Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070, 5575 og 5610

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

7 Sektorovergripande miljøpolitikk

7.1 Innleiing

Miljøarbeidet i dei einskilde departementa skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål. Desse er utarbeidde av Miljøverndepartementet og ligg innanfor dei miljøpolitiske resultatområda til regjeringa; bevare mangfaldet i natur og friluftsliv, eit stabilt klima og rein luft, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn og bevaring og bruk av kulturminne. Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementet sitt samla arbeid med å innpasse miljøvernpolitikken i eige ansvarsområde.

Reint og rikt hav er sjølve grunnlaget for fiskeri- og havbruksnæringa. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det naudsynt med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Det trengst eit godt kunnskapsgrunnlag for å sikre ei vellukka fiskeri- og havbruksforvaltning, og den marine forskinga bidrar stadig med ny kunnskap. Fiskeri- og kystdepartementet bruker difor mykje ressursar på å kartleggje, overvake og forske på det marine miljøet.

Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidare utvikling og vekst i havbruksnæringa. Styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa. Forskinga skal leggje større vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere ein fare for irreversible skader på miljøet. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, slik som rømming, utslepp av næringssalt og miljøskadelege stoff og smittespreiing, inkludert lakselus.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvenleg og sikker transportform med mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid for å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvenleg og effektiv transportform. Det same gjeld arbeidet med å redusere risiko for forureining frå sjøtransporten.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i, og ansvar for, forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere politikken effektivt i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt og regionalt nivå.

Ein god og stabil miljøtilstand er ein føresetnad for ein god næringspolitikk, og ei vellukka miljøforvaltning er eit sentralt mål for Fiskeri- og kystdepartementet. Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive programkategoriane i proposisjonen.

7.2 Bevaring av mangfaldet i naturen

Kunnskap om tilstanden i økosystemet er ein føresetnad for å setje i verk effektive tiltak for bevaring av naturmangfaldet. Trugsmål er til dømes overhausting, innføring av framande artar og uønska habitatendringar. Det er fleire tiltak som blir sette i verk for å sjå til at artsmangfaldet ikkje går tapt. Forbod mot utkast av fisk, utvikling av selektive fiskereiskapar, kartlegging og vern av viktige oppvekstområde er nokre av dei tiltaka som blir nytta. Innanfor havbruk er innsats mot rømming av oppdrettsfisk og tiltak mot spreiing av lakselus prioritert. Framande artar kan vere ei utfordring også i det marine miljøet, og nye artar er venta i våre farvatn som følgje av klimaendringar.

Fiskeri

Havressurslova set krav om at viltlevande marine ressursar skal forvaltast i tråd med føre-var-prinsippet, og med ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn både til leveområde og biologisk mangfald. Dette er i tråd med internasjonale avtalar og retningsliner, som FNs Havrettskonvensjon, Code of Conduct for Responsible Fisheries utarbeidd av FNs matvareorganisasjon (FAO) og prinsippa utvikla under miljø- og utviklingsmøtet i Johannesburg 2002.

Hausting skal vere berekraftig og basert på best tilgjengelege informasjon. Forvaltningsprinsippet i havressurslova forpliktar styresmaktene til, med jamne mellomrom, å vurdere alle bestandar som det blir hausta av. På grunnlag av dette skal styresmaktene vurdere kva type forvaltningstiltak som er naudsynt for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dei lange tidsseriane til Havforskingsinstituttet utgjer ein solid kunnskapsbase for overvaking av dei marine økosystema.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider for å utvikle eit meir miljøvenleg fiske. Det gjeld både å unngå skade på botnhabitat og å få til eit fiske med mindre energiforbruk. Arbeidet med å utvikle meir miljøvenlege reiskapar og metodar er prioritert. Dette er sentralt for å kunne utvikle fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og gjer mindre skade på botnhabitat. Opprydding av tapte garn er også eit prioritert tiltak.

Resultat 2010-2011

Fiskeridirektoratet har utvikla ein forvaltningstabell over art/ressurs, og ein forvaltningstabell for fiskeria. Desse tabellane er baserte på eit indikatorsystem som gjer det mogleg å prioritere tiltak både når det gjeld trua artar og i høve til selektive og miljøvennlege reiskapar. Dei to tabellane legg no grunnlaget for ei effektiv forvaltning av økosystema og prioriteringar innan ressursovervakinga. Sjå kapittel fire for status i forvaltningstabellen.

Fiskeridirektoratet fjerna i 2010 vel 1 000 tapte garn, omlag 5 500 meter line og fleire tusen meter endetau og snurrevadtau og andre etterlatne fiskereiskapar langs kysten frå Vardø til Florø. I tillegg vart 97 kongekrabbeteiner fjerna.

