Forslag
til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2012
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2012 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2012. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
Inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 3-2:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
28 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av:
10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.
Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Aksjonær i utlandet
Skatt på utbytte m.m. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, vert ilagd med 20 pst.