Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapitler: 600–667, 2470, 2541–2542, 2620–2690 Inntektskapitler: 3600–3642, 5470, 5571, 5607, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlige tema

7 Handlingsplan mot fattigdom. Rapport og status

Regjeringa la saman med statsbudsjettet for 2007 fram ein handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplan mot fattigdom omfattar meir målretta tiltak som skal gi hjelp til grupper som faller utanfor, og særskilt innsats som kan bidra til å betre levekåra for dei som er mest vanskeleg stilt. Handlingsplan mot fattigdom inngår i ein samla politikk for å redusere økonomiske og sosiale forskjellar og fattigdom. Handlingsplanen må sjåast i samanheng med Meld. St. 30 (2010-2011), der Regjeringa har presentert ein brei politikk for ei meir rettferdig fordeling. Den breie fordelingspolitikken omfattar verkemiddel og innsatsområde som er grunnleggjande i ein heilskapleg og langsiktig innsats for å førebygge låginntekt og fattigdom. Regjeringa si politikk mot fattigdom inneheld langsiktige tiltak og eit sterkt førebyggande perspektiv. Sjå omtale av Regjeringa si innsats for betre fordeling og mot fattigdom i denne proposisjonen, del I, punkt 2.2.8, og del II, resultatområde 2 Arbeid og velferd, delmål 6 Bedre levekårene for de vanskeligst stilte.

Handlingsplan mot fattigdom omfattar tiltak under fleire departement. I tillegg til tiltak på budsjettet til Arbeidsdepartementet er det sett i verk tiltak av Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Under gis det ein kortfatta statusrapport på tiltak mot fattigdom som er sette i verk eller styrkte i perioden 2006-2012 knytte til handlingsplan mot fattigdom. I budsjettproposisjonen for det enkelte departement er det ei meir utførleg omtale. Ein samla rapport finst òg i trykt vedlegg til St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet: Handlingsplan mot fattigdom – status 2008 og styrka innsats.

Den særlege innsatsen mot fattigdom er knytt til dei tre delmåla i handlingsplanen:

  • Alle skal gis mogelegheiter til å komme i arbeid.

  • Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg.

  • Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte.

Delmål: Alle skal gis mogelegheiter til å komme i arbeid

Kvalifiseringsprogram for utsette grupper

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Eit kvalifiseringsprogram med kvalifiseringsstønad blei innført frå 1. november 2007. Kvalifiseringsprogrammet er fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontora og blei landsomfattande frå 1. januar 2010. Ved utgangen av 2011 deltok 7 450 personar i programmet. Per 31. april 2012 var talet i underkant av 6 900. Ved utgangen av 2011 var det om lag 18 250 personar som var eller hadde vore deltakarar i programmet sidan 2008. Av dei om lag 8 900 deltakarane som gjennomførte programmet i perioden 2008-2011 gjekk 46 pst. til ordinært arbeid, utdanning eller andre arbeidsretta tiltak. Denne delen har auka vesentleg dei siste åra, frå 41 pst. i 2010 til 48 pst. i 1. tertial 2011. Sjå nærare omtale i del I, punkt 3.3 i denne proposisjonen.

Løyvinga til dekning av kommunale meirkostnader knytt til kvalifiseringsprogrammet er frå 2011 lagt inn i rammetilskotet til kommunane og gitt som ei særskilt fordeling. Statlege arbeidsmarknadstiltak inngår i kvalifiseringsprogrammet. Arbeids- og velferdsetaten har eit bredt spekter av tiltak som omfattar m.a. oppfølging, kvalifisering og arbeidstrening.

Landsomfattande arbeidsmarknadssatsing for å motverke fattigdom

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2003 blei det sett i gang ei satsing på målretta arbeidsmarknadstiltak for utvalde målgrupper i 31 kommunar. Satsinga blei seinare utvida med fleire kommunar og fleire tiltaksplassar, og blei i løpet av 2006 landsomfattande. Målgruppa har vore langtidsmottakarar av sosialhjelp, ungdom i alderen 20-24 år og einslege forsørgjarar som har sosialhjelp som hovudinntekt, innvandrarar som treng bistand for å komme i arbeid, innsette i fengsel og personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Målgruppene for kvalifiseringsprogrammet og satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak er i stor grad dei same. Regjeringa fasa difor ut arbeidsmarknadssatsinga frå 2011. Den særskilte satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak overfor personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering held fram.

Styrking av opplæringa innanfor kriminalomsorga

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Innsette har eit stort behov for å styrkje realkompetansen for betre å meistre livet etter soning. Talet på fengselsplassar er dei siste åra auka, og løyvingane til opplæring i kriminalomsorga er styrkt tilsvarande. Det er no opplæringstilbod ved 51 fengslar. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Kunnskapsdepartementet.

Styrkje tilbakeføringa av innsette og domfelte til samfunnet

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet mfl.

For å betre levekåra til innsette ved lauslating, har Regjeringa innført ein tilbakeføringsgaranti. Sentralt i tilbakeføringsgarantien er bustad, mogelegheiter for arbeid eller opplæring, og helsetenester og sosiale tenester. Arbeidet med å innføre tilbakeføringsgarantien har vore organisert som eit prosjekt. I løpet av 2011 og første kvartal i 2012 er det tilsett 25 tilbakeføringskoordinatorar. Desse koordinerar arbeidet i kriminalomsorga mot andre etatar. Prosjektet blei avslutta i juni 2012, men arbeidet med tilbakeføringsgarantien held fram. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Justis- og beredskapsdepartementet.

I 2009 sette Arbeids- og velferdsdirektoratet og Sentralforvaltninga for kriminalomsorga i gong eit treårig nasjonalt forsøk med føremål å finne fram til modellar som sikrar innsette kontinuitet, integrerte tenester og tettare individuell oppfølging i overgang frå fengsel til fridom. Sju lokale fengsel og NAV-kontor deltok i prosjektet. Dei foreløpige resultata viser at fleire enn tidligare har arbeid, bustad og andre tenester ved lauslating. Prosjektet blir avslutta i 2012, men fire av prosjektkommunane held fram prosjektet. Arbeidsforskningsinstituttet si sluttevaluering av dei seks prosjekta blir levert i 2013.

I dag er det skuletilbod i alle fengsla. I samarbeid mellom arbeidsdrifta i fengsla og opplæringsstyresmaktene, blir det arbeidd med å dreie opplæringstilbodet frå allmennfagleg til meir yrkesfagleg opplæring. Fylkesmannen i Hordaland leier, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, prosjektet Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) i Rogaland og Troms. Dette inngår i Regjeringa si innsats for å styrkje tilbakeføringa av straffedømde til samfunnet. Prosjektet er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Arbeids- og velferdsetaten og kommunane. Om lag ein tredjedel av alle som blir sette i fengsel manglar bustad, og enda fleire er utan bustad ved lauslating. Arbeid med å skaffe bustad før lauslating er sentralt i Regjeringa si tilbakeføringsgaranti, og held fram med utgangspunkt i regionale avtaler. Auka bruk av elektronisk kontroll er òg eit verkemiddel for at domfelte skal kunne oppretthalde ein tilfredsstillande bustad under og etter soning.

Styrking av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Bedrifter og offentlige verksemder kan søke om tilskot til opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal hovudsakleg vere knytt til deltakaranes arbeidsplass og arbeidsoppgåver. Programmet vert forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Sidan BKA starta i 2006 har om lag 25 000 arbeidstakarar fått tilbod om å styrkje sine lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar gjennom programmet. Gjennom programmet er det i 2012 tildelt 106 mill. kroner i tilskot til kurs i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Kunnskapsdepartementet.

Lovendring om vaksnes rett til utdanning

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Stortinget vedtok våren 2008 å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. Ot.prp. nr. 40 (2007-2008). Bakgrunnen var at ei aukande gruppe vaksne fall utanfor vaksenretten, då denne berre gjaldt vaksne født før 1978 som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Gjennom lovendringa har alle vaksne over 25 år rett til opplæring.

Betre ordning for studentar med nedsett funksjonsevne

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

For å bidra til målet om like mogelegheiter til utdanning betra Regjeringa studiefinansieringa for studentar med nedsett funksjonsevne i 2011. For studentar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å ta arbeid ved sidan av utdanninga eller i sommarferien blir det gitt eit ekstra månadleg stipend, samt at stønadsperioden er utvida til 12 månader. I tillegg blir heile basisstøtta gitt som stipend ved forseinking i utdanninga ut over eit år når det er dokumentert at forseinkinga skuldast manglande tilrettelegging og studenten ikkje har fullfinansiering frå folketrygda. Tiltaka medverkar til at studentar med nedsett funksjonsevne i større grad enn tidlegare kan gjennomføre utdanning utan høgare gjeld enn andre studentar. Tal per 31. desember 2011 syner at ordninga med ekstra stipend blir nytta. Ved årsskiftet mottok totalt 219 personar ekstra stipend og ordninga har blitt godt motteke hos interesseorganisasjonar og andre som er opptekne av tilhøva for personar med nedsett funksjonsevne.

Delmål: Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg

Heilskapleg skuledag, gratis leksehjelp

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomfører Utdanningsdirektoratet eit prosjekt for å utvikle og prøve ut ulike modellar for ein skuledag med god samanheng mellom skule og skulefritidsordning (SFO). Modellane skal ha element av dagleg fysisk aktivitet, skulemat, leksehjelp og kulturelle aktivitetar. Modellane skal òg styrkje kvaliteten i SFO og sjå på betre samarbeid og ressursutnytting i ein heilskapleg skuledag. SFO skal støtte opp om læringa og læringsmiljøet til skulen. Seks kommunar deltek i prosjektet som skal vare ut 2012.

For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats innførte Regjeringa eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp fordelte på 1. til 4. trinn frå og med hausten 2010. Dette er eit målretta tiltak for elever og foreldre som ønskjer ekstra støtte i læringa.

Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Av elevar som startar vidaregåande opplæring gjennomfører og består rundt 70 pst. opplæringa etter fem år. Både for samfunnet og den enkelte er konsekvensane av fråfall frå vidaregåande opplæring store. I statsbudsjettet for 2010 blei det løyva midlar til tiltak for auka fullføring i vidaregåande opplæring. Midlane blei ytterlegare trappa opp i 2011 og 2012 gjennom prosjektet Ny GIV, ei treårig satsing for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet held fram i 2013. Alle landets kommunar har i løpet av perioden villet ta del i Ny GIV. Tiltaka er retta mot dei kritiske faktorane som forskinga peikar på for at gjennomføringa i vidaregåande opplæring kan aukast. Hovudvekta er lagd på at dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring får tett oppfølging slik at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Oppfølginga er basert på ei avtale mellom elev/føresette og skulen. Det vil bli lagt særleg vekt på å utvikle elevane sine dugleikar i rekning, skriving og lesing. Om lag 5 000 elevar har våren 2012 gjennomført ei intensiv opplæring. For at intensivopplæringa skal bli best mogeleg, har staten til no finansiert fem dagar skolering av om lag 2 000 lærarar i både ungdomsskular og vidaregåande skular det første året som skulen deltar i satsinga. Ordninga vil i løpet 2013 bli bygd ut til å gjelde to lærarar ved alle ungdomsskular og vidaregåande skular. Det blir vidare arbeidd med å styrkje samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa og arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Det er etablert felles kompetanseutviklingstiltak for saksbehandlarar på tvers av ansvarsområda. Hausten 2011 deltok 760 tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga og oppfølgingstenesta på desse tiltaka. Vidare er det fordelt midlar til utprøving av eit nytt praktisk fag på ungdomstrinnet, samt utprøving av tilpassa opplæringsmodellar for vaksne arbeidsledige som skal begynne på vidaregåande opplæring i arbeidsløyseperioden. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Kunnskapsdepartementet.

Auka barnetillegg til arbeidsavklaringspengar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Barnetillegget for mottakarar av attføringspengar og rehabiliteringspengar blei auka med 10 kroner per barn per dag, frå 17 kroner til 27 kroner, frå 1. januar 2006. Barnetillegget for tidsavgrensa uførestønad blei gjort behovsprøvd frå 1. juni 2006. Frå 1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta med arbeidsavklaringspengar. Det standardiserte barnetillegget på 27 kroner per barn per dag blei ført vidare for heile gruppa. Det blei gitt overgangsreglar som gir tidlegare mottakarar av tidsavgrensa uførestønad kompensasjon for bortfallet av det behovsprøvde barnetillegget ut vedtaksperioden, men ikkje lenger enn ut 2012.

Inntektssikring for forsørgjarar med låg inntekt – endringar i reglane om bidragsforskott og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Reglane om bidragsforskot og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag blei endra i 2011, slik at reglane i auka grad er innretta mot dei mest vanskelegstilte. Forslaga er ei oppfølging av St.meld. nr. 19 (2006-2007) Evaluering av nytt regelverk for barnebidrag. Inntektsgrensa for retten til maksimalt forskot er auka frå 170 900 kroner per år, til 232 500 kroner (frå 1. juli 2012). Inntektsgrensa er med dette auka betydeleg og likestilt med grensa for når bidragspliktig etter barnelova er friteken frå å betale bidrag. Auken av inntektsgrensa for rett til fullt forskot vil styrkje økonomien til forsørgjarar med låg inntekt og samtidig tryggje forsørging av barnet der den bidragspliktige ikkje kan eller vil betale. Inntektsgrensa for gebyrfritak for behandling av søknad om fastsetjing og endring av underhaldsbidrag er heva til same nivå. Denne endringa kjem både bidragsmottakarar og bidragspliktige til gode. Regelen om avgrensa behovsprøving for forskotsmottakarar med barn der far ikkje er oppgitt mv. er oppheva, for å handsame alle forskotsmottakarar likt. Sjå omtale under kap. 2620, post 76, kap. 5701, post 73 og kap. 3605, post 06 i denne proposisjonen.

Kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

I 2004 blei det løyva midlar til tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn og unge som er i kontakt med barnevernet. Ei tilsvarande satsing blei sett i verk i 2005 overfor barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta. Formålet er å førebygge og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggande arbeidet i kommunane, utvikle nye tiltak overfor målgruppa, styrkje samarbeid og samhandling lokalt og sentralt, m.a. mellom barnevernet og sosialtenesta, og å heve og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet. 29 kommunar tok del i satsinga knytt til barnevernet. Kommunane har hovudsakleg søkt om midlar til ferie- og fritidsaktivitetar, sommarjobb til unge, utstyrslager, leksehjelp og kompetansehevingstiltak. Satsinga knytt til barnevernet blei avslutta i 2009. Fafo og NOVA har evaluert satsinga. Evalueringa visar m.a. at merksemda på barnefattigdom har auka i dei kommunane som har teke del i satsinga.

Løyvinga til tiltak i dei sosiale tenestene blei styrkt i 2007 og 2008. I 2012 blei det fordelt tilskot til tiltak i 81 kommunar og bydelar. Fleirtalet av tiltaka retta seg direkte mot målgruppa, bl.a. støtte til ferie- og fritidsaktivitetar og aktivitetar knytt til skulegang som for eksempel utstyrsbankar, leksehjelp og sunn skolemat. Det er også gitt tilskot til større satsingar i samarbeid med fylkesmannen og andre direktorat og departement som m.a. Sjumilssteget i Troms. Fafo og NOVA evaluerte satsinga i 2009. Tilskotsordninga har ført til inkludering ved å skape høve for barn og unge til å delta i aktivitetar og på sosiale arenaer, og til økt medvite i kommunane om fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge. Det er etablert samarbeid i kommunane som tek i mot tilskot, òg med frivillige organisasjonar. Tiltaka har gitt rom for å arbeide førebyggande og å utvikle nye tiltak. Evalueringa peikte på utfordringar knytt til forankring av tiltak i kommunane, og behov for ein meir heilskapleg innsats for å betre situasjonen for barn og unge i disse familiane.

Det er opna for å gi støtte til arbeid med å lage handlingsplanar for førebygging og reduksjon av fattigdom blant barn og unge. I 2012 har det vore ei auke i talet på kommunar som utarbeider handlingsplanar. Tilskotsmidlane blir ført vidare i 2013. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen.

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2012 omfatta 23 bykommunar. I 2012 var ordninga på om lag 63 mill. kroner. Innsatsen er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) på 22,1 mill. kroner og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak) på 40,5 mill. kroner. Løyvinga blei i 2012 auka med 7,5 mill. kroner for å inkludere bydel Bjerke, samt til ei generell styrking av ordninga. Kulturdepartementet har ytterligare styrka ordninga med 5 mill. kroner for å auke barn og unge sin deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Løyvinga til tiltak mot fattigdom blir nytta til å støtte arbeid med å utvikle og tilby ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem i bykommunane, tiltak som kan bidra til kvalifisering og inkludering, m.a. gjennom etablering av alternative meistringsarenaer, og tilskot til langsiktige og samordna tiltak. Fafo og NOVA evaluerte i 2010 den særlege satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom. Evalueringa viser at ordninga har medført at kommunane har fått større medvit og kompetanse om barnefattigdom og betydinga av å etablere sosiale møteplassar, meistringsarenaer og kvalifiseringsarenaer for utsette barn og unge. Rapporten inneheld fleire anbefalingar for det vidare arbeidet, både til departementet og til kommunane som mottek tilskot. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil følgje opp rapporten. Den særskilte satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem blir ført vidare i 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Tiltak for ungdom i risikosoner – Losprosjektet

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har sidan 2007 hatt ei særleg satsing retta mot ungdom som står i fare for å hamne utanfor opplæring og arbeidsliv, Unge utenfor. Som del av denne satsinga er det gjennomført utgreiingar og evalueringar som fortel om resultat og gevinstar av tiltak retta mot ungdom i målgruppa. I tillegg har åtte kommunar/bydelar gjennomført eit utviklingsarbeid med mål om å utvikle betre arbeidsmåtar og samarbeidsformer for målgruppa. Utviklingsarbeidet blei avslutta i 2010. Eksempelsamlinga Veier tilbake til skole og arbeid skildrar erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet og er sende ut til alle kommunar.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet hatt ansvar for utviklingsarbeidet Utsatte unge 17-23 år i overgangsfaser. Arbeidet har vore å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid og bustad og å gi fritidstilbod. Arbeidet blei avslutta i 2009. NOVA har evaluert innsatsen (NOVA-rapport 14/10).

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta hausten 2010 opp Losprosjektet. Losprosjektet er eit 3-årig prosjekt for å styrkje oppfølging av utsett ungdom. 15 kommunar frå til saman 9 fylke deltek i prosjektet. Formålet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14-23 år. Gjennom Losprosjektet skal ungdom få ein kontaktperson – ein los – som skal følgje opp ungdommane og hjelpe dei med å nyttiggjere seg av tilbod frå ulike hjelpetenestar. Innsatsen blir sett i samanheng med Kunnskapsdepartementet si gjennomføring av prosjektet Ny GIV. Prosjektet skal halde fram til og med 2013. NOVA har fått i oppdrag å evaluere måloppnåing i Losprosjektet. Sluttrapport frå evalueringa skal leverast i 2014.

Tiltak for ungdom i risikosoner

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2008 blei det i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet sette i verk eit utviklingsarbeid overfor barn og unge i risikosoner. Målgruppa er ungdom 15-25 år. Innsatsen er retta mot ungdom som står i fare for eller har falt ut av vidaregåande opplæring, utviklar kriminell åtferd, testar ut rusmiddel, og minoritetsungdom. Innsatsen tar utgangspunkt i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, og skal bidra til å sette i verk modellforsøk og utviklings- og kompetansetiltak. I tiltaksporteføljen inngår 12 kommunar, samt fire interkommunale prosjekt. Utviklingsarbeidet blir ført vidare i 2013. Satsinga er under evaluering av Arbeidsforskningsinstituttet. Evalueringa ser spesielt på dei organisatoriske løysingane og korleis dei ulike tiltaka og virkemidla bidrar i ei heilskapeleg oppfølging av ungdom. Sluttrapport frå evalueringa vil komme i 2015. Erfaringane frå utviklingsarbeidet blir nytta inn i satsinga for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, Ny GIV.

Nordlandsprosjektet, «Ungdom i svevet», blei avslutta som prosjekt i 2010. Prosjektet hausta gode erfaringar. Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet har ansvaret for at erfaringar, kunnskap og kompetanse blir spreidde og ført vidare. Fylkesmannen i samarbeid med NAV fylke skal formidle og føre vidare erfaringane ut til dei lokale NAV-kontora, kommunen og fylkeskommunen. Fylkesmannen i Nordland og Universitetet i Nordland har ein særleg pådrivarrolle. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen.

Tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Det er sett i verk tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige. Tiltaka har som mål å gi tidlegare hjelp til barna, styrkje rettleiing og kompetanse i tenestene, langsiktig oppfølging av barna, auke forsking og erfaringsspreiing og å stimulere frivillige organisasjonar til tiltak.

Endringane i helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova om oppfølging av barn som pårørande har frå 2010 styrkt rettsstillinga og medverka til at mindreårige barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige, alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar får betre oppfølging når foreldra mottek helsehjelp. Helsepersonell har plikt til å bidra til å ivareta mindreårige barn som pårørande. Helseinstitusjonar skal i naudsynt utstrekning ha personell med ansvar for å fremje og koordinere helsepersonellet si oppfølging av barna. Helsedirektoratet utarbeidde i 2009 eit rundskriv til lovendringane om barn som pårørande og ein informasjonsbrosjyre for barn.

Delmål: Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte

Tiltak for rusmiddelavhengige

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Tiltak for personar med rusproblem er styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom. Opptrappingsplanen for rusfeltet er forlenga ut 2012, og blei styrkt med 100 mill. kroner i 2011. Dei samla løyvingane til rusfeltet er med dette auka med over 1 mrd. kroner gjennom planperioden samanlikna med 2005. I planperioden er det løyvd midlar til styrking av førebygging, kommunale tenester, spesialisthelsetenester, fylkeskommunale tenester og tenester frå private, frivillige og ideelle aktørar. For 2012 blei tilskota til personar med rusproblem ført vidare.

I 2012 la Helse- og omsorgsdepartementet fram ei stortingsmelding om rusmiddelpolitikken (Meld. St. 30 (2011–2012)). Stortingsmeldinga omhandlar alkohol, narkotika, legemidlar og doping som samfunnsproblem. Samhandlingsreforma blir stadfesta for personar med rusproblem, og stortingsmeldinga har fokus på førebygging, tidleg innsats, samhandling og brukar- og pårørandeperspektiv.

Auke i satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald er prisjusterte årleg. Dei rettleiande retningslinene blei auka med 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2007 og auka med ytterlegare 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2009.

Styrking av bustøtta

Ansvarleg: Kommunal- og regionaldepartementet

I 2006 blei buutgiftstaket i bustøtteordninga auka med 10 000 kroner for mottakarar i dei åtte største byane i landet. Frå 2007 blei bustøtta utbetalt kvar månad, mot tidlegare kvart tertial. I 2008 blei ordninga utvida til å omfatte deltakarar på kvalifiseringsprogrammet. Frå 1. juli 2009 blei ordninga forenkla og utvida, jf. St.prp. nr. 11 (2008-2009) Ei styrkt bustøtte. Etter omlegginga kan alle med låge inntekter og høge buutgifter få bustøtte. Unntaka er studentar og militært/sivilt tenestepliktige, som har eigne ordningar for bustadstøtte. Overgangsordningar blei oppretta for å skjerme dei som fekk støtte før omlegginga mot brå endringar i utbetalingane som følgje av endra reglar. I 2010, 2011 og 2012 er satsane i bustøtta auka i takt med veksten i minstepensjonane. I 2011 blei òg buutgiftstaka auka for store husstandar/barnefamiliar. I mars 2011 blei det gitt ei ekstraordinær utbetaling på til saman 321 mill. kroner til motakarar av bustøtte, som hjelp til å dekkje dei høge energiutgiftene etter den kalde vinteren, jf. Prop. 61 S (2010-2011). For juni 2012 fekk 127 100 husstandar utbetalt bustøtte, som er 18 400 (17 pst.) fleire enn i same månad før omlegginga (juni 2009). Utbetalingane av bustøtte har auka frå 2 054 mill. kroner i 2005 til ei løyving på 3 250 mill. kroner i 2012. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Varig bustad framfor bruk av hospits og andre mellombels bustadsforhold

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I perioden 2007-2009 blei det gjennomført forsøksprosjekt i dei fire storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, samt i fem andre kommunar med utfordringar knytte til bruk av mellombels bustadforhold. Formålet er å utvikle metodar og tiltak for oppfølging av personar som oppheld seg i mellombels bustader slik at dei kan få tilbod om varig bustad. Løyvinga til formålet inngår frå 2010 i tilskot til bustadsosialt arbeid. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen.

Reduksjon i gebyr for tvangsforretningar

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Dei statlege gebyra for ulike tvangsforretningar blei reduserte i 2007. Inntekta frå slike gebyr blei sett ned med til saman 230 mill. kroner samanlikna med nivået i 2006.

Lavterskeltilbod for rettshjelpssøkjande

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet gir kvart år tilskot til ulike prosjekt som tilbyr gratis rettshjelp. Det er primært organisasjonar som har direkte kontakt med, og som gir rettshjelp til særleg utsette samfunnsgrupper, som tek i mot tilskot. Mange av organisasjonane som mottek stønad er basert på frivillig arbeid. Blant tiltaka som mottek tilskot, er rettshjelpsarbeid i regi av jusstudentar i Oslo (Juridisk Rådgivning for Kvinner og Juss-Buss), Bergen (Jussformidlingen), Trondheim (Jushjelpa i Midt-Noreg) og Tromsø (Jusshjelpa i Nord-Noreg). Mange av studentrettshjelpstiltaka driv oppsøkjande arbeid m.a. i fengslar, vaksenopplæringssenter og asylmottak. Gatejuristen i Oslo, Trondheim, Tromsø, Bergen og Kristiansand driv oppsøkjande rettshjelpsarbeid blant folk med rusproblem. Gatejuristane har fått tilskot i fleire år, og i løpet av 2012 skal det opprettast nye gatejuristprosjekt både på Hamar og i Stavanger. Ei rekkje kommunar og krisesenter mottek tilskot for å kunne tilby gratis advokatvakt. Midlane dekkjer utgifter til juridisk hjelp ved offentlege servicekontor i kommunen og krisesenter rundt i landet, inkludert Pro Sentret, DIXI Ressurssenter Oslo og Støttesenteret mot Incest. I tillegg har Oslo kommune Fri rettshjelp og Rettshjelpskontoret Indre Finnmark motteke årlege tilskot.

I St. meld. nr. 26 (2008-2009) Om offentleg rettshjelp tok Regjeringa til orde for ei rekkje tiltak for å forbetre rettshjelpsordninga. I 2010 blei det oppretta eit prosjekt for utprøving av førstelinerettshjelpa i Buskerud og Rogaland, samt eit interkommunalt samarbeid i Lindesnes-regionen. Sluttevalueringa av prosjektet er i gang, og vil være ferdigstilt vinteren/våren 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Regulering av inntekts- og formuesgrensene for fri rettshjelp

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Frå 1. januar 2009 blei inntektsgrensa for fri rettshjelp auka frå 230 000 kroner til 246 000 kroner for einslege og frå 345 000 kroner til 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi. Dette gjer at fleire vil bli omfatta av rettshjelpsordninga.