Havbruk

I regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring frå 2009 er det lagt vekt på fem hovudområde der havbruk påverkar det omkringliggjande miljøet. Strategien skisserer utfordringar, mål og tiltak som skal sikre at vidare vekst i havbruksnæringa skjer på ein miljømessig berekraftig måte utan uakseptable miljøverknader. Arbeidet knytt til denne strategien vil ha høg prioritet hos fiskeristyresmaktene og underliggjande etatar i 2012.

Måla for dei fem hovudområda:

  • Genetisk påverknad og rømming: Havbruk skal ikkje føre til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

  • Forureining og utslepp: Alle oppdrettslokalitetar som er i bruk held seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og har ikkje større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

  • Sjukdom, medrekna parasittar: Sjukdom i oppdrett har ikkje bestandsregulerande verknad på villfisk, og mest mogleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

  • Arealbruk: Havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko.

  • Fôrressursar: Havbruksnæringa sitt behov for fôrråstoff blir dekt utan overutnytting av dei viltlevande marine ressursane.

Til kvart av måla er det knytt ei rekkje tiltak som skal sikre at oppdrett blir drive utan uakseptable miljøverknader. Tiltaka er både på kort og lang sikt, og inneber både styrking og betring av regelverket, forvaltningsverktøy, tekniske standardar, tilsyn og styrking av den forvaltningsretta forskinga.

I oppfølginga av denne strategien blir det særleg lagt vekt på å utvikle konkrete og presise måltal for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring og utvikle og setje i verk effektive og rasjonelle måleprogram for å overvake verknadene av tiltaka.

Resultat 2010-2011

Arbeidet med å gjere berekraftstrategien operativ er godt i gang. Dei ekstra satsingane over statsbudsjettet på 15 mill. kroner i 2010 og 12 mill. kroner i 2011 for å gjennomføre og følgje opp berekraftstrategien er gjennomført i samarbeid mellom fiskeri- og miljøvernstyresmaktene. Det er sett i gang ei kartlegging av verknader av innblanding frå oppdrettfisk på gyteplassane, og det blir arbeidd med å utvikle berekraftindikatorar for genetisk interaksjon. Det blir også arbeidd med å utvikle indikatorar for utslepp frå oppdrettsanlegg og å styrkje kunnskapen om regionale tålegrenser. Når det gjeld lakselus er det arbeid i gang for å betre kunnskapen om verknadene lusa har på laks og sjøaure, metodeutvikling og problematikk kring resistens.

Fiskeridirektoratet sitt havbrukstilsyn vart styrkt med 10 mill. kroner i statsbudsjettet 2010. Midlane har vorte brukt både til å styrkje tilsynskapasiteten sentralt og ved regionkontora og til å auke direktoratet sin kapasitet til å utvikle kostnadseffektive tilsynssystem. Fiskeridirektoratet sin tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk Nye Visjon nullflukt, er følgd opp i 2010 og 2011.

Mattilsynet har dei siste åra styrkt tilsynet innanfor fiskehelseområdet. Etter at Mattilsynet uttrykte uro over lakselussituasjonen hausten 2009, er regelverket knytt til lusenedkjemping vorte kraftig skjerpa. Mattilsynet har ei rekkje verktøy til å handtere situasjonen og har fullmakt til å påleggje samordna drift, brakklegging og om nødvendig utslakting. Dei kan i tillegg fastsetje forskrifter om eigne soner med strengare krav i område der dei generelle tiltaka i nasjonal luseforskrift ikkje har hatt god nok effekt. Mattilsynet fastsette i 2010 slike forskrifter om samordna utsett og brakklegging for Sunnhordland og delar av Nord-Trøndelag.

Sjukdommar hos viltlevande akvatiske artar

Fiskeri- og kystdepartementet har og ansvar for sjukdom hos viltlevande bestandar av akvatiske artar. Her vert sjukdommar som kan true eksistensen til arten prioriterte.

Dei mest aktuelle sjukdommane som kan true ville ferskvatnsartar i Noreg er krepsepest og infeksjon med Gyrodactylus salaris. Planlegging og gjennomføring av overvaking og tiltak mot desse sjukdommane må gjerast i nært samarbeid med miljøstyresmaktene, som har sektoransvar for forvaltning av akvatiske ferskvatnsartar. I tillegg kjem parasittsjukdommar som kan truge den europeiske flatøstersen.

Resultat 2010-2011

Krepsepest er ein alvorleg trugsel mot edelkrepsen, og vart i 2010 påvist i to vassdrag på Austlandet (Glomma og Buåga). Sjukdommen er nært knytt til signalkreps, som er ein framand art i norsk fauna. Signalkrepsen kan bere soppen Aphanomyces astaci utan sjølv å verte sjuk, men han smittar edelkreps. Etter fleire år utan påvising av krepsepest, vart sjukdomen påvist på ny i Glomma ved Kongsvinger i 2004, og i Haldenvassdraget i 2005. Etter den tid har det vore fleire tilfelle av krepsepest. For å motverke vidare smittespreiing oppover i Glomma og Haldenvassdraget, påla Mattilsynet Ørje og Svanfoss sluser å stengje. Det førde til restriksjonar på turistbåttrafikken i vassdraga. Det er no opna for noko båttrafikk gjennom begge slusene av omsyn til den lokale turistnæringa. Kontroll og nedkjemping av krepsepest skjer i samarbeid mellom Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning, der Mattilsynet har ansvar for tiltak som er naudsynte for å hindre vidare smittespreiing, og Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for å hindre innførsel og spreiing av arten signalkreps.

