Del 3
Omtale av særlege tema
5 Sosiale helseskilnader
St.meld. nr. 20 (2006–2007), Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, utgjer helsedelen av utjamningspolitikken til regjeringa. Det er mange årsaker til helseskilnader, frå grunnleggjande faktorar som økonomi og oppvekstvilkår, via risikofaktorar som arbeids- og bumiljø, til meir direkte påverknadsfaktorar som helseåtferd og bruk av helsetenester. Arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader vil difor krevje langsiktig og målretta innsats på mange område. Sosiale skilnader som medverkar til helseskilnader skal reduserast. Gode og trygge oppvekstvilkår for alle, rettferdig fordeling av inntekt og likt høve til utdanning og arbeid er den beste investeringa samfunnet kan gjere for å redusere sosiale helseskilnader. I strategien legg ein vekt på å hindre sosial utstøyting av grupper som fell ut av utdanning og arbeid av helsegrunnar eller andre årsaker. Gode universelle ordningar er det viktigaste verkemidlet for å redusere sosiale helseskilnader, men mange grupper kan ha behov for målretta tenester. Universelle ordningar må difor supplerast med individuelt brukartilpassa tenester og tiltak som tek vare på dette.
Inntekt
Mål
Måla på inntektsområdet er å (1) Redusere økonomiske skilnader i befolkninga, (2) Få bukt med fattigdom, og (3) Sikre grunnleggjande økonomisk tryggleik for alle.
Utvikling
Utviklinga av skilnader i inntekt i Noreg har i perioden 2001 til 2006 vorte sterkt påverka av tilpassing til nye skattereglar, som førte til sterke svingingar i inntekter frå aksjeutbytte. Aksjeutbytta steig kraftig før utbytteskatten vart innført i 2006, for deretter å falle til eit svært lågt nivå. Dermed gjekk også Ginikoeffisienten, som er eit vanleg mål på skilnader i inntekt, sterkt opp fram til 2006, og også relativt kraftig ned igjen etter 2006. Dersom det ses bort frå effekten av denne tilpassinga, er den generelle langsiktige trenden frå 1988 fram til 2007 at skilnaden i inntekt viser ein svak, men jamn auke. Svakare konjunkturar frå 2008 ga også reduksjonar i kapitalinntekter, som i størst grad kjem dei mest velståande til gode. Samstundes unngjekk ein at tilbakeslaget i den internasjonale økonomien førde til nemneverdig arbeidsløyse i Noreg. Når dei høgaste inntektene blei reduserte utan at ein stor del av befolkninga fekk reduserte inntekter som følgje av arbeidsløyse, vart forskjellane dermed reduserte frå 2008 til 2009.
Perioden frå 1997 fram til om lag 2001 er prega av ein reduksjon i talet på personar med inntekt varig under dei definerte låginntektsgrensene, både ut frå OECD og EU sine definisjonar. Utviklinga etter 2001 er noko ulik for dei to låginntektsdefinisjonane. For EU sin låginntektsdefinisjon er utviklinga nokså stabil, med små endringar i den delen av befolkninga som har varig låginntekt. OECDs metode gir likevel ei auke i talet på personar med varig låginntekt. I perioden 2000–2002 hadde 2,1 pst. av folkesetnaden varig låginntekt etter OECDs definisjon, og i perioden 2007–2009 gjeld dette 3,3 pst.). Etter EUs definisjon har 8,1 pst. av folkesetnaden varig låginntekt i 2007–2009.
Verkemiddel
Regjeringa har i dei siste åra gjort endringar i skattesystemet som har medverka til større omfordeling. Endringar i formueskatten har medverka til auka skatt for dei rikaste samtidig som dei auka botnfrådraga har redusert skatten for dei med mindre formuar. Aksjerabatten, som ga ein særskilt fordel for dei som eig aksjeformuar, er fjerna heilt.
I statsbudsjettet for 2009 vart arveavgifta endra ved at rabatten for unoterte aksjar vart redusert. Dette har også medverka til auka skatt for dei med høge formuar. Samtidig vart arveavgiftssatsane reduserte og fribeløpa heva kraftig, noko som har gjort at dei som arvar meir moderate formuar kjem like godt eller betre ut med det nye arveavgiftssystemet.
Lette i minstefrådraget og auka foreldrefrådrag har gitt breie skattelettar for dei med middels og låge inntekter. Fleire rundar med auke i minstepensjonane har også auka inntektene til ei stor gruppe med låge inntekter.
I tillegg til omfordelinga gjennom skattesystemet har den økonomiske politikken til Regjeringa i denne perioden lagt til rette for høg sysselsetjing og økonomisk vekst. Som nemnd har sysselsetjinga blitt halde på eit høgt nivå til tross for svakare konjunkturar dei siste åra. Arbeidsdeltaking er viktig for å sikre velferda for den enkelte, og Regjeringa har lagt vekt på målretta tiltak overfor grupper i arbeidsmarknaden med svake kvalifikasjonar. Samtidig bidreg offentlege velferdsordningar til å sikre inntekt for dei som blir arbeidsledige eller av andre grunnar fell utanfor arbeidslivet. Gode, offentlege velferdsordningar er avgjerande i fordelingspolitikken og dempar samtidig verknaden av dramatiske svingingar i økonomien.
Arbeidsinntekt er nøkkelen til å bringe folk ut av ein situasjon med varig låg inntekt, og eit godt utbygd tryggingsnett er avgjerande for dei som av ymse grunnar fell utanfor arbeidslivet. Dette er også hovudproblemstillingar i innstillinga frå Fordelingsutvalet, NOU 2009: 10. Utvalet peikar m.a. på at barnehagar og resten av utdanningssystemet er mellom faktorane med størst innverknad på sosiale skilnader seinare i livet. Regjeringa vil følgje opp innstillinga frå Fordelingsutvalet med ei stortingsmelding om fordeling. Stortingsmeldinga vil legge stor vekt på langsiktig og førebyggjande fordelingspolitikk gjennom m.a. utdanningssystemet, oppvekstpolitikken, bustadpolitikken, helsepolitikken og arbeidsmarknadspolitikken. I tillegg kjem den meir direkte omfordelinga gjennom skattar og overføringar.
Regjeringa vil arbeide for å redusere sosiale og økonomiske skilnader, og for å få bukt med fattigdom gjennom universelle velferdsordningar, sterke felleskapsløysningar og ved å gi alle høve til å delta i arbeidslivet. Også dei som ikkje kan delta i arbeidslivet skal kunne ha ein meiningsfull kvardag. Handlingsplan mot fattigdom er ein del av dette arbeidet.
Oppvekst
Mål
Måla på oppvekstområdet er (1) full barnehagedekning og reduserte sosiale skilnader i barnehagebruk, (2) forholdsvis færre elevar som møter til skulestart utan tilfredsstillande språkdugleik, (3) forholdsvis færre elevar som går ut av grunnskuleutdanninga med svake grunnleggjande ferdigheiter, (4) forholdsvis færre elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, (5) betre tilgang til skulehelsetenesta, (6) tidleg identifisering og god oppfølging av barn i risikogrupper, og (7) redusere sosiale skilnader i barn og unges organisasjons- og kulturdeltaking.
Utvikling
Målet om full barnehagedekning er oppnådd ut i frå gjeldande regelverk om rett til barnehageplass. Tal frå Barnetilsynsundersøkinga som var gjennomført av Statistisk sentralbyrå i 2010, viser at det no er større grad av sosial utjamning i barnehagedeltakinga enn i 2002. Barn med minoritetsbakgrunn deltek framleis mindre i barnehage enn andre barn, men det er fleire og fleire som vel å nytte tilbodet. Det er ikkje tilgjengelege data på nasjonalt nivå om kor mange barn som har språkvanskar i og utanfor barnehage.
Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, er generelt høgt og viser ein klar sosial gradient. For yrkesfagleg utdanning, vil om lag halvparten av elevane med foreldre som berre har grunnskuleutdanning ha slutta undervegs eller ikkje ha fullført med bestått karakter. Når det gjeld grunnleggjande ferdigheiter, er det data frå dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk. Barn av foreldre med høgre utdanning skårar i større grad på dei øvre meistringsnivåa på alle prøvene. Når det gjeld grunnskolekarakterar, varierer gjennomsnittet på grunnskolepoeng med nær 12 poeng, frå 34,1 poeng for elevar med lågast utdanna foreldre, til 45,8 poeng for barn av foreldre med lengre høgare utdanning.
Verkemiddel
Verkemiddel for å sikre at barnehagen skal vere inkluderande og gi eit tilpassa tilbod til alle barn er m.a. prioritet ved opptak for barn med nedsett funksjonsevne og statleg tilskott for å betre språkforståinga hos minoritetsspråklege barn i førskulealder. Kommunane har ansvar for å leggje til rette eit inkluderande barnehagetilbod som tilpassa det behovet kvart enkelt barn har for oppfølging og støtte. Regjeringa la våren 2011 fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og vaksne med særlige behov. Eitt av tiltaka som er foreslått er å sikre at alle barn får tilbod om språkkartlegging i barnehagane. For å sikre at spesialpedagogikk også inngår i barnehagane si verksemd vil ein flytte opplæringslova si bestemming om spesialpedagogisk hjelp til barnehagelova. Målet er at spesialpedagogisk hjelp skal bli ein naturlig del av det heilskaplege pedagogiske barnehagetilbodet som i dag vert tilbydd barn i førskolealder.
Forsking viser at å gå i barnehagen er særlig gunstig for språkutviklinga til barn av foreldre med låg inntekt, kort utdanning og anna morsmål enn norsk. Ein studie frå Statistisk sentralbyrå finn at gratis kjernetid i barnehagen forbetra skoleprestasjonane til jenter med minoritetsbakgrunn ti år seinare. God kompetanse hos tilsette i barnehagen og tilstrekkeleg med pedagogar er avgjørande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Språkmiljøet og språkstimulering er eit av fire prioriterte område i Kompetanse i barnehage, Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007–2011. Dei tilsette i barnehagane er gjennom føringar i lov og rammeplan forplikta til å bidra til å gi alle barn god språkstimulering og Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen.
Mange kommunar har også språkstimuleringstilbod til barn som ikkje går i barnehagar. Kommunar med mange minoritetsspråklege barn har i høgare grad slike tilbod. Staten gir eit tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Mange barnehagar kartlegg språket til barna og Kunnskapsdepartementet har sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere ulike språkkartleggingsverktøy som er i bruk i barnehagane i dag.
