Del 3
Omtale av Miljøverndepartementets resultatområde
7 Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde
Regjeringas løyvingsforslag for 2011 for Miljøverndepartementet er omtalt på programkategoriar, kapittel og post i budsjettproposisjonen. Tabell 7.1 nedanfor viser framlegget til disponering av budsjettet på det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel for 2010 og 2011. Fordelinga av dei føreslåtte løyvingane støttar opp under måla på det enkelte resultatområde, og nyleg vedteke lovverk som naturmangfaldlova og plan- og bygningslova.
Regjeringa foreslår å auke Miljøverndepartementets budsjett med 7,1 pst. samanlikna med saldert budsjett 2010. Dette inkluderar og overføringa av ansvaret for Tinglysinga frå Justisdepartementet. Fordelinga viser at ein av dei største aukane på Miljøverndepartementets budsjett finst innafor resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv. Regjeringa følgjer opp den breie satsinga frå dei siste åra med ytterlegare løyvingar til blant anna forvaltning og skjøtsel av verneområde, prioriterte arter og utvalde naturtypar, og villaks. Å ta vare på naturmangfaldet handlar om å sikre livsgrunnlaget for oss sjølve og kommande generasjonar. Kvar dag nyttar vi “naturen sine varer og tenester” for å overleve, i form av til dømes vatn, klimaregulering og produksjon av oksygen. Naturens mangfald gir oss mat, medisinar, klede, byggverk og brensel, og er grunnlag for verdiskaping. Natur og naturmangfald gir opplevingar, identitet og tilhøyring.
Satsinga på nordområda held fram og aukar ytterligare. Under resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda er det ein auke på heile 30 prosent. Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til vidare oppbygging av Senter for klima og miljø i Tromsø, og om lag 10 mill. kroner til andre tiltak i nordområda, mellom anna til norsk-russisk miljøsamarbeid og økt tilstedeværelse på Svalbard. Vi står overfor nye utfordringar som krev ny kunnskap om miljø- og klima i nordområda. Det nye senteret skal bidra med tverrfagleg forsking som gjer at Noreg skal vere eit føregangsland på miljøområdet, og ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljø- og kulturverdiane i nord Noko av auken skuldast òg eigengenererte inntekter i Norsk Polarinstitutt.
Innsatsen på resultatområde 4 Luftforureining og klima blir halden oppe på om lag same nivå som i 2010, med ein liten auke som skuldast fleire tilsette medarbeidarar innafor klimaområdet. Regjeringas visjon i klimaarbeidet er at den globale temperaturen i gjennomsnitt ikkje skal auke meir enn 2 ºC i forhold til førindustriell tid. Dette betyr at konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet
Auken på resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling skuldast at Miljøverndepartementet har teke over ansvaret for tinglysinga frå Justisdepartementet frå 1. juli 2010. Løyvinga er overført Miljøverndepartementet i samsvar med dette. Planlegginga gir rammer for kor vi skal bu, handle og bruke fritida vår, og korleis vi formar byar, tettstader og bygder som er attraktive for alle og fremjar folkehelsa. Samstundes er planlegging eit viktig verktøy for å sikre at naturens mangfald, kulturminne og kulturmiljø, landskapsverdiar og viktige jordbruksareal vert tekne vare på i eit langsiktig perspektiv i samsvar med nasjonale målsetjingar. Kart og annan geografisk informasjon (geodata) er naudsynte hjelpemiddel for planlegging, drift og støtte til avgjerd på mange samfunnsområde.
Når det gjeld resultatområde 7 Andre verkemiddel er det hovudsakeleg løyvingane til forsking og overvaking som aukar med i underkant av 30 mill. kroner. Dei miljøpolitiske utfordringane veks og skaper auka forventningar til politiske løysingar både internasjonalt og nasjonalt. Mange problem har blitt større og vanskelegare å handtere, slik som klimaendringane og følgjene av dei. Samstundes er det utvikla nye verkemiddel, lover og reglar for å møte utfordringane. Miljøforvaltninga må møte denne utviklinga med kunnskap og kompetanse og med endå meir effektivt og målretta arbeid.
Under resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø blir innsatsen ført vidare for å kunne ta vare på spora etter at menneske har levd og verka her gjennom mange tusen år. Eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og tas vare på som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Arbeidet med å sikre god kartlegging, overvaking og rapportering om utvikling og tilstand på freda og verneverdige bygningar skal prioriterast. Gjennom Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet skal det sikrast gode styringsdata for å kunne målrette bruk av virkemiddel og gje eit godt grunnlag for å sette i verk nødvendige tiltak for å nå dei nasjonale måla i 2020.
Under resultatområde 3 Vassforureining, miljøgifter og avfall er reduksjonen i budsjettet tilpassa venta utbetalingstakt i arbeidet med opprydding i forureina sediment i fjordar og hamner. Dette inneber ein reduksjon i løyvinga. Arbeidet på dette området skal sikre vår rett til eit reint miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på.
Ei meir detaljert og omfattande omtale av satsingane i budsjettet er gitt i kapittel 2 i innleiinga (Del 1).
Tabell 7.1 Miljøverndepartementets budsjett for 2010 og 2011 fordelt på resultatområde:
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Resultatområde | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Endring siste år i pst. |
1. Naturmangfald og friluftsliv | 1 324 608 | 1 374 726 | 3,8 |
2. Kulturminne og kulturmiljø | 451 409 | 474 337 | 5,1 |
3. Vassforureining, miljøgifter og avfall | 597 838 | 566 282 | -5,3 |
4. Luftforureining og klima | 280 467 | 285 989 | 2,0 |
5. Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda | 181 838 | 237 527 | 30,6 |
6. Planlegging for ei berekraftig utvikling | 510 445 | 657013 | 28,7 |
7. Andre verkemiddel | 933 644 | 989 207 | 6,0 |
Sum | 4 280 249 | 4 585 081 | 7,1 |
8 Resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv
Tilstand, utvikling og utfordringar
Naturmangfaldet omfattar all verdas livsformer og deira levestader, og mennesket deler jordkloden med millionar av andre arter. Å sikre naturmangfaldet handlar om å sikre livsgrunnlaget for oss sjølve og kommande generasjonar. Mangfaldet av arvemateriale, arter og naturtypar er ein føresetnad for å halde ved lag naturen sine system og prosessar, og utrydding av ein nøkkelart kan få store konsekvensar for eit økosystem. Kvar einaste dag nyttar vi «naturen sine varer og tenester» for å overleve, i form av til dømes vatn, klimaregulering og produksjon av oksygen. Naturens mangfald gir oss mat, medisinar, klede, byggverk og brensel, og er grunnlag for verdiskaping i næringar som til dømes fiskeri, akvakultur, landbruk, turisme og næringsmiddel- og medisinsk industri. I dag dekkjer 80 pst. av befolkninga i verda sitt medisinbehov gjennom planter.
Nærkontakt med natur er viktig for livskvaliteten til mange menneske. Natur og naturmangfald gir opplevingar, identitet og tilhøyring. I ei undersøking frå 1999 svarte 19 av 20 nordmenn at naturen er viktig for «det gode liv». Ein stor del av det norske friluftslivet handlar om store og små naturopplevingar som blir minne for livet, og allemannsretten sin sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Ettersom busettingsmønsteret har blitt meir og meir knytt til byar, har naturen fått ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og opplevingar.
Naturen er eit komplekst system som sikrar biologisk liv som fenomen, og livsprosessane og det biologiske livet er grunnleggjande uavhengig av mennesket. Dette gir naturen ein verdi i seg sjølv. Naturen sin verdi i seg sjølv er eit viktig argument for å ta omsyn til naturmangfaldet når vi tenkjer økonomi og teknologi. Det enorme mangfaldet av arter som vi finn på jordkloden, dei fantastiske tilpassingane og den komplekse og utruleg finmaska «veven» som naturen består i bør gi grunn for respekt, audmjuke og ærefrykt.
Boks 8.1 Gjer det noko om rovmidd og fjørmygg forsvinn?
Om fjørmyggen forsvinn får ikkje auren mat. Om rovmidden forsvinn får vi oppblomstring av spinnmidd som mellom anna skapar problem for tomatdyrkarar som må bruke meir sprøytemiddel. Då drep dei spinnmidden, men òg dei artene som lever av han. Dette fører til endå meir sprøyting og vi er inne i ein vond sirkel.
Boks 8.2 Bier og bestøving – ei uunnverleg økosystemteneste
Villbier og honningbier (tambier) har vital betydning for bestøvig av blomsterplanter, frukttre og bærbuskar. Mellom 15 og 30 pst. av maten vi et er direkte eller indirekte avhengig av bestøving frå insekt. I USA har store bestandar av tambier kollapsa dei siste åra. Det ser ut til at sjukdomen CCD (kolonikollaps)medverkar til at tambiene ikkje finn vegen tilbake til kuben. Grunnen til dette er førebels ukjent, men mykje tyder på at bruk av pesticid kan vere ei årsak. Biene si bestøving er avgjerande for avlingar med ein samla verdi på over 70 milliardar kroner berre i USA. Sjukdomen har òg spreidd seg til Europa, m.a. Danmark.
Vi veit at naturmangfald går tapt i høgt tempo og det er generell semje om at ein stor del av tapet er menneskeskapt. Dersom tapet av arter held fram som i dag vil kvar tiande dyre- og planteart på jorda vere historie om 25 år. Ein reknar med at det forsvinn 100 arter kvar dag. Vi opplever no den største bølgja av utrydding sidan dinosaurane forsvann. I 60 pst. av økosystema er verdiane og tenestene vi får av økosystema svekte. Den nye FN-rapporten Global Biodiversity Outlook slår fast at heile økosystem kan kollapse og tapet av naturmangfald kan føre oss nærare såkalla «vippepunkt». Vi veit ikkje når, kva slag planter eller dyr som kan representere eit vippepunkt, men konsekvensane kan bli katastrofale når vi mister økosystemtenester som mat, medisin og grunnlag for verdiskaping (FN-utgreiinga Millennium Ecosystem Assessment). Klimaendringane forsterkar den negative utviklinga for naturmangfaldet. I følgje FNs klimapanel (IPCC) vil om lag 30 pst. av artene døy ut om middeltemperaturen på jorda stig med 2-3 grader.
Vi har dokumentert at 80 arter har forsvunne frå norsk natur dei siste 80 åra. Av dei 18 500 artene som vart vurderte i arbeidet med den norske raudlista i 2006, vart 3 886 arter (21 pst.) plasserte på raudlista. Dei 285 artene som er kritisk truga kan vere utrydda i Noreg i løpet av 10 år. Pr. august 2010 er 16 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova. Undersøkingar viser likevel at verneverdiane er truga i 35 – 40 pst. av verneområda. NINA-rapport nr. 535 Naturfagleg evaluering av norske verneområde, viser at fjellnatur er svært godt representert i dei verna områda, medan naturtypar knytte til produktiv skog, kulturlandskap, ferskvatn og våtmark ikkje er godt nok representerte. Ei rekkje naturtypar er så kraftig reduserte at dei er rekna som truga. Ei raudliste for naturtypar som blir lagt framhausten 2010 vil gi ei samla oversikt over truga naturtypar i Noreg, og blir eit viktig grunnlag for å setje inn effektive og målretta tiltak.
Norske havområde har eit særs rikt naturmangfald med blant anna internasjonalt viktige bestandar av fisk og sjøfugl. Korallreva langs norskekysten er unike i global samanheng. Dei marine økosystema er under auka press blant anna frå klimaendringar og havforsuring og auka menneskeleg aktivitet som fiskeri, skipstrafikk, petroleumsverksemd og langtransportert forureining. Mange sjøfuglbestandar har gått kraftig tilbake samstundes som det i fleire område er observert betydeleg skade på botnlevande organismar, som til dømes kaldvasskorallar.
Det er eit mål å stanse tapet av naturmangfald. Den reviderte raudlista for arter, den nye raudlista for naturtypar og naturindeksen for Noreg som alle saman blir presenterte i løpet av hausten 2010 vil gi nærmare informasjon og grunnlag for å vurdere kvar vi står i høve til å nå dette målet.
Boks 8.3 Havforsuring kan omvelte dei marine økosystema
Dei menneskeskapte klimagassutsleppa fører ikkje berre til global oppvarming, men òg til forsuring av havvatnet. Forsking på verknadene av havforsuring er i startgropa, men vi veit allereie no at endringar skjer raskast i dei kalde farvatna i nord og at dyr som er avhengige av kalkskal vil vere særleg sårbare. Dersom til dømes viktige arter av plankton i havet forsvinn, kan vi nå eit «vippepunkt» som kan føre til irreversible endringar i dei marine økosystema.
Utfordringar
Kampen for å stanse utryddinga av naturmangfald er ei global utfordring som krev at vi finn løysingar på kompliserte og omfattande problem som negative effektar av fysiske inngrep og arealendringar som til dømes avskoging i regnskog og den globale klimakrisa. Miljøverndepartementet har som overordna mål at arter som finst naturleg skal sikrast i levedyktige bestandar, og at variasjonen av naturtypar skal takast vare på innafor deira naturlege utbreiingsområde og med det mangfaldet av arter og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar den enkelte naturtypa.
På partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 tar ein sikte på å fastsette nye mål for å ta vare på naturmangfaldet. Nye mål skal implementerast i partslanda sin nasjonale politikk. Noreg arbeider for å få operative mål og ein protokoll om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av desse. Det blir ei utfordring å fastsetje strategiske og målbare sektormål som dekkjer konvensjonens verkeområde, og å følgje opp desse i nasjonal politikk.
I Noreg er fysiske inngrep og endra arealbruk den viktigaste årsaka til nedgangen i naturmangfald. Ein reknar med at 85 pst. av dei truga artene på raudlista er truga fordi leveområda deira forsvinn eller blir delt opp i mindre bitar. Ein berekraftig arealpolitikk som tek omsyn til naturmangfaldet på ein betre måte er derfor ein føresetnad for å snu utviklinga.
Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsle i utmark. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. I dei bynære områda er det kamp om areala, og vi må aktivt arbeide for å halde oppe dei grøne lungene og friluftsområda som vi allereie har, og leggje til rette for nye friluftsområde. Det er Regjeringas mål at alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Det er ei utfordring å styrkje allemannsretten ved bruk – mottoet må vere «allemannsrett er allemannsvett». Det er behov for ein meir heilskapleg friluftspolitikk som gir betre grunnlag for å avbalansere friluftsmål med andre sektorar sine mål og som gjer forvaltninga av friluftsområde meir føreseieleg. Dette må skje i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og friluftslivsorganisasjonane. Ein meir heilskapleg friluftspolitikk vil òg gi viktige bidrag til betre folkehelse, og attraktive friluftsområde kan medverke til å styrkje reiseliv og verdiskaping lokalt og regionalt.
Områdevern er eit viktig bidrag til å sikre mangfaldet i naturen. Når nasjonalparkplanen og dei tematiske fylkesvise verneplanane no blir sluttførte, gjenstår arbeid med marint vern og skogvern. I tillegg er det ei utfordring å ta vare på naturverdiane i dei områda som er verna. I dette arbeidet vil den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde spele ei viktig rolle. Ei viktig utfordring framover blir å sikre truga og sårbar natur der vernet er mangelfullt, anten gjennom vern eller ved bruk av andre verkemiddel. Dette blir særleg krevjande i område der folk bur.
For å bremse øydelegginga av naturkapitalen, dvs. alle dei varer og tenester naturen forsyner oss med, må vi i større grad synleggjere verdien av han. FN-studien The Economics of Ecosystem-Biodiversity (TEEB) som vert lagt fram hausten 2010, vil gi eit viktig bidrag til dette arbeidet. Foreløpige utrekningar viser at vi kvart år taper naturkapital til ein verdi på mellom 2 og 4,5 trillioner dollar. Tap av marine økosystem kjem i tillegg.
Klimatrusselen og bevaring av naturmangfald er to av dei viktigaste utfordringane for verdssamfunnet. Desse to utfordringane er samstundes svært nært knytte til kvarandre. Klimaendringane fører i seg sjølv til tap av arter, og nokre aktuelle klimatiltak vil vere ein trussel mot arter og naturtypar. Samstundes veit vi at skog, skogsjord og våtmark bind store mengder CO2, og at robuste økosystem som tåler endringar vil vere ei viktig tilpassing til klimaendringane vi allereie no ser. Det blir ei utfordring å få klimatiltak og tiltak for å bevare naturmangfald til gjensidig å støtte kvarandre. Det er naudsynt med eit meir aktivt samarbeid mellom klimaarbeid og arbeid for å ta vare på naturmangfald på alle nivå. I utgangspunktet skal vi prioritere tiltak som er positive for både klima og naturmangfald.
Arbeidet med å setje i verk naturmangfaldlova vil ha sterkt fokus òg i 2011. Det er ei utfordring å få sektorar, kommunar og avgjerdstakarar til å bruke lova sine forvaltningsmål for naturtypar og arter og miljøprinsippa (kunnskapsgrunnlaget, økosystemtilnærming og samla belastning, føre var-prinsippet) aktivt. Det er òg viktig å kunne setje inn ekstra tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar gjennom ordningane med prioriterte arter og utvalte naturtypar.
Introduksjon av framande, skadelege organismar er sidan 1800-talet årsak til utrydding av om lag 40 pst. av dei artene som ikkje lenger finst på jorda. Av dei 100 framande organismane som gjer mest skade på natur i Europa finn vi 39 i Noreg. Når kap. IV om framande organismar i naturmangfaldlova trer i kraft saman med forskrifter om innførsle og utsetjing av framande organismar og utsetjing av utanlandske treslag, vil vi få på plass eit godt verkemiddel. For å følgje opp regelverket på ein god måte vil det krevjast god informasjon til alle som har noko å gjere med framande organismar, mellom anna grøntbransjen og kjæledyrbransjen. Det er òg behov for betra kunnskap om artene og aktiv nedkjemping av framande, skadelege organismar som er etablerte i norsk natur.
Dei siste åra er innsatsen for å skaffe betre kunnskap som grunnlag for forvaltning av naturmangfaldet auka, både gjennom auka omfang av kartlegging og overvaking og med etablering av blant anna Artsdatabanken og Artsprosjektet. Hausten 2010 vil den første utgåva av ein Naturindeks for Noreg bli lansert. Naturindeksen gir ei samla oversikt over tilstand og utviklingstrendar for dei store økosystema, også i ulike delar av landet. Dette «naturbarometeret» må utviklast vidare, og det er gjennom dette arbeidet òg avslørt store hol i kunnskapen som må fyllast opp.
Godkjenning av dei første forvaltningsplanane for vassregionane i Noreg i juni 2010 var ein milestolpe i arbeidet med vassforvaltning. Planane dekkjer om lag 20 pst. av vassførekomstane i Noreg. Utvalde fylkeskommunar (vassregionstyresmakter) har no ansvaret for å gjennomføre planane og utarbeide nye planar for resten av landet. For at fylkeskommunane skal lykkast i dette arbeidet slik at vassførekomstane i Noreg når god status innan 2021 må dei vere aktive pådrivarar i samarbeid med vassregionutvala. Manglande kunnskap om miljøtilstanden i mange av vassførekomstane gjer arbeidet ekstra utfordrande.
Boks 8.4 Eit godt kunnskapsgrunnlag heilt nødvendig
Det dramatiske bortfallet av sukkertare langs kysten dei siste åra er eit svært godt døme på kor avhengige vi er av eit godt kunnskapsgrunnlag, til dømes gjennom overvaking. Tareskogane er våre marine regnskogar og leveområde for torsk og mange andre arter. Overbelastning med næringsstoff og høge vasstemperaturar har drepe 90 pst. av sukkertaren langs Skagerakkysten på ti år. Forskarane meiner no at sukkertaredauden starta allereie i 1997. Vi oppdaga endringa først i 2002. Ei betre miljøovervaking kunne ha avslørt endringa langt tidlegare, og ein større del av sukkertaren på denne strekninga kunne kanskje ha vore redda.
Dei marine forvaltningsplanane gir rammer for verdiskaping gjennom berekraftig bruk og ivaretaking av marine økosystem. Ein forvaltningsplan for Nordsjøen skal etter planen vere ferdig i 2013. Med det vil alle norske havområde vere dekte av ein forvaltningsplan. For Barentshavet/Lofoten og Norskehavet er den viktigaste utfordringa å oppretthalde ein god miljøstatus. For Nordsjøen vil utfordinga vere å utarbeide og setje i verk ein plan for å betre miljøtilstanden. Eit nært samarbeid med dei andre Nordsjølanda blir viktig i dette arbeidet. Arbeidet må òg samordnast med dei planane som dei andre Nordsjølanda legg som følgje av EUs Havstrategidirektiv. Dei aktuelle sektorane må framleis aktivt medverke til at forvaltningsplanane blir eit godt verkemiddel til å avbalansere ulike interesser og regulere aktivitetar slik at dei samla påverknadene på dei marine områda blir haldne innafor ramma av det som desse økosystema toler.
Pr. september 2010 er om lag 1,8 pst. av den produktive skogen i Noreg verna. Nær halvparten av dei truga artene lever i skog, og auka skogvern er derfor viktig for å sikre norsk naturmangfald. Det er ei utfordring å sikre dei mest verneverdige skogareala, og ein føresetnad for å få til dette er eit betre kunnskapsgrunnlag. Arbeidet med frivillig skogvern vart evaluert i 2010, og evalueringa vil bli følgt opp i 2011.
På partsmøtet under FNs konvensjon om biologisk mangfald i oktober 2010 er det å få vedteke ein protokoll eit mål som kan medverke til ei meir rettferdig fordeling av fordelane som stammar frå utnyttinga av genressursar. I utviklingslanda finn vi mesteparten av verdas genetiske mangfald, medan i-landa har den teknologiske kapasiteten til å nyttiggjere seg slike ressursar. Utviklingslanda ønskjer å sikre seg delar i eit slikt økonomisk utbytte. Noreg er eit føregangsland internasjonalt på dette feltet gjennom naturmangfaldlova som har eigne reglar om tilgang til genetisk materiale og rettferdig fordeling.
Miljøverndepartementets rolle og ansvar
Miljøvernstyresmaktene har det overordna ansvaret for å sikre naturmangfaldet i Noreg og for friluftslivspolitikken. Direktoratet for naturforvaltning er departementet sitt sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltning og friluftsliv. Fylkesmannen forvaltar viktige delar av lovverket innafor naturforvaltning og har ei sentral rolle i arbeidet for å ta vare på naturmangfaldet. Frå 2010 har Fylkeskommunen fått viktige oppgåver innafor friluftsliv, vassregionforvaltning og forvaltning av vilt og innlandsfisk.
Som hovudansvarleg for naturforvaltning og friluftsliv har Miljøverndepartementet eigne verkemiddel på fleire område. Men arbeidet med å sikre mangfaldet i naturen er ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Miljøpolitikken byggjer på at alle samfunnssektorar og aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for verksemda si. Dette gir Miljøverndepartementet ei pådrivar- og samordningsrolle overfor andre sektorar og aktørar innafor naturforvaltning og friluftsliv, og departementet samarbeider nært med ei rekkje andre departement. I mange saker er det òg nær kontakt med kommunar og ulike nærings-, friluftslivs- og miljøorganisasjonar.
Verkemiddel
Å stanse tapet av naturmangfald krev globale avtaler og samarbeid. Internasjonalt samarbeid og forpliktande internasjonale avtaler er ein føresetnad for å løyse denne utfordringa. Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) gir det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet.
Andre viktige internasjonale konvensjonar er Bern-konvensjonen om ville europeiske planter og dyr og leveområda deira, Ramsarkonvensjonen om våtmarksområde, Bonn-konvensjonen om vern av trekkjande arter og leveområda deira, NASCO-konvensjonen om vern av laks i den nordlege Atlanteren og CITES-konvensjonen som regulerer internasjonal handel og transport av truga plante- og dyrearter.
Naturmangfaldlova er eit særs viktig juridisk verkemiddel i arbeidet med å bevare naturmangfaldet i Noreg. Lova gir mål, prinsipp og konkrete reglar om berekraftig bruk og vern av all natur, og skal praktiserast av alle sektorar. Det betyr at naturmangfaldlova er viktig for alle som forvaltar eller påverkar natur. Ordningane med «prioriterte arter» og «utvalde naturtypar» etter naturmangfaldlova gir felles reglar for forvaltning av viktige naturtypar utanfor verneområda. Her vil naturmangfaldlova verke saman med plan- og bygningslova og sektorlovane. I tillegg er områdevern framleis eit viktig verkemiddel.
Andre viktige juridiske verkemiddel for å ta vare på naturmangfaldet er viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova. Lov om statleg naturoppsyn har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn, og motorisert ferdsle i utmark og vassdrag er regulert av motorferdslelova. Friluftslova er grunnleggjande for å halde allemannsretten i hevd og sikre høve til friluftsliv for alle. Markalova sikrar høve til friluftsliv, naturoppleving og idrett i det mest brukte friluftsområdet i landet – skogområda kring hovudstaden.
Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å følgje utviklinga i naturtilstanden, og er nøkkelen til å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid. Kartlegging, overvaking og forsking er grunnleggjande verkemiddel for å betre kunnskapsgrunnlaget.
Informasjon, kommunikasjon og til dels opplæring er sentrale strategiske verkemiddel for å nå måla under resultatområdet. Dei er ein føresetnad for å skape interesse og forståing for å ta vare på naturmangfald og drive med friluftsliv, og få aksept frå veljarane for tiltak som kostar. Desse verkemidla er òg viktige for å gjere miljøsaker meir synlege på den politiske dagsordenen og hos allmenta, og skape semje om fakta om naturtilstanden som grunnlag for ulike tiltak.
Forvaltningsplanar er gode verkemiddel for å avbalansere ulike interesser og lettare kunne sjå heilskapen innafor eit område. Dei marine forvaltningsplanane og forvaltningsplanane for dei 11 vassregionane gjer det mogleg å få til ei meir heilskapleg hav- og vassforvaltning.
Økonomiske verkemiddel er ein føresetnad for å nå dei miljøpolitiske måla. Å ta vare på naturmangfaldet er høgt prioritert, og i budsjettet for 2011 tek ein høgde for dette. Til saman er resultatområdet finansiert med 1,37 mrd. kroner i 2011. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og kapitla 1425 og 1426, men kapitla 1400,1410, 1429 og 1441 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2011. Fylkesmannen og Fylkeskommunen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 1. Midlar til løn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett og for Fylkeskommunen over kap 572, post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet. Ein viser til nærare omtale av fylkesmannen under resultatområde 7.
Når det gjeld budsjettpostar kan ein skilje mellom postar til drift, til tilskot og til investeringar. Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Direktoratet for naturforvaltning, under dette Statens naturoppsyn. Driftspostane til desse finansierer personell og innkjøp av varer og tenester som er naudsynte i forvaltninga av naturmangfaldet og friluftslivet i Noreg.
Det finst ei rekkje tilskotsordningar på natur- og friluftslivsområde som går til enkeltpersonar, organisasjonar og private stiftingar eller bedrifter. For nokre tilskot er det fylkeskommunen som forvaltar ordninga, og for nokre få tilskot er kommunar mottakarar. Fylkeskommunane og kommunane skal som hovudregel elles dekkje utgiftene til natur- og friluftslivforvaltning av eigne budsjettrammer. For tiltak retta mot jakt- og fiske er tilskota finansierte ved direkte avgifter som jegarar og fiskarar betaler til dei statlege vilt- og fiskefonda.
Til vern og bandlegging av område til naturvern- og friluftsformål eksisterer det eigne investeringspostar for utbetaling av erstatningar til grunneigarar og andre rettshavarar. Investeringspostar blir òg nytta når større arbeid skal utførast i desse områda.
Størstedelen av midlane under resultatområdet går til underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar. Litt over halvparten av dette igjen går til rovvilt og villaks. Andre midlar blir nytta i vilt- og fiskeforvaltninga, på fjellrev, villrein, dverggås, sjøfugl, og andre truga og prioriterte arter. Etter underområde 2 ligg det største budsjettet på underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Dette omfattar dels erstatningar til grunneigarar ved vern av naturområde og dels utgifter til oppsyn, forvaltning og skjøtsel i natur- og verneområde. I tillegg kjem ressursar til utvalde naturtypar og til verdiskaping i samband med verneområda.
På underområde 3 ligg det midlar til tiltak mot framande organismar og til kompetanse på miljøvurderingar av genmodifiserte organismar. For underområde 4 går mest midlar til forvaltning og skjøtsel av friluftsområde, inkludert skjergardsparkane. Det blir i tillegg betalt ut erstatningar eller vederlag til grunneigarar ved sikring av friluftsområde for allmenta. Sist, men ikkje minst er det avsett pengar til stimuleringstiltak innan friluftslivet, det meste som tilskot til private organisasjonar.
Boks 8.5 Resultatområde 1 Naturmangfald og friluftsliv
Resultatområde 1 omfattar berekraftig bruk og vern av mangfaldet i naturen, dvs. naturtypar, arter og genressursar, og friluftsliv. Arbeidet på dette resultatområdet omfattar òg mange internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av mangfaldet i naturen. Forureining og klimaendringar ligg under resultatområda 3 og 4. Det er ei klar kopling mellom innsatsen for å ta vare på leveområde for planter og dyr og den nasjonale arealpolitikken som er omtalt under resultatområde 6.
Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde
Berekraftig bruk og vern av leveområde
Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar
Framande organismar og genmodifiserte organismar
Friluftsliv
Resultatområde 1 – underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde
Underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde omfattar sikring av leveområde for planter og dyr og naturtypar slik at naturmangfaldet får utvikle seg vidare og slik at viktige økosystemtenester ikkje blir ytterlegare utarma. Naturlandskapet i Noreg har unike element som til dømes større samanhengande område med villmark, høve til å oppleve stille og ro og naturen sine eigne lydar og lukter og arter av planter og dyr som er sjeldne eller ikkje finst i andre land i Europa.
Nedbygging, bruk og bruksendring (inkludert opphøyrt bruk og gjengroing) av areal er rekna som dei viktigaste truslane mot planter og dyr i Noreg. Summen av mange tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlege følgjer for den evna arter og bestandar har til å overleve, og for økosystemas produksjonsevne. Presset på areal aukar stadig, særleg kring byar og tettstader, i strandsona og i fjellet. Dette blir forsterka av klimaendringane. Havforsuring er ein stor trussel som er venta å skade viktige delar av økosystema i havet allereie innan 2025.
Gjennom vern etter naturmangfaldlova/naturvernlova sikrar vi dei mest verdifulle, mangfaldige og sårbare områda slik at dei kan bli bevarte for kommande generasjonar, men òg som kjelde til verdiskaping, næringsutvikling og sysselsetjing, friluftsliv, rekreasjon og naturopplevingar. Framover blir det auka fokus på å sikre verneverdiane i dei områda som allereie er verna. Det blir òg viktig å sikre økologiske funksjonar og økosystemtenester i naturtypar utanfor verneområda gjennom ordninga med «utvalte naturtypar» som følgjer av naturmangfaldlova. Å få til ei berekraftig arealforvaltning utanfor verneområda krev at sektorane medverkar, og dette vil vere ein føresetnad både for å ta vare på villmarksprega område (INON-område), gjennomføre vassforvaltningsplanane og dei marine forvaltningsplanane.
Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
1.1.1 Mangfaldet av naturtypar skal takast vare på innanfor det naturlege utbreiingsområdet. I all natur skal viktige økologiske funksjonar og tenester takast vare på. | 1.1.1.1. Tilstanden i alle økosystem skal vere frå god til mykje god, jf. Naturindeks for Noreg. | Indikatorar i høve til Naturindeks for Noreg. |
1.1.1.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar skal innan 2021 gjenopprettast slik at dei oppnår «godt økologisk potensiale», jf. vassforskrifta. | ||
1.1.1.3 I særleg verdifulle og sårbare marine område skal økologiske funksjonar og naturmangfald sikrast særleg vern. | ||
1.1.1.4 Inngrepsfrie naturområde som er att skal takast vare på. | Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON) | |
1.1.1.5 God økologisk tilstand skal gjenopprettast i eigna førekomstar av verdifulle naturtypar eller økologiske funksjonsområde. | Talet på restaurerte naturområde Talet på restaurerte kulturlandskap | |
1.1.3.6 Regulere motorferdsle i utmark og vassdrag for å ivareta naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen. | Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar | |
1.1.2 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar. | 1.1.2.1 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013, jf. naturmangfaldlova. | Talet på utvalde naturtypar Talet på inngrep i utvalde naturtypar Talet på førekomstar av utvalde naturtypar som har motteke midlar til skjøtselstiltak |
1.1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar. | 1.1.3.1 Alle naturtypar skal vere tilstrekkeleg representerte i område som er verna etter naturmangfaldlova eller naturvernlova. | Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar. Auka skogvern pr. år målt i km2 produktiv skog og prosent av produktiv skog verna |
1.1.3.2 Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast. | Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga. Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010
Tiltak som står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern er i hovudsak knytte til gjennomføring av dei fylkesvise verneplanane, skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, marin verneplan og sikring av naturverdiane i verneområda. Som tilpassing til klimaendringane vil det bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som inneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.
Ei evaluering av gjennomført vern på land etter naturvernlova/naturmangfaldlova er utført med sluttrapportering i mai 2010. Evalueringa konkluderer med at verna areal gir brukbar dekning for dei fleste hovudnaturtypane, men mangelfull dekning for skog generelt og produktiv skog spesielt. Også kulturlandskap og ferskvatn/våtmark treng betre vern eller andre sikringstiltak om variasjonsbreidda skal haldast ved lag. Dette betyr at verna areal i lågareliggjande område i varme vegetasjonssoner og på produktiv mark er underrepresenterte i dei verna områda. Det er i naturtypar i desse områda vi finn det mest varierte naturmangfaldet og at fleirtalet av dei truga artene lever. Evalueringa konkluderer med at dei norske verneområda langt på veg tilfredsstiller dei krava som internasjonale konvensjonar set til politikk og system for verneområde. To manglar blir framheva: Vernet er ikkje fullt ut representativt så lenge verna areal i lågareliggjande delar av Sør-Noreg er så lite, og forvaltninga av verneområda er ikkje god nok så lenge ein ikkje har klare mål for naturmangfaldet, forvaltningsstrategiar og overvakingsprogram for verneområda.
Internasjonale plikter i andre konvensjonar er òg sentrale for å følgje opp arbeidsprogrammet for vern av landområder under Konvensjonen om biologisk mangfald, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Verdsarvkonvensjonen om vern av verdas natur- og kulturarv, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur. Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR) er viktig for bevaring av marine økosystem.
Ein tek sikte på å utvikle norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs NATURA 2000 i høve til etablering av område og rapportering via det europeiske miljøbyrået (EEA). Naturvern er ikkje ein del av EØS-avtala, men Miljøverndepartementet har følgt EUs arbeid på dette området tett i samband med arbeidet med ny naturmangfaldlov. Naturmangfaldlova gjer at norsk naturforvaltning er lyfta opp på EUs nivå.
Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Innmelding av norske område til Emerald Network vil vere ein parallell til Natura 2000-prosessen i EU-landa. I 2008 nominerte Miljøverndepartementet dei 11 første norske områda til Emerald Network. I 2009 og 2010 er arbeidet med naudsynt dokumentasjon for om lag ytterlegare 180 verneområde sluttført slik at områda formelt kan meldast inn i nettverket etter at det europeiske miljøbyrået (EEA) har gjennomført ei fagleg vurdering. Arbeidet med innmelding av nye område vil bli trappa ytterlegare opp i 2011.
Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar
Det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald blir halden i oktober 2010 i Japan. Følgjande 4 tema har vore særleg viktige før møtet, og desse blir òg viktige på partsmøtet:
vedtak av protokoll om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling
vedtak av nye mål for naturmangfald etter 2010
styrking av naturmangfald i klimasamanheng, blant anna gjennom å arbeide for aktivt samarbeid mellom dei tre Rio-konvensjonane
synliggjering av naturkapitalen.
På forhandlingsmøte under FNs miljøprogram (UNEP) i Sør-Korea vart det i juni 2010 oppnådd semje om å etablere eit internasjonalt kunnskapspanel for naturmangfald (Intergovernmental Platform on biodiversity and Ecosystem Services (IPBES)) etter modell av det internasjonale klimapanelet (IPCC). Det er venta at FNs generalforsamling vedtek endeleg etablering av «naturpanelet» hausten 2010. Formålet med eit naturpanel er å skaffe regjeringane eit best mogleg kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag i spørsmål om naturmangfald. Noreg ønskjer å medverke med fagleg støtte til panelet gjennom å nytte seg av dei kompetansefortrinna som Trondheim med sine fagmiljø har i spørsmål knytte til kapasitetsbygging. Dette omfattar òg ei eventuell rolle som delsekretariat for arbeidsgruppe om kapasitetsbygging under naturpanelet, dersom ei slik gruppe blir etablert.
Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2010
Verneplan for Oslofjorden er sluttført i 2010 gjennom vedtak for delplan Østfold. I tillegg er verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal og verneplan for einskildområdet Bruvollhagen i Hedmark vedteken. Verneplan for myr og våtmark i Finnmark er planlagt vedteken i 2011. Verneplan for rik lauvskog i Troms vert gjennomført som frivillig skogvern. I løpet av 2010 vil ein i det alt vesentlege ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.
Tabell 8.2 Skogvern pr år (produktiv skog) i perioden 2001 – 2010 (september)
2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
(sept.) | ||||||||||
Produktiv skog som er verna i km2 | 47 | 66,3 | 0 | 28,6 | 156,1 | 28 | 20,7 | 169,6 | 31,5 | 51,7 |
Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004)
I 2009 vart det verna 18 skogområde med ca. 31 km2 produktiv skog. Pr. september 2010 er det i inneverande år verna 26 skogområde med ca 52 km2 produktiv skog, og totalt er ca. 1,8 pst. av det produktive skogarealet i Noreg no verna. I løpet av hausten 2010 er det planlagt vern av fleire skogområde ved frivillig vern, noko som er mogleg etter at det i revidert statsbudsjett for 2010 vart løyvd ytterlegare 60 mill. kroner til skogvern. I tillegg er det i 2010 planlagt vern av 33 skogområde på statsgrunn i Nordland og 31 område på statsgrunn i Nord-Trøndelag.
Ei evaluering av arbeidet med frivillig skogvern blei lagt fram i juli 2010. Det går fram av evalueringsrapportane at frivillig vern områda medverkar til å forbetre skogvernet, at arbeidsforma har ført til at konfliktnivået overfor skogeigarane er vesentleg redusert, og at naturvernorganisasjonane er misnøgde med manglande medverknad i arbeidet. Evalueringa anbefaler fleire tiltak for å forbetre det vidare arbeidet med frivillig skogvern. Oppfølginga av evalueringa skjer ved at Direktoratet for naturforvaltning, etter først å ha innhenta kommentarar frå skogeigar- og miljøorganisasjonar til evalueringsrapportane, gir sine anbefalingar til Miljøverndepartementet om korleis arbeidet med frivillig skogvern bør utviklast vidare.
Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre høg fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.
For 2011 er det følgjande hovudelement i arbeidet:
Statskog SFs grunn: Vern av område i Troms, og vidare arbeid for vern av område som er att i Buskerud, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane
Skog eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Verneprosessar og vernevedtak for område som ikkje blir verna i 2010.
Frivillig skogvern: Vidareføring av arbeidet med vern av område, og oppfølging av evalueringa av frivillig vern.
Systematiske, naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytte til dette. Hovudfokus i 2011 vil vere på edellauvskogar.
Gjennomføre nasjonalparkplanen ved å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde i løpet av 2010
Pr. september 2010 er 45 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. Sjunkhatten nasjonalpark vart oppretta i februar 2010. Følgjande område er planlagt verna hausten 2010: Sølen, Rohkunborri (Sørdalen-Isdalen), Goahteloubbal, Kvænangsbotn/Navitdalen og Sundfjordfjella. I tillegg skal nasjonalparkane Ormtjernkampen og Øvre Anarjohka utvidast. For å få samanheng med nasjonalparken på svensk side vil ein òg opprette Fulufjellet nasjonalpark. Denne kjem i tillegg til områda i nasjonalparkplanen. Fem kommunar i Nord-Trøndelag har fremja ønske om å etablere ein nasjonalpark på Nord-Fosen, og det blir arbeidd med ei mindre utviding av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark.
I vernearbeidet legg ein stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre samiske interesser på best mogleg måte i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.
Den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde som vart omtalt i Prop. 1S (2009-2010) er no under iverksetjing. Verneområdestyra skal ha representasjon frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interessar. Dei 131 kommunane som har verneområde knytte til nasjonalparkplanen har vore inviterte til å delta i slike styre, og dei aller fleste kommunane ønskjer å delta i ordninga. Det første nasjonalparkstyret vart oppretta i juni 2010 for forvaltning av nasjonalparkane Sjunkhatten, Rago, Junkerdal og Saltfjellet-Svartisen. Samstundes vart Nordland nasjonalparksenter på Storjord peika ut som det første forvaltningsknutepunktet etter den nye modellen. Nasjonalparkstyre for nasjonalparkane Ytre Hvaler og Dovrefjell-Sunndalsfjella er under etablering. Ein tek sikte på at over halvparten av dei ca. 35 styra som skal forvalte nasjonalparkar og andre større verneområde vil vere etablerte i løpet av 2010.
Fylkesmennene skal tilsetje nasjonalpark-/verneområdeforvaltarar som sekretariat for styra. God kunnskap skal liggje til grunn for forvaltninga, og det skal utviklast faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt. Dei faglege fellesskapa vil vere knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. Dei etablerte styra skal gjere framlegg om lokalisering av knutepunkt. Miljøverndepartementet vil prioritere etablering av knutepunkt der kommunane er samde om lokaliseringa.
Pr. 1. september 2010 er det autorisert 15 nasjonalparksenter. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter. Vidare utvikling av nasjonalparksenter vil bli sett i samanheng med etableringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområda.
Tabell 8.3 Oversyn over område verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova pr. september 2010.
Tal | Areal km (inkl. ferskvatn) | Prosent av Noregs landareal1 | |
---|---|---|---|
Nasjonalparkar | 33 | 29 935 | 9.3 |
Landskapsvernområde | 196 | 16 356 | 5.1 |
Naturreservat | 1 990 | 4 944 | 1.5 |
Andre fredingsområde | 478 | 428 | 0.1 |
Sum | 2 697 | 51 659 | 16,0 |
Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012
Noreg har slutta seg til målet under konvensjonen om biologisk mangfald om å ha på plass eit representativt og økologisk samanhengande nettverk av marine verneområde innan 2012. Det vart meldt formell oppstart av verneprosess for 17 område i marin verneplan i september 2009. Ein tar sikte på melding om oppstart for dei 19 områda som er att i fase I av marin verneplan i løpet av hausten 2010. Verneforslag for dei første områda skal etter planen sendast på høyring i 2011.
Noreg har førebels meldt inn 5 ulike område som er beskytta under fiskerilovgivinga og eitt område som er verna etter naturvernlova som bidrag til OSPARs nettverk i det nordaustlege Atlanterhavet, og tre nye område på Svalbard (verna etter svalbardmiljølova)
Halde ved lag naturverdiane i verneområda, og redusere truslane mot naturverdiane
Tilstrekkeleg og oppdatert kunnskap om arter, naturtypar og tilstand i dei enkelte verneområda er kritisk for å få til ei forsvarleg forvaltning. For å sikre at ønsket om auka bruk av verneområda ikkje svekkjer verdiane som ligg til grunn for vernet, er det naudsynt med eit forvaltningsapparat som er meir robust både fagleg og med tanke på kapasitet.
Løyvingane til forvaltning av verneområde har auka dei siste åra og Regjeringa foreslår også å auke løyvingane til forvaltningsplanlegging, konkrete skjøtselstiltak og overvaking av verneområde for å sikre verneverdiane i 2011. Delen av område der verneverdiane er truga aukar framleis. I 1996 var verneverdiane truga i 18 pst. av verneområda (DN 1996). I Riksrevisjonens undersøking frå 2006 var denne delen 30 pst. I 2008 og 2009 har Direktoratet for naturforvaltning gjennomført kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane framleis er truga i 35-40 pst. av verneområda. Verneverdiane er truga i første rekkje på grunn av aukande gjengroing, introduserte organismar og at det er verna mange kulturrelaterte og skjøtselskrevjande område. Naturtypar som er truga er først og fremst kulturlandskapstypar, ferskvatn, våtmark, barskog, edellauvskog og andre skogtypar. Det er ei overordna målsetjing å stanse og reversere denne utviklinga. I dette arbeidet ligg òg nedkjemping av framande organismar og tiltak for å bevare truga arter.
Statens naturoppsyn hadde i 2009 oppsynsansvaret for alle dei 2469 verneområda i fastlands-Noreg. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar. Talet på brot på regelverket i verneområde som er melde etter naturvernlova/naturmangfaldlova har vore på same nivå dei siste tre åra (61 – 63 saker melde til politiet).
I 2009 gjennomførte Statens naturoppsyn eit stort tal tiltak i verneområda i heile landet. Tiltaka omfattar både skjøtsel, fysisk tilrettelegging, informasjonstiltak og registreringsarbeid. Av store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre naturområde som vart gjennomførte i 2009 er stigtilrettelegginga av Skålastigen blant dei mest arbeids- og kostnadskrevjande. Ulike tilretteleggingstiltak som oppsetjing av informasjonstavler, skilt/grensemerke, bygging av fugletårn og utbetring av stigtrasear og rasteplassar har òg vore gjennomførte i andre verneområde. Dei auka løyvingane til tiltak i verneområde i samband med Regjeringas tiltakspakke for 2009 førte til vesentleg høgare skjøtselsaktivitet og fleire tilretteleggingstiltak i verneområda i 2009.
Skjøtselstiltak i verneområda har bestått av til dømes slått, tynningshogst og uttak av framande arter/organismar som rynkerose og sitkagran. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmannen og kommunane. Samla er desse tiltaka med på å auke den lokale verdiskapinga og sysselsetjinga i samband med verneområda i mange utkantkommunar. Statens naturoppsyn organiserte og gjennomførte òg eit høgt tal aksjonar der søppel vart fjerna frå verneområda. Ein stor del av desse aksjonane vart gjennomførte langs kysten.
Sjølv om etableringa av tilfredsstillande oppsynsordningar er vesentleg styrkt dei siste åra, er det framleis eit etterslep i arbeidet med å etablere eit tilfredsstillande oppsyn i enkelte område/regionar. Dette gjeld blant anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane og landskapsvernområda, men òg innanfor enkelte regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde, og for naturoppsynet langs kysten.
Statens naturoppsyn har styrkt arbeidet med naturrettleiing og informasjonsarbeid retta mot barn og unge i skuleverket, og mot besøkande i dei store verneområda Hardangervidda, Jotunheimen, Dovre og Rondane. Både villreinsentra, nasjonalparksentra og Den Norske Turistforeining er viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet. Det er òg ønskeleg med auka innsats innafor naturrettleiing knytt til verne- og friluftsinteresser rundt dei tett folkesette områda i landet.
Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområdet. Pr. desember 2009 hadde 417 verneområde forvaltnings-/skjøtselsplanar. Forvaltningsplanar for 92 område er under arbeid. Det er behov for forvaltnings-/skjøtselsplanar for ytterlegare 1070 område. 26 av nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda har godkjende forvaltningsplanar. I mange område er det behov for faglege registreringar før det kan utarbeidast forvaltningsplanar.
Noreg manglar eit landsdekkande system for overvaking av verneområde. Det er sett i gang eit prosjekt med deltaking frå fylkesmenn og vitskapelege institusjonar for å lage retningslinjer for å definere bevaringsmål for sentrale naturkvalitetar i det enkelte verneområdet. Materiale frå prosjektet er prøva ut i fleire pilotområde sommaren 2010. Basiskartlegginga av utvalte verneområde startar i 2011. Etter planen skal eit utval av naturtypar i alle verneområde mindre enn 20 000 daa (2380 område) kartleggast, og delkartlegging skal utførast i dei resterande store områda (ca. 170 område) i løpet av ein 5-årsperiode.
Dei aller fleste verneområda er oppretta gjennom dei tematiske verneplanane, og dei faglege grunnlagsregistreringane har av ressurs- og kapasitetsårsaker vore innretta direkte mot tema for verneplanen. Dei færraste verneområda er derfor naturtypekartlagt, og det er store manglar når det gjeld kunnskap om kva for arter som finst i verneområda. I og med at ein ikkje har hatt eit systematisk overvakingsopplegg for verneområda, er heller ikkje status for dei registrerte verneverdiane kjent. Ifølge Ramsarkonvensjonen skal dei 37 norske våtmarkssystema (32 på fastlandet og 5 på Svalbard) som er med på lista over verdas viktigaste våtmarksområde ha godkjende forvaltningsplanar. Etter planen skal 19 av dei 32 områda ha godkjende forvaltningsplanar ved utgangen av 2010.
Verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar» starta i 2009. Programmet skal medverke til at distrikt med verneområde kan utnytte høva til verdiskaping på best mogleg måte. Det kom inn 56 skisser til moglege prosjekt, noko som viser stor interesse. Etter ein ny utlysingsrunde våren 2010 er no i alt 15 prosjekt med i programmet.
Sikre dei truga naturtypane gjennom ordninga med utvalde naturtypar (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel
Bygging av fritidsbustader, motorferdsel i utmark, utbygging av arealkrevjande energi- og transportanlegg, by og tettstadsutvikling og endra driftsformer i landbruket er nokre av dei viktigaste grunnane til nedbygging, bruksendring, oppsplitting av viktige areal og gjengroing. Summen av mange, tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlige følgjer for arter og bestandar og deira høve til å overleve, og for produksjonsevna i økosystema.
Det er sett i gang arbeid for å bevare utvalde naturtypar. Store delar av stortareskogen i nord og sukkertareskogen i sør har forsvunne. Stortaren blir beita ned av kråkebollar, men årsakene bak den dramatiske situasjonen er framleis ukjende. For sukkertare er høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar dei viktigaste årsakene til at arten blir borte. Kaldvasskorallrev er ein annan naturtype som er under stort press. Reva har blant anna blitt skadde av botntråling og klimaendringar. Havforsuring er eit nytt trugsmål. I forvaltningsplanen for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008-2009)) har regjeringa lagt fram ei rekkje nye tiltak for å beskytte korallreva mot skade. Fleire korallrev har blitt beskytta mot skade frå fiskeriaktivitet, og alle reva som er beskytta mot botntråling skal òg beskyttast mot garn- og linefiske. Det er òg stilt særskilte krav til petroleumsverksemd i område med korallrev. I områda Iverryggen og Froan/Sularevet skal det fram mot 2014 ikkje utlysast nye konsesjonar for petroleumsverksemd. Unnateke frå dette er dei delane av Froan/Sularevet som er omfatta av ordninga med tildeling av førehandsdefinerte område (TFO). Arbeidet med å samanfatte eksisterande tiltak og supplere dei etter behov i ein nasjonal handlingsplan for korallrev og liknande sårbare naturtypar på havbotnen vil starte i løpet av 2010.
Handlingsplanar for kalklindeskog, kalksjøar med kransalgar og innhole eiketre er ferdigstilte. Desse tre naturtypane er føreslåtte som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova, og kongeleg resolusjon for kvar av naturtypane skal etter planen behandlast hausten 2010. Det er sett i gang arbeid med ytterlegare 15 handlingsplanar for truga naturtypar. Desse er høgmyr i innlandet, terrengdekkjande høgmyr på kysten, kjelder i låglandet, kystlynghei, haustingsskog, kroksjøar og meanderelveparti, elvedelta ferskvatn og brakkvatn, fossesprøytsoner, varmekjær kjeldelauvskog, kystfuruskog, olivinfuruskog, sanddyneområde, open grunnlendt mark i Oslofjordområdet, spesielle sandområde og ålegrasenger. Alle desse naturtypane vil bli vurderte fremja som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova (gjennom kongeleg resolusjon) i 2011. Det blir i 2010 etablert eit system det kan søkjast i for tilskotsordninga for utvalde naturtypar (kap 1427, post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar) og der det kan søkjast om tilskot til tiltak som er beskrivne i handlingsplanen for den enkelte naturtypen. Systemet vil vere fullt operativt i 2011 og skal i hovudsak administrerast av fylkesmennene.
I samarbeid med aktuelle partar sikre at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald
Forskrifta om rammer for vassforvaltning (vassforvaltningsforskrifta) som trådde i kraft 1. januar 2007, gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Miljømåla vil sikre at tilhøva for planter og dyr i vatn er gode ved at det blir stilt krav til såkalla «god kjemisk og økologisk tilstand». Forskrifta er eit viktig verktøy for å gjere norsk vassforvaltning meir heilskapleg, samordna og økosystembasert. Vassdirektivet er teke inn i EØS-avtala gjennom St. prp. nr. 75 (2007-2008) som vart behandla i Stortinget vinteren 2009. Dei første forvaltningsplanane etter vassforskrifta vart vedtekne av Kongen i statsråd i juni 2010. Gjennomføringa av vassforskrifta må sjåast i samanheng med naturmangfaldlova. Ein viser til nærare omtale under resultatområde 3.
Det er utarbeidd retningslinjer for fylkesvise planar for små vasskraftverk. Planane skal sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt. Omlegging av Samla plan for vassdrag vil bli sett i samanheng med gjennomføring av vassforskrifta. Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som skal beskyttast mot inngrep og aktivitetar i vassdraga, og mot oppdrettsverksemd i dei nærliggjande fjord- og kystområda.
Sikre at naturområde med urørt preg som er att blir tekne vare på
Dei siste hundre åra er dei villmarksprega områda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. i 2003. I Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2003. Den siste INON-kartlegginga for perioden 2003-2008 viser at nedbyggingstakta har auka betydeleg etter perioden 1998-2003. Over 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur gjekk tapt i perioden 2003-2008. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i høve til forrige periode. For heile perioden fra 1988 til 2008 er det registrert eit bortfall på nesten 6000 kvadratkilometer med inngrepsfri natur, tilsvarande det samla arealet fylka Østfold og Vestfold. For sjøareal er det førebels ikkje gjort noko vurdering av omfanget av inngrepsfrie område.
I løpet av høsten og vinteren 2010-2011 vil Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Miljøverndepartementet gjennomføre den tidligere varslede revisjonen av regelverket som er knyttet til landbruksveier. Eit viktig grunnlag for arbeidet er ein rapport om temaet frå Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning som ble lagt fram i mai 2010.
Gjennomføre kartlegging av dei viktigaste naturtypane for biologisk mangfald i prioriterte område i løpet av 2010
Nesten alle kommunane har gjennomført ei første gongs kartlegging av område med stor verdi for mangfaldet i naturen på land. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå om lag 400 kommunar i Naturbasen med data frå ca. 100 000 funksjonsområde. Reine artsdata frå kartlegginga er no i større grad tilgjengelege frå Artsdatabankens Artskart. I kartlegginga av areal er dei som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda. Frå 2010 har område som kan være aktuelle for ordninga med «utvalde naturtypar» og funksjonsområde for «prioriterte arter» ekstra fokus.
For marin kartlegging er status følgjande:
Oslofjorden: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010
Vest-Agder: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010
Trøndelag: Kartlegging starta i 2007, venta ferdig i 2010
Troms: Kartlegging starta i 2008, venta ferdig i 2010 – gytefelt ferdig i 2011
Hordaland: Kartlegging starta i 2009, venta ferdig i 2011.
Når Hordaland er ferdig kartlagt vil ca. 50 pst. av Noregs kystkommunar vere kartlagde. Det er kommunar med store sjøareal som står att, og med metodikken i dag reknar ein med at heile kysten kan vere kartlagd innan 2017.
Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på viktige naturtypar og lokalitetar for raudlistearter. Artsdatabanken har utvikla eit nytt klassifiseringssystem for naturtypar i Noreg (NiN) som gir eit felles omgrepsapparat på tvers av sektorar og fagdisiplinar.
I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av mangfaldet i naturen
Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er styrt og finansiert av eit utval samansett av 7 departement. Programmet initierer kartleggings- og overvakingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i sjø ut til grunnlinja. Programmet er inne i sin andre programperiode som går til og med 2010. Eksisterande metodegrunnlag og kunnskapsgrunnlag blir nytta som grunnlag for vidare kartlegging, og i kvalitetssikring og oppdatering av eksisterande data. I tillegg blir det gjennomført kartlegging av biologisk mangfald i kystsona og det er oppretta ei prosjektgruppe for kartlegging og overvaking av framande arter i norsk natur. Programmet har bestått av følgjande fire prosjektgrupper: 1) Naturtypar på land, 2) Marine aktivitetar, 3) Truga arter og 4) Framande organismar. God samordning mellom prosjektgruppene har vore sikra ved at alle har vore leia av Direktoratet for naturforvaltning. Miljøverndepartementet vil opprette eit nytt og overordna program for kartlegging og overvaking av naturmangfald kalla «Nasjonalt program for naturmangfald» med underprogramma «Norsk naturkartlegging» og «Norsk naturovervaking». Prosjekta som tidlegare inngjekk i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald vil i hovudsak bli vidareførte her, saman med andre kartleggings- og overvakingsaktivitetar. Det vil bli oppretta styringsgrupper saman med andre departement i prosjekt der fleire departement deltek med finansiering. Det vil òg bli oppretta eit overordna koordineringsutval med alle aktuelle departement. Dette utvalet skal sikre god koordinering og samordning av all kartlegging og overvaking av naturmangfald i Noreg.