Gyrodactylus salaris angrip lakseungar i elvane. Parasitten vart ikkje påvist i prøver tekne ut i samband med det nasjonale overvakingsprogrammet i 2010. Undersøkingar som var gjort før behandling av vassdrag i Nordland avdekka smitte i to nye elver, Dagsvikelva og Nylandselva. Begge desse ligg i Vefsnregionen. Gyrodactylus salaris vart også påvist på røye i Fustvatnet og Ømmervatnet i Nordland. I 2010 vart Halsanelva, Hestdalselva, Dagsvikelva og Nylandselva i Vefsnregionen behandla med rotenon for å utrydde parasitten. Vassdrag i Lærdalsregionen er planlagt behandla i 2011 og 2012. Kontroll og nedkjemping av Gyrodactylus salaris skjer óg i samarbeid mellom Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning, der Mattilsynet har ansvar for førebyggande tiltak for å avgrense smittespreiinga og Direktoratet for naturforvaltning ansvaret for m.a. tiltak som val av nedkjempingsmetode og prioritering av vassdrag.

Parasitten Bonamia ostreae er årsak til sjukdomen bonamiose hos flatøsters. Noreg har sidan 1995 hatt eit overvakings- og kontrollprogram for sjukdomen. Bonamia ostreae vart påvist i vill flatøsters i Arendal i 2008. Mattilsynet har oppretta eit kontrollområde for å hindre smitten i å spreie seg. Påvisinga førte til at Noreg miste sin fristatus for bonamiose i dette området. Parasitten har ikkje vore påvist sidan 2008.

Ressursutnytting

Dei levande marine ressursane er fornybare, men dei er ikkje uavgrensa. Fiskeriforvaltninga arbeider for å sikre ei best mogleg utnytting av ressursane som blir hausta. Dette arbeidet skjer på fleire frontar. Noreg har arbeidd aktivt også internasjonalt for å hindre utkast og redusere bifangst. Utvikling av meir selektive reiskapar er eit tiltak i dette arbeidet.

Rett kvotefastsetting er naudsynt for å hindre overhausting. Fiskeriforvaltninga nedkjempar også overhausting gjennom innsatsen mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket). Fiskeri- og kystdepartementet arbeider breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot UUU-fiske. FFA skal leggje til rette for eit godt samarbeid mellom ulike statlege etatar i kampen mot lovbrot i fiskerinæringa. Fiskeridirektoratet, Kystverket, Kystvakta, Skattedirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Økokrim og Politidirektoratet deltek i samarbeidet.

Fiskeristyresmaktene deltek i relevante miljøkonvensjonar og avtalar der det blir utvikla nye prinsipp, metodar og regelverk som påverkar nasjonal styring av fiskeria.

Resultat 2010-2011

Det er ikkje registrert ulovlig overfiske av torsk eller hyse i Barentshavet i 2009 og 2010.

Beskytta område

Både nasjonalt og internasjonalt blir det lagt stor vekt på å beskytte marine område som er sårbare for fiskeriaktivitetar. Det er til dømes lagt restriksjonar på fiske med tunge botnreiskapar i fleire område for å beskytte korallar. Arbeidet med marine beskytta/verna område held fram. Å få på plass Marin verneplan med marine verneområde og marine beskytta område vil ha prioritet dei næraste åra. Fiskeriforvaltninga er oppteken av at vern alltid skal ha eit klart føremål, og at ressursar skal kunne utnyttast i verneområde dersom det ikkje strir mot verneformålet.

Resultat 2010-2011

Fiskeri- og kystforvaltninga har delteke i arbeidet med Marin verneplan. Departementet fastsette i 2011 ei heilt ny botnfiskeforskrift som vil forby alt fiske på større djup enn 1000 meter med reiskapar som rører ved botnen. Dette er nye område som i det store og heile har vore upåverka fram til no, og som med dette får varig beskytting.

Framande artar

Fiskeri- og kystdepartementet sin innsats mot framande marine artar er primært retta mot overvaking gjennom Havforskingsinstituttet sitt hav- og kystovervakingsprogram. Totalutrydding av framande marine artar er ikkje realistisk, men det er eit mål å halde kontroll med utviklinga slik at dei ikkje øydelegg viktige habitat eller endrar økosystemfunksjonar i negativ retning.

