Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 1100–1162 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

2 Nærare omtale av løyvingsforslaga

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1100

Landbruks- og matdepartementet

142 188

133 181

147 971

11,1

Sum kategori 15.00

142 188

133 181

147 971

11,1

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

4100

Landbruks- og matdepartementet

14 759

100

103

3,0

Sum kategori 15.00

14 759

100

103

3,0

Mål og strategiar

Landbruks- og matdepartementet utviklar og set i verk politikken i ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar og er ein viktig premissleverandør for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeder frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at departementet har ansvar for juridiske og økonomiske verkemiddel på områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima og miljøtiltak innanfor sektoren og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet legg stor vekt på samordning og koordinering med andre sektorar for ei best mogleg tilpassing av politikken.

For å kunne gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein god måte, har departementet som strategi at forvaltninga skal vere open, brukerretta og effektiv med høg kvalitet og stor grad av medverknad. Sjå kategoriomtalene 15.10, 15.20 og 15.30 for omtale av mål og strategiar knytte til dei ulike fagområda. For omtale av heile landbruks- og matforvaltninga og departementet si rapportering av ressursbruken i forvaltninga, sjå innleiinga og Del III avsnitt 4.

Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

Landbruks- og matdepartementet skal gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Å gjennomføre politikken krev ei open, brukarretta og effektiv forvaltning som legg vekt på fornying og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om og innverknad på politikkutforminga. Målretting og resultatoppfølging av økonomiske og juridiske verkemiddel, og avklaring av roller og oppgåver i departementet i samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg. I samband med dette er tiltak som minkar rapporteringsbyrda og sikrar betre kontroll med verkemidla og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren viktige.

Organiseringa av departementet er fleksibel og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Departementet søkjer å ha ein målretta og effektiv bruk av ressursane og best mogleg utnytting av den samla kompetansen i departementet.

Tilstandsvurdering

Fornying og effektivisering av forvaltninga

Det har over fleire år vore gjennomført fleire større organisasjonsendringar i forvaltninga innan sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei teneleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og –nivåa, og samstundes sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet.

Som omtalt i kat 15.20 og i innleiinga arbeider departementet med oppfølging av rapporten En robust instituttsektor. Rapporten inneheld ein gjennomgang av forskingsinstitutta Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet med omsyn til struktur, rollefordeling, organisering, grenseflater og tilknyting til andre forvaltningsorgan under departementet, samt ei vurdering moglegheiter for synergiar i sektoren. Departementet arbeider med oppfølging av rapporten.

Regjeringa vil endre organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta, jf. innleiinga og kap. 1147. Siktemålet er at endringane skal bidra til forenkling, effektivisering og harmonisering med annan offentleg forvaltning. Endringa skal vere gjennomført innan 1.7.2012.

Kommunikasjon

Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitikken for å skape debatt og legitimitet i samfunnet. Departementet skal raskt gå ut med ny kunnskap på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine.

Departementet arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av dei ulike kanalane for kommunikasjon, m.a. nettsidene på www.regjeringen.no/lmd. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. I tråd med intensjonane bak offentleglova skal departementet vise meiroffentlegheit der det er mogleg. Den offentlege postjournalen blir lagt ut på departementet si nettside. Det gir allmenta anledning til å få informasjon og kunnskap om departementet sine fag- og politikkområde.

Fornying ved bruk av IKT

Landbruks- og matdepartementet og 12 andre departement er ein del av ein felles IKT-plattform i departementsfellesskapen, som blir drifta av Departementas servicesenter (DSS). Det er etablert ein felles IKT-strategi med tilhøyrande handlingsplanar. På den felles IKT-plattforma får Lanbruks- og matdepartementet tilgang til digitale verktøy til å løyse arbeidsoppgåvene i departementet på ein effektiv måte.

Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal tilby gode og brukarvennlege digitale løysingar. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. I styringa av dei underliggjande verksemdene blir det mellom anna sett krav om at tenester som ikkje krev brukarnærleik bør vere tilgjengeleg digitalt slik at brukarane kan rette seg mot verksemdene når dei sjølv ønskjer. Brukarane skal ikkje trenge å gi opplysningar forvaltninga allereie kjenner til. Dei underliggjande verksemdene skal ved utvikling av nye IKT-løysingar vurdere gjenbruk av IKT-investeringar som er gjort i eiga verksemd og i andre delar av forvaltninga, samt vurdera om andre delar av forvaltninga òg kan ha nytte av dei nye løysingane.

Samfunnstryggleik og beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap er eit viktig område for Landbruks- og matdepartementet. Departementet har beredskapsplanar som blir justerte ved jamne mellomrom og etter alvorlege hendingar, slik at dei til einkvar tid er eit godt reiskap for handtering av kriser og uønskte hendingar. Beredskapsplanane til departementet skal no justerast, og dette arbeidet vil òg bli sett i samanheng med tilsyn frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).

Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar for samfunnstryggleik og beredskap er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Samfunnstryggleik og beredskap er viktig i departementet si styring av dei underliggjande verksemdene, og det blir mellom anna sett konkrete krav til verksemdene i tildelingsbreva.

Etatsstyring og intern verksemdstyring i landbruks- og matforvaltninga

Styring og oppfølging av forvaltninga står sentralt for å nå dei politiske måla. Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av gjennomføringa av vedtatt politikk til underliggjande verksemder. Gjennom aktiv og målretta styring og dialog med dei underliggjande verksemdene, følgjer Landbruks- og matdepartementet opp regjeringa sine mål og prioriteringar.

Dei underliggjande verksemdene har dei seinare åra fått fleire og meir samansette oppgåver. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve, og er derfor eit sentralt arbeidsområde i departementet. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal ha høg merksemd på utvikling av den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverk i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har derfor merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder. Departementet ser eit særleg behov for at verksemdenes risikovurderingar og korleis risiko for manglande måloppnåing blir handtert, blir ein meir sentral del av styringsdialogen mellom departementet og den enkelte verksemda.

Økonomiregelverket i staten

Størstedelen av løyvingane under Landbruks- og matdepartementet er tilskott, og særleg gjeld dette løyvingar til oppfølging av jordbruksavtalen. Under jordbruksavtalen, og i noko grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar med ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Dette gjeld særleg resultatrapportering, men òg andre delar av normalprosedyrane må tilpassast for å kunne vere aktuelle, jf. nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Landbruks- og matdepartementet, side 31. Etter pkt. 6.4.2 i Bestemmelser om økonomistyring i staten kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltning når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtala i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærare greie for dette.

Satsingar og prioriteringar

Departementet vil i 2012 vidareføre arbeidet med å effektivisere drifta av departementet. Samstundes aukar oppgåvemengda på enkelte fagområde, som til dømes forvaltningsdrift av Statskog, miljø og klima og internasjonalt arbeid. Dette stiller krav til stadig prioritering av ressursar og oppgåver.

I 2012 vil òg oppgåver knytt til oppfølging av NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat, oppfølging av den varsla meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken og oppfølging av rapporten En robust instituttsektor, krevje ekstra merksemd, jf. omtale i programkategoriane 15.10, 15.20 og 15.30.

Med utgangspunkt i den varsla meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, og Stortinget si behandling av denne, vil departementet starte opp arbeidet med operasjonalisering av mål og systematisering av resultatindikatorer som skal innarbeidast i framtidige budsjettproposisjonar.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

133 856

130 331

144 121

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

1 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

8 077

2 595

2 595

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

255

255

255

Sum kap. 1100

142 188

133 181

147 971

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og matdepartementet. Om lag to tredjedelar av departementet sitt budsjett er lønnsutgifter. Dette er ei fordeling som har vore tilnærma lik dei seinaste åra. Per 1.1.2011 var det totalt 153 årsverk, ein reduksjon på seks årsverk frå 2010.

Resultatrapport 2010

For rapportering på dei ulike måla som ligg under Landbruks- og matdepartementet, viser departementet òg til statusomtalane under programkategoriane og dei ulike fagkapitla for resultatrapportering på andre område.

Ei open og effektiv landbruks- og matforvaltning

Som omtalt i Prop. 1 S (2010-2011), har Landbruks- og matdepartementet starta ein gjennomgang av departementet sine underliggjande verksemder med tanke på struktur, rollefordeling og organisering.

Nettsida regjeringen.no/lmd er den primære informasjons- og kommunikasjonskanalen til Landbruks- og matdepartementet. Departementet legg stor vekt på å vedlikehalde og vidareutvikle sidene, slik at dei til kvar tid tilfredsstiller brukaranes ønskjer og behov, med tanke på både relevant innhald og tilgjengelegheit. Det har vore prioritert å leggje til rette for at ein kan ta moglegheitene for dialog og kommunikasjon med brukarane aktivt i bruk.

På departementet si heimeside finn ein link til OEP (offentleg elektronisk postjournal) og statistikk over departementet sin praktisering av offentleglova. Tall i statistikken frå juli 2010 til juli 2011 viser at departementet praktiserer stor grad av openheit. Departementet handsama 1 440 krav om innsyn, og av desse blei 1 113 etterkomne.

Landbruks- og matdepartementet har lagt stor vekt på at viktige sider ved regjeringa sin IKT-politikk skal realiserast i dei underliggjande verksemdene. Alle verksemdene innanfor landbruks- og matsektoren arbeider med å gjere tenestene sine tilgjengelege elektronisk, slik at brukarane kan rette seg mot verksemdene når dei sjølv ønskjer, og at brukarane i så liten grad som mogleg skal trenge å gi opplysningar som forvaltninga allereie kjenner til. Fleire av dei underliggjande verksemdene nyttar fellesløysinga Altinn for tenestene sine. Vidare legg alle dei underliggjande verksemdene ut informasjon om dei elektroniske tenestene sine i ein tenestekatalog for landbruks- og matsektoren. Tenestekatalogen gir oversikt over, og skal bidra til samhandling i utviklinga av, elektroniske tenester i forvaltninga.

Departementet har hatt stor merksemd på informasjonstryggleik og har styrka krava til underliggjande verksemder på dette området for å sikre at informasjon blir handtert på ein forsvarleg måte og at krav i regelverka blir følgte. Det har òg vore arrangert eit seminar om informasjonstryggleik med underliggjande verksemder.

Forvaltning av departementet sine eigedommar

Departementet forvaltar mange eigedommar og ein stor bygningsmasse. Eigedommar og bygningar som det ikkje lenger er vesentleg for departementet å behalde, blir vurdert avhenda. I samband med omstillinga i Bioforsk har departementet selt fleire eigedommar som det ikkje lenger er bruk for. I 2010 blei salet av Kise i Ringsaker avslutta, og departementet selde òg statens tidlegare forsøksgard på Møystad i Hamar i 2010.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom ansvaret for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 142,5 mill. kroner. Sommaren 2012 skal departementet etter planen flytte til nye lokalar i regjeringskvartalet, noko som gir høgare husleige. Den foreslåtte auken på posten skal i hovudsak dekkje desse auka utgiftene.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Formål med løyvinga

Departementet gjer framlegg om å opprette ein ny post 21 Særskilde driftsutgifter. Midlane på posten skal nyttast til særskilde prosjektrelaterte kostnader mellom anna til oppfølginga av matmaktutvalet sin rapport og til kjøp av tenester i samband med departementet si styring av Statskog SF.

Budsjettframlegg 2012

Framlegget for posten er på 1 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved departementet sine eigedommar og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter knytt til sal og taksering av eigedommar.

I tråd med kongeleg resolusjon som trådde i kraft 1. oktober 2006, er det utarbeidd landsverneplanar for dei verneverdige eigedommane som sorterer under departementet. Forvaltninga av verneplanar er derfor òg ein viktig del av departementet sitt generelle vedlikehaldsansvar.

Resultatrapport 2010

I 2010 blei det nytta om lag 8,1 mill. kroner over posten. Av dette, blei om lag 2,7 mill. kroner nytta til ferdigstilling av Plantevernbygget på Ås, 2 mill. kroner blei nytta til utvikling av bjørnesenteret ved Bioforsk Svanhovd i Sør-Varanger og 1,8 mill. kroner til nødvendig oppgradering av Staur gard i Stange, jf. òg departementet sin Prop. 1 S (2010-2011). Om lag 950 000 kroner blei nytta til arbeid med førebuing av sal av departementet sin eigedom på Kjeller i Skedsmo. Midlar har òg blitt nytta til å dekkje utgifter ved departementet sin eigedom i Sikkilsdalen i Nord-Fron og utgifter som har komme i samband med salet av Møystad i Hamar.

Budsjettframlegg 2012

Departementet har fått utarbeidd forvaltningsplanar for nokre av dei verneverdige eigedommane som ligg under departementet etter Norsk Standard 3423, og er i ein prosess for å få utarbeidd tilsvarande planar for dei resterande verneverdige eigedommane. Desse viser så langt eit betydeleg behov for vedlikehald og oppgraderingar, særleg ved eigedommane Staur i Stange og Sikkilsdalen i Nord-Fron. Departementet foreslår derfor at løyvinga på 2 595 mill. kroner blir ført vidare for 2012.

Det kan òg frametter bli aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbygging, veggrunn m.m. Departementet gjer derfor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom under Landbruks- og matdepartementet for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, første ledd.

I september 2010 vedtok kommunestyret i Skedsmo reguleringsplanen for Kjeller gard, der Landbruks- og matdepartementet er den største grunneigaren. Arbeidet med frådeling og sal av regulert og uregulert areal er i gang, men det er grunn til å tru at dette arbeidet ikkje vil vere avslutta før 2012. Departementet gjer derfor framlegg om ei særleg fullmakt knytt til inntekter frå sal her, jf. forslag til vedtak V, andre ledd.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekter frå sal av eigedom kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Departementet gjer òg framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Posten sjåast i samanheng med, og kan nyttast under post. 50.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet sine eigedommar og til delvis dekning av tilsvarande utgifter ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene, jf. løyvingane over kapitla 1112 og 1141.

Resultatrapport 2010

I 2010 blei heile løyvinga nytta til ferdigstilling av Plantevernbygget på Ås.

Budsjettframlegg 2012

Framlegget for posten er på 255 000 kroner.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Refusjonar m.m.

21

100

103

16

Refusjon av foreldrepengar

1 365

18

Refusjon av sjukepengar

1 789

40

Sal av eigedom

11 584

Sum kap. 4100

14 759

100

103

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

168 260

168 214

167 783

-0,3

1115

Mattilsynet

1 238 893

1 167 996

1 173 952

0,5

Sum kategori 15.10

1 407 153

1 336 210

1 341 735

0,4

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 416

18 656

18 850

1,0

4115

Mattilsynet

140 566

135 346

127 024

-6,1

Sum kategori 15.10

158 982

154 002

145 874

-5,3

Mål og strategiar

Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord.

Hovudmåla er:

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er:

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter forbrukarane sine krav og for å fremje god plantehelse og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga har Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.

Regjeringa ønskjer at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Trygg mat er ein sentral føresetnad for dette. Regjeringa vil leggje vekt på forbrukarane sine ønskje og behov. Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og riktig informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal medverke til dette.

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskje og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samstundes som det blir teke omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom. Gjennom Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007- 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold har regjeringa lagt til rette for at forbrukarane skal ha god tilgang til sunn og god mat som er enkel å velje. Dette er òg viktige element i folkehelsearbeidet framover, jf. Meld. St. 16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015).

I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen peikar regjeringa på at klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa auke i smittepresset må møtast med god beredskap, effektiv overvaking og førebyggande tiltak. God dyrehelse gir grunnlag for trygg mat og god dyrevelferd. Trygge innsatsvarer og god plante- og dyrehelse blir òg stadig meir akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa vil arbeide for å halde oppe den gode plante- og dyrehelsa.

Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring inneheld mål og tiltak innanfor dei fem viktigaste områda der havbruksnæringa påverkar miljøet omkring. Sjukdom i oppdrett og overføring av sjukdom mellom villfisk og oppdrettsfisk er eitt av desse områda. I strategien blir det peika på at lakselus for tida er den viktigaste utfordringa for havbruksnæringa når det gjeld sjukdom.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå og med innsatsvareproduksjon og primærproduksjon til og med omsetning til forbrukarane. Mattilsynet har òg omfattande oppgåver innanfor regelverksutvikling.

Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Når det er nødvendig for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2011-2012) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 og 711.

Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.

Tilstandsvurdering

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. I 2010 blei det varsla om 53 utbrott der det var mistanke om matboren smitte. Norovirus stod for nesten halvparten av dei varsla utbrota.

Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av vassbehandling og dårleg leidningsnett gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med. Statistikk for perioden 2004-2010 viser positiv utvikling når det gjeld vasskvalitet i vassverka, men det er framleis utfordringar knytt til å sikre god kvalitet hos brukarane. Rutinar for drift og vedlikehald av leidningsnettet varierer mykje.

Aukande førekomst av muggsopp i korn er ei utfordring fordi det kan bli danna mykotoksiner (muggsoppgifter) som kan komme over i fôrvarer og matvarer og gjere produkta helsefarlege.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. I enkelte område blir det gitt kosthaldsråd på grunn av førekomst av framandstoff som dioksin, mellom anna i torskelever.

Omsetning av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel, er ei utfordring. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Produkt som blir omsett over internett og postordre, er ei særskilt utfordring.

Hendingar i utlandet skaper òg i visse tilfelle stor merksemd blant norske forbrukarar og media, sjølv om dei har hatt avgrensa verknad for Noreg. Aktuelle eksempel er radioaktivitet i matvarer etter øydeleggingane ved atomkraftverket i Japan og det store sjukdomsutbrotet i Europa på grunn av bønnespirer som var ureina med E. coli.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matbransjen og styresmaktene. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gir. Merkinga skal òg gjere det enklare å velje sunn mat.

Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Helsedirektoratet og Mattilsynet følgjer opp med informasjon og tilsyn. Ordninga omfattar no om lag 700 ulike produkt. I følgje ei undersøking våren 2011 har 96 pst. av dei spurte hørt om ordninga, mens ein av to meiner ordninga har gjort det enklare å velje sunn mat. Undersøkinga tyder på at forbrukarane er positive til ordninga, men meiner at utvalet i Noreg av slike produkt er for lite.

Interessa for lokal mat og matprodukt med særpreg veks. Gjennom ordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Ved utgangen av 2010 var det 18 norske produkt og om lag 550 produsentar i ordninga.

Produksjonen av varer med genmodifisert innhald (GMO) aukar på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Få av dei planteskadegjerarane som den europeiske plantehelseorganisasjonen (EPPO) har anbefalt medlemslanda sine å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Det har dei siste åra vore fleire tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.

Få av dei fiskesjukdommane som Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har anbefalt medlemslanda sine å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Lakselus er ei stor utfordring for norsk havbruksnæring, hovudsakleg ut frå omsynet til viltlevande laksefisk. Situasjonen er utfordrande på grunn av auka resistens mot dei lusemidla som har vore nytta dei siste ti åra.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Få av dei landdyrsjukdommane som OIE har anbefalt medlemslanda sine å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. I april 2011 melde Mattilsynet at Noreg igjen kan reknast som fritt for drøvtyggarsjukdommen blåtunge etter at smitten blei påvist i fire buskapar på Sørlandet i 2009.

Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er derfor uvanleg. Dei siste åra er det registrert ein viss auke i talet på storfebesetningar med diagnostisert klinisk salmonellose.

Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor offentleg merksemd om dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd både hos produksjonsdyr og hos sports- og familiedyr. Det har vore særleg merksemd på velferd i pelsdyrhaldet. Tilsynet er intensivert. Næringa har sett i verk fleire tiltak, mellom anna ei eiga sertifiseringsordning. Ei ny forskrift om hald av pelsdyr tredde i kraft 1. mai 2011. Mattilsynet har i 2011 òg særleg merksemd på dyrevelferd i slaktekyllingproduksjonen gjennom ein nasjonal tilsynskampanje.

Tap av dyr på utmarksbeite er eit viktig velferdsproblem. Arbeid for å redusere rovviltskadar på beitedyr har vist seg å vere utfordrande. Det nye rovviltforliket i Stortinget sommaren 2011 legg til rette for reduserte tap på grunn av rovdyr. Samarbeid mellom Mattilsynet og miljøstyresmaktene er viktig i saker der rovviltangrep skaper eit dyrevelferdsproblem.

Mål for løyvinga

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. Sjå òg Prop. 1 S (2011-2012) for Fiskeri- og kystdepartementet for Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg medverke til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova.

Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over dei effektane arbeidet til Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet har på verdiskapinga. Til dømes vil arbeidet for mattryggleik og for å fremje god plantehelse og dyrehelse ha ein positiv påverknad på verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

Gjennomføring av politikken

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, uavhengig av om dei er framstilte i Noreg eller importerte. Ansvaret for å etterleve regelverket ligg hos dei enkelte verksemdene. Mattilsynet fører tilsyn og handhever regelverket. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda medverkar til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.

Det er nødvendig med kontinuerleg innsats frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og sel innsatsvarer og mat, varierer mykje i størrelse og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.

Særleg viktig er effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på hygieniske forhold i omsetningsledda og i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa i Trøndelag og Møre og Romsdal har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga vil bli vurdert.

Tilsynet med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar. Det er nødvendig med forbetringar i mange vassverk, særleg dei mindre. Ut frå ein nasjonal handlingsplan som Mattilsynet har utarbeidd, blir det arbeidd vidare med å forbetre kvaliteten på drikkevatnet. Auka innsats frå Mattilsynet er ikkje nok. For å få resultat som gjer mon, er det òg behov for omfattande investeringar frå eigarane for å betre infrastrukturen, til dømes nye reinseanlegg og leidningsnett. Klimaendringar kan gi nye utfordringar for forsyninga av trygt drikkevatn, både når det gjeld råvasskjeldene og leidningsnettet.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig for mattryggleiken. God dyrehelse og forsvarleg bruk av legemiddel til alle dyr er sentralt, av omsyn til så vel mattryggleik som dyrevelferd og miljø.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.

Regelverket krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi rask, rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.

Erfaring når det gjeld både smittestoff og framandstoff i mat og fôr har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går ut over krava i regelverket, for å få betre sporing mellom alle dei ulike produksjons- og distribusjonsledda.

Arbeidet i eSporingsprosjektet vil bli sluttført i 2012. Prosjektet er eit samarbeid mellom styresmaktene og næringane og skal leggje til rette for elektronisk sporing og utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Prosjektet legg til rette for at Noreg kan bli leiande internasjonalt på elektronisk sporing i matproduksjonskjeda. Departementa arbeider for å avklare framtidig drift i 2012 slik at løysinga da kan tas i praktisk bruk. eSporingsprosjektet er òg omtalt i kap. 1115 post 23.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matbransjen og styresmaktene. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene. Det vil bli lagt vekt på å følgje opp EUs nye forordning om matinformasjon som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking. Forordninga oppdaterer og vidareutviklar krava til merking av mat. Mellom anna blir det krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir omsett til forbrukarane og strengare krav til merking av kor matvarene kjem frå, mellom anna for frukt og grønt og for fleire kjøttslag enn storfe. Det vil òg bli lagt vekt på norsk medverknad i arbeidet med å følgje opp forordninga om kva for påstandar om ernærings- og helseeffektar som lovleg kan knytast til mat, særleg for å få på plass så gode ernæringsprofilar som råd.

Det er viktig å utvikle vidare ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet), både for å auke forbrukarane sin kunnskap om ordninga og å auke tilbodet av sunne matvarer. Det er sett i gang arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ.

Departementa legg vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna arbeider ein for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. Det er i dag ikkje godkjent nokre GMO-vekstar for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei restriktiv linje. Departementa vil leggje vekt på oppfølging av GMO-regelverket, mellom anna når det gjeld korrekt merking.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Endra klima- og miljøforhold vil krevje høg beredskap mot introduksjon av nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av allereie kjende sjukdommar hos planter, husdyr og vilt. Både planteskadegjeraren furuvednematode og drøvtyggarsjukdommen blåtunge er aktuelle eksempel.

Noreg har generelt god plantehelse, men klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og planteskadegjerarar.

Det store produksjonsvolumet i havbruksnæringa krev stor merksemd på helsetilstanden. Det er derfor nødvendig å fortsette arbeidet for å fremje god fiskehelse. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa på fiskehelseområdet. Lakselus er primært eit problem for villfisken.

Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris. Det er derfor viktig med god overvaking av sjukdomssituasjonen og god beredskap mot uønska hendingar.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Det er viktig å utvikle gode velferdsindikatorar for produksjonsdyr og å utvikle kunnskap om effektar som avlstiltak, ulike driftsformer og system har på dyrevelferda. Dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling er eit område det vil bli arbeidd særskilt med. Mellom anna blir det arbeidd vidare med utkast til ny forskrift om hald av slaktekylling og kalkun. Det er òg nødvendig å vidareføre stor merksemd mot pelsdyrhaldet. Arbeidet med å finne alternativ til bruk av forsøksdyr vil bli ført vidare.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. I denne samanhengen er relevante indikatorar for god fiskevelferd eit viktig element.

Gjennom dyrevelferdslova, som tredde i kraft 1. januar 2010, er lovgivinga modernisert og regelverksutviklinga kan halde fram. Styresmaktene har fått betre grunnlag for å bli informert om at dyr lir og meir effektive verkemiddel for å handheve regelverket.

Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. I delar av landet er det framleis problem med flåttboren sjukdom og alveld som skuldast forgifting frå beiteplanter.

Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep. Regjeringa vil følgje opp det nye rovviltforliket i Stortinget frå juni 2011. Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestandane, mellom anna ved auka vekt på differensiert forvaltning, forvaltning av rovviltet så nær bestandsmåla som mogleg og meir bruk av skadefelling i viktige beiteområde. Rovviltforliket legg til rette for i større mon å nå målet om levedyktig næringsdrift basert på utmarksbeite samstundes med måloppnåing for rovviltbestandane.

Andre omsyn

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Gjennom Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold blei det lagt vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Dette er òg viktige element i folkehelsearbeidet framover, Det blir teke sikte på ei evaluering av handlingsplanen i 2012. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle – Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvint, god og sunn mat. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til å ete meir fisk.

Handlingsplanen for betre kosthald legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har lagt fram ein strategi som skal bidra til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet og betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelement i strategien. Frå 1. august 2009 er det krav om å merke fersk og fryst fisk i disk med art, produksjonsmåte (oppdrett/villfisk) og fangstområde. I tillegg er det frå 1. januar 2010 innført krav om merking av fangstdato for fersk villfanga fisk eller slaktedato for oppdrettsfisk.

Merksemd kring matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal bli klare over samanhengen mellom mat og helse. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Andre tiltak er mellom anna synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal mellom anna få fram eit mangfald av matprodukt og stimulere til nyskaping i norsk landbasert matproduksjon, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie om regelverket.

Fleire tiltak for betre mattryggleik og god rettleiing om regelverket vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga i verksemdene.

Oppfølging av matlova sitt mål om å fremje god plante- og dyrehelse bidreg til å auke verdiskapinga i næringane.

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Om lag 95 pst. av produksjonen av norsk sjømat blir eksportert. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Å sikre marknadstilgang for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring. Det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt.

Den gode norske dyrehelsa kan utnyttast i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld avlsprodukt frå husdyr. Òg for ein del landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet. I den samanheng er innmat og andre kjøttprodukt mest aktuelle.

Langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.

Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare.

Særskilte prioriteringar under dei enkelte matdepartementa

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa.

Ansvaret etter matlova er delt. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og landdyrhelse, mens ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet. Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og for ei rekkje reglar som skal fremje både folkehelse og forbrukaromsyn. Reglar om hygiene, generelle merkereglar for mat, reglar om tilsetjings- og framandstoff og om reglar genmodifisert materiale i mat er eksempel på dette. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar om produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda.

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane i matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reglane er knytt til produksjon på land eller i vatn.

Dyrevelferd er regulert i dyrevelferdslova. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverk som gjeld landdyr, mens Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk som gjeld fisk og andre akvatiske dyr.

Fiskeri- og kystdepartementet

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Det meste av norskprodusert sjømat blir eksportert, og ein må ta omsyn til krava i dei ulike marknadene. Kontakt med styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen for sjømat.

Den internasjonale handelen med sjømat må skje i samsvar med internasjonale avtaler og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking rundt sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar, som EU, Codex Alimentarius Commission og OIE.

Havbruksnæringa er viktig for Noreg. Meir enn halvparten av verdien av sjømateksporten kjem frå denne næringa. For at norsk havbruksnæring skal ha ein vidare vekst innanfor miljømessig berekraftige rammer, må utfordringar med mellom anna sjukdom og lakselus, transport og driftsstruktur handterast.

Det er klare positive helseeffektar av å ete sjømat, men det er framleis stort behov for kunnskap på dette området. Å synleggjere dei gunstige helseeffektane av sjømat er viktig. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Helse- og omsorgsdepartementet

Departementet legg særleg vekt på omsynet til folkehelsa. Ernæring og mattryggleik er viktig i folkehelsearbeidet. Ei ny lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) vart vedteke av Stortinget 24. juni 2011. Lova har som mål å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og jamnar ut sosiale helseskilnader. Det skal tas omsyn til helsa i alt vi gjer.

Folkehelsearbeidet skal medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga og til mindre helseskilnader mellom ulike sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Dette blir nærare omtalt i St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen og Meld. St. 16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015).

Når det gjeld mattryggleik, vil departementet ha merksemd på at produksjon, foredling og omsetning av mat går føre seg på helsemessig forsvarleg og ærleg vis i alle typar verksemder. Departementet vil leggje særleg vekt på tilsyn med drikkevatn og arbeid for å sikre at alt drikkevatn blir trygt.

Departementet legg vekt på at forbrukarane skal få god og enkel informasjon om matvarene. Dette er viktig for å fremje folkehelse og forbrukaromsyn. Gjennom Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold har regjeringa gjennomført tiltak for å gjere det enklare å velje sunt og styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring i befolkninga. Tiltaka skal òg bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse. Handlingsplanen vil bli evaluert i 2012.

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2011-2012) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, merking med ernærings- og helsepåstandar, sunnheitsmerking og overvaking av kosthaldet og samansetninga av matvarene. Det er viktig med godt samarbeid mellom desse etatane.

Departementet er ansvarleg for kosmetikklova, og legg vekt på at all kosmetikk og alle kroppspleieprodukt skal vere sikre å bruke for folk og dyr.

Departementet er administrativt ansvarleg for Vitskapskomiteen for mattryggleik og vil ha særleg merksemd mot arbeidet i sekretariatet, gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid og eit godt samarbeid med Mattilsynet og EFSA (European Food Safety Authority).

Landbruks- og matdepartementet

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda om den norske marknaden vil produksjon av trygg mat av høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå landbruket. Departementet ønskjer å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, mellom anna slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål. Dette skal medverke til utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor der ein tek omsyn til heile verdikjeda. Ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping og at produksjonen møter forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon.

Departementet vil ha særleg merksemd mot at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at produksjonen og sluttprodukta fyller matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg hald av dyr.

Departementet vil arbeide for at god plantehelse, god dyrehelse og god dyrevelferd framleis skal vere komparative fortrinn for norsk landbruk og matproduksjon. Dyrevelferdslova har eit vidt virkeområde og omfattar òg familie- og sportsdyr. Departementet vil leggje vekt på utvikling av eit godt regelverk som er til beste for dyra og dei mange engasjerte eigarane av familie- og sportsdyr i Noreg.

Departementet legg vekt på forsking og kunnskapsutvikling som løftar fram produksjonar som har komparative føremoner når det gjeld mattryggleik og etisk og miljøvennleg produksjon, og som er i tråd med krava frå forbrukarane. Det er òg viktig at kunnskapsutviklinga gir godt grunnlag for innspel i internasjonale regelverkprosessar.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

85 651

85 651

87 306

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

65 892

65 846

63 760

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

16 717

16 717

16 717

Sum kap. 1112

168 260

168 214

167 783

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt for dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrtryggleik. Instituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda til Mattilsynet, departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Veterinærinstituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og mikrobiell sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett, sjå kap. 1023 post 51. Instituttet har laboratorium i Oslo, Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø.

Forsking er ein sentral del av Veterinærinstituttet si verksemd, og omfattar både anvendt forsking og strategisk grunnforsking til støtte for kjerneverksemda ved instituttet. Dette er nærare omtalt under kap. 1137. Veterinærinstituttet skal med kunnskapen sin medverke til ei lønnsam og levedyktig næring på forvaltningsområdet.

Formål med løyvinga

Veterinærinstituttet sitt hovudmål er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan helse og velferd hos dyr og fisk, samt innan fôr- og mattryggleik.

Dei tildelte midlane under kap. 1112 post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, der måla er å utvikle kunnskap innan kjerneområda. Desse er:

  • Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

  • Overvaking av dyrehelsa

  • Mattryggleik

  • Dyrevelferd

  • Referansefunksjonar

Mattilsynet er den viktigaste brukaren av instituttet sin kompetanse. Veterinærinstituttet vil derfor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan instituttet sine kjerneområde.

Vitskapskomiteen for mattryggleik har òg behov for kompetanse og resultat som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.

Resultatrapport 2010

Veterinærinstituttet har i 2010 medverka til diagnostikk, forsking og faglege råd innan kjerneområda fiskehelse, dyrehelse og mattryggleik til Mattilsynet, andre styresmakter og næring.

Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

Det blei ikkje påvist nye tilfelle av virussjukdommen blåtunge serotype 8 i 2010 etter at sjukdommen blei påvist hos storfe på Sørlandet i 2009. Den omfattande overvakinga som blei sett i verk då, heldt fram i 2010 med undersøking av prøver frå storfe og småfe og undersøking for insektet sviknott som er fundamental for smitteoverføring mellom dyr. Dette tyder på at blåtungevirus ikkje fekk spreidd seg etter introduksjonen seinhaustes i 2008, at viruset ikkje overlevde i husdyrpopulasjonen eller vektoren og at sjukdommen dermed blei utrydda. I 2010 blei det påvist eit tidlegare ukarakterisert blåtungeliknande virus hos geit i Fjaler, men dette viruset er ikkje sjukdomsframkallande til liks med nokre andre variantar av viruset som har blitt oppdaga i Europa etter det store utbrotet som starta i 2006.

Av andre sjeldne listeførte sjukdommar blei virussjukdommen infeksiøs laryngotrakeitt påvist hos hobbyfjørfe, og den kroniske bakteriesjukdommen paratuberkulose blei påvist hos storfe for første gong på åtte år. Fem tilfelle av atypisk skrapesjuke blei funne hos sau. I prøver frå to buskapar med gris blei det stadfesta svineinfluensa (H1N1 pdm) som det var utbrott av i svinepopulasjonen seinhaustes 2009.

Veterinærinstituttet arbeider for å utvikle beredskapsevna si. I 2010 blei laboratoriet formelt godkjent av Mattilsynet til å kunne ta imot og handtere vevsmateriale som kan vere smitta med munn- og klauvsjukevirus. Dette medverka til å styrkje den nasjonale beredskapen mot sjukdommen. Veterinærinstituttet har dessutan budd seg med revisjon av beredskapsplanar, etablering av laboratorietestar og gjennomføring av laboratorieøvingar i samarbeid med referanselaboratoriet i EU.

For å halde ei høg beredskapsevne må nye diagnostiske testar etablerast. Til dømes er det teke i bruk nye testar i prosjektet «Friskare føtter» som gjer at ein kan skilje farlege og ufarlege variantar av fotråte-bakterien frå kvarandre. Ondarta fotråte blei påvist hos sau i Noreg for første gong på over 50 år i 2008, og slik spesifikk diagnostikk er eit viktig fundament for handtering av sjukdommen i småfepopulasjonen.

Helseovervaking

Veterinærinstituttet overvaker helsetilstanden hos dyr og fisk og fôr- og mattryggleiken. I tillegg til dei overvakingsprogramma som blir gjennomførte på oppdrag frå Mattilsynet, bidreg instituttet gjennom diagnostikk av innsende prøver frå dyreeigarar, fôrfabrikkar, veterinærar og andre. Det har over fleire år vore undersøkt for Q-feber i norsk husdyrpopulasjon. I 2010 blei prøver frå 3000 storfebuskapar undersøkte, og det har til no ikkje blitt påvist teikn på denne sjukdommen. Òg helsa hos dei viltlevande dyra blir overvaka for å ta vare på eigenverde til viltet, men og fordi dei kan vere reservoar for sjukdommar som kan overførast til husdyr eller menneskje.

Veterinærinstituttet har fokus på sjukdommar hos husdyr som kan smitte over til menneskje. Det har vore registrert til dels store utbrott av salmonellose hos storfe. Fleire storfebuskapar har sjukdomsproblem med spesielle jurbakteriar som kan smitte menneskje gjennom mjølk. I store moderne storfebuskapar kan det vere særs krevjande å få sanert slike smittestoff på grunn av driftsmessige forhold.

Antibiotikaresistente bakteriar blir oppdaga stadig oftare, sjølv om nivået i norske husdyr er veldig lågt samanlikna med mange land i EU. I 2010 blei det påvist auka mengd med resistente stafylokokkbakteriar frå hund. Harepest, som er ein bakteriesjukdom som kan smitte frå hare til menneske ved handtering av sjuke dyr under jakt, blei stadfesta hos 9 harar frå Sør-Noreg i 2010.

Fôr- og mattryggleik

Veterinærinstituttet har vidareført aktiviteten innan GMO. Det blei påvist ulovlege GMO i ris og soya i 2010. Kunnskapsutvikling på området held fram. I ei unersøking i 2010 hadde økologisk dyrka korn lågare nivå av mykotoksin enn konvensjonelt dyrka korn. Ein vil gå vidare med å sjå på ulike metabolittar av mykotoksin i korn for å få betre kunnskap om giftigheita. Veterinærinstituttet har òg vidareført arbeidet med å utvikle laboratoriemetodar for påvising og karakterisering av eigenskapane til ulike bakteriar som truger mattryggleiken.

Dyrevelferd

Innan dyrevelferd har Veterinærinstituttet i 2010 saman med andre vitskapelege miljø arbeidd med å utvikle velferdsindikatorar for fleire husdyr. Slike indikatorar kan nyttast til å overvake dyrevelferden under ulike driftsforhold. Instituttet har utarbeidd fleire fagrapportar der ein har vurdert velferdsmessige aspekt for dyr, som til dømes vasking av oljeskadd fugl, gitt faglege råd ved utvikling av lovverk og vore sakkunnig i rettsakar der spørsmål kring velferd til dyr har vore medinndregen. Det er lagt vekt på kompetanseutvikling innan dyrevelferd og instituttet leiar eit stort internasjonalt forskingsprosjekt og har fleire doktorgradsstipendiatar.

Veterinærinstituttet har vidareført drifta av sekretariatet for NORECOPA og rådet for dyreetikk i 2010.

Referansefunksjonar og kvalitetssikring

Dei faglege krava innan laboratoriearbeidet i EU-systemet aukar, og instituttet deltok i fleire samanliknande laboratorietestar enn tidlegare år. Veterinærinstituttet blei i 2010 norsk referanselaboratorium for hestesjukdommar, og instituttet har no ansvaret for i alt 28 referansefunksjonar.

Arbeidet med kvalitetssikring og akkreditering heldt fram i 2010. Tre nye fagområde fekk akkrediterte laboratoriemetodar, og talet på akkrediterte metodar er no oppe i 60. Systemet med akkreditering krev regelmessig fornying, og i 2010 fekk instituttet akkreditering av Norsk akkreditering for fem nye år.

Administrative og organisatoriske forhold

Planlegginga av ei skisse av nytt bygg for Veterinærinstuttet på Ås, heldt fram med full tyngd i 2010. I tillegg har det blitt fokusert på samarbeid med Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø og biovitskap og dei andre institutta på campus Ås.

Som ein del av ein breiare gjennomgang av departementet sine forskingsinstitutt, blei Veterinærinstituttet si verksemd i 2010 evaluert av Forskingsrådet.

Budsjettframlegg 2012

Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking, oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonalt referanselaboratorium.

Instituttet må bu seg på at endringar innan klima, næringsstruktur og internasjonal handel kan gje nye sjukdomsutfordringar. Vidare vil Veterinærinstituttet halde fram arbeidet med å utvikle diagnostikk og kunnskap med sikte på å medverke til oppklaring av sjukdom som smittar gjennom mat og fôr.

Kunnskapsutvikling og formidling på fagområda er ein viktig del av instituttet si verksemd. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet raske og kvalitetssikra svar, samt råd og forskingsbaserte vurderingar der Mattilsynet treng dette for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Kunnskapsstøtte frå Veterinærinstituttet er òg viktig for å kunne utvikle godt regelverk og gode overvakingsprogram.

Overvaking av dyrehelsa

Nye alvorlege infeksjonssjukdommar som virussjukdommane fugleinfluensa og blåtunge har blitt påvist i norske husdyrpopulasjonar dei siste åra. Overvaking av dyrehelsa er viktig slik at nye sjukdomstilfelle kan bli oppdaga og stadfesta raskt og sikkert. Veterinærinstituttet vil derfor vidareføre både aktiv og passiv overvaking av den nasjonale og internasjonale dyrehelsesituasjonen, mellom anna for å kunne varsle styresmaktene om farar.

Referansefunksjonar

For å følgje opp dei internasjonale pliktene vil Veterinærinstituttet prioritere oppgåvene som nasjonalt referanselaboratorium innan dyrehelse og mattryggleik. Funksjonane omfattar òg forsking innan fagområda.

Mattryggleik

Veterinærinstituttet vil òg halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap, særleg med sikte på å medverke til oppklaring av utbrott av sjukdom som smittar gjennom mat. Sopp og giftstoff frå sopp er årsak til sjukdommar hos dyr og menneske. Fôr og mat kan vere ei viktig kjelde for slike stoff. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskapen på området.

Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat og å få fram kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av GMO.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremme velferd hos dyr. For å følgje opp intensjonane i den nye dyrevelferdslova er det viktig at kunnskap om god velferd hos landdyr kjem styresmaktene, næring og dyreeigarar til nytte. Arbeidet med å utvikle velferdsindikatorar er viktig.

Veterinærinstituttet vil føre vidare drifta av sekretariatet for NORECOPA.

Administrative og organisatoriske forhold

Kompetansen ved instituttet skal kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande overfor andre aktørar i marknaden.

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å nytte informasjonsteknologi og nettløysingar på ein slik måte at oppdatert kunnskap er lett tilgjengeleg. Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.

Dei regionale laboratoria er viktige for beredskapen. Dei har òg viktige oppgåver i arbeidet med overvakings- og kontrollprogramma. Utvalte oppgåver vil bli lagt til enkeltlaboratorium for å få mest mogeleg rasjonell og effektiv drift.

Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med andre institusjonar nasjonalt og internasjonalt. God samhandling med andre institusjonar er viktig i beredskapsarbeidet innan dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik. Systematisk arbeid med kompetanseutvikling og -utnytting er sentralt. Det vil bli lagt særleg vekt på å vidareutvikle samarbeidet med Noregs veterinærhøgskole, Universitetet for miljø og biovitskap, samt dei andre forskingsinstitutta innan matsektoren på Ås, jf. kap. 1137 post 53.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk er eit nasjonalt forskingsinstitutt for landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Instituttet får løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet og basisløyvingar frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. Bioforsk er òg eit prosjektorientert oppdragsinstitutt, som hentar vesentlege inntekter i ein konkurranseutsett marknad, både nasjonalt og internasjonalt.

Bioforsk er ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til departementa og ulike forvaltningsorgan. Ein viktig del av verksemda ved instituttet er å levere kunnskap, tenester og løysningar til rådgjevingseiningane og landbruksnæringa over heile landet. Denne aktiviteten bidreg til utvikling av lokalt og regionalt næringsliv. Bioforsk har aukande internasjonal aktivitet.

Formål med løyvinga

Bioforsk sitt hovudmål er å vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid. Instituttet skal bidra til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukar og samfunn. Instituttet skal særleg leggje vekt på næringsutvikling og verdiskaping, miljøspørsmål, berekraftig ressursforvaltning og trygg mat. Bioforsk skal ha ein klar profil rundt lokalt og nasjonalt kunnskapsbehov, og samstundes vidareutvikle og forsterke den internasjonale profilen og engasjementet rundt klima- og miljøspørsmål og berekraftig forvaltning av naturressursar.

Midlar over kap. 1112 post 51 skal nyttast til Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga og resten av verksemda i landbruks- og matsektoren. Verksemda skal medvirke til:

  • effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet, inkludert økologisk

  • berekraftig, langsiktig jordbruk

  • miljøvennlege produksjonsformer

  • god plantehelse

  • trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff

  • klima- og energiriktig landbruk

  • kommunikasjon og samfunnskontakt

Resultatrapport 2010

Bioforsk har arbeidd med kunnskapsutvikling for matvareproduksjon, og nasjonal matvaretryggleik er ein gjennomgåande aktivitet innanfor Bioforsk sin verksemd. Hovudvekta av aktiviteten ligg på verksemdsområda effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i hele landet, inkludert økologisk, miljøvennlige produksjonsformer og god plantehelse.

Effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet, inkludert økologisk

Bioforsk har halde fram med utprøvingar av nye sortar av dei mest relevante artane for norsk jord- og hagebruk. Forvaltninga, rådgjevingstenesta og planteprodusentar har nytta resultata til godkjenning, tilråding og bruk av tilpassa sortsmateriale. Det er òg testa ut gjødslingsstrategiar, overvintringseigenskapar, innhaldsstoff og kvalitetseigenskapar. Innan økologisk landbruk har Bioforsk arbeidd med utvikling, forvaltning og rådgjeving. Det er utarbeidd rettleiingsmateriell, gitt rådgjeving og vidareutvikla kunnskap innanfor plantevern i økologisk landbruk.

Berekraftig, langsiktig jordbruk

Bioforsk har vidareført fleire langvarige forsøksseriar i ulike delar av landet. Bioforsk vurderer kunnskap om resirkulering av fosfor og andre næringsstoffar i matvarekjeda som viktig framover. Det har blitt arbeidd med konkrete alternative fosforkjelder, mellom anna alternativ resirkulering av fosfor frå avløpsvatn. Innanfor grasproduksjon er det laga ein internettbasert prognosemodell for haustingsstrategi. Modellen optimaliserer avling og kvalitet, slik at grovfôret kan bli brukt på ein mest mogleg optimal måte i fôringa.

Miljøvennlege produksjonsformer

Det er sett i gang arbeid for å utvikle kompetanse om effekten husdyrgjødsel behandla i biogassanlegg har på avlingar. Det har blitt arbeidd med å kartleggje årsaker til fosfortap og vassforureining. Aktuelle tiltak for å redusere erosjon og fosfortap, som fangvekstar og buffersoner mot vassdrag og grasdekte vassvegar, er studert. Vekstforsøk viser mellom anna at det er mogleg å redusere fosforgjødslinga til potet og grønsakar utan at det går ut over avling og kvalitet, spesielt der fosfortilstanden i jorda er god. Bioforsk har òg utført rettleiingsprøving og godkjenningsprøving av plantevernmiddel for å sikre effektiv og miljøvennlig bruk av plantevernmiddel under norske forhold.

God plantehelse

Bioforsk har samarbeidd med Norsk landbruksrådgiving om feltforsøk og innsamling av feltdata om angrep frå skadedyr for utvikling og validering av varslingsmodellar og berekning av varsel i den nettbaserte tenesta VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjørere: www.vips-landbruk.no). Bioforsk har utvikla den nye tenesta «Gardsbasert varsling». For Mattilsynet er det arbeidd med kunnskapsutvikling og beredskapsstøtte mot karanteneskadegjerarar på skog. I samband med revidering og utarbeiding av nye European and Mediterranean Plant Protection Organization (EPPO)-standardar har Bioforsk gitt 9 høyringsinnspel til Mattilsynet. Planteklinikken ved Bioforsk har teke i mot 905 prøvesendingar og utført 7794 enkeltprøver. Oppfølging av planteskadegjerarar og risikoanalysar for spreiing har som følgje av auka internasjonal handel av plantemateriale og transport over landegrensene blitt viktigare.

Trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff

Bioforsk har gjennomført analyser av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabilske næringsmiddel som ein del av beredskapen innan mattryggleik. Det har vore særleg merksemd rundt arbeidet med risikovurdering av Fusarium og mykotoksin for Vitskapskomiteen for mattryggleik. For å auke kompetansen og beredskapen på området er det viktig å delta i relevante internasjonale fora. European Pesticide Residue Workshop (EPRW) i Strasbourg og møter i regi av EU Reference Laboratories (EURL) og National Reference Laboratories (NRL) om restar av sprøytemiddel i plantemateriale er eksempel på dette. Bioforsk har òg vidareutvikla kompetanse for vurdering av risiko ved forsøk på, og bruk av, genmodifiserte organismar.

Klima- og energiriktig landbruk

Bioforsk har støtta forvaltninga gjennom rådgjeving, møtedeltaking og informasjon på ulike forvaltningsnivå, både nasjonalt og internasjonalt, som til dømes arbeidet inn mot Global Research Alliance for Reduction of Agricultural Greenhouse Gases. Det er òg gjennomført utfyllande vurderingar av kostnader ved satsinga på biogass i landbruket. Gjennom samarbeidd med teknologiske forskingsmiljø og relevante teknologibedrifter har Bioforsk stimulert utvikling av løysningar som kan gjere landbruket til ein betydeleg energileverandør. Hovudsatsinga har vore biogass frå husdyrgjødsel og avfall, og restprodukt etter energiuttak.

Kommunikasjon og samfunnskontakt

Bioforsk har formidla forskings- og utviklingsresultat gjennom ulike kanalar. Internasjonal vitskapleg publisering og eigne utgivingar står sentralt. Bioforsk har ein nettstad, www.bioforsk.no, der nyheiter og fagstoff regelmessig blir lagt ut. Det er òg gitt bidrag i form av artiklar inn mot fagpressa i Noreg, samt fagforedrag, kurs, markdagar og fagsamlingar. Den årvisse Bioforsk-konferansen, med om lag 500 deltakarar, har blitt ein viktig kommunikasjonskanal.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om en løyving på 63,8 mill. kroner i 2012. Arbeidet med kunnskapsutvikling har over tid blitt effektivisert, og løyvinga har i dag eit underforbruk. Departementet foreslår derfor at posten blir redusert med 5 mill. kroner. Samstundes blir det foreslått ein tilsvarande auke på kap. 1137 post 51 til ei strategisk satsing på matområdet. Satsinga vil leggje til rette for auka forskingsinnsats og styrkt samarbeid mellom forskingsinstitutta. Det blir foreslått å overføre 2,914 mill. kroner frå kap. 1139 post 70 til kap. 1112 post 51 for å samle heile løyvinga til JOVA-programmet under éin post. Programmet blir vidareført i tråd med rammeplanen for 2010-2015.

Budsjettframlegget omfattar finansiering av kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap for landbruks- og matsektoren, inklusive Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, mellom anna Mattilsynet. Løyvinga over denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga.

Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.

Bioforsk sine sju verksemdområde har følgjande delmål:

  • Målsetjinga innan verksemdsområda effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet, inkludert økologisk, er kontinuerleg utvikling av kompetanse for lønnsam planteproduksjon under dei forskjellige dyrkings- og klimatilhøva i Noreg. Næringa skal òg ha tilgang til forskingsbasert kunnskap og rettleiing om økologisk landbruk.

  • Målsetjinga innan verksemdsområda berekraftig, langsiktig jordbruk er kompetanse om dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting av landbruksareala. Dokumentasjon av langtidsverknadene av ulik landbruksdrift på kulturlandskap, biologisk mangfald, klima/miljø og ikkje-fornybare ressursar står sentralt. Kompetanse på husdyrproduksjon basert på utmarksbeite er òg viktig.

  • Målsetjinga innan verksemdsområda miljøvennlege produksjonsformer er spisskompetanse om miljøeffektane av dei ulike produksjonsformene for å bidra til gjennomføringa av departementet sin miljøstrategi 2008-2015. Bioforsk skal ha kompetanse på korleis endringar i klimaet verkar på erosjon og forureining og om dyrkingsmetodar som kan bidra til mindre jorderosjon og avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksområde. Det er spesielt viktig at Bioforsk har kunnskap som kan nyttast til å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel.

