Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070, 5575 og 5610

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

7 Sektorovergripande miljøpolitikk

7.1 Innleiing

Miljøarbeidet i dei einskilde departementa skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål. Desse er utarbeidde av Miljøverndepartementet og ligg innanfor dei miljøpolitiske resultatområda til regjeringa; bevare mangfaldet i natur og friluftsliv, eit stabilt klima og rein luft, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn og bevaring og bruk av kulturminne. Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementet sitt samla arbeid med å innpasse miljøpolitikken i eige ansvarsområde.

Reint og rikt hav er sjølve grunnlaget for fiskeri- og havbruksnæringa. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det naudsynt med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Det trengst eit godt kunnskapsgrunnlag for å sikre ei vellukka fiskeri- og havbruksforvaltning, og den marine forskinga bidrar stadig med ny kunnskap. Fiskeri- og kystdepartementet bruker difor mykje ressursar på å kartleggje, overvake og forske på det marine miljøet.

Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidare utvikling og vekst i havbruksnæringa. Styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa. Forskinga skal leggje stor vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere ein fare for irreversible skader på miljøet. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, slik som rømming, utslepp av næringssalt og miljøskadelege stoff og smittespreiing, inkludert lakselus.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvenleg og sikker transportform med mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid for å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvenleg og effektiv transportform. Det same gjeld arbeidet med å redusere risiko for forureining frå sjøtransporten.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i, og ansvar for, forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere politikken effektivt i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt og regionalt nivå.

Ein god og stabil miljøtilstand er ein føresetnad for ein god næringspolitikk, og ei vellukka miljøforvaltning er eit sentralt mål for Fiskeri- og kystdepartementet. Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive programkategoriane i proposisjonen.

7.2 Bevaring av mangfaldet i naturen

Kunnskap om tilstanden i økosystemet er ein føresetnad for å setje i verk effektive tiltak for bevaring av naturmangfaldet. Trugsmål kan til dømes vere overhausting, innføring av framande artar og uønska øydelegging av habitat frå fiskeri og industriell aktivitet som petroleumsutvinning og gruveverksemd. Det er fleire tiltak som blir sette i verk for å sjå til at artsmangfaldet ikkje går tapt. Forbod mot utkast av fisk, utvikling av selektive fiskereiskapar og kartlegging og vern av viktige oppvekstområde er nokre av dei tiltaka som blir nytta. Innanfor havbruk er innsats mot rømming av oppdrettsfisk og tiltak mot spreiing av lakselus prioritert. Framande artar kan vere ei utfordring også i det marine miljøet, og nye artar er venta i våre farvatn som følgje av klimaendringar.

Fiskeri

Mål og prioriteringar

Havressurslova set krav om at viltlevande marine ressursar skal forvaltast i tråd med føre-var-prinsippet, og med ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn både til leveområde og biologisk mangfald. Dette er i tråd med internasjonale avtalar og retningsliner, som inkluderer FN sin Havrettskonvensjon (UNCLOS), FN sin Avtale om fiske på det opne hav (UNFSA) og Retningsliner for ansvarleg fiske (Code of Conduct for resposible fisheries) utarbeidd av FNs matvareorganisasjon (FAO). I tillegg kjem prinsipp og mål utvikla under miljø- og utviklingsmøta i Rio 1992, i Johannesburg 2002 og seinast i Rio i 2012.

Hausting skal vere berekraftig og basert på best tilgjengelege informasjon. Forvaltningsprinsippet i havressurslova forpliktar styresmaktene til, med jamne mellomrom, å vurdere alle bestandar som det blir hausta av. På grunnlag av dette skal styresmaktene vurdere kva type forvaltningstiltak som er naudsynt for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dei lange tidsseriane til Havforskingsinstituttet utgjer ein solid kunnskapsbase for overvaking av dei marine økosystema.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider for eit meir miljøvenleg fiske. Det gjeld både tiltak for å unngå skade på botnhabitat og for å få til eit fiske med mindre energiforbruk. Arbeidet med å utvikle meir miljøvenlege reiskapar og metodar er prioritert. Dette er sentralt for å kunne bruke fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og gjer mindre skade på botnhabitat. Opprydding av tapte garn er også eit prioritert tiltak.

Rett kvotefastsetting er naudsynt for å hindre overhausting. Fiskeriforvaltninga sin innsats mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) er også viktig i denne samanhengen. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og skal leggje til rette for eit godt samarbeid mellom ulike statlege etatar i kampen mot lovbrot i fiskerinæringa. Fiskeridirektoratet, Kystverket, Kystvakta, Skattedirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Økokrim og Politidirektoratet deltek i samarbeidet.

Resultat 2011-2012

Fiskeridirektoratet tok i 2011 opp vel 1 100 tapte garn, om lag 40 000 meter line, om lag 13 000 meter trålvaier og fleire tusen meter endetau og snurrevadtau og andre etterlatne fiskereiskapar langs kysten frå Ålesund til Kirkenes. I tillegg vart 54 kongekrabbeteiner tekne opp.

Overvaking og kontroll av fiskeriaktiviteten er styrkt i 2011 ved innføringa av elektronisk rapportering og senking av grensa for plikta til å sende informasjon om fiskefartøyets posisjon og fart til 15 meter største lengde til Fiskeridirektoratets døgnbemanna fiskeriovervakningssenter (FMC). Status for dei viktigaste norske fiskebestandane er omtalt i kap. 4. Eit målretta arbeid er starta for dei bestandane som har eit særleg behov for nye forvaltningstiltak og/eller større kunnskap. Dette er bestandar med risiko for overutnytting, men der det ikkje er etablert effektive forvaltningstiltak som regulerer uttaket og reduserer risikoen. For nærare omtale sjå tabell 6.14 og 6.15. Enkelte bestandar med særleg behov for oppfølging vil bli prioritert. Desse er; hai- og skatearter og havmusartar generelt, pigghå spesielt, hummar, kveite, kysttorsk, leppefiskar, raudåte, stillehavsøsters, vanleg uer og snabeluer.