Kongekrabben har si naturlege utbreiing i Beringhavet og dei nordlege delane av Stillehavet, men vart sett ut i Murmanskfjorden av sovjetiske havforskarar på 1960-talet. I løpet av 1990-talet vart det registrert ein tydeleg bestandsauke på norsk side, og i 2002 vart det opna for kommersiell fangst av kongekrabbe. Dagens forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007) Forvaltning av kongekrabbe. Det er eit todelt forvaltningsregime for denne arten. Innanfor eit kvoteregulert område aust for 26 grader aust, kor kongekrabben allereie er veletablert, skal bestanden forvaltast på ein måte som legg til rette for næringsaktivitet og sysselsetting. Samstundes er det eit overordna mål å avgrense ei ytterlegare spreiing av bestanden. Utanfor det kvoteregulerte området er det fri fangst og utkastforbod.

Snøkrabben vart første gong observert i Barentshavet i 1996, og er førebels truleg meir utbreidd på russisk side. Det er fri fangst av snøkrabbe i norske farvatn. Det er ikkje dokumentert om arten er introdusert eller om han har vandra inn.

Resultat 2010-2011

I 2010 vart det for statlege midlar gjennomført eit målretta utrydningsfiske etter kongekrabbe vest for 26 grader aust. I tillegg har innsatsen i den frie fangsten auka i dette området, som følgje av ei betre tilpassa grense for det regulerte området aust for 26 grader aust, men også fordi det i 2011 blir etablert ei ordning med pristilskot for dei minste krabbene. Næringa har dessutan lukkast i å utnytte små kongekrabbar kommersielt i langt større grad enn tidlegare, mellom anna som følgje av målretta bruk av statlege verkemiddel for å oppnå dette.

Havforskingsinstituttet gjennomførte i juni 2011 eit tokt for å kartleggje utbreiinga av kongekrabbe i Vest-Finnmark og i Nord-Troms, og konkluderte med ei mindre spreiing av bestanden enn venta. Dette indikerer at tiltaka har hatt ein positiv verknad i å bremse spreiinga av bestanden.

Forsking og kartlegging

Systematisk kartlegging av havbotnen vart sett i gang i 2005 gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). Føremålet med MAREANO-programmet er å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen, og systematisere og rapportere informasjonen i arealdatabasen www.mareano.no. MAREANO skal fremme kunnskap for forvaltninga gjennom å kartleggje topografi og botntypar, artsmangfald og sårbare naturtypar, miljøgiftnivå i sedimenta og verknader av fiskeri på havbotnen.

Resultat 2010-2011

Til og med 2010 er 67 600 km2 av Barentshavet og kantområda mot Norskehavet kartlagt innanfor MAREANO-programmet. Det vart i 2010 samla inn biologiske og geologiske data over eit areal på 16 000 km2 utanfor Finnmark, i Troms III og Nordland VI. I tillegg vart djupdata samla inn frå eit areal på over 7 000 km2. Prosesseringar og analysar av det innsamla materialet vart også utført i 2010.

7.3 Eit stabilt klima og rein luft

Marint miljø, fiskeri og havbruk er venta å bli sterkt råka av klimaendringane. Både i Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marint miljø og marine ressursar. Prosjekta syner at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå.

Klimaendringar reiser forvaltningsmessige utfordringar for Fiskeri- og kystdepartementet:

  • Det trengst meir kunnskap om kva for verknader klimaendringar og havforsuring vil få for livet i havet.

  • Vi må tilpasse oss klimaendringar og konsekvensar som er venta innan ansvarsområdet til departementet.

  • Innan fiskeri- og kystrelatert aktivitet må det arbeidast for å redusere utslepp av klimagassar.

Fiskeri- og kystdepartementet er i ferd med å ferdigstille en klimastrategi for egne ansvarsområder. Målet med strategien er å gjere fiskeri- og kystforvaltninga best mogleg rusta til å møte utfordringane som kan kome som følgje av klimaendringar, og til å bida til å redusere klimautslepp frå eigen sektor.

Utsleppsreduksjonar

Regjeringa arbeider med ny klimamelding i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet deltek i dette arbeidet.

Dei siste åra har auka medvit om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og partiklar. Samstundes har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar. Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefartøy, medrekna også eit friare reiskapsval. Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Departementet har starta eit arbeid for å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir høve til betre lønnsemd for flåten. Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Miljødimensjonen ved eit berekraftig fiskeri inneber å utnytte marine ressursar ut frå eit langsiktig perspektiv med tanke på framtidige generasjonar.

Sjøtransport er ei miljøvennleg og sikker transportform med mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport. Kystverket ferdigstilte i 2010 ein metode for å rekne ut klimagassutslepp ved hjelp av AIS-data. Innsamlinga av utsleppsdata er starta og skal skje automatisk, slik at tiltak kan setjast inn der det er naudsynt og effektivt for å få ned utsleppa.

Forsking og klimatilpassing

Eit vesentleg tiltak for å tilpasse seg klimaendringar er å halde fram med gode overvakingsseriar. Om vi følgjer med på faktorar som temperatur, forsuring og utviklinga av bestandar med meir, kan vi betre setje inn mottiltak.