Forsøk med gratis kjernetid i barnehagen har m.a. som føremål å betre språkkunnskapane og førebu minoritetsspråklige førskulebarn på skulestart. Målgruppa for forsøket er i hovudsak alle fire- og femåringar i områder der ein stor del av barna har eit minoritetsspråk som morsmål. Barna får tilbod om gratis opphald i barnehage fire timar om dagen, totalt inntil 20 timar kvar uke. 1. august 2011 var det forsøk i seks bydelar i Oslo (dei fire bydelane i Groruddalen, og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo), i to område i Drammen (i Fjell og deler av Strømsø) og i tre skolekrinsar i Årstad bydel i Bergen. I Oslo er forsøket ein del av områdesatsinga i Søndre Nordstrand og Groruddalen i Oslo. Det er satt i gang ei treårig evaluering av forsøket fom. skuleåret 2011/2012.
Språkløftet, Oppfølging av barn på grunnlag av språkkartlegging på helsestasjonen, er eit fireårig prosjekt (2007–2011) som skal medverke til å betre dei grunnleggjande språkferdigheitene. Målgruppa er eit utval barn som etter språkkartlegging på helsestasjonen, har særskilte behov for språkstimulering og oppfølging.
Modellforsøket om betre samanheng mellom skole og skolefritidsordning (Prosjekt helhetlig skoledag (2009–2012)) i regi av Kunnskapsdepartementet, skal utvikle og prøve ut ulike modellar for ein heilskapleg skuledag på 1.–4. trinnet på ni utvalde skular i seks kommunar. Modellane skal ha i seg elementa dagleg fysisk aktivitet, skulemat, leksehjelp og kulturelle aktivitetar. Modellforsøket skal styrkje kvaliteten i skolefritidsordninga og sjå på betre samarbeid og ressursutnytting i ein sunn og variert skuledag der skolefritidsordninga stør opp om læringa og læringsmiljøet i skulen. Ein heilskapleg skuledag vil særleg vere viktig for elevar som i liten grad vert følgde opp utanom skuletida. Fysisk aktivitet, gratis frukt og grønt, skulemåltid og leksehjelp er sentrale innsatsområde i samband med tilrettelegging for ein variert og heilskapleg skuledag og eit godt læringsmiljø. Gratis frukt og grønt til elevar på skular med ungdomstrinn er lovforankra i opplæringslova. Frå skuleåret 2009–2010 vart timetalet på mellomtrinnet (5.–7. trinnet) utvida med 2 timar til fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsundervisning. Tiltaket er lovforankra i opplæringslova. Frå skuleåret 2010–2011 er det i samband med utvida skuledag innført gratis leksehjelp etter obligatorisk skuletid for elevar på 1.–4. trinn.
Eit anna bidrag for å betre ferdigheiter, er evaluering av prestasjonane til elevane som grunnlag for vurdering og tidleg innsats via nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Ny lærarutdanning, eit varig system for etter- og vidareutdanning, yrkesrådgiving, rettleiarkorps for skuleutvikling og styrkt skuleleiarkompetanse, er andre sentrale innsatsområde. Arbeidslivsfag er eit anna prosjekt starta hausten 2010 og som skal vare i fire år. Elevar på 8.–10. trinnet skal jobbe praktisk med tilpassa arbeidsoppgåver henta frå yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.
Ny giv vart sett i verk hausten 2010. Tiltaka i prosjektet svarer i hovudsak på dei kritiske faktorane som utdanningsforskinga peiker på for at gjennomføringa i vidaregåande opplæring kan aukast. Hovudvekta er lagd på at dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring får tett oppfølging slik at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Oppfølginga vert basert på ei avtale mellom elev/føresette og skolen. Det vil bli lagt særleg vekt på å utvikle elevane sine dugleiker i rekning, skriving og lesing, og om lag 2300 elevar har våren 2011 gjennomført intensiv opplæring for å bli betre i desse dugleikene. For at intensivopplæringa skal bli best mogeleg, finansierer staten 5 dagar skolering av om lag 650 lærarar i både ungdomsskular og vidaregåande skular første året. Ordninga vil i løpet av to år bli bygd ut til å gjelde to lærarar ved alle ungdomsskular og vidaregåande skular.
Det blir og arbeidd med å styrkje samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa og Nav. Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Det blir no etablert felles kompetanseutviklingstiltak for sakshandsamarar på tvers av ansvarsområda.
Barn i aldersgruppa 18–23 år som er i kontakt med barnevernet, er ei prioritert gruppe. I 2009 vart barnevernlova endra slik at barneverntenesta no må grunngje fagleg kvifor tiltak for barn ikkje skal vidareførast når barnet er over 18 år. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har på bakgrunn av lovendringa gjeve ut eit nytt rundskriv om tiltak etter barnevernlova for ungdom over 18 år. Departementet er i ferd med å gå igjennom dei argumenta som taler for og imot å gje barn ein lovfesta rett til tiltak og tenester etter barnevernlova. Arbeidet har m.a. bakgrunn i eit framlegg i NOU 2009: 22 om betre samordning av tenester for utsette barn og unge. Dokumentasjon viser at det har vore svikt i oppfølginga av lovkrav på fleire område innanfor barnevernet i kommunane. Tidsfristar i undersøkingssaker har vore eit slikt sviktområde. Difor har Regjeringa i 2011 øyremerkt midlar til det kommunale barnevernet. Målsettinga er å styrkje barneverntenesta i dei mest utsette kommunane. Dette skal gjerast ved å auke talet på stillingar og kompetanse. Regjeringa si styrking av det kommunale barnevernet skal føre til 400 nye tilsette i den kommunale barneverntenesta i 2011. I alt 93 pst. av alle kommunar og bydelar har søkt om midlar.
Gjennom Losprosjektet skal ungdom mellom 14 og 23 år som er i risiko for å falle ut av skule eller arbeidsliv, få ein støtteperson, ein los. Målet er å styrkje ungdom si tilknyting til skule og arbeid. Losprosjektet er ein del av Regjeringa sin innsats for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Losprosjektet vert sett i samanheng med satsinga Ny giv og vert gjennomført i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet.
Det er eit mål å betre oppfølginga av barn og unge som vert utsette for overgrep og vald i nære relasjonar. Justis- og politidepartementet har i samarbeid med dei departementa det vedkjem utarbeidd Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2008–2011, Vendepunkt, som inneheld tiltak retta mot barn. Barn med rusmisbrukande foreldre og/eller foreldre som er psykisk sjuke er særleg utsette og sårbare som gruppe. Mange av dei vert ikkje fanga opp av hjelpeapparatet og får ikkje den hjelpa dei treng. Stortinget vedtok i juni 2009 endringar i helselovgivinga for å styrkje rettsstillinga til barn som lever med foreldre som har ei liding eller eit problem som kan gå ut over oppgåvene og funksjonane som foreldre eller føresette. Etter endringane i spesialisthelsetenestelova har helseføretaka frå nyttår 2010 plikt til å ha barneansvarleg personell på sengepostane. Dette skal vere personar som har fokus på barna til pasientar. I tillegg vert informasjonsarbeidet styrkt gjennom til dømes kompetansenettverket barnsbeste.no og hefta Dei usynlege barna.
Kulturdepartementet skal leggje fram ei stortingsmelding om kulturbruk, inkludering og deltaking i kulturaktivitetar. Føremålet med meldinga er å synleggjere kulturens innverknad i eit samfunns- og velferdsperspektiv og å utvikle ein politikk for breiare mangfald og deltaking i kulturlivet. Meldinga vil m.a. drøfte kultur i eit helse- og omsorgsperspektiv. Kulturdepartementet vil vidareføre arbeidet med å styrkje leselyst ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling Gjennom leseløftet vert det i 2011 lagt vekt på folkebiblioteka som møteplass og formidlingsarena. Den kulturelle skulesekken er ei viktig ordning for å stimulere til auka deltaking blant grupper som er underrepresenterte i kulturlivet. Ordninga sikrar alle barn og unge tilgang til kunst og kulturtilbod av høg kvalitet gjennom heile skulegangen, uavhengig av sosial eller kulturell bakgrunn. Den kulturelle skulesekken er finansiert av overskotet til Norsk Tipping.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forvaltar tilskot til kultur- og fritidsaktivitetar til barn og unge i større byar. Ordninga inkluderer ungdomstiltak og fattigdomstiltak og skal medverke til gode vilkår for deltaking for alle. I 2011 omfattar ordninga 23 større bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo. Midlane til ungdomstiltak vert nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilde behov, og til utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Midlane til tiltak mot fattigdom vert nytta til ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, tiltak som kan bidra til arbeidsmarknadstilknyting for unge med liten eller mangelfull utdanning, og langsiktige og samordna tiltak som kan bidra til kvalifisering og inkludering.
Arbeid og arbeidsmiljø
Mål
Måla på arbeids- og arbeidsmiljøområdet er eit meir inkluderande arbeidsliv og sunnare arbeidsmiljø.
Utvikling
Ved utgangen av juli 2011 var det registrert 72 600 heilt arbeidslause, 5 600 færre enn same tid året før. Heile nedgongen kom blant menn. Talet på heilt arbeidslause som har vore arbeidssøkjarar i meir enn 2 år auka med 37 pst. frå juli 2010 til juli 2011. Arbeidsløysa er høgst i aldersgruppa 20–29 år, der 4,4 pst. av arbeidsstyrken er utan arbeid. Den registrerte arbeidsløysa blant personar med innvandrarbakgrunn er om lag tre gonger så stor som i resten av befolkninga, og høgst blant personar frå Afrika og EU-land i Aust-Europa.
Verkemiddel
Nav-lova § 14a gir brukarane rett til behovsvurdering, arbeidsevnevurdering og aktivitetsplan og vart innført frå februar 2010. Lova vidarefører i stor grad den metodikken som vart innført hausten 2008 som ledd i ein ny felles oppfølgingsmetodikk for Nav-kontora. Frå 1. mars 2010 er det innført ein ny stønad, arbeidsavklaringspengar, som erstattar attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt i ein overgangsperiode der det pga. sjukdom eller skade er behov for arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå Nav for å kome i arbeid. Føremålet med ordninga er å leggje til rette for tidlegare og tettare oppfølging av stønadsmottakarar for at fleire raskare skal kome tilbake i arbeid eller i arbeidsretta aktivitet.
