med i vurderinga når det blir planlagt utbygging og andre inngrep i nye område. Det er oftast vanskeleg å reversere tyngre tekniske inngrep, og tap av inngrepsfri natur er permanent i dei fleste tilfella.

Aktuelle lovverk som blir nytta i behandlinga av ulike typar utbyggingssaker heimlar på ulik måte at det blir teke omsyn til ulike typar miljøverdiar, eksempelvis viktige område for naturmangfald, viktige friluftslivsområde og inngrepsfrie naturområde. Nedanfor følgjer ei oversikt over lover som regulerer arealutnytting, og der det skal takast omsyn til naturverdiar, under dette inngrepsfrie naturområde, ved utøving av mynde etter lova. Nokre av lovene nemner spesielt at det skal takast «miljøhensyn», «hensyn til naturmiljøet» og liknande. Andre lover inneheld meir generelle formuleringar om «allmenne hensyn» osv. Også i slike tilfelle vil det likevel vere høve til å ta omsyn til naturverdiar då dette må sjåast på som eit allment omsyn. Dei mest aktuelle lovene er venteleg:

  • Lov 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom mv.

  • Lov 14. desember 1917 nr. 17 om vassdragsreguleringar

  • Lov 21. juni 1963 nr. 23 veglova

  • Lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk

  • Lov 19. juni 2009 nr. 101 om erverv og utvinning av mineralressurser

  • Lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane

  • Lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag

  • Lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.

  • Lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall

  • Lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur

  • Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling

  • Lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m.

  • Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord

  • Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann

  • Lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom mv.

  • Lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold.

Det er såleis bl.a. desse ulike lovene med tilhøyrande forskrifter som gir det juridiske grunnlaget for korleis ulike miljøverdiar og andre omsyn blir handterte og balanserte i den konkrete saksbehandlinga i enkeltsaker. Det inneber at det å ta vare på inngrepsfri natur er eit omsyn som kan vere ein sjølvstendig grunn for å nekte inngrep.

Dei konkrete miljøkvalitetane skal generelt dokumenterast og vurderast som ledd i saksbehandlinga, slik at ein har eit godt avgjerdsgrunnlag i den enkelte utbyggingssaka. Ein viser òg til reglane i naturmangfaldlova Kap. II Alminnelige bestemmelser om bærekraftig bruk, som kjem til bruk når det gjeld alle tiltak som gjeld natur.

Det er følgjeleg juridisk grunnlag i lovverket for å kunne ta vare på inngrepsfrie naturområde.

Det er fleire konkrete eksempel på korleis omsynet til inngrepsfrie naturområde er innarbeidd i forvaltninga. I «Retningslinjer for små vannkraftverk» (Olje- og energidepartementet 2007) og «Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg» (Miljøverndepartementet/Olje- og energidepartementet 2007) er forholdet til inngrepsfrie naturområde (INON) i saksbehandlinga for respektive små vasskraftverk og vindkraftanlegg beskrivne. Det er generelt lagt særleg vekt på å bevare:

  • Villmarksprega område.

  • Samanhengande inngrepsfrie område frå fjord/lågland til fjell.

  • Inngrepsfrie område i kommunar og regionar (uavhengig av sone) med lite resterande inngrepsfri natur.

  • Inngrepsfrie område i kombinasjon med andre viktige miljøkvalitetar, for eksempel knytt til biologisk mangfald og friluftsliv.

Det er ikkje nødvendigvis slik at eit planlagt tiltak som vil redusere inngrepsfrie naturområde blir nekta. I «Retningslinjer for små vannkraftverk» (Olje- og energidepartementet 2007) går det eksempelvis fram at reduksjon av INON vil vere ein indikasjon på konflikt, men at det vil vere viktig å vurdere grada av konflikt i kvart enkelt tilfelle.

I tillegg til den konkrete oppfølginga som er nemnt nedanfor når det gjeld landbruksvegar, vil Regjeringa generelt leggje vekt på omsynet til inngrepsfrie naturområde. Dette er i samsvar med ei rekkje politiske dokument som er lagt fram av ulike regjeringar og som støttar opp om målsetjinga om å sikre attverande inngrepsfrie naturområde i størst mogleg grad.

Pågåande samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet om miljøomsyn ved skogsvegbygging

Det går føre seg eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet med sikte på meir heilskaplege vurderingar knytte til både miljøomsyn og næringsverksemd i samband med planlegging og bygging av skogsvegar.

I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand går det fram at Regjeringa vil:

  • Endre regelverket for bygging av skogsveger slik at blir teke omsyn til inngrepsfrie naturområde i tråd med Soria Moria-erklæringa. Førebu oppfølging av dette ved å vurdere datakvaliteten for skogsvegar og inngrepsfrie område, og skogbruket sitt behov for vegbygging og klarleggje konsekvensar og moglegheiter med sikte på endring i regelverket for tilskot i 2007.

  • Sikre ei planlegging og saksbehandling ved bygging av skogsvegar som tek vare på viktige område for biologisk mangfald og område med nasjonalt viktige verneverdiar. Leggje vekt på ei opa haldning og medverknad i planlegging og saksbehandling knytt til skogsvegbygging.

I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen er dette samarbeidet mellom dei to departementa nærare omtalt. Her går det blant anna fram at ein vil sjå regelverket i samanheng med dei nye verkemidla i naturmangfaldlova.

Eit viktig grunnlag for å sluttføre dei varsla revisjonane av regelverket for bygging av landbruksvegar er no på plass, då rapporten frå Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning om «Skogsveibygging og hensynet til inngrepsfrie naturområder i Noreg (INON)» vart lagt fram i mai 2010. Rapporten gir konkrete vurderingar og tilrådingar om tiltak, og vil bli vurdert i oppfølginga av dei to departementa.

I løpet av hausten og vinteren 2010-2011 vil Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Miljøverndepartementet gjennomføre den tidlegare varsla revisjonen av regelverket som er knytt til landbruksvegar.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot dei fleste resultatområda, men først og fremst resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv med underområde og dernest resultatområde 7 Andre verkemiddel.

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette. Den dekkjer òg ulike driftsutgifter i form av husleige, IT-utgifter, informasjon, innanlands- og utanlandsreiser og internasjonalt arbeid i Direktoratet for naturforvaltning. For ei utgreiing av kva slags føremål løyvinga dekkjer, viser vi til omtala under «Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet. Posten er auka med nær 19 mill. kroner. Til nye stillingar som lokale naturforvaltarar i verneområde er det lagt inn 10 mill. kroner. For å gjere direktoratet i stand til å følgje opp dei nye fagoppgåvene det har fått dei siste åra og for 2011, er det lagt inn 4 mill. kroner. Dei siste nær 5 mill. kronene er kompensasjon for lønnsoppgjeret i staten i 2010.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda med unnatak for resultatområde 6. Mest midlar går til oppgåver innafor resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv med størst ressursbruk på underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427. Løyvinga er foreslått auka med 20 mill. kroner. I tillegg til dette er det gjort ein del interne omdisponeringar mellom fagprosjekta på posten.

Det er lagt inn 10 mill. kroner til villaks, mellom anna til «Laks i nordområdene» med vekt på Tana, til Villaksportal og til utvikling av kvalitetsnormer for vill laksefisk. Samstundes er det tatt ut ei eingongsløyving på 7 mill. kroner til villaks frå 2010-budsjettet i samband med utviding i oppdrettskapasiteten.

Det er lagt inn 8 mill. kroner til arbeidet med marin verneplan, inkludert utarbeiding av konsekvensanalysar.

Til regional og sentral styrking av oppgåver som blir utførde av vannregioninstansane, er det lagt inn 7 mill. kroner. Av dette skal 3 mill. kroner gå til tiltak mot krypsiv.

Til norsk oppfølging av det globale naturpanelet er det satt av 3 mill. kroner på posten. Same beløp er lagt inn til drift av nasjonalparkstyrane som får ein sentral plass i den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde.

2 mill. kroner er sett av til utarbeiding av nasjonal handlingsplan for friluftslivet. Same beløp er lagt inn til føremålet under kap. 1400 post 21, slik at det i 2011 vert satt av 4 mill. kroner til planen.

Vidare er det lagt inn 2 mill. kroner til styrka kapasitet for å utarbeide og sette i verk handlingsplanar for prioriterte arter og utvalde naturtypar.

For å samle budsjettet til Artsprosjektet er det flytta 5 mill. kroner til kap. 1400 post 21. Noreg skal vere vert for det 10. partsmøtet for bevaring av trekkjande arter; Bonn-konvensjonen. Det er lagt inn 2,5 mill. kroner til dette føremålet.

Posten dekkjer mykje av bevaringsarbeidet for villaksen med vekt på tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, midlar til oppfølging av strategi mot andre framande og skadelege arter, arbeidet med genmodifiserte organismar, og sikring av truga arter på den norske raudlista som til dømes bevaring av fjellreven. I samband med rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Det er òg midlar til det statleg/kommunale kartleggingsarbeidet for naturmangfald.

Posten dekkjer saksutgiftene i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar, drift av forvaltningsordningar, evaluering av eksisterande vern og innhenting av kunnskap om effekt av auka bruk i verneområde.

Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, verneplan for vassdrag, og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. Posten har òg midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde. Elles blir utgifter til internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga og drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard dekte over posten. Posten blir foreslått auka med 1 mill. kroner grunna fleire internasjonale oppdrag dei siste åra. Desse oppdraga får direktoratet betaling for, og inntektsløyvinga er derfor tilsvarande auka under kap. 4427 post 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv.

Regjeringa held fram arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område nær store befolkningskonsentrasjonar blir sikra. Det er òg viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.

Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.

Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.

På posten ligg det 2 mill. kroner til oppfølging av markalova.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 35 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Det blir elles vist til nærare omtale under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, underområde 4 Friluftsliv i del III i denne proposisjonen.

