Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
3 Nærmare om budsjettforslaget
Programområde 11
Programkategori 11.00 Administrasjon
Hovudinnhald og prioriteringar
Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.
Mål
For 2014 blir desse måla prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
1. God og open forvalting | 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet |
1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder | |
1.3: God og målretta informasjon |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet
Resultatrapport 2012/2013
Prosjektet BLD 2013 er avslutta. Nokre tiltak er sluttført, nokre er integrert i det ordinære arbeidet, medan andre blir ført vidare i eit nytt prosjekt: Program for god forvaltning. Det blei gjennomført kurs og andre tiltak med sikte på å sikre nødvendig kompetanse på ulike område i departementet.
BLD har i 2013 også arbeidd med andre tiltak som har som mål å få høg kvalitet på arbeidet departementet gjer som sekretariat for den politiske leiinga, og meir kunnskapsbasert politikkutforming og sikre kapasitet til iverksetjing og samordning av vedteken politikk. Det er mellom anna sett på ansvarsdelinga mellom departementet og underliggjande verksemder.
BLD har ikkje ansvar for samfunnskritisk infrastruktur og har heller ikkje, slik Nasjonal sikkerheitsmyndigheit vurderer det, ansvar for objekt det er samfunnskritisk å sikre. Det er likevel slik at BLD har ansvar for område det er viktig å sjå til er budd på kriser.
BLD har òg samordningsansvar for område som er viktige for andre sektorar sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, til dømes universell utforming og informasjon til innvandrarbefolkninga. Arbeidet i BLD med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda og med utfordringane som finst innanfor kvart område. Hovudmålet til BLD for beredskapsarbeidet er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå. BLD har sidan 2011 arbeidd med tilpassing og forbetring av beredskapsplanverk for departementet.
BLD har i 2012/2013 arbeidd vidare med profesjonalisering av tilskotsforvaltinga. Dette har mellom anna ført til at forvaltinga av alle dei nye tilskotsordningane som blei oppretta i 2013 er lagt til direktorata.
Strategiar og tiltak for 2014
Styrking av kompetansen i departementet vil ha høg prioritet i 2014. Det vil òg bli arbeidd med vidareutvikling av arbeidsformer og meir tilpassa organisering av sentrale funksjonar.
Departementet vil følgje opp at direktorata har ei open og effektiv tilskotsforvaltning. Dette inneber mellom anna kunngjering av tilskotsmidlar på eit tidleg tidspunkt og effektiv handsaming av innkomne søknadar.
Som tiltak for å bu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD i 2014 halde øving både i departementet og saman med underliggjande etatar og tilknytte verksemder i 2014, for å teste eigen beredskap. Departementet vil gjennomgå erfaringane etter øvingar med sikte på læring og forbetring i planverket i eiga og tilknytte verksemder.
Delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2010–2011). Verksemdene er omtalt under eigne fagkapittel i del II.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
I 2012 har IMDi prioritert ressursar for auka innsats på busetjing, auka innsats på direktoratets IKT-satsing og førebuing av overtaking av forvaltinga av tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
IMDi har sidan 2011 arbeidd med ei større IKT-satsing, innføringa av IMpact. Forprosjektet er no avslutta, og arbeidet med hovudprosjektet er sett i gang. Formålet med satsinga er utvikling og innføring av eit støtteverktøy for heile IMDis verksemd for å effektivisere busetjingsarbeidet, auke kvaliteten i dialogen med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapporteringa på resultat.
IMDi blei oppretta den 1. januar 2006 ved at delar av UDIs verksemd blei delt, og det blei etablert eit eige direktorat for integrering og mangfald. Departementet gjennomfører i 2013 ei ekstern evaluering av direktoratet. Formålet med evalueringa er å vurdere om IMDi som direktorat har innfridd dei måla og forventingane ein hadde da direktoratet blei etablert. Det blir òg vurdert korleis IMDi har tilpassa seg og løyst nye oppgåver og prioriteringar. Resultata frå evalueringa skal vere eit grunnlag for læring og for utvikling av styring og oppgåveløysing på området.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er eit fagorgan for barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar. Direktoratet etatsstyrer dei fem regionane i Bufetat, som yter tenester på barneverns-, familieverns- og adopsjonsområdet.
I 2012 har Bufetat omstilt store delar av tenesteapparatet for å gi barn og ungdom best mogleg tilpassa hjelp. Bufetat har i 2012 korta ned leiarlinjer og samla administrative ressursar i Bufetat sitt senter for administrasjon og utvikling (BSA). Brukarmedverknad og tett samarbeid med kommunal barnevernsteneste, organisasjonar og fagmiljø har vore sentralt gjennom heile denne prosessen. For å sikre brukarretta tenester av god kvalitet er samarbeid med andre aktørar avgjerande. I 2012 har direktoratet arbeidd særleg aktivt inn mot utdanningssektoren og helsesektoren for å redusere fråfall i skolen og sikre barns rett til helsehjelp og at dette blir gjort i systematisert samarbeid med lokale tenesteytarar.
Bufetat har i fleire år hatt ein auka etterspurnad etter sine spesialiserte barnevernstenester og har effektivisert tenestene for å møte aukande behov. Etaten har plikt til å støtte kommunane med plasseringar av barn utanfor heimen og kan dermed ikkje styre eige aktivitetsnivå i barnevernet. Aktivitetsauken gjennom fleire år har medført at Bufetat sine regionar har måtta prioritere oppgåvene som er lovpålagt, og samstundes arbeide for budsjettbalanse. Dette har medført ei omstilling og avvikling av nokre oppgåver på oppvekstområdet som Bufetat ikkje har eit lovpålagt ansvar for. Bufetat har gjort denne avviklinga i dialog med kommunane. Etaten har arbeidd målretta for å effektivisere drifta.
I 2012 fekk 9 491 barn tiltak frå det statlege barnevernet. Samla sett auka talet på opphaldsdagar i tiltak med over 6 prosent frå 2011 til 2012, medan utgifter per opphaldsdag totalt sett er redusert. Dette kjem mellom anna av ein auke i bruk av kommunale fosterheimar med statleg forsterking. Dette er vanlegvis eit rimelegare tiltak for staten enn institusjon. At fleire barn får hjelp frå det statlege barnevernet, og at utgiftene per barn går ned, tyder på at etaten har oppnådd ei effektivisering. Departementet ventar framleis vekst i talet på opphaldsdagar i statleg barnevern i 2014.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har administrativt vore ein del av departementet sidan opprettinga i 1993 og blei frå januar 2011 skilt ut frå departementet som eiga verksemd. Arbeidsgjevaransvaret ligg i departementet.
Hovudmålet for 2012 har vore å handsame ordinær saksinngang og på same tid arbeide ned betydelege restansar som har bygt seg opp etter stor saksinngang i tidlegare år.
Fylkesnemndene har gjennom året arbeidd særskilt mot mål om kortare tid for fastsetjing av møtetid for innkomne saker, at fleire saker blir handsama av den einskilte nemndleiaren og at dei store skilnadene mellom nemndene i tid for sakshandsaming blir utjamna.
Tida for fastsetjing av møtetid for innkomne saker blei gjennom året redusert med gjennomsnittleg sju veker per nemnd. Kvar nemndleiar har gjennomsnittleg handsama 1,7 fleire saker med forhandlingsmøte enn i 2011, og skilnadene i tid for fastsetjing av møtetid mellom nemndene er redusert med 10 veker i løpet av 2012.
I 2012 fekk fylkesnemndene 12 prosent fleire saker enn i 2011.
Fylkesnemndene blei i Revidert nasjonalbudsjett 2012 tilført 10 mill. kroner for å setje i gang tiltak for å betre sakshandsamingstida. Desse ressursane er mellom anna brukt til å tilsetje fleire nemndleiarar i siste tertial i 2012, slik at talet på årsverk for nemndleiarar auka med 11,6 prosent i 2012. Den auka produktiviteten har ført til at fleire gamle saker er avslutta og at restansane er redusert.
Strategiar og tiltak for 2014
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
IMDi set i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. Direktoratet er ein premissleverandør for politikkutvikling i departementet gjennom å leggje grunnlaget for eit kunnskapsbasert arbeid på integreringsfeltet. IMDi er òg eit kompetansesenter og samordnar for at kommunar og andre aktørar skal bli dyktige i arbeidet med busetjing, integrering og inkludering.
IMDi har dei viktigaste økonomiske verkemidla på området gjennom forvalting av integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.
Integreringspolitikken har mange aktørar. IMDi skal gjennom samhandling med andre etatar bidra til ei betre samordning av offentlege tenester som fremmar integrering. Sentrale samarbeidspartnarar er kommunane og KS og statlege etatar, mellom anna Utlendingsdirektoratet, Vox, Husbanken, Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
IMDi vil òg i 2014 prioritere ressursar til arbeidet med busetjing og med å betre resulta i introduksjonsprogram og til IKT-utviklinga.
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Det nasjonale fagrådet vil ha representantar frå kommunane og det statlege barnevernet og vere ein arena for generelle drøftingar av tiltaksapparatet i barnevernet. Utforming og utvikling av fagrådet som samhandlingsarena må skje i nært samarbeid mellom kommunane og statleg barnevern. Arbeidet med å opprette fagrådet vil starte i 2014.
Systematisk utviklingsarbeid med grunnlag i oppdatert kunnskap og dokumentasjon er eit prioritert område for etaten.
Kompetanseutvikling, som støttar arbeidet med å lage faglege anbefalingar, er eit anna viktig område i 2014. Eit tredje område er å halde fram arbeidet med å lage ein modell for behov og kapasitet, hovudsakleg for institusjonstiltak. Hovudmålsettingar om å betre fagleg kvalitet og effektiv bruk av ressursar står ved lag i 2014.
Som eit ledd i å få betre informasjon og oversikt til tenesta og saksbehandlinga som skal hjelpe brukarane, arbeider Bufdir med å utvikle eit nytt fag- og rapporteringssystem for det statlege barnevernet (BiRK). I 2014 startar implementeringa av første delen av BiRK. I 2014 vil det bli vurdert om elektronisk søknadsskjema for betre integrasjon mellom BiRK og dei kommunale barnevernssystema skal bli tatt i bruk.
Regjeringa legg til grunn at i 2014 vil det framleis vere ein auke i talet på barn som har behov for hjelp frå det statlege barnevernet. Dette vil føre til ein auka vekst i talet på opphaldsdagar i statleg barnevern. På sikt ventar BLD at den auka satsinga på det kommunale barnevernet vil bidra til ei ønskt utvikling der ein større del av omsorga for barn, både gjennom førebyggjande arbeid og gjennom konkrete tiltak for det einskilte barn, blir gjort i barnet sitt nærmiljø og i regi av det kommunale tiltaksapparatet. Regjeringa føreslår å auke kommunane sine eigendelar ved plassering i barnevernsinstitusjonar.
Etaten har dei seinare åra fått nye ansvarsområde på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Ved god bruk av dei verkemidla etaten rår over, og basert på kunnskap og dokumentasjon, skal etaten arbeide vidare med å fremme likestilling og hindre diskriminering.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Restansane, tida for fastsetjing av møtetid for innkomne saker, sakshandsamingstida og variasjonen i sakshandsamingstid mellom nemndene må bli mindre, og Sentraleininga for fylkesnemndene skal leggje til rette for at systema for utveksling av ressursar blir nytta og vidareutvikla. I tillegg skal fylkesnemndene arbeide for å effektivisere drifta utan at kvaliteten blir redusert. Sjå omtale av strategiar og tiltak for fylkesnemndene under delmål 6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira.
Delmål 1.3: God og målretta informasjon
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2011–2012).
Departementet legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som skal vere forståeleg og i rett tid for dei ulike målgruppene.
Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer i stor grad gjennom eigne initiativ, men òg for å handsame informasjonsbehov i media. Dette er ein viktig kanal til publikum. Barnevern, inkludering, forbrukarfeltet og likestilling er alle fagområde som får mykje merksemd frå publikum og media, og dei krev jamt aukande aktivitet med informasjon og kommunikasjon.
Strategiar og tiltak for 2014
BLD skal drive god og målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike fagområda til departementet. BLDs kommunikasjonsverksemd skal vere tufta på eigne initiativ og vurdert kontinuerleg ut frå aktivitetane innanfor fagområda.
Media og departementets nettstad er sentrale kanalar for å nå ut til dei ulike målgruppene. Kunngjeringar til publikum vil i aukande grad bli gjort på departementets heimeside og gjennom sosiale media. Informasjonen på nettstaden skal vere fullstendig og aktuell. Handsaming av informasjonsbehov i media skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.
Nærmare om budsjettforslaget
Kap. 800 Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 158 540 | 156 459 | 161 361 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 14 825 | 12 173 | 12 599 |
Sum kap. 0800 | 173 365 | 168 632 | 173 960 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.
BLD føreslår ei løyving på 161,4 mill. kroner i 2014.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet og andre tidsavgrensa oppdrag. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.
BLD føreslår ei løyving på 12,6 mill. kroner i 2014.
Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Tilfeldige inntekter | 711 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 800 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 1 825 | ||
Sum kap. 3800 | 5 336 |
Programkategori 11.05 Integrering og mangfald
Hovudinnhald og prioriteringar
Hovudmålet for integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet.
Alle innbyggjarar har dei same grunnleggjande rettane og pliktene. I tillegg kjem rettar og plikter for nykomne innvandrarar knytt til introduksjonslova. Desse er godt grunngitt og avgrensa til den første tida i Noreg og skal styrkje moglegheitene for deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.
Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den enkelte økonomisk sjølvstende, motverkar fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Innvandrarar er ein viktig del av arbeidskrafta i Noreg. Arbeidslivet må i større grad enn i dag nytte ressursane og kompetansen til innvandrarar.
Alle innbyggjarar skal ha likeverdige offentlege tenester. Dette er gjennomgåande i regjeringa sin politikk. Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. Politikken på integreringsområdet blir derfor sett i verk på tvers av politikkområde og sektorar.
BLD har det overordna ansvaret for å samordne politikken og tiltaka på området og for å sikre samanhengen mellom integreringspolitikken og andre politikkområde, til dømes sysselsetjing, helse og utdanning. Departementet har òg eit eige ansvar for mellom anna busetjing av flyktningar, forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova og for å leggje til rette for tolking til og frå andre talespråk i offentleg sektor. Hovudmåla og delmåla på BLD sitt område tar føre seg oppgåvene til departementet, både som samordnar og som ansvarleg fagdepartement, sjå presentasjon av målstrukturen nedanfor.
For å kunne følgje utviklinga på tvers av sektorar er det sett 17 mål – Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga – med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområdet til åtte departement. Måla og indikatorane gir eit grunnlag for å vurdereresultata av det arbeidet styresmaktene gjer, sjå omtale under delmål 2.6 og i del III.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagorgan for BLD og skal setje i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi skal vere ein premissleverandør for utviklinga av politikken, gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og styresmaktene.
Vox er nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk og har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på oppdrag frå BLD. Vox har ansvar for læreplan, prøver, kompetansehevingstiltak for lærarar og leiarar i norskopplæringa, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av statsborgarsaker. Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans på området.
Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande organ for styresmaktene og kan fremme synspunkt i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn.
Utlendingsfeltet og integreringsfeltet heng saman. Ei heilskapleg utlendingsforvalting, med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltingsledda, er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet. Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Desse er mellom anna BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Utanriksdepartementet, UDI, UNE og IMDi.
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – mangfold og fellesskap for Stortinget i oktober 2012. Meldinga presenterer prinsipp og rammer for ein heilskapleg integreringspolitikk. Meldinga omhandlar politikk og tiltak som medverkar til at fleire innvandrarar kjem i arbeid og får nytta ressursar og kompetanse i arbeidslivet. Like moglegheiter for alle barn er òg eit mål for regjeringa, og i den samanhengen er satsing på skole og utdanning som er tilpassa mangfaldet i befolkninga, eit viktig bodskap. Meldinga seier vidare at brei deltaking i demokratiet og sivilsamfunnet er nødvendig for å oppretthalde eit trygt samfunn med rom for mangfald. Meldinga fekk brei tilslutning i Stortinget ved behandlinga. Mange av dei aktivitetane som er og blir sett i gang av departementet i 2013 og 2014, er oppfølging av forslag i meldinga.
Migrasjon har alltid vore ein del av samfunnsutviklinga i Noreg. Landet er i dei siste tiåra i større grad blitt eit innvandringsland. Per 1. januar 2013 var det busett om lag 710 400 personar i Noreg som anten har innvandra sjølve (ca. 593 300) eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre (ca. 117 100). Dei utgjer til saman 14,1 prosent av befolkninga.
Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske land. Innvandrarane kjem frå over 220 land og sjølvstendige regionar. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Polen, Sverige, Pakistan og Somalia. Det er stor variasjon i kven som kjem, årsakene til innvandringa og kor lenge dei har vore i landet.
Etter ein periode med relativt open arbeidsinnvandring frå 1960-talet og fram til 1975 var innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i hovudsak flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og frå 2006 har arbeid på nytt vore den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye EU-medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Dei seinaste åra har det òg vore ein auke i familieinnvandringa frå desse landa, først og fremst Polen. Blant familieinnvandrarane er det flest kvinner og barn.
I heile perioden 1990–2012 var 37 prosent av innvandringa frå land utanfor Norden familieinnvandring, 32 prosent arbeidsinnvandring, 37 prosent pga familie 19 prosent pga. behov for vern og 11 prosent gjennom utdanning og kulturutveksling. I 2012 var derimot samansetjinga 45 prosent arbeid, 32 prosent familie, 13 prosent vern og om lag 11 prosent utdanning mv.
Det bur i dag innvandrarar og barn av innvandrarar i alle kommunar i Noreg. Oslo har størst del innvandrarar av befolkninga si, med 30 prosent av befolkninga, deretter kjem Drammen, Lørenskog og Skedsmo på mellom 20 og 24 prosent av befolkninga.
Statistikkar, utgreiingar og forsking på området viser at mykje går bra med integreringa i Noreg; dei aller fleste innvandrarane og barna deira tek del i arbeids- og samfunnsliv, er økonomisk sjølvstendige og snakkar norsk. Kor lenge personane har budd i Noreg, har mykje å seie; jo lenger butid i Noreg, desto meir deltaking.
Samstundes er det godt dokumentert at det er systematiske skilnader mellom innvandrarar og befolkninga elles og mellom grupper av innvandrarar på sentrale område som sysselsetjing, levekår og deltaking. Dette kan i mange tilfelle forklarast av kort butid. Andre viktige faktorar er innvandringsårsak og utdanningsnivå.Viktig er òg at skilnadene på fleire av desse områda er langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre enn for innvandrarar.
Delen sysselsette med innvandrarbakgrunn er framleis lågare enn i befolkninga elles. Tal frå SSB viser at i 4. kvartal av 2012 var delen 62,8 prosent, mot 69,7 prosent i befolkninga elles. Det er store skilnader mellom landgrupper. Medan sysselsetjingsnivået blant innvandrarar frå Norden var på 76,1 prosent, var delen frå Afrika 42,5 prosent. Delen sysselsette menn er høgare enn delen sysselsette kvinner uansett landbakgrunn. Innvandringsgrunn har også noko å seie for deltakinga på arbeidsmarknaden. Til dømes har flyktningar ein lågare del sysselsette enn innvandrarar elles, medan arbeidsinnvandrarar har ein høgare del sysselsette.
Tidlegare studiar har vist at grupper av innvandrarar er meir utsette for låg inntekt over lengre tid enn innbyggjarane elles. Låg yrkesdeltaking er den viktigaste årsaka til låg inntekt og dårlege levekår over tid i innvandrarhushald. Vidare utgjer innvandrarane ein relativt stor del i gruppene med minst inntektsmobilitet over tid.
Rapportar om levekår og kjønnsforskjellar frå SSB frå 2010 viser at det i dei fleste innvandrargruppene er levekårskilnader mellom menn og kvinner. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet. Kvinner står i større grad enn menn utanfor arbeidslivet i Noreg, har færre norske venner og opplever meir einsemd. Tal frå SSB viser òg at innvandrarar oppfattar helsa si som dårlegare enn folk elles. Innvandrarkvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn innvandrarmenn.
Mange barn med innvandrarbakgrunn klarer seg svært bra i utdanningssystemet i Noreg. I grunnskole og i vidaregåande opplæring oppnår fleire grupper like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar. OECD peikar på at elevar med innvandrarbakgrunn gjer det betre i skolen i Noreg enn i mange andre land.
Samtidig er det likevel systematiske skilnader mellom innvandarar som gruppe og befolkninga elles når det gjeld deltaking og resultat. Barn med innvandrarbakgrunn har lågare deltaking i barnehage enn barnegruppa sett under eitt, sjølv om delen minoritetsspråkelege 4–5-åringar i barnehage nærmar seg delen totalt sett. For minoritetsspråklege 1–3-åringar er delen ein del lågare. I grunnskolen er det ein dobbelt så høg del elevar med innvandrarbakgrunn på lågaste nivå når det gjeld lesedugleik. I den vidaregåande opplæringa fell éin av tre elevar med innvandrarbakgrunn frå. Samstundes er det relativt fleire elevar med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring, som òg tek høgare utdanning.
Valdeltakinga for innvandrarar er lågare enn deltakinga for innbyggjarane sett under eitt. Dette gjeld ved både stortingsval og lokalval.
Desse variasjonane og nyansane i utviklinga på integreringsområdet er sentrale for vidare utforming av verkemiddel på området. Dette gjeld både dei målretta tiltaka for utvalde grupper og dei store velferdsordningane for alle.
Dette er hovudsatsingar på integreringsområdet for statsbudsjettet 2014:
I 2013 og 2014 er det behov for å busetje fleire flyktningar enn tidlegare og talet på personar i mottak som venter på å bli busett er høgt. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet med 250 mill. kroner. Dette er den største auken av integreringstilskotet på mange år. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av flyktningar og betre resultat i introduksjonsordninga.
Regjeringa føreslår å omprioritere 33,7 mill. kroner til utvikling av nytt IKT-system i IMDi. Eit nytt IKT-system skal medverke til effektivisering av busetjingsarbeidet, auka kvalitet i dialogen med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapportering på resultat.
Regjeringa føreslår å auke kvoten for overføringsflyktningar med 1 000 personar for flyktningar frå Syria. Uttaka vil i første rekkje vere frå Libanon og Jordan. BLD føreslår å auke budsjettet med 185,5 mill. kroner til tiltaket.
Regjeringa føreslår at personar med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet får rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap frå 1. september 2014. BLD føreslår å auke budsjettet med 4 mill. kroner til tiltaket.
Handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse blei lagt fram i august 2013. Regjeringa føreslår å omprioritere midlar til tre nye tiltak: tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar, tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn og kompetanseheving om godkjenningsordningar for programrådgivarar i introduksjonsordninga.
Regjeringa føreslår å bidra med om lag 25 mill. kroner i eit spleiselag med Oslo kommune til områdesatsing i indre Oslo øst. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement.
Mål
For 2014 blir desse måla prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
2. Alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet | 2.1 Rask busetjing av flyktningar til kommunane |
2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar | |
2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet, særleg for kvinner | |
2.4 Høg oppslutning om norsk statsborgarskap | |
2.5 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv | |
2.6 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga |
Både hovudmålet og delmåla er revidert for 2014. Talet på delmål er blitt redusert, og nokre av tiltaka er blitt flytta frå eitt delmål til eit anna. Resultatrapportering og presentasjon av strategiar og tiltak nedanfor følgjer den nye målstrukturen. For å gi god oversikt over innsatsen på dei ulike områda er det lagt inn omtale av dei viktigaste tiltaka under kvart delmål.
Resultatrapport og strategiar
Delmål 2.1: Rask busetjing av flyktningar til kommunane
Resultatrapport 2012/2013
Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om å bli busett i ein kommune. BLD har ansvar for busetjing av flyktningar, og IMDi har ansvar for å finne høvelege plassar i busetjingskommunane. Kommunane vedtek sjølve kor mange personar dei ønskjer å busetje.
Dei viktigaste tiltaka for å nå delmålet er IMDis busetjingsarbeid, tilskotsordningane på området, samarbeidsavtala mellom staten og KS om busetjing og mottak, FoU-arbeid og utviklinga av nytt IKT-system i IMDi for å gjere busetjingsarbeidet enklare.
Barn skal prioriterast i busetjingsarbeidet. Målet er at barn og barnefamiliar skal bli busett i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått innvilga opphaldsløyve. Vaksne utan barn skal bli busett innan seks månader.
Per 30. juni 2013 hadde kommunane busett 2 940 personar. Dette er 18 prosent fleire enn på same tid i 2012. 55 prosent av dei busette personane i 2013 blei busett innan målet på seks månader etter vedtak om opphald. Måloppnåinga ligg dermed på eit lågare nivå enn i 2012.
Per 30. juni 2013 hadde kommunane busett 203 einslege, mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Av desse blei 80 prosent busett innan målet på tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald, samanlikna med 61 prosent på same tid i 2012.
Regjeringa endra målet for busetjing av familiar med barn under 18 år frå 1. juli 2012 til tre månader etter vedtak om opphald, jf. tiltak i Meld. St. 27 (2011–2012) Barn på flukt. Det har vore utfordrande å nå målet for denne gruppa. Berre 17 prosent av dei som blei busett, blei busett innan målet på tre månader.
Den 30. juni 2013 venta 4 453 personar i mottak på å bli busett. På same tid i 2012 var talet 2 826. Bakgrunnen for den store auken er mellom anna at sakshandsamingstida i UDI er blitt kortare samstundes som busetjinga ikkje har auka tilsvarande.
Tabell 3.1 Busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse
Busetjingsår | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | Per 30.06.13 |
---|---|---|---|---|---|
Flyktningar | 4 622 | 4 698 | 4 158 | 4 358 | 2 493 |
Overføringsflyktningar | 1 387 | 1 099 | 1 265 | 1 236 | 350 |
Familiesameinte1 | 1 425 | 1 094 | 1 517 | 1 749 | 750 |
Sum | 7 434 | 6 891 | 6 965 | 7 343 | 3 593 |
Einslege mindreårige av desse | 606 | 669 | 629 | 471 | 203 |
1 Personar som kommunane får integreringstilskot for. Søknad må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til den ein søkjer om familiesameining med.
Tabell 3.2 Talet på personar som ventar i mottak på å bli busett
Per 31.12. 09 | Per 31.12. 10 | Per 31.12. 11 | Per 31.12. 12 | Per 30.06.13 | |
---|---|---|---|---|---|
Ventande i mottak | 1 407 | 1 627 | 1 967 | 3 829 | 4 453 |
Fleire flyktningar enn før blir busett, og talet på busetjingsplassar i kommunane har auka. Dette er likevel ikkje nok til å dekkje behovet. Rekordmange ventar på busetjing, og kommunane har ikkje vedteke tilstrekkeleg med kommuneplassar for å dekke behovet.
Regjeringa har prioritert arbeid for auka busetjing i 2012 og 2013. Eit av dei viktigaste tiltaka er ei ny samarbeidsavtale mellom staten og KS med konkrete resultatmål for busetjinga i dei kommande åra. Avtala gjeld frå april 2013 og ut 2015. Avtala seier at kommunesektoren samla skal tilby minimum 7 500 kommuneplassar for busetjing i 2013, og for 2014 og 2015 skal alle vere busett i samsvar med behovet. Det betyr at kapasiteten i kommunane til å busetje flyktningar må auke frå om lag 5 500–6 000 busette per år i dei siste åra til eit nivå på rundt 8 000–9 000 dei neste åra.
Regjeringa har styrkt tilskotet til utleigebustader over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett ved fleire høve, sist i 2013. Vidare har Regjeringa varsla i Meld. St. 17 (2012–2013) Bygge – bu – leve at Husbanken kan gi inntil 40 prosent tilskot til utbetring eller etablering av utleigebustadar for flyktningar og andre prioriterte grupper av vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Regjeringa har frå 2013 innført ei ny tilskotsordning med utviklingsmidlar til kommunane for å arbeide systematisk med kvalitet i norskopplæring og introduksjonsprogram, jf. nærmare omtale under kap. 821, post 62. Tilskotsordninga er òg eit viktig verktøy i dialogen med kommunane om busetjing.
Det bur personar i mottak som av ulike grunnar har avgrensa løyve, til dømes knytt til utfordringar med å skaffe dokumentasjon av identitet. Mange av desse er barn. Frå februar 2013 skal personar som sitt i mottak med avgrensa opphaldsløyve, bli busett. Busetjing skal skje etter at løyvinga er fornya første gang. Kommunane vil få integreringstilskot ved busetjing av desse personane. For ein omtale av rett og plikt til introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for denne gruppa, sjå omtale under delmål 2.2.
IMDi har i 2012 og 2013 sett i verk ei rekkje tiltak for å auke busetjinga av flyktningar, både på kort og på lang sikt.
Eit viktig verktøy er langsiktige samarbeidsavtaler med utvalde kommunar. Avtalene inneber ei satsing både på oppbygging av busetjingsapparatet i den enkelte kommune og på styrking av kvaliteten på kommunane sine samla integreringsoppgåver. Bruken av avtaler har auka i 2012 og 2013.
Vidare har IMDi styrkt samarbeidet med andre aktørar på området, mellom anna UDI, KS, Husbanken og fylkesmannen, noko som har resultert i auka dialog og medvit i dei ulike ledda av busetjingsarbeidet. IMDi, KS og Husbanken gjekk mellom anna ut med ei felles oppfordring i eit informasjonsbrev til alle landets kommunar hausten 2012.
Det har i dei siste åra vore stor merksemd på busetjinga av einslege mindreårige. IMDi starta hausten 2011 eit toårig pilotprosjekt med direkteplassering av einslege mindreårige asylsøkarar i utvalde kommunar, slik at einslege barn og unge kan bli busett like etter at dei kjem til landet, utan lange opphald i mottak eller på omsorgssenter. Sluttevalueringa peiker på at det er rom for betringar i busetjingsarbeidet for denne gruppa, men at desse kan skje innanfor dagens modell for busetjing.
Strategiar og tiltak for 2014
Rask busetjing av flyktningar er nødvendig for å få til god deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Å busetje flyktningar er ei varig oppgåve for kommunane. Dess raskare ein flyktning får etablert seg i ein kommune, dess raskare kan vedkomande delta og bidra med kompetansen sin og ressursane sine i arbeidsliv og i lokalsamfunn.
Lokalt næringsliv og frivillige aktørar bør i større grad trekkast inn i busetjingsarbeidet. Lokale aktørar kan bidra til eit godt busetjings- og integreringsarbeid gjennom å skape møteplassar i samfunnet. Lokalt næringsliv kan i større grad vise kor det er behov for dei nykomne flyktningane sine arbeidskraftsressursar.
Prognosane for 2014 viser at det er behov for å busetje om lag 8 900 flyktningar i norske kommunar. Dette er fleire enn tidlegare. Talet inkluderer personar som blir busett frå mottak og omsorgssenter, og overføringsflyktningar som blir busett når dei kjem til landet. I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 2 300 familiesameinte til kommunane. Vidare er det behov for å busetje 380 einslege mindreårige flyktningar. Tilstrømminga av asylsøkjarar til Noreg har vore aukande i 2013. Dette gjeld spesielt flyktningar frå Eritrea. Dette vil kunne auke behovet for plassar i kommunane ytterlegare.
Talet på busetjingsklare personar i mottak har vore sterkt aukande i 2012 og 2013 og er no på det høgaste nivået sidan opprettinga av IMDi. Lang ventetid i mottak fører til at personane kjem seinare i gang med introduksjonsprogram, noko som forseinkar integreringa. Dette gjer at kommunane må busetje fleire flyktningar og auke kapasiteten i introduksjonsordninga.
Regjeringa er oppteken av å auke busetjinga og å stimulere kommunane til eit godt busetjingsarbeid.
Integreringstilskotet skal gi rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busett, og dei fire neste åra. Saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal tilskotet sørgje for at kommunane kan gi eit godt kvalifiseringstilbod til flyktningar. Regjeringa føreslår for 2014 å auke integreringstilskotet med 250 mill. kroner. Dette er den største auken av integreringstilskotet på mange år.
Gjennom Husbanken kan kommunane søkje om lån og tilskot til etablering av utleigebustader til flyktningar og andre vanskelegstilte. Mange kommunar gir tilbakemeldingar om at mangel på eigna bustader til rett tid og på rett stad ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar. Regjeringa føreslår å styrkje tilskotet til utleigebustader over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett.
IMDi skal bidra til at kommunane buset flyktningar i tråd med intensjonane i busetjingsordninga og dei måla som er sett for busetjing. Kvart år ber direktoratet kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar som får opphald i Noreg. Førespurnaden er basert på eit behov fastsett av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv. IMDis arbeid med langsiktige samarbeidsavtaler med utvalde kommunar held fram i 2014. Rutinane ved utsøkjing og busetjing vil bli vurdert. Det vil òg bli lagd vekt på auka samarbeid med og støtte til andre aktørar.
IMDi, Husbanken og KS vil òg i 2014 leggje stor vekt på å informere kommunane om dei økonomiske verkemidla Husbanken rår over. Kommunane treng ofte informasjon og råd for å etablere og utvikle passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi, Bufdir og Husbanken skal hjelpe kommunane med dette.
Eit nytt IKT-system for busetjing og integrering er under utvikling i IMDi. IKT-systemet skal effektivisere arbeidet og auke kvaliteten i dialogen med kommunane og gi betre rapportering på resultata frå arbeidet. Utviklingsarbeidet er ein del av eit større arbeid med heile IKT-systemet i IMDi. Regjeringa føreslår for 2014 ei omprioritering på 33,7 mill. kroner til nytt IKT-system.
Busetjing og integrering av flyktningar heng saman. I tillegg til å sikre rask busetjing er det viktig å gi kommunane bistand til å utvikle kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. IMDi skal arbeide nært saman med NAV og kommunane for å betre kvaliteten i introduksjonsordninga. Regjeringa set òg i 2014 av midlar som kommunane kan søkje på, til tiltak for å styrkje kvaliteten og resultata i desse ordningane. Det skal sikre at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, raskt kjem over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering; sjå nærmare omtale under kap. 821, post 62.
Resultata på busetjingsområdet må følgjast tett opp i 2013 og 2014. Departementet vurderar kontinuerleg tiltak for å auke busetjinga.