Auka CO2 i atmosfæren fører til auka opptak av CO2 i sjøvatn. Auka mengder oppløyst CO2 i havet fører til at pH i sjøvatnet blir redusert. Det gjer havet mindre basisk og det blir kalla forsuring av havet. Forsuring av havet vil kunne ha store konsekvensar for dei marine økosystema. Fordi kaldt vann løyser meir CO2 enn varmt vatn vil polare farvatn først merke endringa. Måling i norske farvatn syner auka opptak av CO2 og dermed redusert pH.

Støy er også eit miljøproblem. Det er i hovudsak seismikk som har fått merksemd så langt, men støy knytt til vindmøller i havet kan bli eit meir aktuelt problemfelt framover. Kunnskapen om verknaden av seismikk på dei levande ressursane er avgrensa, og Havforskingsinstituttet gjennomfører difor eigne forsøk for å studere effekten av seismisk støy på dyreplankton.

7.4 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Eit reint hav er ein føresetnad for trygg sjømat. Langtransportert forureining er ei hovudutfordring for det marine miljøet. Forureininga blir overvaka årleg i alle norske havområde. Denne overvakinga er no betre koordinert og integrert gjennom forvaltningsplanarbeidet for norske havområde, og spesielt gjennom arbeidet i overvakingsgruppa.

Sidan 2007 har Mattilsynet, fiskerinæringa og NIFES arbeidd med ei større grunnleggande kartlegging av framandstoff for dei viktigaste kommersielle villfiskartane. Kunnskapen er ein viktig del av det vitskaplege grunnlaget for arbeid med risikovurderingar og tilpassing av regelverket på sjømatområdet i Noreg og i EU.

Verknader av forureining frå oljeindustri er eit prioritert forskingsfelt, dette gjeld både akutte utslepp og verknader av produsert vatn. Det vert slept ut 170 millionar tonn produsert vatn frå petroleumsindustrien i året. I tillegg til den langsiktige overvakinga av forureiningssituasjonen bidrar Havforskingsinstituttet aktivt i miljøovervaking etter akutte utslepp, dette gjeld både kystnært og på sokkelen.

Arbeidet som Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket gjer innan maritim trafikkontroll og overvaking, drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og beredskap knytt til miljørisiko skal vere med å hindre forureining av kyst- og havområda.

Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining står sentralt i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkontroll og overvaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko. Dette blir mellom anna gjort ved å skifte ut beredskapsmateriell, gjennomføre kurs og øvingar og ved å sørgje for at det blir sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket er med i arbeidet innan Arktisk råd. Her blir tiltak for å auke tryggleiken for skipstrafikken i Arktis drøfta, men også tiltak for å styrkje beredskapen mot forureining frå olje og kjemikaliar. Kystverket er ein av dei norske deltakarane i EU-prosjektet EfficienSea, som handlar om å auke tryggleiken til sjøs og oppretthalde eit berekraftig miljø. Målet for prosjektet er meir tryggleik i dei store transportkorridorane.

Fiskeridirektoratet og Kystverket er også medlemmer i den sentrale styringsgruppa som arbeider med implementering av vassforskrifta (vassrammedirektivet). Arbeidet inkluderer regionale forvaltningsplanar og tiltaksprogram. Målet med dette arbeidet er å betre miljøtilstanden i vatnet langs kysten.

Resultat 2010-2011: Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Fiskeri- kystdepartementet fastsette den 1. juni 2011 forskrift om trafikkseparasjonssystemer i Norges økonomiske sone. Systemet er ei forlenging av rutesystemet som vart etablert i 2007 på strekninga mellom Vardø og Røst. Forslaga vart utarbeidde av Kystverket i samarbeid med ei breitt samansett faggruppe, og vart godkjende i FN sin sjøfartsorganisasjon (IMO) i desember 2010. Formålet med tiltaket er todelt. For det første skal systemet hjelpe til å redusere risikoen for ulukker. For det andre skal systemet hjelpe til å redusere konsekvensane ved akutt forureining. Ved å flytte trafikken ut frå kysten får ein betre tid til å assistere fartøy og avverje ulukker og til å setje i verk tiltak før eventuelle akutte utslepp når kysten.

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle eit gjensidig rapporterings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. Fiskeri- og kystdepartementet har gått i gang med førebuande arbeid for å leggje forslaget fram for FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Det blir også arrangert felles oljevernøvingar med russiske styresmakter, og det er inngått eit samarbeid for å utvikle ulike typar oljevernutstyr.

Havbruk

Havforskingsinstituttet har arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk, og instituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr. Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Forskingsaktiviteten i fjorden om forholdet mellom havbruk og fjordøkologi har vorte styrka i 2010 og 2011.

Havmiljø

Status for miljøforureining i norske havområde er omtalt i kapittel 4.2.1.