Det er ikkje registrert noko ulovleg overfiske av torsk eller hyse i Barentshavet sidan 2009.

Havbruk

Mål og prioriteringar

I regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring frå 2009 er det lagt vekt på fem hovudområde der havbruk påverkar det omkringliggjande miljøet. Strategien skisserer utfordringar, mål og tiltak som skal sikre at vidare vekst i havbruksnæringa skjer på ein miljømessig berekraftig måte utan uakseptable miljøverknader. Arbeidet knytt til denne strategien vil ha høg prioritet hos fiskeristyresmaktene og underliggjande etatar i 2013.

Måla for dei fem hovudområda er:

  • – Genetisk påverknad og rømming: Havbruk skal ikkje føre til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

  • – Forureining og utslepp: Alle oppdrettslokalitetar som er i bruk held seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og har ikkje større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

  • – Sjukdom, medrekna parasittar: Sjukdom i oppdrett har ikkje bestandsregulerande verknad på villfisk, og mest mogleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

  • – Arealbruk: Havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko.

  • Fôrressursar: Havbruksnæringa sitt behov for fôrråstoff blir dekt utan overutnytting av dei viltlevande marine ressursane.

Til kvart av måla er det knytt ei rekkje tiltak som skal sikre at oppdrett blir drive utan uakseptable miljøverknader. Tiltaka er både på kort og lang sikt, og inneber både styrking og betring av regelverket, forvaltningsverktøy, tekniske standardar, tilsyn og styrking av den forvaltningsretta forskinga.

I oppfølginga av denne strategien blir det særleg lagt vekt på å utvikle konkrete og presise måltal for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring og utvikle og setje i verk effektive og rasjonelle måleprogram for å overvake verknadene av tiltaka.

Resultat 2011-2012

Arbeidet med å gjere berekraftstrategien operativ har vore høgt prioritert. Dei ekstra satsingane over statsbudsjettet på 15 mill. kroner i 2010 og 12 mill. kroner i 2011 for å gjennomføre og følgje opp berekraftstrategien er disponert i samarbeid mellom fiskeri- og miljøvernstyresmaktene. Det er sett i gang eit arbeid med å utvikle målemetodar og grenser for kva miljøpåverknad som kan godtakast når det gjeld genetisk interaksjon og lakselus.

Mattilsynet har dei siste åra styrkt tilsynet innanfor fiskehelseområdet. Etter at Mattilsynet uttrykte uro over lakselussituasjonen hausten 2009, er regelverket knytt til lusenedkjemping vorte kraftig skjerpa. Mattilsynet har ei rekkje verktøy til å handtere situasjonen og har fullmakt til å påleggje samordna drift, brakklegging og utslakting om det er naudsynt. Dei kan i tillegg fastsetje forskrifter om eigne soner med strengare krav i område der dei generelle tiltaka i nasjonal luseforskrift ikkje har hatt god nok effekt. Mattilsynet fastsette i 2010 soneforskrifter i Sunnhordland og delar av Nord-Trøndelag med skjerpa krav til samordning av utsett og brakklegging. Mattilsynet meiner slike soner er eit godt verktøy for kontroll, sjølv om dei ikkje har verka lenge nok til at det kan trekkjast endelege konklusjonar.

I 2012 vart regelverket knytt til lusenedkjemping foreslått skjerpa ytterlegare. Det vart foreslått endringar i regelverket knytt til smittesikker transport.

Sjukdommar hos viltlevande akvatiske artar

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet har og ansvar for sjukdom hos vill fisk og andre viltlevande akvatiske artar. Sjukdommar som kan vere truande for arten vert prioriterte. Dei mest aktuelle sjukdommane for ville ferskvatnartar er infeksjon på laks med Gyrodactylus salaris og krepsepest som angrip edelkreps. Planlegging og gjennomføring av overvaking og tiltak mot desse sjukdommane må gjerast i nært samarbeid med miljøstyresmaktene, som har sektoransvar for forvaltning av akvatiske ferskvatnartar. I tillegg kjem parasittsjukdommar som kan truge den europeiske flatøstersen.

Resultat 2011-2012

Krepsepest er ein soppinfeksjon som er ein alvorleg trugsel for edelkreps, men den angrip ikkje andre akvatiske dyr eller menneske. Signalkreps, som er ein framand art her i landet, kan vere smitta utan å bli sjuk. Ulovleg utsetjing av signalkreps eller transport av båtar og utstyr som har vore brukt i smitta vassdrag, er risikabelt med omsyn til smittespreiing. I 2011 vart det påvist krepsepest på ulovleg utsett signalkreps i Skittenholvatnet i Hemne kommune. Dette er første gong krepsepest er påvist så langt nord.

Infeksjon med Gyrodactylus salaris er ein alvorleg parasittsjukdom som angrip lakseyngel. I 2011 vart parasitten igjen påvist i Måna i Møre og Romsdal som har vore fri for parasitten sidan 1993. Elva ligg i same område som andre elvar i Romsdal som har vore smitta med Gyrodactylus salaris i ein del år. I nedkjemping av gyrodactylus er det ei ansvarsdeling mellom Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning. Mattilsynet har ansvaret for førebygging og avgrensing av smittespreiing, medan Direktoratet for naturforvaltning vel nedkjempingsmåte og prioritering av dei vassdraga som skal behandlast.

For flatøsters og blåskjel har vi nasjonale overvakingsprogram for bonamiose og marteiliose. Dette er parasittsjukdommar som mellom anna angrip flatøsters og blåskjel. Bonamia ostrea vart påvist for første gong i flatøsters i Noreg i 2008 i Arendals-området utan at det vart funne auka dødelegheit i østerskoloniane. Parasitten er ikkje påvist i 2009 og 2010, men det er for tidleg å konkludere med at populasjonen er fri for parasitten. Overvakingsprogrammet for Marteilia refringens på blåskjel starta i 2010. Så langt har det ikkje vore påvist nokon utbrot i Noreg, men parasitten er påvist på blåskjel i Sverige. Ingen av dei omtalte parasittane går på menneske.