Delmål 2.2: Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar
Resultatrapport 2012/2013
Grunnleggjande kvalifisering er nødvendig for mange nykomne innvandrarar for å sikre at dei kjem raskt over i arbeid eller utdanning. BLD har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar. Kommunane har ansvar for å tilby desse to tiltaka i samsvar med introduksjonslova.
Dei viktigaste tiltaka for å nå delmålet om rask overgang til utdanning eller arbeid er opplæring i norsk og samfunnskunnskap, introduksjonsprogram, IMDis arbeid som kompetansesenter for kommunane og Vox sitt arbeid som fagansvarleg instans for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vidare er fylkesmannstilsyn, utviklingsmiddel til kommunane, FoU-arbeid og utvikling av nytt IKT-system i IMDi viktige tiltak.
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
I andre halvdel av 2012 var det registrert om lag 42 000 deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap; av dei var om lag 3 300 asylsøkjarar. SSB publiserte i 2013 for første gang statistikk over deltakarar i opplæringa. Tala for deltakarar i 2011 viser òg at 92 prosent hadde familie eller flukt som årsak til innvandring, og at over halvparten av alle deltakarane i norskopplæringa hadde bakgrunn frå dei seks landa Eritrea, Somalia, Afghanistan, Thailand, Irak og Filippinane. Det var flest kvinnelege deltakarar.
For at deltakarane så snart som mogleg skal lære norsk, bør personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap starte raskt i opplæringa. Dei fleste startar raskt, og tendensen har vore stigande dei siste åra. Totalt var det 10 017 personar som fekk rett og plikt til opplæring i 2011, og av dei hadde 86 prosent av kvinnene og 89 prosent av mennene starta i opplæring innan halvtanna år frå da dei fekk rett og plikt.
Det er òg viktig at dei som startar i opplæring, fullfører ho. Graden av gjennomføring har betra seg kontinuerleg over fleire år og er god. Av dei 9 163 personane som kom til Noreg i 2009, og som framleis er i gruppa for rett og plikt til opplæring, hadde 85 prosent av kvinnene og 89 prosent av mennene oppfylt plikta si til 300 timar opplæring innan tre år. Tala er basert på registreringar i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).
Deltakarar i norskopplæringa kan gå opp til avsluttande prøve i norsk. Resultata på norskprøvene gir viktig informasjon om kunnskapsnivået hos kandidatane og kan indikere kor godt opplæringa fungerer. Det finst to nasjonale avsluttande prøver som måler dugleik i norsk, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve 3 prøver kunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste fem åra.
Tabell 3.3 Prøveresultat, Norskprøve 2 og 3
Norskprøve 2 og 3 | Munnleg del | Skriftleg del | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Talet på møtte | Talet på beståtte | Beståtte i prosent | Mål i prosent | Talet på møtte | Talet på beståtte | Beståtte i prosent | Mål i prosent | |
2012 | 15 981 | 13 328 | 83,4 | 90 | 16 403 | 9 509 | 58,0 | 65 |
2011 | 15 659 | 13 473 | 86,0 | 90 | 16 302 | 9 591 | 58,8 | 65 |
2010 | 14 459 | 12 636 | 87,4 | 90 | 14 510 | 8 397 | 57,9 | 65 |
2009 | 11 461 | 10 108 | 88,2 | 95 | 11 791 | 7 029 | 59,6 | 60 |
2008 | 9 039 | 8 032 | 88,8 | 9 179 | 4 780 | 52,0 |
Tabellen viser at fleire har gått opp til norskprøvene dei siste åra. Delen som stod til skriftleg prøve i 2012, er 6 prosentpoeng høgare enn i 2008. Det har derimot vore ein nedgang i delen som består munnleg prøve. Kvinner har betre resultat på prøvene enn menn, særleg på dei skriftlege prøvene.
Personar med lita eller inga utdanning frå heimlandet går i mindre grad opp til avsluttande prøve enn andre deltakarar, og dei består i mindre grad skriftleg prøve enn personar med vidaregåande og høgare utdanning frå heimlandet.
Plikta til opplæring har fram til 1. januar 2012 vore 300 timar. Frå 1. januar 2012 blei timetalet auka til 600 timar for dei som blir omfatta av rett og plikt eller rett til opplæring.
God måloppnåing krev at opplæringa har høg kvalitet og er tilpassa målgruppene. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte Vox i samarbeid med fylkesmannen etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og leiarsamlingar i 2012. Det deltok over 2 500 personar. Evalueringar viser at deltakarane er svært nøgde med kursa. Universitetet i Bergen tilbyr vidareutdanning (fjernundervising) i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk, og det er sett i gang arbeid med å utvikle vidareutdanning i alfabetisering ved Høgskolen i Bergen.
Læreplanen i norsk og samfunnskunnskap blei revidert i 2012 og er teken i bruk frå hausten 2012. Dei viktigaste endringane er innføring av mål for opplæring i samfunnskunnskap og ein eigen modul for alfabetisering. Den nye planen legg òg meir vekt på arbeidsretting av opplæringa og på digital dugleik. Ein nettbasert opplæringsressurs i samfunnskunnskap blei prøvd ut og gjort tilgjengeleg på fleire språk i 2012. Vox har arbeidd med å utvikle nye og delvis digitale prøver i norsk. Det er også utvikla ei heilt ny digital prøve i samfunnskunnskap. Utprøving av ulike metodar i opplæringa har òg halde fram.
Asylsøkjarar over 16 år som bur på mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. Så å seie alle i målgruppa får tilbod om norskopplæring, viser ei undersøking som TNS-Gallup gjorde for IMDi i 2011. Dei fleste gjennomfører 250 timar. Norskopplæringa er viktig for både asylsøkjaren, mottaket og lokalmiljøet.
Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar
På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år eigen statistikk og ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at i 2012 deltok totalt 13 209 nykomne i ordninga. Som i 2011 var sju av ti frå Eritrea, Somalia, Irak, Afghanistan eller Etiopia. Det er om lag like mange kvinner som menn som deltek. Tal frå SSB viser òg at 54 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsordninga i 2010, var sysselsett eller under utdanning i november året etter. Delen for menn var uendra frå året før og var på 66 prosent. For kvinner var det ein nedgang frå 46 til 42 prosent. Av dei som gjekk ut av programmet i 2009, var 55 prosent i arbeid eller utdanning året etter, og av dei som gjekk ut i 2008, gjaldt dette 57 prosent.
At færre er i arbeid eller utdanning i 2011, skyldast i hovudsak ein nedgang blant kvinnene. Det er først og fremst overgangen til sysselsetjing som går ned for kvinnene. Introduksjonsordninga er retta mot nykomne flyktningar, og dei er i gjennomsnitt relativt unge. Kjønnsskilnaden er stor når det gjeld overgang til sysselsetjing og utdanning blant dei yngste, og skilnaden er størst for dei mellom 26 og 34 år. Der er det ein skilnad på 33 prosentpoeng mellom kvinner og menn når vi ser på overgangen til arbeid eller utdanning. Ei forklaring på noko av kjønnsskilnaden er at mange av deltakarane i introduksjonsprogramma er i ein periode av livet der dei får barn eller er heimeverande med små barn. Kvinner har samla sett ei positiv utvikling og har ei auka tilknyting til arbeidsmarknaden lengre tid enn eit år etter avslutta program.
Resultata varierer òg etter landbakgrunn og kva kommune deltakarane bur i, og det finst ikkje éi enkeltforklaring på den negative utviklinga på resultata sidan 2009. Moglege forklaringar på nedgangen er mellom anna utviklinga på arbeidsmarknaden, at deltakarane kjem frå land med liten eller ingen skolegang, og at dei manglar den erfaringa eller kompetansen som er etterspurt i arbeidslivet. Korleis kommunane legg til rette for introduksjonsprogrammet, spiller òg ei vesentleg rolle. Ifølgje IMDi er mellom anna følgjande områder framleis ei utfordring for ein del kommunar: program på fulltid, arbeidsretting av tiltak, kombinasjon av norskopplæring og yrkesopplæring, bruk av arbeidsmarknadskurs, barnehageplass etter fødselspermisjon, felles forankring hos leiar og forankra samarbeid mellom Vaksenopplæringa, NAV og kommunal eining med ansvar for introduksjonsordninga.
Tal frå IMDi på dei som går direkte over til arbeid eller utdanning etter avslutta program, tyder på at den negative utviklinga som starta i 2009, har stoppa opp. I 2011 og 2012 har delen av deltakarane som blir sysselsett eller startar utdanning direkte etter avslutta program auka samanlikna med 2009 og 2010. Det er framleis store variasjonar i resultatoppnåinga kommunane imellom. Variasjonen mellom kommunane har samansette årsaker. Dels er forklaringa at deltakarane har liten eller ingen skolebakgrunn frå heimlandet, dels er det den lokale arbeidsmarknaden. Dei kommunane som har best resultat er og dei kommunane kor sysselsetjinga er høgast blant befolkninga generelt. Viktig er òg eigenskapar ved kommunen, som kvaliteten på integreringsarbeidet og korleis det er organisert. Tala frå SSB viser at i nokre få kommunar går alle deltakarane over i arbeid eller utdanning, og i nokre fleire er delen over 85 prosent.
Regjeringa er oppteken av å auke kvaliteten i ordninga og å betre resultata. Det blei innført plikt til kommunal internkontroll og fylkesmannstilsyn med ordningane i introduksjonslova 1. september 2012. Hausten 2012 blei det gjennomført tilsyn i fire utvalde fylke. Tidlig i 2013 blei det utarbeidd ein eigen rettleiar for tilsyn. IMDi set tema for tilsynet, og i 2013 er temaet at introduksjonsprogrammet skal være heilårig og på fulltid. I 2013 skal fylkesmannen føre tilsyn i minst to kommunar i kvart fylke.
I 2013 blei det innført ei ny tilskotsordning med utviklingsmiddel for å styrkje arbeidet i kommunane med introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap; sjå omtale under kap. 821, post 62.
Strategiar og tiltak for 2014
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Gode norskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er derfor eit sentralt integreringstiltak, og introduksjonslova gir innvandrarar rett og/eller plikt til slik opplæring (lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar). Opphaldsgrunnlaget og alderen til innvandraren avgjer kva for rettar og plikter ho eller han har til norskopplæring, sjå tabell 3.4.
Departementet vurderer kontinuerleg tiltak som kan bidra til å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og til å spreie gode eksempel. Satsinga på etter- og vidareutdanning held fram. For å leggje enda betre til rette for at innvandrarar skal lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet, blei det obligatorisk for alle som blei omfatta av rett og plikt til opplæring frå 1. september 2013, å avslutte opplæringa med ei prøve i norsk og ei i samfunnskunnskap. Det er i den samanhengen utvikla nye prøver i norsk som blir tatt i bruk frå 2014, og ei ny prøve i samfunnskunnskap som blir tatt i bruk seinhausten 2013.
Det er viktig for samfunnet og den enkelte at kunnskapane blir dokumentert. Utvidinga av timetalet vil òg medverke til at fleire lærer meir norsk, og statleg tilsyn og kommunal internkontroll vil medverke til betre kvalitet og opplæring i samsvar med lova.
Kommunane skal tilby opplæring i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dette kravet har ikkje alle kommunane oppfylt. Innføring av obligatorisk prøve i samfunnskunnskap saman med læringsmål for denne opplæringa i læreplanen og tilbod om gratis nettbasert opplæringsressurs på fleire språk er tiltak som har som mål at opplæringa i samfunnskunnskap skal bli gjennomført i samsvar med lova.
Tabell 3.4 Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Personkrins1 | Rett | Plikt | Gratis | Omfang 2 |
---|---|---|---|---|
1) Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år | X | X | X | 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg |
2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busett i Noreg, 16–55 år | X | X | X | 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg |
3) Personar frå gruppe 1) eller 2) i alderen 55–67 år | X | X | 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg | |
4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-/EFTA- regelverket, 16–55 år | X | 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap) |
1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova.
2 For dei med rett og plikt eller berre rett til opplæring som har fått løyve mellom 1. september 2005 og 1. januar 2012, er omfanget 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 700 norsktimar i tillegg.
Som det blei lagt fram i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk, vil regjeringa betre opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar som har inga eller lita utdanning. Det må mellom anna bli betre samordning mellom norskopplæringa og anna vaksenopplæring. Departementet skal vurdere korleis kompetansen til lærarar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar kan bli betre, og vil sjå på om endringar i introduksjonslova kan betre gjennomføringa.
Det er framleis eit stort behov for utvikling av kunnskap, og da særskilt om forholdet mellom kvaliteten på opplæringa, innføring av obligatoriske prøver og i kva grad deltakarane går over til arbeid eller utdanning etter avslutta opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar
Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram er personar som har fått asyl, har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene og personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag pga. mishandling i samlivet.
Introduksjonsordninga skal gi dei som deltek individuelle tilbod om kvalifisering som skal medverke til rask overgang til arbeid eller vidare utdanning. Introduksjonsprogrammet er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar, og kvaliteten skal vere så god som mogleg.
Departementet held fram med arbeidet med tiltak for å få høgare kvalitet i programmet, for å få betre individuell tilpassing og meir arbeidsretting og for å styrkje resultata særleg for kvinner. Dette blei synleggjort gjennom tiltaka som blei lagt fram i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Departementet skal saman med andre involverte departement sjå på korleis ein betre kan kombinere introduksjonsprogram med grunnskole og vidaregåande opplæring, og sjå på overgangar mellom introduksjonsprogram og kvalifiseringsprogram. Det skal òg greies ut om introduksjonslova skal endrast slik at deltakarane får rett til permisjon frå introduksjonsprogrammet ved overgang til arbeid, og grenseflatene og samarbeidet på integreringsområdet mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunane, til dømes om deltakarane i introduksjonsprogram skal gjennomgåast. Det er sendt på høyring eit forslag om at omsorgspermisjonen for deltakarar i introduksjonsprogram skal tredelast, og at permisjonen til far utvidast frå 10 til 14 veker for å leggje reglane tettare opp mot reglane i det ordinære arbeidslivet.
Som omtalt i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – mangfold og fellesskap meiner regjeringa at arbeidsgivarar bør bli meir involverte i introduksjonsordninga, særleg på lokalt nivå. Dei kan ha ei viktig rolle i kvalifiseringa ved å tilby praksisplassar og dei kan bidra med kunnskap om arbeidsliv og behov for arbeidskraft. Dei kan òg, ved å samarbeide med kommunen, få betre innsikt i det potensialet for arbeidskraft som deltakarane i introduksjonsordninga representerer. Meldinga seier òg at frivillege organisasjonar kan spele ei viktig rolle i introduksjonsordninga, og oppfordrar kommunane til auka og systematisk samarbeid med frivillig sektor. Frivillige organisasjonar representerer ein lokal ressurs, og dei kan bidra til utvida nettverk og kjennskap til lokalsamfunnet.
Regjeringa føreslår ei utviding av personkrinsen for rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Forslaget gjeld personar med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet og der opphaldsløyva er avgrensa slik at dei ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve eller familiesameining. Løyva kan bli fornya og gir rett til å arbeide. Desse personane får rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter at opphaldsløyva er fornya første gang.
Tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane for å styrkje kvalitet og resultat i integreringsarbeidet, som blei innført i 2013, blir vidareført i 2014, sjå omtale under kap. 821, post 62. Ordninga skal betre både opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram.
Det er framleis eit stort behov for utvikling av kunnskap og formidling av erfaringar for å oppnå betre resultat med ordningane for grunnleggjande kvalifisering i fleire kommunar. Dette vil stå sentralt i den oppfølginga IMDi har av kommunane i 2014.
Nytt IKT-system i IMDi skal effektivisere busetjingsarbeidet og auke kvaliteten på dialogen med kommunane om opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapporteringa på resultat. Regjeringa føreslår for 2014 ein omprioritering på 33,7 mill. kroner til nytt IKT-system.
Delmål 2.3: God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet, særleg for kvinner
Resultatrapport 2012/2013
Regjeringa sitt arbeid for å auke sysselsetjinga blant innvandrarar byggjer på to pilarar. I tillegg til å styrkje grunnleggjande kvalifisering, omtalt under delmål 2.2, skal arbeidet bidra til god bruk av kompetansen til innvandrarane. Dette inneber å redusere og fjerne barrierar, slik som diskriminering, og å leggje til rette for auka rekruttering av innvandrarar på alle nivå i arbeidslivet og for at innvandrarar skal etablere eigne bedrifter og skape arbeidsplassar. BLD har eit ansvar og ei rolle som samordnar for å nå målet om god bruk av kompetanse.
Dei viktigaste tiltaka for å nå dette delmålet er mål om rekruttering innanfor staten, Nettverk for mangfald i statlege, heileigde bedrifter, intervjuordningar i stat og kommune, moderat kvotering, Mangfoldsprisen, Mangfoldsportalen, Jobbsjansen, etablerartiltak, tiltak for arbeidsinnvandrarar og FoU-arbeid. Desse kjem i tillegg til dei verkemidla som høyrer inn under den generelle arbeidsmarknadspolitikken, der Arbeidsdepartementet har eit ansvar.
Delmål 2.3 er direkte knytt til det overordna målet om auka sysselsetjing for innvandrarar. Situasjonen på arbeidsmarknaden for innvandrarar er på denne måten eit viktig bakteppe for måloppnåinga.
Innvandrarar stod for nesten heile veksten i sysselsetjinga i Noreg frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Nye innvandrarar frå EØS-landa bidrog mest til denne veksten, men det var òg noko auke i andre innvandrargrupper. Sjølv om talet på sysselsette innvandrarar auka sterkt siste år, heldt sysselsetjingsprosenten for innvandrargruppene seg uendra på 62,8. Dette skyldast at busette innvandrarar auka i takt med sysselsette innvandrarar i løpet av 2012. I befolkninga elles låg delen sysselsette på 69,7 prosent. Viss ein ser på den mest yrkesaktive aldersgruppa (20–66 år), er skilnaden mellom innvandrarar og befolkninga elles større, om lag 11 prosent.
Det er store skilnader i sysselsetjinga mellom grupper av innvandrarar. Blant innvandrarar frå EØS-området er tilgang på arbeid ei svært viktig årsak til innvandringa, og sysselsetjingsnivået for desse gruppene ligg godt over 70 prosent. I gruppene frå Asia og Afrika er sysselsetjinga derimot respektive 54,6 og 42,5 prosent.
Desse skilnadene i nivå har vore relativt stabile uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden. Skilnadene har fleire årsaker, mellom anna kort butid, behov for vidare utdanning og kvalifisering og diskriminering. Gruppene frå Asia og Afrika har fleire flyktningar med kortare butid i Noreg enn andre grupper. Dessutan er sysselsetjinga blant kvinner frå enkelte land i Asia og Afrika svært låg, noko som òg trekkjer gjennomsnittet ned i desse gruppene. Dette gjeld både etablerte grupper, som dei frå Pakistan og Tyrkia, og innvandrarar med kortare butid i Noreg, som dei frå Afghanistan, Somalia og Irak.
Den registrerte arbeidsløysa blant busette innvandrarar i Noreg gjekk svakt opp frå 6,0 prosent i mai 2012 til 6,4 prosent i mai 2013. I befolkninga elles ligg arbeidsløysa uendra på 1,8 prosent i den same perioden. I absolutte tal var det ein auke på 3 169 ledige innvandrarar. Når prosenten likevel endrar seg lite i denne gruppa, skyldast det veksten i arbeidsstyrken som følgje av arbeidsinnvandring.
Det er store skilnader mellom grupper òg når det gjeld arbeidsløyse. Innvandrarar i den afrikanske gruppa har høgast arbeidsløyse med 12,4 prosent, medan innvandrarar frå Vest-Europa låg på 2,9 prosent. Afrikanske innvandrarar har i mange år hatt det høgaste nivået, uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden.
I alt 8 160 innvandrarar deltok på arbeidsmarknadstiltak i 1. kvartal 2013 og utgjorde 44 prosent av alle deltakarane.
Stabil og høg sysselsetjing for alle, uavhengig av bakgrunn, er eit hovudmål. God bruk av kompetansen til innvandrarar og arbeidskraft er viktig for om innvandrarar, i like stor grad som i befolkninga elles, tar del i arbeidslivet fram til vanleg pensjonsalder. Fleire undersøkingar har avdekt ein tendens til at sysselsetjinga fell og fleire i enkelte innvandrargrupper blir avhengige av trygdeytingar etter 10–15 år i arbeidslivet. Det er for lite sikker kunnskap om årsakene til dette. Arbeidsdepartementet har derfor gitt Frischsenteret i oppdrag å beskrive og analysere innvandrargruppers langsiktige tilpassingar i arbeidsmarknaden og i velferdssystemet relativt til andre sammenliknbare grupper i befolkninga. Formålet er å avdekke årsaksforklaringar til skilnader i sysselsetjingsratar, jf. omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Arbeidsdepartementet.
Ei målsetjing er at delen tilsette i staten med innvandrarbakgrunn frå landgruppe 21 skal auke. Tall frå SSB viser ei forsiktig utvikling i rett retning, frå 4,6 prosent i 2011 til 4,8 i 2012. I alt var det 26 269 personar med innvandrarbakgrunn i staten i 2012, noe som utgjer 9,5 prosent. Det er ei auke frå 9,2 prosent året før.
Delen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg heileigde verksemder auka frå 9 prosent i 2010 til 9,1 prosent i 2011. Auken gjaldt berre personar med innvandrarbakgrunn frå landgruppe 1. Det var ingen endringar frå året før i delen leiarar med innvandrarbakgrunn. IMDi har starta eit nettverk for mangfald i dei statleg heileigde verksemdene, med vekt på HR-fagleg oppfølging og tilføring av kompetanse.
Innan statsforvaltinga er det innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga. Nokre kommunar har teke i bruk tilsvarande intervjuordningar. Regjeringa ønskjer at fleire kommunar tek i bruk ordninga, og har gitt IMDi i oppdrag å støtte kommunesektoren i dette arbeidet. IMDi rapporterer at ti kommunar og tre fylkeskommunar hadde innført ei permanent ordning i heile eller delar av verksemda si med å kalla inn minst éin kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til intervju i 2012.
I 2008 starta eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn i stillingar i tolv statlege verksemder. Sluttevalueringa syner at verkemiddelet i liten grad er nytta og i nokre av verksemdene i liten grad er tatt i bruk. Samstundes viser evalueringa at tiltaket har skapt auka merksemd og medvit kring rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Det blir gjennomført ein ny periode med utprøving av moderat kvotering av innvandrarar ved stillingsutlysingar i 13 statlege verksemder. Prøveperioden varer i 2012 og 2013.
Mangfaldsprisen blir kvart år delt ut til ei verksemd som utmerkjer seg når det gjeld etnisk mangfald på arbeidsplassen. I 2012 gjekk Mangfaldsprisen til SINTEF.
Mangfoldsportalen.no blei lansert i mars 2009, i samarbeid med partane i arbeidslivet. Portalen rettar seg mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og HR i verksemder i offentleg og privat sektor. IMDi er ansvarleg for portalen. Bruken av portalen har vore stabil. Ei brukarundersøking blant abonnentar på portalen sitt nyhendebrev i 2012 syner at brukarane finn portalen nyttig, men at det også er behov for fornying av innhald og presentasjon.
Erfaringar frå forsøksverksemd retta mot innvandrarar som ønskjer å etablere eiga bedrift, tyder på at innvandrarar møter særlege utfordringar, til dømes manglande kjennskap til norske rutinar og prosessar og vanskar med å få lån. Det er få målretta tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har. I 2012 og 2013 har IMDi tildelt midlar til Buskerud fylkeskommune, som gjennom sitt eigarskap i Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping har oppretta eit regionalt etablerarsenter. I tillegg har IMDi tildelt midler til bydelen Grorud i Oslo kommune, som har oppretta eit tilbod til etablerarar i Groruddalen. Målsetjinga med tiltaka har vore å finne modellar for regionale etablerarsenter som kan gi eit tilpassa tilbod til innvandrarar.
Integreringstiltak for arbeidsinnvandrarar blei behandla i St.meld. nr. 18 (2007–2008) Arbeidsinnvandring. Det er viktig at arbeidsinnvandrarar som har busett seg i landet, får dei same høva til å ta del i yrkes- og samfunnslivet som resten av innbyggjarane. Tilrettelegging av informasjon er eit sentralt tiltak. Startpakka Ny i Norge for arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar om nøkkelspørsmål ved arbeid og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert sidan 15. september 2009. Tilbakemeldingane tyder på at Ny i Norge framleis treffer informasjonsbehovet. Pakka blir no i tillegg brukt av offentlege etatar i tenesteytinga. Kommunar, vaksenopplæringssenter, utdanningsinstitusjonar, bedrifter og frivillige organisasjonar distribuerer Ny i Norge til arbeidsinnvandrarar.
Det er store variasjonar i deltakinga i arbeidslivet blant innvandrarane. Mange kvinner tek ikkje del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Tiltaket Ny sjanse / Jobbsjansen rettar seg mot mellom anna denne gruppa. Resultat frå IMDi for 2012 viser at 461 personar tok del i Ny sjanse i 2012, mot 403 i 2011. Fleirtalet av deltakarane var kvinner. Av dei 177 deltakarane som gjekk ut av Ny sjanse i 2012, gjekk 52 prosent over i arbeid eller utdanning. Dette er ein auke frå 2011 på 13 prosentpoeng. Resultata har halde seg på eit stabilt nivå sidan starten i 2005, og ein auke det siste året til over 50 prosent er svært bra. Jobbsjansen blei innført sommaren 2013, og Ny sjanse blei da ein del av Jobbsjansen. Deltakartalet vil liggje på om lag 1 000 personar i 2013.
Strategiar og tiltak for 2014
Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit samfunn der systematiske skilnader i levekår følgjer etniske skiljelinjer. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet for å sikre den enkelte gode levekår. Auka deltaking i arbeidslivet skal vere hovudstrategien for å sikre ei god utvikling av samfunnet. Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden, deriblant innvandrarar, over i arbeid. Denne innsatsen er omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) for Arbeidsdepartementet.
Høg sysselsetjing og auka verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Innvandrarar er ein viktig del av arbeidskrafta i Noreg. Eit større mangfald i arbeidslivet kan medverke til å løyse oppgåvene i eit meir samansett og variert norsk samfunn. Regjeringa vil arbeide vidare for ein inkluderande rekrutteringspolitikk og mot diskriminering, slik at kompetansen til innvandrarar kjem til nytte i det norske samfunnet på alle nivå i arbeidslivet. Regjeringa vil styrkje samarbeidet med partane i arbeidslivet for å auke rekruttering av innvandrarar i arbeidslivet.
Arbeidslivet må i større grad enn i dag nytte ressursane og kompetansen til innvandrarar. Mange innvandrarar kjem til Noreg med utdanning og erfaring frå arbeidslivet, og mange skaffar seg tilleggsutdanning og får erfaring frå arbeidslivet etter at dei har kome hit. Jamvel kan dei ha problem med å få godt fotfeste i arbeidslivet. Sysselsette innvandrarar er oftare overkvalifisert for jobben dei har. Dette gjeld i særleg grad innvandrarar frå Afrika og Asia. Det finst diskriminering av personar med innvandrarbakgrunn som søkjer jobb. Fleire utval har peika på kor viktig det er med betre og meir effektive godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning og har føreslått tiltak. Innvandrarar møter òg særskilde utfordringar når dei skal etablere eigne, levedyktige føretak.
Regjeringa ser eit behov for ein meir heilskapleg innsats for betre å nytte kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet. Som ei oppfølging av Meld. St. 6 (2012–2013) Ein heilskapleg integreringspolitikk la regjeringa fram handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. Handlingsplanen legg vekt på tiltak innanfor tre hovudområde: godkjenningsordningar for kompetanse frå utlandet, rekruttering til offentleg og privat sektor og etablering av eigne bedrifter.
Handlingsplanen inneheld ei rekkje tiltak. Desse skal bli sett i verk i planperioden 2013–2016. Handlingsplanen skal bli gjennomgått årleg for å vurdere korleis han blir følgt opp. For å kunne nærme seg det overordna målet om betre bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet skal det bli vurdert om det er nødvendig med meir kunnskapsutvikling for å kunne lage treffsikre tiltak, og om nokre av tiltaka må bli vidareutvikla. Gjennomføringa av tiltaka i planen vil bli evaluert. BLD har leia arbeidet med handlingsplanen. Planen er utvikla gjennom eit samarbeid med Arbeidsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet.
Arbeidet med handlingsplanen kjem i tillegg til arbeidet med oppfølging av tiltaka for å betre kvalifiseringa av nykomne innvandrarar. Låg kompetanse og svak grunnleggjande dugleik samanlikna med krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at nokre innvandrarar òg i 2013 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild hjelp for å kome i arbeid. Nærmare informasjon om strategiar og tiltak for introduksjonsprogrammet i 2013 står under delmål 2.2.
Det er viktig at offentleg sektor har ein mangfaldig arbeidsstyrke som speglar befolkninga, slik at han kan tilby best moglege og likeverdige tenester. Dette vil også medverke til styrkt tillit til det offentlege tenesteapparatet i befolkninga. Offentleg sektor skal gå føre med eit godt døme. Plikta i staten til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare. IMDi vil også i 2014 arbeide for at fleire kommunar og fylkeskommunar skal innføre ei tilsvarande ordning.
Jobbsjansen blir vidareført i 2014. Den tidlegare forsøksordninga Ny sjanse er blitt ein del av Jobbsjansen. Sjå også omtale under kap. 821, post 62.
Delmål 2.4: Høg oppslutning om norsk statsborgarskap
Resultatrapport 2012/2013
I løpet av 2012 blei meir enn 12 000personar norske statsborgarar eller fekk lovnad om statsborgarskap dersom dei løyste seg frå tidlegare statsborgarskap. Dette er ein nedgang på om lag 13 prosent frå 2011. Personar frå Irak, Somalia og Afghanistanvar dei største gruppene med overgang til norsk statsborgarskap. 37 prosent av dei nye statsborgarane i 2012 var barn.
Det er klare mønster i kven som vel å søkje om statsborgarskap, avhengig av kva for eit land dei kjem frå, og årsaka til at dei innvandrar til Noreg. Tal frå SSB viser at delen med norsk statsborgarskap blant busette innvandrarar som har budd i Noreg i minst sju år, er særleg høg blant personar med bakgrunn frå Afrika, Asia og Aust-Europa. Det er gjennomgåande færre statsborgarar frå Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika som vel å ta norsk statsborgarskap.
Årsaka til at det er mange frå Asia og Afrika som vel å søke om norsk statsborgarskap, kan vere at ein større del av desse har flykta eller flytta frå land som er prega av fattigdom eller krig og konflikt. Og blant folk frå Europa er det fleire søkjarar frå land der det har vært krig eller uro, som på Balkan. Tre av fire av dei som fekk opphald i Noreg som overføringsflyktning eller etter behandling av søknad om asyl for ti år sidan, er norske statsborgarar i dag.
Av dei som søkte om statsborgarskap i 2012, fekk 19 prosent avslag på søknaden. Det er fleire årsaker til avslag, men dei fleste av avslaga er grunna i at kravet til klarlagd identitet ikkje er oppfylt. Departementet har stor merksemd på utfordringane knytt til å fastsetje identitet. Departementet har med verknad frå 1. juli 2012 gjort endringar i statsborgarforskrifta slik at fleire personar som er fødde i Noreg, eller som har kome til Noreg i ung alder, kan få klarlagt identiteten sin og bli norske statsborgarar. Over 1 000 barn har fått norsk statsborgarskap som følgje av endringane.
Nasjonalt identitets- og dokumentasjonssenter (NID) ga våren 2013 ut ein rapport som kartlegg identitetsproblematikken og føreslår metodar for korleis ein kan fastsetje identitet og avklare tvil om identitet for irakarar. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for å følgje opp rapporten, men BLD er involvert i arbeidet. Målet er at flest mogleg som har oppgitt rett identitet til norske styresmakter, skal kunne bli norske borgarar.
Departementet arbeider kontinuerleg med å sikre at forvaltinga av statsborgarskapsregelverket skal bli best mogleg. I 2012 blei regelverket mellom anna endra slik at det ikkje lenger er krav til opphaldstid for barn under to år som søkjer statsborgarskap som bipersonar til foreldra sin søknad. Det blei òg gjort ein brei revisjon av heile systemet for utrekning av karenstid i saker der søkjaren har utført straffbare handlingar.
Nye statsborgarar blir invitert til ein frivillig statsborgarseremoni. Deltakarane på seremonien får boka Velkomen som ny statsborgar. Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. IMDi har ansvar for å gi rettleiing til fylkesmennene. I samarbeid med fylkesmannen prøver IMDi ulike tiltak for å auke delen av nye statsborgarar som deltar i statsborgarseremonien. I særleg utsette fylke har IMDi kontakta presse, lagt ut relevant informasjon på heimesidene deira og informert i nyhendebrev til kommunar.
Deltakinga i 2012 var på 26,9 prosent. Dette er ein auke på 2,2 prosentpoeng frå 2011 og eit høgare nivå enn i dei siste åra. I 2012 blei det til saman gjennomført 26 seremoniar med i overkant av 2 500 deltakarar i alt.
Strategiar og tiltak for 2014
Statsborgarskap for den enkelte er eit mål i integreringspolitikken, og regjeringa ønskjer at personar som bor permanent i Noreg, blir norske statsborgarar. Norsk statsborgarskap kan bidra til å skape tilhøyrsle til Noreg, og det er ein føresetnad for full deltaking i samfunnet. Det er eit mål at fleire som kan bli norske borgarar, skal søkje om statsborgarskap. Det er òg eit mål å hjelpe fleire som ønskjer norsk statsborgarskap med å klarleggje rett identitet for norske styresmakter, slik at dei kan bli norske borgarar. Dei viktigaste verkemidla for å nå delmålet er statsborgarregelverket, forvalting av statsborgarregelverket og statsborgarseremoniane.
Departementet jobbar kontinuerleg med forbetringar innanfor statsborgarregelverket for å oppnå høg oppslutning om norsk statsborgarskap. God forvalting av regelverket og arbeid med å motivere den enkelte til å søkje om norsk statsborgarskap er høgt prioriterte målsetjingar.