Post 31 Tiltak i friluftsområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til ulike praktiske tiltak og skjøtsel som følgjer av statleg sikring av viktige friluftslivsområde, jf. omtale av slik sikring under kap. 1427 post 30. Prioritert vert naturvenlege tiltak for opparbeiding og anna praktisk tilrettelegging med grunnlag i godkjent forvaltningsplan for å kunne betre tilhøva for mange brukarar og ulike brukargrupper. Posten dekkjer berre utgifter innan forvaltningsordningar etablerte på statleg initiativ eller etter særskild avtale. Det blir elles vist til nærare omtale under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, underområde 4 Friluftsliv i del III i denne proposisjonen.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 28 mill. kroner i 2011, jf. forslag til vedtak VII. Prognosen for erstatningsutbetalingar i 2011 fører til at løyvinga er redusert med 8,5 mill. kroner.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde i del III i denne proposisjonen.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Noreg, vil i det alt vesentlege sluttførast i 2010-2011. Det står att ni verneplanar. To av dei – Treriksrøysa og Tysfjord-Hellemobotn – er førebels utsette. For dei resterande sju vert det gjennomført prosessar for å finne fram til gode løysingar. Dette gjeld framlegg til nasjonalparkane Rohkunborri, Goahtteloubal og Sundsfjordfjella, framlegg til landskapsvernområda Sølen og Kvænangsbotn-Navitdalen, og utviding av nasjonalparkane Ormtjernkampen og Øvre Anarjohka.

Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 102 mill. kroner i 2011, jf. forslag til vedtak VII.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde i del III i denne proposisjonen.

Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 140 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.

Tilsegnsfullmakta gir rom for nytt vern på statsgrunn for om lag 80 mill. kroner.

Det blir elles vist til nærare omtale av skogvernarbeidet under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

Post 49 Statlege tileigningar, kjøp av forsvarets eigedommar, kan overførast

Det vart i St.prp. nr. 65 (2004-2005) og i St.prp. nr 66 (2005-2006) løyvd midlar til kjøp av avhenda forsvarseigedommar for friluftslivsformål. Løyvingsforslaget for 2009 var knytt til dei siste utbetalingane for kjøp av forsvarseigedommar og posten vart lagt ned i 2010-budsjettet.

Post 60 Tilskot til lokalt utviklingsfond

Tilskotsordninga under denne posten rettar seg mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

I samband med Regjeringas avgjerd om utvida vern i Trillemarka-Rollagsfjell blir det etablert eit felles utviklingsfond for dei tre kommunane Rollag, Sigdal og Nore og Uvdal på 30 mill. kroner. Det er lagt opp til at løyvinga blir fordelt over fem år med eit årleg beløp på 6 mill. kroner. Dette er tredje året med løyving. Eit styre samansett av ordførarane i dei tre kommunane og to representantar oppnemnde av Innovasjon Noreg i Buskerud forvaltar fondet.

Posten er redusert med 4 mill. kroner. I 2010 fekk Direktoratet for naturforvaltning tildelt 4 mill. kroner til utvikling av naturbasert reiseliv i samanhang med Breheimen nasjonalpark. Dette var ei eingongsløyving som er teken ut i 2011.

Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar, men er elles sterkt relaterte til underområde 4 Friluftsliv og resultatområde 4 Luftforureining og klima.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra hatt eit nivå på om lag 3 000 lokale prosjekt og 22 elvekalkingsprosjekt.

Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd. Dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylte er det berekna at om lag 7 pst. av landet vere påverka i 2010, og etter dette og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Denne avtala er under revisjon.

Kriterium for måloppnåing

Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.

Tildelingskriterium

Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2011-2015, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer dessutan informasjon om effektar av utførte tiltak og rettleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.

Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.

Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.

Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og naturmangfaldet er sikra gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.

Post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, men omfattar i tillegg resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø. Frå posten blir det gitt tilskot til arbeidet for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Vega-øyan vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart ført på lista i 2005.

Det er stort behov for forvaltningstiltak som kan halde ved lag dei verdiane som ligg til grunn for utpeikinga som verdsarvområde. Det er oppretta ei tverrdepartemental arbeidsgruppe for å sikre ein samordna og målretta bruk av statlege verkemiddel inn mot dei viktigaste utfordringane i verdsarvområda slik dei kjem fram i ein tiltaksplan kommunane har utarbeidd.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.

Tildelingskriterium

Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

72.1

Erstatning for husdyr

77 226

77 293

88 621

72.2

Erstatning for tamrein

57 997

39 602

47 602

Sum post 72

135 223

116 895

136 223

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten omfattar erstatningar for dokumentert og sannsynleggjort tap av husdyr og tamrein som følgje av rovdyrangrep. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Posten er styrkt med 19 mill. kroner på grunnlag av ein auke i erstatningsutbetalingane i 2009.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei to siste åra som følje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.

Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

Midlane er retta mot resultatområde 1, underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Frå posten er det omdisponert 6,9 mill. kroner til kap. 1410 post 21 for etablering av ein ny modell for roviltovervaking.

Midlane på posten kan nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter eit eige regelverk. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, med vekt på å styrkje allmenta sine interesser innan friluftslivsaktivitetar.

Midlane skal nyttast til arbeid med og konkrete tiltak for å fremje friluftslivet som utgangspunkt for gode helsevanar og miljøhaldningar. Innsatsen vil i første rekkje rettast inn mot barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar. Posten skal òg bidra til drifta av dei regionale nettverka Forum for natur og friluftsliv (FNF).

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv.

Tildelingskriterium

Tiltak som følgjer opp «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009» og rapporten «Friluftsliv for funksjonshemma» vil også i 2010 vere særleg aktuelle for tildeling av stimuleringsmidlar. Primær målgruppe er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.

Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda som igjen står i nær relasjon til arbeidsmål under resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, og å setje Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimelig grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Post 76 Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast

Posten er ny og er ei samanslåing av tidlegare kap. 1427 post 76 Tilskot til informasjons- og kompetansesenter og kap. 1427 post 77 Tilskot til nasjonalparksenter.

Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde, og underområde 2 Berekraftig bruk av vern av arter, bestandar og genressursar. Den er òg nært knytt til underområde 4 Friluftsliv.

Løyvingane til føremålet vart i 2010 auka med 9 mill. kroner til utvikling av fleire senter, jf. blant anna at slike senter er aktuelle som knutepunkt for den nye forvaltningsmodellen for verneområde.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Sentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av natur- og verneområde.

Ordninga omfattar òg etablering og drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Villreinsentra sin hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, dei livsvilkåra den har, krav til leveområde mv., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Tilskot til stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vassmiljø i Namsos er òg omfatta av posten.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar.

For nasjonalparksentra blir måloppnåing òg vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med «Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene» (Rapport 2005-1).

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.

Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 4 Friluftsliv. Friluftsrådas Landsforbund (FL) er ein paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta i 1986, er i jamn vekst, og har i dag 19 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 170 kommunar med opp mot 2/3 av befolkninga i landet.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i dei interkommunale friluftsråda.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir bl.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i dei interkommunale friluftsrådas arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og tal på deltakarar i aktivitetsfremjande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.

Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg

I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.

Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005), at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje dokumenterte flyttekostnader for oppdrettsanlegga innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. konsesjon, jf. forslag til vedtak VII. Dei aktuelle oppdrettsanlegga har frist til innan 1. august 2011 med å flytte ut av fjordane. I samsvar med Stortingets vedtak vil ingen oppdrettsanlegg bli pålagt å flytte før 1. mars 2011. Flyttekostnadene må dokumenterast før utbetaling av kompensasjon kan skje. Det betyr at kompensasjon først blir ytt etter at anlegga har flytta. Når og om krava kjem inn, vil Regjeringa komme tilbake med forslag om løyving.

Post 81 Verdiskapingsprogrammet for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

Mål

Verdiskapingsprogrammet for naturarven har som hovudmål å bidra til at verneområda og andre verdifulle naturområde vert ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal bidra til at verdien av naturområda blir auka med infrastruktur og tilrettelegging som mange kan ha nytte av. Programmet skal òg medverke til betre samarbeid og kunnskap om verneområda.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir bl.a. vurdert gjennom ei ekstern evaluering som starta hausten 2009. Evalueringa vil sjå på om prosjekta når målsetjingane i programmet og syte for årleg rapportering frå prosjekta.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping og dei skal ha geografisk og tematisk spreiing. Prosjekta skal medverke til at måla i verdiskapingsprogrammet blir nådde, og dei skal innehalde mange tiltak og delprosjekt som til saman blir ein heilskap. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi slik at kunnskap om korleis naturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.

Midlane blir òg nytta til å dekkje Direktoratet for naturforvaltning sine utgifter til drift og til evaluering av verdiskapingsprogrammet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Direktoratet for naturforvaltning og prosjekta som er med i verdiskapingsprogrammet og gjennom at Fylkesmannen deltek i prosjektas styrande organ der det vert fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

82.1

Tilskotsordning – prioriterte arter

10 000

14 000

82.2

Tilskotsordning – utvalde naturtypar

10 000

14 000

Sum post 82

20 000

28 000

Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområde 1, underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde og underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Posten er delt i to underpostar, ein for prioriterte arter og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, og ein for utvalde naturtypar. Ein gjer framlegg om å auke posten med 8 mill. kroner for å innsatsen på områda.

Mål

Underpost 1: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyrearter i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er òg å ta vare på prioriterte arter sine økologiske funksjonsområde.

Underpost 2: Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde natur typar.

Kriterium for måloppnåing

Underpost 1: Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til prioriterte arter og økologiske funksjonsområde. Underpost 2: Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Underpost 1: Midlane skal gå til tiltak som sikrar prioriterte arter og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller gjenopprette økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Underpost 2: Midlane skal gå til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.

Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Ymse inntekter

5 141

2 952

3 044

09

Internasjonale oppdrag

13 567

5 132

6 291

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

34

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 056

18

Refusjon av sjukepengar

2 288

54

Gebyr

3 455

3 074

3 074

Sum kap. 4427

25 541

11 158

12 409

Post 01 Ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte oppdragsinntekter, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Direktoratet for naturforvaltning, og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter.

Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt bl.a. miljødirektoratas avtale med Norad i samband med miljøretta bistand, samarbeid med institusjonar i utviklingsland og bilateralt miljøsamarbeid med Russland. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Posten er auka med 1,1 mill. kroner på grunnlag av meirinntekter tidligare år og venta meirinntekter i 2011.

Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 54 Gebyr

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, og til utgifter i samband med merkjepliktig vilt.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyret er på 265 kr. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.

Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2011 på om lag 489,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 7, 8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2010. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner som legg vekt på å sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir aktivt i bruk. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til verdiskapingsprogrammet.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1429

Riksantikvaren

625 572

426 451

429 965

0,8

1432

Norsk kulturminnefond

447 171

55 230

59 480

7,7

Sum kategori 12.30

1 072 743

481 681

489 445

1,6

Kap. 1429 Riksantikvaren

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

105 315

106 867

115 281

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

67 873

23 415

30 915

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 000

3 000

3 000

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

293 786

213 212

216 212

73

Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21

77 165

11 953

11 953

74

Fartøyvern, kan overførast

53 979

42 004

42 004

75

Internasjonalt samarbeid, kan overførast

1 101

1 100

1 100

77

Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

16 976

18 400

3 000

78

Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi, kan overførast, kan nyttast under post 21

6 377

6 500

6 500

Sum kap. 1429

625 572

426 451

429 965

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av ti bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal det medverkast til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar. Kostnader til drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga er òg dekt her. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.

Posten er foreslått auka med 7,5 mill kroner i 2011. Midlane skal gå til ny og moderne fagdatabase, digital kulturminneportal og registrering og overvaking av verneverdige kulturminne (Kunnskapsløft for kulturminnefeltet). Kunnskapsløftet skal bl.a. sikre betre styringsdata (tilstandsdata, rapporter m.v.) og er en av hovedsatsingene for å møte kritikken frå Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av kulturminnefeltet. Det ligg ytterlegare midlar, 5 mill. kroner, til tiltaket på kap. 1400, post 21. Midlane på posten blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid og til skjøtsel, og blir stilte til disposisjon for Sametinget, sjå underpost 72.5.

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

72.1

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak

5 850

12 582

12 582

72.2

Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

108 541

51 867

51 867

72.3

Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

31 210

29 257

29 257

72.4

Kystkultur

24 056

14 700

14 700

72.5

Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

6 134

4 280

4 280

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

15 761

8 808

8 808

72.7

Fartøyvernsentra

12 550

6 550

6 550

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

55 182

39 202

42 202

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

34 502

45 966

45 966

Sum post 72

293 786

213 212

216 212

Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak knytte til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø, og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til vedlikehald og istandsetjing av kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.

Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21 jf. omtale under denne posten.

Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.

Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller prioriterte program.

Ein stor del av løyvinga blir fordelt etter tilråding frå fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydninga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga. Det skal leggjast stor vekt på at tilskota medverkar effektivt til framdrift i arbeidet med å sikre ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.

Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt fastsette av Regjeringa.

Posten er auka med 3 mill. kroner til tekniske og industrielle kulturminne, jf. underpost 72.8.

Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 35 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.

Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak mm.

Staten dekkjer ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak.

Målgruppa er private tiltakshavarar.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane etter § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til andre særskilte tiltak for å verne dei.

Tildelingskriterium

Tilskot skal ytast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelova § 10. Finnarlønn blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald til kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren kontrollerer at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent slik dekning. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar.

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

Staten gir tilskot til å dekkje meirutgifter i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal nyttast til gjennomføring av bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige. For å sikre at freda bygningar som er sette i stand gjennom bevaringsprogrammet held fram med eit godt vedlikehald etter istandsetjing, er Miljøverndepartementet i dialog med bl.a. eigarar for å få etablert ei ordning som skal sikre at utbetaling av tilskot skjer gjennom ein føreseieleg og enkel prosedyre.

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.

Posten må sjåast i samanheng med midlane til Kulturminnefondet, jf. kap. 1432, post 50 til disposisjon for kulturminnetiltak. Kulturminnefondets midlar skal òg brukast til freda kulturminne. Etter fondets forskrifter skal minst 1/3 av avkastninga brukast til dette formålet over tid.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova ved å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar for fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og restaureringstiltak på freda bygningar og anlegg, og sikre at freda bygningar har eit normalt vedlikehaldsnivå.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til å dekkje fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15a i kulturminnelova og til vedlikehald, jf. § 17 i kulturminnelova.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

Posten dekkjer arbeidet i to bevaringsprogram; bevaringsprogrammet for stavkyrkjene og bevaringsprogrammet for ruinane.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til tiltak på mellomalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, under dette tilskot til tiltak innafor eit fleirårig stavkyrkjeprogram for å setje stavkyrkjene i bygningsvis god stand og til sikring og konservering av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene. Midlane dekkjer òg tilskot til tiltak innafor eit fleirårig ruinprogram for å sikre nasjonalt viktige ruinar, og tilskot til andre viktige sikrings- og restaureringstiltak.

Tilskota skal fordelast på grunnlag av same overordna strategi som omtalt under underpost 72.2.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Underpost 72.4 Kystkultur

I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive bustader og gode lokalsamfunn.

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne langs kysten.

I startfasen er det nødvendig å gjere ei prioritering av omfattande og samansette istandsetjingstiltak.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell skal sikrast mellombels.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografisk dokumentasjon frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, Birkelunden i Oslo. Det kan òg ytast tilskot til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot. 1 mill. kroner er øyremerkte skjøtsel og tilrettelegging i Mortensnes kulturminneområde i Nesseby kommune.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Posten blir nytta til arbeidet med bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre arkeologiske kulturminne, under dette arkeologiske kulturminne under vatn. Midlane blir i hovudsak nytta til oppfølging av Bergkunstprosjektet og eit tiårig prosjekt for skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi. Marinarkeologiske kulturminne er òg med i ordninga.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til tilskot til prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.

Tilskot kan bl.a. ytast til sikring, skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som medverkar til å avgrense slitasje.

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.

Underpost 72.7 Fartøyvernsentra

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy. Tilskot skal medverke til at fartøyvernsentra òg kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande drift og oppgradering.

Tildelingskriterium

Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Midlane skal gå til arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Posten er auka med 3 mill. kroner. Rjukanbanen (med banelekam, ferjer, ferjeleie, fyrlykter og bygningar) har kome inn som det ellevte anlegget i programmet. Dette er ledd i førebuinga av nominasjonsprosessen som skal ende opp med behandling i Word Heritage Committee sommaren 2014, jf. underpost 72.9.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande elleve tekniske og industrielle anlegg som er valte ut for spesiell oppfølging:

  • Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum

  • Sjølingstad Uldvarefabrikk

  • Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk

  • Nes Jernverksmuseum

  • Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)

  • Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk

  • Spillum Dampsag & Høvleri

  • Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter

  • Folldal gruver

  • Kistefos Museet

  • Rjukanbanen

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei elleve utvalde anlegga.

Tildelingskriterium

Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.

Tyssedal kraftanlegg, Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk og Sjølingstad Uldvarefabrikk har no ønskjeleg bevaringstilstand, men det vil framleis vere behov for tilskot til fortløpande vedlikehald på desse.

Innafor løyvinga vil m.a. arbeidet med istandsetjing av Spillum Dampsag & Høvleri, Folldal gruver, Fetsund lenser og Rjukanbanen verte prioritert.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare blir det kontrollert at drifta ved anlegget går føre seg etter formålet. Dette skjer bl.a. ved at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.

Underpost 72.9 Verdsarvlista, nasjonale oppgåver

Mål

Tilskotsordninga er knytt til bevaringsprogrammet for verdsarven og skal medverke til å sikre og setje i stand dei sju norske stadene på Unescos verdsarvliste:

  • Bergstaden Røros,

  • Bryggen i Bergen,

  • Urnes stavkyrkje,

  • Bergkunsten i Alta,

  • Vegaøyan,

  • Vestnorsk fjordlandskap,

  • Meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves meridian.

Dei norske verdsarvområda skal forvaltast på ein god måte og kulturminna skal vere formelt verna gjennom lovverket.

Tildelingskriterium

Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Tilskot kan òg ytast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidreg til å avgrense slitasje.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21

Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø. Posten er nytta til arbeidet med brannsikring av historisk trehusmiljø. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalde kulturminne og kulturmiljø.

Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.

Mål

Tilskotsordninga skal sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot brann og andre ulykker og blir gitt som tilskot til drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø og til førebyggjande brannsikring av utvalde tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Kontroll på staden frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.

Post 74 Fartøyvern, kan overførast

Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø. Posten er knytt til arbeidet med bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern. Fartøyvernet genererer viktige verdiar for eigarar, brukarar og lokalsamfunn langs kysten.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt som har allmenn interesse, potensial for lokalt engasjement, der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei god planlegging og prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.

Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.

Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sette i stand etter antikvariske retningslinjer.

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av kulturminne i tre.

Tildelingskriterium

Midlane på posten blir nytta til tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Løyvinga dekkjer òg medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeid under den bilaterale miljøvernavtala.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar, årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.

Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø. Det er foreslått løyvd 3 mill. kroner til m.a. formidling av resultata frå fase 1 av Verdiskapingsprogrammet, sjå og kap. 1432, post 50.

Mål

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet har hatt som mål å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling. Hovudaktiviteten i 2011 vil være å samanfatte og formidle erfaringar samt utrede grunnlaget for ei eventuell fase 2. Samarbeidet med Norsk kulturminnefond om programmet skal førast vidare.

Tildelingskriterium

I 2011 vil formidling av erfaringar og resultat samt arbeidet med Pilegrimsleden bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar.

Post 78 Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi

Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til ei god fagleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne.