Beskytta område

Mål og prioriteringar

For å ta vare på særlege naturverdiar kan det i somme høve vere naudsynt å leggje restriksjonar på fiskeri og anna verksemd. Det er til dømes lagt restriksjonar på fiske med tunge botnreiskapar i fleire område for å beskytte korallar. I arbeid med marine verneområde er fiskeriforvaltninga sitt utgangspunkt at ressursar skal kunne utnyttast i verneområdet dersom det ikkje strir mot verneformålet.

Resultat 2011-2012

Fiskeri- og kystforvaltninga har delteke i arbeidet med Marin verneplan. Departementet fastsette i 2011 ei heilt ny botnfiskeforskrift som forbyr alt fiske på større djup enn 1000 meter med reiskapar som rører ved botnen. Dette er nye område som i det store og heile har vore upåverka fram til no, og som med dette blir varig beskytta.

Framande artar

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet sin innsats mot framande marine artar er primært retta mot overvaking gjennom Havforskingsinstituttet sine hav- og kystovervakingsprogram. Totalutrydding av framande marine artar er ikkje realistisk, men det er eit mål å halde kontroll med utviklinga slik at dei ikkje øydelegg viktige habitat eller endrar økosystemfunksjonar i negativ retning.

Kongekrabben har si naturlege utbreiing i Beringhavet og dei nordlege delane av Stillehavet, men vart sett ut i Murmanskfjorden av sovjetiske havforskarar på 1960-talet. I løpet av 1990-talet vart det registrert ein monaleg bestandsauke på norsk side, og i 2002 vart det opna for kommersiell fangst av kongekrabbe. Dagens forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007) Forvaltning av kongekrabbe. Det er eit todelt forvaltningsregime for denne arten. Innanfor eit kvoteregulert område aust for 26 grader aust, kor kongekrabben allereie er veletablert, skal bestanden forvaltast på ein måte som legg til rette for næringsaktivitet og sysselsetting. Samstundes er det eit overordna mål å avgrense ytterlegare spreiing av bestanden. Utanfor det kvoteregulerte området er det fri fangst og utkastforbod.

Snøkrabben vart første gong observert i Barentshavet i 1996, og er førebels truleg mest utbreidd på russisk side. Det er fri fangst av snøkrabbe i norske farvatn. Det er ikkje dokumentert om arten er introdusert eller om han har vandra inn.

Resultat 2011-2012

I 2011 vart det gjennomført eit målretta utrydningsfiske etter kongekrabbe vest for 26 grader aust, finansiert av tilskot frå Fiskeri- og kystdepartementet. I tillegg har innsatsen i den frie fangsten auka i dette området, som følgje av ei betre tilpassa grense for det regulerte området aust for 26 grader aust, men også fordi det i 2011 vart etablert ei ordning med pristilskot for dei minste krabbene. Næringa har dessutan lukkast i å utnytte små kongekrabbar kommersielt i langt større grad enn tidlegare, mellom anna som følgje av målretta bruk av statlege verkemiddel for å oppnå dette.

Havforskingsinstituttet gjennomførte i juni 2011 eit tokt for å kartleggje utbreiinga av kongekrabbe i Vest-Finnmark og i Nord-Troms, og konkluderte med at det er mindre spreiing av bestanden enn venta. Dette indikerer at tiltaka har hatt ein positiv verknad for å bremse spreiinga av bestanden.

Kartlegging av marine naturtypar

Mål og prioriteringar

Systematisk kartlegging av havbotnen vart sett i gang i 2005 gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). Føremålet med MAREANO-programmet er å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen, og systematisere og rapportere informasjonen i arealdatabasen www.mareano.no. MAREANO skal fremme kunnskap for forvaltninga gjennom å kartleggje topografi og botntypar, artsmangfold og sårbare naturtypar, miljøgiftnivå i sedimenta og verknader av fiskeri på havbotnen.

Det pågår også ei systematisk kartlegging av marine naturtypar i kystsona i samarbeid mellom fiskeri- og miljøstyresmaktene, fylkeskommunar og kommunar langs kysten.

Resultat 2011-2012

I 2011 vart 21 700 km2 kartlagt med omsyn til geologi, biologi og kjemi fordelt med 3 000 km2 utanfor Finnmark og 18 700 km2 på Nordland VI. Djupnedata vart samla inn for eit areal på 23 640 km2 ved bruk av multistråleekkolodd, 15 589 km2 i Nordland VI og 8051 km2 i det tidlegare omstridde området i Barentshavet (TOO).

Marine naturtypar i Rogaland og Nordland er kartlagde i regi av prosjektet ”Kartlegging av marine naturtypar i kystsona”.

7.3 Eit stabilt klima og rein luft

Marint miljø, fiskeri, havbruk og kystinfrastruktur er venta å bli påverka av klimaendringane. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Prosjekta syner at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå.

Klimaendringar reiser forvaltningsmessige utfordringar for Fiskeri- og kystdepartementet:

  • – Det trengst meir kunnskap om kva for verknader klimaendringar og havforsuring vil få for livet i havet.

  • – Vi må tilpasse oss klimaendringar og konsekvensar som er venta innan ansvarsområdet til departementet.

  • – Innan fiskeri- og kystrelatert aktivitet må det arbeidast for å redusere utslepp av klimagassar.

Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein klimastrategi for eigne ansvarsområde. Målet med strategien er å gjere fiskeri- og kystforvaltninga best mogleg rusta til å møte utfordringane som kan kome som følgje av klimaendringar, og til å bida til å redusere klimautslepp frå eigen sektor.