Statsborgarforskrifta er endra slik at det ikkje lenger alltid er nødvendig å skaffe pass frå heimlandet ved søknad om norsk statsborgarskap. Når utlendingsstyresmaktene har alle opplysningar dei treng, må ikkje søkaren lenger skaffe pass frå heimlandet.
Funna og anbefalingane i rapporten Identitet: Irakere i Norge om utfordringar ved kartlegging av identitet dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med identitetsproblematikken. BLD vil bidra i oppfølging av rapporten.
Regjeringa vil arbeide for at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke. Seremoniane skal vere ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien vil òg gi lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne.
Delmål 2.5: Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv
Resultatrapport 2012/2013
Deltaking i demokrati og samfunnsliv er avgjerande for å byggje eit trygt fellesskap basert på tillit mellom menneske og til offentlege institusjonar. Arbeidet for deltaking skjer på tvers av sektorar og på mange samfunnsområde.
Dei viktigaste tiltaka på BLD sitt område for å nå dette delmålet er tilskot til frivillige organisasjonar, opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (jf. delmål 2.2), tiltak for å auke valdeltakinga, kurs for religiøse leiarar ved Universitetet i Oslo (UiO), Mangfaldsveka og FoU på området. Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene er òg eit sentralt verkemiddel for innvandrarar si deltaking og innverknad.
Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle i å skape eit inkluderande samfunn for alle, som demokratiske aktørar og som møteplassar. Over budsjettet til BLD blir det gitt tilskot til frivillig verksemd på lokalt og nasjonalt nivå, òg til innvandrarorganisasjonar.
Forsking viser at samarbeid mellom grupper i samfunnet har ein eigen verdi i utviklinga av tillit, kjensle av fellesskap og sosial kapital. Frivillige organisasjonar er òg i nokre høve eit supplement til det offentlege ved at konkrete samfunnsoppgåver løysest av organisasjonar på vegner av det offentlege.
Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd skal medverke til å auke innvandrarar si deltaking i samfunnslivet og til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet, sjå omtale under kap. 821, post 71. Det blir gitt støtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet i lokalsamfunn, til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar, og til organisasjonar som har intensjonsavtaler med IMDi. Vidare blir det gitt støtte til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.
Regjeringa har i 2013 innført ei nasjonal veke for mangfald og fleirkultur. Formålet er å medverke til å synleggjøre mangfaldet i befolkninga gjennom ulike arrangement og aktivitetar over heile landet. Røde Kors har fått midlar for å koordinere Mangfaldsveka.
Forskingsprogrammet Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor blei avslutta i 2013 etter fem år. BLD har bidratt med finansiering av senteret i alle dei fem åra. Senteret har gjennomført ei lang rekkje forskingsprosjekt og utgitt rapportar, artiklar og bøker langs særleg tre hovudtema: deltaking i frivillige organisasjonar, endringsprosessar i sivilsamfunn og økonomiske og politiske rammevilkår. Eit viktig mål for senteret har vore å etablere, utvikle og halde ved like sentrale datakjelder om frivillig engasjement og frivillige organisasjonar i Noreg. Senterets arbeid, medrekna formidling og kontakt med frivilligheita, har mellom anna medverka til ny og omfattande kunnskap om innvandrarar si deltaking i organisasjonslivet i Noreg og om forhold knytt til tillit og fellesskap i samfunnet. Dette er viktig kunnskap for å kunne utarbeide strategiar og tiltak for å skape eit samfunn der alle kan delta med ressursane sine i arbeidslivet og for å motarbeide barrierar for deltaking i frivillig verksemd.
Valdeltakinga til personar med innvandrarbakgrunn har vore lågare enn for befolkninga som heilskap. Dette gjeld både i lokalval og ved stortingsval. Ei forklaring er kort butid i Noreg og at innvandrarane er yngre enn majoritetsbefolkninga. IMDi har, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet, frivillige organisasjonar og politiske parti, gjennomført ei rekkje informasjons- og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga ved stortingsvalet 2013. Tiltaka til IMDi har inngått i regjeringa si markering av stemmerettsjubileet 1913–2013. Eit av tiltaka var IMDi sitt arrangement på kvinnedagen 8. mars – 100 år med stemmerett for kvinner! Bruk stemmeretten din! – med over 1 000 deltakarar.
På oppdrag frå departementet held Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet. Den primære målgruppa er religiøse leiarar med innvandrarbakgrunn (imamar, munkar, prestar, pastorar og dessutan forstandarar og andre som er gitt leiaransvar på ulike nivå). Sidan 2007 har om lag 100 deltakarar fått opplæring om trussamfunna sine rettar og plikter, tilhøvet mellom religion og samfunn i Noreg, verdi- og religionsdialog og rådgivarrolla religiøse leiarar har overfor enkeltmenneske. Den tredje kursrekkja blei avslutta våren 2013. Det er avsett midlar til ei ny kursrekkje frå hausten 2013.
Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. KIM vedtek sjølv satsingsområda sine. I perioden 2010–2013 har desse vore 1) likeverdige offentlege tenester, 2) likestilling og deltaking og 3) rettar og arbeid med rettar. Sjå eiga omtale av KIM under kap. 823. KIM har i 2012/2013 delteke i referansegrupper og utval, levert fleire høyringsuttalingar og heldt fagseminar om ulike tema, mellom anna psykisk helse, lokale innvandrarråd og situasjonen til papirlause migrantar. I tillegg har utvalet gjennomført og delteke på fleire konferansar og markeringar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I 2013 arrangerte KIM ein landskonferanse med temaet Tilhøyrsle, med vekt på kvinner og demokratisk deltaking. Ved å gi innspel til og løfte ulike tema inn i styresmaktene si politikkutvikling medverkar KIM til å auke innvandrarar si deltaking i demokrati og samfunnsliv. 2013 er det siste året i denne fireårsperioden.
Strategiar og tiltak for 2014
Frivillige organisasjonar har ei sentral rolle i demokratiet. I Noreg tek innbyggjarane del i frivillig verksemd i langt større grad enn i dei fleste andre land. Foreiningar i sivilsamfunnet er viktige arenaer for inkludering, produksjon av fellesskapskjensle, tillit og tilhøyrsle. Dei medverkar til at menneske kan utfalde seg, til sjølvrealisering og trivsel og reduserer isolasjon og passivitet. Dei byggjer òg nettverk og kompetanse som kan vere eit springbrett vidare ut i utdanning og arbeid.
Lågare deltaking i frivillig verksemd gjer at innvandrarar i mindre grad enn andre får tilgang til ressursar i form av kunnskap, fellesskap og nettverk. For all slags deltaking i organisasjonar, unntatt religiøse, har innvandrarar lågare grad av organisering enn befolkninga i alt. Kvinner med innvandrarbakgrunn er sterkast underrepresentert.
Innvandrarorganisasjonar er ein viktig ressurs både for innvandrarane sjølve og som samarbeidspartnar for andre frivillige organisasjonar og styresmakter. Regjeringa gir derfor tilskot til drift av lokale innvandrarorganisasjonar. Regjeringa vil vidareføre tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling.
Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet blir òg vidareført. Arbeid mot diskriminering skal prioriterast. Premissane for å gi støtte er at organisasjonane jobber utoverretta, er inkluderande, driv brubygging og samarbeider med andre organisasjonar. Tilskota må medverke til å byggje relasjonar baserte på respekt, tillit og aksept mellom ulike aktørar på integreringsfeltet. Organisasjonane må kunne vise til planlagde mål og oppnådde resultat for å få støtte.
Vidare vil departementet prioritere informasjon og rettleiingstiltak retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga. Dei siste åra har talet på arbeidsinnvandrarar som kjem til Noreg, auka betydeleg, og behovet for tilrettelagd informasjon har tilsvarande økt. Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar som har intensjonsavtaler med IMDi, for å styrkje deira arbeid med busetjing og integrering i lokalsamfunn. Det er eit potensiale for meir samarbeid mellom lokalt arbeids- og næringsliv og frivillige organisasjonar for betre integrering. Store frivillige organisasjonar kan vere sentrale aktørar i å få i stand slikt samarbeid.
Vidare vil departementet vidareføre innsatsen for særleg utsette innvandrargrupper. Formålet er å skape arenaer for direkte kontakt med utsette innvandrargrupper.
Regjeringa vil vidareføre ei nasjonal veke for mangfald og fleirkultur i 2014. Mangfaldsveka vil bli koordinert av Røde Kors.
Forskingsprogrammet Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor blei i 2013 avslutta etter ein femårig periode. Regjeringa ved Kulturdepartementet vil setje i gang ein ny forskingsinnsats på frivilligheit. BLD bidreg inn i dette arbeidet med vekt på å få meir forsking på rolla og deltakinga til barn, unge og innvandrarar i frivillig verksemd og kva rolle frivillig verksemd spelar i å byggje tillit og fellesskap i eit mangfaldig samfunn.
Det er eit mål at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn som har stemmerett, skal vere den same som for gjennomsnittet i befolkninga, jf. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i del III.
SSB vil på oppdrag frå BLD gjennomføre ei undersøking av stemmegivinga blant veljarane med innvandrarbakgrunn ved stortingsvalet i 2013. Resultata vil kome i 2014. Ei tilsvarande undersøking blei gjennomført ved stortingsvalet i 2009.
Det er viktig at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn får innsikt i dei grunnleggjande verdiane som det norske samfunnet byggjer på, og får styrkt kompetanse i utøvinga av leiaroppgåvene sine i det norske samfunnet. Slik kan dei få større tryggleik til å formulere seg, ta meir ansvar og vise større engasjement og få reiskapar til å handtere konkrete rådgivaroppgåver. Kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet vil derfor bli vidareført.
Formålet med KIM er å få råd og innspel til politikkutvikling i saker som særleg vedkjem innvandrarar og barna deira. KIM skal mellom anna gi høyringsfråsegn og kome med råd og innspel til styresmakter, Stortinget, organisasjonar mfl. Vidare skal KIM være dialogpartnar for styresmakter, politikarar og andre sentrale aktørar og bidra i samfunnsdebatten rundt spørsmål knytt til migrasjon, integrering og inkludering. KIM består av innvandrarar frå alle landets fylke. Desse er nominert av lokale innvandrarorganisasjonar.
Kontaktutvalet sin periode går ut ved utgangen av 2013. Frå og med 2014 blir eit nytt utval oppnemnt. Det blir gjennomført nominasjon til dette utvalet i 2013. Nominasjonsprosessen er organisert av IMDi. KIM er òg omtalt under kap. 823, post 01.
Delmål 2.6: Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga
Resultatrapport 2012/2013
Det norske velferdssystemet er samansett av eit breitt tilbod med offentleg finansierte tenester. Tilbodet i til dømes barnehage, skole og helseteneste påverkar moglegheitene og livskvaliteten til kvar enkelt, og føresetnaden for å delta i samfunnet. Det er eit mål at tenestene er tilpassa behova i ei mangfaldig befolkning.
Dei viktigaste tiltaka for å nå delmålet er samordnings- og koordineringsarbeidet til BLD og IMDi, Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga, tolkefeltet og områdesatsing – i dette inngår gratis kjernetid i barnehage og gratis SFO, Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom og FoU-arbeid.
Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. BLD har eit særskilt samordningsansvar i politikken på integreringsfeltet og skal medverke til at fagstyresmaktene tek hand om det ansvaret dei har i integreringspolitikken.
Regjeringa har i 2013 ført vidare Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga. Ordninga sett mål for sentrale område og er regjeringa sitt sentrale verktøy for å synliggjere resultata av integreringspolitikken. Formålet med måla er samstundes å forankre det ansvaret styresmaktene har for integrering på eigne område. Det er 17 mål, som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Kvart mål har éin eller fleire indikatorar som skal vise kva retning utviklinga går i. I statsbudsjettet for 2014 rapporterer departementa på måloppnåing for niande året på rad. Den samla rapporteringa på måla er å finne i del III.
På direktoratsnivå skal IMDi medverke til arbeidet for at personar med innvandrarbakgrunn skal få likeverdige offentlege tenester. IMDi har samarbeidsavtaler med fleire direktorat og etatar som har ansvaret for viktige velferdsoppgåver.
Kommunane har ansvaret for ein vesentleg del av velferdstenestene, og IMDi har òg samarbeidsavtaler med fleire kommunar. Avtalene skal forplikte til mellom anna å setje mål i arbeidet, auke kompetansen hos tilsette og få systematikk i bruk av tolk. Ved sida av at desse avtalene har medverka til betre samarbeid, har dei hatt som effekt at andre kommunar ønskjer særskilte samarbeidsavtaler med IMDi.
Å leggje til rette for tolk er ein måte å tilpasse offentlege tenester på. Når brukaren ikkje kjenner språket, er tolking nødvendig, både for at tenesta skal kunne utføre oppgåvene sine, og for at rettstryggleiken til brukaren skal bli sikra. BLD har det overordna ansvaret for å leggje til rette for tolking til og frå andre talespråk enn norsk i offentleg sektor. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor, og har gjennom fleire år, i samarbeid med relevante styresmakter, gjennomført årlege undersøkingar om bruk av tolk i delar av offentleg sektor. Undersøkingane har gitt viktig kunnskap om utfordringane innanfor ulike offentlege verksemder og er grunnlag for vidareutvikling av tiltak i samarbeid med sektorane.
IMDi sine kartleggingar viser eit stort underforbruk av tolk i offentleg sektor i høve til dei behova som finst. Dei viser òg at slektningar og barn relativt ofte blir nytta som tolk, og at fleire etatar manglar rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. Departementet vil greie ut og sende på høyring eit lovforbod mot bruk av barn som tolk. Ein gjennomgang av organiseringa av tolketenesta er varsla i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk.
Ei autorisasjonsordning og tolkeutdanning skal bidra til å sikre kvaliteten på tolketenestar. Nasjonalt tolkeregister skal gjere tilgangen på tolkar enklare. IMDi er ansvarleg for å drifte registeret. IMDi arbeider for at offentleg sektor skal bruke tolkar som er registrert i registeret. Ved utangen av 2012 var det registrert 1 284 tolkar i 66 språk i Nasjonalt tolkeregister. Av desse har 60 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning. Praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrert, og som ikkje har fullført utdanning eller ikkje har statsautorisasjon, må ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva for ansvar tolken har. Slik vil departementet sikre at dei som er ført opp i registeret, har minimumskompetanse i tolking.
Statsautorisasjonsordninga for tolkar blei overført frå Universitetet i Oslo til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2013. Formålet var mellom anna å sikre eit breiare og meir stabilt fagleg miljø. IMDi samarbeider med HiOA for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet har for tolkar på ulike språk.
På nokre område med store og samansette levekårsutfordringar går stat og kommune saman om ein ekstra innsats. Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo, Saupstad i Trondheim og Årstad i Bergen er dei områda der staten og kommunane har slik felles innsats.
Staten og Oslo kommune har inngått ei avtale for perioden 2007–2016 om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekåra i Groruddalen. BLD har det overordna ansvaret for staten sin innsats på Programområde 4 i satsinga, som omhandlar oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. IMDi samordnar det statlege arbeidet på dette programområdet.
I 2013 blei det på Programområde 4 sett av om lag 47 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak på ansvarsområda til fleire departement. I tillegg blei det sett av 10 mill. kroner til eit skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen og Oslo Sør. Ei midtvegsevaluering frå 2011 viser at satsinga i all hovudsak er på veg mot måla.
Den største innsatsen på Programområde 4 har vore retta mot barnehage og skole. Det viktigaste enkelttiltaket er forsøk med gratis kjernetid i barnehage. I tillegg skal skoleutviklingsprosjektet i Groruddalen og Oslo Sør medverke til at læringsutbyttet og gjennomstrøyminga på skolane i områda kjem opp på nivå med gjennomsnittet for Oslo. Det skal òg bli utvikla modellar for samarbeid mellom skole, bydel og heim. Folkehelseprosjekt som skal medverke til å redusere helseforskjellane i befolkninga i Groruddalen, er gjennomført i alle dei fire bydelane. Prosjekta dreier seg mellom anna om fysisk aktivitet, kosthald og førebygging av livsstilsrelaterte sjukdommar som diabetes.
Staten og Oslo kommune har òg teikna ei intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør for perioden 2008–2017. Dette er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydelen Søndre Nordstrand. I tillegg til dei ordinære midlane som går til bydelen, har staten gitt i underkant av 17 mill. kroner i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2013. Støtte til skoleutviklingsprosjektet kjem i tillegg. Også i Handlingsprogram Oslo Sør har ein arbeidd med barn og oppveksttiltak, særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla, i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet og frivillige aktivitetar. IMDi samordnar den statlege innsatsen i satsinga. Som i Groruddalssatsinga på levekårsområdet er forsøk med gratis kjernetid i barnehage det største statlege tiltaket i Handlingsprogram Oslo Sør.
Over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett gir Husbanken midlar til områdeløft i Saupstad i Trondheim kommune og Årstad i Bergen kommune, i tillegg til Groruddalen.
Staten har finansiert forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn sidan 2006. Hovudformålet med forsøket er å førebu barn på skolestart ved å medverke til sosialisering og å betre kunnskapen i norsk hos barn med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Forsøket inneber at alle barna i aktuelle årskull i desse områda får tilbod om gratis opphald i barnehage 20 timer i veka. Målgruppa er hovudsakleg fire- og femåringar. I barnehagen får barna systematisk språkstimulering, og foreldra får tilbod om språkopplæring og kurs i foreldrerettleiingsprogram.
I 2012 og 2013 omfatta forsøket seks bydelar i Oslo (dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo), to område i Drammen (Fjell og deler av Strømsø) og tre skolekrinsar i Årstad i Bergen.
Gratis kjernetid har medverka til at barnehagedeltakinga har auka i forsøksområda. I Oslo, som har hatt forsøket lengst, har nesten alle som begynner på skole, gått i barnehage. Forsøket har også medverka til at foreldra sine haldningar til bruk av barnehage har endra seg; mange foreldre med innvandrarbakgrunn anerkjenner verdien av at barna går i barnehage for at dei skal ha gode kunnskapar i norsk før dei begynner på skolen. Skoler i Oslo melder om at barn i område omfatta av forsøket som begynner på skole, meistrar norsk betre enn tidlegare.
Gratis kjernetid skal framleis vere eit verkemiddel i ei breiare områdesatsing. Forsøket kan vere med på å gjere nokre område meir attraktive for alle grupper barnefamiliar. Forsøket vil bli vurdert i lys av ei evaluering av ordningane som er ferdig mot slutten av 2014.
Eitt tiltak i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk er eit forsøk med gratis plass i skolefritidsordninga. Formålet med forsøket er å sjå om gratis aktivitetsskole kan leggje til rette for at elevar får betre føresetnader for å lykkast i skolen, og om det kan føre til at skolekrinsen blir meir attraktiv. Forsøket blir gjennomført for elevar på 1.–4. trinn på Mortensrud skole med gratis deltidsplass i Aktivitetsskolen, som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør. Forsøket starta hausten 2013, er planlagt avslutta i 2017 og blir gjennomført i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.
Regjeringa la i februar 2013 fram Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet (2013–2016). Planen inneheld 22 nye tiltak og tiltak som blir ført vidare frå tidlegare handlingsplanar, fordelt på tre hovudkapittel: førebygging, god offentleg hjelp gjennom kompetanse og samordning, og forsking og utvikling av metodar. Planen er eit samarbeid mellom sju departement, og BLD koordinerer arbeidet. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka.
Evalueringar av tidlegare planar viser at tiltaka har ført til at fleire søkjer hjelp, til meir kunnskap i hjelpeapparatet og til at fleire hjelpetilbod er på plass. Fleire tidlegare tiltak er blitt innlemma i ordinær drift. Eit eksempel er det nasjonale bu- og støttetilbodet til unge over 18 år som står i fare for eller har vore utsett for tvangsekteskap. Tilbodet er vidareført som ei ordinær oppgåve for Bufdirs verksemd. Departementet har i samråd med Bufdir og kommunane sett på forvaltinga av tilbodet, og det er arbeidd med å vidareutvikle tilbodet i tråd med erfaringar og evalueringar.
Rapportering på tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2012) er tilgjengeleg på nettstaden til departementet. Rapportering på gjennomføringa av tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet (2013–2016) vil bli lagt ut. Gjennomføringa av tiltaka i den nye planen vil bli evaluert.
IMDi har i 2013 hatt 28 minoritetsrådgivarar på ungdomsskolar og vidaregåande skolar som hjelper ungdom som blir utsett for press og tvang i samband med ekteskapsinngåing. IMDi har òg satsa på å gi minoritetsrådgivarane ei tettare tilknyting til skolen ved å overføre den daglege personaloppfølginga til skoleleiinga. I 2012 fekk minoritetsrådgivarane 390 nye saker; talet for første halvår 2013 er 109 nye saker.
IMDi har òg hatt fire integreringsrådgivarar for å medverke til å styrkje handsaminga av familiesaker og auke kompetansen på tvangsekteskap og kjønnslemlesting ved aktuelle utanriksstasjonar. I 2012 blei desse stillingane omgjort til spesialutsendingar under Utanriksdepartementet. Integreringsrådgivarane fekk 159 nye saker i 2012; talet for første halvår 2013 er 68 nye saker.
Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting (Kompetanseteamet) består frå og med 2012 av representantar frå UDI, Politidirektoratet, Bufdir, Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi. I 2012 fekk Kompetanseteamet 360 nye saker; talet for første halvår 2013 var 195.
Omfanget av saker til rådgivarar og team viser at tiltaka treffer eit behov.
I 2012 blei det etablert seks regionale koordinatorstillingar ved IMDis regionkontor for å styrkje det regionale arbeidet mot tvangsgifte og kjønnslemlesting. Det er oppretta regionale nettverk som skal sørgje for kompetansoppbygging i førstelinjetenesta lokalt. Det sentrale Kompetanseteamet bidrar i dette arbeidet. Stillingane blei vidareført i 2013.
Det er viktig å sjå alle tiltaka i samanheng. Samla representerer dei eit breitt tilbod til utsette barn og unge. Med styrkinga av det regionale og lokale leddet vil ein nå fram til flest mogleg.
Ein føresetnad for å få til offentlege tenester for alle er brei kunnskap om endringane i samfunnet og om behova til ei mangfaldig befolkning. Mange sektorar har medansvar for politikk og utvikling av tenestetilbod. Mykje av kunnskapsarbeidet blir derfor gjort av eller i samarbeid med andre etatar. BLD har i 2013 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, jf. ssb.no/innvandring. Statistikken er ei plattform for vidare analyse og for politikkutforming, men er òg viktig for å oppnå ein faktabasert og konstruktiv debatt om integrering.
BLD støttar programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd, som mellom anna har som tema inkludering og ekskludering, familie og samfunn, internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar. Programmet Kjønnslemlesting i norsk kontekst hos Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) utviklar og formidlar kunnskap om dette, jf. nkvts.no.
IMDi har i oppdrag å vere kompetansesenter for integrering og har ei sentral rolle i å spreie informasjon om integrering og mangfald og medverke til kunnskapsutvikling. Som direktorat rettar IMDi eit særskild søkjelys mot kunnskap i bruk. IMDi søkjer å få fram ny kunnskap som gjer at måla blir nådd og kvaliteten i integreringstiltaka aukar. IMDi sine viktigaste informasjonskanalar til kommunar, andre samarbeidspartnarar og samfunnet elles er nettportalen imdi.no og nyhendebrevet i-nytt. Kunnskapsformidling skjer mellom anna på web, gjennom innleiingar på konferansar og i form av trykte publikasjonar. Ein av publikasjonane er iFAKTA om innvandrarar og integrering, som har vore produsert årleg sidan 2008. Dette er eit faktahefte som rettar seg mot befolkninga generelt. IMDi har også andre publikasjonar som har vore gjennomført årleg: Topplederundersøkelsen, Kommunelederundersøkelsen og Mangfold i heleide statlige virksomheter. IMDi har sidan 2005 gjennomført Integreringsbarometeret, som kartlegg befolkninga sine haldningar til innvandrarar, innvandring og integrering.
IMDi har i perioden fokusert stadig meir på det lokale integreringsarbeidet og har derfor prioritert å medverke til styrkt lokal kunnskap om integrering og mangfald. Målet med desse prosjekta er å få dokumentasjon og kunnskap om korleis kommunane best kan til leggje til rette tenestene sine for å oppnå gode integreringsresultat.
Strategiar og tiltak for 2014
Offentlege tenester må vere tilpassa behova til befolkninga. Dersom tilgangen til og kvaliteten på tenestene er godt tilpassa brukarane, kan dei medverke til sosial utjamning og rettferdig fordeling. Dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle gruppene innanfor sitt område, også innvandrarar og barna deira.
Oppgåver knytt til arbeidsliv, barnehage, skole og utdanning, helse og bustad ligg innanfor ansvarsområda til andre departement. BLD skal medverke til at fagstyresmaktene tar hand om det ansvaret dei har i integreringspolitikken.
Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarar og barna deira er ein føresetnad for at BLD skal ivareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa kan ivareta ansvaret sitt. Regjeringa vil derfor jamleg presentere status og kunnskap på området i ei samla form.
I tråd med integreringsmeldinga vil regjeringa utvikle og styrkje ordninga Mål for inkludering som eit verktøy for samordning av regjeringa sin integreringspolitikk. Frå 2015 vil det skje fleire endringar i ordninga. Hovudmålet for ordninga skal vere at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet, medan indikatorane vil bli delt inn i fire temaområde som er sentrale for integreringa: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; fellesskap og deltaking. Det vil bli rapportert årleg i budsjettproposisjonen både til BLD og til andre departement. Ordninga vil òg endre namn til Mål for integrering.
Arbeidet IMDi gjer for å sikre likeverdige offentlege tenester, byggjer mellom anna på oppfølging av samarbeidsavtaler med etatar og kommunar og på nettverksbygging og deling av erfaringar mellom direktorat og andre aktørar. IMDi har eit særskilt ansvar for å utvikle og formidle kunnskap om og metodar for å tilpasse offentlege tenester for alle brukargruppene. Det inneber mellom anna å leggje til rette for bruk av tolk dersom brukarar har behov for det.
Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting ikkje blir svekt ved språkbarrierar, vil bli ført vidare. Tilgang på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken til individet. Sjølv om norskopplæringa for nykomne innvandrarar er styrkt, vil behovet for tolking vare ved.
Det langsiktige målet er at flest mogleg av tolkane i Nasjonalt tolkeregister skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og eig og driv registeret. På bakgrunn av tilrådingane i evalueringa av Nasjonalt tolkeregister er fleire funksjonar i registeret betra.
Det er viktig med gode system for rekruttering og kvalifisering for å møte behovet for tolkar i framtida. Utdanningstilbodet for tolkar skal vere godt og funksjonelt. Arbeidet for auka kunnskap i offentleg sektor om samanhengen mellom rettsvernet og kvaliteten på tolkinga held fram. Styresmaktene og kommunane har sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk. Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er i ferd med å utvikle eit kursopplegg for kommunikasjon via tolk. IMDi gir utviklingsmidlar til prosjektet. Målsetjinga er at HiOA skal kunne gi eit permanent opplæringstilbod for tilsette i offentleg sektor.
Eit tiltak i handlingsplanen for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er òg at ein skal vurdere å innføre felles retningslinjer for bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor. Retningslinjer er ferdigstilt i fleire sektorar. Eit forbod mot å nytte barn som tolk i forvaltingslova blir òg greidd ut og skal sendast på høyring.
Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk varsla ein gjennomgang av organiseringa av tolketenesta. Regjeringa oppnemnde 23. august 2013 eit offentleg utval som skal utgreie bruk av tolk i offentleg sektor. Utvalet skal levere utgreiinga si til BLD eitt år etter oppstart av arbeidet.
Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar med levekår av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresentert i desse områda. Områdesatsing kan vere eit viktig verkemiddel for å betre levekåra i avgrensa geografiske område. Ei områdesatsing er eit samarbeid mellom stat og kommune som skal medverke til å betre levekåra ved å sjå fleire verkemiddel i samanheng og til å skape synergieffektar av statlege og kommunale middel. Ei slik heilskapleg satsing kan òg vere viktig for å snu ei negativ sosial eller økonomisk utvikling i eit område og for å stimulere til deltaking i lokalsamfunnet og i samfunnet elles. Regjeringa har gjort langsiktige samarbeidsavtaler med Oslo kommune om felles områdesatsingar for å betre levekåra i fire bydelar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand.
Indre Oslo øst er eit område med tilsvarande utfordringar. Oslo kommune har sett av 25 millionar årleg i sitt budsjett for ein særleg innsats for indre Oslo øst. Staten vil bidra med om lag 25 mill. kroner i eit spleiselag med Oslo kommune. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. BLD, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet bidrar med midlar over sine budsjett. Departementa og Oslo kommune skal samarbeide om satsinga.
For å leggje til rette for at barn som ikkje har norsk eller samisk som morsmål, skal meistre norsk så godt som mogleg ved skolestart, ønskjer regjeringa framleis å stimulere til auka deltaking i barnehage i nokre område som har ein stor del barn med innvandrarbakgrunn. Gratis kjernetid er og skal framleis vere eit verkemiddel i ei breiare områdesatsing. Forsøket kan vere med på å gjere nokre område meir attraktive for alle grupper barnefamiliar.
I 2014 vil regjeringa derfor vidareføre forsøket med gratis kjernetid i barnehage 20 timar per veke for fire- og femåringar i områder i Oslo, Drammen og Bergen, og i tillegg for treåringar i Drammen. Frå og med 2014 blir forvaltinga av forsøket overført til IMDi.
Regjeringa har sett i gang ei utgreiing for å innhente kunnskap og identifisere god praksis i kommunar/bydelar med å stimulere til meir kunnskap og dugleik i norsk språk for dei førskolebarna i alderen 3–5 år som ikkje går i barnehage. Samisktalande barn er ikkje omfatta av undersøkinga.
Forsøket med gratis deltidsplass i Aktivitetsskolen, som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør, blir vidareført.
Kunnskapsdepartementet vidarefører skolesatsinga i Groruddalen og Oslo Sør og har sett av 10 mill. kroner årleg til nye skoletiltak i områda i perioden 2012–2016.
Arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting har som mål å hindre at overgrep skjer. Det krev ei langsiktig satsing og utvikling av nye metodar. Det er viktig å sørgje for at det finst nødvendig hjelp og støtte for utsette personar. Samstundes er førebyggjande innsats på desse felta særdeles viktig. Regjeringa vil utvikle arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet (2013–2016). Eit hovudmål er at arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlige avgrensingar av unge sin fridom er ein integrert del av alle relevante offentlege tenester ved utgangen av 2016. Tiltaka supplerer innsatsen elles mot vald i nære relasjonar og strategi mot vald og seksuelle overgrep mot barn.
Politikkutviklinga på integreringsområdet skal byggje på kunnskap. Evalueringar av verkemidla på området, utvikling av nasjonale grunnlagsdata og generell forsking og kunnskapsutvikling nasjonalt og internasjonalt står sentralt for å kunne utvikle eit tenestetilbod som er tilpassa mangfaldet i befolkninga.
Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og inkludering av innvandrarar og barna deira, blir ført vidare. BLD vil gi støtte til programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) også i 2014, og NKVTS si rolle som kompetanseutviklar når det gjeld kjønnslemlesting, held fram.
IMDi fører vidare funksjonen sin i produksjon og formidling av kunnskap, metodar og verkemiddel som kommunar og statlege etatar kan nytte i arbeidet med integrering av personar med innvandrarbakgrunn. I tillegg skal IMDi gjennom faktabasert kunnskap medverke til ein opplyst debatt og vil også i 2014 medverke til å formidle resultata av integreringspolitikken til heile befolkninga.
Gjennom støtte til nasjonale ressursmiljø blir det bygt opp kunnskap når det gjeld kva som fremmar, og kva som hindrar inkludering. Desse miljøa formidlar òg erfaringar og kompetanse til styresmaktene og til innbyggjarane elles. Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) medverkar til å få fram ulike erfaringar og til å få til ein brei offentleg debatt om integrering.
Nærmare om budsjettforslaget
Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 196 345 | 179 187 | 194 946 | 8,8 |
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 5 128 394 | 5 698 836 | 6 691 101 | 17,4 |
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 664 107 | 1 689 701 | 1 626 074 | -3,8 |
823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene | 6 647 | 6 644 | 6 749 | 1,6 |
Sum kategori 11.05 | 6 995 493 | 7 574 368 | 8 518 870 | 12,5 |
Inntekter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
3820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 6 407 | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 132 270 | 106 496 | 212 936 | 99,9 |
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 97 132 | 96 567 | 112 288 | 16,3 |
3823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene | 120 | |||
Sum kategori 11.05 | 235 929 | 203 063 | 325 224 | 60,2 |
Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Drift | 288 429 | 273 129 | 280 841 | 2,8 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 10 500 | 41 252 | 292,9 | |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 6 186 | 6 390 | 6 614 | 3,5 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 6 643 185 | 7 226 619 | 8 129 303 | 12,5 |
70-98 | Overføringar til private | 57 693 | 57 730 | 60 860 | 5,4 |
Sum kategori 11.05 | 6 995 493 | 7 574 368 | 8 518 870 | 12,5 |
Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 196 345 | 179 187 | 194 946 |
Sum kap. 0820 | 196 345 | 179 187 | 194 946 |
Status for verksemda
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for statens integreringspolitikk og er ein premissleverandør for utvikling av politikken på feltet.
Dei viktigaste oppgåvene til IMDi er
å medverke til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg, i tråd med busetjingsavtalen mellom staten og KS og dei måla som er sett for busetjinga
å medverke til rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid eller utdanning
å medverke til å utvikle og setje i verk integreringspolitikken
å vere eit kompetansesenter for kommunane og andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering
å ta initiativ overfor ansvarlege styresmakter om kva høve og barrierar ulike grupper av innvandrarar står overfor, og å gi departementet råd og rettleiing
å medverke til å førebyggje og motverke tvangsekteskap og kjønnslemlesting
å ta initiativ overfor og å samarbeide med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking i arbeids- og samfunnsliv
å medverke til ein auke i talet på kvalifiserte tolkar og til sikring av tilgang på tolkar som dekkjer fleire språk
IMDi sitt arbeid skal byggje opp under fagstyresmaktene si ivaretaking av sitt ansvar. IMDi er organisert med kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik.
Målgrupper
Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom anna næringsliv og arbeidsgivarar, statlege organ på både direktoratsnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.