  • Målsetjinga innan verksemdsområdet god plantehelse er kompetanse som bidreg til friskt plantemateriale, gode produkt, system og prosessar. Det er særleg viktig å møte utfordringane knytte til klimaendringar og skadegjerarar utan å auke bruken av plantevernmiddel. Bioforsk skal ha kunnskap som kan bidra til å sikre sjukdomsfritt plantemateriale innan jord- og hagebruksvekstar, inkludert beredskap mot etablering og spreiing av framande skadelege artar.

  • Målsetjinga innan verksemdsområda trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff er kompetanse på effektar av ulike middel og dosar av plantevernmiddel for å kunne bidra til trygg mat utan restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff. Bioforsk skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.

  • Målsetjinga innan verksemdsområda klima- og energiriktig landbruk er kompetanse på omfang og effektar av utslipp av klimagass frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord, som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket.

  • Målsetjinga innan verksemdsområda kommunikasjon og samfunnskontakt er at næring, forvaltning og samfunn både nasjonalt og internasjonalt skal kjenne til kunnskap frå Bioforsk. Offentleg finansiert forsking skal vere mest mogleg opent tilgjengelig, så sant ikkje andre omsyn hindrar dette.

Post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk

Bioforsk har tre fagsentra; Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

Formål med løyvinga

Fagsentra skal bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruks- og miljøområdet, mellom anna gjennom kunnskapsformidling til næringsaktørar.

Resultatrapport 2010

Fagsentra under Bioforsk har arbeidet saman med Fylkesmannens landbruksavdeling i dei aktuelle fylka, og med lokalt og regionalt næringsliv, fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar i landbruket. Samarbeidet med andre FoU-institusjonar har auka, både regionalt og nasjonalt.

Bioforsk Jord og miljø Svanhovd arbeider med å etablere eit brunbjørnsenter, som det er blitt bygd nybygg og nye utstillingsareal for. Fagsentret har arbeidd med viltforvaltning og bestandsovervåkning av brunbjørn ved hjelp av DNA analyser. DNA-laboratoriet på Svanhovd er, som einaste laboratorium i Europa, ISO-akkreditert for DNA-analyser av sporprøver frå brunbjørn. På oppdrag frå Direktoratet for Naturforvaltning har Bioforsk Svanhovd utført genetiske analysar i det nasjonale overvakningsprogrammet for brunbjørn. Programmet sikrar grunnlaget for avgjerder i bjørneforvaltninga og rovdyrpolitikken.

Bioforsk Nord Tjøtta har arbeidd med førebygging av tap på beite, økologisk landbruk, kulturlandskap, næringsutvikling og formidling. Det er arbeidd med fleire konfliktområde knytt til ville dyr og landbruksproduksjon, mellom anna rovvilt, skader på dyrka mark som skyldast gås på vårtrekk og skader på eng og skog som skyldes elgbeiting. Det har blitt utført konsekvensutreiingar i samband med både verne- og utbyggingsplanar. Arbeidet med økologisk landbruk blir drive i nært samarbeid med Bioforsk Økologisk Tingvoll, og gjeld plante- og dyrehald der til dømes delar av sauehaldet blir drive økologisk. Det har blitt sett i gang arbeid med å skaffe seg kunnskap om bruk av elektroniske gjerde med sikte på redusert tap av tamrein. Det har blitt arbeidd med naturbasert reiseliv i samarbeid med regionale aktørar. I samarbeid med kommune, Verdsarvstiftelse og miljøstyresmakter er det ytt bidrag til forvaltning av regionale verdiar innanfor kulturlandskap innan Vegaøyan verdsarvområde.

Bioforsk Vest Fureneset har arbeidd med problemstillingar rundt endringar i landbruket på Vestlandet. Dette omfattar skjøtsel av kystlynghei med beiting og sviing, og effektar på jordbruksareal og kulturlandskap av utviding eller opphør av jordbruksdrift. Det er utvikla kunnskap om vinterherdsle og overvintring i gras i samband med klimaendringar. Avdelinga har arbeidd med dyrking av grovfôr, kulturlandskap og økologisk landbruk. Formidlinga har auka, både vitskapeleg og i fagtidsskrift og rapporter. På kulturlandskapsfeltet har det vore aktivitet knytt til heile kyststripa med kystlynghei. Fagsenteret har vore involvert i arbeid for regional forvalting i miljø og landbruk i verdsarvsområda i Nærøyfjorden og Storfjorden (Geiranger). Inntekter og utgifter, mellom anna beiteskader på innmark og skog, knytte til den aukande bestanden av hjort på Vestlandet har blitt granska. Innan økologisk landbruk er det arbeidd med grovfôr og grovfôrbasert husdyrhald. Det er òg utarbeidd verktøy for taksering av beiteskade i eng.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å vidareføre en løyving på 16,7 mill. kroner i 2012.

Fagsentra skal bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Fagsentra skal vere regionalt forankra og gjere det enklare for lokale næringsaktørar å byggje opp kompetanse og utvikle og ta i bruk nye metodar for produksjon. Fagsentra si tilknyting til andre FoU-miljø i regionen og formidlinga skal styrkast.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

30

Husleige, Bioforsk

18 416

18 656

18 850

Sum kap. 4112

18 416

18 656

18 850

Post 30 Husleige, Bioforsk

Dei fleste eigedommane som blir nytta av Bioforsk, er eigde av staten ved landbruks- og matdepartementet og blir finansierte av ei internhusleigeordning som blir forvalta av departementet. Husleigeordninga blei omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006).

Basert på denne ordninga, gjer departementet framlegg om ei leigeinntekt på 19,85 mill. kroner.

Kap. 1115 Mattilsynet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

1 208 837

1 153 640

1 162 596

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar

6 531

7 225

7 225

23

Særskilde prosjekt, kan overførast

20 038

6 000

3 000

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

3 487

1 131

1 131

Sum kap. 1115

1 238 893

1 167 996

1 173 952

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plante-, fiske- og landdyrhelse, velferd hos fisk og landdyr og helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd langs heile matproduksjonskjeda. Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådigheit når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet fører òg tilsyn med at regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon blir etterlevd. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Mattilsynet har vidare viktige oppgåver innanfor regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet har i kraft av oppgåvene sine ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Ansvaret for politikkområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos planter, fisk og landdyr

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda

  • ivareta miljøvennleg produksjon

Ved forvaltning av matlova vil omsynet til helsemessig trygg mat bli tillagt størst vekt. Mattilsynet vil arbeide for å halde oppe høg tillit til matproduksjonen og matforvaltninga. Mattilsynet vil ha nødvendig beredskap for å kunne handtere hendingar og kriser.

Innanfor rammene av dei måla som er sette, vil Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir ivaretekne, mellom anna marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle regelverk og påverke regelverksutforming

  • rettleie om regelverk

  • føre tilsyn

  • overvake status og utvikling på området

  • vidareutvikle planverk for handtering av hendingar og kriser

Mattilsynet har tre organisatoriske ledd og er ein desentralisert etat med eitt hovudkontor, åtte regionkontor og for tida 54 distriktskontor. Fleire distriktskontor har meir enn ein kontorstad. Mattilsynet fører tilsyn med eit omfattande regelverk som gjeld for eit vidt spekter av aktørar og aktivitetar. Nærleik og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte aktørane.

Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet, ivaretek referansefunksjonar og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Resultatrapport 2010

Organisatoriske forhold

Mattilsynet har òg i 2010 arbeidd målretta for å auke effektiviteten. Mattilsynet har endra planprosessen for tilsyn for betre å kunne målrette styringa til utfordringane i den einskilde regionen. Mattilsynet har òg arbeidd vidare med å forbetre interne arbeidsprosessar og dei styrande dokumenta i kvalitetssystemet sitt.

Utviklinga av Mattilsynet sitt tilsynssystem (MATS) blei sluttført i juni 2010. Systemet er utvikla over vel fem år i tråd med planen. MATS er eit system for intern arbeidsflyt og avgjerdsstøtte i Mattilsynet. MATS er viktig for å få til eit einskapleg tilsyn med høg kvalitet og for å få god dokumentasjon av tilsynsaktivitet og tilstand. MATS har òg sjølvbeteningsløysingar for eksterne brukarar som forenklar og effektiviserer samhandlinga med desse.

I 2010 vurderte Mattilsynet om dei prinsipielle føringane i matreforma for organisering og lokalisering av etaten er oppfylte og om det er ønskeleg med endringar i nokre av føringane. Mattilsynet har gitt departementa ei førebels vurdering.

Arbeidet med fornying av nettstaden matportalen.no blei starta opp i 2010. Den nye versjonen blei lansert i april 2011. På nettstaden mattilsynet.no blir det mellom anna informert fortløpande om all regelverksutvikling som Mattilsynet tek del i. I 2010 blei det publisert 70 høyringar. Talet på spørsmål til matportalen.no og til mattilsynet.no har òg i 2010 auka jamt.

Trygg mat-undersøkinga var delvis inkludert i Norsk Monitor i 2009/2010. Den viste at folk framleis har høg tillit til at maten er trygg og til informasjonen frå matstyresmaktene.

Endring av slakteristrukturen i Trøndelag gjorde det nødvendig med ei omstilling av bemanninga i kjøttkontrollen.

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

Mattilsynet har i 2010 arbeidd målretta for å følgje regelverksutviklinga på matområdet i EU. Dette er gjort i nært samarbeid med matdepartementa og i tråd med føringane i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken og prioriteringane i matdepartementa sin felles europastrategi for matområdet.

Mattilsynet prioriterer arbeid med regelverksforenkling høgt. Funn i regelverkskartlegginga Mattilsynet gjorde i 2008/2009 har blitt følgt opp i det fortløpande regelverksarbeidet.

Regelverket som Mattilsynet forvaltar, er i stor grad likt EU sitt regelverk, sidan dette er bindande for Noreg gjennom EØS-avtalen. Regelverket er omfattande og blir ofte endra. Mattilsynet legg vekt på gode førebuingar og på å sjå spørsmål innanfor ulike fagområde i samanheng. Mattilsynet legg òg vekt på at norske posisjonar og strategiar er førebudd slik at dei er klare på eit tidspunkt der Noreg kan påverke innhaldet.

Mattilsynet har i 2010 teke del i det nordiske samarbeidet og i arbeidet i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE), Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC), European and Mediterranean Plant Protection Organization (EPPO), Den internasjonale vinorganisasjonen (OIV) og Europarådet.

Krav til merking av GMO-varar, krav til merking av tilsett sukker, jf. WHO sin globale strategi for kosthald, aktivitet og fysisk helse, og bruk av hygieniske kontrolltiltak for kyllingslakt er av dei sakene Noreg har arbeidd særlig med i Codex Alimentarius.

Noreg er ein viktig bidragsytar til arbeidet i OIE, særleg i spørsmål som gjeld akvatiske dyr.

Mattilsynet sende i 2010 Helse- og omsorgsdepartementet eit første utkast til nasjonale mål under WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse. Utkastet blei utvikla i samarbeid med mellom anna Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF).

I 2010 blei det mellom anna fastsett ei ny forskrift om tilsetjing av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel og ei ny forskrift om ernærings- og helsepåstandar om næringsmiddel.

Etter at førekomsten av lakselus utvikla seg til det verre i løpet av hausten 2009, er det i 2010 gjennomført fleire regelverksendringar for å førebyggje og avgrense problema.

Mattilsynet starta i 2010 arbeidet med ei forskrift om smittevern for dyr som oppfølging av rapporten om framtidig landdyrhelseforvaltning. Det blir òg arbeidd med ei ny forskrift om rapportering av sjukdommar hos dyr. Animalia og Det Norske Veritas deltek òg i arbeidet. Krav frå ESA om gjennomføring av EU sitt regelverk om forbod mot bruk av fiskemjøl i fôr til drøvtyggjarar blei gjennomført i første halvdel av 2010.

Det blei arbeidd med fleire regelverksendringar som gjeld dyrevelferd. Mellom anna blei det fastsett nye heimlar for forskriftene under dyrevelferdslova, forskrifter om dyrevernsnemnder blei oppheva og forskrift om bruk av dyr i undervisning blei fastsett. Dyrevelferdslova tredde i kraft 1. januar 2010. Den nye lova inneheld to nye verkemiddel som Mattilsynet kan nytte – «forbod mot aktivitetar» og «overtredingsgebyr». Mattilsynet har utarbeidd ei retningslinje for praktisering av verkemiddelet «forbod mot aktivitetar» og har sett i gang arbeid med ei forskrift om praktisering av overtredingsgebyr.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Mattilsynet gjennomførte 55 450 tilsyn i 2010, ein nedgang på 9,3 pst. frå 2009. Nedgangen var størst på næringsmiddelområdet og har fleire årsaker. Innføring av næringsmiddelområdet i MATS i juni 2010 kravde tid til opplæring og tilvenning. Innføring av det nye hygiene- og kontrollregelverket gjorde at inspektørane brukte meir tid på å rettleie verksemdene i regelverket samanlikna med 2009. I tillegg til dei tilsyna Mattilsynet utførte sjølve, gjennomførte Debio 3 548 tilsyn med økologisk produksjon og økologiske produkt etter delegert myndigheit frå Mattilsynet.

Distriktskontora i dei åtte regionane i Mattilsynet har ulike tilsynsutfordringar. Tilsynsarbeidet blir prioritert ut frå lokal og regional kunnskap i tillegg til dei føringane som er gitt gjennom nasjonale prioriteringar.

Overfor verksemdene har Mattilsynet drive aktiv rettleiing og gjennomført informasjonstiltak i tillegg til å rettleie ved tilsyn. Mattilsynet har i 2010 anerkjent seks nasjonale retningslinjer for god hygienepraksis. Slike nasjonale retningslinjer er ei støtte for verksemdene ved at dei gjer greie for korleis dei kan etterleve dei målretta krava i regelverket.

Mattilsynet har i 2010 prioritert tilsyn med drikkevassanlegg. Drikkevatn er framleis årsak til ein stor del av matborne infeksjonar i Noreg. Det har vore prioritert å skaffe dokumentasjon av status for innhald av framandstoff i sjømat, mellom anna for å sikre marknadstilgang utanlands. Mattilsynet har prioritert å følgje opp at småskalaproduksjon av mat blir utført i samsvar med det nye hygieneregelverket. I 2010 blei tilsyn med småskalaproduksjon av innlandsfisk prioritert.

Nasjonalt koordinerte tilsyn bidreg til eit meir systematisk, einskapleg og føreseieleg tilsyn. I 2010 sluttførte Mattilsynet fem nasjonalt koordinerte tilsyn. Tilsynet med animalske biprodukt i biogass- og komposteringsanlegg viste at det er behov for å sikre at det blir nytta godkjente behandlingsmetodar og at det er god sporing. Tilsynet med fiskebiprodukt førte til at Mattilsynet har anbefalt og listeført prosesseringsmetodar som så langt har blitt brukt til å godkjenne fem tilverkingsanlegg. Tilsynet med transport av levande fisk avdekte enkelte manglar ved dokumentasjon av rutinane for reingjering og desinfeksjon og overvaking av vasskvalitet ved lengre transportar. Tilsynet med beredskapsplanar ved akvakulturanlegg viste at det er behov for forbetringar av farekartlegging og moglegheita til å handtere store mengder sjuk fisk. Eit nasjonalt tilsynsprosjekt hos produsentar av planter på friland og i veksthus avdekte utilstrekkeleg kunnskap om plantehelseregelverket og planteskadegjerarar.

Det blei gjennomført regionalt tematilsyn med serveringsstader, der nesten ein tredel av verksemdene fekk pålegg. Regionalt tematilsyn retta mot bruk av plantevernmiddel i veksthus avdekte berre mindre alvorlege regelbrot i veksthusnæringa. Regionalt tilsynsprosjekt retta mot hald av hest har avdekt mangelfull etterleving av regelverket.

Frå 1. januar 2010 tredde forskrifta om merkekrav for fiskeprodukt i kraft. Etterlevinga har vist seg å variere. Mattilsynet har i 2010 i hovudsak valt å peike på plikta verksemdene har til å etterleve krava i forskrifta.

Mattilsynet har gjennomført tilsyn med importørar og produsentar av matvarer sin bruk av Nøkkelholsmerket. Omsetningsleddet er kontrollert når det gjeld bruk av Nøkkelholsmerket på hyllekant.

Talet på dyrehelsepersonell i Noreg som er utdanna ved lærestader i utlandet aukar. Mattilsynet har i nokre tilfelle undersøkt om framlagt dokumentasjon av utdanninga var gyldig, men avdekte ikkje feil.

Arbeid for å redusere rovviltskader på beitedyr har vore utfordrande. I 2010 blei det fatta fire tidsavgrensa vedtak om beiterestriksjonar for å unngå akutt fare for rovviltangrep.

Mattilsynet hadde i 2010 særskilt merksemd på tilsyn med pelsdyrhald. Arbeidet blei intensivert i november og desember. Frå midten av november blei inspeksjonar i så stor grad som mogleg gjennomført utan varsel på førehand.

Om lag 25 pst. av tidsbruken til utøvande tilsyn ved distriktskontora blir nytta til kjøttkontroll. Dette har samanheng med det regelfesta tilsynet Mattilsynet er forplikta til å utføre. Talet på kontrollerte slakt auka med 4 pst. frå 2009 til 2010, mens registrert tidsbruk blei redusert med 1,7 prosentpoeng.

Mattilsynet skreiv i 2010 ut om lag 40 000 eksportattestar for fisk og sjømat. Russland er ein stor marknad. Det er oppretta eit særskilt team som følgjer opp at norsk sjømat som skal bli eksportert til Russland, tilfredsstiller russisk regelverk.

Porteføljen av overvakings- og kartleggingsprogram blei vidareført frå 2009. Etter utbrott av open yngelråte hos bier er det sett i gang overvaking av sjukdommen.

Overvakinga av lakselus er utvida samanlikna med 2009. Havforskingsinstituttet har overteke koordineringa frå Norsk institutt for naturforsking. Overvaking av miljøgifter i villfisk er auka samanlikna med 2009. Det var i 2010 sett av særskilte midlar for å møte utfordringar på dyrehelseområdet, mellom anna ut frå klimaendringar. Midlane blei nytta til ny eller ekstra innsats på overvakingsprogram for blåtunge, lakselus, Q-feber, svineinfluensa A (H1N1) og open yngelråte hos bier. Tilstanden når det gjeld blåtunge viste seg å vere god, og Mattilsynet arbeidde i 2010 for at Noreg skulle få fristatus for sjukdommen.

Mattilsynet overvaker kosthaldet gjennom Matvaretabellen, kostberekningssystemet KBS og kosthaldsundersøkingane. Systema er eigde av Helsedirektoratet og Mattilsynet i fellesskap.

Pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa i region Trøndelag og Møre og Romsdal blei vidareført i 2010.

Mattilsynet lanserte i juni 2010 ein varslingsknapp for bekymringsmeldingar på heimesida si. Det kom i 2010 inn 2 850 meldingar. Rundt 60 pst. gjaldt dyrevelferd. Resten gjaldt matvarer. Det var ein tydeleg auke av meldingar som omhandla sports- og familiedyr. Rundt 25 pst. av meldarane var anonyme. Varslingsknappen er eit verktøy som gjer det lettare for publikum å følgje varslingsplikta i dyrevelferdslova.

Ordninga med lokal beredskapsvakt i Mattilsynet blei avvikla ved årsskiftet 2009/2010. For distrikt med større grenseovergangar blei det etablert ei mellombels ordning. I samarbeid med tollvesenet er det utarbeidd rutinar og ordningar for å ta hand om dyr som ved import ikkje oppfyller dei dyrehelsemessige krava i regelverket. Den sentrale beredskapsvakta er ført vidare.

Mattilsynet gjennomfører områdeanalysar for å skaffe oversikt over tilstanden og dei viktigaste utfordringane på utvalde innsatsområde. Ein områdeanalyse av tilsyn med planter, planteprodukt og vegetabilsk mat blei avslutta hausten 2010. Arbeidet med områdeanalysar som gjeld fiskeoppdrett og norsk produksjon av næringsmiddel, har halde fram gjennom året, mens ein områdeanalyse av kosttilskott blei starta i november 2010.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Talet på melde tilfelle av matborne infeksjonar der smitten har skjedd innanlands, er lågt og viste i 2010 ein nedgang samanlikna med 2009. Ein stor del av dei meldte tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. I 2010 blei det varsla om 53 utbrott der det var mistanke om matboren smitte. Norovirus stod for nesten halvparten av dei varsla utbrotta. Mattilsynet har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og Folkehelseinstituttet rundt oppklaring av utbrott av matboren sjukdom.

Drikkevatn er sannsynlegvis ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i samanliknbare land. Drift og vedlikehald av leidningsnettet varierer mykje og er noko Mattilsynet har hatt søkjelys på. Det har ikkje vore større hendingar med helsekonsekvensar i drikkevassforsyninga i 2010.

Mattilsynet sin analyse av førekomst av mykotoksin (muggsoppgifter) i kornvarer i perioden 2008-2010 viste ein liten reduksjon. I nasjonalt tilsynsprogram for marine biotoksin i skjel i 2010 blei det gjort funn av alle toksingruppene som er regulerte i regelverket.

Mattilsynet si overvaking synte viste generelt låge nivå av framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk, og lite restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det blei ikkje påvist overskriding av grenseverdiane for plantevernmiddel i norskproduserte varer. I importerte varer blei det påvist overskriding i 2,2 pst. av prøvene.

Talet på meldte saker til Matallergiregisteret hadde ein nedgang på 31 pst. frå 2009 til 2010. Ingen av sakene var av ein karakter der nærare oppfølging av den aktuelle verksemda, til dømes når det gjeld merking av allergen, var nødvendig.

I 2010 mottok Regionale legemiddelinformasjonssentre (RELIS ) fleire meldingar om alvorlege biverknader av kosttilskott. Kosttilskotta var i alle tilfella inntatt saman med medisinar eller andre kosttilskott. Mattilsynet har følgt opp meldingane.

Talet på meldingar i Rapid Alert System for Food and Feed (RASFF) med informasjon om helsefarleg mat eller fôr auka noko i 2010 i forhold til i 2009. Det var ein liten reduksjon i talet på meldingar der Noreg var involvert.

Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr

Plantehelse

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Få av dei planteskadegjerarane som den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO har anbefalt medlemslanda sine å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Likevel har det vore fleire hendingar i 2010. Mellom desse finn vi utbrott av pærebrann i to nye kommunar, auka omfang av heksekost på eple i viktige fruktdistrikt og sterk auke i påvisingar av kvit potetcystenematode. Mattilsynet har dei siste åra vore bekymra for at planteskadegjeraren furuvednematode skulle etablere seg i Noreg. Alle prøver så langt har vore negative.

Fiskehelse

Noreg er fri for mange av dei sjukdomane Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har listeført for akvatiske dyr. Av 26 listeførte sjukdommar er fem funne i Noreg dei siste 10 åra.

Mattilsynet har arbeidd mykje med å nedkjempe og avgrense fiskesjukdommar, særleg lakselus. Situasjonen er særleg utfordrande på grunn av aukande resistens mot lusemidla som har vore nytta dei siste ti åra, og er først og fremst ei utfordring for villfisken. Tiltaka med koordinerte avlusingar var tilstrekkelege til at ein stor del av villakssmolten slapp det største infeksjonspresset langs store delar av kysten både i 2009 og 2010. Det er vidare etablert soner for koordinerte tiltak både i Hordaland og Nord-Trøndelag.

Det blei i 2010 påvist Gyrodactylus salaris hos villaks i to elver.

Talet på utbrott av infeksiøs lakseanemi (ILA) er redusert frå 2009. Område på Vestlandet som tradisjonelt har hatt mykje ILA, har ikkje fått påvist utbrott på fleire år. Talet på utbrott av Pancreas sjukdom (PD) har auka noko innanfor kontrollsona på Vestlandet. Det er ikkje påvist tilfelle av PD utanfor sona.

Landdyrhelse

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er generelt god. Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har listeført meir enn 100 rapporteringspliktige infeksjonssjukdommar. Av desse er færre enn 10 funne i Noreg dei siste 10 åra.

Det er i 2010 ikkje påvist nye besetningar som er smitta av blåtungevirus, og det er heller ikkje påvist sirkulasjon av virus.

Førekomsten av humanpatogene salmonellabakteriar blant norske husdyr er svært låg samanlikna med andre europeiske land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er derfor uvanleg. Dei siste åra er det registrert ein viss auke i talet på diagnostiserte storfebesetningar med klinisk salmonellose. Sidan 2000 er meir enn 195 000 norske storfe undersøkt for BSE (kugalskap). Alle prøvene har vore negative. Noreg og Island er dei einaste landa i EØS-området der BSE ikkje har vore påvist.

Mattilsynet har i tillegg handtert fleire andre små og store utbrott av dyresjukdommar, mellom anna paratuberkulose hos storfe, salmonellose hos storfe, slaktekylling og gris og miltbrannsemfysem (raslesjuke) hos storfe.

I august 2010 blei det påvist open yngelråte hos bier. Dette var det første tilfellet sidan 1994.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor merksemd om dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det avdekka uheldige hendingar gjennom tilsynet. I fleire næringar er det dyreeigarar som ikkje etterlever krava til dyrevelferd.

Mattilsynet har avsett større ressursar til tilsyn i 2010 jamført med 2009, både når det gjeld produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Tilsynsverksemda blei intensivert og metodikken endra til fleire tilsyn som ikkje er melde på førehand.

Mattilsynet hadde stor merksemd på å styrkje tilsynet med hald av pelsdyr i 2010. Det blei gjennomført 208 tilsyn. Det blei òg gjennomført tiltak for å betre kompetansen blant inspektørar som fører tilsyn med pelsdyrhald. I tillegg blei det sett i verk tiltak for å skjerpe verkemiddelbruken.

Det blei avdekt fleire store og små hendingar knytt til dyrevelferd i produksjonen av fjørfe, mellom anna høg dødelegheit under plukking i slaktekyllingoppdrett og dårleg inneklima i fjørefehus. Det blei derfor planlagt ein nasjonal tilsynskampanje for 2011.

Tap av husdyr på utmarksbeite er eit vesentleg velferdsproblem. Fleire av årsakene til tap, mellom anna sjukdommar og rovviltskader, påfører dyra langvarig liding. Det registrerte talet på dyr som dør under transport til slakteri, var i 2010 om lag som åra før. Tapsdelen for fjørfe er høgare enn for andre landdyr.

Meld.ingar om dårleg ernæringsstatus for rein i enkelte område, sett i samanheng med observasjonar i kjøttkontrollen, gav grunn til uro hausten 2010. For å sikre velferda for dyra blei det i desember oppretta ei lokal vaktordning. Det blei òg etablert eit tettare samarbeid mellom Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga, Reinpolitiet og næringa.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda

Merking av matvarer skal gi riktige opplysningar til forbrukarane slik at dei kan gjere informerte val. Mattilsynet har sett fleire tilfelle av udokumenterte påstandar og negative deklarasjonar, og oppfattar villeiande marknadsføring som ei aukande utfordring. Fleire aktørar prøver å utnytte potensial og nisjar i matmarknaden, mellom anna gjennom merking som går ut over krava i regelverket om merking.

Det var i 2010 ein liten nedgang i talet på verksemder tilknytt Debio si kontrollordning for økologisk produksjon samanlikna med 2009. Dette gjeld både på primærproduksjonssida og innanfor foredling, import og omsetning. Talet på verksemder som deltok i ordninga, var ved årsskiftet 3 580, ein reduksjon på 74 verksemder frå året før.

To nye produkt (Villsau frå Norskekysten og Badsturøkt kjøtt på namdalsk vis) blei i 2010 godkjent under merkeordninga Beskytta nemningar. Per 31.12 2010 omfatta ordninga i alt 18 produktforskrifter og om lag 550 produsentar i ordninga.

Det er få funn av ulovleg genmodifisert materiale på den norske marknaden , men det blir stadig vanskelegare å finne råvarer som er frie for GMO på verdsmarknaden.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Miljørisikoen ved bruk av plantevernmiddel er utrekna til å ligge på 57 pst. av nivået i 1996/97. Den totale omsetninga av plantevernmiddel er ikkje redusert i perioden, men det har vore ei dreiing mot bruk av middel med lågare helse- og miljørisiko.

Andre område

Mattilsynet fører tilsyn med regelverket som skal medverke til at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Det var i 2010 ein nedgang på 17,7 pst. i talet på meldingar om helsefarlege kosmetikkprodukt som blei rapportert i EU sitt hurtigvarslingssystem for helsefarlege forbrukarprodukt, RAPEX.

Budsjettframlegg 2012

Post 01 Driftsutgifter

Landbruks- og matdepartementet foreslår ei løyving på 1 162,6 mill kroner. Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar mellom anna ut frå risikobiletet til ei kvar tid.

Mattilsynet vil i 2012 ha særleg merksemd mot drikkevatn, fiskehelse og dyrevelferd.

Organisatoriske og administrative utfordringar i 2012

Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtaler.

Mattilsynet har dei siste åra gjennomført tiltak som skal medverke til eit meir einskapleg tilsyn. Viktige tiltak er interne etatsrevisjonar, etablering av interne fagfora på ulike forvaltningsområde og felles rutinar for handtering av hendingar, samt nasjonale og regionale tilsynskampanjar. Utvikling av eit meir einskapleg tilsyn er likevel framleis ei hovudutfordring for Mattilsynet.

Det er venta at tilsynssystemet MATS vil betre kvaliteten i tilsynet og medverke til at det blir meir effektivt og einskapleg. MATS vil òg gi betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over. Det vil bli lagt vekt på å nytte dokumentasjonen frå MATS til å få eit betre bilde av utviklinga med omsyn til einskapleg tilsyn.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene. Verksemdene kan velje ulike løysingar så lenge dei oppfyller dei målretta krava i regelverket. Dette er særleg aktuelt i samband med det nye hygiene- og kontrollregelverket.

Interne etatsrevisjonar er viktige i forbetringsarbeidet i Mattilsynet. Slike revisjonar kan òg bli nytta på dei områda der Mattilsynet har delegert myndigheit til andre.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Noreg har òg tilgang til den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA), som mellom anna utarbeider faglege risikovurderingar som grunnlag for utvikling av regelverk.

Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC) legg òg viktige premissar for regelverksutviklinga. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av dette arbeidet, mellom anna i Codex Alimentarius Commision sin komité for fisk og fiskevarer, der Noreg leiar arbeidet.

Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser på utvalde område. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til rett tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på formålstenleg og brukarvennleg vis. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dei prioriterte områda som er peika ut i departementa sin internasjonale plan og felles europastrategi for matområdet, vil bli følgte opp. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å gjennomgå regelverket om kontroll på matområdet og arbeidet med nytt regelverk på dyrehelseområdet.

EU har starta ein gjennomgang av kontrollforordninga. Mattilsynet vil følgje dette arbeidet nøye for å klarlegge verknader for Noreg og norsk tilsyn.

Noreg har unntak i EØS-avtalen frå regelverket om godkjenning og bruk av plantevernmiddel. Mattilsynet har utarbeidd ein konsekvensanalyse av kva det vil seie for Noreg å implementere EUs nye regelverk på området. Det er ikkje avgjort om dette regelverket skal inn i EØS-avtalen. Mattilsynet vil utarbeide utkast til forskrift som skal til høyring.

Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med å rydde opp i regelverket. Det blir lagt vekt på å klargjere og forenkle, fjerne unødvendige byrder for brukarane og leggje til rette for eit effektivt tilsyn. Mattilsynet vil òg leggje vekt på desse omsyna når dei deltar i internasjonal regelverksutvikling.

Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine matstyresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer. Samarbeidet med Russland, Kina og USA blir særleg viktig i tida framover.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Det er verksemdene sitt ansvar å kjenne til og etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at dette skjer og handhever regelverket. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, skal Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er derfor kjerneprodukta til Mattilsynet.

Det nye hygiene- og kontrollregelverket krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn med regelverket om næringsmiddel, fôr, innsatsvarer, helse og velferd hos landdyr og fisk. Regelverket for kontroll legg vekt på at tilsynet skal skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. I mange tilfelle medfører dette auka merksemd på tilsyn tidleg i matproduksjonskjeda.

Tilsynet skal vere planlagt og dokumenterbart. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Tilsynet skal gjennomførast regelmessig og med ein frekvens som står i forhold til risikoen ved aktivitetane til verksemda og kunnskapen ein har om dei enkelte verksemdene. Det er samstundes viktig at dei ulike tilsynsmetodane som står til rådvelde blir nytta målretta, slik at alle verksemdene er underlagt eit tilsyn som samla sett skaper størst mogleg etterleving av regelverket. Dette skal òg medverke til at alvorlege regelbrot blir oppdaga så raskt som råd er.

Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrot. Mattilsynet vil òg følgje opp dei pliktene som er fastsette i regelverket, til å utføre tilsyn. Ved forvaltning av matlova vil omsynet til trygg mat bli tillagt størst vekt.

Det nye regelverket om hygiene og kontroll opnar for ei modernisering av visse delar av kjøttkontrollen. Mattilsynet starta eit arbeid med dette i 2010. Mattilsynet vil samarbeide vidare med næringa for å utnytte dette.

Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, mellom anna regelverk som skal ivareta forbrukaromsyn som ærleg omsetnad og kvalitet. Òg på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtaler eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa situasjonen og risikobiletet til ei kvar tid.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.

Hygiene- og kontrollregelverket legg vekt på verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvareproduksjon og primærproduksjon til og med omsetning til forbrukarane. Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningslinjer for god hygiene som kan medverke til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningslinjer er ei utfordring for enkelte bransjar. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.

Hygiene- og kontrollregelverket stiller store krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gir. Arbeidet for å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemdene i matproduksjonskjeda krev derfor kontinuerleg innsats frå verksemdene og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.

Det er framleis grunn til å ha merksemd omkring dei hygieniske tilhøva i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i Trøndelag og Møre og Romsdal har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga har blitt godt motteke av forbrukarane. Ordninga vil bli vurdert.

Tilsynskampanjen retta mot fersk fisk viste fleire avvik. Det er behov for å følgje opp kampanjen. WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse, som Noreg har slutta seg til, krev at kvart land skal utarbeide nasjonale mål for å betre vass- og avløpssituasjonen. Mattilsynet koordinerer utarbeidinga av slike nasjonale mål i Noreg. Mattilsynet vil fortsette arbeidet med å følgje opp Noreg sine plikter under protokollen, særleg i det arbeidet som skal bli sett i gang for små og mellomstore vassverk. Departementa vil òg vurdere om andre tiltak må til for å nå måla.

Mattilsynet vil ha særleg merksemd på tilsynet med drikkevassanlegg. Mattilsynet sin gjennomgang av drikkevassområdet viste at dårlig vedlikehald av leidningsnettet er ei av dei største utfordringane knytt til drikkevasskvaliteten i Noreg. Mattilsynet vil ta i bruk nødvendige verkemiddel overfor vassverk som ikkje etterlever krava.

Resultata frå pilotprosjektet for tilsyn med kosttilskott i 2008 viste at det er behov for eit meir systematisk tilsyn. Mattilsynet har i 2010 starta opp ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på området. Dette kan gi betre grunnlag for planlegging av tilsynsaktiviteten og ein mest mogleg hensiktsmessig bruk av verkemiddel.

Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr

God plante-, fiske- og landdyrhelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, fisk og landdyr framleis skal vere god. Klimaendringar og auka utveksling av biologisk materiale over landegrenser kan gi større utfordringar. Det er viktig å ha god beredskap og godt planverk mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos fisk og landdyr.

Med aukande internasjonal handel med planter og andre smitteberande emne vil det vere risiko for introduksjon av planteskadegjerarar. Enkelte av desse har stor evne til å tilpasse seg norsk klima, og fører til tap for næringane og forbrukarane i form av skadar på avling og redusert prydverdi i parkar og hagar. Mattilsynet vil arbeide for at norske importørar aukar kunnskapen sin og etablerer gode system for eigenkontroll ved import.

På bakgrunn av ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på planteområdet, vurderer Mattilsynet ei omlegging av tilsynet med plantehelse og produksjon av vegetabilsk mat.

Mattilsynet vil ha særleg merksemd på arbeidet med fiskehelse og oppfølging av regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring. Særleg viktig er arbeidet med lakselus.

Førebyggjande tiltak og god beredskap er viktig for å halde oppe den gode norske landdyrhelsa og for å unngå uønska hendingar. Dette er òg viktig for å hindre utbrott zoonosar, som òg kan gi sjukdom hos menneske.

Forskrifta om melding og registrering av utlevering og bruk av legemiddel til dyr tredde i kraft 1. juli 2010. Mattilsynet vil arbeide vidare for å etablere elektroniske løysingar slik at alle opplysningar som skal inn, på ein enkel måte kan bli registrert ved å nytte MATS.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil ha særleg merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Den nye dyrevelferdslova gir Mattilsynet fleire verkemiddel. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte desse. Den plikta som ligg til alle om å melde frå vil medverke til betre oversikt.

Mattilsynet vil framleis ha stor merksemd på velferd for pelsdyr. Ei ny forskrift med strengare krav til hald av pelsdyr tredde i kraft 1. mai 2011.Det vil òg vere merksemd på velferd for fjørfe på grunnlag av tilsynskampanjen som er sett i verk i 2011.

Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. For å finne gode løysingar som kan førebyggje og redusere tap på grunn av rovviltangrep, vil Mattilsynet leggje vekt på god samhandling med miljøstyresmaktene. Dette er òg viktig for å følgje opp det nye rovviltforliket i Stortinget frå juni 2011. Forliket legg til grunn at det ikkje skal bli nødvendig med beiterestriksjonar etter dyrevelferdslova i område som er definert som prioriterte beiteområde.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. Det er mellom anna bestemt at forbodet mot bruk av karbondioksid til bedøving av oppdrettsfisk ved slakting skal tre i kraft 1. juli 2012.

Mattilsynet vil følgje opp arbeidet rundt utviklinga av den nye dyrevelferdstrategien til EU.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten. Dette er viktig for å kunne orientere seg i marknaden og for å kunne treffe informerte val ut frå eigne preferansar. Tilsyn med etterleving av dette regelverket er viktig.

Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.

Nytt regelverk om ernærings- og helsepåstandar tredde i kraft 1. mai i 2010. Etter kvart som gjennomføringsreglar blir fastsette, vil Mattilsynet leggje vekt på god rettleiing og på å utvikle eit effektivt og målretta tilsyn ut frå dei utfordringane det nye regelverket vil gi.

Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Det går føre seg arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ. Mattilsynet vil samarbeide med Helsedirektoratet om dette.

Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet. Mattilsynet skal forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. KSL Matmerk har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt, mellom anna med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar òg inn på kvaliteten på matvarene.

Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i handlingsplanen på området.

Mattilsynet vil innanfor rammene av regelverket på matområdet ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa den nasjonale strategien på tvers av sektorar med tiltak mot framande skadelege artar.

Mattilsynet vil innafor ansvarsområdet sitt òg følgje opp vassforskrifta og arbeidet med dei regionale vassforvaltningsplanane.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.

Kosmetikk

Mattilsynet fører tilsyn med regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Registeret for biverknader av kosmetiske produkt er eit sentralt verkemiddel.

EU vedtok i 2009 ei ny kosmetikkforordning som erstattar det tidlegare kosmetikkdirektivet. Den nye forordninga skal nyttast fullt ut etter overgangsordningar som går fram til juli 2013. Det blir arbeidd med innlemming i EØS-avtalen og gjennomføring av forordninga i norsk rett.

Bransjane bruker store ressursar på å utvikle og marknadsføre produkt som gir inntrykk av å fremje helse. Det blir nytta nye teknologiar og nye ingrediensar med spesielle funksjonelle eigenskapar (bioaktive stoff). På grunn av den teknologiske utviklinga er det behov for forbrukarinformasjon, kunnskapsinnhenting, regelverksutvikling og tilsyn på området.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 7,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Mattilsynet sine utgifter til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 23 Særskilde prosjekt

Løyvinga på posten skal dekkje det offentlege sine utgifter til det nasjonale prosjektet for elektronisk sporing i matproduksjonskjeda (eSporingsprosjektet). Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 mill. kroner.

Løyvinga blir disponert av Landbruks- og matdepartementet. Den skal dekkje kostnader knytt til eSporingssekretariatet fram til alle testar av løysinga er sluttført, og nødvendig dokumentasjons- og rettleiingsmateriell er utarbeidd. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader til lisensar/teknisk drift av løysinga fram til ho blir teken over av andre brukarar. Dette kan òg omfatte kompetanseoverføring og mindre tilpassingar i den tekniske løysinga av omsyn til framtidige brukarar.

Målet for prosjektet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap og auka verdiskaping i alle ledd. Gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene raskt kan trekke desse tilbake og gi tydeleg og riktig informasjon til forbrukarane og Mattilsynet.

eSporingsprosjektet er eit krevjande og innovativt utviklingsprosjekt. Det har vore eit betydeleg kunnskapsløft blant dei deltakande aktørane med utvikling av bransjestandardar og betre sporingssystem gjennom heile matproduksjonskjeda.

Kjernefunksjonane i den elektroniske løysinga blei i all hovudsak ferdigstilte våren 2011. Hausten 2011 blir det arbeidd med nokre tilpassingar for å styrkje kjernefunksjonaliteten og gjere løysinga meir brukarvennleg.

Sidan prosjektet blei etablert har det blitt lagt til grunn at næringsaktørane skal overta ansvaret for den elektroniske sporingsløysinga når den er ferdig utvikla. Det blei ført forhandlingar med eit interimstyre samansett av representantar frå organisasjonar og verksemder langs heile matproduksjonskjeda i første halvdel av 2011. Desse forhandlingane førte ikkje fram til avtale om overtaking av løysinga. Departementa vil ha vidare dialog med bransjeaktørar som er opptekne av god sporing, god dokumentasjon og mattryggleik og som viser interesse for å nytte løysinga. Departementa vil arbeide for å avklare framtidig drift i 2012 slik at løysinga da kan bli teken i praktisk bruk.

Post 71 Tilskott til erstatningar

På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Gebyr m.m.

103 895

130 322

121 889

02

Driftsinntekter og refusjonar mv.

9 154

5 024

5 135

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

576

16

Refusjon av foreldrepengar

10 561

18

Refusjon av sjukepengar

16 381

Sum kap. 4115

140 566

135 346

127 024

Post 01 Gebyr m.m.

Regjeringa gjer framlegg om å avvikle sektoravgiftene i matforvaltninga frå 1. januar 2012, jf. omtale i Prop. 126 S (2010-2011). Sektoravgiftene blir budsjettert på kap. 5576 post 70. Med denne endringa blir den delen av Mattilsynet sitt driftsbudsjett som er brukarfinansiert redusert frå 64 pst. i 2011 til om lag 10 pst. pålaupt og om lag 20 pst. bokført i 2012.

Gebyrordningane under Mattilsynet blir ført vidare. Dette omfattar gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Departementa og Mattilsynet gjennomgår gebyrordningane for å sikre at dei er i samsvar med pliktar etter kontrollforordninga, som er ein del av EØS-avtalen. Samstundes blir det vurdert om det er aktuelt å gjere endringar i satsane for enkelte gebyr ut frå samanhengen mellom gebyrinntekt og kostnader til å produsere den gebyrpliktige tenesta. Det vil òg bli gjort ordinær lønns- og prisjustering av dei enkelte gebyrsatsane.

Tabell 2.1 Oversikt over forventa proveny frå ulike gebyr under kap. 4115.

(i mill. kr)

Nemning

Beløp

Gebyr for særskilte ytingar

14,7

Gebyr for tilsyn og kontroll:

Import av levande dyr og animalske produkt

14,1

Kjøttkontroll

88,0

Kontroll med skjelproduksjon

0,5

Andre gebyr:

Gebyr for oppfølgjande tilsyn

2,0

Andre gebyr, tvangsmulkt mv.

2,6

Sum gebyr

121,9

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetning av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg b inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1137

Forsking og innovasjon

409 781

402 771

409 514

1,7

Sum kategori 15.20

409 781

402 771

409 514

1,7

Mål og strategiar

Landbruks- og matpolitikken skal halde eit levande landbruk over heile landet ved lag. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og distrikta sine ressursar. Forsking og innovasjon er sentrale reiskapar for å oppnå dei landbruks- og matpolitiske målsetjingane, og departementet har derfor som strategi at forskinga skal ha internasjonal kvalitet og fremje ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.

Forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

Forsking er eit viktig verktøy for auka konkurransekraft og verdiskaping, samt for å sikre ei god og framtidsretta forvaltning av landbruks- og matsektoren. Ny kunnskap er òg avgjerande for å møte utfordringar knytt til klimaendringar og auka press på verdas mat- og vassressursar.

Landbruks- og matdepartementet sin forskingspolitikk er forankra i St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forsking (Forskingsmeldinga), Prop. 1 S (2011-2012) frå Kunnskapsdepartementet og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Departementets Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) presenterer dei politiske måla for landbruks- og matforskinga. Strategien må sjåast i samanheng med næringsstrategien Ta landet i bruk!, matstrategien Smaken av Norge og Landbruks- og matdepartementets miljøstrategi 2008-2015.

Forskingsmeldinga legg opp til at forskingspolitikken skal bidra til å løyse globale utfordringar, med særskilt vekt på klima, energi, miljø, hav og matsikkerheit. Landbruks- og matdepartementet sin innsats er i hovudsak retta mot produksjon av nok og trygg mat, fiber og energi for eit veksande folketal i eit endra klima. Ei nærare omtale av budsjettforslaga er gitt i kap. 1137.

Departementet vil prioritere å vidareutvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk for landbruks- og matsektoren, som eit nødvendig bidrag til å nå regjeringas landbrukspolitiske, matpolitiske og distrikts- og regionalpolitiske mål. Innsatsen omfattar heile den norske landbruks- og matsektoren, frå primærledd til industri. Han skal samstundes dekkje heile spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til spesialisert produksjon av varer og tenester med meirverdi basert på lokale fortrinn. Siktemålet er å støtte opp under skaparkraft i bygdesamfunn i heile landet. Arbeidet må sjåast i samanheng med St.meld. nr. 7 (2008-2009) Eit nyskapande og berekraftig Noreg og St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru – Om distrikts- og regionalpolitikken.

Mål- og resultatstyring står sentralt i Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid på forskingsområdet. På oppdrag frå departementet og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL), kartlegg Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) med jamne mellomrom ressursinnsatsen i landbruks- og matforskinga. Kartlegginga av innsatsen i 2009 viser at dei totale utgifta til landbruks- og matrelatert FoU utgjorde nesten 1,7 mrd. kroner. 54 prosent av innsatsen er offentleg finansiert. Mat, helse og forbrukar er dei største områda, og forskinga har høg næringsrelevans.

Forsking med høg kvalitet og relevans

Norsk forsking og norske forskingsmiljø skal ha høg relevans og halde høg internasjonal kvalitet. Forskingspolitikken skal medverke til utvikling av forskingsprogram og andre verkemiddel som gir forsking med høg nytteverdi for aktørane i landbruks- og matsektoren. Forsking for langsiktig kunnskapsoppbygging er, ved sida av utdanning og rekruttering av forskarar, avgjerande for ei framtidig positiv utvikling i sektoren. God forskingsinfrastruktur, auka internasjonalt samarbeid og forskarmobilitet er viktig for å sikre god kvalitet og rekruttering til forskinga.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Landbruks- og matproduksjon er knytt til fleire av dei store samfunnsutfordringane den internasjonale forskinga i stadig større grad rettar seg inn mot. Alle delar av norsk landbruks- og matforsking vil derfor ha ei rekke moglegheiter for internasjonalt samarbeid. Gjennom aktiv deltaking i mellom anna EUs 7. rammeprogram og i opprettinga av ulike ERA-NET er Noreg med på å påverke retninga for felles prioriteringar, til dømes på matområdet.

Landbruks- og matforskinga skal prioritere å delta i kunnskapsutvikling på område der Noreg er eller kan bli leiande internasjonalt, og der vi har utfordringar som best kan løysast gjennom samarbeid med andre land. Eit godt internasjonalt samarbeid er nødvendig for å løyse store globale samfunnsutfordringar knytt til helse, mat, energi og klima. Noreg vil delta i kunnskapsoppbygginga på desse områda, jf. kap. 1137.

Innovasjon og kommersialisering

Sektoren består av mange næringar, og utgangspunktet for næringsutvikling varierer frå stad til stad. Det er derfor behov for ein innovasjonspolitikk som tek høgde for kompleksiteten i sektoren, og som kan vidareutviklast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande utfordringar og moglegheiter. Vidare er det behov for å støtte eit breitt spekter av tiltak, i første rekkje gjennom utvikling av gode rammevilkår.

Sjølv om dei næringsdrivande står naturleg i sentrum for innovasjonspolitikken, vil òg innovasjon i forvaltninga og verkemiddelapparatet vere viktig. Uavhengig av næring og geografisk område er det nokre innsatsområde som peikar seg ut som særleg viktige:

  • entreprenørskap og marknadstenking i heile verdikjeda

  • samarbeid og synergiar mellom landbruket og andre sektorar

  • samarbeid i nettverk og utvikling av velfungerande innovasjonssystem

Landbruks- og matdepartementet vil styrkje arbeidet med innovasjon og kommersialisering i dei landbruks- og matvitskapelege forskingsinstitutta. Målet er å auke kommersialiseringa av kunnskap frå forsking og styrkje samarbeidet med sektorens næringsliv i heile landet.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Landbruks- og matforvaltninga er avhengig av kontinuerleg tilgang til oppdatert kunnskap for å ta gode avgjerder og for å halde opp nødvendig beredskap. Til dømes vil klimaendringane krevje god tilgang på informasjon om utfordringar i framtida. Vidare skal forskinga få fram kunnskap som kan effektivisere forvaltninga si overvaking og kartlegging av alle ledd i norsk matproduksjon. Ei nærare omtale av dei forskingspolitiske prioriteringane er gitt i kap. 1137.

Forskingskommunikasjon og forskingsformidling

Forskingskommunikasjonen skal gi folk oppdatert kunnskap om landbruks- og matsektoren og synleggjere korleis resultat frå landbruks- og matforskinga kjem samfunnet til gode. God kommunikasjon er ein føresetnad for samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø, og bidreg til samsvar mellom behova til næringa og forskingsinnsatsen. Det same gjeld forholdet mellom forvaltninga og forskinga, der forskingsarbeid og resultat skal formidlast slik at informasjonen kan nyttast i politikkutvikling og i kommunikasjonsarbeid hos forvaltninga.

Regjeringa seier i St. Meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning at vitskapelege artiklar som er resultat av offentleg finansiert forsking, i hovudsak skal vere opent tilgjengelege. Dette gir eit stort potensial for auka tilgang til, og spreiing av, forskingsresultat.

Gjennomføring av politikken

Stortinget løyvar betydelege midlar til forsking innan matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og tenesteproduksjonen i landbruket over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Noregs forskingsråd forvaltar midlane, som utgjer ein stor del av dei samla løyvingane til Forskingsrådet på desse områda.

Gjennomføringa av politikken skjer gjennom løyvingane over kap. 1137, mellom anna finansiering av forskingsprogram i sektoren og basisløyvingar til forskingsinstitutta. Næringa sin medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren, skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivet sin eigendel i forskingsprosjekt.

Som ei følgje av landbruket sin næringsstruktur, der den enkelte verksemd har liten moglegheit til å finansiere forsking, er det kollektive samarbeidet gjennom Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) viktig. Departementet har i 2011 utarbeidd nye vedtekter for FFL. Desse skal bidra til ein meir effektiv utnytting av fondsmidlar, forskingsmidlar over jordbruksavtalen og middel til forsking som blir tildelt av Noregs forskingsråd.

Tabell 2.2 Oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking (tal frå 2011).

(i 1 000 kr)

Område

Beløp

Kap. 1137 post 50 Forskings-aktivitet

217 528

Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m.

181 147

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

48 000

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindrifta sitt utviklingsfond)

4 500

Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt

117 840

FoU-avgift på skogsvirke -(Skogtiltaksfondet)1

8 000

Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149 post 51)

3 271

Forsking over Omsetningsavgifta

10 000

Sum

590 286

1 Budsjettal frå 2011 ekskl. administrasjonsutgifter.

Kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver mottek løyvingar over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147.