Utsleppsreduksjonar

Regjeringa la 25. april fram Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Dei siste åra har auka medvit om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og partiklar. Samstundes har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar. Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefartøy, medrekna også eit friare reiskapsval. Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Departementet har starta eit arbeid for å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir høve til betre lønnsemd for flåten. Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Miljødimensjonen ved eit berekraftig fiskeri inneber å utnytte marine ressursar ut frå eit langsiktig perspektiv med tanke på framtidige generasjonar.

Sjøtransport er ei miljøvennleg og sikker transportform, og har mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport. Kystverket ferdigstilte i 2010 ein metode for å rekne ut klimagassutslepp ved hjelp av data frå automatisk identifikasjon av skip (AIS). Innsamlinga av utsleppsdata er starta og skal skje automatisk, slik at tiltak kan setjast inn der det er naudsynt og effektivt for å få ned utsleppa.

Forsking og klimatilpassing

Eit vesentleg tiltak for å tilpasse seg klimaendringar er å halde fram med gode overvakingsseriar. Om vi følgjer med på faktorar som temperatur, forsuring og utviklinga av bestandar med meir, kan vi betre setje inn mottiltak. Havforskingsinstituttet står for hovudtyngda av klimaovervaking i havet.

Auka CO2 i atmosfæren fører til auka opptak av CO2 i sjøvatn. Auka mengder oppløyst CO2 i havet fører til at pH i sjøvatnet blir lågare. Det gjer havet mindre basisk og det blir kalla forsuring av havet. Forsuring av havet vil kunne ha store konsekvensar for dei marine økosystema. Fordi kaldt vatn løyser opp meir CO2 enn varmt vatn vil polare farvatn først merke endringa. Måling i norske farvatn syner auka opptak av CO2 og dermed redusert pH. Havforskingsinstituttet starta med overvaking av havforsuring i 2010. Det er også starta ei rekkje prosjekt som skal undersøkje verknaden av havforsuring på nøkkelartar i næringskjeda som raudåte, hummar, makrell, torsk og kamskjel.

7.4 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Trygg sjømat

Eit reint hav er ein føresetnad for trygg sjømat. Kunnskap om framandstoff i havet er avgjerande for å kunne dokumentere at sjømaten som blir omsett er trygg. Langtransportert forureining er ei hovudutfordring for det marine miljøet, men også lokal forureining kan påverke mattryggleiken. Forureininga blir overvaka årleg i norske havområde. Denne overvakinga er no betre koordinert og integrert gjennom forvaltningsplanarbeidet for norske havområde, og spesielt gjennom arbeidet i overvakingsgruppa.

I perioden 2007 til 2012 har Mattilsynet, fiskerinæringa og NIFES arbeidd med ei og grunnleggande kartlegging av framandstoff for fleire av dei viktige kommersielle villfiskartane gjennom basisundersøkingar. Kunnskapen er ein viktig del av det vitskaplege grunnlaget for arbeid med risikovurderingar og tilpassing av regelverk på sjømatområdet i Noreg og EU. Det er ei prioritert oppgåve å sikre kunnskapen frå kartlegginga gjennom årlege oppfølgingsprøver.

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff og framandstoff i mat. Dette gjeld også sjømat. Med få unntak ligg funna i norsk sjømat lågare enn grenseverdiane som er fastsette i internasjonalt regelverk for handel med mat. Unntaka gjeld innhaldet av dioksin og dioksinliknande PCB i torskelever frå kystnære farvatn, kadmium i taskekrabbe og kvikksølv i brosmefilet frå Hardangerfjordområdet og dioksin og dioksinliknande PCB i blåkveite i to mindre område utanfor Nordland.

Påverknad frå petroleumsverksemd

Verknader av forureining frå oljeindustri er eit prioritert forskingsfelt, dette gjeld både akutte utslepp og verknader av produsert vatn. Det vert årleg slept ut om lag 130 millionar kubikkmeter produsert vatn frå petroleumsindustrien på norsk sokkel. Noregs forskingsråd har i ein rapport frå februar 2012 samanfatta resultata frå ti års forsking på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda. Rapporten konkluderer med at risikoen for langsiktig miljøskade av utsleppa er moderat, samtidig som det blir understreka at det framleis er stor usikkerheit om verknader på individ og samfunn i nærområda. Eit utslepp kan ha verknader i større område, populasjonar og samfunn. Langsiktig overvaking av forureiningssituasjonen er difor særs viktig. I tillegg til slik overvaking bidreg Havforskingsinstituttet aktivt i miljøovervaking etter akutte utslepp, både kystnært og på sokkelen.

Støy er også eit miljøproblem. Det er i hovudsak seismiske undersøkingar på jakt etter olje og gass under havbotnen som har fått merksemd så langt, men støy knytt til vindmøller i havet kan også bli eit aktuelt problemfelt framover. Støy frå dei seismiske undersøkingane skremmer fisken og det gir negativt resultat for fiskeria i nærleiken av slike undersøkingar.

Påverknad frå mineralnæringa

Deponering i fjordane våre av store mengder avfall frå gruvedrift kan skape konfliktar med fiskeri og havbruk. Regjeringa arbeider med ein strategi for mineralnæringa, der også bruk av fjordane som deponiområde vil bli omtalt. I strategien vil det bli lagt klare retningsliner for prosessane som skal liggje til grunn for vurderingane av ein fjord som deponiområde.

Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining

Mål og prioriteringar

Arbeidet som Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket gjer innan førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining skal mellom anna vere med å hindre forureining av kyst- og havområda. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining står sentralt i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkovervaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko. Dette blir mellom anna gjort ved å skifte ut beredskapsmateriell, gjennomføre kurs og øvingar og ved å sørgje for at det blir sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket er med i arbeidet i Arktisk råd. Her blir tiltak for å auke tryggleiken for skipstrafikken i Arktis og tiltak for å hindre ulukker og styrkje beredskapen mot akutt forureining drøfta.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket er også med i arbeidet innan FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Eit viktig felt er arbeidet med Polarkoden – eit internasjonalt bindande regelverk med krav til skip som skal operere i polare strøk. Noreg har ei sentral rolle i dette arbeidet. I EU-samanheng er arbeidet i det europeiske sjøtryggleiksbyrået EMSA viktig.