Kvalifiseringsprogrammet med kvalifiseringsstønaden som høyrer med, rettar seg mot personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og som har ingen eller svært små ytingar i folketrygda. Dette handlar i stor grad om personar som utan eit slikt program ville vore avhengige av økonomisk sosialhjelp som hovudinntektskjelde over lengre periodar. Føremålet med kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden er å medverke til at fleire i målgruppa kjem i arbeid. Ved utgangen av april 2011 var det registrert nærmare 23 800 søknader om deltaking i programmet, og sidan 1. januar 2008 er det fatta nærmare 18 600 vedtak om deltaking i programmet. Ved utgangen av april 2011 deltok i overkant av 8 000 personar i programmet. Eit inkluderande arbeidsliv inneber at tilhøva på arbeidsmarknaden vert lagde til rette for arbeidstakarar som heilt eller delvis ikkje kan utføre dei vanlege arbeidsoppgåvene sine og for arbeidstakarar som mellombels eller varig har fått nedsett funksjonsevne. Arbeidet med å skape eit meir inkluderande arbeidsliv må forankrast på kvar enkelt arbeidsplass.
Regjeringa og partane i arbeidslivet inngjekk i 2010 ein ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv. Den nye avtalen skal medverke til at (1) sjukefråveret vert redusert, (2) personar med redusert funksjonsevne vert rekrutterte, og (3) den gjennomsnittlege avgangsalderen går opp. Samstundes vart partane samde om ein protokoll med ei tiltakspakke for å førebygge sjukefråvær og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Våren 2011 la Regjeringa fram forslag om endringar i arbeidsmiljølova og folketrygdlova. Lovendringane er vedteke av Stortinget og trådde i kraft 1. juli 2011. Målet er å sikre betre og meir effektiv sjukefråværsoppfølging med tidlegare og tettare oppfølging av den sjukemeldte. Endringane inneber m.a. ei framskunding av fristane for når arbeidsgjevar og den sjukemeldte skal lage oppfølgingsplanen og halde dialogmøte. For å betre oppfølginga vart det også meir effektive reaksjonar overfor dei som ikkje følgjer opp ansvaret sitt i sjukefråværsarbeidet.
Det er store skilnader i fysiske og psykososiale arbeidsmiljøbelastningar mellom dei ulike yrkesgruppene i arbeidslivet. Eit viktig bidrag for å utjamne sosiale helseskilnader er å arbeide for at alle har gode og helsefremjande arbeidsforhold. Viktige verkemiddel for å redusere sosiale skilnader i helse er å vidareføre og styrkje arbeidet for eit godt og sikkert arbeidsmiljø i bransjar med store arbeidsmiljøbelastningar. Arbeidstilsynet har difor gjennomført tilsynssatsingar m.a. i næringane/sektorane bygg- og anlegg, transport, asylmottak, politiet, barnehagar, reinhald, verkstadindustrien og nærings- og nytingsindustrien, hotell- og restaurant og undervisning. Arbeidstilsynet har også sett i gang ei satsing retta mot å auke kunnskapen om reglane i arbeidslivet og sentrale vilkår for eit godt arbeidsmiljø hos unge arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira, og å gjennomføre tilsyn i lærlingbedrifter og bransjar med mange unge arbeidstakarar. Eit anna viktig verkemiddel er bedriftshelsetenesta, som skal hjelpe verksemdene i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet. Frå 1. januar 2010 er det innført krav om bedriftshelseteneste i åtte nye risikoutsette bransjar og ei ordning med godkjenning av bedriftshelsetenester. Den nye avtalen om inkluderande arbeidsliv legg vekt på et godt arbeidsmiljø. Avtalen fastset også at ein i større grad enn tidlegare skal leggje vekt på det systematiske helse-, miljø og tryggleiksarbeidet for å nå måla i avtalen. Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse er etablert som ei avdeling ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, og har som oppgåve å samordne, systematisere og formidle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse til styresmakter og andre brukargrupper. Kvart tredje år gir Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse ut ei faktabok som gir ein samla nasjonal status og viser utviklingstrekk for norsk arbeidsmiljø og -helse. Ei ny faktabok vil bli gitt ut 2011, der data samla inn gjennom Levekårsundersøking 2009 til Statistisk sentralbyrå vil stå sentralt. Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse vil i 2011 presentere eit nytt verktøy for å overvake arbeidsmiljø og helse på stami.no/noa. Her er informasjon om indikatorar og forklarande tekster. Arbeidsdepartementet har lagt fram ei stortingsmelding om arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit.
Nasjonal strategiplan for arbeid og psykisk helse vart lansert i 2007 og gjeld alle med psykiske lidingar og vanskar, også dei som i tillegg har rusmiddelproblem eller andre utfordringar. Strategien handlar om å førebyggje og hindre utstøyting frå arbeidslivet pga. psykiske lidingar eller problem, og å leggje til rette for at dei som ønskjer og kan, skal kunne gjere seg nytte av arbeidsevna si.
I 2010 leverte eit utval som skulle greie ut spørsmål knytte til sjukefråvere og utstøyting i helse- og omsorgssektoren si innstilling, NOU 2010: 13 Arbeid for helse. Utvalet er eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2006–2007), Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller. Utgreiinga har vært på høring i 2011 og Regjeringa vil i 2012 følgje opp arbeidet med å redusere sjukefråvere, hindre utstøting og frafall, auke sysselsetting av personar med nedsett funksjonsevne, og stimulere til forlenga yrkesaktivitet etter fylte 50 år i helse- og omsorgssektoren.
Helseåtferd
Mål
Målet om å redusere sosiale skilnader i helseåtferd omfattar kosthald, fysisk aktivitet, røyking, alkohol og andre rusmiddel.
Utvikling
Generelt er det slik at grupper med lang utdanning og høg inntekt har eit meir sunt kosthald og er meir fysisk aktive enn dei med kort utdanning og låg inntekt. Det same mønsteret gjeld for røyking og andre rusmiddel enn alkohol.
I ein tiårsperiode fram til 2010 har grønsakforbruket på engrosnivå auka frå om lag 60 til 68 kg. Fruktforbruket auka frå om lag 69 til 94 kg per innbyggjar frå 1999 til 2008, men sank til om lag 89 kg per innbyggjar i 2009. Frukt- og grøntbransjen meiner finanskrisa kan vera hovudårsaka til nedgangen fordi forbrukarane vart opptatt av å handle billeg i lågprisbutikkar som har noko mindre utval av frukt og grønt enn fullsortimentsbutikkane. Forbruket av enkelte produkt som finns i begge typar butikkar har auka og det viser at pris og tilgjengelige kan bidra til at forbruket aukar.
Engrosforbruket av sukker har minska frå 43 til 32 kilo per innbyggar sida 2000, men sukkerinntaket er likevel fortatt betydelig høgare enn anbefalt. Brus og godteri er framleis dei største sukkerkjeldene i kosten. Saltinntaket er dobbelt så høgt som tilrådd og det meste kjem frå ferdigmat.
Dei same sosiale skilnadene gjeld for fysisk aktivitetsnivå som for kosthald. Delen av dei som er fysisk aktive aukar med aukande sosioøkonomisk status. Det same gjeld for deltaking i organisert, fysisk aktivitet og medlemskap i frivillige organisasjonar innan kultur og fritid. Av 40–45 åringar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning er det forholdsvis dobbelt så mange som ikkje trener med høg intensitet på fritida, samanlikna med dei som har minst 4 års høgskule- eller universitetsutdanning. Dersom ein bruker all fysisk aktivitet med moderat intensitet som indikator, er det framleis ein sosial gradient, sjølv om han er svakare. Utviklinga har samanheng med samfunnsendringar som inneber redusert kvardagsaktivitet. Aktivitetsnivået i befolkninga er lågare enn ein har rekna med tidlegare og utviklinga går i negativ retning. Dette også rammar sosialt skeivt og medverkar til auka helseskilnader mellom grupper i befolkninga. I 2011 kom rapporten Fysisk aktivitet: omfang, tilrettelegging og sosial ulikskap frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet. Rapporten viser at det er stor sosiale skilnader i kven som får nytte av til dømes spillemidla og finansieringa. Ein stor del av spillemidla går til anlegg og anlegga nyttast mest av dei med lang utdanning og høg inntekt, eller deira barn. Rådet tilrår å satse meir på friluftsliv og eigenorganisert fysisk aktivitet og på tiltak som fremjar aktivitet i kvardagen fordi dei aktivitetane når fleir, òg dei med kort utdanning og låg inntekt.
I 2010 røykte om lag 19 pst. dagleg, det svarar til over 700 000 menneske. Det er tre gonger så mange som røykjer blant dei med grunnskule som høgaste utdanning, samanlikna med dei med universitets- eller høgskuleutdanning. Blant unge (16–24 år) røykte 12 pst. dagleg i 2010og på fem år er prosentdelen halvert.
Alkoholforbruket blant ungdom auka kraftig frå 1993 til 2003, men har gått noko tilbake dei seinare åra. Den største nedgangen ser ein blant gutar. Prisutviklinga på alkohol viser at den relative prisen på alkohol har gått ned sidan 2000. Den største nedgangen gjeld for sterkvin og brennevin. Det har vore ein auke i talet på skjenkestader frå 1992 til 2009, og talet på skjenkestader med løyve til å skjenke brennevin (gruppe 3) har auka forholdsvis kraftig i denne perioden.
Verkemiddel
Omsynet til sosiale skilnader i helseåtferd er eit viktig element i Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) og Lov av 24. juni 2011, nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven). I Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) legg regjeringa den politiske kursen for utviklinga av helse- og omsorgstenestene de neste fire åra. Målet er flest mogeleg leveår for alle og reduserte sosiale helseskilnader i befolkninga. Det er samfunnets ansvar å leggje til rette for sunne val. Strukturelle verkemiddel som prisar, lovregulering og infrastruktur verkar inn på åtferda. Eksempel på strukturelle verkemiddel kan være gang- og sykkelvegar, men og friluftsområde og nærmiljø som innbyr til fysisk aktivitet. Slike tiltak kan også bidra til å jamne ut sosiale helseskilnader. Det skal arbeidast med å fastsette indikatorar og måltal for faktorar som har innverknad på helse og helseåtferd på fleire områder som inkluderer sosiale skilnader i helse.
