Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

3 721

4 011

4 100

Sum kap 0001

3 721

4 011

4 100

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Løyvinga for 2012 skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygningen. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960

960

960

Sum kap 0002

960

960

960

Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kroner som støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei òg kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal mellom anna dekkje tilskot til Kultur- og fritidsføretaket, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kr. 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kr. 100 000.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2011 overskotet for 2010 som utgjorde i overkant av 5 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2012 foreslått å løyve til saman om lag 1,9 mill. kroner til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

93 700

108 176

126 681

Sum kap 0003

93 700

108 176

126 681

For 2012 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre (LL) på til saman 126 681 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2011-løyvinga, ein auke på 0,281 mill. kroner grunna konsekvensen av ordninga med maksimalprisar i barnehagane, innføring av valfag i 8. klasse og bortfall av kontantstøtte til 2-åringane og ei oppstartløyving på 14,6 mill. kroner i samband med igangsetjing av bygging av reinseanlegg på kolkraftverket.

Lokalstyret har gjennom det kommunale føretaket Bydrift Longyearbyen ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Departementet føreset at lokalstyret avset midlar til tilstrekkeleg vedlikehald av infrastrukturen for kraft- og fjernvarmeproduksjon. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. Fjernvarmenettet er finansiert ved hjelp av låneopptak og løyvinga er nytta til å betene kostnadene ved dette lånet.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har pålagt Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kraftverket frå juli 2012. Etablering av eit nytt kraftverk i Longyearbyen vil krevje betydelege investeringar. Dagens kraftverk i Longyearbyen er kolbasert. Med noko uvisse knytt til framtidige leveransar av kol på Svalbard, er tida difor etter Justisdepartementets vurdering ikkje moden for å gjere eit val av framtidig energikjelde no. Dessutan reknar ein med at kraftverket, kanskje med noko høgre driftskostnader i åra framover, vil kunne fungere tilfredsstillande i fleire år. Lokalstyret har i tillegg fått utarbeidd rapportar frå uavhengige konsulentar som viser ulike vurderingar, og dessutan ein miljørekneskap ved val av framtidige energikjelder. Desse rapportane vil bli viktige i departementet sitt vidare arbeid med energiforsyninga i Longyearbyen. I sum har dette gjort at departementet i første omgang, saman med LL som eigar av kraftverket, har sett på løysingar for å innfri reinsekravet frå Klif. Lokalstyret har òg utarbeidd ein framdriftsplan som inneheld ulike tiltak for å nå dette målet.

Eit anlegg for å reinse kraftverket i tråd med kravet frå Klif kan stå ferdig i 2014 til ein total kostnad på 73,1 mill. kroner. Inkludert i forslag til løyving til Longyearbyen lokalstyre for 2012, ligg det ei løyving på 14,6 mill. kroner som skal dekkje oppstartkostnadene med dette reinseanlegget.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Driftsutgifter

5 650

5 825

10 200

Sum kap 0004

5 650

5 825

10 200

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. Stillinga som konservator hos Sysselmannen er frå 2012 foreslått overført til Svalbard museum. Med stillinga følgjer òg løyving til lokalleige, bustadleige, verkstadutgifter, lønn og administrative kostnader med til saman 4,195 mill. kroner. Tilsvarande løyving er trekt ut frå løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen

I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Denne tildelinga på 1,607 mill. kroner blir ført vidare i 2012.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

33 965

31 900

34 844

Sum kap 0005

33 965

31 900

34 844

I 2010 vart det utført 39 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er overtid og engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å syte for at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og at bestillinga er i stand til å møte nye utfordringar i tida framover. Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. I tillegg er kapitlet tilført ei prisjustering. Dette vil bidra til å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå hos Sysselmannen.

Budsjettet til Sysselmannen blei styrkt med 2 mill. kroner gjennom ei overføring frå Miljøverndepartementet i 2011. Det er foreslått at Miljøverndepartementet rammeoverfører tilsvarande løyving i 2012.

Stillinga som konservator er foreslått overførd til Svalbard museum, jf. omtala under kap 0004 Svalbard museum. I tillegg til utgifter til lønn til denne stillinga vil også utgifter til leige og drift av verkstad og overheadkostnader (til saman 4,195 mill. kroner) bli overførte frå kap 0005 Sysselmannen til kap 0004 Svalbard museum.

Det er foreslått å leggje administrasjonsbygningen til Sysselmannen inn under husleigeordninga til Statsbygg. Budsjettet er difor foreslått styrkt med berekna husleige og driftskostnadar til å dekkje energi, forvaltning/drift, vedlikehald og brukaravhengige driftskostnadar (BAD). Løyvinga til dette er dekt med tilsvarande reduksjon på kap 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (driftsutgiftene) og ei tilførsel til svalbardbudsjettet (kapitalelementet i husleiga). Innlemminga er budsjettnøytral.

Arbeidet med reparasjon og oppgradering av sysselmannsbustaden vil halde fram i 2012. Regjeringa har difor føreslått å vidareføre løyvinga til dette på kap. 0020, post 45 Statens bygningar i Longyearbyen, med 3,5 mill. kroner.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og regjeringa si satsing i nordområda.

Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2012 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

369

200

200

02

Refusjonar mv.

3 810

0

0

Sum kap 3005

4 179

200

200

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gje eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det difor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

73 434

76 775

78 500

Sum kap 0006

73 434

76 775

78 500

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2010 utførte Sysselmannen i alt 22 ambulanseoppdrag. I dette talet inngår også søkje- og redningsoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen har kontrakt om leige av helikopterteneste. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag (utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.)