Det er viktig at næringslivet deltek aktiv i utvikliga av ny kunnskap. Tiltak direkte retta mot næringslivet utløyser betydeleg medfinansiering frå privat sektor. Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) og Forskingsrådet sine regionale representantar er òg viktige tiltak for meir forsking i næringslivet. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet følgje opp verkemiddelbruken.

SkatteFUNN skal stimulere til auka FoU-aktivitet i næringslivet. Ordninga gir føretak som driv næringsverksemd, og er skattepliktige i Noreg, inntil 20 pst. frådrag på skatt for kostnader knytt til FoU. I 2010 omfatta ordninga totalt 180 prosjekt innanfor jordbruk/mat, med ei total kostnadsramme på ca 398 millionar kroner. Innan sektoren Skog og Tre var det i 2010 i alt 36 aktive SkatteFUNN-prosjekt, der 15 starta opp i 2010. SkatteFUNN er det største statlege verkemidlet for auka satsing på forsking og innovasjon i næringslivet. Departementet ønskjer at landbruks- og matvareverksemder i større grad nyttar seg av ordninga, og vil bidra til å gjere ordninga betre kjent innanfor landbruks- og matsektoren.

Den felles lokaliseringa av UMB, NVH og VI på Campus Ås vil leggje til rette for styrkt innsats retta mot miljø, berekraftig utvikling, betre folke- og dyrehelse, klimautfordringar, fornybare energikjelder, matproduksjon og areal- og ressursforvaltning. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ein ved den felles lokaliseringa får til faglege, økonomiske og administrative synergiar.

Satsingar og prioriteringar

I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon er dei prioriterte kunnskapsbehova fordelte på fem tematiske område. Forsking relatert til bioteknologi og landbrukets klimaarbeid er prioritert i alle desse tema. Sjå kap. 1137 Forsking og innovasjon for nærare omtale av budsjettprioriteringar for 2012.

Mat, helse og forbrukar

Landbruks- og matpolitikken har som hovudmål at maten skal vere trygg og produsert på ein etisk forsvarleg og berekraftig måte, jf. dei matpolitiske måla i kat. 15.10. Sikker tilgang på mat og mattryggleik er av dei viktigaste forskingsutfordringane på dette området, jf. St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning. I tillegg er klimaendringar eit sentralt tema, jf. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.

Forsking for å auke norsk matproduksjon skal ha særskilt oppmerksemd. For å oppretthalde ei konkurransekraftig norsk landbruks- og matnæring, er det viktig å prioritere den næringsretta forskinga.

Klimaendringar, miljøkrav og globalisering er forhold som gir endra rammer for landbruket og matindustrien. Problemstillingar knytt til auka konkurranse, forholdet mellom mat, helse og forbrukarhaldningar og alternativ produksjon er òg sentrale forskingsprioriteringar.

Forsking og utvikling basert på bioteknologi har eit stort potensial for å forbetre primærproduksjonen langs heile verdikjeda. Bruk av bioteknologi bidrar òg til å møte dei store samfunnsutfordringane, som tilgang på nok mat, klimaendringar og førebygging av livsstilssjukdommar. Det er behov for ei brei tilnærming til forsking på området.

Tre og energi

I forskingsmeldinga Klima for forskning er energi eit av dei fem næringsområda der Noreg har kompetanse eller særlege fortrinn. Vidareføring av forskingsinnsatsen på fornybar energi og karbonfangst og -lagring er viktige tiltak for å avgrense klimautslepp og skape eit grønare næringsliv.

Noreg har eit stort potensial for å utvikle fornybar energi, som mellom anna bioenergi og småkraftverk. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er mål om auka bruk av bioenergi, auka uttak av råstoff frå skog, lagring i varige treprodukt, utvikling av biogass og etablering av fleire småkraftverk blant dei viktigaste målsetjingane.

Skogressursane har stor verdi for sysselsetjing og verdiskaping i distrikta. Som eit middel i klimaarbeidet er det òg viktig at skogressursane blir brukte meir aktivt. Det er behov for meir kunnskap om korleis ein kan utnytte skogen si evne til karbonbinding på ein optimal måte. Auka bruk av bioenergi og meir trebruk er viktige element i dette.

Tenester

Tenesteytande næringar er i ferd med å bli ei viktig inntektskjelde for landbruket. I den samanheng er forsking som styrkjer kunnskapsproduksjonen innanfor næringar som grønt reiseliv og Inn på tunet prioritert.

Miljø og ressursforvaltning

Forvaltning av ressursane våre og berekraftig utvikling blir eit stadig viktigare forskingsområde, jf. Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi (2008) og St.meld. nr. 39 (2008-2009).

Landbruk og samfunn

Den samfunnsvitskapelege forskinga innan landbruks- og matsektoren tek for seg tema som effektive politiske verkemiddel, forståing av marknadsmekanismar og samfunnskonsekvensar av auka bruk av teknologi. Forskinga skal fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som verkar inn på norsk landbruk og landbruksrelatert industri.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Forskingsaktivitet

225 388

217 528

219 271

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

181 147

181 147

186 147

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

3 246

4 096

4 096

Sum kap. 1137

409 781

402 771

409 514

Formål med løyvinga

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51), samt løyving til omstillingsmidlar i instituttsektoren o.a. (post 53). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram.

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om 409,5 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2012, ei auke på 1,7 mill. kroner frå 2011. Satsinga dei siste åra på fornybar energi, klima og næringsretta forsking på matområdet vil bli vidareført. Kap.1137 post 51 styrkes med 5 mill. kroner til ei strategisk satsing på matområdet. Satsinga vil leggje til rette for meir forsking og styrkt samarbeid mellom forskingsinstitutta.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2010

Løyvinga for 2010 var den første der departementa sine felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for Forskingsrådet blei lagt til grunn. Dei tre hovudmåla er:

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Mål 2: God ressursutnytting og hensiktsmessig arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Mål 3: Forskingas resultat tas i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

Måla fell i utstrakt grad saman med måla i St.meld. nr 30 (2008-2009) Klima for forskning (forskingsmeldinga). Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forskning og forskningsbasert innovasjon 2007-2012 legg òg føringar for prioriterte forskingsområde.

Løyvinga i 2010 bidreg vesentleg til oppfølging av fleire av måla i forskingsmeldinga. Særleg gjeld dette på målområda næringsrelevant forsking på strategiske område, eit velfungerande forskingssystem og globale utfordringar. I 2010 har det vore eit særskilt fokus på auka verdiskaping og auka FoU-innsats frå næringslivet.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Innsatsen mot dette målet skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med sektoren og forvaltninga sine kunnskapsbehov og internasjonalt forskingssamarbeid.

Forskingsprogramma Natur og næring og Matprogrammet, saman med Miljø 2015, Havbruk, NORKLIMA og RENERGI, er sentrale verkemidlar for å oppnå mål 1.

Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet, som innovasjonsprosjekt og kompetanseprosjekt.

Handlings- og næringsretta program er i heilskap retta mot sektoren og forvaltninga sine kunnskapsbehov. Målet omfattar dei tematiske prioriteringane som er gitte i departementet sin forskingsstrategi: Mat, helse og forbrukar, Tre og energi, Tenester, Miljø og ressursforvaltning og Landbruk og samfunn.

Mat, helse og forbrukar

Løyvinga over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett til Forskingsrådet sin innsats på området mat, helse og forbrukar skjer, i hovudsak, gjennom Matprogrammet.

Utfordringar knytt til landbruks- og matproduksjon ved klimaendringar, samt utslepp av klimagassar frå landbruket sto sentralt i 2010. Det blei mellom anna starta opp eit stort samarbeidsprosjekt mellom UMB, Bioforsk og Graminor, for å utvikle kunnskap, metodikk og genetisk materiale som grunnlag for sortsutvikling i engvekstar basert på regulering (genetisk og fysiologisk) av eigenskapar som styrer klimatilpassing i plantane. Prosjektet bidrog til utnytting av moglegheitene for auka biomasseproduksjon i eit varmare/våtare klima.

Det er starta fleire prosjekt som tek for seg målingar av faktiske utslepp av lystgass frå norsk landbruk, forståinga av korleis lystgassutslepp blir regulert i jorda, og korleis utsleppa frå mellom anna ulike typar gjødsel og gjødslingsregime kan reduserast. Utreiinga Kunnskapsstatus – Bedre agronomi kartlegg kompetansegrunnlaget for betre agronomi for å møte klimautfordringane i landbruket.

Tre og energi

Hovudsatsinga på energiforsking i Forskingsrådet skjer gjennom programmet RENERGI. Programmet dekkjer alt frå grunnleggjande FoU til næringsretta forsking. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar til nyttige energiberarar, som varme, elektrisk straum og drivstoff. I tillegg er det ein rekkje prosjekt retta mot utvikling av andregenerasjons biodrivstoff basert på trevirke.

Basert på ein gjennomgang av kunnskapsstatus, som Forskingsrådet gjennomførte i 2009, er det i 2010 starta fleire prosjekt innanfor biogass frå landbruket. Det er òg starta tverrfaglege prosjekt for å belyse klimaeffektane av trevirke i dei ulike verdikjedene, frå skog til energi, bygningsmaterialar og papir.

Forskingsrådet og Innovasjon Noreg blei i 2010 samde om å samarbeide tettare på treområdet. Innovasjon Noreg skal ha eit ansvar for å gi Forskingsrådet forslag til forskingstema som er ønska i skog- og trenæringa. Tre- og skogrelatert forsking er elles i ferd med å få ein sterk internasjonal profil.

Tenester

Det har vore ein stor innsats på forsking for å bidra til auka omfang og lønnsemd i dei tenesteytande næringane i landbruket. Fleire av prosjekta har fokus på både samfunns- og næringsperspektivet, og skal bidra til utvikling av endringsprosessar knytt til reiseliv, kultur, opplevingar og nye bransjar. Det same gjeld forsking knytt til organisering, økonomi og effektar av tenester retta mot helse-, omsorgs- og utdanningssektoren.

Rapporten Kunnskapsstatus og forskningsbehov for forskning for Inn på tunet frå 2008 er utgangspunktet for prioritering av forskingstema og kompetanseoppbygging. Det er i 2010 sett i gang prosjekt på naturbaserte tenester, blant anna innan rehabilitering.

Det er sett i gang 34 nye prosjekt i 2010 innafor det svensk/norske hesteforskingssamarbeidet. Sju av prosjekta er norske, der fire er svensk-norske samarbeidsprosjekt.

Miljø- og ressursforvaltning

Programmet Miljø 2015 finansierar fleire prosjekt rundt emna biologisk mangfald, gjenvinning av landbruksavfall, kulturminnar, fisk- og viltforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringa mellom miljø- og landbruksforvaltning. Det blei mellom anna satt i gang eit prosjekt ved Bioforsk som skal avdekkje prosessar og krefter som ligg bak arealkonfliktar. Målet er å finne strategiar som kan leggjast til grunn for planleggarar, landbruksmyndigheiter og ulike interessegrupper ved spørsmål om nedbygging av matjord.

NORKLIMA har i 2010 avslutta prosjekt som har sett på effektar av klimaendringar på økosystem i landbruket. Det er òg gjennomført ein kunnskapsanalyse og ei konsekvensvurdering omkring etablering av innlandsfiske og innlandsoppdrett som ein næringsveg.

Landbruk og samfunn

Natur og næring sette i 2010 i gong fem prosjekt som tek for seg næringspolitikk. Prosjekta omfattar emne som økologisk landbruk, arealbruk i reindrift i sørsamiske område, generasjonsskifte og rekruttering i jordbruket, strukturendringar og regionale verkemiddel. Matprogrammet sette i gang tre nye prosjekt med fokus mellom anna på rammevilkår og konkurransesituasjon, kommunikasjon med forbrukarar og marknadsanalyseverktøy i dei norske matnæringane.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Norske forskingsmiljø har ein relativt god deltaking innanfor landbruks- og matområdet i EUs 7. rammeprogram. Noreg er òg godt representert i ERA-nettet Wood Wisdom Net 2.

Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research Initiative (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR). Gjennom samarbeidet i SCAR deltek Noreg i ulike samarbeidsgrupper (Collaborative Working Groups, CWG), som mellom anna utarbeider felles plattformar for forskingsbehov, infrastruktur m.m. Innan landbruks- og matforskinga deltek Noreg i CWG innan Climate Change and Agriculture og Animal Health and Welfare.

Konseptet om felles programsamarbeid (Joint Programming Initiatives -JPI) er vidareutvikla i 2010. Noreg deltek aktivt i utviklinga av to JPIar på Landbruks- og matområdet; Agriculture, Food Security and Climate Change og A Healthy Diet for a Healthy Life. Målet med JPIane er koordinerte nasjonale satsingar, infrastruktur, og løyvingar for å oppnå betre ressursutnytting og finne felles løysingar på felles utfordringar.

Nord-Amerika-samarbeidet innanfor mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt er blitt vidareutvikla i 2010. Det er mellom anna finansiert opphald for tre gjesteforskarar frå USA og Canada. Forskingstema har vore innanfor bioenergi og fjernmåling av karbonlagring og CO2-binding i skog.

Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ) har innleia ein strategiprosess for å etablere ein nordisk plattform for samarbeid, der òg Nordisk ministerråd er involvert. På det strategiske planet er innsatsen retta mot felles nordiske inngangar til EU-samarbeidet.

Etter klimakonferansen i København i desember 2009 er alliansen «Global Research Alliance on Agricultural Greenhouse Gases» etablert. Alliansen skal bidra til å danne nettverk som fremmer kunnskap som kan redusere utslepp av klimagassar frå landbruket.

Mål 2: God ressursutnytting og hensiktsmessig arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Forskingsrådet koordinerte 63,6 mill. kroner til felles prosjektaktivitetar med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og Jordbruksavtalen (JA) i 2010.

I tilknyting til arbeidet med ei ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken ba departementet Forskingsrådet om å foreta ein gjennomgang av forskingsinstitutta Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Skog og landskap og Veterinærinstituttet, med omsyn til struktur, rollefordeling, organisering og grenseflater og tilknyting til andre forvaltningsorgan under departementet. Ei breitt samansatt gruppe sto for arbeidet og utforma rapporten En robust instituttsektor som blei overlevert departementet i desember 2010. Departementet arbeider med oppfølging av rapporten.

Samanhangen mellom nasjonal og internasjonal forsking blir viktigare, og det er arbeida med å auke oppmerksemda på arbeidsdelinga mellom dei nasjonale programma og EU sitt rammeprogram. Se elles omtale om internasjonalt forskingssamarbeid under mål 1.

Mål 3: Forskingas resultat tas i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultat frå forskinga tas i bruk. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Både brukarstyrte program, dei tematiske programma og nettverksprogram er sentrale for å styrkje kontakten mellom næringsliv og forskingsinstitusjonar. Gjennom VRI-programmet er det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i bedrifter med liten FoU-erfaring. Norsk landbruksrådgjeving er eit bindeled mellom forsking og landbruket, og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane.

Forskingsstrategisk og rådgivande arbeid er avhengig av eit godt kunnskapsgrunnlag. Det blei gjennomført ei ny kartlegging av forskings- og utviklingsarbeidet i landbruks- og matsektoren i 2010.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om å løyve 219,3 mill. kroner til landbruks- og matforsking i 2012. Løyvinga følgjer dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane omtalt i kat. 15.20 og Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forskning og forskningsbasert innovasjon. Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot matområdet, klima, skog og andre naturbaserte verdikjeder.

Frå 2008 har løyvinga over posten auka med vel 60 mill. kroner. Forskingsløyvinga for 2012 bidreg til at FoU-innsatsen innan sektoren blir vidareført på eit høgt nivå. Løyvingane til næringsretta forsking på matområdet og forskingsinnsatsen innafor klima og fornybar energi vil bli prioritert. Departementet vil òg leggje vekt på forsking for å sikre tilgang på nok og trygg mat. Løyvinga er spesifisert under dei tre hovudmåla for Forskingsrådet.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning klargjer dei nasjonalt prioriterte forskingsområda. Landbruks- og matdepartementet legg særskilt vekt på forsking for å bidra til løysing av globale utfordringar, med vekt på klima, energi, miljø og mattryggleik, eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet og næringslivsrelevant forsking innan områda mat, reiseliv, energi, miljø og nye produkt/bruksområde. Tematisk vil forskinga følgje dei fem prioriteringane i departementets Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon.

Mat, helse og forbrukar

Forsking og innovasjon er viktig for å oppretthalde og auke norsk matproduksjon, samt sikre kvalitet, mattryggleik og matsikkerheit. Det er viktig med internasjonal forskingsinnsats på området. Klimaendringar kan gi nye sjukdommar og smittemønster hos planter og dyr. Det er viktig å setje i gong tiltak som avgrensar verknaden av klimarelatert auke i utbreiinga av skadedyr og sjukdommar i plante- og husdyrproduksjonen. Fare for smitte mellom dyr og menneske (zoonosar) skal ha spesiell oppmerksemd. Forvaltningsretta forsking på mattryggleik vil gi kunnskap som kan effektivisere forvaltninga si overvaking og kartlegging innanfor dette området. Auka kunnskap om faren for introduksjon, spreiing og etablering av alvorlege plante- og dyresjukdommar, og kva for betyding dei kan ha for landbruks- og matproduksjonen i Noreg, vil bli prioritert.

Velferd hos husdyr under ulike driftsformer, produksjonsformer og ved klimaendringar er eit viktig innsatsområde. Nye, meir omfattande og strengare regler i Europa for bruken av forsøksdyr gjer dessutan forsking retta mot utvikling av alternativ til dyreforsøk viktig. Jf. òg næringskomiteen si anbefaling i innstillinga til St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.

Bioteknologi har eit stort potensial til å forbetre primærproduksjonen langs heile verdikjeda, noe som blant anna kan bidra til sunnare mat. Forsking og utvikling innanfor dette området vil vere viktig.

Tre og energi

I tråd med klimaforliket i Stortinget, St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene– landbruket en del av løsningen, St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og regjeringa sitt arkitekturpolitiske dokument arkitektur.nå (2009) ønskjer departementet å vidareføre forsking og utvikling på fornybare energikjelder, karbonfangst og -lagring, auka bruk av bioenergi og tre som bygningsmateriale.

Mellom anna skal forskinga bidra til auka trebruk, med sikte på varig binding av karbon og miljøvinster ved at tre erstattar materiale som gir meir klimautslepp. Departementet har som mål at norsk forsking på bioenergi og innovativ bruk av tre skal vere på eit internasjonalt nivå, og at sektoren aktivt søkjer internasjonalt samarbeid. Forsking for å nå desse måla, samt for å auke lønnsemda i desse næringane, vil bli prioritert.

Forskingsinnsatsen innanfor biovarme, biogass og biodrivstoff vil bli vidareført. Dette skal vere med på å auke uttak og bruk av biomasse frå skog, òg for nye bruksområde, og betre skognæringas konkurranseevne gjennom berekraftig produksjon. Forsking på biodrivstoff vil bli sett i samanheng med Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) og støtte til demonstrasjonsanlegg for andre generasjon biodrivstoff.

Auka forsking i næringa er avgjerande for den vidare veksten og utviklinga av dei skog- og trebaserte verdikjedene, og det er behov for forsking og utvikling på fleire område. Forskingsrådet skal vidareutvikle samarbeidet med Innovasjon Noreg på skog- og treområdet.

Tenester

Innovasjonsgraden i grønt reiseliv i Noreg skal aukast. I den samanheng er det nødvendig med kunnskap som bidreg til å betre konkurranseevna i næringa.

Dei siste åra er det satsa på Inn på tunet-tenester, og det har vore ein betydeleg auke i tilbydarar av slike tenester. Forsking som sikrar basiskunnskapen om Inn på tunet-tenester, og som kan bidra til auka lønnsemd i verdikjeda gjennom innovasjon og marknadstilpassing av produkt, vil bli vidareført.

Miljø- og ressursforvalting

Klimagassutsleppa frå landbruket må reduserast. Det trengs derfor forsking om utsleppa frå sektoren, og korleis ein kan kutte desse. Det er vidare eit behov for å styrkje og systematisere kunnskap om den samla miljøbelastinga i heile matproduksjonskjeda. Mellom anna er det bruk for kunnskap som aukar forståinga av karbonet og nitrogenet sitt omløp.

Noreg har unike landbruksgenetiske ressursar som utgjer ein del av det biologiske mangfaldet. Kunnskapen om mellom anna berekraftig avl og foredling, samt betre dokumentasjon av genetisk variasjon vil bli vidareført.

Landbruk og samfunn

Forsking på korleis Noreg kan påverke og blir påverka av internasjonale handelsavtaler, EU sin felles landbrukspolitikk og internasjonale konkurranseforhold vil bli prioritert. Forskinga skal synleggjere korleis Noreg best kan tilpasse seg internasjonale forhold gjennom aktiv politikk. Forskinga skal òg sikre samfunnets tillit til sektoren når det gjeld norsk mat, matproduksjon, dyrehald og klima- og miljørelaterte spørsmål.

Problemstillingar som mattryggleik, sikker tilgang på mat og tilgang på sunn mat, krev samfunnsfagleg kompetanse. Denne kompetansen skal vere meir tilgjengeleg og betre utnytta.

Konflikten rundt beitedyr og rovdyr må reduserast. Det trengst derfor meir kunnskap om korleis ein kan kombinere utnytting av beiteressursane i utmarka, kulturlandskapspleie og biologisk mangfald på den eine sida, og interessa for å oppretthalde rovdyrbestanden på den andre sida. Framover er det og behov for auka kunnskap om korleis landbruket bidreg til lokal og regional utvikling, og samspelet mellom landbruk og andre sektorar i lokal og regional samfunns- og næringsutvikling.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Noreg deltek i EUs 7. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling (2007-2013). Så langt har Noregs kontingent vore høgare enn det norske forskarar har henta ut i prosjektstøtte. For å styrkje utbyttet frå rammeprogrammet er det framleis nødvendig med aktiv deltaking frå norsk side. Landbruks- og matdepartementet ønskjer å stimulere aktuelle norske forskingsmiljø til økt deltaking i rammeprogrammet.

Mål 2: God ressursutnytting og høveleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Noreg skal ha forskingsmiljø på landbruks- og matområdet som er i internasjonal toppklasse. Dette krev deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid. Noregs forskingsråd må derfor kontinuerleg arbeide for auka norsk deltaking i prosjekt i EU sitt 7. rammeprogram, europeiske randsoneprogram samt andre internasjonale samarbeidsformer innanfor landbruks- og matforskinga. I tråd med regjeringa sin strategi for Noreg sitt samarbeid med EU om forsking og utvikling, skal dei nasjonale forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet styrkje sitt strategiske, tematiske og finansielle samspill med EU-forskinga. Framover vil det vere viktig at Noreg posisjonerer seg riktig og deltek i utviklinga av det kommande rammeprogrammet, Horisont 2020. Departementet og Forskingsrådet har eit særskilt ansvar for å følgje opp dette.

Nordisk komité for jordbruks- og matforsking, NKJ, skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa, og vere ein felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Bruk av NordForsk som sekretariat for dette nordiske samarbeidet styrkjer desse rollene. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på at ein i 2012 vidareutviklar og utnytter dei forbetringane i det nordiske forskingssamarbeidet som det blei lagt til rette for i 2010. Samarbeidet skal både omfatte konkrete nordiske problemstillingar og gi nødvendig plattform for felles nordiske internasjonale initiativ.

Departementet har betydelege forventningar til konkrete resultat av det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika, både når det gjeld prosjektsamarbeid og forskarutveksling.

For å oppnå ei best mogleg ressursutnytting og resultatoppnåing av samla ressursbruk, må det leggjast til rette for ei dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet. Mellom anna skal samarbeidet mellom Forskingsrådet og dei ulike næringsfonda vidareutviklast.

Mål 3: Forskingas resultat tas i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

Landbruks- og matdepartementet ønskjer auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, SIVA og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren. Forsking og formidling er sentralt for å auke kunnskapselementet i vare- og tenesteproduksjonen. Den næringsrelevante forskinga og formidlinga skal støtte lokale og regionale innovasjonssystem. Midlane til Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) vil òg bli vidareført i 2012.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til dei fem forskingsinstitutta innanfor landbruks- og matsektoren: Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima strategiske midlar innanfor denne basisløyvinga.

Bioforsk og Veterinærinstituttet blir omtalt nærare i kap. 1112, og NILF og Norsk institutt for skog og landskap i kap. 1141. Norsk senter for bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstiftelse og bidreg med samfunnsvitskapeleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar.

Formål med løyvinga

Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor, med evne til å tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområdet. Dei statlege løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging.

Basisløyvinga er todelt. Den eine delen er ein delvis resultatbasert grunnløyving. Den andre delen er strategiske instituttprogram.

Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar for å byggje opp under institutta sine formål og strategi, mellom anna fleirårige og langsiktige forskingsprosjekt, nettverksbygging, internasjonalisering, publisering og anna formidling, langsiktig kompetanseutvikling og investering i vitskapelig utstyr.

Strategiske instituttprogram skal bidra til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging på forskingsfelt av særskilt interesse for sektoren.

Resultatrapport 2010

Dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta har auka dei samla driftsinntektene med 35 pst. frå 2006, tilsvarande en årlig vekst på nær 8 pst. Inntekta kommer frå offentlig forvaltning (inkl. Noregs forskingsråd), norsk næringsliv, utlandske og andre kjelder. Det er store skilnader i finansieringsstrukturen mellom institutta.

Tabell 2.3 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2010.

Driftsinntekter1

Driftsresultat

Grunnløyving2

Løyving til strategiske instituttprogram2

Basisløyving per . forskarårsverk

Basisløyving i prosent av driftsinntektene

mill. kr

mill. kr

mill. kr

mill. kr

mill. kr

Prosent

Bioforsk

438,5

13,6

76,6

11,8

0,39

20

Bygdeforskning

25,2

-0,4

5,9

2,0

0,44

31

NILF

53,0

0,2

7,1

4,3

0,41

21

Norsk institutt for skog og landskap

215,1

6,6

31,8

6,0

0,56

18

Veterinærinstituttet

316,8

0,7

15,5

6,1

0,15

7

Sum

1 048,6

20,7

136,9

30,2

Gjennomsnitt (vekta)

0,35

16

1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

2 Tall basert på rapportert forbruk.

Kjelde: 

Nøkkeltall frå NIFU

Publikasjonspoeng er eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som gir et mål på vitskapeleg produksjon av fagfellevurderte artiklar i tidskrift/antologiar og monografiar. Det er store skilnader frå år til år og mellom institutta. Landbruks- og matdepartementet følgjer saman med Forskingsrådet nøye med på utviklinga.

Tabell 2.4 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2010.

Samla årsverk

Forskarårsverk i prosent av samla årsverk

Tilsette med dr. grad per . forskarårsverk

Talet på publikasjonspoeng

Publikasjonspoeng per . forskarårsverk

Tal

Prosent

Forh. tal

Tal

Forh. tal

Bioforsk

412

55

0,69

83

0,37

Bygdeforskning

22

78

0,63

20

1,16

NILF

64

44

0,64

12

0,44

Norsk institutt for skog og landskap

216

31

0,90

28

0,41

Veterinærinstituttet

336

43

0,77

80

0,55

Sum

1 050

223

Gjennomsnitt (vekta)

46

0,74

45

0,46

Bioforsk

Bioforsk hadde eit driftsresultat på 13,6 mill. kroner i 2010, mot 9,3 mill. kroner i 2009. Instituttet har i 2010 nytta 88,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordeler seg med 76,6 mill. kroner i grunnløyving og 11,8 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttprogram (SIP). Basisløyvinga utgjorde 20 pst. av Bioforsk sine inntekter i 2010. Det var 412 årsverk i Bioforsk i 2010, mot 408 i 2009. Til saman 226 av årsverka er forskarar, opp frå 224 året før. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 106 artiklar i periodika og seriar og 24 artiklar i antologiar. Bioforsk oppnådde 0,37 publikasjonspoeng per forskarårsverk.

Bygdeforsking

Bygdeforsking hadde eit negativt driftsresultat på -0,4 mill. kroner i 2010, mot eit resultat på 0,1 mill. kroner i 2009. Instituttet har i 2010 nytta 7,9 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordeler seg med 5,9 mill. kroner i grunnløyving og 2,0 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttprogram (SIP). Basisløyvinga utgjer 31 pst. av Bygdeforsking sine driftsinntekter, ei auking på 4 prosentpoeng frå 2009. Det var 22 årsverk i Bygdeforsking i 2010, mens det i 2009 var 21. 18 av årsverka er forskarar, mot 16 året før. Bygdeforsking oppnådde 1,16 publikasjonspoeng per forskarårsverk, opp frå 0,39 i 2009.

Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2005-2010. Instituttet har i 2010 nytta 11,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, ein auke på 0,9 mill. kroner frå 2009. Basisløyvinga har i perioden 2005-2010 auka frå 18 pst. av samla driftsinntekter i 2005 til 22 pst. i 2010. Det var 64 årsverk i NILF i 2010, ei auke på 2 frå året før. På grunn av endra statistikkgrunnlag kan talet ikkje samanliknast direkte med tidlegare år. NILF fekk godkjent 0,44 publikasjonspoeng per forskarårsverk.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsoverskot på 6,6 mill. kroner i 2010, mot 3,3 mill. kroner i 2009. Instituttet nytta ei basisfinansiering frå Forskingsrådet på 37,8 mill. kroner, ein auke på 2,1 mill. kroner frå 2009. Basisløyvinga er fordelt mellom 31,8 mill. kroner i grunnløyving og 6,0 mill. kroner i strategiske instituttprogram. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap utgjorde 18 pst., det same som året før. Instituttet hadde 216 årsverk i 2010, der forskarar utgjorde 67 årsverk. Tilsvarande tal for 2009 var forholdsvis 206 årsverk og 63 forskarårsverk. Norsk institutt for skog og landskap oppnådde 0,41 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2010, det same forholdstalet som i 2009.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet hadde i 2010 eit driftsresultat på 0,7 mill. kroner, mot eit negativt driftsresultat på -2,5 mill. kroner i 2009. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 21,6 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2010, ei auke på 0,4 mill kroner frå 2009. Basisløyvinga er fordelt mellom ei grunnløyving på 15,5 mill. kroner og 6,1 mill. kroner til strategiske instituttprogram. Basisløyvinga utgjorde 7 pst. av driftsinntektene til instituttet. Instituttet hadde 336 årsverk i 2010, der forskarar utgjorde 144 årsverk. Tilsvarande tal for 2009 var forholdsvis 347 og 154. Veterinærinstituttet hadde 0,55 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2010, mot 0,52 i 2009.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 186,1 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving og strategiske instituttprogram med meir.

Departementet foreslår å auke basisfinansieringa av instituttsektoren med 5 mill. kroner. Satsinga vil innebere ei strategisk satsing på matområdet som òg skal styrkje det faglege samarbeidet mellom forskingsinstitutta.

Ut over dei fem institutta som departementet har sektoransvar for, får Nofima midlar til strategiske instituttprogram i 2012 innanfor denne løyvinga. Nofima er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon innanfor grøn og blå sektor.

Det er vidare sett av 0,3 mill. kroner til Nordiske jordbruksforskarar si foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.

Basisløyvingar til forskingsinstitutt

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet er felles ansvarlege for grunnløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF), Nofima AS, SINTEF Fiskeri og havbruk, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet.

Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. For 2012 vil departementet vidareføre den resultatbaserte omfordelinga på 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta. Omfordelinga skal vurderast på nytt for 2013.

Inntil 30 pst. av basisløyvinga på fordelingsarenaen for primærnæringsinstitutta kan nyttast til strategiske instituttløyvingar. Som ein del av oppfølginga av gjennomgangen av eigne forskingsinstitutt, vil departementet i løpet av 2012 vurdere dei ulike elementa i finansieringssystemet for forsking og kunnskapsutvikling i sektoren. Målet er ein best mogeleg samla strategisk innretning av bruken. Departementet vil komme tilbake til ordninga med strategiske satsingar i denne samanhengen.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Post 53 Omstillingsmidlar, instituttsektoren o.a.

Vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) Om framtidig lokalisering og organisering av Norges veterinærhøgskole fører med seg store investeringar i infrastruktur. Det er i den samanhengen nødvendig å sikre at ein samla får til mest mogleg funksjonelle lokalitetar og legg til rette for å utnytte potensialet for faglege og administrative synergiar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Nofima og Norsk institutt for skog og landskap.

Resultatrapport 2010

Løyvinga over posten har i 2010 mellom anna gått til å dekkje delar av Veterinærinstituttet sine kostnader knytt til flytteprosessen. Prosjektet består av både planlegging av bygget og dei nødvendige organisasjonsutviklingsprosessane som må gjennomførast for å tilpasse instituttet til nye utfordringar.

Noregs forskingsråd gjennomførte i 2010 ein gjennomgang av Landbruks- og matdepartementet sine forskingsinstitutt. Ei breitt samansatt gruppe sto for arbeidet og utforma rapporten En robust instituttsektor som blei overlevert departementet i desember jf. omtale under kap. 1137 post 50.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei løyving på 4,1 mill. kroner. Løyvinga blir sett av til å dekkje delar av Veterinærinstituttet kostnader i samband med flyttinga til Ås, samt til arbeid med å vidareutvikle synergiane i instituttsektoren.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

27 491

37 520

28 826

-23,2

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

32 810

39 584

37 670

-4,8

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

118 112

118 112

118 112

0,0

1143

Statens landbruksforvaltning

328 955

357 218

348 386

-2,5

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

6 471

6 592

6 592

0,0

1147

Reindriftsforvaltninga

62 163

60 353

61 787

2,4

1148

Naturskade – erstatningar

47 679

90 000

88 000

-2,2

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

100 724

65 756

73 248

11,4

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

12 912 474

13 337 606

13 729 102

2,9

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

103 510

101 000

102 000

1,0

1161

Statskog SF – forvaltningsdrift

23 969

21 969

21 969

0,0

1162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

1 714 900

Sum kategori 15.30

15 479 258

14 235 710

14 615 692

2,7

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

4138

Støtte til organisasjonar m.m.

2 137

7 194

-100,0

4143

Statens landbruksforvaltning

45 858

35 622

36 726

3,1

4147

Reindriftsforvaltninga

682

36

37

2,8

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

38 023

10 000

27 700

177,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

10 000

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

738 342

738 767

242 000

-67,2

Sum kategori 15.30

825 043

791 619

316 463

-60,0

Mål og strategiar

Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelte i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Hovudmålet, delmåla og hovudstrategiane for landbruks- og matpolitikken er omtalt i proposisjonen sin innleiande del, sjå kap. 1. For omtale av landbruksforvaltninga, matpolitikk og forsking, sjå kat. 15.00, 15.10 og 15.20.

Programkategori 15.30 omhandlar verdiskaping, ressursforvaltning og miljøtiltak som skal gi bidrag til god måloppnåing i landbruks- og matpolitikken. Måloppnåinga har grunnlag i ein brei verkemiddelbruk som for ein stor del er knytt til den årlege jordbruksavtalen.

Skatte- og avgiftssystemet legg òg rammer for næringsutvikling og verdiskaping i jordbruket og næringsmiddelindustrien, i skogbruket og ved produksjon av bioenergi og for anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skatt og avgifter verkar inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbruket sine ressursar, noko som òg har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar. Skatte- og avgiftsspørsmål er ikkje nærare omtalt her. For ein samla omtale av skatte- og avgiftsopplegget, sjå Prop. 1 LS (2011-2012) frå Finansdepartementet.

Tiltaka i kat. 15.30 rettar seg særleg mot desse delmåla:

  • Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

  • Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

  • Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet, og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

  • Ei livskraftig reindriftsnæring.

Landbruket og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Samstundes vil regjeringa leggje til rette for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna gjennom utnyttinga av heile bredda av ressursar i landbruket. Landbruks- og matpolitikken skal medverke til eit meir miljøvennleg landbruk. Landbruket kan òg gi positive bidrag i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Det er derfor eit mål å fremje og forsterke gode klimatiltak i landbruket.

Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. Kategoriomtalen her gir derfor òg ein omtale av internasjonale perspektiv og samarbeid med stor relevans for landbruket.

Prioriteringane for 2012 er òg basert på St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Departementet følgjer no opp tiltak frå denne meldinga.

Tilstandsvurdering

Internasjonale forhold – klimautfordringar, landbruk og mat

FNs klimapanel har i ein serie rapportar lagt fram dokumentasjon som viser at utsleppa av klimagassar fører til global oppvarming og eit endra klima. Klimakonvensjonen har som mål å oppnå stabilisering i konsentrasjonen av drivhusgassar i atmosfæren på eit nivå som vil forhindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. I konvensjonen er det nemnt at vi bør nå dette nivået innanfor ei tidsramme som er tilstrekkeleg til at økosystema vil kunne tilpasse seg naturleg til klimaendringar, til å sikre at produksjonen av mat ikkje er trua og til å gjere det mogleg å oppnå ei bærekraftig økonomisk utvikling. Det hastar med internasjonal og nasjonal innsats og større grad av samarbeid for å få til eit skifte i retning av auka landbruksproduksjon på ein klimavenleg måte.

Regjeringa har i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, i St.meld. nr. 13 (2008-2009) Klima, konflikt og kapital og seinast i Meld. St. 14 (2010-2011) Mot en grønnere utvikling, lagt stor vekt på samanhengane mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat. Noreg har òg hatt dette som eit punkt for drøfting i dei internasjonale klimaforhandlingane og i arbeid med jordbruk og klima i andre internasjonale fora. Målet er å støtte opp under konkrete tiltak for ein meir klimasmart vekst i produktiviteten i jordbruket, under dette òg samfinansiering mellom offentlege og private aktørar. Noreg vil auke sin landbruksbistand som eit ledd i ein internasjonal satsing for å styrkje landbruket i fattige land, jf. Meld. St. 14 (2010-2011) Mot en grønnere utvikling.

St.meld. nr. 39 (2008-2009) legg stor vekt på berekraftig skogbruk og skogen si rolle i klimasamanheng. Noreg er med i fleire internasjonale prosessar der siktemålet er berekraftig skogbruk. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal ikkje-bindande skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg deltek aktivt i oppfølging av vedtaka i UNFF, men vil òg arbeide vidare for meir forpliktande avtalar om skogforvaltning internasjonalt. Forest Europe står heilt sentralt i det skogpolitiske samarbeidet i Europa, og legg mellom anna til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg har hatt leiarskapen i Forest Europe frå 2008 til 2011, og arrangerte saman med Spania ein ministerkonferanse i Oslo i juni 2011. Ministerkonferansen vedtok mål og visjonar for den vidare prosessen, og landa blei einige om å starte arbeidet med å utvikle ein juridisk bindande europeisk skogavtale. Regjeringa arbeider for at skog skal få ein meir sentral plass i ein ny klimaavtale. Noreg har lansert eit eige klima- og skoginitiativ for å bidra til redusert avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland. Skogen er òg eit viktig element i konvensjonen om biologisk mangfald. Noreg skal ha ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i slike prosessar.

Regjeringa legg til grunn at det skal kunne vere aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar for norsk jordbruk i forhandlingane i verdas handelsorganisasjon (WTO), og vilje til nasjonale tiltak for å styrkje landbruket med basis i ein avtale. Frå norsk side har det i WTO-forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som, i tillegg til produksjon og handel, tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald, tilgang til nok og trygg mat og levande bygder. Noreg samarbeider med andre land i den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg inneheld denne gruppa mellom anna Japan, Sveits, Sør-Korea og Taiwan. For alle desse landa er det sentralt å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang. Det har ikkje vore vesentleg framgang i landbruksforhandlingane etter 2008.

Òg EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet er viktige område for forhandlingar. I januar 2010 kom Noreg og EU fram til ein avtale om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Avtalen blei underteikna i april 2011, og blir behandla av Europaparlamentet i løpet av 2011. Regjeringa reknar med at den kan tre i kraft 1. januar 2012.

EØS-avtalen omfattar forhold knytt til produksjon av mat, mellom anna dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetning av mat blir i stor grad utforma i samsvar med den internasjonale utviklinga slik dette kjem til uttrykk mellom anna i EØS-avtalen og avtalar i tilknyting til WTO. Sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og overtekne av Noreg som følgje av EØS-avtalen. Samstundes sikrar EØS-avtalen norske bedrifter like vilkår som europeiske partnarar og konkurrentar på dette området, noko som opnar for fleire moglegheiter innanfor den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet er ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.

Gjennom EFTA-samarbeidet har Noreg inngått ei rekkje frihandelsavtalar om landbruk. Det blir mellom anna forhandla om vilkår for marknadstilgang og nasjonal støtte til landbruket. For Noreg er det viktig at desse avtalane ikkje hindrar vidareføring av ein nasjonal landbrukspolitikk. Noreg forhandlar for tida om frihandelsavtalar mellom anna med store og viktige landbruksland som Kina, India, Indonesia og med tollunionen mellom Russland, Kviterussland og Kasakhstan.

Innanfor ramma av dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering har dei nordiske landa arbeidd med eit treårig prosjekt om konsekvensar av klimaendringar for primærnæringane. Prosjektet tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar for å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området. Prosjektet skal strekkje seg til 2012 med sikte på vidare drøfting og ei felles nordisk tilråding det året.

Nordisk genressurssenter (NordGen) har ansvaret for drifta av Svalbard Globale Frøhvelv. Ved utgangen av 2010 var 600 000 frø frå 227 land deponert på Svalbard. Noreg har vore pådrivar for å ta opp den langsiktige finansieringa av oppgåvene til NordGen. I mai 2010 blei rapporten om framtida for NordGen («NordGen säkrar biologisk livsgrund för nutid och framtid») lagt fram. Den tek opp både faglege og økonomiske spørsmål og peikte mellom anna på at NordGen over tid har vore underfinansiert i forhold til dei oppgåver institusjonen skulle løysa. Framtida for NordGen blei drøfta på ministermøte i København i mars i 2011 og i Finland i juli. Det skal arbeidast vidare med finansieringa, og rapporten blir supplert med ein politisk visjon for NordGen og det nordiske genressurssamarbeidet, som skal greiast ut hausten 2011. Det er òg gjort avtale om eit partnarskap om frøforedling mellom dei nordiske landa og dei verksemdene og institusjonane som er engasjerte i planteforedling i Norden. Partnarskapet har som mål å nytte dei nordiske genressursane betre for å styrkje planteforedlinga og startar opp to prosjekt i 2011.

Departementet arbeider aktivt for å styrkje det arbeidet FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) gjer med matsikkerheit og berekraftig ressursforvaltning. Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, FN sin konvensjon om biologisk mangfald og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Departementet støtter arbeidet for å få tilslutning frå OECD-land til å støtte plantetraktatens «Benefit Sharing-fond». Fondet er oppretta for å stimulere til å utvikle og til å ta vare på plantegenetiske ressursar hos den enkelte bonde, særleg i utviklingsland. Dette skal bidra til å auke utviklingslanda sine moglegheiter til å forbetre og nytte kulturplantene i eigen matproduksjon. Det norske bidraget til fondet, som utgjer årleg 0,1 pst. av såvareomsetnaden i Noreg med 775 000 kroner i 2010, bidrar mellom anna til å auke ressursane til foredling av matplanter som er tilpassa område som kan bli råka av klimaendringar.

Satsinga på nordisk mat blir vidareført i eit nytt program som starta opp i 2010, Ny Nordisk Mat II, der dei nordiske landa vil leggje stor vekt på kommunikasjon og bygging av nettverk for mellom anna å utveksle kunnskap og erfaring frå dei nasjonale satsingane på mat.

Målet om nasjonal matforsyning

Regjeringa vil medverke til å oppretthalde levedyktige gardsbruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil, og til at heimemarknaden blir dekt med produkt vi har naturleg grunnlag for å produsere i Noreg.

Regjeringa har styrkt grunnlaget for eit aktivt jordbruk over heile landet. Det er særleg gjort ved å forbetre inntektsmoglegheitene vesentleg, spesielt i det grasbaserte husdyrhaldet som dominerer i distrikta.

Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 8 pst. det siste tiåret. Det er særleg svin, fjørfe og egg som aukar. For det grovfôrbaserte husdyrhaldet er produksjonen forholdsvis stabil. Desse trendane er i tråd med endra etterspørsel. Hovudbiletet for fordelinga av husdyrprodukta er at auken i produksjonar med vekst kjem i sentrale område, mens produksjonen elles er meir stabil på regionnivå. Den sterke produksjonsauken for kylling har komme i Trøndelag, i Rogaland og på Austlandet. Veksten i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Veksten i svinekjøttproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland. Kvoteordninga sikrar geografisk stabilitet i mjølkeproduksjonen, likevel har Rogaland auka sin del av produksjonen med eitt prosentpoeng. Sidan 1999 har talet på ammekyr auka med 75 pst. på Austlandet og arealet med eng og beite har auka med om lag 200 000 dekar.

Produksjonen av planteprodukt over ein tiårsperiode varierer meir enn for husdyrprodukta, og den underliggjande produksjonsutviklinga er noko vanskelegare å fastslå. Produksjonen av korn, poteter og særleg blomster, har falle det siste tiåret. Reduksjonen i produksjonen av korn, skyldast redusert areal og berekna negative avlingstrendar for kveite og havre, mens utviklinga for bygg er positiv. Det er gode utsikter i marknaden for auka kornproduksjon. Produksjonen har auka for grønsaker og hagebær. Fruktproduksjonen auka svakt i byrjinga av perioden, men har falle dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore ustabile både grunna nasjonale forhold og importpress. Produksjonen av blomster har falle med om lag 23 pst. dei siste ti åra. Det er særleg produksjonen av snittblomster som mistar marknadsdelar til import.

Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2020. Om lag 5,7 pst. av det samla jordbruksarealet blei ved utgangen av 2010 drive økologisk. Økologiske produkt utgjer omlag 1 pst. av total omsetnad av matvarer. I 2010 flata veksten i marknaden ut og produksjonen blei større enn etterspørselen. Omleggingstakta gjekk noko ned i 2010, og talet på driftseiningar med godkjend økologisk drift er i overkant av 2 800.

I april 2011 la eit utval oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet fram NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt. Utvalet vurderer at det har skjedd ei betydeleg maktforskyving i favør av paraplykjedene i daglegvarehandelen, og at endringane er varige. Blant leverandørane har dei med dei største og sterkaste merkevarene enda ein betydelig innflytelse, mens mindre leverandørar og svakare merker opplever mindre eller liten innflytelse over eigne vilkår. Ytterpunkta i verdikjeda, kjøpmannen og primærprodusenten, har liten innsikt i og påverknad på prissetjinga og -grunngjevinga, og liten eller inga innverknad på eigne vilkår. Rapporten frå Matkjedeutvalet er på høyring fram til 1. desember 2011.

Målet om berekraftig og klimariktig ressursforvaltning

Regjeringa har som mål å sikre ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet. Redusert forureining og redusert bruk og risiko knytt til bruken av plantevernmiddel er element i dette.

Regjeringa arbeider etter eit mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. I 2010 blei 6 700 dekar dyrka mark omdisponert til andre føremål. Dette er 20 prosent mindre enn året før, og det lågaste registrerte talet for omdisponering sidan 1980. Regjeringa meiner at dette målet har vore viktig for jordvernet, og vil vidareføre målet om eit sterkt jordvern.

Aktivt landbruk i heile landet har skapt kulturlandskap, eit rikt naturmangfald, og kulturminne og kulturmiljø. Overvakingsprogrammet for kulturlandskapet (3Q), som måler endringar i jordbrukslandskapet, viser at det over ein femårsperiode er svært liten endring i arealstrukturen i jordbruket. Det er likevel grunn til å følgje utviklinga nøye, og sjå til at kulturlandskapsmangfaldet blir tatt vare på samstundes som landbruket utviklar seg med nye metodar og driftsformer.

Arbeidet med genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter og skogtre og dei ville slektningane deira, dreier seg mellom anna om å ta vare på mangfaldet og å ta det i bruk. Det norske genressurssenteret sitt arbeid i perioden 2006-2010 blei evaluert i 2010. Konklusjonen er at senteret har oppnådd gode resultat og nådd langt med ressursane gjennom eit stort nettverk av aktører, men òg at organiseringa av genressursarbeidet kan forenklast noko. Det er starta opp arbeid med å utvikle nye handlingsplanar som byggjer på tilrådinga frå denne evalueringa. Kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon er eit viktig ledd i dette. Genressursar og vidare planteforedling vil òg spele ei sentral rolle i tilpassinga til endra klima, jf. òg St.meld. nr. 39 (2008-2009).

Frølageret på Svalbard er viktig for å sikre det genetiske mangfaldet ved at ei viss mengd frø frå viktige matplanter frå heile verda blir tekne vare på for framtidige generasjonar. Noreg eig og driftar lageret, mens frøa er eigd av dei landa som har deponert dei. Ved utgangen av 2010 var ein halv million frø frå 227 land deponert på Svalbard. Den store interessa for sikringslageret frå media i inn- og utland kan bidra til å auke allmenta si forståing for å ta vare på det biologiske mangfaldet og genetiske ressursar.

Dei økonomiske verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram, jf. jordbruksavtalen, skal leggje til rette for minst mogleg forureining og tap av næringsstoff ved jordbruksproduksjon. Vidare er regelverk som til dømes regelverk for handtering av organiske gjødselvarer og miljøplan med gjødslingsplan og journal for bruk av plantevernmidel med på å hindre forureining. Det er òg lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innanfor landbruket. Det er utarbeida eller er under utarbeiding forvaltningsplanar og tiltaksprogram. Arbeidet skjer i samarbeid med miljøforvaltninga.

Forbruket av mineralgjødsel har hatt ein markant nedgang dei siste åra. Departementet viser til proposisjonen om jordbruksoppgjeret for meir detaljert rapportering på resultat og auka bruk av verkemidla for å betre miljøtilstanden i vatn.

Hovudmålet i handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel som gjeld i perioden 2010-2014 er todelt: Norsk landbruk skal bli mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel og risiko for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel skal reduserast. Ei arbeidsgruppe som er samansett av avtalepartane i jordbruksavtalen følgjer opp Handlingsplanen.

Målet om berekraftig skogbruk

Skogen er leveområde for mange arter, rik på kulturminne og viktig for friluftsliv og folkehelse. Friluftsliv og opplevingsturisme i skog og utmark har eit uutnytta potensial for ny næringsverksemd rundt om i landet. Regjeringa har som mål å sikre eit berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring. Det er skogbruk i alle delar av landet, treindustri i dei fleste kommunane i landet, og enkelte større, internasjonalt orienterte bedrifter som leverer system for bygg og produserer papir. Førstehandsverdien av det tømmeret er normalt på omkring 3 mrd. kroner årleg. Den samla brutto produksjonsverdien frå skogsektoren ligg årleg på mellom 40 og 50 mrd. kroner. Det er eit mål å auke verdiskapinga i heile verdikjeda; frå skogbruksverksemda via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke og anna.

Skogen si viktige rolle i klimasamanheng er stadfesta i dei internasjonale klimaforhandlingane og den nasjonale klimapolitikken, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er skogen sin rolle i klimasamanheng grundig drøfta. Auka hogst på kort sikt kan forsterke opptaket av CO2 i skogen og auka bruk av treprodukt vil bidra til varig lagring av karbon. Det vil òg auke tilbodet av bioenergi som kan fortrengje fossile energikjelder.

Dei norske skogane er rike på virke, og det er viktig å forvalte ressursane ut frå eit langsiktig perspektiv. Den årlege tilveksten ligg mellom 25 og 30 mill. kubikkmeter, mens hogsten normalt har vore rundt 8-11 mill. kubikkmeter. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga til om lag 15 mill. kubikkmeter innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking, og det er òg store skilnader mellom ulike typar eigedommar. Auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne, og mykje av den skogen som kan avverkast i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold, som til dømes i kyststrøka. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av ein god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Skogbruket vidarefører tradisjonen med ei kunnskapsbasert forvaltning med historie tilbake til 1919 da overvakinga av skogressursane gjennom Landsskogtakseringa starta. Ein årleg resultatkontroll omfattar òg gjennomføring av konkrete skogbrukstiltak, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging. Ei viktig kjelde til miljøkunnskap er Miljøregistreringer i Skog (MiS). Kunnskapen er utvikla på bakgrunn av omfattande forskingsinnsats for å identifisere livsmiljø som er særleg viktige for raudlistearter. Gamle trær og daud ved er viktige element for biologisk mangfald. Tal frå Landsskogtakseringa viser at både mengda store og daude trær og mengda daud ved har auka kraftig i løpet av dei siste hundre åra. Årleg blir det produsert om lag 3 mill. kubikkmeter ny daud ved. Dette skulle tyde på at det er grunnlag for ei positiv utvikling for mange raudlistearter i skog.