Målgruppa er forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrifter.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til nødvendig fagleg assistanse i forvaltningssaker til fylkeskommunane og Sametinget, utgifter til utgraving og anna sikringsarbeid, og bistand i kulturminnekriminalitetssaker ved dei fem arkeologiske landsdelsmusea og dei fem sjøfartsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg underlagsmateriale for Riksantikvarens forvaltningsoppgåver som blir utførde av NIKU.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering om bruk av midlane.

Kap. 4429 Riksantikvaren

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Refusjonar og diverse inntekter

8 800

3 812

3 930

09

Internasjonale oppdrag

447

1 409

1 453

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

758

18

Refusjon av sjukepengar

2 068

Sum kap. 4429

12 073

5 221

5 383

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

47 171

55 230

59 480

90

Fondskapital

400 000

Sum kap. 1432

447 171

55 230

59 480

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Framlegget til løyving på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond. Midlane under post 50 blir stilte til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til tilsette i sekretariatet og til administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.

Samarbeidet innafor verdiskapingsprogrammet skal førast vidare, men med ei redusert kostnadsramme. Arbeidet i 2011 skal m.a. gå til formidling av resultater frå fase 1 av Verdiskapingsprogrammet, sikre resultatene frå gjennomførte prosjekter, erfaringsformidling samt utrede grunnlaget for ein mulig fase 2 av programmet. Samarbeidet med Riksantikvaren skal førast vidare. Det er øyremerkt 5 mill. kroner til formålet i 2011, sjå og kap. 1429 post 77.

Mål

Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av bevaringsverdige og freda kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål. Fondets midlar skal gå til både freda og ikkje freda, bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Tildelingar frå Kulturminnefondet til freda kulturminne må sjåast i samanheng med kap. 1429, post 72.2.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 90 Fondskapital

Fondskapitalen er på i alt 1,4 mrd. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassen med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån.

Kap. 4432 Norsk kulturminnefond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

85

Avkastning frå Norsk kulturminnefond

47 171

55 230

59 480

Sum kap. 4432

47 171

55 230

59 480

Post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond

Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i Statskassen med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.

Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Programkategori 12.40 Klima – og forureining

Løyvingsforslaga under denne programkategorien er på om lag 688,5 mill.kroner inkl. midlar til Statens Strålevern på 11 mill. kroner som er flytta frå programkategori 12.60 på utgiftssida og om lag 78,2 mill. kroner på inntektssida. Dette er ein reduksjon i budsjettet på utgiftssida på ca. 5,2 pst. frå i fjor då ramma var på omlag 726,4 mill. kroner, og ein reduksjon på 3,9 pst. på inntektssida og frå 81,35 mill. kroner til 78,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak reduksjon i løyvinga til forureina sediment og reduksjon i talet på selde kvotar.

Løyvingane rettar seg mot resultatområda 1, 3, 4 ,5 og 7. Prioriteringane i denne programkategorien konsentrerer seg i hovudsak om helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette radioaktiv forureining, klima, luftforureining, vassforureining og ei rekkje sektorovergripande område slik som modernisering, forenkling og effektivisering, miljøinformasjon, miljøteknologi, Grøn stat, miljøbevisste innkjøp mv. Nokre av tiltaka er delvis finansierte under programkategori 12.10 (utgreiings- og prosjektmidlar, og midlar til forsking og overvaking), men høyrer naturleg inn under omtala av dei samla tiltaka under programkategori 12.40.

Vassforureining

Miljøvennleg skipsfart

Som ein maritim nasjon med lange tradisjonar er arbeidet med ein meir miljøvennleg skipsfart viktig for Noreg. Miljøvennleg skipsfart er òg eit område der Noreg har ei sterk stilling og stor gjennomslagskraft internasjonalt. I lys av auka skipstrafikk og behovet for strengare miljøkrav innan skipsfarten vil Regjeringa styrkje Noregs bidrag i strategisk internasjonalt arbeid, særleg på klimaområdet. Regjeringa vil òg prioritere handheving av nye og eksisterande miljøkrav og regelverk, og oppfølging av tiltaka i Regjeringas maritime strategi.

Overgjødsling og nedslamming

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. I ferskvatn er det særlege problem knytte til overgjødsling i område med tett busetnad og/eller landbruksintensive område. I marine område er det særleg lokale fjordområde langs kysten på strekninga svenskegrensa – Stad som er utsette på grunn av utslepp frå kommunalt avløp, industri, landbruksavrenning/avrenning frå land og fiskeoppdrett. Oppfølginga av vassforskrifta er sentral i det vidare arbeidet med å redusere problema knytte til overgjødsling og nedslamming.

Oljeforureining

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Regjeringas mål er at operasjonelle utslepp av olje ikkje skal medføre helse- eller miljøskade, eller bidra til å auke bakgrunnsnivået av olje over tid. Arbeidet for å nå målet om nullutslepp av miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemda er viktig i denne samanhengen.

Regjeringas mål er å halde risikoen for akutt oljeforureining på eit lågt nivå og å kontinuerleg søkje å redusere risikoen ytterlegare, inkludert gjennom kravstilling til privat og kommunal beredskap. I dette arbeidet vil erfaringane frå ulykka i Mexico-golfen bli studerte.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette radioaktiv forureining

Arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar både internasjonalt og nasjonalt er eitt av Miljøverndepartementets hovudsatsingsområde. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdommar som kreft og allergiar, eller kan skade forplantningsevna og arvestoffet. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, er giftige kjemikaliar som det tek lang tid å bryte ned i naturen og som hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa for kommande generasjonar. Regjeringa fremja hausten 2006 ei stortingsmelding om arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Meldinga Regjeringa la fram er omfattande og detaljert om verkemiddelbruk i politikken for å kunne redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar og stanse utsleppa av miljøgifter, både nasjonalt og internasjonalt. I dette inngår verkemiddel og tiltak for å stanse utslepp frå produkt, både under produksjon, bruk og når dei blir avfall. Streng regulering av utslepp frå industri og prosessutslepp skal leggjast til grunn. Det skal vidare ryddast opp i forureina jord og sjøbotn. Bruken av verkemiddel i kjemikaliepolitikken er lagt opp for å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar generelt, mens det for miljøgiftene er lagt til grunn at alle utslepp skal stansast innan 2020. I tillegg til at utsleppa skal reduserast vesentleg allereie innan 2010.

REACH – nytt omfattande europeisk kjemikalieregelverk

Gjennom REACH-regelverket får vi langt meir kunnskap om dei ti tusenvis av kjemikaliar som er på marknaden, og samtidig får vi òg betre kontroll på bruk og utslepp av dei. REACH vart inkludert i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett i 2008. Hovudansvaret for å gjennomføre REACH ligg hos næringslivet sjølv, men styresmaktene har òg ei rekkje omfattande arbeidsoppgåver knytte til oppfølging og utvikling av REACH. I St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid seier Regjeringa at Noreg skal vere ein aktiv pådrivar i nasjonal og europeisk kjemikalieforvaltning. Noreg skal bl.a. vurdere 5-15 miljøgifter med sikte på å foreslå regulering på europeisk nivå. Dette er ikkje mogleg utan ein betydeleg auke i innsatsen på kjemikalieområdet. Det er derfor i tillegg til dei ekstraordinære innbetalinga til det europeiske kjemikaliebyrået, foreslått midlar til Klima- og forureiningsdirektoratets arbeid med oppfølging og vidareutvikling av REACH-regelverket.

Forureiningsovervaking (miljøgifter)

Det er sett i gang eit arbeid for å opprette ein nasjonal miljøprøvebank for forskings- og overvakingsformål på miljøgifter. Miljøprøvebanken skal sikre ei systematisk og kontrollert oppbevaring av ulike typar prøvemateriale over lang tid. Kartlegging og overvaking av miljøgifter vil framleis vere prioritert.

Forureina sjøbotn og forureina grunn

Regjeringa presenterte i St.meld. nr.14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid, handlingsplanar for å sikre opptrapping av arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn i fjordar og hamner og for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Handlingsplanane blir no følgde opp ved at konkrete oppryddingstiltak blir sette i verk. Der forureinaren er kjent, er hovudverkemidlet for både forureina sjøbotn og forureina jord pålegg etter forureiningslova. Staten bidreg med midlar der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimelig å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadene.

Radioaktiv forureining

Miljøverndepartementet vil arbeide for ei heilskapleg regulering og forvaltning av radioaktiv forureining og radioaktivt avfall, under dette overvaking og kartlegging av ulike kjelder til radioaktiv forureining. Frå 2011 vil midlar til dette arbeidet bli løyvde over eit eige kapittel 1448 med overskrifta Statens strålevern.

Avfall

Arbeidet på avfallsområdet skal bidra til å redusere ulike miljøproblem, under dette spreiing av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og utslepp av klimagassar. Det er etablert fleire verkemiddel på avfallsfeltet. Dette krev kontinuerleg oppfølging. I 2011 vil det særleg vere behov for ressursar til oppfølging av EUs nye rammedirektiv for avfall og til arbeidet med å avgrense veksten i avfallsmengdene med eit særleg fokus på matavfall.

Klima- og luftforureiningar

Klima

Regjeringa legg til grunn at Noreg skal oppfylle utslippsforpliktinga si under Kyotoprotokollen gjennom eit breitt sett av verkemiddel:

  • Regjeringa la fram ein stortingsmelding om den samla klimapolitikken i juni 2007 (St. meld. nr. 34 (2006-2007)). Her inngår òg sektorvise klimahandlingsplanar der dei viktigaste sektorane med klimagassutslepp blir nærare beskrivne. Klimaforliket frå 2008 inneber bl. a. skjerpa mål. St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk slår fast at det midtvegs i den første Kyotoperioden (2010) blir lagt fram for Stortinget ei vurdering av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel. Faggruppa Klimakur 2020 vart oppretta for å framskaffe underlag til denne vurderinga. Arbeidet til Klimakur 2020, som leverte sin første rapport 17. februar 2010, vil spele ei viktig rolle i arbeidet med den nye klimameldinga som skal leggjast fram hausten 2011. Arbeidet med klimameldinga er venta å vere ressurskrevjande. Det norske kvotehandelssystemet er kopla til EUs system og omfattar no i underkant av 40 pst. av norske klimagassutslepp, stigande til omtrent 50 pst. frå 2013. Den nasjonale allokeringsplanen for 2008-2012 er godkjent av ESA. I medhald av EUs reviderte kvotedirektiv vil kvotesystemet frå neste periode (2013-2020) bli vesentleg utvida. Blant anna blir ei rekkje stasjonære industriinstallasjonar inkluderte. Luftfart blir òg ein del av systemet frå 2012. Det reviderte kvotedirektivet er i utgangspunktet sett på som EØS-relevant, og arbeidet med å førebu implementering av det reviderte kvoteregelverket i norsk rett er venta å krevje betydelege ressursar i 2011.