Kartlegging og overvaking av sjøfugl skjer gjennom sjøfuglprogrammet SEAPOP. MAREANO er eit tverrsektorielt program for kartlegging og styrking av kunnskapen om Noregs havbotn, finansiert over budsjetta til Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Under MAREANO blir havdjupn og det fysiske, kjemiske og biologiske miljøet på havbotnen i norske havområde kartlagt. MAREANO gir viktig kunnskap om vår marine natur og har blant anna medverka til at det er oppdaga nye marine naturtypar, naturlege gassoppkommer og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen. MAREANO gir viktig kunnskap til oppdateringa av Forvaltningsplan Lofoten-Barentshavet, og skal førast vidare også i Norskehavet.
Vidareutvikle datagrunnlaget for Naturindeks for Noreg
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktene eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter formålet. Lansering av ein Naturindeks for heile Noreg hausten 2010 blir eit sentralt arrangement i Naturmangfaldåret 2010. Naturindeksen representerer eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Hovudmålet med ein naturindeks er å få overblikk over tilstanden til naturmangfaldet i Noreg med utgangspunkt i dei store økosystema hav, kystvatn, ferskvatn, open mark i låglandet, skog, fjell og myr/vasskant. Tilstanden i desse økosystema er berekna ved hjelp av om lag 320 indikatorar frå ulike artsgrupper eller andre gode indikatorar som kan indikere stort mangfald av arter. Noreg er, saman med Nederland, eit føregangsland i arbeidet med å få til ein heilskapleg naturindeks basert på data og ekspertvurderingar om natur. Gjennom arbeidet er det utvikla metodar og arbeidsmåtar for eit felles internasjonalt måle- og formidlingsverktøy som skal kunne seie noko om korleis det går med naturmangfaldet. På mange område manglar ein framleis data, og ny kartlegging og overvaking må på plass for å få meir presis kunnskap. I 2011 tek ein sikte på å få etablert eit overvakingssystem som kontinuerleg skal tilføre naturindeksen betre og nye data. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. I åra fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.
Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga. Rapporteringsverktøyet «Artsobservasjonar» vart lansert i mai 2008. Talet på observasjonar har pr. 1. mai 2010 passert 4 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører mykje kunnskap om førekomst av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hjå brukarane.
Det norske Artsprosjektet vart etablert i 2009. Denne satsinga skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, mellom anna via internett. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet, og i september 2009 underteikna miljøvernministrane i Sverige og Noreg ei avtale om å samarbeide om å auke kunnskapen og kompetansen om biologisk mangfald i svensk og norsk natur. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr. I åra framover blir det viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.
For å kunne samanlikne utviklinga av norsk naturmangfald med andre land deltek Noreg aktivt i EEAs utvikling av indikatorar for naturmangfald, SEBI2010 (Streamlining European 2010 Biodiversity Indicators) og Det europeiske miljøbyråets informasjonsverktøy EIONET (European Environmental Information and Observation Network). EEA har foreslått eit første sett med indikatorar som er påverknads-, tilstands- og responsindikatorar knytte til å ta vare på naturmangfald og som omfattar ulike sektorar. Den nasjonale overvakinga av naturmangfaldet er fortløpande vurdert i høve til vidare tilpassingar til SEBI2010.
Fugleindeksen (bestandsutvikling for hekkande fugl) er etablert som ein av Regjeringas indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg. Indeksen blir registrert i alle naturtypar på land, og inngår i nasjonale nøkkeltal for mangfald i naturen. Data blir òg rapporterte til EEA/SEBI2010. Førebels er indikatoren basert på data som ikkje er representative for heile Noreg, og det er i regi av Direktoratet for naturforvaltning etablert eit landsrepresentativt nettverk av teljepunkt for kvantifisering av bestandsvariasjonar for fugl i eit 18x18 km rutenett der ca. halvparten av rutene blir oppsøkte årleg for registrering. Nettet består av 500 teljeområde fordelt over heile Noreg. Frå og med 2011 vil nettet vere i full drift.
Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø
Det totale talet på snøskuterar var over 66 425 ved utgangen av 2009, og det har vore ein jamn auke i talet på snøskuterar i fleire år (frå 53 599 i 2003). Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 30 078 køyretøy pr. 31. desember 2009 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette betyr at omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig.
Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2009 vart det behandla 12 356 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 12 021 (97 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. Ca. 12 497 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2009, dvs. at det var i overkant av 24 500 aktive dispensasjonar i 2009. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1937 søknader i 2009. Dette er 100 fleire enn i 2008. Det er 5 kommunar som står for 1317 av dispensasjonane. Det er god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Det er sett i gang eit prosjekt i Finnmark med sikte på å redusere skadeleg barmarkskøyring i fylket.
Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2009 vart totalt 56 tilfelle av ulovleg motorferdsel melde til politiet, etter kontrollar av Statens naturoppsyn (inkl. Fjelltenesta i Nordland og Troms). Av desse var det 22 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. I tillegg kjem tilfelle av ulovleg motorferdsel melde frå aktørar som Statens naturoppsyn kjøper oppsynstenester frå. Sjølv om barmarkskøyring representerer ei utfordring for oppsynet skal satsinga knytt til kontroll av barmarkskøyring førast vidare i eit framhalde tett samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.
Direktoratet for naturforvaltning la våren 2008 fram eit forslag til ny motorferdsellov. Miljøverndepartementet vedtok i juni 2009 ei endring i motorferdselforskrifta som gjer det mogleg å gi løyve til køyring i utmarksnæring og gruppeturar for pensjonistar og nokre andre grupper. I tråd med Regjeringas felles plattform vil regjeringa fullføre gjennomgangen av motorferdselregelverket.
Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag
Gjengroinga i utmark er no svært tydeleg både i fjellet, på kysten og i låglandet, og kulturlandskap med større areal av ulike typar halvnaturlege naturtypar minkar. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og naturtypar i kulturlandskapet. Som ledd i landbruks- og miljøvernstyresmaktene sitt arbeid med spesielt verdifulle kulturlandskap la Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren i 2007 fram ein rapport om utvalde kulturlandskap i jordbruket. Direktorata er sekretariat i prosjektet «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket». På bakgrunn av innspel frå fylkesmannen sende sekretariatet tilråding til Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet om 20 utvalde område. Sekretariatet sitt forslag til område vart godkjent i starten på 2009, og avtaler om særskild forvaltning vart starta opp. I 2010 vart to nye område inkluderte i «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket». Andre viktige verkemiddel i arbeidet med å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap og naturmangfaldet i dette landskapet, er supplerande kartlegging av mangfaldet i naturen og betre overvaking. Supplerande kartlegging er gjennomført i Buskerud, Midt-Noreg (Møre og Romsdal og Oppland), Sogn og Fjordane og Agder-fylka. Det er òg starta eit prosjekt for å vidareutvikle og justere eksisterande kartleggingsmetodikk.
Resultatområde 1 – underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar
Underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar omfattar arbeidet med å sikre levedyktige bestandar av dei artene som høyrer naturleg heime i norsk natur. Ein god variasjon i arvemateriale i levande organismar, med eit samleord kalla «genressursar», er naudsynt for at arter skal kunne tilpasse seg endra miljøforhold, til eksempel klimaendringar. Genressursane er òg eit viktig grunnlag for bio- og genteknologi og oppdrettsnæringa.
Utan tilfredsstillande leveområde kan ingen arter overleve, og det er derfor nær kopling mellom innsatsen for å ta vare på enkeltarter og genressursar og arbeidet med å sikre naturtypar og leveområde for planter og dyr under underområde 1. Men nokre arter har så dårleg bestandsstatus at det må gjennomførast spesielle tiltak retta mot den enkelte art for at dei ikkje skal forsvinne frå norsk natur. Fjellrev, orkideen raud skogfrue og villrein er tre slike arter. Til no har talet på truga arter auka ved kvar revisjon av den nasjonale raudlista. Målet er at talet på truga arter skal gå ned. Gjennom ordninga med «prioriterte arter» som følgjer av naturmangfaldlova har vi fått eit betre verkemiddel til å ta vare på truga arter.
Tabell 8.4 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
1.2.1 Arter skal førekomme i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde. | 1.2.1.1 Hausting og anna uttak av vilt, laks og innlandsfisk skal berre skje når det eksisterer eit haustingsverdig overskot. | Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor for påverknad. |
1.2.1.2 Dei ville laksebestandane skal vere sikra. | Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag Utvikling av gytebestanden | |
1.2.2 Halde oppe eller byggje opp at truga arter til eit livskraftig nivå. | 1.2.2.1 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850 – 1200 årlege hekkingar av kongeørn skal sikre levedyktige bestandar av desse artene. | Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv fordelt på dei åtte rovviltregionane. Talet på hekkingar av kongeørn siste år. Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltarter. |
1.2.3 Dei mest truga artene som treng aktive bevaringstiltak skal ha status som prioriterte arter. | 1.2.3.1 Dei mest truga artene skal innan 2013 ha status som prioriterte arter, og få sikra sitt økologiske funksjonsområde, jf. naturmangfaldlova. | Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse. Talet på truga arter på raudlista. |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar
Ein viktig viltressurs er hjorteviltet. Eit prosjekt med brei deltaking frå brukarinteressene har utvikla scenario for hjorteviltet fram mot år 2030. Desse viser at både forvaltninga og andre interesser står overfor store utfordringar i åra som kjem. På bakgrunn av dette la Direktoratet for naturforvaltning fram ein ny strategi for forvaltning av hjortevilt hausten 2009 (DN-rapport 8-2009). Strategien slår fast at det må etablerast klare og overordna mål som det er semje om og eit effektivt tverrsektorielt samarbeid for å møte utfordringane. Det er behov for auka presisjon i hjorteviltforvaltninga og ei dyktiggjering av aktørane i alle ledd dersom ambisjonar om sunne og livskraftige hjorteviltbestandar, reduksjon i omfang av arealbrukskonfliktar og auka verdiskaping skal vere mogleg å få til.
Innafor viltforvaltninga er hjorteviltregisteret eit viktig hjelpemiddel for dei som skal ta avgjerder. Gjennom nasjonalt overvakingsprogram og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane. Direktoratet for naturforvaltning har òg under utvikling ein hjorteviltportal på internett som skal lette tilgangen til god informasjon for alle og bidra til å styrkje kommunikasjonen mellom aktørane.
Sjukdom hos viltlevande dyr har fått auka merksemd dei siste åra. Ikkje berre som smittekjelde for menneske og husdyr, men òg som ein faktor som påverkar bestandane si bereevne og overleving. Auka førekomst av sjukdom ser ut til å verke saman med andre påkjenningar slik som klimaendring, auka nivå av miljøgifter, introduksjon av nye organismar, fragmentering av leveområde og endra landskapsbruk. I Noreg driv Veterinærinstituttet overvaking av helsetilstanden hos hjortevilt. Dette er finansiert over Viltfondet. Det finst elles inga systematisk overvaking av sjukdom eller smittestoff hos viltlevande dyr. Kunnskap om nivået av sjukdom i bestandane er ein føresetnad for riktig forvaltning både med tanke på å bevare berekraftige vilt- og fiskebestandar og for å hindre spreiing av smitte til menneske og dyr.
Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har saman utarbeidd eit rammeverk for helseovervaking av viltbestandar. Behovet for helseovervaking er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg. I tillegg kjem auka utbreiing av flått og hjortelusfluge, og auka fare for andre sjukdommar med endra klimatilhøve. Ingen viltarter som det er jakta på er truga av overutnytting.
Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Dette vart ført vidare for 2009 og ytterlegare innskrenkingar ble gjennomført i 2010. Innskrenkingane er grunngitte blant anna med omsynet til å kunne nå gytebestandsmåla for dei ulike bestandane. Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida. I høyringsforslag til revidering av lakse- og innlandsfisklova er det blant anna foreslått å innføre obligatorisk organisering av rettshavarar i laksevassdrag
Medverke til at all utnytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane
Fleire fiskebestandar i Nordsjøen har låge bestandsnivå. Det gjeld for eksempel torsk og makrell. Talet på gytebestandar over og under sikre biologiske grenser er forholdsvis konstant i perioden. Kva slag bestandar som ligg over eller under dei sikre grensene varierer likevel noko frå år til år. Noko av variasjonen kan forklarast med naturlege svingingar i bestandane. Generelt kan ein likevel seie at gytebestandane i Nordsjøen er relativt sterkt påverka av fiskeri.
Fleire kommersielle marine arter er lista i den norske raudlista, bl. a. er artene ål og pigghå vurderte som kritisk truga. Kysttorsk nord for 62. breiddegrad er vurdert som sårbar og havsil, vanleg uer og snabeluer som sårbare. For nokre av desse artene går det føre aktivt kommersielt fiske. Det er gjennomført tiltak for å ta vare på desse artene. Bl.a. er det forbod mot direkte fiske av pigghå og det er gjennomført fleire avgrensingar i fisket etter kysttorsk nord for 62. breiddegrad. For ål er det starta opp arbeid med å lage ein handlingsplan. For denne arten er det sannsynleg at klimaendring er ein viktig påverknadsfaktor. For vanleg uer er det lov med direkte fiske med noko reiskap og innanfor eit avgrensa tidsrom, men det er reglar for bifangst. Det er ikkje lov med direkte fiske av snabeluer – i tillegg er det reglar for bifangst og stengte område.
Sikre dei truga artene gjennom ordninga med prioriterte arter og økologiske funksjonsområde (naturmangfaldlova) eller andre verkemiddel.
Ei revidert raudliste for truga arter blir lagt fram av Artsdatabanken hausten 2010. Den gamle raudlista frå 2006 inneheld totalt 3 886 arter. Av desse er 84 utdøydde frå norsk natur etter år 1800. I kategorien kritisk truga er det 285 norske arter. Kategorien sterkt truga inneheld 764 arter, og i kategorien sårbar er det 939 arter. Omlag 48 pst. av artene på raudlista er knytte til skog, 35 pst. til kulturlandskap, 13 pst. til våtmark, 12 pst. til hav/strand/kyst, 9 pst. til ferskvassmiljø, 5 pst. til fjell/arktisk natur og 5 pst. til marint miljø. Ulike typar arealendring/arealbruk er eit trugsmål mot 85 pst. av raudlisteartene.
Arbeidet med å utarbeide og setje i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter vart styrkt i 2009 og i 2010. Handlingsplanane blir utarbeidde for enkelte arter, grupper av arter eller for naturtypar med fokus på dei artene som blir valt ut som prioriterte arter. Dei skisserer mål og tiltak for forvaltninga. Utval og utarbeiding skjer i samarbeid mellom forvaltningsstyresmakter på alle nivå, forskarar og frivillige organisasjonar.
Ved utgangen av 2010 vil det vere om lag 30 handlingsplanar for arter i drift. 12 arter er foreslått som prioriterte arter etter naturmangfaldlova, og forskrifter for desse skal etter planen behandlast hausten 2010. 12 arter der det er utarbeidd handlingsplanar vil bli vurderte i høve til naturmangfaldlova med tanke på forskrift våren 2011. Ytterlegare 20 arter skal veljast ut som prioriterte arter med tanke på kongeleg resolusjon hausten 2011 og våren 2012.
Tiltak knytte til dverggås har høg prioritet. I tillegg til at dverggås er klassifisert som kritisk truga på raudlista, har Noreg eit internasjonalt ansvar for å medverke til å ta vare på den fennoskandiske restbestanden av denne arten.
Edelkrepsen er klassifisert som sterkt truga i den norske raudlista. Krepsepest er den største trusselen mot edelkreps fordi utbrot fører til massedød. Etter planen skal ein forvaltningsplan for edelkreps vere ferdig hausten 2010.
Ein handlingsplan for truga sjøfugl skal presenterast i løpet av 2010. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som kritisk truga på raudlista. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innafor petroleumsverksemda. Programmet vart sett i verk i full nasjonal skala i 2008. Gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet er det sett i gang fleire tiltak, så som påbodne skipsleier og rammer for petroleumsverksemda, bl.a. av omsyn til sjøfugl. Ein verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal vart vedteken i mai 2010. Med dette har alle kystfylka fått eigne verneplanar som skal sikre viktige sjøfuglkoloniar.
Villreinen er ein norsk ansvarsart og skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arten. Sikring av villreinen sine leveområde har stått sentralt ved opprettinga av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde. Slikt vern dekkjer likevel berre delar av villreinen sine leveområde og må utfyllast av planar etter plan- og bygningslova. Det er starta sju regionale planprosessar som femner alle dei ti nasjonale villreinområda (Setesdalsheiane, Hardangervidda, Rondane-Sølnkletten, Forollhogna, Ottadale og Snøhetta/Knutsø). To informasjons- og kompetansesenter for villrein kom i drift på Skinnarbu og Hjerkinn i 2007. I perioden 2009-2012 pågår òg eit større forskings- og utgreiingsprosjekt knytt til villrein, ferdsel og inngrep i Snøhetta/Dovre området. Prosjektet blir gjennomført med stor brukarmedverknad.
Det blir òg viktig å sikre leveområde for dei truga artene gjennom kommunal planlegging. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere verknader av ulike tiltak på truga arter, og sjå til at det blir minst mogeleg negative konsekvensar. Arbeidet til Statens naturoppsyn med kartlegging, kontroll og tilsyn, og naudsynte tiltak i høve til dei truga artane, er styrkt.
Regjeringa etablerte i 2009 eit norsk artsprosjekt med hovudmål å styrkje kunnskapen om artene i Noreg. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. Prosjektet er administrativt lagt til Artsdatabanken og er leia av ei styringsgruppe med representantar frå Artsdatabanken, Kunnskapsdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning og den svenske ArtDatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med anna tilgrensande aktivitet gjennom breitt samansette rådgivande grupper.
Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn
Foreløpig viser undersøkingar at det vart registrert tre ynglingar av ulv i Noreg i 2009. Det nasjonale målet er tre heilnorske årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Ei av ynglingane i 2009 var utafor forvaltningsområdet for ynglande ulv (Osdalen). Grenseflokkar kjem i tillegg. Førebelse tal viser at det totalt vart fødd 26 kull med kvalpar i den skandinaviske bestanden i 2009, og det er same talet som i 2008. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. I 2008 vart det meldt inn 22 saker der yngling er oppgitt. I seks av sakene vart det verifisert binner med ungar, men berre i eit tilfelle kunne ein vere sikker på at det var årsungar. Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn betra ved hjelp av innsamling av ekskrement og hår for DNA-analyse. Frå 2009 blir det samla inn og analysert DNA-materiale i heile landet. Innsamlinga blir gjennomført blant anna ved hjelp av lokale elgjegerar. Ein ny reknemodell som er utvikla av det skandinaviske bjørneprosjektet estimerer årlege ynglingar av bjørn med grunnlag i DNA-analyse. Denne modellen syner om lag 6 ynglingar på landsbasis i 2009.
Det vart registrert 53 ynglingar av jerv i 2009. Det nasjonale målet er 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt i høve til tapspotensial vart det våren 2009 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Uttak av tispe og/eller kvalpar vart gjennomført ved 7 av dei 53 registrerte ynglingane i 2009. For gaupe vart det før jakt i 2009 registrert mellom 80 og 91 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.
Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere stabil på omlag dette nivået. Frå 2006 har kongeørn inngått i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt. Frå og med 2009 er innsatsen på overvaking av kongeørn auka, og kongeørn vil etter kvart gå inn i overvakingsprogrammet på lik linje med dei andre artene.
Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv innafor sin region. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar. Planen skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er no fullført i alle dei 8 regionane.
Statens naturoppsyn har det operative ansvaret i høve til rovviltforvaltning i Noreg. Oppgåvene omfattar blant anna skadedokumentasjon, under dette drift av rovviltkontaktnettet, bestandsregistrering, skadefelling og tiltak i særskilde tilfelle.
Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå
Fjellreven er på raudlista klassifisert som kritisk truga i Noreg utanom Svalbard. I Noreg utanom Svalbard er det om lag 50 vaksne fjellrevar att. 2009 var eit dårleg år for fjellreven, og det vart ikkje registrert ynglingar i Noreg, og berre to ynglingar i Sverige. Det er sannsynleg at dette har samanheng med totalt fråvær av smågnagarar dette året.
Regjeringa har ført vidare arbeidet med å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev (Direktoratet for naturforvaltning, 2003) som vil bli revidert i 2010. Avlsprosjektet og Finnmarksprosjektet er to sentrale prosjekt som er i gang. Finnmarksprosjektet omfattar eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varanger-halvøya. Avlsprosjektet går ut på å drive avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. I 2009 vart det sett ut 38 kvalpar frå avlsstasjonen i Dovre, Finse og i Rana. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, og det er oppretta ein nasjonal database som inneheld detaljert omtale av nesten alle kjende fjellrevhi i Noreg. Overvaking av fjellrev og mykje av feltarbeidet knytt til oppbygginga av fjellrevbestanden blir utført av Statens naturoppsyn.
Sikre dei ville laksebestandane
Etter ei forbigåande betring rundt tusenårsskiftet har status for dei ville laksebestandane vist ein fallande trend dei siste åra. Det berekna innsiget av smålaks har aldri vore lågare enn dei tre siste åra. Trass i redusert hausting fører dette til at mengda gytefisk blir for liten til å utnytte produksjonskapasiteten i vassdraga.
Innslaget av oppdrettsfisk er alt for høgt i mange vassdrag og regionar, og trugar bestandane i mange vassdrag. Dette gjeld òg nasjonale laksevassdrag. Høge påslag av lakselus grunna omfattande oppdrettsverksemd og resistensutvikling mot medisinar fører til at stadig meir utvandrande laksesmolt dør. Desse uviklingstrekka gir grunn til bekymring med tanke på at endå meir utvandrande laksesmolt kan døy framover.
Vitskapeleg råd for lakseforvalting la i 2010 fram ein rapport der sur nedbør, vasskraftreguleringar, fysiske inngrep, Gyrodactylus salaris, lakselus og rømt oppdrettslaks vart nemnde som særleg alvorlege truslar mot dei ville laksebestandane. Av desse er lakselus og rømt oppdrettslaks dei einaste som det ikkje er sett inn effektive tiltak mot.
Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktoren som til no har hatt størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og er sidan spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. Gjennom systematisk nedkjemping er utbreiinga redusert. I dag er 21 vassdrag friskmelde etter vellukka behandlingar, mens 5 vassdrag er behandla og framleis under overvaking før friskmelding. 20 vassdrag veit ein i dag er infiserte av Gyrodactylus salaris. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av parasitten er å utrydde den frå alle infiserte vassdrag der dette er realistisk, og samtidig minimalisere risikoen for vidare spreiing.
Rotenon vil framleis vere forvaltninga sitt viktigaste verkemiddel for nedkjemping av Gyrodactylus salaris, mens utvikling av kombinasjonsmetoden (bruk av surt aluminium i kombinasjon med rotenon) held fram i Lærdalselva. Bruk av fiskesperrer blir utvikla vidare, blant anna med vurdering av elektriske fiskesperrer.
I Vefsn-regionen er planlegginga ført vidare med sikte på snarleg rotenonbehandling. Hausten 2009 vart Gyrodactylus salaris påvist på røyer ovanfor den stengde fisketrappa i Fusta. Veterinærinstituttet har i 2010 arbeidd med smitteforsøk for å finna ut korleis parasitten påverkar villaksen. Dersom det er ein dødeleg variant som er funnen på røya må ein utvide området som skal behandlast. Ei utrydding av parasitten kan derfor tidlegast gjennomførast i perioden 2011-2012. I Lærdalselva er det lagt opp til ny behandling i 2011 med bruk av aluminiumsmetoden.
Det blir i dag utført kalking i 21 laksevassdrag i Sør-Noreg. I tillegg blir det gjennomført lokale kalkingsprosjekt i innlandsvassdrag, som for ein stor del går i regi av frivillige organisasjonar. Kalking har ført til at laksebestandane er bygde opp att i mange forsuringsskadde elvar – noko som har ført til ein stor auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Kalkingsaktiviteten vil bli halden på eit høgt nivå også i 2011.
Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til truslane i vassdraga er redusert til akseptable nivå eller fjerna. Elleve av dei 30 laksestammene som er blitt tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine. I tillegg er sju stammer under tilbakeføring i dag. Alle nasjonale laksevassdrag og nye stammer som er alvorleg påverka av rømd oppdrettsfisk og lakselus er no under vurdering for bevaring i genbank.
Reguleringane i laksefisket som vart fastsette i 2010 er dei strengaste nokon gong.
I kommande år vil det bli lagt stor vekt på å sikre dei ville laksebestandane i nordområda. Betring av kunnskapsgrunnlaget, reguleringar tilpassa bestandssituasjonen og lokal forvaltning i Tanavassdraget vil stå sentralt i dette arbeidet.
Det blir arbeidd med ein revisjon og modernisering av lakse- og innlandsfisklova. Eit forslag har vore på høyring, og ein tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon innan utgangen av 2010.
Sikre at oppsynsordningar medverkar til å ta vare på arter
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter og bestandar blitt stadig betre. Gjennom arbeidet med handlingsplanar for truga arter er det dokumentert eit klart behov for styrkt oppsyn med leveområda til fleire av desse artene.
Statens naturoppsyn har etter at det overtok ansvaret for lakseoppsynet styrkt dette gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske er styrkt. Talet på meldingar til politiet viste i 2009 ein nedgang på 15 pst. samanlikna med 2008, 435 meldingar mot 514 meldingar. Størsteparten av meldingane skuldast som føregåande år, brot på regelverket i «Forskrift om nedsenkning av garnredskap», men det er framleis òg eit lite tal meldingar knytte til fiske med kilenot og krokgarn og ulovleg stongfiske i lakseførande vassdrag i perioden med fiskeforbod.
Det høge talet meldingar i 2008 og 2009, innstramminga i fisketida som følgje av strengare reguleringar og den svake bestandsstatusen til mange laksebestandar, synleggjer kor viktig det er med eit sterkt og effektivt lakseoppsyn.
Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet, slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda. Innsatsen i høve til sjøfugljaktoppsyn og målretta tilsyn med dei freda områda for sjøfugl er òg auka dei siste åra. Talet på meldingar til politiet for brot på viltlova frå 2007 til 2008 er omtrent uendra, men talet på åtvaringar er dobla frå 2007 til 2008.
Statens naturoppsyn har i fleire år prioritert høgt å førebyggje og avdekkje ulovleg felling av rovvilt, og har eit aktivt samarbeid med politiet i konkrete saker. Det er etablert tett samarbeid med politiet og Økokrim om særskilde oppsyns- og kontrolltiltak i forvaltningssona for ulv. Det blir òg gjennomført rutinevise kontrolltiltak med felte rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakt på desse artene.
Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar
Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av mangfaldet i naturen, berekraftig bruk av naturmangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar.
Landa i verda vart i 2002 samde om målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av arter og økosystem innan 2010. Dette målet er i 2010 evaluert under konvensjonen, mellom anna gjennom ein større statusrapport som vart presentert i mai 2010 (Global Biodiversity Outlook 3). Rapporten konkluderer med at det globale målet om å «oppnå en betydelig reduksjon av det nåværende tapet av biologisk mangfold » ikkje er oppfylt. Rapporten viser at utviklinga «går den gale veien», og at arter og økosystem blir utrydda raskare enn nokon sinne. Ekspertane understrekar at det hastar med å snu utviklinga, elles risikerer vi at økosystem blir pressa så hardt at dei passerer såkalla «vippepunkt». Dette vil kunne føre til tap av viktige økosystemtenester som mat, medisinar, pollinering av avlingar, binding av CO2 i skog og jordsmonn og evne til å dempe effektane av ekstremvêr. Ifølge ekspertane vil dei tiltaka som blir sette i verk dei neste 10-20 åra avgjere om vi lykkast med å snu utviklinga.
Fram mot partsmøtet under konvensjonen i Japan i oktober 2010 vil arbeidet med å utvikle eit internasjonalt regime for tilgang til og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genressursar (ABS) vere prioritert. Noreg arbeider saman med utviklingslanda for å utvikle ein legalt bindande protokoll under konvensjonen med fokus på utvikling av ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar. Norske posisjonar i forhandlingane tek utgangspunkt i reglane i naturmangfaldlova om tilgang til genetisk materiale. Gjennom naturmangfaldlova er Noreg eit føregangsland internasjonalt på dette området.
Noreg vil framleis leggje stor vekt på å styrkje det faglege og vitskaplege grunnlaget for vedtak som blir fatta under ulike konvensjonar. Som ein del av dette følgjer Noreg aktivt opp den semja som vart oppnådd under FNs miljøprogram i juni 2010 om å etablere eit internasjonalt panel for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester (IPBES). Noreg legg òg stor vekt på samordning av internasjonalt samarbeid om biologisk mangfald og på at oppfølging av ulike avtaler ikkje må vere motstridande. Det er her særleg viktig med samordning av vedtak under klimakonvensjonen og konvensjonen om biologisk mangfald, mellom anna knytt til bevaring av skog og våtmarker og til utnytting av bioenergi.
Den endelege rapporten for å berekne den økonomiske verdien av naturmangfaldet og økosystemtenester (TEEB-rapporten) vil bli presentert på det 10. partsmøtet i Nagoya i oktober. Berekningar så langt i rapporten viser at det vil kunne føre til eit velferdstap på 7 pst. for verda i 2050, dersom tapet av naturmangfald held fram i same tempo som no. Korallrev er eit sentralt eksempel i rapporten ettersom dei er blant dei mest artsrike økosystema i verda. Anslagsvis ein halv milliard menneske, og meir enn ein fjerdedel av alle fiskeslag i havet er avhengige av dei tenestene som korallreva gir. Økosystemtenester som korallreva gir er verdt opp til 170 milliardar USD kvart år. Noreg er bidragsytar til dette prosjektet saman med blant anna EU-kommisjonen, Tyskland og England. Det er viktig at funna i rapporten blir godt innarbeidde i partsmøtevedtak frå Nagoya. Dette vil medverke til at landa blir meir bevisste på behovet for at naturkapitalen blir gjort synleg i dei nasjonale budsjetta.
Noreg er bidragsytar til dette prosjektet saman med blant anna EU-kommisjonen, Tyskland og England. Det er viktig at funna i rapporten blir godt innarbeidde i partsmøtevedtak frå Nagoya. Dette vil medverke til at landa blir meir bevisste på behovet for at naturkapitalen blir gjort synleg i dei nasjonale budsjetta.
Siste møte under Cartagenaprotokollen om GMO (genmodifiserte organismar) vart arrangert i oktober 2010. Sentrale tema for møtet er bindande avtaleverk for ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO, strategisk plan for protokollen og resultat frå arbeidsgruppe om miljørisikovurderingar. I tillegg skal dei einskilde landa si oppfølging av arbeidet med Biosafety Clearing House diskuterast. Noreg er ein pådrivar i arbeidet under Cartagena-protokollen med utgangspunkt i føresegnene i genteknologilova.
Bonnkonvensjonen (CMS) arbeider med bevaring av trekkande arter. CMS har ei liste over arter som er truga på verdsbasis, og som det er naudsynt å setje i gang tiltak for å redde. Frå norsk side står arbeidet med ein handlingsplan for dverggås og handlingsplan for åkerrikse sentralt i denne oppfølginga. CMS har òg ei liste II over arter som er sårbare, og som det er viktig å utarbeide regionale avtaler eller handlingsplanar for. Norsk oppfølging av Vassfuglavtala, Flaggermusavtala og Albatrossavtala er såleis viktig. Ei rovfuglavtale er òg utarbeidd og underskriven av Noreg, og ei haiavtale er forhandla ferdig. Alle desse avtalene er viktige i det konkrete arbeidet med å bevare arter og habitata deira, både nasjonalt og internasjonalt. Noreg skal i 2011 arrangere partsmøte for Bonn-konvensjonen.
CITES-konvensjonen om handel med truga arter kontrollerer den internasjonale handelen (dvs. når landegrenser blir kryssa) med ville dyr og planter og deira produkt gjennom overvaking og regulering. Målet er å tillate berekraftig handel – dvs. at ein ikkje tek ut meir frå bestandane av dyr og planter enn det dei toler. Siste partsmøte i konvensjonen var i 2010. Noreg er frå og med 2010 medlem av Standing committee, og har fått ansvar for å leie denne komiteen for neste treårsperiode.
Regjeringa legg opp til å delta i relevant europeisk samarbeid om bevaring og berekraftig bruk av naturmangfald, både gjennom dialog med EU, rapportering til og samarbeid under det europeiske miljøbyrået (EEA) og gjennom anna samarbeid. Sentralt i dette står oppfølging av Bernkonvensjonen om bevaring av europeisk natur. Eit sentralt tema er tilhøvet mellom energiproduksjon og truga arter og naturtypar, ikkje minst i høve til vindkraft. Andre viktige tema er felles tiltak mot framande organismar, bevaring av europeiske rovdyr og planter i Europa.
Arbeidet med utnemning og forvaltning av internasjonalt viktige våtmarksområde (Ramsarområde) har vorte styrkt dei seinare åra, og det er lagt auka vekt på å ta vare på den norske våtmarksarven. Ein viktig del i dette er styrkt oppfølging av våtmarkskonvensjonen (Ramsarkonvensjonen), blant anna gjennom støtte og tilskot til etablering og drift av våtmarkssenter (Ramsarsenter) for betre informasjon til publikum og brukarar av våtmark, styrkt innsats for forvaltning av norske ramsarområde, bruk av våtmarker og ramsarområde i programmet «naturen som verdiskapar», betre samordning av pliktene under våtmarkskonvensjonen og EUs vassrammedirektiv, fysisk restaurering av våtmark som har potensial til å få tilbake sitt opphavlege naturmangfald, og eit nært regionalt samarbeid om våtmark mellom dei nordiske og dei baltiske landa (Norbalwet). I april 2010 arrangerte Noreg ein større nordisk-baltisk konferanse om bevaring og berekraftig bruk av våtmark for å sikre naturmangfald og økosystemtenester.
Skogane på jorda er levestad for eit rikt mangfald av arter og livsgrunnlag for mange menneske. Ulovleg hogst og ikkje berekraftig uttak av skog er ein trussel mot skogane i verda, særleg gjeld dette tropisk skog. Det er nødvendig å arbeide langs fleire linjer for å hindre import av ulovleg hogd og ikkje berekraftig tømmer. Noreg har medverka aktivt til listing i CITES av dei 30 artene av tresorten ramin og til den store reduksjonen av Perus eksportkvote for mahogni, og støttar òg program mot skogkriminalitet og ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer i Indonesia.
I Regjeringas handlingsplan «Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser» av juni 2007, er det slått fast at det ikkje skal nyttast tropisk tømmer verken i sjølve bygget eller i material som blir nytta i byggeperioden. Regnskogfondets Tømmerkampanje, som er støtta av Miljøverndepartementet, rettar seg mot ikkje berekraftig tropisk tømmer i byggevare, båt- og hagemøbelbransjen. Det blir no òg arbeidd med å lage Forest stewardship council (FSC)-standarder tilpassa Noreg. Det er venta at eit forslag til EU-forordning – «Due Diligence system» – vil verke effektivt for å hindre import av ulovleg tømmer når det blir vedteke og trer i kraft. Forslaget vil venteleg innebere at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EU eller til EUs grense, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er så langt vurdert som EØS-relevant for Noreg. Det er venta at saka blir behandla ferdig i EU-systemet hausten 2010. Ved sida av dette er det venta at REDD (reduced emissions from deforestation and forest degradation in developing countries) vil vere viktig for å bevare tropisk skog og å motverke handel med ikkje berekraftig og ulovleg hogd tømmer i tillegg til reduksjonen av CO2-utslepp), dersom det blir ein del av post-Kyoto regimet.
Resultatområde 1 – underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar
Underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar omfattar arbeidet for å hindre spreiing av framande, skadelege organismar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Saman med endringar i arealbruk og klimaendringar er spreiinga av framande organismar den største trusselen mot naturmangfald i Noreg. Auka reiseverksemd, manglande tollgrenser og auka varetransport på tvers av grensene medverkar til at vi blir utsette for stadig fleire framande organismar. Klimaendringane forsterkar trusselen ved at fleire framande organismar overlever i norsk natur grunna høgare temperatur, samstundes som vanlige arter som har eksistert i norsk natur i mange hundre år blir stressa både av for høg temperatur og konkurranse frå framande organismar.
Underområdet omfattar òg arbeidet med å sikre at bruk av genmodifiserte organismar (GMO) ikkje gjer skade på miljø og helse.
Tabell 8.5 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
1.3.1. Menneskeskapt spreiing av framande organismar eller utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje skade biologisk mangfald eller økologiske funksjonar og tenester. | 1.3.1.1 Hindre uheldige følgjer for naturmangfald av tidlegare introduserte organismar. | Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar. |
Talet på nedkjempings/utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke. | ||
Talet på arter på «svartelista». | ||
1.3.1.2 Hindre innførsel og utsetjing av framande organismar som fører til eller kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet. | Talet arter på «svartelista» med høg økologisk risiko. | |
1.3.1.3 Hindre utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) som kan føre til skade på naturmangfaldet. | Påvisingshendingar av GMO i mat og på den norske marknaden. | |
Talet på tilfelle der det er påvist mengder av GMO over tillatne grenseverdiar. |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid
Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar gjennom auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FNs Konvensjon om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.
I mai 2007 la Artsdatabanken fram Norsk svarteliste 2007 som inneheld risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artene som så langt er registrerte i Noreg. Denne svartelista er eit viktig verktøy for styresmaktene sine prioriteringar av tiltak mot etablerte, skadelege framande organismar, og grunnlag for å setje i gang risikovurdering av fleire av dei framande artene som vi veit har negative økologiske effektar. Ny svarteliste vil liggje føre i 2011.
Problemet med framande organismar er aukande, og trugar i tillegg til naturmangfaldet òg næringsinteresser og folkehelsa. Eksempel er attgroing i vassdrag, øydeleggingar av skog (t.d. furuvednematode), avlingar og bygningar. Kostnadene med å kontrollere framande organismar når dei først har etablert seg er ofte store. Det er derfor viktig å setje i verk tiltak på eit tidleg stadium. Det skal lagast handlingsplanar og setjast i gang tiltak mot utvalde framande skadelege organismar innafor dei ulike sektorane sitt ansvarsområde. Statens naturoppsyn sitt arbeid med nedkjemping og overvaking av framande organismar skal førast vidare og styrkjast. Arbeidet med kartlegging av førekomstar av framande organismar skal òg styrkjast, blant anna gjennom standardiserte rapporteringsrutinar og verktøy.
I 2008 vart det laga handlingsplanar mot mårhund. Det er utarbeidd tiltaksplan mot Gyrodactylus salaris generelt og mot ørekyte i Namsenvassdraget. I 2010 er det laga handlingsplanar for mink, rynkerose og ein del introduserte arter i ferskvatn.
I ein del verneområde blir det gjennomført skjøtselstiltak mot framande organismar og andre problemarter, blant anna platanlønn, gran, sitkagran, bergfuru, buskfuru og rynkerose. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin, og innført utvida jakttid for 7 andre arter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Direktoratet for naturforvaltning har identifisert om lag 60 arter som det er viktig å prioritere tiltak mot. Dette krev betydelig ressursinnsats.
Den nye naturmangfaldlova har reglar som skal medverke til å hindre at framande organismar etablerer seg i landet. Forskrifter for innførsel og utsetjing av framande organismar og forskrift om utsetjing av utanlandske treslag er send på høyring, og dei skal etter planen setjast i verk frå 1. januar 2011. Innførsle av framande organismar krev løyve. Alle som vil innføre ein organisme til Noreg må først gjere seg kjend med miljørisikoen, og konsekvensane for naturen ved innførsel skal klarleggjast. Det skal ikkje givast løyve til innførsel dersom det er grunn til å tru at innførsel eller utsetjing vil få vesentlege uheldige følgjer for naturen. Lova har òg reglar om uttak av framande organismar for å verne om arter som finst naturleg, og reglar om å påleggje den ansvarlege for ulovleg utsetjing av framande organismar å rydde opp. Reglane gjeld uavhengig av korleis dei aktuelle organismane har hamna i norsk natur. Men dette gjeld ikkje for marine arter som er komne inn i Noreg av seg sjølve. Desse blir regulerte av havressurslova.
Noreg har ratifisert IMOs konvensjon om spreiing av framande organismar med ballastvatn frå skip. Ein norsk forskrift om handtering av ballastvatn vart vedteken sommaren 2009. Noreg er eit av dei første landa i verda som innfører krav til handtering av ballastvatn.
Stimulere sektordepartementa til å følgje opp dokumentet Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter
Framande organismar kan ha negative effektar for mange sektorar. Dei ti mest relevante departementa la i mai 2007 fram Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter. Strategien inneheld felles mål, prinsipp og retningslinjer for behandling av framande organismar, saman med ei rekkje felles og sektorspesifikke tiltak.
Blant fellestiltaka som skal gjennomførast er utvikling av regelverk, utvikling av retningslinjer for tilsikta introduksjonar, risikokartlegging og vurdering innafor dei ulike sektorstyresmaktene, tiltak mot etablerte framande skadelege organismar, utvikling av system for tidleg varsling, gjennomføring av kartlegging og overvaking, informasjon om risiko ved og reglar for innførsel og spreiing av framande organismar.
For å styrkje samarbeidet mellom sektorane i høve til framande organismar skal det haldast jamleg kontakt for kompetansebygging og informasjonsutveksling. Eit samarbeid på direktoratnivå er i gang, og Direktoratet for naturforvaltning koordinerer møter med ei eiga direktoratsgruppe. Departementet vil auke innsatsen framover for å få til betre koordinering mellom dei ulike sektorane med omsyn til oppfølging av det nye regelverket i naturmangfaldlova knytt til framande organismar.
Ein plan for kartlegging og overvaking av framande organismar for perioden 2008 – 2010 vart våren 2008 vedteken av det interdepartementale utvalet under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2009 og 2010 er det arbeidd vidare med å utvikle metodikk for overvaking av framande organismar. Kartlegginga av framande organismar starta i 2008 med eit prosjekt som skal foreslå aktivitetar retta mot dei viktigaste spreiingskjeldene for framande arter, og eit prosjekt retta mot samferdsleårer som spreiingsvegar. Begge prosjekta vil vere viktige for prioritering av innsatsen med omsyn til kartlegging og overvaking av framande arter. Resultat frå prosjekta vil liggje føre innan utgangen av 2010. Eit samarbeid med Artsdatabanken om tidleg oppdaging og varsling av nye framande organismar vart sett i gang i 2009. Det er òg teke initiativ for å auke registreringa av framande organismar i nettportalen Artsobservasjoner frå medlemmer i frivillige organisasjonar og andre interesserte.
Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse
Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2008 vart genmodifisert soya, mais, bomull, sukkerbete og raps, og noko tomatar, squash, papaya, paprika, alfalfa, nellik, poplar og petunia dyrka på 125 millionar hektar. Dette er ein auke på 9,4 pst. frå året før. USA dyrkar ca. halvparten med 62,5 millionar hektar. Argentina og Brasil står for nesten 30 pst. med 36,8 millionar hektar, mens resten av arealet i all hovudsak er fordelt på Canada, India, Kina, Paraguay og Sør-Afrika. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land.
Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal komplekse GMO-søknader best mogleg, er det naudsynt å sikre forsking på miljøkonsekvensar av GMO og få bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. Det er viktig å medverke til at miljørisikovurderingane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik kan halde eit fagleg høgt nivå.
For å føre vidare den restriktive politikken er det behov for auka fokus på tilsyn og miljøovervaking av GMO-produkt. Miljøforvaltninga sitt ansvar er knytt til blant anna feltforsøk og tilsyn med produkt som ikkje er mat eller fôr, og til Forskrift om merking, transport, import og eksport av GMO. I løpet av 2009 trer hygienepakken i kraft i Noreg, noko som gjer at meldeplikta for vegetabil fell bort. Mattilsynet vil då få eit dårlegare oversyn over denne typen import, noko som vil føre til behov for auka ressursar for å halde tilsynet på same kvalitative nivå som tidlegare.
Ved behandling av marknadsføringsløyve for GMO, skal kriteria i genteknologilova om miljø, helse, samfunnsnytte, berekraftig utvikling og etikk leggjast til grunn. Det er behov for utgreiing og forsking relatert til samfunnsnytte ved import av GMO, spesielt relatert til fôr der framtidige behov kan komme i konflikt med vanskelegare tilgang til ikkjemodifisert råvare. Det er òg behov for auka kunnskap om berekraftig utvikling i land som dyrkar GMO og miljøeffektar av herbicidresistente og insektresistente GMO-planter. Forsking på miljøeffektar bør vere ein del av næringsretta bioteknologiforsking. EUs nye reglar om utsetjing av GMO i miljøet vart innlemma i EØS-avtala i september 2007 (jf. EU-direktiv 2001/18) med ei vidareføring av tilpassinga som gir Noreg rett til å forby GMO som EU godkjenner dersom vi meiner at det er naudsynt ut frå genteknologilova. EU har vedteke nye reglar om bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og i høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. Regjeringa forhandlar med EU om å innlemme også desse reglane i EØS-avtala med ei tilsvarande tilpassing.
Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader mangfaldet i naturen eller helsa til menneske.
Under forhandlingane om protokollen i 2003 vart partane ikkje samde om reglar for ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO, og opna derfor for seinare forhandlingar om dette. Desse forhandlingane skulle etter planen ha vore avslutta på det 4. partsmøtet i mai 2008. Partsmøtet gjekk i staden inn for å arbeide mot eit bindande avtaleverk om dette på neste partsmøte i 2010 i Japan. Føresegna i genteknologilova om erstatningsansvar ligg til grunn for Noregs posisjonar i forhandlingane. Det er nedsett ei forhandlingsgruppe med utvalde land, blant anna Noreg, som skal ferdigstille forslag til protokoll om ansvar og erstatning for skade som skuldast GMO.
Anbefalingane frå «Verksted for risikovurdering av nye typer GMO» som Noreg arrangerte i juni 2007 saman med Canada vart lagt fram på partsmøtet i mai 2008. Anbefalingane gjekk ut på at det er nødvendig med meir informasjon og utvikling av dei framgangsmåtane vi nyttar for risikovurdering av GMO for å sikre god nok vurdering av nye typar av GMO som for eksempel genmodifiserte tre, planter som produserer medisinske protein, genmodifisert fisk og virus.
Det skal òg vedtakast ein ny strategisk plan for Cartagena-protokollen på partsmøtet i Nagoya i oktober. Noreg har gitt innspel på tema til denne planen. Vi har blant anna understreka behovet for ein eigen vitskapskomité om risikovurderingar med meir under protokollen, og at ein set spørsmålet om sosioøkonomiske effektar frå GMO på agendaen. Noreg støttar òg Genøk sitt arbeid med kapasitetsbygging i utviklingslanda på dette området.
Resultatområde 1 – underområde 4 Friluftsliv
Underområde 4 Friluftsliv omfattar arbeidet for å sikre friluftsareal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og medverkar til auka forståing av naturverdiane og berekraftig utvikling. Dei fleste har gode høve til friluftsliv i Noreg, men allemannsretten er under press ein del stader. Det er framleis mykje ugjort i å sikre fleire friluftsområde nær byar og tettstader og i strandsona. Det ligg òg eit stort potensiale i å stimulere og leggje til rette slik at endå fleire får augo opp for dei sjansane og gevinstane som ligg i å drive miljøvenleg friluftsaktivitet.
Tabell 8.6 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
1.4.1. Allemannsretten skal haldast i hevd. | 1.4.1.1 Minst 50 % av befolkninga deltek i friluftsliv minst ein gong pr. månad. | Frå Levekårundersøkinga |
1.4.1.2 Lovgrunnlaget for utøving av friluftslivet og allemannsretten skal styrkjast i høve til 2010-nivå. | Frå Levekårundersøkinga – Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten | |
Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken. | ||
1.4.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på. | Totalt tal på offentlege friluftsområde | |
Talet på friluftsområde med eige forvaltingsanlegg |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Hovudarbeidet innan friluftsliv er å følgje opp dei tiltaka som ligg i St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet.
Regjeringa arbeider med eit forslag til endringar i friluftslova for å styrkje allemannsretten. Gjennom lova om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Markalova) har friluftslivet fått eit styrkt vern i dette området. Det vil framleis vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona.
Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at høva for befolkninga til å utøve friluftsliv i byar og tettstader stadig minkar gjennom tap av grøne areal. Ein vil i åra framover ha større fokus på å sikre allmenta tilgang til slike område i byar og tettstader.
Miljøverndepartementet vil i løpet av 2010 setje i gang arbeid med ein nasjonal handlingsplan for friluftsområde. Siktemålet med planen er blant anna å skaffe fram underlag for ein meir effektiv bruk av statlege løyvingar til sikring, opparbeiding og tilrettelegging av friluftsområde. Planarbeidet vil skje i samarbeid med andre statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og frivillige organisasjonar.
Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar
Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har i 2009 og 2010 samarbeidd for betre integrering av kulturminne i arbeidet med friluftsliv. Eit fagseminar mellom regional frilufts- og kulturminneforvaltning og frivillige organisasjonar frå begge område vart halde i september 2009. Målet med seminaret var å medverke til å byggje ei plattform for framtidig samarbeid mellom kulturminne- og friluftslivsfeltet og dei frivillige organisasjonane.
Miljøverndepartementet samarbeider med Helse- og omsorgsdepartementet for å fremje fysisk aktivitet og betre folkehelsa. Frå og med 2010 er delar av friluftslivsarbeidet overført til fylkeskommunen, og Miljøverndepartementet har i samband med dette sendt eit forventningsbrev til fylkeskommunne der samordninga av friluftslivsarbeidet med vekt på folkehelseomsyn vert vektlagt.
Løyvingane til arbeid med stimulering til friluftslivsaktivitetar vert for ein del kanaliserte gjennom Friluftslivets fellesorganisasjon vidare til medlemsorganisasjonane sitt stimuleringsarbeid. Ein del av midlane vert fordelt frå fylkeskommunane til aktivitetar lokalt. Direktoratet for naturforvaltning gir dessutan midlar til nokre sentrale prosjekt som gjeld utvikling av læremateriell og aktiviseringstiltak for barn og unge med minoritetsbakgrunn og funksjonshemma. Departementet vil medverke til at organisasjonane kan ha eit høgt aktivitetsnivå i 2011 òg.
Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark
Arbeidet med å følgje opp dei gode røynslene dei siste åra frå tiltak retta mot barn og unge (6 – 15 år) vil halde fram. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med tre prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette viser at ein har lukkast med tiltak som har vore sette inn.
Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret løyner likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Deltakinga blant ungdom 16-24 år er framleis låg, sjølv om den negative utviklinga har flata ut dei siste åra. Dette vil kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24 år) om nokre tiår.
Undersøkingar viser at ungdom (16 – 29 år) si deltaking i friluftsliv og deira kunnskap om allemannsretten er låg. Nedgangen i oppslutninga om «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetar i denne ungdomsgruppa kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre innandørs fritidsaktivitetar, blant anna knytt til bruk av data. Det er særlig tur- og haustingsaktivitetar som går ned. For skiturar er det ein samla nedgang i oppslutninga på 33 prosentpoeng mellom 1970 og 2007. Meir moderne friluftslivsaktivitetar som terrengsykling, skisegling, alpint og elvepadling har vore i vekst, men har stoppa opp i det siste. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetane.
Både av miljøomsyn og av folkehelseomsyn er det framleis naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot ungdommen. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på nye målgrupper som etniske minoritetar og funksjonshemma.
Ei ny undersøking frå 2009, «Befolkningens friluftsvaner», viser at berre 52 pst. av unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten, og kunnskapen deira om denne retten er dårlegare enn for resten av den vaksne befolkninga. Dette krev ein kritisk gjennomgang av informasjonsarbeidet med sikte på å auke kunnskapsnivået i denne viktige målgruppa.
Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at deltaking i friluftsliv blant dei aller yngste (6–15 år) ligg på eit høgt nivå. Oppslutninga om fotturar har auka med 8 prosentpoeng, mens oppslutninga om sykkelturar og båtturar har auka med 7 prosentpoeng kvar.
Det er rimelig å tru at satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn tek del i friluftslivsaktivitetar. Dette skjer både gjennom brei offentleg innsats og gjennom samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Fleire av desse har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H, og talet på medlemmer blant dei yngste har auka i fleire av organisasjonane.
Årleg deltek om lag 2.500 lærarar og barnehagetilsette på kurs i regi av friluftsråda innanfor fellessatsinga «Læring i friluft». Friluftsråda sitt aktivitetsretta arbeid er i vekst, og i 2009 auka talet barn som deltok på aktivitetstiltak med nær 50 pst. til 18 000. Det deltok 9 600 på opne turar o.l. i regi av friluftsråda, mens friluftsråda var medarrangørar av turar og friluftsdagar med om lag 24 000 deltakarar.
I ei undersøking ved Høgskulen i Hedmark blir det slått fast at uteskule ikkje berre gir elevane meir frisk luft og fysisk aktivitet, men at det òg er mogleg å arbeide med sentrale fagemne innafor alle skulefag utanfor klasserommet.
I 2011 skal samarbeid med aktuelle organisasjonar utviklast vidare og profilering for og med ungdom stå sentralt. Pilotprosjektet «Den naturlege skulesekken» som vart starta i 2009 skal utviklast vidare. I tillegg tek ein sikte på at «Læring i friluft» og «Forum for friluftsliv i skulen» skal tilpassast dei nye læreplanane. «Forum for friluftsliv i skulen» er eit landsdekkjande, breitt samarbeidsforum som arbeider for at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom eit aktivt friluftsliv, og etablere gode vanar for å vere ute i natur. Det finst ein særskilt nettstad (www.friluftsliviskolen.no) som er ein infobank for dette feltet.
I Miljøverndepartementets samarbeid med organisasjonane og dei andre departementa for å fremje friluftsliv og fysisk aktivitet vil det framover vere særskilt fokus på ungdomsgruppa.
Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde
Det er no sikra om lag 2 200 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. I 2009 vart 64 nye område sikra for friluftsliv, av desse vart 49 område sikra ved kjøp eller avtale, 6 ved avtaler om skjergardspark i Lister-regionen og 9 ved overtaking av friluftseigedommar frå Forsvaret.
Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i nærleiken av der folk bur og i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde ved kjøp eller avtaler vil halde fram. Arbeidet for å opne ulike typar statseigedom for allmenta vil òg halde fram, særleg dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for. Direktoratet for naturforvaltning gjer kvart år ei vurdering av Forsvarets eigedomsportefølje med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteressar for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige.
Samarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning om sikring og tilrettelegging av friluftsområde vil halde fram. Direktoratet for naturforvaltning har i om lag 10 år samarbeidd med byane Stavanger, Bergen, Trondheim, Oslo og Kristiansand med sikte på å auke tilgangen til nærfriluftslivsområde for store befolkningskonsentrasjonar. Dette er sett på som viktig for å auke høvet til naturoppleving og fysisk aktivitet nær der folk bur. Samarbeidet med desse kommunane vil bli ført vidare i 2011. Direktoratet ønskjer å utnytte erfaringane frå dette samarbeidet i ei heilskapleg nærmiljøsatsing, der ein gjennom forpliktande samarbeidsavtalar med utvalte kommunar vil rette fokus mot sikring og tilrettelegging av areal og stimulering til fysisk aktivitet. Det er innleia samtaler med Vegdirektoratet med sikte på ei koordinert satsing i forhold til utbygging av gang- og sykkelvegnettet. Fylkeskommunane er tiltenkte ei sentral rolle i satsinga. Dette vil òg verte ein del av arbeidet med nasjonal handlingsplan for friluftsområde.
Strandsonearbeidet vart i 2010 følgt opp med 1,7 mill. kroner til kystsonenettverk og juridisk bistand til kommunane. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og å leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk bistand. Arbeidet vil bli ført vidare i 2011, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget.
Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal inngå i forvaltningsplanar
For å skape godt grunnlag for opparbeiding og drift av friluftsområde og medverke til auka tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har kommunane i samarbeid med friluftsråda og i samråd med fylkesmannen utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. Som ledd i dette arbeidet er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken.
Arbeidet med å gjere fleire område tilgjengelege for menneske med funksjonsnedsetjingar er prioritert, og status er kartlagt i 970 område. Parallelt blir det arbeidd med planar for auka tilgjenge og praktiske tiltak for å betre tilgjenget. Arbeidet med tilrettelegging av friluftsområde fekk eit løft i 2009 gjennom midlar frå Regjeringas tiltakspakke.
Det er no utarbeidd forvaltningsplanar for meir enn 50 pst. av dei sikra friluftsområda. Oppgåva med å fordele statlege midlar til tilrettelegging av sikra friluftslivsområde er overført til fylkeskommunen frå 2010, og det vil vere naturleg å gjennomgå alle forvaltningsplanar med tanke på revisjon og oppdatering for til dømes å vurdere behov og potensial for universell tilrettelegging. Direktoratet for naturforvaltning har laga ein mal for enkle forvaltningsplanar for friluftsområde.
Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.
Det finst viktige markaområde i og kring mange andre store byar og tettstader i landet. Den nye plan- og bygningslova gir gode verkemiddel til å ta vare på desse områda. Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.
Status for bygging i strandsona er omtalt under resultatområde 6.
Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta
Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.
Det vert ikkje kravd fiskaravgift for innlandsfisk. For laksefiske er det mogleg å betale fiskaravgift for familiar.
Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. I alt betalte 196 500 personar jegeravgift for jaktåret 2009/2010, og det er 200 fleire enn året før. 20 pst. av førstegangsjegarane var kvinner. Av dei 196 500 personane som betalte denne avgifta for jaktåret 2009/2010, var 193 400 busette i Noreg. 13 400 av dei var kvinner, tilsvarande 6,9 prosent.