Verkemidla
Dei viktigaste verkemidla til IMDi er lover og forskrifter, kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar.
I 2014 vil IMDi møte dei største utfordringane på desse områda:
Busetjing
IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Talet per 30. juni 2013 på personar med løyving om opphald som ventar på å bli busett, er det høgaste sidan IMDi blei oppretta, og busetjingsbehovet for 2014 er høgare enn i dei siste åra. IMDi vil vidareutvikle det systematiske samarbeidet med kommunane om ei jamn og planfast busetjing. Einslege mindreårige og familiar med barn skal prioriterast.
Arbeid og kvalifisering
Det er viktig med innsats frå relevante styresmakter for å få god måloppnåing.
Dei største utfordringane i 2014 vil vere
auka sysselsetjing blant innvandrarar, særleg blant kvinner med låg sysselsetjing
rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid og/eller utdanning
Evaluering av IMDi
IMDi blei oppretta den 1. januar 2006 ved at UDI blei delt og det blei etablert eit eige direktorat for integrering og mangfald. Departementet har sett i verk ei ekstern evaluering av direktoratet. Evalueringa blir gjennomført i 2013.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Innanfor ramma ligg oppgåver knytt til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.
Departementet føreslår å flytte
1 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til kompetanseheving om godkjenningsordningar for programrådgivarar i introduksjonsordninga, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse
3,2 mill. kroner frå kap. 822, post 60 til utvikling av nytt IKT-system for busetjing og integrering
1,22 mill. kroner frå kap. 821, post 62 til tiltak nr. 14 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege begrensninger av unges frihet
Departementet føreslår ei løyving på 194,9 mill. kroner i 2014. Posten er føreslått auka med 7,8 mill. kroner til IMDis arbeid med uttak av ytterlegare 1 000 overføringsflyktningar.
Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 636 | ||
15 | Refusjon av arbeidstiltak | 104 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 550 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 117 | ||
Sum kap. 3820 | 6 407 |
Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast | 50 178 | 46 273 | 38 483 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 10 500 | 41 252 | |
50 | Noregs forskingsråd | 6 186 | 6 390 | 6 614 |
60 | Integreringstilskot, kan overførast | 4 571 799 | 5 090 852 | 6 005 522 |
61 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving | 344 014 | 314 268 | 328 574 |
62 | Kommunale innvandrartiltak | 98 524 | 172 823 | 209 796 |
70 | Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging | 4 638 | 1 860 | 1 925 |
71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd | 48 813 | 51 094 | 51 582 |
72 | Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m. | 2 442 | 2 523 | 2 611 |
73 | Tilskot | 1 800 | 2 253 | 4 742 |
Sum kap. 0821 | 5 128 394 | 5 698 836 | 6 691 101 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast
Målet med løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og mangfald i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting.
Rapport 2012/2013
I 2012 og 2013 har mykje av midlane vore nytta til utvikling og vedlikehald av statistikk og nye analysar om migrasjon, integrasjon og levekår. Det er gitt midlar til deltaking i forskingsprogrammet Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor og til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sitt kompetanseutviklingsarbeid på området kjønnslemlesting. Det er lagt vekt på å skaffe fram systematisk kunnskap om einslege mindreårige flyktningar. Andre sentrale tema for prosjekt har vore måloppnåing innanfor introduksjonsprogrammet for nye flyktningar, norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, alfabetisering for vaksne innvandrarar, innvandrarelevar i vidaregåande skole, bustadløysingar for flyktningar, førebygging av tvangsekteskap og ekstrem kontroll, valdeltaking, likskap og forskjellar mellom Oslo-ungdom med og utan innvandrarbakgrunn og innvandrarar i distriktskommunar.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å flytte
6 mill. kroner til kap. 821, post 62 til ei ny tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse
3 mill. kroner til kap. 821, post 73 til ei ny tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse
1 mill. kroner til kap. 820, post 01 til kompetanseheving om godkjenningsordningar for programrådgivarar i introduksjonsordninga, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse
590 000 kroner frå kap. 821, post 73 til kap. 821, post 21 til kurset Å være religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo
Departementet føreslår ei løyving på 38,5 mill. kroner i 2014. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar, statistikkprosjekt og kartleggingar. Løyvinga blir òg nytta til prosjekt innanfor samarbeidsavtala med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid, utvikling av dataverktøy og til formidling av kunnskap. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytt til handlingsplanar og satsingar skal prioriterast. I kunnskapsarbeidet skal kjønn stå sentralt.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal nyttast til utgifter mellom anna til å utvikle og implementere system, til å skaffe utstyr og til bruk av interne ressurspersonar.
Departementet føreslår å flytte 30,5 mill. kroner frå kap. 822, post 60 til utvikling av nytt IKT-system for busetjing og integrering. Departementet føreslår ei løyving på 41,3 mill. kroner i 2014.
Post 50 Noregs forskingsråd
Midlane på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.
Departementet føreslår ei løyving på 6,6 mill. kroner i 2014.
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Formål
Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at einslege, mindreårige flyktningar og barnefamiliar skal bli busett i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått opphaldsløyve, og at andre vaksne skal bli busett innan seks månader. Tilskotet skal gi ei rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane driv eit planfast og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar.
Tildelingskriterium
Integreringstilskot
Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.
Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busett frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busett etter avtale med kommunen.
Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn. Satsane er vist i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.
Tabell 3.5 Satsar for integreringstilskotet
Busetjingsår | Satsar 2010 | Satsar 2011 | Satsar 2012 | Satsar 2013 | Satsar 2014 |
---|---|---|---|---|---|
År 1 (einslege vaksne) | 200 000 | 210 000 | 215 000 | 225 000 | |
År 1 (andre vaksne) | 147 500 | 150 000 | 156 500 | 165 000 | 175 000 |
År 1 (einslege mindreårige) | 150 000 | 156 500 | 165 000 | 175 000 | |
År 1 (barn) | 127 500 | 130 000 | 135 000 | 145 000 | 155 000 |
År 2 | 146 400 | 150 000 | 156 500 | 166 800 | 200 000 |
År 3 | 130 400 | 131 500 | 135 000 | 135 000 | 142 200 |
År 4 | 80 000 | 80 000 | 80 000 | 80 000 | 80 000 |
År 5 | 70 000 | 70 000 | 70 000 | 70 000 | 70 000 |
Sum (einslege vaksne) | 574 300 | 631 500 | 651 500 | 666 800 | 717 200 |
Sum (andre vaksne) | 581 500 | 598 000 | 616 800 | 667 200 | |
Sum (einslege mindreårige) | 581 500 | 598 000 | 616 800 | 667 200 | |
Sum (barn) | 554 300 | 561 500 | 576 500 | 596 800 | 647 200 |
Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar
Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2014 er føreslått til 152 200 kroner.
Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse anten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 170 500 kroner (eingongstilskot) for 2014 og satsen for tilskot 2 til inntil 852 900 kroner per år i inntil 5 år, det vil seie for same perioden som integreringstilskotet. Tilskota blir ikkje trekt frå ved fastsetjing av tilskot under toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap. 575, post 60.
Skoletilskot
Ved busetjing av barn i grunnskolealder får kommunane eit tilskot til språkopplæring. Tilskotet skal dekkje den kommunale eigendelen til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Satsen for 2014 er føreslått til 11 700 kroner.
Tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar
Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 821, post 61. Kommunane kan også få refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 854, post 65.
Barnehagetilskot
Ved busetjing av barn i barnehagealder (0–5 år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne flyktningar, til dømes med tospråklege assistentar. Satsen for 2014 blir føreslått til 23 400 kroner.
Overføringsflyktningar
Regjeringa føreslår ein kvote på om lag 2 200 overføringsflyktningar for 2014. Talet omfattar ein auke av kvoten for overføringsflyktningar med 1 000 personar for flyktningar frå Syria. Uttaka vil i første rekkje vere frå Libanon og Jordan. Det blir utbetalt integreringstilskot ved busetjing av 2 120 overføringsflyktningar. I tillegg blir det løyvt midlar til tiltak for gjenbusetjing av flyktningar på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak. Sjå eiga omtale under postane. Midlane på kap. 490, post 73 kan nyttast under kap. 821, post 60.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad- og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.
Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), sjå rapportering under delmål 2.2.
Rapport for 2012/2013
I 2012 blei det betalt ut integreringstilskot for 4 233,2 mill. kroner. Det blei betalt ut eldretilskot for 12,6 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 234,7 mill. kroner, barnehagetilskot på 21,1 og skoletilskot på 70,2 mill. kroner.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å auke integreringstilskotet med 250 mill. kroner. Det blir føreslått ei løyving på 6 005,5 mill. kroner i 2014.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busett.
Tildelingskriterium
Alle kommunar får utbetalt tilskotet ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år. IMDi betaler ut tilskotet til kommunane basert på talet på barn som blir busett i dei respektive kommunane.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 328,6 mill. kroner i 2014. Satsen for 2014 blir føreslått til 135 200 kroner.
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Formålet med løyvinga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal mellom anna brukast til desse tiltaka:
forsøk med gratis korttidsopphald (kjernetid) i barnehagar i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn, jf. omtale under delmål 2.6. Forvaltinga av ordninga blir overført til IMDi frå 2014
forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga som del av områdesatsing i Oslo Sør, jf. omtale under delmål 2.6
Områdesatsing i indre Oslo øst i samarbeid med Oslo kommune
Jobbsjansen, jf. omtale under delmål 2.3. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, som har behov for grunnleggjande kvalifisering, og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Heimeverande innvandrarkvinner som ikkje tek del i noko opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp, er prioritert målgruppe for Jobbsjansen. Forsøksordninga Ny sjanse er blitt ein del av Jobbsjansen
utviklingsmiddel til kommunane. Formålet med tilskotet er auka kvalitet og betre resultatoppnåing i kommunane sitt integreringsarbeid med vekt på opplæring i norsk og samfunnskunnskap
nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsett for tvangsekteskap
tilskotsordning til regionale etablerarsentre for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. Det blir føreslått å opprette ei ny tilskotsordning. Formålet med tilskotsordninga er å kunne bidra til at kommunar og fylkeskommunar betre legg til rette for etablerarverksemd blant innvandrarar og såleis skapar auka sysselsetjing og vekst. Midla skal nyttast til å gi tilskot, i form av delfinansiering, til kommunar eller fylkeskommunar som vil opprette eit regionalt etablerarsenter for innvandrarar. Eit slikt senter skal ha to oppgåver: For det første skal det tilby informasjon, opplæring, råd og rettleiing og oppfølging for innvandrarar som ønskjer å etablere ei bedrift. For det andre skal eit slikt senter vere eit kompetansesenter med informasjons-, rådgivings- og rettleiingstenester for andre kommunar/fylkeskommunar og aktørar i regionen som ønskjer å opprette lokale tilbod. Buskerud fylkeskommunes Nasjonalt senter for flerkulturell verdiskaping (NSFV) skal ha eit særleg ansvar for utvikling av tilsvarande sentre og skal sikrast drift. Tilskotet skal kunne nyttast både ved oppretting av nye tilbod og for vidareutvikling av eksisterande tilbod. Ordninga vil bli forvalta av IMDi. Det skal rapporterast på bruken av tilskotet, og ordninga vil bli evaluert
Rapport for 2012/2013
Forsøk med gratis kjernetid i barnehage
Midla til forsøket skal dekkje 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke til alle barna i målgruppa for forsøket. Midlane skal òg brukast til arbeid med å rekruttere barn som ikkje har søkt barnehageplass, til arbeid med systematisk språkstimulering i barnehagane, til å heve kompetansen til barnehagepersonalet og til tiltak retta mot foreldre, spesielt mødrer.
Forsøket med gratis kjernetid i barnehage i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn starta i bydelen Stovner i Oslo i 2006 og er gradvis utvida. Dei områda som var med i forsøket med gratis kjernetid i barnehage i 2012 og 2013, er dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand i Oslo, Fjell og delar av Strømsø i Drammen og skolekrinsane Slettebakken, Fridalen og Ny Krohnborg i Årstad i Bergen. Satsinga i Bergen heng saman med ei områdesatsing same stad. Målgruppa for forsøket i 2012 og 2013 var i hovudsak fire- og femåringar. Unntaka frå dette er at i Drammen er òg treåringane omfatta, og at i bydelen Gamle Oslo i Oslo gjeld forsøket berre femåringar.
Løyvinga til forsøket var 69,4 mill. kroner i 2012 og 69,9 mill. kroner i 2013. I 2012 fekk Oslo kommune 57,6 mill. kroner, og i 2013 fekk kommunen 58,1 mill. kroner. Drammen kommune har fått tildelt 7,2 mill. kroner for 2012 og tilsvarande for 2013. Bergen kommune har fått 4,6 mill. kroner til forsøket i kvart av åra 2012 og 2013.
Forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga
Regjeringa har starta arbeidet med eit forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga (Aktivitetsskolen) for alle elevar frå 1. til 4. trinn på Mortensrud skole i bydel Søndre Nordstrand i Oslo. Forsøket blir finansiert av BLD og Kunnskapsdepartementet og forvalta av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med IMDi. Forsøket hadde oppstart skoleåret 2013/2014. Løyvinga på BLD sitt budsjett var i 2013 på 1,7 mill. kroner.
Ny sjanse / Jobbsjansen
Over statsbudsjettet i 2012 blei det tildelt 26,9 mill. kroner til Ny sjanse. Av denne løyvinga blei 25,8 mill. kroner utbetalt til 24 prosjekt, fordelt på 12 kommunar og 9 bydelar i Oslo. Dei resterande midlane blei nytta til metodeutprøving og til ein ordning med insentivmidler til kommunar kor deltakarane i Ny sjanse kjem i arbeid/utdanning.
Over statsbudsjettet for 2013 blei det tildelt 57 mill. kroner til Ny sjanse og Jobbsjansen. IMDi fekk 64 søknader til Jobbsjansen. 53 prosjekt fekk tildelt midlar. Dei 53 prosjekta er fordelt på 43 kommunar/bydelar. 22 av prosjekta i Jobbsjansen er vidareført frå Ny sjanse. Ni av dei tidligare Ny sjanse-prosjekta søkte og fekk utvida prosjektet, medan dei andre 13 fekk sine Ny sjanse-prosjekt gjort om til Jobbsjansen-prosjekt. 31 av prosjekta er nye prosjekt. Det er blitt tildelt prosjektmidlar til kommunane på til saman 54,8 mill. kroner. Dei resterande 2,2 mill. kronene er blitt brukt på metode- og kunnskapsutvikling.
Utviklingsmidlar til kommunane
Ordninga starta opp i 2013, og det blei utbetalt 32 mill. kroner til 66 prosjekt i 59 kommunar. 20 prosent av prosjekta legg vekt på opplæring/kvalifisering av kvinner. Nesten ein tredel av alle prosjekta rettar seg mot personar med liten eller ingen skolebakgrunn.
Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsett for tvangsekteskap
Bufdir har i samarbeid med involverte kommunar etablert eit nasjonalt bu- og støttetilbod til unge over 18 år som står i fare for eller har vore utsett for tvangsekteskap. Tilbodet omfatta i 2013 22 plassar. Tilskotsordninga er blitt lagt om, og talet på plassar er blitt nedjustert for 2013 for å effektivisere drifta av tilbodet.
Lokale samarbeidsprosjekt mot tvangsekteskap og æresrelatert vald
IMDi har i 2012 gitt støtte til fire kommunar, Stavanger, Kristiansand, Skien og Trondheim, til lokale tverrfaglege og tverretatlege prosjekt om arbeid mot tvangsekteskap og æresrelatert vald. Prosjektet i Stavanger blei avslutta ved utgangen av 2012, dei tre andre varer ut 2013.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å flytte 4 mill. kroner til kap. 822, post 22 til obligatoriske prøver i norsk og samfunnskunnskap og 500 000 kroner til kap. 821, post 71 til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Det blir òg føreslått å flytte 1,22 mill. kroner til kap. 820, post 01 til tiltak nr. 14 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege begrensninger i unges frihet. Departementet føreslår å flytte 6 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til ei ny tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse.
Departementet føreslår å løyve 209,8 mill. kroner på posten for 2014 fordelt slik:
69,9 mill. kroner til forsøk med gratis kjernetid i barnehagar i Oslo, Bergen og Drammen kommune
2,2 mill. kroner til forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga
1,85 mill. kroner til områdesatsing i indre Oslo øst i samarbeid med Oslo kommune
87 mill. kroner til Jobbsjansen. Ein del av løyvinga nyttast til metodedokumentasjon
32 mill. kroner til utviklingsmidlar til kommunane – sjå omtale av tilskotsordninga ovanfor
10,85 mill. kroner til nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsett for tvangsekteskap
6 mill. kroner til ei tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse.
Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging
Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår ei løyving på 1,9 mill. kroner for 2014. Midlane skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.
Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Løyvinga på post 71 er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det gitt midlar over denne posten til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.
1. Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling
Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar av løyvinga er øyremerkt organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, som ein del av områdesatsingane. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Midlane blir fordelt mellom fylkeskommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busett i fylket, og som er fødd utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet. Fylkeskommunane får 10 prosent av tilskotsramma i administrasjonstilskot.
Mål
Formålet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til og styrkje innvandrarar si deltaking i organisasjonslivet og til å auke tilgjenget til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga.
Formålet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga. Tiltaka skal vere knytt til integrering av personar med innvandrarbakgrunn.
Begge tilskota skal medverke til å skape auka tillit til, og tilhøyrsle i, det norske samfunnet.
Rapport for 2012/2013
I 2012 var det 16,6 mill. kroner på denne tilskotsposten. 14,25 mill. kroner blei sett av til fylkeskommunane. Av desse var 12,77 mill. kroner tilskot, og 1,47 mill. kroner blei brukt til administrasjon.
Det blei tildelt 2,03 mill. kroner (2,6 mill. kroner)2 til drift av lokale innvandrarorganisasjonar, fordelt på 211 (225) organisasjonar. Det blei tildelt 10,45 mill. kroner (7,5 mill. kr) i prosjektstøtte til 693 (790) aktivitetar og tiltak. Av mottakarane er 282 (390) innvandrarorganisasjonar og 393 (396) andre aktørar.
Tilskotsordninga til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn blei auka til 18,3 mill. kroner for 2013. Satsane for tilskot til drift av mellomstore og store lokale innvandrarorganisasjonar blei styrkt for å medverke til auka lokal aktivitet og bærekraftige lokale organisasjonar.
Av desse midlane blei 2,25 mill. kroner sett av til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og på Søndre Nordstrand.
2. Nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet
Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarar og barna deira. Tilskotet skal medverke til at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar.
Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal, mellom anna, vere ei kjelde til alternativ kunnskap, formidling av erfaringar og synspunkt frå innvandrarar og barna deira. Arbeidet mot diskriminering skal framleis prioriterast. Miljøa skal samle og formidle eksisterande kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet basert på erfaring, brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Miljøa skal dekkje ulike behov i arbeidet med integrering.
I 2013 blei tilskotet til OMOD styrkt til arbeid med å auke kunnskapen om diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) med innvandrarbakgrunn. Dette arbeidet vidareførast i 2014. Departementet føreslår at det i 2014 blir gitt øyremerkte tilskot til nasjonale ressursmiljø slik det går fram av tabellen nedanfor.
Departementet vurderer at desse organisasjonane, stiftingane og sentera vil gi den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet, jf. formålet med ordninga.
Tabell 3.6 Tilskot til nasjonale ressursmiljø
Organisasjon | Tilskot 2013 | Tilskot 2014 |
---|---|---|
Antirasistisk senter (ARS) | 2 175 000 | 2 175 000 |
Human Rights Service (HRS) | 700 000 | 500 000 |
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO) | 850 000 | 850 000 |
Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA) | 1 265 000 | 1 265 000 |
Minotenk – minoritetspolitisk tenketank | 750 000 | 750 000 |
MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner | 1 300 000 | 1 300 000 |
Multikulturelt Initiativ- og Ressursnettverk (MiR) | 500 000 | 500 000 |
Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) | 1 970 000 | 1 970 000 |
Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) | 1 640 000 | 1 640 000 |
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) | 1 850 000 | 1 850 000 |
LIM – Likestilling, integrering, mangfold | 500 000 | 700 000 |
Utrop | 500 000 | 500 000 |
Totalt | 14 mill. kr | 14 mill. kr |
3. Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unge sin fridom
Mål
Målet med ordninga er å stimulere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unge sin fridom gjennom å arbeide for endring i haldningar og praksis i aktuelle miljø. Gjennom dette vil ein auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val når det gjeld ektefelle, og hindre kjønnslemlesting av barn som har opphald i Noreg.
Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira.
Rapport for 2012/2013
Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting. Dette er tiltak i handlingsplanane mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting for 2012, som er vidareført som tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom (2013–2016). Ordninga blir forvalta av IMDi.
IMDis erfaringar med forvaltinga av tilskotsordninga mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er at organisasjonane utgjer eit viktig supplement til offentlege tiltak. Organisasjonane er viktige kanalar inn i eigne miljø. I 2012 blei det gitt støtte til 32 prosjekt. Per juni 2013 har 35 prosjekt fått støtte på til saman 8,06 mill. kroner. 5 søknader har fått avslag. Vidareføringar av gode prosjekt er prioritert på begge felt.
Tre av prosjekta som fekk støtte i 2012, var i utlandet, nærmare bestemt i Pakistan, Nord-Irak og Tyrkia. Frå 2013 blir det ikkje lenger gitt støtte til prosjekt i utlandet over denne tilskotsordninga.
4. Informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar
Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) informasjon om det norske samfunnet retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga, og b) aktivitetar knytt til intensjonsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar. Ordninga blir forvalta av IMDi.
Mål
Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om, og innføring i, det norske samfunnet. Mange treng òg rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Innanfor denne ordninga blir det òg tildelt midlar til frivillige organisasjonar sitt arbeid med busetjing og integrering av flyktningar og med inkludering av innvandrarar i lokalsamfunnet. Det vil bli lagt vekt på organisasjonane si rolle som pådrivar for samarbeid mellom lokalt arbeids- og næringsliv og frivillige organisasjonar for betre integrering.
Rapport for 2012/2013
For 2013 var det sett av 7,46 mill. kroner. 19 organisasjonar har fått støtte på til saman 7,06 mill. kroner, fordelt på 13 søkjarar. Til samanlikning blei til saman 30 søkjarar tildelt støtte i 2012. Støtta har mellom anna gått til informasjonssenteret til Caritas Norge for arbeidsinnvandrarar og eit prosjekt retta mot arbeidsinnvandrarar i regi av Næringsforeningen i Tromsøregionen. I tillegg har dei seks frivillige organisasjonane som IMDi har intensjonsavtaler med, motteke støtte i 2013 på til saman 2,8 mill. kroner. Desse er Raudekrossen Noreg, Norsk Folkehjelp, Noregs Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna og Frivillighet Norge. Det er òg tildelt 400 000 kroner til gjennomføringa av Mangfaldsveka.
5. Innsats for særleg utsette innvandrargrupper
Rapport for 2012/2013
For 2013 blei det avsett 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Den økonomiske ramma for ordninga blei utvida med 400 000 kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2013. Av midla fekk Kirkens Bymisjon / Primærmedisinisk verkstad (PMV) 1,1 mill. kroner, MIRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner 600 000 kroner til prosjektet Mødre som veiledere og NORSOMbro / Leadership Foundation 200 000 kroner.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å flytte 500 000 kroner frå kap. 821, post 62 til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Det blir òg føreslått å flytte 1,8 mill. kroner til kap. 822, post 22 til obligatoriske prøver i norsk og samfunnskunnskap.
Departementet føreslår ei løyving på 51,6 mill. kroner på posten for 2014:
14 mill. kroner til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet
18,13 mill. kroner er sette av til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, av dette 2,25 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og på Søndre Nordstrand
10 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting
7,45 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrar, av dette er 400 000 kroner sette av til gjennomføringa av ei mangfaldsuke i tett samarbeid med Røde Kors
2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Midlane skal gå til Kirkens Bymisjon / Primærmedisinsk verkstad, MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner og NORSOMbro (norsk-somalisk brobyggingsprosjekt) / Leadership Foundation.
Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.
Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøva for tolkar. Gjennom autorisasjonsordninga kan tolkar få dokumentert at dei har den grunnkompetansen i tolking som er nødvendig for å utføre tolkearbeid på ein fullgod måte.
Løyvinga skal også nyttast til å følgje opp den plikta Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon. Oppfølgingsarbeidet er delegert til Finnmark fylkesbibliotek, som rapporterer til IMDi. Biblioteket har ei norsk–finsk tolke- og omsetjarteneste og ligg i Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale, medan omsetjingstenestene er landsdekkjande. Biblioteket driv i tillegg informasjonsverksemd. IMDi bidreg med å gjere språkkonvensjonen kjend og følgjer opp det nordiske samarbeidet rundt konvensjonen, som ligg under Nordisk råd.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner for 2014.
Post 73 Tilskot
Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum og tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.
Rapport for 2012/2013
Løyvinga er nytta til Kunnskapssenter for velferdsetatane, administrativt underlagt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, deltaking i Transatlantic Council on Migration, tilskot til kurset Å være religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo og Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å flytte 590 000 kroner til kap. 821, post 21 til kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo og 3 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personer med innvandrarbakgrunn, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse.
Departementet føreslår ei løyving på 4,7 mill. kroner. Midla skal nyttast til tilskot til Kunnskapssenter for velferdsetatane, administrativt underlagt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, deltaking i Transatlantic Council on Migration og Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Løyvinga skal òg nyttast til tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personer med innvandrarbakgrunn, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. Det blir føreslått å opprette ei ny tilskotsordning for å støtte arbeid med mentor- og traineeordningar i verksemder. Formålet med tilskotet er å bidra til at fleire verksemder set i gang og systematiserer slikt arbeid, og at fleire innvandrarar får høve til å nytte kompetansen sin. Ordninga skal forvaltast av IMDi. Ho vil vere eit supplement til det arbeidet IMDi gjer på feltet. Kriteria for tildeling av tilskot vil bli utarbeidd i samråd med Likestillingssenteret. Det skal rapporterast på bruken av tilskotet, og ordninga vil bli evaluert.
Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter | 102 928 | 87 472 | 181 425 |
02 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter | 29 342 | 19 024 | 31 511 |
Sum kap. 3821 | 132 270 | 106 496 | 212 936 |
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytt til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 181,4 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapportert inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 01.
Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 31,5 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapportert inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.
Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast | 23 080 | 28 092 | 29 075 |
22 | Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 12 179 | 12 933 | 11 588 |
60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 628 848 | 1 648 676 | 1 585 411 |
Sum kap. 0822 | 1 664 107 | 1 689 701 | 1 626 074 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast
Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal òg nyttast til å dekkje lønn og driftsutgifter i Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som varetar dette arbeidet.
Rapport for 2012/2013
I 2012 fekk Vox tildelt 21,68 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. I 2012 og 2013 blei det gjennomført leiarsamlingar, to dagars etterutdanningskurs for lærarar, kurs for lærarar i samfunnskunnskap og pedagogiske fagdagar. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I 2012 og 2013 er det gitt støtte til utvikling av ein digital nettressurs, LearnNow, som byggjer på NTNUs nettressurs, Norwegian on the Web, og ei digital lettlest avis på nynorsk. Læremidlet utvikles videre i 2014. Det er satt av 1 mill. kroner under Arbeidsdepartementets kap. 601, post 21 til formålet. Se omtale i Prop 1 S for Arbeidsdepartementet. Ei rekkje andre læremiddel som tidligare har fått støtte, er gjort ferdige i 2012 og 2013. Vox har arbeidd med å utvikle digitale prøver i norsk og i samfunnskunnskap i 2012 og 2013.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår ei løyving på 29,1 mill. kroner for 2014. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å vidareføre arbeidet med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap.
Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Det har fram til 2013 vore to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og 3. Frå 1. september 2013 blei det obligatorisk for alle som blir omfatta av rett og plikt til opplæring frå same dato, å avslutte opplæringa med ei prøve i norsk og samfunnskunnskap. Det blir i tillegg tatt i bruk nye prøver i norsk frå 2014, medan ei ny prøve i samfunnskunnskap blir tatt i bruk seinhausten 2013. Formålet med denne løyvinga er å sikre gode prøver og ei effektiv gjennomføring av prøvene.
Rapport for 2012/2013
Norskprøve 2 og 3 består av ein munnleg og ein skriftleg del. I 2012 blei det gjennomført 32 384 munnlege og skriftlege prøver. Det er Folkeuniversitetet / Norsk språktest som har vore ansvarlege for å gjennomføre prøvene på grunnlag av ei avtale med Vox.
Budsjettforslag for 2014
Det blir føreslått å flytte 4 mill. kroner frå kap. 821, post 62 og 1,8 mill. kroner frå kap. 821, post 71 til obligatoriske prøver i norsk og samfunnskunnskap. Det blir òg føreslått å flytte 4,5 mill. kroner til kap. 822, post 60 til kommunane si gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap.
Departementet føreslår ei løyving på 11,6 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle og vedlikehalde prøvene, til oppmelding, informasjon om og gjennomføring av prøvene og til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Målet med tilskotsordninga er å sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet blir òg nytta til norskopplæring for asylsøkjarar. Med innføringa av dei obligatoriske prøvene i norsk og samfunnskunnskap får kommunane ansvar for den praktiske gjennomføringa av prøver.
Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter og retningslinjer for norskopplæring for asylsøkjarar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov, forskrifter og retningslinjer.
Tildelingskriterium
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova er todelt: persontilskot og grunntilskot. I tillegg kjem tilskot til norskopplæring til asylsøkjarar i mottak.
Regjeringa føreslår ei utviding av personkrinsen for rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Forslaget gjeld personar med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet og der opphaldsløyva er avgrensa slik at dei ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve eller familiesameining. Løyva kan bli fornya og gir rett til å arbeide. Desse personane får rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter at opphaldsløyva er fornya første gang. Utvidinga blir føreslått å gjelde frå 1. september 2014.
Persontilskot
Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (unntatt Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har morsmål som ligg nærmare norsk og meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre.
Frå og med 2010 blei det lagt om frå ei utbetaling over fem år til ei utbetaling over tre år. I ein overgangsperiode til og med 2013 medfører det at ein må ha forskjellige satsar for dei som er omfatta av rett og plikt / rett til opplæring før og etter 1. januar 2010.
Personar med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet som trer inn i målgruppa for rett og plikt til opplæring i 2014, vil bli omfatta av tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kommunane busett allereie personar med denne typen opphaldsløyve, men har inntil no berre mottatt integreringstilskot. Manglande språkopplæring for personar med avgrensa opphaldsløyve gjer det vanskeligare for dei å komme i arbeid og bli økonomiske sjølvstendige.
Satsen for år 1-tilskot for denne gruppa vil vere 11 000 kroner for 2014, medan år-1 satsen for andre er på 31 900 kroner. Prognoser tilseier at utvidinga vil gjelde om lag 400 personar i 2014. Frå 2015 vil personane med ei avgrensa opphaldsløyve utløyse likt tilskot som andre i målgruppa for opplæring. Det samla tilskotet for personar med avgrensa opphaldsløyve som trer inn i målgruppa i 2014 vil altså vere noko lågare enn for andre i målgruppa. Årsaka er at mange i gruppa vil ha vore i Noreg i lengre tid og vil ha betre språkkunnskapar enn mange andre som startar opplæring. Mange vil derfor ha behov for opplæring i eit mindre omfang.
Tabell 3.7 Satsar for persontilskotet
2012 Utbetaling over 5 år | 2012 Utbetaling over 3 år | 2013 Utbetaling over 5 år | 2013 Utbetaling over 3 år | 2014 Utbetaling over 3 år | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tilskotsår | Låg sats | Låg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats |
År 1 | 9000 | 24 400 | 11 700 | 30 300 | 9000 | 24 400 | 12 100 | 31 400 | 12 200 | 31 900 |
År 2 | 13 200 | 34 200 | 19 800 | 52 000 | 13 200 | 34 200 | 20 600 | 53 800 | 21 200 | 54 700 |
År 3 | 11 100 | 30 000 | 12 000 | 32 800 | 11 000 | 30 000 | 12 300 | 33 900 | 12 400 | 34 100 |
År 4 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | ||||||
År 5 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | ||||||
Sum | 40 300 | 107 400 | 43 500 | 115 100 | 40 300 | 107 400 | 45 000 | 119 100 | 45 800 | 120 700 |
Grunntilskot
For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar: høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen, og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. I 2013 blei resultattilskotet avvikla, og høg sats for grunntilskotet blei styrkt. Høg sats er om lag 560 000 kroner og låg sats om lag 180 000 kroner. Talet på personar i personkrinsen registrert i NIR per 15. januar 2014 vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane i 2014. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak
Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timar, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.
Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2014 er 18 200 kroner.
Oppfølging og kontroll
IMDi tok over ansvaret for tilskotsforvaltinga frå fylkesmannen i 2013. Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller for tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet. Gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, blir registrert i NIR. Norskopplæring for asylsøkjarar blir også registrert i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld dei tilskotet uavkorta. Dersom tilskotet er utbetalt på feilaktig grunnlag, vil det bli gjort ei avrekning. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til å gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi opplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført som forventa, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.
Budsjettforslag for 2014
Departementet føreslår å flytte 3,2 mill. kroner til kap. 820, post 01 og 30,5 mill. kroner til kap. 821, post 45 til utvikling av nytt IKT-system for busetjing og integrering. Dette betyr at posten ikkje blir fullt ut kompensert for prisutviklinga. Det blir òg føreslått å flytte 4,5 mill. kroner frå kap. 822, post 22 til kommunane si gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap. Oppgåva blir overført frå Folkeuniversitetet / Norsk språktest til kommunane.
Departementet føreslår å auke posten med 4 mill. kroner til utviding av personkrinsen for kven som har rett og plikt å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Departementet føreslår ei løyving på 1 585,4 mill. kroner til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova og til norskopplæring for asylsøkjarar.
Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter | 97 132 | 96 567 | 112 288 |
Sum kap. 3822 | 97 132 | 96 567 | 112 288 |
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 112,3 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapportert inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.
Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 6 647 | 6 644 | 6 749 |
Sum kap. 0823 | 6 647 | 6 644 | 6 749 |
Status for verksemda
Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. Utvalet blir oppnemnt av Kongen i statsråd for periodar som samsvarer med stortingsvala.