Handel med tømmer og treprodukt skjer stort sett i ein open verdsmarknad. Mange av bedriftene har internasjonale kontaktflater og blir påverka av endringane i marknadene. Aktiviteten både i skogbruket og i skog- og trenæringa gjekk ned i 2009 som følgje av finansuroa, men den negative utviklinga snudde i 2010 og aktiviteten har auka gjennom 2011. Det er likevel viktig å vere merksam på at aktiviteten kan falle igjen ved ein ny periode med tilsvarande nedgang i verdsøkonomien.

Målet om eit aktivt landbruk

Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna.

I perioden 1979-1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,8 pst. Denne utviklinga har seinare flata ut, og i perioden 1999-2010 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 3 pst. Nedgangen i jordbruksareal kan hovudsakleg forklarast av overgangen til meir presist digitalt kartgrunnlag, som i mange kommunar har gitt ein gjennomsnittleg eingongsreduksjon i arealet på 2,6 pst. Reduksjonen i totalt jordbruksareal i drift frå 1999 til 2010 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg, som har hatt ein reduksjon på mellom 4 og 8,5 pst. Generelt har det vore ein nedgang i dei opne åkerareala og ein auke i eng- og beiteareala.

Fordelinga av talet på jordbruksbedrifter mellom landsdelane har endra seg noko sidan 1989. Frå 1999 til 2010 har den årlege prosentvise reduksjonen vore størst i Agder og Telemark, på Vestlandet og i Nord-Noreg, mens Rogaland har hatt minst reduksjon.

Utviklinga av den geografiske fordelinga av arbeidsforbruket i jordbruket viser om lag det same bildet som endringane i arealbruk på landsdelsnivå. Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsettinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale strok av landet. Desse områda har òg hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsettinga enn andre regionar.

Eigedoms- og busetjingspolitikken spelar ei viktig rolle for å nå målet om eit aktivt landbruk. Det er registrert vel 185 000 landbrukseigedommar i Noreg, der om lag 154 000 eigedommar har bustadhus. I 2010 budde 8,7 pst. av befolkninga på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetting og i småsenterregionar betyr busetnaden på landbrukseigedommar mykje. Her er det forholdsvis 28,1 pst. og 22 pst. av befolkninga som bur på slike eigedommar, mens tilsvarande tal for storbyregionar er 4,2 pst.

I 2010 var om lag 33 000 registrerte landbrukseigedommar med bustadhus utan fast busetting. Norsk senter for Bygdeforsking har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet gjennomført ei utgreiing om lokalisering, tilstand, eigarar og eigarforhold på eigedommar utan busetting, og sett på kva faktorar som hemmar og fremmar omsetnaden av landbrukseigedommar utan busetting. Utgreiinga visar at det er dei sosiale og kjenslesame relasjonane til eigedommane, og spesielt bindingar mellom slekt og eigedom, som i fremste rekkje hindrar eigarar som ikkje sjølv bur på eigedommen sin i å selje. I tillegg vil mange behalde eigedommen som fritidsbustad. Departementet vil sjå nærare på forslaga som kjem fram i utgreiinga.

Kunnskapssamfunnet fører til større krav til kompetanse i landbruket, som elles i samfunnet. Sektoren må sikrast kompetent arbeidskraft gjennom bevisst satsing på utdanning som er relevant. Ulike vegar til natur- og landbrukskompetanse må sikrast for ungdom og vaksne som ønskjer å gå inn i aktiv landbruksproduksjon og i dei naturbaserte tilleggsnæringane som har vore i vekst lenge.

Det er sett i gang fleire prosjekt som skal stimulere til auka rekruttering til næringa og landbruks- og matfagleg utdanning. Dei som driv aktivt i næringa har bruk for eit tilbod om kompetanseheving for å kunne vidareutvikle bedrifta og møte nye krav. Etter- og vidareutdanning i landbruket er i tillegg viktig ettersom mange tek over gardsdrifta i vaksen alder, og då ofte med utdanning og arbeidserfaring frå andre sektorar.

Skognæringa har saman med utdanningsinstitusjonane òg teke tak i utfordringane, blant anna gjennom etablering av ei trainee-ordning for skogbruksstudentane, samt ei tiltakspakke der stipend og auka fagleg støtte skal bidra til å auke rekrutteringa til fagområdet.

Målet om ei livskraftig reindriftsnæring

Mål og retningslinjer for reindriftspolitikken går fram av St. meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som Stortinget har lagt vekt på ved behandling av dei årlege reindriftsavtaleproposisjonane og statsbudsjetta.

Hovudstrategien er å skape ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogeleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta sine utfordringar er mange og samansette. Talet på rein og andre nødvendige vilkår blir no følgt opp gjennom reindriftslova sine reglar om bruksreglar. Godkjente bruksreglar er det sentrale verktøyet i ressursforvaltninga etter reindriftslova av 2007, og eit nytt instrument både for næringa og myndigheitene. Myndigheitene sitt arbeid har etter at lova trådde i kraft vore konsentrert om å rettleie og følgje opp næringa sitt arbeid med bruksreglane. I løpet av 2011 skal alle distrikt få godkjent sine bruksreglar og talet på rein. Oppfølging og kontroll av desse reglane vil derfor vere ei viktig oppgåve for myndigheitene framover. Det er òg utarbeidd eigne forskrifter for brot på bruksreglane. Målet med forskriftene er å gi distrikta og den enkelte reineigaren klare rammer for ressurstilpassinga si.

Tal frå totalkalkyla sitt regnskap viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen skyldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i produsentprisen. I tillegg har det vore ein auke i kostnadene.

Satsingar og prioriteringar

Internasjonale forhold – prioriteringar i 2012

Det internasjonale arbeidet blir krevjande òg i 2012.

Klimaforhandlingane blir ført vidare. Departementet meiner den vidare utviklinga i forhandlingane omkring arealbruk, arealbruksendringar og skog er særs viktig, og vil prioritere medverknad i forhandlingane høgt. Ei betre integrering av jordbruk og trygg mat i klimaforhandlingane krev både engasjement og brei støtte. Det er på dette området viktig å sikre eit godt samarbeid med FN, Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland.

FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er den sentrale organisasjonen for fagleg og politisk samarbeid på fleire felt innanfor jordbruk, trygg mat og skog. Arbeidet i FAO fører fram mot felles forståing av utfordringane framover og viktige felles prioriteringar. Departementet vil leggje stor vekt på å medverke i FAO sitt arbeid, for å fremme norske interesser og å bidra til berekraftig utvikling verda over. Her står òg arbeidet med genetiske ressursar sentralt. Regjeringa legg opp til å auke innsatsen på landbruk innan utviklingspolitikken.

Det vil ligge store og utfordrande oppgåver i oppfølging av den historisk viktige Forest Europe- ministerkonferansen. Særleg forhandlingane om ein europeisk skogavtale vil bli krevjande.

Departementet vil følgje opp arbeidet i United Nations Forum on Forests (UNFF) og førebuingane til Rio+20.

WTO-forhandlingane vil ikkje bli avslutta i 2011. Det blir no arbeidd med å sy saman eit framlegg fram mot ministermøtet i WTO i desember 2011. Arbeidet vil halde fram i 2012, men det er lite truleg at det vil resultere i ei ny WTO-avtale på kort sikt. Den eksisterande WTO-avtalen gir òg utfordringar for norsk landbruk. Departementet må om nødvendig tilpasse verkemiddelbruken i landbrukspolitikken slik at Noreg held seg innanfor dei avgrensingane vi har når det gjeld å gi produksjonsretta landbruksstøtte.

EU vedtok i 2010 ei forordning som skal regulere sal av tømmer for å hindre omsetnad av ulovleg hogd tømmer. Dette skal gjerast ved å innføre eit såkalla due diligence-system, der kvar operatør er forplikta til å gjere ei vurdering av risikoen for at tømmeret er ulovleg hogd. Forordninga vil bli relevant for Noreg, og Miljøverndepartementet arbeider med å følgje opp dette saman med Landbruks- og matdepartementet.

Departementet vil ta aktivt del i det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, FN sin konvensjon om biologisk mangfald og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard.

Målet om nasjonal matforsyning

Landbruket si viktigaste oppgåve er å produsere trygg og rein mat for Noregs befolkning.

I dei siste åras jordbruksavtalar har det blitt lagt til rette for eit inntektsløft for jordbruksbedriftene. Avtalane har prioritert det grasbaserte husdyrhaldet, beiting med husdyr, og forbetring av velferdsordningane. Distrikts- og strukturprofilen i budsjettstøtta og investeringsverkemidla er styrka for å bidra til å nå målet om eit landbruk over heile landet. Miljøtiltaka er ytterligare målretta, og det er starta eit arbeid med å følgje opp klimautfordringane i sektoren.

I jordbruksoppgjera er det lagt til rette for ein inntektsvekst frå 2006 til 2011 på nesten 54 pst. eller om lag 84 900 kroner per årsverk. Anslaget tek utgangspunkt i prognosar for den økonomiske utviklinga per mai 2011. Siste års jordbruksavtale gir grunnlag for ein inntektsvekst på 10,25 pst., eller om lag 25 000 kroner per årsverk i 2012, i forhold til 2011 før oppgjer, når verdien av jordbruksfrådraget er inkludert. Avtalen prioriterer husdyrhaldet i distrikta og kornproduksjonen, og det er teke omsyn til svakare inntektsutvikling i jordbruket frå 2006 til 2011 enn det partane la til grunn for avtalen i 2010.

Avtalen er basert på ei målprisauke frå 1. juli 2011 som gir ein prisvekst for forbrukaren på 0,7 prosent. Avtalen er vidare basert på at Regjeringa vil gjere framlegg om å avvikle matproduksjonsavgifta i statsbudsjettet 2012, jf. Prop. 1 LS (2011-2012). Totalt blir avgiftsletta om lag 615 mill. kroner, og 280 mill. kroner vil gjelde norskproduserte jordbruksvarer. Avgiftsletta gir grunnlag for ein ytterlegare målprisauke for produsentane frå 1. januar 2012 som ikkje gir prisvekst for forbrukarane.

For tiltak over statsbudsjettet er direkte tilskott til bøndene prioritert. Den samla løyvinga over statsbudsjettet blir foreslått auka med 365 mill. kroner. Omdisponeringar innanfor budsjettet gjer det mogeleg å auke løyvingane til areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, driftstilskott og beitetilskott med til saman 524 mill. kroner. For ungdom som vil satse i landbruket, har både anledning til god inntekt og gode velferdsordningar mykje å seie. Avtalen gir betre investeringsordningar for jordbruket, og velferdsordningane blir styrkt. Løyvingane til miljøtiltak blir foreslått auka med nesten 210 mill. kroner. Innsatsen for kulturlandskapet, regionale miljøprogram og den kommunale ordninga med spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap vil bli forsterka.

Regjeringa vil gjere framlegg om å heve trygdeavgifta for næringsinntekt i jord- og skogbruk til ordinær sats frå 2012. Regjeringa vil vidare gjere framlegg om å auke jordbruksfrådraget ved likninga. Samstundes er løyvinga til folketrygda frå jordbruksavtalen omdisponert til inntektsgjevande tiltak, slik at jordbruket ikkje taper på omlegginga av systemet.

Departementet viser til omtale i Prop. 1 LS (2011-2012) frå Finansdepartementet om Skatte-, avgifts- og tollvedtak. For å stimulere til auka investeringar og auka produktivitet og lønnsemd i landbruket, foreslår regjeringa fleire justeringar av skatteregelverket. Endringane vil gjelde frå inntektsåret 2011:

  • Saldoavskrivingane for husdyrbygg blir auka frå 4 til 6 prosent, og avskrivingane for enkle bygningskonstruksjonar blir auka frå 8 til 10 prosent.

  • Innafor det distriktspolitiske verkeområde vil inngangsverdiane for investeringar med BU- tilskott ikkje lenger bli redusert med tilskottet.

  • Grensa for å levere årsoppgave landbruk ved bruk av driftsmidlar i landbruket til tenester for andre, eller ved utleie, blir auka frå 20 prosent til 40 prosent (minimum 60 prosent i eigen landbruksverksemd).

Det gjeldande prinsippet er at avskrivingane skal reflektere det økonomiske verdifallet for driftsmidla. Landbruksbygg blir avskrive med 4 prosent, mens bygningar med enkel konstruksjon og forventa levetid mindre enn 20 år kan avskrivast med 8 prosent. Frå og med inntektsåret 2011 foreslår regjeringa at avskrivingssatsen i saldoavskrivingane for husdyrbygg blir auka frå 4 til 6 prosent. Andre driftsbygningar i landbruket vil fortsett ha ein avskrivingssats på 4 prosent, mens satsen for bygningar med enkel konstruksjon og kort levetid blir foreslått auka til 10 prosent. Desse justeringane er ikkje basert på konkrete vurderingar av bygningane si levetid, men har som hovudformål å fremje produktivitet og lønnsemd i landbruket.

For tilskott til investeringar i landbruket har inngangsverdien som grunnlag for avskrivingar blitt redusert tilsvarande tilskottet. Regjeringa vil endre regelverket for saldoavskrivingar av landbruksbygg med BU- tilskott i det distriktspolitiske verkeområde slik at tilskottet ikkje lenger reduserer avskrivingsgrunnlaget. Dette inneber at BU- tilskott blir skattefrie etter det same regelverket som har vore gjeldande for dei regional- og distriktspolitiske investeringstilskotta frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Næringsdrivande i primærnæringane som òg driv annen registreringspliktig næringsverksemd, må i utgangspunktet levere både omsettingsoppgåve for primærnæringane og alminnelig omsettingsoppgåve. Dersom summen av avgiftspliktig omsetning og uttak i denne andre næringsverksemda ikkje overstig 30 000 kroner, kan den andre verksemda bli tatt med i årsoppgave for jordbruket. Regelverket om årsoppgave gjeld òg ved utføring av tenester for andre med driftsmidlar som hovudsakeleg nyttast i eiga jord- eller skogbruksverksemd, eller ved utleie av slike driftsmidlar. «Hovudsakeleg» har vore definert som at 80 prosent av bruken må vere i primærverksemda. Av omsyn til forenkling, og for å stimulere til meir effektiv utnytting av driftsmidlane foreslår ein at grensa blir justert til 60 prosent. Denne endringa vil da òg auke grunnlaget for berekning av jordbruksfrådrag.

Frå inntektsåret 2009 innførte regjeringa òg ei ny saldogruppe J med ein avskrivingssats på 10 prosent. Denne gruppa omfattar faste tekniske installasjonar i bygg. For eksisterande bygg blei det gitt anledning til å bruke sjablongreglar for å fordele gjeldande aktiva i bygningane på saldogruppe H med 60 prosent og saldogruppe J med 40 prosent. Tekniske installasjonar som tener den aktuelle aktivitet i bygningen blir som tidligare avskrive i saldogruppe D med 20 prosent.

Ein stor del av verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale berre med Noregs Bondelag, jf. Prop. 126 S (2010-2011). Avtalen fører vidare kursendringa og inntektsløftet i landbrukspolitikken.

Økologisk jordbruk

Økologisk matproduksjon skal vere ein spydspiss i miljørettinga av jordbruket og bidra til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. Samstundes blir marknadsretta prosjekt prioriterte. For nokre varegrupper er det ei utfordring at ein stor del av det som produserast som økologisk ikkje blir omsett som økologisk vare. Utviklinga i marknaden i 2010 og NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholda i verdikjeda for mat tyder på at samarbeidet mellom dei ulike ledda i verdikjeda ikkje fungerer godt nok. Her har heilkjedeavtalar tidligare vist seg å vere eit godt verkemiddel. Bruk av utviklingsmidlane skal i 2012 rettast inn mot å gjere økologisk kjøtt og mjølk meir tilgjengeleg. KSL Matmerk, marknadsaktørane og aktuelle organisasjonar blir inkludert i dette arbeidet. SLF og KSL Matmerk får eit særskilt ansvar med å sikre at utviklingsmidlane i 2012 blir prioriterte til prosjekt retta mot salsleddet i verdikjeda. Auka tilgang til marknaden for økologiske produkt i daglegvarehandel og storhushald vil vere blant suksesskriteria.

Auka økologisk kornproduksjon er ein nøkkelfaktor for å sikre stabilitet i økologisk husdyrproduksjon. Derfor vedtok avtalepartane i jordbruksoppgjeret for 2008 ein kampanje for økologisk korn i 2011 og 2012. Kornkampanjen inneber ei auke i tilskottet til økologisk kornproduksjon, og blir følgt opp med skjerpa kontroll og auka rettleiing. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2012, jf. St.prp. nr. 126 (2010-2011), er på om lag 183 mill. kroner.

I handlingsplanen Økonomisk, agronomisk – økologisk! er eit grep å stimulere område som kan dokumentere resultat gjennom å prioritere desse ved tildeling av prosjektmiddel. Som ei følgje av dette blei det i 2009 oppretta økologiske føregangsfylke som skal ta eit ansvar for utviklinga innan utvalde innsatsområde.

Oppfølging av Matkjedeutvalet

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet meiner det er særleg viktig at innsatsvarer og primærproduksjonen blir innretta slik at produkta kan fylle matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Matkjedeutvalet har i NOU 2011:4 mellom anna foreslått tiltak som ny lov om forhandlingar og god handelsskikk i daglegvaresektoren, ombod for daglegvaresektoren, daglegvareportal, merking av mat, vurdering av konkurranselovens fusjonskontroll og utgreiing om eigarskapsavgrensing i daglegvarehandelen. I tillegg anbefaler utvalet å vurdere og observere konkurranseforholda innan storhushaldning- og servicemarknaden, studere pristransmisjonen i matkjedene, utvikle kostnadsreduserande distribusjonsløysingar for småskalaprodusentar, studere tiltak i EU som mulig grunnlag for vidare norsk oppfølging og vurdere ein norsk franchiselov. Regjeringa vil komme tilbake til forslaga frå utvalet i etterkant av høyringa.

Målet om berekraftig og klimariktig ressursforvaltning

Oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009)

St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram for og behandla av Stortinget i 2009, gir ein omfattande og grundig gjennomgang av moglege klimatiltak i landbruket.

Berekningane og vurderingane som er lagt til grunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) får i all hovudsak støtte i rapporten Klimakur 2020 frå Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), som blei lagt fram i februar 2010. Rapporten har vurdert ambisjonsnivå for tiltak utover det som er lagt til grunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) og viser mellom anna til større klimaeffekt og betre kostnadseffektivitet av skogtiltaka enn det som kom fram i meldinga.

Landbruks- og matdepartementet vil fortsette arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, leggje til rette for auka planting av ny skog etter hogst, vurdere etablering av skog på nye areal, styrkje skogplanteforedlinga, og utvikle tiltaka knytt til bioenergi og auka trebruk. Det kan òg vere aktuelt å prioritere midlar til gjødsling av skog.

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa smittepress må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Regjeringa meiner Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskapsproduksjon for eit klimatilpassa landbruk. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta FoU-innsats. Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.

Jordvern og kulturlandskap

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken.

Regjeringas mål har vore å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar innan 2010. Departementet meiner at det er nødvendig med sterkare merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt. Departementet vil derfor framleis føre ei restriktiv linje i arealdisponeringa.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Det er dessutan eit viktig leveområde for mange arter av planter og dyr. Variasjonen i landbruket sitt kulturlandskap må oppretthaldast og forvaltast målretta for å bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal òg medverke til å oppretthalde det biologisk mangfaldet knytt til jordbrukets kulturlandskap. I tillegg er det viktig at kommunane sikrar landskapa og legg til rette for forvaltning av deira verdiar gjennom den kommunale planlegginga.

Landbruks- og matdepartementet vidarefører samarbeidet med Miljøverndepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Forvaltning av desse landskapa er bygd på ein frivillig innsats, og det er forventa at kommunane deltek aktivt i forvaltninga av områda. Løyvinga på 8 mill. kroner er vidareført i jordbruksavtalen for 2012.

Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Det er særs viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet og dei genetiske ressursane som er grunnlag for landbruk og matforsyning og hindre tap av biologisk mangfald som landbruket verker inn på.

I 2012 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott og anna.

Nye fleirårige handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogtre og dei ville slektningane deira skal følgjast opp.

Departementet vil fortsette å drifte Svalbard globale frøhvelv, og styrkje arbeidet med å gjere frølageret kjent internasjonalt. Frølageret har ei viktig rolle i å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette.

Forureining frå jordbruket

Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet vil vurdere å gi fylkesmennene auka heimelsgrunnlag for å setje strengare miljøkrav til jordbruket i nedbørfelt til ureina vassdrag og kystområde, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Departementet har sett i gang ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel. Målet er ei betre utnytting av næringsstoffa slik at utsleppa til vatn og luft blir mindre.

For å nå måla i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010-2014) blir det mellom anna lagt sterk vekt på kunnskap og haldningar hos produsentane, særleg om integrert plantevern, der ein kombinerer ulike tiltak og metodar for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.

Målet om berekraftig skogbruk

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og den offensive skogpolitikken som blei gjeninnført frå 2007. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tiltak for auka bruk av tre og auka produksjon og bruk av bioenergi.

Det er viktig med ei brei fagleg tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane innan skogsektoren sentralt, regionalt og lokalt. Departementet ser positivt på dei ulike regionale prosessane der skogbruket, industrien og regionale og lokale styresmakter blir bundne saman i felles satsingar på skogbruk, bioenergi og trebruk.

Etter forskrift om berekraftig skogbruk skal skogeigaren sørgje for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst og sjå til at det er samsvar mellom hogstform og foryngingsmetode. Skogeigaren utløyser foryngingsplikta si ved avgjerda om å hogge. Kontrollen av foryngingsfeltfelt har i fleire år vist at om lag 40 pst. av skogarealet har foryngingsfelt med for låg tettleik. Skogfondsregnskapet til fleire skogeigedommar viser òg misforhold mellom nivået på hogst og etterfølgjande planteaktivitet. Av omsyn til framtidig ressurstilgang og karbonopptak i skog har departementet oppmoda kommunane om å føre betre tilsyn med at skogeigarane følgjer opp foryngingsplikta. Som ledd i dette arbeidet har Statens landbruksforvaltning (SLF), i samråd med departement og nærings- og forskingsinstitusjonar, utvikla rutinar for korleis slikt tilsyn skal gjennomførast.

Det er viktig med god kunnskap og ei planmessig tilnærming for å ta vare på miljøverdiane når det blir drive skogbruk. Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen for skogbruksplanlegging. Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i skogbrukslova og i forskrifta om berekraftig skogbruk, som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Arbeidet i Levende Skog har hatt stor verdi for utviklinga av miljøomsyn i skogbruket. Partane fann sommaren 2010 ikkje løysing på nokre sentrale spørsmål, og det er eit mål å få prosessen tilbake i eit godt spor. Det er viktig for departementet å støtte opp under arbeid som kan bidra til eit vidare samarbeid mellom partane. Dersom partane ikkje blir samde om ein Levende Skog-standard er norsk skogbruk framleis sertifisert etter miljøstandarden ISO 14001 og dei krava til skogbehandling som er nedfelte i Levende Skog sin standard frå 2006. Skogsektoren vil vidareføre dette, og saman med berekraftforskrifta vil dette sikre at skogbruket driv berekraftig og tek miljøomsyn uhindra av usemja i Levende Skog. I ein slik situasjon vil departementet sjå nærare på mellom anna kontrollinnsatsen knytt til berekraftforskrifta og vurdere behovet for å auke denne. Departementet legg til grunn at auka uttak av råstoff til bioenergi frå skog følgjer dei same prinsippa for berekraft som for anna avverking. Departementet har òg bedt Noregs forskingsråd om å auke innsatsen for å skaffe ny kunnskap på dette området.

Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima og miljø/biologisk mangfald er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. For å lette tilgjenge til skogbruk- og miljødata, vil departementet ta initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Det skal fastsettast ein forskrift heimla i lov om skogbruk § 20 som gir retningslinjer for kommunanes kontroll og rapportering. Etter same paragraf skal det òg innhentast informasjon frå skognæringas sertifiseringsrapportar. Norsk institutt for skog og landskap vil få ansvar for å gi ut rapporten. Landbruks- og matdepartementet, fylkesmennene, kommunane, Statens landbruksforvaltning, Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og andre rapporterer sine data til Norsk institutt for skog og landskap innan fastsette fristar. Rapporten må utformast slik at den òg kan nyttast i rapporteringa til relevante internasjonale prosessar. Målet er å gi ut den første rapporten for 2012.

Regjeringa meiner auka innsats i skogplanteforedling er ei investering for framtida og vil forsterke innsatsen på dette feltet. Forsøk viser at planter frå frøplantasjar gir 10 pst. høgare produksjon enn frø frå naturlege bestandar. Auka innsats i planteforedlinga kan auke produksjonsgevinsten opp mot 25 pst. Planteforedling er eit langsiktig arbeid, og føresetnaden for eit godt resultat er gode kunnskaps- og forskingsmiljø. Departementet vil vurdere å støtte utvikling av eit felles nordisk foredlingsprogram for gran. Planteforedling er òg nødvendig for god framtidig klimatilpassing og auka opptak av CO2. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er det vist til at auka innsats i skogplanteforedling kan auke det årlege CO2-opptaket med 1,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i løpet av 50 til 100 år.

Kva rolle skogbruket kan spele for klimaet har vore debattert etter at resultata frå Klimakur 2020 blei lagt fram. St.meld. nr. 39 (2008-2009) og Klimakur 2020 viser at ulike tiltak for skogskjøtsel og hausting av skogråstoff til energi og byggeformål kan gi vesentlege langsiktige klimaeffektar og bidra til langsiktig stabilisering av klimagasskonsentrasjonen i atmosfæren i tråd med føresetnadene for eit 2 graders mål.

Regjeringa si satsing på bioenergi skal leggje til rette for næringsutvikling og auka verdiskaping i skognæringa. Vidare er satsinga eit ledd i arbeidet med å nå målet om auka forsyning av fornybar energi og reduserte utslepp av klimagassar. Dei viktigaste verkemidla – Bioenergiprogrammet og tilskot til uttak av skogsråstoff til flisproduksjon, har så langt gitt gode resultat og aktiviteten har auka år for år. Regjeringa vil derfor vidareføre desse ordningane.

Treprodukt lagrar karbon gjennom heile si levetid og kan erstatte material med høgare belastning på klima. Ønsket om auka bruk av tre er omtala i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, og i regjeringas arkitekturpolitiske dokument arkitektur.nå. Et viktig element for å auke bruken av tre er å utvikle løysingar som kan repeterast og som kan industrialiserast. Innanfor Trebasert Innovasjonsprogram, som er departementets fremste verkemiddel for auka trebruk, blir det mellom anna arbeidd med dette. Val av material er ein vesentleg faktor for å kunne redusere totale utslepp av klimagassar.

Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren. I dag betaler skogeigarane ei krone i avgift per kubikkmeter tømmer som blir hogd. Denne avgifta er heimla i skogbrukslova. Avgifta går inn i Skogtiltaksfondet, og blir brukt til tilskott til forskings- og utviklingsprosjekt. Trebasert Innovasjonsprogram, som er regjeringa sitt verkemiddel for å auke trebruken i samfunnet, har gått inn i eit nærare samarbeid med Noregs Forskingsråd, for å nytte ressursane i dei to organisasjonane på ein best mogleg måte på treområdet. Som eit ledd i departementets samla tresatsing er det innleia eit samarbeid med Arkitektur og designhøgskolen i Oslo (AHO). AHO har starta eit senter for forsking på utvikling av trekonstruksjonar, og er ein særs interessant aktør på området.

Målet om eit aktivt landbruk

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Lovgivinga er eit sentralt verkemiddel for eit aktivt landbruk. Kommunane har gjennom forvaltaransvaret sitt ei sentral rolle i gjennomføringa av eigedoms- og busetjingspolitikken ut frå gjeldande lovverk.

1. juli 2009 blei det fastsett ei rekkje endringar i eigedomslovene i landbruket med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste. Endringane gjer reglane enklare og meir målretta og legg til rette for auka aktivitet som grunnlag for busetjing i distrikta.

Vinteren 2010 blei reglane om priskontroll ved sal av landbrukseigedommar endra slik at det no kan aksepterast ein høgare pris på gardsbruk med bustadhus enn tidlegare. Summen som seljaren kan leggje til for buverdi blei auka frå 500.000 kroner til 1,5 mill. kroner. Samstundes blei den nedre grensa for når eit sal kjem under reglane for priskontroll heva frå 750.000 kroner til 1,5 mill. kroner. Dette kan leggje til rette for at fleire gardsbruk kjem på sal og igjen får fast busetnad.

Departementet har understreka at omsynet til busetjinga skal tilleggjast større vekt ved søknader om deling av landbrukseigedommar og at økt harmonisering mellom eigedomsstrukturen og bruksstrukturen er ein samfunnsinteresse av stor vekt som kan gi grunnlag for deling.

Som oppfølging av endringane i eigedomslovgivinga sommaren 2009 blei det vinteren 2011 gjort endringar i myndet til å avgjere odelsfrigjeringssaker etter odelslova. Departementet fastsette da òg ny forskrift om saksbehandling i slike saker.

Våren 2011 gav departementet utfyllande kommentarar til reglane i jordlova om driveplikt på jordbruksareal som eit verktøy for kommunane si praktisering av slike saker.

Departementet arbeider med revisjon av jordskiftelova. Eit forslag til ny lov har vore på høyring. Ved sida av å forenkle lova, står arbeidet med å oppdatere lova til den bruken av fast eigedom som er i dag og tilpassing av jordskifterettane si verksemd til dette sentralt i departementet sitt arbeid med ein lovproposisjon.

Innovasjon og konkurransekraft

Departementet vil vidareføre ein innovasjonspolitikk som støttar opp under skaparkraft i bygdesamfunn i heile landet, jf. St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapande og bærekraftig Norge og St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken. Innsatsen omfattar heile spennet i den norske landbruks- og matsektoren, frå primærledd til industri. Den dekkjer samstundes spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til produksjon av andre varer og tenester som er baserte på dei samla ressursane i landbruket. Ein høg innovasjonsevne i landbruks- og matsektoren skal bidra til å oppretthalde eit aktivt og variert landbruk i heile landet og sikre høg og bærekraftig eigenproduksjon av trygg mat. Høg innovasjonsevne er òg ein føresetnad for konkurranseevne i verdikjeder for mat, skog og innanfor de mange bygdenæringane.

Norsk landbruk har gjennomgått store endringar, drive fram av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Alt tyder på at det òg framover vil vere moglegheiter for vekst i sektoren som resultat av nye produkt og tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m. I tråd med regjeringa si melding om innovasjonspolitikken inkluderer arbeidet med innovasjon mange politikkområde: regelverk, offentlege støtteordningar, forskings- og undervisningsinstitusjonar, marknadsforhold m.m.

For å møte behova til dagens og morgondagens næringsliv er det viktig at Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA vidareutviklar eit strategisk og operativt samarbeid. Med ulike roller, oppgåver og kompetanse, er dette aktørar som utfyller kvarandre innanfor den samla verdikjeda frå idé til marknad. Det er ein føresetnad at samarbeidet skal gi brukarvennlege tilbod der verkemiddel til innovasjon og ulike tenestetilbod utfyller kvarandre. Departementet understrekar at suksess med sektorens innovasjonsarbeid er avhengig av at Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA vidareutviklar eit effektivt og fleksibelt samspel med fylkeskommunane, fylkesmannsembeta, kommunane og andre utviklingsaktørar.

Prioriterte område for departementet sin forskings- og innovasjonspolitikk er nærare omtalt i kat. 15.20.

Bygdenæringar

Departementet har gjennom fleire år lagt til rette for mangfaldige næringstiltak med grunnlag i landbrukseigedommane. Det har vore god utvikling av ny vare- og tenesteproduksjon, matspesialitetar, Grønt reiseliv, Inn på tunet, energiproduksjon med vidare. Det er samstundes eit stort uutnytta potensial på mange område. Departementet vil derfor leggje til rette for ei vidare satsing på ny næringsverksemd i landbruket. Ein viktig del av dette arbeidet er å utnytte lokale og regionale særpreg til å skape konkurransefortrinn.

Bygdeutviklingsmidlane er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemidlet for næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Gjennom forslaget om å auke løyvinga til bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar i 2012, vil Landbruks- og matdepartementet leggje til rette for dei som er villige til å satse på utvikling av ny næringsverksemd.

Departementet vil føre vidare verkemiddelbruken mellom anna gjennom SIVA og Innovasjon Noreg sin inkubatorsatsing, gjennom Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) og ved å utvikla vidare kommunane og fylkeskommunane si rolle som regionale utviklingsaktørar gjennom lokale og regionale partnarskap. Samspelet mellom næring, forsking og forvaltning skal òg framover bli vektlagt på alle nivå.

Innanfor Grønt reiseliv er det viktig å utvikle heilskaplege, landbruksbaserte reiselivsprodukt som gir større lønnsemd, og som kan styrkje lokal og regional verdiskaping og innovasjonsevne gjennom samarbeid og fellestiltak. Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv blir ført vidare i 2012. Det ligg store moglegheiter i å utvikle nye opplevingsprodukt rundt mat, overnatting, kultur og aktivitetar i naturen.

Departementet meiner samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar vil bidra til å fremje slike moglegheiter og gjere dei synlege. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna, i samarbeid med Samferdselsdepartementet, sett i gang ei treårig satsing på utvikling av mat og opplevingar langs dei Nasjonale Turistvegane frå og med 2010.

Utvikling av fisketurismen i innlandet og oppdrett i ferskvatn gir òg eit stort potensial for verdiskaping. Departementet sin Handlingsplan for innlandsfiske er sentral i dette utviklingsarbeidet. Utviklingsprogrammet for innlandsfisk vil bli vidareført i 2011. Departementet legg òg til grunn at det er mogeleg å utvikle fisketurismen i laksevassdrag vidare, og vil bidra til å støtte opp under denne næringa.

Erfaring viser at foredling av råvarer frå eigen gard medverkar til auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruket. Verdiskapingsprogrammet for mat blei i 2011 avløyst av Lokalmatprogrammet. Hovudmålet for dette programmet er framleis auka verdiskaping i primærproduksjonen gjennom å bidra til utvikling, produksjon, kommersialisering og sal av norske matspesialitetar. Det vil i større grad bli satsa på moglegheiter for vekstbedrifter og bedrifter i nettverk og forpliktande produsentsamanslutningar, kompetansetilbod og omdømmebygging. Det er etablert ei styringsgruppe for programmet, der fylkesmennene, fylkeskommunane og faglaga i landbruket er representert. Landbruks- og matdepartementet leiar styringsgruppa.

Inn på tunet er ei næring i vekst. Om lag 850 gardar tilbyr tenester innanfor helse, omsorg, arbeid, skule og oppvekst. I tråd med Landbruks- og matdepartementet sin Handlingsplan for Inn på tunet, er det eit mål at desse tenestene blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet i kommunane. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet står bak den kommuneretta, treårige satsinga Inn på tunet-løftet. Til no har 64 kommunar fått prosjektmidlar til lokalt utviklingsarbeid. Eit eige kvalitetssikringssystem for Inn på tunet-tenestene blei lansert i 2010 og blir forvalta av stiftelsen KSL Matmerk, som òg har fått ansvaret for overordna marknadsføring og merkevarebygging. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil i desember 2011 leggje fram ein ny nasjonal strategi for Inn på tunet. Styrka samarbeid og rolledeling mellom aktørane, samt forsking, kvalitetssikring og lønsemd i tenestene er sentrale tema i strategien.

Det er viktig for departementet at utbygging av små vasskraftverk gir auka lokal verdiskaping og sysselsetjing innanfor landbruket. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har berekna det teoretiske restpotensialet for utbygging av små kraftverk til å vere 18 TWh. For å auke utbygginga av små vasskraftverk, og for at dette i størst mogleg grad skjer i regi av landbruket, vil departementet gi støtte til prosjekt i regi av aktørane i småkraftnæringa som tek sikte på mobilisering og kompetanseheving i næringa. Under dette kan bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) i fylka nyttast til utgreiing og forprosjektering av moglege småkrafttiltak.

Regjeringa vil leggje til rette for næringsutvikling i og omkring verna område. Slik næringsutvikling kan bidra til berekraftige lokalsamfunn og lokal verdiskaping. Landbruks- og matdepartementet har eit nært samarbeid med Miljøverndepartementet på dette området, og tek del i fleire prosjekt for lokal verdiskaping i eller i tilknyting til verneområde. Regjeringa har bestemt at ansvaret for forvaltning av verneområda kan bli lagt til eit interkommunalt områdestyre dersom eit fleirtal av kommunane ønskjer det. Dette bidrar til auka forståing for og legitimitet til vernet, samstundes som ein betre ser moglegheit for næringsutvikling kring verneområda.

Opplæring, rekruttering og likestilling i landbruket

Rekruttering og kompetanse

Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket er sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. Landbruks- og matsektoren har eit samansett kompetansebehov. Kompetanse er ein avgjerande faktor for kvalitet, innovasjon, teknologisk utvikling og produktutvikling i verdikjedene. I tillegg er forsking og forvaltning i sektoren avhengig av høg landbruksfagleg kompetanse. For å sikre god kompetanse i næringa er eit heilskapeleg utdanningstilbod viktig. Departementet vil mellom anna arbeide for å styrkje arbeidet med rekruttering til utdanning innanfor landbruk på alle nivå, jf. omtale av rekruttering, likestilling og kompetanseheving under kap. 1150.

Likestilling

Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon både når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.

Kvinner eig i dag 25 pst. av alle eigedommar i landbruket, og delen aktive kvinnelege gardbrukarar var på 14,4 pst. i 2009. Dette er ein auke frå 9,5 pst. i 1989 og 12,9 pst. i 1999. Kvinner driv og eig ofte dei mindre gardsbruka. Trendundersøkingar viser at kvinner er særleg aktive innanfor bygdenæringar som Inn på tunet og gardsturisme, samt økologisk drift. Når det gjeld representasjon i styre, har fleire av samvirkeorganisasjonane i landbruket nådd målet om minst 40 pst. representasjon av kvart kjønn i sine styre.

Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15 pst. kvinner. Av Trebasert Innovasjonsprograms prosjekter var 24 pst. prosjekt initiert av kvinner i 2010. Dette er ein sterk auke frå 2009, då delen var på 2 pst.

Ein større del av midlane som Innovasjon Noreg forvaltar, har dei siste åra gått til kvinner. I 2010 gjekk 46,2 pst. av bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) til kvinner og 76 pst. av stipendmidlane til etablering av næringsverksemd.

Tabell 2.5 viser fordelinga av fylkesvise BU-midlar på ulike formål, og kor stor del av midlane som er fordelte til kvinner.

Tabell 2.5 Fylkesvise BU-midlar eksklusiv rentestøtte. Fordeling av tildelte tilskott på ulike formål og kvinnedel 2010.

Ordning

Tildelt i mill. kroner

Kvinnedel av midlane i pst.

Tal på tilsagn

Kvinnedel i pst. av tilsagn1

Utvikling/tilrettelegging

70,9

3,5

658

5,0

Investeringar, tradisjonelt landbruk

309,0

41,7

986

37,6

Investeringar, nye næringar

101,3

60,0

521

61,3

Forsøksregionane i Oppland

14,1

22,0

68

23,5

1 Tiltak kjem i denne kategorien dersom minst eitt av følgjande kriterium er oppfylt: Kvinner som startar eiga verksemd, tiltaket er spesielt retta mot å auke kompetansen til kvinner tilsett i føretaket, kvinner utgjer meir enn 30 pst. av styremedlemma eller leiinga i ei bedrift, eller tiltaket bidreg til tal kvinnelege eigarar, styremedlem, leiare eller er spesielt retta mot å auke tal sysselsette kvinner.

Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet for planen er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt Innovasjon Noreg om å bidra til å nå dette målet. Handlingsplanen er i 2011 blitt midtvegsevaluert (NIFU, Rapport 20/2011), og hovedinntrykket er at planen er følgt godt opp av departementa og verkemiddelapparat som i denne samanheng er IN, SIVA og Forskningsrådet. Samstundes er det peika på at planen har ein del svakheiter, både med omsyn til mål, struktur og portefølje av tiltak. Fleire departement har nytta ei felles tekst i oppdragsbrevet til Innovasjon Noreg om handlingsplanen. Innovasjon Noreg har følgt opp gjennom ei generell forsterka kvinnesatsing, med kvinner som prioritert målgruppe innanfor alle program og tenester òg i landbruket, samt eigne kvinnespesifikke tiltak som Fyrtårn og Ledermentor. Evalueringa viser at IN er i ferd med å nå målet om at 40 pst. av dei næringsretta verkemidla i distrikts- og regionalpolitikken skal gå til kvinner. Sektorspesifikke rapportar frå IN viser at dette òg gjeld landbruksområdet.

Landbruks-og matdepartementet har i tråd med nemnde handlingsplan, i fleire år bedt Innovasjon Noreg om å prioritere kvinner som målgruppe generelt og å arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Noreg er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.

Tiltak retta mot barn og unge

Det er viktig å gi barn og unge forståing for at langsiktig forvaltning av ressursane er ei kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, samt gi kunnskap om og innsikt i landbruket.

Landbruks- og matdepartementet vil òg framover gi støtte til ein del barne- og ungdomsorganisasjonar. Departementet foreslår kvart år løyvingar til organisasjonar som arbeider for å fremje positive haldningar og forståing for grøne verdiar hos barn og unge, jf. kap. 1138 post 70. Prosjekta Ungt entreprenørskap og Smakens uke, som har barn og unge som ei viktig målgruppe, skal auke interessa for det å utvikle si eige matbedrift og skapa interesse for, og gi kunnskap om, ulike kvalitetar mat kan ha. Geitmyra matkultursenter (Oslo) for barn er under oppstart i 2011. Dei har òg fått økonomisk støtte med sikte på å utvikle seg til å vere ein nasjonal ide med lokal plassering for å fremje matkultur hos barn.

Bygdeutviklingsmidlane er mellom anna innretta mot investeringar i samband med generasjonsskifte. I tillegg er ungdom, ved sida av kvinner, særleg prioriterte gjennom delar av regelverket. Dette inneber at BU-midlane generelt har ei god innretning mot ungdom. Det er òg viktig for rekruttering til næringa at det er god tilgang på investeringsmidlar generelt. I 2009 blei det tilført ekstraordinære investeringsmidlar, i tillegg til at ramma for lån med rentestøtte blei auka. Vidare blir ungdom prioriterte ved tildeling av nyetableringskvote for mjølk.

Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Det norske Skogselskap har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir mellom anna tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogen, som er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Statskog SF gjennomfører òg fleire aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Statskog SF og Det norske Skogselskap samarbeider mellom anna om skoleskogdagar i Trondheim og Oslo. Statskog SF, Norges jeger- og fiskerforbund med fleire samarbeider i eit eige prosjekt om å fremje entusiasme for fiske, mellom anna gjennom utdeling av fiskestenger til barn og unge. Vidare har departementet si tresatsing bidrege til å finansiere prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Det er ønskeleg med meir samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge.

Målet om ei livskraftig reindriftsnæring

Gjennom Reindriftsoppgjeret 2011/2012 er tiltak som kan medverke til å betre gjennomføringa av slaktinga gjennom sesongen og til auka sal prioriterte. I tillegg legg oppgjeret stor vekt på å stimulere til marknadsretta produksjon og verdiskaping. På denne måten inneber oppgjeret eit sterkare næringsmessig fokus og ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring. Reineigarane viser no stor vilje til å auke slakteuttaket sitt. Samstundes innskrenkar dagens marknadssituasjon slakteria sitt mottak av rein. Oppgjeret prioriterer derfor tiltak som kan medverke til å gjenopprette meir normale marknadsforhold og på dette grunnlaget sikre slakting og omsetnad av reinkjøtt.

Reindrift er ei særs arealavhengig næring, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor vidareføre og forsterke innsatsen for å redusere dette problemet. Den nye plan- og bygningslova er den sentrale lova for arealforvaltning. Lova gir nye sjansar til ei meir heilskapeleg forvaltning av det enkelte reinbeitedistriktet sine areal. For å leggje til rette for ei betre sikring av reindrifta sine areal, vil det vere viktig at fylkeskommunar og kommunar innanfor dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek dei nye verkemidla i bruk.

Tap av rein har vore aukande, og da særleg i dei sørlege samiske reinbeiteområda. Regjeringa vil derfor vidareføre studia for å dokumentere produksjonen og tapsårsakene i reindrifta.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Støtte til organisasjonar, kan overførast

20 447

20 647

23 647

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast

7 044

16 873

5 179

Sum kap. 1138

27 491

37 520

28 826

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Støtta blir gitt til landsdekkjande organisasjonar som:

  • fremjar miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremjar positive haldningar til og forståing for grøne verdiar hos barn og ungdom og i samfunnet generelt

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk

  • arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde

Størrelsen på driftstilskotta blir fastsett ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering organisasjonane mottek.

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formal- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap, samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen.

Resultatrapport 2010

Landbruks- og matdepartementet fordeler det meste av løyvinga til organisasjonane direkte i departementet sin Prop. 1 S. For 2010 blei det fordelt 20,447 mill. kroner til 18 organisasjonar, jf. Tabell 2.6. .

Tabell 2.6 Oversikt over støtte til organisasjonar gitt i 2010.

(i kroner)

Organisasjon

Støtte 2010

Det kgl. selskap for Norges Vel

2 100 000

4H Norge

6 800 000

Norsk Landbruksmuseum

3 600 000

OIKOS – økologisk landslag

2 900 000

Biologisk-dynamisk forening

175 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

Norsk Kulturarv

350 000

Norges Bygdekvinnelag

150 000

Norges Bygdeungdomslag

150 000

Natur og Ungdom

150 000

Dyrevernalliansen

200 000

Dyrevern ung

100 000

Norges Birøkterlag

90 000

Norsk seterkultur

232 000

Hageselskapet

1 100 000

Det Norske Skogselskap

1 050 000

Jenter i skogbruket

150 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

900 000

Sum

20 447 000

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 23,647 mill. kroner fordelt på 23 organisasjonar, jf. Tabell 2.7. Landsdekkjande organisasjonar, og organisasjonar som arbeider med barn og unge og med departementet si kjerneverksemd, har blitt prioriterte i framlegget. I samband med avviklinga av sentrale bygdeutviklingsmidlar er 3 mill. kroner flytta frå kap. 1150 post 50 Fondsavsetningar til kap. 1138 post 70.

Tabell 2.7 Oversikt over støtte i 2011 og budsjettframlegg for 2012.

(i kroner)

Organisasjon

Støtte 2011

Forslag 2012

Det kgl. selskap for Norges Vel

2 100 000

2 100 000

4H Norge

6 800 000

6 800 000

Norsk Landbruksmuseum

3 250 000

3 250 000

OIKOS – økologisk landslag

2 900 000

2 900 000

Biologisk-dynamisk forening

175 000

175 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

250 000

Norges Bygdekvinnelag

150 000

300 000

Norges Bygdeungdomslag

150 000

200 000

Norsk Kulturarv

350 000

350 000

Natur og Ungdom

150 000

200 000

Dyrevern Ung

100 000

100 000

Dyrevernalliansen

400 000

200 000

Norges Birøkterlag

100 000

200 000

Hageselskapet

1 100 000

1 100 000

Jenter i skogbruket

172 000

172 000

Det Norske Skogselskap

1 050 000

1 050 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

900 000

950 000

Norsk seterkultur

250 000

250 000

Dyrebeskyttelsen Norge1

200 000

0

Hest og Helse

100 000

200 000

ZERO – Zero Emission Resource Organisation

0

100 000

Hanen

0

2 050 000

Norsk Gardsost

0

250 000

Norske Lakseelver

0

500 000

Sum

20 647 000

23 647 000

1 Dyrebeskyttelsen i Norge har ikkje søkt midlar for 2012.

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Formål med løyvinga

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (United Nations Forum on Forests) er ein viktig arena for dette globalt, mens Forest Europe er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Forest Europe samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Forest Europe legg òg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg har teke del i koordineringa og leiinga av Forest Europe sidan 1998 og støttar finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Noreg har i perioden 2008 til 2011 leia den europeiske prosessen, og arrangerte i juni 2011 ein ministerkonferanse der representantar frå 46 europeiske land deltok. På konferansen vedtok landa strategiar, mål og tiltak for det skogpolitiske samarbeidet i Europa. Landa vedtok og å starte forhandlingar om ein europeisk skogavtale.

EU fastsette i 2010 ein forordning om som skal hindre omsetning av ulovleg hogd tømmer. Denne er førebels vurdert som EØS-relevant, og det vil bli sett i gang eit arbeid for å gjennomføre forordninga i Noreg, leia av Miljøverndepartementet.

Resultatrapport 2010

Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innanfor Forest Europe. Noreg støtta finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2010 var denne på 4,2 mill. kroner, tilsvarande 60 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet på 7 mill. kroner.

Løyvinga på denne posten blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om blant anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tek del i dette arbeidet. Det blei og gitt mindre tilskott til utredning av spørsmål knytt til EUs tømmerforordning.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,2 mill. kroner til internasjonalt skog- og klimapolitisk arbeid.

Budsjettet til sekretariatet for Forest Europe blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for Forest Europe. I 2012 vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 20 pst. av det samla budsjettet. Spania tek ved utgangen av 2011 over Noregs rolle som leiar av arbeidet i Forest Europe og vil dekke hovuddelen av budsjettet. Noreg vil framleis vere medlem av koordineringsgruppa saman med Tyrkia, Spania, Slovakia og Tyskland.

Noreg skal òg delta i eit byrå som skal ha ansvar for å drive arbeidet med ein europeisk skogavtale framover.

I tillegg deltek Noreg i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, blant anna i FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) og FN sitt skogforum. Løyvinga vil derfor òg bli nytta til Noreg sin medverknad i slike fora. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag og anna til norske institusjonar og organisasjonar.

Skogspørsmål står sentralt òg i klimaforhandlingane, og det er aktuelt å nytte noko midlar frå posten til vidare arbeid med dette.

Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Refusjonar m.m.

2 137

7 194

Sum kap. 4138

2 137

7 194

Post 01 Refusjonar m.m.

Posten er blitt nytta til å budsjettere overføringane til Noreg frå dei europeiske landa som deltek i koordineringsgruppa for Forest Europe. Spania tek over leiarskapen av prosessen frå 2012, og overføringane vil no gå til Spania. Det blir derfor ikkje budsjettert med inntekter på posten for 2012.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast

14 553

19 655

16 741

71

Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast

18 257

19 929

20 929

Sum kap. 1139

32 810

39 584

37 670

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Formål med løyvinga

Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gir Landbruks- og matdepartementet støtte til kartlegging og overvakingsprogram for jordsmonnet og for biologisk mangfald i kulturlandskap og skog. Rapportering av utslepp til luft og vatn og gjennomføringa av handlingsplan for å redusere bruk av plantevernmidlar blir òg støtta. I tillegg støtter departementet informasjonsarbeid og mindre prosjekt som fremjar miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket over posten.

Resultatrapport 2010

Resultatkontroll og overvaking under JOVA (Jord- og vassovervaking i landbruket) blei støtta med 3,6 mill. kroner i 2010. Gjennom JOVA blir tap av jord, næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal kartlagt. Dette er eit langsiktig program, som gir verdifull kunnskap om avrenningsforhold og som kan vise trendar i utviklinga. Informasjonen blir mellom anna nytta til vidareutvikling og målretting av miljøverkemidla i jordbruket, i oppfølginga av vassforskrifta og til nasjonal og internasjonal rapportering. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effektar av tiltak for å redusere næringsstoffavrenning og anna forureining frå jordbruket.