Fiskeri- kystdepartementet fastsette den 1. juni 2011 forskrift om trafikkseparasjonssystem utanfor kysten av Vestlandet og Sørlandet. Systema, som i hovudsak ligg i norsk økonomisk sone, er godkjende i IMO. Formålet med tiltaket et er å redusere risikoen for ulukker og akutt forureining.

Resultat 2011-2012

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord. Det er mellom anna utarbeidd eit forslag om eit gjensidig rapporterings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. FN sin sjøfartsorganisasjon IMO skal behandle forslaget i 2012. Det blir også arrangert årlege felles oljevernøvingar med russiske styresmakter og prosjektsamarbeid innan opplæring, øvingar og trening.

I 2011 ferdigstilte Kystverket ein ny miljørisikoanalyse og gjennomført ein beredskapsanalyse knytt til akutt forureining frå skipsfarten. Beredskapsanalysen kjem med tilrådingar om nivået på beredskapen og legg eit viktig grunnlag for avgjerder om dimensjonering av staten sin beredskap dei komande åra.

Kystverket har saman med Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvaltning og Norsk Polarinstitutt laga eit miljøsårbarheitskart for heile Svalbard med tanke på akutt oljeforureining. Det er utvikla ein ny modell i høve til miljøsårbarheitskarta (MOB) på fastlandet. Dette fordi Svalbard har andre utfordringar, andre artar og andre klimatiske tilhøve.

Kystverket driv regelmessig overvaking av norsk økonomisk sone ved hjelp av fly og satellitt for å oppdage forureining. Eit nytt fly med betre overvakningskapasitet er sett inn i tenesta i 2012.

Havbruk

Havforskingsinstituttet har arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk, og instituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr. Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Forskingsaktiviteten i fjorden om forholdet mellom havbruk og fjordøkologi har vorte styrkt dei siste åra.

I samråd med Miljøverndepartementet oppretta Fiskeri- og kystdepartementet i januar 2011 ei ekspertgruppe som skulle vurdere næringssaltssituasjonen i kystområda, med særleg vekt på Hardangerfjorden og Boknafjorden. Rapporten som kom i november 2011, konkluderte med at det ikkje er nokon teikn til at auka næringssaltsutslepp har resultert i ei eutrofiering i desse områda1.

Vatnforvalting

Fiskeridirektoratet og Kystverket er også medlemmer i den sentrale styringsgruppa som arbeider med implementering av vassforskrifta. Arbeidet inkluderer regionale forvaltningsplanar og tiltaksprogram. Målet med dette arbeidet er å betre miljøtilstanden i vatnet langs kysten.

7.5 Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

Mål og prioriteringar

Det er eit mål at flest mogleg kulturminne skal gjerast tilgjengeleg for allmenta. Kystverket medverkar ved å vedlikehalde, dokumentere og formidle kulturminna som inngår i planen ”Verneplan for maritim infrastruktur”. Det skal arbeidast vidare med å utvikle fyrstasjonar og fyreigedomar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Det er eit mål at fyrstasjonane skal vere tilgjengelege for allmenta og at dei kan nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på.

Resultat 2011–2012

I tillegg til ordinært vedlikehald har det vore arbeidd med ein meir overordna plan for korleis vedlikehaldsetterslepet på fyreiegedomane skal verte betre. Kystverket har starta arbeidet med planar for forvalting for dei kulturminna som inngår i Landsverneplan for maritim infrastruktur. Når det gjeld handtering av dei områda som Landsverneplanen har peikt ut som representative, har Kystverket gitt bidrag til eit prosjekt som skal formidle kystkulturen kring Lindesnes ved hjelp av geo-tagging.

Kystverket og Kystverkmusea har samarbeidd om planlegging av formidlingstiltak på fyreigedomane. Etter planen skal Dalsfjord fyrmuseum, ei eining i Sunnmøre museum/ Kystverkmusea, opne i løpet av 2012. Kystverket og Fiskeridirektoratet har i samarbeid med Riksantikvaren og Norsk kulturråd publisert fleire utgåver i serien ”Fortellinger om Kyst-Norge” og teke andre initiativ for å fremje kystens kulturarv.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil leggje til rette for eit berekraftig fritids- og turistfiske, der det blir teke omsyn både til at kystsona kan brukast til rekreasjonsføremål og at det biologiske mangfaldet må takast vare på. Ei arbeidsgruppe la fram ein rapport i juni 2011 med forslag til reguleringar for næringsverksemd som legg til rette for turistfiske. Grunnlaget for arbeidet som vart gjort i gruppa byggjer på at alle som haustar på fiskeressursar har eit medansvar for å bidra til eit berekraftig ressursuttak. Desse forslaga er eit viktig steg for å få ei betre oversikt over slik næringsverksemd.

Forskingsprogrammet BIONÆR i Noregs forskingsråd har ansvaret for FoU-innsats innafor tema bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Kystsona står overfor utfordringar når det gjeld utnytting av areal og ressursar. Det er behov for forsking om bruksutfordringar og korleis ein kan skape grunnlag for betre koordinering mellom etablerte og nye næringar og samfunns- og fritidsinteresser.

Kysten skal vere trygg og tilgjengeleg for fritidsflåten. Kystverket samarbeider med Kongelig Norske Båtforbund (KNBF) om utplassering av bøyer for fortøying. Dette vil bidra til å lette tilgang til rekreasjonsområda. Mykje av merkinga i farleiene som Kystverket gjer er også til stor glede for fritidsbåtane.

7.6 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 7.1 gir ein oversikt over utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket blir gjennomført.