I løpet av jaktåret 2009/2010 besto 13 200 personar jegerprøven, ein auke på 1 000 frå året før. Av alle som besto prøven, var 20 pst. kvinner, noko som er den lågaste delen på mange år. Til saman er det no nærare 437 000 personar som står oppført i Jegerregisteret. 6 600 av dei er utanlandske statsborgarar.
I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur
I 2001 utvikla Statistisk sentralbyrå (SSB), i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning (DN), ein metode som målte befolkninga sin tilgang på rekreasjonsareal og nærturterreng. Undersøkingane er gjort med bakgrunn i tal frå 1999, 2004 og 2009. Resultata viser at 77 pst. av heile befolkninga i Noreg hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal per 1. januar 2009, ein nedgang på 3 prosentpoeng sidan 1999. Delen fell med aukande storleik på tettstaden og er lågast i tettstader med 100 000 innbuarar eller meir, der berre 65 pst. har slik tilgang. Samanlikna med tidlegare er det òg innbuarane i dei største tettstadene som har hatt størst nedgang i tilgang på rekreasjonsareal – ned 4 prosentpoeng sidan 1999. I dei minste tettstadene er nedgangen på 2 prosentpoeng.
Tala viser at dei høva befolkninga har til å utøve friluftsliv i byar og tettstader stadig minkar gjennom tap av grøne areal. Samtidig er det stadig viktigare å leggje til rette for lågterskelaktivitetar i nærmiljøa slik at fleire kjem seg ut og er i fysisk aktivitet. Dette vil gi ein helsegevinst samtidig som det vil vere eit positivt klimatiltak ved å redusere behovet for motorisert transport, og at eit betre lokalklima vil gi betre oppvekstmiljø for kommande generasjonar. Det er derfor ei målsetjing at kartlegging av grønstrukturen skal leggjast til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og bli ein premiss for vidare tettstadutvikling. Fleire kommunar har dei seinare åra gjennomført slik kartlegging, blant anna gjennom bruk av metoden «grøn plakat» og eigne kommunedelplanar for grønstrukturen.
9 Resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø
Tilstand, utvikling og utfordringar
Gjennom tolv tusen år har menneske levd, verka og sett spor etter seg i det som i dag er Noreg. Desse spora er det vi kallar kulturminne og kulturmiljø. Det kan vere bygningar, gravhaugar og ulike trekk i landskapet. Felles for dei er at dei kan fortelje oss om livet og virket til menneska som levde her tidlegare. Mange av spora er forsvunne, dels på grunn av erosjon, forvitring og gjenvekst, dels på grunn av aktivitetane til seinare generasjonar. Kulturminna er ein ikkje-fornybar ressurs. Blir dei øydelagde eller fjerna, er dei borte for alltid. Utan kulturminne vil det vere umogleg å tolke si eiga fortid og forstå si eiga samtid. Slik innsikt er viktig for vår identitet, og vi treng den for å stake ut vegen vidare. I eit slikt perspektiv er det kulturelle mangfaldet menneska sin felles arv og det må erkjennast og sikrast til beste for dagens og morgondagens generasjonar. Vi kan sjå på kulturarven som ein kunnskapsbank og vegvisar på vegen mot ei ukjent framtid og som referansepunktet til fortida. Det kulturelle mangfaldet kjem til uttrykk både i materielle og immaterielle verdiar. I tillegg til at kulturminne og kulturmiljø er eit nødvendig grunnlag for å halde ved lag eit kulturelt mangfald har det òg ein eigenverdi.
Ei berekraftig utvikling er avhengig av intakte økosystem. Kulturminna og kulturmiljøa viser korleis menneska har teke i bruk ressursane i naturen og tilpassa seg naturen. Dei kulturpåverka områda er ofte dei som er rikast på biologisk mangfald. Kulturminna og kulturmiljøa har både kulturelle, sosiale, miljøvise og økonomiske verdiar. Politikken skal stimulere til at desse verdiane blir tekne i bruk og bidra til å halde ved lag og utvikle vidare attraktive lokalsamfunn. Til dømes er bygningsmassen ein ressurs som allereie er skapt og utgjer ein stor del av nasjonalformuen. Dersom vi gjenbrukar i staden for å rive eller byggje nytt, kan vi redusere forbruket av energi, utslepp og ei mengd avfall, samstundes som vi bidreg til å gjere nærmiljøet meir mangfaldig.
Boks 9.1 Bygningsstatistikk
I Noreg er det:
350 000 ståande bygningar frå før 1900
6000 bygningar som er freda (kulturminnelova)
5500 museumsbygningar
1000 verneverdige kyrkjer
om lag ti tusen regulerte til bevaring (pbl)
I Oslo er det registrert 5300 bevaringsverdige eigedommar med 7346 tilhørande bygningar.
Kjelde: Riksantikvaren, Byantikvaren i Oslo, 2010
Heilskapelege historiske miljø tek til å bli mangelvare. Kulturminne og kulturmiljø frå før 1900 forsvinn i eit stadig raskare tempo og i eit stadig større omfang. Det er ikkje eit mål å ta vare på alle kulturminne og kulturmiljø, men å prioritere og gjere gjennomtenkte val for framtida. Mange viktige og nasjonalt prioriterte kulturminne er prega av forfall, skadar og øydeleggingar. Dette til trass for at det etter behandlinga av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminne, er sett i gang ein snuoperasjon, som så langt har gitt positive resultat. Riksrevisjonen har òg påpekt svakheiter og utfordringar knytte til tilstanden for kulturminne og kulturmiljø. Dei viktigaste risikoelementa er knytte til mangel på styrtingsdata, blant anna ved at det ikkje er etablert eit tilfredsstillande rapporteringssystem for å ha oversikt over verneverdige bygningar. Vidare er det stilt spørsmål ved om forvaltninga fullt ut nyttar dei juridiske verkemidla som kan bidra til at tapet av verneverdige bygningar blir redusert og eit representativt utval bygningar blir vedtaksfreda innan 2020. Oversikta over samiske freda bygningar kan bli betre. Det er òg spesielle utfordringar knytte til organiseringa av kulturminneforvaltinga. Miljøverndepartementet har derfor starta oppfølginga mot måloppnåinga i 2020 etter ein overordna og systematisk plan. Tiltak for å motverke risikoelement som er trekte fram er no innpassa i denne overordna planen og dei er lagt til grunn for viktige satsingar som er starta opp i 2010. Det er prioritert å få fram betre styringsdata, noko som vil bli gjort gjennom kunnskapsløftet for kulturminnefeltet. Riksantikvaren har i 2010 starta eit systematisk kontaktopplegg med fylkeskommunane for å betre styringsdialogen og møte dei ulike styringsutfordringane. Det er òg semje med Sametinget om ein tett dialog for å betre oversikta over samiske freda bygningar.
Gjennom satsinga Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet skal det utviklast eit forvaltnings- og saksbehandlingssystem for framtida der digitale verktøy blir nytta til å standardisere og forenkle arbeidsprosessar. Forvaltningssystemet omfattar både freda kulturminne av nasjonal verdi og lokale kulturminne av regional og lokal verdi. Samla skal delprosjekta i satsinga byggje opp eit godt, robust, fleksibelt og brukarvennleg system for saksbehandling og rapportering som skal gi kulturminnestyresmaktene gode styringsdata og styrkje kompetansen i kommunane. Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet inneber at databasen Askeladden skal oppgraderast og utviklast vidare.
Det skal vidare utviklast eit webbasert rapporteringssystem som bl.a. skal sikre ei robust og dynamisk kunnskapsplattform, effektive felles rutinar og likebehandling for heile kulturminneforvaltninga. Gjennom nettportalen Kulturminnesøk vil allmenta få innsyn og kunne kommunisere med forvaltninga. Det skal òg utviklast databaseverktøy for registrering av verneverdige kulturminne i kommunane. For at registreringane skal kunne samanstillast er det viktig at kommunane nyttar felles databaseverktøy. Det skal utviklast ein modul til Askeladden som trekkjer vekslar på kart, data og systematikk derfrå.
Kunnskapen er avgjerande for kommunane sitt høve til å ta omsyn til kulturminna i arealdisponeringa. Nasjonalt er ei slik oversikt nødvendig m.a. for å kunne følgje med i tap av kulturminne og vurdere fredingsprogram. Ein metode for registrering av lokale kulturminne er under utvikling og vil bli prøvd ut hausten 2010. Undersøkingar viser at dei fleste eigarane er stolte over å eige eit freda hus. Dei oppfattar kulturminna som verdifulle og gjer ein uvurderleg innsats for å ta vare på dei gjennom dagleg drift, skjøtsel og vedlikehald. Eigarane sin vilje, kompetanse og erfaring er avgjerande for at det enkelte kulturminnet eller kulturmiljøet skal bli teke godt vare på. Ei hovudutfordring er bygningar som går ut av bruk eller som har mist den opphavlege funksjonen. Hus som ikkje er i bruk, er ofte dårleg vedlikehalde og i dårleg stand.
Informasjon retta mot private eigarar, praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar og styrking av kompetanse i kommunane er viktig for å halde ved lag og auke forståinga for kvifor det er viktig å ta vare på kulturminna. Behovet for betre tilgang på kvalifiserte handverkarar er stort. Det er ei utfordring å utvikle gode utdanningstilbod som kan sikre nødvendig kapasitet og kompetanse i handverksfaga innafor byggje- og anleggsbransjen. Nettstaden Bygg og Bevar, som er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Byggjenæringas Landsforbund, blir lansert i 2010. Nettportalen skal vere ein kanal for å formidle tradisjonelt handverk og tradisjonelle produkt tilpassa eldre bygningar, og skal hjelpe til med å betre kontakten mellom byggjebransjen og tradisjonshandverkarar.
Musea rundt om i landet fungerer som lokale kunnskapsbankar og møteplassar og har lang tradisjon i å gi råd og rettleiing i samband med alle typar kulturminne og kulturmiljø. I 2010 er det teke initiativ til meir formalisert samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet med sikte på å utnytte departementa sine ressursar betre på område av felles interesse.
Boks 9.2 Nasjonale festningsverk
Noreg har 14 nasjonale festningsverk. Desse er viktige forteljarar av ei 700 år lang forsvarshistorie. Nokre av dei viktigaste hendingane i Noregs historie har skjedd på festningsverka. Nasjonale Festningsverk har utarbeidd verneplanar for 12 av dei store festningsanlegga. Målet med verneplanane er å sikre at vidare utvikling og aktivitet skjer i harmoni med omsyn til vern av festningane. Vernearbeidet bidreg til å auke tilgjenget til festningane. Tal viser at ca. 2 millionar menneske besøkte festningane i 2009. Det viser at festningane har ein brei appell som kulturhistoriske minnesmerke og som kulturarenaer.
Kommunane er den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar, m.a. fordi plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø. Oppbygging av kompetanse skal bl.a. skje gjennom opplæringspakkar, god rettleiing, gode eksempel, gode verktøy, prosesstøtte og tilgang til kompetansemiljø.
Bevaringsprogramma
For å nå dei nasjonale måla, har regjeringa etablert ti bevaringsprogram. Programma skal leggje auka vekt på synlege resultat. Kulturarven sin verdi for regionar og lokalsamfunn skal stå i sentrum. Nedanfor er fire høgt prioriterte bevaringsprogram trekt fram.
Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige omfattar 2667 freda bygningar. Riksantikvaren avslutta i 2009 sitt arbeid med å gjennomføre ei tilstandsregistrering av desse bygningane. I tillegg blir alle fredingsvedtak som er gjort i perioden 1923 – 1978 gått igjennom med sikte på å supplere, klargjere tidlegare fredingsvedtak og i enkelte tilfelle gjennomføring av freding. Fredingsgjennomgangen skal vere ferdig i 2012. Både fredingsgjennomgangen og tilstandsregistreringa gir god innsikt i den freda bygningsmassen når det gjeld fredingsverdiar og vedlikehaldssituasjonen for bygningar og anlegg, og vil gi eit godt grunnlag for å utarbeide sikre overslag for kostnader og for å målrette innsatsen der den gir størst effekt. Dette er viktig i arbeidet med å gi eigarar av freda bygningar betre vilkår for å ta vare på denne viktige delen av kulturarven. Samtidig er det viktig å påpeike at det er ei utfordring å oppretthalde eit ordinært vedlikehaldsnivå utan meir tilskot til private eigarar til det årlege, fortløpande vedlikehaldet.
Elleve industrianlegg inngår i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Dei tekniske og industrielle kulturminna viser historia om industriutviklinga i Noreg og har stor allmenn interesse. Regjeringa har i den nye regjeringsplattforma sagt at den vil styrkje innsatsen for å setje i stand tekniske og industrielle kulturminne som viktig dokumentasjon av arbeidarrørsla si historie og kunnskapen om arbeidsprosessar, teknologi og sosialhistorie. Programmet har blitt høgt prioritert dei seinaste åra, og fekk ekstra tildeling frå Regjeringas tiltaksmidlar i 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid. Dette er store og komplekse anlegg og arbeidet med dei har komme langt kortare enn det som er målet. Berre tre anlegg er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Rjukanbanen er frå og med budsjettåret 2011 med på lista over dei spesielt prioriterte tekniske og industrielle kulturminna som får faste tilskot over budsjettet til Miljøverndepartementet. Rjukanbanen er dessutan eit viktig element i arbeidet med nominasjonen av Rjukan og Odda til verdsarvlista til Unesco som etter planen skal ende opp med ei behandling i World Heritage Committee sommaren 2014.
Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne omfattar arkeologiske kulturminne, spor etter busetnad, heilage fjell og andre naturelement og samiske bygningar eldre enn 100 år. Samisk busetjing i Noreg strekkjer seg frå Nordre Hedmark til Aust-Finnmark. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Talet på freda bygningar aukar derfor frå år til år. Sametinget manglar førebels register over bygningar som er freda. I samband med kunnskapsløftet på kulturminnefeltet skal samiske kulturminne registrerast. Det skal gjerast ei ny vurdering av 100-årsgrensa for automatisk freding av samiske kulturminne. Det skal òg utarbeidast kriterium for kva som er samiske kulturminne.
Ein ny nasjonal verneplan vil leggje grunnlaget for det vidare arbeidet i bevaringsprogrammet for fartøy. Den norske maritime historia frå seglskutetida og fram til i dag er unik og skaper stort engasjement blant folk. I den nye fartøyverneplanen blir det lagt vekt på tydelege prioriteringar innafor gjeldane budsjettrammer. Fartøy som er offentleg tilgjengelege, har allmenn interesse, lokal forankring og med eit realistisk høve til å bli sett og haldne i stand, vil bli prioriterte. I dag er berre fem fartøy freda og det vil bli meir fokus på freding. Det vil bli vurdert å delegere ansvar for den verna flåten til fylkeskommunen som ei frivillig ordning i første omgang. Riksantikvaren skal framleis ha ansvaret for dei freda fartøya. Det vil òg bli lagt vekt på eit meir forpliktande samarbeid med musea om fartøy som ligg i grenseland mellom museums- og kulturminneforvalting.
Boks 9.3 «Halve Noreg er freda!»
Påstanden om at halve Noreg er freda høyrer ein av og til. Det er heilt feil! Om lag 1 promille av alle hus i Noreg er freda. Det er stor forskjell på ein tusendel og ein halvpart!
Kjelde: Freddy/GAB
Miljøverndepartementets rolle og ansvar
Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for kulturminnepolitikken. Riksantikvaren er Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande direktorat med ansvar for å følgje opp den nasjonale politikken. Fylkeskommunane og Sametinget er regional kulturminneforvaltning. Dei har fått overført oppgåver og delegert ansvar etter kulturminnelova.
I hovudsak er det Miljøverndepartementet som har verkemidla for å nå både dei juridiske og økonomiske nasjonale måla. Men på nokre område har andre departement verkemiddel som er viktige for vern av kulturminne. Samarbeid med andre departement er derfor viktig for å nå måla. I tillegg er den frivillige innsatsen på dette området av uvurderleg verdi.
Gjennomføring av mål og tiltak på statlege sektorområde skjer i regi av dei ansvarlege sektorstyresmaktene. Etter sektorprinsippet har statlege sektorar som eigarar ansvaret for å forvalte sine kulturminne og kulturmiljø på ein måte som tek vare på dei kulturhistoriske verdiane. Staten eig ei rekkje monumentale bygningar og anlegg som har vore viktige for oppbygginga og utviklinga av Noreg som velferdsstat og som har stor kulturhistorisk verdi. Som forvaltarar har statlege sektorar ansvaret for å sikre at omsynet til kulturminne og kulturmiljø blir teke vare på i deira verksemd og med relevante verkemiddel. Dei har ansvaret for tidleg i avgjerdsprosessar å vurdere korleis det skal takast omsyn til kulturminne og skal dokumentere konsekvensane som eit vedtak får for kulturminna.
Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE) er det største bevaringsprosjektet som har vore gjennomført til no. 12 departement arbeider med å vurdere sine kulturhistoriske verdiar og utarbeider landsverneplanar. Riksantikvaren fredar eit utval av bygningane frå landsverneplanane.
Til dømes har både Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Miljøverndepartementet verkemiddel til å ta vare på verneverdige kyrkjer, i tillegg til at dei har overlappande ansvar for samisk kulturminneforvaltning. Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet samarbeider om gjennomføringa av handlingsplanen for kystkultur som skal bidra til at kystkulturen i sterkare grad blir verdsett som ein miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk ressurs. Olje- og energidepartementet er samarbeidspartnar når det gjeld konsesjonssaker og omsynet til kulturminne i vassdrag.
Miljøverndepartementet og Kulturdepartement har òg fleire felles saksområde. Til dømes når det gjeld finansieringa av arbeidet med å bevare tekniske og industrielle kulturminne, som er delt mellom departementa. Miljøverndepartementet dekkjer sikring, istandsetjing og vedlikehald, mens Kulturdepartementet dekkjer museumsdrifta og formidling.
Verkemiddel
Noreg engasjerer seg sterkt i internasjonalt arbeid for å ta vare på kulturarven. Noreg har slutta seg til seks internasjonale konvensjonar som har verknad for faste kulturminne her i landet. Gjennom desse konvensjonane er Noreg forplikta overfor det internasjonale samfunnet til å sikre og forvalte kulturarven på ein forsvarleg måte. Fire av konvensjonane er vedtekne av Europarådet og gjeld vern av faste kulturminne, den arkeologiske kulturarven og landskap. Europarådet har òg vedteke ein rammekonvensjon om verdien av kulturarv for samfunnet. Unesco-konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv er ratifisert av rundt 187 land og er den første miljøkonvensjonen som omfattar kulturminne og naturarv. I dag har Noreg sju område på Unescos verdsarvliste. Fem område er førte opp på tentativ liste over område ein vil fremje til verdsarvlista dei kommande åra. I 1954 slutta Noreg seg til Haag-konvensjonen om vern av kulturminne i tilfelle væpna konflikt. Det vart vedteke ein tilleggsprotokoll til konvensjonen i 1999 med bakgrunn i at kulturminne i aukande grad blir øydelagde i samband med ulike krigshandlingar. Miljøverndepartementet arbeider med å ratifisere denne tilleggsprotokollen.
Kulturminnelova er det sentrale statlege verkemiddelet i kulturminnepolitikken. Lova gir tilgang til freding av blant anna privat eigedom. Lova sitt formål og internasjonale konvensjonar understrekar òg vekta av å ta vare på breidda og mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø.
For dei kulturminna som ikkje er freda er det plan- og bygningslovas reglar som må nyttast for å oppnå bevaring. Ved planlegging etter plan- og bygningslova er kommunane hovudaktørar i forvaltinga av kulturminne og kulturmiljø og i å ta vare på mangfaldet. Ny plan- og bygningslov inneheld nye verkemiddel som set kommunane i stand til å drive ei meir effektiv og fleksibel forvalting av kulturhistoriske verdiar, gjennom blant anna tilgang til vern av interiør. Stortinget har òg bede Regjeringa lage forskrift om at kommunane kan krevje utbetring av bevaringsverdige bygningar, når dei forfell. Forskrifta er venta å tre i kraft i 2011.
Resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø blir i hovudsak finansiert av budsjettramma for Riksantikvaren, kap. 1429 og Norsk kulturminnefond, kap. 1432. Kapitla 1400, 1410 og 1427 inneheld òg budsjettmidlar som bidreg til finansiering av resultatområdet i 2011.Til saman er resultatområdet finansiert med 474,3 mill. kroner i 2011, sjå meir i Del I om viktige prioriteringar i budsjettet og kap. 1429 og kap. 1432 i Del III. Løyvingane over statsbudsjettet har auka dei seinare åra. Erfaringar viser at dersom ein aukar og målrettar innsatsen, er det mogleg å snu ein negativ trend og nå dei nasjonale måla innan dei fastsette fristane.
Det er etablert ei rekkje tilskotsordningar til vern av kulturminne og kulturmiljø. Tilskot skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige, freda kulturminna. Norsk kulturminnefond gir òg tilskot til verneverdige kulturminne og er den viktigaste finansieringskjelda i arbeidet med å ta vare på mangfaldet av desse kulturminna.
Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø
Nasjonale mål | Indikatorar |
---|---|
2.1.1 Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan år 2020. | Prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalde område. |
Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalde område. | |
Talet på tapte bygningar i tette trehusmiljø. | |
Talet på kommunar med kommunedelplan for kulturminne og kultur-miljø. | |
Storleiken på areal med bevaringsstatus etter PBL. | |
Prosentvis årleg tap av kulturminne i jordbrukets kulturlandskap. | |
2.1.2. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020. | Årleg tap av og skade på automatisk freda arkeologiske kulturminne i utvalde område og etter årsaksforhold. |
Talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon | |
2.1.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020. | Talet på freda bygningar og anlegg fordelt etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsvis breidde. |
2.1.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. | Del av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå i prosent. |
Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sett i stand. | |
2.1.5 Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020. | Talet på sikra automatisk freda arkeologiske kulturminne. |
Tabell 9.2 Definisjonar
Omgrep | Definisjon |
---|---|
Kulturminne | Alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, under dette lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. |
Kulturmiljø | Område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. |
Automatisk freda | Eit automatisk freda kulturminne er eit fast kulturminne som er freda direkte etter lov, utan særskilt vedtak. Automatisk freda er: Alle faste kulturminne frå før 1537, samiske kulturminne eldre enn 100 år, ståande byggverk med opphav frå perioden 1537 – 1649, dersom ikkje anna er bestemt alle kulturminne på Svalbard frå før 1946. |
Vedtaksfreda | Eit vedtaksfreda kulturminne er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova eller Svalbardmiljølova. Vedtaksfreding kan omfatte alle typar kulturminne som ikkje fell inn under automatisk freding. |
Freda fartøy | Fartøy som er freda etter kulturminnelova §14a. |
Verneverdig | Der det er gjort ei kulturminnefagleg vurdering, og kulturminnet er identifisert som verneverdig. |
Verneverdige fartøy | Fartøy der det er inngått ei avtale mellom eigar og Riksantikvaren om å ta vare på skipet. Dette inneber bl.a. at fartøyet skal setjast i stand etter antikvariske prinsipp. |
Tap | Der kulturminnet er fjerna. |
Representativitet | Representativitet handlar om å belyse utviklinga av Noreg som samfunn, og heile samfunnet si utvikling og historie. Eit representativt utval er eit dynamisk omgrep, og kva som er sett på som fredingsverdig endrar seg over tid. Sjå òg St.meld. nr. 16 (2004-2005) kap. 4.2.3 |
Ordinært vedlikehaldsnivå | Tilstand som krev at berre planlagt vedlikehald er nødvendig, jf. norsk standard for tilstandsanalyse av freda og verneverdige bygningar (NS 3423) |
Sikra | Fysiske tiltak på eller ved eit kulturminne for å verne kulturminnet mot skade og tap, og for å ta vare på kulturminnet på staden. |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø
Sidan 2000 er det gjennomført systematiske kontrollregistreringar for å overvake tap og endringar av SEFRAK-bygningar som er eldre enn frå år 1900. Kontrollregistreringar av SEFRAK-bygningar viser at tapet av eldre bygningar er stort. Forfall, tap og omfattande endringar betyr ein reduksjon av mangfaldet i bygningstypar. Bygningar som er i aktiv bruk har ein lågare prosentdel av tap. Bygningar eldre enn 1900 treng ikkje alltid å vere verneverdige, men utviklinga viser at tilfanget av eldre busetnad og historiske miljø som kan vere aktuelle å verne, forsvinn utan at vi veit kva som går tapt.
I målet inngår arbeidet med to av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogrammet for førebyggjande brannsikring av tette trehusmiljø
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) samarbeider med Riksantikvaren om brannsikring av verneverdig tett trehusbusetnad. Ca. 180 trehusmiljø er kartlagde og det er utarbeidd ein rettleiar. I 2009 gjekk to freda bygningar og den listeførte Våler kyrkje i Solør tapt i brann. Hønefoss kyrkje gjekk tapt i brann i 2010. Riksantikvaren har ikkje registrert nokre større brannar i tette trehusmiljø i 2009. Riksantikvaren prioriterer å gi tilskot til arbeid med brannsikringsplanar.
Det blir arbeidd med å få utvikla eit system slik at data frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kan koplast til kulturminnedatabasen Askeladden. Det vil då bli mogleg å identifisere vernestatusen til brannskadde bygningar på ein effektiv måte. Eit nytt nasjonalt mål i Stortingsmelding nr. 35 (2008-2009) er å unngå tap av uerstattelege kulturhistoriske verdiar. Det skal nåast ved branndokumentasjon, utvikling av brannsikringsplanar for freda bygningar og auka bruk av automatiske sløkkingsanlegg.
Når det gjeld kyrkjene har Miljøverndepartementet sendt brev til alle kommunane og bedt om at feila som var funne ved gjennomgangen av kyrkjene som Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon, Riksantikvaren og DSB gjennomførte 2008-2009, blir retta opp så raskt som mogleg.
Bevaringsprogrammet for fartøy
Totalt er den registrerte verneverdige flåten i dag på ca. 200 fartøy. 130 av desse er sette i stand til eit godt vedlikehaldsnivå, og det er arbeid på 46 fartøy. Utfordringane og behova innanfor fartøyvernet er store og mangfaldige. Det er viktig med tydeleg avklaring av kor det nasjonale statlege ansvaret ligg og strenge prioriteringar som sikrar at dei viktigaste oppgåvene blir løyste på ein god måte.
Følgjande fem fartøy er pr. i dag freda: Skibladner, bilferja Gamle Kragerø, jernbaneferjene Ammonia og Storegut og bilferja Skånevik. Dei fartøya som til no er freda har alle ei sterk forankring historisk og i dei aktuelle lokalsamfunna.
Dette er alle fartøy som framleis har ein viktig historieforteljande funksjon, som vil vere viktige arenaer for frivillig innsats og haldningsskapande arbeid og som framleis kan få ein bruk retta mot allmenta og danne grunnlag for verdiskaping. Støtte til denne typen fartøy vil òg vere prioritert i det vidare arbeidet. For tida blir det arbeidd med freding av Gamle Lofotferga og Folgefonn som begge er fartøy med tilsvarande kvalitetar. I tillegg skal ytterlegare to til tre ferjer veljast ut for freding. Riksantikvaren tek sikte på å sluttføre arbeidet med freding av kategorien ferjer i løpet av 2011 og vil etter dette ta fatt på dei reine passasjerfartøya.
Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping
Verdiskapingsprogrammet gir kunnskap om korleis kulturminne, kulturmiljø og landskap kan gi grunnlag for verdiskaping. Programmet gir òg praktiske resultat. Fase 1 av programmet går ut 2010 og omfattar 11 pilotprosjekt som dekkjer heile landet. Årsrapport 2009 frå programmet er utarbeidd som ledd i ei evaluering. Erfaringane frå prosjekta så langt viser at kulturarven kan vere ein viktig ressurs både i stads- og næringsutvikling, og at denne ressursen kan aktiverast gjennom målretta innsats. Programmet sin effekt for den økonomiske verdiskapinga har auka gradvis. I 2009 vart det etablert 18 nye verksemder med støtte frå programmet, og 54 verksemder har utvida aktiviteten. Rapporteringa syner ein klar samanheng til auka kulturell og sosial merksemd om kulturarven som ressurs. Godt samspel mellom dei ulike formene for verdiskaping kan skape ein positiv utviklingsspiral der dei ulike innfallsportane til verdiskaping understøttar kvarandre. Erfaringa syner at den materielle og immaterielle kulturarven må sjåast i samanheng. Eit par døme på dette er pilotprosjekta Nærøyfjorden Verdsarvpark og Den verdifulle kystkulturen i Nordland. Det er ei utfordring å utvikle samhandling og samhandlingskompetanse vidare mellom ulike utviklingsaktørar som styresmakter, kompetansemiljø, næringsorganisasjonar og utøvarar, potensielle etablerarar og frivillig sektor.
Om lag 200 kulturminne er sette i stand for ny bruk. Minst like mange er tekne i bruk til verdiskaping utan behov for istandsetjing. Gode resultat kjem der tiltaka inngår i heilskaplege planar og strategiar, der kulturminne inngår i stadsutvikling og «opplevingspakkar», og der natur og kultur spelar saman.
Evalueringa av programmet viser at miljøvis, kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping heng saman og forsterkar kvarandre. Det tek ofte lenger tid å oppnå økonomisk verdiskaping enn resultat på dei andre områda. Programmet har gitt erfaringar med å løyse flaskehalsar som kapasitet og kompetanse i kommunar og fylkeskommunar, manglande tilgang til relevant handverkskompetanse, konfliktar mellom bruk og vern og manglande finansieringsordningar som koplar istandsetjing og ny bruk.
Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnsektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø
Kommunane
Plan- og bygningslova er kommunane sitt viktigaste verkemiddel for å sikre kulturminne og kulturmiljø. 80 pst. av kommunane manglar kulturhistorisk kompetanse og plankompetansen er òg varierande. Med ny plan- og bygningslov vil behovet for opplæring og rettleiing i fylkeskommunar og kommunar auke ytterlegare. Dette krev meir innsats frå både Miljøverndepartementet og Riksantikvaren.
Stadig fleire kommunar tek i bruk Askeladden i sitt arbeid med å sikre kulturminne og kulturmiljø. Ved årsskiftet 2009/2010 var det 1460 brukarar i kommunal sektor og 2875 i andre arealbrukande sektorar. Utover dette er data frå Askeladden tilgjengelege via Noreg Digitalt. Dette er ei kartteneste som kan nyttast av alle kommunar.
RA gjennomfører kurs i verktøyet «DIVE – kulturhistorisk stedsanalyse» i samarbeid med interesserte fylkeskommunar. I 2009 lanserte RA databasen «NB!registeret"» som omfattar byområde med nasjonale kulturminneinteresser. Databasen omfattar 75 byar og tettstader med til saman 240 delområde og er kopla til databasen Askeladden.
Det er ei utfordring at kommunane ikkje har samla oversikt over verneverdige kulturminne. Miljøverndepartementet vil arbeide for å betre dette, bl.a. ved at den kommunale rapporteringa gjennom KOSTRA-systemet i større grad blir tilpassa behovet for oversikt over verneverdige kulturminne. Det er sett i gang eit arbeid med sikte på kartlegging for registrering av verneverdige kulturminne i kommunane. Registreringa skal etter planen gjennomførast i samarbeid med kommunane og frivillige organisasjonar.
Riksantikvaren har starta arbeidet med å oppgradere Askeladden. Det er òg sett i gang arbeid med registreringssystem for verneverdige kulturminne og det er sett i gang utprøving av metodikk for registrering av verneverdige kulturminne i utvalte kommunar.
Andre samfunnssektorar/staten
Miljøverndepartementet har ansvaret for å følgje opp prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE). Prosjektet omfattar registrering av alle statsbygningar med verneverdi. 12 departement er i arbeid med sine landsverneplanar. Dei statlege sektorane er forseinka i arbeidet sitt. Riksantikvaren er rådgivar for departementa i arbeidet deira med landsverneplanane, og for alle tiltak på dei kulturhistorisk viktige anlegga. Som ein del av planprosessen skal Riksantikvaren ta stilling til kva slag bygningar og anlegg som skal fredast og gjennomføre fredingar. Landsverneplanar har medført auka fokus på riktig vedlikehald og istandsetjing og dette krev auka innsats frå Riksantikvaren. Det er den enkelte sektor sitt ansvar å følgje opp planane og ta vare på bygningar og anlegg som er valte ut for vern.
Landbrukssektoren tek ansvar for sine eigne kulturminne og kulturmiljø bl.a. gjennom eigne verkemiddel. Sentrale verkemiddel er dei lokale SMIL-midlane og regionale miljøprogram som sikrar både istandsetjing og årleg vedlikehald av mange kulturminne. SMIL vart evaluert i 2009. Konklusjonen var blant anna at ordninga har god effekt for freda og verneverdige bygningar.
Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning
Kulturmiljø er større område med samansette kulturminneverdiar. Forvaltninga av kulturmiljøa skapar utfordringar, bl.a. fordi mange av desse òg er levande lokalsamfunn og krev forvaltningsplanar som er tilpassa lokale forhold, aktivitet og utvikling.
Seks kulturmiljø er freda etter § 20 i kulturminnelova. Fire av desse freda kulturmiljøa har tilfredsstillande forvaltningsplanar. Dette gjeld Sogndalsstrand, Kongsberg, Havrå og Utstein.
Fem nye kulturmiljø er under freding: Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag, Tinnfoss i Telemark, Rosendal i Hordaland, Ny-Hellesund i Vest-Agder og Bygdøy i Oslo. Det blir starta opp fredingssak i Levanger i 2010. For kvart av desse miljøa som er under freding vert det utarbeidd forvaltingsplan parallelt. Samarbeid mellom kulturminneforvaltninga og eigarar, kommunale styresmakter, næringsliv, organisasjonar og andre instansar er nødvendig for å ta vare på eit kulturmiljø og dei kulturhistoriske verdiane.
I 2009 starta skjøtsel og vedlikehald av biologiske og kulturhistoriske verdiar i dei 20 utvalte kulturlandskapa i jordbruket. Arbeidet blir finansiert gjennom spesielle midlar avsett i eit spleiselag mellom Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Drifta byggjer på heilskaplege forvaltingsplanar og langsiktige avtaler inngått mellom grunneigarar/drivarar og staten. Arbeidet blir ført vidare i 2010 og programmet blir utvida med to nye område; Tarva i Sør-Trøndelag og Skålvær-Blomsøy-Hestøy i Nordland.
Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne
Kulturminnefondet er den viktigaste offentlege finansieringskjelda når det gjeld ikkje freda, bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet er òg ei vesentleg finansieringskjelde i verdiskapingsprogrammet. Frå 2005 og fram til 2009 har fondet gitt tilskot på til saman 21 mill. kroner fordelt på over 100 tiltak innafor verdiskapingsprogrammet. Miljøverndepartementet gjer vedtak om endra forskrifter for fondet i 2010
Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne
Omlegginga av forvaltingspraksis slik at staten som hovudregel dekkjer utgifter til arkeologisk arbeid ved mindre, private tiltak har ført til ein merkbar auke i talet på saker der privatpersonar får dekte utgifter til arkeologiske utgravingar. Kostnadene i dei enkelte sakene kan variere mykje som følgje av ulikt omfang på dei ulike tiltaka og ulik karakter på kulturminna. Tilskota er svært viktige for at privatpersonar kan gjennomføre planlagde tiltak i saker der det blir gitt dispensasjon. Auka midlar til mindre, private tiltak medverkar til ei betre forvalting og auka forståing for og redusert konfliktnivå når det gjeld vern av arkeologiske kulturminne.
Miljøverndepartementet set i verk viktige tiltak for å sikre lik og føreseieleg forvaltingspraksis i heile landet. Det er utarbeidd felles budsjettmal og retningslinjer for budsjettering og rekneskap for arkeologiske utgravingar. I 2010 vart det utarbeidd ein strategiske plan for forvaltninga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø for perioden 2010-2020, som vil bli sendt på høyring.
Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn
Mange arkeologiske kulturminne over og under vatn er i utgangspunktet best sikra ved at dei får liggje urørte. Andre må sikrast gjennom fysiske tiltak for å beskytte kulturminnet mot skade og tap, og for å ta vare på kulturminnet på staden. Kunnskap blir formidla gjennom målretta informasjonstiltak og ved tilgang til kulturminna.
Universell utforming er viktig i samband med tilrettelegging av kulturminne. I samband med ruinprosjektet blir universell utforming jamleg vurdert i samband med dei omfattande arbeida med konservering og istandsetjing, for eksempel ved ruinen av mellomalderborga Steinvikholm i Sør-Trøndelag og ruinen av mellomalderkyrkja St. Nikolas i Sarpsborg. Når det gjeld dei arkeologiske kulturminna blir universell utforming alltid vurdert i samband med skjøtsel. Når Riksantikvaren løyver pengar til skjøtsel skal den som mottek midlane òg vurdere om kulturminnet kan leggjast til rette for alle brukargrupper. Det beste eksempelet på tilrettelegging av eit arkeologisk kulturminneområde i Noreg er helleristningane i Alta, som står på verdsarvlista. Her er det eit 2,9 km langt gangvegsystem som er tilrettelagt for rørslehemma. Verdsarvstadene skal vere tilgjengelege så langt det er mogleg og forsvarleg. Problemstillinga blir diskutert med eigarane og dei ansvarlege styresmaktene. I 2009 vart andre runde i miljøovervakingsprogrammet «Fortidens minner i dagens landskap"» avslutta. Formålet med overvakingsprogrammet er å skaffe oversikt over utviklinga for tap og skade på automatisk freda kulturminne i eit utval kommunar, og å identifisere årsakene til tap og skade. Overvakinga viser at berre ein av i alt 16 kommunar har eit årleg tap på over 0,5 pst. Dette betyr at trenden går i positiv retning. Likevel er det ein auke i talet skadde kulturminne. Skadde kulturminne blir oftare utsette for ytterlegare skadar og går på sikt tapt. Delen kulturminne som på grunn av gjengroing ikkje blir funne att ved kontrollane er forholdsvis stor, og talet på kulturminne med naturskadar aukar. Kulturminne i desse to kategoriane står òg i fare for å gå tapt på sikt.
Gjennomsnittleg tap av automatisk freda kulturminne pr. år i dei 16 undersøkte kommunane for perioden 2004-2009 er 0,22 pst. Gjennomsnittleg blir 1,8 pst. av dei automatisk freda kulturminna skadde pr. år. Hovudårsakene til tap av kulturminne er aktivitetar i samband med friluftsliv og privat byggje- og anleggsverksemd, mens jordbruket er hovudårsaka til skadar på kulturminna.
I målet inngår arbeid med to av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne
Skjøtsel, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av arkeologiske kulturminne er nokre av dei aller viktigaste tiltaka for å sikre kulturminna for framtida. Bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne har som mål å sikre og gjere tilgjengeleg eit representativt utval arkeologiske kulturminne. Minst 450 arkeologiske kulturminne skal vere gjort tilgjengelege for publikum innan 2020, med både fysisk tilrettelegging, skilting og presentasjon på internett.
Bevaringsprogrammet for bergkunst
Bergkunst – bilete hogd, slipt eller måla i berg – er spesielt utsette for naturlege og menneskeskapte nedbrytingsprosessar. Kunnskaps- og opplevingsverdiar i bergkunsten skal sikrast og gjerast tilgjengelege gjennom dokumentasjon og sikringstiltak på utsette lokalitetar, formidling og tilrettelegging for besøk på utvalde lokalitetar, kunnskapsoppbygging og overføring i dei ulike forvaltningsnivåa og metodeutvikling innan spesielt prioriterte tema.
Landsdelsmusea og andre institusjonar med spesialkompetanse har utført dokumentasjon av meir enn 10 lokalitetar i 2009 (lokalitetar kan omfatte fleire felt med eit stort tal figurar) og sikringstiltak på meir enn 60 lokalitetar, og fleire av desse er gjort tilgjengelege for publikum. I tillegg er det utført ei rekkje tiltak i form av generell bistand til regional forvaltning. Aktivitetane må sjåast i samanheng med skjøtselstilskot til regional forvaltning i 2009, der det er gitt støtte til 63 bergkunstprosjekt som omfattar både sikring og tilrettelegging, jf. Bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne.
Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy
I målet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige
Det er viktig med korrekt kunnskap om tilstanden til dei freda kulturminna for å kunne prioritere tilskotsmidlane til dei kulturminna der behova er størst og effektane best. Miljøverndepartementet har derfor lagt vekt på å få fram ei samla oversikt over tilstanden. Dette blir gjort bl.a. gjennom Riksantikvarens prosjekt for tilstandsregistrering av freda bygningar og anlegg som ble avslutta i 2009.
Tabell 9.3 Freda private bygningar
2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|
Prosent av freda private bygningar som er undersøkt fram til året | 60 | 89 | 97 |
Av desse har 38 pst. ordinært vedlikehaldsnivå, mens 62 pst. treng moderate eller store utbetringar for å oppnå ordinært vedlikehaldsnivå.
På bakgrunn av stortingsmeldinga om kulturminnevern er det òg sett i gang eit eige prosjekt for å gjennomgå alle fredingsvedtak fatta i perioden 1923-1979. Prosjektet er landsdekkjande og skjer i samarbeid med den enkelte fylkeskommunen. Målet er å gi kulturminneforvaltninga eit betre grunnlag for å fatte vedtak, og å gi ein meir føreseieleg situasjon for eigarane av dei freda anlegga, med klarare rammer. Prosjektet vil gi eigarar og kulturminneforvaltninga ein oppdatert status, og gjere tilgjengeleg eksisterande dokumentasjon som for eksempel historiske foto. Prosjektet som skal gjennomgå fredingsvedtaka er omfattande og vil gå fram til 2012. Erfaringane frå arbeidet er svært positive. Prosjektet har ført til ein god dialog med eigarane, og det klargjer kva dei eldre fredingane inneber og får fram handlingsrommet for eigarane. Arbeidet gir derfor eit godt forvaltningsgrunnlag for regionalforvaltninga. Prosjektet har òg kartlagt tap av bygningar og anlegg freda etter bygningsfredingslova. Ca. 300 bygningar, eller 13 pst. av det som vart freda i perioden 1923-79, er ikkje lenger freda. Ei vanleg årsak til at fredinga er oppheva er tap av fredingsverdi. Det viser seg òg at mange bygningar har gått tapt, blant anna på grunn av brann, eller at bygningen er riven. Arbeidet med å kartleggje tapa vil halde fram.
Prosjektet Fredingsgjennomgangen gir saman med prosjektet Tilstandsregistreringa god innsikt i den freda bygningsmassen i Noreg, både når det gjeld kvalitet og vedlikehaldssituasjon for anlegga. Fredingsgjennomgangen går no føre seg i 15 fylke og skal vere ferdig i 2012. Eitt fylke har fullført arbeidet. 93 fredingssaker som er starta opp inngår i prosjektet. Av desse er 26 saker avslutta.
Bevaringsprogram for samiske kulturminne
Mange samiske kulturminne er i aktiv bruk som grunnlag for utvikling av eigen identitet og kultur. Minna omfattar bygningar, spor etter busetnad, heilage fjell og andre naturelement. Sametinget er forvaltningsmyndigheit og har ein sentral posisjon i forvaltinga av desse kulturminna. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Denne avgrensinga ut frå eit reint alderskriterium utan vernevurdering, reiser særskilte utfordringar når det gjeld bygningar. Talet på freda bygningar aukar automatisk frå år til år og det finst ikkje fullstendige oversikter over kva bygningar som er freda. Riksantikvaren samarbeider med Sametinget om eit opplegg for å få betre oversikt over og kunnskap om dei samiske kulturminna. Dette samarbeidet omfattar òg dei utfordringane som 100-årsgrensa for automatisk freding reiser.
Bygningsverneplanen til Sametinget er følgt opp ved at det planlagde prosjektet Sirbmá, i Deatnu – Tana er starta opp. Målet med prosjektet er i tillegg til konkret vernearbeid å utvikle samisk bygningsvernearbeid. Rapporteringa for samisk bygningsvern for 2009 viser at det ikkje vart innført bygningsregistreringar i Askeladden og at det ikkje er registrert hus som er identifiserte som samiske i SEFRAK-delen av Matrikkelen. Det er i 2009 sett i gang sju og gjennomført ti restaurerings- og sikringstiltak.
Bevaringsprogrammet for fartøy
Noreg er ein sjøfartsnasjon med ei omfattande historie. Det betyr òg at vi har ein stor flåte som er av historisk verdi og som utgjer ein stor og viktig del av kulturarven. Programmet gjeld dekte fartøy i flytande tilstand. 211 fartøy har ei eller anna form for avtale om vern. 159 fartøy har status som verneverdige skip i fartøyvernregistret. Dei fleste kulturhistorisk viktige fartøya er eigde av privatpersonar, stiftelsar eller museum. Det er registrert eit betydeleg forfall på dei verneverdige fartøya. Det er ei stor utfordring å snu den negative trenden. Som ledd i arbeidet med bevaringsprogrammet for fartøy er det utarbeidd ein nasjonal verneplan. Denne skal leggjast fram til godkjenning i 2010. Planen gir grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern og definere relevante bevaringsmetodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. Dette blir bl.a. gjort gjennom tre nasjonale senter for fartøyvern; Hardanger fartøyvernsenter, Nordnorsk fartøyvernsenter og båtsamling i Gratangen for bevaringsoppgåver knytte til trefartøy, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip. Bredalsholmen og Hardanger fartøyvernsenter har driftsutfordringar. Fartøyvernsentra er òg viktige institusjonar lokalt for kultur og sosialt arbeid, sjå òg punkt 3.2.
Det er lagt opp til å starte ei evaluering av fartøyvernsentra i 2011.
Bil- og jernbaneferjer er prioriterte fredingsobjekt i 2011-2012. 5 fartøy er freda pr. 1.1.2010. Det er behov for ei betre oversikt over bevaringsverdige fartøy for å kunne frede dei fartøya som fortel historia best mogeleg.
Kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag
Miljøverndepartementet har saman med byggjenæringa førebudd oppretting av ein nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handverksfag. Nettstaden rettar seg både mot eigarar av eldre busetnad, byggjenæringa, styresmakter og kulturhistoriske fagmiljø, og skal gjere det enklare for alle å finne fram til leverandørar av tradisjonelle handverkstenester og produkt. Dette skal vere ein nettstad der kulturhistoriske fagmiljø når vidt med relevant materiale og rådgiving. Det skal bidra til å heve den generelle kompetansen på området – både hos kjøparar, leverandørar og rådgivarar. I 2009 vart det etablert eit sekretariat og interimsstyre i samarbeid med Byggjenæringas Landsforbund. Prosjektet kom godt i gang i 2010 og har fått namnet Bygg og Bevar.
Syte for nødvendig framgang i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalde grupper bygningar og anlegg
I målet inngår arbeidet med tre av bevaringsprogramma:
Bevaringsprogram for stavkyrkjene
Stavkyrkjene er dei eldste ståande bevarte trebygningane i landet. Saman med vikingskipa er dei rekna som Noregs viktigaste bidrag til verdskulturarven. Totalt har vi hatt opp mot 2000 stavkyrkjer. I dag er det 28 igjen. Stavkyrkjene har ein kontinuerleg tradisjon som gudshus i sju til åtte hundre år og fleire av dei er framleis kyrkje for ein kyrkjelyd. Fortidsminneforeininga eig 8 stavkyrkjer. Alle stavkyrkjene er automatisk freda etter kulturminnelova. Alle har installert brannsikringsanlegg som jamleg blir kontrollert og halde ved like.
Programmet har avdekt til dels alvorlege skadar på kyrkjene. Istandsetjinga på enkelte av kyrkjene har vore den mest omfattande sidan kyrkjene vart restaurerte for 100-150 år sidan. Programmet har gitt oss ny kunnskap om korleis kyrkjene vart bygde. Ei utfordring i programmet er tilgangen til gode nok byggjematerialar, særskilt til takspon. Pr. 31.12.09 er 17 av 28 stavkyrkjer sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Desse er ferdige: Hopperstad, Uvdal, Nore, Rollag, Flesberg, Rødven, Eidsborg, Hegge, Høre, Lomen, Reinli, Kaupanger, Torpo, Grip, Garmo, Haltdalen.
Det går føre arbeid på følgjande stavkyrkjer: Urnes stavkyrkje, arbeidet med den nye grunnmuren er ferdigstilt; Lom stavkyrkje, gjennomført store arbeid med taket på kyrkjegardsmuren; Hedalen stavkyrkje, istandsetjing av skifertaka er sett i gang, restaurering av limfargedekor blir ferdigstilt i 2010; Borgund stavkyrkje, utskifting av takspon starta.
Tabell 9.4 Statistikk kulturminne
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på freda kulturminne dette året | 221 | 327 | 98 | 145 | 226 |
Fartøy som har avtale om vern1 | 190 | 220 | 211 | 179 | |
Talet på stavkyrkjer som er sette i stand (av 28) | 10 | 14 | 15 |
1. Tala før 2009 inkluderer òg fartøy som er vurderte som verneverdige for å unngå kondemnering, men som ikkje har avtale om vern.
Bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne
Tekniske og industrielle kulturminne viser historia om den industrielle revolusjonen i Noreg og har ei betydeleg allmenn interesse.
Bevaringsprogrammet for 10 tekniske og industrielle kulturminne har komme kortare enn det som er målet og vart prioritert høgt i 2009. Arbeidet med å setje i stand anlegga er svært krevjande. Riksantikvaren arbeider heile tida med ei overordna målsetjing om å setje anlegga i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Følgjande anlegg tilfredstiller dette nivået i 2009: Industristaden Tyssedal/Tyssedal kraftverk, Norsk Trikotasjemuseum, Sjølingstad Uldvarefabrik, Neptun sildoljefabrikk, Nes Jernverk og Kistefos træsliperi. Klevfos Cellulose- & Papirfabrik har fått uventa skadar og treng no store istandsetjingstiltak på yttervegg som er i ferd med å rase ut. På Folldal gruver, Spillum Sag og Høvleri og Fetsund lenser står det òg att store investeringar før akseptabelt vedlikehaldsnivå er oppnådd. Rjukan-bana har i 2010 komme inn som det ellevte tekniske og industrielle kulturminnet i programmet.
Bevaringsprogram for ruinar
Programmet starta i 2006 og skal avsluttast innan utgangen av 2015. Målet er å få eit utval ruinanlegg konserverte og opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå. Ruinar med stor nasjonal eller lokal verdi og engasjement frå lokalbefolkninga blir prioriterte. Følgjande sju ruinanlegg er sikra og tilrettelagt: Kannikanes gardar på Hamar, Nes kyrkjeruin i Akershus, Vinkjellaren i Bergen, Kapittelberget kyrkjeruin i Skien, Teglkastellet på Slottsfjellet i Tønsberg, Tenor kyrkjeruin i Østfold og Tilrem kyrkjeruin i Nordland. Dei tre førstnemnde er ferdigstilte i 2009, dei andre tidlegare i prosjektperioden. Dessutan går det føre seg konservering på 21 anlegg.
Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kulturmiljø
Fram til no er det ikkje gjennomført systematiske kartleggingar av endringar i freda kulturmiljø. Arbeidet med å utvikle eit system for overvaking av freda kulturmiljø er sett i gang.
Det finst opplysningar om kulturmiljø som er registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden. Beskrivingar av tilstand er likevel mangelfulle. Dette gjeld både for arkeologiske kulturminne, bygningar og kulturmiljø. Det manglar òg grunnleggjande registreringar om objekt frå nyare tid.
Opplysningane i Askeladden skal gåast gjennom for å få oversikt over kva som manglar for kvart av dei seks freda kulturmiljøa. I 2009 vart det sett i gang arbeid med å utarbeide eit opplegg for overvaking av freda kulturmiljø. Tidlegast i 2011 kan det liggje føre ei statusrapportering for nokre utvalde lokalitetar.
Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar
I målet inngår arbeidet med eit bevaringsprogram:
Bevaringsprogram for verdsarven
Noreg har sju område på Unescos verdsarvliste. Seks område er førte opp på tentativ liste over område ein vil fremje til verdsarvlista dei kommande åra. I juli 2010 vart òg dei kringliggjande områda rundt Røros bergstad, den såkalla Circumferensen, skrivne inn på UNESCOs verdsarvliste.
Arbeidet med nominasjon av Lofoten er førebels stoppa etter påtrykk frå dei aktuelle kommunane. Nominasjonsarbeid for Svalbard og Rjukan – Notodden og Odda startar i 2011. I samband med verdsarvsøknad for Rjukan – Notodden og Odda må vi få fram dei gode historiene knytte opp mot Noregs vakraste fossefall, Rjukanfossen og Tyssestrengene som gjekk tapt for kraftutbygging og utvikling av eit moderne industrisamfunn. Det blir periodisk rapportert til Unesco om tilstanden for verdsarvområda. Siste rapportering var i 2008. Dette inneber ein systematisk gjennomgang av tilstand og utfordringar. Rapporten gir grunnlag for prioritering av innsats.
Det går føre seg istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid ved alle verdsarvstader. Ingen av stadene har optimal vedlikehaldstilstand.
Informasjon og formidling er ei viktig forplikting etter verdsarvkommisjonen og det blir arbeidd med ein overordna strategi for korleis dette skal følgjast opp.
Bergkunsten i Alta/Hjemmeluftområdet
Tilstanden for bergkunsten i Hjemmeluftområdet er tilfredsstillande, men det er behov for kontinuerleg skjøtsel for å hindre at områda gror igjen. Tilrettelegging av bergkunsten for besøkande er òg ei viktig oppgåve. Eigedomsretten til Hjemmeluftområda skal overførast til Alta kommune, for å få ei heilskapleg forvaltning av området. I 2009 mottok Alta Museum midlar frå Riksantikvaren. Midlane blir nytta til å utvikle metodar for tildekking og vegetasjonspleie på bergkunstfelta Hjemmeluft, Kåfjord og Amtmannsnes, ombygging av gangveg ved Hjemmeluftfeltet, utvikling av dokumentasjon og skjøtsel, ny basisutstilling, og til bergkunstarkiv.
Bryggen i Bergen
Tilstanden til Verdsarven Bryggen i Bergen er ikkje tilfredsstillande. Hovudårsaka til problema er lekkasjar av grunnvatn som bl.a. bidreg til setningsskadar. Fleire av bygningane søkk fleire millimeter pr. år og om lag 30 m3 kulturlag forsvinn årleg. Bryggen er verna gjennom freding etter kulturminnelova og regulert til bevaring med ei buffersone som er sikra gjennom plan- og bygningslova. Det er mange aktørar involverte i verdsarven Bryggen. Store institusjonelle samarbeid er i gang. I 2009 var det under planlegging tiltak for å betre bevaringsforholda for kulturlag på Bryggen. Det går føre seg ei generell kunnskapsoppbygging om bevaringstilstand og -forhold for kulturlaga i utvalte byar for å finne eigna metodar for å reetablere gode bevaringsforhold og stabilisere bevaringstilstanden til kulturlaga. Istandsetjing og sikring av bygningane skjer kontinuerleg.
Røros bergstad
Verdsarvstaden Røros har gjennom mange år vore særleg prioritert og er blitt tilført ressursar til istandsetjing. Uthusprosjektet held fram. Det blir gjennomført årleg skjøtsel av kulturlandskapet i Småsetran for å halde landskapet ope. Det blir òg gjennomført årlege arbeid på statens eigedommar etter Røros koparverk. Istandsetjing av taubana mellom Olavsgruva og Storwartz er fullført. I juli 2010 vart òg dei kringliggjande områda rundt Røros bergstad, den såkalla Circumferensen, skrivne inn på UNESCOs verdsarvliste. Dette omfattar kulturlandskap med bynært landbruk, industriminne, Femundshytta og ein vinterveg og viser samanhengen mellom menneske og natur i harde klimatiske forhold.
Struves Meridianboge
Struves Meridianboge er det første teknisk-vitskapelege kulturobjektet som er innskrive på verdsarvlista. Struves Meridianboge er eineståande i omfang og kvalitet og den representerer eit viktig element i geovitskapen si historie. Meridianbogen går gjennom 10 land og var grunnlaget for å rekne ut krumminga av jordkloden. Fire målepunkt som ligg i Finnmark er innskrivne på verdsarvlista.
Urnes stavkyrkje
Det går føre seg istandsetjing og restaurering av kyrkja. Arbeidet er krevjande, med omfattande grunnarbeid og oppretting. Urnes blir opna for publikum våren 2010 og skal etter planen vere ferdig sett i stand i løpet av 2010.
Vegaøyan
Vega har status som verdsarv med grunnlag i kulturlandskapet. Det er utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet. På Skjærvær er heile fiskeværet freda. Bremstein fyr, som er i dårleg forfatning, er òg freda. Viktige bygningar i dei gamle væra er sette i stand og lagt til rette for besøk. Det er likevel behov for istandsetjing av bygningar på ei rekkje av øyane i tillegg til det som allereie er gjort. Ein del ærfuglhus blir òg sette i stand. Desse er utpeikte som viktige delar av verdsarven. Ei rekkje besøkspunkt i skjergarden er etablerte, og det er gjennomført ein arkitektkonkurranse for å byggje eit besøkssenter i buffersona på Nes. Vegaøyan er òg ein del av pilotprosjektet Den verdifulle kystkulturen i Nordland i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.
Vestnorsk fjordlandskap
Vestnorsk fjordlandskap har status som verdsarvområde med grunnlag i geologi og naturvenleik, og er verna etter naturvernlova. Området har få vedtaksfreda kulturminne, men kulturarven i landskapet bidreg sterkt til verdien av området.