  • Arbeidet med lokalt klimaarbeid blir ført vidare.

  • Klimagassrekneskapen blir ført vidare gjennom løyvingar til Klima og forureiningsdirektoratet.

  • Overvaking av klimaendringar og luftforureiningar, særleg i nordområda er av svært stor betydning for kunnskap om verknader av klimagassutslepp og andre miljøskadelege utslepp.

  • Arbeidet med lokale problem knytte til luft- og støyforureining blir ført vidare.

Klima og skoginitiativet

Klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland utgjer i følgje Klimapanelets (IPCCs) vurderingar noko over 17 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar. Kyotoprotokollens utsleppsforpliktingar omfattar likevel ikkje denne typen utslepp. I følgje IPCC er reduksjon av utslepp frå avskoging og utarming av skog (REDD) eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming, fordi det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendige for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen ikkje skal auke meir enn med 2 grader i forhold til førindustrielt nivå. På denne bakgrunnen kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg under klimaforhandlingane på Bali i desember 2007 at Noreg er budd på å trappe opp innsatsen for tiltak mot klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland til inntil 3 mrd. kroner årleg.

Langtransporterte luftforureiningar

Internasjonalt blir det arbeidd med revisjon av Gøteborgprotokollen, med sikte på å vedta ein ny protokoll innan utgangen av 2011. Noreg tek del i det faglege arbeidet som vil gi nødvendig kunnskapsgrunnlag for forhandlingar om nye forpliktingar om utsleppsreduksjonar, både gjennom bidrag til det internasjonale arbeidet, og ved å vurdere nytte og kostnader for Noreg av moglege nye forpliktingar. Miljøvernforvaltninga vil framleis bidra til finansiering av internasjonale oppgåver under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining. Revisjon av EUs direktiv 2001/81/EF om nasjonale utsleppstak for visse forureinande stoff til luft er òg under førebuing. Det er no bestemt å innlemme direktivet i EØS-avtala. Noreg vil òg gjere eigne faglege vurderingar som grunnlag for forhandlingar i EØS-organa om nye utsleppsforpliktingar i eit revidert direktiv. Nasjonalt blir det arbeidd med å gjennomføre tiltak og verkemiddel som er nødvendige for å overhalde Noregs utsleppsforpliktingar i Gøteborgprotokollen. Hovudoppgåva vil vere å følgje opp avtala mellom Miljøverndepartementet og 14 næringsorganisasjonar om reduksjon av NOx-utsleppa. Departementet har invitert næringsorganisasjonane til forhandlingar om å føre vidare av NOx-avtala som grunnlag for fritak for NOx-avgift ut 2017.

Framtidsretta produksjon og forbruk (områdeovergripande tema)

Regjeringa ser det som viktig at offentleg sektor går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvennlege varer og varer som er tilverka etter høge etiske og sosiale standardar. For å gjere tydelege og samle Regjeringas mål og tiltak på dette området er det blitt utarbeidd ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Det er utforma ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp som gjeld frå 1. januar 2008. Det er her stilt konkrete krav til statlege verksemder innan prioriterte produktgrupper. Arbeidet med miljøleiing (Grøn stat) skal førast vidare og alle statlege verksemder skal ha eit miljøleiingssystem som er godt integrert i dei andre styringssystema i verksemda. Ansvaret for å følgje opp handlingsplanen på nasjonalt nivå når det gjeld miljøbevisste innkjøp og miljøleiing er lagt til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

For å sikre ambisjonane i handlingsplanen og det store volumet av innkjøp og innkjøparar som blir involvert, er det etablert knutepunkt i alle fylke/regionar som skal gi kompetansetilførsel og støtte statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder i innkjøpa deira.

I tråd med prinsippa i Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar vart det sommaren 2010 inngått ei avtale mellom Miljøverndepartementet og Norsk Industri som gjeld den ikkje kvotepliktige delen av industrien, om innkjøp av energi og klimaeffektivt utstyr i industrien.

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

588 105

708 407

655 482

-7,5

1445

Miljøvennleg skipsfart

2 940

4 000

4 000

0,0

1447

Miljøomsyn i offentlege innkjøp

9 895

14 000

18 000

28,6

1448

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

11 000

Sum kategori 12.40

600 940

726 407

688 482

-5,2

Kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

272 187

308 160

331 982

21

Spesielle driftsutgifter

33 106

21 595

21 595

22

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

1 623

5 332

2 025

39

Oppryddingstiltak, kan overførast

74 481

157 000

83 560

73

Tilskot til biloppsamlingssystemet

844

75

Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

153 290

166 320

166 320

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

52 574

50 000

50 000

Sum kap. 1441

588 105

708 407

655 482

Klima- og forureiningsdirektoratet skal setje i verk forureiningspolitikken og arbeide for å oppnå miljøforvaltningas miljømål.

Klima- og forureiningsdirektoratet skal medverke til å:

  • redusere klimagassutsleppa

  • redusere spreiing av helse- og miljøfarlege stoff

  • oppnå ei heilskapleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning

  • auke gjenvinninga og redusere utsleppa frå avfall

  • redusere skadeverknadene av luftforureining og støy

  • sikre tilgang til oppdatert og påliteleg miljøinformasjon.

Ein viser elles til omtale under del II Miljøforvaltningas resultatområde.

Klima- og forureiningsdirektoratet utøvar følgjande roller for å medverke til å nå miljømåla:

  • overvake og informere om miljøtilstanden og utviklinga

  • utøve mynde og føre tilsyn etter forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova

  • styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Klima- og forureiningsdirektoratet sitt ansvarsområde og vere klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter forureiningslovgivinga

  • utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet

  • gjere tydeleg ansvaret til dei ulike samfunnssektorane for å oppfylle miljøpolitiske mål

  • delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og utviklingssamarbeidet på miljøområdet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og andre driftsutgifter for Klima- og forureiningsdirektoratet. Utgiftene omfattar bl.a. husleige, reiser, internasjonalt arbeid, informasjon/formidling, kjøp av tenester, IKT-utgifter og drift av miljøinformasjonssystem (for eksempel Miljøstatus i Noreg, kvoteregisteret, Produktregisteret og miljøinformasjonsbanken).

Klima- og forureiningsdirektoratet forvaltar fleire forskrifter som heimlar gebyr i samsvar med prinsippet om at forureinar skal betale. Utgiftene til forvaltning av desse ordningane er dekte over denne posten og dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4441, post 04. Dei aktuelle ordningane er:

  • konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar

  • deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta

  • drift av EE-registeret, i medhald av avfallsforskrifta

  • forvaltning av klimakvoteforskrifta

  • eksport og import av avfall

Posten er føreslått styrkt med 13 mill. kroner til Klima- og forureiningsdirektoratetet sin drift og klimaarbeid.

Posten er òg styrkt med 2 mill. kroner til Klima- og forureiningsdirektoratets planlagde arbeid i samband med ei nettløysing for kommunane på miljøområdet. Kommunen er både myndigheitsutøvar og forureinar og har betydelege oppgåver og plikter på miljøområdet. Informasjon om regelverk, rettleiingar og malar ligg i dag spreidd på mange forskjellige nettstader og er vanskeleg tilgjengeleg. Det blir foreslått å opprette ei felles nettløysing for kommunane på området. Ein slik nettstad vil bli ein effektiv måte for miljødirektorata for kommunikasjon med 430 kommunar. Dette vil bli ein viktig og nyttig kommunikasjonskanal mellom stat og kommune.

Klima- og forureiningsdirektoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er Klima- og forureiningsdirektoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og forureiningsdirektoratet leia ei faggruppe på klima, Klimakur, som blant anna skulle utarbeide underlagsmateriale for ei rapportering til Stortinget om klimapolitikken for 2010. Rapporten vart levert til Miljøverndepartementet i februar 2010.

Posten dekkjer vidare utgifter til delar av fylkesmennene sitt arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. inntekter under kap. 4441 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til fylka ved at Klima- og forureiningsdirektoratet utferdar belastningsfullmakt på denne posten til fylkesmennene. Posten er vidare styrkt med 3 mill. kroner til arbeidet med å utarbeide tiltak for å nå målet med å stansa bruk og utslepp av miljøgifter innan 2020 og å gjennomføre og vidareutvikle handlingsplanen for opprydding av forureina sjøbotn. Innsatsen er auka for å framskaffe kunnskap om spreiing og effektar av miljøgifter som er nødvendige for å få på plass reguleringar. Dette inkluderer både kartlegging og overvaking i miljøet og analysar av miljøgifter i produkt på den norske marknaden. Det er òg viktig å bruke ressursar på å få til strenge reguleringar av miljøgifter i internasjonale avtaler, under dette ei global kvikksølvavtale, Stockholmkonvensjonen og EU/EØS-regleverket REACH.

Klima- og forureiningsdirektoratet er ansvarleg nasjonal styresmakt og har koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av REACH i Noreg.

F-gassforordninga

EU vedtok i 2006 forordning EF nr. 842/2006 (F-gassforordninga). Tre av underforordningane – EF nr. 303/2008, 305/2008, 307/2008, stiller krav til sertifisering av personell og bedrifter og etablering av ei sertifiseringsordning med tilhøyrande sertifiseringsorgan. Som ei følgje av EØS-avtala er forordningane implementerte i Noreg.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK, PFK og SF6. Ordninga vil styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Forskrift vart endeleg fastsett i mai 2010.