Tabell 7.1 Utgifter til miljøforbetringar

Programkategori

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

16.10 Administrasjon

7,0

10,3

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

522,1

538,1

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

213,2

229,6

16.60 Kystforvaltning

720,8

752,5

Sum programområde 16

1 463,1

1530,5

8 Likestilling

8.1 Likestilling i marin sektor

Det er eit mål at dei marine næringane, organisasjonane deira, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken og framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn. Forvaltninga og næringa har sidan 2007 arbeidd med å følgje opp ein felles handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor.

Alle offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde oppfyller no kravet i likestillingslova.

Fiskeri- og kystdepartementet har gått gjennom regelverket og gjort endringar i forskrift om føring av fiskarmanntalet for å leggje til rette for generasjonsskifte, noko som kan gjere det lettare for kvinner å kome inn i næringa.

Kvinner er ei viktig målgruppe for rekrutteringsprosjektet ”Sett Sjøbein”, som vart etablert i 2008 og blir styrt av ei breitt samansett gruppe frå næringa. I budsjettforslaget for 2013 er Fiskeri- og kystdepartementets tilskot til rekrutterings- og sjømattiltak samla i kap. 1023 post 70. Eitt av måla med denne posten er å bidra til jamnare kjønnsbalanse i sjømatnæringa.

Fiskeri- og kystdepartementet har bedt Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg om å fremje likestilling mellom kjønna gjennom deira forvaltning av midlar. Det er sett eigne mål om kvinnedel i relevante tilbod under Marint verdiskapingsprogram, forvalta av Innovasjon Noreg.

Likestilling og kvinnedel inngår som eit tema i selskapa sitt samfunnsansvar, og blir følgd opp i eigardialogen med selskapa under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde.

Kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

I 2011 var 2,5 pst. av dei som hadde fiske som hovudyrke kvinner. Av dei som hadde fiske som attåtnæring, var 3,4 pst. kvinner. Av dei sysselsette i havbruksnæringa var 16 pst. kvinner i 2011. Kvinnedelen både i fiskeflåten og innafor havbruksnæringa har vore stabil dei siste åra.

I 2009 var 4,3 pst. av daglege leiarar i fiskeri- og fangstnæringa kvinner. Innafor havbruk og fiskeindustri var 8-9 pst. av dei daglege leiarane kvinner. Kvinnedelen i styra var i same år i underkant av 10 pst. i fiske- og fangstnæringa, og 12-13 pst. innafor havbruk og fiskeindustri.

Kvinnedelen innafor vidaregåande opplæring som er retta mot næringa speglar situasjonen i næringa, sjølv om det er noko større kvinnedel i utdanninga. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst, var 5 pst. kvinner våren 2012. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan havbruk, var 20 pst. kvinner våren 2012.

8.2 Likestilling og mangfald i Fiskeri- og kystdepartementet

Tilstandsrapportering – kjønn og løn

Tabell 8.1 viser ei oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet fordelt på stillingskategoriar. Kjønnsfordelinga i departementet var 53 pst. kvinner og 47 pst. menn i 2011. Det er ei overvekt av kvinner i kontorstillingane, der alle tilsette er kvinner, og i rådgivarstillingane, der det er 64 pst. kvinner. Det er flest menn i toppleiinga, der fire av fem leiarar er menn. I seniorrådgivargruppa er det no nær jamn kjønnsbalanse.

Den gjennomsnittlege løna til kvinner var i 2011 noko høgare enn snittet for menn i rådgivargruppa, medan den var noko lågare enn snittet for menn i gruppene seniorrådgivarar og toppleiing. Blant mellomleiarane har det vore ei utjamning sidan 2009. Forskjellane ligg innanfor ein margin på 5 pst. Tala for verksemda totalt viser at kvinner i snitt har 87 pst. av løna til menn. Den store forskjellen skriv seg frå at det er flest menn i toppleiinga og berre kvinner i konsulentstillingane. Skilnader innanfor ein stillingskategori skriv seg også frå andre forhold, som til dømes skilnader i ansiennitet.

Tabell 8.1 Oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet

Kjønnsbalanse

Kvinners løn i pst., av menns løn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Totalt i verksemda

2010

44 %

56 %

127

87 %

2011

47 %

53 %

127

87 %

Toppleiinga

2010

80 %

20 %

5

95 %

2011

80 %

20 %

5

95 %

Mellomleiing (t.d. avdelingsdirektørar)

2010

59 %

41 %

22

99 %

2011

55 %

45 %

20

99 %

Kategori 1 (t.d. seniorrådgivarar)

2010

52 %

48 %

50

96 %

2011

52 %

48 %

46

96 %

Kategori 2 (t.d. rådgivarar)

2010

32 %

68 %

31

106 %

2011

36 %

64 %

33

106 %

Kategori 3 (t.d. førstekonsulent)

2010

33 %

67 %

9

106 %

2011

0 %

100 %

8

-

Kategori 4 (t.d. konsulent)

2010

0 %

100 %

8

-

2011

0 %

100 %

2

-

Arbeidstid, sjukefråvær og foreldrepermisjon

I Fiskeri- og kystdepartementet var det 2011 ti personar som hadde redusert arbeidstid, og alle var kvinner. Sjukefråværet i departementet har vore lågt i mange år. Det totale legemelde fråværet blant kvinner var på 75 pst av dei legemeldte. Ein del av sjukefråværet hos kvinner har å gjere med graviditet. Skilnaden mellom kvinner og menn er størst når det gjeld langtidssjukefråvær.

I 2011 var totalt 14 tilsette ute i foreldrepermisjonar. Av desse var det 64 pst. kvinner.

Tilsetjingsform og kjønn

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å ha færrast mogleg mellombels tilsette. Ved utgangen av 2010 var to personar tilsette mellombels. Dette utgjer om lag 2 pst. av dei tilsette, og er jamt fordelt på kjønna. I 2011 var det to som var tilsette mellombels, dvs. 2 pst. av dei tilsette.