KIM skal vere høyringsinstans i saker som særleg vedkjem innvandrarar og barna deira, og skal sjølv ta initiativ til å setje aktuelle saker på den politiske og offentlege dagsordenen. KIM skal, gjennom medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar og -miljø i alle fylke.
For å fylle rolla si som rådgivande organ skal KIM ha dialog med offentlege styresmakter, fag- og forskingsmiljø, politiske parti, interesseorganisasjonar og andre samarbeidspartnarar. Utvalet har fire utvalsmøte i året og arrangerer òg andre møte og konferansar.
KIM vedtek sjølv satsingsområda sine for kvar utvalsperiode. Satsingsområda indikerer kva saker KIM vil prioritere i utvalsperioden, men utvalet set òg søkjelyset på andre saker om nødvendig.
KIM består av éin leiar og 23 medlemmer med innvandrarbakgrunn. Alle fylka har ein medlem i utvalet, unntatt Oslo og Akershus, som har høvesvis fire og to medlemmer. Vararepresentantar kjem i tillegg. Medlemmene i KIM skal representere breidda i innvandrarbefolkninga, og medlemmene er nominert av lokale innvandrarorganisasjonar i fylka sine.
Det vil bli oppnemnt eit nytt utval for perioden 2014–2017.
Post 01 Driftsutgifter
Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner til drift av KIM i 2014.
Kap. 3823 Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 100 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 20 | ||
Sum kap. 3823 | 120 |
På post 01 Diverse inntekter vil det bli rekneskapsført enkelte inntekter av mindre omfang.
Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering
Hovudinnhald og prioriteringar
Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte av all kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner og menn kan få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer.
Ein strategi for å styrkje kvinnene sin posisjon i arbeidslivet ytterlegare er å stimulere fedrane til å ta ein større del av omsorgsoppgåvene heime. Regjeringa har dei siste åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som gjer rettane til fedrar betre og legg til rette for auka fedreuttak. Samstundes har ein òg auka den totale stønadsperioden for foreldrepengar. Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke fedrars uttak av foreldrepengar.
Sjå nærmare omtale av foreldrepengeordninga under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon.
I 2013 er det 100 år sidan kvinner fekk røysterett i Noreg. Jubileet har vore markert gjennom ei rekkje tilstellingar og lokale tiltak. Regjeringa nytta dette høvet til å presentere for Stortinget ei melding om likestilling mellom kjønna. Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv blei lagt fram 21. juni 2013.
Regjeringa har fått gjennomført ei omfattande utgreiing for å få fram fakta om norsk likestillingsstatus i lys av livsløp, klasse og etnisitet. Likestillingsutvalet har analysert og summert opp likestillingsstatusen i to kunnskapsbaserte utgreiingar, høvesvis NOU 2011: 18 Struktur for likestilling og NOU 2012: 15 Politikk for likestilling. Utgreiingane inneheld mange forslag.
Noreg blir jamleg kåra til eit av dei mest likestilte landa i verda. Undersøkingar viser òg at det er stor oppslutning om likestilling i det norske samfunnet. Norsk Monitor har sidan 1985 gjennomført jamlege undersøkingar av haldningar til likestilling og gjeldande likestillingspolitikk. I perioden 1985–2009 har det skjedd viktige forandringar i haldningane folk har til likestilling. Figur 3.2 viser ein klar auke i delen som føretrekkjer ein likestilt familiemodell. Samstundes har oppslutninga om meir tradisjonelle familiemodellar jamt gått ned. Ein målretta politikk gjennom mange år og ambisjonar om eit likestilt samfunn har gitt resultat.
Trass i resultata viser utgreiingar at det står att mange utfordringar på likestillingsfeltet. I Meld. St. 44 (2012–2013) varslar regjeringa strategiske grep for å møte utfordringane. Dette er følgt opp i regjeringa sitt forslag til budsjett. Sjå nærmare omtale under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna.
I dag nyttast omgrepet likestilling i vidare forstand enn berre likestilling mellom kjønna. Det handlar òg om likestilling i høve til funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.
Stortinget vedtok tidlegare i år ei ny lov om forbod mot diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Stortinget har også vedteke ei ny likestillingslov, ei ny lov om etnisk diskriminering og ei ny diskriminerings- og tilgjengelov. Formålet med endringane er å fremme likestilling gjennom å styrkje diskrimineringsvernet. Det er òg lagt vekt på lik oppbygging av lovene.
Likestilling tyder at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne.
Ei kartlegging av utviklinga av diskrimineringsvern og institusjonalisering av likestillingspolitikk i ei rekkje av EUs medlemsland samt Noreg viser at Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda er blant føregangsinstitusjonane i Europa når det gjeld å vareta samansett diskrimineringsproblematikk, NOU 2012: 15 Politikk for likestilling.
Sentralt i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering står oppfølging av
handlingsplan for å betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering
handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge
informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres.
Regjeringa vil føre vidare innsatsen mot diskriminering og for likestilling gjennom fornying av handlingsplanane.
Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – om menneske med utviklingshemming blei lagt fram for Stortinget den 21. juni 2013. I meldinga gir regjeringa ei brei oversikt over utvikling og status når det gjeld levekåra for menneske med utviklingshemming. Meldinga slår fast at ansvarsreforma har bidrege til å betre levekåra for desse gruppene. Det er likevel behov for vidare innsats for å nå dei politiske måla på området. BLD vil vidarutvikle informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemmingskal heller ikke diskrimineres jf. Meld. St. 45 (2012–2013).
Familievernkontora har ei viktig rolle når det gjeld å gi hjelp til barn og foreldre i familiar med høgt konfliktnivå. Det er viktig å hjelpe foreldra til å samarbeide om barna, både før og etter samlivsbrot, og at måloppnåinga under meklingsordninga er god. Vidare er det viktig å gi eit godt tilbod til barna. Samarbeidet mellom familievernet og instansar som barnevern og domstolar skal styrkjast. Det same gjeld for familievernet sitt tilbod til valdsutsette barn. Det vil mellom anna innebere auka satsing på samtalegrupper og andre behandlingstilbod til utsette barn. Løyvinga til dette formålet blei auka i 2013, og regjeringa føreslår ny auke i løyvinga for 2014.
Regjeringa føreslår å styrkje tilbodet til unge valdsutøvarar og barn utsette for vald og overgrep i nære relasjonar gjennom eit nytt samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familieverntenestene.
For å nå målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsett for vald i nære relasjonar, skal departementet setje i verk og utvikle vidare ei rekkje tiltak. Tiltaka er forankra i Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner – Det handler om å leve samt regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2014–2017.
For 2014 blir desse måla prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
3: Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv | 3.1: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna |
3.2: Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmer likestilling | |
3.3: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna | |
3.4: Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester | |
4: Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet | 4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne |
4.2: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar |
Delmål 3.1: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna
Resultatrapport 2012/2013
Departementet har oppretta eit forum for likestillingsdata. Formålet med forumet er å få ei meir heilskapleg og systematisk tilnærming til innhenting av data som kan kaste lys over likestilling og diskriminering på ulike grunnlag. Funna forumet har gjort, er summert opp i ein rapport som synleggjer svake punkt og manglar i det eksisterande datagrunnlaget og diskuterer konkrete utfordringar i tilgang på data. Rapporten drøftar om det bør utviklast eitt eller fleire fleirdimensjonale indikatorsett for likestilling. Rapporten dannar grunnlaget for vidare datautvikling. I 2013 har Bufdir overtatt ansvaret for drifting av forumet.
For å få oppdatert kunnskap om tidsbruk i eit familie- og likestillingsperspektiv blei det hausten 2012 sett i gang ein analyse av funna i SSBs tidsbruksundersøking frå 2010. Analysen vil vise forskjellane i tidsbruk mellom kjønna. Analyseprosjektet skal vere ferdig hausten 2013.
I 2012 lyste departementet ut eit oppdrag om å analysere lønns- og inntektsforskjellar mellom kvinner og menn. Prosjektet vil vidareutvikle indikatorar for å måle lønns- og inntektsforskjellar over tid. Institutt for samfunnsforskning (ISF) blei tildelt oppdraget.
Vidare vant ISF anbodet om å studere effektar av kjønnsbalanse i bedriftsstyre. Formålet med prosjektet er å få meir kunnskap om effektar – eventuelt mangel på effektar – som lovreguleringa av kjønnsbalanse i styre har hatt på samfunnet, næringslivet, verksemder og på kvinners deltaking i avgjerdsprosessar. Prosjektet skal vurdere eventuelle forskjellar i den delen av næringslivet som er omfatta av lovkrav til kjønnsbalanse i bedriftsstyre, samanlikna med næringslivet som ikkje er lovregulert.
Program for kjønnsforsking i regi av Noregs forskingsråd blei avslutta ved årsslutt 2012. Programmet har resultert i åtte varierte forskingsprosjekt og fem personlege postdoktorstipend.
Resultata av prosjekta i Noregs forskingsråds program Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) er til stor nytte for departementet. BLDs forskings- og utviklingsarbeid er nærmare omtalt i del III.
Etter avslutninga av kjønnsforskingsprogrammet valte BLD hausten 2012 å lyse ut midlar til etablering av eit kjernemiljø for kjønnsforsking. Institutt for samfunnsforsking fekk oppdraget. Kjernemiljøet for forsking på kjønnslikestilling blei etablert våren 2013 og skal vareta tre hovudfunksjonar: forsking på kjønnslikestilling i eigen og andre sin regi, kunnskaps- og nettverksbygging og formidling av forskingsresultat.
I 2012 la regjeringa fram Likestilling 2014 – Regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene. Handlingsplanen, som skal gjennomførast i perioden 2012–2014, er sektorovergripande og inneheld 86 tiltak i regi av til saman 10 ulike departement. Det vil i 2013 bli utarbeidd ein midtvegsrapport som gjer greie for status i gjennomføringa av dei ulike tiltaka i handlingsplanen. I det følgjande blir det gitt ei omtale av nokre av tiltaka som BLD har ansvaret for.
I prosjektet Likestilte kommuner er det valt ut 20 pilotkommunar som får midlar for perioden 2012–2014 for å gjennomføre prosjekt med det formålet å betre integreringa av likestillingsperspektivet i kommunal politikk og tenesteyting. Det er laga ei nettside for programmet der gode eksempel på praktisk likestillingsarbeid blir presentert, og med omtale av arbeidet i kvar enkelt kommune. Sjå www.likestilt.no. Dei tre regionale likestillingssentera (Likestillingssenteret, KUN – senter for kunnskap og likestilling og Senter for likestilling ved UiA), under leiing av Likestillingssenteret, medverker med rettleiing og oppfølging til pilotkommunane. Frå 2013 er ansvaret for oppfølging av prosjektet overført til Bufdir.
BLD gav i 2011 Fafo i oppdrag å undersøkje arbeidsforholda ved strippeklubbane i landet og moglege samanhengar mellom stripping og prostitusjon eller menneskehandel. Utgreiinga Organisering, vilkår og hverdag i norske strippeklubber blei publisert i mai 2013. Rapporten dokumenterer arbeidsforhold ved ti norske strippeklubbar og konkluderer med at det ikkje var teikn til kopling til prostitusjon ved strippeklubbene, at stripparane viste seg som ressurssterke og rettsmedvitne, og at klubbeigarane var opptekne av å ta forholdsreglar for å unngå prostitusjon blant stripparane. Studien viste samstundes ein variasjon blant stripparane og klubbane. Forskarane påpeikte ein del problematiske eller uavklarte sider ved stripparane sine arbeidsforhold, knytt mellom anna til deira rettar som frilansarar.
BLD gav i mars 2013 SIFO i oppdrag å greie ut om utbreiing av og medvit om retusjert reklame og andre typar reklame.
Reform – ressurssenter for menn har saman med Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) og dei tre regionale likestillingssentera utvikla eit kurstilbod til tilsette i kommunane om fedrar og likestilt foreldreskap.
Departementet gir i samarbeid med Kunnskapsdepartementet midlar til Snöball film for utarbeiding av fire kortfilmar om likestilling og kjønnsroller. Filmane skal handle om likestilling og kjønnsroller generelt, utdanningsval og det kjønnsdelte arbeidslivet, kjønn og familieliv/foreldreskap og kjønn og makt. Knytt til filmane utarbeider Snöball film også eit undervisningsopplegg for lærarane. Filmane og undervisningsopplegget skal distribuerast til alle ungdomsskolane i landet hausten 2013 og skal kunne lastast ned frå Internett. Formålet med filmane er å auke kunnskapen og engasjementet om likestilling og kjønnsroller i skolen.
Stortingsmelding om kjønnslikestilling
I 2010 sette regjeringa ned eit offentleg utval, Likestillingsutvalet, for å greie ut norsk politikk for likestilling mellom kjønna med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiingsarbeidet var å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Utvalet leverte to utgreiingar: NOU 2011: 18 Struktur for likestilling og NOU 2012: 15 Politikk for likestilling. Utgreiingane inneheld tilrådingar om dei organisatoriske rammene for likestillingsarbeidet i offentleg regi på sentralt, regionalt og lokalt nivå og forslag til tiltak for å fremme kjønnslikestilling på ulike samfunnsområde. Begge utgreiingane har vore til offentleg høyring.
Som oppfølging av Likestillingsutvalet sitt arbeid la regjeringa i juni 2013 fram ei melding til Stortinget om likestilling mellom kvinner og menn, Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv. Meldinga gir ein brei status over likestillingstilstanden i Noreg på sentrale levekårsområde som demokratisk deltaking, utdanning, arbeidsliv, familieomsorg og seksuell trakassering. I tillegg blir organiseringa av det offentlege likestillingsarbeidet vurdert.
Mykje er oppnådd i Noreg når det gjeld likestilling, men meldinga viser òg at det står att utfordringar. Dette gjeld mellom anna den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, høg bruk av deltid blant kvinner, ulik deling av omsorgsoppgåver i familien, manglande kjønnsbalanse i mange kommunestyre og seksuell trakassering, som særleg rammar unge kvinner. Sjå nærmare omtale av likestillingsutfordringar under punktet Strategiar og tiltak 2014.
Styresmaktene har ei rekkje verkemiddel, både juridiske, økonomiske og organisatoriske, for å sikre gjennomføring av likestillingspolitikken. Utfordringa framover er å sikre betre bruk av eksisterande verkemiddel og forankre politikken lokalt. Det manglar per i dag eit landsdekkande tilbod om støtte og rettleiing til offentlege og private verksemder for å fremme likestilling. Vidare manglar det system for å spreie gode erfaringar med tiltak og metodar til verksemder over heile landet.
Regionalt
Departementet har ført vidare innsatsen for det regionale likestillingsarbeidet. Offentlege og private verksemder har lovfesta plikt til å ta hand om likestillings- og mangfaldsperspektivet både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er også i 2012 gitt midlar til vidareføring av dei tre regionale likestillingssentera: Likestillingssenteret i Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand.
Dei regionale sentera for likestilling og mangfald har i oppdrag å fremme likestillings- og mangfaldsarbeid. Sentera arbeider i nær kontakt med nasjonale, regionale og lokale styresmakter, verksemder og organisasjonar innan samfunns- og arbeidsliv. Ein viktig funksjon er å bidra til at ulike tiltak formidlast og eventuelt koordinerast mellom ulike nivå i forvaltinga, mellom offentlege og private aktørar. Som fagleg støttespelar for nasjonale, regionale og lokale styresmakter medverkar sentera til å identifisere utfordringar innanfor likestilling og mangfald og formidle desse tilbake til fagdepartement og andre relevante styresmakter. I 2012 er arbeidet blitt utvida til nye fylke. Sentera har drive leiaropplæring i praktisk likestillingsarbeid, dei har brukt SSB sin likestillingsindeks og anna forsking og statistikk for å informere kommunane om likestillingsutfordringane lokalt, og dei har vore pådrivarar for at likestillingsperspektivet skal integrerast i kommunane si politikkutforming og planarbeid. Sentera har rettleidd kommunar, organisasjonar og enkeltpersonar om ulike spørsmål knytt til likestilling i organisasjonen.
Fylkesmennene
Det er ei positiv utvikling i fylkesmennene sitt informasjons- og rettleiingsarbeid om likestilling og aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillings- og diskrimineringslovgivinga.
Gáldu
Prøveprosjektet ved Gáldu Likestilling og mangfold i det samiske samfunnet, som blei initiert av BLD saman med Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, hadde noko lågare aktivitet enn planlagt. Prosjektet, som starta opp i 2011, blei ikkje vidareført i 2012 pga. bemanningssituasjonen ved Gáldu. Prosjektet held fram i 2013 og blir avslutta i 2014.
Medvit om mannsroller
Reform – ressurssenter for menn arbeider for å synleggjere gutar og menn som kjønn innan ulike område av samfunnet og for å fremme mannsperspektivet i likestillingsdebatten. Senteret samarbeider med ei rekkje lokale, regionale, nasjonale og internasjonale organisasjonar. Dei medverkar med innspel til politikkutforminga mellom anna gjennom høyringar, deltaking i debattar etc. Senteret formidlar forsking på menn og likestilling. I 2012 har Reform mellom anna arbeidd med tema som gutar sin oppvekst og utdanning, farsrolla og likestilt foreldreskap, menn med minoritetsbakgrunn og antifeminisme. Reform har òg ulike lavterskeltilbod retta mot menn i krise og arbeider med valdsførebyggjande tiltak.
Likestilling i arbeidslivet
For å vidareutvikle dialogen med partane i arbeidslivet har departementet oppretta eit organ for trepartssamarbeid Møteplass for likestilling i arbeidslivet. Her kan partane og departementet samarbeide om konkrete, praktiske tiltak for likestilling. Møteplassen har drøfta problemstillingar knytt til deltidsarbeid på kvinnedominerte arbeidsplassar, behovet for fleire menn i omsorgsyrke og korleis sikre ein betre balanse mellom arbeidsliv og familieliv. Det er behov for informasjon og rettleiing om korleis verksemdene kan leggje til rette for og følgje opp når det oppstår utfordrande periodar i privatlivet. Kombinasjonen barn og jobb kan vere ei slik utfordring for nybakte foreldre og for arbeidsgivaren. På oppdrag frå departementet har Bufdir utarbeidd brosjyren Foreldre for første gang. Informasjonsheftet skal vere til hjelp for leiarar som ønskjer å snakke om tilsette sin graviditet, føreståande foreldrepermisjon og høve til å leggje til rette arbeidssituasjonen etter avslutta permisjon.
Likestillingssenteret på Hamar har oppretta eit pilotprosjekt der dei i perioden 2011–2014 fungerer som eit ressurssenter for mentorordningar. Dette er eit tiltak i handlingsplanen Likestilling 2014. Likestillingssenteret samlar informasjon om mentoring, medverkar til spreiing og vidareformidling av informasjonen og bidreg til at mentoring som metode blir teke i bruk i arbeidslivet. Det er oppretta ei nettside, mentorordninger.no, i 2012. Prosjektet har som mål å auke deltakinga i arbeidsmarknaden av personar frå underrepresenterte grupper og gjere arbeidsmarknaden lettare tilgjengeleg for desse. Prosjektet delfinansierast med EUs interregmidlar. Den nasjonale delen blir finansiert av BLD, medan interregmidlane går til tiltak i grenseområda til Sverige.
Likelønn
Politikken for likestilling mellom kvinner og menn er òg ein politikk for å minske kjønnsbaserte lønnsforskjellar. Denne handlar om korleis hindre lønnsdiskriminering og korleis fremme like tilhøve for kvinner og menn i arbeidslivet.
Det første gjeld ei slagkraftig oppfølging av likelønn etter gjeldande rettsreglar, slik dei er nedfelt i likestillingslova. Plikt for arbeidsgivarar til å opplyse om lønn ved mistanke om lønnsdiskriminering er innarbeidd i diskrimineringslovgivinga, jf. Prop. 88 L (2012–2013). Lovendringane blei vedteke av Stortinget i juni 2013 og blir sett i kraft 1. januar 2014.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å utvikle lønnsstatistikk fordelt på kjønn og stillingsgrupper på verksemdnivå slik som varsla i Prop. 88 L (2012–2013).
Det andre verkefeltet dreier seg om korleis tilhøvet mellom familie- og arbeidsliv har innverknad på lønna til kvinner. Regjeringa vil hindre at tilsette får svekka vilkår og svakare lønnsutvikling pga. foreldrepermisjon. Regjeringa la fram forslag om ein ny regel i likestillingslova i Prop. 126 L (2011–2012) som slår fast at ein arbeidstakar som er eller har vore i foreldrepermisjon, har rett til å vende tilbake til den same eller ei tilsvarande stilling, til å ta del i betringar i arbeidsvilkåra som arbeidstakaren elles ville hatt rett til under fråværet, og til å fremme lønnskrav og bli vurdert i lønnsforhandlingane. Lovendringa blei vedteke av Stortinget i desember 2012 og blei sett i kraft straks. Kvinner tapar i lønn når dei får barn og tar lange permisjonar. Regjeringa har derfor som mål at foreldra skal dele permisjonstida meir likt mellom seg. Ei jamnare deling vil gi fedrane større fridom til å vere heime med omsorgsarbeid og meir likskap i korleis foreldra innrettar seg i arbeidslivet. Stortinget vedtok i 2012 ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden med like lange kvotar til kvar av foreldra og ein lengre fellesdel som foreldra må fordele seg imellom. Foreldrepengeperioden er òg utvida med to veker, som er øyremerkt for far. Endringane blei sett i kraft 1. juli 2013.
Stortinget vedtok i Prop. 72 L (2012–2013) ei endring i arbeidsmiljølova som gir alle yrkesaktive kvinner som ammar barn under eitt år, rett til ammefri med lønn frå arbeidsgivar inntil ein time per dag. Lønt ammefri vil leggje til rette for ei jamnare deling av foreldrepermisjonen. Endringa blir sett i kraft 1. januar 2014.
Stemmerettsjubileet
Hundreårsjubileet for allmenn stemmerett i Noreg feirast lokalt og nasjonalt i heile 2013. Sidan 2010 har ein regjeringsoppnemnd komité med sekretariat i BLD arbeidd med større, sektorovergripande arrangement og tiltak samt med å stimulere til aktivitetar i heile landet. Det har vore eit overordna mål å skape ei open, inkluderande feiring som engasjerer rundt demokratiske fellesverdiar som stemmerett, deltaking og likestilling.
Stemmerettskomiteen har hatt ansvar for ei nasjonal opningsframsyning i Kilden teater- og konserthus i Kristiansand. Komiteen inviterte òg til folkefest framfor Stortinget på stemmeretten sin 100-årsdag, den 11. juni 2013. Komiteen ønskjer og å medverke til auka engasjement for stemmeretten og har gitt eit viktig bidrag til musikkonkurransen RapValg, som særleg har appell til ungdom. Komiteen har vidare initiert ein større internasjonal kvinnekonferanse som skal setje kvinner si deltaking i politikk, samfunnsliv og fredsbygging på dagsordenen. Denne konferansen går av stabelen 14.–15. november i Oslo.
Både komiteen og departementet har arbeidd målretta mot kommunar og fylkeskommunar, kulturinstitusjonar som scener og teater, arkiv, museum og bibliotek, skoleverket og utdanningssektoren, i tillegg til frivillige lag og foreiningar lokalt og nasjonalt. Det er gjennomført eit stort tal aktivitetar, arrangement og tiltak over heile landet.
Strategiar og tiltak for 2014
I regjeringa sitt vidare arbeid for å fremme likestilling mellom kvinner og menn vil Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv, som blei lagt fram i juni 2013, jf. Resultatrapport 2012/2013, vere eit viktig grunnlagsdokument.
Eit hovudgrep framover vil vere å rette innsatsen mot lokalt nivå. Likestillingsutfordringar må først og fremst løysast der folk bur og arbeider, i kommunane og i den enkelte verksemda.
Regjeringa vil derfor etablere ein landsomfattande statleg struktur med fire regionale kompetansemiljø for likestilling. Ei hovudoppgåve for kompetansemiljøa vil vere å gi rettleiing og opplæring om plikta til aktivt likestillingsarbeid. Kompetansemiljøa skal mellom anna støtte kommunane i arbeidet med å integrere eit likestillingsperspektiv i tenesteyting, fremme kjønnsbalanse i lokale folkevalde organ, fremme utradisjonelle utdanningsval. Dei skal og gje støtte i arbeidet med å førebyggje seksuell trakassering blant ungdom. Kompetansemiljøa skal organiserast under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som òg skal vidareutvikle sitt arbeid for kjønnslikestilling. Bufdir med regionale kompetansemiljø skal vere eit gjennomføringsorgan for likestillingspolitikken. Med ein slik struktur blir det lagt til rette for eit meir langsiktig likestillingsarbeid. Tilskot til dei noverande regionale sentera vil falle bort i takt med oppbygginga av dei nye statlege kompetansemiljøa. Ved omlegginga vil ein ta omsyn til den kompetansen som i dag er på regionalt nivå, om arbeid med å fremme likestilling.
Regjeringa har utvikla ein treledda strategi for å sikre eit målretta arbeid for å fremme kjønnslikestilling på ulike nivå i forvaltinga. Regjeringa vil:
styrkje samarbeidet mellom departementa for å sikre betre integrering av likestillingsperspektivet i politikkutvikling
auke innsatsen for å fremme utviklingsarbeid og kompetanseheving av statlege etatar
følgje opp arbeidet med likestilling i kommunar og fylkeskommunar tettare.
Ei god samordning av likestillingspolitikken inneber mellom anna å følgje systematisk med på utviklinga over tid på viktige levekårsområde og sørgje for analysar som kan klargjere kva som er særskilde utfordringar i det offentlege likestillingsarbeidet. Regjeringa vil derfor jamleg og på egna måte leggje fram for Stortinget ei brei vurdering av status i arbeidet med å fremme likestilling.
Regjeringa vil setje i gang eit arbeid for å heve kompetansen i statlege etatar om arbeidet med å fremme likestilling både som arbeidsgivar og styresmakt. Som arbeidsgivar handlar dette mellom anna om rekruttering, forfremming, utvikling, lønns- og arbeidstilhøve og vern mot trakassering. Som myndigheit handlar dette om å fremme likestilling og motverke diskriminering på sitt virkeområde. Bufdir vil, i samarbeid med Difi, få i oppdrag å utvikle eit utviklings- og kompetansehevande program retta mot statlege styresmakter. Programmet skal ta utgangspunkt i aktivitets- og rapporteringsplikta. Det er ønskjeleg å innarbeide omsynet til ulike diskrimineringsgrunnlag i programmet.
Erfaringane frå kommuneprogrammet Likestilte kommunar vil vere eit viktig grunnlag for å utvikle ein landsdekkjande og langsiktig innsats for likestillingsarbeid i kommunar og fylkeskommunar. Arbeidet vil gradvis bli forankra i Bufdir og i dei nye statlege regionale kompetansemiljøa for likestilling.
Arbeidsmarknaden er eit viktig område for å skape reell likestilling. Arbeidsdepartementet, BLD og partane i arbeidslivet vil styrkje trepartssamarbeidet for å sikre større kraft i arbeidet med likestilling i arbeidslivet. Samarbeidet vil bli forankra i arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd. Rådet vil ha eigne møte om likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet og medverke til at andre saker som blir drøfta i rådet, blir sikra eit kjønnsperspektiv. BLD skal leie ei arbeidsgruppe under rådet som årleg skal lage eit arbeidsnotat som medverkar til eit målretta og systematisk arbeid på feltet. Det er eit mål å medverke til ei meir heilskapleg tilnærming til arbeidet med likestilling i den enkelte verksemda mellom anna med utgangspunkt i aktivitets- og rapporteringsplikta. Det er behov for å byggje ein felles erfaringsbase om kva som verkar, gjere erfaringar frå gode prosjekt kjent og sørgje for ein systematikk i oppfølginga. BLD vil òg leggje til rette for lokalt utviklingsarbeid for å fremme likestilling i arbeidslivet.
Regjeringa meiner det er viktig og heilt nødvendig med ein meir systematisk og langsiktig innsats mot seksuell trakassering, medrekna førebyggjande arbeid om grensesetting og respekt for eigne og andre sine grenser. Skolen er ein sentral arena for å nå ungdom. Arbeidet mot seksuell trakassering, særskilt blant ungdom, vil mellom anna vere ei oppgåve for dei regionale kompetansemiljøa for likestilling. Regjeringa vil òg invitere aktuelle aktørar til eit samarbeid om arbeidet for å kjempe mot nettrakassering spesielt.
Vidare tek BLD sikte på å etablere ei rettleiingsteneste om seksuell trakassering i Bufdir. Rettleiingstenesta skal gi nettbasert informasjon om rettar og moglegheiter for hjelp og om korleis ein går fram dersom ein ønskjer å bringe saka inn for domstolane.
BLD vil auke støtta til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar. Tilskotet blir forvalta av Bufdir. Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, medverke til mangfald og skape større aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk.
Regjeringa vil halde fram med å følgje opp handlingsplanen Likestilling 2014, jf. Resultatrapport 2012/2013. BLD vil i samarbeid med dei andre departementa følgje opp dei enkelte tiltaka og sørgje for rapporteringar. Handlingsplanen inneheld mellom anna eit sett indikatorar for å vurdere måloppnåinga på kvart enkelt felt.
Som nemnt i resultatrapporten er det etablert eit kjernemiljø for forsking på kjønnslikestilling. Det er forventa at kjernemiljøet vil stimulere til fagleg utvikling, identifisere nye og relevante problemstillingar og vidareutvikle forskinga på kjønnslikestilling.
Departementet finansierer ei utgreiing om forvaltinga av hushalda sin økonomi. Utgreiinga blir gjennomført av Statens institutt for forbruksforskning. Målet med utgreiinga er å få meir kunnskap om korleis menn og kvinner som lever i ekteskap/ ekteskapsliknande forhold, deler ansvaret for økonomien, og korleis dei økonomiske vala blir tatt i hushalda, kven som dekkjer dei ulike utgiftene, mv. Prosjektet starta i 2012 og vil bli avslutta i 2014.
Reform – ressurssenter for menn, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillingssenteret og KUN – senter for kunnskap og likestilling har på oppdrag frå BLD utvikla standardiserte kurs for å styrkje kompetansen på fedrar og likestilt foreldreskap i offentleg tenesteyting. Kursa er retta mot tilsette i kommunale tenester som helsestasjonar og introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar. Kurset blei utvikla i 2011 og 2012, medan gjennomføringa skjer i 2013 og 2014. Kurstilbodet skal bli spreidd til kommunane gjennom Vox sin kursmeny. Departementet bidreg i 2014 med støtte til gjennomføring av kurset. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.
Departementet bidreg også med midlar til ein nasjonal knutepunktsfunksjon for mentorordningar, lagt til Likestillingssenteret på Hamar. Prosjektet er eit av tiltaka i handlingsplanen Likestilling 2014. Tiltaket vil bli vidareført i 2014.
BLD vil vidareføre tilskota til dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald til ein ny landsomfattande statleg struktur er etablert. Dette gjeld Likestillingssenteret på Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei tre regionale sentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling i arbeidet for å fremme likestilling. Tilskota forvaltast av Bufdir.
Lønnsstatistikk / åpenhet om lønn
I Prop. 88 L (2012–2013) Diskriminerings- lovgivningen er det omtale av eit forslag frå Likelønnskommisjonen si utgreiing NOU 2008: 6 Kjønn og lønn og Likestillingsutvalet sin NOU 2011: 18 Struktur for likestilling. Regjeringa foreslo ikkje ei ny plikt til å utarbeide slik statistikk, da det blei stadfesta behov for ytterlegare kunnskap. Regjeringa vil på bakgrunn av dette greie ut kva for data som bør leggjast til grunn for lønnsstatistikkar som skal samanlikne lønn for kvinner og menn i verksemdene. Det vil bli lagt vekt på å finne ei løysing som er administrativt enkel for arbeidsgivaren, og som vil skape større openheit om lønn og lønnsdanning på arbeidsplassen. Dette er ein viktig føresetnad for effektivt likelønnsarbeid og vil danne grunnlaget for ei vurdering av om ein skal gå vidare på dette området.
Delmål 3.2: Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmer likestilling
Resultatrapport 2012/2013
BLD har ansvar for sentrale overføringsordningar til barnefamiliar: kontantstøtte, barnetrygd og foreldrepengar. Ordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). For nærmare omtale av foreldrepengeordninga, sjå programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon. I det følgjande blir utviklinga i bruk av kontantstøtte og barnetrygd kort gjennomgått. Det blir òg gitt ein statusrapport om arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde.
Kontantstøtte
Kontantstøtteordninga blei lagt om frå 1. august 2012. Det blir ikkje lenger utbetalt kontantstøtte for toåringar. For barn i alderen 13–18 månader er ordninga betra ved at satsen for full kontantstøtte er auka til 5 000 kroner per månad. For barn i alderen 19–23 månader er satsen for full kontantstøtte ført vidare med 3 303 kroner per månad. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2012–2013) Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Tabell 3.8 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte 2009–2011. Månadlege gjennomsnitt
2009 | Prosent | 2010 | Prosent | 2011 | Prosent | |
---|---|---|---|---|---|---|
Barn i kontantstøttealder | 116 315 | 119 209 | 121 749 | |||
Barn med kontantstøtte | 42 351 | 38 999 | 36 641 | |||
Eittåringar med kontantstøtte | 26 035 | 61,5 | 24 584 | 63,0 | 23 461 | 54,0 |
Toåringar med kontantstøtte | 16 317 | 38,5 | 14 415 | 37,0 | 13 180 | 36,0 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Prosentdelen barn med kontantstøtte har gått ned år for år, i 2011 var prosentdelen av alle barna i kontantstøttealder 30 rekna som eit gjennomsnitt for heile året.
Hovudopptaket til barnehagane er i august/september kvart år. Derfor er det kvart år auke i kontantstøttebruken frå hausten og fram til sommaren.