Løyvinga på posten blir ført vidare i 2011 med 15 mill. kroner i samband med etablering av ei sertifiseringsordning for bedrifter og teknisk personell som skal handtere fluorerte klimagassar til kuldetekniske formål. For å dekkje kostnadene ved ei slik ordning er det foreslått innført eit gebyr for sertifiseringa. Desse gebyrinntektene er foreslått på kap. 4441 post 04 Gebyrinntekter. Anslaget er likevel svært usikkert då sertifiseringsordninga ikkje er ferdig etablert enno.

Post 1441 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 02 Gebyrinntekter – statleg kvotesletting (ny), 04 Gebyrinntekter, post 05 Leigeinntekter, post 06 Gebyrinntekter, fylkas miljøvernavdelingar (ny) og post 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten fordeler seg på følgjande område:

Lokalt klimaarbeid

Regjeringa varsla i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) at fagkompetansen i kommunane innan natur- og miljø skal gjenreisast. I Soria Moria-erklæringa er det nedfelt at kommunane si rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast. Det blir vidareført 1,4 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid, under dette arbeidet med statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane (SPR). Føremålet med ei slik planretningslinje er å framheve omsynet til klima og energi, og å klargjere meir konkrete forventningar for klima- og energiplanlegginga.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Midlar til arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid og til særlege prosjekt som følgjer opp forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er ført vidare. Løyvinga skal bl.a. nyttast til styrking av internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter. Posten er ført vidare med midlar til oppfølging av EØS/EUs nye kjemikalieregelverk REACH.

Farleg avfall – (beredskap)

Posten dekkjer utgifter Klima- og forureiningsdirektoratet kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde

Det er vidareført 5,5 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg forvaltning av norske havområde i 2010. Posten er føreslått strykt med 2 mill. kroner til oppfølging av vassforskrifta (tiltak).

CO2-handtering

Det er vidareført 0,5 mill. kroner til auka kapasitet og kunnskapsoppbygging om CO2-handtering.

Utsleppsrekneskap – luft

Det er vidareført midlar til betring av rapportering og berekning av utsleppsrekneskap for klimagassar og andre utslepp til luft.

Kartlegging av klimagassutslepp

Posten er ført vidare med 1,5 mill. kroner til kartlegging av utslepp og opptak av klimagassar frå skog under Kyotoprotokollen.

Oppdrag og utgreiingar (FoU)

I tillegg dekkjer posten utgreiingar og vurderingar knytte til etaten sine saksområde. For 2011 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima (bl.a. overvaking, NOx-avtala).

Posten er redusert med 3 mill. kroner til Kunnskapssamanstilling av forsking på miljø og helseeffektene av miljøgiftar og til å gjere synlege kunnskapshol.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar. Formålet med ordninga er å gi folk høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjon ein annan stad. Ordninga gir publikum høve til å kjøpe og få sletta godkjente klimakvotar på ein enkel måte. Kvar kvote som blir sletta, inneber ein utsleppsreduksjon på 1 tonn CO2.

Kvotane skal seljast med eit påslag som skal dekkje administrative kostnader inkludert etablerings- og investeringskostnader. Klima- og forureiningsdirektoratet vil gjere nødvendige justeringar av administrasjonspåslaget slik at sjølvkostprinsippet blir ivareteke, og tilpasse påslaget til ressursbruken knytt til ulike avtaler om sal av klimakvotar. Det er lagt til grunn ein pris på EUA-kvotar på 115 kroner og CER-kvotar på 95 kroner. Prognosane tilseier eit sal av 15 000 kvotar for 2011.

Utgiftsløyvinga under kap. 1441 post 22 og inntektsløyvinga på kap. 4441, post 02 vart justerte ned i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2010 på grunn av reduserte salsprognosar. Det er foreslått ei løyving på 2,025 mill. kroner for 2011. Løyvinga for budsjettet for 2010 var på 5,332 mill. kroner.

Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4441 post 02, jf. vedtak II nr. 1.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde 3, miljøgifter og avfall.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og i forureina jord. Løyvinga er redusert for 2011 i forhold til løyvinga for 2010, men det er likevel satt av midler til dei høyest prioriterte oppryddingstiltaka. Fokus vil vere oppfølging av handlingsplanane om opprydding i sjøbotn og forureina jord og forureina jord i barnehagar. Posten dekkjer òg utgifter til opprydding frå gruver der Miljøverndepartementet er eigar. Miljøverndepartementet er eigar av avgangsdeponiet ved Knaben gruver.

Omfattande opprydding av forureina sjøbotn er gjennomført i Kristiansand og Oslo. I Trondheim (Killingdal gruver) og Tromsø er opprydding starta, og fleire andre tiltaksplanområde står for tur. I tillegg vil det bli utarbeidd tiltaksplan for skipsverft der undersøkingar har vist behov for tiltak.

Som nemnt ligg prinsippet om at forureinar betalar til grunn for arbeidet med opprydding av forureina sjøbotn, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten forskoterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.

  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.

  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

Det foreslås at Miljøverndepartementet i 2011 kan inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet, post 39 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 25 mill. kroner. Fullmakta til å inngå forpliktingar kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og å til å gi eventuelle tilsegner om tilskot, jf. vedtak VIII.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging.

Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

Vrakpantordninga rettar seg mot resultatområde 3, underområde 3 Miljøgifter og radioaktiv forureining og mot underområde 4 Avfall og gjenvinning. Dei siste åra har det vore innlevert omlag 110 000 bilvrak. Det er venta at innsamlingsnivået held seg stabilt i 2011.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy tredde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar frå 2007 har teke over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er no ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.

Tildelingskriterium

Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2011 vil vere på 1 500 kroner.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 3, underområde 4 Miljøgifter og radioaktiv forureining, resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning og resultatområde 4 Luftforureining og klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.

Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2009 var total mengd innsamla spillolje på om lag 41 000 m3, av dette i overkant av 24 000 m3 med rett på refusjon. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2011. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer m.m.) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Klima- og Forureiningsdirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Klima- og forureiningsdirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2011.

Tildelingskriterium

TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart/ refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Klima- og forureiningsdirektoratet.

Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Klima- og forureiningsdirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.

Kap. 4441 Klima- og forureiningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

02

Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

1 690

5 463

2 161

04

Gebyr

30 037

40 759

40 759

05

Leigeinntekter

402

323

333

06

Gebyrer, fylkas miljøvernavdelingar

13 778

22 000

22 000

07

Gebyrinntekter (Kvotesystemet)

10 878

7 200

7 200

09

Internasjonale oppdrag

5 100

5 605

5 779

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

3 615

18

Refusjon av sjukepengar

2 738

Sum kap. 4441

68 238

81 350

78 232

Post 02 Inntekter – statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Post 02 Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar har ei løyving på 2,161 mill. kroner i budsjettet for 2011, ein reduksjon på 3,302 mill. kroner frå saldert budsjett 2010, jf. omtale under kap 1441 post 22 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.

Post 04 Gebyrinntekter

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innafor forureiningsområdet. Posten omfattar Klima- og forureiningsdirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå utsteding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)

  • gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking mv. av farlege kjemikaliar

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Klima- og forureiningsdirektoratet kjøp av tenester ved drift av systemet

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som omset elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar anten å ha eit eige retursystem som tek seg av desse produkta når dei blir avfall, eller å melde seg inn i eit kollektivt retursystem som tek seg av desse forpliktingane på deira vegner

  • gebyr for eksport- og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette.

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel:

  • Gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt. Biociddirektivet vart ein del av EØS-avtala i 2003 og har blitt implementert i norsk lovverk gjennom biocidforskrifta. Biociddirektivet krev at nasjonale styresmakter etablerer gebyrordningar som dekkjer dei kostnadene styresmaktene har ved gjennomføring av direktivet.

Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 05 Leigeinntekter

Inntektene omfattar dei leigeinntektene Klima- og forureiningsdirektoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 06 Gebyrinntekter – fylkas miljøvernavdelingar

Forureiningsforskrifta vart frå 2007 endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 07 Gebyrinntekter (kvotesystemet)

Klima- og forureiningsdirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Klima- og forureiningsdirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 5 i kvoteforskrifta skal Klima- og forureiningsdirektoratet sine kostnader ved dette arbeidet finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Det er ikkje knytt meirinntektsfullmakt til denne posten.

Klima- og forureiningsdirektoratet har òg ansvaret for å etablere og drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene er knytte til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med Utanriksdepartementet, Norad o.a., f.eks. til institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Spesielle driftsutgifter

2 940

4 000

4 000

Sum kap. 1445

2 940

4 000

4 000

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innafor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Det skal dessutan arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Vidare dekkjer posten midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

21

Spesielle driftsutgifter

9 895

14 000

18 000

Sum kap. 1447

9 895

14 000

18 000

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) vart oppretta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet frå 1. januar 2008. Eitt av hovudarbeidsområda for direktoratet vil vere å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp og arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp blir minimert. Miljøbevisste offentlege nyskaffingar vil vere hovudarbeidsområdet til direktoratet innafor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Det vil vere heilt sentralt for direktoratet å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturleg del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd. Direktoratet har ansvar for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar på dei områda som gjeld miljøomsyn.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal medverke til å dekkje lønn til faste stillingar og driftsutgifter for Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sitt arbeid med miljøbevisste offentlege nyskaffingar og miljøleiing. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og sikre at handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar blir gjennomført i praksis, under dette å fremje bruken av miljøleiingsystem i stat og kommune, og vidareføringa av Grøn stat.

Krav til miljøomsyn i offentlege bygg er ein del av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar. Bygg- og anleggsbransjen står for rundt 40 pst. av samfunnets ressurs- og energibruk. Her er det høve til store miljøforbetringar, særleg ved energieffektivisering dersom dei riktige krava blir stilte. Difi vil styrkje innsatsen på dette området blant anna til bistand i anbodsprosessar, utarbeiding av miljøkriterium knytte til bygg med meir.