Tiltak som er sette i verk

Kjønn og løn

Fiskeri- og kystdepartementet har personal- og lønspolitiske retningslinjer som seier kva krav og gode som er knytt til dei ulike fasane i livet. Dette er reglar som kjem i tillegg til dei som er avtalte sentralt.

Lønspolitikken i departementet skal sørgje for at dei tilsette som har foreldrepermisjon ikkje taper lønsmessig på permisjonen og omsorgsoppgåver. Ofte knyter det seg noko sjukefråvær til svangerskap. I samarbeid med bedriftshelsetenesta legg departementet til rette for at gravide kan halde fram i arbeid, gjennom å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida. Tiltaket er godt motteke og fungerer slik det var tenkt. Det er også betalt ammepause inntil to timar og høve til fleksibel arbeidstid i småbarnsperioden. I tillegg er det høve til å ha heimekontor dersom det er ønskjeleg.

Kjønn og rekruttering

Når departementet rekrutterer nye medarbeidarar blir alltid kjønnssamansetjinga i avdelinga og departementet vurdert. I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Nedsett funksjonsevne – rekruttering

Fiskeri- og kystdepartementet følgjer opp dei tilsette med nedsett funksjonsevne ved å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida og å tilby eventuelle andre hjelpemiddel og tilpassingar ved behov. Departementet har nært samarbeid med bedriftshelsetenesta om arbeidsplassvurdering, og alle tilsette kan bruke tenestene deira.

I innstillingane skal rekrutterande leiar fortelje kor mange kandidatar som seier frå om at dei har nedsett funksjonsevne og kor mange av desse som har vore inne til intervju. Departementet har nytta eit trainee-program i regi av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og vil starte eit samarbeid med Departementa sitt servicesenter (DSS) og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har nedsett funksjonsevne og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne på intervju.

Etnisitet

Fiskeri- og kystdepartementet har få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Det er også svært få søkjarar med innvandrarbakgrunn til stillingar i departementet. For å få fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn har departementet sett i gang enkelte tiltak knytt til rekruttering.

I 2008 og delar av 2009 vart stillingane annonsert på inkludi.no, som er ein nettstad for arbeidsformidling spesielt retta mot menneske med innvandrarbakgrunn. Tiltaket har ikkje ført til fleire søkjarar med innvandrarbakgrunn.

I utlysingane blir alle oppmoda til å søkje uavhengig av etnisitet, og dersom vedkomande er kvalifisert blir kandidatar med innvandrarbakgrunn alltid innkalla til intervju. Fiskeri- og kystdepartementet starta eit samarbeid med nettstaden ambisjoner.no for å nå ut til fleire kandidatar med innvandrarbakgrunn.

Fiskeri- og kystdepartementet vil starte eit samarbeid med DSS og leverandøren av rekrutteringsportalen for å lage avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har innvandrarbakgrunn og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn på intervju. Slik det er i dag, er det svært vanskeleg å skulle avgjere kven som har innvandrarbakgrunn med mindre dei sjølve skriv det i søknadsteksten.

Vern mot trakassering

Fiskeri- og kystdepartementet har nulltoleranse for mobbing og trakassering. Det er utarbeidd varslingsrutinar med retningslinjer, tilrettelegging og handtering av eventuelle varslingssituasjonar. Varsling er også eit tema i arbeidsmiljøundersøkinga som blir gjennomført kvart andre år.

Planlagde tiltak

Løns- og arbeidsvilkår

Lønspolitikken til departementet har blant anna som mål å bidra til reell likestilling mellom kjønna.

Karriereutvikling

Fiskeri- og kystdepartementet legg stor vekt på leiarutvikling og kompetanseutvikling. I 2010 og 2011 har departementet gjennomført leiarprogrammet ”SATS for leiarar i staten”.

Rekruttering av etniske minoritetar

Fiskeri- og kystdepartementet vil i hovudsak halde fram med å nytte dei rekrutteringskanalane departementet allereie bruker. For å få søkjarar med minoritetsbakgrunn vil departementet søkje å betre rutinane for rekrutteringa, då dei tiltaka som er gjennomført tidlegare ikkje har hatt ønskt effekt.

Fleire tilsette med nedsett funksjonsevne

Som eit ledd i handlingsplanen knytt til avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) har departementet eit mål om å få fleire tilsette med redusert funksjonsevne. Eitt av tiltaka er å gjennomføre ei kartlegging av korleis avdelingane og departementet kan leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne. Departementet ønskjer å delta i trainee-program for personar med redusert funksjonsevne.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Havforskingsinstituttet og Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) gjer greie for likestillingsarbeidet i årsrapportane.

9 Tryggleik og beredskap

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormyndigheit mellom anna knytt til trygg sjømat i primærproduksjonen, fiskehelse, rømming frå havbruksanlegg, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og leggje særleg vekt på kritiske samfunnsfunksjonar og infrastruktur. Dette må avvegast innan eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar.

Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gitt korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk både som ledd i eit langsiktig forbetringsarbeid og som hurtigtiltak ved akutte kriser. Det er og viktig at resultata av slike tiltak blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak.

Departementet har eit særskilt ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane. Det er starta eit arbeid med å etablere eit risikostyringssystem i etatsstyringa. Samfunnstryggleik og beredskap skal inngå som ein integrert del av denne risikostyringa.

Etter 22. juli-kommisjonens rapport er det etter departementet si meining tre område som framstår som særleg viktig å følgje opp. I hovudsak er desse retta inn mot kystforvaltinga. Dette gjeld sikring av hamner ved terrortruslar og terrorhandlingar. Det gjeld vidare varsling og kommunikasjon ved akutte hendingar og sist men ikkje minst å styrkje det haldningsskapande arbeidet og medvitet om beredskap i departementet og i underliggjande etatar.

Større hamner kan vere viktige for den nasjonale vareforsyninga og for andre samfunnsfunksjonar. Effektive system for terrorsikring i hamner er derfor viktig.