Tabell 3.9 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte i tidsrommet januar–juli 2012. Månadlege gjennomsnitt
Prosent | ||
---|---|---|
Barn i kontantstøttealder | 122 081 | |
Barn med kontantstøtte | 38 439 | |
– eittåringar med kontantstøtte | 25 306 | 65,8 |
– toåringar med kontantstøtte | 13 133 | 34,2 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Tabell 3.10 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte hausten 2012 og første halvår 2013. Månadlege gjennomsnitt
Hausten 2012 | Prosent | Første halvår 2013 | Prosent | |
---|---|---|---|---|
Barn i kontantstøttealder | 56 883 | 56 465 | ||
– av desse barn 13–18 månader | 32 023 | 29 772 | ||
– av desse barn 19–23 månader | 24 860 | 26 693 | ||
Barn med kontantstøtte | 16 943 | 22 125 | ||
– av desse barn 13–18 månader | 11 030 | 65,1 | 14 899 | 67,3 |
– av desse barn 19–23 månader | 5 913 | 34,9 | 7 226 | 32,7 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Sidan regelverket for kontantstøtta blei endra i august 2012, gir tabell 3.9 og 3.10 halvårstal for utviklinga i kontantstøttebruken i 2012 og for første halvår 2013. Av tala går det fram at 31,5 prosent av barna i kontantstøttealder etter regelverket våren 2012 fekk støtte denne våren. Nesten to tredelar av dei som fekk støtte, var eittåringar.
Frå hausten 2012 fekk berre familiar med barn opp til 23 månader rett til kontantstøtte. Det blei betalt ut kontantstøtte til litt under 30 prosent av desse barna. Til å samanlikne bruken av kontantstøtte for eittåringar før og etter regelendringane i 2012 har vi foreløpig berre tal for første halvår 2013. Det går fram av tala at det framleis er ein liten nedgang i kontantstøttebruken; våren 2012 fekk 40 prosent av eittåringane kontantstøtte, medan denne prosenten var 39 våren 2013.
Mødrer med barn som er eitt og to år gamle, og som mottar kontantstøtte, har lågare sysselsetting enn andre mødrer med barn i denne alderen – sysselsettingsprosentane er høvesvis 61 og 85 (2011). Etter fleire år med auke i sysselsettinga for mødrer med barn i kontantstøttealder snudde denne trenden i 2011. Nedgangen var særleg tydeleg i 2012. Denne nedgangen gjaldt alle mødrer med barn i alderen eitt og to år. Kopling mellom kontantstøttemottak og arbeidsmarknadstal for 2012 viser ingen særlege endringar i arbeidsmarknadsåtferd som kan knytast til regelendringane i kontantstøtta. Erfaringane frå innføringa av kontantstøtta viser på den andre sida at det kan ta noko tid før familiane tilpassar seg endra regelverk.
Barnetrygd
Barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2013.
Tabell 3.11 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006, 2008, 2010, 2011 og 2012
I alt | Ordinær stønad | Utvida stønad | Ekstra småbarnstillegg* | |
---|---|---|---|---|
2006 | ||||
I alt | 617 485 | 487 102 | 130 383 | 7 177 |
Prosentdel kvinner | 94,0 | 97,0 | 82,5 | 98,0 |
Prosentdel menn | 6,0 | 3,0 | 17,5 | 2,0 |
2008 | ||||
I alt | 629 224 | 503 379 | 125 845 | 6 194 |
Prosentdel kvinner | 92,8 | 95,6 | 81,6 | 97,9 |
Prosentdel menn | 7,2 | 4,4 | 18,4 | 2,1 |
2010 | ||||
I alt | 646 177 | 514 874 | 131 303 | 6 169 |
Prosentdel kvinner | 91,1 | 93,8 | 80,3 | 97,5 |
Prosentdel menn | 8,5 | 5,7 | 19,4 | 2,5 |
2011 | ||||
I alt | 650 533 | 519 031 | 131 502 | 5 774 |
Prosentdel kvinner | 91,1 | 93,8 | 80,3 | 97,5 |
Prosentdel menn | 8,9 | 6,2 | 19,7 | 2,5 |
2012 | ||||
I alt | 656 364 | 525 642 | 130 723 | 5 208 |
Prosentdel kvinner | 90,6 | 93,2 | 80,2 | 97,6 |
Prosentdel menn | 9,4 | 6,8 | 19,8 | 2,4 |
* Einslege forsørgjarar som fyller vilkåra for rett til utvida stønad etter barnetrygdlova og full overgangsstønad etter folketrygdlova, og som har barn i alderen 0–3 år, har rett til eit småbarnstillegg. Det har vore ein årleg nedgang i talet på utbetalte småbarnstillegg dei siste fem åra som følgje av færre mottakarar av overgangsstønad.
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLD sitt ansvarsområde
Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av ytingane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepengar samt regelverket for barnebidrag. Etaten har hatt vedvarande utfordringar både når det gjeld talet på saker til handsaming, og med å sikre rett utbetaling til den enkelte mottakar.
Arbeids- og velferdsetaten har dei siste åra arbeidd målretta med å betre kapasiteten og kvaliteten i ytingsforvaltinga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere sakshandsamingstidene og også sett i gang eit systematisk og langsiktig arbeid for å betre kontroll og kvalitet i ytingsforvaltinga.
Ein aukande del av etaten sine saker blir handsama innan normert tid, men på nokre saksområde når ein framleis ikkje dei måla ein har sett seg. Av ordningane på BLD sitt ansvarsområde har ein særskilte utfordringar knytt til sakshandsamingstida på barnebidragsområdet. Eit positivt trekk på dette området er at det over fleire år har vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet om hjelp til å bli samde om barnebidrag etter eit samlivsbrot. Nærmare omtale av utviklinga på bidragsområdet under delmål 3.3 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna.
BLD har lagt vekt på at utfordringane knytt til Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på departementet sitt ansvarsområde må sjåast i samanheng med dei samla utfordringane for etaten. Det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til utfordringane. BLD har derfor hatt ein tett dialog med Arbeidsdepartementet og etaten sjølv. Denne dialogen vil bli vidareført.
Samtidig arbeider Arbeids- og velferdsetaten vidare med konkrete tiltak for å betre forvaltinga av sakene og informasjonen som blir gitt til brukarane på BLDs ansvarsområde.
Som eit ledd i arbeidet med å utvikle eit kvalitetssystem for ytingsforvaltinga er det utarbeidd sakshandsamingsstandardar for handsaming av søknader om barnebidrag og foreldrepengar. Standardane skal gjere sitt til auka kvalitet i sakshandsaminga og lik forvaltingspraksis i heile landet. Kontrollen av kvaliteten i sakshandsaminga er styrkt gjennom innføring av systematiske stikkprøvemålingar.
For å førebyggje og avdekkje feilutbetalingar og trygdemisbruk er det mellom anna gjennomført maskinelle etterkontrollar på utbetaling av foreldrepengar. Dette inneber ei elektronisk samkøyring av register. Resultatet av samkøyringa skal analyserast og gi grunnlag for vurdering av kva for saker som skal kontrollerast nærmare.
Også når det gjeld barnetrygd- og kontantstøttesaker, er det gjennomført tiltak for å sikre kvaliteten i sakshandsaminga. Det er mellom anna innført totrinns sakshandsaming på desse områda. Dette inneber at det alltid er to personar som handsamar desse sakene.
For å møte utfordringane knytt til sakshandsamingstid og kvalitet vil Arbeids- og velferdsetaten gjennomføre organisatoriske endringar som skal sikre effektivitet og gi mindre variasjon i forvaltinga av ytingar. Sakshandsaminga på dei enkelte ytingane skal samlast i større einingar. Første del av denne spesialiseringa startar i 2013 og omfattar mellom anna bidragsområdet.
Ei nærmare utgreiing om status og strategiar for Arbeids- og velferdsetaten si verksemd er gitt i Prop. 1 S (2012–2013) frå Arbeidsdepartementet.
Surrogati
Når personar som er busett i Noreg, gjer avtalar med surrogatmødrer eller kommersielle surrogativerksemder i andre land, vil det i tillegg til dei etiske problema òg reise seg komplekse juridiske problemstillingar. Departementet vil vurdere desse spørsmåla, mellom anna i lys av Haagkonferansen for internasjonal privatrett sin utgreiing som er planlagt lagt fram i 2014.
Skattedirektoratet har avdekt tilfelle der foreldreskap til barn i Noreg fødd av surrogatmor i utlandet er registrert i folkeregisteret utan at den juridiske morskapen eller farskapen er i orden. Dei fleste sakene kan bli løyst innanfor barnelova og/eller adopsjonslova, men ikkje alle. Det er derfor gitt mellombels forskrift 23. mai 2012 nr. 446 om godkjenning av farskap for barn fødd av surrogatmor i utlandet og vedteke mellombels lov 8. mars 2013 nr. 9 om overføring av foreldreskap for barn i Noreg født av surrogatmor i utlandet mv. Det er eit mål at ordningane vil gjere sitt til at omsorgspersonane set i gang prosessane som er nødvendige for å sikre barna juridisk. BLD har sett ned ei særskilt rettleiingsgruppe med representantar frå Skatteetaten, NAV og Bufetat, som skal rettleie og hjelpe familiane.
Ammefri
For å leggje til rette for at kvinner kan gå tidlegare attende til arbeidet etter fødsel, og dermed stimulere til ei jamnare deling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver mellom far og mor, har regjeringa i 2013 lagt fram eit lovforslag om rett til lønn under ammefri. Stortinget har vedteke forslaget, og lovendringa blir sett i kraft frå 1. januar 2014. Den nye ordninga gir kvinner som ammar, rett til lønn for inntil ein time ammefri på arbeidsdagar med avtalt arbeidstid på minst sju timar. Retten gjeld i barnet sitt første leveår.
Strategiar og tiltak for 2014
Overføringsordningane
Det er ikkje føreslått endringar i regelverk eller satsar for barnetrygd og kontantstøtte frå 2013 til 2014. Arbeids- og velferdsetaten vil halde fram med det målretta arbeidet for å betre kapasiteten og kvaliteten i ytingsforvaltinga. Det vil bli arbeidd vidare med å samle handsaminga av ytingane i færre og større einingar. Det er òg sett i gang arbeid med modernisering av IKT-systema i etaten.
IKT-moderniseringa er ei av dei største satsingane i etaten framover og skal medverke til at nye tenester, metodar og verktøy blir tatt i bruk. Moderniseringa inneber nye og betre moglegheiter for kontakten mellom brukarar og Arbeids- og velferdsetaten, endringar og effektivisering av sakshandsaminga og omfattande organisatorisk utvikling. Nye IKT-løysingar skal mellom anna gjere det mogleg å auke bruken av sjølvbetening.
Modernisering av forvaltinga på foreldrepengeområdet er høgt prioritert, men det er ikkje fastsett ein endeleg framdriftsplan for denne delen av arbeidet.
Moderniseringsarbeidet er nærmare gjort greie for i Prop. 1 S (2013–2014) frå Arbeidsdepartementet.
Surrogati
I samband med departementet sitt arbeid med å avklare korleis offentlege styresmakter skal arbeide med saker om foreldreskap ved bruk av surrogati – sjå departementets etatsbrev av 9. oktober 2011, seinast oppdatert 18. juli 2013 (www.regjeringen.no/bld/surrogati), er ulike problemstillingar og dilemma identifisert, og seinare også kasta lys over gjennom den offentlege debatten og innspel til departementet.
Fordi sakskomplekset har internasjonal relevans, er det behov for å gjere ein heilskapleg gjennomgang. Utviklinga i Haagkonferansen for internasjonal privatrett, der også Noreg er medlem, vil ha følgje for utgreiinga og gi føringar for arbeidet. Haagkonferansen greier ut problemstillingar knytt til surrogati, og konferansen sitt sekretariat gav i 2012 ein førebels rapport som mellom anna kartlegg og omtaler ulike former for nasjonal lovgiving, menneskerettar, partanes sårbarheit og risiko ved bruk av surrogati. Haagkonferansen sin rapport viser til at surrogati er eit globalt fenomen som må løysast globalt. Haagkonferansen vil i kommande år halde fram med arbeidet på dette feltet (kartleggje/innhente opplysningar frå medlemsstatane, konsultere ulike fagmiljø som helse, juridiske utøvarar, surrogatibedrifter mfl. og halde fram med utgreiing av grunnlaget for internasjonal lovgiving) og tek sikte på leggje fram ein endeleg rapport i 2014.
EU publiserte i 2013 ein komparativ studie om EU-landas rettslege, politiske og empiriske tilnærming til surrogati i eit nasjonalt, europeisk og globalt perspektiv. Studien konkluderer med at det er svært ulike tilnærmingar og ingen spesiell rettsleg trend blant EU-landa, men at det ser ut til å vere semje om behovet for at barn som er fødd ved surrogati, får etablert eit juridisk foreldreskap og eit avklart statsborgarskap.
Departementet vil sjå på resultatet av dette arbeidet i samband med gjennomgangen.
Delmål 3.3: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna
Resultatrapport 2012/2013
Fastsetting og endring av foreldreskap
Regjeringa la fram Prop. 105 L (2012–2013) om endringar i barnelova (farskap og morskap) i mars 2013, og endringane blei vedteke av Stortinget i juni. Lovendringane tek sikte på i størst mogleg grad å handsame kvinner og menn likt, mellom anna ved at det offentlege skal ha plikt til å klargjere morskap til barn i tilfelle der dette ikkje er kjent, på same måte som det offentlege i dag har plikt til å fastsetje farskap. Vidare skal det vere ein føresetnad at både mora og faren er einige om farskapen, dersom denne skal fastsetjast ved vedgåing. Av omsyn til stabiliteten for barnet skal mor, far eller påstått far som ønskjer å reise sak for å endre farskap, måtte gjere dette innan eitt år etter at dei får opplysningar om at ein annan mann kan vere faren. Det er òg ei rekkje endringar i sakshandsaminga og i dei prosessuelle reglane i barnelova.
Endringane i barnelova §§ 1 a, 5 andre og fjerde ledd, 15 nytt andre ledd, 78 fjerde ledd og 81 første ledd tok til å gjelde 31. august 2013. Dette gjeld mellom anna lovfesting av at det offentlege har plikt til å fastsetje farskap etter norske reglar i tilfelle kor godkjenning av farskap eller morskap etter barnelova § 85 blir avslått. Barnelova § 81 b er òg endra slik at sak om farskap kan handsamast i Noreg når barnet er busett her. Vidare er Oslo tingrett gjort til alternativt verneting i saker der mor og barn bor på sperra adresse, slik at tryggleiken deira blir betre.
Hovuddelen av endringane trer i kraft 1. januar 2014. Lovendringane er ei oppfølging av NOU 2009: 5 Farskap og annen morskap.
Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforskning ved Nasjonalt folkehelseinstitutt gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (Arbeids- og velferdsetaten og domstolane). I 2012 blei det utført 872 analysar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for oppdraga var sju verkedagar i 2012 og i tråd med forventa sakshandsamingstid.
Barnebidrag
Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet om hjelp til å bli samde om barnebidrag etter eit samlivsbrot. Det ser no ut som om talet på familiar i det offentlege systemet stabiliserer seg. Berekningar syner at om lag 45 prosent (2012) av familiane bruker det offentlege tilbodet, medan resten av foreldra ordnar dette gjennom private avtaler. Dei som treng eit offentleg tilbod, er både foreldre med svak økonomi, hos enten éin av partane eller begge, foreldre med store konfliktar og foreldre der det er liten kontakt.
Det er framleis i hovudsak menn som er bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Delen mannlege bidragsmottakarar og kvinnelege bidragspliktige ser ut til å liggje stabilt på mellom 7 og 8 prosent.
Tabell 3.12 Barn som får bidrag / forskot på bidrag, etter alder og størrelsen på gjennomsnittleg bidrag (kroner)
Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner) | |
---|---|
Barn 0-5 år | 1 378 |
Barn 6-10 år | 1 572 |
Barn 11-14 år | 1 748 |
Barn 15-18 år | 2 026 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå april 2013.
Storleiken på gjennomsnittleg barnebidrag i det offentlege systemet har auka med 12 prosent i perioden 2009–2012 frå 1 577 kroner per månad til 1 765 kroner. Dette er om lag same auken som gjennomsnittslønna har hatt i same periode. Det går fram at bidraget aukar etter som barnet blir eldre. Dette skyldast at det kostar meir å forsørgje eldre barn enn dei aller yngste. At bidraga skulle auke til eldre barn, var også eit av måla med bidragsreforma i 2003. Litt over ein femtedel (20,6 prosent) av dei bidragspliktige har så dårleg økonomi at dei ikkje har evne til å betale bidrag (NAV 2013). I desse sakene får mottakaren forskot når inntekta ikkje er så høg at barnet/barna er godt forsørgt utan offentleg tilskot.
Eit viktig mål med omlegginga av bidragsregelverket i 2003 var at bidragsreglane skulle leggje betre til rette for samvær mellom barnet og den av foreldra barnet ikkje bur fast saman med. Det er ein liten auke i samværet mellom barn og den forelderen barnet ikkje bur saman med. Medan 50 prosent av barna ikkje hadde samvær som gav seg utslag i eit mindre barnebidrag i 2009, hadde dette talet falle til 46 prosent i 2013. Rundt 32 prosent hadde samvær i samværsklasse 2, det vil seie 4–8 netter i månaden, den langt vanlegaste samværsklassa begge åra.
Sidan så mange foreldre gjer private avtaler om barnebidrag, er statistikken frå NAV ikkje representativ for delte familiar generelt. Statistisk sentralbyrå har derfor på oppdrag frå departementet gjennomført ei intervjuundersøking med foreldre om samvær og bustad. Intervjua blei gjort hausten/vinteren 2012. Resultata vil bli samanlikna med det ein fant i liknande undersøkingar frå 2002 og 2004, og vil kunne gi nyttig kunnskap om familiepraksis i delte barnefamiliar over ein tiårsperiode. Forskingsresultat frå undersøkinga vil kome frå 2014 og ut over.
God hjelp til familiar med barn der det er høgt konfliktnivå etter samlivsbrot
Det er eit mål at fleire foreldre med høgt konfliktnivå rundt samvær og kvar barnet skal bu fast, får hjelp frå familieverntenestene til å løyse usemja gjennom eit godt og tilgjengeleg meklingstilbod og hjelp til betre foreldresamarbeid, framfor å reise sak for domstolane.
Arbeidet i familieverntenestene i 2012/2013 har særleg vore retta mot saker med høgt konfliktnivå der barn er involvert. Sjå nærmare omtale under delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester, resultatrapport 2012/2013.
Betre handsaming av foreldretvistar der barn er utsett for vald og overgrep
Departementet held fram arbeidet med å leggje til rette for gode prosessar og avgjerder i foreldretvistar for domstolane om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Regjeringa la 2. mars 2013 fram Prop. 85 L (2012–2013) om endringar i barnelova (barneperspektivet i foreldretvistar). Lovendringane blei vedteke av Stortinget i juni, og ein tek sikte på at endringane trer i kraft 1. januar 2014. Målet er å styrkje barneperspektivet og verne barn betre mot vald, seksuelle overgrep og andre forhold som utsett helsa for skade eller fare.
Lovendringane skal gi barn styrkt rett til deltaking i foreldretvistar. Det er tydeleggjort at alle barn, også dei under sju år, som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få høve til å seie meininga si. Barna skal få gi synspunkta sine på alle spørsmål saka gjeld. Barna har òg rett til informasjon og tilbakemelding om utfallet av saka og korleis meininga deira er blitt teke omsyn til.
Lovendringane skal sikre betre handsaming og opplysing av foreldretvistar for domstolane der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller overgrep. Mellom anna er det tydeleggjort i lova at det skal meklast berre i saker som er eigna for det, slik at verdifull tid ikkje går tapt i saker som i alle høve bør handsamast på tradisjonell måte med hovudforhandling og dom. Dette vil ofte vere tilfellet i saker der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller overgrep. Blant endringane er òg ei lovendring som slår fast at tilsette i barnevernstenesta kan vitne for domstolane uhindra av teieplikta etter barnevernlova. For å sikre at saker der det er påstandar om vald og overgrep, blir godt opplyst, er lova vidare endra slik at staten skal dekkje kostnadene ved tradisjonell sakkyndig utgreiing. Det er òg gjort endringar i reglane om mellombels avgjerd i saker om foreldreansvar, bustad og samvær. Der éin av partane ber om det, og det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare, skal retten ta ei slik avgjerd. Dette gjeld òg før sak er reist. I reglane om tvangsbot er det tydeleggjort at ein ikkje skal gje tvangsbot der oppfylling av samværsretten er umogleg pga. risiko for vald eller skadeleg handsaming.
Det er òg vedteke endringar i reglane om samvær med tilsyn av offentleg oppnemnd tilsynsperson. Tilsynet kan delast i beskytta tilsyn og støtta tilsyn. Beskytta tilsyn kan brukast der barnet treng overvaking under samværet, til dømes fordi samværsforelderen har hatt problem med rus eller psykiske lidingar. Støtta tilsyn skal støtte barnet, forelderen eller familien under samværet, til dømes ved etablering av kontakt eller der det er høgt konfliktnivå mellom foreldra. Det blir sett eit nytt vilkår for om omsynet til barnet sine behov skal tale for samvær med tilsyn. Domstolen pliktar å grunngje samvær med tilsyn, fastsetje tilsynsforma, kor lenge tilsynet skal vare, og talet på timar. Det er føresett at verna tilsyn kan bli gitt med inntil 16 timar i året, som svarar til timegrensa i dag for samvær med tilsyn, medan timegrensa for støtta tilsyn skal bli inntil 32 timar. Den kommunale barnevernstenesten får ansvaret for beskytta tilsyn fordi dei har høg kompetanse når det gjeld utsette barn. Familieverntenestene skal ha ansvaret for støtta tilsyn. Alle tilsynspersonar skal leggje fram politiattest.
Departementet ga i 2012 og 2013 Domstoladministrasjonen støtte til tiltak for kompetanseheving for dommarar, advokatar og sakkunnige om handsaminga av barnelovsaker med valds- og overgrepsproblematikk.
Haagkonvensjonen av 1996
Arbeidet for å leggje til rette for tilslutning til Haagkonvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn held fram. Konvensjonen kan bidra til å førebyggje og løyse mellom anna foreldretvistar som er knytt til fleire land. Departementet tek sikte på å sende ut høyringsnotat om gjennomføringa i haust, med forslag om endringar med tanke på norsk tilpassing til konvensjonen mv.
Barnebortføring
Regjeringa sende i juli 2009 ut til høyring forslag om å innføre ei ordning med stans av offentlege ytingar og barnebidrag ved internasjonal barnebortføring. Høyringa gav støtte til forslaget, men avdekte også behov for utgreiing og avklaring av menneskerettane og Noreg sine plikter etter FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Arbeidsdepartementet følgjer opp saka i samarbeid med BLD og andre aktuelle departement og tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon hausten 2013.
Oppfølging av Dokument 8:125 S (2010–2011) representantforslag vedrørende bidrag etter fylte 18 år
Stortingsrepresentantane Arve Kambe, Linda C. Hofstad Helleland og Torbjørn Røe Isaksen fremma i Dokument 8: 125 S (2010–2011) forslag om endring av barnelova om foreldre si plikt til å betale bidrag etter fylte 18 år for barn som flyttar ut av heimen.
Etter gjeldande rett kan det fastsetjast bidrag etter fylte 18 år på same vilkår som for yngre barn dersom ungdommen held fram med vanleg skolegang. Representantane set spørsmålsteikn ved om ordninga er i tråd med lovgivar sin intensjon og den alminnelege rettsoppfatninga. Det er særleg vist til tilfelle der myndige barn i ordinære utdanningsløp flyttar ut etter eige ønskje og søkjer om bidrag sjølv om dei har eit reelt bualternativ hos foreldra sine. I tillegg er det eit spørsmål om ein skal ta omsyn til støtte ungdommen får frå Lånekassen, ved fastsetjing av bidrag etter fylte 18 år. I innstillinga til Stortinget frå familie- og kulturkomiteen, Innst. 357 S (2010–2011), understrekar komiteen at barnelova skal sikre at barn får den nødvendige økonomiske bistanden frå foreldra til å fullføre vidaregåande utdanning, og at dette er eit viktig prinsipp. Komiteen meiner vidare at forslagsstillarane tek opp eit viktig prinsipielt spørsmål.
Departementet har gjort ein gjennomgang av reglane for fastsetjing av bidrag etter fylte 18 år. Dagens reglar må sjåast i samanheng med den retten ungdom har til tre års heiltids opplæring etter fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring og målet om at flest mogleg ungdommar skal fullføre vidaregåande skole. Ein viktig del av det å vere forelder er å leggje til rette, også økonomisk, for at ungdommen fullfører vidaregåande skole. Ei oppheving av høvet til å påleggje foreldre å betale bidrag etter fylte 18 år vil innebere at ansvaret for forsørginga under skolegangen blir flytta frå foreldra og over på ungdommen og/eller det offentlege. Dette kan resultere i at nokre unge ikkje ser seg økonomisk i stand til, eller tent med, å fullføre vidaregåande skole og dermed vel å avslutte skolegangen.
Etter departementet si vurdering må det føreliggje tungtvegande grunnar for å ta frå ungdommar retten til å søkje bidrag etter fylte 18 år, all den stund utgangspunktet i lova er at foreldra si forsørgingsplikt gjeld utan omsyn til om barna bur saman med foreldra eller ikkje. Det kan vere ulike grunnar til at ein ungdom flyttar for seg sjølv under vidaregåande skolegang, for eksempel avstand til skolen eller eit ønske om å løyse eit konfliktfylt forhold til ein eller begge foreldra mv. Kva som skal vere akseptable grunnar til å flytte ut av foreldreheimen, er det vanskeleg å vurdere. Etter departementet sitt syn tilseier dette at foreldra si forsørgingsplikt fortsatt bør vere den same uavhengig av om ungdommen bur i foreldreheimen eller ikkje, og uavhengig av kva som er årsaka til at ungdommen eventuelt bur for seg sjølv. Dette er også ein føresetnad for støtteordninga gjennom Lånekassen.
Det statlege tilskotet frå Lånekassen til dekning av levekostnader er eit supplement til finansieringa frå foreldra. Utgangspunktet for støttesystemet i vidaregåande opplæring har vore fordelingsomsyn, og sentrale delar av støtta skal vere målretta mot familiar med svak økonomi. Dette, i tillegg til at stipend kan gjerast om til lån dersom skolegangen blir avbrote, er bakgrunnen for at det ikkje blir teke omsyn til lån eller stipend frå Lånekassen ved fastsetjing av storleiken på bidrag etter fylte 18 år.
Grunnstipendet er behovsprøvd mot økonomien til den av foreldra eleven bur hos eller budde hos sist. Bustipendet er ikkje behovsprøvd mot familieøkonomi, men blir gitt til elevar som må flytte heimanfrå pga. lang avstand til skolen. Bustipendet har eit klart distriktspolitisk formål og er meint å bidra til å dekkje ekstrautgifter til bustad for elevar som må flytte heimanfrå for å gå på skole.
Konsekvensen av å leggje vekt på stipenda frå Lånekassen ved fastsetjing av bidrag etter fylte 18 år vil vere at elevane sin økonomi blir dårlegare, noko som ikkje er i tråd med formålet med utdanningsstøtteordningane. Det er nødvendig med ei grundig vurdering av om det er prinsipielt rett at stipenda frå Lånekassen skal gi foreldra redusert ansvar for forsørging.
Kunnskapsdepartementet har sett i gang arbeid med å greie ut innretninga av grunnstipendet. Kunnskapsdepartementet meiner at stipendet ikkje er treffsikkert nok når om lag 40 prosent av elevane i vidaregåande opplæring får stipendet. Samtidig er stipendet viktig for mange elevar og familiane deira. Departementet vil gjere ei ny vurdering av spørsmålet om staten sine støtteordningar og bidrag etter fylte 18 år når konklusjonar og eventuelle endringar i regelverket som følgjer av Kunnskapsdepartementets gjennomgang, ligg føre.
Strategiar og tiltak for 2014
Om farskap og morskap
Departementet vil i samarbeid med mellom anna Arbeids- og velferdsdirektoratet førebu iverksetjing av endringane i barnelova som blei fremte i Prop. 105 L (2012–2013) om endringar i barnelova (farskap og morskap) og trer i kraft 1. januar 2014. Sjå nærmare omtale av endringane under Resultatrapport 2012/2013.
God hjelp til barnefamiliar der det er høgt konfliktnivå etter samlivsbrot
Det er eit mål at fleire foreldre med høgt konfliktnivå rundt samvær og kvar barnet skal bu fast, får hjelp frå familievernkontora til å løyse usemja gjennom eit godt og tilgjengeleg meklingstilbod og heilskapleg tilbod frå familieverntenestene i staden for å reise sak for domstolane. Det visast til nærmare omtale under strategiar og tiltak for 2014 under delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester.
Betre handsaming av foreldretvistar der barn er utsett for vald og overgrep
Det er òg viktig å sikre ein god prosess og robuste avgjerder i dei tilfella der det er nødvendig at domstolane handsamar saka, til dømes i saker der barn er utsett for vald og overgrep.
Det er vedteke lovendringar (Prop. 85 L (2012–2013)) som skal gi barn styrkt rett til deltaking i foreldretvistar for domstolane og gi betre handsaming av og dermed gode avgjerder i foreldretvistar der det er risiko for at barn blir utsett for vald og overgrep. Lovendringane skal sikre at sakene blir godt opplyst, samstundes som det skal takast rask, førebels avgjerd av domstolen der det er risiko for vald og overgrep. Justis- og beredskapsdepartementets kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter er foreslått styrka med 10 mill. kroner for å dekkje utgiftar til tradisjonelle sakkyndigutgreiingar i barnefordelingssaker, jf. barneloven § 61, første ledd nr. 3.
Det er òg gjort endringar i reglane om samvær under tilsyn som skal styrkje barneperspektivet og senke terskelen for at domstolen kan fastsetje at det ikkje skal vere samvær, i saker med alvorleg problematikk. Den kommunale barneverntenesten får ansvaret for for beskytta tilsyn. Kommunanes utgifter til denne oppgåva er berekna til 2,3 mill. kroner. Rammetilskotet til kommunane (kap. 571 hos Kommunal- og regionaldepartementet)er foreslått styrkt med dette beløpet. Sjå nærmare omtale av endringane under resultatrapporteringa. Ein tek sikte på at lovendringane trer i kraft 1. januar 2014. Departementet vil i samarbeid med mellom anna Bufdir førebu iverksetjing av endringane.
Haagkonvensjonen 19. oktober 1996 om kompetanse (jurisdiksjon), lovval, anerkjenning, fullbyrding og samarbeid om foreldreansvar og tiltak for beskyttelse av barn har til formål å auke vernet for barn i saker som er knytt til fleire statar, og auke det internasjonale samarbeidet på dette området. Konvensjonen gjeld internasjonal privatrett og legg til rette for at internasjonale tvistar om barn kan førebyggjast og løysast. Norske styresmakter og privatpersonar vil som følgje av tiltreding mellom anna få betre moglegheiter til å løyse foreldretvistar, barnevernssaker og barnebortføringssaker. Departementet tek sikte på å sende ut høyringsnotat om gjennomføringa i haust, med forslag om endringar med tanke på norsk tilpassing til konvensjonen mv.
Delmål 3.4: Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester
Resultatrapport 2012/2013
Familieverntenestene er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).
Tabell 3.13 Årsverk i familievernet 2006–2011
År | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|---|---|---|
Årsverk | 387 | 433 | 424 | 432 | 422 | 419 |
Kjelde: SSB, familievernstatistikk.
Dei siste åra har det vore ein auke i etterspørselen etter familieverntenestene når det gjeld både konsultasjonar for meklingar og kliniske tenester. Det har vore ein årleg vekst i aktiviteten frå 2009 til 2012. Årsrapporten frå Bufdir for 2012 syner at det blei gjennomført nærmare 123 000 konsultasjonar totalt i familieverntenestene, om lag 2,5 prosent fleire konsultasjonar enn i 2011. Av desse var 98 000 knytt til behandling og 25 000 til meklingar, det vil seie ein auke frå 2011 på om lag 2 prosent i behandlingssamtaler og nærmare 5 prosent i meklingar.
Riksrevisjonen peikte i 2012 på manglar ved meklingsordninga innan familieverntenestene. Revisjonen synte at innan familievernområdet tilbyr ikkje Bufetat eit geografisk likeverdig tilbod. Riksrevisjonen er kritisk til dei forskjellane i tilbodet i og mellom regionane, mellom anna når det gjeld ventetid, ulike prosedyrar og metodikk i arbeidet med høgkonfliktsaker og forskjellar i bemanning og produktivitet. Riksrevisjonen er vidare kritisk til at det har vore lita utvikling i familieverntenestene sitt samarbeid med domstolane i høgkonfliktsaker, og at tiltak på dette området er lite konkrete. Departementet har tatt opp Bufetat si oppfølging av revisjonen på meklingsområdet i etatsstyringsdialogen.
Bufdir har laga ein plan for oppfølging av revisjonen. Bufetat har sett i gang ein gjennomgang og ei vurdering av dagens dimensjonering av familieverntenestene som vil vere viktig for å følgje opp Riksrevisjonen sine funn. Dimensjoneringsprosjektet vil gje ein analyse av demografiske, geografiske, organisatoriske og faglege variasjonar mellom kontora. Dersom prosjektet avdekkjer ulikskap i produksjon og måloppnåing som ikkje kan forklarast med regionale forskjellar som ein må vurdere som «akseptable», vil avhjelpande risikoreduserande tiltak bli satt i verk. For å redusere risiko når det gjeld kvalitet i tenestene, har Bufdir starta eit arbeid saman med regionane for å utvikle eit betre kunnskapsgrunnlag for familieverntenestene sitt arbeid og ein kompetanseplan for tenesta. Det skal utarbeidast ei norm for kva eit familievernkontor skal tilby brukarane, når det gjeld både kartlegging og metodar. Bufdir vil hausten 2013 gjennomgå og revidere gjeldande opplæringstilbod til meklarar og vurdere kva som kan gjerast for å betre kompetansen knytt til høgkonfliktfamiliar og høyring av barn.
Det er viktig at familieverntenestene har god kompetanse til å samtale med barn, slik at barnet sitt syn kjem fram og får tyding. Få barn deltek i dag aktivt i meklingssaker. Denne utfordringa blei peikt på i Barneombodet sin rapport frå 2012, «Barnas stemme stilner i stormen».
Bufdir har starta opp to prosjekt i 2013 i Kvalitetsutviklingsprogrammet: faglege standardar for å samtale med barn og faglege standardar for å avdekkje risiko for barnet sin omsorgssituasjon.