Vestnorsk fjordlandskap består av Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Langs fjordane og berghyllene ligg små fjordgardar og i fleire av fjelldalane er det setrar. Mange av gardane er no fråflytte, men ekstra tilskot til drift, skjøtsel og vedlikehald har den siste tida ført til auka bruk av beitelandskap og istandsetjing av bygningar. Nærøyfjord verdsarvpark er òg eit pilotprosjekt i Verdiskapingsprogrammet.
For både Vega og Vestnorsk fjordlandskap er det utarbeidd tilstandsanalyse og tiltaksplan. Utfordringane når det gjeld gjennomføring ligg innafor ansvarsområda til ulike sektorar. Miljøverndepartementet har leia ei tverrdepartemental gruppe av seks departement for å få til ei samordning av bruk av ulike verkemiddel for å sikre verdsarvverdiane på ein god måte. Førebels er det først og fremst Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet som medverkar i det statlege spleiselaget. Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har dei siste åra samarbeidd for at den tradisjonelle drifta på Vega og i Vestnorsk fjordlandskap skal halde fram.
Nærøyfjord verdsarvpark er òg eit pilotprosjekt i Verdiskapingsprogrammet.
Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020
Erfaringa frå arbeidet med gjennomgang av eksisterande fredingsvedtak og sluttføring av pågåande fredingssaker vil vere eit viktig grunnlag for å utarbeide ein overordna fredingsstrategi. Ein ny fredingsstrategi vil liggje føre i løpet av 2010.
3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern
Formålet med arbeidet med nasjonal verneplan for fartøy skal vere å utvikle ein strategi for korleis eit representativt utval fartøy kan få varig vern. Strategien skal gi grunnlag for å velje ut fartøy som skal sikrast varig vern, og definere relevante metodar og verkemiddel for å gjennomføre vernet. I tillegg vil planen omfatte nødvendig prioriteringar av ressursane innanfor feltet.
10 Resultatområde 3 Vassforureining, miljøgifter og avfall
Tilstand, utvikling og utfordringar
Vi har alle rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.
Redusert forureining av vassmiljøet, trygge produkt og forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall er naudsynt for å bevare naturmangfald og for å sikre folks helse og velferd. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge både for helse og miljø. Bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar, skadar på økosystem eller på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Vi har eit stort ansvar for å sjå til at kommande generasjonar ikkje arvar forureiningsproblema vi har skapt. For dei farligaste kjemikaliane skal nivåa av naturleg førekomande stoff derfor bringast ned mot bakgrunnsnivået, og for menneskeskapte sambindingar mot tilnærma null.
Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt gir viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra. Produkt vi nyttar til dagleg er likevel ei stadig større kjelde til utslepp av miljøgifter.
Det er no for første gong vedteke heilskaplege, regionale vassforvaltningsplanar for ca. 20 pst. av alle norske vassførekomstar, der det blir sett mål og føreslått tiltak for å nå god kjemisk og økologisk tilstand i vatnet. Arbeidet med å utforme slike planar for resten av alt ferskvatn og kystvatn i Noreg har starta.
Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver. Utslepp av farlege stoff, olje og radioaktiv forureining utgjer framleis truslar for miljøet, og kjemikaliar påverkar menneskas helse. Vidare er det uvisse om eventuelle langtidsverknader av utsleppa av produsert vatn frå petroleumsverksemda. Det produserte vatnet inneheld ulike oppløyste komponentar og radioaktive stoff, og det er uvisse knytt til eventuelle langtidsverknader av dette.
Tilførslar av næringssalt som fører til overgjødsling i ferskvatn og kystvatn utgjer framleis eit betydeleg forureiningsproblem. Jordbruk, fiskeoppdrett, avløp og industri er sektorar som bidreg til utslepp av næringssaltar.
Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvassførekomstar og marine område som bidreg til å halde ved lag arter og økosystem, og som tek vare på omsynet til helse og trivsel for menneska. Fleire aktivitetar som påverkar vassmiljøet aukar i omfang. Døme på dette er auka sjøtransport av olje og gass langs kysten, i tillegg til auka oljeutvinning i havområda både under meir ekstreme forhold (stadig lengre nord og på større havdjup) og meir kystnært (auka sårbarheit). Intensiv bruk av landområde og auka oppdrettsverksemd fører til avrenning av næringssalt og partiklar til kyst- og ferskvassførekomstar. Aktivitetar skjer ofte utan tilstrekkeleg kunnskap om samanhengane mellom belastningane og effektane på økosystema. Samstundes får vi stadig ny kunnskap om kor sårbare våre kyst-, hav- og vassmiljø er.
Kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samstundes har mange kjemikaliar eigenskapar som gjer at dei gir ein uakseptabel risiko for helse eller miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Kjemikaliar kan òg forårsake skade på immunforsvaret og nervesystemet. Skadelege helseeffektar kan førekomme ved bruk av kjemikaliar, ved innanding av forureina luft eller ved inntak av mat eller drikkevatn som er forureina. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir svært sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse. Verkemiddelbruken har såleis som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker.
Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv og frå avfallsbehandling. Miljøgifter frå tidligare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Noreg mottek også betydelege langtransporterte tilførslar av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.
Boks 10.1 Arktis som globalt barometer for miljøgifter
Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk betydning i arbeidet internasjonalt for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem. Fordi dei lokale utsleppa er låge, eignar nordområda seg godt til å registrere langtransporterte miljøgifter og til å følgje utviklinga over tid.
Det er titusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt. For fleirtalet av desse kjemikaliane har vi liten eller avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterial er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap.
Boks 10.2 Mangelfull kunnskap om kjemikaliar – ei stor utfordring
Kampen mot miljøgiftene handlar ikkje lenger om rustne, nedgravne tønner på bortgøymde industriområde. Den største utfordringa no er å sikre tilstrekkeleg kunnskap om og kontroll med den stadig aukande bruken av nye kjemikaliar som vi veit lite om verknadene av i dag eller kva samla verknader bruken av mange kjemikaliar kan medføre. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmidla i kjøkkenskapet, kleda vi har på oss, møblar, leiketøy og hobbyprodukt, PC-en og mobilen – og maten vi et, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Både forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt og utslepp, og miljøovervaking er derfor svært viktig i kjemikaliearbeidet.
Det overordna målet med avfallspolitikken er å auke utnyttinga av avfallet som ressurs, samtidig som utslepp av klimagassar og miljøgifter frå avfallet blir minimert. Regelverk, avgifter og andre verkemiddel skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.
Det er viktig å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast gjennom verkemidlar som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og det som blir gjenvunne, brent eller deponert. Omfanget av miljøproblema frå avfall avheng av både mengde og type avfall, val av behandlingsløysing og standarden på anlegga der avfallet blir behandla. Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til blant anna utslepp av miljøgifter og klimagassar. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten mens gjenvinningsgraden har vore stabil på om lag 70 pst. av det ordinære avfallet. Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Over tid har skjerpa krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi bidrege til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall.
Utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet skal førebyggjast og reduserast. Radioaktiv forureining av norske land- og havområde kjem hovudsakleg frå nasjonale og internasjonale kjelder, slik som atomsprengingar i atmosfæren, Tsjernobyl-ulykka, utslepp frå Sellafield gjenvinningsanlegg i Storbritannia, utslepp og avfall frå petroleumsindustrien, gruveverksemd, sjukehus, forsking og frå Institutt for energiteknikk (IFE). Noreg skal arbeide kontinuerleg med å redusere utslepp og risiko for utslepp, og arbeide for å sikre eit heilskapeleg og miljømessig forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Det skal òg utarbeidas strategiar for opprydding av forureining frå historisk gruveverksemd.
Boks 10.3 Radioaktive stoff sin verknad i det ytre miljøet
Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter. Dei kan spreiast i miljøet gjennom fysisk utslepp eller tilførsler, i form av gass, væske eller partiklar. Dei kan bli i naturen i lang tid, kan lagrast og akkumulerast i næringskjeda og forårsake alvorlege skadar på menneske og andre organismar i form av kreft, arvestoffskade og forstyrring i reproduksjonen. Radioaktiv forureining kan òg ha samverkande effekt med andre miljøgifter, noko som kan gi ein gjensidig forsterkande effekt.
Overvaking av radioaktive stoff og kartlegging av kjelder til radioaktiv forureining i marint og terrestrisk miljø, både nasjonalt og internasjonalt, utgjer bakgrunn for forvaltningsvedtak og handlingsplanar. I tillegg blir det utført forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljø. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare.
Miljøverndepartementets rolle og ansvar
Miljøvernforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverking er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigneskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar.
Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Fylkesmannen. Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemidlar ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktane på avfallsfeltet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet, Fylkesmannen og kommunen. Klima- og forureiningsdirektoratet stiller krav etter forureiningslova til kommunar og privat verksemd om beredskap mot akutt forureining. Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for utslepp frå akvakulturverksemd og gir uttaler til søknader om akvakulturverksemd. Klima- og forureiningsdirektoratet er klageinstans.
Miljøforvaltninga har ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå handtering av radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Miljøverndepartementet og Statens strålevern.
Verkemiddel
Noreg er tilslutta ei rekkje internasjonale konvensjonar og avtaler som har betydning for å få til ei heilskapeleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning. Etter FNs havrettskonvensjon har statane plikt til å verne og bevare det marine miljøet. Konvensjonen om vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) regulerer alle forureiningskjelder, og bevaring av naturmangfaldet og marine økosystem i Nordaust-Atlanteren. Konvensjonen om biologisk mangfald er ei global avtale om bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald som òg gjeld i marine område og ferskvatn.
Arbeidet innanfor FNs sjøfartskonvensjon (IMO) medverkar til at utsleppskrava til skip stadig blir strengare, gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonar og syte for god handheving. Regjeringa fastsette sommaren 2009 ei forskrift om handtering av ballastvatn.
Då miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt, er internasjonalt arbeid svært viktig for å handtere utfordringane vi står overfor. Noreg er aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram blir det no gjennomført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få i gang dette arbeidet.
Boks 10.4 Kvikksølv – nødvendig med tiltak internasjonalt
Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.
Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 1 tonn i 2007. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir tilførde Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av metylkvikksølv, og dei nyaste undersøkingane av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.
Tiltak internasjonalt er viktig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg er derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv.
Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, som utslepp av næringssalt, kjemikaliar og olje, frå viktige kjelder som akvakultur, avløp, petroleumsindustri og anna industri- og næringsverksemd. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Ingen har såleis lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift. Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Fylkeskommunen er tillagt oppgåva som vassregionstyresmakt etter vassforskrifta. Havressurslova, vassressurslova, petroleumslova og akvakulturlova er viktige sektorlovverk på desse områda.
Vassforvaltningsforskrifta gjennomfører EUs vassrammedirektiv for vatn i norsk rett. Denne forskrifta er heimla i både forureiningslova, vassressurslova og plan- og bygningslova, og er det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassmiljøforvaltning meir heilskapeleg og økosystembasert. Forvaltningsplanar er eit viktig verkemiddel både i forvaltning av marine område og i arbeidet med å få til ei heilskapeleg vassforvaltning.
Det er behov for meir og betre kunnskap for å følgje opp forvaltningsplanane. Kartlegging, overvaking og forsking må derfor styrkjast.
I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av denne, sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt vert omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krav skal gjelde i Noreg og EU. For ein del stoff og bruksområde er det likevel rom for nasjonal regulering. Produktregelverket omfattar blant anna krav til testing av kjemikaliar, merking av farlege kjemikaliar og reguleringar eller forbod for å sikre forsvarleg handtering og reduksjon i utslepp av farlege kjemikaliar. I 2008 blei det innført eit nytt omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Utviklinga av dette regelverket vidare vil vere svært viktig i kjemikaliepolitikken framover. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff.
Utgangspunktet for arbeidet med opprydding i forureina grunn og forureina sjøbotn er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemiddelet er pålegg etter forureiningslova. Det vil likevel ofte vere behov for økonomiske bidrag frå det offentlege til undersøkingar og opprydding der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene.
Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er forureiningslova og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta). Viktige delar av regelverket på avfallsområdet er felleseuropeisk regelverk implementert gjennom EØS-avtala.
Miljøstyresmaktene vil òg ta i bruk forureiningslova for å regulere og sikre ei heilskapeleg forvaltning av radioaktive utslepp og radioaktivt avfall. For å redusere utslepp og risiko for utslepp har Noreg dialog med land der det finst kjelder som kan påverke Noreg, i tillegg til å delta i internasjonalt arbeid, og ved hjelp av kartlegging, overvaking, og forsking.
Til saman er resultatområdet foreslått finansiert med 588,3 mill. kroner i 2011.
Fylkesmannen og Fylkeskommunen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 3. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett og for Fylkeskommunen over kap 572, post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.
Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Klima- og forureiningsdirektoratet. Driftspostane finansierer personell og innkjøp av varer og tenester som er naudsynte i forvaltninga, gebyrinnkrevjing til gjennomføring av blant anna tilsyn og kontroll oppgåva i forbindelse med og størstedelen av midlane under resultatområdet går til underområde 3, Miljøgifter og radioaktiv forureining.
Resultatområdet er delt inn i følgjande underområde:
Overgjødsling og nedslamming
Oljeforureining
Miljøgifter og radioaktiv forureining
Avfall og gjenvinning
Resultatområde 3 underområde 1 Overgjødsling og nedslamming
Dei to nasjonale resultatmåla for overgjødsling og nedslamming byggjer på målsetjingane i vassforvaltningsforskrifta. Måla krev gjennomføring av ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn og marine område.
Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Overgjødsling og nedslamming
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
3.1.1 Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn og marine område som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan 2021 | Delen norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand. | |
3.1.2 Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar i tråd med krava i vassforskrifta. | Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar. |
Statusbeskriving av måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta og bidra til å nå målet i vassforskrifta om god tilstand.
Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.
Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.
I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er utsett for negative effektar av overgjødsling. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte sidan 1980-talet, er mange lokale fjordarmar framleis påverka. Fiskeoppdrett er no hovudkjelda til menneskeskapte tilførsler av nitrogen og fosfor til kystområda i Nordsjøen og Norskehavet.
Tilførslene av næringssalt til hav og vatn er venta å auke som følgje av klimaendringar. Auka nedbør vil gi meir avrenning og meir næringssalt vil bli vaska ut av jorda og transportert til vatn og hav.
Næringssalt blir òg frakta til norskekysten med havstraumar frå kontinentet. Tendensen er at desse tilførslene minkar som følgje av europeiske reinsetiltak. På den andre sida har endra klimaforhold dei seinare åra ført til vindar som pressar kyststraumen nærare land. Dette overskuggar effekten av dei tiltaka som reduserer næringssalta. Eutrofiering førekjem òg i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg.
Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.
Årsaka til bortfallet av sukkertaren er ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr.
Klima- og forureiningsdirektoratet har i eit samarbeid med aktuelle etatar og institusjonar foreslått tiltak for å redusere bortfallet av sukkertare. Rapport frå arbeidsgruppa blei levert sommaren 2010. I rapporten er det slått fast at vi veit nok til å kunne setje i verk tiltak som vil redusere utsleppa av næringssalt og partiklar. Tiltak kan gjennomførast innan jordbruk, skogbruk, frå vassdrag og tette flater, fiskeri og akvakultur, avløp og industri.
Resultatområde 3 underområde 2 Oljeforureining
Resultatområde 3, underområde 2, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av olje og andre miljøskadelege stoff til ferskvatn og marine område, inkludert kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining.
Tabell 10.2 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Oljeforureining
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
3.2.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøfarlege stoff over tid. | Mengd operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd. | |
3.2.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Det skal óg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining. | Talet på og mengd akutte utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd, skip og landbasert verksemd. Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip. Talet på mottatte avfallsplaner for mottak og handtering av avfall i hamner. |
Statusbeskriving av måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp)
Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn endå strengare krav enn for sokkelen elles. I dette området er det sett krav om at det ikkje skal vere utslepp til sjø av borekaks og produsert vatn ved normal drift, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Nullutsleppsmålet er basert på føre-var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar.
Basert på innrapporterte utsleppstal for 2008 og nye tilbakemeldinger på status i nullutsleppsarbeidet frå operatørane i 2009 har Klima- og forureiningsdirektoratet vurdert måloppnåinga for nullutsleppsarbeidet og behovet for vidare arbeid (Klima- og forureiningsdirektoratet, april 2010). Klima- og forureiningsdirektoratet har funne at det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd også for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.
Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka kontinuerleg sidan 1997. I perioden 2000 til 2008 auka vassproduksjonen med 28 pst. frå 116 mill. m3 til 148 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir reinsa, og anten pumpa tilbake i reservoaret eller reinsa og sleppt ut. Ca. 18 pst. av vatnet blir injisert. Delen har vore stabil dei siste åra. I 2009 vart det i alt sleppt ut 1487 tonn dispergert olje til sjø saman med det produserte vatnet. Det er ein nedgang på 82 tonn frå 2008 (ca. 5 pst). Metoden som er nytta for å analysere utsleppa av olje med produsert vatn vart endra i 2007. Dette gjer at resultata ikkje kan direkte samanliknast med åra før.
Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip blir stansa eller minimerte
Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens konvensjonen som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip tredde i kraft i juli 2008. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.
Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010.
IMO har utarbeidd nye krav til luftutslepp frå skip som er venta å fase ut bruk av tungolje på skip. Dette vil redusere risikoen for ulykkesutslepp, generere mindre oljehaldig avfall og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten. Sjå nærare omtale under resultatområde 4, underområde 3.
Dei akutte og ulovlege utsleppa frå skipsfarten utgjer hovudutfordringa. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.
Gjennom Kystverkets system for overvaking vart det identifisert 84 ulovlege utslepp frå skip i 2009, som er 6 færre enn i 2008. I mengd er utsleppa rekna til å vere 502 m3 i 2009 mot 109 m³ i 2008 og 642 m³ i 2007.
Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.
Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining
Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, bl.a. gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2009 var det i alt 147 akutte utslepp av olje på til saman ca. 114 m3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 34 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2009 vart det registert 192 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd som til saman utgjorde 2125 m³. Dette er ein auke samanlikna med utsleppa i 2008. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert industriverksemd varierer likevel sterkt frå år til år og er sterkt påverka av enkelthendingar.
Resultatområde 3 underområde 3 Miljøgifter og radioaktiv forureining
Underområde 3 omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk, utslepp og spreiing av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Området omfattar dessutan internasjonalt arbeid med kjemikaliar. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og enkelte andre kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 4 Luftforureining og klima. Underområdet omfattar òg arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining av naturmiljøet.
Tabell 10.3 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Miljøgifter og radioaktiv forureining
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar* |
---|---|---|
3.3.1. Utslepp av prioriterte miljøgifter skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2010. | Utsleppsreduksjonar for prioriterte kjemikaliar som er omfatta av målet | |
3.3.2 Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020. | 3.3.2.1 Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt | |
3.3.3. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast. | Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar. | |
3.3.4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. | Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining. | |
3.3.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem. | ||
3.3.6. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. | Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. | |
Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff. | ||
Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte. | ||
3.3.6.1. Effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. | ||
3.3.6.3. Redusere risiko for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder. | Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg. |
* Det blir arbeidd med å utvikle indikatorane.
Statusbeskriving av måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa
Det er fastsett som mål å stanse eller vesentleg redusere utsleppa av prioriterte miljøgifter seinast innan 2010 i forhold til 1995 (tabell 10.3). Med vesentleg reduksjon er meint 50-90 pst. reduksjon av utsleppa. Tabell 10.4 viser oversikt over dei stoffa det gjeld (prioritetslista), oppnådde utsleppsreduksjonar i 2007 og prognose for utsleppsreduksjonar innan 2010.
Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Prognosar frå Klima- og forureiningsdirektoratet viser at dei nasjonale utsleppa av dei fleste av dei prioriterte miljøgiftene omfatta av målet om vesentleg reduksjon innan 2010 blir reduserte med meir enn 50 pst. i perioden 1995-2010. For dei fleste stoffa er det i 2007 oppnådd utsleppsreduksjon på same nivå som er venta innan 2010. Utsleppa av fleire av stoffa er reduserte med meir enn 90 pst. Prognosane tyder likevel på at 2010-målet ikkje vil bli nådd for bromerte flammehemmarar og arsen, og måloppnåinga er usikker for polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Ei nærare utgreiing for dette blei gitt i Prop. 1 S (2009-2010) frå Miljøverndepartementet. Det er òg uvisse om målet blir nådd for mellomkjeda klorparafinar (MCCP). Det er stor uvisse knytt til bruk og utslepp av MCCP frå faste importerte produkt, og tidlegare overslag over bruk og utslepp har truleg vore for låge. Det går føre arbeid for å betre datagrunnlaget.
Tabell 10.4 Utsleppsreduksjonar for prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Miljøgift | Utslepp* 1995 (ca. tonn) | Utslepp* 2007 (ca. tonn) | Utslepps- reduksjon 1995 – 2007 (ca. %)** | Prognose; Utsleppsred. 1995-2010 Storleiksorden (%)** |
---|---|---|---|---|
Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg og forsøkast stansa innan 2005: | ||||
Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC) | 8 | 1 | 86 | Ca. 90 |
Klorparafinar, kortkjeda (SCCP) | 1 | 0 | 100 | Ca. 100 |
Nonyl/oktylfenolar og etoksilata deira | 25 | 2 | 93 | Ca. 90 |
PCB (utfasing ståande masse) | 487 | 176 | 64 | Ca. 80 |
Pentaklorfenol (PCP) | 10 | 0 | 100 | Ca. 100 |
Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg innan 2010: | ||||
Arsen (As) | 36 | 28 | 23 | 25 – 30 |
Bly (Pb) | 600 | 199 | 67 | Ca. 75 |
Bromerte flammehemmarar | 0,4 | 2,4 | -500 | |
Dietylheksylftalat (DEHP)1 | 285 | 120 | 58 | Ca 60 |
1,2-dikloretan (EDC) | 33 | 9 | 73 | 90 – 95 |
Dioksin (mengdeeining i g TEQ) | 74 | 24 | 67 | 60 – 70 |
Heksaklorbenzen (HCB) | 0,09 | 0,008 | 91 | Ca. 90 |
Kadmium (Cd) | 5 | 1,5 | 70 | Ca. 70 |
Klorerte alkylbenzen (KAB, som EOCl) | 0,08 | 0,02 | 79 | 60 – 75 |
Klorparafinar, mellomkjeda1 | 33 | 27 | 18 | Ca. 20- 25 |
Krom (Cr) | 100 | 40 | 60 | 50 – 60 |
Kvikksølv (Hg) | 2,5 | 1 | 61 | 65 – 70 |
Muskxylen | 0,9 | 0,3 | 60 | 60 – 65 |
PFOS og PFOS-relaterte sambindingar *** | 22 | 0 | 100 | 100 |
Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) | 268 | 144 | 46 | Ca. 50 |
Tetrakloreten (PER) | 367 | 31 | 92 | Ca 90 |
Tributyl- og trifenyltinnsambindingar (TBT og TFT) | 29 | 0 | 100 | 100 |
Triklorbenzen (TCB) | Ca. 0,021 | 0,11 | - | Ca. 70 |
Trikloreten (TRI) | 620 | 36 | 94 | Ca. 90 |
Nye stoff: | ||||
Bisfenol A | ikkje kjent | |||
Decametylcyklopentasiloxan (D5) | ikkje kjent | |||
Dodecylfenol med isomerer | ikkje kjent | |||
PFOA | Ca. 0,015 | |||
Triklosan | 1,5 | |||
2,4,6-tri-tert-butylfenol (TTB-fenol) | ikkje kjent |
1 Basert på eit forbruk på 1 pst. av EUs omsetning
* Utslepp frå forureina grunn ikkje med
** Som følgje av låge utsleppsnivå kan små endringar i utsleppsdata føre til heller store endringar i den utrekna reduksjonsprosenten.
*** Mengd PFOS og PFOS-relaterte sambindingar i brannskum (utgjer hovudmengda av produkt der PFOS-sambindingar har vore brukte) 2005
Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet
Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt
Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 (resultatmål 3.3.2, tabell 10.3) som er oppførte på prioritetslista i tabell 10.4. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 er dermed berre eit første steg på vegen mot målet om å stanse utsleppa av miljøgifter innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan.
Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av kriteria gitt i boks 10.5 skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. For nye stoff som blir lagt til lista vil utsleppsreduksjonar og måloppnåing bli vurdert i forhold til 2020-målet.Dette gjeld òg dei fem nye stoffa som vart tekne inn på prioritetslista i kjemikaliemeldinga (St.meld. nr. 14 (2006-2007): PFOA, 2,4,6 tri-tert-butylfenol, dodecylfenol med isomerer, bisfenol A og decametylcyklopentasiloksan, og triklosan som vart teke inn i 2008. Førebels ligg det føre lite informasjon om forbruk og utslepp av desse stoffa. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å betre datagrunnlaget.
Boks 10.5 Kriterium for prioriterte miljøgifter der utsleppa skal stansast innan 2020
Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som
har alvorlege langtidsverknader for helse, eller
er svært giftige i miljøet.
Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organismar (utan krav til kjende giftverknader)
Stoff som blir funne att i næringskjeda i nivå som gir tilsvarande grunn til bekymring.
Andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring, slike som hormonforstyrrande stoff og tungmetall.
Regjeringa har nedsett eit offentleg utval som skal sjå på korleis utslepp av miljøgifter kan stansast i medhald av 2020-målet. Utvalet skal gi innspel til styresmaktene om konkrete tiltak som kan setjast i verk for å medverke til at styresmaktene når måla sine. Tiltaka skal vurderast i forhold til skadeverknad av utsleppa av miljøgifter og i forhold til internasjonale moglegheiter og avgrensingar. Kostnadseffektiviteten i tiltaka skal òg vurderast. Utvalet starta arbeidet våren 2009, og arbeidet skal avsluttast hausten 2010.
Det er utarbeidd handlingsplanar for bromerte flammehemmarar, PCB, perfluorerte sambindingar og kvikksølv der det er fokusert på den viktigaste oppfølginga av desse stoffa.
I 2008 blei det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE. I samband med Noregs forslag om nasjonal regulering av ei rekkje miljøgifter i forbrukarprodukt som vart sendt på høyring i 2007 mottok miljøstyresmaktene mange høyringsuttaler. EFTAs overvakingsorgan ESA var sterkt kritisk til forslaget, og Miljøverndepartementet tek sikte på å sende reviderte forslag til regulering av enkelte stoff på ny høyring til ESA. Det er eit klart mål å styrkje regelverket knytt til forbrukarprodukt i tråd med norsk kjemikaliepolitikk, og handlingsrommet for strengare nasjonale reguleringar blir no vurdert konkret for dei enkelte stoffa og bruksområda. Arbeidet med fleire av stoffa har komme lenger under EU/EØS-regelverket REACH, noko som òg tilseier endringar i forhold til det opphavlege forslaget.
Noreg har påteke seg å evaluere fleire stoff under EU/EØS sitt nye, omfattande kjemikalieregelverk REACH. REACH omfattar registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet har nyleg foreslått forbod mot produksjon, import, omsetning og bruk av fem kvikksølvsambindingar under REACH. Desse stoffa er nytta i visse typar polyuretanplast, for eksempel elastiske plastprodukt. Forslaget frå Klima- og forureiningsdirektoratet er basert på omfattande dokumentasjon av bruken av stoffa, helse- og miljøeffektar og økonomiske konsekvensar av forbodet. Stoffa blir produserte og brukte i store mengder i EU i dag. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider òg aktivt for å få stoff omfatta av krava til godkjenning under REACH, og har blant anna påteke seg å utarbeide dokumentasjon for ulike arsensambindingar. Det går òg føre omfattande arbeid for å få stoff klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare. Klima- og forureiningsdirektoratet har sendt klassifiseringsforslag for 7 stoff til EU, som blant anna omfattar den perfluorerte sambindingen PFOA som kan finnast i impregneringsmiddel i tekstil.
Miljøverndepartementet har òg fokus på helse- og miljørisiko ved bruk av nanomaterial. Det er sentralt å framskaffe betre kunnskap om bruk og moglege negative verknadar som eit grunnlag for å kunne innføre tiltak. Samstundes er det viktig å få på plass gode system for å vurdere risikoen ved nanomaterial og reguleringar som sikrar tilstrekkeleg beskyttelse av helse og miljø.
Internasjonalt arbeid er svært viktig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, og dermed redusere langtransportert forureining og omsetning av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn strengare krav og inkludere fleire stoff i Stockholmkonvensjonen om organiske miljøgifter, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og ECE-protokollane om respektive organiske miljøgifter og tungmetall. I 2009 vart ni nye stoff omfatta av forbod eller strenge reguleringar i Stockholmkonvensjonen og sju nye stoff i ECE-protokollen om organiske miljøgifter, blant anna dei bromerte flammehemmarane penta-BDE og okta-BDE, og den perfluorerte sambindingen PFOS. Forslaget om forbod mot penta-BDE i begge avtalene var fremja av Noreg. Endosulfan, pentaklorfenol, dicofol, trifluralin og den bromerte flammehemmaren HBCDD blir no vurderte under ECE-protokollen om organiske miljøgifter. Endosulfan, kortkjeda klorparfinar og den bromerte flammehemmaren HBCDD er under vurdering i den faglege ekspertkomiteen under Stockholmkonvensjonen. HBCDD vart foreslått til begge avtalene av Noreg i 2008. På styremøtet i FNs miljøprogram i februar 2009 vart det semje om å forhandle fram ei global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv, noko Noreg har vore en sterk pådrivar for. Det første forhandlingsmøtet vart halde i juni 2010, og konvensjonen skal etter planen vere ferdig i 2013. Noreg støttar i tillegg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Gjennomføring av strategien bidreg til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Bidrag til finansiering av tiltak i utviklingsland er eit viktig verkemiddel internasjonalt. Noreg bidreg til dette gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP og program for kapasitetsbygging under dei internasjonale konvensjonane.
Kunnskapsheving er òg svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I dei fleste tilfella er det òg umogleg då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert.
Det vil bli oppretta ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar.
Statusbeskriving av måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø
Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.
Basert på tal over omsetning kombinert med eit sett korreksjonsfaktorar som seier noko om korleis kjemikaliane vert brukte, er det utvikla ein risikoindikator for utvalte helse- og miljøfarlege stoff, der indikatoren i 2002 er sett lik 1. Figur 10.1 viser utviklinga i denne risikoindikatoren for kjemiske stoff klassifiserte med omsyn til kreft, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR), kronisk giftverknad, allergiframkallande effekt og miljøfare i perioden 2002 – 2008.
Trenden for dei ulike gruppene varierer noko, men hovudbiletet er at utsleppet av farlege stoff er redusert frå 2002. Den største nedgangen ser vi for utslepp av dei kronisk giftige stoffa. For allergiframkallande stoff har det vore ein nedgang i utsleppa sidan 2006, og utsleppet av CMR-stoff er òg redusert sjølv om dette utsleppet har vore varierande. Utsleppet av miljøfarlege stoff steig frå 2002-2005, men har sidan 2005 gått betydeleg ned.
I tillegg til arbeidet med restriksjonar under REACH, som er omtalt tidlegare, deltek Noreg aktivt i alle komitear som er oppretta i samband med REACH, og i ei rekkje arbeidsgrupper under REACH og det nye regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar, omtalt som CLP. Det er samarbeid med andre nordiske land når det gjeld REACH og CLP, for eksempel med innspel til kriterium for å kunne prioritere stoff som bør evaluerast under REACH. Regelverket som regulerer visse farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (RoHS) – er under revisjon, og Noreg arbeider aktivt for at dette skal bli så bra som mogleg for helse og miljø.
Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Nyleg lanserte Klima- og forureiningsdirektoratet nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet, Miljømerking, Forbrukarrådet og Grøn Kvardag. Her blir det gitt hjelp til å unngå helse- og miljøfarlege stoff i forbrukarprodukt, oversikt over produkta med dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten innan ulike varekategoriar, og informasjon om korleis ulike typar produkt skal handterast når dei blir avfall.
Produktregisteret blir lagt på nettsida Produktinformasjonsbanken (www.pib.no). Nettsida vart våren 2010 lansert på nytt med ny design og betre søkje tilhøve. Produktregisteret skal halde fram arbeidet sitt for å leggje til rette for at allmenta får tilgang til ytterlegare informasjon om produkt.
Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Pr. 1. september 2010 er det 380 lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar går ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.
Tabell 10.5 Grunnforureining
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|
Talet på kjende område med alvorlege grunnforureiningar | 366 | 353 | 348 | 334 |
I arbeidet med forureina grunn er det lagt til grunn at spreiing av prioriterte miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn. Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.
Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar vart fremja hausten 2006. Handlingsplanen inneber at overflatejorda i barnehagane i dei 10 største byane og 5 store industristader skal undersøkjast i løpet av 2008 og eventuell forureining ryddast opp innan 2010.
Klima- og forureiningsdirektoratet syter for gjennomføring av handlingsplanen i samarbeid med dei aktuelle partane. Med unntak av ein av industrikommunane har alle dei 15 involverte kommunane gjennomført kartlegginga, og mange er allereie ferdige med oppryddinga. Det er behov for tiltak i nærare 70 pst. av barnehagane. Det skuldast hovudsakleg bruk av CCA-impregnert trevirke i sandkassar og sandbasseng, i tillegg til at det er behov for utskifting av jord i om lag ein tredel av barnehagane i desse kommunane. Alle dei 14 kommunane ventar å bli ferdige med tiltak i løpet av 2010. Klima- og forureiningsdirektoratet er samtidig i gang med ei vurdering av ein handlingsplan for barnehagar i resten av landet.
Klima- og forureiningsdirektoratet har samarbeidd med Statens Kartverk om løysingar for å overføre data om forureina grunn frå Klima- og forureiningsdirektoratets database Grunnforureining til matrikkelen. Det er eit politisk ønske at det offentlege og private skal ha kjennskap til forureina grunn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005).
Etter at matrikkelen tredde i kraft er det ei opplysning om dette på vedkommande matrikkeleining. Funksjonen til matrikkelen er på dette området å gjere merksam på om det finst forureining av grunnen på ei matrikkeleining eller ikkje.
Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment
Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.
Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda. Omfattande tiltak er gjennomført i Kristiansand og Oslo. Det er sett i gang større tiltak i Trondheim (opprydding Killingdal gruver) og i Tromsø, og fleire andre tiltaksplanområde står for tur.
Dei aller fleste av dei ca. 100 prioriterte skipsverfta har gjennomført undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Inneverande år vil det bli utarbeidd tiltaksplan for dei verfta der det er behov for tiltak. Det er viktig å stanse kjelder på land først, og for dei fleste verfta vil dette innebere gjennomføring av tiltak på land først. Det er i tillegg gitt pålegg til 10 store hamner og dei 34 største industrihamnene om å kartleggje korleis verksemda deira bidrar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Miljøstyresmaktene vil også elles der det er nødvendig og juridisk mogleg, gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sedimenta.
I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Etter søknad medverkar Klima og forureiningsdirektoratet med midlar til enkelte kommunar til kommunale prosjektleiarar, undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn.
Halde kontakt med russiske styresmakter gjennom miljøkommisjonens ekspertgruppe og vidareutvikle samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining.
Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. St.meld. nr. 11 (2009-2010) Samarbeid med Russland om atomvirksomhet og miljø i nordområdene gir ei oppdatert oversikt over den norske innsatsen dei siste åra og trekkjer opp prioriteringane vidare framover. Samarbeid om overvaking av radioaktiv forureining er òg styrkt gjennom miljøvernkommisjonen si ekspertgruppe.
Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg. Miljøverndepartementet har dekt sin del av kriseutvalet sin langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.
Halde oss orienterte om andre eksterne kjelder til radioaktiv forureining av norske område, spesielt Sellafield
Lagra av høgradioaktivt flytande avfall ved Sellafieldanlegget er i løpet av dei siste åra reduserte frå ca. 1500 til ca. 1000 tonn. Utsleppspotensialet er framleis stort, og to tilfelle av brot på kjølesystemet for avfallet i 2009 indikerer at tryggleiken ikkje er fullgod. Ei konsekvensvurdering av eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga har vist at Noreg kan bli hardt ramma av radioaktiv forureining. Britiske styresmakter har sett krav om at avfallsmengdene skal reduserast til 200 tonn innan 2015. Behovet for rask reduksjon av mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall og styrkt tryggleik har vore teke opp med britiske styresmakter ei rekkje gonger. Det er nær kontakt om dette mellom dei norske og britiske styresmaktene, både på departements- og fagnivå. Det vil framleis vere viktig å arbeide med britiske styresmakter for å redusere risikoen for ei ulykke som kan føre til forureining av norske område.
Styrkje arbeidet med regulering og tilsyn av verksemder som slepp ut radioaktive stoff og handterer radioaktivt avfall.
Radioaktive stoff har i tillegg til dei radioaktive eigenskapane liknande eigenskapar i naturen som tungmetall og andre miljøgifter. Det blir arbeidd med å ta i bruk forureiningslova for regulering av radioaktiv forureining i det ytre miljø, og nytt regelverk vil gi eit meir heilskapleg grunnlag for forvaltninga av dette forureiningsfeltet. Det blir arbeidd med å kartleggje ulike kjelder og type verksemder som genererer radioaktivt avfall og lage ei oversikt over avfallsstraumar.
Betre kunnskapsgrunnlaget gjennom auka kartlegging, utgreiing og overvaking.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder.
Det er framleis betydeleg mangel på kunnskap om radioaktiv forureining av det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane og betre grunnlag for overvaking skal derfor førast vidare.
Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.
Miljøverndepartementet har finansiert prosjekt for å kartleggje og vurdere oppkonsentrert radioaktivt materiale frå tidlegare gruveverksemd i Noreg. Spesielt ved Søve gruver i Nome kommune og ved molybdengruva i Oterstrand i Gildeskål er det etterlate slagg med oppkonsentrert innhald av radioaktive stoff.
God oversikt over forureining i utmarksprodukt som vilt, ferskvassfisk etc. og påfølgjande strålebelastning for ulike befolkningsgrupper.
Forureining med cesium-137 er framleis betydeleg i dei områda som vart ramma av nedfall frå Tsjernobylulykka. Erfaringane frå overvaking av utmarksbeitande dyr og overvakingsprogrammet for radioaktivitet i terrestrisk miljø er at forureininga varer lengre enn ein trudde tidlegare og at tiltak vil vere nødvendige i fleire tiår framover. Arbeidet med å samle inn data om aktuelle nivå i hjortevilt og bær har òg starta opp.
Resultatområde 3 underområde 4 Avfall og gjenvinning
Resultatområde 3 underområde 4 omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Underområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv og liknande.
Tabell 10.6 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Avfall og gjenvinning
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
3.4.1. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. | Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP. | |
3.4.2 Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå. | Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling. | |
3.4.3. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. | Mengd farleg avfall med ukjent disponering. Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling | |
3.4.4. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.* |
* Det blir arbeidd med å utvikle indikatorar.
For dei fleste miljøproblema som har si årsak i avfall er det fastsett eigne resultatmål, blant anna for utslepp av klimagassar og for miljøgifter. Verkemiddelbruken på avfallsfeltet må derfor sjåast i samanheng med verkemiddelbruken på desse områda.
Statusbeskriving av måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Stimulere til at veksten i avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten
Veksten i økonomien har tradisjonelt gitt auka avfallsmengder. Miljøproblema som følgjer av dei auka avfallsmengdene kan delvis motverkast ved gjenvinning. Det er likevel grenser for kor store delar av avfallet det er miljømessig føremålstenleg, økonomisk forsvarleg og teknisk mogleg å gjenvinne. Tilsvarande avgrensingar gjeld for utsleppsreduksjonar frå sluttbehandlingsanlegga. Utan avfallsreduksjon vil derfor miljøproblema frå avfall halde fram med å auke. Resultatmålet inneber at same økonomiske aktivitetsnivå i framtida skal medføre vesentleg mindre avfall. I dette legg Regjeringa at det skal vere ein forskjell som monnar og som varer ved.
Tabell 10.7 Avfallsmengder
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Mill. tonn avfall | 9,8 | 10,1 | 10,7 | 10,9 |
Den samla avfallsveksten frå 1995 til 2008 var på 48 pst. Dette er litt høgare enn veksten i BNP målt i faste prisar, som var på 44 pst. i same periode. Avfall frå næringsverksemd utgjer om lag 80 pst. av den totale avfallsmengda. Samla var veksten i næringsavfall frå 1995 til 2008 på 43 pst. Det er i tenesteytande næringar og i bygg- og anleggsbransjen at avfallsgenereringa aukar mest, mens avfallsveksten i industrien er mindre (SSB 2009). Denne utviklinga kjem truleg i betydelig grad av endringar i aktivitetsnivået i dei ulike næringane. Endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.
Avfallsmengda frå hushalda auka med 75 pst. frå 1995 til 2008. Dette er meir enn auken i hushalda sitt økonomiske forbruk. Frå 2008 til 2009 gjekk mengda hushaldsavfall ned med nær 2 pst. mens hushalda sitt forbruk var uendra. Det er første gongen etter at statistikken vart oppretta i 1992 at genereringa av hushaldsavfall er redusert (SSB 2009).
Ei fråkopling av avfallsgenereringa frå den økonomiske veksten kan skje gjennom endra samansetjing av produksjon og forbruk, og gjennom auka materialeffektivitet i dei enkelte produkta og produksjonsprosessane. Miljøverndepartementet har her ei særleg pådrivarrolle. Departementet vil i 2011 særleg sjå på høva til å redusere genereringa av matavfall.
Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla.
Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling, forbrenning med energiutnytting og bruk av massar som fyll- eller dekkmassar. Gjenvinningsgraden har vore stabil på omkring 70 pst. sidan 2004. Farleg avfall er då halde utanom. I 2008 vart 71 pst. av avfallet gjenvunne (SSB 2009). Dette inkluderer 37 pst. til materialgjenvinning, 22 pst. til energiutnytting og det resterande til kompostering eller til bruk som dekkmasse eller fyllmasse.
Tabell 10.8 Gjenvinning av avfall
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Gjenvinningsdel av avfallet i pst. | 69 | 70 | 70 | 71 |
Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette avgift på sluttbehandling av avfall, forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvarsordningar for enkelte typar avfall.
Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall, har EU-kommisjonen foreslått nye reglar for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane vil venteleg bli vedtekne i EU hausten 2010, og vil medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1.
Omlag 2,1 millionar tonn avfall vart deponert i 2008. Dette inkluderer ei betydeleg mengd farleg avfall som blir lagt i eigne deponi. Omlag ein firedel av det deponerte avfallet er truleg nedbrytbart avfall som er årsak til metanutslepp fra deponia (SSB 2009).
Då forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vart fastsett, var det venta at det ville ta omlag fem år før tilstrekkeleg alternativ behandlingskapasitet var etablert. Det vart derfor vurdert som nødvendig å opne for mellombelse dispensasjonar frå forbodet. Det er blitt gitt dispensasjon for ei relativt stor mengd avfall i den første tida etter at forbodet vart innført. Samtidig har marknaden for avfallsforbrenning endra seg slik at det ikkje lenger er same mangel på forbrenningskapasitet. Klima- og forureiningsdirektoratet gav derfor i januar 2010 signal til fylkesmennene om å vere svært restriktive med å innvilge nye eller forlenga dispensasjonar frå deponiforbodet. Uro i forbrenningsmarknaden, og då særleg at norske forbrenningsanlegg opplever at dei har dårlegare konkurransevilkår enn svenske anlegg, var òg årsak til at Regjeringa i Prop. 126 LS (2009-2010) Endringar i skatte – og avgiftsreglane mv. foreslo å avvikle sluttbehandlingsavgifta på forbrenning frå 1. oktober 2010.
Registrert eksport av avfall har auka klart. I 2008 var eksporten av avfall (ordinært avfall og farleg avfall) ca. 490 000 tonn, mens den i 2003 var 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart avfall til energigjenvinning i Sverige. Så langt har ikkje røynsla gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert.
EU vedtok 19. november 2008 eit nytt rammedirektiv for avfall (2008/98/EF). Direktivet erstattar det tidlegare rammedirektivet for avfall, direktivet om farleg avfall og direktivet om spillolje. Det nye rammedirektivet er førebels ikkje innlemma i EØS-avtala. På bakgrunn av krav i rammedirektivet har Miljøverndepartementet gitt Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til endring av avfallsforskrifta. Klima- og forureiningsdirektoratet har samtidig fått i oppdrag å utarbeide grunnlagsmateriale til enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Direktiv om handtering av avfall frå mineralindustrien vart vedteke i EU i 2006, og er innlemma i EØS-avtala. Krava i direktivet er i stor grad i tråd med gjeldande rett, men forslag til gjennomføring av direktivet vil bli sendt på høyring i løpet av hausten 2010.
Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.
1 123 000 tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2008, ein oppgang på om lag 4 pst. frå året før. Sidan 1998 er mengda meir enn dobla. Mykje av denne auken reknar ein med kjem frå betring i datagrunnlaget, og den reelle auken kan derfor vere mindre enn det statistikken viser. I 2008 gjekk 65 000 tonn farleg avfall til ukjent handtering. Det er ein nedgang på 13 pst. frå 2006 og 32 pst. mindre enn i 2003. Lista over typar farleg avfall vart utvida frå 1. januar 2003, med blant anna impregnert trevirke og plast med bromerte flammehemmarar. Held vi desse typane farleg avfall utanom, gjekk mengda farleg avfall til ukjent handtering ned med 43 pst. frå 1999 til 2008. Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen. Tala frå SSB tyder på at ein viktig del av mengda som er inkludert i kategorien ukjent handtering faktisk har gått til godkjent handtering og dermed er inkludert i dei 1 123 000 tonna til godkjent handtering.
Tabell 10.9 Farleg avfall
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | |
---|---|---|---|---|
Farleg avfall til ukjent behandling (1000 tonn) | 76 | 75 | 66 | 65 |
Nær 90 pst., tilsvarande 997 000 tonn, av det farlege avfallet som gjekk til godkjent behandling i 2008, vart behandla i Noreg. Resten, tilsvarande 123 000 tonn, vart eksportert for å bli behandla i utlandet. Til saman 23 pst. av det farlege avfallet vart gjenvunne, det vil seie materialgjenvunne eller energiutnytta, mens resten vart sluttbehandla, hovudsakleg på deponi. I desse resultata er behandling i utlandet rekna med. I 2007 vart 16 pst. av det farlege avfallet gjenvunne. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge slutthandteringsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.
Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 3, underområde 3, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Klima- og forureiningsdirektoratet har ein strategi for farleg avfall for perioden 2008–2010. Klima- og forureiningsdirektoratet rettar særleg innsatsen mot innsamling av farleg avfall med prioriterte miljøgifter og ulike fraksjonar farleg avfall med ukjend disponering i større mengder. Klima- og forureiningsdirektoratet vil vurdere korleis arbeidet med farleg avfall skal førast vidare frå 2011.
Regelverket for grensekryssande transport av avfall krev stor ressursinnsats for Klima- og forureiningsdirektoratet til saksbehandling og kvalitetssikring av meldingane om import/eksport og auka innsats på tilsyn og kontroll.
Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Klima- og forureiningsdirektoratet har styrkt samarbeidet med Toll- og avgiftsdirektoratet og andre styresmakter for å gjennomføre ein mest mogleg effektiv kontroll med ulovleg eksport og import av farleg avfall med skip.
Gjennom arbeid i internasjonale fora tek departementet òg initiativ for å få betre regulering og kontroll med industriverksemd om bord på skip i internasjonalt farvatn.
Konvensjonen om gjenvinning av skip
Noreg tok i 1999 opp problema knytte til opphogging av skip internasjonalt, først i FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og dernest i Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall. Noreg har sidan saka kom på dagsordenen arbeidd for å etablere eit internasjonalt bindande rammeverk i regi av IMO, for å få eit grunnlag for å løyse dei store utfordringane knytte til helse og miljø på området.
Straks etter at IMOs hovudforsamling vedtok at eit internasjonalt bindande regime om sikker og miljøvennleg gjenvinning av skip skulle etablerast, sende Noreg inn eit førsteutkast til konvensjonstekst, som sidan har utgjort grunnlaget i forhandlingane. Den 15. mai 2009 vart «Hong Kong International Convention for the Safe and Environmentally Sound Recycling of ships» fastsett på diplomatkonferanse i IMO. Den nye konvensjonen inneheld miljøkrav til skip gjennom heile skipets livssyklus, den stiller krav om godkjenning av opphoggingsstadene og inneheld føresegn om gjennomføringa av sjølve opphoggingsprosessen. Det nye regelverket vil utgjere grunnmuren i arbeidet med å betre både miljøforholda og forholda for tilsette i skipsgjenvinningsindustrien. Regjeringa tar sikte på ein snarleg behandling av norsk tiltreding av konvensjonen.
11 Resultatområde 4 Luftforureining og klima
Menneskeleg aktivitet fører til utslepp av klimagassar, ozonreduserande stoff, forsurande gassar og stoff som medverkar til dårlegare lokal luftkvalitet. Dette skjer for eksempel gjennom bruk av fossil energi til køyretøy og fartøy, til oppvarming, til gass- eller kolkraftverk og til industriproduksjon og utslepp frå ulike produkt og produksjonsprosessar.
Boks 11.1 Det vitskaplege grunnlaget
Visste du at forskarane i verda har aldri vore sikrare på at den globale oppvarminga dei siste 50 åra er menneskeskapt? I følgje FNs klimapanels 4. hovudrapport er 11 av dei 12 åra mellom 1995-2006 blant dei 12 varmaste åra som er registrerte sida målingane starta i 1850. Målingar av klimagasskonsentrasjonar i atmosfæren og i iskjernar viser at konsentrasjonen av CO2 er høgare enn den har vore dei siste 650 000 åra. Den auka konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren fører til ein forsterka drivhuseffekt, noko som medverkar til auka temperatur på jorda. Den globale temperaturen har auka dobbelt så raskt dei siste 50 åra som for 100-årsperioden frå starten av 1900-talet og fram til i dag.
Underområda under resultatområdet «Luftforureining og klima» heng tett saman. Dei miljøproblema som er knytte til underområda er skapt av mange av dei same kjeldene, og kan derfor også løysast med mange av dei same verkemidla. Elektrifisering av bilparken vil for eksempel redusere støyplaga knytt til den største støykjelda i Noreg og samtidig bidra til at Noreg reduserer utslepp av langtransportert luftforureining, betrar lokal luftkvalitet og reduserer utlepp av klimagassar.
Tilstand, utvikling og utfordringar:
Klimaendringar
Meir ekstremvêr vil føre til fleire katastrofehendingar som akutt tørke, overfløymingar, syklonar og hetebølgjer. Mellom 20 og 30 pst. av artene på jorda kan forsvinne – for godt. Matvareproduksjonen mange stader vil bli ramma, og vi vil oppleve helseeffektar og klimaflyktningar. Dette er FNs klimapanels analysar av konsekvensar verda må vente seg dersom gjennomsnittstemperaturen i verda aukar med to grader. Blir det endå varmare, blir konsekvensane endå større.
Klimaendringane rammar svært urettferdig. Fattige utviklingsland, som har hatt små utslepp og bidrege minst til å skape problemet, vil bli hardast ramma. Dei er særleg sårbare fordi dei ofte ligg utsett til og har avgrensa kapasitet til å førebyggje og handtere konsekvensane av klimaendringane. Deltaet mellom den syklonherja Bengal-bukta og dei smeltande isbreane i Himalaya er eit godt eksempel på dette.
Isbrear vil smelte. Auka nedbør og havstiging vil føre til flaum, som kan gjere store landområde umogelege å bu i. Millionar av menneske i store elvedeltaområde, lågtliggjande kystlandskap og øysamfunn kan bli tvinga til å flytte frå heimane sine.
Klimaendringane kan på sikt få stor verknad på naturmangfaldet, også i Noreg. Ein reknar at klimaendringar vil påverke 6 pst. av raudlisteartene i Noreg negativt, og denne delen er venta å auke. Dessutan kan fleire potensielle klimatiltak, så som stort uttak av bioenergi frå skog, kunne ha negative effektar for naturmangfald. Høgare temperatur og mindre beitetrykk fører til gjengroing med negativ verknad på artene i kulturlandskapet. Villreinen er truga av varmare og fuktigare klima om sommaren som gir grobotn for sjukdommar og parasittar, og mildare vintrar med meir ising. På store delar av kysten har ein allereie sett massedød av sukkertare. Dette skuldast truleg ein kombinasjon av høgare temperatur i havet, nedslamming og avrenning, noko som vil auke med meir nedbør i framtida.
Boks 11.2 Klimaendringar i Arktis
Klimaendringane slår ulikt ut på jordkloden. Temperaturen aukar meir over landområde ved polane. I Arktis er temperaturauken det dobbelte av gjennomsnittet i verda. Temperaturauken i nordområda er ekstra alvorleg – konsekvensane her bidreg til å forsterke den globale oppvarmingen. Isen reflekterer sollyset. Når isen smeltar, blir det mindre refleksjon av sollys og dermed meir oppvarming. Sot som legg seg på snø og is, reflekterer ikkje sollyset. Nye resultat frå arbeid under Arktisk Råd viser at sot i vesentleg grad bidreg til issmeltinga i Arktis, og dermed betydeleg til oppvarminga. Og om permafrosten tiner, kan store mengder av den sterke klimagassen metan bli frigjort frå bakken og ytterlegare forsterke og skunde fram klimaendringane. Overvakinga av klimagassar på Svalbard viser ein markant auke i konsentrasjonen av metan dei siste fem åra. Det er foreløpig usikkert om dette har samanheng med smelting av permafrost. Forskarar anslår at ein temperaturauke på 3,5 grader på Svalbard vil føre til introduksjon av om lag 80–100 nye plantearter, ein auke på 50–70 pst. Arter som er spesielt tilpassa polarklimaet, vil få store problem.
Klimagassutslepp samlar seg i atmosfæren. Der slepp dei gjennom det meste av energien frå sola, som kjem i form av kortbølgja stråling. Samtidig bremsar dei tilbakestrålinga frå jorda i form av infraraud langbølgja varmestråling. Større konsentrasjonar av klimagassar fører derfor til auka temperatur i den nedre delen av atmosfæren, kalla troposfæren. Den naturlege drivhuseffekten er livsnødvendig for menneske og dyr på jorda. Utan denne ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore -18 ºC. Verdshava ville ha vore dekte av is. Menneska sine utslepp av klimagassar har etter den industrielle revolusjonen medverka til eit menneskeskapt tillegg til denne naturlege drivhuseffekten.
Boks 11.3 Internasjonalt klimaarbeid
FNs klimapanel (IPCC) si oppgåve er objektivt og ope å vurdere den beste naturvitskapelege, tekniske og samfunnsøkonomiske informasjon om klimaendringar som er tilgjengeleg i verda. IPCCs rapportar utgjer det viktigaste vitskapelege grunnlaget for politiske avgjerder i klimakonvensjonen. Det har komme fire hovudrapportar. Klimakonvensjon er FNs rammekonvensjon om klimaendring og er ein internasjonal traktat som har til hensikt å avgrense dei globale utsleppa av klimagassar. Noreg signerte konvensjonen i 1992.
Traktaten set i utgangspunktet ingen avgrensingar for landa sine utslepp, og inneheld ingen gjennomføringsmekanismar. I staden opnar konvensjonen for vidare forhandlingar om tilleggsprotokollar, som skal setje avgrensingar for utslepp. Den viktigaste protokollen så langt er Kyoto-protokollen som vart vedteken under Klimakonvensjonens 3. partskonferanse i desember 1997, og inneber at landa med utsleppsforpliktingar samla skal redusere utsleppet av drivhusgassar med rundt 5 pst. i perioden 2008–2012 samanlikna med nivået i 1990.
Regjeringas visjon er at den globale temperaturen i gjennomsnitt ikkje skal auke meir enn 2 ºC i forhold til førindustriell tid. Dette betyr at konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen.
Sidan den industrielle revolusjonen på 1800-talet har CO2-konsentrasjonen i atmosfæren auka med nesten 40 pst. Skal vi klare å nå Noregs og EUs mål om at den globale temperaturauken ikkje skal overstige to grader frå førindustriell tid, må konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren halde seg innanfor eit visst intervall (445-490 ppm CO2-ekvivalentar1, jamfør den siste hovudrapporten til FNs klimapanel. Den globale konsentrasjonen av klimagassar har stige frå 270 ppm i førindustriell tid til ca. 386 ppm i dag. Samstundes seier FNs klimapanel (IPCC) at om temperaturauken ikkje skal overskride to grader må utsleppa i verda stabiliserast innan 2015. Deretter må utsleppa reduserast med 50-85 pst. innan 2050.
Truleg vil over to tredelar av auken komme frå utviklingsland som endeleg står på terskelen av ei velstandsutvikling, noko som dessverre òg vil medføre auka utslepp. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst totale utslepp i verda. Men i forhold til folketalet er det framleis dei rike industrilanda som har størst utslepp. Klimapanelet ventar at utsleppa pr. innbyggjar i industriland vil vere tre gonger så høg som i utviklingslanda i 2030.
Sjølv om verda lukkast med å redusere utsleppa av klimagassar i så stor grad at den globale temperaturauken blir avgrensa til to grader, så kan denne temperaturauken ha store konsekvensar.
Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendig for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen ikkje skal auke meir enn med 2 ºC i forhold til førindustrielt nivå. Klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) utgjer i følgje Klimapanelets (IPCCs) vurderingar noko over 17 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar, og ein reduksjon i desse utsleppa er eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming. Det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Klimaforliket frå januar 2008 etablerte ei brei politisk semje om ei norsk satsing på inntil 3 mrd. kroner årleg for REDD.