Dei siste åra er det vist høgare tap av nitrogen, fosfor og jord frå fleire av overvakingsfelta i JOVA-programmet. Dette heng saman med auka avrenning som følgje av auka nedbør og meir intensive nedbørepisodar. Det er òg funne restar frå plantevernmiddel, noko som gir grunn til framleis å følgje nøye med på utviklinga.

Statistisk sentralbyrå gir årleg ut ein rapport om jordbruk og miljø der miljøstatusen og effekten av verkemidla blir synleggjort. Rapporten blir finansiert med 0,5 mill. kroner frå kap. 1139 post 70. Dei siste åra er rapporten blitt utvikla vidare slik at den skal dekkje behovet for data hos lokal og regional forvaltning betre. Rapporten blir òg tilpassa nye miljøutfordringar, mellom anna for oppfølging av vassforskrifta. Vidare er det sett i gang arbeid for å utvikle rapportering knytt til klimautfordringar. Informasjon blir i aukande grad gitt over internett, og den blir tilpassa dei krava som blir sette til nasjonal og internasjonal rapportering m.a. frå EU.

Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,325 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150, og over kap. 1141 post 52.

Departementet har vore med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Dette er ein viktig arena for utveksling av informasjon mellom dei departementa som er med i programmet og for å koordinere tiltak på området, både innanfor og utanfor programmet. Tilskottet til auka kunnskap om trua arter i det nasjonale programmet er ført vidare, og prosjektet har samarbeidd nært med Artsdatabanken for å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista. God kunnskap er nødvendig for å vurdere både eksisterande verkemiddel, kva for eit trusselbilete som reelt sett gjeld for artene og korleis ein kan bruke raudlista i forvaltninga. Vidare er det gitt støtte til prosjektet Naturtypar, der kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i kulturlandskap inngår. Innsatsen her er viktig, mellom anna for å kunne målrette innsatsen i jordbruket sitt kulturlandskap når det gjeld drift og skjøtsel av viktige lokalitetar og landskap. Kartlegging og overvaking av framande organismar blei ført vidare i 2010. I tillegg har departementet vore med på å støtte arbeidet som blir gjort av den nasjonale Artsdatabanken. Til saman blei 1,5 mill. kroner løyvd til desse tiltaka under Nasjonalt program i 2010.

Over posten blei det òg løyvd midlar til informasjonstiltak om biomangfald til oppfølging av FN-året for naturmangfaldet som regjeringa markerte i 2010.

Kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarane og rettleiingstenesta er viktig for å redusere både bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel. I 2010 blei det løyvd 0,8 mill. kroner til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak på dette området. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, til deltaking på markdagar og møte, til produksjon av informasjonsmateriell og til vidare utvikling av plantevernleksikonet. Midlane har òg blitt nytta til informasjonstiltak for avgrensing av iberiaskogsnegl.

Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden og til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og Fylkesmannen, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Statens landbruksforvaltning. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2010 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg for biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). Registreringsopplegget er basert på kunnskap om korleis arter på raudlista er fordelte i landskapet og om kva for leveområde dei har. Mange arter som er på raudlista lever i miljø som reknast som sjeldne eller i tilbakegang. Gjennom å ta vare på slike miljø i skogen tek ein òg vare på raudlistearter, og det meste av det produktive skogarealet er no kartlagt. Enkeltfunn av arter og tilfeldige observasjonar er ikkje eigna til å forvalte areal etter, men ei systematisk kartlegging av livsmiljø for raudlistearter som gjennom MiS gir eit samanliknbart og godt dokumentert avgjerdsgrunnlag. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er, saman med Landsskogtakseringa, ein viktig basis i ei kunnskapsbasert skogforvaltning. I tillegg omfattar MiS-prosjektet ein kulturminnedel, og totalt blei det tildelt 5,7 mill. kroner til dette arbeidet i 2010. Resultata blir brukt i skogbruksplanlegging, men òg i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane. Miljøregistreringar i skog er det viktigaste kunnskapsgrunnlaget for det vellukka samarbeidet mellom skognæringa og miljøvernstyresmaktene om frivillig vern. Tilskottet til miljøinformasjonstiltak på Hirkjølen blei vidareført. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2010 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samstundes med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2010 samarbeidd med NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) om utvikling av eit opplegg for kulturminneregistreringar med basis i fjernmålingsdata (laser).

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,7 mill. kroner på post 70. Frå posten er det i 2012 overført 2.914 mill. kroner til kap. 1112 post 51 for å samle heile løyvinga til JOVA-programmet på ein plass.

Departementet legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabell 2.8 viser.

Tabell 2.8 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2011 og budsjettframlegg for 2012

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2011

Framlegg 2012

Jordsmonnovervaking (JOVA)

2 914

0

Nasjonalt program for naturmangfald

1 213

1 213

Digitale markslagskart (DMK)

8 071

8 071

Informasjonstiltak o.a. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a.

1 900

1 900

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)

4 607

4 607

Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a.

950

950

Sum kap. 1139 post 70

19 655

16 741

I 2011 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansierte både over dette kapittelet og over kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap på matområdet.

Over posten blei det løyvd midlar til vedlikehald av digitale markslagskart som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. I 2011 blei det gjort ei rammeoverføring frå kap.1150 – underpost 74.17 på 7,0 mill. kroner til kap. 1139 post 70 til dette. Føresetnaden frå partane i jordbruksavtalen var at overføringa er knytt til framtidig vedlikehald av DMK/AR5-kartgrunnlaget og at jordbruket framleis skal ha rett til gratis kartdata. Departementet gjer framlegg om å løyve 8 071 mill. kroner for å halde oppe kvaliteten av dette nyttige kartverket.

Departementet legg vidare stor vekt på å betre kunnskapen om trua og sårbare arter slik at ein kan ta mest mogleg målretta omsyn til slike verdiar. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken. Departementet vil framleis delta i vidare oppfølging av Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald som frå 2011 er kalla Nasjonalt program for naturmangfald med underprogramma Norsk naturkartlegging og Norsk naturovervaking.

Det vil vere aktuelt å bruke midlar frå denne posten til informasjon og mindre prosjekt om jordvern, jordbrukets kulturlandskap og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald. Departementet vil òg støtte informasjonsarbeid som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel og til andre tiltak og prosjekt i tråd med miljøstrategien til departementet. Landbruks- og matdepartementet vil føre vidare arbeidet som er sett i gang for å betre kunnskapsgrunnlaget om avrenning av næringsstoff og effektar av tiltak i jordbruket. Dette skal byggje på arbeidet som alt er gjort med klassifisering av vasskvaliteten i vassdrag og forsking om risiko for tap av fosfor frå jordsmonnet, blant anna ved vidare utvikling av modellar. Modellarbeidet vil òg bli tilpassa behovet for rapportering av arbeidet knytt til oppfølginga av EU sitt rammedirektiv for vatn.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sin årlege rapport Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk gir grunnlag for å rekne seg fram til og gi ei fråsegn om effektar av miljøtiltaka slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing. Rapporten behandlar miljøpolitiske resultatområde i samsvar med stortingsmeldingane om regjeringa sin miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og følgjer opp Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi. Rapporten gir òg grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering. Resultatkontrollen vil bli utvikla vidare i samsvar med nye behov. Både oppfølginga av vassforskrifta og landbrukets klimaspørsmål vil leggje føringar for dette arbeidet.

I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er det lagt vekt på at aktiv bruk av skogen er eit viktig tiltak i klimapolitikken. Skog i vekst bind CO2, og bruk av tre i byggsektoren og utnytting av skogsvirke til bioenergi gir klimagevinstar. Auka hogst kan sikre ressursar til bioenergi og varig karbonbinding gjennom auka bruk av tre til konstruksjonar og anna. Med nødvendig planting etter hogst får ein òg eit auka og langsiktig opptak av CO2. Skog- og utmarksareala er i tillegg sentrale for opplevingsturisme og ulike andre næringstiltak. Forsterka satsing på oppbygging av skog og uttak av energivirke, samt auka satsing på utmarksnæring, inneber krav om enda betre kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Av Norsk rødliste for arter 2010 går det fram at skogbruk kan vere ein faktor som påverkar fleire trua og nær trua arter om det ikkje blir teke omsyn. For å motverke negative følgjer av skogbruket blir det teke ei lang rekkje miljøomsyn i skogsdrifta, og det er krav om miljøregistreringar før ein kan gjennomføre skogbrukstiltak. Mange arter har skifta raudlistekategori frå 2006 til 2010. For berre 3 pst. av desse artene er endring i kategori grunna i ei reell endring i populasjonen, og om lag 70 pst. av desse artene har fått ein lågare raudlistekategori. Ingen av hakkespettane er no raudlista, og er med det alle vurdert å ha livskraftige bestandar i Noreg. Hønsehauken er gradert ned ein kategori frå 2006 til 2010, og reknast no ikkje for å vere trua. Det er heilt sentralt å vidareføre satsinga på ein kunnskapsbasert forvaltning og følgje med på korleis ulike miljøverdiar utviklar seg. Gamle trær og daud ved er rekna som viktige element for biologisk mangfald. Tal frå Landsskogtakseringa viser at både mengda store og daude trær og mengda daud ved har auka kraftig i løpet av dei snart hundre åra Landsskogtakseringa har overvaka utviklinga av skog i Noreg. Årleg blir det produsert om lag 3 mill. kubikkmeter ny daud ved. Dette skulle tyde på at det er grunnlag for ei positiv utvikling for mange raudlistearter i skog. Departementet vil derfor vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, samt slike miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse.

Hovudinnsatsen til MiS-prosjekta vil i 2012 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Prosjekta må òg yte fagleg støtte til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker, og leggje til rette oppdatert og tilgjengeleg kunnskap som kjem fram gjennom det arbeidet som blir gjort i MiS. Departementet vil gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil omfatte tilskott til produksjon av informasjonsmateriell, seminar, kunnskapsoppbygging og samlingar, mellom anna retta mot offentleg og privat verksemd.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning

Formål med løyvinga

For å sikre biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar og å møte klimautfordringar, er det grunnleggjande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.

Resultatrapport 2010

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52.

Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for planter, skogtre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Gjennom desse prosjekta fører Genressurssenteret vidare eit aktivt samarbeid med aktørane i genressursarbeidet. Resultat frå prosjekta blir publisert på heimesidene og ofte vidare i ymse media. Dette gir verdfull informasjon til næringsaktørar og forvalting, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta. Det blei løyvd 5,2 mill. kroner til slike tiltak og aktivitetar i 2010.

I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar er det gitt tilskott til Genbanken for fjørfe, til raselag for verneverdige rasar og til oppbygging av genbank for småfe. Drift og vedlikehald av slektskapsdatabasen Kuregisteret er ressurskrevjande, og har høg prioritet. Kuregisteret blir brukt til kontroll av produksjonstilskott til verneverdige storferasar, til overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Data frå Kuregisteret blei òg brukt i SLFs evalueringsrapport om produksjonstilskota til verneverdige storferasar i 2010.

På plantesektoren har bevaring og utnytting av viktige fôr- og matplantar hatt høg prioritet. Bevart plantemateriale er gjort meir tilgjengeleg; dei første bevaringssortane er tekne inn på offisiell sortsliste basert på nye reglar, gamle potetsortar er tekne inn til ein nasjonal genbank og klonarkiv for fruktsortar er kontrollert av Mattilsynet slik at podekvist frå gamle sortar kan takast i bruk. Skogsektoren har halde fram med registreringar i verneområde i edellauvskog som er valde ut som genressursreservat i samråd med miljøforvaltninga. Det er lagt vekt på å skaffe fram frømateriale og plantar med god kvalitet og tilpassingsevne, både til skogbruk, landskapsplantingar og hagebruk.

Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, mens faglege oppgåver knytt til husdyr og skogtre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen har evaluert denne delte lokaliseringa, og konkludert med at den skal halde fram. NordGen fekk 1,6 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda.

I førebuing av kommande møtar i den internasjonale plantetraktaten og FAO sin kommisjon for genetisk ressursar, blei det gitt støtte på til saman 0,6 mill. kroner til å arrangere tre internasjonale konsultasjonar for å følgje opp prosessar for tilgang og rettar til genetiske ressursar og om bønders rettar. Det blei òg utbetalt 0,6 mill. kroner til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund), som svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2009.

Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, huser dublettar av frø frå heile verda. 17 institusjonar la inn til saman 112 101 nye frøprøver i 2010. Ved utgangen av året var i alt 603 159 frøprøver deponerte. Midlane i 2010 gjekk til husleige og drift av frølageret, og til ymse informasjonstiltak. Det er stor pågang for å få informasjon, og departementet har sett i verk tiltak for å oppgradere tilbodet på internett og tilfanget av trykksaker.

Det norske Skogfrøverk skal sikre landsdekkjande tilgang på skogfrø av høg kvalitet, basert på berekraftig forvaltning av genressursane. Stortinget gav i 2010 økonomisk støtte til forvaltningsoppgåver som produksjon av frø, kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, informasjons- og opplæringstiltak og utviklingsoppgåver knytt til anlegg for frøproduksjon med 4,15 mill. kroner over denne posten. Skogfrøverket har mellom anna førebudd arbeidet med nødvendig fornying av skogfrøplantasjar etablert på 1960/70-talet gjennom etablering av 2. generasjon frøplantasjar basert på det beste materialet frå desse. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er kritisk for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Samstundes gjer dette det mogleg å auke foredlingsgevinsten for til dømes volumtilvekst frå eit nivå på 10-15 pst. i dag til ein forventa foredlingsgevinst på 20 pst. eller meir. Foredlingsgevinsten og større dekning av foredla frø har direkte verknad for framtidig binding av CO2 i norske skogar. Departementet gav òg 3 mill. kroner i ekstraløyving til Skogfrøverket frå kap. 1149 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.

Det norske Skogfrøverk og Norsk institutt for skog og landskap har i 2010 inngått ein samarbeidsavtale for å leggje til rette for optimal bruk av den spisskompetansen desse institusjonane har sit på. Eit viktig arbeid i 2010 har vore å lage Strategi for skogplanteforedling 2010 – 2040, som har vore på ei brei høyring.

Over posten blei det òg løyvd midlar til Stiftelsen Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter fekk støtte til arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,9 mill. kroner som er ei auke på 1 mill. kroner til å styrkje arbeidet ved Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter. Departementet legg opp til ei fordeling slik tabell 2.9 viser.

Tabell 2.9 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2011 og budsjettframlegg for 2012

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2011

Framlegg 2012

Genressurstiltak

6 716

6 716

Svalbard globale frøhvelv

4 363

4 363

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 600

1 600

Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter

1 867

2 867

Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 233

1 233

Skogfrøforsyninga

4 150

4 150

Sum genressursforvaltning

19 929

20 929

I eit internasjonalt perspektiv truar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Dette hindrar òg vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda, og ein ser òg eksempel på at husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar.

Klimaendringar er ei ny utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Noreg har ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte, noko som mellom anna er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar.

Over denne posten blir det løyvd midlar til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplantar, husdyr og skogtre. Organisering og resultat av genressursarbeidet 2007-2010 er blitt evaluert som grunnlag for nye handlingsplanar for perioden 2011-2014, og departementet har lagt tilrådinga til grunn for genressursarbeidet i neste planperioden.

Midlane går til aktivitet ved Norsk genressurssenter og mange samarbeidspartnarar rundt om i landet. Dette er med på å oppretthalde eit nettverk av institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som alle bidreg med aktivitet for bevaring og bruk av det genetiske mangfaldet i landbruket. Oppbygging av genbankar og god kontakt med eit aktivt og stort nettverk av aktørar, som på ulike vis bidreg til eit berekraftig vernearbeid for genetiske ressursar i landbruket, er prioriterte område. Dette inneber òg å bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar, rett skjøtsel av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet og klonarkiv. Det skal òg leggjast vekt på meir generelle tiltak, som klargjering av rett og tilgang til og behandling av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar, og utgreiing av følgjene nye utfordringar som t.d. klimaendringar. Løyvingane til genressurstiltak omfattar òg Genbanken for fjørfe, tilskott til lag for verneverdige rasar og til arbeid med å effektivisere kontrolldatabasar for bevaringsverdige husdyrrasar.

Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane Fjordhest og Nordlandshest/lyngshest. Talet på enkeltdyr innanfor desse rasane er no svært lågt og det er sett i gang arbeid med ein handlingsplan for bevaring av de genetiske ressursane hos dei norske hesterasane. Departementet vil leggje denne planen til grunn for auka støtte til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter. Departementet vil òg føre vidare støtte til Stiftelsen Det norske arboretet, der departementet er ein av stiftarane, og til Norsk Hjortesenter over posten.

Det er viktig å ta del i nordisk og internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i Nordisk genressurssenter (NordGen). Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert til Noreg. Departementet gjer framlegg om å vidareføre støtte til denne verksemda i NordGen med til saman 1,6 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering.

Det er òg sett av midlar til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til dette fondet. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal mattryggleik.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, til informasjonsverksemd og til møte i det internasjonale rådet. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verdas genbankar er god, og det er avtalt innskot av frø mange år fram i tid. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,150 mill. kroner for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket og utvikling av Det norske Skogfrøverk.

Det norske Skogfrøverk driv verksemda si på Hamar i eldre bygningar frå 1953, som treng større vedlikehald og oppgraderingar. Skogfrøverket bestemte i 2010 å sette i verk modernisering, men det har òg vore ønske om å vurdere alternativ lokalisering, mellom anna samlokalisering med Graminor AS. Departementet har, saman med Det norske Skogfrøverk og Graminor AS teke initiativ til ei utgreiing om aktuelle alternativ, som skal vere ferdig hausten 2011.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

23 142

23 142

23 142

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

94 970

94 970

94 970

Sum kap. 1141

118 112

118 112

118 112

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Posten omfattar løyvingar til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga.

NILF er eit forskings-, utreiings- og dokumentasjonsinstitutt for føretaks- og næringsøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Instituttet har ein tverrfagleg profil. Instituttet tek oppdrag på kjerneområdet sitt, men òg på fiskeri- og havbrukssektoren, med vekt på handelspolitikk. Vidare har instituttet ein rådgjevande funksjon overfor departementet og anna forvaltning på fagområda sine.

NILF er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får løyving frå departementet for å fylle målsetjingane om næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse direkte frå Landbruks- og matdepartementet. Instituttet mottek basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. NILF har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø.

Ein viktig del av NILF si verksemd er å levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med betyding for produksjon og omsetjing av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, produksjonar som blir drivne i tilknyting til landbruk og landbruket si rolle i bygdesamfunnet. Instituttet utarbeider materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet.

Formål med løyvinga

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2012. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader og endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samanheng med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. NILF skal òg medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Departementet legg òg vekt på auka brukarnytte av driftsgranskingane og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:

  • Føretaksøkonomisk dokumentasjon, under dette rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk

  • Næringsøkonomisk dokumentasjon, under dette sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket

  • Driftsøkonomisk rettleiing og styring, under dette kursverksemd

NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.

Resultatrapport 2010

NILF har i 2010 utarbeidd driftsgranskingar for 2009 med rekneskapsstatistikk frå 848 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleikar, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ein grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 38 samdrifter i mjølkeproduksjon. For 2009 er resultata frå 30 økologiske mjølkebruk analyserte særskilt.

Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF i 2010 utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar.

I 2010 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg hatt oppgåver knytt til m.a. førebuing og deltaking på OECD-møte, oppfølging av internasjonale råvareprisar, dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda, utgreiing om prisdiskriminering på daglegvareleddet og gjennomført utgreiingar knytt til arbeidet med den kommande meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei vidareføring av løyvinga på same nominelle nivå som 2011. NILF skal i 2012 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

Formål med løyvinga

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig for departementet sine mål om trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet, omsyn til biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Sjå elles omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen.

Norsk institutt for skog og landskap

Midlane på posten blir i hovudsak tildelt Norsk institutt for skog og landskap, som er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar.

Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Formålet og rolla til instituttet er å forske og skaffe fram kunnskap knytt til skog, jord, utmark og landskap. Norsk genressurssenter er ei eining ved instituttet.

Instituttet får basisløyving til forsking over kap. 1137 og midlar til kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling, under dette midlar til Genressurssenteret, direkte frå Landbruks- og matdepartementet.

Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap knytt til heile den skogbaserte verdikjeda, samt til arealbruk og landskap. Departementet legg særskilt vekt på berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark og analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.

Instituttet er nasjonalt ansvarleg for ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekkje og arealtilstand. Instituttet skal byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid om bioenergi i Norsk senter for bioenergiforskning. I denne alliansen skal instituttet vere med å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.

Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet må ha ein aktiv og målmedviten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt.

Resultatrapport 2010

Midlane på posten blei i 2010 tildelt Norsk institutt for skog og landskap. Resultatrapporten under følgjer inndelinga i verksemdområde ved instituttet.

Ressursundersøking og overvaking

Norsk institutt for skog og landskap har i 2010 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data om arealtilstand og utvikling på mange område, og dei er såleis eit viktig grunnlag for politikkutforminga. Dei nasjonale oppgåvene er knytte til kartlegging og overvaking av arealressursar, jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.

Instituttet har med grunnlag i tildelte midlar utvikla klimasenterfunksjonen sin og gitt faglege innspel på dette området til Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF) sitt arbeid med Klimakur 2020, KLIF sin rapport om skog som biomasseressursar og den nye meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken. Klimasenteret har hatt særskilt merksemd mot utvikling av modellar som kan forbetre klimagassrekneskapen og prognoseverktøyet. Instituttet samarbeider med forskingsinstitusjonar i dei skandinaviske landa for å forbetre anslaga på endringar av karbon i skogjord. Gjennom finansiering frå Forskingsrådet, Direktoratet for naturforvalting, Klima og forureiningsdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet har instituttet sett i gang eit nytt forskingsprosjekt som skal auke kunnskapsgrunnlaget for klimamotiverte rådgjerder med grunnlag i skogpolitikken. Prosjektet er kalla «Decision support models for increased harvest and climate-motivated forest policies» og skal gå over fire år og gjennomførast i samarbeid med forskarar frå andre sentrale klimaforskingsinstitusjonar.

Arealressurskarta blir brukte i landbruksforvaltning og arealplanlegging, og er tilgjengelege i kartløysingar, mellom anna gjennom Gardskart på internett, jf. avsnittet om geodatatenester under. Karta blir først og fremst nytta ved søknader om og kontroll av arealtilskott i landbruket, men òg til anna forvaltning, planlegging og arealstatistikk. Kartbasen over markslag og arealforhold er no ajourført for alt jordbruksareal. I 2010 blei det ajourført 1 116 km2 jordbruksareal i 68 kommunar.

Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremje nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kartlegginga er i 2010 ført vidare med 39,3 km2. Kart og informasjon er gjort tilgjengeleg på internett. Statistisk gransking av jordsmonnet på landbruksareala er òg starta opp.

Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og driv rådgjeving kring beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. I 2010 blei 367 km2 kartlagt. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gir auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk. Informasjonen blir nytta for å finne løysingar i konfliktar kring arealbruk i utmark, til dømes når det gjeld rovdyr og hyttebygging. Kartleggingsprosjekta blir prioriterte etter tilgangen på medfinansiering frå beitebrukarane.

Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane. Landsskogtakseringa gir, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer i tråd med Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Det er stor etterspørsel frå næringsorganisasjonane, regionane og større føretak etter informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på bioenergi.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2010. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat ifrå OPS blir koordinert på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP).

Instituttet har i 2010 ført vidare dei langsiktige feltforsøka som følgjer utviklinga i ulike skogtypar. Miljøforholda, ressursgrunnlaget og helsetilstanden blir kartlagt saman med moglege effektar av klimaendringar. Instituttet driv òg overvaking for å kunne førebyggje skogskadar som følgje av klimaendringar, sopp- og insektangrep og anna. Som ledd i dette har instituttet òg sett på tømmerimporten for å vurdere faren for at det blir ført nye arter inn til landet.

Landbruket forvaltar mykje av den nasjonale kulturminneskatten. For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket rapporterer instituttet status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Granskinga av status i seterlandskapet blei ført vidare i 2010, og etter to år er ein fjerdedel av dette arbeidet no ferdig. Status og utvikling i jordbrukets kulturlandskap blir òg dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. I 2010 blei det rapportert for dei tre nordlegaste fylka. Data frå overvakinga blir nytta i arbeidet med landskap og i utvikling av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.

Det er eit prioritert politisk mål å fremje næringsutvikling ved å ta heile landet i bruk. Det er òg mål om ei meir aktiv næringsverksemd i verneområde, både for å styrkje lokalsamfunna og for å ta vare på dei verneverdiane som krev aktiv skjøtsel på ein betre måte. I dette arbeidet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane dei kan nytte og om dei miljømessige tålegrensene for auka næringsverksemd i slike, ofte sårbare, område. Arealrekneskap for utmark gir denne informasjonen. I 2010 blei 159 nye område undersøkt, og det blei utarbeidd rapportar om utmarksressursane i Agder-fylka. Til saman er om lag to tredjepartar av landet no dekt i denne undersøkinga.

Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek òg del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å etablere representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover).

Noreg har slutta seg til EU sitt Inspire-direktiv (Directive 2007/2/EC) om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon. EU har bedt instituttet om å leie arbeidet med å utvikle spesifikasjonane for to temaområde i direktivet: Jordsmonn og Arealdekke. Dette viser at instituttet sin kompetanse på fagområda er internasjonalt kjend og verdsett.

Geodatatenestene

Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Dette aukar samfunnsnytten av instituttet si verksemd. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Noreg Digitalt-samarbeidet.

Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Dette er eit viktig bidrag til realisering av mål i e-Noreg-strategien og Noreg digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av gardskart på internett viser framleis ein kraftig auke i bruken. I 2010 opna instituttet og den internettbaserte kartklienten «Kilden», der landbruket, forvaltninga og allmenta får tilgang til instituttet sine kartdata.

Det nasjonale programmet for regelmessig flyfotografering av heile landet er ført vidare med fotografering av 84 000 km2 i 2010. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuert i samarbeid med partane i Noreg digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar. Dette gir betre ressursutnytting, og dermed òg betre tilgang på flybilete gjennom samordna finansiering og gjennomføring av flyfotografering i Noreg.

I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten. Instituttet har arbeidd for å samordne landbruket, og sikre at landbruket både dekkjer sine plikter og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane.

Forsking

Rapport og budsjettframlegg for Norsk institutt for skog og landskap si forsking er omtalt under kat. 15.20 og kap. 1137 post 51.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning

Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar er lagt betre til rette i geografiske innsynsløysingar på internett.

Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring aktuelle patologiske og entomologiske skadar på skog har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har òg hatt ei omfattande informasjonsverksemd knytt til kunnskap om bruk av skogråstoff til bioenergi og bruk av tre som byggemateriale. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking gjennom internettsider som på ein god måte viser samfunnsnytta av det arbeidet som er gjort.

Instituttet har òg teke del i markeringa av biomangfaldåret 2010 med informasjon om biomangfald knytt til landbruket.

Norsk genressurssenter

Genressurssenteret har i 2010 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyheitsinnslag og fagartiklar og i faglege foredrag. Senteret har òg vore aktivt på mange arenaer med informasjonsmateriale om genetiske ressursar, og har sett i verk arrangement og møter.

Genressurssenteret legg stor vekt på å halde kontakt med dei ulike aktørane i genressursarbeidet, og koordinerer nasjonale aktivitetar innan sektorane husdyr, kulturplantar og skogtre. Arbeid med nasjonale handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for ny planperioden 2011-2014 var mellom anna ei oppgåve. Senteret deltek òg aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar, og medarbeidarane er norske representantar i internasjonale samarbeidsorgan. Genressurssenteret gir fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til internasjonale møte, og deltek på møte i FAO sin kommisjon for genetiske ressursar i landbruket.

Budsjettframlegg 2012

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 95 mill. kroner for 2012. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar, skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Løyvinga vil i all hovudsak bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap vil i 2012 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking, jf. òg omtale i kap. 1137, og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.

Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgiving og Norsk genressurssenter.

Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet, kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for betre utnytting av beiteressursane. Departementet meiner det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og å sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane gir viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal framleis leggje vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir tekne i bruk og kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar. Næringsutvikling, matproduksjon, klimapolitikk, attgroing, bioenergi og effektiv tilskottsforvaltning er eksempel på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar gir informasjon som er tilpassa kunnskapsbehova.

Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet, og tek i bruk nye metodar og teknologi der det gir effektive løysingar som dekkjer måla i kartleggings- og overvakingsarbeidet.

Klimautfordringa er eit område med stort behov for kunnskapsutvikling. Norsk institutt for skog og landskap bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet har òg, saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) og Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), ei sentral rolle i arbeidet med Noregs internasjonale klimarapportering. Instituttet skal arbeide vidare med å få fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa. Instituttet har ein viktig funksjon som eit klimasenter på arealinformasjonsområdet. Departementet prioriterte midlar til å utvikle denne funksjonen i 2010 og 2011, og arbeidet vil bli vidareført i 2012. Siktemålet må vere at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data og at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og si rolle i internasjonal rapportering. Kunnskap om status for og utvikling av arealbruk og biomasse fører med seg internasjonal merksemd som følgje av klimautfordringa.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga frå Skogforsk. I tillegg til løyvinga over denne posten får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Omorganiseringa av instituttet i 2006 har gitt eit potensial for forsking på nye område. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.

Instituttet skal, med basis i dei midlane som er foreslått løyvd over denne posten for 2012, kunne utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet på tema som ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping frå skog og miljøspørsmål.

I tillegg til å drive overvaking av skog og kulturlandskap, skal instituttet òg forske, skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og som grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.

Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytte opp mot produksjon, organisering og forvaltning av data, og inngår i den felles nasjonale infrastrukturen Noreg digitalt. For å auke samfunnsnytten av instituttet si verksemd skal data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane bli gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande i form av geodatatenester på internett. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er føresetnaden for desse tenestene. Instituttet skal i denne samanhengen ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Noreg digitalt og Geovekst.

Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart, markslagskartlegging og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Her må instituttet ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta, og generelt bidra til å fremje bruk av ressurskarta i planarbeid og saksbehandling.

Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og bidra i internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for. EU sitt Inspire-direktiv (Directive 2007/2/EC) om etablering av ein infrastruktur av geografisk informasjon, kan føre med seg auka kostnader til avlevering av data på harmonisert form til Europeiske institusjonar.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.

Instituttet skal bidra til effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad i skogbruksplanlegginga. Drift og vidareutvikling av databasen for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.

Instituttet skal drifte overvakingsprogrammet for skogskadar og samarbeide om utvikling av denne overvakinga internasjonalt. Klimaendringane gir grunn til å halde høg beredskap for å sjå skadar på skog i ei tidleg fase og til å førebyggje mellom anna at nye insekt som gjer skade etablerer seg i Noreg. Instituttet skal derfor drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og informasjon over internett. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering av skogskadeovervaking og beredskap.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet viser vilje og evne til å ta forvaltnings-, rådgivings- og konsulent- og informasjonsoppdrag i relevante marknader.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det er særleg viktig at instituttet har gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.

Norsk genressurssenter

Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og til dei rådgjevande organa her.

Informasjonsverksemd med presentasjon av aktuelle genressurstema gjennom heimesidene til senteret, media og anna, skal framleis ha høg prioritet ved Genressurssenteret.

Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139 post 71. Senteret representerer Noreg i internasjonale samarbeidsfora og i mange samarbeidsprogram på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal bidra til nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar på genressursområdet, mellom anna rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).

Genressurssenteret skal òg følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplantar, skogtre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ bevaring, er viktig.

Det er eit stort potensial for meir aktiv bruk av genetiske ressursar i næringsverksemd og innsatsen på dette arbeidsområdet skal aukast.

Innanfor alle dei tre sektorane skal kostnadene ved norsk deltaking i dei internasjonale samarbeidsprogramma bli dekte over denne posten.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

182 439

172 404

174 995

60

Tilskott til veterinærdekning

118 879

122 445

126 118

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast

44

361

361

72

Erstatningar, overslagsløyving

1 278

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving

11 234

45 610

45 610

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast

14 979

15 096

75

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

102

1 000

1 000

Sum kap. 1143

328 955

357 218

348 386

Formål med løyvinga

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken.

SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga for gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgivinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.

SLF sin verksemdsidé er å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje tilhøva til rette for landbruket og matindustrien.

Hovudmål for verksemda er at SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å:

  • sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk

  • sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv

SLF sin strategiske plan for perioden 2007 – 2012 inneheld fem strategiar. SLF skal:

  • fremje verdiskaping i heile verdikjeda

  • auke bruken av FoU-resultat

  • kommunisere aktivt, samordna og brukarretta

  • levere dei brukarretta tenestene elektronisk

  • vere ein attraktiv arbeidsplass som gir rom for utvikling

Presentasjon av resultatområda

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremje næringsutvikling og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgjevinga og ha ei viktig rolle knytt til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplanar sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. I tillegg bidrar SLF med kompetanse på kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i jordbruket sitt kulturlandskap. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde. SLF er nasjonal fagmyndigheit på skogområdet, og har ansvar for skogbrukslova, tilskottsordningar, skogfondsordninga og resultatkontroll. SLF forvaltar òg verkemiddel for økologisk landbruk for å nå målsetjinga på 15 pst. økologisk produksjon og forbruk.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar, samt produksjonsregulerande verkemiddel med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytte til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon. SLF vil arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Styret for forskingsmidlane over jordbruksavtalen.

Marknadstiltak, handel og industri

SLF forvaltar verkemidla innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet.

SLF forvaltar importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad og utanlands tilverking. Ordningane er dels knytte til internasjonale avtalar. Matindustrien og importørar er viktige målgrupper for ordningane. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver.

Administrasjon

Administrasjonsoppgåvene under SLF er knytte til organisasjonsutvikling, personalforvaltning, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT drift og utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Dette skal bidra til ei velfungerande verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.

Resultatrapport 2010

SLF har det nasjonale ansvaret for forvaltninga av dei skogpolitiske verkemidla. Gjennom ordninga med tilskott til uttak av bioenergiråstoff, er det gitt tilskott til uttak av 500 000 kubikkmeter bioenergivirke, som er ei dobling i forhold til året før. SLF har etablert faste kontaktmøte med andre etatar og organisasjonar i skogbruket, og det er gjennomført ulike samlingar for fagansvarlege i fylkesmannsembeta. SLF har i 2010 saman med Jernbaneverket greidd ut tiltak for å få meir av virkestransporten over på jernbane.

I 2010 blei dei første forvaltningsplanane etter vassforskrifta godkjende. Planane viser at det trengs auka innsats i mange landbrukspåverka vassdrag. Regionale miljøprogramtilskot er viktige for ein målretta miljøinnsats, og i 2010 blei 47 prosent av midlane nytta til tiltak som gjeld vassmiljø, 30 prosent av midlane blei nytta til kulturlandskapstiltak, mens resten fordeler seg på tiltak som mellom anna gjeld kulturminne og biologisk mangfald.

SLF er sekretariat for Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket. I 2010 er det løyvd til saman 6,5 mill. kroner frå programmet til 19 ulike prosjekt.

For 2010 blei det avsett 43 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk landbruk. Midlane, som blir forvalta av SLF, er mellom anna løyvd til 50 ulike prosjekt som er presenterte på SLF sine nettsider. SLF arrangerte i 2010 nasjonal økokonferanse på Folkemuseet på Bygdøy med brei deltaking frå næringa og ulike organisasjonar som arbeider med økologisk landbruk.

Det er valt ut 20 ulike kulturlandskap i jordbruket som representerer ulike biologiske og kulturhistoriske verdiar. I samband med naturmangfaldsåret er det peikt ut to nye område med særmerkt biologisk mangfald. Tiltak og aktivitetar for å ivareta biologisk mangfald og kulturminne er komme godt i gang i dei utvalde kulturlandskapa i 2010. Totalt er det løyvd 14 mill. kroner til skjøtsel og investeringar, av dette 8 mill. kroner over jordbruksavtalen, sjå kap. 1150, og 6 mill. kroner frå Miljøverndepartementet. SLF har òg ansvaret for ei eiga satsing som skal ivareta kulturlandskapsverdiane i to av UNESCO sine verdsarvområde – Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. Det er i 2010 gjennomført ei evaluering som viser at satsinga har vore vellykka, og at den bør vidareførast i ytterlegare fem år.

I 2010 har SLF utarbeidd ein ny rettleiar om landbruksomsyn i planlegging etter ny plan- og bygningslov. Rettleiaren gjeld først og fremst arealplanlegging i kommunane.

SLF har i 2010 utarbeidd reglar for og implementert ekstraordinær avlingssvikterstatning til landbruksføretak i Troms etter store avlingstap som skuldast ein kald vinter og ein sein og kald vår.

SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2010. Det var særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet for brukar og forvaltning, samt tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.

I 2010 har SLF arbeidd med vidareutvikling av meir brukarvennlege løysingar og kvalitet knytt til søknad, saksbehandling og kontroll, samt utbetaling av tilskott. I dette perspektivet er samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap om å etablere eit oppdatert kartverk for jordbruksareala viktig. Ved utgangen av 2010 var slikt kartverk med tilhøyrande jordregister produsert for 423 kommunar, og av desse hadde 246 kommunar eit kvalitetssikra digitalt kartverk til bruk i arealkontrollen.

Kontrolleiinga i SLF følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på ein god måte. Den samla kontrollaktiviteten auka i 2010.

SLF har i 2010 utført arbeid i samband med WTO-forhandlingane, forhandlingar med EU og frihandelsavtalene under EFTA.

I 2010 har arbeidet på IKT-området vore konsentrert om aktivitetar som bidreg til gevinstar og betra tenester for brukarane, tiltak for å redusere risikoen for driftsavbrot og ustabilitet og aktivitetar som bidreg til å redusere IKT-kostnader og forenkle vedlikehaldet.

SLF har i 2010 lansert ny informasjonsportal og ny portal for elektroniske tenester. Arbeid med nytt fagsystem for Regionale miljøtilskott er starta opp.

SLF har i 2010 arbeidd systematisk med informasjonssikkerheit. Sikkerhetspolicy er utarbeidd, og alt arbeid med informasjonssikkerheit vil i det vidare bli basert på standarden NS-ISO/IEC 27001:2005. Haldningsskapande arbeid på informasjonssikkerheitsområdet har hatt spesiell merksemd.

I 2010 har SLF revidert beredskapsplanar på dei ulike fagområda, og det blei gjennomført ei beredskapsøving i samarbeid med Direktoratet for sikkerhet og beredskap.

Under post 72 Erstatningar sette SLF i 2010 fram tilbod til erstatningsmottakarane om eingongserstatning for å forenkle administrasjonen av erstatningane. Tolv av grunneigarane aksepterte tilbodet.

Av post 73 Tilskott til erstatning m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, blei det i 2010 mellom anna betalt ut erstatning etter påvising av plantesjukdommane raud marg i jordbær, gul og kvit potetcystenematode (PCN) og husdyrsjukdommane klassisk skrapesjuke på småfe og den svært smittsame sjukdommen open yngelråte hos bier.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei i 2010 brukt til utvikling av nye sortar engvekstar, poteter, frukt og bær. Graminor AS fekk godkjent 3 nye eigne sortar.

Nærare omtale av aktiviteten i SLF i 2010 finn ein i årsrapporten for 2010 på www.slf.dep.no.

Budsjettframlegg 2012

I 2012 vil det vere viktig å utvikle verksemda vidare. For å nå måla, blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagt til grunn.

Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare, er arbeidet på IKT-området. Det er nødvendig å halde fram satsinga på IKT for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper, som bønder og aktørar i næringsmiddelindustrien, ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere elektronisk med SLF når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette, og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Innhenta og lagra data er òg ein viktig ressurs i SLF sin informasjon til forvaltning, næring og samfunn.

Under følgjer ei nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda i 2012.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

SLF skal som nasjonal skogmyndigheit, ivareta dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla på skogområdet.

Informasjonstiltak og beredskapsoppgåver er nokre av desse oppgåvene. I tillegg kjem viktige utgreiingsoppgåver for å sikre ei bærekraftig og miljøtilpassa utvikling av skognæringa. Ei av dei nye oppgåvene er å utøve sekretariatsfunksjon for Utviklingsfondet for skogbruk.

På området klima og miljø vil det bli behov for auka ressursinnsats i åra framover, jf. òg kategoriomtalen. Oppgåvene vil mellom anna gjelde forbetring av status- og resultatrapportering for ulike miljøtiltak, utgreiing og utvikling av tiltak på klimaområdet, særleg knytt til jord, gjødsling og husdyrgjødsel. Det er òg behov for ein auka ressursinnsats for å følgje opp vassdirektivet, mellom anna for å få ein meir målretta innsats og for å leggje til rette for god involvering av landbruksfagleg kompetanse på regionalt og lokalt nivå.

SLF vil få auka ansvar med gjennomføring av naturmangfoldlova knytt til regelverket som gjeld landbruksverksemd og for å ivareta landbruksomsyn i samband med utpeiking av prioriterte artar og utvalde naturtypar.

SLF skal leggje til rette for utvikling av økologisk landbruk og omsetning av økologiske produkt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020. Marknaden for økologiske matvarer har stagnert den siste tida. Viktige oppgåver i 2012 og framover vil derfor vere å leggje til rette for auka aktivitet når det gjeld omsetnad og marknadsføring. Det vil òg vere viktig for SLF å følgje opp satsinga på økologiske føregangsfylke og å leggje til rette for auka forbruk av økologiske matvarer i offentleg verksemd.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske og juridiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2012.

I 2012 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og å auke kvaliteten i forvaltninga. Meininga er at produsentane i aukande grad skal nytte nettløysingane og at kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem.

Ein effektiv og kvalitativ god kontroll er viktig for næringslivet, for tilliten til forvaltninga og for legitimiteten til landbrukspolitikken. SLF vil vidareføre arbeidet med målretta kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde. Vurderingar av risiko og vesentlegheit er grunnlaget for kontrollverksemd ved SLF. Erfaring viser at auka merksemd på kontroll avdekkjer fleire brot på regelverk og feil frå søkjar. Oppfølging og opplæring av fylkesmannsembeta med omsyn til kontrollverksemda deira, vil vere viktig.

Marknadstiltak, handel og industri

SLF vil i 2012 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk, vil vere ei prioritert oppgåve. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri, slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk.

SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.

SLF vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).

I 2012 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, og da i første rekkje RÅK-ordninga og prisutjamningsordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga.

Administrasjon

I 2012 vil SLF arbeide med vidareutvikling og effektivisering av datasystema, under dette systemsikkerheit og tilbod til brukarane om nye elektroniske tenester via SLF sine internettsider og Altinn. Den auka merksemda på å modernisere eldre datasystem og lage meir effektive tenester med sikte på å redusere risiko og sikre stabil drift, vil halde fram.

Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2012.

SLF har sett i verk eit prosjekt for målstyring som vil ha stor merksemd i 2012.

SLF vil i 2012 halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Merknader til dei enkelte postane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 174,9 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formålet med tilskottet er å medverke til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Hovuddelen av den foreslåtte løyvinga på posten, om lag 109,6 mill. kroner, vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli fordelte mellom kommunane ut i frå rammeavtalen mellom KS og Den norske veterinærforening.

Det er gitt mellombels unntak fram til 30. juni 2012 frå konkurranseloven for klinisk veterinærvakt. I samarbeid med Landbruks- og matdepartementet føretek Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet ein gjennomgang av rammene for organisering av dei veterinære vakttenestene som grunnlag for å finne fram til ei meir permanent løysing for korleis forholdet til konkurranseloven skal handsamast. Ein tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat om saka i løpet av andre halvåret 2011.

Framlegget til løyving omfattar òg om lag 12 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioriterte til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.

I framlegget er det òg lagt inn om lag 4,5 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Midlane vil bli delt likt mellom alle kommunane.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtale mellom Norgesmøllene og SLF. I avtalen forpliktar Norgesmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 361 000 kroner for 2012.

Post 72 Erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Forureininga etter atomulukka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruket enkelte stader i Midt-Noreg. For å motvirke dette, blir stoffet Giesesalt nytta som tilsetningsstoff til fôr for å redusere opptaket av radioaktivet cesium i dyr på beite. Ved Stortinget si behandling av Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 er det gitt fullmakt til at SLF kan inngå avtale om kjøp av Giesesalt for ein periode på inntil 6 år. Innkjøpet blir finansiert over posten og er rekna til om lag 4 mill. kroner kvart anna år. Utgiftene til fornya godkjenning av stoffet blir òg dekte over posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 45,6 mill. kroner i 2012.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

Ordninga med tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blir foreslått flytta frå kap. 1143 post 74 til jordbruksavtalen kap. 1150 post 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak, jf. Prop. 126 S (2010-2011) Jordbruksoppgjøret 2011 – endringer i statsbudsjettet for 2011 m.m.

Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

Dyrevelferdslova blei vedteken i 2009, og trådde i kraft 1. januar 2010. Departementet har fastsett forskrifter med heimel i lova. Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i lova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2012.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsinntekter m.m.

41 720

35 622

36 726

18

Refusjon av sjukepengar

4 138

Sum kap. 4143

45 858

35 622

36 726

Post 01 Driftsinntekter m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som SLF har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 36,7 mill. kroner i inntekter for 2012.

Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast

6 471

6 592

6 592

Sum kap. 1144

6 471

6 592

6 592

Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å:

  • bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet

  • styrkje fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane

  • styrkje fylkesmannen og kommunane sin innsats innan miljø- og ressursforvaltning og næringsutvikling

Resultatrapport 2010

I 2010 blei 6,5 mill. kroner nytta til kommuneretta og miljø- og ressursbevarande arbeid. I samband med forvaltingsreforma blei det ført over 2 mill. kroner frå kap. 1144 post 77 til kap. 1150 post 50. Det er ført over 2,3 mill. kroner frå kap. 1112 post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk til kap. 1144 post 77. Midlane blir nytta til det femårige utviklingsprogrammet for fjellregionen (Alvdal, Folldal, Tolga, Os i Hedmark, Tynset, Rendalen og Røros), som blir forvalta av Fylkesmannen i Hedmark. Tilskotta til kommuneretta arbeid blei nytta til å vidareutvikle dialogen mellom fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane, og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. I tillegg har løyvinga blitt nytta til samarbeidsavtalen med KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon). Avtalen med KS har ført til styrking av samarbeidsarenaene med kommunesektoren sentralt og regionalt. Synleggjering av landbruket som ein del av heilskapen i kommunane sitt samfunns- og næringsutviklararbeid har blitt vektlagt. Kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei òg løyvd midlar til kompetanseheving i samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS). Det blei løyvd midlar til fylkesmannen sitt arbeid innanfor rovviltforvalting, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje arealavrenning. Vidare er det gitt midlar til arbeidet med å sikre kontakta med Russland gjennom prosjektet Økt kontakt med Russland. Frå 2010 tok Fylkesmannen i Finnmark over ansvaret for prosjektet frå Fylkesmannen i Troms.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer for 2012 framlegg om ei løyving på 6,6 mill. kroner. Det vil òg for 2011 bli sett av midlar for å styrkje samhandlinga og dialogen med kommunane på landbruksområdet. Det blir òg foreslått å løyve midlar til å vidareføre samarbeidet med KS. Løyvinga til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og tilskottet til arbeidet med kommunane si KOSTRA-rapportering blir vidareført. Det vil framleis bli sett av midlar til fylkesmannen sitt arbeid med rovviltforvalting og rammedirektivet for vatn.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

44 287

41 289

42 723

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

8 158

6 958

6 958

70

Tilskott til fjellstover

643

702

702

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

7 321

8 904

8 904

82

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

1 755

2 500

2 500

Sum kap. 1147

62 163

60 353

61 787

Endring i organiseringa av reindriftsforvaltninga

Regjeringa har bestemt at det skal gjennomførast endringar i organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta. Den sentrale forvaltninga blir vidareført med lokalisering i Alta og får namnet Statens reindriftsforvaltning. Reindriftstyret blir vidareført som i dag. Forvaltningsstrukturen blir forenkla ved at områdestyra blir avvikla, noko som inneber lovendringar. Det blir vidare gjennomført ei administrativ verksemdoverføring frå Landbruks- og matdepartementet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet ved at områdekontora under dagens reindriftsforvaltning i Alta blir overførte til Fylkesmannen. Det faglege ansvaret for reindriftsforvaltninga vil framleis liggje under Landbruks- og matdepartementet. Det tas sikte på at områdestyra blir avvikla parallelt med at områdekontora blir overførte til fylkesmannen, og at endringane blir gjennomførte i løpet av 2012.

Formålet med løyvinga

Statens reindriftsforvaltning er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgjevande rolle. Statens reindriftsforvaltning skal leggje til rette og arbeide aktivt for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret.

Når det gjeld dei overordna reindriftspolitiske måla, vidarefører departementet dei seks resultatområda som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltning skal på bakgrunn av mellom anna grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter og klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand til naturgrunnlaget, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet med å dokumentere reindrifta sin arealbruk, og med å sikre tilgang til nødvendige areal. Reindriftsforvaltninga skal arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal, og då serleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på ansvaret sitt på alle nivå i samsvar med dei pliktene desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift. Å bidra til auka produksjon og lønsemd for den einskilde reindriftsutøvar står sentralt. Dette må sjåast i samanheng med arbeidet med ressursforvaltning og med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av innhaldet i verkemidla. Dei ulike verkemidla må sjåast i ein samanheng slik at ein oppnår størst mogeleg effekt.

Samhandling – informasjon

Reindriftsforvaltninga skal samarbeide med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad med miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og formålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den einskilde reindriftsutøvar.

Resultatrapport 2010

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for ei berekraftig reindrift. Dette omfattar til dømes at forvaltninga i samarbeid med næringa skal utgreie og fastsetje vilkår, drive rettleiing for å leggje til rette for god avkastning og føre kontroll med at vilkår blir overhaldne.

I oppfølginga av ny reindriftslov har Reindriftsforvaltninga i 2010 prioritert å få utarbeidd og godkjent bruksreglar for alle reinbeitedistrikta. Fleire distrikt har fått hjelp med utarbeidinga av bruksreglane. I 2010 har 17 av 75 reinbeitedistrikt fått godkjent bruksreglane sine i Reindriftsstyret. Dette utgjer om lag 25 pst. av alle reinbeitedistrikta.

Talet på rein i 2010 var om lag 251.500 rein i vårflokk. I 2009 var talet 250.000 rein. Næringa hadde for driftsåret 2009/2010 eit uttak av kalv på 60-75 pst. på områdenivå. Kalvevektene i Finnmark har gått ned. Resten av landet har stabile slaktevekter.

I samanheng med ressursforvaltninga blir det òg gjennomført driftskontroll, konfliktløysingar og kontroll av avtaletiltak. Dette er omfattande oppgåver som krev vesentlege menneskelege og økonomiske ressursar.

Ressurssituasjonen og førekomsten av rovdyr påverkar i vesentleg grad driftstilhøva i reindrifta. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid mellom rovdyrforvaltninga og reindriftsforvaltninga i dei ulike regionane. Arbeidet skjer fortløpande gjennom innsamling av data om talet på rein, tap, beitebruk, ressurssituasjonen m.m. Når det gjeld reindrifta sine oppgjevne tap i Melding om reindrift, har forvaltninga gjennomført ei kvalitetssikring før oversending til Fylkesmannen. Vidare har forvaltninga vurdert beite- og driftstilhøva for den einskilde sida, og påpeika faktorar som har hatt følgje for rovdyrtapa. Reindriftsforvaltninga søkjer å ha nær kontakt med dei regionale rovdyrnemndene for å få belyst reindrifta sine utfordringar når det gjeld rovdyr på ein mest mogeleg korrekt måte.

I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakingsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita, og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Kartlegginga og registreringa som blei gjennomført i 2006 viste ei viss positiv utvikling på lavbeita i delar av Finnmark. Førebels resultat frå nye undersøkingar av haust-, vår- og vinterbeita i 2009 og 2010 viser igjen ei negativ utvikling av beita.

I alle seks reinbeiteområda er det oppretta vernebuingsutval med representantar frå områdestyra i reindrifta, Mattilsynet og representantar frå næringa. Det har i 2010 ikkje vore naudsynt med tiltak vedrørande beite- og driftstilhøva i næringa.