Føringane for ernæringsarbeidet er lagde i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007–2011) som vert evaluert i 2012. Det vert lagt vekt på å redusere sosiale skilnader i kosthaldet. Strategiar på kosthaldsområdet vert vidareført gjennom Nasjonal helse- og omsorgsplan og i den tverrsektorielle folkehelsestrategien som skal utviklast i løpet av 2012.
I 2007 vart avgifta på alkoholfrie drikkevarer lagt om slik at avgiftsplikta omfattar drikkevarer som er tilsett sukker eller søtstoff. Helse- og omsorgsdepartementet og Finansdepartement starta i 2010 starta opp eit arbeid for å vurdere mogelege endringar for å gjere dagens avgifter på alkoholfrie drikkevarer, sukker, sjokolade og sukkervarer meir treffsikre.
Merkeordninga, Nøkkelholet, for sunn mat vart innført gjennom forskrift i 2009 basert på felles nordiske kriterier. Undersøkingar viser at forbrukarane har god kjennskap til denne ordninga, som skal medverke til å gjere det enklare å velje sunt og til å redusere sosiale skilnader i kosthald. Det er sett i gang arbeid med å kartleggje om utviding av nøkkelholsmerking til kiosk, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å betre tilbod og tilgang på sunnare alternativ. Helsestyresmaktene lanserte i 2010 nye kostråd som ledd i arbeidet med å nå ut med kosthaldsinformasjon til heile befolkninga. Helsedirektoratet har starta opp eit arbeid med målgrupperetta informasjonstiltak om kostråda, blant anna til minoritetsgrupper.
Sida 2007 har matvarebransjen hatt frivillige retningslinjer for marknadsføring retta mot barn og unge. Dei er evaluert og det er avdekka svakheiter. I 2010 vedtok Verdas helseorganisasjon anbefalingar for å redusere marknadsføring mot barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har satt i gang et arbeid med å utrede behovet for å innføre lov- eller forskriftsregulering av marknadsføring av mat og drikkevarer retta mot barn og unge.
Gratis utdeling av vitamin D-dropar til spedbarn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn er eit verkemiddel for å førebyggje rakitt. Tilbodet er landsomfattande. Det vert i tillegg delt ut brosjyre på seks språk som ein og kan laste ned frå internett.
Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005–2009) er gjennomført og evaluert. Evalueringa rår til at ein fører arbeidet vidare med innsats utover helsesektoren. Vidare viser evalueringa at trendar i samfunnet stør opp under dette samtidig som det er etablert eit større medvit om kva fysisk aktivitet har å seie for helse og livskvalitet. Ein arbeider med prioriteringar i ei vidare nasjonal satsing på auka fysisk aktivitet i befolkninga. Det er lange tradisjonar for å ta i bruk avgifter og tiltak for å redusere tilgang også i tobakks- og alkoholpolitikken. Det er i 2009 fastsett ei forskrift om innføring av biletåtvaringar på tobakkspakkane. Denne påbyr biletåtvaringar på sigarettpakkane frå juli 2011 og på andre tobakksprodukt frå januar 2012. Merking med åtvaring treff alle i målgruppa, og store åtvaringar med bilete fungerer uavhengig av språk og leseevne. Frå 2010 vart det forbod med synleg oppstilling av tobakksvarer på salgsstadane. Evaluering av tiltaket etter eit år pekar på en markant nedgong i salet av sigarettar som kan ha samanheng med innføringa av forbodet. Ein ny fem års strategi for førebygging av tobakksbruk vil være på plass i 2011 der m.a. omsynet til sosiale skilnader i tobakksbruk vert omhandla.
Tiltak for å redusere rusmiddelbruk er viktige for å betre sosiale levekår og redusere sosiale helseskilnader. Dette er også understreka i opptrappingsplanen for rusfeltet. Tilnærma alle tiltaka i planen er sette i verk. Rusmiddelproblem fører til at mange fell ut av arbeidslivet, og rusførebygging er difor også viktig i eit fattigdomsperspektiv. Å styrkje rusførebygginga i arbeidslivet er eit viktig delmål i opptrappingsplanen. I tillegg er det ei stor satsing på tidleg intervensjon for å styrkje tilbodet til utsette grupper og hindre at rusmiddelproblem utviklar seg. Som eit ledd i dette, er rettleiaren Fra bekymring til handling utarbeidd og implementert i eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Politidirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Den inneheld kunnskap om risiko- og vernefaktorar og tilrådingar om korleis ein kan handle på bakgrunn av bekymringar. Den nasjonale satsinga vert ført vidare i 2012 for å medverke til endra praksis lokalt, m.a. gjennom dei sju regionale kompetansesentera på rusfeltet. Regjeringa vil i 2012 fremje ei eiga stortingsmelding om rusmiddelpolitikken.
Frisklivssentraler er eit kommunalt tilbod for dei som treng å endre levevanar knytte til m.a. fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Det er oppretta om lag 100 frisklivssentraler. Nokre av disse er organiserte som interkommunalt samarbeid. Det vert lagt vekt på tiltak som kan utjamne sosiale helseskilnader. Tilboda byggjer på kunnskap og erfaringar frå m.a. evalueringa og oppfølginga av grøn resept-ordninga. I mange kommunar vert det lagt til rette for samarbeid mellom frisklivstilbodet, Nav, spesialisthelseteneste, attføring, frivillige organisasjonar og lågterskeltilbod i regi av andre lokale aktørar. Ein viser til nærmare omtale av tilbod for å fremje sunne levevanar under kap. 719, post 60 og kap. 762.
Helsetenester
Mål
Målet er likeverdige helse- og omsorgstenester både med tanke på tilgang, bruk og resultat. Delmåla omfattar (1) styrkt kunnskap om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og (2) styrkt kunnskap om forhold som medverkar til sosiale skilnader i bruk av helsetenester og forhold som kan motverke slike skeive forhold.
Utvikling
Sjølv om helsetenesta skal være til for alle, er det likevel mykje som tydar på at det er sosiale skilnader i tilbodet til pasientane. Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet analysert om det er systematiske skilnader i bruk av helsetenester etter utdanning, yrke og/eller inntekt i den norske befolkninga med utgangspunkt i datamaterialet frå helse- og levekårsundersøkingane. Rapporten avdekkjer nokre sosiale skilnader i bruk av enkelte primærhelsetenester og i bruk av spesialisthelsetenester for enkelte aldersgrupper. Tilgjengeleg kunnskap tyder på at i den grad det vert avdekt slike skilnader, så følgjer det ein sosial gradient. Det vil seie at prosentdelen som bruker ulike helsetenester aukar med stigande utdanning og inntekt. Den sosiale gradienten er sterkare blant menn enn blant. Det er krevjande å få et godt bilde av sosiale mønster i helsetenestebruk fordi den faktiske bruken må vurderast opp mot behovet. Dersom det er store skilnader i sjukdom mellom grupper, kan det som ser ut til å være lik bruk av tenester skjule store skilnader.
Verkemiddel
Med utgangspunkt i Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) er det starta eit arbeid med å fastsetje nasjonale indikatorar som måler kvalitet, yting og effekt av helsetenester ut frå eit sett internasjonale kvalitetskriterium. Det er eit mål å utvikle nasjonale kvalitetsindikatorar som kan seie noko om tilgangen til helsetenester og ulikskapar på tvers av faktorar som m.a. fagfelt, kjønn, alder og geografiske område. Det skal leggast vekt på å inkludere indikatorar på sosiale skilnader i tilgjengelegheit, bruk og resultat av helsetenester. Informasjonen skal brukast i kvalitetsforbetringsarbeid, til politisk styring, verksemdstyring, og til forsking. Det er utarbeida forslag til rammeverk for eit nasjonalt systemet for kvalitetsindikatorar, med anbefalingar om korleis det skal utviklas vidare. Helsedirektoratet har ansvar for å drifte og vidareutvikle det nasjonale kvalitetsindikatorsystemet.
Data i Norsk pasientregister kombinert med kopling mot sosioøkonomiske register gjer det mogleg å studere utbreiing av sjukdom og forbruk av helsetenester etter sosiale kjenneteikn som utdanning og inntekt. Aktuelle temaområde kan vere dei store folkehelsesjukdomane som Kols eller diabetes, førekomst av ulykker og skadar, eller behandling i psykisk helsevern. Pasientregisteret er berre eit av fleire register som kan brukast til å analysere sosiale skilnader i helsetenester. Strategi for modernisering og samordning av sentrale helseregistre og medisinske kvalitetsregistre 2010–2020 er eit prosjekt som m.a. kan betre tilgang på data om sosiale skilnader og helsetenester.
I St.meld. nr. 35 (2006–2007) Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning, framtidas tannhelsetjenester legg regjeringa ein heilskapleg politikk for tannhelsetenester til befolkninga. Det overordna målet er utjamning av sosiale skilnader i tannhelse. Helse- og omsorgsdepartementet er i gang med å vurdere endringar i lov om tannhelsetenesta. Arbeidet skal m.a. sjå på dei vilkår som gir rett til oppsøkjande, jamleg tilbod om tannhelsetenester frå fylkeskommunen. Ut ifrå eit prinsipp om at dei som treng det mest skal ha eit slikt tilbod, vil ein søkje å utjamne sosiale skilnader i tannhelse. Departementet er også i gang med å utgreie ulike ordningar for finansiering og takordningar for kostandar knytt til tannbehandling. Dei vil og ta omsyn til sosiale skilnader i tannhelse.
I Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse og omsorgsplan vert det peikt på at det psykiske helsevernet (spesialisthelsetenesten) for barn og unge skal gjennomgåas av Helsedirektoratet i samarbeid med de regionale helseføretaka. Det er frå 2010 lovfesta at mindreårige barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige, alvorlig somatisk sjuke eller skadde pasientar skal få betre oppfølging når foreldra tek i mot helsehjelp. Eigenandel kan være ein terskel for å oppsøke helsetenester. Stortinget vedtok ved behandlinga av statsbudsjettet for 2010 å heve aldersgrensa for fritak frå 12 til 16 år for alle tenester som går inn under egenandelstak 1. Vedtaket gjer det enklare for ungdom i denne aldersgruppa å oppsøke lege o.a.