Kompetanseoppbygging er eit heilt sentralt element i handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar og er etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) i kvart fylke/region som skal hjelpe offentlege verksemder i den operative gjennomføringa. Posten skal vidare dekkje drifts- og utgreiingsmidlar, informasjon, faglege råd til Miljøverndepartementet som grunnlag for politikkutforming, bistand til Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid på området og formidling relatert til miljøspørsmål. Direktoratet skal setje i verk Regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege nyskaffingar og miljøleiingssystem.

Posten er føreslått auka med 4 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2010 som skal nyttast til å gjere Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) til eit nasjonalt kompetansesenter for miljø- og samfunnsansvarlege offentlege anskaffingar. Vidare skal den fylkesfaglege støtteteenesta (knutepunkta) styrkjast og det skal satsast meir på miljøleiing i statlege etatar. Miljøvennlege offentlege byggherrar skal òg styrkjast og Difi skal kartleggje potensialet for innovative, offentlege anskaffingar, deriblant å auke det offentlege sin kompetanse på metodikk og tiltak for å gjennomføre anskaffingar som fremjar utvikling av miljøteknologi.

Kap. 1448 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

11 000

Sum kap. 1448

11 000

Rolle og oppgåver for Statens strålevern:

Dette kapitlet er flytta frå programkategori 12.60 Nord- og polarområda og kap. 1473 Radioaktiv forureining av det ytre miljø.

Statens strålevern er Miljøverndepartementets direktorat på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet, og forvaltar som ledd i dette dei delane av stråle- og miljøvernlovgivinga som regulerer dette fagområdet. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.

Resultat frå dei nasjonale programma for overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet viser ingen dramatiske endringar i nivå eller trendar. Nivåa av technetium-99 langs norskekysten viser vidare nedgang som følgje av reduserte utslepp frå Sellafield etter 2002. Den marine delen av overvakingsprogrammet er revidert noko med sikte på tilpassing til arbeidet med forvaltningsplanane og til arbeidet med å utvikle ei ny avtale om marin overvaking i OSPAR. Strålevernet deltek i leiinga av komiteen i OSPARs radioaktivitetskomité (RSC) i perioden 2009-2011 og leiar ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norskrussiske miljøvernkommisjonen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 3 Vassforureining, miljøgifter og avfall.

Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under Miljøverndepartementets ansvarsområde. Dette omfattar kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar, arbeide med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs målsetjingar og formidling. Midlane i 2011 vil i første rekkje bli brukte til å implementere ny miljøforskrift, intensivere arbeidet med ny forvaltningsplan for nordområda og samarbeid i ekspertgruppa under den norskrussiske miljøkommisjonen.

Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjeringar for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etatens samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon

Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og 7 Andre verkemiddel. Programkategorien omfattar verksemda i Statens kartverk. Det administrative ansvaret for tinglysing i fast eigedom og delar i burettslag blei overført til Miljøverndepartementet med verknad frå 1. juli 2010. Programkategori 12.50 omfattar etter dette også tinglysing i fast eigedom og andelar i burettslag.

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1465

Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

390 917

403 445

601 685

49,1

2465

Statens kartverk

16 632

12 000

12 000

0,0

Sum kategori 12.50

407 549

415 445

613 685

47,7

Kap. 1465 Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

190 619

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

390 917

403 445

411 066

Sum kap. 1465

390 917

403 445

601 685

Overføringa av ansvaret for tinglysinga innebar diverse budsjettekniske endringar, jf. Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010. Auken for kap. 1465 er derfor ikkje reelt sett på 49,1 pst., men 2,6 pst.

Post 01 Driftsutgifter

Posten vart oppretta etter behandling av Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010. Midlane er retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og 7 Andre verkemiddel. Sjå nærare omtale under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, underområde 2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon. Løyvinga dekkjer lønn og andre driftskostnader knytte til rettsregistreringar av andelar i burettslag og tinglysing i fast eigedom, under dette inntil 2 mill. kroner til arbeid i departementet. Løyvinga blir for Statens kartverk sett på som ei inntekt, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.

I forslaget inngår ei pris- og lønnsjustering på 7,8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og 7 Andre verkemiddel. Sjå nærare omtale under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, underområde 2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon. Løyvinga dekkjer lønn og andre driftskostnader knytte til etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.

Posten foreslås auka med 7,7 mill. kroner i 2011 som i hovudsak er ei pris- og avgiftsjustering.

Det foreslås ei fullmaktsramme i 2010 på 90 mill. kroner for å kunne bestille kartgrunnlag, under dette bestille kartleggingstenester og inngå avtaler om kartleggingssamarbeid som går over fleire år, jf. forslag til vedtak VI nr. 2.

Kap. 2465 Statens kartverk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

24

Driftsresultat:

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

16 632

12 000

12 000

Sum kap. 2465

16 632

12 000

12 000

Midlane under kapitlet er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, underområde 2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon.

Rolle og oppgåver for Statens kartverk

Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde.

Statens kartverk har to hovudoppåver:

  • byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til geografisk informasjon (geodata)

  • ansvaret for tinglysing i fast eigedom og burettar

Statens kartverk skal delta i forsking og utvikling av geografisk informasjonsteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Statens kartverk skal syte for at geodata og eigedomsinformasjon som etaten forvaltar, blir sikra for ettertida. Statens kartverk har ansvar for å samordne standardar og regelverk med andre land.

På enkelte område blir basisproduksjonen på kart- og geodataområdet forsert ut over det løyvinga over kap. 1465 post 21 gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Fleire av Statens kartverks produksjonsmål på kart- og geodataområdet føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.

Viktige målsetjingar for Statens kartverk i 2011 vil vere:

  • medverke til samarbeid med andre offentlege maritime etatar på sjøtryggleiksområdet

  • leie og koordinere ei internasjonal offisiell elektronisk kartteneste for å styrkje tryggleiken til sjøs bl.a. gjennom Primar

  • vere nasjonal forvaltar og formidlar av kart, geodata og eigedomsinformasjon, under dette tinglysingsinformasjon

  • etablere standardar for det kartfaglege området, harmonisert mot andre fagområde

  • leie arbeidet, etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg ein infrastruktur av stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som ein viktig og integrert del av Noreg digitalt

  • bidra til å gjennomføre ny lov om infrastruktur for geografisk informasjon (geodatalova)

  • bidra til å gjennomføre ny lov om eigedomsregistrering

  • vidareutvikle det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen)

  • vidareutvikle det offisielle tinglysingsregisteret (grunnboka)

  • vidareutvikle ein funksjonell og påliteleg tinglysingsorganisasjon

  • betre rammevilkåra for eit samla eigedomsinformasjonssystem med felles tilgang til matrikkel, grunnbok og planregister

  • vidareutvikle CPOS (posisjoneringstenesta med cm-grannsemd) til å dekkje heile Noreg.

Post 24 Driftsresultat:

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

24.1

Driftsinntekter

-893 445

-934 865

24.2

Driftsutgifter, overslagsløyving

880 134

921 439

24.3

Avskrivingar

10 831

10 806

24.4

Renter av statens kapital

2 480

2 440

Sum post 24

Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsrekneskapen blir rapportert etter kontantprinsippet.

Arbeidet til Statens kartverk er finansiert på fleire måtar. I tillegg til den direkte løyvinga over budsjettet til Miljøverndepartementet (kap. 1465) kjem samfinansiering og inntekter frå formidling av kart, geodata og eigedomsinformasjon. Tinglysingsgebyra inngår ikkje i inntektsgrunnlaget til Statens kartverk, men blir ført brutto på kap. 4465 Tinglysing.

Statens kartverk har inga kommersiell rolle. Driftsresultatet i budsjettet er såleis sett til kr 0.

Underpost 24.1 Driftsinntekter

Statens kartverks bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:

Tabell 6.8 Statens kartverks driftsinntekter

(i mill. kr)

Rekneskap 2009

Plan 2010

Plan 2011

Tildeling frå departementet, jf. kap. 1465

580

588

600

Samfinansiering

193

210

165

Inntekter og royalties frå formidling av kart, geodata og eigedomsinformasjon

72

95

170

Sum driftsinntekter

846

893

935

Rekneskap 2009 er i tabellen ført opp i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap. I 2009 var tildelinga frå departementet delt mellom Miljøverndepartementet (kap. 1465) og Justisdepartementet (kap. 462). Plan 2010 refererer seg til Prop. 1 S (2009-2010), jf. Prop. 125 S (2009-2010). Samfinansiering og formidlingsinntekter er baserte på prognose frå Statens kartverk, og er avhengig av aktivitet og etterspurnad blant samarbeidspartar og brukarar.

Statsaksjeselskapet Norsk eiendomsinformasjon AS (NE) har til no stått for størsteparten av den inntektsbringande formidlinga av kart, geodata og eigedomsinformasjon på vegne av Statens kartverk. Når det gjeld formidling av informasjon frå grunnboka, går ordninga langt tilbake. På dei andre områda blei ordninga innført på bakgrunn av ei omorganiseringa av Statens kartverk i 2004, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) kap. 6.2. Ordninga er ikkje i samsvar med hovudprinsippa i ny offentleglov om lik tilgang til offentleg informasjon. Etter at offentleglova tredde i kraft i 2009, er einerettsordninga til NE såleis basert på ei unntaksføresegn i offentleglova.

Departementet finn det ikkje føremålstenleg å føre vidare ei slik unntaksordning, jf. omtale i Prop. 121 L (2009-2010) kap. 9.6. Departementet meiner Kartverket må kunne inngå avtale med alle som ønskjer å formidle data for Kartverket på like vilkår. Einerettsavtalene med NE om dataformidling er derfor sagt opp med verknad frå 1. januar 2011, og Statens kartverk har starta arbeidet med å utvikle tekniske løysingar som skal kunne behandle fleire dataformidlarar. Datasystema til Statens kartverk og NE er på fleire område tett integrerte. Det kan derfor i ein overgangsperiode vere naudsynt å føre vidare enkelte unntaksordningar etter offentleglova også etter 1. januar 2011.