22. juli 2011 avdekte behov for forbetringar knytt til kommunikasjon ved hamnesikringshendingar. Kystverket har satt i verk tiltak for å fjølge dette opp. Frå 1. januar 2012 er det etablert døgnbemanna varslingstelefon. Etaten arbeider no vidare med å betre systemet for oppfølging av varsel. Det er gjort endringar i rutinar og varslingssystem for å få ein raskare situasjonsvurdering og meir effektiv beslutning om endringar av sikringsnivået i hamnene. Dette inneber også eit arbeid for betre kommunikasjon mellom Kystverket og andre ansvarlege etatar, mellom anna politiet, og med hamnene. I lys av 22. juli-kommisjonen sin rapport vil Fiskeri- og kystdepartementet følgje dette arbeidet nøye.

Varsling og kommunikasjon ved akutt forureining må vere effektiv og god. Kystverket har, som operativt ansvarleg for statens beredskap mot akutt forureining, døgnbemanna vakt. Det er også etablert rutinar for varsling frå andre statlege etatar, kommunar og lokale alarmsentralar, og eit system for å setje i verk og styre statlege aksjonar frå Kystverket. I tillegg til dette vil Fiskeri- og kystdepartementet vurdere systemet for varsling og kommunikasjon mellom Kystverket og departementet og eventuelt også på andre deler av departementet sitt ansvarsområde, mellom anna mattryggleik. Dette systemet må vere robust og også kunne handtere ei stor forureiningskatastrofe der det er viktig med effektiv, strategisk koordinering av mange ressursar på departements-/regjeringsnivå. Departementet tek derfor sikte på, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, å vurdere nærare om og eventuelt korleis ei innvarsling til og vidare kommunikasjon med departementet kan ivaretakast gjennom situasjonssentret i Krisestøtteeininga.

Haldningsskapande arbeid og styrking av medvitet om beredskap er eit viktig, men vanskeleg og langsiktig arbeid. Dette er knytt til alle delar av det daglege arbeidet i departementsfellesskapet. Fiskeri- og kystdepartementet vil samarbeide med dei andre beredskapsdepartementa, særleg Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og vil fjølge opp dette både i eige departement og som eit særleg viktig tema i etatsstyringsdialogen mellom departementet og underliggjande etatar. I tillegg til å tilpasse beredskapsplanane betre til dei aktuelle problema vi står overfor vil det også bli prioritert å ha øvingar slik at krise- og beredskapsmedvitet blir betre hos alle tilsette, og slik at gjennomføringsevna blir betre når det gjeld krisetiltak i sektoren.

I tillegg skal det innarbeidast beredskapskultur og medvit om beredskap i medarbeidarsamtalane med dei tilsette og i leiingsutviklingsprogram.

Andre beredkapsområde under departementet sitt ansvarsområde

Beredskap på mattryggleiksområdet

Det konstitusjonelle ansvaret etter matloven er fordelt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Ansvaret for alle forhold som omfattar innsatsvarer og primærproduksjon er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet avhengig av om produksjonen er akvatisk eller knytt til landbruket. For ledda etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa.

Mattilsynet, som administrativt er underlagt Landbruks- og matdepartementet, har ansvar for tilsyn med tryggleik og kvalitet på sjømat og fiskehelse og fiskevelferd. I situasjonar som utløyser uro eller kriser rundt norsk sjømat, er Mattilsynet utøvande organ. Mattilsynet byggjer sin informasjon på vitskapelege vurderingar og råd frå forskingsinstitusjonar som NIFES, Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet m. fl. Mattilsynet gjennomfører årleg øvingar, og det blir arbeidd kontinuerleg for at forvaltinga skal vere godt budd til å takle eventuelle krisar knytt til mattryggleik.

Helse- og miljøberedskap i havbruksnæringa

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for regelverket som skal ivareta fiskehelse, fiskevelferd og miljøomsyn knytt til etablering og drift av akvakulturanlegg. Alle anlegg skal ha ein oppdatert beredskapsplan. Fiskeridirektoratet er ansvarleg organ for kommunikasjonsberedskapen i forvaltinga knytt til rømmingshendingar innan oppdrett.

Krisehandtering i kystsona

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for beredskap mot akutt forureining både på land og til sjøs. Dette omfattar også havmiljøet i kystsona. Fiskeridirektoratet er delegert den operative myndigheita for krisehandteringar ved invasjon av skadelege algar og maneter, og når daude sjøpattedyr driv i land. Ut over dette gir Fiskeridirektoratet bistand til Kystverket og Statens strålevern ved akutt forureining. Fiskeridirektoratet har oppretta ein beredskapsportal for å hjelpe næringsaktørane og kystbefolkninga med krisehandtering i kystsona.

Resultat 2011-2012

Det er viktig å få avklart kva system og funksjonar som er samfunnskritiske, sektorkritiske og/eller etatskritiske slik at tiltaka kan setjast inn meir planmessig og strukturert. Departementet har etablert eit samarbeid med Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) for å utpeike skjermingsverdige objekt innan sitt myndigheitsområde. Dette arbeidet skal vere ferdig innan utløpet av 2012. Dei skjermingsverdige objekta vil bli særskilt følgde opp med vurdering og tilrettelegging av nødvendige skjermingstiltak.

Beredskapsplanverka er oppdaterte og samordna med spesiell vekt på å operasjonalisere kommunikasjonsberedskapen. Departementet sitt sivil-militære beredskapsplanverk er oppdatert i samarbeid med Direktoratet for sivil beredskap, men hendingane 22. juli viste at det er behov for å fornye planverket.

Fiskeri- og kystdepartementet har, med fagleg støtte frå revisjonsfirmaet Ernst&Young, undersøkt status i informasjonstryggleiksberedskapen i dei underliggjande etatane. Departementet og etatane vil i samarbeid følgje opp undersøkinga med tiltak som styrkjer informasjonstryggleiken.

Fotnoter

1.

OSPAR sin definisjon om 50 pst. auke i planteplankton-biomasse er lagt til grunn.
Til forsiden