Tilgjengelegheit til helsetenester vil også kunne variere mellom og innanfor etniske grupper. Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse driv formidling, forskings- og utviklingsarbeid om somatisk og psykisk helse og omsorg for menneske med minoritetsbakgrunn. Nakmi mottar stønad over statsbudsjettet frå Helse- og omsorgsdepartementet. Fastlegeordninga er ei teneste som generelt fungerer godt, og som har stor oppslutning i befolkninga. Mange innvandrarar bruker legevaktene meir enn etnisk norske. Helse Sør-Øst RHF deltar i eit prosjekt saman med enkelte bydelar i Oslo og Akershus for å avdekkje årsaka.
Sosial inkludering
Mål
Målet for sosiale inkludering i stortingsmeldinga er å betre levekåra for dei vanskelegast stilte. Dette omfattar delmåla (1) forholdsvis færre vaksne med svake grunnleggjande ferdigheiter i skulen, (2) gi fleire moglegheit til å kome i arbeid, (3) syte for at ingen er bustadlause, (4) betra tilgang til og styrking av helse- og omsorgstenester for utsette grupper, og (5) reduserte levekårsskilnader mellom geografiske område.
Utvikling
Det finst per i dag inga god oversikt over kor stor del av vaksenbefolkninga som manglar kompetanse på grunnskulenivå eller tilsvarande grunnleggjande ferdigheiter eller kva utdanning innvandrarar har når dei kjem til Noreg. Det er behov for å utvikle betre statistikk på dette området. Utdanningsdirektoratet er inne i ein prosess med å utvikle indikatorar i samanheng med vidareutvikling av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Det er eit stort omfang av lese og skrivevanskar blant innsette i norske fengsel, og berre ein av ti innsette under 25 år har fullført vidaregåande opplæring.
Ei kartlegging i 2008 viste at rundt 6100 personar kjem inn under definisjonen som bustadlaus. Tal frå hjelpeapparatet tydar på at rundt 60 pst. av desse har rusproblem og 40 pst. psykiske lidingar. Tal frå Kostra viser at i underkant av 3000 husstandar oppheld seg i mellombelse butilbod i 2009, og at 25 pst. av desse hadde opphalde seg der meir enn 3 månader. Ei undersøking frå Nibr viser at bruken av døgnovernatting har auka i mange kommunar, og at dette særleg er ei utfordring i dei store kommunane. Talet på kommunalt disponerte bustader har auka, og det er i 2010 registrert 100 900 bustader i Kostra (500 fleire enn året før). Kommunane ga i 2010 om lag 9500 startlån, mot i underkant av 8000 i 2009. Tilskot til etablering til enkeltpersonar er strengt behovsprøvd, og tilskotet blir ofte gjeve i kombinasjon med startlån og bustøtte. I 2010 vart det gjeve om lag 1500 tilskot, mot 1800 året før. I tillegg tildeler kommunane tilskot til tilpassing av bustaden. Husbanken gjev også tilskot til etablering av kommunalt disponerte bustader for vanskelegstilte. I 2011 er tilskotet styrkt for å prioritere flyktningar, særleg einslege mindreårige.
Verkemiddel
Svake grunnleggjande ferdigheiter og manglande grunnutdanning aukar faren for å falle ut av arbeidslivet. Det er difor eit mål å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing, finansiering av livsopphald under utdanning og fleksible ordningar for læring både innanfor og utanfor utdanningssystemet er viktige faktorar. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal bidra til å styrkje ferdigheitene til vaksne i det å lese, skive og rekne, og i informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Føremålet med introduksjonsprogrammet er å styrkje moglegheitene nykomne innvandrarar har for å delta i yrkes- og samfunnslivet. Ny sjanse er ei forsøksordning som har til føremål å prøve ut metodar for å kvalifisere innvandrarar utan fast tilknyting til arbeidsmarknaden, til utdanning eller arbeid. Ny sjanse rettast i 2011 mot innvandrarar frå landgrupper med låg sysselsetjing og høg arbeidsløyse, innvandrarkvinner som er heime med barn og som ikkje får sosialhjelp, arbeidslaus innvandrarungdom mellom 18 og 25 år som er avhengige av sosialhjelp og langtidsledige innvandrarar som får sosialhjelp. Ungdom er ei høgt prioritert gruppe for Nav. Kompetanse 16–24 er eit tiltak som har til føremål å fange opp ungdom som fell ut av vidaregåande skule.
Utdanning er blant dei mest effektive tiltaka for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Undervisningstilbodet i fengsla er difor vorte mykje styrkt dei siste åra. Innsette i norske fengsel har til dels omfattande rusmiddelproblem. I tillegg har ein stor del også psykiske problem/lidingar. Det vert arbeidd med å få på plass individuell plan som verktøy for innsette med behov for langvarige og samordna tenester. Samarbeidet med andre aktørar (spesialisthelsetenesta innafor psykisk helsevern og rus, kriminalomsorga, sosialtenesta i kommunane og Nav) er vidareutvikla m.a. gjennom etablering av ei helsefagleg ressursgruppe som skal utvidast til også å omfatte representantar for sosialtenesta. I dei fleste fengsel har helsetenesta sett i verk legemiddelassistert rehabilitering. Det er etablert samarbeid mellom Nav-kontor og ei rekke fengsel, blant anna via prosjektet til Arbeids- og velferdsdirektoratet, Fra fengsel til Kvalifiseringsprogram.
Kriminalomsorga laga ein heilskapleg strategi for å motverke rusmiddelmisbruk i fengsla for perioden 2008–2011. Strategien skal sikre betre rehabilitering og behandling av innsette og domfelte rusmisbrukarar. Rusmeistringseiningane er etablerte for rusmiddelavhengige i fengsel og som er vurderte til å ha rett til nødvendig helsehjelp for det å vere rusmiddelavhengig. Det er i 2010 etablert to nye rusmeistringseiningar. I 2011 er det gitt midlar til to nye rusmestringseiningar, slik at det no er slike einingar i 13 fengslar.
Samtidig legg ein opp til auka bruk av overføring til straffegjennomføring utanfor fengsel etter straffegjennomføringslova § 12 (behandlings- eller omsorgsinstitusjon). Promilleprogrammet vart i 2008 omgjort til Program mot ruspåvirket kjøring og utvida til å omfatte andre rusmiddel enn alkohol. Den treårige prøveordninga med straffereaksjonen Narkotikaprogram med domstolskontroll vert ført vidare til 2014.
Gjennom å støtte opp om kommunane og samarbeidspartnarane deira, skal Husbanken medverke til å førebyggje at nokon kjem i ein situasjon utan fast bustad. Fleire treng også hjelp til å få ein varig busituasjon. Desse innsatsområda har førsteprioritet innanfor verksemda til Husbanken. Unge og barnefamiliar er særleg sårbare grupper, og dei utgjer difor viktige målgrupper for arbeidet.
Det er kommunane som i all hovudsak skal hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. I tillegg til å støtte kommunane med kompetanse og erfaringsutveksling, tilbyr staten gjennom Husbanken ei rekkje økonomiske verkemiddel. Husbanken har ei eiga satsing mot kommunar som har særleg store utfordringar. Husbanken inngår langsiktige og forpliktande avtalar med kommuner som sjølv tar eigarskapet til både utfordringane og løysingane. Hittil har Husbanken inngått meir enn 50 slike avtalar.
Stadig fleire nye mottakarar kjem inn i bostøtteordninga og eksisterande mottakarar har fått auka ytingar. Startlånet skal hjelpe unge og vanskelegstilte til å kjøpe sin eigen bustad. I 2009 rapporterte kommunane om auka bruk om startlån, og utviklinga fortsette i 2010.
Personar med behov for langvarig og koordinerte tenester og individuell plan er sentral i oppfølginga av samhandlingsreforma. I Lov av 24. juni 2011, nr. 30, om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstenesteloven) er det klart at kommunane har ansvar for at alle pasient- og brukargrupper får tilbod om nødvendig helse- og omsorgstenester. Ansvaret omfattar personar med somatisk eller psykisk sjukdom, -skade eller lidingar, rusmiddelproblem, sosiale problem eller personar med nedsett funksjonsevne. Etter lova er det kommunen som har ansvaret for å setje i gang arbeidet med individuelle plan og tilby koordinator. For å styrkje kvaliteten i tenestene skal det lagast rettleiarar og retningslinjer for heile rusfeltet fram mot 2015. I 2011 har Helsedirektoratet utgitt to rettleiarar, retningslinjer for oppfølging av gravide i legemiddelassistert rehabilitering og barna deira, og retningslinjer for opioid-avhengige. I 2011 vart det gitt eit tilskot til kommunalt rusarbeid til om lag 300 kommunar og til frivillige organisasjonar. Mange aktivitets- og arbeidstiltak får støtte gjennom denne ordninga. Regjeringa vil fremje ei eiga stortingsmelding om rusmiddelpolitikken.
Ordninga med lågterskel helsetiltak for rusmiddelavhengige er oppretta for å gi eit helsetilbod til rusmiddelavhengige med store helseproblem som ikkje klarer å bruke det ordinære helsetilbodet. Det er også sett i verk eit forsøk med koordinerande tillitsperson i 26 kommunar som skal medverke til å betre samhandlinga mellom tenestene og styrkje individuell oppfølging. Rusrådgivaren hos Fylkesmannen skal medverke til at fleire kommunar kan dra nytte av statlege tilskotsordningar for å gi brukaren individuell oppfølging og auke bruken av individuell plan. Tilskotsordninga til kommunalt rusarbeid vart styrkt i 2011, og skal medverke til utbygging og gjennomføring av akutt- og lågterskeltiltak og oppfølgingstenester i bustader til rusmiddelavhengige.
Det vert i 2011 gitt tilskot til 14 ACT-team (Assertive Community Treatment, aktivt oppsøkende behandling) og 54 samarbeidsprosjekt rundt om i landet. Tiltaka er retta mot menneske med alvorlege psykiske lidingar med langvarige og samansette behov for samtidige tenester frå både spesialist- og primærhelsetenesta. Behandlinga vert gitt der pasienten eller brukaren oppheld seg. På oppdrag frå Helsedirektoratet er det også sett i gang ei nasjonal, forskingsbasert evaluering av ACT-satsinga.