Forureining etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 legg framleis føringar for store delar av reindrifta sør for Saltfjellet. Måling av høge verdiar inneber framleis behov for nedfôring og kassasjon. Dette viser at det er behov for kontinuerleg merksemd om problemet og at ein er førebudd på at radioaktivitet i reinkjøtt vil vere eit problem i mange år framover.

Arealforvaltning

Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er nødvendig å sikre reindrifta sine areal betre. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å vareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Mykje av arbeidet blir utført gjennom prosessar som kommuneplanlegging, reguleringsarbeid, konsesjonssaker med meir. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Det er gitt innspel ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd vidare med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. I samanheng med dette arbeidet blei det gjennomført ein revisjon av arealbrukskarta for alle reinbeitedistrikta.

I samanheng med ei effektuering av framforhandla reinbeiteavtaler med grunneigarar i Rørosregionen, har Reindriftsforvaltninga sørga for at det har blitt bygd gjerder. I 2010 er det bygd om lag 8000 meter med gjerde i regionen.

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har hovudansvaret for at tematiske konfliktvurderingar blir gjennomførte, og skal varsle Reindriftsforvaltninga om alle nye og konsesjonssøkte prosjekt. Reindriftsforvaltninga gjennomfører òg tematiske konfliktvurderingar i saker som blir varsla. I vurderingane blir historisk bruk, nåverande bruk og konsekvensar for reindriftsnæringa ved utbygging i det planlagde området omtalt.

Reindriftsbasert næringsutvikling

For å styrkje kvinnene sin posisjon i reindrifta, har det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 blitt øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Føremålet med satsinga er å sikre og auke kvinner si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje forholda til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa. Reindriftsforvaltninga har leda arbeidet med å få utarbeidd rapporten Likestilling i reindriften. Rapporten gir ei vurdering og ei kartlegging av eksisterande materiale om reindriftskvinner si stilling. I tillegg fremmer han ei rekkje konkrete forslag for å betre likestillinga i reindrifta.

Reindriftsforvaltninga har hatt sekretæransvaret for Marknadsutvalet for reinkjøtt. Ei sentral oppgåve for dette utvalet er å gjennomføre ulike marknadstiltak. I tillegg skal utvalet halde kontakten med reinkjøttbransjen og informere aktørane om utviklinga av marknaden, samt dei tiltaka som blir gjennomførte.

Det er overført 2 mill. kroner frå Reindrifta sitt utviklingsfond (RUF) til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytte til reindrift. Når det gjeld Verdiskapingsprogrammet for rein, har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Noreg i gjennomføringa av programmet.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsrutinar rundt søknader om tilskott. Det er arbeidd aktivt for at reindriftsutøvarane kan innlevere tilskottssøknadane elektronisk. I 2010 var det 42 pst. av søkjarane som leverte elektronisk søknad. Dette var ein auke på 14 pst. i forhold til året før.

For å kontrollere talet på rein er det gjennomført offentlege teljingar av rein i Aust-Finnmark, Vest-Finnmark og Nord-Trøndelag. Der talet på rein ikkje har vore i samsvar med oppgitte tal i Melding om reindrift er det sett inn tiltak.

I 2010 blei det gitt støtte til 18 forskingsprosjekt, med eit samla beløp på 5,4 mill. kroner. Ein større del av prosjekta som det blei gitt støtte til, har tema som er direkte relaterte til drift og produksjon, arealinngrep, verdiskaping og verknader av klimaendringar på reindrifta.

Samhandling – informasjon

I 2010 har Reindriftsforvaltninga halde fram med ein direkte og aktiv informasjonsstrategi for å skape tillit og forståing i næringa. For Reindriftsforvaltninga er dette avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet for reindrifta. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa viser kva for verdiar som blei skapte i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.

Reindriftsnytt er utgitt i 4 nummer i 2010. Magasinet har om lag 1 500 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er omsette til nordsamisk.

Reindriftsforvaltninga si internettside www.reindrift.no blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyheitssaker, finst mellom anna alle publikasjonar, verkemiddel, postlister, reindriftskart, reinmerkeregister og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga har dei siste åra hatt stor merksemd på eiga kompetanseutvikling. I 2008 starta Reindriftsforvaltninga eit organisasjons- og leiarutviklingsprogram. Dette programmet blei avslutta i 2010. Programmet har medverka til auka forståing av mål- og resultatstyring, leiarutvikling, medarbeidarutvikling, teamkompetanse, samhandling og miljø. I tillegg har programmet medverka til betre samkøyring av dei ulike delane av forvaltninga.

Forvaltninga har gjennomført ei medarbeidarundersøking som oppsummert viste at arbeidstakarane var fornøgde med arbeidsplassen og oppgåvene sine, og at dei opplever at arbeidsmiljøet er bra.

Forvaltninga har starta arbeidet med å utvikle ein kompetanseplan for heile etaten. Dette arbeidet er omfattande og vil bli ferdigstilt i 2011. Planen skal gi ein oversikt over den kompetansen som det er behov for i forvaltninga. Ut frå planen vil det bli utarbeidd eit program som vil kunne tilby kollektive og individuelle opplæringstiltak for alle tilsette der det er behov.

Budsjettframlegg 2012

Det er etablert ei sentral styringsgruppe som skal utgreie overføringa av områdekontora under Reindriftsforvaltninga til Fylkesmannen. Landbruks- og matdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og tenestemannsorganisasjonane i staten har underskrive ein omstillingsavtale i medhald av hovudavtalen § 2 nr. 2. Med bakgrunn i at styringsgruppa sitt arbeid ikkje er ferdig, har ein valt at endringane i forvaltninga av reindrifta skal gjennomførast i 2012, mens sjølve overføringa av midlar frå kapittel 1147 til 1510 blir gjennomført først i 2013. Dette medfører at Fylkesmannen sine utgifter blir dekka over kapittel 1147 i 2012.

Budsjettframlegget for 2012 er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftslova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane på beiteareala, og at tilgangen til og bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover, og vere ein føresetnad for at ei rekkje av lova sine reglar skal komme til bruk. I dei tilfella der distrikta ikkje følgjer opp i samsvar med godkjente bruksreglar, skal forvaltninga setje inn tiltak.

I dei siste åra har enkelte distrikt i fleire reinbeiteområde hatt ein låg produksjon. I Finnmark indikerer det høge reintalet i enkelte område at ressurssituasjonen her framleis er kritisk. Høge tap til rovdyr, sjukdom og vedvarande dårlege klimatiske vilkår på vinterbeite er andre årsaker til låg produksjon. Det er nødvendig med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta, og om samspelet mellom desse. Det er derfor viktig at forvaltninga hjelper aktivt til med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å fortsetje arbeidet med å stimulere til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintalet i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga halde fram med å hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata, mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar for endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.

Reindriftsforvaltninga skal ferdigstille arbeidet med å få oppdatert og digitalisert reindriftskarta og gjere karta lett tilgjengelege på internett.

I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering rundt reindrift og vindkraftprosjekt.

Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon er sluttførte. Konvensjonen har vore på høyring. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til med effektuering av den nye konvensjonen.

Det skal forhandlast om ein ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette og hjelpe til under forhandlingane om ein ny konvensjon.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Reindriftsforvaltninga skal stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Noreg arbeide for at verkemidla frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) og Verdiskapingsprogrammet for reindrift (VSP-rein) blir sett i samanheng med kvarandre, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Ei viktig oppgåve for forvaltninga er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er derfor nødvendig å prioritere fellestiltak i reindrifta framover. I samband med dette må erfaringane frå kartlegging av slakte- og foredlingsanlegg i dei ulike reinbeiteområda stå sentralt ved utarbeiding av strategiar og handlingsplanar for RUF og VSP-rein. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta.

Reindriftsforvaltninga er sekretariat for Reindrifta sitt marknadsutval. Forvaltninga skal sikre at møta i utvalet blir gjennomførte og følgje opp bruken av midlane.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå høgare verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal liggje føre både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gje innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga fortsetje å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser. Forvaltninga skal òg medverke til at forskingsmidlane blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Samhandling – rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om ansvarsområda sine overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.

Dokumentasjon og formidling av reindrifta sin arealbruk og rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider og leggje til rette for ein betre kunnskap om reindrifta i Noreg.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal halde fram med vidareutvikling og forbetring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling og interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. I samanheng med endring i organiseringa av reindriftsforvaltninga ved at ansvaret for områdekontora blir deler av løyvinga overført til Fylkesmannen. Med bakgrunn i omstillinga, blir det foreslått å auke løyvinga over posten med 1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2011, totalt 42,723 mill. kroner.

Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. Vidare skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, samt forhandlingar og administrative utgifter i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon. Posten skal òg nyttast til å dekkje administrative utgifter til forhandlingar og eventuelt ei effektuering av reinbeiteavtalar vest for Aursunden. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,958 mill. kroner. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. I tillegg skal posten dekkje utgiftene til effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for m.a. reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 702 000 kroner i 2012.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 8,904 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark. Av den samla løyvinga gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 1,0 mill. kroner for å dekkje utgiftene til forlenga omstillingsløn. Det har vist seg vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp igjen reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til ordinær pensjonsalder etter folketrygdlovgjevinga. Føresetnaden for å komme inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla.

Utfordringa med å følgje opp godkjende er størst i dei distrikta i Finnmark der reintalet ikkje er i samsvar med beiteressursen og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir oppnådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reindriftslova sine reglar, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for ein betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetjing av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansiert over denne posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det einskilde distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjon.

Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av godkjende bruksreglar, skal forvaltninga telje rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekte over denne posten.

Reindrifta har betydelege tap. Den store differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg framtredande i Finnmark, og den har auka konfliktnivået mellom styresmaktene og næringa. Derfor er det eit stort behov for å betre kunnskapen om produksjon og tapsårsaker i reindrifta. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap om desse tilhøva blir dekte over denne posten.

Som eit ledd i arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, er det påkravd med utbetring av eksisterande arealbrukskart. Dette må vidare sjåast i samanheng med distrikta sitt arbeid med bruksreglar og distriktsplanar. Utgifter til digitalisering av kart i Finnmark blir dekka over denne posten.

Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av Reindriftsforvaltninga. For å kunne ha påkravd fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system.

Post 82 Radioaktivitetstiltak

Staten si dekking av kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen. Det blir foreslått ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2012. Dette er tilsvarande løyving som for 2011.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Refusjonar m.m.

325

36

37

16

Refusjon av foreldrepengar

-1

18

Refusjon av sjukepengar

359

Sum kap. 4147

682

36

37

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving

47 679

90 000

88 000

Sum kap. 1148

47 679

90 000

88 000

Post 71 Naturskade, erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Resultatrapport 2010

I 2010 blei det behandla 573 erstatningssaker med samla skadetakst på 50,3 mill. kroner. Samla utgjorde erstatningsutbetalingane 44,4 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 3,2 mill. kroner til dekking av takseringskostnader og FoU-tiltak. Flaumskadar i Oppland, Buskerud og Troms utgjorde dei største skadane.

Budsjettframlegg 2012

Klimaframskrivingane viser at klimaet i Noreg kan ventast å endre seg i betydeleg grad i dette hundreåret. Departementet reknar med auka omfang av naturskadar i åra framover. Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner per sak til den skadelidte til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.

Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 37,5 mill. kroner for 2012, jf. Tabell 2.10 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.10 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2012.

(i mill. kr)

Ansvar per 1.1.2011

38,1

+

Forventa tilsegn i 2011

69,9

=

Sum

108,0

-

Forventa erstatningsutbetalingar 2011

70,5

=

Ansvar per 31.12.2011

37,5

+

FoU-tilskott, takseringskostnader mv.

7,0

+

Forventa nye tilsegn i 2012

81,0

=

Sum

125,5

Forslag til løyving i 2012

88,0

Tilsegnfullmakt i 2012

37,5

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 271

3 271

3 271

71

Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m., kan overførast

97 453

62 485

69 977

Sum kap. 1149

100 724

65 756

73 248

Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ei avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Statens landbruksforvaltning har i 2011 tatt over som sekretær for fondet etter Noregs Forskningsråd.

Resultatrapport 2010

I 2010 blei det gitt tilskott på om lag 3,582 mill. kroner til elleve nye prosjekt, to reisestipend, og eitt innkjøp av utstyr samt ein arrangementsstønad.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,3 mill. kroner for 2012. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot bruksretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m.

Formål med løyvinga

Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Førstehandsverdien av tømmeret som blei hogd og omsett utgjorde 3 mrd. kroner i 2010. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er på mellom 40 og 50 mrd. kroner årleg. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda, frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle, konstruksjonsvirke mv. Skogsektoren er uskjerma og utsett for endringar i verdsmarknaden, noko kan skape problem for verdiskapinga i sektoren. Skogen tek opp store mengder CO2, og er derfor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor meir energikrevjande materiale vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er skogen sin rolle i klimasamanheng grundig drøfta, sjå omtale under kat. 15.30. Skogen er òg leveområde for mange arter, rik på kulturminne og ei viktig kjelde til friluftsliv og opplevingar.

Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket mellom anna gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak over statsbudsjettet, tilskott til nærings- og miljøtiltak og tilskott til skogbruksplanlegging over jordbruksavtalen, og skogfondsordninga. Post 71 omfattar tilskott til tiltak for auka verdiskaping og tiltak retta mot klima og fornybar energi.

Resultatrapport 2010

Trebasert innovasjonsprogram

Trebasert innovasjonsprogram har til hensikt å auke innovativ bruk og produktutvikling av tre. Ein godt driven skog tek opp mest CO2, og bruk av tre i bygg og andre produkt lagrar CO2 gjennom hele livsløpet. Programmet bidrar derfor både til verdiskaping og har ein positiv effekt på CO2-balansen.

Den totale ramma for programmet var 40 mill. kroner i 2010, medrekna overførte midlar frå 2009. Det blei gitt tilskott til 72 prosjekt, tilsvarande totalt 30 mill. kroner. Den relativt høge delen ubrukte midlar kan skyldast at programmet har ønska å styrkje kjerneområda i programmet og derfor avvist søknadar som ligg utanfor dette. Ubrukte midlar blei overførte til 2011. Utvikling av byggløysingar og utvikling av leverandørar til byggmarknaden var særs viktig i 2010. Nye byggkonsept innanfor landbruks- og forretningsbygg, nye energiløysingar i bustadhus, hus i fleire etasjar og massivtre har vore dei prioriterte områda. Potensialet for auka trebruk er rekna å vere størst innanfor desse segmenta. Effektivisering av produksjonen gjennom industrialiserte prosessar har òg vore viktig for å sikre effektivitet og konkurransekraft. 81pst. av prosjekta er no bedriftsretta, i tråd med måla for programmet.

Programmet har i 2010 utvikla det regionale drivarnettverket vidare. I samarbeid med trenæringa og det regionale partnarskapet er det no etablert såkalla «drivarfunksjonar» i 13 fylke delt på 8 regionar. Programmet bidreg til å koordinere drivarane og med nødvendig fagleg støtte. Drivarane arbeidar med å få byggnæringa til å bruke meir tre, og for å stimulere trebedrifter til nytenking og utvikling. Erfaringane med ei slik organisering er gode. Drivarane sentralt og regionalt er avgjerande for å få til auka aktivitet innanfor tresektoren.

Samarbeidet mellom Trebasert innovasjonsprogram og Noregs Forskingsråd sitt program «Natur og næring» er vidareført m.a. ved koordinering av søknader mellom dei to institusjonane. Samarbeidet har utvikla ein effektiv og god arena for samordning av verksemda. Prosjekta blir òg koordinerte mot prosjekt støtta av Skogtiltaksfondet.

Berekningar utført av Trelastindustrien viser at forbruket av trelast per m3/person/år har auka frå 0.54 til 0.67 i perioden 1999-2006. Etter eit toppår i 2007 blei bransjen sterkt ramma av finanskrisa i 2009, da omsetninga av tømmer blei redusert med ca 25 pst. I 2010 auka omsetninga med 23 pst. og ligg no på det same nivået som før finanskrisa.

Tilskott til infrastruktur og andre verdiskapingstiltak i skogbruket

Transportstøtte har bidrege til lokal utnytting og foredling av tømmer. I 2010 blei innretninga på ordninga endra, og det blir ikkje lenger gitt støtte til transport av tømmer. Løyvinga i 2010 var på 3,5 mill. kroner, og formålet med midlane skal vere å bidra til å betre infrastrukturen i område med dårleg utbygd infrastruktur og der virkesavsetninga er vanskeleg. Det blei i 2010 løyvd om lag 800 000 kroner til infrastrukturtiltak.

Skog-, klima og energitiltak

Over denne posten blei det løyvd 29 mill. kroner til skog-, klima- og energitiltak i 2010. Midlane blei disponerte til bioenergi, skogstreforedling og skogkulturtiltak. Det blei løyvd 3 mill. kroner til Skogfrøverket til skogplanteforedling og drift av frøplantasjar. Om lag 1 mill. kroner av dette gjekk til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap. Resten av løyvinga har gått til å styrkje kapasiteten ved Skogfrøverket for gjennomføring av praktiske oppgåver i skogplanteforedlinga. Midlane til skogkulturtiltak er forvalta av SLF og samordna med løyvinga til skogkultur under Landbrukets Utviklingsfond (LUF), kap. 1150, post 50.

Ordninga med tilskott til uttak av skogsråstoff til bioenergi fekk i 2010 ei løyving på 17 mill. kroner. Saman med overført beløp frå 2009 blei det stilt 31 mill. kroner til disposisjon for ordninga i 2010. Det har vore stor etterspørsel etter midlane, og i løpet av to år har produksjonen auka frå rundt 60 000 til 500 000 lauskubikkmeter. Dette svarer til omlag 427 mill. kWh. Om lag 70 pst. av tilskotta har gått til pleie av kulturlandskap, vegkantrydding og lauvskoghogst. Det har vore ein nedgang i lauvskoghogsten, mens aktiviteten i dei andre tilskottsområda har auka samanlikna med 2009. Volumet av produsert flis som er løyst ut av tilskotta svarar til behovet for varme til 41 000 husstandar, og kan erstatte 41 mill. liter fyringsolje. Dette gir ein potensiell reduksjon av utslepp på 120 000 tonn CO2. Ordninga har hatt ein positiv effekt på sysselsetjinga for skogsmaskinentreprenørar. Heile løyvinga blei nytta i 2010.

Det første halvanna året gjekk ein stor del av skogsflisa til Sverige, men den siste tida har ein aukande del gått til norske anlegg. Sikre leveransar av råstoff gjer at norske energiaktørar svarar med å byggje ut nye biovarmeanlegg. Denne utviklinga er viktig for å kunne byggje opp kompetanse og erfaring når det gjeld effektiv handtering av råstoffet og sikre investering i ny infrastruktur og anna driftsutstyr. Etablering av fleire anlegg inneber òg at ein går i riktig retning når det gjeld målet om å skape balanserte verdikjeder og velfungerande marknader for bioenergi. Det er sett i verk aktivitet i nesten alle fylke, men hovudkonsentrasjonen har vore i dei sentrale skogstrøka på Austlandet.

Til andre bioenergitiltak blei det løyvd 7 mill. kroner i 2010, og desse midlane gjekk til Innovasjon Noreg for å styrkje aktivitetane under Bioenergiprogrammet. Investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr var her eit prioritert område.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 69,9 mill. kroner i 2012. Hovudtiltaka på posten er løyvingar til Trebasert innovasjonsprogram og skog-, klima- og energitiltak, under dette oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram for Stortinget i juni 2009 og behandla i desember same året.

Tresatsingstiltak

St.meld. nr. 39 (2008-2009) held fram auka bruk av tre som eitt av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Meldinga legg for eksempel til grunn at auka hogst kan gi 1,25 millionar kubikkmeter ny trelast som vil gi ein samla substitusjonseffekt på om lag éin million tonn CO2.

Trebasert Innovasjonsprogram

Trebasert innovasjonsprogram byggjer opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit viktig element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Marknadsføring av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.

Hovudmålsetjingane for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå måla er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiane som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæringa.

Dersom tre i aukande grad skal brukast i til dømes byar og tettstader, er det behov for produktutvikling som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Det er òg grunn til å peike på at det framover er eit stort behov for nye landbruksbygg. Det er eit stort potensial for bruk av tre i slike bygg. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området har eit stort potensial for både auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar.

Endringar og strengare krav i forskrifter knytt til tekniske løysingar og energikrav gjer at det er eit stort behov for utvikling og tilpassing av treløysingar til desse endringane.

Trebasert Innovasjonsprogram blei evaluert våren 2011. Evalueringa konkluderte med at programmet bidreg til auka bruk av tre og auka lønnsemd i verdikjeda. Programmet kan vise til høy grad av innovasjon, høg addisjonalitet, god måloppnåing i prosjekta og det bidreg betydeleg til kompetanse i bedriftene og samarbeid mellom aktørane i verdikjeda. Programmet har bidrege til å opparbeide eit nettverk av regionalt forankra drivarar for tresektoren. Evaluatoren trekk fram denne organiseringa som viktig for å nå måla til programmet. Denne kombinasjonen av støtte til nyskapande trebaserte løysingar og aktivt informasjonsarbeid er vurdert som ein god kombinasjon for å fremje bruk av tre. Vidare utvikling av denne måten å organisere arbeidet på bør prioriterast i 2012.

Løyvinga til tresatsingstiltak blir foreslått sett til om lag 28 mill. kroner for 2012, som er ein auke i løyvinga på om lag 10 mill. kroner samanlikna med 2011.

Andre skog-, klima- og energitiltak

St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og St.meld. nr. 39 (2008-2009) viser fram ei rekkje tiltak for reduksjon av utslepp frå jordbruket, og framhevar skogen si viktige rolle i klimasamanheng. Regjeringa omtalar i meldinga ei auka satsing på fornybar bioenergi, skogplanting og skogkulturtiltak for å få lågare klimagassutslepp og vedvarande høg karbonbinding i norsk skog.

Løyvinga til skog-, klima- og energitiltak over post 71 må sjåast i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under LUF i kap. 1150 post 50. Departementet vil i 2012 halde fram med å følgje opp departementet si klimamelding på områda skog og bioenergi gjennom støtte til tiltak som både bidreg til auka opptak av CO2 i skog og til reduksjon av utslepp av klimagassar. Skogplanteforedling, skogkultur og auka produksjon av skogråstoff til bioenergi vil vere sentrale tiltak. Midlar til skogplanteforedling vil bli samordna med løyvinga til Skogfrøverket jf. kap. 1139 post 71.

Infrastruktur er ein av dei største utfordringane for skogbruket i Nord-Noreg. Departementet har tidlegare gitt tilskott til langtransport av skogsvirke i Nord-Noreg. Denne ordninga vil ikkje bli ført vidare i si tidlegare form. Departementet vil til erstatning for dette gi tilskott til tiltak for å styrkje heile verdikjeda i skogsektoren i Nord-Noreg. Statens landbruksforvaltning (SLF) skal forvalte midlane, som først og fremst skal gå til infrastrukturprosjekt i dei nordlegaste fylka.

Løyvinga til skog, klima og energitiltak over post 71 blir foreslått sett til om lag 42 mill. kroner i 2012.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Fondsavsetningar

1 131 386

1 075 153

1 038 653

70

Marknadsregulering, kan overførast

228 684

197 900

190 900

71

Tilskott til erstatningar mv., overslagsløyving

40 000

73

Pristilskott, overslagsløyving

2 177 623

2 283 500

2 290 100

74

Direkte tilskott, kan overførast

7 513 402

7 810 119

8 351 319

77

Utviklingstiltak, kan overførast

202 102

211 230

233 526

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 659 277

1 759 704

1 584 604

Sum kap. 1150

12 912 474

13 337 606

13 729 102

Kapitla 1150 og 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar omkring produksjon og omsetnad innanfor jordbruket.

Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvingane er oftast styrte av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving.

Formål med løyvingane

Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for den kommande budsjettperioden, sjå òg innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i Prop. 126 S (2010-2011) Jordbruksoppgjøret 2011.

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagte av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur, og norsk pris- og kostnadsnivå generelt gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samstundes. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapittelet. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt m.a. i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar m.a. økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad òg for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Det er behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærare greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike grupper og ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane under jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad òg under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalte til produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla, basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner derfor at det har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane.

Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakarane som sjølve søkjer når tilskotta blir utbetalte via eit omsetningsledd. Størrelsen på tilskotta er ei direkte følgje av kvanta levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og velferdsordningar

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengde og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, består desse av refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane, då oppgåvene deira er fastsette i forskrifter, rettleiingar mv., og arbeidet deira ikkje er styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelt kommune.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og Statens landbruksforvaltning direkte til ein sams mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Ordningane finns m.a. under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70, underpost 11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Statens landbruksforvaltning (SLF). Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir dekte direkte innanfor løyvingane over kapittel 1143, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar, mens SLF er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

SLF har saman med fylkesmannsembeta og kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon, KS, gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Med grunnlag i kontrollprosjektet stiller SLF no krav om at fylkesmannen kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre forvaltningskontroll av kommunar, samt utføre føretakskontroll.

Resultatrapport 2010

Riksrevisjonen gjennomførte ein forvaltningsrevisjon om måloppnåing og styring i jordbruket i 2010, Dokument 3:12 (2009-2010). Kontroll og konstitusjonskomiteen la fram innstillinga si i Innst. 77 S (2010–2011), og den blei behandla av Stortinget i desember 2010. Komiteen seier mellom anna at det er viktig at departementet klargjer dei vidare føresetnadene for god måloppnåing, og kva som kan vere ei realistisk måloppnåing.

Fleirtalet peikar på at det er nødvendig å operasjonalisere dei overordna måla, men òg på at dette ikkje må føre til at det som ikkje kan bli målt blir oversett. Komiteen føresett at tilskottsordningane blir utforma på bakgrunn av oppdatert kunnskap om kor avvika mellom mål og resultat er størst, og at departementet følgjer opp dei tiltaka som alt er etablerte for å målrette ordningane.

I Prop. 126 S (2010-2011) har departementet følgt opp merknadene frå komiteen gjennom ei tydelegare kopling mellom resultatrapporteringa og dei måla og retningslinene Stortinget har fastsett. Denne proposisjonen viser derfor berre dei overordna trekka.

Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer tek tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane, på bakgrunn av teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremje utvikling i næringa og tilpassingar som er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.

Utviklinga i dei viktigaste resultata som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis og over tid, og kan derfor i liten grad lesast over eitt år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultata er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir måloppnåinga òg påverka av fleire forhold som ikkje er styrte gjennom jordbruksavtalen. Det gjeld til dømes prisutviklinga på innsatsfaktorar som kunstgjødsel og energi, samt renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.

I Prop. 126 S (2010-2011) viser kap. 3 utviklinga i jordbruket samanlikna med dei måla og retningslinene Stortinget har fastsett. I denne proposisjonen blir det derfor vist til dei overordna trekka.

Norsk landbruk består av om lag 180 000 landbrukseigedommar og nærare 50 000 jordbruksføretak. Utviklinga vil variere både mellom bruk med ganske like føresetnader, og mellom bygdesamfunn. Dette skuldast at bøndene, som private næringsdrivande, og familiane deira gjer tilpassingane sine ut frå ei samla vurdering av alle rammevilkåra, både på bruket og av andre tilbod. Landbrukspolitikken må alltid ta omsyn til kostnader og konkurransekraft, både for jordbruket og matindustrien. Alle ledda i verdikjeda er viktige for å oppnå eit godt samla resultat. Utviklinga av ein god og heilskapleg landbrukspolitikk, må skje ut frå ei samla forståing av utfordringar og moglegheiter.

Overordna mål for jordbruket

I innleiinga til denne proposisjonen er det nemnt 8 delmål og 3 strategiar for den samla landbruks- og matpolitikken. Innanfor den gjeldande jordbrukspolitikken har Stortinget, innanfor ramma av den samle landbruks- og matpolitikken, utforma sentrale mål på følgjande område:

  1. Aktivt jordbruk over heile landet (del av delmål 6)

  2. Nasjonal matproduksjon (del av delmål 7)

  3. Miljø og klima (del av delmål 4)

Utforminga av verkemiddel og forvaltninga av dei må skje med god styring og kontroll, òg der målretting og forenkling av verkemidla er viktig.

Eit aktivt og variert jordbruk over heile landet

I jordbruksoppgjera dei seinaste åra er dei grasbaserte produksjonane i distrikta sterkt prioriterte. Politikken på dette området skal motverke tunge trendar i motsett retning. Departementet har i fleire år rapportert til Stortinget om grader av manglande måloppnåing i nokre område av landet. Ei samanlikning med til dømes Sverige, viser likevel i eit visst monn at vi har positive resultat av politikken i Noreg på dette området.

Produktivitetsutviklinga i landbruket har i mange år vore større enn i andre næringar. Materialet til Budsjettnemnda viser at jordbrukssektoren dei siste 10 åra har hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 6 pst. per år, og ein auke i multifaktorproduktivitet på 2,2 pst. per år. I følgje Nasjonalrekneskapen var auken i arbeidskraftproduktivitet for private fastlandsnæringar i perioden 1991-2009 på 2,4 pst. per år, mens total faktorproduktivitet auka med 1,9 pst. per år.

Når marknaden i hovudsak er avgrensa til innanlandsk forbruk, vil den samla sysselsetjinga gå ned. Derfor er det viktig å leggje til rette for alternativ sysselsetjing, og regjeringa legg stor vekt på å stimulere til utvikling av nisjeproduksjonar og tilleggsnæringar.

Inntektsutviklinga i næringa er, ved sidan av å vere eit eige mål, det viktigaste verkemiddelet for å kunne oppnå eit aktivt og variert landbruk over heile landet. Tilstrekkeleg lønnsemd er ein viktig føresetnad for at dyktige folk i næringa, og ikkje minst ungdommen, skal finne jordbruk som ein interessant arbeidsplass for framtida.

Departementet har valt å vise måloppnåing for eit aktivt og variert jordbruk over heile landet gjennom følgjande parameterar:

  • Utviklinga i totalt dyrka areal syner ein viss nedgang, men noko mindre enn talgrunnlaget kan gi inntrykk av på grunn av innføring av digitalt kartverk. Det er særskilt kornareala som har størst nedgang. Det har samanheng med utbyggingspress i sentrale område og at den teknologiske utviklinga gjer maskinane for store for ein del marginale areal.

  • Den geografiske fordelinga:

    • Talet på jordbruksføretak mellom landsdelane har endra seg noko. Frå 1999 til 2010 har den årlege prosentvise reduksjonen vore størst i Agder og Telemark (4,6 pst.), Vestlandet (4,5 pst.) og i Nord-Noreg (4,3 pst.).

    • Reduksjonen i totalt jordbruksareal i drift frå 1999 til 2010 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg, som har hatt ein reduksjon på mellom 4 og 8,5 pst. Generelt har det vore ein nedgang i arealet av open åker, og ein auke i eng- og beiteareal. Fulldyrka areal blir redusert meir enn totalarealet i alle landsdelane.

    • Auken i produksjonar med vekst i etterspørselen har komme i sentrale område, mens produksjonen elles har vist ei stabil fordeling mellom regionane. Auken i kyllingproduksjon har særleg skjedd i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet, mens auken i produksjon av svinekjøtt for det meste har komme i Rogaland. Målt i arbeidsforbruk har Austlandet og Rogaland hatt ein noko mindre nedgang enn resten av landet.

  • Nærings- og bygdeutvikling, inkl. likestilling og rekruttering:

    • «Ta landet i bruk!» er ein førande strategi for arbeidet. Den dannar eit rammeverk for alle typar lønnsam næringsverksemd med utgangspunkt i dei menneskelege og materielle ressursane på garden. Alle fylke har utarbeidd ein regional strategi for næringsutvikling som tilpassar tiltaka til dei mest aktuelle utfordringane i regionen. Dei regionale strategiane er utarbeidde av det regionale partnarskapet, som består av Fylkesmannen, Innovasjon Noreg, fylkeskommunen, landbruket sine organisasjonar, kommunane med fleire.

    • Etterspørselen etter investeringsverkemiddel i landbruket er stor i forhold til disponibel ramme, og det er nødvendig å gjere prioriteringar. Mange av søknadene gjeld midlar til oppgradering av eksisterande driftsapparat for å imøtekomme nye krav til driftsbygningar og dyrevelferd, men det er òg stor interesse for midlar til utvikling av nye næringar.

Nasjonal matproduksjon

Stortinget har sagt at norsk jordbruk både på kort og lang sikt, skal bidra til å sikre forbrukarane stabil og god matforsyning. Jordbruket skal produsere for å dekkje etterspørselen etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg, innanfor dei gjeldande handelspolitiske rammene. Produksjonen må tilpassast marknaden og vere i balanse over tid. Maten skal produserast på ein etisk akseptabel og økologisk og samfunnsmessig bærekraftig måte.

Det siste tiåret har produksjonsvolumet i jordbruket auka med om lag 5 pst., i følgje volumindeksane frå normalisert rekneskap i Totalkalkylen. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 8 pst. Det er særleg produksjon av svin, fjørfe og egg som aukar. For dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane er utviklinga stabil. Det er bra samsvar mellom utviklinga i produksjonen og endringane i etterspørselen.

Produksjonen av planteprodukt varierer meir enn for husdyrprodukta. Produksjonen av korn, poteter og særleg blomster, har falle det siste tiåret. For kornproduksjonen skuldast reduksjonen både nedgang i arealet og negative trendar i avlingane for kveite og havre, mens det framleis er avlingsauke for bygg. Det er marknadsmoglegheit for auka kornproduksjon.

Produksjonen av grønsaker og hagebær har auka. Fruktproduksjonen auka i byrjinga av perioden, men har falt dei siste åra. I grøntsektoren har marknadene vore ustabile på grunn av både nasjonale forhold og importkonkurranse. Målprisane har i varierande grad blitt nådde. Produksjonen av blomster har falle med om lag 23 pst. dei siste ti åra. Det er særleg produksjonen av snittblomster som mister marknadsdelar til import.

Dei siste åra har marknadene for norske jordbruksvarer vore om lag i balanse. For storfe og sau går marknaden igjen i retning av små underskott slik det var nokre år. For dei kraftfôrbaserte produksjonane er det prognosert overskott for egg og svinekjøtt.

Overproduksjon gir høg omsetningsavgift og lågare prisuttak i marknaden enn det jordbruksavtalen gir grunnlag for. Jordbruksavtalen slår fast at jordbruket sjølv har det økonomiske ansvaret for å halde råvaremarknadene i balanse.

Miljø og klima

I St.meld.nr, 19 (1999-2000) blei følgjande mål for miljø i landbruket sett:

«Landbruket skal i tråd med samfunnets behov produsere fellesgoder som livskraftige bygder, et bredt spekter av miljø- og kulturgoder, og en langsiktig matforsyning.»

Nedanfor er det sett opp nokre punkt om miljøstatusen i jordbruket, med hovudvekt på resultat frå verkemidla over jordbruksavtalen Det er vanskeleg å måle effektar av tiltak i naturen. Dette skuldast at det er mange ulike faktorar som verkar inn. Resultata blir derfor førebels presenterte i form av tal på aktiviteten, og ikkje like mye kvantifisert miljøeffekt. Departementet arbeider med å vidareutvikle rapporteringa og indikatorar på miljøresultat i landbruket.

Næringsstoffavrenning og vassforureining: Å redusere vassforureining (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er ein viktig del av miljøarbeidet i jordbruket. Aktiviteten har dei siste åra vore retta mot å følgje opp vassforskrifta. Det er eit mål at alle vatn skal oppnå god økologisk tilstand. Det må arbeidast med å godkjenne forvaltningsplanar som i dag omfattar om lag 20 pst. av alle vassområde. Resultat frå JOVA (program for jord- og vassovervaking i landbruket) viser at tap av næringsstoff har auka i fleire vassdrag sidan 1992. Dette har skjedd til tross for omfattande tiltak. Bioforsk meiner dette skuldast meir nedbør og ustabile vintrar.

Bruk av mineralgjødsel: Omsetninga av mineralgjødsel har endra seg mykje over tid. Høge gjødselprisar i 2008/2009 førte til låge innkjøp, men dette blei delvis kompensert med høge innkjøp sesongen før. Gjødslingsnormene er dei siste åra gjennomgått og anbefalt fosforgjødsling er betydelig redusert for mange vekstar. I 2010 låg forbruket av fosfor på om lag 7 500 tonn. Det har òg vore ein betydeleg reduksjon i nitrogenbruken.

Utslepp av klimagassar frå jordbruket: Jordbruket sto for eit utslepp av klimagassar på omlag 4,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2009. Dette utgjer om lag 9 pst. av dei totale norske utsleppa. Utsleppa frå jordbruket har blitt redusert med 8 pst. sidan 1990. Nedgangen skuldast i hovudsak reduksjon i utslepp av lystgass som følgje av lågare bruk av nitrogengjødsel, samt ein liten reduksjon i utslepp av metan som i hovudsak skuldast nedgang i talet på mjølkekyr.

Redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel: Evalueringa av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008), viser at målsetningane i førre planperioden ikkje blei nådde. Omsetninga er ikkje redusert, men det har vore ei dreiing mot middel med lågare helse- og miljørisiko. Den nye handlingsplanen for perioden 2010-2014 vidarefører målsetjingane om å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel i norsk landbruk, og redusere risikoen for helse og miljø ved bruk av slike middel.

Nasjonalt miljøprogram har som hovudmål å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap og å sikre at eit breitt utval av landskapstypar og særlege verdifulle biotopar og kulturmiljø blir tekne vare på og skjøtta. Det skal òg bidra til at produksjonen gir låg forureining og lite tap av næringsstoff. Programmet består av både tilskottsordningar og miljøkrav.

Arealutvikling og beiting i utmark: Om lag 3 pst. av arealet i Noreg er dyrka. Totalt jordbruksareal i drift har gått ned dei siste 10 åra, jf. omtale ovanfor. Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskap og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Talet på beitedyr på utmark har auka med 11 400 dyr frå 2009 til nær 2 250 000 dyr i 2010. Den største auken er av sau og lam, men talet på storfe auka òg. 85 pst. av alle sau og lam beiter i utmark. Om lag 26 pst. av alle storfe beiter i utmark, noko som er ein svak auke.

Regionale miljøprogram (RMP) er ein sentral del av dei miljørelaterte tiltaka og verkemidla over Jordbruksavtalen. Å ta vare på spesielle kulturlandskap er eit viktig mål for RMP, og det er ein rekke forskjellige ordningar for å sikre særskilt skjøtsel av desse. I tillegg er det fleire tiltak for å redusere forureining til vatn. I 2010 var utbetalingane frå RMP på i overkant av 400 mill. kroner. Tiltak for å ta vare på kulturlandskap og tiltak for å redusere avrenning til vassdrag, fekk til saman om lag 77 pst. av RMP-midlane i denne perioden.

Miljøvennleg behandling av husdyrgjødsel: I jordbruksoppgjeret 2007 blei det vedteke å starte ei pilotordning for miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Det blir gitt tilskott til produsentar som nyttar miljøvennlege metodar for å spreie husdyrgjødsla i utvalde område. Spreiing av husdyrgjødsel fører til tap av både ammoniakk (NH3) og lystgass (N2O) til luft. Ammoniakkutslepp frå jordbruket utgjer om lag 90 pst. av dei totale utsleppa av ammoniakk i Noreg. Husdyrgjødsla står for om lag 90 pst. av jordbruksutsleppa, der den største delen kjem frå gjødselspreiing. Pilotprosjektet har gått i 3 år. Bioforsk har etter 2010-sesongen evaluert ordninga. Spreiemetodane gir lågare avrenning av fosfor og redusert lukt. Spreiemetodane som har fått tilskott reduserer ammoniakkutsleppa med 20 til 60 pst.

Spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) skal bidra til å ivareta natur- og kulturminneverdiane og til å redusere forureining frå jordbruket utover vanleg jordbruksdrift. Ordninga blir forvalta av kommunane, og var på 120 mill. kroner i 2010. Om lag 80 pst. av midlane går til tiltak for å fremje kulturlandskap og kulturmiljø, og nær 20 pst. til tiltak for å redusere forureining. Hydrotekniske anlegg, fangdammar og våtmarker er dei viktigaste gruppene av tiltak innan forureining, mens freda og verneverdige bygningar og gamal kulturmark er dei største postane for bevaring av kulturlandskap.

Økologisk produksjon og forbruk

Regjeringa har som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020. Samla for alle produktgrupper utgjorde omsetninga av økologiske produkt i daglegvarehandelen 1,0 pst. av total omsetning innan samanliknbare varegrupper i 2010. Etter fleire år med auke i marknaden for økologiske varer i verdi, har det vore ein liten nedgang i omsetninga i 2010. Totalt blei det omsett økologiske matvarer for nær 1,2 mrd. kroner i 2010. Generelt viser tal frå daglegvarehandelen fallande etterspørsel. NOU 2011:14 Mat, makt og avmakt, viser blant anna til at betalingsviljen for økologiske produkt varierer mellom produktgrupper. Økologisk produksjon utgjer små, men aukande delar av den totale produksjonen på dei ulike produksjonsområda. Figur 2.2 viser utviklinga i talet jordbruksføretak med økologisk drift og økologisk- og karensareal for perioden 1991-2010. Dei økologiske areala i 2010 var på om lag 470 000 dekar, og utgjorde om lag 4,7 pst. av det totale jordbruksarealet (medrekna karensareal er delen 5,7 pst.).

Figur 2.2 Jordbruksbedrifter med økologisk drift, og økologisk- og karensareal. Heile landet,  1991 – 2010.

Figur 2.2 Jordbruksbedrifter med økologisk drift, og økologisk- og karensareal. Heile landet, 1991 – 2010.

Kjelde: Debio.

Det er store regionale variasjonar i delen av jordbruksareal som er i økologisk drift. Sør-Trøndelag (8,2 pst.) og Buskerud (7,6 pst.) hadde dei høgaste delane økologiske areal i 2010, mens Rogaland hadde lågast del (0,7 pst.). Den kraftigaste veksten i areal har Aust-Agder og Vestfold med over 30 pst. Dei økologiske husdyra utgjer førebels ein liten del av det totale talet på husdyr i Noreg. Talet økologiske dyr auka for nesten alle husdyrslag i 2010. Størst auke var det for gris med 30 pst. Talet økologiske mjølkekyr auka òg, og dei utgjer no 3,6 pst. av totalen. Delen med økologisk sau og lam utgjer 4,6 pst., mens delen økologiske verpehøns utgjer 3,8 pst. av totalen.

I kap. 3 i Prop. 126 S (2010-2011) er det resultatomtale av fleire andre tiltak og resultat innafor miljøområdet som organisert beitebruk, utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarv og tilretteleggjing av beiteareal for trekkjande gås.

Inntektsutviklinga

Frå 2006 til budsjettet for 2011 har bruttoinntektene i jordbruket auka med vel 6 mrd. kroner, etter at dei låg nokså stabilt rundt 30 mrd. kroner i mange år. Berekningane viser ein inntektsauke frå 2009 til 2010 på 16,1 pst., eller 34 500 kroner per årsverk. For perioden 2006 til 2010 er inntektsauken per årsverk rekna til 57,6 pst., eller 91 000 kroner. Auken for andre grupper var i same perioden 20,8 pst., eller 74 900 kroner.

Inntektsutviklinga i jordbruket er nærare omtalt i kap. 3.4 i Prop. 126 S (2010-2011) og behandla i Stortinget den 16.6.2011, jf. Innst. 444 S (2010–2011).

Kostnadsutvikling og investeringar

Frå 2006 til budsjettet for 2011 har kostnadane, utanom renter, auka med 3,75 mrd. kroner. Både driftskostnadene og kapitalkostnadene fall frå 2009 til 2010. Driftskostnadene fall med 0,7 pst., særleg på grunn av eit kraftig fall i gjødselprisane. Kapitalkostnadene fall med 2 pst. på grunn av reduksjon i normalisert realrente. Investeringane nådde sitt lågaste nivå etter opptrappinga på 70-tallet i 2002, og har stige sidan.

Sysselsetjing og strukturutvikling

Jordbruket stod for 2,5 pst. av den samla sysselsettjinga i 2010, mot 5,5 pst. i 1990. I tillegg leverer mange føretak varer og tenester til landbruket, og det er ein omfattande verksemd knytt til foredling og omsetning av landbruksvarer. Tabell 2.11 viser utviklinga i talet på jordbruksbedrifter i drift og årsverk sidan 1979. Etter år 2000 har den årlege nedgangen i sysselsettjinga vore høgare enn perioden før. Etter 2005 viser tala frå Budsjettnemnda ein redusert avgangstakt for talet på jordbruksbedrifter, mens reduksjonen i samla sysselsettjing er relativt stabil på om lag 3,5 pst. per år.

Tabell 2.11 Talet jordbruksbedrifter og årsverk i 1000 stk. for landet, 1979-2010

År

1979

1989

1999

2005

2009

2010

Talet på jordbruksbedrifter

125,3

99,4

70,7

53,0

47,7

46,2

Talet på årsverk

134,6

101,2

81,6

65,7

57,3

55,0

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Sidan 1999 er talet på jordbruksverksemder redusert med nesten 35 pst., eller om lag 24 400 verksemder. Det gjennomsnittlege talet dekar per jordbruksverksemd har auka frå 148 dekar i 1999 til 218 dekar i 2010. I 2010 var det 11 414 jordbruksføretak med mjølkeproduksjon, når samdrifter er rekna som eitt føretak. Dette inneber ein reduksjon i tal verksemder med mjølkeproduksjon på 51 pst. i perioden 1999 til 2010. Størrelsen på verksemder med kornproduksjon har auka frå 150 dekar i 1999 til 227 dekar i 2010. I same perioden auka gjennomsnittleg tal vaksne sau frå 42 til 63. Arealet til jordbruksverksemder som går ut av drift, blir i stor grad tekne over av andre jordbruksverksemder, i hovudsak gjennom leie. Delen leid areal er i gjennomsnitt om lag 41 pst.

Jordbruksoppgjeret 2011

Jordbruksavtalen 2011-2012 er basert på dei prinsippa som er trekte opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitèen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmåla for den økonomiske politikken.

Jordbruksavtalen 2011-2012 som blei inngått mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag den 16.5.2011, omfattar målprisane for perioden 1.7.2011 til 30.6.2012 og tilskott som blir utbetalte i 2012. I tillegg blei partane einige om omdisponering i 2011 av tidlegare løyvde midlar. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksavtalen 2011-2012 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 126 S (2010-2011) og behandla i Stortinget den 16.6.2011, jf. Innst. 444 S (2010–2011).

Budsjettframlegg 2012

Budsjettframlegget for 2012 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 392 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2011, frå om lag 13,337 mrd. kroner til om lag 13,729 mrd. kroner. Postane 50, 70, 74, 77 og 78 kan òg nyttast til utgifter av utviklings- og utgreiingsart under kap. 1143 post 01.

Auken i 2012 er sett saman av følgjande forhold:

  • 383 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret

  • 3 mill. kroner i reduserte tilskott som følgje av volumendringar på overslagsløyvingane (post 73)

  • 12 mill. kroner i netto effekt av flyttingar mellom kap. 1150 og andre kapittel på statsbudsjettet

Post 50 Fondsavsetningar

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

1 081 386

1 045 153

1 038 653

50.12

Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

50 000

30 000

Sum post 50

1 131 386

1 075 153

1 038 653

Formål med løyvinga

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter Landbrukets Utviklingsfond (LUF) sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og å byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna tilskottsordningar, tidsavgrensa program, samt utviklingsmidlar. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekte over fondet. Landbruks- og matdepartementet sin strategi Ta landet i bruk! frå 2007, utgjer den nasjonale strategien for næringsutvikling, og legg rammene for satsinga på næringsutvikling med basis i landbruket og bygdene sine ressursar. Alle fylke har òg utvikla eigne strategiar for arbeidet med næringsutvikling i tilknyting til landbruket.

Resultatrapport 2010

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Landbrukets Utviklingsfond finansierer ei rekkje verkemiddel som skal medverke til næringsutvikling i landbruket. Midla er viktige for å nå målsetjinga om å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet.

Etterspørselen etter investeringsverkemiddel i landbruket er stort i forhold til disponibel ramme, og det er nødvendig å gjere prioriteringar. Mange av søknadane gjeld midlar til oppgradering av eksisterande driftsapparat for å imøtekomme nye krav til driftsbygningar og dyrevelferd, men det er òg stor interesse for midlar til utvikling av nye næringar. Det visast til Prop. 126 S (2010–2011) Jordbruksoppgjøret 2011 – endringer i statsbudsjettet for 2011 m.m. for ei grundigare omtale av dei enkelte ordningane.

Stiftinga KSL Matmerk

Stiftinga KSL Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon. Dette blir gjort gjennom m.a. å arbeide med merkeordningar, kvalitetssystem og kompetanse for å synleggjere konkurransefortrinn ovanfor forbrukar og marknad.

Målet er å dokumentere for forbrukarane, varekjedene og myndigheitene korleis produksjonen på norske gardsbruk går føre seg, og vere eit styrings- og kvalitetssystem for den enkelte bonde. I 2010 blei det gjennomført om lag 4 600 eksterne revisjonar. Det er òg utarbeidd eit eige kvalitetssikringssystem for Inn på tunet, og det er i 2011 oppretta ei eiga, breitt samansett faggruppe for Inn på tunet. I tillegg har KSL-standardane blitt oppdaterte. KSLs koordineringsutval blei avvikla i september 2010, men faggruppene innanfor KSL blir ført vidare.

Merkeordninga Beskytta nemning

Merkeordninga Beskytta nemning er ein konkurransestrategi for norsk matproduksjon. Ved utgangen av 2010 hadde totalt 18 produkt fått godkjenning, og det låg inne sju søknader om godkjenning. I 2010 blei Basturøykt kjøtt på namdalsk vis og Villsau frå norskekysten godkjende.

Merkeordninga Spesialitet og aktivitetar knytt til marknadsåtgang og kommunikasjon

Ved utgangen av 2010 var 200 produkt frå 51 bedrifter godkjende for bruk av Spesialitetsmerket. Det blir arbeidd med å vidareutvikle marknadsbodskapen både for Spesialitet og Beskytta nemning. Hausten 2010 blei det gjennomført ein større kampanje for merkeordninga.

Utvikling av merkeordninga Nyt Norge

Merkeordninga blei lansert i 2009. Ved utgangen av 2010 hadde 16 verksemder godkjenning for bruk av merket på totalt 660 produkt. Søknad frå to nye verksemder var under behandling.

KSL Matmerk har i 2010 prioritert marknadsmidlar til arbeidet med å auke kjennskapen til og kunnskapen om merkeordninga i befolkninga. Kommunikasjonsplattforma er forankra hos merkebrukarutvalet. Det er arbeidd med marknadsføring gjennom året, og gjennomført tre større kampanjar våren, sommaren og hausten 2010. Hjelpt kjennskap til merket har auka frå 19 pst. ved inngangen til 2010 til 56 pst. ved utgangen av året.

Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL)

Målet med KIL er å medverke til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller i tilleggsnæringar til primærlandbruket. Midlane skal gå til utvikling av nye kompetansegjevande tilbod eller til vidareføring og vidareutvikling av eksisterande kompetansegjevande tilbod. KSL Matmerk mottok i 2010 37 søknadar om støtte, der 18 blei godtekne. Til saman blei det gitt løyvingar om tilskott på nær 5,5 mill. kroner.

Rekruttering, likestilling, utdanning og kompetanse

Landbruks- og matdepartementet har i Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 sett mål om 40 pst. kvinneleg representasjon for eigardelen, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement, irekna Landbruks- og matdepartementet. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar, og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigedommane og delen av aktive kvinnelige gardbrukarar i 2010 var på 14,4 pst. Kvinner driv og eig ofte dei mindre gardsbruka. Fleire av samvirkeorganisasjonane har nådd målet om minst 40 pst. representasjon av kvart kjønn i styra sine.