Jordas klima endrar seg, og sjølv om Noreg på mange måtar er robust vil òg vårt samfunn oppleve konsekvensar av klimaendringane. Dette kan by på store utfordringar på fleire samfunnsområde. Arbeidet med å tilpasse seg eit endra klima for å minimere konsekvensane for menneske og miljø, må derfor skje parallelt med tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Å starte tilpassinga til eit endra klima på eit tidleg tidspunkt vil gjere oss mindre sårbare.
Ein viktig del av dette arbeidet inneber å kartleggje sårbarheit og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga. I november 2010 blir det levert ei offentleg utgreiing om det norske samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til klimaendringane. Denne utgreiinga har som mål å bidra til berekraftig utvikling gjennom auka kunnskap om kva klimaendringane betyr for Noreg, og gi råd om korleis styresmakter og andre best kan gå fram for å førebyggje negative verknader av desse endringane på menneske, samfunn og miljø. Høve til auka verdiskaping som følgje av klimaendringane skal òg belysast. Nærare verkemiddelvurdering vil bli utført av styresmaktene etter at utgreiinga er levert.
Kunnskap som bidreg til eit heilskapeleg bilete av kva klimaendringane vil bety for Noreg er viktig for å kunne utvikle tilpassingsstrategiar og avgjere korleis vi best kan tilpasse oss. Regjeringa arbeider derfor for å få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing ved å utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg, og å ivareta omsynet til klimatilpassing i relevante forskingsprogram.
Fordi utfordringane klimaendringane stiller oss overfor er svært samansette er det viktig med samarbeid og kunnskapsutvikling på tvers av fagområde, disiplinar og administrative nivå. Regjeringa arbeider derfor for å stimulere til samordning, informasjon og kompetanseutvikling, blant anna gjennom nettportalen «Klimatilpassing Noreg» (www.klimatilpasning.no).
Enkelte av dei forureinande utsleppa til luft påverkar òg klimaet. Felles for forureiningar som sot, metan og bakkenært ozon er at dei påverkar klimaet på kort sikt. Reduksjon i desse forureiningane vil derfor òg vere viktige klimapolitiske tiltak, i tillegg til reduksjonar i utsleppa av blant anna CO2.
Ozonreduserande stoffer
Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 20 – 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen og skade havets økosystem. Dei polare marine økosystema ligg i dei områda der UV-stråling er venta å auke mest.
Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og dei reduksjonsmåla som er sette i EU/EØS-forordning om ozonreduserande stoff som er gjennomført i produktforskrifta. Ei revidert forordning om ozonreduserande stoff i EU vart vedteken 16. september 2009 og tredde i kraft for EU 1. januar 2010. Forordninga krev ein raskare reduksjon av ozonreduserande stoff enn det Montreal-protokollen legg opp til. Forordninga er sett på som EØS-relevant og akseptabel og vil bli gjennomført i norsk rett. Noreg har ei målsetjing om å utvile Montreal-protokollen vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt.
Miljøstyresmaktene arbeider aktivt med å redusere forbruket av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette reduksjon i forbruket av den ozonreduserande gassen HKFK.
Luftforureiningar
Tilførsle og lokale utslepp av luftforureiningar fører til skadar på økosystem og menneske si helse. Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen frå grenseoverskridande luftforureiningar. Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør.
Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOX) og ammoniakk (NH3). Det som kjenneteiknar desse gassane er at dei kan transporterast over relativt store avstandar slik at dette er eit regionalt miljøproblem. Eit utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.
Lokal luftkvalitet i Noreg er stort sett betre i dag enn på 1990-talet.
Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som bidreg til lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv, men det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO2).
Den lokale luftkvaliteten er påverka både av utslepp frå lokale kjelder og langtransportert luftforureining. Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO2 er vegtrafikk, der tunge dieselkøyretøy bidreg mest.
Støy kan medføre psykisk stress, og kan gi helseplager som muskelspenningar og muskelsmerter. Støy kan òg vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk og utvikling av hjertesjukdom.
Vegtrafikk er den dominerande støykjelda i Noreg.
Boks 11.4 Støy
Støy er eit av dei miljøproblema som rammer flest menneske i Noreg. Om lag 1,7 million menneske er utsette for støy ved bustaden sin. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga. Rundt 200 000 menneske har problem med nattesøvnen.
Miljøverndepartementets rolle og ansvar
Alle resultatområdet sine underområde er sektorovergripande utfordringar som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Miljøverndepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av miljøpolitikken i tråd med vedtekne miljøpolitiske mål. I tråd med sektoransvaret har den enkelte sektor òg ansvar for implementeringa i sin sektor.
I tillegg har departementet ei pådrivar- og samordningsrolle overfor andre sektorar og aktørar.
Miljøverndepartementet har i tillegg ansvar for ei rekkje eigne verkemiddel i miljøpolitikken. Forureiningslova og klimakvotelova er sentrale verkemiddel innanfor resultatområde 4.
Verkemiddel
Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.
Det viktigaste verkemidlet for å få redusert utsleppa av klimagassar i tråd med 2-gradersmålet er at verda kan einast om ei ny ambisiøs global avtale. Med referanse til FNs klimapanel går vi inn for at dei globale utsleppa skal nå sitt maksimum seinast i 2015 og reduserast med 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000. Dette bør konkretiserast i form av mål om å redusere industrilanda sine samla utslepp med 25-40 pst. innan 2020 og med 80-95 pst. innan 2050 i forhold til 1990. Vidare meiner Noreg at utviklingslandas samla utslepp bør reduserast med 15-30 pst. innan 2020 i forhold til korleis utviklinga elles ville bli, med ytterlegare reduksjonar deretter.
Noregs klima- og skogsatsing har blant anna vore viktig for å få ein internasjonal klima- og skogpartnarskap på plass som aktivt kan bidra til tiltak for redusert avskoging i mellomperioden fram til ny avtale.
Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til betydelige reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Reduksjonane er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa.
Boks 11.5 Ozongassar og UV-B stråling
Visste du at FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montreal-protokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore 5 gonger større enn i dag? UV-B strålinga på jorda ville ha vore dobbelt så sterk på sørlegare breiddegrader som på nordleg halvkule og fire gonger så sterk på sørleg halvkule. Førekomsten av hudkreft ville ha auka med millionar av tilfelle.
Gøteborgprotokollen er ei internasjonal avtale med formål å oppnå reduksjon av utslepp av ulike gassar som fører til forsuring, overgjødsling og ozondanning. Protokollen gir reduksjonsforpliktingar for landa sine totale utslepp av svoveldioksid (SO2) og nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (NMVOC).
Gjennom den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) er det i konvensjonen MARPOL, anneks 6, reglar om luftforureiningar frå skipsfart.
Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.
Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering.
Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå blant anna industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova, mens lov av 11. juni nr. 79 om produktkontroll med underliggjande forskrifter heimlar støykrav til ulike produkt.
Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.
Plan- og bygningsloven er et helt sentralt virkemiddel innenfor dette resultatområdet. Utfordringane er i stor grad blant anna knytte til utbyggingsmønster og trafikksystem og effektiv og miljøvennleg energibruk, der kommunanes planlegging etter plan- og bygningslova er viktige premissar. Den statlege planretningslinja for klima- og energiplanlegging skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunar og fylkeskommunar. Kommunane har gjennom denne fått tydelege signal om at dei i sine kommuneplanar, eller eigen kommunedelplan, skal planleggje for reduksjonar i klimagassutslepp og for energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Retningslinja om samordna areal- og transportplanlegging er sentral i arbeidet med ein betre arealbruk for også å førebyggje skadeverknader av støyulemper og overskriding av grenseverdiar for lokal luftkvalitet.
Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.
Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for å utferde utsleppsløyve og tildele kvotar til dei kvotepliktige verksemdene etter heimel i klimakvotelova og forureiningslova. Dei har òg ansvaret for kvoterekneskapen som held oversikt over innleverte kvotar og om dei kvotepliktige bedriftene held kvoteplikta si. Vi er no inne i andre fase av kvotesystemet; Kyotoperioden frå 2008 til 2012. Omtrent 40 pst. av norske utslepp er no omfatta av kvotesystemet. Noreg vil òg i neste fase av kvotesystemet (2013-2020) vere ein del av EU sitt kvotesystem (EU ETS). EU ETS vil etter 2013 vere langt meir harmonisert enn i dag, og Regjeringa har lagt opp til at Noreg i denne fasen vil implementere dei same tildelingsreglane som i resten av Europa, med unntak av for petroleumsindustrien offshore. Om lag halvparten av norske utslepp vil vere omfatta av kvotesystemet frå 2013.
Regjeringa la i september 2009 fram ei statleg planretningslinje for kommunal klima- og energiplanlegging. Denne gir signal om at kommunane i si kommuneplanlegging skal planleggje for reduksjonar i klimagassutslepp, energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Fylkeskommunen skal òg gjere denne type planlegging innafor sitt ansvars- og påverknadsfelt. Miljøvernforvaltninga vil i løpet av 2010 kartleggje om fylkeskommunane og kommunane har gjennomført første generasjons klima- og energiplanlegging. I det vidare arbeidet er det sentralt for Regjeringa å vurdere virkemiddel som sikrar gjennomføring av planane om reduksjon av klimagassutslepp. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for kommunen sine innbyggjarar.
Kampen mot klimaendringar og utfordringane knytte til å dekkje verda sitt energibehov er bakgrunnen for Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2. Ei vellykka satsing vil kunne gjere CO2-handtering til eit sentralt verkemiddel i klimapolitikken. Regjeringas CO2-handteringsprosjekt på Mongstad inneber meir enn å fange CO2 frå gasskraftproduksjon i Noreg. Målsetjinga er at prosjektet på Mongstad skal bidra til å utvikle teknologi som slik at også andre land kan bruke teknologien effektivt som eit verkemiddel for å redusere sine CO2-utslepp. Miljøverndepartementet har i medhald av forureiningslova gitt utsleppsløyve for CO2 frå kraftvarmeverket på Mongstad. Forureiningslova gir oss høve til å stille bestemte vilkår i eit utsleppsløyve. I utsleppsløyvet på Mongstad er det stilt krav om CO2-handtering.
Boks 11.6 Klimaløftet
Som eit ledd i å styrkje formidling av informasjon og kunnskap om klima har Regjeringa sett i gang informasjonssatsinga Klimaløftet. Klimaløftet skal gjennom mange ulike tiltak bidra til auka klimakunnskap i befolkninga. Eit siktemål er å stimulere til meir klimavenleg åtferd. Nettsida www.klimaløftet.no er sentral i alle kommunikasjonstiltaka.
Klimaløftet har lagt særleg vekt på å styrkje kunnskapsformidlinga om klimautfordringane, blant anna gjennom å satsa på foredragskonsept mot skular, høgskular og universitet. Dette har vore ei vellykka satsing.
I 2010 er foredraga Klima på vippepunktet, Augnevitne og lærarkurset Klimaklok haldne landet rundt. Desse er retta mot elevar og lærarar i utdanningstrinnet frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Foredraget Augnevitne tek for seg koplinga mellom klima og naturmangfald. Kurset Klimaklok er eit kurs retta mot lærarar i ungdomstrinnet og vidaregåande skule som skal auke deira kompetanse om klima og gi dei nye verktøy til bruk i undervisninga. Klimaløftet vil fortsetje arbeidet retta mot skular og unge vaksne, og vil sjå på korleis ein kan utvide og utvikle arbeidet med føredrag til skulane. I 2011 vil ein òg vurdere nye tiltak for å arbeide med formidling i skulen.
I tillegg er Klimaløftet sitt handlingsprogram for bedrifter ei viktig starthjelp for bedrifter som ønskjer å komme i gang med sitt klimaarbeid. Klimaløftet skal òg vere ein interessant samarbeidspart, støtte gode prosjekt, byggje nettverk og finne fram til nye samarbeid.
Generelle verkemiddel som CO2-avgift og kvotesystem er sentrale økonomiske verkemiddel i den nasjonale klimapolitikken. Sektorovergripande økonomiske verkemiddel legg grunnlag for desentraliserte, kostnadseffektive og informerte tiltak, der forureinar betaler.
Det finst fleire avtaler mellom næringa og styresmaktene for å avgrense utslepp. I 2009 vart det underteikna ei avtale mellom Norsk Industri og Miljøverndepartementet. I medhald av denne avtala skal dei årlege utsleppa frå næringa avgrensast til 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2008-2012. I 2007 var utsleppa 6,4 mill. tonn. Som ein del av oppfølginga av denne avtala vart det sommaren 2010 inngått ei eiga avtale om at Norsk Industri skal arbeide for at medlemsbedriftene kjøper mest mogleg energi- og klimaeffektivt utstyr. Sjå òg omtale under Resultatområde 7 – underområde 1- Sektorovergripande arbeid.
Miljøverndepartementet inngjekk i 2002 ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6.
Det er innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.
EU vedtok i 2006 forordning (EF) nr. 842/2006 (F-gassforordninga) med underforordningar som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom blant anna importrestriksjonar og krav på lekkasjetesting og sertifisering av teknisk personell. Forordninga vart implementert i Noreg i mai 2010 og det er teke sikte på å få på plass sertifiseringsordningar og alle andre praktiske arrangement innan ca. 1 års tid frå implementering.
Boks 11.7 Kva er forskjellen mellom kvotesystemet og CO2-avgifta?
Kvotesystem og CO2-avgiftssystem er begge effektive verkemiddel i klimapolitikken, men med enkelte viktige skilnader. I eit kvotesystem fastset styresmaktene den totale utsleppsmengda av klimagassar som nærare oppgitte verksemder har lov til å sleppe ut i ein viss periode. Kvotemengda utgjer då eit øvre tak for utsleppa, og prisen på kvotane blir bestemt i marknaden. CO2-avgifta gir ein føreseieleg pris på utsleppa, men ein set ikkje eit øvre tak for utsleppa på same måten som i eit kvotesystem. Sidan Noreg tek del i det europeiske kvotesystemet er det, til forskjell frå CO2-avgifta, ikkje sikkert at utsleppseffekten av kvotesystemet skjer i Noreg. Den kan like gjerne skje i Polen eller Tyskland. Det betyr at vi med eit kvotesystem ikkje har like god kontroll på effekten i Noreg, men til gjengjeld veit vi den totale utsleppseffekten i systemet, og det blir lagt til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers av Europa. Kvotesystemet er relativt nytt i faktisk bruk i Noreg og elles i verda. Vi må derfor sjå på kvotesystemet som eit system under utvikling med potensial til å bli eit endå meir effektivt og viktig verkemiddel for å redusere våre utslepp av klimagassar.
På område som er underlagt generelle verkemiddel, er Regjeringas utgangspunkt at ein som hovudregel skal unngå ytterlegare regulering. Samtidig vil Regjeringa vidareføre den moglegheita vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter, også i desse sektorane. Petroleumssektoren er eit eksempel på dette sidan den er underlagt kvoteplikt i tillegg til å betale CO2-avgift.
Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta bidreg til å redusere svovelutsleppa.
Gjennom NOx-avgifta som vart innført i 2007 og Miljøavtala med næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NOx-utsleppa har vi no teke dei nødvendige grepa for å sikre tilstrekkelege utsleppsreduksjonar også på dette området.
Anslag som er gjort tilseier at Noreg vil overhalde NOx-forpliktinga i dei internasjonale avtalene seinast frå 2012. Regjeringa har invitert næringsorganisasjonane til forhandlingar om ei vidareføring av NOx-avtala. Det er teke sikte på å avslutte forhandlingane i løpet av året.
Regjeringa bruker også innretning av avgiftspolitikken og andre økonomiske verkemidel, for å påvirke klimagassutslippa. Regjeringa har blant anna lagt om kjøretøyrelaterte avgifter for å fremme bilar med lågare CO2-utslepp.
Til saman er resultatområdet finansiert med omlag 264 mill. kroner i 2011.
Regjeringas klima- og skogprosjekt er finansiert over løyvingar på Utanriksdepartementet sitt budsjett.
For arbeidet under resultatområdet utgjer budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking eit viktig og nødvendig grunnlag.
Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Klima- og forureiningsdirektoratet. Driftspostane til desse finansierer personell og innkjøp av varer og tenester som er naudsynte i forvaltninga
Resultatområdet er delt inn i følgjande underområde:
4.1. Klimaendringar
4.2. Nedbryting av ozonlaget
4.3. Luftforureiningar
4.4. Støy
Resultatområde 4 underområde 1 Klimaendringar
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Departementets arbeid med reduserte utslepp frå skog i utviklingsland fell òg inn under dette resultatområdet.
Vidare er det viktige koplingar til ei rekkje andre område ettersom auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren fører til havforsuring og reduksjon i naturmangfald. Mange av tiltaka for å redusere CO2-utsleppa vil òg kunne redusere langtransportert- og lokal luftforureining. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen, og arbeidet under FNs klimapanel (IPCC).
Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Klimaendringar
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå. | Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar. | |
4.1.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. | 4.1.2.1. Sektormåla for reduksjon av klimagassutslepp frå klimameldinga frå 2007 skal vere oppfylte. | Nasjonal utsleppsutvikling. |
4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020. | Nasjonal utsleppsstatistikk fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga. | |
4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030. | ||
4.1.4. Redusert avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) skal gi lågare utslepp av klimagassar, og bidra til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon. | ||
4.1.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt. |
Statusbeskriving på måla i Prop. 1 S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyoto-forpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.
Under Kyotoprotokollen, som tredde i kraft 16. februar 2005, har Noreg ei folkerettsleg forplikting som inneber at Noregs gjennomsnittlege årlege utslepp av klimagassar i perioden 2008–2012 ikkje skal vere høgare enn 1 pst. over 1990-nivået, det vil seie 50,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar, når det er teke omsyn til bruk av kvotekjøp og dei andre fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. I 2009 låg utsleppa på 50,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, altså 2 pst. over 1990-nivå. Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen med 10 prosentpoeng, eit mål som skal oppfyllast gjennom bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen
Kyotoprotokollen opnar for at partane, som supplement til nasjonale tiltak eller nasjonale reduksjonar, kan bruke Kyoto-mekanismane til å oppfylle utsleppsforpliktinga. Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. Prop. 1 S. (2010-2011). Dei nasjonale utsleppa av klimagassar gjekk ned i 2008 og 2009, mykje som ei følgje av den finansielle situasjonen, men òg som følgje av ny utsleppsreduserande teknologi. Den nasjonale utsleppsutviklinga og kjøpsprogrammet for kvotar gjer at Noreg ligg godt an til å innfri forpliktinga under Kytoprotokollen.
Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta sterk vekst i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Biodrivstoff kan medverke til å få ned desse utsleppa. Samtidig held Regjeringa oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går. Det er fastsett forskriftskrav om at minimum 3,5 volumprosent av årleg omsett volum drivstoff til vegtrafikken skal bestå av biodrivstoff. Frå det tidspunktet det er gjort gjeldande berekraftskriterium for omsett biodrivstoff, skal dei som omset drivstoff syte for at minimum 5 volumprosent av totalt omsett mengd drivstoff til vegtrafikk pr. år består av biodrivstoff. Det er teke sikte på å gjere berekraftskriterium gjeldande frå 1. januar 2011.
Regjeringa har, i påvente av berekraftskriterium, inngått ei avtale med bransjen om utvida rapportering på biodrivstoff. Avtala sikrar dokumentasjon av kor biodrivstoffet kjem frå (sporing), og kva slag råstoff som biodrivstoffet stammar frå. Dette vil gi oss viktig kunnskap om klimagevinsten bruken av biodrivstoffet medfører, samanlikna med vanleg bensin og diesel.
Aktuelle etatar og fagmiljø utviklar grunnlagsmateriale og forslag til ein strategi for auka FoU på andre generasjons biodrivstoff, inkludert demonstrasjonsprosjekt. Ein slik strategi kan ventast fastsett i løpet av 2010.
Vi viser elles til omtale om biodrivstoff i kapitla 8.3 og 9.2.2 i klimameldinga (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) og i klimaforliket.
Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg og verdsleiande energinasjon. I Soria Moria II-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljø- og klimamåla vil bestemme produksjonsomfanget, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil arbeide for å redusere energibruken og samstundes satse på nye miljøvennlege energiformer. Dette vil auke moglegheita for ein miljøvennleg energibruk. Både kvotesystemet, skatte- og avgiftssystemet, rådgiving og støtte til prosjekt og andre tiltak gjennom Energifondet er viktige verkemiddel for å realisere Regjeringas klimapolitikk. Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2 er òg eit viktig element i dette arbeidet.
Statoil fekk utsleppsløyve for CO2 frå det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad hausten 2006. Samtidig inngjekk staten og Statoil ei gjennomføringsavtale om samarbeid om handtering av CO2 på Mongstad. Avtala og utsleppsløyvet dannar utgangspunktet for planlegging, bygging og drift av eit fullskala anlegg for CO2-handtering på Mongstad. Det er vidare etablert eit teknologiselskap som skal eige og drive eit testanlegg for CO2-fangst. På teknologisenteret vil det bli testa to ulike teknologiar (amin og karbonat) frå to ulike røykgassar. Anlegget er unikt og vil ha internasjonal betydning. Teknologisenteret er no under bygging, og vil etter planen stå klart i 2012.
Utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet viser at dei fleste utsleppskjeldene har redusert klimagassutsleppa sine frå stasjonær energibruk i perioden 1990 til 2008. Men utsleppa frå gassturbinar offshore, som blant anna er nytta til elektrisitetsproduksjon, vart nesten dobla frå 1990 til 2008. Denne veksten medverka til at klimagassutsleppa frå stasjonær energibruk i Noreg samla sett likevel auka med vel 40 pst. frå 1990 til 2008.
Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 15–17 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skogkredittar er inkluderte.
Til trass for nedgangen i klimagassutslepp i 2008 og 2009 må vi vere budde på at det er nødvendig å innføre fleire nye verkemiddel for å få utsleppa ytterlegare ned. I klimaforliket vart det fastslått at det er realistisk å ha som mål å redusere utsleppa i Noreg med 15-17 millionar tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Referansebana frå 2007 viser utslepp i 2020 på vel 58 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Oppfylling av dette målet inneber at det er behov for vesentlege utsleppsreduksjonar. Arbeidet til faggruppa Klimakur 2020 som vart leia av Klima- og forureiningsdirektoratet viser at det er mogleg å nå dette målet, og at det er mange moglege måtar vi kan nå det på.
Regjeringa la i september 2009 fram ei statleg planretningslinje for kommunal klima- og energiplanlegging. Denne gir signal om at kommunane i si kommuneplanlegging skal planlegge for reduksjonar i klimagassutslepp, energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Fylkeskommunen skal òg gjere denne type planlegging innafor sitt ansvars- og påverknadsfelt. Miljøvernforvaltninga vil i løpet av 2010 kartlegge om fylkeskommunane og kommunane har gjennomført første generasjons klima- og energiplanlegging. I det vidare arbeidet er det sentralt for Regjeringa å vurdere verkemiddel som sikrar gjennomføring av planane om reduksjon av klimagassutslepp. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for kommunen sine innbyggjarar.
Boks 11.8 Etatsgruppa Klimakur 2020
I 2008 gav Miljøverndepartementet Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å leie ei etatsgruppe som skulle vurdere behovet for nye eller endra verkemiddel i norsk klimapolitikk. Kjernen i etatsgruppa, som fekk namnet Klimakur 2020, bestod i tillegg til Klima- og forureiningsdirektoratet av Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen, Statistisk sentralbyrå og Oljedirektoratet. Kjernegruppa trekte òg inn andre sentrale aktørar og relevante fagmiljø som for eksempel Husbanken, Sjøfartsdirektoratet, Statens byggtekniske etat og Norsk institutt for skog og landskap.
Faggruppa har vurdert i kor stor grad eksisterande verkemiddel medverkar til å nå Noregs mål for nasjonale utsleppskutt og behovet for nye/endra verkemiddel, knytt til målet om å redusere utsleppa i Noreg i 2020 med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana når skog er inkludert. Samtidig ønskte ein å finne verkemiddel som er styringseffektive og kostnadseffektive på lenger sikt. Utgreiinga vart lagt fram 17. februar 2010, og vil vere ein del av grunnlaget for Regjeringas vurdering av klimapolitikken, som skal leggjast fram for Stortinget i form av ei klimamelding hausten 2011. Meir informasjon om gruppa sitt arbeid er tilgjengeleg på www.klimakur.no.
Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.
Faggruppa Klimakur 2020 sitt overordna mandat var å utarbeide naudsynt grunnlagsmaterial for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel som skal leggjast fram for Stortinget i form av ei klimamelding hausten 2011. Meldinga vil vere ein kontrollstasjon på vegen fram mot 2020, og vil vurdere i kva grad det er behov for nye eller endra verkemiddel i klimapolitikken.
Klimagassbudsjett
Som bestemt i klimaforliket skal det årleg i samband med oppfølging av berekraftstrategien og dei ordinære budsjettfremlegga leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp og som rapporterer om utsleppsutviklinga og gjennomføringa av klimapolitikken. Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet og kor vidt dei ulike satsingane bidreg i ei retning av å innfri dei nasjonale klimamåla. Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.
Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret og for 2020, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kva grad satsingane bidreg til at Noreg når klimamåla sine, som til dømes det som er omtalt i klimameldinga og forliket om at det er realistisk å ha som mål å kutte dei innanlandske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn i forhold til referansebana i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.
Regjeringa har òg innført ei klimavurdering av alle større satsingar i budsjettprosessen der det er relevant. Dette inneber at ansvarleg departement for ulike satsingsforslag leverer opp til budsjettkonferansane ei vurdering av effektar på klimagassutslepp til Miljøverndepartementet der det er relevant. Dette arbeidet vil kunne gi vesentleg tilleggsinformasjon om klimaeffektane av satsingane og vil derfor styrkje budsjettmaterialet på dette punktet og gi grunnlag for betre avgjerder.
På dei følgjande sidene er det presentert ei oversikt over effektane av eit utval av satsingane frå nokre sentrale departement. Det må presiserast at reinsing på Mongstad og dei fleste olje- og gassutbyggingane lista nedanfor allereie ligg inne i referansebana og dermed også allereie er tekne omsyn til i framskrivingane av utslepp som klimamålet er basert på.
Det blir ikkje presentert eit ferdig klimagassbudsjett i samband med 2011-budsjettet. Det er teke sikte på å vidareutvikle klimagassbudsjettet dei neste årene.
Olje- og energidepartementet
Karbonfangst og -lagring
Noreg har med Sleipner-prosjektet lang erfaring med lagring av CO2. For Gudrun-feltet, som skal knytast til Sleipner, vil CO2 frå gassen i så stor grad som mogleg bli fjerna i aminanlegget på Sleipner, og injiserast og lagrast i Utsira-formasjonen. I 2008 kom og eit tilsvarande anlegg knytt til Snøhvit-feltet i drift.
Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO2 på Mongstad held fram. Etter planen skal eit samla investeringsgrunnlag for fullskala fangst, transport og lagring av CO2 frå Mongstad leggast fram for Stortinget i 2014.
Teknologisenteret på Mongstad, som er under bygging, vil kunne representere eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO2-fangst.
Petroleumsverksemda
I 2009-2010 har styresmaktene godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Elektrifisering av installasjonen med kraft frå land skal alltid vurderast. Forholdet til kraftsystemet på land og omsynet til den regionale forsyningstryggleiken må vere ein del av vurderinga.
Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i gang dei næraste åra. Tala er baserte på selskapas overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift. Det er stor uvisse knytt til anslag for CO2-utslepp for 2020, men tabellen under viser at utslepp frå utbyggingar godkjent i 2009-2010 totalt kan bli om lag 740 000 – 1 303 000 tonn CO2-ekvivalentar. Dette er tal som allereie ligg inne i utsleppsframskrivingane. Produksjonen på den norske sokkelen er i dag på eit historisk høgt nivå. Utsleppa frå verksemda vil ut frå dagens prognosar nå ein topp innan 2020.
Tabell 11.2 Overslag på årlege CO2-utslepp frå utbyggingar godkjende i 2009-2010. Tonn CO2-ekvivalentar
Tonn CO2 utslepp årleg | Produksjonsstart | |
---|---|---|
Gjøa | 118 000 – 142 000 | 2010 |
Vega og Vega sør | 35 000 – 43 000 | 2010 |
Morvin | 6 000 – 71 000 | 2010 |
Valhall1 | 15 000 | 2011 |
Gaupe | 15 600 | 2011 |
Skarv | 200 000 – 490 000 | 2011 |
Oselvar | 25 000 – 60 000 | 2011 |
Marulk | 100 000 | 2012 |
Goliat | 125 000 – 156 000 | 2013 |
Gudrun | 100 000 – 210 000 | 2013 |
1 Valhalls utslepp i dag er ca. 300 000 tonn. Venta utslepp dei neste åra er 450 000 tonn. Som følgje av elektrisk kraft frå land vil dei årlege utsleppa av CO2 bli reduserte med 97 prosent, frå 450 000 til 15 000 tonn pr. år.
Samferdselsdepartementet
Jernbane
Jernbaneverket har gjennomført utrekningar som viser reduksjon i klimagassen CO2 som følgje av investeringane i Nasjonal transportplan 2010-2019 på vel 150 000 tonn årleg over perioden. Det meste av reduksjonen kjem som følgje av overført godstrafikk frå veg til jernbane. Vi gjer merksam på at utsleppsoverslaget gjeld for investeringar i heile perioden 2010-2019 og ikkje berre for budsjettåret 2010.
Vegtrafikk
Det er ikkje gjort utrekningar av CO2-verknadene av veginvesteringar i 2011-budsjettet og deira fulle effekt på utslepp i 2020. Statens vegvesen arbeider med å lage berekningsmodellar for utslepp frå vegbygging. Foreløpige utrekningar frå desse modellane viser at veginvesteringane i Nasjonal transportplan 2010-2019 vil auke CO2-utsleppa med 77 000 tonn årleg. Det er stor uvisse knytt til desse utrekningane. Vi gjer merksam på at utsleppsoverslaget gjeld for investeringar i heile perioden 2010-2019 og ikkje berre for budsjettåret 2010.
Tabell 11.3 Endring av norske CO2-utslepp i 2020 som følgje av ulike satsingar frå Samferdselsdepartementet. Tonn CO2-ekvivalentar1
Effekt Tonn CO2-ekvivalentar | |
---|---|
Jernbane | -152 795 |
Vegutbygging | + 77 000 |
1 Den utrekna reduksjonen av klimagassutsleppa i 2020 er dei akkumulerte verknadene av alle investeringane i heile NTP-perioden 2010-2019 og ikkje berre frå 2010-budsjettet.
Landbruks- og matdepartementet
Det er vanskeleg å kvantifisere utsleppsendringar i jordbruket ut i frå endringar i statsbudsjettet for 2011. Utsleppsendringar i jordbruket avheng av ei lang rekkje samansette faktorar og bøndene sine sjølvstendige produksjonsavgjerder. Jordbruksavtalas økonomiske verkemiddel er berre ein faktor blant fleire som påverkar bøndene sine avgjerder om produksjonsvolum, produksjonsmetodar, gjødselbruk og så vidare, og som er viktige for kor stort jordbrukets klimagassutslepp blir.
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har likevel rekna ut effektar på CO2-utsleppa av tilskot til nokre spesifikke prosjekt i 2011-budsjettet. Det er stor uvisse knytt til verknader av budsjett-tiltak på klimagassutsleppa i 2020, men LMD har estimert at løyvinga til verdiskaping og klimatiltak i skogbruket gjennom Trebasert innovasjonsprogram vil kunne redusere CO2-utsleppa med om lag 144 400 tonn i 2020. Støtte til bioenergi og flisproduksjon er venta å gi reduserte CO2-utslepp på om lag 250 000 tonn i 2020. Klimaeffekten frå støtte til langsiktige skogtiltak er rekna til om lag 156 000 tonn, men vil først ha effekt på lengre sikt (40-50 år). Utrekna utsleppsreduksjon er under føresetnad av at bioenergi erstattar fyringsolje og trebruk erstattar bygningsmaterial av stål og betong. Utsleppsreduksjonen i 2020 vil bli tilsvarande dersom nivået på løyvinga blir halde ved lag.
Kommunal- og regionaldepartementet
Nylig innført krav til energiforsyning til byggverk vil medføre at oljekjel/oljefyr til grunnlast ikkje bli installert i nye bygningar. Desse krava medfører at bruk av fossile brensler og direktevirkande elektrisitet blir redusert i nybygg og ved større rehabiliteringar. Ei utgreiing frå Norsk Energi anslår at forbod mot installering av anlegg for fossile brensler til grunnlast vil gi ein årleg utsleppsreduksjon anslått til 0,5 mill. tonn CO2 i 2020. Utsleppsreduksjon som følgje av desse endringane vil fordelast på bygg i hushald og næringsbygg.
Kommunal og regionaldepartementet har òg vurdert andre satsingar som vil kunne gi endring i klimagassutsleppa i 2020, men fleire av desse er vanskelege å kvantifisere. Blant dei er energieffektivisering i bygg, som kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggjekvalitet som er venta å stimulere til betre energibruk i bygg.
Nærings- og handelsdepartementet
Energi- og miljøsatsinga i Innovasjon Noreg omfattar områda energisystem og energieffektivisering, klimavennleg energi, klimavennlig transport, reint vatn og rein luft, og fangst og lagring av CO2. Fleire av tiltaka under Innovasjon Noreg vil redusere klimagassutsleppa i framtida. Dette gjeld blant anna auka tilskot til innovasjonslån til utviklingsprosjekt innanfor miljøteknologi, maritime utviklingsprosjekt og heimhenting av kunnskap om miljøteknologi for eksempel om CO2-fangst og lagring (CCS).
Nærings- og handelsdepartementet gir òg tilskot til Noregs Forskingsråd, der ein del av tilskotet går til fornybar energi som følgje av opptrappinga av løyvinga til forsking i klimaforliket. Det blir òg gitt tilskot til Selskapet for industrivekst (SIVA), der utvikling av berekraftig industri og investeringar i miljøteknologi som solcelleindustri og vindkraft har hatt høg prioritet dei seinare åra. Effektane av desse utsleppsreduserande tiltaka er vanskeleg å kvantifisere.
Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2030 bl.a. ved å delta i kvotehandel og ha ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppsamfunn.
Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store plikter, vart partane i klimaforliket samde om at Noreg skal ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.
Vi treng ein velfungerande, global karbonmarknad for å dekkje investeringsbehova som oppstår ved omlegginga til eit meir klimavennleg samfunn. Dei fleksible mekanismane bidreg til å redusere klimagassutsleppa der det er minst kostnader knytte til å redusere utsleppa. For å unngå at det blir eit gap i karbonmarknaden etter 2012 er det viktig at dei fleksible mekanismane som i dag eksisterer under Kyotoprotokollen blir førde vidare etter 2012, og Noreg arbeider aktivt for å behalde desse mekanismane. Samtidig ønskjer vi å opne for nye fleksible mekanismar som kan ekspandere karbonmarknaden og bringe utviklingsland inn med eigne insentiv til å redusere utslepp.
Gjennom det statlege kvotekjøpsprogrammet som er etablert i Finansdepartementet bidreg Noreg til å utvikle marknaden for kvotehandel, jf. Prop. 1 S (2010-2011). Noreg vil framleis òg vere ein del av det europeiske kvotesystemet i kommande kvoteperiode som er frå 2013-2020. Kvotesystemet bidreg til kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers av Europa.
Klimameldinga som skal leggjast fram hausten 2011 vil òg vere eit viktig steg på vegen mot eit lågutsleppsamfunn.
Leie det norske arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.
Noreg arbeider for ei global ambisiøs og bindande avtale som skal avgrense veksten i den globale middeltemperaturen til 2 ˚C i forhold til førindustrielt nivå. Vi går inn for at dei globale utsleppa skal nå sitt maksimum seinast i 2015 og reduserast med 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000. Dette bør konkretiserast i form av mål om å redusere industrilanda sitt samla utslepp med 25-40 pst. innan 2020 og med 80-95 pst. innan 2050 i forhold til 1990. Vidare meiner Noreg at dei samla utsleppa i utviklingslanda bør reduserast med 15-30 pst. innan 2020 i forhold til korleis utviklinga elles ville bli, med ytterlegare reduksjonar deretter.
Prioriterte område for Noreg har blant anna vore:
Ambisiøse utslippsreduksjonar for alle store utsleppsland.
Finansiell støtte til utsleppsreduksjonar og tilpassing i utviklingsland.
Å vere leiande i arbeidet med å redusere avskoging i utviklingsland.
Gode og robuste system for rapportering og overhalding av forpliktingar, og å få på plass nye internasjonale reglar for måling, rapportering og verifikasjon av klimagassutslepp.
At internasjonal skipsfart skal bli ein del av eit nytt klimaregime.
Utvikling av teknologi for fangst og lagring av CO2 (CCS).
I klimameldinga er det signalisert at skipsfarten skal bidra til å oppnå målet om 2.5 – 4 mill. tonn reduksjon i transportsektoren innan 2020. Det ligg ikkje føre internasjonalt bindande avtaler om å redusere klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart pr. i dag. Regjeringa arbeider for at det blir etablert eit utsleppsmål for internasjonal skipsfart sine totale utslepp av klimagassar. Noreg arbeider for at eit overordna utsleppsmål blir følgt opp gjennom eit forpliktande regime for klimagassreduksjon under FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Det blir arbeidd med operasjonelle og tekniske krav i første omgang. Marknadsbaserte instrument vil òg bli vurderte.
Kyotoprotokollens første periode blir avslutta i 2012. Det er viktig å få på plass eit globalt klimaregime for tida etter 2012 som er miljøvist ambisiøst og med breiast mogleg deltaking. Industrilanda må gå føre i å ta på seg forpliktinga om kraftige utsleppsreduksjonar, fordi vi har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar og fordi vi har eit historisk ansvar for klimautviklinga til no. Spørsmålet om industrilanda sine forpliktingar til utsleppsreduksjonar blir forhandla om både under Kyotoprotokollen og i forhold til ei ny og breiare avtale. Ein avgjerande faktor er at USA ikkje er part i Kyotoprotokollen, men deltek aktivt i forhandlingar om ei ny avtale og eventuelt vil ta på seg ei forplikting under denne.
Klimaforhandlingane i København i desember 2009 resulterte i ei politisk avtale – The Copenhagen Accord – om å avgrense menneskeskapte klimaendringar. Denne avtala har ikkje status som formelt vedtak under Klimakonvensjonen, men dei aller fleste landa støtta avtala på møtet. Avtala representerer stor politisk tyngde og gir avklaringar til fleire prosessar i forhandlingane. Vi må derfor sikre oppfølging av det vi oppnådde i København, og kanalisere det inn i formelle vedtak, samtidig som vi må forsterke og utfylle denne avtala på fleire punkt.
Københavnavtala representerer eit gjennombrot for styrkt finansiering av klimatiltak i utviklingsland. Noreg vil arbeide nært opp mot desse problemstillingane framover. Statsminister Jens Stoltenberg overtok i juni i år leiinga av FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land. Gruppa skal i november leggje fram sin rapport om moglege løysingar for mobilisering av ressursar.
I tråd med Regjeringas klimapolitikk og klimaforliket har Noreg i klimaforhandlingane annonsert eit mål om prosentvis reduksjon i klimagassutsleppa på 30 pst. innan 2020 i forhold til 1990-nivå. I regjeringserklæringa hausten 2009 annonserte Noreg ei skjerping tilsvarande eit kutt på 40 pst. dersom det kan bidra til semje om ei ambisiøs klimaavtale der dei store landa tek på seg konkrete utsleppsforpliktingar. I januar i år melde Noreg inn utsleppsmåla sine til Københavnavtala. Der vart det signalisert at Noreg, innanfor ramma av ei ny klimaavtale der store utsleppsland blir samde om utsleppsreduksjonar i tråd med togradersmålet, vil ta på seg ei utsleppsforplikting tilsvarande kutt i utsleppa på 40 pst. basert på 1990-nivå innan 2020.
I 2010 har det vore arrangert tre forhandlingsmøte i Bonn under FNs klimakonvensjon. Det har vore forhandla om konkrete forslag til løysingar og vedtak, og ein har starta diskusjonen om utforming av ei ny, juridisk forpliktande avtale. Vi arbeider vidare med desse problemstillingane opp mot klimatoppmøtet i Mexico i desember.
Tilpassing er eit særleg viktig tema for lågtliggjande øystatar, som vil bli hardt ramma av havnivåstigning. Negative konsekvensar i form av tørke og svikt i vassforsyning er venta å gi store problem også i delar av Afrika og Asia. Ei global klimaavtale bør bidra til å sikre at dei minst utvikla landa og dei mest sårbare utviklingslanda blir gitt prioritet og får effektiv og relevant støtte i tilpassingsarbeidet sitt. Eit framtidig rammeverk for tilpassing bør leggje til rette for at alle partar integrerer omsynet til effektar av klimaendringar i ordinære planleggings- og avgjerdsprosessar. Semje om ei global avtale er heilt avhengig av at ein løyser spørsmålet om finansiering. Tilpassingstiltak og kapasitetsoppbygging i utviklingsland for å klare ei klimaomstilling vil generelt sett ikkje kunne finansierast via marknadsmekanismar, og det er behov for auka offentleg støtte. Det same gjeld for innleiingsfasen for å stanse avskoging. I klimaforhandlingar er det derfor lagt stor vekt på å få semje om mekanismar og system for å sikre føreseieleg og tilstrekkeleg finansiering av slike klimatiltak i utviklingsland, og for gode og effektive styrings- og forvaltningsregime for finansiell støtte.
Noreg har fått mange gode tilbakemeldingar på arbeidet med redusert avskoging i utviklingsland, og Oslokonferansen i slutten av mai 2010 har blitt halden fram som ein suksess. Fleire land har teke liknande initiativ som no blir følgde opp: Tyskland og Sør-Afrika har initiert ein partnarskap om utsleppsreduksjonar og rapporteringssystem, mens Spania, USA og Costa Rica har gått saman om innsats for samarbeid om tilpassingsspørsmål. Slike initiativ vil bidra til å framskaffe konkrete resultat og erfaringar. Dei vil verke tillitsskapande og bidreg dermed positivt inn i forhandlingane.
Regjeringas klima- og skogprosjekt
Statusbeskriving på måla i Prop. 1 S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Leie det norske arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyptoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.
Bidra til at utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.
Bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD).
Bidra til å ta vare på naturskog i utviklingsland for å sikre den skogen si evne til å binde karbon.
Omlag ein sjettedel av globale utslepp av klimagassar kjem no frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland. Dette må reduserast kraftig dersom ein skal kunne nå målet om mindre enn to graders global temperaturauke i forhold til førindustrielt nivå. Redusert avskoging er òg eit relativt kostnadseffektivt verkemiddel for å redusere utslepp. Innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland har vidare eit stort potensial for å bidra til berekraftig økonomisk og sosial utvikling lokalt, og til positive effektar knytte til vern av biologisk mangfald og vassressursforvaltning. Satsinga kan slik støtte opp om mottakarlanda sitt arbeid med fattigdomsreduksjon og tilpassing til klimaendringar.
Statsminister Stoltenberg lanserte under klimapartsmøtet på Bali i desember 2007 eit initiativ for tiltak mot klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog i all tropisk skog i utviklingsland. Gjennom klimaforliket i 2008 vart satsinga på opp mot 3 milliardar kroner årleg godt forankra i norsk klimapolitikk. Regjeringas klima- og skogprosjekt vart etablert i Miljøverndepartementet våren 2008, og har fått ansvaret for å implementere initiativet i nært samarbeid med andre aktuelle departement.
For å kunne lykkast i klima- og skogsatsinga er det viktig med eit breitt internasjonalt samarbeid. Viktige målsetjingar for klima- og skogsatsinga er å bidra til at det raskast mogleg blir sett inn tiltak for å bevare skogareal som er att i tropiske land og at det blir fatta vedtak under Klimakonvensjonen om å inkludere skog i utviklingsland i eit nytt, internasjonalt klimaregime. Vidare er det ei målsetjing for den norske innsatsen å bidra til koordinering og å vere ein katalysator for at andre givarland og aktørar aukar støtta si.
Boks 11.9 Oslo Climate and Forest Conference
Oslo Climate and Forest Conference vart halden 27. mai 2010. Her deltok stats- og regjeringssjefar, ministrar og andre representantar frå meir enn 50 land , samt leiarar for internasjonale organisasjonar og representantar i frå privat sektor, sivilsamfunn og urfolk. Deltakarene vart samde om eit rammeverk for raskt å komme i gang med reduksjon av klimagassar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland. Under konferansen vart dei totale løfta frå givarlanda auka til omlag 25 milliardar kroner i perioden 2010-2012 til dette formålet. Særleg viktig er det at det her for første gong har blitt semje på tvers av tradisjonelle grupper av land; givarland og tropiske skogland, noko som vil kunne verke positivt inn på klimaforhandlingane. Partnarskapen vil byggje opp under og styrkje forhandlingsprosessen under FNs klimakonvensjon. Den vil òg fremje større openheit rundt pengestraumar og eksisterande og nye initiativ i det internasjonale arbeidet for å redusere avskoging og utarming av skog i tropiske skogområder. Dette kan føre til auka forståing av udekka finansieringsbehov og kor det er moglegheit for betre samarbeid. Partnarskapen vil òg bidra til ei global kunnskaps- og erfaringsutveksling, og diskusjonar om felles standardar for dei ulike bi- og multilaterale initiativa.
Innsatsen mot avskoging og utarming av skog i utviklingsland inneber betydeleg risiko. Dei attverande store skogområda er i nokre av dei områda av verda det er mest utfordrande å arbeide i – under dette Amazonas, Kongo-bassenget og Søraust-Asia. Utfordringane er mange og varierte, blant anna i forhold til styresett og korrupsjon. Sterke internasjonale kommersielle aktørar er aktivt involvert i avskoging og mange av dei relevante landa er eller har nyleg vore i konflikt.
For ein meir utdjupande gjennomgang av bakgrunnen for klima- og skogprosjektet, og mål, strategiar og risikoar, viser ein til Miljøverndepartementets St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Mål for Regjeringas klima- og skoginitiativ
Tanken bak innsatsen mot avskoging og utarminga av skog i utviklingsland er å medverke substansielt til kampen mot global oppvarming. Klimamåla vil derfor vere avgjerande for vedtak om igangsetjing, vidareføring, avslutning eller endring av støtte. Å medverke til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk. I tillegg til klimamåla er dette derfor eit naturleg overordna mål for innsatsen. I arbeidet for å nå dei ulike måla er det ei målsetjing at klimapolitikken og utviklingspolitikken skal underbyggje kvarandre. Løyvinga skal nyttast til å støtte tiltak i tråd med målsetjingane for satsinga:
Medverke til at utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.
Medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland.
Medverke til å ta vare på naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon.
Rapport 2009
Initiativet under Regjeringas klima- og skogsatsing vart i 2009 finansiert frå ulike postar i UDs budsjett. Omlag 975 millionar kroner (inkl. drift) vart totalt brukt til denne satsinga.
I tråd med Stortingets føresetnader for satsinga har mykje av arbeidet vore retta mot etablering av tilfredsstillande mekanismar som kan handtere store overføringar til skogtiltak på ein trygg måte. Det sentrale verkemiddelet har vore å bidra til å få på plass ein multilateral arkitektur for den samla internasjonale REDD-innsatsen. Dette har vore viktig både for å sikre gode kanalar for den norske innsatsen, men òg for å gjere det lettare for andre land å bidra på området.
I tråd med målsetjinga om å bidra til at utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale, spela ein frå norsk side ei sentral rolle på dette området i klimaforhandlingane. Eitt av dei områda som ein kom vidare på i København-møtet var klima og skog. Noreg hadde også i 2009 ei leiarrolle i arbeidet med å definere mellombelse løysingar når det gjeld ein REDD+ arkitektur, finansiering og betre overvakingssystem. Det vart blant anna gitt ein stønad på 7,6 mill. kroner til arbeidet med å utarbeide forslag til finansieringsløysingar i regi av Informal Working Group on Interim Finance for REDD+.
I tråd med målsetjingane om å ta vare på naturskog i utviklingsland og bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i klimagassar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland, auka satsinga multilateralt og bilateralt kraftig i 2009.
Den multilaterale innsatsen var i 2009 kanalisert gjennom fire hovudkanalar:
FNs program for reduserte utslepp frå avskoging og utarming av skog (UN-REDD Programme, eit samarbeid mellom FAO, UNDP og UNEP). Løyvinga var 283,68 mill. kroner i 2009.
Verdsbankens skogfasilitet (FCPF) vart støtta med 168,71 mill. kroner.
Det vart utbetalt 105,20 mill. kroner til den afrikanske utviklingsbanken som støtte til Congo Basin Forest Funds aktivitetar i landa i Kongobassenget.
International Tropical Timber Organisation (ITTO) mottok 35 mill. kroner for arbeidet sitt med REDD.
Både UN-REDD Programme og FCPF har starta opp nasjonalt REDD-arbeid i samarbeidslanda. Nærare 40 land er no i gang med å utarbeide nasjonale REDD-strategiar. Satsing både i breidda og djupna i utvalte land er viktig for å oppnå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar, og for å ta vare av det biologiske mangfaldet i skogane og livsgrunnlaget for menneska. Dette bidreg samtidig til å gi samarbeidslanda incentiv til å arbeide for at ein skogmekanisme blir inkludert i eit nytt internasjonalt klimaregime under klimakonvensjonen (UNFCCC). Den kunnskapen som blir akkumulert i pilotfasen vil òg vere nyttig for utforming av ein slik mekanisme.
Norad forvalta 172,76 mill. kroner til norske og internasjonale frivillige organisasjonar og utgreiingsinstitusjonar. Hovuddelen av dette gjekk til organisasjonar innan det sivile samfunnet, ein mindre del fokuserte på å utvikle analysekapasitet og faglig grunnlag retta mot å få etablert ein skogmekanisme. Arbeidet med styresett og rettsperspektivet vart styrkt, inkludert rettane til urfolk.
Det vart i 2009 utbetalt 123,44 mill. kroner til den brasilianske utviklingsbanken BNDES for støtte til Amazonasfondet. Brasil er ikkje berre det viktigaste skoglandet i verda, med omkring ein tredel av den attverande regnskogen i verda, men er òg det utviklingslandet som har komme lengst i arbeidet mot avskoging. Det har i løpet av samarbeidsperioden vore ein markant nedgang i avskoging. Nedgangen er grunngitt dels med betre overvakingssystem, dels optimisme knytt til ein utvida støtte gjennom ein REDD-mekanisme og dels som eit resultat av låge råvareprisar i landbruket. Samarbeidet vart formalisert gjennom ei intensjonsavtale som vart signert under statsminister Jens Stoltenbergs besøk i Brasil i september 2008. Samarbeidet innan klima og skog består av tre hovudpilarar:
Ein systematisk klimapolitisk dialog, fokusert spesielt mot klimaforhandlingane.
Vitskapeleg samarbeid knytt til måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp frå avskoging og utarming av skog.
Norsk støtte til Amazonas-fondet.
Amazonas-fondet er eit banebrytande initiativ frå Brasil for å sikre vern og berekraftig bruk av den brasilianske delen av skogområda i Amazonas-regionen. Inntil 20 pst. av midlane i fondet kan bli brukte på å utvikle system for overvaking og kontroll av avskoging i andre tropiske skogland eller i brasiliansk skog utanfor Amazonas. 100 mill kroner var planlagt utbetalt til Amazonas-fondet i 2008, men desse vart overførde til 2009 fordi det har teke tid å gjere fondet operativt.
I Tanzania vart det bilaterale samarbeidet om redusert avskoging og utarming av skog ført vidare over denne posten med ei støtte på 41,28 mill. kroner. Midlar er utbetalte blant anna til 6 pilotprosjekt og utvikling av system for å fordele inntekter frå kompensasjon for skogbevaring.
Ei intensjonsavtale om samarbeid vart underteikna med Guyana i november 2009. Ein har i løpet av 2009 forhandla om korleis samarbeidet skal utformast, og det er gjennomført ei rekkje studiar.
For på sikt å starte opp eit samarbeid med Indonesia vart det gitt ei avgrensa støtte på 2,9 mill. kroner for å rekne på kostnader ved lågkarbonstrategiar. Det er lagt opp til å inngå eit samarbeid med Indonesia.
Det vart òg gitt 4 mill. kroner til Norsk Romsenter for Forest Carbon Tracking.
Budsjett 2011
For 2011 er det føreslått løyvd 2,2 mrd. kroner (inkl. drift) over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Førebels er løyvinga føreslått fordelt på følgjande tiltak og kanalar:
Multilateral innsats vil i hovudsak blir kanalisert gjennom FN, Verdsbanken og Afrikabanken. Denne støtta vil gå til utvikling og implementering av nasjonale REDD-planar, inkludert ein utvida innsats for nasjonale MRV-system, og støtte til pilotprosjekt i felt. Støtta til Brasil vil bli kanalisert gjennom den brasilianske utviklingsbanken til Amazonas-fondet. Endeleg sum vil – i tråd med den resultatbaserte tilnærminga til samarbeidet – blir fastsett når resultata for avskogingsreduksjonar 2009-2010 blir offentleggjort mot slutten av 2010.
Den bilaterale støtta til Tanzania er planlagt brukt til gjennomføring av nasjonal REDD-strategi, pilotprosjekt for å samle meir kunnskap og erfaring og støtte til forsking og lokale frivillige organisasjonar.
Det resultatbaserte samarbeidet mellom Noreg og Guyana vil bli operasjonalisert. Norsk støtte vil bli kanalisert gjennom multilaterale kanalar.
Det vart gitt ei intensjonserklæring med Indonesia om REDD+ under skogkonferansen i Oslo i 2010, her er det indikert at opp til 6 milliardar norske kroner vil kunne brukast frå norsk side i dette samarbeidet. Intensjonserklæringa blir følgt opp med å inngå ei eller fleire avtaler. Midlane skal styrast av ein internasjonalt anerkjend finansieringsinstitusjon og etter internasjonale standardar. Dette vil bli ei stor satsing frå 2011 og i fleire år framover. Samarbeidet med Indonesia vil kunne innebere høg risiko, men det er òg mogeleg med svært store gevinstar innan reduserte utslepp frå avskoging, utarming av skog og oppdyrking av myr.
Under skogkonferansen i Oslo i 2010 vart det òg gitt ei intensjonserklæring for eit fagleg samarbeid med Mexico.
Gjennom Norad vil det bli gitt støtte til organisasjonar i det sivile samfunn til pilotprosjekt og metodeutvikling som kan bidra til innhenting av erfaringar med REDD-relevante tiltak i felt. Innspel og kritiske korrektiv frå sivilt samfunn kan i sin tur bidra til meir robuste nasjonale strategiar for reduserte utslepp frå avskoging og utarming av skog, og å sikre at rettane til lokale grupper blir tekne vare på.
Det vil framleis bli gitt støtte til ei uavhengig evaluering som vil gå parallelt med gjennomføringa av klima- og skoginitiativet. Evalueringa vil bli styrt av Norads evalueringseining.
Innanfor alle desse områda vil det bli arbeidd systematisk for å oppnå prosjektet sine overordna mål og minimere dei skisserte risikoane, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009). I tillegg vil det bli nytta midlar over driftsbudsjettet for å støtte opp under internasjonal innsats for å etablere ein mest mogleg effektiv REDD-mekanisme under Klimakonvensjonen.
Avhengig av behov og relativ framdrift innanfor dei forskjellige programma vil endeleg fordeling kunne avvike noko frå dette anslaget. Midlane kan overførast, jf. forslag til romartalsvedtak. Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt på 3 734 mill. kroner under denne kapittelposten.
Tilpassing til klimaendringar
Kartleggje kor klimasårbart Noreg er og innarbeide omsynet til klimaendringane i samfunnsplanlegginga
Regjeringa oppnemnde eit utval i desember 2008 for å utgreie kor stor risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Utvalet skal levere rapporten sin innan 1. november 2010. Ein nærare vurdering av verkemiddel vil bli gjort av styresmaktene etter at utgreiinga er levert.
Parallelt med utgreiinga er det viktig at styresmakter og næringsliv tek omsyn til klimaendringane i samfunnsplanlegginga på dei mest utsette områda.
Blant anna er det viktig at alle som har ansvar for langsiktige investeringar innarbeider rutinar for å ta omsyn til klimaendringane i relevante avgjerdsprosessar. I plandelen av plan- og bygningsloven, som tredde i kraft juli 2009, blir det gitt nye verkemiddel for styring av arealbruk og transport, energibruk og miljøvennleg energiomlegging. Kommunane skal gjennom sårbarheitsanalysar og utvikling av beredskapsplanar førebyggje mot og sikre innbyggarane ved ekstremvêr, slik som flaum, overfløyming, skred og orkanar. I tillegg skal det takast omsyn til konsekvensar av havstigning i arealplanlegginga.