Framandstoff i sjømat

Noreg har ein gunstig situasjon sammenligna med andre land når det gjeld smittestoff og framandstoff i mat. Dette gjeld òg sjømat. Sjå kapittel 4.2.4 for ei oversikt over resultat frå stikkprøveovervaking og basisundersøkingar.

7.5 Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

Det er eit mål at flest mogleg kulturminne skal gjerast tilgjengeleg for allmenta. Kystverket medverkar ved å vedlikehalde, dokumentere og formidle kulturminna som inngår i planen ”Verneplan for maritim infrastruktur”. Det skal arbeidast vidare med å utvikle fyrstasjonar og fyreigedomar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Det er eit mål at fyrstasjonane skal vere tilgjengelege for allmenta og at dei kan nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på.

Resultat 2010–2011: Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

  • Det har vore arbeidd med tilrettelegging for å gjere dei fyrstasjonane som Kystverket eig tilgjengelege.

  • Det er gjennomført tilstandsregistrering på eit overordna nivå av alle fyrstasjonar, med stipulering av vedlikehaldsetterslep.

  • Kystverket har i samarbeid med Fiskeridirektoratet, Riksantikvaren og Norsk kulturråd publisert fleire utgåver i serien ”Fortellinger om Kyst-Norge”.

  • Felles handlingsplan for kystkultur er utarbeidd av Direktoratgruppa for kystkultur.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil leggje til rette for eit berekraftig fritids- og turistfiske, der det blir teke omsyn både til at kystsona kan brukast til rekreasjonsføremål og at det biologiske mangfaldet må takast vare på. Ei arbeidsgruppe la fram ein rapport i juni 2011 og kom med fleire forslag til å innføre reguleringar for næringsverksemd som legg til rette for turistfiske. Grunnlaget for arbeidet som vart gjort i gruppa byggjer på at alle som haustar på fiskeressursar har eit medansvar for å bidra til eit berekraftig ressursuttak. Desse forslaga er eit viktig steg for å få ei betre oversikt over slik næringsverksemd.

Forskingsprogrammet Natur og næring i Noregs forskingsråd vil prioritere arbeidet med bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Kystsona står overfor utfordringar når det gjeld utnytting av areal og ressursar. Det er behov for forsking om bruksutfordringar og korleis ein kan skape grunnlag for betre koordinering mellom etablerte og nye næringar og samfunns- og fritidsinteresser.

Kysten skal vere trygg og tilgjengeleg for fritidsflåten. I den samanheng deltek Kystverket i relevante utval og samarbeidsfora. Vidare skal Kystverket samarbeide med Kongelig Norske Båtforbund (KNBF) om utplassering av bøyer for fortøying. Dette vil bidra til å lette tilgang til rekreasjonsområda. Mykje av merkinga i farleiene som Kystverket gjer er også til stor glede for fritidsbåtane.

7.6 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 7.1 gir ein oversikt over utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket blir gjennomført.

Tabell 7.1 Utgifter til miljøforbetringar

Programkategori

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

16.10 Administrasjon

6,9

7,0

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

507,1

522,1

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

209,0

213,2

16.60 Kystforvaltning

692,0

720,8

Sum programområde 16

1 415

1 463,1

8 Likestilling

8.1 Likestilling i marin sektor

Det er eit mål at dei marine næringane, organisasjonane deira, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken og framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn. Forvaltninga og næringa har sidan 2007 arbeidd med å følgje opp ein felles handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor.

Alle offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde oppfyller no kravet i likestillingslova.

Fiskeri- og kystdepartementet har gått gjennom regelverket og gjort endringar i forskrift om føring av fiskarmanntalet for å leggje til rette for generasjonsskifte, noko som kan gjere det lettare for kvinner å kome inn i næringa.

Kvinner er ei viktig målgruppe for rekrutteringsprosjektet ”Sett Sjøbein”, som vart etablert i 2008 og blir styrt av ei breitt samansett gruppe frå næringa.

Fiskeri- og kystdepartementet har bedt Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg om å fremje likestilling mellom kjønna gjennom deira forvaltning av midlar. Det er sett eigne mål om kvinnedel i relevante tilbod under Marint verdiskapingsprogram, forvalta av Innovasjon Noreg.

Likestilling og kvinnedel inngår som eit tema i selskapa sitt samfunnsansvar, og blir følgd opp i eigardialogen med selskapa under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde.

Kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

I 2010 var 2,6 pst. av dei som hadde fiske som hovudyrke kvinner. Av dei som hadde fiske som attåtnæring, var 2,9 pst. kvinner. Av dei sysselsette i havbruksnæringa var 16,1 pst. kvinner i 2010. Kvinnedelen både i fiskeflåten og innafor havbruksnæringa har vore stabil dei siste åra.

Prosentdelen av kvinnelege leiarar er gjennomgåande låg i dei ulike delane av fiskeri- og havbruksnæringa. Kvinnedelen i styre, råd og utval i fiskeri- og havbruksnæringa er låg. Dei 13 allmennaksjeselskapa i fiskeri- og havbruksnæringa oppfyller krava om kjønnsrepresentasjon.