Under innsatsen for sosial inkludering er det eit mål å redusere levekårsskilnader mellom geografiske område. I Noreg har dødsraten dei siste 30 åra vore gjennomgåande lågast på Vestlandet og høgast i Nord-Noreg. Det kan også vere store lokale skilnader. I Oslo er den venta levetida heile 10–12 år lengre i dei vestlege enn i dei austlege bydelane. Ei av forklaringane på slike geografiske skilnader er at det er samanheng mellom bustad og sosiale forhold. Områdesatsingar i Groruddalen og Oslo Sør omfattar tiltak for å betre oppvekstvilkåra for barn og unge, og har gjort det mogleg å prøve nye tiltak for å møte spesielle helseutfordringar i innvandrarbefolkninga.
Rapportering
Utviklinga på innsatsområda i stortingsmeldinga vert følgd opp gjennom eit rapporteringssystem som skal gi systematisk og oppdatert oversikt over utviklinga av arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader. Det er etablert eit interdepartementalt samarbeid om utvikling av denne rapporteringa. Helsedirektoratet har fått ansvaret for utviklingsarbeidet i nært samarbeid med aktuelle fagdirektorat og fagmiljø. Direktoratet skal gi ut ein årleg rapport basert på rapporteringssystemet. Den tredje rapporten kjem hausten 2011.
Sektorovergripande verktøy
Mål
Det er eit mål at omsynet til helse og til utjamning av sosiale skilnader i helse i større grad skal verte handsama i alle samfunnssektorar.
Verkemiddel
Samhandlingsreforma og Lov av 24. juni 2011 nr. 29, Lov om folkehelsearbeid, legg opp til betre politisk forankring av ansvaret kommunane har for folkehelsearbeidet. Lova sett krav til at kommunane skal identifisere eigne folkehelseutfordringar, fastsette mål og strategiar og sette i verk nødvendige tiltak. Formålet med folkehelselova er å bidra til ei samfunnsutvikling som frem folkehelse og utjamnar sosiale helseskilnader. Kommunen og fylkeskommunen skal bidra til betre folkehelse og utjamning av sosiale helseskilnader m.a. gjennom lokal og regional utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting.
Regjeringa vil bidra til å bygge opp nødvendig kompetanse og kapasitet i kommunane slik at dei blir betre i stand til å møte helseutfordringane. Helsedirektoratet skal tilby kommunane tiltak for å heve kompetansen. For å få oversikt over helsetilstand og påverkningsfaktorar, skal kommunar og fylkeskommunar få tilgang til data frå sentrale register.
Fylkeskommunen har ansvar for ei rekkje oppgåver innanfor utdanning, samferdsel og samfunnsplanlegging som kan være med på å fremje helse i befolkninga og bidra til å redusere sosiale helseskilnader. I 2010 vart det utarbeidd ein rapport som utdjupar oppgåvene og rolla til fylkeskommunane i folkehelsearbeidet.
Regjeringa vil i 2012 legge fram ein nasjonal tverrdepartemental folkehelsestrategi for å sikre systematisk og langsiktig arbeid på tvers av sektorar.
Kunnskapsutvikling
Forsking på sosiale skilnader i helse vil bli prioritert i neste programperiode i Folkehelseprogrammet i Noregs forskingsråd. Folkehelseprogrammet skal særskild konsentrere seg om helseåtferd, livsløp og forbygging knytt til psykisk helse. Aktuelle deltema under helseåtferd er fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og ulykker, ein vil sjå på problemstillingar knytt til f.eks. oppvekst, utdanning, arbeid og inntekt. Program for helse- og omsorgstenester i Noregs forskingsråd skal stimulere til utvikling av ny kunnskap om helse- og omsorgstenesta. Forskingsrådet skal leggje vekt på prosjekt som inkluderer problemstillingar knytte til sosial ulikskap i tilgjengelegheit, bruk og resultat av helse- og omsorgstenesta.
Program for forsking om årsaker til sjukefråvær, uførleik og utstøting (2007–2016) i regi av Noregs forskingsråd skal medverke til betre kunnskap om årsakene til sjukefråvær, uførleik og utstøyting frå arbeidslivet. Så langt er erfaringane at arbeidshelse, arbeidsmiljøforsking og forsking som går på tvers av disiplinar har fått for liten merksemd innanfor ramma av programmet. Hausten 2010 drøfta Arbeidsdepartementet, Forskingsrådet og sentrale partar i arbeidslivet ein revidert profil. Programmet skal i det vidare ha forsking om arbeidshelse og arbeidsmiljø som sjølvstendige tema, dvs ikkje bare relatert til sjukefråvær og uførleik. Sjukefråværsprogrammet skal leggje meir vekt på forhold som påverkar helse, sjukdom og fråvær i arbeidslivet, men også på kva for faktorar og mekanismar som medverkar til godt arbeidsmiljø. I denne samanhengen er det behov for tiltaksforsking. Vidare skal det takast initiativ til ein gjennomgang av status for den eksisterande arbeidshelseforskinga og det skal vurderast om kapasiteten og kompetansen her er god nok.
Ved Nasjonalt folkehelseinstitutt er forsking og helseovervaking ein vesentleg del av verksemda. Instituttet er i gang med å lage eit system for å overvake sosiale helseskilnader.
Regjeringa vil ta initiativ til en ny gjennomgang av faktorar som påverkar sosiale skilnader i helse på tvers av sektorar. Formålet er å vidareutvikle og konkretisere oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2006–2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller.
6 Andre særlege tema
6.1 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
Helse- og omsorgsdepartementet si målsetting er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er å tydeleggjere miljøfaktorane i folkehelsearbeidet, støtte kommunane sitt arbeid med miljøretta helsevern, under dette god forvaltning av regelverk, bidra til å førebygge skader og ulykker, førebygge forgiftingar, førebygge astma, allergi og inneklimasjukdommar, og forbetre miljø og helse for barn. Lov om folkehelsearbeid trer i kraft 1. januar 2012. Lova skal m.a. bidra til betre prioritering og systematisk arbeid innan folkehelse, under dette miljøretta helsevern.
Regjeringa har i sin eigarskapspolitikk uttrykt klare forventningar til at statleg eigde verksemder skal være leiande i arbeidet med samfunnsansvar. Kravet til samfunnsansvar følgjer også av Staten sine prinsipp for godt eigarskap. Det å vise samfunnsansvar inneber å forholda seg opent til alle som har legitime interesser til verksemda, og å drive verksemda slik at den gir eit positivt bidrag til samfunnet. I eigarskapspolitikken er det formulert forventningar om samfunnsansvar for fire hovudområder: menneskerettigheitar, arbeidstakarrettigheitar, arbeid mot korrupsjon, samt miljø og klima. Dei regionale helseføretaka og helseføretaka sitt samfunnsansvar inneber eit ansvar for korleis verksemda verkar inn på desse områda, både ved kjøp av tenester eller som direkte effektar av eige verksemd.
I 2010 var det særleg merksemd knytt til etisk handel. Dette har hatt sitt utgangspunkt i det nasjonale miljø- og klimaprosjektet som dei regionale helseføretaka etablerte etter krav i føretaksmøte i 2008 om oppfølging av regjeringa sin Handlingsplan 2007–2010 Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser. Eit sentralt arbeid i 2010 var å utarbeide og distribuere informasjon til landets helseføretak om m.a. etiske krav ved offentlege anskaffingar. Dette arbeidet har ført til at helseføretaka i større grad gjennomfører risikovurderingar i sine anskaffingar, krav til etisk leverandørkjede i anskaffingar kor det er høy risiko, og oppfølging av etiske krav i utvalte anskaffingar. Det har også blitt starta dialog med leverandørane gjennom eigne leverandørseminar og leverandørmøtar med etisk handel som tema.
Dei regionale helseføretaka er medlemmer i Initiativ for etisk handel og har etablert eit godt samarbeid på dette området som dei ynskjer å vidareutvikle i 2011. Gjennom sitt medlemskap i Initiativ for etisk handel vil dei regionale helseføretaka styrke innsatsen for å betre arbeids- og miljøforhold i leverandørkjedene og dermed bidra til ei meir bærekraftig utvikling både nasjonalt og globalt. Dei regionale helseføretaka har forplikta seg til å særskilt rapportere om arbeidet med etisk handel. Dette er rapportar som ein finn på Initiativ for etisk handel sine heimesider etiskhandel.no.
Det er uttrykt ei klar forventning til at statleg eigde verksemder skal ha fastsett etiske retningslinjer. Etiske retningslinjer sett generelle normer og prinsipp for etisk ansvarlig opptreden. Dei regionale helseføretaka og helseføretaka forvaltar sentrale velferdsgodar for befolkninga, og det er viktig at både tilsette og styremedlemmer har den naudsynte tillit i offentligheita. I føretaksmøta i januar 2011 er det stilt krav til at dei regionale helseføretaka og helseføretaka skal ha etiske retningslinjer, som er kjente og tilgjengelege på føretaket si heimeside på internett. Dei etiske retningslinjene skal gjelde dei tilsette, og så langt dei passar også styremedlemmer og andre som representerer føretaket.
Eit anna sentralt tema i føretaksmøta i 2011 var krav om oppfølging av nasjonal klimapolitikk, m.a. gjennom energiøkonomisering og klimavennleg oppvarming i sektoren. Føretaksmøtet bad dei regionale helseføretaka leggje til rette for klimavennlige løysingar og oppvarming, og at dei ber helseføretaka gå i dialog med kommunane for å sjå på moglegheitene for å etablere fjernvarmeløysingar. Føretaksmøtet bad også om at dei regionale helseføretaka etablerer miljøleiing og miljøstyringssystem i helseføretaka og påfølgjande sertifisering av styringssystemet etter ISO 14001-standarden. Dette arbeidet skal ta sikte på å innføre slike system innan utgangen av 2014.
Miljøverndepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. Statens strålevern ivaretek oppgåver for Miljøverndepartementet, og forvaltar som ledd i dette dei delane av stråle- og miljøvernlovgivinga som regulerer fagområdet. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.
Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under ansvarsområdet til Miljøverndepartementet. Dette omfattar ei effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktivt forureining og radioaktivt avfall og det omfattar arbeid for å redusere risiko for radioaktiv forureining. Statens strålevern skal sørgje for å forbetre kunnskapsgrunnlaget om helse- og miljøeffektar frå radioaktive stoff og vere orientert om utanlandsk tilførsel og kjelder til radioaktiv forureining av norske område.
Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, samt Statens helsetilsyn, helsetilsyna i fylka og fylkesmennene, er rådgjevarar for sentrale og lokale helsemyndigheiter, og dei greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både folkehelselova og forskrift om miljøretta helsevern peikar på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgjeving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og bidra til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal også gjennom planlegginga si sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, m.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa. Nasjonal strategi for barns miljø og helse, Barnas framtid, for planperioden 2006–2016 skal føljast opp. Som eit ledd i oppfølginga av strategien skal Statistisk sentralbyrå leie arbeidet med å utvikle statistikk, eit nasjonalt barnebarometer, om barn sitt miljø og helse. Fyrste rapportering vil bli lagt fram i 2011.
6.2 Fornying, organisasjons- og strukturendring i statsforvaltninga
I 2011 blei Rettsmedisinsk institutt overført frå Universitetet i Oslo til Nasjonalt folkehelseinstitutt. Flyttinga omfatta 97 tilsette. Verksemda har ansvar for sakkyndige analyser og undersøkingar av lik på oppdrag frå politi- og påtalemyndigheit, domstolar, Nav, sjukehus og private oppdrag. Instituttet leverer DNA-analysar og rapportar i medhald av straffeprosesslova og påtaleinstruksens reglar om DNA-registeret. Nokre av medarbeidarane møter for domstolane som sakkyndige oppnemnt av retten. Størstedelen av arbeidet er oppdragsverksemd (sakkyndige tenester). I tillegg til dette kjem undervisning, forsking, kurs og formidling av kunnskap til aktuelle målgrupper. Det er venta at fusjonen, som samlar størstedelen av det rettsmedisinske fagmiljøet i Norge, vil styrke det rettsmedisinske arbeidet.
Aksjeselskapet Kompetansesenter for IT i helse- og sosialsektoren (KITH AS) er eit senter for standardisering som Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet og KS eig. Selskapet er lokalisert i Trondheim og har om lag 30 tilsette. Føretaket vil verta avvikla som aksjeselskap i løpet av 2011, og bli innlemma i Helsedirektoratet. Helsedirektoratet er fag- og myndigheitsorgan i IKT-politikken på helseområdet. Målet er å samle fag- og styringsansvar for standardiseringsprosessar i den sentrale helseforvaltninga. Miljøet skal framleis vera lokalisert i Trondheim. På dette viset blir Helsedirektoratet styrka med kunnskapsmiljø, ressursar og verkemiddel for å ivareta si myndigheit til å fastsetja obligatoriske standarder og sikra implementering av dei.
6.3 Oppfølging av likestillingslova sitt krav om å gjere greie for likestilling
Med Samhandlingsreforma og Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) legg regjeringa den politiske kursen for helse- og omsorgstenestene og folkehelsearbeidet dei neste fire åra. Regjeringa sitt utgangspunkt er at det er eit offentleg ansvar å fremje helse og førebyggje sjukdom, og å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til heile befolkninga. Alle skal ha eit likeverdig tilbod om helsetenester uavhengig av diagnose, økonomi, sosial status, alder, kjønn og etnisk bakgrunn.
Departementet sitt mål for ei likestilt helseteneste er konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektivet i all verksemd der dette er relevant. Den andre er å rette særskilt merksemd mot lidingar som kvinner eller menn har, eller sjukdomar kor det eine kjønnet er i fleirtal eller har spesielle vanskar. I departementet sine styringsdokument er dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet bedne om å leggje vekt på at helsetenestene vert utvikla i eit kjønnsperspektiv. Særskilde utfordringar knytt til kvinner si eller menn si helse skal bli møtt med tilstrekkjeleg kunnskap og ressursar.
Levealderen i Noreg er blant dei høgaste i verda og er aukande. Levealderen til menn var 71 år i 1970 og vel 78,2 år i 2007. Kvinner har auka levealderen frå vel 77 år til 82,7 år i same periode. Dette heng blant anna saman med redusert dødelegheit av hjerte- og karsjukdomar gjennom mange år. Låg spedbarnsdødelegheit medverkar også til ei positiv utvikling av dødelegheita.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ei god helse for alle, og har som mål fleire leveår med god helse i befolkninga. Dette vil også medverke til at levealderen for menn blir meir lik levealderen for kvinner. Strategiplan for kvinners helse 2003–2013 som blei presentert for Stortinget i St.meld. nr. 16 (2002–2003), Resept for et sunnere Norge, inneber at perspektivet på kjønn skal vere sentralt i sektoren for helse og omsorg, både i forsking, utforming av politikk, førebygging og tenester. Det er etablert ei strategisk satsing på forsking på kvinner si helse i regi av Noregs forskingsråd. Perspektivet på kjønn er nedfelt i Forskingsrådet sine nye programplanar. I 2010 fekk fem prosjekt tilskot frå dei øyremerka midlane knytt til Kvinner si helse i Noregs forskingsråd. Desse prosjekta inngår i porteføljen til fleire av helseprogramma og omhandlar m.a. tema som kvinner og psykisk helse, sosial skilnader i kvinner si helse, brystkreft, og effekt av fysisk aktivitet og vald mot kvinner. I Forskingsrådet sin totale portefølje var det i tillegg 26 andre prosjekt med heilt spesifikk relevans for kvinnehelse. Perspektivet på kjønn er relevant i større randomiserte kliniske studiar i programmet Klinisk forsking, men også i epidemiologiske og andre studiar i Folkehelseprogrammet. Programmet Klinisk forsking hadde 12 større kliniske studiar i 2010, fire av desse har adressert kjønnsperspektivet spesifikt i studiedesign og/eller analysar. Av dei fire studiane er ein innanfor hjarte-/karlidingar, to om diabetes, ein om hjerneslag og ein innanfor rygg og andre muskel/skjelettlidingar. Perspektiv og bevisstgjering om ulikskap mellom kjønn i klinisk forsking er teke hand om gjennom styringsbodskap til dei regionale helseføretaka.
I 2006 etablerte Helse- og omsorgsdepartementet eit nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse knytt til Oslo universitetssjukehus HF, Rikshospitalet. Kompetansesenteret har særskilde oppgåver innanfor forsking, kompetanseoppbygging, rådgjeving og formidling av kunnskap om kvinnehelse. Det har vore ein større fagleg gjennomgang av alle nasjonale kompetansetenester i spesialisthelsetenesta. Departementet vil vidareføre tre nasjonale kompetansetenester med relevans for kvinnehelse. Desse er nasjonal kompetanseteneste for kvinnehelse, nasjonal kompetanseteneste for amming og nasjonal kompetanseteneste for gynekologisk kreft.
Delen menn som arbeider i omsorgstenestene har auka svakt i perioden 2007 til 2010, frå 10 til 11 pst. Nivået har vore stabilt dei siste ti åra og det er lite som tyder på at dette endrar seg utan at det skjer grunnleggjande endringar i utdannings- og arbeidsmarknaden. Dersom ein ser bort frå legane er delen menn høgst blant fysioterapeutar, vernepleiarar og sosionomar. Også blant personell utan formell utdanning er delen relativt høg. Blant dei nye helsefagarbeidarane som er rekruttert inn i 2009 og 2010 er mannsdelen vesentleg høgre enn for hjelpepleiarane. Helsedirektoratet har i 2010 greia ut korleis Kompetanseløftet 2015 kan medverke til å få fleire menn i omsorgsyrka. Oppdraget var m.a. forankra i St.meld. nr. 8 (2008–2009) om menn, mannsroller og likestilling. Det ble i 2010 gitt støtte til prosjektet Menn i helse gjennom Kompetanseløftet 2015. Prosjektet skal utvikle Trondheim kommune til en føregangskommune i arbeidet med å rekruttere fleire menn til omsorgstenesta, og arbeidet vurderast å kunne ha en viss overføringsverdi.
Departementet har i protokoll frå føretaksmøta med regionale helseføretak i januar 2011 klargjort at helseføretaka skal føre ein ansvarlig arbeidsgjevarpolitikk for alle helsepersonellgrupper og anna tilsette. Som hovudregel skal helseføretaka bruke faste stillingar og avgrense bruken av mellombels stillingar og vikariat til eit nødvendig minimum. Deltid skal reduserast med minst 20 pst. i løpet av 2011. Dette er tiltak som kan medverke til å auke kvinner sin andel av sysselsettinga i helseføretaka.
Analysar som Almlidutvalget (NOU 2010: 13, Arbeid for helse) har gjennomført viser at kvinner har om lag 60 pst. høgare sjukefråvær enn menn og at den høge andelen kvinner er den viktigaste forklaringa på at sjukefråveret i helse- og omsorgssektoren er høgare enn for andre sektorar i Noreg. Det er ikkje ei enkel forklaring på kvifor kvinner har høgare sjukefråver enn menn. Noko kan forklarast med sjukefråver i samanheng med graviditet og arbeidsrelaterte utfordringar som er spesielle for kvinner. Kvinner har likevel høgare fråver enn menn også etter at det er kontrollert for graviditet, talet på barn, lønn, utdanning og yrke. Det er usikkert kor mykje av sjukefråværet i helse- og omsorgssektoren som kan forklarast av sektorspesifikke forhold, kor mye arbeidsinnhald og arbeidsmiljø betyr for sjukefråver og utstøyting, eller kva faktorar som betyr mest, og korleis desse påverkar helse, trivsel og vidare yrkesaktivitet (NOU 2010: 13, Arbeid for helse).
Likestillingsrapport
Av tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet i 2010, var 64,3 pst. kvinner. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er seniorrådgjevarar med 62,4 pst. kvinner og 37,6 pst. menn. Tala inneheld ikkje tilsette i utlandet eller dei med permisjon utan løn.
Tabell 6.1 Stillingar, Helse- og omsorgsdepartementet 2010 (kvinner/menn)
Dep.råd/eksp.sjef | 3/6 |
Avd.direktør mv. | 17/12 |
Fagdirektør | 7/6 |
Underdirektør | 16/3 |
Prosjektleiar | 0/1 |
Spesialrådgjevar | 3/3 |
Seniorrådgjevar | 53/32 |
Rådgjevar | 23/11 |
Seniorkonsulent | 7/0 |
Førstekonsulent | 7/2 |
Totalt | 136/76 |
Oversikta viser at det i Helse- og omsorgsdepartementet er 53 pst. kvinnelege leiarar når alle leiarstillingar er medrekna. Ser ein øvste leiarnivå åleine, som omfattar departementsråd og ekspedisjonssjefar, var kvinnedelen i 2010 på 33,3 pst. mot 50 pst. tidlegare år.