Klimatilpassing i miljøvernforvaltninga
Effektane av klimaendringane for naturgrunnlaget vil venteleg bli store, og av den grunn vil miljøvernforvaltninga innrette og auke innsatsen på dette feltet i åra som kjem. Med bakgrunn i regionale og lokale klimascenario for Noreg er det venta endringar i alle naturtypar som følgje av klimaendringar i framtida. Forskyvinga av klimasoner nordover og oppover i fjellet gir press på fjellhabitat. Framande arter som tidlegare ikkje kunne overleve kalde vintrar i Noreg, vil lettare etablere seg. Kulturlandskap gror igjen raskare i mange område. Aukande nedbør fører til meir avrenning som påverkar vassdraga, og i ein del vassdrag kan sommartemperaturen bli så høg at artar som laks og aure får problem med å overleve. Klimaendringane påverkar òg friluftslivet blant anna når snøsesongen blir kortare. Havforsuring som følgje av at havet tek opp stadig meir CO2 frå atmosfæren, kan bli ein av dei største truslane mot livet i havet. Aukande sjøtemperatur vil òg påverke økosystema og dermed primærproduksjonen. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Direktoratet for naturforvaltning, Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet følgjer derfor utviklinga nøye, blant anna ved å tilpasse og å auke miljøovervakinga på dette området. Formålet er å fange opp uheldige endringar så tidleg som mogleg, og setje i gang tilpassingstiltak der det er nødvendig. Innafor avløpssektoren har Klima- og forureiningsdirektoratet til dømes tidlegare utgitt ein rettleiar om korleis kommunar og andre med ansvar på dette området kan innarbeide omsynet til klimaendringane. Klimaendringar verkar saman med andre faktorar som gjengroing, fysiske inngrep og forureining. Det er den totale belastninga som er avgjerande for kva slags effektar klimaendringane vil ha for økosystema, og det er naudsynt med ei økosystemtilnærming i arbeidet med tilpassing til klimaendringane.
Ei rekkje tiltak samfunnet set inn for å møte klimaendringane kan òg skape utfordringar, for eksempel press på naturen ved utbygging av bioenergi, vind- og vasskraft for å auke produksjonen av fornybar energi. Det er derfor viktig å prioritere tiltak som er positive både for bevaring av naturmangfald og andre miljøverdiar samstundes som ein motverker klimaendringane anten ved reduksjon av klimagassutslepp eller ved å setje i verk tilpassingstiltaka.
Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde i 2006-2007 ein rapport der dei viktigaste fagområda vart gjennomgått for å identifisere aktuelle tilpassingstiltak. Som følgje av denne gjennomgangen blir klimaomsynet no lagt vekt på blant anna ved vurdering av verneområde, nedkjemping av framande arter, skjøtselstiltak i kulturlandskap og i arbeidet med EUs vassdirektiv.
Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har derfor hatt sekretariatsfunksjonen for Nordisk ministerråds prosjekt om kulturminne og klimaendringar dei siste tre åra. Bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap blir påverka av endra klimaforhold, og indirekte verknader kan òg bli betydelege som følgje av endra samfunnsutvikling og klimarelaterte tiltak i andre sektorar.
Det er venta at klimaendringane vil føre til at nedbrytinga av kulturminna går raskare. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytingsprosessar og medfører auka risiko for ròteskade på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd i tre. Mange kulturminne vil òg vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm og flaum. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar. Klimaendringane vil dermed kunne gi auka tap av kulturminne og kulturmiljø og større skadar. Når klimaet endrar seg blir òg bevaringsforholda endra, og forvaltninga må tilpassast desse endringane.
Behovet for vedlikehald og istandsetjing av kulturminne vil auke. Erfaringane frå dei seinaste åra i høgfjellet i Sør-Noreg viser at mange isbrear og snøfonner ikkje har vore mindre på fleire hundre, i nokre tilfelle fleire tusen år, da arkeologiske funn kjem for dagen på grunn av den massive nedsmeltinga. På Juvass i Jotunheimen er det teke initiativ til Klimapark 2469 som formidlar effekten klimaendringane har i dei polare høgfjellsområda.
Kulturminna er òg ei kjelde til kunnskap, om korleis klimaet har påverka byggjeskikkar i ulike delar av landet, og korleis ulike byggjeskikkar har takla store naturlege klimavariasjonar langt tilbake i tid. Denne kunnskapen er ein viktig ressurs som bør bringast inn i arbeidet med å finne gode løysingar for tilpassing til klimaendringar i framtida. Arbeidet frå Nordisk ministerråd sitt prosjekt skal følgjast opp, blant anna gjennom Riksantikvarens arbeid med å systematisere kulturminneforvaltninga sin kunnskap om korleis materialbruk og byggjemetodar kan bidra til å redusere utslepp og energibruk.
Meir ekstremvêr kan òg påverke stabiliteten til industrielle og nukleære anlegg i Noregs nærområde, f. eks. kjernekraftverk og lager for radioaktivt avfall, med auka risiko for forureining som resultat. Bresmelting i Arktis vil auke tilførsla av radioaktiv og anna forureining frå tidlegare atmosfærisk nedfall.
Boks 11.10 Svalbard
Klimaet i polarområda er i rask endring, og det er sannsynleg at livsvilkåra for mange arter på Svalbard kan bli radikalt endra som følgje av mindre sjøis, endra snøforhold og lengre vekstsesong. Svalbard er ei øygruppe omgitt av drivis, og både arter og økosystem er avhengige av eit samspel mellom land og hav som er svært sårbart for klimaendringar. At Svalbard er ei øygruppe avgrensar også dei landlevande artene sitt høve til å bevege seg nordover etter kvart som temperaturen stig.
Kjelde: Svalbardmeldinga
Norsk polarinstitutt har store delar av verksemda si retta mot å kartleggje klimaendringane og konsekvensane av oppvarminga i Arktis. Den kunnskapen instituttet produserer spelar ei avgjerande rolle i forståinga av klimaendringane og korleis desse verkar på økosystema og istilhøva i nordområda og i Antarktis.
Klimaendringane påverkar miljøet i eit samspel med andre typar miljøpåverknad som forureining, naturinngrep og hausting. Når klimaet endrar seg raskt vil den samla påverknaden av økosystem og arter bli større. Dette understrekar behovet for ei forvaltning som ser lokal verksemd, klimaendringar og andre ytre påverknadsfaktorar i samanheng, og som tek sikte på å avgrense den samla belastninga på miljøet. Ei viktig utfordring blir å fange opp miljøendringar tidleg, utvikle verkemidla vidare og setje i verk tiltak i tide. For å lykkast med dette er det viktig med god kunnskap om korleis ulike arter og økosystem direkte og indirekte blir påverka av klimaendringane, og korleis klima samverkar med annan miljøpåverknad.
Det overordna målet er at omsynet til klimaendringane blir ein naturleg del av miljøvernforvaltninga sitt arbeid. Det inneber:
å beskrive konsekvensane av klimaendringane og kartleggje dei mest aktuelle fagområda
identifisere tilpassingstiltak som medverkar til at miljøvernforvaltninga når målsetjingane på prioriterte område innafor naturvern, redusert forureining og kulturminnevern.
For dei aktuelle fagområda må det vurderast konkrete tiltak for å motverke negative effektar av klimaendringane, og utnytte eventuelle moglegheiter.
Klimatilpassing er ei gjennomgripande utfordring som rammar på tvers av fagområde og tradisjonelle organisasjonsvise skiljelinjer. Interne nettverk for dei som arbeider med tilpassing i ulike delar av verksemda kan derfor vere verdifulle, for å sikre erfaringsutveksling og eit fagleg miljø omkring dei utfordringane som er felles.
Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.
Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt få betydning langt ut over Noregs grenser. Klimautfordringa er så kompleks at det trengst ny kunnskap på mange område. Vi bør dessutan ha kunnskapsberedskap for problem og løysingar som vi ikkje har oversyn over i dag. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjersler om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innafor større samarbeidsarenaer.
Forsking på klimasystemet og klimaendringar står sentralt for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for prognosar om framtidige klimaendringar og effektar av desse. Men klimarelevant forsking omfattar langt meir: Forsking og utvikling av klimavennleg teknologi, særlig relatert til fornybar energi og energieffektivisering, samfunnsforsking knytt til verkemiddel og tiltak, og forsking på kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og behov for tilpassing til dei, er alle eksempel på felt av vesentleg betydning for å sikre ein kunnskapsbasert klimapolitikk. Dette inkluderer forsking på utvik-lingstrendar i samfunnet med omsyn til bl.a. befolkning, teknologisk nivå og ressursforbruk og korleis desse trendane fører til endring i utslepp av klimagassar. Det er dessutan viktig å få kunnskap om kva slag politikk som kan gi optimale løysingar for å møte dei klimaendringane som uansett vil komme. Vidare er det behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i utviklingsland.
For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles. Regjeringa understrekar at styrkt formidling av informasjon på klimaområdet vil vere ei sentral oppgåve framover, og at alle FoU-miljø som arbeider med klimarelevant forsking bør leggje vekt på formidling av resultat.
Resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av Montrealprotokollen.
Tabell 11.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
4.2.1. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK). | Reell reduksjon i bruk av KFK og halon. | |
4.2.2. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK. |
Statusbeskriving på måla i Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og presentert i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.
Globalt er over 95 pst. av dei ozonreduserande stoffa fasa ut. Internasjonalt er ei av dei gjenståande hovudutfordringane å leggje forholda til rette for utviklingslanda slik at dei blir i stand til å oppfylle alle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna oppgåve er knytt til spørsmålet om høva til finansiering for å sjå til at dei ozonreduserande stoffa som er tekne ut av bruk og lagra i utstyr og tankar ikkje lek ut, men blir forsvarleg samla inn og destruerte.
196 land (av totalt 196 medlemsland) har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.
Tabell 11.5 Tal på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen
Talet på land som har ratifisert | |
---|---|
Wienkonvensjonen (1988) | 196 |
Montrealprotokollen (1988) | 196 |
London-endring (1992) | 195 |
København-endring (1994) | 192 |
Montreal-endring (1999) | 181 |
Beijing-endring (2002) | 164 |
Over 90 pst. av landa oppfyller forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit handhevingsregime som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart å overhalde dei igjen.
Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.
Leie det nasjonale arbeidet med å utvikle vidare og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) nr. 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen i produktforskrifta. Ei revidert forordning om ozonreduserande stoff i EU vart vedteken 16. september 2009 og tredde i kraft for EU 1. januar 2010. Forordningen anses som EØS relevant og akseptabel og vil bli gjennomført i norsk rett.Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, tetraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.
For HKFK er det eit mål at bruken skal reduserast med 70 pst. i forhold til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010. Noreg innfrir tidsplanen for reduksjon i forbruket av HKFK. Denne tidsplanen er meir ambisiøs enn Montrealprotokollens tidsplan. Den inneber en fullstendig utfasing av import av HKFK innan 2010 og frå 2015 vil all bruk av HKFK bli forboden.
For metylbromid er det eit mål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Noreg har oppfylt målet om utfasing av metylbromid innan 2005. Det er unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt for eksport. I 2009 vart det ikkje importert noko til dette formålet.
Noreg har i mange år vore i forkant av dei internasjonale retningslinjene når det gjeld reduksjon i bruken av ozonreduserande stoff. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2009.
Resultatområde 4 underområde 3 Luftforureiningar
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere skadar på økosystem og menneske si helse som skuldast tilførsler av langtransportert luftforureining og lokale utslepp av forureiningar til luft. Arbeidet rettar seg særleg mot utslepp av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk, flyktige organiske sambindingar og partiklar. Resultatområdet omfattar bl.a. utvikling og oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar, regelverk under FNs sjøfartsorganisasjon IMO og relevante EU-direktiv og nasjonalt og lokalt arbeid for å førebyggje og redusere utslepp av forureiningar til luft.
Tabell 11.6 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Luftforureiningar
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
4.3.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar. | 4.3.1.1 Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal framleis haldast under 22 000 tonn | Venta areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring Utviklinga i nasjonale utslepp av. SO2, NOx, VOC og ammoniakk |
4.3.1.2 Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn. | ||
4.3.1.3 Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 192 000 tonn). | ||
4.3.1.4 Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleist haldast under 23 000 tonn. | ||
4.3.1.5 Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år. | Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer. | |
4.3.1.6 Døgnmiddel-konsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år. | Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer. |
Statusbeskriving på måla i Prop. 1 S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.
Gjennom internasjonale avtaler er tilførsla av sur nedbør til Noreg vesentleg redusert. Etter dei nyaste berekningsmatodane har Norsk institutt for vannforskning anslått at tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på om lag 29 pst. av arealet i Noreg i 1980. I 2005 var dette redusert til om lag 10 pst. Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) av 1999 vil venteleg redusere tilførsla noko meir når forpliktingane om nasjonale tak på utslepp vert sette i verk frå 2010. Likevel er det venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på store areal i Agder-fylka og Rogaland også etter 2010. Vasskvaliteten har betra seg dei fleste stader i landet i løpet av dei siste ti åra. Sjølv om tilførslane av forureiningar er reduserte, vil det ta tid før vasskvaliteten er tilfredsstillande til å opprettholde levedyktige fiskebestandar. Det er framleis tydelege skadar på dyrelivet på grunn av sur nedbør. Sur nedbør vil framleis vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet i ferskvatn i delar av Noreg.
Tabell 11.7 Del av Noregs areal der tolegrensene for forsuring av overflatevatn er overskridne (prosent)
1980 | 1990 | 2000 | 2005 |
---|---|---|---|
29 | 16 | 12 | 10 |
Regjeringa legg opp til at avgifta på utslepp av NOx og miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og 14 næringsorganisasjonar om reduksjon av NOx-utsleppa skal gi dei nødvendige utsleppsreduksjonane slik at Noreg vil overhalde NOx-forpliktinga i dei internasjonale avtalene seinast frå 2012.
Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse problema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til protokollen er reflekterte i delmåla for dette resultatområdet.
Det er gjennomført evalueringar som viser at Gøteborgprotokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar. Det vil likevel vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser òg med full effekt av protokollen. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.
Det er behov for å redusere dei grenseoverskridande luftforureiningane i Europa ytterligare.
Partane til Gøteborgprotokollen har derfor bestemt å revidere protokollen, med sikte på å vedta ein ny protokoll innan utgangen av 2011. Det er lagt opp til at den reviderte protokollen òg skal regulere landa sine utslepp av helseskadelege partiklar. Det blir vidare vurdert korleis ein kan ta klimapolitiske omsyn ved revisjon av Gøteborgprotokollen, gjennom å redusere utsleppa av forureiningar som òg bidreg til klimaendringar.
Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. I 2010 har det vore arbeidd med det faglege grunnlaget for revisjon av protokollen.
Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft i EØS-avtala. Noreg har i EØS-avtala teke på seg å holde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen.
I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.
Utsleppa av svoveldioksid (SO2) var 20 300 tonn i 2008, mens foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2010 syner at utsleppa av SO2 var på om lag 16 200 tonn i 2009. Noreg overheld den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. Noreg overheld òg forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa frå 2010 må haldast under 22 000 tonn.
På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen inngjekk Miljøverndepartementet og Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining) ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått, forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Denne avtala er no gjennomført. Miljøverndepartementet og Norsk Industri har no forlenga intensjonsavtala ut 2014. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11 000 tonn.
Gjennom IMOs konvensjon MARPOL vedlegg VI er det etablert eit svovel-kontrollområde i Nordsjøområdet (sør for den 62. breiddegrad aust for 4. lengdegrad). Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,5 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL vedlegg VI er 4,5 vektprosent. Formålet med svovelkrava for skipsfarten er på sikt å fase ut bruken av tungolje.
I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) i samsvar med det nasjonale målet.
Utsleppa av nitrogenoksid (NOx) var 175 200 tonn i 2008. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2010 syner at utsleppa av NOx var på 167 500 tonn i 2009. Dette er ein reduksjon på 4 pst. frå 2008 og ligg om lag 11 500 tonn over nivået Noreg har forplikta seg til i Gøteborgprotokollen. For å innfri kravet i Gøteborgprotokollen, der dei årlege utsleppa av NOx frå 2010 må haldast under 156 000 tonn, må Noreg redusere utsleppa med 7 pst. i høve til dei foreløpige tala for 2009.
Utsleppa av NOx er i dag regulerte på ulike måtar. Det blir stilt krav til utslepp frå industri og energiproduksjon gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Klima- og forureiningsdirektoratet har fastsett nye krav etter forureiningslova til NOx-utsleppa frå stasjonære kjelder på land og til havs, i tråd med EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet). Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy basert på utsleppa av bl.a. NOx. Denne ordninga vart i 2006 utvida til å omfatte køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Klima- og forureiningsdirektoratet har fått nye oppgåver med å utvikle betre utsleppsfaktorar og medverke i arbeidet med verifikasjon og kontrollar av utslepp. Det er sett av ekstra løyvingar til dette arbeidet.
I tråd med Stortingets vedtak sette regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. For 2010 er avgifta sett til 16,14 kr/kg NOx. Stortinget vedtok i samband med innføring av NOx-avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift. Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og 14 organisasjonar. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NOx-utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. Ifølge avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Avgiftsfritaket gjeld i tre år – 2008, 2009 og 2010. Utsleppsreduksjonane skal vere fullt ut gjennomførte innan utgangen av 2011. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.
Pr. 19. august 2010 hadde over 600 bedrifter slutta seg til avtala. Pr. 30. mars 2010 har Det Norske Veritas (DNV) verifisert gjennomførte tiltak som representerer ein reduksjon på 6 221 tonn. Reduksjonen skriv seg frå 139 av dei 216 prosjekta som etter tilsegnene om støtte frå Næringslivets NOx-fond skal gjennomførast frå 1. januar 2008 til utgangen av 1. kvartal 2010. Klima- og forureiningsdirektoratet, som har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NOx-avtala, har stadfesta at reduksjonsforpliktingane på 2 000 tonn for 2008 og 4 000 tonn for 2009 er oppfylte. Miljøavtala har føresegner om at endringar i utsleppframskrivingane, sett i forhold til det overordna målet for avtala, kan gi grunnlag for at staten ved Miljøverndepartementet justerer reduksjonsforpliktinga for 2010. På bakgrunn av blant anna anbefalingar frå eit teknisk berekningsutval under avtala er det vedteke å nedjustere forpliktinga for 2010 til 12 000 tonn frå dei opphavelge 24 000 tonn. 5 000 tonn skal gjennomføras innan første kvartal 2011 og dei resterande 7 000 tonna skal vere fullt ut gjennomført innan utgangen av 2011.
Regjeringa har invitert næringsorganisasjonane til forhandlingar om forlenging av miljøavtala, slik at den gir nye reduksjonar i utsleppa av NOx og fritak frå NOx-avgift etter 2010.
Regjeringa legg opp til at avgifta på utslepp av NOx og miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane skal gi dei nødvendige utsleppsreduksjonane, slik at Noreg vil overhalde NOx-forplikinga i dei internasjonale avtalane seinast frå 2012.
Regjeringa arbeider innafor FN sin sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa av NOx frå skipsfarten. Etter initiativ fra mellom anna Noreg, fastsette IMO i 2008 nye krav til utslepp av NOx. Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn krava i dag. Det er òg vedteke krav til utslepp av NOx frå eksisterande maskineri over 5 000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999. Regjeringa vil vurdere å søkje IMO om å gi norske havområde status som spesielle regionar med strengare krav til utslepp av NOx.
I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.
Noregs utslepp av VOC var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om at dei samla årlege utsleppa av VOC skal haldast under 195 000 tonn innan 2010.
I 2008 var utsleppa av VOC 169 500 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2010 syner at utsleppa av VOC i 2009 var om lag 161 000 tonn. Frå 2001 til 2009 vart utsleppa reduserte med 59 pst. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 svarar til eit samla årleg utslepp på maksimalt 252 000 tonn. Dette inneber at Noreg òg i 2009 overheld denne forpliktinga. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også dette kravet i 2009.
For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i måling og lakk. Videre vil Noreg gjennomføre eit direktiv om reduksjon av VOC-utslippa ved påfylling av bensin på personbiler. Frist for implementering av direktivet er 1. jan. 2012. Det er venta at desse reguleringane er tilstrekkelege til at Noreg oppfyller utsleppskrava både i VOC-protokollen av 1991 og i Gøteborgprotokollen også i åra framover.
I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.
I 2008 var utsleppa av ammoniakk 22 800 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2010 syner at utsleppa av ammoniakk i 2009 var om lag 22 000 tonn. Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 10 pst. i perioden 1990-2009. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Knapt 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på maksimalt 23 000 tonn, dvs. om lag på same nivå som no.
Landbruks- og matdepartementet har innarbeidd Gøteborgprotokollens krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav. Nyare utsleppskrav til køyretøy er utforma slik at ammoniakkutsleppa ikkje er venta å auke.
Medverke til å nå dei nasjonale måla for svevestøv ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Luftkvaliteten i byane har blitt betre, og konsentrasjonen av PM10 har vist markant nedgang dei siste åra (figur 11.3). Dette skuldast mindre bruk av piggdekk blant anna som følgje av piggdekkgebyr, innførte avgasskrav, overgang til omnar som brenn reint, miljøfartsgrense og målretta driftstiltak mot vedlikehald av vegane.
Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som skal oppnåast innan 2010 er overskride i fleire byområde i Noreg. I 2009 vart det i ti byområde meir enn 7 dagar registrert overskridingar av målet på 50 µg/m3 pr. år, jf. figur 11.3. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål, men det finnes ikkje målingar på dette. Overskridingane skjer i hovudsak i sentrumsnære område og langs dei mest trafikkerte vegane.
Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er vegtrafikk, vedfyring og langtransportert forureining. I Noreg på årsbasis står vegtrafikken for 44 pst. av PM10-utsleppet, men på dagar med høge nivå av luftforureining i byområde bidreg trafikken med 60-80 pst. av PM10. Når ein vurderer eksponeringa overfor menneske er vegtrafikken heilt dominerande. Dette skuldast at eksos og vegstøv blir sleppt ut ved bakken, ofte under spesielle meteorologiske forhold som hindrar ein effektiv uttynning i atmosfæren.
Utrekningar viser at i 2007 vart rundt 187 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Dette er ein nedgang frå 2005, då det var berekna at 235 000 var utsette for nivå høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper.
Nasjonalt mål for svevestøv vil truleg ikkje bli nådd i eit tiårsperspektiv utan å endre bruken av verkemiddel. Det er ikkje definert ei nedre grense for kva nivå av svevestøv som kan vere årsak til negative helseeffektar, samtidig aukar den delen av befolkninga som er karakterisert som sårbar for luftforureiningar.
Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv spesielt tiltak retta mot vegtrafikk.
Medverke til å nå dei nasjonale måla for nitrogendioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Utslepp av NOx (NO + NO2) frå vegtrafikk er betydeleg redusert dei seinare åra, men dette er foreløpig ikkje spegla i NO2-konsentrasjonane som har vore stabile sidan målingane starta på midten av 1990-talet. Utviklinga viser ingen eintydig trend og det er heller ikkje gjennomført spesifikke tiltak for å redusere nivåa utover avgasskrav til NOx.
Utrekningar viser at i 2007 vart rundt 4 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar av NO2 som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Dette er ein auke frå 2005, då det var berekna at 600 var utsette for nivå høgare enn det nasjonale målet. Vegtrafikk er den dominerende kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjoner i byar og langs vegar er eksosgasser frå vegtrafikk hovudkjelda.
Nasjonalt mål for talet på overskridingar av grenseverdien for NO2 vart overskride i Oslo og Bergen i løpet av dei første dagane i 2010. Til tider var det svært høge verdiar og store overskridingar av nasjonalt mål for NO2. Dette skuldast spesielle vêrforhold, men ein må vere budd på at slike forhold kan inntreffe også i framtida.
I tillegg til Bergen og Oslo kan det ventast at det nasjonale målet for NO2 ikkje vil bli nådd i Trondheim og Kristiansand dei næraste åra. Drammen og Stavanger er òg i faresona.
For at Noreg skal nå det nasjonale målet for NO2 er det behov for fleire tiltak og verkemiddel, spesielt tiltak som kan redusere utslepp frå vegtrafikk.
Boks 11.11 Nitrogendioksid
Hos sårbare grupper kan det å ande inn nitrogendioksid (NO2) gi auka hoste, bronkitt, mindre motstand mot infeksjonar, forsterka allergisk respons og auka eksponering for sjukdom. Astmatikarar reagerer med nedsett lungefunksjon sjølv etter kort tids eksponering. Friske menneske toler forholdsvis høg NO2-forureining utan at det gir negativ helseeffekt. I tillegg til å gi helseeffektar, kan NO2 òg bidra til regionale forsuringsproblem og til overgjødsling.
Norske utrekningar gjennomført ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) viser at forholdet mellom NO2 og NOx har stor betyding for talet på eksponerte over nasjonale mål for lokal luftkvalitet. Med ein høgare NO2-del i eksos enn tidlegare, viser modellberekningar at det vil vere overskridingar av både nasjonale mål og grenseverdiane for NO2 (årsmiddel og timemiddel) i 2020. Dette betyr at byane må innføre fleire og sterkare verkemiddel for å oppnå grenseverdiane for NO2 enn det ein så langt har lagt til grunn.
Medverke til å nå dei nasjonale måla for svoveldioksid ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Frå og med 1. januar 2009 vart kravet til svovelinnhald i bensin og autodiesel til køyretøy redusert til maks 10 mg/ kg. Kravet gjeld òg for autodiesel til bruk i ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar.
Konsentrasjon av svoveldioksid i luft er generelt låg, og målet for svoveldioksid er i stor grad vurdert til å vere nådd i Noreg.
Medverke til å nå dei nasjonale måla for benzen ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Konsentrasjonen av benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor det nasjonale målet som gjeld frå 2010.
Resultatområde 4 underområde 4 Støy
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Vidare står arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) som miljøkvalitet sentralt. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Tabell 11.8 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Støy
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
4.4.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. | Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner. | |
4.4.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005. | Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå. |
Statusbeskriving på måla i Prop. 1 S (2009-2010)Miljøforvaltningas mål er endra og presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.
Det er stadig betre dokumentasjon på at støy gir helseskade. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Støy frå fly- og togtrafikken har blitt redusert sidan 1999, men auka støybelastning frå vegtrafikken oppveg denne positive utviklinga. Ulike tiltak gjer at dei som var utsette for støy i 1999, var noko mindre plaga i 2007. Tilflytting til støyutsette område og befolkningsvekst gjer likevel at fleire totalt sett er utsette for støy. Regjeringa lanserte i mai 2007 ein handlingsplan mot støy for perioden 2007–2011. Denne er første fase på vegen for å nå dei nasjonale måla og legg føring for arbeidet med støy. Handlingsplanen tek opp dei viktigaste støykjeldene, og det er presentert tiltak for å redusere støyen frå desse.
Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene engasjerer seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.
Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.
Utarbeide regelverk som bidreg til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.
Same omsyn som for foregåande mål 4.4.1. ligg føre også for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå 2007 viser at det er ca. 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova frå 42 dB med stengde ventilar, til 42 dB med opne ventilar. Frist for gjennomføring er 1. januar 2020 og har ein venta kostnad på 1,4 mrd. kroner.
12 Resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda
Dei viktigaste miljøproblema, som klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter, er globale. Det er derfor behov for internasjonalt samarbeid for å sikre utvikling av ein ambisiøs miljøpolitikk og effektive globale verkemiddel. Til dels skjer dette samarbeidet globalt under miljøavtaler som dekkjer klima (jf, resultatområde 4), naturmangfald (jf, resultatområde 1) og miljøgifter (jf, resultatområde 3). Men internasjonalt samarbeid i andre miljøfora og i fora på andre område enn miljø påverkar også miljøpolitikken. Verkemidla dekkjer både Miljøverndepartementets og andre departements ansvarsområde.
Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Dette inneber auka innsats mot miljøproblema og vidareutvikling av miljøpolitikken internasjonalt og i tillegg nasjonalt.
Det globale miljøstyresettet treng styrking og reform. I dag er det eit særs fragmentert system. Meir enn 44 multilaterale organisasjonar melder at dei er engasjerte i miljøarbeid på ein eller annan måte og det finst meir enn 500 internasjonale miljøavtaler/konvensjonar, der 18 er sentrale. Sekretariata er spreidde, den årlege møteagendaen er uoversiktleg og ein sterk koordineringsmekanisme manglar. Vidare er det slått fast i ein rapport frå FNs generalsekretær av mai 2010 at miljøpilaren sakkar akterut samanlikna med dei andre pilarane i berekraftig utvikling. I arbeidet for å betre det internasjonale miljøstyresettet prioriterer Miljøverndepartementet å styrkje FNs miljøprogram og den rolla det har som FNs autoritative policy-organ på miljøområdet. Betre normative og kunnskapsgenererande funksjonar, auka samhandling med andre FN-organ og å unngå unødig dobbeltarbeid og kompetansestrid vil bidra til å oppnå dette. Etter norsk initiativ vil dei i år presentere analysearbeid knytt til trendar og drivkrefter i utviklinga av det globale forbruket av kjemikaliar – Global Outlook for Chemicals. FNs kommisjon for berekraftig utvikling vil i perioden 2010-2011 ha kjemikaliar som eitt av sine prioriterte område.
Miljøverndepartementet vil også, i tett samarbeid med dei nordiske landa, følgje aktivt opp den semja som vart oppnådd under FNs miljøprogram i juni 2010 om å etablere eit internasjonalt panel for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester – Naturpanelet – etter modell av Klimapanelet. Noreg legg stor vekt på å styrkje det faglege og vitskaplege grunnlaget for vedtak som blir fatta under ulike naturmangfaldskonvensjonar og organisasjonar som er aktive på området og vil arbeide for at norsk og nordisk fagkompetanse blir aktivt trekt inn i dette internasjonale arbeidet bl.a. gjennom etablering av eit delsekretariat i Trondheim, for kompetanseutvikling i utviklingsland på fagfeltet.
For å bidra til arbeidet med å beskytte felles globale miljøgode i verdas fattige land har velståande land over to tiår bidrege til verdas største miljøfond, Det globale miljøfondet. Investeringsbehovet er likevel mangfaldige gonger større enn det som kan skaffast gjennom frivillige bidrag frå velståande land, så det er viktig å nytte desse gåvemidlane til å skape interesse for og evne til å innarbeide miljøomsyn i regelverk og bruken av nasjonale og private midlar. Utanriksdepartementet har ansvar for Noregs bidrag til Det globale miljøfondet og Miljøverndepartementet har ansvar for å sjå til at fondet understøttar formåla i dei multilaterale miljøavtalene som fondet er finansieringsmekanisme for.
Ei viktig utfordring i åra som kjem er korleis ein skal sikre at dei store handels- og investeringsstraumane understøttar ein grøn økonomi og ikkje bidreg til å underminere til dømes, miljøpolitikken. Handels- og investeringsavtaler kan setje så strenge krav til dokumentasjon og bevis at det blir vanskeleg å føre ein ambisiøs miljøpolitikk på områder som kjemikaliar og genmodifiserte organismar. Men slike avtaler kan òg gi rom for og bidra positivt til ein ambisiøs miljøpolitikk. Her vil til dømes EFTAs nye utkast til bindande reglar om miljø og arbeidstakarrettar i EFTAs handelsavtaler kunne bli eit viktig bidrag. Gitt den sterke veksten i bilaterale og regionale handels- og investeringsavtaler er det viktig å arbeide for at desse avtalene blir utforma slik at miljøpolitikk kan gjennomførast både nasjonalt og internasjonalt for å løyse dei store globale miljøutfordringane.
Utanriksdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har hovudansvaret for handels- og investeringspolitikken. Miljøverndepartementet si rolle er å vere pådrivar for god miljøintegrering av desse politikkområda, til dømes norske posisjonar som bidreg til at vi framleis kan sikre at vi kan fortsette ein ambisiøs miljøpolitikk, under dette ein restriktiv politikk på kjemikaliar og genmodifiserte mekanismar. Samstundes er det viktig å skape ordningar som fremjar miljøomsyn òg ut over det som følgjer av avtaleverk og lovverk for importørar, offentlege innkjøparar, forbrukarar, verksemder og investorar. Miljøomsyn i statens pensjonsfond, grønare offentlege innkjøpskjeder og meir etisk handel er viktige initiativ i denne samanhengen.
EU er ein viktig pådrivar i utviklinga av internasjonal miljøpolitikk, og EUs regelverk påverkar norsk regelverk gjennom implementering i norsk rett som følgje av EØS-avtala. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for å medvirke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, mens Utanriksdepartementet har det overordna ansvaret for Noregs europapolitikk. Miljøsamarbeidet med EU stiller stadig auka krav til Noreg, blant anna som følgje av stadig raskare utvikla og meir sektorovergripande miljøregelverk. Dei viktigaste verkemidla i EU/EØS-arbeidet er tett samarbeid med Kommisjonen og Europaparlamentet, bilaterale møte med EUs formannskapsland og andre sentrale medlemsland, og det nordiske samarbeidet, som gjer at Noreg kjem tettare på EUs regelverksutvikling enn det som hadde vore mogleg for Noreg åleine. Implementering av EU-regelverk i norsk rett er ein viktig del av EU/EØS-samarbeidet, og deltaking i relevante EU-komitear gir høve til å opparbeide naudsynt kompetanse for å innlemme regelverket i norsk rett i tillegg til tidleg påverknad. EØS-midlane gir oss høve til å styrkje miljø- og kulturarvsamarbeidet med mottakarlanda og bidra til at dei nye EU-landa gjennomfører vedteken miljøpolitikk i EU.
Dei nordiske regjeringane sitt samarbeid på miljøområdet er styrt gjennom Nordisk Ministerråd. Det nordiske miljøsamarbeidet skal blant anna bidra til å bevare og betre miljøkvaliteten og livskvaliteten i Norden og påverke det regionale og internasjonale samarbeidet. Miljøforvaltninga deltek i arbeidsgrupper blant anna knytte til avfall, grøn økonomi, klima og kjemikaliar. Resultatet av det nordiske arbeidet blir brukt i fleire samanhengar, både overfor EU og globalt, som føregangsmodell.
Det vil vidare vere viktig å medverke til at også Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) fortsett understøttar den miljøpolitiske agendasetjinga som premissleverandør av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer. OECDs arbeid med ein strategi for grøn vekst må resultere i ein strategi med ei breiare og djupare tilnærming til støtte for ei berekraftig handtering av finans- og klimakrisa og andre miljøutfordringar.
Land med raskt veksande økonomi har både stor påverknad på den globale miljøtilstanden og stor betydning for oppfølging og utvikling av globale miljøavtaler.
Miljøverndepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljømyndigheitene i mellom anna Kina, India og Sør-Afrika. Dialog om globale miljøutfordringar og internasjonale avtaler er sentralt, i tillegg til gjennomføring av enkeltprosjekt.
Regjeringa har gjort miljø og klima til sentrale satsingsområde i Noregs bistand til dei fattigaste landa og i samarbeidet med land med rask økonomisk utvikling.
Miljøverndepartementet følgjer opp «Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid» og vil leggje vekt på å delta i utviklinga av ny stortingsmelding om miljø og utvikling. Meldinga vil styrkje synergien mellom dei to felta, og Noreg er, som einaste land med felles statsråd for utvikling og miljø, godt posisjonert for å bidra til vidareutvikling av politikken for berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet deltek òg i iverksetjinga av sentrale, konkrete satsingar på miljøretta utvikling som programma «Ren energi», som skal fremje energieffektivitet og fornybare energikjelder, og «Olje for utvikling» der Miljøverndepartementet har fagleg ansvar for miljøpilaren.
Departementet deltek òg i «Miljø for Europa»-prosessen, der formålet er å betre miljøsituasjonen i dei tidlegare sovjetrepublikkane (med unnatak av Russland), og samarbeider med Utanriksdepartementet i innretting av miljøprosjekt i desse landa.
På FNs neste høgnivåmøte om berekraftig utvikling i 2012 (Rio+20), er grøn økonomi og styresettet for berekraftig utvikling viktigaste tema. Grøn økonomi tek sikte på å foreine økonomisk vekst og bevaring av miljø. 2011 blir det viktigaste året med omsyn til å byggje eit kunnskapsgrunnlag og auke forståinga for behovet for grøn global økonomi og styrkje det internasjonale styresettet for ei berekraftig utvikling.
Nord- og polarområda er ein av dei stadene på kloden der klimaendringane gjer seg raskast og sterkast gjeldande. Samstundes blir presset på miljøet forsterka på grunn av lettare tilgjenge, auka forventa transportverksemd og ressursutnytting. Semja mellom Noreg og Russland om delelinja i Barentshavet vil òg venteleg bidra til auka økonomisk verksemd i området.
Dette stiller oss overfor nye utfordringar som vil krevje ny kunnskap ikkje minst på miljø- og klimaområdet. Senter for klima og miljø i Tromsø vart etablert i september 2010 og det vart sett i gang faglege aktivitetar. I 2011 vil desse faglege aktivitetane bli betydeleg styrkte bl.a. med ein auke i løyvinga på 20 mill. kroner. Senteret skal utviklast til å bli eit internasjonalt leiande senter for forvaltningsrelevant forsking på klima og miljø i nordområda.
Senteret skal bidra med tverrfagleg forsking som gjer at Noreg skal vere eit føregangsland på miljøområdet, og ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljø- og kulturverdiane i nord.
Noreg og Russland har eit særskilt ansvar for å beskytte naturmiljøet og ei berekraftig utnytting av ressursane i området. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland har derfor ein sentral plass i Regjeringas nordområdestrategi. Havmiljø og samarbeide i grenseområda er særs prioriterte område. Utvikling av eit felles norskrussisk miljøovervakingsprogram og forvaltningsplanar for norsk og russisk del av Barentshavet, tufta på felles prinsipp, vil utgjere viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Miljøkrav til og kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.
Ei styrkt miljøovervaking får ein sentral plass innan det grensenære samarbeidet, der dei store utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis er den største utfordringa. Noreg vil fortsetje å følgje opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk for å få redusert utsleppa.
Aktiv medverknad i Barentssamarbeidet og Arktisk råd gir gode høve for koordinering av miljøarbeidet i nord når det gjeld forureining og miljøgifter, klimaendringar og bevaring av biodiversitet. Miljøverndepartementet arbeider for at Arktisk Råd skal bidra effektivt til betre beskyttelse av og eit betre kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av miljøet i Arktis.
Svalbard er ein internasjonalt viktig natur- og kulturarv som Noreg har eit særskilt ansvar for å bevare. Ein medveten verneinnsats gjennom mange tiår har bidrege til at berre ein liten del av Svalbards landområde er merkt av tyngre naturinngrep. Sjølv om situasjonen for det biologiske mangfaldet og villmarksnaturen i dag er god, er arter og økosystem sårbare for fleire typar påverknad som kan forventast å auke. Dette gjeld særleg klimaendringar, men òg aukande ferdsle og interesse for naturresursane på og ikring Svalbard.
Dei seinare åra har den urørte naturen på Svalbard fått større vekt som referanseområde for klima- og miljøforsking. Å sikre tilgangen til urørte område er derfor ei viktig utfordring.
Dei viktigaste verkemidla for vern av miljøet på Svalbard er svalbardmiljølova med forskrifter, overvaking av miljøtilstanden og aktivitetar som kan påverke den. Etter etablering av fleire nye verneområde er det å tilpasse forvaltninga av desse områda til endringar i klima- og aktivitet gjennom forvaltningsplanar ei hovudutfordring. Regjeringa har auka løyvinga til miljøarbeidet i nordområda og på Svalbard med 10 mill. kroner i budsjettet for 2011.
I Antarktis finst nokre av dei siste store urørte naturområda i verda, men presset på Antarktis aukar. Stadig fleire turistar besøker kontinentet, det er aukande interesse for naturressursane og klimaendringar. Miljøverndepartementet arbeider for å ta vare på miljøinteresser i Antarktis og bidra til eit godt samarbeid om forvaltninga av kontinentet. Norsk forsking med utgangspunkt i vår heilårs forskingsstasjon Troll i Dronning Maud Land skal gi viktige bidrag både til samarbeidet om forvaltninga av Antarktis, og til det internasjonale klimaarbeidet. Resultatområdet foreslåas finansiert med 237,5 mill. kroner i 2011.
Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:
Avtaler og organisasjonar av stor betydning for miljø.
Geografisk retta miljøsamarbeid.
Nord- og polarområda.
Resultatområde 5 – underområde 1 Avtaler og organisasjonar av stor betydning for miljø
Underområdet omfattar arbeidet med å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar innafor dei internasjonale organisasjonane på miljøområdet, særleg FNs miljøprogram, FNs kommisjon for berekraftig utvikling og den globale miljøfasiliteten. Samarbeidet på miljøområdet innan EU/EØS, Nordisk Ministerråd og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling er av stor betydning. Arbeid for å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar i høve til internasjonale organisasjonar og prosessar som kan ha stor betydning for miljøtilstand gjeld særleg Verdas handelsorganisasjon, Noregs handels- og investeringsavtaler, arbeid med miljø- og samfunnsansvaret i bedrifter, EU/EØS’ indre marknad, FNs mat og landbruksorganisasjon, Verdsorganisasjonen for immaterialrett, Verdsbanken og FNs utviklingsprogram.
Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Avtaler og organisasjoner av stor betydning for miljø
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
5.1.1. Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS og internasjonale samarbeidsorgan har høge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling. | Gjennomføring av Nordisk Ministerråds handlingsprogram for miljø (2009-2012). | |
Ein OECD-strategi for grøn vekst –med ei breiare og djupare tilnærming til støtte for berekraftig handtering av finans- og klimakrisa og andre miljøutfordringar. | ||
Styrking av synergieffektane mellom eksisterande kjemikalie-konvensjonar og at berekraftig produksjon og forbruk blir knytt nært til Rio+20 prosessen, som eit resultat av sesjonane i FNs kommisjon for berekraftig utvikling i 2010-2011. | ||
FNs mat- og landbruksorganisasjon: Tendens med omsyn til bevaring og tap av biologisk mangfald for viktige matvekstar. | ||
Verdensorganisasjonen for immaterialrett: Vedtak om inkludering av opplysningsplikt i patentsøknader for opprinnelsen til genressursar og tradisjonell kunnskap. | ||
5.1.1.1. Norsk miljøpolitikk skal vere del av grunnlaget for nye miljøreglar i EU/EØS. | Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk. | |
Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar. | ||
5.1.1.2. FNs miljøprogram skal styrkjast som miljøinstitusjon i FN. | Auka bruk av aktuelle miljøfaglege rapportar frå FNs miljøprogram som bidreg inn i den miljøpolitiske agendasetjinga. | |
Gjennomslag for norske innspel til FN-reform og International Environmental Governance-prosess for styrking av FNs miljøprogram sin rolle i å setje den globale miljøpolitiske dagsordenen og organisasjonens finansielle grunnlag. | ||
5.1.1.3. Gåvefinansiering av globale miljøtiltak skal mobilisere nasjonale og private midlar og understøtte miljøkonvensjonsmåla. | Miljøforbetringar som følgje av finansieringa målt pr. krone (færre tonn CO2-ekv., mindre artstap, fleire km2 verna, færre tonn miljøgifter). | |
5.1.2. Rammevilkår for handel og investeringar skal gi rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremje omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling. | 5.1.2.1. Miljøkapitel/miljøreglar integrerte i bilaterale og regionale handelsavtalar. | Miljøtiltak som er innførte/ oppretthaldne trass innvendingar og tvistesakar under handels- og investeringsavtaler. |
Formuleringar i internasjonale avtaler på handels- og investerings- eller miljøområdet som inneber at miljøreglar blir underordna handels- og investeringsavtaler. | ||
5.1.2.2. Aukande omfang av miljøvennlege investeringar og norske bedrifter som tek miljøansvar i den internasjonale delen av verksemda si. | Nye miljøutfordringar, under dette klimaendringar og miljøomsyn reflekterte i miljøkapittel i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling sine retningslinjer for multinasjonale selskap. | |
Auka tal på norske bedrifter som rapporterer om miljø i årsmeldinga i tråd med Global Reporting Initiative. |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Medverke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på bl.a. områda klima/energi, kjemikaliar og GMO.
Gjennom aktiv deltaking og formidling av norske synspunkt i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear har miljøforvaltninga arbeidd for tidleg å kunne påverke Kommisjonens utarbeiding av forslag til miljøregelverk. Det er gjort innspel til og har vore kontakt med sentrale aktørar i Kommisjonen, Europaparlamentet, og sentrale medlemsstatar på blant anna områda klima, naturmangfald, ulovleg hogdt tømmer og kjemikaliar. Det er lagt stor vekt på god dokumentasjon av norske posisjonar og konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og på bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker. I arbeidet med å påverke EUs regelverksutvikling står òg det nordiske samarbeidet sentralt.
Det har òg vore møte på politisk- og embetsnivå med sentrale aktørar i EU for å diskutere posisjonar i dei internasjonale klimaforhandlingane, og den globale agendaen når det gjeld naturmangfald.
Miljøforvaltninga er òg aktiv i arbeidet med å sikre at direktiv ikkje får negative følgjer for norske interesser på kulturminneområdet.
Sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.
Fleire rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2010. Det er i denne samanhengen lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som er relevante og akseptable. For avklaring av EØS-relevans og nasjonale posisjonar er det faste møte i EØS sitt spesialutval for miljø der alle aktuelle departement deltek.
Miljøforvaltninga ønskjer å fremje debatt om EUs betydning for norsk miljøpolitikk. Ei open haldning og medverknad er vektlagt i EU/EØS-arbeidet, og det er jamleg halde møte i EØS-referansegruppa for miljø med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.
EØS-midlane for 2009-2014 skal bidra til målretta satsing innan miljø- og kulturarvsektorane i dei nye medlemslanda i EU.
EØS-midlane er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel for Noreg. Miljø og kulturarv har vore dei to høgast prioriterte områda i perioden 2004-2009. Norsk miljøforvaltning har samarbeidd med miljø- og kulturarvstyresmaktene i fleire av landa og har bidrege med kompetanseoverføring og røynsleutveksling gjennom prosjektsamarbeid og studiebesøk. Det har òg vore utstrekt samarbeid på miljø- og kulturarvområdet der norske forskingsmiljø, frivillige organisasjonar og kommunar har delteke.
Miljøforvaltninga har bidrege med fagleg innspel i førebuingane til den nye avtala om EØS-midlar for perioden 2009-2014. Rundt ein firedel av EØS-midlane skal i løpet av femårsperioden nyttast til auka satsing på miljø og klima.
Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2009-2012.
Departementet har medverka til ei omorganisering av det nordiske miljøsamarbeidet for å sikre ei effektiv oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009-2012. Miljøhandlingsprogrammet blir no følgt opp av dei ulike nordiske arbeidsgruppene som er etablerte. På sentrale område som klima, hav, biologisk mangfald og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg åleine.
Miljøforvaltninga deltek i fleire arbeidsgrupper for ulike fagområde innan kulturminnevern og også om kulturminnevern i Austersjørådet (Council of the Baltic Sea States).
Medverke til OECDs, UNEPs og CSDs rolle som politiske agendasetjarar i høve til miljø og berekraftig utvikling og premissleverandørar av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har gitt viktige innspel på klimaområdet, både gjennom analysar av økonomiske aspekt ved klimautfordringane, utfasing av subsidiar til fossilt brensel og i høve til eit globalt klimaregime. Frå Miljøverndepartementets side har vi òg prioritert arbeidet med verdifastsetjing av økosystemtenester og OECDs arbeid med ein strategi for grøn vekst.
I perioden 2010-2011 er FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) sine prioriterte område kjemikaliar, avfall, samferdsel, gruvedrift og berekraftig produksjon og forbruk. Det er gjennomgang av status på områda i 2010. Miljøverndepartementet deltok på CSD-møte i New York våren 2010 og fokuserte spesielt på kjemikaliar og berekraftig produksjon og forbruk. Noreg påpeikte behovet for å styrkje synergieffektar mellom dei globale kjemikaliekonvensjonane (Stockholm, Basel og Rotterdam), og unngå iverksetjing av parallelle prosessar. Noreg arrangerte eit «side-event» om den kommande Global Outlook for Chemicals i samarbeid med FNs miljøprogram (UNEP) for å spreie kunnskapen om behov for trygg kjemikaliehandtering.
UNEP har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid, og å arbeide for betre samsvar mellom det normative miljøarbeidet (UNEP og miljøkonvensjonane) og dei operasjonelle FN-organa, som FNs Utviklingsfond. Departementet deltek aktivt i arbeidet for å styrkje kunnskapsgrunnlaget og prioriterer i den samanhengen arbeidet med å etablere eit naturpanel, og Global Environmental Outlook 5 som skal vere ferdig i 2012.
Miljøverndepartementet aktar å halde fram med å spele ei aktiv påverknadsrolle i høve til dei tre organa. UNEP og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling sine analysar/tilrådingar må nyttast mest mogleg og bidra til miljøpolitisk agendasetjing. Det globale kjemikaliearbeidet og arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk bør komme styrkt ut av CSD 2010-2011.
Medverke til at miljø kjem institusjonelt og finansielt styrkt ut av FNs reformprosessar.
På FNs miljøprogram sitt styremøte i 2010 på Bali vart det for første gong på 10 år vedteke ei ministererklæring (Nusa Dua-erklæringa). Bali-møtet vedtok å nedsetje ei konsultativ høgnivågruppe for å betre det globale miljøstyresettet og styrkje FNs miljøarbeid. Noreg vil delta i gruppa som skal levere anbefalingar til UNEPs ministermøte i februar 2011 og deretter til førebuingane av Rio+20. Grøn økonomi var eit sentralt tema på Bali-møtet, eit arbeid departementet vil følgje framover.
Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.
Miljøverndepartementet samarbeider med Utanriksdepartementet om Noregs bidrag til og styringa av det globale miljøfondet (GEF). GEF er finansieringsmekanisme for dei store globale miljøavtalene og er det største miljøfondet i verda. Til 2009 hadde fondet fordelt ca. 8,7 milliardar USD og mobilisert ytterlegare 37,6 milliardar USD i samfinansiering. Globale klimagassutslepp er reduserte med 5 pst. til kostnad av 5 USD/tonn CO2-ekvivalentar og 360 millionar hektar naturområde er verna/har fått auka beskyttelse (merknad: tall må sjekkes). I mai 2010 vart givarlanda samde om nye innbetalingar som vil gi fondet 4,25 milliardar USD for dei fire neste åra. Det vart òg semje om at fondet skal satse sterkare på program som fremjar måla til fleire av dei globale miljøavtalene samtidig, og fortsetje arbeidet med å måle og dokumentere resultata sine.
Handelspolitikken skal utviklast vidare innanfor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.
Regjeringa arbeider for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast stor vekt. I seinare tid har koplinga mellom denne overordna politikken og så vel klimautviklinga som debatten om «grøn vekst» blitt stadig tydelegare. Internasjonalt har ein òg sett ein aukande tendens til at land tek inn miljøføresegner i handelsavtalene sine.
Tollreduksjon på miljøvarer har vore viktigaste tema i Handels- og miljøkomiteen i Verdas handelsorganisasjon siste året. Av andre forhandlingsområde (forhold mellom WTOs immateriellrettsavtale (TRIPS) og Biodiversitetskonvensjonen) med miljøkonsekvensar kan nemnast auka tilslutning dei siste to åra til forslag som blant anna Noreg har lagt fram, om endringar i patentregelverket som vil gjere det lettare å nå målsetjingar i Konvensjonen om biologisk mangfald.
I tråd med målet om å utvikle frihandelsavtalene til å vere positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk vedtok Regjeringa våren 2008 at Noreg skal arbeide for miljø som eige forhandlingstema med India, Kina og Russland. Eit viktig steg etter initiativ frå Noreg og to års arbeid, er at det er oppnådd semje i EFTA om eit kapittel med føresegner om miljø (og arbeidstakarrettar) i frihandelsavtaler. Dette vil bli eit viktig grunnlag for pågåande EFTA-forhandlingar med bl.a. India og kommande forhandlingar med bl.a. Russland og norske bilaterale forhandlingar med Kina.
Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade, for eksempel på områda klima, kjemikaliar og biologisk mangfald.
Regjeringa har i forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) arbeidd for at WTOs regelverk og miljøavtalene skal sikrast likeverd og verke gjensidig støttande. Grunna generell stillstand i WTO-forhandlingane har også dette temaet lege nede ei stund. Andre viktige forhandlingar i WTO siste året har handla om nytt regelverk på tenesteområdet og om såkalla «ikkje tollvise handelshindringar» som tekniske reguleringar. Hovudsaka er å unngå svekking av handlingsrommet for verkemiddel i miljøpolitikken, t.d. bruk av reguleringar for å gjennomføre ein ambisiøs kjemikaliepolitikk.
Også bilaterale og regionale handelsavtaler gir utfordringar på miljøområdet. I pågåande forhandlingar i EFTA-regi har det vore viktig å sikre at avtalene ikkje forpliktar Noreg på måtar som gir mindre rom for nasjonale miljøtiltak og verkemiddel t.d. på tenesteområdet og i forhold til å kunne bruke tekniske reguleringar for å fremje viktige miljømål.
Rammevilkåra for internasjonale investeringar skal utviklast for å stimulere til miljøvennlege investeringar og sikre statar sin rett til å regulere på grunnlag av miljøomsyn. Miljøvernforvaltninga skal vere ein pådrivar for at bedrifter tek miljøansvar i den internasjonale verksemda si.
Som oppfølging av St.meld. nr. 10 (2008-2009) om næringslivets samfunnsansvar har Miljøverndepartementet gitt støtte til Direktoratet for forvaltning og IKT, slik at det kan førebu rettleiing av bedrifter som ønskjer å møte krav om leveranse av grønare varer.
Regjeringa la i fjor til side arbeidet med den norske modellavtala for investeringsvern etter høyringsuttaler som viste kor vanskeleg det er å utforme avtaletekst som både tek naudsynt omsyn til miljø- og ressursforvaltning i Noreg og utviklingsland og beskyttelse av næringslivet sine investeringar i utviklingsland. Regjeringa bestemte å utgreie behovet for føresegner om investeringsbeskyttelse i handelsavtaler med India, Kina, Russland og Ukraina, og å leggje prinsippa i modellavtala til grunn om det blir bestemt at det er behov for slike føresegner.
Regjeringa har gått inn for føresegner om investeringsbeskyttelse som er langt meir avgrensa enn modellavtala i handelsavtala med Ukraina og forhandlingane om ei avtale med India. Føresegnene gir ikkje høve for investorar til å gå til skilsdomssak mot staten og omfattar ikkje ekspropriasjon. Dette var blant dei føresegnene som det var størst usemje om i høyringa av modellavtala. Regjeringa utgreier no om det er naudsynt å ha føresegner om investeringsvern i handelsavtaler med Kina. Den vil òg sjå på dette i samband med forhandlingane med Russland og i så tilfelle kva slag føresegner.
Bidra til sterkare vekt på bevaring og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald i FAO og i WIPO, og at verksemdene i UNDP og Verdsbanken støttar opp om globale miljømål.
Verksemda i organisasjonar som FNs mat og landbruksorganisasjon, FNs utviklingsprogram, Verdsbanken mfl. har betydelege effektar for miljøtilstanden. Departementet ser det som viktig å arbeide for at dei multilaterale organisasjonane støttar opp om prioriteringane i miljøkonvensjonane.
Verdsorganisasjonen for immateriellrett har ein eigen Komité for immateriellrett og genressursar, tradisjonell kunnskap og folklore (IGC), der Noreg bl.a. har fremja forslag for å få fram gode løysingar for styrkt vern av tradisjonell kunnskap knytt til biodiversitet. Etter fleire år med dårleg framdrift i IGC har det i 2010 vore positive teikn som tyder på at landa no er klare for tekstbaserte forhandlingar om tiltak i tråd med komiteen sitt mandat.
FNs mat og landbruksorganisasjon sin traktat for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk har dei siste to åra vore i ein viktig gjennomføringsfase, med auka merksemd på genressursar som tryggleik i samband med at klimaendringar endrar vilkåra for matproduksjon i fleire verdsdelar. Saman med bl.a. Utanriksdepartementet har vi arbeidd med tiltak som kan bidra til å møte desse utfordringane. Noreg medverkar til fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norskfinske fondet for miljøvennleg og sosialt berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet arbeider saman med Utanriksdepartementet i fleire prosessar om FN-reform for å sikre at verksemda i FNs utviklingsprogram og andre utviklingsaktørar byggjer opp under miljømåla og medverkar til å tryggje livsgrunnlag. I seinare tid har koplingane mellom klimapolitikk, biobrensel, skog, biodiversitet og matproduksjon komme i sterkt fokus. Auka merksemd om klima samtidig som biobrensel blir meir omstridd og matvareprisane aukar har ført til ein sterk debatt om korleis ein skal få til ei politikkutvikling som ikkje fører til at tiltak for eitt formål undergrev andre formål under andre avtaler.
Resultatområde 5 – underområde 2 Geografisk retta miljøsamarbeid
Underområdet omfattar miljøsamarbeid med land som i stor grad påverkar det globale miljøet og som er sentrale for utvikling av dei globale miljøkonvensjonane. Underområdet omfattar vidare miljøfaglege vurderingar og bidrag til utviklingspolitiske strategiar og program, særleg iverksetjing av Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid, programmet Olje for Utvikling, Regjeringas Rein Energi-satsing og andre strategiar/program i utviklingsarbeidet, og norsk innsats i Miljø for Europa-prosessen.
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor omtalast måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Styrkje klima- og miljøsamarbeidet under avtaler med Kina, Sør-Afrika og India og føre vidare arbeid retta mot andre land, under dette regionalt samarbeid overfor tidlegare sovjetrepublikkar (EECCA-landa)
Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Indonesia, India (under norskindisk kommisjon) og Sør-Korea. I tillegg har departementet ei avtale med Brasil om klimadialog. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. Miljøverndepartementet skal leggje til rette for slik dialog og byggje ein fagleg plattform for den blant anna ved å sikre ein prosjektportefølje ved ambassadane som gjenspeglar dei globale utfordringane.
Klimaspørsmål har høg prioritet.
Vidare er det eit sentralt verkemiddel å styrkje utviklingslanda si institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane. Institusjonssamarbeid og institusjonsbygging er derfor sentrale element i programmet Olje for Utvikling, og også i det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Kina, India og Sør-Afrika.