Frivillig arbeid

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Kulturdepartementet

Løyvingane til frivillig arbeid blei styrkte i 2008 og 2009 for å styrkje og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med frivillige organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I 2008 blei det etablert eit kontaktutval mellom Regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskeligstilte og eit samarbeidsforum for organisasjonane som deltek i kontaktutvalet. Batteriet, som er eit nasjonalt ressurssenter i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, er sekretariat for samarbeidsforumet. Det er etablert fire Batterier utanfor Oslo; i Bergen, Trondheim, Bodø og Kristiansand. I 2008 blei det etablert ei tilskotsordning til drift av organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon og til prosjekt og aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å støtte eigenorganisering, sjølvhjelpsaktivitetar, brukarpåverknad og interessepolitisk arbeid. I tillegg til driftsstøtte til Samarbeidsforum med Kontaktutvalet og Batteriene blei det i 2012 gitt driftsstøtte til 16 organisasjonar og tilskot til 21 prosjekt. I 2011 er det gitt driftsstøtte til 19 organisasjonar og tilskot til 30 prosjekt. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening i regi av frivillige organisasjonar blei styrkt i 2009. Totalt ble 41 prosjekt tildelt tilskot i 2012. 21 av prosjekta var vidareføring av allereie igangsette prosjekt og 20 var nye prosjekt. I 2011 blei det etablert ei tilskotsordning for å stimulere til utvikling av sosialt entreprenørskap og sosiale entreprenørar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. Seks verksemder har teke i mot tilskot frå ordninga i 2011, og sju verksemder har teke i mot tilskot i 2012. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 70 i denne proposisjonen.

Kulturdepartementet har styrkt kultur under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet si tilskotsordning, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, med eit eige program for kultur. Føremålet er å bidra til at fleire utsette barn og unge får moglegheiter til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

Det er gitt støtte til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge i Møre og Romsdal over ein forsøksperiode på to år. Kortet er eit verkemiddel for å sikre at barn i familiar med særleg låg inntekt ikkje skal falle utanfor viktige arenaer for oppleving og sosialisering. Ein legg til grunn at ordninga blir evaluert med tanke på kunnskapsoverføring til andre fylke i landet.

Tilskotet til frivilligsentralar er styrka. I 2012 er det løyva midlar til etablering av 17 nye frivilligsentralar. Det er i perioden 2005-2012 gitt tilskot til etablering av 136 nye sentralar. Samla vil det i 2012 vere 384 sentralar i samanlagt 318 kommunar.

Tilskotet til frivilligsentralar i 39 kommunar/bydelar med høg grad av innvandrarar blei styrka i 2011. Føremålet er å styrkje arbeidet for inkludering og mangfald i frivilligsentralane.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Kulturdepartementet.

Utviding av tilsynsansvaret til fylkesmannen

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

På bakgrunn av framlegg i Ot.prp. nr. 103 (2008-2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen er tilsynsansvaret til fylkesmannen utvida til òg å omfatte tilsyn med økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram/kvalifiseringsstønad frå 1. januar 2010. Løyvingane til fylkesmannsembeta er styrkte som eit ledd i dette.

8 Strategi for eit anstendig arbeidsliv globalt

Regjeringa sin 7-punkts strategi for eit anstendig arbeidsliv blei presentert hausten 2008 i samband med ein konferanse om rettferdig globalisering som vart halden i Oslo i samarbeid med ILO.

Hensikta med strategien er å styrkje og samordne innsatsen for å fremme arbeidstakarrettar i andre land, og slik komplettere innsatsen mot sosial dumping i Noreg. Strategien har medverka til å løfte og samle innsatsen på dette fagfeltet. Den har skapt merksemd og medverka til systematisering og breiare forankring. Utanriksdepartementet (UD) har vore aktiv for å gjere strategien kjent også utanfor Noreg, gjennom mellom anna oversetting til fleire språk. Strategien er blitt møtt med stor interesse.

Utanriksdepartementet/Norad, Nærings- og handelsdepartementet (NHD) og Arbeidsdepartementet (AD) arbeider aktivt med å integrere anstendig arbeidsliv i sine respektive fagområde. Dette er eit krevjande og langsiktig arbeid.

Som det kjem fram av rapporten nedanfor, har det vore gjort eit omfattande arbeid med å skape merksemd rundt strategien for anstendig arbeidsliv både nasjonalt og internasjonalt. Mange av tiltaka er i ein oppstartfase, og det er viktig at arbeidet vert vidareført. Dette vil også bli gjort, og dei nødvendige løyvingane vil bli oppretthaldne på dagens nivå.

1 Noreg skal styrke innsatsen for arbeidstakarrettar globalt.

Dette skal skje både gjennom Regjeringa sin politikk overfor ILO, i utanrikspolitikken, bistandspolitikken, handelspolitikken, eigarskapspolitikken og gjennom arbeidslivspolitikken.

Arbeidet gjennom ulike internasjonale organisasjonar er sentralt for å få ei breiare forankring av temaet og større innsats innanfor ulike politikkområde. Noreg si deltaking i FN-organ, internasjonale finansinstitusjonar og det bilaterale samarbeidet, er viktige forankringspunkt for prinsippa for eit anstendig arbeidsliv. Noreg sin bodskap internasjonalt er at arbeidsløyse, svekking av rettane og manglande sosial beskyttelse hindrar utvikling både i vestlege land og utviklingsland. ILO sin agenda for eit anstendig arbeidsliv med sine fire prinsipp: sysselsetting, arbeidstakarrettar, sosialt vern og trepartssamarbeid, er sentral for å skape meir rettferdig globalisering og ein vekst som er driven av arbeidsplassar og velferdsbygging.

ILO er den sentrale aktøren på feltet, den eldste av FN sine særorganisasjonar, og er særprega i si trepartsorganisering. Noreg er ein av dei sterkaste politiske støttespelarane til ILO i tillegg til å vere mellom dei største økonomiske bidragsytarane. Det viktigaste utviklingspolitiske verktøyet Noreg har på feltet er programavtalen med ILO, som blei fornya og styrka frå 2012. Programavtalen med ILO er etter siste utvidinga med 30 mill. kroner no på totalt 110 mill. kroner for 2012-2013.

ILO har markert seg sterkt på den internasjonale arenaen med sitt mandat og verkeområde. Fokus på arbeidslivet er avgjerande for å få til bærekraftig utvikling, og det er ei gryande erkjenning globalt av betydinga av å sjå økonomisk utvikling, sysselsetting og arbeidstakarrettar i samanheng.

Det skjer samtidig eit arbeid for å styrke samordninga mellom departementa. Koherens (coherence and accountability) nasjonalt og internasjonalt er eit sentralt tema. NHD er no, saman med UD og AD, medlem av den nasjonale ILO – komiteen.

2 Noreg sin politikk overfor ILO får eit løft.

Dette kan skje både ved at det norske økonomiske bidraget til ILO vert auka, ved at norsk kompetanse om ILO og ILO sitt arbeid vert heva, og ved at det vert lagt opp til forsterka kontakt og samarbeid med ILO.

Noreg sitt samarbeid med ILO er styrka. Norske myndigheiter har tett kontakt med ILO på ei rekke fagfelt, både med ILO sentralt og i prosjekt på landnivå. Ei styrking av ILO betyr både økonomisk og politisk støtte til dei måla organisasjonen har sett seg, men også å styrke ILO gjennom reformkrav. Noreg er opptatt av openheit, forenkling, moglegheit for etterprøving og forbetring både av styringsstrukturar, rapportering, og i arbeidet på landnivå.

Programavtalen med ILO 2012-2015 er det viktigaste utviklingspolitiske og faglege verktøyet. Avtalen gir ein meir føreseieleg innsats, større openheit og resultatorientering gjennom eit nytt rapporteringsformat, sterke klausular på styringssystem og anti-korrupsjon, og ein eigen klausul som handlar om krav til arbeidsstandardar ved gjennomføring av avtaler. I tillegg kjem Norad sine prosjekt med ILO og tiltak på landnivå gjennom ambassadane.

3 Arbeidet med arbeidstakarrettar i andre land opprioriterast i utanrikspolitikken og bistandspolitikken.

Respekt for arbeidstakarane sine rettar, særleg ILO sine åtte kjernekonvensjonar, skal gjerast til eit kriterium ved vurdering av korleis norske bistandsmiddel skal prioriterast brukt. Alle som utfører arbeid i samband med bistandsprosjekt bør ha arbeidsvilkår som minst samsvarer med ILO sine åtte kjernekonvensjonar.

Anstendig arbeidsliv er ein del av Noreg sit multilaterale og bilaterale samarbeid langs fleire aksar. Det er, på same måte som for eksempel for likestilling og menneskerettar, ei norsk politisk prioritering som Utanriksdepartementet og Norad har med i ulike samanhengar.

Anstendig arbeidsliv er sentralt for å fremme godt styresett, økonomisk utvikling og næringslivet sitt samfunnsansvar m.m. Det viktigaste utviklingspolitiske verktøyet Regjeringa har er som nemnt over, programavtalen mellom UD og ILO.

I det bilaterale utviklingssamarbeidet er anstendig arbeidsliv først og fremst fremma gjennom næringslivsordningane som vert forvalta av Norad, og gjennom Norfund. Norfund er det viktigaste utviklingspolitiske instrumentet for å fremme investeringar i nokon av dei vanskelegaste marknadene i verda. Det er eit krav at Norfund skal vere i fremste rekke når det gjeld samfunnsansvar, inkludert krav om anstendige arbeidsvilkår.

Under dei næringslivsretta ordningane forvalta av Norad vert relevante aktivitetar støtta gjennom medlemsorganisasjonen Initiativ for etisk handel(IEH). IEH er ein pådrivar og eit ressurssenter for etisk handel, og medlemmane får tilgang til faglege ressursar og system som kan bidrage til gode arbeids- og miljøforhold. Det vert gjeven støtte til Fairtrade Norge og den internasjonale Fairtrade Labelling Organisation (FLO). Ein viktig komponent i deira arbeid er å sikre gode arbeidsvilkår hos produsentane.

Norad støtter også fleire ILO–program retta mot næringsutvikling. ILO sitt SCORE program er eit globalt program med aktivitetar i Kina, India, Indonesia, Vietnam, Sør-Afrika, Ghana og Colombia. Programmet bygger kapasitet hos små og mellomstore bedrifter når det gjelder anstendig arbeidsliv. Målet er ein reinare, meir produktiv og konkurransedyktig produksjon, for å kunne tilby fleire arbeidsplassar med anstendige arbeidsforhold.

ILO WEDGE (Women`s Entrepreneurship Development and Gender Equality) er eit program i Sørlege Afrika. Programmet jobbar for å styrke kvinnelege entreprenørar sin posisjon, og styrke lokale og nasjonale rammevilkår. Ein annan viktig komponent er å utvikle nye arbeidsplassar med anstendige arbeidsvilkår for kvinner.

På bakgrunn av auka norsk næringslivsengasjement i Brasil, og interesse frå brasiliansk side for den norske trepartsmodellen, blei det i 2008 og lagt til rette for auka kontakt, erfaringsutveksling og dialog for å hjelpe til med å utvikle vidare den brasilianske sosiale dialogen.

Det blir arbeidd for å skape dialog mellom norske bedrifter i Angola og sivilsamfunnet. I februar 2011 blei dei første menneskerettskonsultasjonane med Angola heldt.

På ILO sin regionale konferanse i Johannesburg i oktober 2011 blei det vedteke å intensivere arbeidet på feltet, og Angola blei utpeikt som eit hovudland.

I India har Noreg i mange år støtta indiske fagforeiningar sitt arbeid mot barnearbeid og for fridom til å organisere fagforeiningar. Gjennom programsamarbeidsavtalen med ILO er det i 2011 skapt ein nasjonal plattform der alle fagforeiningane samarbeider om å krevje at India ratifiserer ILO sine kjernekonvensjonar på desse områda. Dette spørsmålet er foreløpig ikkje avgjort av indiske myndigheiter. Næringslivet sitt samfunnsansvar har også vore tema for møter i ambassaden sitt næringslivsforum.

På Vest-Balkan har norske myndigheiter medverka til eit utstrakt fagleg samarbeid på arbeidslivsfeltet dei siste fem åra. Mellom anna har Arbeidstilsynet saman med partane i arbeidslivet medverka til kapasitetsbygging og andre prosjekt. Det har også vore prosjektsamarbeid kor Direktoratet for forvaltning og IKT har vore med for å bidrage til profesjonalisering av offentleg sektor som arbeidsgjevar, særleg innanfor utanriks- og forsvarssektoren. I 2010 starta prosjektet «Capacity Building in Occupational Safety and Health» i Makedonia. Målet er å innføre ILO sine helse- og arbeidsmiljøstandardar, å forbetre lovverket og å gjennomføre konkrete endringar i dei einskilde bedriftene. Prosjektet er eit samarbeid mellom Macedonian Occupational Safety and Health Association (MOSHA) og Arbeidstilsynet i Noreg.

Noreg har sidan 1997 hatt ein menneskerettsdialog med Kina. Ein viktig del av denne dialogen har mellom anna vore ei treparts arbeidsgruppe på både kinesisk og norsk side med arbeidstakarrettar som hovudtema, og kor eitt element har vore bidrag til utvikling av ein trepartsdialog i kinesiske bedrifter, med hjelp frå norske og kinesiske forskarar, arbeidslivsmyndigheiter og partane i arbeidslivet.