Bufdir vil initiere systematisk kunnskapsinnhenting. I juli 2013 leverte Folkehelseinstituttet ei kunnskapsoppsummering om tiltak som har effekt for å dempe foreldrekonfliktar.
I regi av Nordisk ministerråd er det starta eit prosjekt, Robuste samliv i Norden, for å kartleggje og evaluere dei ulike nordiske landa sine tiltak for å gi støtte til foreldrerolla og for å førebyggje og løyse samlivskonfliktar. Konsulentselskapet Rambøll utfører prosjektet på oppdrag frå Bufdir. Prosjektet skal vere ferdig i 2014.
Det er eit mål å gje tilbod om mekling innan tre veker etter første førespurnad vil ble følgt opp. Bufetat vil utarbeide planar for å sikre måloppnåing og gå gjennom registreringspraksisen i sakshandssamingssystema sine.
Det er ei sentral målsetjing at flest mogleg tvistar etter barnelova blir løyst utanfor rettsapparatet. Arbeidet i familieverntenestene i 2012/2013 har særleg vore retta mot saker der barn er involvert. Bufetat har hatt fleire fagutviklingsprosjekt for å betre familieverntenestene sitt tilbod til familiar og barn som alternativ og supplement til handsaming av domstolane. I prosjekta skal det utviklast modellar og metodar for å betre meklingstilbodet overfor minoritetsetniske brukarar. Ein har og som mål å betre samarbeidet mellom kommunar og andre tenester og auke delen saker der barnet får seie si meining, metodar for å auke tidsbruken under mekling. Ein vil og sjå på tiltak for å fremme samarbeid med tingrettane, sakkyndige og advokatar samt utvikla metodar for å identifisere saker der det er risiko. Bufdir vil, etter ein gjennomgang av rapportane frå prosjekta, vurdere korleis desse skal gjerast tilgjengelege for familieverntenestene nasjonalt. Bufdir vil òg vurdere kva for metodar som skal gi grunnlag for kompetanseheving generelt i tenestene, og korleis.
Familieverntenestene har gjennom ulike informasjons- og samarbeidstiltak søkt å medverke til auka kjennskap til tilboda i tenestene. Eit av måla er å synleggjere familieverntenestene som alternativ til domstolsbehandling. Arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom familieverntenestene og domstolane held fram. Det er etablert kontakt med tingrettane om samarbeid og nettverksbygging, hospiteringsordningar og informasjonsutveksling. Bufdir har initiert eit samarbeid med Domstolsadministrasjonen for å betre måloppnåinga. Det er vidare sett i verk tiltak for at alle region- og familievernkontor oppretta kontakt og samarbeid med tingrettane i sitt område.
Det blei i 2012 løyvt knappe 3 mill. kroner for å styrkje tilbodet til barn som lever med høg konflikt mellom foreldra etter samlivsbrot. Midlane finansierte pilotprosjektet Ser du meg, som blei fullført i 2012. I prosjektet var målet å gjennomføre og vidareutvikle tilbod til barn og vaksne etter konfliktfylte samlivsbrot. Som direkte resultat av denne satsinga har om lag 1 100 barn og unge delteke i samtalegrupper. Samtidig har foreldra fått tilbod om kurs/rettleiing i betre foreldresamarbeid. Evalueringa av prosjektet viser positive resultat. Dei fleste er godt nøgde med tilbodet. Utprøvingane av parallelle tilbod til vaksne og barn med tilbakemelding til foreldra etter at barna har delteke i samtalegrupper, har medverka til at foreldra i større grad forstår barna sine behov. Den arbeidsforma ein har lagt opp til i prosjektet, har ført til tidlegare identifisering av høgkonfliktfamiliar etter samlivsbrot. Familiar i konflikt etter samlivsbrot er blitt oppdaga tidlegare i kommunen og har fått vidare hjelp ved familievernkontoret. Erfaringane frå prosjektet har danna grunnlag for familieverntenestene sitt arbeid med oppfølging av familiar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot.
I alle regionane i Bufetat er det ein klar overvekt av meklingar som blir avslutta etter ein time. Ein stor del av foreldra bruker den frivillige delen av meklingstilbodet opptil fire timar, men berre i ein liten del av sakene blir det brukt meir enn fem timar i meklinga. Ein del foreldre bruker familievernet sine andre tilbod til foreldre i staden for det frivillige meklingstilbodet.
I åra før 2010 var det ein auke i talet på innkomne barnelovssaker for domstolane. I perioden etter 2010 syner saksstatistikken at talet på saker har stabilisert seg.
Alle familievernkontor bruker i 2013 klient- og resultatstyrt terapi (KOR), som er eit system for brukarretta kvalitetsutvikling på individnivå, i det daglege kliniske arbeidet. Opplæring, koordinering, rettleiing og trenaropplæring har vore viktige element i implementeringa. KOR har medverka til auka barnefokus i familieverntenestene sitt arbeid med saker om foreldresamarbeid etter samlivsbrot.
Bufdir utviklar ein applikasjon for mobiltelefonar som vil gjere det lettare for småbarnsfedrar å avtale treff eller arrangement på helsestasjonar eller andre stader. Tilbodet har fått namnet «Pappatid» og skal medverke til bevisstgjering og utvikling av farsrolla. Applikasjonen blir supplert av informasjon på Internett, som mellom anna vil dekkje kursinnhaldet i den tidlegare Papparingen, stoff frå Program for foreldrerettleiing og lenker til NAV.
Bufdir har også hatt ansvaret for å forvalte tilskotsordninga til samlivstiltak. Målet har vore å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing. Organisasjonar som arbeider for å styrkje og halde ved like parforhold, har kunne søkje om midlar.
Kurset Hva med oss?, som er eit samlivskurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne, er blitt evaluert av NTNU. Dei fleste deltakarane har hatt stort utbytte av å delta. Fleire seier at dei bruker røynsler frå kurset i kvardagslivet. Eit stort fleirtal av deltakarane seier at parforholdet er styrkt som følgje av at dei har delteke på kurset.
Det har i 2013 vore ei styrking av familieverntenestene sine tilbod til barn som er utsett for vald og overgrep. Vidare har det i 2012 og 2013 vore ei styrking av Barne-, ungdoms- og familieetaten og familieverntenestene sin kompetanse og tilbod til valdsutøvarar. Kunnskapen om behovet for tilbod til denne gruppa skal aukast. Nærmare omtale under delmål 4.2 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar.
Strategiar og tiltak for 2014
Bufdir skal, som ansvarleg for familievern- og foreldremeklingstenestene, systematisk utvikle kvaliteten i tenestene i tråd med forskings- og kunnskapsutvikling.
Familievernkontora i landet har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda, tilby lovpålagt mekling og yte hjelp til å betre foreldresamarbeidet i familiar med høgt konfliktnivå. Rask og tidleg hjelp til utsette familiar og barn vil kunne førebyggje problemutvikling. Dette er førebyggjande barnevern og førebyggjande arbeid mot vald i nære relasjonar.
Målet er eit familievern som sikrar eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, har høg kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt. Det skal særleg leggjast vekt på å vidareutvikle kompetansen i å snakke med barn, slik at barnet sitt perspektiv kjem fram.
Det er varierande dekningsgrad for familieverntenestene i ulike delar av landet. Familieverntenestene skal forsøkje å verkeleggjere likeverdige tenester uavhengig av brukaranes bustad og at ventetida for første meklingstime er tilfredsstillande i alle regionar. På bakgrunn av Riksrevisjonen sin gjennomgang av meklingsordninga vil det bli arbeidd med å styrkje måloppnåinga i meklingsordninga og styrkje forvaltinga av ordninga. Arbeidet skal mellom anna byggje på Bufdirs gjennomgang av dagens dimensjonering av familieverntenestene, medrekna korleis tenestene bør organiserast og dimensjonerast i område med lav befolkningstettleik.
Det er eit prioritert mål for familieverntenestene å betre tilbodet til foreldre og barn i høgkonfliktsaker. Tilbodet skal vidareutviklast; det skal byggjast vidare på kunnskapen frå prosjektet Ser du meg og erfaringane frå dei ulike utviklingsprosjekta som er gjennomført.
Det er eit mål at fleire foreldre med høgt konfliktnivå rundt samvær og kvar barnet skal bu fast, får hjelp frå familievernkontora til å løyse usemja gjennom eit godt og tilgjengeleg meklingstilbod i staden for å reise sak for domstolane. Det skal satsast vidare på informasjons- og samarbeidstiltak for å auke kjennskapen til familieverntenestenes tilbod og gjere familievernet meir kjent som alternativ til domstolshandsaming, både for foreldre og for profesjonelle aktørar som dommarar og advokatar. Det skal vere etablert rutinar og vidareførast samarbeid med domstolar i alle regionar i saker med høgt konfliktnivå. Samstundes skal tilbodet om samarbeidssamtaler i familieverntenestene utviklast vidare slik at avtaler om barna skal fungere best mogleg i tida etter samlivsbrotet. Det skal nyttast ein meir einskapleg metodikk og gjennomførast kompetansehevande tiltak for mekling i høgkonfliktsaker. Kompetansen i å snakke med barn skal styrkjast, slik at barnet sitt perspektiv kjem fram og blir lagt vekt på i saka.
Arbeidet med å auke kompetansen og familieverntenestene sitt tilbod til valdsutøvarar og valdsutsette barn held fram. Regjeringa har auka løyvingane til dette feltet i 2011 og 2012 og føreslår ein ytterlegare auke i løyvinga på knappe 3,8 mill. kroner for 2014. Målet er ei fortsatt styrking av Bufdir/familieverntenestene sitt arbeid med valdsutsette barn og deira familiar samt arbeidet med høgkonfliktsaker.
For ein nærmare omtale av innsatsen mot vald i nære relasjonar på BLDs ansvarsområde, sjå omtale under delmål 4.2 Gode tilgjengelege tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar. Her er det mellom anna gjort greie for arbeidet med å styrkje tilbodet til valdsutøvarar, der stiftinga Alternativ til vold har ei sentral rolle.
For å sikre heilskaplege tiltak overfor den enkelte familie skal familieverntenestene vidareutvikle samarbeid og kompetanseutveksling med andre hjelpeinstansar, som helsetenesta og barnevernet.
Utvikling og oppfølging av regjeringas handlingsplan I tjeneste for Norge (2011–2013) skjer i eit samarbeid mellom seks departement. Regjeringa legg opp til at det blir utarbeida eit politisk forankra dokument som grunnlag for å føre vidare samarbeidet utover 2013.
Delmål 4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne
Under dette delmålet blir det gjort greie for mellom anna lovarbeid, stortingsmeldingar og ulike handlingsplanar innanfor likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet, medrekna diskrimineringsgrunnlaga kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Likestillings- og diskrimineringsgrunnlaget kjønn er òg dekt av delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna og er i hovudsak gjort greie for under det delmålet.
Resultatrapport 2012/2013
Lovarbeid på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet
BLD la fram forslag om ny diskrimineringslovgiving i Prop. 88 L (2012–2013), jf. Innst. 441 L (2012–2013) og lovvedtak 93–96 (2012–2013). Den 13. juni 2013 vedtok Stortinget i tråd med forslag i proposisjonen ei ny lov om forbod mot diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Med det blir vernet mot diskriminering pga. seksuell orientering utvida til alle samfunnsområde. I dag gjeld vernet mot slik diskriminering berre i arbeidslivet (arbeidsmiljøloven) og i bustadmarknaden, for eksempel ved leige av bustad (bustadlovene). Med den nye lova får alle transpersonar eit diskrimineringsvern. Stortinget vedtok samstundes ny likestillingslov, ny lov om etnisk diskriminering og ny diskriminerings- og tilgjengelov. Desse lovene vidarefører i all hovudsak gjeldande reglar i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova, men dei er vedtekne som nye lover fordi det er gjort relativt omfattande lovtekniske og språklege endringar i gjeldande lover.
Dei nye lovtekstane inneheld likevel nokre materielle endringar med sikte på å styrkje vernet mot diskriminering. Reglane om oppreising og erstatning i gjeldande lover er endra slik at ein skal kunne krevje oppreising og erstatning ved diskriminering i arbeidslivet uavhengig av skyld (objektivt ansvar). På andre område enn arbeidslivet skal ansvaret for oppreising og erstatning vere avhengig av at den som har diskriminert, kan klandrast (vanleg aktløyse, skyldansvar).
Stortinget har òg vedteke å lovfeste ein rett til å få lønnsopplysningar ved mistanke om lønnsdiskriminering pga. kjønn, etnisitet, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Endringane tek sikte på å skape større openheit om lønn på arbeidsplassen og dermed gjere forboda mot lønnsdiskriminering meir effektive.
Det er dessutan vedteke endringar i diskrimineringsombodslova for å effektivisere Likestillings- og diskrimineringsnemndas sakshandsamingskapasitet.
Den nye diskrimineringslovgivinga vil tre i kraft 1. januar 2014.
I det følgjande blir det rapportert i høve til kvart av diskrimineringsgrunnlaga: kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet og nedsett funksjonsevne.
Kjønn
Innsatsen til regjeringa for å fremme likestilling mellom kjønna blir mellom anna følgt opp gjennom Likestilling 2014 – regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene og Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv. Sjå omtale under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna.
Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
Sjå omtale av ny lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk ovanfor.
Regjeringa sin handlingsplan Bedre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (2009–2012) forpliktar 8 departement til å gjennomføre 64 tiltak i planperioden. Perioden er forlenga ut 2013. Planen er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene på ei rekkje område. Det har vore eit mål at ulike tilbod skal utviklast og tilpassast for å dekkje behov i dei aktuelle gruppene.
Bufdir utførte våren 2013 ei evaluering av planen. Sentrale aktørar mellom anna i forskingsmiljø, aktuelle departement og lhbt-organisasjonane er samstemt om at handlingsplanen har sett lhbt-befolkninga sine særskilte utfordringar på agendaen, og at det også framover er avgjerande at politikken blir styrkt gjennom å halde fram med ein systematisk og godt forankra innsats nedfelt i ein nasjonal plan. Evalueringa slår fast at det er nødvendig med konkret, brei innsats for å sikre implementering og oppfølging av den nye lhbt-lova og at det er nødvendig å føre vidare kunnskapsutviklinga på feltet.
I 2011 blei Nasjonalt senter for kunnskap om seksuell orientering og kjønnsidentitet, Lhbt-senteret, etablert i Bufdir. 2012 var det første heile året med full drift av senteret. Senteret har utvikla seg til eit viktig og synleg knutepunkt for kunnskap og formidling av spørsmål som vedkjem livssituasjonen til lhbt-personar.
Eit prosjekt om lhbt-personar med nedsett funksjonsevne og eit anna om livssituasjonen for transpersonar er fullført i 2012/13. Dei to prosjekta har medverka til å kaste lys over utfordringane til to grupper som kan vere særleg utsett for diskriminering og dårleg tilpassa tenester frå det offentlege.
Lhbt-senteret sette i 2012 i verk FOU-prosjekt om lhbt-personar i arbeidslivet, om lhbt-personar sine opplevingar med vald i nære relasjonar, om barn som veks opp med foreldre som er lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar, og om lhbt-personar med innvandrarbakgrunn.
I 2012 fordelte Bufdir 2,094 mill. kroner til prosjekt og tiltak som kan bidra til betre livskvalitet for lhbt-personar. Tiltak for ungdom, tiltak med fokus på samansett diskriminering og tiltak i arbeidsliv og idrett blei prioritert.
SSB har i forskingsprosjektet Fra registrert partnerskap til ny ekteskapslov: Nye grupper og mindre skilsmisserisiko? sett på utviklinga i risikoen for skilsmål i likekjønna par. Dei fant at lesbiske og homofile par har høgare risiko for skilsmål enn heterofile par, noko ein òg har funne i tidlegare forsking. Lesbiske par har høgare risiko enn homofile par.
Etnisitet
Eit av hovudmåla med Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012/2013) er å bidra til ei god implementering av aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova og i diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål for handlingsplanen er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og grunnane til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Planen inneheld 66 tiltak. To av desse tiltaka har utgått, og det er i tillegg sett i gang eller gjennomført ytterlegare tre tiltak. Planen blei evaluert av Norsk institutt for by- og regisonsforskning (NIBR) våren 2013.
Evalueringa viser at koordineringa av arbeidet med planen har vore god. Planen har ført til auka medvit om etnisk diskriminering på ulike samfunnsområde, og planen var meir konkret enn dei tidlegare. Samarbeidet med partane i arbeidslivet blir framstilt som noko av det mest vellukka med planen.
Evalueringsrapporten konkluderer med at det er behov for ein ny handlingsplan mot etnisk diskriminering. Mykje er oppnådd, men det står att mange utfordringar i arbeidsliv, skole og sivilt samfunn. Nye problemstillingar oppstår og må taklast. Ein nasjonal og tverrgåande handlingsplan med prioriterte tiltak gir eit godt og samla fokus og bidreg til at ulike fagdepartement blir gjort ansvarlege, og at tiltaka blir gjennomført og målt.
Departementet har tidlegare gitt støtte til Oslo kommune i deira arbeid mot etnisk diskriminering i utelivet og ønskjer å spreie erfaringane til andre delar av landet. I 2012 gav departementet midlar til eit tilsvarande, men mindre, prosjekt i Bergen kommune. Medan Oslo kommune avdekte fleire tilfelle av diskriminering, avdekte Bergen kommune ingen tilfelle. Tilskotet til Bergen kommune var lågare; dei har dermed gjennomført færre kontrollar enn Oslo. Bergen kommune vil føre arbeidet vidare gjennom breiare rekruttering til det ordinære kontrollørkorpset, slik at kontroll av etnisk diskriminering kan inkorporerast i dei ordinære kontrollane.
KUN (Senter for kunnskap og likestilling) fekk hausten 2012 i oppdrag å utvikle og prøve ut relevante ikkje-rettslege tiltak for å auke delen personar med minoritetsbakgrunn i styra i offentleg eigde føretak. Rapport blir levert 1. november 2013.
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) fekk i 2012 midlar til eit prosjekt om likeverdige offentlege tenester. Kampanjen sitt hovudmål var å auke arbeidsgivarar og arbeidstakarar sitt medvit om kva likeverd i offentleg tenesteyting inneber i eit likestillings- og diskrimineringsperspektiv. Trondheim, Oslo, Karasjok og Sarpsborg sa ja til å vere føregangskommunar på likeverdige helsetenester. Samarbeidet blei konkretisert på ulike måtar i dei fire kommunane, men alle har i 2012 hatt kurs om likeverdige tenester.
Det er oppretta eit forum for likestillingsdata mellom databrukarar og SSB for å få ei meir heilskapleg og systematisk tilnærming til innhenting av data som kan kaste lys over likestilling og diskriminering på ulike grunnlag. Sjå nærmare omtale under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna, Resultatrapport 2012/2013.
Nedsett funksjonsevne
I 2012 starta departementet arbeidet med ei stortingsmelding om levekår og tiltak for personar med utviklingshemming. Som grunnlag for stortingsmeldinga innhenta departementet ein rapport frå Bufdir om levekår for personar med utviklingshemming. Rapporten blei fullført og overlevert departementet i februar 2013. Høyringsnotat blei sendt ut 22. mars 2013. Departementet fekk 62 høyringssvar som gav bidrag til meldinga.
Stortingsmeldinga Frihet og likeverd – om menneske med utviklingshemming blei lagt fram for Stortinget den 21. juni 2013. I meldinga gir regjeringa ei brei oversikt over utvikling og status når det gjeld levekåra for menneske med utviklingshemming. Meldinga slår fast at ansvarsreforma har bidrege til å betre levekåra for desse gruppene. Det er likevel behov for vidare innsats for å nå dei politiske måla på området. Meldinga presenterer regjeringa sine verdiar og mål når det gjeld politikken for menneske med utviklingshemming; måla for politikken skal vere likestilling og likeverd, sjølvstende, deltaking og integrering. FN-konvensjonen om rettigheter til personer med nedsatt funksjonsevne blir framheva som ein viktig premiss for utviklinga av politikken på området. Meldinga peikar på dei viktigaste politiske innsatsområda i tida framover for å betre levekåra for menneske med utviklingshemming. Sjå nærmare omtale av dette under omtalen av strategiar og tiltak.
Informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres! har som mål å skape nytt medvit om politikken for menneske med utviklingshemming som blei utforma i samband med ansvarsreforma i 1990-åra. Dette er følgt opp mellom anna gjennom regionale konferansar for kommunar og organisasjonar.
Departementet har gitt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i oppdrag å utarbeide utkast til ein Rapport om mål og tiltak for barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira. Rapporten har vore lagt fram for aktuelle departement og underliggjande etatar. Den blei fullført i september 2013.
Det er gitt driftstilskot til organisasjonar for funksjonshemma, tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og tilskot til likemannsarbeid. Bufdir forvaltar ordninga, og midlane er blitt fordelt av ei eiga nemnd. Direktoratet har gått igjennom tilskotsordninga på oppdrag frå departementet. Våren 2013 leverte direktoratet forslag til nytt regelverk. Departementet har gitt si tilslutning til dette forslaget. Nytt regelverk skal betre vareta organisasjonane sin rett til likebehandling. Det er lagt vekt på forenkling samt ei meir gjennomsiktig og rettferdig tilskotsordning som kan etterprøvast. Ungdomsorganisasjonar kan søkje tilskot etter den nye ordninga. Det opprettast eit eige tilskot til organisasjonar som ønskjer å slå seg saman. Nemndhandsaming avsluttast, og søknadene vil bli handsama administrativt. Nytt regelverk er utarbeidd i samråd med funksjonshemma sine organisasjonar og trer i kraft 1. januar 2014.
Regjeringa si Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) skal støtte visjonen om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Planen skal mellom anna støtte implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna lovgiving som handlar om universell utforming. Prioriterte innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Nokre av prosjekta blir gjennomført med delfinansiering frå andre departement, til dømes Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Noreg arrangerte ein internasjonal konferanse om universell utforming i juni 2012 (Universal Design 2012) i samarbeid med Nordisk ministerråd og Europarådet.
Ei ekstern evaluering av regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge blei gjennomført i perioden 2011–2012. Rapporten blei lagt fram våren 2013. Evalueringa er gjennomført av Oslo Economics AS i samarbeid med Universell utforming AS og konkluderer med at den breie satsinga i mange sektorar har gitt resultat som svarer bra til regjeringa sin politiske visjon om eit universelt utforma samfunn innan 2025. Det blei anbefalt at ordninga med handlingsplan blir ført vidare. Det blei sett i gang breie innspelsprosessar våren 2013 for å avklare korleis handlingplanen skal følgjast opp etter 2013.
Prosjektet IT – Funk i regi av Noregs forskingsråd blei avslutta ved årsskiftet 2012/13. Dei frigjorde midlane er frå 2013 mellom anna omprioritert til arbeid med auka tilgjenge til informasjons- og kommunikasjonsteknologi i regi av Deltasenteret i Bufdir.
Bufdir har sidan 2009 fått midlar til FOU-tiltak som skal betre situasjonen til personar med nedsett funksjonsevne. Frå 2013 er det etablert ei eiga tilskotsordning på feltet. Det er blant anna gitt tilskot til tidsskriftet Klar Tale og til basisfinansiering av Stiftelsen SOR (Samordningsrådet for arbeid for mennesker med utviklingshemming). Det er òg gitt tilskot til prosjekt for å auke kunnskapen om funksjonshemmande barrierar, til å greie ut levekårsutfordringar, til traineeprogram, til prosjektet Familieveiviser, som skal bidra til eit betre tenestetilbod for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne, til informasjons- og utviklingsarbeid når det gjeld fritid, og til publikasjon om rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne til offentleg sektor.
Internasjonalt arbeid på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet
Stortinget ratifiserte FN-konvensjonen om rettigheiter til menneske med nedsett funksjonsevne 3. juni 2013. Statspartane skal sende inn ein brei rapport til komiteen om nasjonal oppfølging av pliktene i konvensjonen innan to år etter ratifisering.
Noreg har hatt formannskapet i Nordisk ministerråd (NMR) i 2012. Under det norske formannskapet i 2012 var det fireårige samarbeidsprogrammet Likestilling skaper eit berekraftig samfunn for perioden 2011–2014 inne i sitt andre år. Det norske formannskapet har lagt vekt på dei to tverrgåande hovudprioriteringane integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv og aktiv deltaking av menn/gutar.
BLD deltok på FNs konferanse om berekraftig utvikling i Rio de Janeiro, Rio + 20, under det norske formannskapet. Som eit ledd i NMR si satsing på arbeidet for ei berekraftig utvikling finansierte ministerrådet eit seminar om likestilling og berekraftig utvikling, Gender Equality is Sustainability. Målet var å understreke at likestilling mellom kvinner og menn og sosial inkludering er viktige føresetnader for eit berekraftig samfunn.
BLD har i formannskapsåret reist ein diskusjon i NMR om ein meir systematisk og samla nordisk politikk for mangfald, slik at ein kan sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga i samanheng.
I tråd med det norske formannskapsprogrammet for 2012 har Noreg lagt fram for NMR ein strategi for universell utforming. Arbeidet skal sjåast i samanheng med revideringa av NMR-strategien for berekraftig utvikling og ny strategi for sosial- og helseområdet som blei utarbeid under Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk. Strategien tek sikte på å styrkje berekraftig velferd og helse i Norden.
For nærmare informasjon om departementet sitt internasjonale arbeid, sjå del III.
Strategiar og tiltak for 2014
Likestillings – og diskrimineringsnemnda
Løyvinga til Likestillings- og diskrimineringsnemnda er føreslått auka for å dekkje kostnader med fleire møte i nemnda. Dette er i tråd med forslaga i Prop. 88 L (2012–2013).
Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
Regjeringa sin handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) bli avslutta i 2013. Regjeringa vil utarbeide ein ny nasjonal, plan. Dette er i tråd med anbefalinga frå aktuelle aktørar. Planen vil leggje vekt på fortsatt kunnskapsutvikling, utvikling av levekårsindikatorar, sektorane, fylke/kommunar og det sivile samfunnet sitt avgjerande arbeid for å motverke diskriminering og vald pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Planen skal også støtte den konkrete implementeringa av den nye lhbt-lova i relevante offentlege tenester og i arbeidslivet.
Uni Helse i Bergen vil mot slutten av 2013/ byrjinga av 2014 fullføre ei ny omfattande kvantitativ undersøking av lhbt-personar sine levekår i Noreg. Prosjektet vil bli gjennomført på oppdrag frå Lhbt-senteret og er forankra i regjeringa sin lhbt-handlingsplan. Det blir parallelt med dette gjennomført eigne prosjekt om lhbt-personar i innvandrarbefolkninga og lhbt-personar i arbeidslivet. Funn frå mellom anna desse prosjekta vil inngå i faktagrunnlaget for den nye handlingsplanen. Planen skal verke frå og med 2014 med lansering første halvår 2014. Aktuelle sektorar og organisasjonar vil bli involvert i utviklinga av planen.
Etnisitet
Regjeringa sin Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012/2013) blir avslutta i 2013. I tråd med anbefalinga frå evalueringa av gjeldande handlingsplan igangsetjast eit arbeid med å utvikle ein ny handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering. Ein tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan våren 2014.
Arbeidet med å motverke etnisk diskriminering sjåast i samanheng med det generelle ikkje-diskriminerings- og likestillingsarbeidet. Bufdir vil frå 2014 få ansvar for å følgje opp direktoratsoppgåver knytt til arbeidet med å motverke etnisk diskriminering. Bufdir har frå før oppgåver knytt til nedsett funksjonsevne, kjønn og lhbt.
Nedsett funksjonsevne
Nytt regelverk for tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar trer i kraft frå 2014. Det er lagt opp til overgangsordningar, slik at organisasjonar som vil tape på endringa, vil ha moglegheit til å tilpasse seg. Frå 2018 vil nytt regelverk få fullt gjennomslag.
Regjeringa sin vidare politikk for å betre levekåra og sikre likestilling av menneske med utviklingshemming er skissert i Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd. Meldinga fastsett at måla for politikken skal vere likestilling og likeverd, sjølvbestemming og deltaking og integrering. Dei viktigaste innsatsområda for å oppnå dei politiske måla vil vere sjølvbestemming, rettstryggleik, kvalitet i opplæringa, deltaking i arbeid og god helse og omsorg.
Gjennomføring av politikken for menneske med utviklingshemming krev koordinert innsats innanfor ulike sektorar. Som eit generelt og sektoroverskridande tiltak vil regjeringa føre vidare Informasjons og utviklingsprogrammet for menneske med utviklingshemming. Stortingsmeldinga om levekåra til utviklingshemma vil vere eit viktig grunnlag i arbeidet framover. Bufdir vil stå sentralt i gjennomføringa av programmet. Sentrale oppgåver under programmet er å samle kunnskap, dokumentere og analysere situasjonen for menneske med utviklingshemming, byggje opp kompetanse i dei ulike delane av tenesteapparatet og andre relevante instansar om dei verdiar og mål som styrer politikken for menneske med utviklingshemming, og etablere ein plattform for samarbeid mellom styresmakter og sivilt samfunn om politikk og tiltak for menneske med utviklingshemming.
Handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013 blir avslutta i 2013. Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen skal ein nå gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel.
Det er sett i gang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2014–2018. Det blir innhenta synspunkt frå fagmiljø og organisasjonar gjennom breie innspelsprosessar. Planen utarbeidest i samarbeid med aktuelle departement Regjeringa vil våren 2014 ta stilling til innhaldet i planen og spørsmålet om det også skal leggjast fram ein framdriftsplan for visjonen om Noreg universelt utforma 2025, som Stortinget har bedt om.
Deltasenteret i Bufdir er staten sitt kompetansesenter for deltaking og tilgjenge. Senteret har arbeidd tett opp mot tiltaka i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013 og vil levere ei oppsummering av denne. Deltasenteret vil òg bidra i oppfølging og gjennomføring av den nye handlingsplanen for universell utforming. UnIKT-programmet (Universell IKT) blei starta opp av Deltasenteret i 2013, som ei vidareføring av delar av det gamle IT-Funk. Programmet vil bli følgt opp i 2014.
I 2014 vil Deltasenteret sjå på korleis ein kan leggje til rette for universell utforming i bysentrum, eit svært komplekst område med mange aktørar. Deltasenteret vil òg leggje vekt på universelt utforma tenester ved å utvikle kunnskap og metodar for korleis leggje til rette for dette i ulike sektorar og tenesteområde.
Departementet ønskjer at Statens råd for likestilling av funksjonshemma får ei breiare samansetjing enn tidlegare. Rådet blir omgjort til eit nasjonalt kontaktutval for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne med representasjon frå eit breitt spekter av arbeids-, samfunns- og organisasjonslivet. Departementet vil invitere paraplyorganisasjonen og små frittståande organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne, partane i arbeidslivet og andre interessentar til å sitje i det nye kontaktutvalet.
Internasjonalt arbeid på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet
Regjeringa vil setje i gang arbeidet med rapportering på FN-kommisjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne i 2014. I samband med rapporteringa kan sivilt samfunn sende inn ein skuggerapport som alternativ til den statlege rapporten. FFO vil få i oppdrag å koordinere arbeidet med ein skuggerapport i samarbeid med dei andre organisasjonane av menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet vil gi tilskot til arbeidet med skuggerapporten.
Delmål 4.2: Gode og tilgjengelige tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar
Resultatrapport 2012/2013
BLD hadde ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar i 2012. Eit av tiltaka omhandlar kompetanseheving i rettsapparatet; sjå nærmare omtale under delmål 3.3 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna. Bufdir har gitt aktivitetstilskot til andre valdsførebyggjande tiltak for å søkje å nå mål i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar 2012.
På oppdrag frå departementet i 2012 fullførte Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) ein rapport om vald og seksuelle overgrep mot menneske med utviklingshemming våren 2013. Kartlegginga viser at det er mangel på kunnskap når det gjeld vald og åtak på personar med utviklingshemming.
I regi av Oslo universitetssykehus er det i 2012 utarbeidd ein rapport med forslag til rutinar for førebygging, varsling og oppfølging av seksuelle, fysiske, psykiske, økonomiske og diskriminerande overgrep mot vaksne med utviklingshemming til bruk i førstelinjetenesta. Rapporten skal følgjast opp av Bufdir ved å vurdere forslaga, utarbeide retningslinjer og prøve desse ut på utvalde kommunar.
Det er i 2012 blitt gjennomført kompetansehevande tiltak i regi av Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS). RVTS Øst arrangerte ei samling for tilsette i krisesentertilboda med søkjelys på grunnleggjande tema i krisesenterarbeid, medan alle RVTS-ane arrangerte regionale samlingar for krisesentertilbod i sine regionar. Som del av oppdraget kartla RVTS-ane hjelpetilbodet til utsette for vald og valdsutøvarar i regionane. Dette dannar grunnlaget for vidare arbeid for eit meir geografisk jamgodt tilbod.
Noreg deltek i det fleirårige rammeprogrammet Daphne III (2007–2013). Dette er EU sitt handlingsprogram mot vald mot barn, ungdom og kvinner. BLD har ansvaret for å koordinere den norske deltakinga i programmet.
Krisesentera
I 2012 var det til saman 48 krisesentertilbod i Noreg. Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova) tok til å gjelde 1. januar 2010. Loven gir alle kommunar ei plikt til å tilby eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. På oppdrag frå Bufdir utarbeider Sentio Research Norge årleg ein statistikkrapport om bebuarar og dagbrukarar som har nytta seg av krisesentertilboda, samt statistikk om krisesentertilboda si organisering og tenestetilbod. Hovudtrenden for 2012 viser at det er få endringar samanlikna med tidlegare år når det gjeld både brukarane av krisesentertilboda og korleis tilboda er organisert.
Tabell 3.14 Krisesentera. Talet på tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2008–2012. I tillegg kjem tilsette som arbeider berre i tilbodet for menn.
Tilsette | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 |
---|---|---|---|---|---|
Kvinner | 416 | 478 | 492 | 544 | 526 |
Menn | 10 | 18 | 17 | 31 | 49 |
I alt | 426 | 496 | 509 | 575 | 575 |
Kjelde: Tala er utarbeidd av Sentio Research Norge.