Prosjektsamarbeid reflekterer den internasjonale dagsordenen og norsk innsats er retta mot område der Noreg har kompetanse som er etterspurt av samarbeidslanda. Under miljøsamarbeidet med Kina har klima, industrikontroll, reduksjon av miljøgifter og integrasjon av miljø i sektorane stått sentralt. I 2010 er det starta eit sentralt nytt kompetanseprosjekt som gir opplæring av miljøforvaltninga på provinsnivå basert på erfaringar frå samarbeidet. Det er vidare utvikla to nye prosjekt, eitt om naturmangfald og klima og eitt om luftforureining og klima. I samarbeidet med Sør-Afrika går det føre ein prosess for å utvikle samarbeidet i ei ny retning basert på finansiering frå begge sider og vi arbeider for å få miljø og klima inn i ein ny bilateral programperiode.
I samarbeidet med India er klima og energi, biologisk mangfald og miljøteknologi hovudområde. Det norskindiske samarbeidsprosjektet om desentralisert elektrifisering av landsbygda er oppskalert. Det er òg sett i gang eit utvida samarbeid om biologisk mangfald, og det har vore kontakt om moglege nye initiativ på kjemikalieområdet. Ei avtale om klima og den grøne utviklingsmekanismen er inngått.
Det norske klima- og skoginitiativet, under dette bilateral støtte til Brasil, Indonesia og Tanzania, er omtalt under resultatområde 4, luftforureining og klima.
Ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltninga i dei tidlegare sovjetrepublikkane og land på Balkan er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar i denne regionen. Noreg deltek i vidare utvikling av det regionale miljøsamarbeidet innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa. Under Miljø for Europa-prosessen vil førebuingane til ministerkonferansen i Astana, Kasakhstan, hausten 2011 stå sentralt. Grøn økonomi og vatn vil vere hovudtema. Miljøverndepartementet har hjelpt Utanriksdepartementet i å få fram og prioritere miljøprosjekt i dei tidlegare sovjetrepublikkane. Vatn, biologisk mangfald, klima og luftforureining, og kapasitetsbygning, har vore høgt prioritert i norsk satsing til no.
Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid, med vekt på miljøforvaltningas ansvarsområde i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling og Handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid.
Eit sentralt mål for geografisk retta miljøsamarbeid er å foreine miljøpolitikk og utviklingspolitikk og bidra til å byggje og forankre ein heilskapleg analyse om korleis områda kan underbyggje kvarandre. Eit sentralt verkemiddel er å vise korleis bevaring av miljøverdiar aukar måloppnåinga i utviklingspolitikken. Miljøverndepartementet er forplikta til å søkje samanheng mellom miljø og utviklingspolitikk (jf. innst. S. 296 til St.meld. nr.13 2009 «Klima, konflikt og kapital. Norsk utviklingspolitikk i et endret handlingsrom»).
Grøn økonomi er eit spesielt viktig temaområde i 2010 og sentralt i fleire viktige internasjonale prosessar framover, slik som Rio+20 og ministerkonferansen under Miljø for Europa-prosessen i 2011. For det utviklingsretta miljøarbeidet er det spesielt viktig å sikre perspektiv som vil vere velkomne frå eit u-landssynspunkt, dvs. at ei grøn økonomisatsing unngår tiltak som kan forverre fattige land sine høve til handel, og har element som betrar utsiktene for mattryggleik, klimatilpassing, handtering av urbane pressområde og kamp mot fattigdom.
Ei sentral målsetjing er å arbeide for ein god miljøprofil på relevante satsingar i Utanriksdepartementet, som Rein energi for utvikling, Olje for Utvikling og handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid. Det er òg eit mål å påverke miljøstrategiane til multilaterale utviklingsaktørar som Verdsbanken og FNs utviklingsprogram.
Arbeidet med å styrkje miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling er fortsett ei viktig oppgåve, og i 2010 har fokus vore å sikre at miljøomsyn blir lagt vekt på i alle hovudlanda i Olje for Utvikling-samarbeidet. Kapasitetsbygging og strategiske konsekvensutgreiingar har vore dei viktigaste aktivitetane.
På området Rein energi har det vore ei oppgåve å sikre balanse mellom satsinga på vasskraft og andre fornybare energikjelder og identifisere eigne miljøretningslinjer, både for vasskraftprosjekt og andre prosjekt baserte på fornybar energi.
Deltakinga i referansegruppa i det finsknorske fondet for miljø- og sosialt berekraftig utvikling i Verdsbanken gir høve til å påverke Verdsbankens arbeid på miljøområdet.
Resultatområde 5 – underområde 3 Nord- og polarområda
Underområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg miljøfagleg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og samarbeidet under Antarktistraktaten.
Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Nord- og polarområda
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
5.3.1. Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet. | 5.3.1.1. Heilskapeleg forvaltning av naturressursane, bevaring av artsmangfaldet, natur- og kulturminneverdiane og reduserte miljøgift- og klimaverknader i Arktis. | Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis. |
Status for havforsuring i Arktis. | ||
Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet. | ||
Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg beskyttelse. | ||
Status for implementering av heiskapeleg forvaltning i den arktiske regionen. | ||
5.3.1.2. Bevaring av natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking. | Talet på spesielle verneområde og forvaltningsområde som er oppretta og kulturminne som er freda. | |
5.3.1.3. Økosystembasert forvaltning og felles miljøovervaking av heile Barentshavet. | Talet på relevante miljøindikatorar som er gjenstand for felles norsk-russisk overvaking. | |
Grad av samarbeid om økosystembasert forvaltning. | ||
5.3.1.4. Redusert forureining, betre miljøovervaking og tett samarbeid om løysing av felles miljøoppgåver i grenseområda til Russland. | Talet på relevante miljøindikatorar som er overvaka og rapporterte. | |
Storleiken på i utslepp frå Petsjenga-Nikel. | ||
Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet. | ||
Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på miljøprosjekt med norsk samarbeidspartnar. | ||
5.3.1.5. Styrkt miljøkompetanse og auka investeringar i miljø- og energieffektive tiltak i dei russiske delane av Barentsregionen. | ||
5.3.2. Svalbard skal forvaltast slik at omfanget av villmarksprega område blir halde oppe, naturmangfaldet bevart tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikra. | 5.3.2.1. Hindre tap av villmarksprega område og vesentleg påverknad av naturmangfaldet som følgje av lokal aktivitet. | Omfanget av villmarksprega område på Svalbard i samsvar med INON-klassifikasjon. |
Del av verneområde med godkjend forvaltningsplan. | ||
Bestandsstatus for raudlisteartar og andre utvalde arter. | ||
Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel. | ||
Status for framande arter og effektar av desse. | ||
Lokale utslepp til luft og vatn frå verksemd på Svalbard. | ||
5.3.3. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard skal bevarast som kjeldemateriale og grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg. | Bevaringsstatus for utvalde kulturminne og kulturmiljø. | |
Talet på årleg tap av registrerte kulturminne i prosent. | ||
5.3.4. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane. | 5.3.4.1. Hindre miljøskade og ringare kvalitet på naturopplevingar som følgje av ferdsle på land og til sjøs. | Volum og fordeling av motorisert ferdsel på Svalbard. |
Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område. | ||
Tal på og geografisk spreiing av ilandstigingar frå cruiseskip utanfor planområda. | ||
Ferdselsslitasje i utvalde område. | ||
Talet på helikoptertimar. | ||
Taler på registrerte snøskutarar på Svalbard. |
Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2009-2010):
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.
Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd. Danmark overtok formannskapet 29. april 2009 for 2 år framover. Det siste møtet under det norske formannskapet vart halde i Tromsø 29. april i 2009. Der vart det bestemt at ein i tillegg til dei prosjekta som allereie er sette i gang på klima, biodiversitet og miljøgifter, vil starte eit oppfølgingsprosjekt på heilskapleg havforvaltning, beskytte dei arktiske marine områda mot skipstrafikk og nye prosjekt på evt. forsuring av arktiske havområde, klimarelaterte prosjekt på sot, metan og andre kortliva klimagassar. Det vart òg bestemt å halde møte på statssekretærnivå mellom ministermøta som blir haldne kvart anna år. Noreg finansierer framleis storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram og medverkar aktivt i programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under Arctic Contaminants Action Plan som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. I perioden 2009-2011 har Noreg òg leiarskapet i Arbeidsgruppa for vern av det arktiske marine miljøet og medverkar aktivt i arbeidsgruppa. Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt under Arktisk Råds program for bevaring av arktisk flora og fauna, knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald.
Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.
Det relativt urørte natur- og kulturmiljøet i Antarktis er under stadig større press særleg frå klimaendringar og turisme. Turismen i Antarktis har auka betydeleg det siste tiåret, og i sesongen 2009-2010 var det om lag 40 000 turistar i Antarktis.
Dei fleste turistane kjem med skip. Talet på stader der ein kan stige i land er framleis avgrensa, slik at belastninga blir stor på desse enkelte stadene. I dei siste sesongane har det vore fleire alvorlege uhell som bl.a. grunnstøyting og forlis. Det er gjennomført tiltak for å redusere farane for slike uhell og påfølgjande miljøskadar.
Effektane av klimaendringar er no klart merkbare i Antarktis òg. Sjølv om det framleis kan finnast område i Antarktis der det blir kaldare, aukar den gjennomsnittlege temperaturen for heile kontinentet. Det synest som om iskappa har begynt å endre seg. Samtidig skjer det noko med isbremmane som omkransar Antarktis-kontinentet. Smelting av isbremmane kan føre til at innlandsisen lettare vil skli ut i havet og smelte. Det kan føre til at havnivået på jorda stig. Det som skjer med isbremmane har òg betydning for dyrelivet, spesielt krilen som er den viktigaste føda for mange andre arter. Fleire pingvinarter har store problem med å finne nok mat, fordi mindre havis gir mindre kril, og i nordvest på den antarktiske halvøya har bestanden av adeliepingvinar blitt redusert med 65 pst. dei siste 25 åra.
Noreg deltek aktivt i Antarctic Treaty Consultative Meeting (ATCM) og Committee for Environmental Protection (CEP), og medverkar til å utvikle omfattande reglar for vern av miljøet på Antarktis-kontinentet. Noreg tok initiativ til og arrangerte eit ekspertmøte under Antarktis-traktaten i Svolvær i april 2010. Ekspertmøtet fremja ei rekkje anbefalingar til ATCM om tiltak knytte til implikasjonane av klimaendringane for forvaltninga av Antarktis og klima er no sett på dagsordenen både for CEP og ATCM.
Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå «hot-spots» i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.
Det bilaterale samarbeidet under miljøvernkommisjonen utgjer det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentsrådet, sjå eige arbeidsmål. Noreg har leia Barentsrådets miljøarbeidsgruppe frå hausten 2007 til våren 2010. Arbeidet med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå dei 42 så kalla «hot-spots» i Norvest-Russland, reinare produksjon, berekraftig produksjon og forbruk, tilpassing til klimaendringar, reint vatn og bevaring av biomangfald i regionen har hatt prioritet. Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) har ei viktig rolle i samband med tilrettelegginga av forprosjekt og studiar i dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen, som er beskrivne i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram/NEFCO «hot-spots»-liste. Det er utvikla kriterium for når ein kan rekne dei einskilde «hot-spots» for løyste og prosedyrar for å stryke dei frå lista. Det er utarbeidd anbefalingar til Barentsrådet om samarbeidstiltak om klimaendringar for Barentsregionen og ein MoU med Finlands og Russlands miljøverndepartement om «Green Belt of Fennoscandia» som vil gi betre grunnlag for samarbeid om forvaltning av verneområda langs grensene frå Barentshavet til Finskebukta. Arbeid innan dei prioriterte områda har vore ført vidare under svensk formannskap i 2010.
Riksantikvaren er tildelt leiaransvar for to kulturminneprosjekt som vart godkjende av Arktisk råd i april 2010.
Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.
Regjeringas nordområdestrategi legg bl.a. opp til at Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljøet og naturressursane i Nordområda. I oppfølginga av «Nye byggesteiner i nord» (mars 2009) blir det no etablert eit Senter for klima og miljø i Tromsø som har som mål å bli eit internasjonalt senter for forsking på klima og miljø i nordområda.
Satsing på utviklinga av forskingsplattforma SIOS vil vere viktig i denne samanhengen. I tillegg vil arbeidet med å utvikle eit nytt isgåande fartøy og utvikling av eit beredskap- og overvakingssystem for Nordområda, det såkalla BarentsWatch vere sentralt. Miljøverndepartementet deltek aktivt i oppfølginga av nordområdestrategien og legg særleg vekt på heilskapleg forvaltning og strenge krav til aktivitetar som påverkar miljøet. Miljøverndepartementet vil òg medverke til å styrkje internasjonalt samarbeid for å sikre ratifisering og effektiv implementering av internasjonale miljøkonvensjonar i Arktis av alle kyststatane. Målet er å redusere menneskeskapte klimaendringar og redusere belastninga frå langtransporterte miljøgifter.
Arbeide for ei god miljøløysing ved nikkelverka på Kola når moderniseringsavtala med Noreg ikkje blir gjennomført, og etablere ein norsk målestasjon i Nikel.
Det er no blitt klart at det moderniseringsprosjektet for nikkelproduksjon på Kola-halvøya som vart avtalt mellom den norske og russiske regjering i 2001, ikkje vil bli gjennomført etter planen. Prosjektet hadde som mål å redusere utsleppa av svoveldioksid og støv med 90 pst. innan utgangen av 2010. I staden ønskjer Norilsk Nikel å modernisere anlegga og redusere utsleppa etter eit revidert tidsskjema og med eit lågare ambisjonsnivå. Det er venta at briketteringsanlegget som er under bygging i Zapoljarnij vil bli sett i drift innan utgangen av 2011. Dette vil resultere i ein kraftig reduksjon av utsleppa derfrå. Til gjengjeld vil ein få ein tilsvarande auke av utsleppa frå sjølve smelteverket i Nikel. Konsernet sine planar når det gjeld oppgradering av smelteverket er ikkje nærare kjende. Russiske styresmakter har ikkje gitt løyve til å gjenopne den norske luftmålestasjonen i Nikel.
Problemet med dei store utsleppa frå nikkelverket ved norskegrensa vart tekne opp i samtalene under president Medvedjevs Noregsbesøk i april. I felleserklæringa frå besøket er det erkjent at utsleppa gir grunn til bekymring og må førast ned til eit nivå som ikkje skader helse og miljø i grenseområda. Russiske styresmakter seier seg reie til å medverke til at nødvendige tiltak blir sette i verk for å redusere utsleppa. Vidare er det semje om å styrkje miljøovervakinga i grenseområdet og å forsterke den vidare kontrollen.
Norilsk Nikel har sagt opp låneavtala med Nordisk Investeringsbank. Avtala om norske tilskot til moderniseringsprosjektet er dermed i misleghald. Nye tilskot blir ikkje utbetalte. Det vil frå norsk side blitt gjort tiltak for å få tilbakebetalt den norske støtta som allereie er blitt utbetalt til prosjektet.
Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.
Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) har medverka til implementering av ei rekkje miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen. Ikkje minst gjeld dette tiltak for å avgrense utslepp til luft og vatn og fremje energieffektivisering av fornybare energikjelder. Ukraina og Kvite-Russland inngår òg i prosjektsamarbeidet. I NEFCO sin strategi er det sett auka fokus på påverknad av klimagassar og miljøgifter i Arktis og at NEFCO skal bidra til å avgrense desse utsleppa gjennom sine aktivitetar.
Programmet for reinare produksjon og industriell miljøeffektivisering har som formål å introdusere metodar for miljø- og energieffektivisering i russiske industribedrifter i regionane Arkhangelsk, Murmansk, Karelen og Komi. Ei rekkje store industrikombinat og kommunale bedrifter i desse regionane har delteke i programmet. Det er lagt vekt på å få med bedrifter på Arktisk Råds miljøovervakingsprogram/NEFCOs «hot-spots»-liste i programmet. Programmet har gitt gode resultat i dei enkelte bedriftene, men det har enno ikkje lykkast å gjere det økonomisk sjølvberande. Det er derfor nedsett ei norskrussisk utgreiingsgruppe som skal foreslå korleis programmet kan tilpassast den russiske konteksten og deretter korleis ein kan utvikle eit regionalt nettverk av reinare produksjonsprogram i Nordvest-Russland. 2010 er meint å vere det siste året med tradisjonell norsk basisstøtte til programmet. Arbeidet held fram i 2011 med å tilpasse programmet og å forankre det sentralt i Russland og i regionane, og med støtte til einskilde prosjekt.
Føre vidare det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervaking, vern av naturtypar og kulturminne.
I 2010 vart Pasvik-programmet styrkt, blant anna når det gjeld mattryggleik og vassovervaking. Programmet, som er eit felles miljøovervakingssystem mellom Noreg, Russland og Finland, har som mål å overvake miljøtilstanden i grenseområda, og dermed avdekkje resultata av utsleppa frå Petsjenganikel-kombinatet. Samarbeidet skal førast vidare i 2011. Samarbeidet skal òg førast vidare i 2011 når det gjeld forvaltning av brunbjørn, forsking, miljøundervisning og økoturisme i Pasvik-Inari trilaterale park i samsvar med retningslinjene for Europarc.
Bioforsk Svanhovd har blant anna ført vidare det naturfaglege samarbeidet, gjesteforskarordninga og fenologisamarbeidet med russiske institusjonar og skular. Bioforsk Svanhovd bidrog i 2010 innafor samarbeidet om kulturminne også til arbeidet med etableringa av eit utandørsmuseum på Varlamøya i Pasvik naturreservat og til at museumsbygningen i Pomorlandsbyen Varzuga på Kolakysten vart ferdigstilt.
På området bevaring av habitat og biologisk mangfald er prosjekt for kartlegging og bevaring av utrydningstruga arter der Noreg og Russland har felles ansvar, som ismåke og dverggås, førte vidare. Etter etableringa av nasjonalparken Russisk Arktis i 2009, har ein teke opp att samarbeidet om erfaringsutveksling frå forvaltning av verneområde og turisme i Arktis.
Det grensenære samarbeidet i Pasvik-området, inkludert grensenære kulturminneprosjekt, og samarbeid om bevaring av biologisk mangfald og om forvaltning av verneområde blir ført vidare i 2011.
Bidra til russarane sitt arbeid med ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet.
Den auka økonomiske aktiviteten som er venta som følgje av den nye norskrussiske delelinja i Barentshavet, gjer eit tett samarbeid med Russland om ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av havområda i nord særleg viktig.
I desember 2009 vart ein milestolpe i det norskrussiske havmiljøsamarbeidet nådd då den felles norskrussiske statusrapporten for miljøtilstand og biologiske ressursar i heile Barentshavet vart lagt fram. Den russiske sida legg opp til å nytte rapporten som grunnlag for å utarbeide eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet, og Noreg vil tilsvarande nytte rapporten som grunnlag for oppdatering av forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet. Resultata frå miljøstatusrapporten er publisert på ein eigen miljødataportal på internett. Portalen vil bli eit sentralt verktøy i det planlagde felles norskrussisk økosystembaserte miljøovervakingssystemet for heile Barentshavet. Arbeidet for å etablere eit slikt overvakningssystem og bidra til å utarbeide konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet vart påbegynt i 2010 og vil bli ført vidare i 2011.
Eit viktig mål for havmiljøsamarbeidet er å arbeide for streng miljøregulering av alle aktivitetar som påverkar miljøet i Barentshavet, og i 2009 og 2010 har prosjekt relatert til petroleumsaktivitet stått i fokus. Samarbeidet om kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling og arbeide for å fremje bruk av miljøvennlege produksjonsprosessar i all petroleumsverksemd i området har vorte styrkt med felles tilsyn på norske og russiske boreriggar. I 2009 vart det gjennomført eit felles norskrussisk tilsyn på boreriggen Deepsea Atlantic på Gullfaksfeltet og på riggen og riggselskapet Oddfjell Drilling. I 2010 vart det gjennomført eit tilsvarande felles tilsyn på russisk side. I tillegg vart det gjennomført felttest av norskrussiske retningslinjer for overvaking etter oljeutslepp, som har medverka til forståing av prosessane som bidreg til gjenoppretting av det marine kystmiljøet etter forureining. Det vart òg gjennomført eit norskrussisk havmiljøseminar med utveksling av erfaringar innanfor dei skadelege effektane petroleumsverksemd kan ha på miljøet i Barentshavet, om overvakningsmetodikk, risikovurderingar og tilsyn.
Harmonisering av overvakingsmetodikk er høgt prioritert og skjer bl.a. ved hjelp av felles norskrussiske miljøovervakingstokt. Tokt har blitt gjennomført sidan 2002. I 2010 vart det gjennomført analysar etter OSPAR-metodikk av prøver innsamla på tokt i 2009 i russisk kystområde, og det vart gjennomført tokt med innsamling av biologiske prøver i kystområda i Kvitsjøen. Analyseresultata frå både 2010 og tidligare år viser godt samsvar mellom norske og russiske laboratorium.
Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.
Omlag 98 pst. av Svalbard er villmark etter definisjonen av villmarksprega område som er brukt i kartlegginga av inngrepsfrie område i Noreg. Det har ikkje vore nokon vesentleg reduksjon i dette talet dei seinare åra. Tilsvarande tal for fastlandet var ca. 12 pst. i 2008. På Svalbard er villmarksområda framleis samanhengande, og ikkje stykka opp gjennom gjennomgåande linjeinngrep som vegar, kraftleidningar og liknande mellom dei ulike busetnadene og gruveområda. Annan lokal arealpåverknad er òg moderat, og skuldast hovudsakleg ulike former for ferdsel i terrenget. Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda på øygruppa. I tillegg er nye sjøområde inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa frå fire til tolv nautiske mil. Til saman er ca. 65 pst. av landområda på Svalbard og 87 pst. av territorialfarvatnet verna. Dette vernet omfattar alle kjente naturtypar på øygruppa.
Verneføresegnene er dei seinare åra styrkte for å hindre negative effektar av auka ferdsel, og det blir arbeidd med å styrkje verneføresegnene ytterlegare og utarbeide forvaltningsplanar for å ta vare på formålet med vernet i ein situasjon der ferdsel knytt til både turisme og forsking aukar. I dag er det berre naturreservata på Bjørnøya og Hopen som har forvaltningsplanar.
I dei naturområda som ikkje er verna er det generelle regelverket for løyve til verksemd som kan føre til naturinngrep eller annan påverknad også svært strengt.
Fem av sjøfuglreservata på Svalbard har i dag status som såkalla ramsar-område under Ramsar-konvensjonen om våtmarker med internasjonal betydning. Det blir arbeidd med å nominere 4 nye område på Svalbard til denne lista. Dette er område som allereie er verna. Det blir òg arbeidd med å utgreie Svalbard som mogleg verdsarvområde under konvensjonen om verdas kultur- og naturarv.
Svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter regulerer di fleste typar lokal aktivitet som kan påverke omfanget og kvaliteten på Svalbards villmarksnatur.
Halde den menneskelege påverknaden på det biologiske mangfaldet på Svalbard på eit lågt nivå og sikre at bidraget til slik påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard er lite.
Dyrelivet på Svalbard er i utgangspunktet freda, men det er opna for avgrensa jakt, fangst og fiske, primært som fritidstilbod for lokalbefolkninga. Bestandane av dei fleste artene er livskraftige og lite påverka av den verksemda som i dag går føre seg på øygruppa, men for enkelte arter er det ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å fastslå dette heilt sikkert. Bestandane av arter som svalbardrein, kvalross og isbjørn, og ærfugl og gjæser er bygd opp igjen eller i vekst etter overutnytting i tidlegare tider. Unntaka omfattar grønlandskval og ringgås, som framleis har sterkt reduserte bestandar. Svalbardrøya har òg vore sterkt utnytta. I enkelte vassdrag har spesielt bestanden av storvaksen røye vore sterkt redusert og nærast utfiska.
Sjølv om situasjonen for det biologiske mangfaldet på Svalbard i dag er god, er arter og økosystem sårbare for fleire typar påverknad. Felles for dei årsaksfaktorane som peiker seg ut er at dei i hovudsak er knytte til ytre påverknad eller verksemd i tidlegare tider. Mens dei attverande effektane av tidlegare tiders fangst blir reduserte over tid, kan andre faktorar ventast å få større effekt. Dette gjeld særleg klimaendringar. Mindre sjøis i fjordane på vestsida av Svalbard påverkar allereie arter som er avhengige av is sin bruk av desse områda om vinteren og våren. Samtidig har innslaget av tempererte fiskeslag i fjordane auka betydeleg. Prognosane for redusert utbreiing av sjøis ved Svalbard tilseier at isbjørn og andre arter som er avhengige av på sikt kan bli betydeleg reduserte i utbreiing og tal. Også tilførsler av miljøgifter til Barentshavet har stor innverknad, og kan bli forsterka av klimaendringane. Arter som isbjørn og polarmåke har urovekkjande høge nivå av enkelte miljøgifter. Mens nivåa av «gamle» miljøgifter som PCB sakte blir reduserte, aukar nivåa av enkelte nyare kjemikaliar.
Også lokal verksemd og ferdsel kan påverke dyreliv og vegetasjon. Talet på turistar som besøkjer Svalbard har auka betydeleg, og særleg cruiseturismen har spreidd seg til stadig nye delar av øygruppa. Aukande ferdsel vil over tid i varierande grad føre til slitasje og forstyrring av dyrelivet, og større risiko for skade på bestandar av fugl og pattedyr som følgje av forureining.
Sjøfuglbestanden på Svalbard er òg avhengig av ei fiskeriforvaltning som tek omsyn til bestandane sitt næringsbehov. Dei fleste fiskeslaga som betyr noko som mat for sjøfugl rundt Svalbard er i dag i god forfatning eller i vekst.
Det er eit klart behov for å styrkje overvakinga av effektar av klimaendringar og ferdsel på Svalbard. Dette gjeld særleg effektar på vegetasjon. Overvakingsaktivitetar som dekkjer desse behova er under etablering.
Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbards miljøvernfond.
Fondet har vore fullt operativt sidan 2008. Svalbards miljøvernfond tildelte i første tildelingsrunde våren 2010 totalt 4,7 millionar kroner til 18 ulike miljøvernprosjekt. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innanfor berekraftig turisme, kulturminne, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilrettelegging, undersøkingar, kartlegging og overvaking av miljøtilstanden. Årleg tildeling frå fondet til miljørelaterte prosjekt på Svalbard er no rundt 9 millionar kroner. Styret held i 2011 fram praksisen med to årlege tildelingsrundar.
Avgrense menneskelege skadeverknader og bevare kulturminne og kulturmiljøet.
Svalbard har kulturminne som representerer verksemda til fleire nasjonar gjennom meir enn 400 år på ein måte som neppe finst nokon annan stad i verda. Alle kulturminne frå før 1946 er automatisk freda, men kulturminneverdiane blir i aukande grad påverka av ferdsel i terrenget og auka utbygging og press på areala i busetnadene. Klimaendringane fører òg til aukande nedbryting av kulturminne. Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje. Det blir vidare arbeidd med tiltak for å forby ferdsel ved enkelte utvalte kulturminne.
Det er i tillegg utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010.
Svalbard representerer natur- og kulturverdiar som Noreg har eit særskilt ansvar for å sikre, og UNESCO har signalisert tydeleg interesse for arktisk natur. Svalbard vart i 2007 oppført på den tentative lista over aktuelle område Noreg som part til konvensjonen om verdas natur- og kulturarv, har til hensikt å nominere til verdsarvlista. Det blir arbeidd vidare med å utgreie Svalbard som mogleg verdsarvområde.
Styre ferdsla på Svalbard i samsvar med miljømåla for Svalbard.
Ferdsel på land utanfor eksisterande vegsystem i busetnadene er regulert gjennom Svalbardmiljølova med forskrifter. Også andre sektorar sitt regelverk har betydning for korleis ferdsel er regulert i forhold til miljø. Dette gjeld blant anna turistforskrifta som regulerer kor tilreisande kan ferdast med snøskuter. Denne forskrifta er Justis- og politidepartementets ansvar. Svalbardmiljølova og verneforskriftene sett òg krav til skipstrafikken innanfor Svalbards territorialfarvatn. Når det gjeld ferdsel til sjøs, har også andre sektorar sitt regelverk stor betydning. Blant anna er hamne- og farvatnlova eit viktig verkemiddel som har betydning for forureiningsrisiko som følgje av skipstrafikk.
Svalbard var besøkt av meir enn 93 000 turistar i 2008, og dei siste ti åra er talet turistar på Svalbard nesten dobla. Svalbard er eit av dei mest besøkte arktiske reisemåla i verda.
Det har samtidig vore ein sterk auke i talet på plassar for ilandstiging på Svalbard, også i dei mest fjerntliggjande områda. Ekspedisjonscruise sette turistar i land på 134 ulike stader på øygruppa utanom Isfjorden og Ny-Ålesund i 2008. Styresmaktene har lagt til rette for auka forsking på Svalbard ikkje minst ut frå øygruppa sine spesielle fortrinn når det gjeld klimaforsking. Ferdsla knytt til forsking aukar derfor også.
Også den motoriserte ferdsla på land aukar. Det er i dag registrert meir enn 2 500 snøskuterar på Svalbard. Talt er meir enn dobla det siste tiåret. Dette tilseier at også snøskutertrafikken på det sentrale Spitsbergen har auka betydeleg. Samtidig er køyringa i Norvest-Spitsbergen og Sør-Spitsbergen nasjonalparkar redusert dei seinare åra. Ut over dette har ein lite detaljert kunnskap om ferdselsvolum og ferdselsmønster. På det sentrale Spitsbergen er det oppretta snøskuterfrie område der umotorisert friluftsliv og turisme skal kunne gå føre seg uforstyrra sjølv i område som er lett tilgjengelege frå Longyearbyen.
Det er dokumentert at barmarkskøyring knytt til tidlegare gruve- og leiteverksemd fleire stader har hatt sterk negativ effekt på terreng og vegetasjon, og at konsentrert ferdsel til fots har gitt stigdanning i mykje besøkte område. Betydeleg slitasje på vegetasjon og kulturminne på ein del mykje brukte ilandstigingslokalitetar er òg dokumentert.
Ut over dette er dokumentasjonen av effektar av ferdsla på Svalbards natur og kulturminne framleis avgrensa. Dette har samanheng med at ferdselsauken i dei fleste områda er av relativt ny dato og at det hittil har vore lite overvakinga.
Det er no gjennomført fleire tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg. Det er innført forbod mot bruk av tungolje for skip som seglar innanfor dei to store naturreservata på austsida av Svalbard. Vidare er det innført avgrensingar i talet på passasjerar om bord på skip som seglar innanfor desse naturreservata. Grensa på 200 passasjerar er sett for å hindre at dei store cruiseskipa som i dag ferdast på vestkysten av Svalbard tek i bruk farvatna på austsida. Dette vil medverke til å avgrense talet på ilandstigingar og førebyggje auka slitasje og forstyrring av dyrelivet innafor naturreservata på austsida av Svalbard. Formålet med desse naturreservata er å sikre store, urørte referanseområde for forsking. Styresmaktene arbeider no med forvaltningsplanar og forslag til endringar av verneforskrifta for dei store verneområde på Svalbard for å sikre at ferdsel og anna verksemd i verneområda skjer på ein måte som er i samsvar med verneformålet. Styresmaktene arbeider òg med å vurdere korleis det kan leggjast betre til rette for ikkjemotorisert frilufts- og reiseliv. Det blir òg arbeidd med å styrkje kunnskapen om utbreiing og sårbarheit av ulike naturtypar, og å utvikle ei meir systematisk kartlegging og overvaking av miljøpåverknad frå ferdsel.
13 Resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Tilstand, utvikling og utfordringar
Arealpolitikk og samfunnsutvikling
Planlegging er ein reiskap for berekraftig samfunnsutvikling og areal- og ressursforvaltning. Gjennom god planlegging sikrar ein miljøvenlege og effektive transportløysingar og tilstrekkelege og gode areal for næringsutvikling, skular, barnehagar og andre viktige samfunnsformål. Planlegginga gir rammer for kor vi skal bu, handle og bruke fritida vår, og korleis vi formar byar, tettstader og bygder som er attraktive for alle og fremjar folkehelsa. Samstundes er planlegging eit viktig verktøy for å sikre at naturens mangfald, kulturminne og kulturmiljø, landskapsverdiar og viktige jordbruksareal vert tekne vare på i eit langsiktig perspektiv i samsvar med nasjonale målsetjingar.
Plan- og bygningslova gir rammene for langsiktige avklaringar mellom utbygging og vern, og er det viktigaste verkemidlet på underområde 1, Arealpolitikk og samfunnsutvikling. Planlegging er forpliktande samarbeid og samspel på tvers av sektorar og mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå der kommunane har eit viktig ansvar innanfor statlege og regionale rammer. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med.
Statlege planretningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Gjennom ny plan- og bygningslov er det etablert nye og effektive verkemiddel for utvikling av ei meir berekraftig samfunnsutvikling. Kvart fjerde år skal det utarbeidast eit dokument med nasjonale forventningar til den regionale og kommunale planlegginga. Regionale og kommunale planstrategiar skal òg lagast kvart fjerde år. Dei skal ta stilling til viktige planspørsmål å arbeide med for nyvalde fylkesting (regional planmynde) og kommunestyre. Planstrategiane skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer som er trekte opp av regjeringa og Stortinget, men leggje vekt på lokal røynsle og kunnskap i den regionale og kommunale tilpassinga av politikken. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane. På denne måten kan Regjeringas forventningar til planlegginga tilpassast forskjellane i dei regionale utfordringane.
Planutfordringane i dei ulike delane av landet varierer, og planlegginga må møte utfordringar både i byar, tettstader og spreitt bygde strøk. I storbyane og andre pressområde er planlegginga retta mot aukande arealmangel og behov for fortetting, bevaring av grøntområde og utvikling av miljø- og klimavenlege transportløysingar. I andre delar av landet er planlegginga eit verkemiddel for å oppretthalde busetjing og skape nye arbeidsplassar. Denne store variasjonen inneber at det er heilt naudsynt med regionale og kommunale tilpassingar til planarbeidet, og det er ei utfordring å utforme ein nasjonal arealpolitikk som kjem dei ulike regionale utfordringane i møte.
Boks 13.1 Planlegging i tal
Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. I 2009 hadde 423 av kommunane i landet ein gjeldande arealdel til kommuneplan, av desse 423 planane blei 55 vedtekne i 2006, 85 i 2007, 30 i 2008, og 31 i 2009.
I løpet av 2007-2009 har det blitt vedteke om lag 2000 reguleringsplanar kvart år. Det er positivt at planaktiviteten er høg. Det inneber at vedtak om bruk og vern av arealressursane blir fatta på bakgrunn av grundige vurderingar og demokratiske medverknadsprosessar.
Det er behov for å styrkje planlegginga på ei rekkje område. Fleire stader er byggjeaktiviteten i strandsona framleis for høg, store samanhengande naturområde minkar og verdifulle jordbruksareal vert bygde ned. Det er eit mål å redusere transportbehovet og såleis klimagassutsleppa blant anna ved å unngå store bilbaserte kjøpesenter utanfor tettstadene der kollektivdelen er for liten. Dette hindrar òg negativ utvikling i sentrum. På einskilde område er det derfor naudsynt å føre ein strengare plan- og dispensasjonspraksis, samstundes som kommunar og fylkeskommunar får høve til å utarbeide gode planar gjennom betre rettleiing og kompetansebygging.
Formidling av dei nasjonale krava og forventningane til planlegginga overfor kommunar, fylkeskommunar og statlege sektormynde med motsegnsrett er ei viktig og krevjande oppgåve. Dette tydeleggjer prioriterte nasjonale miljømål i balanse med lokal handlefridom og ansvar.
Miljøverndepartementet utarbeider rettleiarar og formidlar nasjonal politikk og planpraksis. I samband med ny plan- og bygningslov er det arrangert eit omfattande opplæringsopplegg for kommunane i samarbeid med fylkeskommunar og fylkesmenn. Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Gyldendal Rettsdata og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no.
Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. Gjennom departementet si avgjerd i motsegnssaker vert viktig nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretisert og formidla.
Den nye plandelen av plan- og bygningslova vart sett i verk 1. juli 2009. Kommunar, fylkeskommunar og statlege sektormynde har fått ei lov som er lettare å bruke og som byggjer på prinsippet om at planlegginga ikkje skal vere meir omfattande enn naudsynt. Samtidig gir lova betre høve til å styre utviklinga på område som klima, transport, strandsona, fjellområda, universell utforming og sikring av viktige miljø- og friluftsområde.
Kunnskap om kvaliteten på og bruken av areal og ressursar er avgjerande for å kunne lage gode planar. Verken kunnskap eller system for å gjere tilgjengeleg informasjon om arealbruken for administrasjon, folkevalde og andre som deltek i planprosessane er enno gode nok. Det er derfor naudsynt å få til eit samordna system for kartlegging og overvaking av arealbruken og betre tilgang til kart og geografisk miljøinformasjon. Dette vil òg bidra til å auke kvaliteten på konsekvensutgreiingar av kommunale og regionale arealplanar.
Ei særleg utfordring er knytt til kommunanes plan- og miljøkompetanse. Kommunane har viktige oppgåver på plan- og miljøområdet, seinast formalisert gjennom ny plan- og bygningslov, naturmangfaldlov og matrikkellov. I tillegg har kommunane fått nye utfordringar blant anna knytte til klimautfordringane, og det vert stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning. Plan- og miljøkompetansen i mange kommunar er dei siste åra gradvis bygd ned. Det har svekt høvet til å ivareta plan- og miljøoppgåvene. Kommunane har ei avgjerande rolle i planlegging for ei berekraftig utvikling, og det er derfor behov for å sikre og styrkje kapasitet på området i kommunane.
Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om viktige planspørsmål innanfor område som universell utforming, vind- og småkraftverk, stadutvikling, ivaretaking av matjord, samordna areal- og transportplanlegging, fornybar energi, næringsutvikling med vidare. I programmet Framtidas byar samarbeidar til dømes departementet med fleire andre departement, dei 13 største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa og sikre eit godt bymiljø. Bymiljøprisen som vart delt ut første gongen i 2002, er eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk. For å styrkje kunnskap og kompetanse om tettstadutvikling har Miljøverndepartementet blant anna oppretta ein nettportal for tettstadutvikling www.stedsutvikling.no. Saman med andre partar gjennomfører departementet regionale og landsomfattande konferansar for kommunar og fylkeskommunar.
I villreinprogrammet samarbeidar departementet med fylkeskommunane om regionale planar for å sikre villreinen sine leveområde og god lokal utvikling. Plansamarbeidet er no i gang i 10 fjellområde, som omfattar 11 fylke og 61 kommunar. Det er etablert eit felles forum for dette planarbeidet. I samsvar med vedtak i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) er det regionale plansamarbeidet om areal- og transportplanlegginga mellom Oslo Kommune og Akershus fylkeskommune etablert. Utviklingsprogrammet Livskraftige kommunar blir avslutta i 2010. Dette samarbeidet med KS har gitt verdifulle erfaringar med miljø- og samfunnsutvikling i kommune-Noreg.
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Systemet «Byggsøk-Plan» er no operativt og tilpassa ny plan- og bygningslov. Dette gir grunnlag for elektronisk innsending av private reguleringsplanar og sikrar kvalitet av dei ulike stega i utarbeiding av planar. Departementet vil leggje vekt på informasjon og rettleiing om slike system. Departementet har òg støtta opp om eit prosjekt (Geointegrasjonsprosjektet) for å få betre integrasjon mellom kartsystem, plansystem og saksbehandlingssystem i kommunane slik at oppdatering, statistikk og samhandling kan skje meir effektivt.
Kart, geodata og eigedomsinformasjon
Kart og annan geografisk informasjon (geodata) er naudsynte hjelpemiddel for planlegging, drift og støtte til avgjerd på mange samfunnsområde. Ny lov om infrastruktur for geografisk informasjon (geodatalova) skal sikre betre tilgang til geografisk miljøinformasjon i Noreg og over landegrensene. Geodatalova er sett delvis i kraft. De resterande føresegnene vil bli sette i kraft så fort arbeidet med utfyllande forskrifter blir ferdig.
Statens kartverk koordinerer samarbeidet mellom staten, kommunane og andre instansar for å betre det digitale kartgrunnlaget på land. Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.
Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og andre verksemder som bidreg til den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Samarbeidet omfattar i dag vel 600 partar. Det inkluderar alle landets kommunar med eit unntak, alle fylkeskommunar og fylkesmannsembetene, i alt 43 nasjonale partar, Telenor og over 100 energiverksemder (nettselskap). Noreg digitalt bidreg til enkel og effektiv tilgang til kart og geodata på tvers av organisatoriske og geografiske skilje. Statens kartverk koordinerer og tilrettelegg samarbeidet. Samarbeidet vil bli vidareført på grunnlag av den nye geodatalova.
Kart og geografisk miljøinformasjon skal vere tilgjengeleg på www.statkart.no døgnet rundt og skal styrkje grunnlaget for å fatte gode og berekraftige vedtak. Brukarane kan blant anna søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer i tillegg til å velje målestokk eller måle avstandar. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar. Geodata er tilgjengelege via Internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Elektronisk tilgang til geodata har auka bruken av geografisk informasjon vesentleg dei siste åra.
Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Dette er avgjerande for bruk av alle typar satellitteknologi som satellittkommunikasjon, satellittnavigasjon og andre teknologiar som er baserte på ei felles verdstid. Referanseramma er i tillegg naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået. Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard, og arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta.
Pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Det er samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten og kvaliteten på kartgrunnlaget vert stadig betre.
Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og er naudsynt for eigedomsmarknaden. Matrikkellova som tredde i kraft 1. januar 2010 skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar. Det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, under dette bygningar, bustader og adresser, og grenser og eigedomsforhold blir klarlagde. Det nye regelverket stiller nye krav til saksbehandling, gjennomføring av oppmålingsforretningar og føring av matrikkelen. Lova introduserer nye sakstypar, blant anna er det opna for å matrikulere ny anleggseigedom og registrere eksisterande jordsameige. Kommunen sitt ansvar for oppmåling og matrikulering av eigedom er ført vidare.
Miljøverndepartementet si rolle og ansvar
Miljøverndepartementet er nasjonal planmynde etter plan- og bygningslova og set overordna mål for planlegginga i fylke og kommunar. Som overordna planmynde har Miljøverndepartementet ansvar for å samordne regjeringas interesser i planlegginga. Dette gjeld lovarbeid og einskildsakar i tillegg til utviklingsarbeid og program. Departementet utarbeider lover og forskrifter, behandlar einskildsaker og sikrar riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring. Miljøverndepartementet avgjer kommunale planar der mynde med motsegnsrett ikkje vert samde med kommunen gjennom mekling. På same måte skal departementet avgjere regionale planar der statlege regionale mynde eller nabokommunar har hatt vesentlege innvendingar til planen.
For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.
Departementet vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats.
Departementet har òg ansvar for nasjonal kart- og geodatapolitikk. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Statens kartverk har under dette ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Kommunane har ansvar på lokalt nivå, blant anna som lokal matrikkelstyresmakt og for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova. Det administrative ansvaret for tinglysinga vart overført frå Justis- og politidepartementet til Miljøverndepartementet med verknad frå 1. juli 2010.
Å få til gode løysingar i arbeidet med berekraftig samfunnsutvikling, arealdisponering, kart, geodata og eigedomsinformasjon er høgt prioritert. Til saman foreslås resultatområdet finansiert med 657 mill. kroner i 2011. Av dette foreslås omlag 501 mill. kroner over budsjettene til statens kartverk. Sjå meir i Del I om viktige prioriteringar i budsjettet, og programkategori 12.10, kap. 1400 og programkategori 12.50 i Del II. Finansieringa av underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441 i programkategori 12.10. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 6. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Underområde 2, Kart, geodata og eigedomsinformasjon, er i hovudsak finansiert over kapittel 1465, men også samfinansiering og salsinntekter er viktige, jf. omtale under kap. 2465.
Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:
6.1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling
6.2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon
Resultatområde 6 – underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling
Resultatområdet omfattar planlegging etter plan- og bygningslova som set mål for fysisk, miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunar og regionar. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å styrkje plan- og miljøkompetansen og forankre det lokale miljøarbeidet i kommunane.
Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
6.1.1. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk. Planlegginga i kommunar og fylke skal sikre effektiv samordning og skje innafor ramma av nasjonal politikk. | 6.1.1.1. Plan- og bygningslova skal brukast som verkemiddel for reduserte utslepp og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak. | Talet på planar i kommunar og regionar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak. |
6.1.1.2. Byar og tettstader skal vere funksjonelt utforma, ha eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet, eit grønt næringsliv og belastar omgivnadene minst mogleg. | Tettstadareal pr. innbyggjar. | |
Talet på leike- og rekreasjonsareal i tett- stader pr. 1000 innbyggjarar og delen lagt til rette med universell utforming. | ||
Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde. | ||
6.1.1.3. Det skal takast særleg omsyn til fjellnatur, vassdrag, landskap og viktige natur- og kulturverdiar. | Omfang av planar og utbygging som omfattar fjellområde, strandsone og andre prioriterte område. | |
6.1.1.4. Nasjonal strandsonepolitikk skal følgjast opp gjennom ein streng og differensiert planpraksis. | Talet på nybygg i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag etter dispensasjon eller i medhald av plan. | |
Del av kystlinja og vassdragslinja som ligg nærare enn 100 m frå bygningar. | ||
6.1.1.5. Regionale og kommunale planer skal sikre berekraftig utvikling med vekt på arealutnytting, verdiskaping og attraktiv stadutvikling. | Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova. | |
Talet på dispensasjonar for nybygg i landbruks-, natur- og friluftsområde. | ||
6.1.1.6. Oppgåver, mynde og forventingar er gjort tydelege overfor kommunane, slik at dei kan utnytte sitt miljøpolitiske handlingsrom. | Tal på kommunale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjort i kommunale planstrategiar og planar. | |
6.1.2. Plan- og bygningslova skal nyttast aktivt for å sikre lokal og regional utvikling som vektlegg miljøvist gode løysingar og sikrar god dokumentasjon av konsekvensar. | 6.1.2.1. Kommunal og regional planlegging skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene. | Talet på interkommunale og regionale arealplanar. |
6.1.2.2. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha ei god vurdering av verknader for miljø og samfunn. | Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar av planar og tiltak. | |
6.1.2.3 God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå aktuelt utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak. | Talet på interkommunale løysingar på plan- og miljøområdet. | |
Erfaringar og eksempel frå Livskraftige kommunar tekne i bruk i arbeidet med kommunale planstrategiar og anna lokalt utviklingsarbeid. | ||
6.1.2.4. Kommunane skal behandle kommune- og reguleringsplanar effektivt og sikre at dei har god kvalitet og er i samsvar med nasjonal politikk. | Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter. | |
Tal på og type motsegn fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og –grunn, og tal avgjort av MD. | ||
Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innafor prioriterte område. | ||
6.1.2.5. Alle fylker skal ha regionale planstrategiar som tek i vare prioriterte nasjonale områder, viktige regionale utfordringar og regionale behov. | Talet på fylke med godkjend regional planstrategi. | |
6.1.2.6. Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte. | Ny politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad. | |
Talet på oppslag på www.planlegging.no |
Statusbeskriving på måla frå Prop 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak.
Fastlands-Noregs utslepp av klimagassar var 15 pst. høgare i 2008 enn i 1991, først og fremst på grunn av trafikkvekst. Nedgangen på 5 pst. frå 2007 skuldast lågare aktivitet i nokre industrikommunar. Utsleppa frå avfallsbehandling og oppvarming har samtidig gått ned. Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunene er fastsett og tredd i kraft. Ifølgje Enova og KS hadde 169 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. juni 2010, mens 245 var i gang med planarbeidet. 97 pst. av kommunane har dermed, eller er i ferd med å få på plass, ein klima- og energiplan. Over 220 kommunar har skaffa seg kompetanse og erfaringar i klima- og miljøarbeid gjennom deltaking i samarbeidsprogramma Livskraftige kommunar, Grøne energikommunar eller Framtidas byar. Programerfaringane er no i ferd med å bli nedfelte i enkelte kommunar sine planstrategiar som skal utarbeidast i medhald av plan- og bygningslova.
Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraftutbyggingar gjennom regional planlegging.
For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft fastsette Miljøverndepartementet i samarbeid med Olje- og energidepartementet i 2007 retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. I retningslinjene er det tilrådd at fylka utarbeider regionale planar. Fleire fylke har vedteke regionale planar for vindkraft basert på statlege retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Fleire andre fylke arbeider med vindkraftplanar eller andre planar for energi der vindkraft utgjer ein avgrensa del. Departementet har gitt fagleg og økonomisk bistand til fleire fylke i arbeidet med regionale planar.
Potensialet for vindkraft til havs og særleg frå flytande havmøller langs norskekysten er stort. Stortinget har vedteke ei lov om fornybar energi til havs (havenergilova). Det er òg lagt fram ein nasjonal strategi for havbasert fornybar energi som oppfølging av klimaforliket. Miljøverndepartementet saman med underliggjande direktorat samarbeider med energistyresmaktene om å vurdere aktuelle utbyggingsområde for vindkraft til havs til område der konflikten med miljøomsyn og andre brukarinteresser (som f.eks. skipsfart, fiskeriinteresser, petroleumsverksemd) er akseptabel.
Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar/klima- og miljøvennlege byar.
Det er eit mål å utvikle meir konsentrerte byar og tettstader av omsyn til arealbruk og transport. Samtidig skal det sikrast område med god kvalitet til rekreasjon og leik. I dei største byane skjer det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, men for landet samla aukar tettleiken noko. Tal frå KOSTRA viser at leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene samla sett har auka noko frå 2001, men med store variasjonar mellom byane. Evalueringar syner at mange omformingsområde ikkje har god nok kvalitet i uteareala. Den nye plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområde. For 2007 rapporterte 171 kommunar at dei hadde eitt eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. I 2009 var talet 196.
Groruddalsatsinga er inne i sitt fjerde år og er det største forsøket på å løfte eit byområde her i landet. Mange resultat av satsinga er no synlege i form av betre kollektivtransport og tilgjenge til stasjonar på T-bana, tur- og sykkelvegar, parkar og badevatn, opne skular, gratis kjernetid i barnehagane, språkopplæring og ei rekkje nærmiljøtiltak og kulturaktivitetar. Samarbeidet mellom bydelar og etatar utviklar seg og nye grupper tek del i arbeidet. Aktiviteten er stor og aukande. I 2008 var 163 tiltak under arbeid, i 2009 214 tiltak. Aksjon vakrare Groruddal vart starta i 2009 i samarbeid med Oslo kommune og næringslivet. Arbeidet er rapportert i eiga årsmelding og i fireårlege handlingsprogram.
Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei største byområda for å få ned klimagassutsleppa, møte klimaendringane og sikre eit godt bymiljø. I alt 13 byar har underskrive ei avtale med staten om å satse på tiltak innafor transport, oppvarming, forbruk og avfall. Byane har høge ambisjonar og vil overoppfylle Klimaforliket. Også næringslivet sine organisasjonar har underskrive ei intensjonsavtale med staten og KS om å medverke i programmet. Om lag 40 samarbeidsprosjekt er i gang. Alle byane arbeider til dømes med areal- og transporttiltak for å redusere utsleppa frå vegtrafikken. Dei fleste er i gang med pilotprosjekt innafor bygg og heile bydelar der målet er å halvere utsleppa i høve til i dag. Det blir òg arbeidd godt med klimavenlege innkjøp og miljøsertifisering av offentlege og private verksemder. I tillegg har byane auka kunnskapen om klimaendringane og teke omsyn til desse i planarbeidet sitt.
Stadutvikling er ein viktig strategi for busetnad, næringsutvikling og eit betre miljø. Miljøverndepartementet støttar opp om denne verksemda ved å skipe gode møtestader for kunnskaps- og erfaringsutveksling og styrkje samarbeidet om stadutvikling mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Kartleggingar syner at det er ei stor utfordring for mange kommunar å skaffe seg kompetanse til å drive stadutvikling på ein god måte, særleg i dei mindre kommunane. Det saknast blant anna planfagleg, arkitektfagleg og miljøfagleg kompetanse. Gjennom arbeidet med ny plandel av plan- og bygningslova, vert det no utarbeidd rettleiarar om kvalitet i byrom og uteareal, stadutvikling og belysning, og kjøpesentra. Miljøverndepartementet samarbeider òg med Kommunal- og regionaldepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Riksantikvaren, Husbanken og Direktoratet for naturforvaltning gjennom «Forum for stadutvikling» om tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane, blant anna gjennom regionale stadutviklingkonferansar. Det er òg laga ein nasjonal nettportal for stadutvikling på Regjeringas nettsidar; stedsutvikling.no.
Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidreg til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur.
I samarbeid med Statsbygg har Miljøverndepartementet utgitt ei samling med eksempel på korleis staten kan medverke til ei god by- og tettstadutvikling ved lokalisering av sine verksemder. Departementet legg desse prinsippa til grunn for behandling av enkeltsaker, og fylkesmennene er gjennom embetsoppdraget bedne om å følgje opp dette ved statleg lokalisering i kommunane.
Den rikspolitiske føresegna om kjøpesenter har vore verksam i to år. Den har ført til ei meir bevisst haldning til kor viktig plassering av kjøpesenter er for stadutviklinga og for å redusere bruk av bil for daglege gjeremål. Føresegna gir ei auka likskap mellom dei ulike delane av landet, noko som òg er viktig for næringslivet. Departementet utarbeider no ein rettleiar som skal gjere det enklare å bruke føresegnene i planlegginga både i regionar og kommunar.
Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp statlege planretningslinjer (SPR) for universell utforming. Følgje opp særskilt angjevne tiltak i Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009 – 2013 – Noreg universelt utforma i 2025.
Miljøverndepartementet har fleire tiltak i planen og arbeider i nær kontakt blant anna med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Husbanken, Statens bygningstekniske etat, Statens kartverk og Direktoratet for naturforvaltning for å gjennomføre dei.
Eit vesentleg formål er å auke kompetansen lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnad og produkt. Eitt av tiltaka, Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar er fullt i gang med 13 ressurskommunar og åtte fylke (både fylkesmenn og fylkeskommunar) som direkte deltakarar. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Utvikling av målbare indikatorar er eitt av formåla. Departementet samarbeider med Statens bygningstekniske etat om kompetanseprogrammet Universell utforming i kommunar og fylke og med å utvikle ein felles rettleiar om universell utforming til Teknisk forskrift og til Statlege planretningslinjer for universell utforming.
Departementet får midlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til hovuddelen av tiltaka, mens Miljøverndepartementets kapittel 1400 post 80 blir oppretthalde til same føremål.
Kommunane rapporterer på universell utforming gjennom KOSTRA. I 2009 auka talet på kommunar med plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming til 26 pst., mot 18 pst. i 2008. Planane er i gjennomsnitt 1,8 år gamle. Størst del av slike planar hadde kommunane med 50 – 300 000 innbyggjarar (67 pst.) og 20 – 30 000 innbyggjarar (57 pst.) som for båe grupper er ei klar betring frå året før. Sju fylke har ein plan som inneheld krav om universell utforming. Arealbruksindikatorane som er under utvikling, skal blant anna utdjupe slik statistikk og gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge og kommunal planlegging og arealforvaltning.
Evalueringsrapporten utarbeidd 2010 av NIBR frå Miljøverndepartementet si behandling av den nasjonale koordineringsoppgåva Handlingsplanen for auka tilgjenge gjennom universell utforming 2005 – 2009 syner at departementet nådde fram med arbeidet på ein god måte.
Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen.
Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som vart sett i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette.
Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Plan- og bygningslova av 2008 gir nye moglegheiter for å ta vare på landskapet. Departementet arbeider no blant anna med å bevisstgjere om kva landskapet har å seie for folk og samfunn, og å få fram døme på korleis ein kan byggje på landskapskvalitet i planlegginga. Vidare arbeider departementet med metodar for klassifisering og vurdering av verdiar i landskapet. Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har på oppdrag frå Miljøverndepartementet utarbeidd ein grunnlagsmetode for landskapsvurderingar som er tilgjengeleg på nett. Det blir arbeidd vidare med rettleiarar for landskapsvurderingar i vindkraftsaker og for landskapsvurderingar i kommuneplanlegging.
Departementet ønskjer òg å få på plass ein samla, nasjonal landskapspolitikk som gjer greie for mål, vegval og aktuelle tiltak i samsvar med ansvarsdelinga mellom styresmaktene på ulike nivå.
Departementet samarbeider med andre sentrale statsorgan, Nordisk Ministerråd og Europarådets organ om å utvikle politikken og metodebruken.
Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling.
Fjellområda er ein viktig ressurs i mange kommunar og regionar, både som grunnlag for næringsutvikling og som verdiar knytte til natur og kultur. Regionale planar blir nytta i aukande grad i fjellområda for å sikre verneverdiar og avklare arealbruken på tvers av kommunegrensene.
Det blir utarbeidd regionale planar også på mange andre område, blant anna for kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald, friluftsliv og grønstruktur, og kystsona. Tabell 13.2 viser regionale planar fordelte på plantema, KOSTRA tal for 2009.