4 Noreg skal vere ein pådrivar for å fremme viktigheita av anstendige arbeidsvilkår («Decent Work») også i handelspolitikken, inkludert i bilaterale handelsavtalar og i avtalar mellom fleire land og regionar.

Spørsmålet om koherens i og mellom internasjonale organisasjonar er sentralt for å medverke til å fremme anstendig arbeidsliv i handelspolitikken.

EFTA-landa er einege om eit kapittel om bærekraftig utvikling med forpliktande føresegner om miljø og arbeidstakarrettar som eit felles utgangspunkt for EFTA i notidige og framtidige forhandlingar om handelsavtalar. Kapittelet stadfestar at internasjonal handel, inkludert EFTA sine handelsavtalar, skal bidrage til bærekraftig utvikling og fastsett ei rekke forpliktingar for partane for å nå dette målet. Kapittelet inneheld mellom anna føresegner som viser til ILO sine åtte kjernekonvensjonar og føresegner om at partane ikkje skal senke sine standardar for å tiltrekke seg handel. Det er også eit krav til partane at dei med jamne mellomrom skal gjennomgå oppfølginga av kapittelet og internasjonal utvikling på området, med sikte på å vurdere ytterlegare tiltak for å fremme bærekraftig utvikling gjennom frihandelsavtalar. Denne teksten blir presentert som eit utgangspunkt for motpartane i notidige og framtidige EFTA-avtaleforhandlingar, og der Noreg er i bilaterale forhandlingar om handelsavtalar.

Noreg er tydelege i WTO på at arbeidstakarrettar må inn i forhandlingane etter at DOHA-runden er ferdig.

Som del av dei norske EØS-løyvingane 2009-2014 er det oppretta eit fond for anstendig arbeidsliv og trepartssamarbeid. Fondet er på til saman 8 mill. euro for perioden. Innovasjon Norge (IN) har fått i oppdrag å forvalte fondet. Fondet skal fremme anstendig arbeidsliv og trepartssamarbeid gjennom støtte til partane i arbeidslivet i mottakarlanda og tiltak/aktivitetar som dei gjennomfører. Fondet har også som mål å betre forståinga for og viktigheita av anstendig arbeidsliv som ein faktor for sosial og økonomisk utvikling. Ettersom eit av måla for fondet er å auke samarbeidet mellom partane i arbeidslivet i Noreg og deira motpartar i mottakarlanda, kan partane i arbeidslivet i Noreg også gå i partnarskap med organisasjonar i mottakarlanda som partnarar for rådgiving og kompetanseoverføring. Løyvingane under fondet blei formelt utlyst 20. oktober 2011, med søknadsfrist 22. april 2012, og er no fordelt.

5 Ivaretaking av arbeidstakarrettar i andre land skal vere eit viktig element i Regjeringa sin næringspolitikk og i politikken for å medverke til at norske selskap tar samfunnsansvar.

Staten som eigar forventar at selskapa tar samfunnsansvar. Selskapa må utføre si verksemd i samsvar med grunnleggande menneskerettar, og det må stillast krav til forretningspartnarane og leverandørane om det same. Regjeringa forventar at norske selskap legg ILO sine åtte kjernekonvensjonar til grunn for si verksemd og har gode HMS-standardar som tek hand om arbeidstakarane si sikkerheit og helse. Dei må også ha oppfølgingssystem for å følgje opp dette i praksis.

Jamfør utgreiinga under dei einskilde punkta framanfor.

Utanriksdepartementet leder arbeidet i KOMpakt, som er Regjeringa sitt konsultasjonsorgan i saker knytte til næringslivet sitt samfunnsansvar. KOMpakt har 33 medlemmer som representerer ulike interessentgrupper: myndigheiter, næringslivet, fagforeiningar, det sivile samfunnet og akademia.

OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap blei oppdaterte i mai 2011. Noreg har teke aktivt del i prosessen, mellom anna for å sikre same begrepsbruk som i ILO sin trepartserklæring om fleirnasjonale selskap.

Noreg har stått i spissen for arbeidet med menneskerettar og næringsliv i FN sitt Menneskerettsråd.

6 Ein særlig innsats settast inn for å styrke kontrollen med, og handhevinga av, lover og reglar for arbeidslivsstandardar.

Dette kan skje mellom anna gjennom utviklingspolitikken, ved innsatsen gjennom ILO og ved at Arbeidstilsynet samarbeider med arbeidstilsyn i andre land.

Programavtalen med ILO er det viktigaste instrumentet for øyremerkte løyvingar også til dette føremålet, sjå over. Regjeringa signerte i september 2010 ei Memorandum of Understanding (MOU) om samarbeid mellom norsk og kinesisk arbeidstilsyn. Målet for samarbeidet er å styrke tilsynet og handhevinga av HMS i kinesisk arbeidsliv. Løyvingane vil bli kanalisert gjennom avtalen med ILO.

7 Norske erfaringar utnyttast for å betre arbeidsmiljøovervakninga i andre land.

Kompetansen i Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), med det nyoppretta Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse (NOA), vert teken i bruk i dette arbeidet.

Arbeidsdepartementet var i samarbeid med STAMI, STAMI sin finske søsterorganisasjon og ILO, vertskap for eit seminar om overvaking av arbeidsmiljø i juni 2011 i Genève. Seminaret tok mellom anna føre seg korleis norsk kunnskap og erfaring kan overførast til andre land med lågare arbeidsmiljøstandard enn Noreg.

9 Likestillingsomtale

Orientering om likestilling i verksemdene

Likestillingslova § 1 a, Diskrimineringslova § 3 a og Diskriminerings- og tilgjengelighetslova § 3 pålegg statlege verksemder å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å betre likestilling og hindre diskriminering, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgjevar. I tillegg til aktivitetsplikta, har statlege verksemder ei plikt til å greie ut om likestillingsarbeidet. Statlege verksemder som ikkje er pålagd å utarbeide årsmelding skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Det skal gjerast greie for planlagte og gjennomførte tiltak når det gjeld kjønn, funksjonsnedsetting, etnisitet, religion mv. Når det gjeld kjønn, skal det i tillegg gjerast greie for den faktiske tilstanden.

Arbeidsdepartementet

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

39

61

1911

587

519

2010

41

59

203

537

540

Toppleiarar2

2011

60

40

10

1 035

1 064

2010

70

30

10

1 028

1 142

Mellomleiarar3

2011

57

43

30

675

700

2010

55

45

31

660

681

Ev. alternativ karrierevegs stillingar4

2011

41

59

94

767

817

2010

41

59

93

539

520

Saksbehandlarar5

2011

25

75

65

415

427

2010

30

70

69

411

419

Konsulentar/Sekretærar/Lærling

2011

100

0

1

2010

-

-

-

Slutta (tall pr. 31.12.)

2011

58

42

26

2010

17

83

18

Nyrekruttert

2011

41

59

17

2010

33

67

9

Deltidstilsette

2011

12

88

24

2010

14

86

21

Midlertidig tilsette

2011

33

67

9

2010

25

75

8

Foreldrepermisjon

2011

25

75

8

2010

0

100

4

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

0,8

4,3

2010

0,8

4,6

1 Unntatt toppleiarar (10 personar) (SST-register statistikk pr. 1. oktober 2011.)

2 Dep.råd, ass.dep.råd, direktør, informasjonssjef, ekspedisjonssjefar

3 Avdelingsdirektørar, underdirektørar

4 Seniorrådgjevarar, fagdirektørar, spesialrådgjevarar

5 Rådgjevarar, førstekonsulentar, seniorkonsulentar

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

1. oktober 2011 var det 201 tilsette (inkl. toppleiarane) i Arbeidsdepartementet. Omlag 60 pst. av dei tilsette var kvinner. Som tilstandsrapporteringa viser, er det ingen store endringar i kvinneandelen eller i fordelinga av kjønn i dei ulike stillingsgruppane samanlikna med året før. Både tilstandsrapporten og interne analysar og kartlegging av likestilling i departementet frå 2008 og 2010 viser ein stabil overrepresentasjon av kvinner i departementet. I førstekonsulent- og rådgjevarstillingane er kvinnene framleis overrepresentert. Departementet vil sjå nærare på rekruttering, karriereutvikling og lønnspolitikk som moglege barriere-områder. Det inneber oppfølging og tiltak for å sjå på om kvinner i omsorgspermisjonar kjem på etterskot i lønnsutviklinga, og lønnsforskjellar blant kvinner og menn i øvre saksbehandlar-stillingar (hovedtyngda av dei tilsette befinn seg i disse stillingskategoriane). Når det gjeld prosjektarbeid, er det førebels usikkert i kor stor grad menn vert gjeve betre sjansar enn kvinner, ettersom prosjekta i departementet stort sett vert leidde av avdelingsdirektørar. Undersøkjingar viser at det har vore ei temmeleg jamn fordeling av kvinner og menn i prosjekta. Det skal utarbeidast ein ny rekrutteringsstrategi for departementet. Departementet trur at dette skal sikre betre kvalitet i tilsettingsprosessane, slik at departementet kan trekkje til seg attraktive og godt kvalifiserte søkjarar i alle målgruppane, inkl. kjønn, nedsett funksjonsevne, og personar med innvandrarbakgrunn. Rekrutteringsstrategien skal ferdigstillast i 2012. Samstundes har departementet utarbeidd ein eigen handlingsplan knytta til strategisk styring av departementets omdøme og profilering av departementet som ein attraktiv arbeidsgjevar. Handlingsplan for profilering av departementet vert utarbeidd for eitt år om gongen.

Kjønnsperspektivet er teke inn i departementets lokale lønnspolitikk. Funna i årlege interne lønnsanalysar på likestillingsområdet vert fokusert på i lokale forhandlingar.

Det er òg byrja eit arbeid med ein strategisk kompetanseplan. Tiltak knytta til denne planen vil bli sett i gang innan utgangen av 2012.

Kvinner har generelt eit høgare sjukefråvær enn menn. Sett under eitt har utviklinga likevel gått i retning av ein jamn nedgang i det totale sjukefråværet. Departementets leiargruppe, avdelingar og arbeidsmiljøutval følgjer nøye opp sjukefråværet kvart kvartal, og det settes i gang særlege tiltak på ev. identifiserte fokusområder ved behov.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion mv. og nedsett funksjonsevne

Departementet har i gjennomsnitt hatt 1-4 pst. tilsette med bakgrunn frå landgruppe 21. Rekruttering er derfor særleg definert som ein barriere, og noko departementet skal ha fokus på.

Departementet har som mål å rekruttere fleire personar med bakgrunn frå landgruppe 2. Departementet deltek i den nye 2-årige forsøksperioden (2012-2013) for moderat kvotering, og har sett som mål å rekruttere ein til tre personar frå målgruppa i løpet av to-års perioden. Gjennom vår handlingsplan for profilering av departementet som ein attraktiv arbeidsgjevar, jf. pkt. 2 ovanfor, har vi tiltak for å profilere og trekkje til oss godt kvalifiserte kandidatar til stillingar. Departementet har etablert samarbeid med ein til to nettstader (annonsering og bedriftspresentasjon) som vender seg særleg til personar med innvandrarbakgrunn.

Søkjarar med nedsett funksjonsevne vert innkalte til intervju dersom de er kvalifisert. Kartleggjingar viser at det er få søkjarar (gjennomsnitt ca. 1-2 pst. av dei som søker pr. år) som oppgjer at dei har nedsett funksjonsevne, når dei søkjer stillingar i departementet. I departementets nye rekrutteringsstrategi, jf. pkt 2, vil blant anna annonsering, kommunikasjon og marknadsføring av stillingar (bruk av inkluderande språk) overfor denne målgruppa bli vektlagd. Departementet er med i eit nytt prosjekt som er sett i gang av Fornyings-, og administrasjonsdepartementet (FAD) og hovedsamanslutningane for å sjå på kva som kan gjerest for å rekruttere fleire med redusert funksjonsevne. Departementet har i eigne IA-planar satt mål for auka rekruttering i planperioden. Departementet vil samarbeide med aktuelle interesseorganisasjonar, og sjå på alternative annonseringsstader for å nå målgruppen betre. Departementet tek også imot IA-plass-kandidatar etter søknad.

Arbeids- og velferdsetaten

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total

M

K

Totalt i verksemda

2011

30,5

69,5

13 597

441

408

2010

30,5

69,5

14 145

424

392

Toppleiarar

2011

56,8

43,2

37

872

889

2010

59,0

41,0

41

872

873

Mellomleiarar

2011

40,6

59,4

1 262

557

534

2010

43,2

56,8

1 315

548

522

Rådgivarar mv

2011

36,0

64,0

5 541

459

428

2010

36,7

63,3

5 033

448

418

Saksbehandlarar/kons

2011

24,3

75,7

6 467

376

376

2010

24,6

75,4

7 405

366

364

Kontorstillingar mv.