Tabell 6.2 Tilhøve løn, Helse- og omsorgsdepartementet 2010 (kvinner/menn, 1000 kr/år)
Dep.råd/eksp.sjef | 1160/1150 |
Avd.direktør mv. | 760/700 |
Fagdirektør | 570/620 |
Prosjektleiar | - /720 |
Underdirektør | 590/620 |
Spesialrådgjevar | 790/960 |
Seniorrådgjevar | 520/530 |
Rådgjevar | 430/430 |
Seniorkonsulent | 430/– |
Førstekonsulent | 400/400 |
Totalt | 530/580 |
Skilnaden i gjennomsnittleg årsløn mellom kjønna var i 2010 på 50 000 kroner. Dette er ein auke på om lag 20 000 kroner frå 2009.
Tabell 6.3 Arbeidstid, Helse- og omsorgsdepartementet 2010 (kvinner/menn)
Heiltid | 119/65 |
Deltid | 13/3 |
Førebels/vikariat | 4/5 |
Totalt | 136/73 |
Talet på mellombelse stillingar har gått noko ned dei siste åra. Helse- og omsorgsdepartementet hadde eit gjennomsnittleg fråvær grunna sjukdom i 2010 på 3,9 pst, som er ein liten nedgang frå føregåande år.
Tabell 6.4 Fråvær grunna sjukdom, Helse- og omsorgsdepartementet
Kvinner | 5,2 % |
Menn | 1,6 % |
Totalt | 3,9 % |
Helse- og omsorgsdepartementet vil som før ha fokus på likestilling i noverande og framtidige planlagde aktivitetar.
I 2010 var det 68 pst. kvinner i heile Helsedirektoratet. Det er same prosent som i 2009. Blant seniorrådgjevarar, spesielt for dei over 60 år, spesialstillingar/prosjektleiarar og avdelingsdirektørar, er kvinner framleis løna lågare enn menn. Trass særlege tiltak i lokale forhandlingar for desse gruppene, har differansen i løn mellom kvinner og menn i gruppa seniorrådgjevarar økt frå to til fire lønstrinn frå 2009 til 2010. Delen kvinner i dei lågare lønnsgruppene (saksbehandlarar og kontorstillingar) og i gruppa seniorrådgjevarar, aukar, mens den går ned for gruppene rådgjevarar og spesialstillingar.
Direktoratet har hatt stor overvekt av menn i gruppa divisjonsdirektørar. Det er satt inn målretta tiltak når det gjeld rekruttering. Tilsettingar i 2010 har ført til ein andel kvinner på 50 pst. i denne gruppa.
Nasjonalt folkehelseinstitutt har om lag 950 tilsette. 70 pst. er kvinner og det er kvinner i om lag halvdelen av leiande stillingar. I faglege seniorstillingar utgjør kvinner meir enn halvdelen. Fem av sju tilsette som fekk forskaropprykk var kvinner. Analysar av lønstilhøve syner ikkje nokre skilnadar mellom stillingsgrupper som kan forklarast med kjønn. 16,1 pst. har innvandrarbakgrunn, 9,7 pst. frå ikkje-vestlege land. Instituttet legg vekt på at tilsette skal få utøve sin religion, til dømes gje fri på deira religiøse dagar. Inkluderande kultur er eit mål for instituttet og følgjes opp i m.a. avtale om inkluderande arbeidsliv.
Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten har hatt ein jamn auke av kvinnelege tilsette dei siste åra. Frå ei kvinnedel på 62 pst. i 2008 til 66 pst. i 2010. Det er ein svak lønnsskilnad i mannleg favør bland leiarar, seniorforskarar, seniorrådgjevarar og rådgjevarar i Kunnskapssenteret. Dette kan i mange tilfeller tilleggjast skilnader i røynsle og kompetanse. Kunnskapssenteret har dei siste tre åra hatt eit lågt sjukefråvære, i prosent har det variert mellom 4,4 og 3,6 Sjukefråvære følgjes som rutine opp av næraste leiar, og prosenttalet rapporterast jamleg til arbeidmiljøutval og årleg til leiargruppa.
Norsk pasientskadeerstatning har totalt ein kvinnedel på 71 pst. Kvinnedelen i leiarstillingar er på 53 pst. Kvinnedelen er i praksis uendra dei siste to åra, men noko lågare enn i 2009. Det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til ledige stillingar i Norsk pasientskadeerstatning. For å auke talet på mannlege tilsette i stillingskategoriar der delen menn er låg, har verksemda tatt in ei oppmoding i høve til mannlege kandidatar i stillingsannonsane. Norsk pasientskadeerstatning sitt styre har ein kvinnedel på 40 pst.
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell hadde per 31. desember 2010 ein kvinnedel på 71,4 pst. Kvinnedelen har gått ned frå 72,5 pst. i 2009. Gjennomsnittleg løn i etaten var ved årsskiftet 395 878 kroner for kvinner og 472 033 kroner for menn. Leiargruppa hadde per 31. desember 2010 ei kvinne og 4,5 menn, mot 3/3 året før.
Statens helsetilsyn hadde desember 2010 ein kvinnedel på 64,5 pst. I stillingsgruppa leiar (avdelingsdirektør, underdirektør, fagsjef, arkivleiar, informasjonssjef) er 53 pst. kvinner. Dette ligg innafor Hovudavtalens mål om 40 pst. kvinner i leiarstillingar innafor definert leiarstillingsgruppe. Gjennom Statens helsetilsyns rekrutteringsverktøy har søkjarar mulegheit til å vise om vedkommande har nedsett funksjonsevne eller framandkulturell bakgrunn. Søkjarar som visar til dette og innehar den bakgrunn som etterspørjast i etatens kunngjøringar blir innkalla til intervju.
Statens institutt for rusmiddelforskning har 40 tilsette og 72,5 pst. kvinner. I leiargruppa er det halvparten av kvart kjønn, og det er små lønsskilnadar mellom kvinner og menn. Den lokale tilpassingsavtalen inneheld likestillingstiltak som til dømes kjønnsnøytrale kriterier for løn, at kvinner skal gis same muligheiter som menn til å arbeide med kvalifiserande arbeidsoppgåver og til prosjektleiarfunksjonar og andre leiarfunksjonar.
Statens legemiddelverk har fleire kvinnelege tilsette enn menn, og legg vekt på å jamne ut dette. Kvinnelege tilsette utgjer 73 pst. av arbeidsstokken, medan leiargruppa har 75 pst. og mellomleiargruppa har 67 pst. kvinner. Etaten har gjennomført fleire tiltak for å få auka likestilling og forhindre diskriminering. Ein tydeleg livsfasepolitikk og utstrakt bruk av verkemidlar for å unngå redusert arbeidstid eller ulønna permisjon er viktige tiltak. For å sikre god praksis og utvikling på dette området gjennomfører Legemiddelverket interne undersøkingar, der likestilling og mangfald er tema.
I Statens strålevern er det samla sett ein jamn kjønnsbalanse. I gjennomsnitt tener kvinner om lag 8 pst. mindre enn menn. Det er ingen vesentleg forskjell i løna for kvinner og menn i same stilling. Hovudårsaka til lønnsskilnaden er færre kvinner i overordna stillingar. Det er ingen vesentleg forskjell på kvinner og menn når det gjeld stillingsstorleik, mellombels tilsetjing, uttak av foreldrepermisjon eller sjukefråvær. Sjukefråværet har i snitt vore 2–4 pst. Hovudutfordringa med tanke på likestilling for Statens strålevern, er særleg å rekruttere kvinner til dei overordna stillingane. Ein handlingsplan for likestillingsarbeidet inngår i Strålevernet sin løns- og personalpolitikk.
Årsrapportane for verksemdene under Helse- og omsorgsdepartementet inneheld nærare omtale av likestilling.
6.4 Omtale av tilsettingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder
Administrerande direktør i AS Vinmonopolet hadde per 31. desember 2010 ei årsløn på 1 798 000 kroner. I tillegg til løna har administrerande direktør fast bilgodtgjøring på 165 000 kroner i året. Vinmonopolet implementerte i 2007 ei leiarpensjonsordning som finansierast over drift. Total pensjonskostnad for administrerande direktør i 2010 var 729 000 kroner.
Administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF har i rekneskapsperioden 2010 motteke løn på 2 010 535 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 6916 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 149 241 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Under gitte føresetnader har leiargruppa rett på etterløn i 12 månader frå dato for fråtreding. Etterlønn vil bli redusert med løn frå ny arbeidsgivar. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.
Administrerande direktør i Helse Vest RHF har i rekneskapsperioden 2010 motteke løn på 1 915 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 8000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 486 000 kroner. I dette beløpet inngår kostnader knytt til pensjon utover kollektiv pensjonsordning. Det er ikkje inngått avtale om sluttvederlag eller liknande for administrerande direktør. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.
Administrerande direktør i Helse Nord RHF har i rekneskapsperioden 2010 motteke løn på 1 605 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 9000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 151 000 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. I tillegg til løn tener administrerande direktør opp halvannan månads studie- og oppdateringspermisjon for kvart heile år i funksjon som administrerande direktør. Dersom administrerande direktør må fråtre, eller sjølv veljar å slutte i stillinga si, pliktar Helse Nord RHF å betale løn i 6 månader ut over vanleg oppseiingstid.
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF har i rekneskapsperioden 2010 motteke løn på 1 500 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 131 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 74 000 kroner. Pensjonskostnadene til administrerande direktør er i det heile knytt til kollektiv pensjonsordning i KLP. Ved avgang etter oppmoding frå styret har administrerande direktør krav på løn i oppseiingstida som er 6 månader.
Administrerande direktør i Norsk Helsenett SF har i rekneskapsperioden 2010 motteke løn på 1 088 247 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 14 777 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 85 169 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Dersom styret oppmodar administrerande direktør om å si opp stillinga si eller administrerande direktør i samråd med styrets leder/styre veljar å si opp stillinga si utan at det foreligger sakleg grunnen til oppseiing eller avskjed har administrerande direktør i tillegg til løn i oppseiingstida krav på sluttvederlag i 9 månader etter oppseiingstidas utløp. Dersom administrerande direktør i perioden for sluttvederlag, men etter utløpet av ordinær oppseiingstid, har andre inntekter, skal sluttvederlaget reduserast krone for krone. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.