Kvinnedelen innafor vidaregåande opplæring som er retta mot næringa speglar situasjonen i næringa, sjølv om det er noko større kvinnedel i utdanninga. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst, var 7,3 pst. kvinner i 2010. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan havbruk, var 25 pst. kvinner i 2010.

8.2 Likestilling og mangfald i Fiskeri- og kystdepartementet

Tilstandsrapportering – kjønn og løn

Tabell 8.1 viser ei oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet fordelt på stillingskategoriar. Kjønnsfordelinga i departementet var 56 pst. kvinner og 44 pst. menn i 2010. Det er ei overvekt av kvinner i kontorstillingane, der alle tilsette er kvinner, og i rådgjevarstillingane, der det er 68 pst. kvinner. Det er flest menn i toppleiinga, der fire av fem leiarar er menn. I seniorrådgjevargruppa er det no nær jamn kjønnsbalanse.

Den gjennomsnittlege løna til kvinner var i 2010 noko høgare enn snittet for menn i gruppene rådgjevarar og førstekonsulentar, medan den var noko lågare enn snittet for menn i gruppene seniorrådgjevarar og toppleiing. Blant mellomleiarane har det vore ei utjamning sidan 2009. Forskjellane ligg innanfor ein margin på 5 pst. Tala for verksemda totalt viser at kvinner i snitt har 87 pst. av løna til menn. Den store forskjellen skriv seg frå at det er flest menn i toppleiinga og berre kvinner i konsulentstillingane. Skilnader innanfor ein stillingskategori skriv seg også frå andre forhold, som til dømes skilnader i ansiennitet.

Tabell 8.1 Oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet

Kjønnsbalanse

Kvinners løn i pst. av menns løn

   

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

 

Totalt i verksemda

2009

46 %

54 %

121

88 %

2010

44 %

56 %

126

87 %

Toppleiinga

2009

80 %

20 %

5

95 %

2010

80 %

20 %

5

95 %

Mellomleiing (t.d. avdelingsdirektørar)

2009

45 %

55 %

22

96 %

2010

59 %

41 %

22

99 %

Kategori 1 (t.d. seniorrådgivarar)

2009

63 %

37 %

46

95 %

2010

52 %

48 %

50

96 %

Kategori 2 (t.d. rådgivarar)

2009

26 %

74 %

27

100 %

2010

32 %

68 %

31

106 %

Kategori 3 (t.d. førstekonsulent)

2009

46 %

54 %

13

107 %

2010

33 %

67 %

9

106 %

Kategori 4 (t.d. konsulent)

2009

0 %

100 %

8

-

2010

0 %

100 %

8

-

Arbeidstid, sjukefråvær og foreldrepermisjon

I Fiskeri- og kystdepartementet var det 2010 seks personar som hadde redusert arbeidstid, og alle var kvinner. Sjukefråværet i departementet har vore lågt i mange år. Det totale legemelde fråværet blant kvinner var på 67 pst av dei legemeldte. Ein del av sjukefråværet hos kvinner har å gjere med graviditet. Skilnaden mellom kvinner og menn er størst når det gjeld langtidssjukefråvær.

I 2010 var totalt 17 tilsette ute i foreldrepermisjonar. Av desse var det 65 pst. kvinner.

Tilsetjingsform og kjønn

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å ha færrast mogleg mellombels tilsette. Ved utgangen av 2009 var to personar tilsette mellombels. Dette utgjer om lag 2 pst. av dei tilsette, og er jamt fordelt på kjønna. I 2010 var det sju som var tilsette mellombels, dvs. 6 pst. av dei tilsette og jamt fordelt på kjønna.

Tiltak som er sette i verk

Kjønn og løn

Fiskeri- og kystdepartementet har personal- og lønspolitiske retningslinjer som seier kva krav og gode som er knytt til dei ulike fasane i livet. Dette er reglar som kjem i tillegg til dei som er avtalte sentralt.

Lønspolitikken i departementet skal sørgje for at dei tilsette som har foreldrepermisjon ikkje taper lønsmessig på permisjonen og omsorgsoppgåver. Ofte knyter det seg noko sjukefråvær til svangerskap. I samarbeid med bedriftshelsetenesta legg departementet til rette for at gravide kan halde fram i arbeid, gjennom å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida. Tiltaket er godt motteke og fungerer slik det var tenkt. Det er også betalt ammepause inntil to timar og høve til fleksibel arbeidstid i småbarnperioden. I tillegg er det høve til å ha heimekontor dersom det er ønskjeleg.