2011

16,4

83,6

214

329

335

2010

15,6

84,4

302

318

322

Slutta

2011

30,0

70,0

1 225

2010

27,0

73,0

1 927

Nyrekrutterte

2011

31,0

69,0

755

2010

28,9

71,1

941

Deltids tilsette

2011

16,9

83,1

2 585

2010

15,4

84,6

2 489

Midlertidig tilsette

2011

26,0

74,0

865

2010

24,5

75,5

1 251

Foreldrepermisjon

2011

12,3

87,7

301

2010

9,8

90,2

305

Legemeldt sjukefråvær

2011

4,3

6,8

6,0

2010

4,4

7,1

6,2

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsstad med 70 pst. kvinner. Av saksbehandlarstillingar utgjer 76 pst. kvinner. Kvinner ligg gjennomgåande lågare enn menn i gjennomsnittleg årslønn i alle stillingskategoriar. Unntaket gjeld toppleiargruppa der kvinner si gjennomsnittlege lønn per år er høgre enn for menn, og i kategorien kontorstillingar. For saksbehandlarstillingar er det tilnærma lik gjennomsnittleg lønn per år. Gjennomsnittleg lønnstrinn for kvinner er lågare enn for menn. Etaten har difor ved dei lokale lønnsforhandlingane fylgd Hovedtariffavtalen sine føringar om å jamne ut forskjellar på kjønn i nokre stillingskodar. Den klart største delen kvinner finns i dei lågare stillingskategoriane i Arbeids- og velferdsetaten. Kvinner ligg òg i lågare kodar og lønnstrinn i rådgjevar- og leiarkategoriane. Samstundes er kvinneandelen blant leiarar auka frå 54 til 57 pst. dei siste to åra. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene, og fylgjer dette opp overfor driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald mellom tilsette i verksemda, i høve til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Likestillingsprinsippa (likelønn) i Arbeids- og velferdsetaten skal ivaretakast gjennom lokal lønnspolitikk. Moglegheitene for lønnsutvikling i samanliknbare grupper skal vera uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder.

I tråd med tilpassingsavtalen for arbeids- og velferdsetaten skal arbeidsoppgåver som gjev utvikling, auka kompetanse eller som på anna vis bidreg til å kvalifisera til avansement, fordelast slik at kvinner og menn får same grunnlag for karriereutvikling. Deltaking på kurs og opplæringstiltak er ikkje knytt opp til kjønn, men til stilling og funksjon.

Etter høge sjukefråværstal ved inngangen av 2011, blei tala reduserte til 2010-nivå og følgde profilen frå tidlegare år. Sjukefråværet i Arbeids- og velferdsetaten ligg framleis høgare enn IA-måltalet på 6,7 pst. Arbeids- og velferdsetaten har hatt eit forsterka fokus på arbeidsmiljø og sjukefråvær som del av oppfyllinga av IA-avtalen og etaten sitt HMS-arbeid. Særskild har elementa i etatens IA-handlingsplan knytt opp mot delmål 1 vorte fylgd tett opp i styringsdialogane og vore tema på direktørmøtet, storleiarmøter, samlingar med leiarar, verneombod og tillitsvalte, og møte i arbeidsmiljøutval og medbestemmelseapparat. I 2011 har ein styrka IA-arbeidet blant anna gjennom samarbeidsavtalar med NAV Arbeidslivssenter i fylka og etatens driftseiningar (fylka og spesialeiningane samt direktoratet). Det er og understreka at IA-arbeid er del av det generelle HMS arbeidet.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion mv. og nedsett funksjonsevne

Eit av måla til Arbeids- og velferdsetaten er å auka rekrutteringa av, og behalde arbeidstakarar frå underrepresenterte grupper. Desse gruppene er definert som arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne og arbeidstakarar med minoritetsbakgrunn. I overordna handlingsplan for etatens interne IA arbeid er det nedfelt mål om at 5 pst. av nyrekrutterte skal vere frå desse gruppene.

I alle utlysningar vert det nytta ein standardtekst for å oppmoda arbeidstakarar til å søkje stilling uavhengig av alder, kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar frå underrepresenterte grupper, skal det innkallast minimum ein søkjar til intervju per utlyst stilling. Arbeids- og velferdsdirektoratet deltek òg i forsøk med moderat kvotering.

For å auke rekruttering av personar med minoritetsbakgrunn, samarbeider Arbeids- og velferdsetaten med nettportalen ambisjoner.no som er ein nettportal innan utdanning og karriere retta mot personar med slik bakgrunn. Alle stillingsutlysingar i Arbeids- og velferdsetaten vert og lagt ut på denne nettstaden. Arbeids- og velferdsetaten har i 2011 delteke på karrieremesse retta mot studentar med innvandrarbakgrunn arrangert av «Ambisjoner.no».

I overordna IA handlingsplan for etaten for perioden 2011-2013 står det at alle driftseiningar skal vurdera å stilla minimum ein IA-plass til disposisjon. Rapportering frå verksemda for 1. tertial 2012 syner at dei fleste har IA-plass til disposisjon og mange har òg teke dei i bruk.

Trygderetten

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

42

58

691

706

507

2010

42

58

67

643

480

Toppleiarar

2011

100

0

1

1 023

2010

100

0

1

965

Mellomleiarar

2011

40

60

5

872

802

2010

40

60

5

796

758

Dommarar

2011

72

28

25

779

779

2010

71

29

24

710

710

Jur. seniorrådgjevarar

2011

50

50

4

575

514

2010

50

50

4

553

496

Rettsfullmektigar

2011

28,5

71,5

14

410

421

2010

28,5

71,5

14

383

394

Saksbehandlarar

2011

28,5

71,5

7

454

446

2010

28,5

71,5

7

433

427

Kontorstill. o.a.

2011

0

100

13

388

2010

0

100

12

369

Slutta

2011

40

60

7

2010

40

60

5

Nyrekruttert

2011

44,5

55,5

9

2010

37,5

62,5

8

Deltidstilsette

2011

50

50

12

2010

50

50

10

Mellombels tilsette – leiarar

2011

33,52

66,52

32

2010

33,52

66,52

32

Mellombels tilsette – andre

2011

28,53

71,53

143

2010

26,53

73,53

153

Ev. timelønna

2011

100

0

2

2010

100

0

2

Foreldrepermisjon

2011

0

100

1

2010

100

0

1

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

2010

1 Det er nytta lønsopplysningar pr. 1. oktober 2011 slik dei kjem fram av Statens sentrale tenestemannsregister, dvs. ekskl. opplysningar om resultatet av dei lokale lønsforhandlingane hausten 2011.

2 Leiarfunksjonen for (fag-)avdelingane er ein funksjon på åremål. Desse leiarane er samstundes dommarar (faste embete).

3 Gruppa «andre mellombels tilsette» er rettsfullmektigane, som er tilsett på åremål. (I 2010 var det ein vikar i ei anna stilling i tillegg.)

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

I 2011 rekrutterte Trygderetten fem kvinner og fire menn. Fire av kvinnene og to av mennene vart tilsette i rettsfullmektigstillingar, som er åremålsstillingar for tre år, med moglegheit for forlenging. Vidare vart det rekruttert ein arkivmedarbeidar (kvinne), og to dommarar (menn).

Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har høvesvis lik lønn og ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for lønnsplassering. For dei andre stillingsgruppene er det (heller) ikkje avdekka lønnsmessige forskjellar basert på kjønn. Blant våre saksbehandlarar og kontortilsette er det kvinnedominans. Desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Trygderetten har seks leiarstillingar: Trygderetten sin leiar og nestleiar, tre avdelingsleiarar og ein avdelingsdirektør/leiar for Administrasjonsavdelinga. Leiar og nestleiar, som også er ein av avdelingsleiarane, er for tida menn, dessutan ein av avdelingsleiarane. I dei tre resterande leiarstillingane er det kvinner som er tilsette. I tillegg har Trygderetten ei stilling som arkivleiar (mann), som er underlagt avdelingsdirektøren (i tabellen ovanfor er han tatt med under «saksbehandlarar«).

I Trygderetten si stillingsutlysingar er det teke inn ei formulering om at det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle befolkningssamansetjinga, og at Trygderetten derfor ynskjer søkjarar frå minoritetsgrupper, samt av begge kjønn.

Uavhengig av kjønn er moglegheitene for å delta på kurs/faglege seminar til stades. Trygderetten har systematisk opplæring av nytilsette, og det blir gjeve tilbod om deltaking på relevante kurs/seminar avhengig av den enkelte sitt arbeidsområde.

Trygderetten er ei IA-verksemd. Sjukefråværet her er forholdsvis lågt (ca. 4,9 pst. i 2011 mot 6,3 pst. i 2010). Trygderetten har som mål å redusere det med eit halvt prosentpoeng – samanlikna med 2010-talet – innan utgangen av 2013.Trygderetten har satt aktivitetsmål på sjukefråværsområdet.

Pensjonstrygden for sjømenn

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

39

61

36

453

444

2010

42

58

36

444

429

Mellomleiarar

2011

50

50

4

604

586

2010

40

60

5

593

639

Saksbehandlarar1

2011

42

58

26

428

428

2010

50

50

26

421

417

Konsulentar/Sekretærar

2011

-

100

3

-

355

2010

-

100

4

-

338

Slutta

2011

67

33

3

2010

25

75

4

Nyrekruttert

2011

-

100

3

2010

-

-

-

Deltidstilsette

2011

50

50

2

2010

33

67

3

Mellombels tilsette

2011

-

1

1

2010

-

-

-

Mogleg timelønna

2011

-

100

1

2010

-

100

1

Foreldrepermisjon

2011

100

-

1

2010

-

-

-

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

1,4

9,2

6

2010

1,3

3,1

2,3

1 Rådgjevar, seniorrådgjevar, førstekonsulentar, arkivleiar.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

Kvinner er i fleirtal i verksemda og utgjer 61 pst. av dei tilsette. Kvinner er òg i fleirtal blant saksbehandlarar med 58 pst. av dei tilsette, mens det i mellomleiargruppa er lik deling mellom kvinner og menn. I gruppa for administrativt personalet (konsulentar/sekretærar) er det berre kvinner. Administrativt personale dekkjer funksjonane arkiv og sentralbord.

Skilnadene i lønn mellom kvinner og menn i verksemda er etter måten liten både sett under eitt og i dei ulike stillingsgruppene. I 2011 utgjorde lønna til kvinnene sett under eitt 98 pst. av lønna til mennene. I mellomleiargruppa utgjorde lønna til kvinnene 97 pst. av lønna til mennene. I stillingsgruppa for saksbehandlarar var det ikkje lønnsskilnad.

Framstillinga av ståa med omsyn til likestilling i verksemda avdekkjer ikkje systematiske skilnader i handsaminga av kjønn i verksemda når det gjeld lønn eller andre tilhøve. Det er ikkje stor lønnsskilnad mellom kvinner og menn på noko plan i verksemda. Frå 2010 til 2011 har kvinners del av menns lønn auka frå 96,5 pst. til 98 pst. I 2009 var talet 94,9 pst. Kvinner er jamnt fordelt i alle stillingsgrupper med unntak av gruppa for administrativt personalet der det berre er kvinner. Kvinner er godt representerte i samband med tiltak for opplæring i fag og arbeidsgrupper og nytter seniorpolitiske aktivitetar på lik linje med menn.

I 2011 har verksemda hatt utfordringar med omsyn til sjukefråvær. Det legemeldte sjukefråværet i 2011 var 6 pst. og var høgare blant kvinner enn blant menn. Av det legemeldte fråværet var 9,2 pst. kvinners fråvær og 1,4 pst. fråvær blant menn. Seks tiltak (leggje oppgåver til rette, tillempe arbeidsplassen, nye rutinar for å følgje opp sjukefråvær, halvdags IA-seminar for leiarane, trening på jobb kvar veke, slutte avtale med BHT) førte til at legemeldt fråvær minska frå 9,4 pst. i 1. kvartal 2011 til 3,6 pst. i 4. kvartal.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion mv. og nedsett funksjonsevne

Verksemda har låg turnover og ein gjennomsnittsalder på 52 år. Nær 40 pst. av dei tilsette er i aldersgruppa frå 60 og oppover og har lang fartstid i verksemda. Det er ei naudsynt oppgåve å auke mangfaldet i verksemda.

Pensjonstrygda for sjømenn legg no om drifta med nye system og løysingar for å modernisere og effektivisere drifta. Sjølv om fleire av dei tilsette vil gå av med pensjon i dei nærmaste åra vil det likevel ikkje være naudsynt å skaffe tilvekst i same takt som fråfallet. Det er difor vanskeleg å setje eit konkret mål for å skaffe tilsette med annen etnisk/religiøs bakgrunn og nedsett funksjonsevne. I verksemda si personalpolitiske retningsliner er det likevel lagt vekt på å nytte rekruttering som eit verkemiddel for å auke mangfaldet i verksemda.

Statens pensjonskasse

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

41

59

409

529

462

2010

40

60

405

525

450

Toppleiarar

2011

50

50

8

968

958

2010

50

50

8

952

925

Mellomleiarar

2011

44

56

32

708

673

2010

55

45

33

715

656

Ev. alternativ karrierevegs stillingar

2011

47

53

36

589

536

2010

41

59

17

613

572

Saksbehandlarar1

2011

40

60

332

489

434

2010

38

62

347

482

404

Konsulentar/Sekretærar

2011

0

0

0

0

0

2010

0

0

0

0

0

Slutta

2011

44

56

34

2010

50

50

18

Nyrekruttert

2011

52

48

42

2010

31

69

36

Deltidstilsette

2011

22

78

27

2010

17

83

30

Midlertidig tilsette

2011

34

66

61

2010

27

73

45

Ev. timelønna

2011

2010

0

0

0

Foreldrepermisjon

2011

13

22

35

2010

27

73

12

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

3,8

5,1

4,6

2010

4,9

1 Rådgjevar, seniorrådgjevar, førstekonsulentar, seniorkonsulentar.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

Statens Pensjonskasse (SPK) si vurdering av likestillingsutfordringar er at slike utfordringar og barrierar er fråværande. Verksemda har eit balansert samansett personale med 59 pst. kvinner og 41 pst. menn. Verksemda har også ein særs god balanse mellom kvinner og menn i leiande stillingar.