Når det gjeld dei økonomiske verkemidla som Innovasjon Noreg forvaltar, har det vore ei positiv utvikling i delen etablerartilskott og BU-midlar til kvinner dei siste åra. I 2010 var løyvingane til kvinner på 46 pst. for BU-midlar og 76 pst. for etablerarstipenda. Undersøkingar utført av Bygdeforskning viser ein forholdsvis høg del kvinner i næringar som Inn på tunet, gardsturisme/grønt reiseliv og økologisk drift. Det blir arbeidd med eit betre dokumentasjonsgrunnlag for utviklinga i desse næringane generelt.

I jordbruksforhandlingane 2010 blei avtalepartane einige om ei satsing for å rekruttere ungdom inn i næringa. Som ein del av denne satsinga blei det sett av 4,5 mill. kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe beståande av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Prosjektansvar og prosjektsekretariat er lagt til Norges Bondelag. Prosjektet vil bli sett i samband med andre midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket.

Matindustriens kompetanseprosjekt er eit samarbeid mellom NHO Mat og Bio, NHO Mat og Drikke, Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) for å styrkje kompetanse- og rekrutteringsgrunnlaget i matindustrien. Prosjektet har ei total ramme på 16 mill. kroner over tre år. Landbruks- og matdepartementet støttar prosjektet med 1,5 mill. kroner over sentrale BU-midlar inneverande år, og tek sikte på å vidareføre støtta gjennom heile prosjektperioden.

Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket

Fylkeskommunane har frå 2010 fått ansvar for 20 mill. kroner til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Midlane er i 2010 forvalta med bakgrunn i regionale strategiar for landbruksbasert næringsutvikling, og fylkeskommunane sine strategi- og plandokument på området. Det er lagt til rette for eit forpliktande samarbeid med næringa om innretninga på midlane spesielt, og om den landbrukspolitiske dialogen i fylket generelt. Enkelte fylke har utarbeidd eigne strategiar og handlingsplanar for bruken av midlane i samarbeid med næringsorganisasjonane og fylkesmannsembeta. Tilskottsmidlane er hovudsakleg nytta til kompetansehevande kurs og tiltak av kortare varigheit innanfor tradisjonelle og nye næringar, og til tiltak med mål om å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring innanfor naturbruksfag. Målgrupper for ordninga har m.a. vore kursarrangørar, vidaregåande skular, lag, foreiningar, kommunar og landbruksorganisasjonar.

HMS i landbruket

Ulykkes- og skadesituasjonen i landbruket er ikkje tilfredsstillande. Ved sidan av dei personlege belastningane, påfører dette både næringa og samfunnet store kostnader. I jordbruksoppgjeret 2010 blei partane samde om å følgje opp forslaga i arbeidsgrupperapporten Helse, miljø og sikkerhet i landbruket – organisering og arbeidsformer. I 2010 blei Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket oppretta. Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen har løyvd 5,6 mill. kroner over fire år til forskingsprosjektet Sikkerhetskultur, arbeidshelse og ulykker i norsk landbruk – situasjonsbeskrivelse og framtidige utfordringer. Det er totalt løyvd 12,2 mill. kroner til prosjektet som startar i 2011.

Landbrukets HMS-teneste (LHMS) tilbyr rådgjeving i form av medlemsskap, kurs, krisebistand og tilleggstenester. I 2010 hadde LHMS ein omsetnad på 33,5 mill. kroner. Av dette var 16 mill. kroner jordbruksavtalemidlar, mens 17,5 mill. kroner var medlemskontingent, sal av kurs og tenester. Det er stor oppslutning om kurset praktisk HMS-arbeid i landbruket, som har hatt over 10 000 deltakarar. HMS er òg ein viktig del av landbruksnæringas eige kvalitetssystem Kvalitetssystem i landbruket (KSL).

Verdiskapingsprogrammet for mat (VSP mat)

Budsjettramma for VSP mat var på 67 mill. kroner i 2010. I tillegg blei i underkant av 21,2 mill. kroner overført frå tidlegare år. Totalt disponerte Innovasjon Noreg og Landbruks- og matdepartementet i underkant av 88,2 mill. kroner til VSP mat.

Det blei søkt om 94,4 mill. kroner i støtte frå programmet i 2010. Det løyvd om lag 58 mill. kroner til 121 prosjekter. Etterspørselen frå bedriftene var lågare enn dei siste par åra, truleg som ein konsekvens av usikkerheit rundt programmets framtid. Det totale søknadsbeløpet på tilsvarande nivå som tidlegare.

Innovasjon Noregs Kundeeffektundersøking for 2010 (blant bedrifter som fekk stønad i 2009) syner at programmet har høg addisjonalitet, dvs. at programmet har vore utløysande for at prosjekta har blitt realisert. Av dei spurte seier 93 pst. at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet.

VSP Mat blei avslutta som program i 2010. Med utgangspunkt i dei positive resultata og effektane av programmet, blei Jordbruksavtalepartane samde om å vidareføre arbeidet i eit nytt utviklingsprogram frå 2011: Utviklingsprogrammet for matspesialitetar frå norsk landbruk (Lokalmatprogrammet).

Offentlege strategiar

Offentlege strategiar er ein del av VSP mat. I 2010 blei det løyvd 7 mill. kroner til ordninga. Midlane blir nytta til å synleggjere og profilere norske råvarer og matkultur nasjonalt og internasjonalt, med sikte på å styrkje omdømmet til norsk mat og landbruk. Målet er å skape interesse og grunnlag for ny næringsutvikling på mat- og reiselivsområdet.

Av prosjekt i 2010 kan nemnast Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin, og støtte til Måltidets Hus / NCE Culinology i Stavanger for betre kunnskapsformidling til små og store matbedrifter.

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)

BU-midlane skal leggje til rette for langsiktig verdiskaping, samt desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Dei fylkesvise BU-midlane har ei todelt målsetjing. Dei skal medverke både til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket.

Forvaltningsansvaret er delt mellom Innovasjon Noreg og Fylkesmannen på regionalt nivå. Det er Innovasjon Noreg som forvaltar dei bedriftsretta midla, og Fylkesmannen som forvaltar midlane til utviklings- og tilretteleggingstiltak. Investeringsmidlane kan nyttast til å støtte utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og til å støtte utvikling av det tradisjonelle landbruket. Midlane blir forvalta i samsvar til forskrift om midlar til bygdeutvikling.

For 2010 blei det løyvd til saman 418 mill. kroner i BU-midlar til fylka ekskl. rentestøtte og administrasjonskostnader. Tabell 2.12 gir ei oversikt over dei fylkesvise BU-midlane i 2010. Som det går fram av tabellen, er forsøket i Valdres og Nord-Gudbrandsdal finansiert innanfor den ordinære ramma for fylkesvise BU-midlar. I 2010 gav Innovasjon Noreg støtte til 1 489 søknader. Dette omfattar 1 555 bedriftsretta tiltak. Det blir gjort ei vesentleg siling av prosjekt på kommunenivå for å utnytte dei avgrensa rammene best mogleg. Avslagsprosenten i 2010 for landet totalt var på 13 pst. og utgjorde 232 søknader. For ein meir detaljert rapportering av dei fylkesvise BU-midlane for 2010 blir det vist til Prop. 126 S. (2010-2011) Om jordbruksoppgjøret 2011.

Tabell 2.12 Fylkesvise BU-midlar (ekskl. adm. kostnader og rentestøtte), mill.kroner

Innvingingsramme 2010

Innvinga 20101

Ansvar 01.01.112

Budsjett 2011

Innovasjon Noreg: Bedriftsretta tiltak

341,3

409,5

480,4

371,8

Region Valdres/ N. Gudbr.dal

11,7

14,1

18,0

12,7

Fylkesmannen: Utgreiing/tilrettelegging

65,0

70,9

112,5

60,0

Sum

418,0

494,5

610,9

444,5

1 Faktisk innvilga er høgare enn innvilgningsramma på grunn av overføring av ubrukte midlar frå tidlegare år.

2 Størrelsen på ansvaret må delvis sjåast i samband med at tilskott som er innvilga eitt år kan komme til utbetaling i sin heilskap fleire år seinare. Ansvaret kan av den grunn bli større enn årleg avsetnad.

Rentestøtte

Ordninga med rentestøtte blei etablert med verknad f.o.m. 2003. Støtta utgjer ei nedskriving av renta på lånet i heile tilbakebetalingstida. Rentestøtta er sett til 50 pst. av risikofri rente 3 år stat (ST4X) for føregåande år. Det kan bli gitt rentestøtte til lån innanfor ei låneramme på 1 000 mill. kroner. I 2010 blei det gitt rentestøtte til ei låneramme på i alt 1 027,5 mill. kroner. Etterspørselen etter rentestøtte er stor i dei fleste fylka, unntatt i Troms og Finnmark.

Risikolån

Frå og med 2006 blei det opna for å setje av midlar til eit taps- og rentestøttefond innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane. Avsetjinga i 2010 var på 4,3 mill. kroner.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Dei sentrale BU-midlane blir nytta til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter. Ramma for dei sentrale BU-midlane i 2010 var på 18 mill. kroner. Av midlane blei 8 mill. kroner fordelt av avtalepartane, mens 10 mill. blei disponert av Landbruks- og matdepartementet. I samråd med avtalepartane blei det m.a. løyvd midlar til grunnfinansiering av organisasjonar og ulike prosjekt etter søknad, samt midlar til konfliktførebyggjande tiltak mellom reindrift og jordbruk. Av midlane som Landbruks- og matdepartementet disponerte, blei det løyvd støtte til matpolitiske prosjekt, regionale og kommunale utviklingsprosjekt, prosjekt innan areal- og busetnadspolitikk, samt ulike landbrukspolitiske satsingar, inkl. klimaarbeid.

Inn på tunet

Inn på tunet-løftet blei sett i verk som ei treårig satsing i regi av Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i 2010. Det er sett av 15 mill. kroner over jordbruksavtalen og 3 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til satsinga. Målet er auka forankring av tilboda i kommunesektoren og utvikling av gode tenester til innbyggjarane. Innovasjon Noreg og fylkesmannsembeta står for gjennomføringa av satsinga. Det har vore stor interesse for Inn på tunet-løftet, og om lag 200 kommunar har søkt om midlar i dei to første søknadsrundane. Prosjektmidlane for 2010 og 2011 er fordelt til 46 prosjekt som 64 kommunar står bak. Dei utvalde kommunane tek fatt i viktige utfordringar i m.a. Omsorgsplan 2015, Kunnskapsløftet og Samhandlingsreforma. Prosjekta varierer frå integrering av flyktningar, arbeidstrening, rusomsorg, tilpassa opplæring i skulen, fråfall i vidaregåande skule og til tilbod for demente.

Eit eige kvalitetssikringsverktøy for Inn på tunet blei introdusert i 2010. Dette er eigd og drifta av KSL Matmerk. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har i 2010 saman tatt initiativ til ein nasjonal strategi for Inn på tunet. I samband med arbeidet er det sett ned ei tverrdepartemental referansegruppe med representantar frå Justisdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet og KS.

Grønt reiseliv

Grønt reiseliv er landbruket sitt bidrag til oppfølginga av regjeringa sin reiselivsstrategi. Landbruks- og matdepartementet har fleire reiselivsrelaterte satsingar. I tillegg til dei tre nemnde satsingane under, er støtta til Verdsarvområda, Utvalde kulturlandskap, satsinga på frukt/bær/reiseliv på Vestlandet og Noregs deltaking på mat- og reiselivsmessa Grüne Woche viktige bidrag til reiselivsrelatert satsing.

Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv

Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv skal bidra til å vidareutvikle det natur- og kulturbaserte reiselivet i tilknyting til landbruket. Programmet sine satsingsområde er produktutvikling, kompetanse, marknadsføring og samarbeid. Med overførte midlar hadde programmet ei disponibel ramme på 21 mill. kroner for 2010. Av dette er 13,3 mill. kroner fordelt til marknadsføringstiltak og temaprosjekt innanfor vandring, sykkel og fiske, mens omlag 7,4 mill. kroner er tildelt 10 større utviklingsprosjekt på grunnlag av søknader frå ulike reiselivsaktørar. Støtte til nettverket av historiske hotell, Heritage Hotels AS, og støtte til Havass Skog BA som skal utvikle tematiske og naturbaserte reiselivsprodukt i Akershus og Oslo er dømer på dette.

Utviklingsprogrammet for innlandsfiske

Det er eit uutnytta potensial i innlandsfiske som tilleggsnæring i landbruket. Potensialet ligg i innlandsfisk som matressurs (yrkesfiske og oppdrett), og i fiskeopplevingar (landbruksbasert turisme og reiseliv). Utviklingsprogrammet for innlandsfiske skal medverke til å gjennomføre ein samordna offentleg politikk på området, utvikle lønsame bedrifter, skaffe ny kunnskap og etablere suksesskriteria for verksemder innanfor næringsfiske, fiskeoppdrett og fisketurisme. Interessa for programmet har vore stor. For 2010 kom det inn over 30 søknader med eit samla søknadsbeløp på over 11 mill. kroner. Prosjekta det er gitt støtte til omfattar m.a. utvikling av internettbasert fiskekortsal, utvikling av eit mangfald av fisketurismeprodukt, utviklingstiltak som skal leggje grunnlag for aktivt næringsfiske og kunnskapsutvikling knytt til oppdrett av røye.

Mat langs Nasjonale turistvegar

I jordbruksoppgjeret 2009 blei det vedtatt å starte opp eit treårig prosjekt kalla Mat langs Nasjonale turistvegar med ei totalramme på 6 mill. kroner. Målet er å auke landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs 4 turistvegar i samarbeid med andre aktørar i verdikjeda for mat og reiseliv.

Skogbruk og bioenergi

Statistikk for skogkultur for 2010 viser at nedgangen i omsetnad av skogplantar frå norske skogplanteskular held fram. Omsetnaden av planter er no tilbake på 2006-nivået med om lag 22 millionar granplantar. Nedgangen frå 2009 for alle planteslag utgjer om lag 7,4 pst. Mykje av dette kan skuldast at hogsten i 2009 var veldig låg på grunn av finanskrisa, og dette gir færre hogstflater å plante til. Arealet det blir utført ungskogpleie på gjekk òg ned med 14 pst., til 272.000 dekar i 2010. Hausten 2010 varsla departementet ein meir omfattande kontroll av plikta skogeigarane har til å forynge etter i skoglova.

Ståande kubikkmasse er større enn nokon gong tidlegare i moderne tid, og det er eit stort potensial for å auke hogsten. Det er mogleg å hogge meir først og fremst på skogareal med furu og lauv som ligg langt frå veg og/eller er vanskeleg tilgjengeleg av andre årsaker.

Hogsten i dei norske skogane har dei seinare åra vore på om lag 8-10 mill. m3. 2010 var i så måte eit normalår med ein hogst på 8,2 mill. m3.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Statens landbruksforvaltning (SLF) la i 2010 fram rapporten Skogsveibygging og hensynet til inngrepsfrie naturområder i Norge (INON). Rapporten gjer greie for kunnskapsgrunnlaget for å gjere gode avvegingar mellom nybygging av skogsvegar og omsyn til inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON). Landbruks- og matdepartementet vil, i samarbeid med Miljøverndepartementet, følgje opp dette arbeidet. Siktemålet er å starte arbeidet med å revidere forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar hausten 2011.

Løyvinga til skogbrukstiltak og bioenergi over LUF i 2010 utgjorde 218 mill. kroner. Midlane blei fordelte med 126 mill. kroner til tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, 10 mill. kroner til Kystskogbruket, 33 mill. kroner til tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, 10 mill. kroner til sentrale kompetansetiltak og 39 mill. kroner til bioenergi.

Tabell 2.13 Skogbruk og bioenergi i perioden 2008-2010, mill. kroner

2008

2009

2010

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket

109

108

126

Vegbygging, taubane og hest

59

59

66

Skogkultur, miljøtiltak og andre tiltak

50

49

60

Kystskogbruket1

5

10

10

Skogbruksplanlegging med miljøregistrering

30

30

33

Bioenergi

35

35

39

Sentrale tiltak

11

10

10

Kompetansetiltak2

10

10

10

Skogtreforedling

1

-

-

Sum

190

193

218

1 Virkesomsetnad, utgreiing av behovet for tømmerterminalar, tilgjenge mv.

2 Skogbrukets kursinstitutt m.m.

Gjennom ordninga for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blei det i 2010 gitt tilskott til skogkultur, førstegongstynning, miljøtiltak i skog, vegbygging, drift med taubane og med hest.

Tilskott til miljøomsyn etter forskrift om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er mellom anna brukt til å støtte opp om det frivillige miljøarbeidet i skogbruket.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er eit viktig kunnskapsgrunnlag for eit aktivt og berekraftig skogbruk. Store areal er dekt med skogbruksplanar. I 2010 blei det taksert om lag 2,6 millionar dekar, og det er stadig fleire område som no er klare for ei oppdatering av tidlegare kartleggingar. Ingen skogbrukstiltak kan gjennomførast i eit område før det er gjort miljøregistreringar. Registreringane dekkjer no store delar av det produktive skogarealet, og det er viktig å følgje opp arbeidet på ein god måte. Det ber med seg mellom anna at innsamla data må forvaltast slik at dei kan bli brukt om att rasjonelt, og det må leggjast til rette for nødvendig nykartlegging i område der det er nødvendig.

Det blei i 2010 løyvd 10 mill. kroner til Skogbrukets kursinstitutt (SKI) til landsdekkande kompetansetiltak. SKI har halde fram med å utvikle digitale verktøy i kommunikasjons- og kompetanseformidlinga i 2010, mellom anna gjennom utvikling av applikasjonar til mobile einingar.

Med bakgrunn i dei særskilde utfordringane knytt til skogbruket i kyststroka, har desse områda over tid blitt tildelt ein større del av dei ordinære tilskottsmidlane enn det dei objektive kriteria skulle tilseie. I tillegg er det og gitt ei særskild løyving til Kystskogbruket, som omfattar fylka frå Vest-Agder til Finnmark. Dette må sjåast på som eit mellombels tiltak for å leggje til rette for meir lønnsamt skogbruk og auka verdiskaping lokalt og regionalt.

Bioenergiprogrammet hadde eit ordinært budsjett på 39 mill. kroner for 2010. Med bruk av overførte midlar i tillegg, blei det løyvd midlar til prosjekt for over 70 mill. kroner i 2010 mot 64,3 mill. kroner i 2009. Det var sterkast vekst i tilskottet til større anlegg for gardsvarme for leveranse av energi til næringsdrift, med nær ei dobling av talet på prosjekt (113 anlegg). For dei andre områda var utviklinga stabil eller viste ein nedgang. Det blei m.a. gitt støtte til 16 anlegg for sal av biovarme, 9 anlegg for biogass og 59 anlegg for gardsvarme for bustad.

Sidan etableringa av programmet i 2003 er det gitt støtte til nærare 1400 prosjekt, som til saman har utløyst om lag 170 GWh biovarme; mellom anna over 800 gardsvarmeanlegg, 95 småskala varmeanlegg for sal, 27 biogassanlegg og 21 veksthus som har fått støtte til å installere bioenergikjelar.

Utviklingstiltak for geit – Friskare geiter

Målet med prosjektet Friskare geiter er å få kontroll med sjukdomane CAE, byllesjuke og paratuberkulose hos geit, og dermed sikre friske dyr, betre dyrevelferd og betre produkt. I jordbruksavtalen for 2010 blei det bestemt å vidareføre saneringsprosjektet i ein fase III og gjennomføring i heile geitepopulasjonen. Det er ikkje fastsett slutttidspunkt for prosjektet.

Det står att sanering i godt under halvparten av geitepopulasjonen. Saneringa ber med seg betre dyrevelferd, forbetringar av driftsapparatet med omsyn til smittevern, auka produktkvalitet, auka yting og haldbarheit hos geit, samt generell kompetanseheving hos brukarane. Besetninga blir følgt opp med prøvetaking på mjølketank, enkeltprøver og kliniske undersøkingar. Dette ber òg med seg kostnader i nokre år etter gjennomført sanering. Prosjektet er avgjerande for framtidig geitemjølkproduksjon i Noreg. I 2010 blei det utbetalt 11,3 mill. kroner til prosjektet Friskare geiter. Det blei òg utbetalt 3,6 mill. kroner i kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og avløysartilskott ved ferie og fritid til deltakarane i smittesaneringstiltaket.

Beiteprosjekt

Beiteprosjektet skal bidra til betre sauehald med mindre tap av dyr på beite, samt utvikle ei betre organisering av beitebruken. I 2010 er det gitt støtte til vidareføring av prosjekt i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark, Troms og Finnmark. Det er òg arrangert ein nasjonal erfaringskonferanse i januar 2011.

Det har blitt prioritert å finansiere prosjekt knytt til vidare utprøving av elektronisk overvakingsutstyr med om lag 4 mill. kroner, organisering/planlegging og samarbeid med om lag 1 mill. kroner, samt forsking på flått og alveld som tapsårsak med om lag 1 mill. kroner.

Styringsgruppa for prosjektet meiner det er grunn til å forvente auka tapsreduserande effekt med auka erfaring og bruk av utstyret. Informasjon frå elektronisk overvaking ventast vidare å bidra med auka kunnskap som grunnlag for avl, samt planlegging og styring av beitebruken. I Møre og Romsdal er det gjort kartlegging av førekomst av flått, delen flått som ber smittsame sjukdommar og utprøving av tapsreduserande tiltak. Frå 2011 vidareførast FoU på flått i eit treårig FoU-prosjekt med støtte over forskingsmidla. Når det gjeld sjukdommen alveld er arbeidet med analyser frå feltarbeid vidareført. Beiteprosjektet har òg mål knytt til miljø.

Fotråte – Prosjekt Friske føtter

Målet med prosjektet er å motarbeide sjukdommen fotråte hos sau og geit i Noreg. Ved utgangen av 2010 var det totalt 63 besetningar som har eller har hatt alvorlege symptom på fotråte. Det er påvist alvorleg klinisk fotråte og/eller virulente variantar av fotråtebakterien i 74 besetningar. Det blei sett i verk sanering i 25 besetningar hausten 2010. Resultatet vil vere klart hausten 2011. Det er hittil ikkje utbetalt midlar til prosjektet av den løyvde ramma på 2 mill. kroner for både 2009 og 2010. På bakgrunn av talet på besetningar under sanering og påmeldingar vil desse midlane komme til utbetaling i 2011 og 2012.

Forsking

Forskingsmidlane over jordbruksavtalen forvaltast av eit eige styre som omfattar avtalepartane. Målet med ordninga er å bidra til å dekkje behovet for FoU med hovudvekt på anvendt forsking. Midlane blir i hovudsak disponerte til prosjekt etter open utlysing og konkurranse. Ved behov nyttast det òg midlar til utgreiingar.

I 2010 var det satt av 44 mill. kroner til forskingsmidlar over jordbruksavtalen. Av dette blei det løyvd 41,4 mill. kroner til diverse prosjekt for 2010. Av omsyn til framtidig ansvar blei ikkje heile ramma for 2010 brukt.

E-sporing, fagpilotar

Målet med eSporingsprosjektet er å etablere ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. I 2010 blei det løyvd 2 mill. kroner til eSporing fagpilotar. Pilotmidlane blir nytta til medfinansiering av utviklings- og administrasjonsoppgåver i arbeidet med pilotprosjekta. Bransjepilotar for frukt og grønt, meieriprodukt og kjøtt fekk tildelt midlar i 2010.

I eSporingsprosjektet i 2011 skal arbeidet med utvikling av ein IKT-infrastruktur ferdigstillast. Staten har lagt til rette for og finansiert utviklingsarbeidet, og forventar at alle aktørane i matkjeda bidreg til å sikre oppslutningen om og aktiv bruk av eSporingsløysinga når den er ferdigstilt. Det forventast òg framleis aktiv deltaking frå alle ledd i verdikjeda gjennom styringsgruppa i prosjektet.

Eit robust system som bidreg til å sikre god sporing gjennom heile verdikjeda vil vere eit viktig bidrag for å byggje opp under opphavsmerkeordninga «Nyt Norge».

eSporingsprosjektet er planlagt avslutta i løpet av 2011. Staten sitt engasjement vil då fasast ut, og det blir lagt opp til at den utvikla løysinga skal forvaltast, driftast og vidareutviklast av brukarane gjennom eit føretak oppretta av aktørane i matnæringa.

Overføring til Samisk Utviklingsfond (SUF) og konfliktførebyggjande tiltak jordbruk – reindrift

Løyvinga over LUF på 2 mill. kroner disponerast av Sametinget. Totalt tildelte Sametinget 4,7 mill. kroner til jordbruksføremål i 2010. Alle tilskotta blei løyvde til investeringar i bygg.

Det blei avsett 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift over sentrale BU-midlar i 2010. Midlane er forvalta av Innovasjon Noreg.

Andre utviklingstiltak i landbruket

Seterprosjektet i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal

Det 5-årige seterprosjektet hadde ei ramme på 10 mill. kroner og blei avslutta i 2010. Prosjektet har hatt ei rekkje aktivitetar for å auke interessa for seterdrift. Det blir m.a. utarbeidd ei seterhandbok/-rettleiar i samarbeid med fylkesmannsembeta i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, samt Norsk Seterkultur. Stor interesse for prosjektet frå fleire hald har vore ei viktig inspirasjonskjelde og eit løft for brukarane til å oppretthalde drift på setrane. Auka seterturisme er avhengig av at den tradisjonelle setringa blir oppretthalden.

Tilbakeførte reguleringsmidlar

I jordbruksoppgjeret i 2007 og 2008 blei LUF tilført til saman 56,5 mill. kroner av tilbakebetalte investeringsmidlar gitt til reguleringsanlegg som ikkje lenger nyttast til føremålet. Dei tilbakebetalte reguleringsmidlane er i 2010 disponerte til ulike satsingsområde i samsvar med tabell 2.14.

Tabell 2.14 Tilbakebetalte reguleringsmidlar disponert i 2010, mill. kroner

Tiltak

2010

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

3,0

Utviklingsprogram for frukt og grønt

2,0

Energi i veksthusnæringa

1,0

Sum

6,0

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap og utviklingsprogrammet for frukt og grønt vidareførast i eitt år til med ei støtte på 2 mill. kroner per år for kvart av programma.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Posten omfattar 5 ordningar som har som føremål å gi økonomisk kompensasjon til føretak som lider tap som følgje av forhold føretaka ikkje kan rå over.

  1. Erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon

  2. Erstatning ved tap av bifolk

  3. Tilskott til reparasjon av vinterskadd eng

  4. Tilskott ved tap i epleproduksjon forårsaka av rognebærmøll

  5. Erstatning ved tap av sau på beite

I 2010 ble det registrert særleg store vinterskader på eng i deler av Nord-Noreg. Dårleg vær gjennom sommaren gjorde også at det blei store skader på avlingane av eng og poteter i Troms. Totalt blei det utbetala 104 mill. kroner frå fondet i 2010. Løyvinga til fondet blei auka frå 40 mill. kroner til 50 mill. kroner i nysalderinga, mens fondskapitalen ved inngangen til året var på 76 mill. kroner. Eigenkapitalen i fondet blei dermed redusert til 22 mill. kroner i løpet av året 2010.

Budsjettframlegg 2012

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Departementet gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2012 på 1 038,7 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. Dette er 6,5 mill. kroner mindre enn førre års løyving. Reduksjonen skuldast omlegging av ordninga med sentrale BU-midlar og overføring av løyvinga til beiteareal for gås frå LUF til regionale miljøprogram. I 2012 blir det derfor overført 3 mill. kroner frå LUF til kapittel 1138 post 70 Støtte til organisasjonar, samt 3,5 mill. kroner frå LUF til regionale miljøprogram. LUF tilførast òg 137,1 mill. kroner i 2011 frå omdisponering av midlar i 2011.

Innvilgingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om ei samla innvilgingsramme i 2012 på 1 267,9 mill. kroner, jf. Prop. 126 S. (2010-2011). Av endeleg ramme er 4 mill. kroner ei særskild ordning med disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar, jf. tabell 2.14. Det er berre ein del av innvilgingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabell 2.15 viser ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2011 og 2012. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 201,3 mill. kroner i 2012.

Tabell 2.15 Prognose for kontantstraumar i LUF.

(i mill. kr )

2011

20121

Utbetalingar:

Utbetaling av tilskott

1220,4

1210,8

Rentestøtte

61,8

63,0

Andre kostnader

7,2

6,2

Sum utbetalingar

1289,4

1280,0

Finansiering:

Løyving kap. 1150 post 50 m.m.2

1045,2

1038,7

Eingongsmidlar

137,1

Renteinntekter m.m.

42,0

39,5

Bruk av fondskapital

65,1

201,8

1 Framlegg i 2012

2 2012: Inkl. reduksjon på tilsaman 6,5 mill. kroner som følgje av overføring av 3 mill. kroner til kapittel 1138 post 70 og 3,5 mill. kroner til kapittel 1150 post 74.19.

Fordelinga av tildelingsramma går fram av tabell 2.16 For ei meir detaljert omtale av dei enkelte ordningane viser Landbruks- og matdepartementet til kapittel 7 i Prop. 126 S. (2010-2011) Om jordbruksoppgjøret 2011.

Tabell 2.16 Oversikt over innvilgingsramme for LUF 2011 – 2012.

 

2011

2012

Endring 2011-2012

KSL Matmerk

46,0

48,5

2,5

Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket1

26,0

26,0

-

Utviklingsprogrammet for matspesialitetar frå landbruket (Lokalmatprogrammet)

63,5

60,0

-3,5

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

474,5

503,0

28,5

bedriftsretta midlar (IN)

414,5

443,0

28,5

utviklings- og tilretteleggingsmidlar (FM)

60,0

60,0

-

Sentrale bygdeutviklingsmidlar2

17,0

12,0

-5,0

tilskottsmidlar til nasjonale prosjekt (IN)

-

3,0

-

omdømmemidlar (LMD)

-

9,0

-

Inn på tunet

9,0

9,0

-

Grønt reiseliv3

24,0

24,0

-

Skogbruk og bioenergi

229,0

244,0

15,0

Helse- og utviklingstiltak sau og geit4

20,0

22,0

2,0

Forsking

48,0

48,0

-

Sporing i matkjeda

2,0

-

-2,0

Sametingets midlar til næringsføremål og midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift5

3,0

3,4

0,4

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

115,0

120,0

5,0

Investeringsstøtte til organisert beitebruk

11,0

9,0

-2,0

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø og klima6

16,0

16,0

-

Støtte til verdsarvområda og Utvalgte kulturlandskap7

11,0

11,0

-

Spesialrådgiving energi i veksthusnæringa

-

1,0

1,0

Beiteareal for gås8

3,5

-

-3,5

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

44,0

44,0

-

Innvilgningsramme LUF

1 162,5

1 200,9

38,4

Rentestøtte

61,8

63,0

1,2

Innvilgningsramme LUF, inkl. rentestøtte

1 224,3

1 263,9

39,6

Tilbakeførte reguleringsmidlar

5,0

4,0

-1,0

Innvilgingsramme inkl. rentestøtte og reguleringsmidlar

1 229,3

1 267,9

38,6

1 Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket omfattar i 2012 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) og 20 mill. kroner til fylkeskommunens tilskottsmidlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket.

2 For 2012 vil det bli overført 3 mill. kroner til statsbudsjettets kapittel 1138 post 70 Støtte til organisasjonar.

3 Sjå tabell 7.6 for oversikt over satsingane innanfor Grønt reiseliv for 2012.

4 Sjå tabell 7.7 for satsingane innanfor Helse- og utviklingstiltak sau og geit 2012. Avsetninga på 15 mill. kroner til prosjektet Friskere geiter inkluderer kompensasjon for bortfall av tilskott til avløysing ferie/fritid.

5 For 2012 blir det avsett 2 mill. kroner til Sametingets midlar til næringsføremål. 1,4 mill. kroner blir avsett til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift. Sistnemnde midlar forvaltast av Innovasjon Noreg.

6 Informasjons- og utviklingstiltak, miljø og klima omfattar i 2012 10 mill. kroner til informasjons- og utviklingstiltak, miljø, samt 6 mill. kroner til Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak.

7 I 2012 blir det løyvd 3 mill. kroner som støtte til verdsarvområda og 8 mill. kroner blir løyvd til Utvalgte kulturlandskap.

8 Løyvinga til beiteareal for gås overførast i 2012 til kapittel 1150 post 74.19, Regionalt miljøprogram.

Stiftinga KSL Matmerk

Stiftinga KSL Matmerk har oppgåver som er viktige for norsk matproduksjon generelt, og for auka verdiskaping på matområdet spesielt. KSL Matmerk har ansvaret for Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og utvikling av merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemning og Spesialitet. I tillegg har KSL Matmerk òg ansvar for generisk marknadsføring av økologisk mat, og for forvaltninga av Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL).

KSL er eit viktig verktøy for å sikre ein trygg og etisk forsvarleg matproduksjon, og skal sikre at forbrukarane skal kunne ha høg tillit til norskproduserte matvarer. Vidareutvikling av KSL til eit verktøy som dekkjer alle behov innanfor kvalitetssikring i landbruket, og arbeidet med å betre HMS i landbruket, er prioriterte område. Mattilsynet har no tilrådd KSL som bransjestandard.

Merkeordninga Beskytta nemning skal bidra til å styrkje konkurransekrafta til norsk matproduksjon gjennom utvikling og synleggjering av konkurransefortrinn basert på merkenamn, regionalt opphav og særskilde produktkvalitetar. Utvikling av produsentsamarbeid er òg viktig. Omfanget av produkt som er godkjende innanfor dei to merkeordningane, har auka betydeleg det siste åra utan at løyvinga har blitt endra tilsvarande. For å styrkje marknadsføringa av ordninga, og administrasjon aukar løyvinga med 0,5 mill. kroner i 2012.

Ordninga Nyt Norge skal synleggjere mat med norske råvarer og bidra til å styrkje norsk mat sin marknadsposisjon i ein skjerpa internasjonal konkurranse. Kostnadene til marknadsføring delast mellom jordbruksavtalen, Omsetningsrådet, daglegvarehandelen og KSL Matmerk. Løyvinga til ordninga vidareførast på same nivå som førre år.

Prosjektet Markedstjenester for lokalmatprodusenter blei lagt til KSL Matmerk frå 2011. Prosjektet er ein del av Tilskottsordning til kompetanse og regionale kompetansepunkt (kompetansenav) i det nye Utviklingsprogrammet for norske matspesialitetar (Lokalmatprogrammet). Det er foreslått å vidareføre prosjektet på same nivå, med 2 mill. kroner for 2012.

Ny KSL-standard for Inn på tunet er ferdigstilt. Det er ein føresetnad at Inn på Tunet-gardane blir reviderte kvart år. For å imøtekomme dette behovet og samstundes sikre at frekvensen for ordinær KSL-revisjon ikkje blir reduserst, blir det foreslått å styrkje løyvinga til KSL-arbeidet med 2 mill. kroner til 20 mill. kroner.

Det er viktig at aktivitetane som blir støtta av KIL blir sett i samband med fylkeskommunane si rolle i arbeidet med rekruttering, likestilling og kompetanseheving på landbruksområdet. Løyvinga er foreslått vidareført med ei ramme på 6 mill. kroner til KIL for 2012.

Samla løyving til Stiftinga KSL Matmerk er foreslått auka med 2,5 mill. kroner til 48,5 mill. kroner. Løyvinga inkluderer 2 mill. kroner til generisk marknadsføring av økologisk mat. I tillegg kjem 2 mill. kroner til kompetanseprosjektet Markedstjenester til lokalmatprodusenter, som blir løyvde over Innovasjon Noregs budsjett. Til marknadsføringa av Nyt Norge blir det lagt til grunn at næringa bidreg med tilsvarande beløp frå fonda for omsetnadsavgiftene.

Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket

Strategi for likestilling i landbrukssektoren (Landbruks- og matdepartementet 2007) ligg til grunn for arbeid med likestilling i næringa. I dei siste åra er det sett i verk ei rekkje tiltak på området, m.a. i regi av Noregs Bygdeungdomslag, etter finansiering over jordbruksavtalen. Kvinner skal prioriterast som målgruppe, og det skal arbeidast for ein vesentleg auke i delen av kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Verkemiddelapparatet blir på eigna vis bedt om å arbeide for å auke delen av kvinner i styrer og leiing for verksemder som mottek støtte. Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Noreg følgje opp dette. Det blir elles vist til omtale av rekruttering, likestilling og kompetanseheving under programkategori 15.30 og under del III Omtale av særlege tema.

Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket

Ordninga er foreslått vidareført med 20 mill. kroner i 2012. Samla satsing på rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket er foreslått vidareført med 26 mill. kroner. Dette inkluderer 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) jf. kapittel 7.3.1 i Prop. 126 S (2010-2011), som blir forvalta av KSL Matmerk.

Utviklingsprogrammet for matspesialitetar frå norsk landbruk (Lokalmatprogrammet)

Hovudmålet for programmet er auka verdiskaping i primærproduksjonen gjennom å bidra til utvikling, produksjon, kommersialisering og sal av norske matspesialitetar. Målgruppa for utviklingsprogrammet er bønder (råvareleverandørar og gardsmatprodusentar), små og mellomstore næringsmiddelbedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og reiselivsbedrifter som har utviklingsprosjekt i samarbeid med lokalmatprodusentar. Programmet er delt inn i tre tilskottsordningar: Mobilisering og bedriftsutvikling, Tilskott til kompetanse og regionale kompetansenav, og tilskott til omdømmebygging.

Det er etablert ei ekstern styringsgruppe for programmet. Denne er leia av Landbruks- og matdepartementet med representantar for Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Fylkesmannen og fylkeskommunen. Styringsgruppa fastset mellom anna strategisk retning for programmet, samt budsjett for kvart tilskottsområde.

Den totale løyvinga for programmet er foreslått sett til 60,0 mill. kroner for 2012.

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)

Det er framleis eit stort behov for investeringar innanfor landbruket, både i nye driftsbygningar og i utbetringar av gamle bygg. Samstundes er det eit stort potensial for vidare utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Ei satsing på nye næringar vil for landbruket som heilskap, gi eit meir mangfaldig landbruk med auka innslag av alternativ sysselsetting. Dette vil bidra både til å sikre primærproduksjon og busetnad i distrikta. For å få eit løft i utviklinga av nye næringar, er det behov for å auke tilgongen på investeringsmidlar. Det er òg behov for å justere maksimalsatsen for investeringsstøtte som i dag er på 750 000 kroner (med unntak av Namdalen og dei tre nordlegaste fylka).

Lønnsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Lønnsemd er ikkje berre einstydande med strukturrasjonalisering. Ulike eigeformer skal likestillast ved prioritering av søknader. Nye krav til dyrevelferd og fornying av driftsapparatet skal vektleggast.

Systemet med dei fylkesvise BU-midlane blei sist evaluert i 2010 av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk senter for Bygdeforskning. Evalueringa konkluderte med at BU-ordninga er eit treffsikkert verkemiddel for å sikre tilstrekkelege investeringar i landbruket. Samstundes blei det foreslått endringar i ordninga for å klargjere og forenkle måla med ordninga og forvaltninga av den. BU-midlane blei òg vurderte i samband med Econ Pöyry med fleire si evaluering av Innovasjon Noreg. Evalueringane og eventuelle konsekvensar for forvaltninga og innretninga av BU-midlane vil bli sett i samband med den komande meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, og særskilt Nærings- og handelsdepartementet si komande melding til Stortinget om Innovasjon Noreg og SIVA som er venta lagt fram i løpet av 2012.

Løyvinga til fylkesvise bygdeutviklingsmidlar er foreslått auka i 2012 med 28,5 mill. kroner til totalt 503 mill. kroner. Auken går i sin heilskap til styrking av dei bedriftsretta midlane som Innovasjon Noreg forvaltar. Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak som blir forvalta av Fylkesmannen, blir vidareførte på same nivå som i 2011. Maksimalsatsen for investeringsstøtte aukar frå 750 000 kroner til 900 000 kroner. Det blir òg etablert eit investeringstilskott for økologisk fruktdyrking finansiert gjennom BU-ordninga.

Lån med rentestøtte

Med bakgrunn i store investeringsbehov i landbruket vidareførast utlånsramma for lån med rentestøtte på 1 000 mill. kroner òg i 2012.

Risikolån

Ordninga med risikolån vidareførast innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Ordninga med sentrale BU-midlar avviklast i si noverande form frå 2012. Målet for endringane er ei meir einsretta forvaltning av midla. Det er òg nødvendig å lette klagebehandlinga på midlane som blir tildelte som prosjektstøtte. Total ramme for 2012 er foreslått til 15 mill. kroner. Midlane blir fordelte på følgjande vis:

  • Tilskottsmidlar til prosjekt og satsingar av overordna nasjonal karakter: Innovasjon Noreg får ansvar for tilskottsmidlar som skal gå til prosjekt av nasjonal og fylkesovergripande karakter. For 2012 blir det foreslått løyvd 3 mill. kroner til slike tiltak. Vidare forvaltning av midlane vil klargjerast i Landbruks- og matdepartementets oppdragsbrev til Innovasjon Noreg. Midlar til pågåande prosjekt med fleirårige tilsegn blir øyremerka over denne potten.

  • Organisasjonsstøtte: Med utgangspunkt i tidlegare løyvingar til ulike organisasjonar over dei sentrale BU-midlane, blir det foreslått avsett 3 mill. kroner på kapittel 1138 post 70 Støtte til organisasjonar, mot tilsvarande reduksjon av dei sentrale BU-midlane.

  • Omdømmemidlar: For 2012 blir det foreslått avsett 9 mill. kroner til diverse prosjekt, satsingar, utgreiingar og evalueringar. Midlane vil bli disponerte av Landbruks- og matdepartementet, og blir sett i samband med Tilskottsordninga for omdømmebygging under Utviklingsprogrammet for matspesialitetar frå landbruket.

Inn på tunet

Inn på tunet (IPT) tilbyr tilrettelagde tenester på gardsbruk til utdannings-, oppvekst-, helse- og omsorgssektoren. I dag er det om lag 850 Inn på tunet-tilbydarar og potensialet for vekst i næringa vurderast som vesentleg. I regjeringsplattforma er det ein klar ambisjon om auka innovasjon og tenesteproduksjon gjennom Inn på tunet. Landbruks- og matdepartementet har saman med Kommunal- og regionaldepartementet derfor sett i verk arbeidet med ein Nasjonal strategi for Inn på tunet som skal ferdigstillast i 2011. Strategien skal bidra til utvikling av tverrsektorielle mål for tenesteutviklinga og forankring av Inn på tunet i andre fagsektorar og forvaltning.

Inn på tunet blir foreslått vidareført med 9 mill. kroner i 2012. 5 mill. kroner blir avsett til kommunesatsinga i Inn på tunet-løftet. 4 mill. kroner blir avsett til nasjonale og regionale utviklingsprosjekt, irekna oppfølging av nasjonal strategi for Inn på tunet og utgreiing av ei godkjenningsordning for Inn på tunet-tilbydarar.

Grønt reiseliv

Grønt reiseliv er landbrukets bidrag til oppfølging av Regjeringa sin reiselivsstrategi. Satsinga skal leggje til rette for auka verdiskaping, lønnsemd, og utvikling av Noreg til eit bærekraftig reisemål. Grønt reiseliv er no eit etablert og positivt omgrep, og omfattar ei rekkje reiselivsrelaterte aktivitetar innanfor mat- og landbruksområdet. For å synleggjere satsinga omtalast desse under hovudsatsinga Grønt reiseliv.

Landbruks- og matdepartementet har fleire reiselivsrelaterte satsingar, som Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv, Mat langs Nasjonale turistvegar, Utviklingsprogram for innlandsfiske og satsinga på frukt og bær/kulturlandskap/ reiseliv på Vestlandet. I tillegg er Noreg sin stand på Internationale Grüne Woche (IGW), støtta til utvikling av verdsarvområda og Utvalgte kulturlandskap viktige bidrag til ei reiselivsrelatert satsing på mat- og landbruksområdet. Tabell 2.17 gir ei oversikt over sentrale satsingar innanfor Grønt reiseliv.

Tabell 2.17 Satsingar innanfor Grønt reiseliv, mill. kroner

Tiltak

2010

2011

2012

Utviklingsprogram Grønt reiseliv

18,0

18,0

17,5

Mat langs Nasjonale Turistvegar

2,0

2,0

2,0

Utviklingsprogram for innlandsfiske

4,0

4,0

4,5

Frukt/bær/kulturlandskap/reiseliv på Vestlandet1

2,0

2,0

2,0

Seterprosjekt2

2,0

Sum

31,0

29,0

26,0

1 Finansierast av tilbakeførte reguleringsmidlar, jf. kapittel 7.3.13.

2 Avslutta i 2010.

Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv

Etter innspel frå avtalepartane, har Utviklingsprogrammet styrka merksemda på opplevingar og aktivitetar i naturen og eit berekraftig reiseliv. Noreg skal tydeleggjerast som reisemål for turistar med særskilde interesser for aktive opplevingar i naturen, som vandring, sykling og fiske. Sentralt i utviklinga av desse produkta er det norske, bygdebaserte reiselivet, bruken av lokal mat og levande bygder. Det blir foreslått at løyvinga til utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv blir 17,5 mill. kroner i 2012.

Mat langs Nasjonale turistvegar

Det treårige prosjektet Mat langs Nasjonale turistvegar, skal bidra til å auke landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs fire turistvegar i samarbeid med andre aktørar i verdikjedane for mat og reiseliv. Fylkesmannen i Oppland har ansvaret for koordinering og økonomiforvaltning, og det er oppretta ei regional styringsgruppe for arbeidet. Det blir tatt sikte på å utvikle ein arbeidsmodell med overføringsverdi til andre turistvegar. Satsinga blir foreslått vidareført med ei ramme på 2 mill. kroner for 2012.

Utviklingsprogram for innlandsfiske

Det er foreslått å vidareføre løyvinga til programmet med 4 mill. kroner i 2012. I tillegg er det avsett 0,5 mill. kroner til evaluering av programmet i 2012. Evalueringa skal gi grunnlag for ei vidare vurdering av innsatsområdet.

Frukt og bær/kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet

Satsinga på frukt og bær/kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet blei starta opp i 2008, og skal gå over fem år. 2012 er siste prosjektår. Hovudmålet er å utvikle eller vidareutvikle attraktive produkt og tenester, særskilt knytt til reiseliv, med utgangspunkt i profesjonell frukt- og bærproduksjon. I tillegg til midlar over jordbruksavtalen, har Landbruks- og matdepartementet sett krav om 50 pst. medfinansiering regionalt. Det blir foreslått å setje av 2 mill. kroner til prosjektet i 2012. Satsinga finansierast av tilbakeførte reguleringsmidlar.

Skogbruk og bioenergi

Det er foreslått at tiltaka får ei ramme på 244 mill. kroner for 2012, ein auke på 15 mill. kroner frå 2010. Av dette beløpet må 10 mill. kroner sjåast i samband med auken i trygdeavgifta for landbruket. Den konkrete fordelinga av LUF-midlane mellom ulike tiltak blir gjort etter eit drøftingsmøte med avtalepartane hausten 2011.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane for å sikre gode løysingar på tvers av kommunegrensene. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Noreg, i likskap med tresatsinga, som er omtalt under kap. 1149.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Målet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til ein aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar som biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og utvikla vidare. Midlane er sentrale i ei langsiktig og heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til skogkultur, bygging av skogsvegar, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.

Større aktivitet i skogbruket er med på å løyse klimautfordringane gjennom at skog som veks tek opp CO2, leverer fornybar energi og klimavennlege materialar som kan fortrengje utslepp frå fossile energikjelder. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen slår regjeringa fast at det er nødvendig med auka opptak av karbon i skog, og det gir nye utfordringar i arbeidet med skogkultur.

Resultatkontrollen viser at det blir planta for lite, og ei slik utvikling gjer at vi byggjer ned ressursbasen som skal bidra til mellom anna auka bruk av tre og bioenergi. Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få høg kvalitet på skogen. Dette gjeld mellom anna planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket. I samband med dette er det nødvendig med god kommunikasjon mellom tilbydarar og kjøparar av planter, slik at plantene blir produsert og omsett i rett mengd til rett pris.

Med bakgrunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) er det òg aktuelt å sjå nærare på om det er rett å setje i gang prosjekt for å byggje opp meir skog på nye areal for å binde karbon som eit ledd i den samla klimapolitikken til regjeringa.

Passive skogeigarar blir i stadig mindre grad rettleia og kontakta av offentleg og privat skogforvaltning. I dei fleste grannelag fins det aktive skogeigarar som kan utløyse aktivitet på mindre aktive eigedommar om dei sjølv ser seg tende med det. Ein auke av tilskottssatsane for sams tiltak innan skogkultur kan leie til meir rasjonelle arbeidsoperasjonar og forenkla administrasjon. Landbruks- og matdepartementet vil be Statens landbruksforvaltning om å vurdere ulike verkemiddel som kan stimulere til sams skogkulturtiltak mellom grannar utløyst av lokal skogkompetanse.

Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. Vegnettet er ein viktig føresetnad for aktiviteten i skogbruket. Ein godt utbygd infrastruktur vil òg ha stor verdi for å kunne få til lønnsame leveransar av bioenergi. Det er eit stort behov for ombygging av eksisterande vegnett i skogområda for å få dei i samsvar med krava transportmidla i dag set til bereevne og utforming. I nokre strok med låg vegdekning, spesielt i kyststroka, er det òg behov for nybygging i samsvar med hovudplanane for veg, for å leggje til rette for ei rasjonell forvaltning og bruk av skogressursane.

Det blir elles gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til drift med taubane, hest og anna for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremje bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Dette gjer det òg lettare å få ut virke frå skogen, til dømes for å auke produksjonen av bioenergi.

Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar

Eit aktivt skogbruk krev god kunnskap om både skog- og miljøressursane. Tilskott til skogbruksplanar med miljøregistreringar gir skogeigarane eit viktig grunnlag for å auke hogsten og produksjonen av bioenergi på ein berekraftig måte.

Fylkesmannen deler løyvinga mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Departementet har teke initiativet til ein gjennomgang av skogbruksplanlegginga for å sjå på dei nye utfordringane skogbruket må møte, mellom anna på grunn av nye metodar for datainnsamling og -handtering som stadig utviklar seg. Dette arbeidet vil gi føringar for skogbruksplanlegginga framover. Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette dekkjer mellom anna serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker som gjeld takst og skogbruksplanlegging.

Landsdekkjande kompetansetiltak

Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) er eit kompetansesenter for næringsutvikling og forvaltning av skog- og arealressursar, og har ei landsomfattande verksemd. SKI har ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, utvikle og ta vare på kompetent arbeidskraft i skogbruket, og i å møte nasjonale utfordringar ved sviktande rekruttering til skogbruket generelt. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet. Tiltaka er retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod og anna er òg prioriterte oppgåver. Departementet ser positivt på at SKI utviklar samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidare. Kunnskapsbehova er i rask endring, og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Eit godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.

Kystskogbruket

Kystskogbruket har særskilde utfordringar. Nokre av dei viktigaste er knytt til eigedomsstrukturen; mange små eigedommar, mindre tradisjonar for aktivt skogbruk, mykje av skogen er vanskeleg tilgjengeleg på grunn av låg vegdekning og krevjande terreng, samt lite utbygd industri. Kystfylka har høgare transportkostnader og vanskelegare avsetningsforhold enn skogstroka. Samstundes har kystfylka store skogressursar med stort potensial for verdiskaping og positive klimabidrag. Kystskogfylka får derfor ei særskilt tildeling for å bidra til å løyse desse utfordringane.

Midlane blir fordelt fylkesvis og kan nyttast til dei føremåla fylka meiner det er grunn til å prioritere. Midlane kan òg nyttast til ulike fellestiltak og samfinansiering på tvers av fylkesgrensene, til dømes samarbeid om planlegging, infrastrukturtiltak, og kompetanse eller utvikling av nye løysingar for skogsdrift.

Bioenergi

Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å auke verdiskapinga ved bruk av råstoff frå landbruket til bioenergi og leveransar av biovarme til andre samfunnssektorar. Det er samstundes eit mål å oppnå positive klima- og energigevinstar. Auka uttak av skogråstoff til bioenergi er soleis eit viktig element i regjeringa si satsing på auka avverking og bruk av trevirke. Landbruks- og matdepartementet sine verkemiddel inngår som element i ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.