Kjønn og rekruttering

Når departementet rekrutterer nye medarbeidarar blir alltid kjønnssamansetjinga i avdelinga og departementet vurdert. I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Nedsett funksjonsevne – rekruttering

Fiskeri- og kystdepartementet følgjer opp dei tilsette med nedsett funksjonsevne ved å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida og å tilby eventuelle andre hjelpemiddel og tilpassingar ved behov. Departementet har nært samarbeid med bedriftshelsetenesta om arbeidsplassvurdering, og alle tilsette kan bruke tenestene deira.

I innstillingane skal rekrutterande leiar fortelje kor mange kandidatar som seier frå om at dei har nedsett funksjonsevne og kor mange av desse som har vore inne til intervju. Departementet har nytta eit trainee-program i regi av Direktoratetet for forvaltning og IKT (Difi) og har samarbeidd med Departementa sitt servicesenter (DSS) og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har nedsett funksjonsevne og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne på intervju.

Etnisitet

Fiskeri- og kystdepartementet har få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Det er også svært få søkjarar med innvandrarbakgrunn til stillingar i departementet. For å få fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn har departementet sett i gang enkelte tiltak knytt til rekruttering.

I 2008 og delar av 2009 vart stillingane annonsert på inkludi.no, som er ein nettstad for arbeidsformidling spesielt retta mot menneske med innvandrarbakgrunn. Tiltaket har ikkje ført til fleire søkjarar med innvandrarbakgrunn.

I utlysingane blir alle oppmoda til å søkje uavhengig av etnisitet, og dersom vedkomande er kvalifisert blir kandidatar med innvandrarbakgrunn alltid innkalla til intervju. Fiskeri- og kystdepartementet starta eit samarbeid med nettstaden ambisjoner.no for å nå ut til fleire kandidatar med innvandrarbakgrunn.

Fiskeri- og kystdepartementet har også samarbeidd med DSS og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har innvandrarbakgrunn og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn på intervju. Slik det er i dag, er det svært vanskeleg å skulle avgjere kven som har innvandrarbakgrunn med mindre dei sjølve skriv det i søknadsteksten.

Vern mot trakassering

Fiskeri- og kystdepartementet har nulltoleranse for mobbing og trakassering. Det er utarbeidd varslingsrutinar med retningslinjer, tilrettelegging og handtering av eventuelle varslingssituasjonar. Varsling er også eit tema i arbeidsmiljøundersøkinga som blir gjennomført kvart andre år.

Planlagde tiltak

Løns- og arbeidsvilkår

Lønspolitikken til departementet har blant anna som mål å bidra til reell likestilling mellom kjønna. Fiskeri- og kystdepartementet skal revidere lønspolitikken våren 2012 og vurdere tiltak for å fremje likeløn i samband med dette.

Karriereutvikling

Fiskeri- og kystdepartementet legg stor vekt på leiarutvikling og kompetanseutvikling. I 2010 og 2011 har departementet gjennomført leiarprogrammet ”SATS for leiarar i staten”. Hausten 2011 og i 2012 skal departementet utvikle ein felles kompetansestrategi. Strategien vil drøfte kva for kompetanse departementet treng for framtida, og det skal lagast individuelle utviklingsplanar for dei tilsette.

Rekruttering av etniske minoritetar

Fiskeri- og kystdepartementet vil i hovudsak halde fram med å nytte dei rekrutteringskanalane departementet allereie bruker. For å få søkjarar med minoritetsbakgrunn vil departementet søkje å finne nye arenaer for rekrutteringa, då dei tiltaka som er gjennomført tidlegare ikkje har hatt ønskt effekt.

Fleire tilsette med nedsett funksjonsevne

Som eit ledd i handlingsplanen knytt til avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) har departementet eit mål om å få fleire tilsette med redusert funksjonsevne. Eitt av tiltaka er å gjennomføre ei kartlegging av korleis avdelingane og departementet kan leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne. Departementet ønskjer framleis å delta i trainee-program for personar med redusert funksjonsevne.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Havforskingsinstituttet og Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) gjer greie for likestillingsarbeidet i årsrapportane.

9 Tryggleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormyndigheit mellom anna knytt til trygg sjømat, fiskehelse, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar. Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gitt korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk og at resultata blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak.

Departementet har eit særskild ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane. Det er starta eit arbeid med å etablere eit risikostyringssystem i etatsstyringa. Samfunnstryggleik og beredskap skal inngå som ein integrert del av denne risikostyringa.

Det er no viktig å få avklart kva system og funksjonar som er samfunnskritiske, sektorkritiske og/eller etatskritiske slik at tiltaka kan setjast inn meir planmessig og strukturert. Det er vidare halde samlingar, og beredskapsplanverka er oppdaterte og samordna med spesiell vekt på å operasjonalisere kommunikasjonsberedskapen.

Departementet har undersøkt status i informasjonstryggleiksberedskapen i etatane og vi vil i nært samarbeid med desse følgje opp med naturlege tiltak som styrkjer informasjonstryggleiken. Departementet legg også vekt på å utvikle eit godt samarbeid med dei andre departementa i spørsmål om tryggleik og beredskap.

Til forsiden