I den lokale lønnsforhandlinga har Statens Pensjonskasse dei siste åra hatt føringar som skal bidra til å jamne ut skilnader i lønn mellom kjønna. Dette ser verksemda har ført snittlønna til kvinner og menn nærare kvarandre det siste året. Statens pensjonskasse analyserer lønnsforholda jamleg. Desse syner at innanfor kvar stillingskode er menn og kvinner relativt likt lønna. Men når det i tabellen setttes saman større grupper, til dømes saksbehandlarar som kan vere både rådgjevarar, seniorrådgjevarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar, så vil tabellen syne at menn jamt over tener meir enn kvinner.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion mm. og nedsett funksjonsevne

SPK har vore IA-bedrift sidan 2002. Verksemda har satt mål for vårt IA-arbeid når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne. 2011 hadde vi 18 personar med nedsett funksjonsevne på praksisplass. Av desse var det ni kvinner og ni menn. I 2011 hadde vi 33 tilsette med innvandrarbakgrunn. Av desse var 20 kvinner. Verksemda har ingen definerte utfordringar / barrierar knytt til dette.

Arbeidstilsynet

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)1

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

42

58

579

505

470

2010

42

58

579

495

420

Toppleiarar

2011

50

50

12

834

850

2010

67

33

12

839

839

Mellomleiarar

2011

62

38

34

622

610

2010

65

35

37

594

594

Ev. alternativ karrierevegsstillingar

Avd.direktørar pt ikkje i denne funksjonen2

2011

100

2

697

2010

100

2

684

Seniorrådgivarar

2011

44

56

80

525

515

2010

40

60

78

501

510

Rådgivarar

2011

42

58

77

466

466

2010

46

54

78

448

448

Overlegar

2011

60

40

5

604

593

2010

60

40

5

603

583

Inspektørar

2011

30

70

23

449

445

2010

35

65

17

441

433

Seniorinspektørar

2011

46

54

190

473

463

2010

44

56

189

456

448

Sjefsingeniørar/ senioringeniørar

2011

58

42

36

504

540

2010

63

37

38

491

510

Overingeniørar/ avdelingsingeniørar

2011

56

44

32

476

470

2010

63

37

30

465

456

Sakshandsamarar3

2011

12

74

84

389

386

2010

9

91

88

350

359

Renholdere

2011

100

4

322

2010

100

5

114

Slutta4

2011

55

45

33

2010

56

44

45

Nyrekrutterte4

2011

49

51

55

2010

31

69

61

Deltidstilsette

2011

20

80

60

2010

23

77

22

Midlertidig tilsette

2011

39

61

18

2010

27

73

26

Ev. timelønna

2011

0,4

0,3

2

2010

0,17

1

Foreldrepermisjon

2011

14

86

21

2010

35

65

20

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

3,3

6

4,8

2010

3,9

5,9

5

1 Tala i tabell frå SST samsvarar ikkje med tala frå eiget lønn/personaldatasystem per same dato. Difor vil nokre av tala i tabellen ikkje vere samanliknbare då dei er henta frå to ulike system.

2 I tabell frå SST er desse rekna som del av toppleiinga.

3 Konsulentar, førstekonsulentar, seniorkonsulentar, førstefullmektig, førstesekretær.

4 Tal i kolonnen «slutta» og «nyrekruttert» er henta frå eiget lønn/personaldatasystem per 1. oktober 2011.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

I 2011 rekrutterte Arbeidstilsynet 55 nye tilsette til Arbeidstilsynet. Av desse var 49 pst. menn og 51 pst. kvinner. Dette er positivt for Arbeidstilsynet, då kvinner er i fleirtal (58 pst.).

Arbeidstilsynet har hatt ei positiv utvikling når det gjeld å rekruttere kvinner i leiarstillingar. For toppleiarane er det no ei helt jamn fordeling, med 50 pst. kvinner og 50 pst. menn. Verksemda har ei større utfordring med å utlikne kjønnsbalansen når det kjem til mellomleiarar, som for 2011 er 62 pst. menn mot 38 pst. kvinner. Ved all rekruttering av mellomleiarar oppmodast difor kvinner til å søkje. Arbeidstilsynet har ein god lønnsbalanse mellom kvinner og menn i samanliknbare stillingar. Verksemda tar regelfast ut statistikk for å følgje utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. I dei lokale lønnsforhandlingane har likelønn prioritet fyrst. Eit nytt lønnspolitisk dokument blei ferdigstilt i 2011, i samarbeid med primærorganisasjonane i etaten.

Arbeidstilsynet har ikkje eigne kurs eller aktivitetar retta mot særskilde grupper ut frå eit likestillingsperspektiv. Avgrensinga er berre ut frå kva type oppgåver deltakarane har.

Sjukefråværet per 1.oktober 2011 var 3,3 pst. for menn og 6 pst. for kvinner, totalt 4,8 pst., og gjennomsnittsalder i etaten i 2011 var 48,8 år. Arbeidstilsynet er ei IA-bedrift, og sjukefråværet følgjes tett opp gjennom regelfast uttak av statistikkar som handsamast i Arbeidsmiljøutvalet. Det er definert IA-mål når det gjeld sjukefråvær for perioden 2010-2013. Etaten har utarbeida ein eigen rutine for å følgja opp sjukefråvær. Leiinga i etaten arbeider og aktivt med å førebyggje all form for arbeidsrelatert fråvær og leggja til rette for tilsette som har behov for det.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, relegion mv. og nedsett funksjonsevne

Funksjonshemma/yrkeshemma personar oppmodast alltid til å søkje stillingar. Verksemda si erfaring er likevel at det er få eller ingen som skriv i søknaden at dei er funksjonshemma eller yrkeshemma. Difor er denne gruppa vanskeleg å fanga opp.

Arbeidstilsynet har sidan 2008/2009 delteke i direktorata sitt trainee-program, initiert av Sosial- og helsedirektoratet. Målgruppa er personar med høgre utdanning og nedsett funksjonsevne. I 2011 tilsette verksemda 18 personar med ikkje-vestleg bakgrunn. Dette er ei sterk auking frå året før, der verksemda berre tilsette tre i denne kategorien. Direktoratet for arbeidstilsynet er med i den statlege satsinga «Moderat kvotering av ikkje-vestlege innvandrarar». Arbeidstilsynet er no inne i si andre periode i 2012-2013.

Arbeidstilsynet har utarbeida ein policy for rekruttering som skal sikra kvalitet og lik praksis i rekrutteringa, og som også skal sikra lik handsaming av søkjarane uavhengig av kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. Hausten 2012 startar verksemda opp en prosess med gjennomgang av heile rekrutteringsprosessen som skal heva kvaliteten ytterlegare.

Petroleumstilsynet

Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønnsbalanse

Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner)

M %

K %

Total (N)

M

K

Totalt i verksemda

2011

54

46

166

783

618

2010

54

46

167

748

589

Toppleiarar

2011

40

60

5

1 105

1 057

2010

40

60

5

1 065

1 057

Mellomleiarar

2011

53

47

15

972

928

2010

53

47

15

957

889

Saksbehandlarar

2011

58

42

135

763

599

2010

57

43

136

722

575

Konsulentar/ Sekretærar

2011

18

82

11

441

346

2010

18

82

11

425

342

Slutta

2011

57

43

7

2010

43

57

7

Nyrekruttert

2011

50

50

8

2010

60

40

5

Deltidstilsette

2011

53

47

15

2010

53

47

15

Midlertidig tilsette

2011

0

100

5

2010

0

100

4

Ev. timelønna

2011

0

0

0

2010

0

0

0

Foreldrepermisjon

2011

67

33

7

2010

43

57

7

Legemeldt sjukefråvær (%)

2011

2,2

4,9

3,5

2010

3,2

5,3

4,2

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn

Ifølgje Petroleumstilsynet (Ptil) sin personalpolitikk skal Ptil fremme likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vera ein integrert del av verksemda. I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansetting av kjønn og alder.

Likestilling (tiltak) vert fokusert på og er teke inn i Ptil si tilpassingsavtale med organisasjonane. Ptil har ikkje identifisert spesielle utfordringar knytt til kjønn. Ei intern undersøking om arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i etaten som ble gjennomført i januar 2012, viste at kjønn har lite å seie for opplevinga av arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i Ptil.

Skilnadene i lønn mellom kvinner og menn når det gjeld toppleiarar og mellomleiarar er relativt liten. Ein del av dei kvinnelege leiarane er fleire år yngre en dei mannlege leiarane og har mindre røynsle som leiarar. Ptil rekrutterer i stor grad ingeniørar og det er stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer lønnsnivået i petroleumsnæringa.

Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion mv. og nedsett funksjonsevne

For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og tryggleikskurs. I slike stillingar er det difor vanskeleg å tilsette søkjarar med nedsett funksjonsevne. I administrative stillingar kan Ptil leggje til rette for søkjarar med nedsett funksjonsevne. Lokala er under renovering og utbygging til universell utforming. Det var ingen søkjarar med redusert funksjonsevne til dei utlyste stillingane i 2011.

Alle kvalifiserte søkjarar med annan etnisk bakgrunn enn norsk vert kalla inn til intervju. Det er ikkje gjort nokon tilsetting av medarbeidarar med slik bakgrunn i 2011. Det er ei målsetting å tilby minst ein praksisplass per år. Denne praksisplassen ønskjer Ptil primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk. Ein slik person med slik bakgrunn fekk praksisplass (seks månader) i 2011.

10 Miljøprofil – sektorovergripande tiltak

Arbeidsmiljø og sikkerheitsområdet – miljøprofil

Innleiing

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene sin innsats har ein positiv og førebyggande effekt på det ytre miljøet. Vern av arbeidstakarar mot eksponering for helsefarlege kjemikaliar, som er eit av fokusområda for arbeidsmiljømyndigheitene, er med på å gje generelt større kunnskap om og medvit knytt til bruk, oppbevaring og destruksjon av kjemikaliar. Substitusjonsprinsippet fører til at helsefarlege kjemikaliar bytast ut med mindre farlege produkt. Fokuset på støy som ein helseskadeleg faktor i arbeidslivet, gjer til at det generelle støynivået i og omkring verksemder blir redusert, samtidig som det blir utvikla teknologi og materiale som vil føre til ein generell støyreduksjon. Generelt vil arbeidsmiljømyndigheitene sin aktivitet med å utvikle ein robust sikkerheitskultur, der det blir lagt vekt på ei systematisk oppfølging av helse, miljø og sikkerheit, føre til at verksemder blir betre rusta til å ivareta sine miljøutfordringar. Forskings- og utviklingsarbeid frå arbeidslivet, enten det gjeld kjemikaliar, støy eller andre områder, vil kunne ha overføringsverdi til anna miljøarbeid.

Det må likevel erkjennast at det i einskilde tilfelle kan oppstå motstridande interesser i forholdet mellom det å ville beskytt arbeidstakarane og det ytre miljøet. Særleg har ein sett dette i einskilde samanhengar der målretta miljøtiltak har ført til ein auka risiko for eksponering av arbeidstakarar. På same måte kan tiltak for vern av arbeidstakarar føre til auka utslepp til miljøet. Kjennskap til at det føreligg slike mogelegheiter for motstridande interesser gjer at ei effektiv forvaltning krev ei god koordinering, der data både om helse og miljø blir innarbeidde i risikovurderingar og tiltak.

I petroleumsverksemda har Petroleumstilsynet gjennom si rolle som myndigheit for sikkerheit ein funksjon som mellom anna retter seg direkte mot ivaretaking av det ytre miljøet. Petroleumstilsynet stiller gjennom sitt regelverk krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønska hendingar som kan føre til akutt forureining. Macondo- og Montaraulykkene viser tydeleg dei konsekvensane ei storulykke har, også for det ytre miljøet, og dermed viktigheita av å førebygge ulykker. Petroleumstilsynet bidreg i denne samanhengen spesielt i forvaltningsplanarbeidet (Barentshavet, Nordsjøen, Norskehavet), i tilsyn retta mot oljeselskapa, og med å bringe fram ein oppdatert oversikt over risiko for akutte utslepp i petroleumsverksemda på norsk sokkel, som kan leggast til grunn for nødvendige betringstiltak. Petroleumstilsynet legg og vekt på samarbeid med Russland og samarbeid med andre land med interesser i arktiske områder, og arbeider dessutan for at det blir lagt meir vekt på FoU og teknologiutvikling retta mot å hindre eller stanse akutte oljeutslepp til sjø.

Klimaendringar og nasjonal/internasjonal mobilisering fører med seg behov for tiltak for handtering og reduksjon av klimagassutslepp. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene skal sjå til at næringa sin reduksjon av utslepp av klimagassar blir gjennomført på ein sikkerheits- og arbeidsmiljømessig forsvarleg måte. Petroleumstilsynet arbeider i denne samanhengen mellom anna med å greie ut om risikoar som blir introdusert ved CCS (Carbon capture and storage), og med å lukke kunnskapshol på sikkerheits- og arbeidsmiljøområdet, slik at CCS kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.

Arbeidsdepartementet sitt arbeid vil primært omfatte følgande resultatområde:

  • Reint hav og vatn og eit giftfritt miljø

  • Eit stabilt klima og rein luft, som også inkluderer området reduksjon av støy

  • Forvaltningsplanar for dei norske havområda (Barentshavet/Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen/Skagerrak)

  • Oppfølging av Naturmangfaldlova

Miljøutfordringar i petroleumsverksemda

Omtalen av miljøutfordringane er avgrensa til:

  • Førebygging av forureining ved å hindre akutte utslepp til sjø og luft, og å redusere regulære utslepp til sjø og luft

  • Kjemping mot ulykker ved kjelda

Petroleumsverksemda er strengt regulert både når det gjeld utnytting av ressursar og helse-, miljø- og sikkerheitskrav. Rammene for petroleumsverksemda blir sette både gjennom lovar og forskrifter og gjennom forvaltningsplanane for havområda.