Bioenergiprogrammet er eitt av dei viktigaste verkemidla i departementet si satsing på bioenergi. Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg. Gjennom programmet blir det gitt støtte til småskala varmeanlegg, gardsanlegg, pilotprosjekt for biogass, flisproduksjonsutstyr og kompetansetiltak mv. Ved vurdering av anlegg for biogass skal det leggjast vekt på miljøgevinsten i vidaste meining, i tillegg til kriteria for energieffektivitet og lønnsemd og behovet for oppbygging av kompetanse.

Satsinga på bioenergi gjennom bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både internt i landbruket og ved sal av biovarme til andre sektorar, samstundes som det gir moglegheit for auka verdiskaping for skogeigaren.

Det er knytt store utfordringar til å nå målet om auka utbygging av 14 TWh bioenergi innan 2020. Departementet sine verkemiddel tek mellom anna sikte på å bidra til utvikling av ein meir velfungerande marknad og større utbod av bioenergiråstoff. Det er heilt nødvendig å få eit løft i bygginga av anlegg og leidningsnett for biovarme, dersom det skal vere mogleg å nå målet. Midlane frå Olje- og energidepartementet til Enova, mellom anna styrkinga av Energifondet, er hovudfinansieringskjelda for slike infrastrukturtiltak.

Helse- og utviklingstiltak sau og geit

Fleire ordningar under Landbrukets Utviklingsfond har som mål å leggje til rette for betre forhold i sau- og geitenæringa, jf. tabell 2.18 . Sau- og geitenæringa har utfordringar med smittsame sjukdommar, snyltarar mm. og behov for tilpassing av organisasjons- og samarbeidsformer for mest mogleg rasjonell utnytting av beiteressursane. I mange tilfelle vil aktuelle tiltak vere avhengig av finansiering og gjennomføring på nasjonalt plan.

Tabell 2.18 Helse- og utviklingstiltak sau og geit, løyving i mill. kroner

Tiltak

2010

2011

2012

Utviklingstiltak for geit/Friskere geiter

15,0

15,0

15,0

Nasjonalt beiteprosjekt

6,5

5,0

5,0

Fotråteprosjekt friske føtter

2,0

Sum

21,5

20,0

22,0

Utviklingstiltak for geit – Friskere geiter

Målet med prosjektet er å få kontroll med sjukdomane CAE, byllesjuke og paratuberkulose hos geit, og dermed sikre friske dyr, betre dyrevelferd og betre produkt.

Det er ikkje realistisk at alle geitehald som står att vil melde seg på til sanering med ei vidareføring av opphavleg regime. Utelating av sanering har til no ikkje medført negative konsekvensar for den enkelte besetning, ut over sjuke dyr. Det har derfor vore eit ynskje om forvaltningstiltak som prioriterer bevaring av sunnheita i friske besetningar. Avtalepartane har òg stilt krav til næringa om tiltak som reduserer moglegheita for resmitte av sanerte besetningar kombinert med negative konsekvensar ved ikkje å sanere. TINE har derfor vedtatt differensiering av prisen på mjølk frå friskmeldte og ikkje friskmeldte besetningar, og Mattilsynet arbeider med å endre regelverket for CAE i besetningar. Det er framleis behov for at næringa følgjer opp med tiltak for ei raskare framdrift og avslutning på prosjektet. Avsetninga til prosjektet er foreslått vidareført for 2012 med 15 mill. kroner.

Nasjonalt beiteprosjekt

Beitebruken er prega av aukande tap av dyr på utmarksbeite. Rovvilt er hovudårsaka til tap i mange område, mens alveld og flåttborne sjukdommar er hovudårsaka i andre område. I tillegg er det ein forholdsvis stor del ukjente årsaker. Forsking på flåttboren sjukdom er finansiert med forskingsmidlar over jordbruksavtalen (Matfondavtalen) med om lag 9 mill. kroner over fire år (2011-2014) av eit totalbudsjett på 10,3 mill. kroner.

Målet med prosjektet er å få til eit betre sauehald med mindre tap av dyr på beite. Det er utfordringar med å tilpasse organisering og samarbeidsformer til behova som følgje av utvikling innan husdyrholdet og samfunnet generelt. Tap av sau og lam på beite ligg generelt på eit for høgt nivå. Dokumentasjon om tap og andre forhold knytt til utmarksbeiteperioden må bli betre.

Dei fleste prosjektaktivitetane som er initiert og drifta innanfor det nasjonale beiteprosjektet er krevjande å gjennomføre. Spesielt gjeld dette prosjekt som fører med seg planlegging og organisering, og som krev samordning mellom mange beitelag, brukarar og samfunnet elles. Styringsgruppa vil understreke at dei prosjekta som er starta opp, i mange tilfelle ser ut til å medføre auka engasjement og ny interesse for beitebruk. Styringsgruppa meiner derfor det nasjonale beiteprosjektet bør halde fram ut 2012, med rapportering i 2013.

Det blir foreslått at prosjektet vidareførast i 2012 som siste prosjektåret med 5 mill. kroner. Dette må kombinerast med systematisk innsamling av erfaringsdata frå fylka, samt effektiv kunnskapsutveksling.

Fotråte – prosjekt friske føtter

Målet med prosjektet er å førebyggje sjukdommen fotråte hos sau og geit i Noreg. Det er ikkje gjort utbetalingar av den avsette ramma på 2 mill. kroner for 2009 og 2 mill. kroner for 2010. Ut frå talet på påmeldte besetningar og påbegynte saneringar, til saman 55 besetningar, stipulerer prosjektet med utbetaling av 3,5 mill. kroner i 2011. Med bakgrunn i dette er det foreslått å løyve 2 mill. kroner i 2012 til prosjektet.

Forsking

Landbrukssektoren har eit omfattande kunnskapsbehov som FoU-midlar over jordbruksavtalen skal bidra til å løyse. Det er foreslått at løyvinga til forsking vidareførast med 48 mill. kroner for 2012. I eit langsiktig perspektiv skal midlane bidra til kunnskap som aukar den norske matproduksjonen, om klimatilpassingar, auka innovasjon og konkurranseevne i landbruks- og matsektoren og kunnskapsutvikling for forvaltninga. For 2012 skal særleg forsking som bidreg til auka matproduksjon prioriterast.

Disponering av midlane må sjåast i samband med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og programma i Noregs forskingsråd med sikte på ein effektiv ressursutnytting samla sett.

Sametingets midlar til næringsformål og midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Avsetninga av midlar til dette omfattar både midlar til jordbruksføremål forvalta av Sametinget, samt midlar til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift, forvalta av Innovasjon Noreg. Overføringa til Sametingets midlar til næringsformål i 2012 er foreslått vidareført med 2 mill. kroner. Det er ein føresetnad at samarbeidet og koordineringa mellom Sametinget, Innovasjon Noreg og fylkesmennene i Finnmark og Troms vidareutviklast for å få best mogleg effekt av midlane til næringsutvikling i desse fylka. Det er foreslått at løyvinga til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2012 aukast med 0,4 mill. kroner til 1,4 mill. kroner. Løyvinga er da i samsvar med tilsvarande avsetning over reindriftsavtalen til denne ordninga.

Tilbakeførte reguleringsmidlar

Det blir disponert 4 mill. kroner av dei tilbakebetalte reguleringsmidlane i 2012, i tråd med satsingsområda lagt i jordbruksoppgjeret 2007, jf. tabell 2.19.

Tabell 2.19 Tilbakeførte reguleringsmidlar disponert i 2011 og 2012, mill. kroner.

Tiltak

2011

2012

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

2,0

2,0

Utviklingsprogram for frukt og grønt

2,0

2,0

Energi i veksthusnæring

1,0

Sum

5,0

4,0

Ut frå denne innvilgingsramma vil dei tilbakebetalte reguleringsmidlane vere disponert i sin heilskap i 2012.

Miljø

Miljøsatsing i jordbruksavtalen

Det er behov for å utvikle indikatorar og gode rapporteringssystem, slik at resultata av tiltak og verkemiddel betre kan målast og synleggjerast. Partane er einige om å nedsette ei partssammensett gruppe som skal foreslå ein felles rapporteringsstruktur for miljømål, virkemiddelbruk og indikatorar for miljøoppnåing.

Nasjonalt miljøprogram

Partane er einige om ein samla auke til miljøtiltak på om lag 208 mill. kroner. Nasjonalt miljøprogram blir auka med om lag 188 mill. kroner. Miljøverkemiddel over LUF aukast med 1,5 mill. kroner.

Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel

Partane er einige om å sette av 10 mill. kroner til post 77.15 til Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Innanfor løyvinga kan det brukast inntil 2,0 mill. kroner til utprøving av plantevernmiddel i småkulturar. Forslag til fordeling av midlar skjer i den partssamansette arbeidsgruppa som følgjer opp handlingsplanen.

Regionale miljøprogram (RMP)

Gjennom ei styrking av tiltak under regionale miljøprogram, blir det lagt til rette for målretta innsats for å redusere erosjon og avrenning, og gjennom dette å betre vasskvaliteten. Partane er einige om å auke avsetninga til RMP med 15,0 mill. kroner med spesielt vekt på fylke med spesielle vassmiljøutfordringar, jf. tabell 2.20 . Det er, vidare, behov for å styrkje miljøinnsatsen på områda kulturlandskap, kulturmiljø og naturmangfald i alle fylke. Det blir lagt opp til ei tildeling av midlar på fylke som vist i tabell 2.20.

Partane er einige om overføring av ordninga beiteareal for gås frå Landbrukets Utviklingsfond til regionale miljøprogram, fordeling av midlane til beiteareal for gås. Resten av ramma for RMP går fram av tabell 2.20.

Tabell 2.20 Fylkesvis fordeling av midlar til regionale miljøprogram for 2011 med utbetaling 2012

Fylke

Endring

Mill. kroner

Østfold

3,7

42,7

Akershus

2,9

52,9

Hedmark

1,3

43,3

Oppland

0,9

54,2

Buskerud

1,0

22,9

Vestfold

0,9

17,8

Telemark

0,2

11,8

Aust-Agder

0,1

3,8

Vest-Agder

0,1

6,1

Rogaland

0,9

24,9

Hordaland

0,3

19,7

Sogn og Fjordane

0,4

24,4

Møre og Romsdal

0,3

18,0

Sør-Trøndelag

0,6

24,6

Nord-Trøndelag

2,6

29,01

Nordland

2,0

19,71

Troms

0,2

9,5

Finnmark

0,1

3,2

Sum post 74, underpost 19

18,5

428,5

1 Ordninga beiteareal for gås blir avslutta som eiga ordning over post 50, underpost 11 Landbrukets utviklingsfond, og 3,5 mill. kroner blir flytta til post 74, underpost 19 Regionale miljøprogram og fordelt til Nord-Trøndelag og Nordland.

Det noverande programperioden går ut 2012. SLF får ansvar for å gjennomføre ei avgrensa evaluering av programmet innan 15. februar 2012. Evalueringa skal leggje vekt på:

  • nytte og kostnader ved verkemidla for å redusere erosjon og næringsstoffavrenning til vatn

  • plan for betre resultatrapportering av tiltak i prioriterte kulturlandskap og kulturmiljø, samt tiltak for biologisk mangfald, eksempelvis kystlynghei og slåtteeng/ slåttemyr

Kostnadar til evaluering blir foreslått dekte innanfor ordninga.

Nasjonalt pilotprosjekt for meir miljøvennleg handtering av husdyrgjødsel

Partane vil følgje opp fjorårets jordbruksavtale gjennom å løyve 14 mill. kroner til pilotprosjektet for utbetaling i 2012.

Partane er vidare einige om at pilotordninga blir vidareført òg for våren 2012. Det inneber at det i jordbruksoppgjeret 2012 må bli avsett midlar for aktivitetsåret 2012 med utbetaling i 2013.

Det blir lagt opp til justeringar av forskrifta for aktivitetsåret 2012 med bakgrunn i erfaringane i prosjektet. Landbruks- og matdepartementet fastset ny forskrift etter samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i god tid før neste spreiesesong.

Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL)

Partane er einige om å auke avsetninga til SMIL-ordninga med 5 mill. kroner til 120 mill. kroner for 2012. Kommunar med store vassmiljøutfordringar blir prioriterte ved fordelinga.

Investeringsstøtte organisert beitebruk

Partane er einige om å setje av 9 mill. kroner til organisert beitebruk for 2012.

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

Løyvinga til Informasjons- og utviklingstiltak blir vidareført med 10 mill. kroner.

Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket

Partane vidarefører midlane til nasjonalt utvikingsprogram for klimatiltak i jordbruket med 6 mill. kroner for 2012. Formidlingsprosjekt skal bli prioriterte.

Verdsarv

Partane er einige om å vidareføre midlane til verdsarvområda på 3 mill. kroner for 2012.

Utvalde kulturlandskap

Midlane til utvalde kulturlandskap blei vidareført med 8 mill. kroner for 2012.

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

Partane er einige om å setje av 2 mill. kroner til prosjektet for 2012.

Energirådgiving i veksthus

Partane er einige om å forlengje prosjektet Energirådgiving i veksthus med eitt år. Det blir løyvd 1 mill. kroner til prosjektet for 2012.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Løyvinga til skadefondet er foreslått flytta til post 71, sjå nedanfor.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70.11

Tilskott til marknadstiltak

18 930

18 900

20 900

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

207 807

179 000

170 000

70.13

Tilskott til eksportrestitusjon

1 947

Sum post 70

228 684

197 900

190 900

Budsjettframlegg 2012

Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare, og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. For 2012 er det budsjettert med følgjande ordningar finansiert over budsjettet:

  • Avsetjingstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner

  • Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 12 mill. kroner

  • Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,9 mill. kroner i 2012.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

Prisane på verdsmarknaden har variert mykje dei seinaste åra. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Etter ein nedgang i 2010, er prisane på verdsmarknaden igjen på veg opp. Det reduserer prisnedskrivinga og forbruket på RÅK-ordninga. I motsatt retning fører auken i målprisane i dei seinaste jordbruksoppgjera isolert sett til at løyvingane til RÅK må aukast.

For 2012 gjer departementet framlegg om ei løyving på 170,0 mill. kroner.

Underpost 70.13 Tilskott til eksportrestitusjon

Underposten omfatta ordninga med eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).

Ordninga blei avvikla frå 1.1.2010.

Post 71 Tilskott til erstatningar med meir, overslagsløyving

Formålet med løyvinga

Formålet med posten er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Posten omfattar følgjande ordningar:

Som følgje av klimatiske årsaker:

  • 1. tilskott ved avlingssvikt i planteproduksjon

  • 2. tilskott ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon

  • 3. tilskott til reparasjon av vinterskadd eng

Som følgje av andre hendingar:

  • 4. tilskott ved tap i epleproduksjon forårsaka av rognebærmøll

  • 5. erstatning for tap av sau på beite

For alle ordningane på denne posten kan landbruksføretaka søke om tilskott på grunnlag av eit regelverk og satsar som er fastsette på førehand gjennom forskrifter. Eventuelle justeringar av regelverket utanom jordbruksoppgjera som har innverknad på utbetalingane, må leggast fram for Stortinget.

Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan dekkjast gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.

Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 40 mill. kroner.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

73.11

Tilskott til norsk ull

139 094

138 000

140 000

73.13

Pristilskott mjølk

588 247

564 000

554 000

73.15

Pristilskott kjøtt

697 138

654 500

668 000

73.16

Distriktstilskott egg

7 789

8 500

5 700

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

59 528

74 300

81 700

73.18

Frakttilskott

219 735

314 200

318 000

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

365 583

407 700

445 700

73.20

Tilskott matkorn

80 508

86 300

34 600

73.21

Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

20 000

36 000

42 400

Sum post 73

2 177 623

2 283 500

2 290 100

Budsjettframlegg 2012

For pristilskotta under jordbruksavtalen blir partane samde om satsar per eining, og løyvinga vil kunne variere som følgje av variasjonar i voluma under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2012 at forbruket på posten vil gå ned med 3,3 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2011. Dei endra satsane i jordbruksoppgjeret gir ein auke på 9,9 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving i 2012 på om lag 6,6 mill. kroner samanlikna med 2011.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er justert noko opp, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 140 mill. kroner for 2012.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.

Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 175 øre per liter.

Det blei ikkje gjort endringar i pristilskotta for mjølk i jordbruksoppgjeret i år. Alle satsar er derfor uendra. Volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 10,0 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 554,0 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2012. Denne er fordelt med 65,0 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk, og 489 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i pristilskotta for kjøtt med unntak av ei teknisk justering av minstegrensa for grunntilskott til lam. Dette inneber ei innsparing på 1,0 mill. kroner, mens volumjusteringa i 2012 gir eit auka forbruk på posten med 14,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 668,0 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2012. Av dette utgjer grunntilskottet 94,7 mill. kroner, mens 573,3 mill. kroner er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. I jordbruksoppgjeret blei satsen for distriktstilskott til egg i Trøndelagsfylka redusert tilsvarande 2,8 mill. kroner. Det er ikkje prognosert volumendringar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,7 mill. kroner i 2012.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 5 prosent tilsvarande 3,8 mill. kroner. I tillegg blei det innført ei ny tilskottsgruppe for eple og pærer til press som aukar utbetalingane med 5,9 mill. kroner. Volumjusteringa av posten reduserer løyvingsbehovet med 2,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 81,7 mill. kroner i 2012.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar.

I jordbruksoppgjeret blei det gitt ei auke i satsane for stedsfrakt til kraftfôr tilsvarande 5 mill. kroner. Dei andre satsane blei ikkje endra. Volumjusteringa gir ei redusert løyving på 1,2 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 318,0 mill. kroner i 2012, fordelt med 130,0 mill. kroner til kjøtt, 8,0 mill. kroner til egg og 180,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsettinga av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for desse varene. Saman med endring av målprisane på korn, oljevekstar og protein gir prisnedskrivinga grunnlag for å regulere råvarekostnadane i kraftfôrproduksjonen. I jordbruksoppgjeret blei satsane for prisnedskriving av norsk korn satt opp med 3 øre/kg, og for oljevekster med 10 øre/kg. Dette gir ei auka løyving på 37 mill. kroner. Saman med auken i målprisane for korn har partane rekna ei auke i råvarekostnadane til kraftfôr på 7 øre/kg.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 445,7 mill. kroner for 2012.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.

I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet redusert frå med 13,2 øre/kg frå 23,2 øre/kg. til 10 øre/kg. Dette gir ei redusert løyving på 45,4 mill. kroner. Volumjusteringa reduserer løyvinga med 6,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 34,6 mill. kroner i 2012.

Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for poteter.

Det er ikkje gjort satsendringar for prisnedskrivingstilskotet for potetsprit i jordbruksoppgjeret.

Frå 1. januar 2011 blei det innført eit pristilskott for sal av potetstivelse til industrien med kr 2,50 per kg. Tilskottet går til produsentar av potetstivelse. Formålet er mellom anna å sikre avsetning av avrenspoteter. Dette har vært viktig ut frå fytosanitære grunnar, og for å utnytte potetproduksjonen betre.

For å sikre konkurransekrafta til norsk potetstivelse i forhold til importerte substitutt som tapioka som har svært lav toll, var partane i jordbruksoppgjeret einige om auke pristilskottet for potetstivelse til industri med 1,00 kroner pr. kg. Dette gir ei auka løyving på posten med 6,5 mill kroner. Samtidig blir prisnedskrivinga av glukose og potetstivelse til RÅK-industrien redusert med 1,00 kroner pr. kg, Det gir ei redusert løyving på post 70.12 med 2,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42,4 mill. kroner til ordninga i 2012.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 090 487

1 188 300

1 365 600

74.14

Tilskott til husdyr

2 181 283

2 229 200

2 389 200

74.16

Beitetilskott

616 144

698 600

737 200

74.17

Areal- og kulturlandskapst.ilskott

3 095 163

3 133 019

3 281 119

74.19

Regionale miljøprogram

402 815

410 000

428 500

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

115 741

137 000

135 700

74.22

Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel

11 771

14 000

14 000

Sum post 74

7 513 402

7 810 119

8 351 319

Budsjettframlegg 2012

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik størrelse og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon og driftstilskott kjøttfeproduksjon auka med 18 000 kroner per føretak over heile landet. Dette utgjer ei auka løyving tilsvarande om lag 226 mill. kroner, mens reduksjonen i talet på mjølkeføretak gir ei innsparing på 48 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 365,6 mill. kroner for 2012. Det fordeler seg med 152,9 mill. kroner til kjøttfeproduksjon og 1 212,7 mill. kroner til mjølkeproduksjon.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter størrelse på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense som i jordbruksoppgjeret blei auka til 275 000 kroner per føretak. Satsane per dyr blir avtrappa med aukande dyretal. I oppgjeret blei satsane auka til alle dei grovfôretande dyra tilsvarande 165 mill. kroner, mens dei er uendra for dei kraftfôrbaserte produksjonane. Tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet reduserer løyvingsbehovet med 5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 389,2 mill. kroner i 2012. Av dette utgjer tilskottet til bevaringsverdige storferasar 3,25 mill. kroner.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Underposten består av eit tilskott til dyr som beitar i utmark, og eit tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett på tilskotta, og dyr som beitar i utmark kan òg oppnå det generelle beitetilskottet. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har òg ei positiv effekt på dyrevelferda.

I jordbruksoppgjeret blei tilskottssatsane auka tilsvarande 36,2 mill. kroner, mens tilpassing av løyvingsbehovet auka behovet med ytterlegare 2,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 737,2 mill. kroner i 2012, som fordeler seg med 341,1 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 396,1 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats per daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet den skjer. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. For å få fullt tilskott må føretaka mellom anna ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.

Som eit viktig tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker og hagebruksvekstar. Dette skal òg medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, imellom ulik størrelse på føretaka og mellom distrikta.

I jordbruksoppgjeret blei det gitt satsauke for alle produksjonar med unntak av potet tilsvarande 173 mill. kroner. Ei tilpassing av løyvinga til gjeldande arealfordeling gir ei innsparing på 25 mill. kroner. Vidare blei avtalepartane einige om at gruppa frukt og bær skiljast i 2 separate vekstgrupper.

Stortinget har uttalt at det er viktig med enklare forvaltning og betre kontroll med utebetaling av tilskott. Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret sett av 4,5 mill. kroner i 2012 til vidareutvikling av IKT-systema for tilskottsforvaltninga.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 281,1 mill. kroner i 2012. Dette fordeler seg med 1 773 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 504 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil medverke til å hindre gjengroing og stimulere til beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Regionale miljøprogram har medverka til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing då miljøutfordringane ikkje er like frå fylke til fylke.

Partane i jordbruksoppgjeret var einige om at ordninga med støtte for å leggje til rette for beiting av trekkjande gås flyttast frå post 50.11 LUF til regionale miljøprogram frå 2012. Dette utgjer 3,5 mill. kroner som fordelast til Nordland og Nord-Trøndelag.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 428,5 mill. kroner i 2012.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk

Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020.

For å stimulere til ein betre balanse mellom økologisk grovfôrareal og produksjon av mjølk og kjøtt, var partane i jordbruksoppgjeret einige om å redusere tilskottet til økologisk grovfôrareal frå 75 til 50 kroner per dekar. Samstundes var dei einige om å auke satsane tilsvarande for husdyrtilskotta. Kornkampanjen med eit ekstra tilskott på 100 kroner per dekar blir vidareført til 2012.

Med uendra satsar blir løyvingsbehovet redusert med 1,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 135,7 mill. kroner i 2012. Dette fordeler seg med 25,0 mill. kroner i tilskott til omlegging, 51,3 mill. kroner i husdyrtilskott og 59,4 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel

Husdyrgjødsla utgjer om lag ¼ av alt nitrogenet som blir brukt i jordbruket. Gjennom vanleg spreiing forsvinn mykje av nitrogenet i form av ammoniakk (NH3). Dette er ei ordning som finansierer eit pilotprosjekt som har som mål å auke den delen av gjødsla som blir spreidd med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned.

Oppslutninga om ordninga er god, og løyvinga blir foreslått vidareført med 14 mill. kroner i 2012.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

86 684

87 270

87 970

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

5 711

7 520

11 520

77.13

Tilskott til forsøksringer og teknisk planlegging

46 400

47 500

48 500

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

23 200

23 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

31 107

35 740

52 336

77.17

Tilskott til fruktlager

9 000

10 000

10 000

Sum post 77

202 102

211 230

233 526

Budsjettframlegg 2012

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

For 2012 er det prognosert 30,7 mill. kroner i tilskott til semintenester, 44,0 mill. kroner til veterinærreiser og 13,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 88 mill. kroner for 2012.

Underpost 77.11 Tilskott til planteavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Vanskelege forhold i innhaustinga gjer at kvaliteten på delar av det norske såkornet blir for dårleg i enkelte år. For bidra til eit sikrare tilbod om såkorn tilpassa norske dyrkingsforhold, var partane i jordbruksoppgjeret einige om å innføre eit særskilt tilskott for lagring av såkorn mellom to sesongar. For 2012 er det rekna at dette vil utgjere 3,5 mill. kroner. Til dei andre tiltaka er det sett av 8,0 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 11,5 mill. kroner for 2012.

Underpost 77.11 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for å tilby ei landsdekkande teneste knytt til teknisk planlegging i landbruket.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 48,5 mill. kroner for 2012.

Underpost 77.11 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr og bidra til geografisk utjamning av produksjonskostnader.

Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern, og tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2012. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.

Underpost 77.11 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker finansierast kollektivt over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremje omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.

I jordbruksoppgjeret var partane einige om at ordninga med tilskott til prosjekter innanfor planteforedling og oppformering over kap. 1143 post 74 flyttast inn på jordbruksavtalen under denne posten. Det utgjer 15,1 mill. kroner. I tillegg foreslo avtalepartane å styrkje ordninga med ytterlegare 2 mill. kroner i 2012.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52,3 mill. kroner i 2012 som er fordelte på følgjande tilskottsordningar:

Utvikling av plantemateriale

27,1 mill. kroner

Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet

7,5 mill. kroner

Kvalitetstiltak

6,5 mill. kroner

Produsentsamanslutningar

0,2 mill. kroner

Handlingsplan, plantevernmiddel

10,0 mill. kroner

Premieringsordning for økologisk kjøtt

1,0 mill. kroner

Underpost 77.11 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10 mill. kroner til ordninga i 2012.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 107 319

1 173 569

1 155 669

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

168 372

186 300

176 900

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Tilskott til andre velferdstiltak

66 791

79 000

69 000

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

97 995

102 035

95 035

Sum post 78

1 659 277

1 759 704

1 584 604

Budsjettframlegg 2012

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 4 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 2 600 kroner til 66 600 kroner per føretak. Det gir ei auka løyving på om lag 49 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dyr og i talet på føretak gir ei innsparing på 59 mill. kroner, dvs. ei netto innsparing på 10 mill. kroner.

Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om at dei nye satsane skulle gjelde for avløysing i 2011 som blir utbetalt i 2012.

For 2012 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 156 mill. kroner.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar når brukaren, av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. I jordbruksoppgjeret blei den maksimale dagsatsen auka frå 1 250 kroner til 1 300 kroner per dag.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 176,9 mill. kroner for 2012.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Primærnæringane har i mange år hatt same sats for avgift til folketrygda av pensjonsgivande inntekt som den lønnsmottakarar betaler (7,8 pst.). Ein kalkulert skilnad mellom denne avgifta for pensjonsgivande inntekter i jord- og skogbruk, og den avgifta som er fastsett for andre sjølvstendig næringsdrivande (11,0 pst.), har blitt dekka gjennom ei overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Denne overføringa har stått uendra på 130,8 mill. kroner i mange år. Frå 2012 foreslår regjeringa at òg pensjonsgivande inntekter frå jord- og skogbruk skal ha ei avgift til folketrygda på 11,0 pst.

Grunnlaget for denne løyvinga fell derfor bort frå 2012.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå første dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2012.

Underpost 78.15 Tilskott til andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til Landbrukets HMS-teneste.

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved alvorleg skade eller sjukdom. I 2008 blei det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner. Løyvinga til landbruksvikarordninga blir redusert med 10 mill. kroner til 55 mill. kroner i 2012. Auka dagsats for tilskott ved avløysing ved sjukdom m.m. gir betre finansiering av landbruksvikarordninga for produsentane.

Landbrukets HMS-teneste er ein ideell stifting oppretta av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukets HMS-teneste skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø. Større oppslutning om ordninga gir meir eigenfinansiering. Det blir sett av 14 mill. kroner over ordninga i 2012 til Landbrukets HMS-teneste. I tillegg skal det finansierast ein kampanje for HMS i landbruket.

Samanlikna med budsjettet for 2011, er det prognosert med ei innsparing på underposten på 10 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 69 mill. kroner for 2012.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Noko redusert utnytting av ordninga gir ei prognosert innsparing på 7 mill. kroner i 2012.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 95 mill. kroner for 2012.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

85

Marknadsordninga for korn

38 023

10 000

27 700

Sum kap. 4150

38 023

10 000

27 700

Post 85 Marknadsordninga for korn

Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.

Prisutjamningsbeløpet er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Prisauken på norsk korn i jordbruksavtalen gir auka målpris på protein og høgare prisutjamningsbeløp. Det er òg prognosert ein viss nedgang i verdsmarknadsprisar på soya og anna protein som gjer at løyvinga på posten går noko opp. Totalt auka løyvinga etter dette med 17,7 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving i 2012 på 27,7 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

35 900

30 000

32 800

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 200

6 100

6 100

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

59 610

61 800

60 000

79

Velferdsordningar

1 800

3 100

3 100

Sum kap. 1151

103 510

101 000

102 000

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste virkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen drøftast dei sentrale økonomiske verkemidla, blant anna ut frå dei behov og utfordringar næringa til ei kvar tid står overfor.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, samt resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, syner departementet til omtale under kat. 15.30, Prop. 84 S (2010-2011) og Innst. 355 S (2010-2011). Nærare omtale av målsetjingane for dei einskilde ordningane på kapittelet går fram av budsjettforslaget for 2012.

Resultatrapport 2010

Reindrifta har fleire utfordringar. Talet på rein og andre rammevilkår blir no følgte opp gjennom reindriftslova sine reglar om bruksreglar. Det har i 2010 vore ei intensiv oppfølging av dei distrikta som ikkje har levert bruksreglar og dei distrikta som har fått bruksreglane i retur, sjå òg kap. 1147.

Tal frå rekneskapet i totalkalkyla viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2008 til 2009. Det totale vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 174,5 mill. kroner til 164,2 mill. kroner. Denne reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene på 15,5 mill. kroner grunna lågare slaktekvantum og reduksjon i produsentprisen. I tillegg auka kostnadene frå 134,0 mill. kroner til 159,2 mill. kroner. Dette gir grunn til bekymring med tanke på målet om økonomisk bærekraft, men det har førebels ikkje vore mogeleg å avklare årsaksfaktorane for denne betydelege kostnadsauka.

Marknadssituasjonen for reinkjøtt har sidan hausten 2009 vore svært vanskeleg, særleg for reineigarar og slakteri- og vidareforedlingsbedrifter i Finnmark. Med bakgrunn i den vanskelege situasjonen, blei det hausten 2010 gjennomført ekstraordinære forhandlingar mellom Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og staten. Forhandlingane resulterte i semje om kortsiktige tiltak for auka slakting og omsetnad av rein frå Finnmark. Eit sentralt tiltak var ein avtale med Nortura om oppkjøp av reinkjøtt. Tiltaka synes å ha verka etter føremålet ved at reineigarane har fått slakta reinen før innflytting på vinterbeita, og dermed hindra eit tilbakeslag med arbeidet med å redusere flokkane til bærekraftige nivå. Trass eit rekordstort slakteuttak i 2010, var det i desember mange reineigarar som ikkje hadde fått slakta som dei ønskte. Ønsket om auka slakteuttak har samanheng med oppfølging av bruksreglane og distrikta sine reduksjonsplanar. På bakgrunn av dette og at slakteria signaliserte slaktestopp etter nyttår, valde avtalepartane gjennom ekstraordinære forhandlingar å forlengje avtalen med Nortura ut slaktesesongen 2010/2011.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Tilsvarande som for tilskottforvaltninga under kapittel 1150 er det behov for tilpassingar i forhold til normale prosedyre for ordningar under kapittel 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterier. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Økonomisk utvalg for reindriften i forkant av dei årlige forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Reindriftsforvaltninga. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kapittel 1147. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. I den samanheng har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ein del ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Reindriftsforvaltninga er sekretariat for styret. I desse samanhengane ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Reindriftsavtalen for 2011/2012

Forhandlingane om Reindriftsavtalen 2011/2012 førte ikkje fram til ei forhandlingsløysning. NRL valde å bryte forhandlingane på bakgrunn av marknadsregulerande tiltak. I samsvar med hovudavtalen for reindrifta og sluttprotokollen frå forhandlingane, er det statens siste og reviderte tilbod som dannar grunnlaget for oppgjøret i 2011/2012.

Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsoppgjeret for 2011/2012 har ei ordinær ramme på 102 mill. kroner. Dette er ein auke på 1 mill. kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2010/2011.

Reindriftsoppgjeret 2011/2012 legg hovudvekt på tiltak som kan bidra til å betre gjennomføringa av slaktinga gjennom sesongen og til auka sal. I tillegg legg departementet stor vekt på å stimulere til marknadsretta produksjon og verdiskaping. På denne måten er forslaget særleg innretta mot reindriftsutøvarar som har reindrift som hovudnæring.

Reineigarane viser no stor vilje til å auke slakteuttaket sitt. Samstundes hemmar dagens marknadssituasjon moglegheiten slakteria har til å ta imot rein. Med dette som utgangspunkt har departementet valt særleg å prioritere tiltak som kan medverke til å gjenopprette meir normale marknadsforhold og på det grunnlaget sikre slakting og omsetnad av reinkjøt. I tillegg tek oppgjeret høgde for ein auke i slakteuttaket i samanheng med distrikta si oppfølging av godkjende bruksreglar.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2012 i samsvar med Stortinget si handsaming av reindriftsoppgjeret for 2011/2012, jf. Innst. 355 S (2010-2011). I omtalen av dei einskilde postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 84 S(2010-2011) og Innst. 355 S (2010-2011).

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindrifta sitt utviklingsfond skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:

  1. 1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak

  2. 2,0 mill. kroner til Sametingets tilskottsordningar til næringsutvikling (STN)

  3. 1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  4. 7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift

  5. 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga

  6. 5,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak

  7. 5,0 mill. kroner til pramming av rein

Avsetjingane over RUF sine midlar utgjer totalt 32,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 2,8 mill. kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2010/2011.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

75.11

Frakttilskott

1 801

1 800

1 900

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

44 066

49 800

48 200

75.13

Distriktstilskott

9 849

8 200

9 900

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark

3 894

2 000

Sum post 75

59 610

61 800

61 800

Tilskotta skal medverke til å fremje ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 60,0 mill. kroner for 2012, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,9 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Siidaandelane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter tidlegare ordningar over Reindriftens Utviklingsfond. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,4 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 24,0 mill. kroner til produksjonspremie.

Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokre av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner per siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller eigaren av siidaandelen er under 30 år per 1.1.2012, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 60 000 kroner. Det er sett av 7,0 mill. kroner til driftstilskott.

Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er vidareført med 250 kroner per kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2011-31.12.2011 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting. Siidaandelar i Vest-Finnmark er ikkje omfatta av denne ordninga. Det er sett av 8,9 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Prøveordning med tilskott til siidaandelar i Vest-Finnmark: Prøveordning med tilskott til siidaandelar i Vest-Finnmark blir vidareført. Alle siidaandelar som oppfyller eit produksjonskrav på 8 kg (slakt rapportert i samsvar med Forskrift om rapportering av slaktet rein) per rein i vårflokk (per 31.03.11), får utbetalt eit tilskott på 15 kroner per kg for slakt i perioden 15.08.-10.10. og 10 kroner per kg for slakt i perioden 11.10.-31.12.

Det er sett av 5 mill. kroner til prøveordninga med tilskott til siidandelar i Vest-Finnmark.

Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellar eller sambuarar driv aktiv reindrift blir vidareført med ein sats på 42 500 kroner. Det er sett av 3,3 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Totalt blir det foreslått løyving på 48,2 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av reindrifta sine areal, auka lønnsemd og tilrettelegging for kriseberedskap. I tillegg skal tilskottet gje grunnlag for avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda. For at tilskott til distrikt skal kunne gjevast må det i distriktet vere utøvd ei reindrift som er i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande lover og forskrifter for næringa. Satsen til administrasjon, planlegging og ressursforvaltning i reinbeitedistrikta, medrekna Trollheimen, vidareførast med 40 000 kroner per distrikt. Ved ei samanslåing av distrikt blir grunnbeløpet auka i tråd med talet på distrikt som vart slått saman, avgrensa til to år etter samanslåinga.

Det særskilte tilskottet for beiteleige i Trollheimen blir vidareført. Beløpet på 100 000 kroner blir disponert av Reindriftsforvaltninga, som får ansvar for betaling av leige etter beiteavtalen.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 9,9 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar

Det er sett av 300 000 kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal medverke til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir vidareførte.

Den enkelte reineigaren skal betale ei avgift til Folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auking av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,1 mill. kroner.

Kap. 1161 Statskog SF – forvaltningsdrift

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskott til forvaltningsdrift

15 173

12 673

12 673

75

Oppsyn i statsalmenningar

8 796

9 296

9 296

Sum kap. 1161

23 969

21 969

21 969

Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift

Formål med løyvinga

Formålet med Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samstundes er det knytt kostnader til å vere til stades og å ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Denne avtalen blei revidert og fornya i 2007. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.

Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar går òg inn her.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF har eit eige feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 millionar daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. I 2008 blei det inngått ein ny samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.

Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stigar og løyper, og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Resultatrapport 2010

På post 70 er det i 2010 rekneskapsført 15,2 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2010 brukt om lag 5,1 mill. kroner, ein auke på om lag 0,6 mill. kroner i forhold til 2009. Friluftslivstiltaka omfattar ordinært tilsyn og vedlikehald knytt til etablerte tilbod, i tillegg til friluftsarrangement, stimuleringstiltak, informasjonsarbeid o.a. Tiltaka skjer i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2009 – 2012.

Rekneskapen viser at det er nytta 2,5 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2010. Dette er om lag 0,65 mill. kroner meir enn året før. Om lag 26 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Totalt utgjer avverka kvantum om lag 46 pst. av balansekvantum.

Vidare viser rekneskapen at det i 2010 blei brukt vel 4,7 mill. kroner til oppsyn og andre grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt. Fjelltenesta fører tilsyn med aktivitet på Statskog SF sin grunn i Nordland og Troms. Tilsynet retter seg mot oppføring av ulovlege bygg og anlegg og anna bruk av områda. Det er òg i 2010 lagt vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.

Fond for forvaltningsoppgåvene

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Dette gjeld mellom anna inntektene frå fritidsfestekontraktar i statsallmenningane. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Størrelsen på dei årlege inntektene er viktig for tiltaka som skal leggje til rette for auka aktivitet i statsallmenningane.

Grunneigarfondet var per 31.12.2010 på 3,3 mill. kroner. Dette er ein sterk reduksjon samanlikna med 2009. Grunnen til dette er at etter at Statskog tapte fleire rettssaker om regulering av festekontraktar har Statskog vedteke å avstå frå marknadsregulering av festeavgiftar. Statskog har òg vedteke at dei som festar tomt til fritidsbustad av Statskog, og som har betalt marknadsregulert festeavgift, skal få tilbakebetalt delar av festeavgifta. Det er og vedteke at fjellstyra ikkje skal måtte betale tilbake for mykje utbetalt del av festeavgift frå hytter og hotell i 2002 – 2009 til Grunneigarfondet. Det blei samstundes vedteke at det ikkje blei gitt tilsegn og tilskot til tiltak i statsallmenningane grunna den forverra økonomien i Grunneigarfondet. Allmenningsfonda var per 31.12.2010 på 42,7 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,673 mill. kroner.

Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF.

Statskog SF sine oppgåver knytt til skogbruk i statsallmenningar omfattar miljøregistreringar i skog, landskapsplanar, register over dei med virkesrett, skogbruksplanar med vidare.

Vidare skal Statskog SF i 2012 halde fram arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod, og informasjon om tilboda. Det er eit generelt etterslep med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogeleg. Statskog SF har ut over dette framleis utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer o.a. som treng opprusting. Departementet meiner dette er oppgåver som i hovudsak må finansierast på anna måte, òg vil saman med føretaket arbeide vidare med desse spørsmåla.

Det vil òg i 2012 vere behov for føre tilsyn med Statskog SF sine areal, m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka. Reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men blir rekvirert ved øvingar) og eigedomstilsyn overfor kontraktlause byggverk med meir, er eksempel på brukarar. Dette er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 millionar daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Resultatrapport 2010

I 2010 blei det gitt 8,8 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane etter ein nøkkel som tilgodeser nye ordningar og små fjellstyre. Om lag halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2010 er det rapportert om 6999 kontrollar, ein nedgang på over 2700 samanlikna med 2009. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som i fjor er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, mens kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 87 ulovlege forhold. Det er ein fallande tendens i rapportar om forhold knytt til småvilt, vernereglar og motorferdsel, mens rapportar om storvilt er stabilt og fiske syner ein svak auke.

Budsjettframlegg 2012

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,296 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet meiner at løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.

Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet sin lokale forankring og kunnskap er et eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er framleis nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 1162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

90

Lån til Statskog SF

475 000

95

Innskott til eigenkapital i Statskog SF

1 239 900

Sum kap. 1162

1 714 900

Post 90 Lån til Statskog SF

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere Statskog SFs kjøp av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA og Borregaard NEA AS.

Resultatrapport 2010

I samband med Statskog SFs kjøp av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA og Borregaard NEA AS til ein pris på 1 725 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, løyvde Stortinget 475 millionar kroner til eit statleg lån til Statskog SF. Statskog SF skal gjennomføre eit omfattande arronderingssal, og Stortinget har sett som vilkår at inntektene frå salet skal nyttast til nedbetaling av lånet.

Post 95 Tilskott til eigenkapital i Statskog SF Statskog SF

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere Statskog SFs kjøp av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA og Borregaard NEA AS.

Resultatrapport 2010

I samband med Statskog SFs kjøp av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA og Borregaard NEA AS til ein pris på 1725 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011), løyvde Stortinget 1 239,9 mill. kroner til innskottskapital i Statskog SF.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

90

Avdrag på lån

10 000

Sum kap. 4162

10 000

Post 90 Avdrag på lån

Framlegg 2012

Departementet legg til grunn at inntektene frå arronderingssalet som startar hausten 2011, nyttast til avdrag på det statlege lånet på 475 mill. kroner. Utbyttepolitikken må tilpassast slik at denne føresetnaden kan bli oppfylt. Departementet vil komme tilbake til dette i ein eigen proposisjon som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2012. For 2012 blir avdraget sett til 10 mill. kroner. Føretaket står fritt til å betale større avdrag.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Avgifter i matforvaltninga

623 954

613 767

117 000

71

Totalisatoravgift

114 388

125 000

125 000

Sum kap. 5576

738 342

738 767

242 000

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Regjeringa gjer framlegg om å avvikle sektoravgiftene i matforvaltninga frå 1. januar 2012, jf. omtale i Prop. 126 S (2010-2011) og Prop. 1 LS (2011-2010) frå Finansdepartementet. Posten er derfor redusert med 510 mill. kroner til 117 mill. kroner. Budsjettert beløp på posten er avgift som vil påløpe i 2011 og komme til innbetaling i 2012.

Post 71 Totalisatoravgift

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2010 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 667 mill. kroner. Dette var om lag på same nivå som året før. For 2012 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 3 400 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.

For å hindre uønskt reklame er det fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.

Lotteri- og stiftingstilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

6 092

750

5 000

566,7

5652

Renter og utbytte – Statskog SF

5 000

29 900

498,0

Sum kategori 15.40

6 092

5 750

34 900

507,0

I 15.40 blir inntekter frå Statskog SF og aksjeselskap som ligg under Landbruks- og matepartementet førte.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

85

Utbytte

6 092

750

5 000

Sum kap. 5651

6 092

750

5 000

Post 85 Utbytte

Landbruks matdepartementet og underliggjande verksemder forvaltar staten sitt eigarskap i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) og dei mindre selskapa Graminor AS, Staur Gård AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. I 2012 blir det budsjettert med eit utbytte på 5 mill. kroner frå VESO, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa. Verksemder under departementet forvaltar òg staten sine interesser i Instrumenttjenesten AS og ITAS Eierdrift AS. Her blir det ikkje lagt opp til at det blir utbetalt bytte i 2012.

Eit mål for staten sitt eigarskap er at selskapa oppnår langsiktig avkastning på investert kapital. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. S nr. 13 (2010-2011), der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalt under pkt. 5.4.1.

Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre føremål enn avkasting og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har derfor ikkje vore sett nærare avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå Graminor AS som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskotet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Departementet vil i 2012 vurdere nærarme om staten som eigar/medeigar òg i desse små selskapa bør uttrykke forventningar til avkastning og utbyttepolitikk.

Tabell 2.21 Oversikt over aksjeselskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1000 kroner)

Eigardel 2010

Resultat 2010

Utbytte 2010

Venta utbytte 2011

Graminor AS

34,0 %

3 717

598

0

Kimen såvarelaboratoriet AS

51,0 %

55

0

0

Staur gård AS

100,0 %

-658

0

0

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS

39,9 %

28 839

12 580

5 000

Sum

31 679

13 178

5 000

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetjing av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott, jf. omtale under kap. 1143 post 74.

Staten sin eigardel i selskapet er 34 pst., av dette forvaltar departementet 28,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2010 ein omsetnad på 49,6 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 3,7 mill. kroner. Overskotet er i hovudsak knytt til den forretningsmessige delen av verksemda. Det blei utbetalt 2,1 mill. kroner i utbytte, og av dette blei om lag 0,6 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

Graminor AS har utarbeidd ein ny strategi for verksemda. Den nye strategien er lagt til grunn for budsjettet for 2012. I strategien blir selskapet si verksemd skissert som forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2012, da det i den nye strategien blir lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og at ein stor del av det årleg overskottet skal bli halde tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei skilt ut frå Mattilsynet i 2004. Kimen er kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar, og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.

Selskapet rettar verksemda si mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester mellom anna til Mattilsynet og samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er av hovudoppgåvene til selskapet.

Staten eig 51 pst. av selskapet. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2010 ein omsetnad på 10,4 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 54 971 kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte, og overskottet blei lagt til annan eigenkapital. Endringa samanlikna med året før har å hovudsakleg å gjere med import av såkorn og uvanleg store kvalitetsproblem i såvare som er produsert i Noreg. Det er innført kostnadsreduserande tiltak.

Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2012.

Staur gård AS

Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten. Staur gård AS har, i samarbeid med andre aktørar, eit ansvar for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau, og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv òg gjestegarden på Staur som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv er spesiell og eigenarta, og selskapet har derfor i oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. I 2010 blei det gjort større utbetringar på gjestegarden, jf. kap. 1100 post 45.

Forpaktingsavtalen frå 2001 blei i 2011 forlengja med eitt år. Departementet tek sikte på å gå gjennom forholdet mellom selskapet og departementet som eigar av eigedommen i god tid før avtalen går ut i juli 2012.

Staur gard AS hadde i 2010 ein omsetnad på om lag 6,166 mill. kroner, ein nedgang på 5,7 prosent frå 2009, og eit underskot på 0,658 mill. kroner. Nedgangen og underskotet var venta, og departementet føreset at selskapet snur denne utviklinga. Det blei ikkje tatt ut utbytte.

Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2012.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Selskapet består av to hovudforretningsområde; distribusjon av alle typar legemiddel til dyr i den norske marknaden og kliniske smitteforsøk på fisk som ledd i vaksineutvikling og avl for leverandørar av slike tenester og produkt.

Selskapet har vakse betydeleg dei siste åra, samstundes som marginane er betra som resultat av auka volum. Denne auken er driven av auka omsetnad av legemiddel til alle typar dyr på grunn av større forbruk og fleire kundar. 2010 blei eit nytt rekordår, både for omsetnad og resultat. Driftsinntektene auka frå 356 mill. kroner i 2009 til 419 mill. kroner, og overskottet etter skatt var 29 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 37,8 mill. kroner. Av dette blei 12,58 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

Selskapet arbeider i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad som m.a. svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar. Staten sin eigardel blei i løpet av 2010 redusert frå vel 39 pst. til 34 pst. Departementet har derfor for 2012 budsjettert med noko mindre utbytte enn i 2010.

Det blir budsjettert med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner i 2012.

Kap. 5652 Renter og utbytte – Statskog SF

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

80

Renter

24 900

85

Utbytte

5 000

5 000

Sum kap. 5652

5 000

29 900

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er landets største skogeigar med om lag 7 pst. av det samla skogarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).

Statskog SF er med kompetansen sin og erfaringa si på skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Resultatrapport 2010

I 2010 kjøpte Statskog SF selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA. Selskapa eig areal på til saman 1,1 mill. dekar, av dette er om lag 756 000 dekar produktiv skog. Saka blei lagt fram for Stortinget i Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Dette er det største salet av produktiv skog i Noreg i nyare tid, og var ein sjeldan sjanse for Statskog SF. Kjøpet vil styrkje Statskog SF som leiande skogeigar i Noreg, og gir grunnlag for større og meir lønsam avverking av tømmer. Samstundes skapar kjøpet nye moglegheiter for å legge til rette for jakt, fiske og friluftsliv. I oppfølginga av kjøpet vil Statskog SF gjennomføre eit omfattande sal av spreidde skogteigar føretaket eig frå før i heile landet, for at eigedommane til Statskog SF i framtida skal gi eit enda betre grunnlag for effektiv skogsdrift. Dette arronderingssalet vil starte i 2011 og vil gå føre seg fram til 2017. Som følgje av kapitalhøginga i samband med kjøpet av selskapa frå Orkla ASA er statens innskotskapital i Statskog SF auka frå 85 mill. kroner til 1335 mill. kroner.

Resultatet frå Statskog SF i 2010 viser ei positiv utvikling av føretakets vanlege drift, samstundes som føretaket òg har gevinstar frå sal av areal og frå verdipapir. Auke i tømmerprisane frå 2009 til 2010 har bidrege til at resultatet er styrkt.

Grunninntektene frå kraftavtaler og inntektene frå jakt og fiske har utvikla seg som forventa, og er på om lag det same nivået som i 2009. Inntektene frå festeavgifter har gått ned som følgje av styret sitt vedtak om at alle som fester tomt til fritidsføremål skal få avtalane sine regulert etter konsumprisindeksen.

Post 80 Renter

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011). Renter på lånet vil vere på om lag 24,9 mill. kroner i 2012. Avdrag på lån er omtala under kap. 4162 Statskog SF – Forvaltning av statlig eigarskap.

Post 85 Utbytte

Utbyttepolitikk

Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet. Inntektene frå arronderingssalet, som startar hausten 2011, skal nyttast til avdrag på det statlege lånet på 475 mill. kroner, jf. kapittel 4162. Utbyttepolitikken må tilpassast slik at denne føresetnaden kan bli oppfylt.

Nøkkeltal og utbytte

Resultatet etter skatt er på 29,99 mill. kroner.

Balansen i rekneskapet til Statskog SF ved utgangen av 2010 er prega av at føretaket den 21. desember 2010 tok over aksjane i selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA. Aksjane i disse tre selskapa blei kjøpt for 1 725 mill. kroner. Sidan Statskog tok over aksjane så seint i året, er ikkje resultata frå disse selskapa tatt med i resultatrekneskapet for Statskog.

Statens utbytte for 2010 er fastsett til 11,3 mill. kroner, tilsvarande statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførte eigenkapitalen til konsernet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

Budsjettframlegg 2012

Det blir budsjettert med utbytte for 2011 på 5 mill kroner. Endeleg forslag til utbytte vil bli behandla i ein eigen proposisjon. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2012. Som følgje av kapitalauken i samband med Statskog SFs kjøp av selskap frå Orkla ASA vil departementet gjere ei ny vurdering av avkastnings- og utbyttekrav til føretaket. Departementet vil leggje fram vurderinga si for Stortinget.