Tabell 13.2 Regionale planar fordelte på plantema
Tal på fylkeskommunar med ein eller fleire slike planar | |
---|---|
Samordna plan for areal/transportplanlegging eller utbyggingsmønster | 16 |
Plan for kulturminne og kulturmiljø | 11 |
Plan for friluftsliv | 11 |
Plan for kystsoner | 10 |
Plan for klima/energi | 9 |
Plan for universell utforming | 7 |
Plan for vassdrag | 6 |
Plan for fjellområde | 6 |
Plan for grønstruktur | 5 |
Plan for biologisk mangfald | 5 |
Miljøverndepartementet samarbeider med andre departement om arbeidet med regionale natur- og kulturparkar i utvalte regionar. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga.
Regjeringa har som mål å halvere årleg omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010. Statistikken skil ikkje ut dei mest verdifulle jordressursane, men som vist i tabell 13.3 er Regjeringa på rett veg med gradvis mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av jordressursane.
Tabell 13.3 Omdisponering av dyrka og dyrkbar mark
2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|
Talet på dekar dyrka og dyrkbar mark som er omdisponert til andre formål enn landbruk | 16 482 | 14 932 | 12 113 |
Av dette, dyrka mark (daa) | 8 799 | 7 900 | 7 674 |
Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal.
Fjell- og utmarksområda er ein vesentleg ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. For å få til gode langsiktige løysingar krev dette ofte interkommunalt og regionalt samarbeid, som gir føringar for det kommunale planarbeidet. Miljøverndepartementet har sett i gang eit 5-årig program der fylkeskommunane utarbeider regionale planar for ei langsiktig forvaltning av dei viktigaste fjellområda med villrein. Planane tek sikte på å sameine mål om næringsutvikling med Noregs internasjonale ansvar for å ta vare på villreinen. Planane skal gi grunnlag for avgrensing av ti nasjonale villreinområde. Planarbeidet er starta for dei fleste områda og omfattar blant anna Hardangervidda, Rondane/Sølnkletten, Dovrefjellområdet, Setesdalsfjella, Ottadalen og Forollhogna.
Reindrifta er ei arealkrevjande næring, og planar om hyttebygging og reiselivsutvikling kjem ofte i konflikt med reindrifta sin bruk av areala. Reindrifta nyttar om lag 45 pst. av landets areal, og omfattar òg eit stort tal bygningar. Reindrifta brukar areal på tvers av kommune- og fylkesgrenser.
Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljø, ressursbruk og estetikk blir vektlagt.
Det har dei siste fem åra (2005-2009) blitt ferdigstilt mellom 4000 og 6000 fritidsbustader pr. år her i landet, jamfør tabell 13.4. I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som ein reknar med har om lag same omfanget. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor oppteken av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen.
Tabell 13.4 Utbygging av fritidsbustader
2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|
Talet på hytter og sommarhus | 389 000 | 394 100 | 398 884 |
Talet på heilårsbustader mv. som er nytta som fritidsbustader | 29 000 | 29 600 | 30 209 |
Talet på fritidsbustader | 418 000 | 423 700 | 429 093 |
Talet på fritidsbustader i snaufjell, i strandsona, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgd opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innafor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Talet på fritidsbustader i 100-metersbeltet langs sjø var om lag 82 800 i 2007.
Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere fritidshus i si kommunale og regionale planlegging. Kommunane skal følgje dei nasjonale føringane for fritidsbustader som er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Føringane inneber at Regjeringa skjerper kravet om betre og meir miljøvennleg planlegging og utbygging av fritidsbustader. Det er òg viktig å betre kompetansen i kommunar og planleggingsmiljø om kva god og miljøriktig fritidshusplanlegging inneber. Ny plan- og bygningslov skjerper dispensasjonsreglane, og krev at kommunane i større grad vurderer verknadene av utbygging for miljø og samfunn. Regjeringa vil ha auka fokus på ei meir langsiktig og heilskapleg planlegging av fritidsbustader, der lokal næringsutvikling og utbygging skjer slik at andre viktige interesser ikkje blir råka.
Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag.
Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet har eksistert sidan 1965 og er ført vidare i ny plan- og bygningslov. Samtidig er reglane om dispensasjon stramma inn.
I samband med lovarbeidet blei det starta opp arbeid med statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Forslaget har vore på høyring og blir no følgt opp på grunnlag av høyringa. Retningslinjene skal danne grunnlag for planlegginga i kommunane og ta omsyn til at det er ulike forhold langs kysten. Medan 70 pst. av kystlinja i Akershus var bygningspåverka i 2010, var tilsvarande tal for Finnmark 10 pst.
Trass i mindre bygging i strandsona, minkar dei tilgjengelege areala i strandsona. I løpet av dei siste ti åra har tilgjengeleg areal for friluftsliv blitt 2,1 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,7 pst.
Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av Statistisk Sentralbyrå i juni kvart år. Tabell 13.5 viser utvikling i dispensasjonar og byggjeløyve. 66 pst. av dispensasjonssøknadene vart godkjente i 2009, mot 67 pst. året før.
Tabell 13.5 Utbygging i strandsona
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjøen | 1 000 | 808 | 767 | 812 | 900 |
Talet på godkjente byggjeløyve i samsvar med plan | 1 300 | 1 658 | 1 730 | 1 500 |
Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde.
Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet Livskraftige kommunar.
Meir enn 200 kommunar har teke del i programmet Livskraftige kommunar. Tilnærma alle kommunane har arbeidd med klima og energi som eit prioritert satsingsområde. Erfaringane frå programmet viser at arbeid i læringsnettverk er eit godt verkemiddel for å styrkje miljøarbeidet i midtsjiktet av kommunar. Kommunane sitt klart viktigaste hinder i det lokale utviklingsarbeidet har vore mangel på kapasitet i kommuneorganisasjonen, dernest manglande kompetanse.
2010 er siste år for programmet. Erfaringar frå Livskraftige kommunar har vore eit grunnlag i førebuingane av Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på «Lokalsamfunnsutvikling i kommunene», KS si utgreiing om statlege kjøp av klimakutt i kommunane, arbeid med forbetring av klima- og energistatistikk (KOSTRA) og Miljøverndepartementet sitt arbeid med å styrkje plan- og miljøkompetansen i kommunane. Det er lagt vekt på å forsterke innsatsen overfor kommunane, særleg på miljøområde der dei har myndigheitsoppgåver.
Auke miljøkompetansen bl.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema for framtida.
Kommunerapportar og følgjeevalueringa syner at kommunane har styrkt miljøkompetansen sin og evna til å drive offensiv miljø- og samfunnsutvikling gjennom deltaking i programmet. Kommunane opplever også stadig betre nytte av å arbeide i læringsnettverk over tid. Fleire av kommunenettverka rapporterer at dei vil fortsetje eit forpliktande interkommunalt samarbeid etter programperioden. Satsingane i programmet er no i ferd med å bli nedfelte i kommunale planstrategiar som skal utarbeidast i samsvar med ny plan- og bygningslov.
Statistikk om miljø og samfunn i norske kommunar er gjort lett tilgjengeleg og samanliknbar på www.bedrekommune.no, mens informasjon om kommunanes miljøtilstand, mål og tiltak finst på www.livskraftigekommuner.no. Programmet har synleggjort eksempel på offensiv lokal miljø- og samfunnsutvikling gjennom eksempelark, informasjonshefter og portalar, og i dokumentasjonen frå følgjeevalueringa.
Kompetansen på plan- og miljøområdet i kommunane er framleis svært varierande, og mange kommunar vil ha behov for bistand og støtte utover programperioden. Departementet har derfor sett i gang eit arbeid med formål å sjå nærare på korleis ein styrkjer og samordnar innsatsen for å hjelpe kommunane til å gjere ein god jobb, først og fremst på område der dei har plan- og miljømynde.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei drøfting av verkemiddel som kan styrkje det lokale plan- og miljøarbeidet på brei basis.
Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga.
Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er f.eks. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.
Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane, m.a. gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, jamfør statusbeskriving for målet om å auke miljøkompetansen.
I følgje KOSTRA vart det i 2009 vedteke 115 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 163 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar. 384 kommunar har ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel, og gjennomsnittleg alder er 7 år. 421 kommunar har vedteke arealdel til kommuneplanen, og planane er gjennomsnittleg 6 år gamle. Det er berre 9 kommunar som ikkje har arealdel til kommuneplanen (2 pst.). 262 kommunar (61 pst.) har ein nyare arealdel til kommuneplanen, dvs. vedteken i 2004 eller seinare. 159 kommunar (37 pst.) har ein gammal arealdel, dvs. vedteken i 2003 eller tidlegare.
Tala viser at landet er godt dekt av kommuneplanar, og at mange kommunar har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga. Men det er framleis for mange kommunar som har relativt gamle planar. Talgrunnlaget viser ingen sterk samanheng mellom alder på kommuneplanen og type kommune.
Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet.
Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar går fram av tabell 13.6.
Tabell 13.6 Reguleringsplanar og bebyggelsesplanar
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på vedtekne reguleringsplanar | 2 600 | 2 450 | 2 095 | 1 935 | 1 983 |
Delen av reguleringsplanane som er private (prosent) | 73 | 75 | 76 | 75 | 72 |
Reguleringsplanar er viktig reiskap for kommunane for å sikre kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, fellesareal, areal til barnehagar, skular og næringsverksemd mv. Departementet har eit aktivt rettleiings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. Departementet vil styrkje rettleiinga mot kommunane, og leggje vekt på korleis verktøy i plan- og bygningslova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring. Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilte.
Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane si planbehandling. I 2009 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for reguleringsplanar 244 kalenderdagar. Det er ein oppgang frå 226 dagar året før. Reell saksbehandlingstid varierer mykje.
Ifølgje kommunerekneskapen i KOSTRA brukte Kommune-Noreg 2,84 milliardar kroner til fysisk planlegging, byggjesaksbehandling og kart og oppmåling i 2009. Av desse utgiftene dekte kommunane inn 1,67 milliardar kroner i form av gebyr og andre inntekter. Storleiken på gebyra varierer mykje. I dei store byane blir det ofte fremja store og komplekse planar som gir høge gebyr og lang saksbehandling.
Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk.
Alle fylkeskommunar skal kvart fjerde år utarbeide regionale planstrategiar. Dei første regionale planstrategiane skal liggje føre innan eit år etter fylkestingsvalet i 2011. Planstrategiane skal ta stilling til kva regionale planspørsmål som er viktige å arbeide med, og slik avklare fylkeskommunane sine behov for å rullere planane sine og ta opp nye tema i samsvar med lokale utfordringar og statlege politiske føringar. Gjennom godkjenning av dei regionale planstrategiane vil regjeringa sikre at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i den regionale planlegginga.
I 2009/2010 blei 4 fylkesplanar og 11 fylkesdelplanar godkjende sentralt etter gamal plan- og bygningslov. Etter ny lov skal regionale planar utover den regionale planstrategien ikkje godkjennast sentralt. Dersom statlege styresmakter eller kommunar som vert direkte berørt har vesentlege innvendingar til ein regional plan, kan departementet likevel gjere endringer i planen.
Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene.
I alt 16 fylke hadde i 2009 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. Fylkesdelplanar tek òg opp andre tema som går på tvers av kommunane, blant anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.
Departementet følgjer opp Stortingets vedtak om samarbeid om areal- og transportplanlegging mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Det er et breitt samarbeid mellom Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, alle kommunane i Akershus, berørte departement og alle dei store transportorgana (Statens vegvesen, Jernbaneverket, Noregs statsbaner, Ruter AS). Planlegginga skal leie til at veksten i befolkninga skal finne stad på ei berekraftig måte.
Som nemnt under statusbeskriving for måla for vindkraft og villrein har Miljøverndepartementet teke initiativ til samordna arealplanlegging for vindkraft og fjellområde med villrein. I ny plandel av plan- og bygningslova er det innført fleire nye verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturmangfaldlova og arealbruken i randsonene til slike område.
Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter.
Miljøverndepartementet utarbeider rettleiing og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innafor sine fagfelt.
Det er fortløpande samarbeid og samordning mellom departementa på ulike tema og saker når det gjeld arealpolitikk og samfunnsutvikling, for eksempel knytt til ny plan- og bygningslov, strandsone, forvaltning av jordressursane osv. Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å styrkje samordninga med departementet sine underliggande etatar, blant anna gjennom tildelingsbreva. Miljøverndepartementet koordinerer dei ulike direktorata sitt rettleiings- og utviklingsarbeid knytt til plan- og bygningslova innanfor sine sektorar. Det skjer òg ei samordning med andre departement i rettleiingsarbeidet. Det er blant anna laga eit system med temarettleiarar som blir utarbeidd av ansvarleg fagdepartement og som blir lagt ut på Miljøverndepartementets internettside www.planlegging.no. Tidsskrifta Plannytt og Planjuss som blir gitt ut av Miljøverndepartementet er viktige kanalar for formidling.
Etter ny plan- og bygningslov skal det kvart 4. år utarbeidast eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dei første nasjonale forventningane er under arbeid og skal vedtakast av regjeringa innan 1. juni 2011. Forventningane skal blant anna leggjast til grunn for arbeidet med regionale og kommunale planstrategiar.
Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. Dei fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Berre 51 planar enda opp i Miljøverndepartementet til avgjerd i 2009.
Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging.
Ny plandel av plan- og bygningslova av 27. juni 2008 vart sett i verk 1. juli 2009. Det er vedteke naudsynte forskrifter om samanhengen mellom ny plandel og gjeldande byggesaksdel i plan- og bygningslova, om konsekvensutgreiingar og om kart, krav til digital plan m.m. I samband med iverksetjinga av ny lov er det gjennomført eit omfattande opplæringsopplegg for kommunane i samarbeid med fylkeskommunane og fylkesmennene. Det har vore halde nasjonale og regionale konferansar, og det er oppretta opplæringsteam som har samlingar. Departementet har òg arrangert regionale nettverkssamlingar på planområdet. Samtidig med forskriftsarbeidet er det òg utarbeidd ein ny datamodell for framstilling av digitale arealplanar etter SOSI-standard (Samordna opplegg for stadfesta informasjon). Det er etablert nettsider og rettleiing om innhaldet i ny lov. Det er eit stort behov for auka kompetanse i mange kommunar knytt til planlegging. Departementet vil bidra med meir rettleiing og eksempel på god planpraksis.
Utarbeide og revidere Statlege planføresegner (SPB) og Statlege planretningslinjer (SPR) for prioriterte politikkområde.
Departementet vil vurdere behovet for statlege planføresegner og retningslinjer på nærare utvalde politikkområde. Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging i kommunane og for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen har vore på brei høyring og vil bli følgt opp. Arbeidet med statlege planretningslinjer for universell utforming etter plan- og bygningslova av 1985 vil bli sluttført etter ny lov.
I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet følgje opp Helse i Plan som ledd i implementeringa av folkehelse i ny plan- og bygningslov.
Om lag 30 kommunar i 8 fylke deltek i utprøvingsarbeidet knytt til prosjektet Helse i Plan, som er leia av Helse- og omsorgsdepartementet. Fokus for prosjektet er å styrkje folkehelseperspektivet i samfunnsplanlegginga ved å bruke plan- og bygningslova som verktøy og kommuneplanen som forankrings- og samarbeidsarena, under dette samfunnsdelen, arealdelen og temaplanar. Eit anna siktemål med prosjektet er kompetanseoppbygging på plan og prosess innan helsesektoren i samarbeid med høgskular. Prosjektet vert avslutta i 2010. Erfaringane frå utprøvingsarbeidet vil vere viktig for satsinga på folkehelse framover i fylke og kommunar.
Utarbeide rettleiing for utgreiingar i planar etter pbl
Det er framleis varierande kvalitet på utgreiingar etter forskrifta om konsekvensutgreiingar under plan- og bygningslova. Dette gjeld særleg for oversiktsplanar etter plan- og bygningslova, men òg for enkelte søknader etter sektorlover. Det er behov for å føre vidare og styrkje arbeidet med rettleiing og vurdering av kvalitet på utgreiingane.
Resultatområde 6 – underområde 2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon
Området omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon, dvs. kart og elektroniske geodatatenester til bruk på alle samfunnsområde (den nasjonale geografiske infrastrukturen). Området omfattar òg tinglysing i fast eigedom og registrering av andelar i burettslag.
Tabell 13.7 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon
Nasjonale mål | Delmål | Indikatorar |
---|---|---|
6.2.1. Landet skal dekkjast av relevant geografisk informasjon av høg kvalitet som skal nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. | 6.2.1.1. Noreg skal ha eit nasjonalt geodetisk grunnlag. | Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000). |
6.2.1.2. Norske land- og sjøområde skal ha oppdatert basis geodata. | Ajourhaldsfrekvens for trykte og digitale kart. | |
6.2.1.3. Det skal liggje føre eigedomsdata (matrikkel, grunnbok og kommunale planregister). | Tal på kommunar som har etablert planregister. | |
Talet på brukaroppslag på kartportalen til Statens kartverk. | ||
6.2.1.4. Det skal vere effektiv tilgang til geodata og eigedomsdata for offentlege og private brukarar. | Talet på avtaler i Noreg digitalt. | |
6.2.2. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag blir gjort forsvarleg, effektivt og med kvalitet. | ||
6.2.2.1. Tinglysinga skal har nøgde brukarar og halde god kvalitet. | Saksbehandlingstid. | |
Svartid på kundesenteret. |
Statusbeskriving på måla frå Prop 1S (2009-2010)
Miljøforvaltningas mål er endra og er presenterte i tabellen ovanfor. Nedanfor vil det bli rapportert på måla frå Prop. 1 S (2009-2010).
Syte for eit nasjonalt geodetisk grunnlag.
All privat og offentleg oppmåling, kartlegging, navigasjon og anna bruk av geografisk informasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag. Det geodetiske grunnlaget er basert på eit tal målepunkt rundt om i Noreg. Nokre av punkta er utstyrte med måleutstyr som kontinuerleg gjer målingar, mens andre målepunkt vert besøkte periodisk for måleoppdatering. Observasjonsdata frå desse punkta dannar basis for berekning av ei nasjonal referanseramme som legg grunnlaget for all geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Grunna kontinuerlege endringar i jorda si form, gravitasjonsfelt og rotasjonsfart er det behov for jamleg overvaking av referanserammene. Eit viktig mål er å forbetre den nasjonale referanseramma og bidra til betre globale referanserammer. Målet er at brukarane i framtida kan bruke globale målemetodar (som GPS) og få samsvar mellom kart (i nasjonal referanseramme) og eigen posisjon med 1 cm grannsemd. Den nasjonale referanseramma vert gjort tilgjengeleg i sann tid gjennom Kartverket si posisjonsteneste CPOS. Talet på brukarar av CPOS-tenesta er sterkt aukande og CPOS vert av den grunn betrakta som samfunnskritisk infrastruktur.
Skal ein lykkast med målet om 1 cm grannsemd, er det ein føresetnad at høgdegrunnlaget vert forbetra. Høgdegrunnlaget (NN1954) har vore utsett for landheving i lang tid og har derfor betydelege manglar som gjer at det er dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Statens kartverk arbeider med å implementere NN2000 i alle landets kommunar. Det er eit mål at 80 pst. av kommunane skal ha innført det nye høgdegrunnlaget i 2015.
Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om betre globale referanserammer gjennom operasjonell drift av fleire målestasjonar og gjennom geodetisk analysearbeid.
Den viktigaste målestasjonen er lokalisert i Ny-Ålesund på Svalbard. Stasjonen opererer ei «Very Long Baseline Interferometry» (VLBI) antenne, eit superledande gravimeter, fleire posisjonsmottakarar (GNSS) og ein vasstandsmålar. Stasjonen inngår blant anna i eit globalt nettverk med ein type store radioteleskop som gjer målingar i samsvar med ein felles måleplan. Det viktigaste resultatet av dette arbeidet er jordrotasjonsparametrane som er essensiell informasjon når ein skal operere satellittar i bane rundt jorda. I yttarste konsekvens vil verken GPS-satellittar eller satellittar for innhenting av miljødata eller kommunikasjon fungere utan VLBI systema.
Innan geodetisk analyse arbeider Statens kartverk mot målet om å kombinere alle geodetiske måleteknikkar i ein og same operasjon. Resultata av dette arbeidet vil gi eit nytt og unikt bidrag til dei globale referanserammene, samstundes som det legg grunnlaget for overvakning av blant anna havnivå og havsirkulasjon.
I Europa vert det arbeidd med å utvikle eit nytt satellittbasert posisjonssystem – Galileo. Egnos, som er eit Europeisk støttesystem for GPS, vil etter kvart også bli eit støttesystem for Galileo. Dagens grannsemd ved bruk av Egnos er ikkje så god – det er først og fremst stabiliteten som er av betydning. Det er planar for å integrere Egnos i Galileo og i denne samanhengen vil Statens kartverk bidra til at Galileo og Egnos kan fungere best mogleg, òg i dei nordlege områda og ikkje berre i det sentrale Europa.
Innføringa av EUREF89 (regional referanseramme for Europa) i alle landets kommunar vart ferdig i april 2009.
Syte for basis geodata for norske sjøområde
Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten.
Samanhengande elektroniske sjøkart har vore tilgjengelege for heile norskekysten sidan 2008. Farleia vert utfordra i aukande grad ved at fartøya blir større, har auka djupn og ferdast i delar av farleia eller kystfarvatn som tidlegare knapt har vore nytta av større fartøy. Framleis gjenstår likevel fleire viktige farvatn på norskekysten som må nymålast. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget og bytte ut linje- og enkeltmålingar med heildekkjande målingar.
Dei siste åra er det sendt ein årleg sjømålingsekspedisjon til Svalbard. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Det er sterkt behov for å trappe opp sjømålinga på Svalbard. Trafikken er aukande og farvatnet vert stadig sterkare trafikkert også i område der kartgrunnlaget er svært lite tilfredsstillande. I åra som kjem vil innsatsen bli retta mot prioriterte, grunnare område.
Arbeidet med det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO er ein viktig del av Statens kartverk si rolle som forvaltar av nasjonale djupnedata.
Statens kartverk har teke leiaransvaret i BLAST-prosjektet, som er eit EU-finansiert samarbeid mellom 16 verksemder rundt Nordsjøen, blant anna om harmonisering av maritim informasjon.
Syte for basis geodata for norske landområde.
Basis geodata for landområda vert inndelt etter tema som separate primærdataseriar (veg, vassdrag, osv.). Dette gir stor fleksibilitet i produksjon og vedlikehald av data. Kart blir produserte ved å hente data frå ulike seriar og setje dei saman. Dataseriane kan òg nyttast i kombinasjon med fagdata frå ulike kjelder.
Det digitale kartgrunnlaget FKB (Felles Kartdata-Base) vert etablert og halde à jour gjennom eit samarbeid mellom Statens kartverk, Statens vegvesen, landbruket, dei fleste kommunane, Telenor, energiverk o.a. (Geovekst-samarbeidet). Statens kartverk koordinerer arbeidet sentralt, regionalt og lokalt. I 2010 er omlag 95 pst. av denne dataetableringa fullført. Alt areal i byar og tettstader er i all hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data. Frekvensen på ajourføringa av kartgrunnlaget vert tilpassa dei aktuelle endringane i ulike område. Såleis vil det vere hyppigare ajourføring i tettbygde strøk med høg aktivitet enn i område med liten aktivitet.
Hovudkartserien til Statens kartverk i målestokk 1 : 50 000 blir gitt ut både i trykt og digital form. Serien omfattar totalt 727 kartblad for heile Noreg. Med støtte frå Forsvaret blir det årleg ajourført mellom 60 og 100 kartblad.
Utrykkingsetatane (ambulanse, brann og politi) er avhengige av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Statens kartverk og Statens vegvesen arbeider for tida med eit prosjekt for å heve kvaliteten på veginformasjonen. Statens kartverk vil setje i gang eit landsdekkande prosjekt for å etablere vegadresser i alle kommunar.
Syte for eigedomsdata (matrikkel, grunnbok og kommunale planregister)
Disposisjonsretten over arealressursar er av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Både private og det offentlege har behov for informasjon om eigedommar og eigarforhold. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon kan delast i tre delar:
Matrikkelen, som omfattar faktiske opplysningar om fast eigedom, bygningar og adresser, bl.a. med eintydig identifikasjon av kvar eigedom. Matrikkelen vert ført av kommunane. Statens kartverk er sentral matrikkelstyresmakt, og har ansvaret for utvikling av regelverk og å utvikle og drifte matrikkelsystemet. Statens kartverk stør kommunane med å sikre kvaliteten i datagrunnlaget. Statens kartverk gjer data tilgjengeleg for brukarane. Frå 2010 er matrikkelen med tilhøyrande lov- og regelverk innført i heile landet. Matrikkelen er rekna som eit av landets tre basisregister. Dette medfører auka krav til fagleg kompetanse for alle som arbeider med eigedomsregistrering og eigedomsinformasjon, for å nå formålet med matrikkellova om einsarta og pålitelege eigedomsopplysningar.
Tinglysinga, som er omtalt særskilt nedanfor under statusbeskriving for målet for Tinglysinga
Kommunale planregister, som omfattar opplysningar om offentlege arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast. Planregistra er under etablering i kommunane. Statens kartverk stør kommunane med å kontrollere den tekniske kvaliteten og gjere plandata tilgjengeleg i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Lovgrunnlaget for kommunale planregister vart innført med ny plan- og bygningslov frå 1. juli 2009.
I 2011 vil Statens kartverk ha fleire nasjonale prosjekt, blant anna:
Frå matrikkeladresser til vegadresser.
Redusere mengda av mellombels forretningar.
Leggje til rette for å leggje inn Statsskog sine eigedommar i matrikkelen.
Førebu arbeid for å betre kvaliteten på informasjonen i matrikkelen, og bl.a. starte arbeid med rettsgrenser.
Prosjektet for etablering av kvalitetsstyringssystem for den sentrale matrikkelstyresmakta vert ført vidare og skal sluttførast (som prosjekt) i 2011.
Syte for samarbeid om deling av geodata mellom offentlege etatar.
Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og andre verksemder som bidreg til den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Statens kartverk koordinerer og tilrettelegg samarbeidet. Deling av data mellom samarbeidspartane er basert på eigne elektroniske tenester drifta av Statens kartverk. I 2010 omfattar Noreg digitalt meir enn 600 partar. Dei fleste statlege etatar med ansvar for utarbeiding og bruk av geodata tek del. Alle fylkeskommunar og alle kommunar med eit unntak er partar. I tillegg til basis geodata inngår òg ulike temadata som arealdata, ressursdata, miljødata og plandata i den felles geografiske infrastrukturen. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.
Ei viktig side ved samarbeidet er felles harmonisering og standardisering av data og etablering av effektive tenester for datautveksling. Etablering og vidareutvikling av Noreg digitalt er eit omfattande arbeid. Verksemdene har sjølve ansvar for produksjon og tilrettelegging av temadata. Framdrifta i arbeidet avheng av kapasiteten i desse verksemdene.
Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar internasjonalt. Arbeidet vil bli ytterlegare styrkt i 2011, bl.a. for å kunne gjennomføre lov om geodata og EU-direktiv 2007/2/EF om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Europa (Inspire). Direktivet krev at landa etablerer og opererer eit nettverk av elektroniske tenester for søking, vising og nedlasting av stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon. Nettverket skal gjere det mogleg for offentlege organ å dele data på tvers av organisatoriske og geografiske skilje. Nettverket skal òg vere tilgjengeleg for allmenta. Direktivet er godt i samsvar med gjeldande norsk politikk, jf. bl.a. planen for elektronisk forvaltning eNoreg 2009 og det tette samarbeidet om felles deling av geografisk informasjon (geodata) i Noreg digitalt.
Syte for effektiv formidling av geodata
Data frå Statens kartverk, kommunane og dei andre deltakarane i Noreg digitalt er i dag tilgjengelege for næringslivet og allmenta via Internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Ved å gjere data elektronisk tilgjengeleg har bruken av geografisk informasjon (geodata) auka vesentleg dei seinare åra.
Kartbilete er gratis tilgjengelege for allmenta via internettsidene til Statens kartverk. Brukarane kan bl.a. søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer, velje målestokk og måle avstandar. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar.
Statens kartverk har etablert ei særskild koordineringsteneste (PRIMAR) for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Statens kartverk leverer i dag autoriserte sjøkartdata frå 38 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 5000 skip over heile verda nyttar autoriserte kartdata formidla gjennom PRIMAR. Blant brukarane er òg den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i dette samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta er dekte ved brukarbetaling.
Tinglysinga skal ha nøgde brukarar og halde god kvalitet
Ansvaret for tinglysinga vart flytta over frå Justisdepartementet til Miljøverndepartementet med verknad frå 1. juli 2010, jf. Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010.
Frå november 2007 har all tinglysing i fast eigedom og andelar i burettslag blitt samla i Statens kartverk. Forholdet til brukarane har vore sentralt i den gjennomførde reforma og i 2009 blei det gjennomført ei brukarundersøking blant 1500 meklarar, bankar, kommunar, advokatar og privatpersonar. Undersøkinga viste at brukarane stolte på tinglysinga og at dei var fornøgde med saksbehandlingstida og kvaliteten på arbeidet. Område som kunne betrast var dialogen med brukarane, synleggjering av verksemda samt likare fagleg praksis. Det er sett i gang ei rekkje tiltak for å betre desse områda. Tinglysinga tek sikte på å gjennomføre ei ny undersøking i 2011.
Rask og effektiv saksbehandling i Tinglysinga hindrar unødig opphald i omsetjinga i bustadmarknaden. I 2009 vart nærare 95 pst. av sakene behandla og sende tilbake til brukaren i løpet av fire dagar. Rask saksbehandling vil framleis ha høg prioritet.
Tinglysinga fekk i St.prp. nr. 37 (2008-2009) midlar til å starte arbeidet med å digitalisere panteboka, dvs. tinglysingsgjenpartar frå perioden 1946-2007. Dette arbeidet har blitt ført vidare i 2010 og vil bidra til raskare saksbehandling og enklare tilgang til informasjonen for brukarane.
I 2008 vart elektronisk tinglysing starta opp som eit pilotprosjekt. Mange av sakene vert både registrerte og kontrollerte automatisk, mens nokre framleis må kontrollerast manuelt. Dette gjeld i hovudsak dei enklaste dokumenta. I 2009 var nærare 10 pst. av alle sakene til tinglysing saksbehandla elektronisk. Det er no aukande interesse for elektronisk tinglysing og Statens kartverk vil i løpet av 2010 ha utvikla ei løysing for ein ny type dokument, enkle skøyter. Det vil krevje ei ny teknisk løysing om ein skal utvide ordninga til å omfatte mange brukarar, meir kompliserte dokument, og tilpasse den til andre offentlege elektroniske portalar.
Statens kartverk sitt kundesenter for tinglysing er plassert i Ullensvang. Kundesenteret svarer på alle spørsmål om tinglysing i fast eigedom og delar i burettslag. I 2009 var det meir enn 300 000 samtalar. Dette er ein auke på nærare 12 pst. frå 2008. Gjennomsnittleg svartid til dei som ringjer er redusert frå snaue 4 minutt i 2008 til dryge 90 sekund i 2009. Det vil bli lagt vekt på å utvikle kundesenteret vidare. Kontoret i Ullensvang utfører òg andre tinglysingsoppgåver, bl.a. all registrering av rettar i delar i burettslag.
Det blir arbeidd på fleire felt for å sikre at grunnboka held god kvalitet. Det er sett i gang eit språkprosjekt som skal gi retningslinjer og konkrete råd for skriftleg kommunikasjon med brukarane. Kartverket arbeider òg med å unngå at saker blir sende i retur, dvs. at innsendte dokument har feil og manglar og vert sendt tilbake utan å ha blitt tinglyst.
Frå og med 1.1.2011 fell Norsk Eiendomsinformasjon AS sin særskilde einerett til å formidle frå grunnboka vekk.
14 Resultatområde 7 Andre verkemiddel
Tilstand, utvikling og utfordringar
Miljøet står meir sentralt i samfunnsdebatten enn på mange år. Ekstremvêr, issmelting, kraftforsyning og oljeboring set sitt preg på nyheitsbiletet. Dei miljøpolitiske utfordringane veks og skaper auka forventningar til politiske løysingar både internasjonalt og nasjonalt. Mange problem har blitt større og vanskelegare å handtere, slik som klimaendringane og følgjene av dei. Samstundes er det utvikla nye verkemiddel, lover og reglar for å møte utfordringane. Miljøforvaltninga må møte denne utviklinga med kunnskap og kompetanse og med enda meir effektivt og målretta arbeid.
Regjeringas miljøsatsingar dei siste åra har skapt behov for fleire tilsette og større ressursar til miljøforvaltninga. Fleire års stillstand er broten. Regjeringa har styrkt viktige område slik som naturforvaltning, klima og kulturminne. I tillegg er det satsa stort på internasjonalt arbeid, blant anna gjennom Klima- og skogprosjektet. Miljøinnsatsen er auka òg på andre departement sine område. På Samferdsledepartementet sitt område har løyvingane til jernbane og kollektivtrafikk auka sterkt, og på Olje- og energidepartementet sitt felt er det løyvd betydelege midlar til energieffektivisering og energiøkonomisering.
Fornyingsarbeidet i miljøforvaltninga har fokus på auka og betre bruk av teknologi. Dette gjeld alt frå store, omfattande system i Statens kartverk for å handtere data som er viktig for heile forvaltninga, næringslivet og einskilde brukarar, til system for å ta vare på og behandle miljødata, stille saman desse og medverke til auka miljøkunnskap generelt. Ikkje minst er overvaking av naturtilhøva vesentleg, i tillegg til forsking.
Boks 14.1 Miljøstatus.no
Miljøstatus.no er ein nettstad med oppdatert informasjon om miljøets tilstand og utvikling. Miljøstatus.no skal skape forståing for samanhengane mellom miljøets tilstand, kva som påverkar, konsekvensar og tiltak.
Nettsidene blir fortløpande oppdaterte, og all informasjon og alle data i Miljøstatus i Noreg blir kvalitetssikra minimum to gonger i året.
Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige tema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartteneste. På temasidene finst lenker til gjeldande lover og avtaler, nasjonale miljømål, utfyllande informasjon, samt lenker til andre relevante nettstader.
Miljøstatus i Noreg er utvikla av miljødirektorata på oppdrag av Miljøverndepartementet. Klima- og forureiningsdirektoratet er ansvarleg redaktør.
Kunnskap om miljøet og miljøtilstanden må liggje til grunn for politiske vedtak og prioriteringar. Å hente inn og å spreie slik kunnskap er ei av dei viktigaste oppgåvene for miljøforvaltninga. Miljøovervaking og miljøforsking omfattar regelmessig og systematisk innhenting av kunnskap om miljøtilstanden og om årsaka til miljøproblema. God kunnskap er grunnlaget for å setje riktige mål og for val av strategi for å nå desse måla. God kunnskap trengst òg for å kunne vurdere om måla blir nådd. Alle resultatområda er baserte på kunnskap som er innhenta over lang tid. Kunnskap må òg formidlast og spreiast. Auka kunnskap i folket om miljøutfordringar og om samanhengane i naturen vil stimulere miljøinteressa og venteleg bidra til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel. Pressa og frivillige organisasjonar er i denne samanhengen særleg viktige målgrupper for miljøforvaltninga sitt informasjonsarbeid. Moderne informasjonsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å effektivisere samhandlinga i miljøforvaltninga og med publikum.
Miljøverndepartementet har teke initiativ til prosjektet «Miljø365» som eit tiltak for å gjere miljøpolitikken meir relevant for folk i kvardagen deira. Føremålet er å engasjere enkeltmenneske i ulike typar miljøspørsmål, skape debatt, og motivere og leggje til rette for miljøvennleg åtferd. Gjennom informasjon og tiltak av meir handlingsretta karakter vil ein søkje å skape entusiasme og engasjement både for pågåande og eventuelle nye aktivitetar.
Miljøforvaltninga skal ha kunnskapsrike, omstillingsdyktige og effektive tilsette. Samstundes må vi arbeide med organisering, kompetanseutvikling og kvardagseffektivisering. Vi må òg ha gode og kraftfulle system for styring og oppfølging av arbeidet og administrative funksjonar som er tilpassa utfordringane.
Miljøverndepartementet si rolle og ansvar
Miljøverndepartementet har ansvar for å samordne regjeringa sin miljøpolitikk og for å sjå til at andre departement innarbeider miljøomsyn og miljøtiltak på sine ansvarsområde. Miljøverndepartementet skal vere ein pådrivar i miljøarbeidet, gjennom å setje nye saker og utfordringar på dagsordenen, å føreslå korleis desse kan bli løyste og kva for mål ein skal strekkje seg etter. Den nye naturmangfaldlova er eit viktig verkemiddel i Miljøverndepartementets arbeid for å sikre at det i alle sektorar blir teke omsyn til sentrale naturverdiar og forvaltningsmål for naturtypar og arter.
I samband med dei årlege budsjettframlegga samarbeider Miljøverndepartementet med andre departement om å gi statsbudsjettet ein best mogeleg miljøprofil. Miljøverndepartementet arbeider òg med tiltak for miljøeffektiv produksjon og forbruk og for å minimere miljøskadane ved økonomisk vekst. Noreg skal vere eit føregangsland for miljøteknologi og miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Miljøverndepartementet ønskjer å etablere ein sterkare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål for å gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen.
Verkemiddel
Valet av verkemiddel i miljøpolitikken er styrt både av kva som gir størst måloppnåing og av omsynet til tids- og kostnadseffektivitet. Miljøovervaking og miljøforsking er sentralt for innhenting og utvikling av kunnskap om alle sider av miljøet. Kunnskap og informasjon må bli spreidd og slik medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av beste tilgjengelege kunnskap. Slik blir dei tilsette og deira kunnskap viktige i arbeidet med å forbetre miljøet. Tilskot til dei frivillige miljøorganisasjonane er eit anna viktig verkemiddel for å styrkje merksemd og medverknad omkring ulike miljøspørsmål.
Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren, for eksempel plan- og bygningslova, naturmangfaldlova, forureiningslova, kulturminnelova med meir.
Ein effektiv og målretta organisasjon er avgjerande for at Miljøverndepartementet skal kunne nå måla sine. Derfor er resultatområde 7 også høgt prioritert og blir i 2011 finansiert med totalt 989,2 mill. kroner. Hovudutgiftene går til miljøovervaking og miljødata, utvikling og forvaltning av lover, reglar og instruksar, løn til tilsette i miljøforvaltninga, tilskot til dei frivillige miljøorganisasjonane og tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt og tiltak som stimulerer til ei berekraftig utvikling.
Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:
Sektorovergripande arbeid
Styring og administrasjon
Resultatområde 7 – underområde 1 Sektorovergripande arbeid
Underområdet omhandlar miljøovervaking og miljøforsking i tillegg til utgreiingar om særlege problemstillingar som det er viktig å få kunnskap om. Formidling av kunnskapen som kjem frå overvaking og forsking ligg òg under dette resultatområdet men må sjåast i samanheng med anna formidling av informasjon om miljøspørsmål.
I tillegg kjem ei rekkje ulike verkemiddel i arbeidet med å integrere og forankre miljøomsyn i alle delar av samfunnet på ein effektiv måte. Dette gjeld:
Samarbeid med andre departement, f. eks. om å integrere miljøomsyn på andre departement sine område, kunnskap om miljøtilstand og miljøpåverknad og miljøprofilen i statsbudsjettet.
Arbeid med formidling, informasjon og kommunikasjon om miljøspørsmål på ulike nivå og med ei rekkje ulike målgrupper. Pressearbeid og kampanjar er ein viktig del av dette arbeidet.
Arbeid for å fremje miljøeffektiv produksjon og forbruk og minske miljøskadane ved økonomisk vekst.
Gjøre Noreg til ein sentral leverandør av miljøteknologi.
Arbeide med auka miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar og etablere ein sterkare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og å gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen.
Viktige sektorovergripande tiltak er òg omtalte under resultatområde 6.2 Kart, geodata og eigedomsinformasjon. Det omfattar bl.a. overvaking, datainnsamling, informasjon og IKT-samarbeid.
Miljøforsking og miljøovervaking
Miljøforvaltninga har ansvar for norske miljødata og syter for at desse er autoriserte og offisielle. Miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering dokumenterer miljøets utvikling og Regjeringas miljøpolitikk. Rapporteringa gir grunnlag for å identifisere behovet for ny politikk.
Miljøverndepartementet har eit aktivt og konstruktivt samarbeid med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta. Det vert lagt stor vekt på at resultata frå forskinga blir formidla på ein føremålstenleg og forståeleg måte til forvaltninga og andre avgjerdstakarar gjennom eit tett samarbeid med Forskingsrådet og forskingsmiljøa. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 7. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.
Miljøomsyn integrert i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i Miljøverndepartementets budsjettproposisjon.
Alle aktørar har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem. Dei har òg ansvar for å ta vare på miljøverdiar dei eig og ofte sjølve har produsert, som sektoranes eigne kulturminne og kulturmiljø. Desse kan i tillegg ha potensial for verdiskaping og næringsutvikling. Styresmaktene har ansvar for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken gjennom føremålstenlege verkemiddel og tiltak. Alt miljøarbeid skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.
Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett-prosessane.
Miljøverndepartementet og Finansdepartementet samarbeider om å ta omsyn til miljø og berekraftig utvikling i heile arbeidet med statsbudsjettet.
Informasjon og kommunikasjon
Departementet arbeider for å styrkje kommunikasjonen om miljøspørsmål med fleire målgrupper, slik at dei ulike sektorane i samfunnet blir motiverte til å ta miljøomsyn. Pressa og frivillige organisasjonar er særleg viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, men ein legg òg stor vekt på å spreie kunnskap om miljø og leggje til rette for tilgjenge til miljøinformasjon gjennom ei rekkje ulike tiltak. Barn og unge er sentrale målgrupper for departementet.
Miljøverndepartementet samarbeider derfor tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet/Naturfagsenteret om prosjektet Den naturlege skulesekken. Med i prosjektet er òg ei rekkje frivillige natur- og friluftsorganisasjonar. Naturfagsenteret er sekretariat for Den naturlege skulesekken mens Direktoratet for naturforvaltning og Utdanningsdirektoratet står for gjennomføringa av prosjektet. Det internettbaserte læremiddelet Nettverk for miljølære er administrert av Naturfagsenteret og er kopla til Den naturlege skulesekken. Desse læremidla er sett i samanhang med kompetansemåla i Kunnskapsløftet for grunnskulen. Den naturlege skulesekken skal bidra til å utvikle interesse for og kunnskap om naturen, medvit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement hos alle elevar og lærarar i grunnskulen. I 2010 var 80 skular landet rundt med i prosjektet Den naturlege skulesekken. Prosjektet er evaluert av Naturfagsenteret som svært godt. Gjennom blant anna uteaktivitetar knytte til samfunnsfaga, naturfaga og frilufts- og helsefag får både elevar og lærarar eit betre grunnlag for og kunnskap om natur og samfunn. Dette er i tråd med Kunnskapsløftet.
Informasjon om saker i departementet blir spreidd på ulike måtar, slik at så mange som mogleg får vite om den. Pressemeldingar blir sende ut til organisasjonar og mediebedrifter. Det blir utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrift. Journalistar blir òg fora med bakgrunnsstoff og får tilbod om intervju med den politiske leiinga. Det blir arrangert pressereiser ved viktige hendingar. Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.
Klimaløftet koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Det skal setjast i gang ei rekkje felles prosjekt og utviklast omfattande nasjonale informasjonstiltak i tråd med pkt. 1.3 i Klimaforliket om ei opptrapping og styrking av klimainformasjonsarbeidet. Klimaløftet skal gjennom sine tiltak og sitt informasjonsarbeid engasjere og mobilisere breitt i folket og blant bedrifter. Skular og unge vaksne skal i 2011 framleis vere ei prioritert målgruppe. Klimaløftet vil òg ha sterkt fokus på å formidle oppdatert og vitskapleg basert informasjon om klimaendringar.
I tillegg til media er internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljøstatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der òg høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet.
Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementets nettsider www.planlegging.no og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss. Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på miljøforvaltningas internettsider. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departementets nettsider på ODIN. Nettstaden www.universell-utforming.miljo.no som er knytt til Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.
Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.
Miljøinformasjonslova
Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøpolitikken. Lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), gir omfattande rettar til miljøinformasjon frå både offentlege organ og private verksemder. Ei eiga uavhengig klagenemnd, Klagenemnda for miljøinformasjon, handterar klager over avslag på innsyn hos private verksemder.
Berekraftig produksjon og forbruk
Det er eit mål at auka økonomisk vekst ikkje samtidig fører til auka miljøbelastning. Forbruket av varer og tenester har auka jamt i industrilanda i mange år og aukar raskt i mange overgangsøkonomiar og utviklingsland. Følgjene er eit stort press på naturressursane. Ein svært stor del av miljøfølgjene av forbruk i Noreg gjeld råvarer og produkt som er framstilte i andre land. Både i u-land og i i-land må det treffast tiltak for meir miljøvennleg råvareuttak, produksjon produktdesign. Dette kan dels påverkast ved at importørar, profesjonelle kjøparar og forbrukarar stiller krav, dels gjennom arbeidet med miljøavtaler og i internasjonale organisasjonar.
På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det etablert eit 10-års rammeverk for berekraftig produksjon og forbruk (Marrakesh-prosessen). EU arbeider med oppfølging av handlingsplanen for berekraftig forbruk og produksjon og berekraftig industripolitikk. Noreg følgjer internasjonalt arbeid på dette området. Måla er blant anna å fremje miljøeffektiv produksjon og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, å nytte miljømerking, grønare leveransekjeder og miljøbevisste innkjøp til å fremje tiltak til beste for miljø og sosiale forhold i utviklingsland. Det er lagt vekt på forbrukarane sin rett til kunnskap om varer og tenester for å kunne gjere miljøriktige val. Mange av desse tema arbeider ein òg med under programmet «Framtidas byar» som er eit samarbeid mellom staten, kommunane i dei 13 største byområda og næringslivet der eitt av dei prioriterte innsatsområda er offentleg og privat forbruk. Fokus på forbruk vil òg vere relevant i prosjektet «Miljø365».
Miljøteknologi
Miljøspørsmål, inkludert klima og energispørsmål, er blant dei viktigaste utfordringane i tida som kjem. Det å ta omsyn til miljø kan òg vere ei kjelde til nyutvikling og verdiskaping. Varer og tenester som medverkar til å løyse miljøproblem er forretningsgrunnlaget til mange bedrifter, og det opnar for heilt nye marknader (som miljøteknologi og miljøtenester).
Regjeringa har varsla at den vil leggje fram ein nasjonal strategi for miljøteknologi i 2010. Regjeringa foreslår ei løyving på til saman 500 mill. kroner over tre år til ei programsatsing på kommersialisering av miljøteknologi. Programmet si målsetjing er å medverke til berekraftig næringsverksemd basert på miljøteknologi i Noreg, og å medverke til å nå dei miljøpolitiske måla. Blant desse måla inngår bl.a. klimamål i transportsektor og reduserte klimagassutslepp generelt. Programmet skal innebere satsing på kommersialisering av miljøteknologi som både skal tildelast nyetableringar og prosjekt innan teknologiverifisering og utprøving av teknologi. Satsinga skal fremje private investeringar og stimulere til nettverksbygging og strategisk samarbeid mellom leverandørar.
Programmet vil rette seg mot små, mellomstore og store føretak. Satsinga skal spissast ved å identifisere miljøteknologiske innsatsområde der Noreg har kompetanse og føresetnader for å lykkast nasjonal og internasjonalt. Kriteria for innsatsområda skal følgje av Regjeringas miljøteknologistrategi. Prioritering og utval av innsatsområde innanfor programmet skal skje på basis av eit slikt teknologinøytralt og transparent sett av kriterium som reflekterer målsetjingane.
Det nye programmet skal utnytte og supplere eksisterande verkemiddel på ein måte som fremjar kommersialisering av miljøteknologi. Ein hovuddel av løyvinga i 2011, på 117 mill. kroner, blir derfor tilført den etablerte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Noreg. Vidare blir 10 mill. kroner tilført etablering av eit Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) for miljøteknologi. Olje- og energidepartementets satsing innanfor havvind skal tilførast 20 mill. kroner og 20 mill. kroner blir tilført Transnova over Samferdselsdepartementets budsjett.
Det blir oppretta eit Programråd for miljøteknologi. Programrådet skal vurdere og gi anbefalingar om prioriteringar i programmet frå 2012, inkludert eventuell tildeling av midlar til verkemiddel i andre delar av verkemiddelapparatet og verkemiddel som omfattar universitet, høgskular o.a. Programrådet skal vidare stimulere til dialog og koordinering mellom deltakarane og med andre verkemiddelaktørar, gjennom koordinering av utlysingar og søknader mellom aktørar. Programrådet skal òg foreslå vidareutvikling av Regjeringas strategi for miljøteknologi. Programrådet blir utpeikt av NHD i samråd med MD og andre aktuelle departement. Innanfor programmet vil Innovasjon Noreg stille sekretariatsressursar til disposisjon og samtidig bli bede om å opparbeide særleg kompetanse på miljøteknologiområdet, bl.a. for å rettleie søkjarar i tilbodet av verkemiddel. Sjå elles nærare omtale av Innovasjon Noreg i NHDs budsjettproposisjon.
Miljøansvar i nyskaffingar og drift av offentlege verksemder
Innkjøp i offentleg sektor var på 380 mrd. kroner i 2008 og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar.
Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar set konkrete tiltak for å fremje etterspørsel etter miljøvennlege varer og tenester som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar. Planen gjeld for 2007 – 2010. Hovudpunkta i handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. Planen set eit særleg fokus på tiltak knytte til klima- og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald. Avfallsførebygging og effektiv ressursutnytting er ein del av dette. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete mål og krav til innkjøp av særleg viktige produktgrupper. Måla og krava i miljøpolitikken for statlege innkjøp gjeld frå 1. januar 2008. Rettleiande kriterium for dei prioriterte produktgruppene til bruk for innkjøparar vil fortløpende bli lagt ut på www.anskaffelser.no. Miljøleiing i statlege verksemder (Grøn stat) blir førte vidare gjennom handlingsplanen, og miljøpolitikken for statlege innkjøp er ein obligatorisk del av miljøleiingsystemet. Handlingsplanen skal reviderast i løpet av 2011.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har eit utøvande ansvar på nasjonalt nivå og ei sentral rolle i den operative oppfølginga av handlingsplanen både når det gjeld miljøbevisste innkjøp og miljøleiing. Difi skal òg integrere miljøperspektivet i si satsing på bygg og anlegg.
I kvart fylke/region er det etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for både statlege og kommunale verksemder. Noreg deltek òg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å fremje miljøbevisste offentlege nyskaffingar, bl.a. i NMR og EU. Miljøverndepartementet og Norsk Industri har som eit ledd i arbeidet med å redusere klimautsleppa inngått ei særskilt avtale om kjøp av energi- og klimavennleg utstyr til industrien. Avtala byggjer på prinsippa som er nedfelte i Regjeringas handlingsplan om miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Avtala omfattar alle Norsk Industris medlemsbedrifter. Norsk Industri skal leggje til rette for at medlemsbedriftene kan prioritere dei mest energi- og klimavennlege løysingane når dei kjøper produksjonsutstyr, andre varer og tenester. Avtala skal òg bidra til auka merksemd om innovasjon og miljøteknologi for å fremje meir klima- og miljøvennlege produkt på marknaden. Avtalen tredde i kraft 1. juli 2010.
Resultatområde 7 – underområde 2 Styring og administrasjon
Målretta, effektiv og miljøvennleg miljøforvaltning
Det vert utarbeidd eit årleg overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Tiltak for effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er under jamleg vurdering.
Departementet arbeider òg aktivt med risikoanalysar og integrering av analysane i styringa av miljøforvaltninga. Dei overordna risikoanalysane er forankra i leiinga i departementet. Krav til oppfølging av desse risikofaktorane blir omtala i overordna verksemdplan for departementet og oppfølging innarbeidd i tildelingsbreva til etatane og i avdelingane sine interne årlege verksemdsplanar. Oppfølging av krava skjer i den fortløpande styringsdialogen internt i departementet og med etatane.
I 2009 og 2010 har Miljøverndepartementet forenkla og forbetra budsjettproposisjonen sin del om dei sju resultatområda. Frå neste år vil dei nye begrepa nasjonale måla, delmåla og indikatorar bli tekne i bruk i rapporteringa. Dette er i samsvar med økonomiregelverket og Senter for statlig økonomistyring sine føringar for mål og resultatstyring. I tillegg til endring på målstrukturen er omfanget av mål og indikatorar betydeleg redusert, og det er endra på underområdestrukturen ved at nokre underområde er slått saman.
Miljøverndepartementet har fokus på å styrkje leiarane si arbeidsgivarrolle. Det er òg lagt vekt på å støtte leiarrolla gjennom eit godt utvikla medarbeidarskap der den enkelte har eit medansvar for organisasjonsutvikling, kunnskapsdeling og godt arbeidsmiljø.
På rekrutteringsområdet følgjer departementet ein strategi med konkrete tiltak for å styrkje arbeidet med å tilsetje godt kvalifisert personell, sikre at alle rekrutteringsprosessar er forankra i gjeldande styringsdokument og at departementet er vurdert som ein attraktiv arbeidsplass eksternt og internt. Departementets arbeid med kompetanse- og karriereutvikling byggjer på ei systematisk kartlegging av kunnskaps- og dugleiksbehov sett i forhold til dei oppgåvene og måla verksemda har. Det er lagt vekt på å utnytte erfaring og kompetanse i organisasjonen gjennom auka grad av teamorganisering, prosjektarbeid og nettverksbaserte arbeidsformer samt mogeligheit for erfaringsoverføring mellom etatane og departementet. Kartlegging av det interne arbeidsmiljøet i departementet er viktig for å halde på og å auke vitaliteten i organisasjonen. Ei ny arbeidsmiljø-kartlegging er planlagt hausten 2010.
Informasjonsteknologi skal støtte og bidra til effektiv samhandling innover i miljøforvaltninga og med det offentlege publikum. Miljøforvaltningas ikt-strategi og utviklinga i sektoren skal understøtte nasjonale mål og felles føringar for offentleg sektor. Informasjon om miljøstatus og miljødata skal vere eit sentralt verkemiddel i miljøpolitikken, og det vil vere særleg viktig å styrkje miljødatasamordninga og god formidling i sektoren.
Rettleiings- og informasjonsarbeidet overfor kommunane bør bli meir heilskapleg og systematisk. For å styrkje kommunane si utøving av mynde på miljøområdet har vi sett i gang eit arbeid med å utvikle ein nettbasert rettleiing for kommunane. Målet med den nye nettløysinga er å få kommunane til å bruke myndet dei er tillagt etter forureiningslova, plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og anna miljølovgiving betre og meir effektivt enn i dag.
Handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar når det gjeld miljøomsyn skal gjennomførast i departementet. Handlingsplanen har ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp av prioriterte produktgrupper, og at vidareføring av Grøn stat er ein del av handlingsplanen. Handlingsplanen blir følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementet sitt system for verksemdsplanlegging og gjennomføring av ISO 14001-sertifisering. Departementet gjennomfører årleg ein internrevisjon av systemet. Tiltaksplanen for Grøn stat i departementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi. Miljøverndepartementet vert som første offentlege verksemd kontrollmedlem i Grønt Punkt i 2008. Dette gir tyngde i arbeidet med å få andre offentlege etatar, private aktørar og tenesteleverandørar til å bidra til ei forsvarleg miljøvis handtering av returemballasje.
Samfunnstryggleikt og beredskap
Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverket og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar. I 2009 gjennomførte departementet systematiske risiko- og sårbarheitsanalysar i forkant av revisjon av beredskapsplanverket. Analysane vil i år bli reviderte før ny revisjon av beredskapsplanverket. Det er nedsett ei koordineringsgruppe leia av Miljøverndepartementet som skal ivareta tverrsektorielle oppgåver på klimatilpassingsområdet.
Etatsstyring
Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette òg departementets arbeid med etatsstyring.
Departementet følgjer opp fellesføringane for offentleg sektor om målretta systematiske brukarundersøkingar i etatane.
Rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen.
Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket, og ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene. Fylkesmennene ser til at nasjonale miljømål blir følgt opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som fylkesmennene gjennomfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas politikk.
Kommunane har svært varierande kapasitet og kompetanse på plan- og miljøområdet. Det er viktig at fylkesmennene prioriterer oppfølging og rettleiing av kommunane, særlig på område der dei har mynde.
Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar, og forvaltar viktige delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens innsats er i hovudsak retta mot resultatområde1 Naturmangfald og friluftsliv, resultatområde 3 Vassforureining, miljøgifter og avfall, resultatområde 4 Luftforureining og klima og resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. I fylkesmannens arbeid med å formidle og følgje opp nasjonal politikk har embeta ei svært viktig rolle i å medverke til at naturmangfaldlova sine forvaltningsmål for arter og naturtypar og miljøprinsippa blir følgde opp. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er elles knytte til:
Arbeidet med prioriterte arter og utvalte naturtypar
Områdevern og forvaltning av verneområde
Forvaltning av villaks, under dette nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris
Rovviltforvaltning
Framande organismar
Vassforvaltning
Tilpassing til klimaendringar og reduksjon av klimagassutslepp
Konsesjonsbehandling og tilsyn med forureina verksemder innan sitt myndeområde
tiltaksplanar for forureina sediment – regional og kommunal planlegging
innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata
Frå 1. januar 2010 overtok fylkeskommunen dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. På miljøområdet har overføringa av oppgåver vore gjennomført på ein god måte, mellom anna takka vere godt samarbeid mellom fylkesmannen og fylkeskommunen.
Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.
Fotnotar
Konsentrasjon er her målt i ppm som betyr «parts per million» altså delar CO2 pr. million delar luft.