Aktørbildet på norsk sokkel, med mellom anna mange små aktørar som ofte har avgrensa kapasitet, kunnskap og erfaring med å drive verksemd i samsvar med norsk regelverk i tillegg til StatoilHydro som ein dominerande aktør, utfordrar strategiane for å følge opp verksemdene. Samtidig er aktiviteten i ferd med å flytte seg inn i miljøsårbare områder der det må leggast enda sterkare vekt på å prioritere førebyggande miljøsikkerheit.

Dei tillatne, regulære utsleppa frå prosessar i olje-/gassindustrien omfattar kategoriar som olje, produsert vatn, kjemikaliar og andre organiske forbindelsar. Utslepp til luft; CO2, NOx, nmVOC, CH4 og S02, skjer i forbindelse med energiproduksjon, fakling og brønntesting osv.

Uførutsette hendingar som skuldast utforming eller drift/operasjon kan medføre akutte/utilsikta utslepp i dei same kategoriane. Av akutte utslepp er det dei store utsleppa av olje og gass knytte til ei ukontrollert utblåsing, brot på røyrleidningar eller ved kollisjon med tankfartøy som held i seg størst fare for miljøet.

Risiko for akutte utslepp

Petroleumstilsynet overvakar utviklinga av mellom anna risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, inkludert storulykkesrisiko. Hensikten med dette arbeidet er å fange opp negative trendar tidleg nok til å handle proaktivt og målretta for å unngå storulykker i norsk petroleumsverksemd. Ein årleg rapport om denne risikoutviklinga, Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP), tek utgangspunkt i eit omfattande datamateriale og dekker både hendingar, tilløp til hendingar, årsaker og barrierar. Status og trendar for akutte utslepp av råolje, andre oljer og kjemikaliar er henta frå RNNP 2011.

Råolje

I 2001 – 2010 har det vore ein tydeleg reduksjon i talet på akutte råoljeutslepp til sjø for norsk sokkel. Reduksjon i talet på akutte oljeutslepp har vore markert i perioden 2001-2004, medan talet har helde seg på eit stabilt nivå i perioden 2004-2010. Det er observert ein høgare verdi i 2011, men det er for tidleg å seie om dette markerer ei endring i trendbildet.

Hovuddelen av akutte utslepp av råolje på norsk sokkel er plassert i kategorien 0-10 tonn. I 2007 var det ei enkelthending der utsleppsmengda var over 3500 tonn. Verdien dette året er derfor betydeleg høgare samanlikna med andre år. Det er likevel ingen klar trend når ein ser på mengda akutte utslepp av råolje, men dei siste åra har ho lege på eit nokolunde stabilt nivå.

Andre oljer (spillolje, diesel, fyringsolje 1-3 og andre oljer)

Det har vore ein nedgang i talet på akutte utslepp av andre oljer per innretningsår på norsk sokkel etter år 2002. Talet per innretningsår hadde likevel ein oppgang i 2007 og 2008, før ein igjen hadde ein reduksjon i 2009 og 2010. Det er også i 2011 ein nedgang. Mengda av utslepp av andre oljer på norsk sokkel har vore svært varierande i perioden, med toppar i 2004 og 2007.

Kjemikaliar

Talet på akutte utslepp av kjemikaliar har vore varierande gjennom perioden. Frå 2006 har det vore ei auke i talet på hendingar fram til 2009. Det har sidan vore ein jamn nedgang i talet på utslepp.

Mengda utslepp av kjemikaliar på norsk sokkel i perioden 2001-2010 har vore stabil med unntak av verdiane i 2003 og 2004. Årsaka til dei høge verdiane i 2003 og 2004 er at det desse åra fann stad ein del store utslepp i Nordsjøen av kjemikaliar i den øvste mengdekategorien (> 1 m3).

Regulære utslepp

Bruk av kjemikaliar er nødvendig for å sikre forsvarleg verksemd i petroleumsektoren, men representerer samtidig ei utfordring både med omsyn til det ytre miljøet, og til helse og arbeidsmiljø. Etter at målet om null utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø kom i 1997, er utsleppa av kjemikaliar i svart kategori redusert frå 228 tonn til 0,6 tonn i 2011. Utslepp av kjemikaliar i raud kategori er redusert frå 3933 tonn til 8 tonn i same periode. Meir enn 99 pst. av alle miljøfarlege kjemikaliar er fjerna dei siste ti åra. Utanom desse kjemikaliane er det framleis ei stor mengd ulike kjemikaliar i bruk i petroleumsverksemda.

Mogelege motstridande interesser når det gjeld sikkerheit og skjerming av arbeidstakar og ytre miljø, fordrar ei god koordinering, kor aspekt knytte til både helse, sikkerheit og miljø blir integrerte i risikovurderingar og tiltak. Nye teknologiar for å reinse produsert vatn har ført til, og vil føre til ytterlegare reduksjon av oljeutslepp i samband med produsert vatn. Gjennomsnittleg konsentrasjon i 2010 var 11 milligram per liter. Dette er på same nivå som i 2009. Totalt blei 1500 tonn olje sleppt til sjø med produsert vatn i 2010. Driftsstans ved eit slikt anlegg vil føre med seg auka risiko for akutte utslepp av ureinsa, produsert vatn.

Mål for arbeidet med desse utfordringane

Styresmaktene på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal medverke til å førebygge forureining til sjø og til luft frå petroleumsverksemda ved å bygge opp om dei nasjonale miljømåla og klimapolitikken. Petroleumstilsynet skal ut frå gjeldande regelverk føre tilsyn med verksemdene.

Rapport om oppnådde resultat i 2011

For å sørge for eit solid kunnskapsgrunnlag for arbeidet med førebygging av utslepp til det ytre miljøet har Petroleumstilsynet gjennomført eit prosjekt for å utnytte eksisterande data i RNNP og OLF sin Environmental Web-database. Målet har vore å utvikle risikoindikatorar som kan brukast for å overvake utviklinga av risiko for uønskte hendingar i petroleumsverksemda til havs som kan føre til akutt ureining til sjø. Den første rapporten blei gitt ut i november 2010, og sidan har det komme ei årleg publisering. Data frå rapporten for 2012 viser mellom anna at:

  • talet på akutte råoljeutslepp til sjø på norsk sokkel sedd under eitt blei meir enn halvert i perioden 2001–2004 (frå 85 til 40), medan nivået har vore nokolunde konstant i perioden 2004–2011 (talet på råoljeutslepp i 2011 var 34).

  • det er ikkje nokon klar trend når det gjeld storleiken på akutte råoljeutslepp som har skjedd i perioden 2001–2011 for norsk sokkel sett under eitt, men dei fleste utsleppa er på mindre enn eitt tonn. Det siste større utsleppet vi har hatt på norsk sokkel var eit utslepp på ca. 3700 tonn i 2007. I 2011 var det berre hendingar med utslepp i den minste mengdekategorien, 0-10 tonn. Dette er ikkje medrekna lekkasjar frå injeksjonsbrønnar.

  • talet på hendingar med prosesslekkasjar som potensielt kunne ha ført til akutte utslepp på norsk sokkel har hatt ein fallande tendens i heile perioden (2001–2011), og talet på hendingar per innretningsår i 2011 er det lågaste i perioden.

  • brønnkontrollhendingar og gasslekkasjar har vore mindre alvorlege i 2008 og 2009 samanlikna med perioden 2004–2006, men det viser seg at det etter ei gjennomgåande positiv utvikling dei siste åra er det eit klart negativt trekk at talet for hydrokarbonlekkasjar og brønnkontrollhendingar auka i 2010, og ligg framleis på same nivå i 2011.

Aktuelle tiltak på kort og lang sikt for å løyse og førebygge miljøproblem og korleis føreslåtte tiltak i 2013 vil kunne bidrage til dette

Nedanfor blir dei mest sentrale tiltaka i Petroleumstilsynet sitt arbeid for å løyse og førebygge miljøproblem nemnde:

  • Vidareutvikling og forvaltning av HMS-regelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger dei nasjonale og regionale miljømåla og klimapolitikken

  • Ha oversikt over, og følge opp at prosessane rundt avgjerder i petroleumsnæringa integrerer omsynet til energileiing og styrker bruk av beste tilgjengelege teknologi og beste operasjonspraksis

  • Bruke resultata frå miljødelen av RNNP i regelverksarbeid og tilsyn

  • Aktivt samarbeid med andre etatar i forbindelse med utvikling og oppfølging av heilskaplege planar for forvaltning for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen

  • Utgreie risikoar som blir introduserte ved CCS (Carbon capture and storage) og lukke kunnskapshol på sikkerheits- og arbeidsmiljøområdet slik at CCS kan gjennomførast på ein forsvarlig måte. Halde oversikt over utviklinga av aktuelle CCS-prosjekt og relevant regelverksarbeid knytte til CCS.

11 Samfunnstryggleik- og beredskap

Generelt

Arbeidsdepartementet sitt arbeid med samfunnstryggleik- og beredskap tek utgangspunkt i dei måla, oppgåvene og prioriteringane som er gitt i Meld. St. 29 (2011-2012) Samfunnstryggleik, og dei krav og forventningar som er gitt i lovverk, avtaler og andre styrande dokument for beredskapsarbeidet. Systematikken i arbeidet er på linje med instruksen for departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik, jf. kongeleg resolusjon av 15. juni 2012.

Det vil vere eit særskilt fokus på å følgje opp dei forholda i rapporten frå 22. juli-kommisjonen som har relevans for Arbeidsdepartementet sitt sektoransvar. Dette ansvaret omfattar arbeids- og velferdsområdet og arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet. Underliggande etatar og andre tilknytte verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnstryggleik- og beredskap er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Oppgåver og tiltak på dette området vert prioritert innafor etatane sine ordinære budsjett.

Arbeids- og velferdsområdet

Arbeids- og velferdsetaten og Statens pensjonskasse har ansvar for å tilby høvesvis arbeidsmarknads-, sosial- og trygdetenester samt pensjonsutbetalingar, også etter at ei krise eller katastrofe har funne stad i tider med fred og i krig. For å dempe skadverkningar skal etatane arbeide for å førebyggje at kriser finn stad og ha gode beredskapsplanar dersom ei krise har oppstått.

Etatane sine IKT-system er svært viktige for å sikre utbetaling av naudsynte ytingar og andre tenester frå etatane. Den største trusselen er knytt til ulike senario som kan leie fram til samanbrot i etatane sine IKT-system. Departementet vil i dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet og Statens pensjonskasse foreta ein ny gjennomgang og vurdering av etatanes tryggleiks- og beredskapsarbeid med sikte på tiltak for å redusere risiko.

Arbeids- og velferdsetaten og Statens pensjonskasse vil vidare leggje vekt på at beredskapspersonell vert øvd og lært opp, at leverandørar av varer og tenester held avtalar om leveransar, samt at informasjonstryggleiken tilfredsstiller krava i personopplysningslova.

Arbeidsmiljø- og sikkerheit

Petroleumsverksemda er underlagt strenge krav for å sikre et høgt nivå for helse, miljø og sikkerheit, samt førebygging av storulykker. Det er Arbeidsdepartementet/Petroleumstilsynet som har myndigheitsansvar for regelverk og tilsyn med tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, inkludert for landbaserte petroleumsanlegg med tilknytte røyrleidningssystem. Myndigheitsansvaret gjeld alle fasar av verksemda, som ved planlegging, prosjektering, bygging, bruk og ved eventuell seinare fjerning.

Petroleumstilsynet sitt tilsyn og samarbeid med andre myndigheiter på helse, miljø og sikkerheitsområdet (HMS) skal sikre at verksemdene har tilfredsstillande beredskap ved fare- og ulykkessituasjonar. Lovgivinga på området tek utgangspunkt i å førebyggje ulykker og skader, og det er eit særskilt fokus på å hindre storulykker

Ved ei HMS-hending på sokkelen er operatør ansvarleg for å setje i verk naudsynte tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har etablert ei beredskapsvaktordning som kan varsle vidare til andre involverte myndigheiter og sikre effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeidsdepartementet, som har det overordna ansvaret for Petroleumstilsynet.

Arbeidsdepartementet har òg ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit i landbasert arbeidsliv, men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap. Det er satt i gang eit arbeid for å etablere varslings- og oppfølgingsrutinar for landbasert verksemd, etter mønster av det ein har på sokkelen.

For nærare omtale av arbeidsmiljø og sikkerheit i petroleumsverksemda, sjå resultatområde 4 Arbeidsmiljø og sikkerheit, samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit, kap. 642 Petroleumstilsynet og kap. 640 Arbeidstilsynet.

Mål

Arbeidsdepartementet sitt overordna mål på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet er å førebyggje uønska hendingar i vår sektor, samt å styrke evna og kapasiteten til å handsame og minske følgjene dersom ei uønska hending likevel oppstår. Det kontinuerlige arbeidet med dette skal haldast fram for å sikre at risikoerkjenning og ivaretaking av samfunnstryggleiken pregar grunnleggande haldningar i sektoren og er godt forankra i leiinga.