Overføringa av ansvaret for formidling av eigne data til Statens kartverk er ikkje meint å endre gjeldande prispolitikk. Overføringa vil medføre ein viss omsetningsauke for Statens kartverk. Dessutan vil ein del royaltyinntekter som til no har vore klassifiserte som samfinansiering, heretter bli rekna som formidlingsinntekter.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten omfattar utgifter til løn og andre driftsutgifter, under dette etablering og oppgradering av den nasjonale geografiske infrastrukturen, og arbeidet med tinglysing i fast eigedom og burettar.

Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av statens kapital

Avskrivingane og renter av statens kapital for Statens kartverk blir utrekna etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Avskrivingane blir inntektsførte i statsrekneskapen på kap. 5491 post 30, og rentene på kap. 5603 post 80. Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 61 mill. kroner pr. 31. desember 2010.

Underpost 24.5 Til reguleringsfondet

Eit eventuelt avvik mellom det løyvde beløpet under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2009 var reguleringsfondet på 183,7 mill. kroner. Departementet ber om fullmakt til å kunne fråvike spesifikasjonane under kap. 2465 post 24 ved bruk av reguleringsfondet, jf. forslag til vedtak V .

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar alle varige investeringar over 200 000 kroner. Ein slik eksakt grenseverdi har til no ikkje vore nytta på tinglysingsområdet. Departementet tek i 2010 sikte på å nytte same grenseverdi for alle typar investeringar i Statens kartverk. Det kan derfor vere behov for å kunne omdisponere mellom drifts- og investeringsmidlar i noko større monn enn tidlegare år.

Statens kartverks produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon, føring av matrikkel og grunnbok mv. Statens kartverk må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn om lag 1,4 pst. av totalomsetnaden.

Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Departementet foreslår at inntil 10 mill. kroner kan omdisponerast mellom kap. 1465 post 01, kap. 1465 post 21 og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak IV.

Tabell 6.9 Statens kartverks kapitalbalanse

(i mill. kr.)

Rekneskap 31.12.08

Rekneskap 31.12.09

Venta 31.12.10

Venta 31.12.11

Eigedelar

Anleggsmidlar:

Driftsmidlar, eigedommar

52,0

58,9

61,0

62,2

Aksjar, andelar

0,0

0,0

0,0

0,0

Utlån og obligasjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum anleggsmidlar

52,0

58,9

61,0

62,2

Omløpsmidlar:

Varebehaldning, varer i arbeid

3,3

3,4

3,4

3,4

Kortsiktige fordringar

201,1

236,6

236,6

236,6

Kortsiktige plasseringar

0,0

0,0

0,0

0,0

Kassebehaldning og innskot

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum omløpsmidlar

204,4

240,0

240,0

240,0

Sum eigedelar

256,4

298,9

301,0

302,2

Tabell 6.10 Statens kartverks gjeld og eigenkapital1

(i mill. kr.)

Rekneskap 31.12.08

Rekneskap 31.12.09

Venta 31.12.10

Venta 31.12.11

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital2:

Eigenkapital utan reguleringsfond

-93,6

-75,2

-75,2

-75,2

Reguleringsfondet

147,5

183,7

183,7

183,7

Sum eigenkapital

53,9

108,5

108,5

108,5

Langsiktig gjeld3:

Staten sin renteberande kapital

52,0

58,9

61,0

62,2

Anna langsiktig gjeld

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum langsiktig gjeld

52,0

58,9

61,0

62,2

Kortsiktig gjeld4:

Kortsiktig gjeld

319,0

335,7

335,7

335,7

Mellomverande med statskassen

-168,5

-204,1

-204,1

-204,1

Sum kortsiktig gjeld

150,6

131,5

131,5

131,5

Sum gjeld og eigenkapital

256,4

298,9

301,0

302,2

1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.

2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Statens kartverks bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.

3 Langsiktig gjeld. Statens kartverk finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».

4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.

Kap. 4465 Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Gebyrinntekter tinglysning, burettslag

53 365

02

Gebyrinntekter tinglysingen, fast eigedom

969 940

Sum kap. 4465

1 023 305

Post 01 Gebyrinntekter tinglysning, burettslag

Løyvinga på posten omfattar inntekter frå rettsregistrering av andelar i burettslag. Gebyra er fastsette i forskrift etter eit sjølvkostprinsipp. Dei faktiske inntektene i året vil avhenge av aktiviteten i eigedomsmarknaden.

I 2009 blei det rekneskapsført 50,6 mill. kroner i gebyrinntekter av andelar i burettslag, jf. kap. 3462 Tinglysing, post 01 Gebyrinntekter, burettsregister under Justisdepartementet. I budsjettet for 2010 er løyvinga på 51,76 mill. kroner. Det foreslås å auke posten med 1,605 mill. kroner i 2011.

Det foreslås oppretta ein merinntektsfullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 1465 post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4465 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 02 Gebyrinntekter tinglysning, fast eigedom

Løyvinga på posten omfattar inntekter frå tinglysing i fast eigedom. Gebyra er fastsette i forskrift. Dei faktiske inntektene i året vil avhenge av aktiviteten i eigedomsmarknaden.

I 2009 blei det rekneskapsført 924,7 mill. kroner i gebyrinntekter frå tinglysing i fast eigedom, jf. kap. 3462 Tinglysing, post 02 Gebyrinntekter, fast eigedom under Justisdepartementet. I budsjettet for 2010 er løyvinga på 928,8 mill. kroner. Det foreslås å auke posten med 41,14 mill. kroner i 2011.

Kap. 5465 Statens kartverk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

49

Salg av anleggsmidler

24

Sum kap. 5465

24

Post 49 Sal av anleggsmidlar

På posten blir det ført tilfeldige inntekter for Statens kartverk, bl.a. inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av rekneskapstekniske grunnar skal bruttoførast.

Departementet ber om fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 2465 post 45 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2 .

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 4 Luftforureining og klima, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda, og 7 Andre verkemiddel. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Senter for klima og miljø.

Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda som ledd i å følgje globale miljøendringar og effektane av desse, bl.a. med 20 mill. kroner til auka fagleg aktivitet ved Senter for klima og miljø i Tromsø. Samtidig vil kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde vere viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betyding vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.

Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.

Statens kartverk vil i 2011 halde fram med planlegginga av ei naudsynt modernisering av radioteleskopet i Ny Ålesund. Radioteleskopet observerer polrørsla og andre globale endringar som blant anna er grunnlaget for fastsetjing av ei felles verdstid.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1471

Norsk Polarinstitutt

249 183

204 724

246 520

20,4

1472

Svalbard miljøvernfond

13 980

11 450

11 730

2,4

1473

Radioaktiv forureining av det ytre miljø

11 000

-100,0

1474

Senter for klima og miljø

17 000

37 023

117,8

Sum kategori 12.60

263 163

244 174

295 273

20,9

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter

184 624

146 418

184 127

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

64 117

57 808

61 895

50

Stipend

442

498

498

Sum kap. 1471

249 183

204 724

246 520

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • ivareta forvaltningas kunnskapsbehov

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet

  • fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Polarmiljøsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • drive utovervendt informasjon om polarområda mellom anna gjennom samarbeid med Polaria.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Luftforureining og klima, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda, og 7 Andre verkemiddel. Senter for is, klima og økosystem (ICE) vart etablert og opna i 2009 med utgangspunkt i Norsk Polarinstitutt og i samarbeid med sentrale faginstitusjonar i Noreg. Regjeringa fører vidare løyvinga på 24 mill. kroner til ICE også i 2011. Midlane vil òg gå til nasjonale og internasjonale fagkonferansar og seminar innafor denne kompetanseramma.

Det er òg aktuelt med støtte til regionale klimavurderingar.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Overvakinga på Svalbard vil bli ytterlegare styrkt i 2011.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.

Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Luftforureining og klima, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda, og 7 Andre verkemiddel. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhørende Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). For å redusere slitasjen på køyretøya når dei ikkje er i bruk er det blitt sett av midlar til ein kaldgarasje på Troll i antarktis. Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr.1.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Sals- og utleigeinntekter

7 680

8 833

9 107

03

Inntekter frå diverse tenesteyting

63 401

21 525

50 192

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

869

18

Refusjon av sjukepengar

755

21

Inntekter, Antarktis

9 412

10 874

11 211

Sum kap. 4471

82 117

41 232

70 510

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutts har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

50

Overføring til Svalbard miljøvernfond

13 980

11 450

11 730

Sum kap. 1472

13 980

11 450

11 730

Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.

Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.

Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.

Post 50 Overføring til fondet

Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond og kap. 4472 post 70 Diverse inntekter, til fondskapitalen.

Kap. 4472 Svalbard miljøvernfond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Diverse inntekter

44

25

25

Sum kap. 4472

44

25

25

Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene til Svalbards miljøvernfond. Meirinntekter under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 70 Diverse inntekter

Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Denne posten blir nytta til inntekter til fondet som ikkje kan karakteriserast som sektoravgifter, blant anna miljøerstatning og tvangsmulkt.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

13 936

11 425

11 705

Sum kap. 5578

13 936

11 425

11 705

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med Svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1474 Senter for klima og miljø

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

01

Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

17 000

4 023

50

Tilskot til stateleg mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

13 000

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

20 000

Sum kap. 1474

17 000

37 023

Kap. 1474 er styrkt med 20 mill. kroner i 2011. Dette vil styrkje den faglege aktiviteten innanfor ramma av dei fem faglege satsingsområda (flaggskipa).

Desse er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.

Midlane skal gå til å utvikle vidare og styrkje kunnskap om klima og miljø som vil setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø er av stor betydning for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

Midlane skal gå til etablering av gode forskingsnettverk nasjonalt og internasjonalt, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

Midlane skal gå til etablering av gode forskingsnettverk nasjonalt og internasjonalt, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Til forsida