Dagens helikopterkontrakt går ut i 2014. Sysselmannen og Justisdepartementet har starta arbeidet med å førebu ein ny kontrakt. For å styrkje helikoptertenesta på Svalbard har Regjeringa bestemt at ein ved inngåing av ny kontrakt frå 2014, vil foreslå å leige 2 store likeverdige helikopter i staden for eit stort og eit mellomstort. Dette gjer tenesta meir robust og sikrar redningsmannskapa større tryggleik dersom noko skulle skje under eit oppdrag langt vekk frå basen i Longyearbyen.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt om å leige fartøyet Nordsyssel omlag 7 månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen. Kontrakten går ut etter sesongen 2012, og Sysselmannen og Justisdepartementet har starta arbeidet med å førebu ein ny kontrakt.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Leigeinntekter

999

900

900

02

Refusjonar

1 837

0

0

Sum kap 3006

2 836

900

900

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gje eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

4 150

4 000

4 000

Sum kap 0007

4 150

4 000

4 000

Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre ikkje-føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kroner. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

2 180

2 175

2 162

Sum kap 0009

2 180

2 175

2 162

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.

Kulturminneplan for Svalbard 2010 – 2020 låg føre i 2011. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

1 415

1 429

1 460

Sum kap 0011

1 415

1 429

1 460

Bergmeisteren for Svalbard og Bergvesenet vart slått saman i 2003. Etaten skifta namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard som følgje av at ny minerallov vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. I dag har direktoratet hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Refusjon

6 500

2 950

3 040

Sum kap 0017

6 500

2 950

3 040

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttets verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.

Av praktiske grunnar blei utgifter knytte til kap 0018 Fyr og radiofyr i 2010 førde på kap 0017 Refusjon Norsk Polarinstitutt då det var dei som utførte oppgåvene.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

0

3 675

3 756

Sum kap 0018

0

3 675

3 756

Det foreslås å endre namnet på kap 0018 frå Fyr og radiofyr til Navigasjonsinnretningar. Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatnet ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttets ekspedisjonsverksemd på Svalbard.

Utgiftene blei i 2010 førte på kap 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt då det er dei som utfører dei praktiske oppgåvene.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

5 804

6 300

6 200

Sum kap 0019

5 804

6 300

6 200

Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar. Løyvinga på kapitlet vart overført frå kap. 20 Statens bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 2004.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

11 469

11 750

10 582

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

4 608

4 100

4 100

Sum kap 0020

16 077

15 850

14 682

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Då Sysselmannens administrasjonsbygning er foreslått innlemma i husleigeordninga, foreslår ein å overføre utgifter til husleige og driftsutgifter frå løyvinga på kap 0020, post 01 til kap 0005 Sysselmannen.

Løyvinga skal vidare dekkje lønn og drift for deler av lokaladministrasjonen til Statsbygg. Løyvinga dekkjer òg utgifter til husleige for bygga som vert forvalta av Statsbygg innafor husleigeordninga i statsbudsjettet.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Bustaden for Sysselmannen har over tid hatt behov for rehabilitering. Det er òg behov for reparasjonar som følgje av setningsskadar og at bygningen må fundamenterast på nytt. Frå 2008 er det løyvd midlar som har medgått til førebuande arbeid. Reparasjons- og rehabiliteringsarbeida av sjølve bygningen starta opp i 2011. Saman med auka aktivitet ved sysselmannsbestillinga, har det òg vore ein auke i representasjonsoppdrag hos Sysselmannen. Regjeringa ser det som viktig at Sysselmannen har representative og eigna lokale til dette og føreslår difor å vidareføre løyvinga i 2012, slik at dette arbeidet kan fortsetje. Arbeidet vil truleg halde fram ut 2013.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekter

3 526

3 600

3 600

Sum kap 3020

3 526

3 600

3 600

Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til innbetalingar av husleige frå bygningar som ikkje er innlemma i husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygningen. Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen.

Det er foreslått at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under kap. 20, post 01, tilsvarande inntekter utover vedtatt budsjett på kap. 3020, post 01.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

2 756

2 860

2 930

Sum kap 0022

2 756

2 860

2 930

Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal likningskontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegne av Svalbard miljøvernfond. Det er difor inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Skattar m.m.

328 545

162 000

161 000

71

Utførselsavgift

8 517

8 000

6 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 084

1 100

1 100

Sum kap 3030

338 146

171 100

168 100

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2012. Skatteinntektene som vart rekneskapsførte i 2009 og 2010 var unormalt høge. Dette skuldast i hovudsak eit stort overskot i gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 2008 og skatteinntekter frå verksemda til Seadrill Norge. Det er venta at skatteinntektene for 2012 vil gå tilbake til nivået for 2008 og tidlegare år. Overslaga for skatteinntektene i 2012 er likevel meir usikre enn vanleg grunna verknaden av den føreslåtte omlegginga av bedriftskattlegginga på øygruppa.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineralar og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 01.01.2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Inntektene som vart rekneskapsførte i 2010 var unormalt høge. Dette skuldast i all hovudsak stor produksjon hos gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 2008. Venta inntekt i 2012 er om lag 6 mill. kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner.

Pr. januar 2010 vart det vidareført 376 utmål, av desse er 218 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.

Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i forslaget til budsjett for 2012.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot

-94 931

91 086

120 715

Sum kap 3035

-94 931

91 086

120 715

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Skatteinntektene på Svalbard var unormalt høge i 2010, jf. omtale under kap. 3030. Dette har gjeve eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet ikkje har motteke tilskot, men tilbakeført midlar til statskassa i 2010.

Til forsida