Satsingsområde

Delmål: Etablere og systematisk ivareta ei god oversikt over risiko, truslar, sårbarheitar og potensielle krisescenario i sektoren

I ein rapport frå Direktoratet for sivilt beredskap hausten 2009, etter tilsyn med ADs beredskapsarbeid, vart departementet råda til å styrke arbeidet med risiko- og sårbarheitsvurderingar. I samband med dette har det til nå vore fokus på å vurdere potensielle skjermingsverdige objekt. Heile sektoren har teke del i arbeidet med å vurdere om det er objekt som må vernast mot tryggleikstruande aktivitet av omsyn til riket si eller alliert tryggleik eller andre nasjonale tryggleiksinteresser, i samband med krava om dette i Lov om førebyggande sikkerheitsteneste (sikkerheitsloven) av 20. mars 1998 og i forskrift av 22. oktober 2010 om objektsikkerheit. Arbeidet skal ferdigstilles innen utgangen av 2012.

I samarbeid med Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet er det gjennomført ein sårbarheitsanalyse av departementets lokaler. Analysen er utført av ei ekspertgruppe, som og har gitt tilrådingar om sikringstiltak. Som følgje av dette er AD, i samarbeid med FAD, i ferd med å implementere ulike bygningsmessige og organisatoriske sikringstiltak i eige lokale.

Departementet har etablert eit planverk for krisehandsaming. I samband med dette planverket er det utarbeidd oversikter over potensielle krisehendingar med innverknad på departementet, og moglege handlingar i desse tilfella. Eit prosjekt for å utvikle ein meir omfattande oversikt over relevante krisescenario med konsekvensar for ADs sektor vil bli vurdert hausten 2012. Eit slik prosjekt vart tilrådd i departementet sin gjennomgang av eigen handsaming av hendingane 22. juli. Det er forventa at dette vil gi ny kunnskap om kva for risiki som må takast omsyn til i utviklinga av beredskapen.

Delmål: Styrke leiarforankringa og grunnleggande haldningar og kultur knytta til risikoerkjenning og iverksetting av risikoreduserande tiltak

Det vert lagt vekt på å følgje opp 22. juli-kommisjonens anbefalingar om å styrke dei grunnleggande haldningane og kulturen knytta til arbeide med samfunnstryggleik- og beredskap, for derigjennom å betre evna til å beskytte samfunnet. Dette målet er nært knytta til og må sjåast i samanheng med målet om læring og overføring av erfaringar.

Ei styrking av leiarforankringa og fokuset på førebyggande beredskap vil inngå som ein del av dei ordinære arbeidsprosessane i departementet. Det vil vere eit tema i samband med kompetanseutvikling, samt øving og opplæring. Framover vil dette bli sterkare vektlagd som tema i den ordinære styringsdialogen med underliggande etatar, for å skaffe ei tilstrekkeleg oversikt over deira arbeid på området. Det vil innebere ei grundig gjennomgang av kva for krav som vert stilt i tildelingsbreva og at temaet vert fulgt opp tettare.

Delmål: Vere forberedt på å handsame departementet sitt ansvar i krisehendingar

Arbeidsdepartementet sitt planverk for krisehandsaming skal dekke dei ulike typane kriser som AD kan bli involvert i. Planverket har fokus på rutinar og prosedyrar for varsling, etablering av kriseleiing, samhandling og koordinering med andre departement, kontakt med underliggande verksemder, situasjonsrapportering og liknande. Planverket vert revidert jamnleg, sist på grunnlag av erfaringane frå 22. juli handsaminga. Desse erfaringane er lagt til grunn for forbetringar i rutinane for varsling, rapportering, ivaretaking av medarbeidarar i ei krise og bruken av tekniske støttesystem. Erfaringar frå øvingar og andre reelle hendingar blir og lagde til grunn for forbetringar. Det er eit arbeid i gang med å utvikle nye planar for krisekommunikasjon og krisehandsaming ved tryggingspolitiske kriser og krig (knytta til Sivilt beredskapssystem, SBS). Begge desse vil vere ferdig utarbeidd i løpet av 2012.

Departementet vil framover vurdere og avklare eventuelle uklare grensesnitt opp mot andre departementer sine ansvarsområde. Dette som grunnlag for å sikre at beredskapen er riktig dimensjonert.

Delmål: Sikre gode system for læring og overføring av erfaringar med førebyggande beredskap og handsaming av kriser.

Arbeidsdepartementet har dei siste åra delteke i ei til to årlige samhandlingsøvingar med andre departement. Det vert òg lagt vekt på å gjennomføre interne øvingar og kompetanseutvikling om førebyggande beredskap og krisehandsaming. Eksempelvis vil det bli gjennomført ein informasjonskampanje for IKT-tryggleik for tilsette i departementet, og ei intern beredskapsøving er planlagt før utgangen av 2012. Det er eit mål å oppretthalde arbeidet med øvingar og kompetanseutvikling. Samstundes skal dokumentering og evaluering systematiserast nærare, for å sikre ei dynamisk utvikling av beredskapen.

Departementet vil òg halde fram og vidareutvikle eit godt samarbeid med underliggande etatar om øving og opplæring. Dei ulike verksemdene har likevel varierande roller, føresetnader og kultur sett i samband med samfunnstryggleik- og beredskapsoppgåver. Systematisk risikotenking er til dømes meir utvikla i petroleumsverksemda enn på andre områder. Departementet vil derfor søke å skape gode arenaer som kan bidra til å overføre erfaringar med tryggleiks- og beredskapsarbeid frå petroleumsområdet til andre delar av departementet sitt sektoransvar.

12 Grunnbeløp, særtillegg og stønader

Grunnbeløpet er ein berekningsfaktor som har betydning for retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet regulerast kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2012 økte grunnbeløpet frå 79 216 kroner til 82 122 kroner. Dette er ein auke på 3,67 pst. Det gjennomsnittlige grunnbeløpet auka med 4,01 pst. frå 2011 til 2012.

Grunnbeløpet fastsetjast på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I trygdeoppgjeret for 2011 blei det lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,9 pst. Faktisk lønnsauke for 2010 blei i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet anslått til 4,2 pst. Det ligg føre eit avvik på 0,3 prosentpoeng for 2011. I trygdeoppgjeret for 2011 blei det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,75 pst for 2010. Faktisk lønnsauke for 2010 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet berekna til 3,7 pst. Det ligg føre eit avvik på 0,05 prosentpoeng for 2010. Desse avvika blei medrekna ved fastsetjinga av nytt grunnbeløp i 2012.

Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet. Frå 2011 er særtillegget til alderspensjonen erstatta av eit pensjonstillegg, sjå under.

a. Grunnbeløpet

Følgjande pensjonsytingar fastsetjast i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjør i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som også har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

85

3.

Tillegg for ektemake til pensjonist med full grunnpensjon før inntektsprøving

50

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Samme beløp som etterlatte pensjon til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlatt, ugift, skilt eller separert forsørgjar

200

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har ein årlig inntekt som er større enn to ganger grunnbeløpet regnes som selvforsørgende.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon. Nivået på alderspensjonen avheng difor av når pensjonen vert tatt ut. For alderspensjonistar tilsvarer fullt tillegg for ektemake og barnetillegg respektive 25 pst. og 20 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, kr 162 615 frå 1. mai 2012.

b. Særtillegget

Særtillegg vert gitt til personar som får:

  • uførepensjon etter kapittel 12,

  • overgangsstønad og pensjon til attlevande ektefelle etter kapittel 17,

  • overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter kapittel 16 og

  • pensjon til foreldrelaust barn etter kapittel 18

Særtillegget er først og fremst meint for dei som pga. alder eller av andre årsaker ikkje har tent opp tilleggspensjon. Særtillegget vert redusert eller fell bort i den utstrekning det vert gitt tilleggspensjon . Frå 2011 blei særtillegget for nye alderspensjonistar erstatta av eit pensjonstillegg.

c. Pensjonstillegget

Pensjonstillegget vert gitt til personar som får:

  • alderspensjon etter kapittel 19

Pensjonstillegget fastsetjast med eit kronebeløp medan særtillegget fastsetjast i prosent av grunnbeløpet. Dette er ei teknisk omlegging som ikkje har innverknad på storleiken på alderspensjonen. Pensjonstillegget vert utbetala dersom summen av grunnpensjonen og tilleggspensjonen er lågare enn minste pensjonsnivå etter § 19-8. Minste pensjonsnivå fastsetjast etter ulike satsar. Satsane avheng av sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon.

Andre stønader som Stortinget fastsetjer storleiken av1:

Type stønad

2012

2013

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter ved uførleik etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

7 572

7 716

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli forhøya til

11 568

11 796

1c.

eller til

15 180

15 468

1d.

eller til

22 356

22 788

1e.

eller til

30 312

30 888

1f.

eller til

37 860

38 580

2a-1.

Hjelpestønad til uføre som må ha hjelp i huset23

12 624

12 864

2a-2.

Hjelpestønad etter lova § 6-4 til uføre som må ha særskilt tilsyn og pleie3

13 572

13 836

2b.

Forhøya hjelpestønad etter lova § 6-5 til uføre under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie4

27 144

27 672

2c.

eller til

54 288

55 344

2d.

eller til

81 432

83 016

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

20 652

21 336

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-11 og 17-95

for eitt barn

42 411

43 812

for to barn

55 340

57 168

for tre eller fleire barn

62 701

64 776

1 Satsane under pkt. 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Stønad til hjelp i huset gjeld tilfelle før 1. januar 1992.

3 Frå 1. januar 1997 er det skilt mellom stønad til hjelp i huset og stønad til særskilt tilsyn og pleie.

4 Gjeld også ved uførleik på grunn av yrkesskade, jf. lova § 12-18.

5 Frå 1. januar 2004 blir 64 pst. av dokumenterte utgifter til barnetilsyn dekte. Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

13 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for innrapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar pr. 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeida tre standardtabellar med nøkkeltal for STAMI:

Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til løn

74 081 168

76 224 504

76 755 111

77 446 000

Varer og tenester

36 530 991

43 533 103

40 544 902

40 500 000

Sum driftsutgifter

110 612 159

119 757 607

117 300 013

117 946 000

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

1 274 415

3 519 519

4 286 234

5 154 000

Sum investeringsutgifter

1 274 415

3 519 519

4 286 234

5 154 000

Sum utgifter

111 886 574

123 277 126

121 586 247

123 100 000

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

5 503 726

3 883 669

3 985 450

3 750 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

250

400

450

0

Refusjonar

1 031 474

1 804 200

1 670 180

1 400 000

Andre driftsinntekter

295 544

574 966

450 561

450 000

Sum driftsinntekter

6 830 994

6 263 235

6 106 641

5 600 000

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

93 000 000

98 300 000

99 950 000

101 500 000

Andre innbetalingar

20 535 457

24 059 140

16 574 680

16 000 000

Sum overføringsinntekter

113 535 457

122 359 140

116 524 680

117 500 000

Sum inntekter

120 366 451

128 622 375

122 631 321

123 100 000

3. Nettoendring i kontantbehaldning (2-1)

8 479 877

5 345 249

1 045 074

0

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og førermålet med tabell 2 er å gje ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

2009

2010

2011

Budsjett 2012

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

93 000 000

98 300 000

99 950 000

101 500 000

Løyvingar frå andre departement

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

Tildeling frå Norges forskningsråd

6 434 724

8 494 979

8 067 775

8 000 000

Sum løyvingar

99 434 724

106 794 979

108 017 775

109 500 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

Bidrag frå private

15 281 228

15 541 014

8 506 904

8 000 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

Sum bidrag

15 281 228

15 541 014

8 506 904

8 000 000

Oppdragsinntekter

Oppdrag frå statlege verksemder

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

Oppdrag frå private

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter, refusjonar)

5 650 499

6 286 382

6 106 642

5 600 000

Sum oppdragsinntekter

5 650 499

6 286 382

6 106 642

5 600 000

Sum inntekter

120 366 451

128 622 375

122 631 321

123 100 000

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Instituttet sine inntekter frå bidragsforskinga utgjorde i 2011 om lag 13,5 pst. av instituttet sine totale inntekter. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Norges forskingsråd og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning pr. 31. desember i perioden 2008 – 2010 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Rekneskapspost

2009

2010

2011

Endring 2010-2011

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Norges Bank

48 087 419

53 432 669

54 477 743

1 045 074

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

Sum kontantbehaldning

48 087 419

53 432 669

54 477 743

1 045 074

Avsetningar til dekking av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

7 148 620

6 436 272

6 435 868

-404

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 680 256

6 807 787

6 667 739

-140 048

Gjeld til leverandørar

157

443 340

13 668

-429 672

Gjeld til arbeidsgjevarar

Annan nettogjeld/fordring som forfell i neste budsjettår

-3 325 048

-1 765 239

-3 876 433

-2 111 194

Sum til dekking av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

9 503 985

11 922 160

9 240 842

-2 681 318

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt fiansiert av Norges forskningsråd

18 908 037

22 286 090

21 225 229

-1 060 861

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdep.

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdep.

7 827 900

2 931 577

3 072 117

140 540

Andre avsetningar til vedtatte ikkje igangsette føremål.

10 947 497

15 192 842

19 639 555

4 446 713

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

37 683 434

40 410 509

43 936 901

3 526 392

Andre avsetningar

Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål

900 000

1 100 000

1 300 000

200 000

Fri verksemdskapital

Sum andre avsetninar

900 000

1 100 000

1 300 000

200 000

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktige forpliktingar knytt til anleggsmiddel

Anna langsiktig gjeld

Sum langsiktig gjeld (netto)

Sum netto gjeld og forpliktingar

48 087 419

53 432 669

54 477 743

1 045 074

Utanom avsetninga til arbeidsgjevaravgift, feriepengar og arbeidsgjevar sine pensjonsinnskudd, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og del av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til anskaffing av vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna også for NOA og den nye arbeidsmedisinske satsinga.

Fotnoter

1.

Asia, Afrika, Latin- Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU.
Til forsiden