Tabell 3.15 Aktiviteten ved krisesentera 2008–2012
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på registrerte krisetelefonar | 12 008 | 12 357 | 14 533 | 14 564 | 16 493 |
Talet på dagvitjingar | 7 310 | 7 546 | 8 154 | 8 566 | 8 491 |
Talet på bebuarar: | |||||
– kvinner | 1 742 | 1 869 | 2 038 | 1 895 | 1 929 |
– menn | 4 | 9 | 37 | 79 | 117 |
– barn | 1 506 | 1 734 | 1 994 | 1 725 | 1 763 |
Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera for bebuarar (talet på døgn), av desse for | 30 | 30 | 29 | 28 | 30 |
– bebuarar utan innvandrarbakgrunn* | 22 | 22 | 24 | 22 | 22 |
– bebuarar med innvandrarbakgrunn | 36 | 36 | 35 | 32 | 37 |
Bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn (i prosent) | 59 | 61 | 63 | 62 | 65 |
* Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødd i utlandet eller har to utanlandske foreldre.
Kjelde: Tala er utarbeidd av Sentio Research Norge.
I 2012 blei det sett i gang ei evaluering av kommunane si implementering av lov om kommunale krisesentertilbod. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) gjennomfører evalueringa. Rapporten skal liggje føre hausten 2014.
På oppdrag frå departementet har Bufdir utarbeidd ein brosjyre for kommunar, fylkesmenn, tilsette på krisesentertilbod og deira samarbeidspartnarar om tryggleik i krisesentertilboda. Dette for å sikre at kommunane oppfyller pliktene om eit trygt mellombels butilbod for personar utsett for vald i nære relasjonar. Brosjyren blei distribuert til ei rekkje aktuelle mottakarar.
Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep
Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lavterskeltilbod utan krav til tilvising, som gir råd, støtte og rettleiing til personar som er blitt utsett for seksuelle overgrep, og deira pårørande. På oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utarbeider Sentio Research Norge årleg ein statistikkrapport som omhandlar brukarar av landet sine senter mot incest og seksuelle overgrep. Rapporten omfattar brukarstatistikk og statistikk om tenestetilboda og korleis sentera er organisert. Statistikken dekkjer aktiviteten ved dei 22 sentera mot incest / seksuelle overgrep. Målet er å kartleggje og gi informasjon om bruken og drifta av sentera over tid og gjere sitt til eit betre kunnskapsgrunnlag for staten si tilskotsordning og andre aktørar som ønskjer informasjon på fagområdet.
Tabell 3.16 Incestsentera. Talet på brukarar og tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2008–2012.
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|
Førstegongskontakt med incestutsette* | |||||
Kvinner | 1 569 | 1 039 | 1 104 | 2 007 | 1 552 |
Menn | 574 | 337 | 445 | 695 | 464 |
I alt | 2 143 | 1 376 | 1 549 | 2 702 | 2 016 |
Tilsette | |||||
Kvinner | 131 | 120 | 126 | 133 | 140 |
Menn | 16 | 18 | 13 | 17 | 19 |
I alt | 147 | 138 | 139 | 150 | 159 |
* Tala for 2009–2010 gjeld berre førstegongstelefonkontakt. Tala for 2011–2012 gjeld førstegongskontaktar totalt, det vil seie telefon, SMS, e-post og brev.
Kjelde: Tala for 2009–2012 er utarbeidd av Sentio Research Norge.
Krava til støttesentera mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentera mot valdtekt blei utvikla og ytterlegare presisert, mellom anna familievernet sin meldeplikt til barnevernet, i rundskriv Q-22/2013, som omhandlar retningslinjer for statstilskot til desse sentera.
Bufdir har forvalta tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte og stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep.
Utsatt mann
For å bidra til at menn som er utsett for seksuelle overgrep, får eit betre tilbod, blei det i 2012 gitt tilskot til utsattmann.no, ein eigen nettstad for gutar og menn utsett for seksuelle overgrep. Utsatt mann har i 2012 opparbeidd eit godt, inkluderande nettverk med menn utsett for overgrep frå ulike delar av landet. Målet har vore eit nettverk med ei synleg, aktiv og oppsøkjande rolle, som også vidareutviklar web og anna materiell, og som søkjer å bidra i opplæring av studentar og fagfolk. Nettverket har jobba med artiklar, føredrag og avisinnlegg. I november 2012 arrangerte Utsatt mann ein konferanse for rundt 50 psykologar, legar og andre fagfolk. Nettverket har hatt mange treff på heimesida i 2012. Tilbakemeldingane er at det er godt med ei slik side.
Menneskehandel
Lauras Hus er eit alternativt butilbod til offer for menneskehandel som ikkje har eit akutt behov for vern (ein funksjon krisesentera har), men som har behov for tett sosial fagleg og miljøterapeutisk oppfølging. Det er Kirkens Bymisjon som driv tiltaket. BLD gir tilskot til tiltaket saman med Justisdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet v/Helsedirektoratet og Arbeidsdepartementet v/Arbeids- og velferdsdirektoratet.
For å syte for kontinuitet i oppfølging av offer for menneskehandel bør ein finne løysingar som omfattar både offer som søkjer asyl, og personar som får løyve til refleksjon eller avgrensa opphaldsløyve. Det er mellom anna desse spørsmåla ei tverrdepartemental arbeidsgruppe leidd av Arbeidsdepartementet no greier ut.
Hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar og tiltak for valdsutsette barn
BLD har ansvaret for det statlege tilskotet til stiftinga Alternativ til vold (ATV). ATV har i 2013 oppretta to nye kontor høvesvis i Bergen og på Nedre Romerike. Til saman er det etablert 11 ATV-kontor spreidd over store delar av landet. I tillegg til dei nyopna kontora har ATV kontor i Oslo, Asker og Bærum, Drammen, Vestfold, Telemark, Arendal, Kristiansand, Tromsø og Stavanger. Innbyggjarane i Skedsmo har hatt eit tilbod gjennom kontoret i Oslo. Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner inneheld ein nærmare gjennomgang av det samla tilbodet til valdsutøvarar.
Undersøkingar syner at familievernkontora årleg møter mellom 4 000 og 6 000 familiar der vald er eit problem. Familievernkontora søkjer å gi høg prioritet til arbeid med valdsoffer, valdsutøvarar og barn som er ramma, direkte eller indirekte, av vald. Fleire familievernkontor nyttar metoden Tryggare barndom, som legg vekt på tryggleik for barna. Mange familievernkontor gir tilbod om sinnemeistringssamtaler. Familievernkontoret i Molde gir undervising og tilbod om kurs/opplæring i sinnemeistring til andre familievernkontor og samarbeidspartnarar.
Det tidlegare Brubyggjarprosjektet ved Aker familiekontor i familieverntenestene har utvikla ein terapeutisk metode i møte med ungdom som er utsett for tvangsekteskap, og for familiane deira.
Familievernkontoret Drammen-Kongsberg har delteke i Drammensprosjektet, som er eit lokalt samarbeidsprosjekt for å avdekkje og hindre vald i nære relasjonar. Prosjektet har gitt auka tverrfagleg samarbeid rundt enkeltfamiliar.
For ei nærmare omtale av Bufdir/familieverntenestene sitt arbeid, sjå delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester.
Strategiar og tiltak for 2014
For å nå målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsett for vald i nære relasjonar, skal departementet setje i verk og utvikle vidare ei rekkje tiltak. Tiltaka er forankra i Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner – Det handler om å leve samt regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2014–2017. Meldinga til Stortinget blei overlevert 8. mars 2013, og handlingsplanen blei lansert 16. august 2013.
Som eit tiltak i den nye handlingsplanen vil departementet mellom anna utarbeide ein rettleiar til kommunane om innhaldet i krisesentertilbodet. Hausten 2014 vil evalueringa av kommunane si implementering av krisesenterlova liggje til grunn for ei vidareutvikling av krisesentertilbodet. Å føre vidare krisesenterstatistikken er eit tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
Vidare skal arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot utviklingshemma prioriterast. Departementet har bedt NKVTS om å vidareføre arbeidet med vald og overgrep mot utviklingshemma og sette i verk forsking på bakgrunn av dei kunnskapshola som blir avdekt i kunnskapsoppsummeringa (sjå omtale under resultatrapport).
Arbeidet i Bufdir med å prøve ut og implementere retningslinjer til bruk i førstelinja for førebygging, varsling og oppfølging av overgrep mot vaksne menneske med utviklingshemming vil bli vidareført i 2014.
I 2014 vil NKVTS arbeide vidare med å initiere prosjekt om sårbarheitsfaktorar knytt til vald i nære relasjonar. Eit individuelt tilrettelagt hjelpetilbod er eit overordna mål, og resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med den vidare utviklinga av hjelpetilbodet til kvinner og menn som er utsett for vald i nære relasjonar. Sårbarheitsfaktorar det skal leggjast vekt på, er mellom anna seksuell orientering, funksjonsevne og etnisk bakgrunn.
Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sitt arbeid mot vald i nære relasjonar er det sett av midlar på til tilskot til ideelle organisasjonar som frivillige og humanitære organisasjonar og andre som arbeider med dette problemområdet. Midlane forvaltast av Bufdir. Målet med tilskotsordninga er å medverke til å nå måla i regjeringa sine handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Ordninga skal også bidra til å sikre drift for ideelle organisasjonar som har arbeid mot vald i nære relasjonar som si hovudverksemd.
Betre tilgang til støttesentera mot incest og seksuelle overgrep for både kvinner og menn, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er eit viktig mål. Tilbodet støttesentera gir til barn, er høgt prioritert. Departementet vil vurdere behov for ytterlegare presiseringar i rundskriv Q-22 for å vareta særleg sårbare vaksne og barn.
RVTS-ane har spelt ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk innan det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2014.
ATV / tilbod til valdsutøvarar og tiltak for valdsutsette barn
Departementet vil halde fram arbeidet med å auke Barne-, ungdoms- og familieetaten/familieverntenestene sin kompetanse, forbetre etatens tilbod til valdsutøvarar og auke kunnskapen om behovet for tilbod til denne gruppa. Bufdir skal utarbeide ein plan for korleis familieverntenestene kan styrkje sitt tilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar, medrekna æresrelatert vald. Dette arbeidet starta opp i 2013.
Regjeringa føreslår å styrkje tilbodet til valdsutøvarar gjennom Alternativ til vold (ATV) ved å auke tilskotet til stiftinga slik at behandlingskapasiteten ved ATV-kontoret i Oslo kan utvidast.
Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontor gjer at familievernkontora vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar. I det vidare arbeidet med å styrkje tilbodet vil regjeringa derfor leggje vekt på å utvikle samarbeidet mellom Bufdir/familieverntenestene og ATV på området. Overføring av erfaring og kompetanse mellom dei to aktørane vil stå sentralt.
I 2014 vil ein prioritere å styrkje tilbodet til unge valdsutøvarar og barn utsett for vald og overgrep i nære relasjonar. Det skal setjast i gang eit samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familieverntenestene. Samarbeidet skal mellom anna byggje på erfaringane frå eit seksårig prosjekt som ATV gjennomførte saman med Senter for krisepsykologi.
Det er vidare ei prioritering av tiltak retta mot valdsutsette barn. Tilbodet til valdsutsette barn skal styrkjast og utviklast. Familieverntenestene skal auke kompetansen, utviklingsarbeidet og tilbodet til barn og familiar med valdsproblematikk. Samtalegrupper og samtaletilbod vil vere ein del av tilbodet ved familieverntenestene til valdsutsette barn. Utviklingsarbeidet vil mellom anna kunne byggje vidare på tiltak retta mot barn i prosjekt som Tryggere barndom, Barn som lever med vold i familien og andre tiltak i familieverntenestene retta mot valdsutsette barn. Departementet legg til grunn at familieverntenestene må samarbeide med andre hjelpeinstansar, som helsetenesta og barnevernet. Det skal leggjast særleg vekt på å avdekkje vald og overgrep mot barn og at barnet sitt perspektiv kjem fram.
Menneskehandel
Det interdepartementale samarbeidet mot menneskehandel skal vidareførast i 2014 og syte for at tiltaka i regjeringa sin handlingsplan Sammen mot menneskehandel 2011–2014 blir gjennomført. Eit av tiltaka er å gå igjennom ansvarsdelinga mellom kommune og stat for hjelp til offera for menneskehandel samt finansieringa av førebels butilbod og andre hjelpetiltak, enten dei er i refleksjonsperiode eller har søkt asyl (jf. tiltak 19 i handlingsplanen). Den interdepartementale arbeidsgruppa skal sjå nærmare på desse spørsmåla og korleis dei enkelte departementa kan følgje opp tiltak 19, og sjå dette i samband med tiltak 16 og 17. Inntil alternative måtar å organisere ansvaret og finansieringa på er vurdert, tar ein sikte på ei samfinansiering av Lauras Hus òg i 2014.
Europarådet sin overvakingskomité mot menneskehandel (GRETA) har i 2012 sett på korleis Noreg følgjer opp dei ulike artiklane i Europarådets konvensjon mot menneskehandel. Noreg har ratifisert konvensjonen. Rapporten blei ferdig i 2013. I samarbeid med Justisdepartementet, som har ansvaret for koordineringa av arbeidet i Noreg mot menneskehandel, vil dei aktuelle departementa følgje opp tilrådingane frå komiteen i 2014.
Nærmare om budsjettforslaget:
Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
840 | Krisetiltak | 101 987 | 110 706 | 117 312 | 6,0 |
841 | Samliv og konfliktløysing | 28 421 | 27 676 | 26 891 | -2,8 |
842 | Familievern | 359 614 | 369 745 | 387 498 | 4,8 |
843 | Likestillings- og diskrimineringsnemnda | 4 354 | 4 519 | 4 807 | 6,4 |
844 | Kontantstøtte | 1 264 615 | 878 000 | 1 165 000 | 32,7 |
845 | Barnetrygd | 15 059 116 | 14 985 000 | 15 140 000 | 1,0 |
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 68 900 | 81 787 | 76 150 | -6,9 |
847 | Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne | 214 912 | 221 638 | 221 379 | -0,1 |
849 | Likestillings- og diskrimineringsombodet | 54 347 | 54 140 | 54 035 | -0,2 |
Sum kategori 11.10 | 17 156 266 | 16 733 211 | 17 193 072 | 2,7 |
Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
3842 | Familievern | 6 518 | 615 | 637 | 3,6 |
3846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 226 | 517 | -100,0 | |
Sum kategori 11.10 | 6 744 | 1 132 | 637 | -43,7 |
Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Drift | 290 476 | 310 967 | 317 692 | 2,2 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 66 823 | 57 063 | 57 060 | 0,0 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 71 483 | 74 140 | 79 463 | 7,2 |
70-98 | Overføringar til private | 16 727 484 | 16 291 041 | 16 738 857 | 2,7 |
Sum kategori 11.10 | 17 156 266 | 16 733 211 | 17 193 072 | 2,7 |
Kap. 840 Krisetiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 689 | 3 408 | 3 527 |
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving | 69 585 | 72 240 | 77 500 |
70 | Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01 | 29 713 | 35 058 | 36 285 |
Sum kap. 0840 | 101 987 | 110 706 | 117 312 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga vil bli nytta til å finansiere tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar og tiltak i handlingsplanen mot valdtekt. Løyvinga går òg til andre valdsførebyggjande tiltak, mellom anna til tiltak knytt til krisesentertilbodet i kommunane, medrekna siste del av evalueringa av kommunane si implementering av krisesenterlova.
Departementet føreslår ei løyving på 3,5 mill. kroner under kap. 840, post 21.
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Løyvinga dekkjer tilskot til 22 incestsenter og 1 valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) etter retningslinjer som departementet har gitt i rundskriv Q-22. I rundskrivet er det òg gitt rammer for ordninga:
Mål
Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsett for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med godt tilgjenge gjennom å sikre drifta av incest- og valdtektssentera.
Kriterium for tildeling
Tilskot blir tildelt etter søknad. Rundskrivet frå BLD stiller nærmare krav til sentera som kan søkje tilskot.
Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak eller fylkeskommunen, utløyser 80 prosent statleg tilskot. Statstilskotet er øyremerkt.
Oppfølging og kontroll
Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomiforvalting.
Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Budsjettforslag 2014
Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2014. Departementet føreslår ei løyving på 77,5 mill. kroner under kap. 840, post 61.
Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer tilskot til ulike valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å auke kunnskapen på valdsfeltet.
Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) som ledd i arbeidet for å etablere eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Det er gitt tilskot til oppretting av nye og drift av eksisterande ATV-kontor. I 2014 føreslås tilskotet til ATV styrkt med 1,5 mill. kroner for å styrkje tilbodet til valdsutøvarar.
Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og tilskot til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) sitt arbeid for kompetanseheving, nettverksbygging mv. innan det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera.
Løyvinga har òg dekt tilskot til den landsdekkjande hjelpetelefonen for incest og seksuelt misbrukte og til Kirkens Bymisjon sin drift av Lauras Hus, som er eit tilbod til kvinner som er offer for menneskehandel. Det er gjort nærmare greie for ovannemnde aktivitetar under delmål 4.2 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar.
Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV, NKVTS, RVTS-ane, Hjelpetelefonen for incestutsette og Kirkens Bymisjon (Lauras Hus) i 2014. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.
Løyvinga dekkjer òg ei tilskotsordning til valdsførebyggjande tiltak og forsøks- og utviklingstiltak. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Følgjande overordna rammer blir lagt til grunn for tildeling av tilskot i 2014:
Mål
Ordninga skal dekkje tilskot til frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider med å kjempe mot slik vald i nære relasjonar. Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar og andre får høve til å bidra til debatt og haldningsendringar og skape deltaking og kunnskap på området.
Kriterium for tildeling
Tilskot skal mellom anna bidra til at ein når måla i regjeringa sine handlingsplanar mot vald i nære relasjonar (inkludert handlingsplanen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting).
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Departementet vil gi nærmare retningslinjer for tilskotsordninga i eit eige rundskriv.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 36,3 mill. kroner under kap. 840, post 70.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving | 11 297 | 12 332 | 12 764 |
22 | Opplæring, forsking, utvikling mv. | 3 885 | 4 861 | 7 031 |
23 | Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving | 6 637 | 6 856 | 7 096 |
70 | Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01 | 4 218 | 3 627 | |
71 | Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar | 2 384 | ||
Sum kap. 0841 | 28 421 | 27 676 | 26 891 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldra i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Satsen er føreslått til 965 kroner per time frå 1. januar 2014. Ordninga blir forvalta av Bufdir.
Departementet føreslår ei løyving på 12,8 mill. kroner under kap. 841, post 21.
Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.
Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlane til opplæring av meklarar.
Midlane skal mellom anna nyttast til å følgje opp Riksrevisjonens merknader knytt til forvaltinga av meklingsordninga, medrekna gjennomføre kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og styrkje kompetansen deira i å samtale med barn.
Midlane skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Posten er styrkt med 2 mill. kroner, som skal gå til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving for aktørane i domstolane for å betre kvaliteten på samtaler og høyring av barn i samband med endringane i barnelova.
Departementet føreslår ei løyving på 7,0 mill. kroner under kap. 841, post 22.
Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforskning ved Nasjonalt folkehelseinstitutt utfører alle DNA-analysar som er rekvirert av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.
Departementet føreslår ei løyving på 7,1 mill. kroner under kap. 841, post 23.
Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01
Ein gjennomgang av tildelingane gjort under ordninga med tilskot til samlivstiltak viser at det i 2011 og 2012 blei gitt små tilskotsbeløp til mange ulike aktørar. BLD ønskjer i 2014 å prioritere satsing på Bufdir/familieverntenestene sitt arbeid med valdsutsette barn og familiane deira, og til arbeidet med familiar med høgt konfliktnivå, framfor tilskot til samslivstiltak. Departementet føreslår derfor å avvikle tilskotsordninga og at frigjorte midler blir nytta til å auka løyvinga under kap. 842, post 01.
Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar
Inga løyving på denne posten i 2013 og 2014.
Kap. 842 Familievern
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 215 421 | 214 938 | 221 523 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 6 271 | 16 403 | 22 727 |
70 | Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01 | 137 922 | 138 404 | 143 248 |
Sum kap. 0842 | 359 614 | 369 745 | 387 498 |
Status for verksemda
Familieverntenestene er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet leiar dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglige og administrative leiinga og drifta av familieverntenestene. Familieverntenestene har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter lov om ekteskap § 26 og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta verksemd om familieretta tema medrekna rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparat og publikum.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i dei offentleg eide familievernkontora. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytt til familievernet ved regionkontora i Bufetat.
Posten er styrkt med 3,75 mill. kroner, som skal nyttast til Bufdir/familieverntenestene sitt arbeid med valdsutsette barn og familiane deira samt til arbeid med høgkonfliktsaker.
Departementet føreslår ei løyving på 221,5 mill. kroner under kap. 842, post 01.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir.
Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familieverntenestene. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir.
Posten er auka med 5,75 mill. kroner, som skal nyttast til styrking av behandlingstilbodet til unge valdsutøvarar og barn utsett for vald i nære relasjonar. Prosjektet vil vere eit samarbeid mellom Bufdir/familieverntenestene og Alternativ til vold (ATV).
Nærmare omtale av familieverntenestene under delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelige familieverntenester og arbeidet mot vald i nære relasjonar under delmål 4.2 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsett for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar.
Departementet føreslår ei løyving på 22,7 mill. kroner under kap. 842, post 21.
Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01
Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01).
Departementet føreslår ei løyving på 143,2 mill. kroner under kap. 842, post 70.
Kap. 3842 Familievern
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 1 040 | 615 | 637 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 738 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 740 | ||
Sum kap. 3842 | 6 518 | 615 | 637 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak, og varierer frå år til år.
Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 4 354 | 4 519 | 4 807 |
Sum kap. 0843 | 4 354 | 4 519 | 4 807 |
Status for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsnemndas kompetanse og oppgåver er regulert i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Endringar i diskrimineringsombodslova blei vedteke av Stortinget i juni 2013 og trer i kraft 1. januar 2014.
Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene.
Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som er administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av styresmakt i handsaming av enkeltsaker.
Nemnda er eit kollegialt organ med 16 medlemmer: 1 leiar, 1 nestleiar, 8 andre medlemmer og 6 varamedlemmer. I kvart møte deltar leiar eller nestleiar og fire medlemmer. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, med mellom anna tilsetjing i sekretariatet. Alle saker i nemnda blir først handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.
Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.
Nemnda fekk 51 nye saker til handsaming frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2012. 18 saker var saker etter diskriminerings- og tilgjengelova, 13 saker gjaldt likestillingslova, og ti saker gjaldt diskrimineringslova. Tre saker var saker etter arbeidsmiljølova kap. 13. Ein sak gjaldt både likestillingslova og diskrimineringslova, ein sak gjaldt både likestillingslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Fire saker gjaldt klage over at ombodet hadde avvist eller lagt bort saka. Nemnda hadde ti møte i 2012. Det blei handsama til saman 50 saker i 2012. Fem saker er i tillegg blitt trekt i samband med at sekretariatet har førebudd saka for nemnda.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn. Nemnda hadde fire faste stillingsheimlar per 1. juli 2013. Løyvinga er auka med 0,22 mill. kroner for å styrkje kapasiteten til nemnda, jf. Prop. 88 L (2012–2013) Diskrimineringslovgiving.
Departementet føreslår ei løyving på 4,8 mill. kroner under kap. 843, post 01.
Kap. 844 Kontantstøtte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilskot, overslagsløyving | 1 264 615 | 878 000 | 1 165 000 |
Sum kap. 0844 | 1 264 615 | 878 000 | 1 165 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Mål og kriterium for tildeling
Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging og kontroll
Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt er underlagt Arbeidsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeidsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring. Som ledd i resultatoppfølginga og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens forvalting på BLDs ansvarsområde under delmål 3.2 Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmer likestilling.
Budsjettforslag 2014
Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for
Forventa tal på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB
Forvent utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet
Forventa utvikling i etterspørsel etter kontantstøtte som følgje av nominelt uendra sats for foredrebetaling i barnehagane i 2013 (heilårsverknad), reell reduksjon i satsen for 2014 på 45 kroner,
Forventa utvikling i etterspørselen etter kontantstøtte som følgje av opptrapping i 2014 mot to opptak i barnehagane årleg, jf. omtale i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2013–2014) under kap. 231 Barnehagar.
Forslag til satsar for 2014 står i tabell 3.17.
Departementet føreslår ei løyving på 1 165 mill. kroner under kap. 844, post 70.
Tabell 3.17 Talet på barn med rett til stønad i 2012. Prognosar for 2013 og 2014
Gjennomsnitt 2012** | Gjennomsnitt 2013* | Gjennomsnitt 2014 | |
---|---|---|---|
Barn med rett til kontantstøtte | 16 943 | 19 100 | 19 600 |
* Saldert budsjett.
** Barn i alderen 13–23 månader frå 1. august 2012.
Tabell 3.18 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2014 (kroner)
Avtalt opphaldstid per veke | Kontantstøtte i prosent av full yting | Beløp per barn per månad | Beløp per barn per månad |
---|---|---|---|
Barn i alderen 13–18 månader | Barn i alderen 13–18 månader | ||
Ikkje bruk av barnehageplass | 100 | 5 000 | 3 303 |
Til og med 19 timar | 50 | 2 500 | 1 652 |
20 timar eller meir | 0 | 0 | 0 |
Kap. 845 Barnetrygd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilskot, overslagsløyving | 15 059 116 | 14 985 000 | 15 140 000 |
Sum kap. 0845 | 15 059 116 | 14 985 000 | 15 140 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Mål og kriterium for tildeling
Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging og kontroll
Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.
Budsjettforslag 2014
Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå 2013 og prognosar for
talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)
talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år
talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg
utgifter til etterbetalingar
Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.
Departementet føreslår ei løyving på 15 140 mill. kroner under kap. 845, post 70.
Tabell 3.19 Forslag til satsar for barnetrygd for 2014 (kroner)
Satsar per månad | Satsar per år | |
---|---|---|
Ordinær barnetrygd | 970 | 11 640 |
Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar 0–3 år | 660 | 7 920 |
Finnmarkstillegg for barn 0–18 år | 320 | 3 840 |
Svalbardtillegg for barn 0–18 år | 320 | 3 840 |
Tabell 3.20 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2012. Prognosar for 2013 og 2014
Gjennomsnitt 2012 | Gjennomsnitt 2013* | Gjennomsnitt 2014 | |
---|---|---|---|
Barn med barnetrygd | 1 116 081 | 1 117 277 | 1 128 138 |
Barn med finnmarkstillegg | 20 310 | 19 900 | 19 745 |
Barn med svalbardtillegg | 502 | 410 | 502 |
* Saldert budsjett.
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Tabell 3.21 Talet på stønadsmottakarar i 2012. Prognosar for 2013 og 2014
Gjennomsnitt 2012 | Gjennomsnitt 2013* | Gjennomsnitt 2014 | |
---|---|---|---|
Stønadsmottakarar med barnetrygd for | |||
– eitt barn | 305 641 | 302 922 | 312 236 |
– to barn | 252 991 | 252 377 | 258 450 |
– tre barn | 82 931 | 83 685 | 84 721 |
– fire barn | 13 280 | 13 526 | 13 566 |
– fem eller fleire barn | 3 354 | 3 521 | 3 427 |
Sum, stønadsmottakarar | 658 197 | 656 031 | 672 400 |
Stønadsmottakarar med utvida stønad | 131 233 | 132 490 | 134 064 |
Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einsleg forsørgjar | 4 981 | 5 173 | 4 686 |
* Saldert budsjett.
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tala for stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusive stønadsmottakarar som får ei ekstra barnetrygd (utvida stønad). Nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd for; både mor og far får barnetrygd.
Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar mv. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2014. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.
Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 | 23 230 | 32 135 | 22 159 |
50 | Forsking, kan nyttast under post 21 | 6 702 | 2 923 | 3 025 |
60 | Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor | 1 898 | 1 900 | 1 963 |
70 | Tilskot | 17 209 | 20 980 | 24 319 |
72 | Tiltak for lesbiske og homofile | 9 295 | 10 059 | 10 411 |
73 | Tilskot til Likestillingssentre | 5 638 | 5 824 | 6 028 |
79 | Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast | 4 928 | 7 966 | 8 245 |
Sum kap. 0846 | 68 900 | 81 787 | 76 150 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsaka nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og ikkje-diskriminering. Det er mellom anna sett av midlar til gjennomføring av den nye handlingsplanen mot etnisk diskriminering og den nye lhbt-handlingsplanen. Det er òg avsett midlar til handlingsplanen for å fremme kjønnslikestilling Likestilling 2014.
Løyvinga skal òg nyttast til finansiering av drifta av det etablerte kjernemiljø for kjønnslikestilling (jf. nærmare omtale under delmål 3.1).
BLD føreslår og å nytte 4 mill. kroner på posten til å etablere ei nasjonal rettleiingsteneste og utvikle eit landsdekkjande program mot seksuell trakassering.
Ressurssenteret for lhbt-spørsmål i Bufdir blir føreslått vidareført som ein del av direktoratet si ordinære verksemd. Det er derfor flytta 4 mill. kroner til kap. 858, post 01.
Det flytta 2,9 mill frå posten til kap 800 post 01 for å dekka utgifter til BLDs EU/EØS arbeid. Overføringa er gjort for å sikre riktig postbruk.
Posten er òg redusert med 2 mill. kroner som følgje av at eingongsløyvinga til Stemmerettsjubileet i 2013 utgår.
Departementet føreslår ei løyving på 22,2 mill. kroner under kap. 846, post 21.
Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd (NFR).
Departementet føreslår ei løyving på 3,0 mill. kroner under kap. 846, post 50.
Post 60 Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor
Løyvinga er føreslått nytta til ei tilskotsordning som del av programmet Likestilte kommunar. Programmet inngår som eit tiltak i handlingsplanen Likestilling 2014 og starta i 2012.
Tilskotsordninga har følgjande overordna rammer:
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å fremme tiltak som betre integrerer likestillingsperspektivet i politikk og tenesteyting i kommunane. Målet er effektiv lokal politikk som fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Tilskotsordninga vil støtte opp under aktivitetsplikta kommunane har etter likestillings- og diskrimineringslovgivinga.
Kriterium for tildeling
På bakgrunn av utlysing er det vald ut 20 pilotkommunar som får tilskot til konkrete prosjekt for likestilling. Kommunane får òg rettleiing og kurs i prosjektperioden. Likestillingssenteret på Hamar leier gjennomføringa av programmet. Det er etablert ei referansegruppe med deltakarar frå kommunal og statleg sektor som gir råd i prosessen. Kommunane som er valt ut, får ei fast tildeling kvart år. Programmet varer ut 2014. Tilskota forvaltast av Bufdir.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 2,0 mill. kroner under kap. 846, post 60.
Post 70 Tilskot
Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og tilskot til frivillige organisasjonar.
Løyvinga har vore nytta til å gi driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn. I tillegg er det gitt tilskot til dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald (KUN-senter for kunnskap og likestilling, Likestillingssenteret og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder). Reform – ressurssenter for menn og Likestillingssenteret har òg fått tilskot til prosjekt innanfor ramma av regjeringa sin handlingsplan for likestilling Likestilling 2014.
Løyvinga har òg vore nytta til tilskot til Harry Benjamin ressurssenter og til ulike aktivitetar Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) har medverka til på departementet sitt ansvarsområde. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning og eit prøveprosjektet ved Gáldu, Likestilling og mangfald i det samiske samfunnet.
Departementet føreslår at ein i 2014 kan gi tilskot til Reform, FOKUS, KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning og Ung innovasjonspris som Trondheim kommune deler ut. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane. Prøveprosjektet ved Gáldu held fram i 2013 og blir avslutta i 2014.
Når det gjeld Reform – ressurssenter for menn, legg departementet opp til at delar av oppgåvene ressurssenteret til nå har gjennomført på oppdrag frå departementet, overførest til Bufdir i 2014. Departementet vil ta omsyn til dette ved tildeling av driftstilskot til Reform for 2014. Departementet føreslår i tråd med dette at løyvinga på kap. 846, post 70 blir redusert, mot tilsvarande auke i løyvinga til Bufdir (kap. 850, post 01).
Som det går fram av omtala under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna, tar regjeringa sikte på å etablera inntil fire regionale kompetansemiljø for likestilling organisert under Bufdir. Det vil i den forbindelse vurderast i kor stor grad dei regionale kompetansemiljøa skal byggje vidare på eksisterande miljø. BLD føreslår å vidareføre tilskota til dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald (KUN – senter for kunnskap og likestilling, Likestillingssenteret og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder) fram til dei nye statlege kompetansemiljøa er etablert. Dette gjeld òg grunntilskota til KUN og Likestillingssenteret finansiert over kap. 846, post 73.
Posten er styrkt med 10 mill. kroner for å støtte opp under trepartssamarbeidet om likestilling i arbeidslivet. Midlane skal nyttast til lokalt utviklingsarbeid og prosjektverksemd knytt til trepartssamarbeid og vere ein viktig faktor for å stimulere til auka engasjement blant partane i arbeidslivet for å fremme likestilling i arbeidslivet samt innhente kunnskap og erfaringar om korleis praktisk likestillingsarbeid i verksemdene kan utviklast. Arbeidet med lokalt utviklingsarbeid vil støttast av den nye landsdekkjande strukturen med fire regionale kompetansesenter for likestilling.
BLD føreslår at ansvar for å vurdere tilskot til Harry Benjamin ressurssenter (HBRS) blir overført til Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). HOD har tidlegare gitt tilskot til HBRS over kap. 764 Psykisk helse, post 72 Utviklingstiltak. Kap. 846, post 70 reduserast med 0,735 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 764, post 72.
Ordninga med tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer som departementet gir i det årlege rundskrivet Q-1. BLD føreslår å auke ramma for ordninga med 2 mill. kroner i 2014 ut over prisjustering.
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.
Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsorden, supplere og korrigere styresmaktene sitt familie- og likestillingspolitiske arbeid, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar.
Kriterium for tildeling
Det kan bli gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som kjerneverksemd, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.
Ein kan gi aktivitetstilskot til tiltak/prosjekt som kan skape merksemd, informasjon/kunnskap, debatt og haldningsendringar når det gjeld familie- og likestillingspolitiske spørsmål.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Det er gitt nærmare retningslinjer i rundskrivet Q-17/2013 frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir ført vidare i 2014.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 24,3 mill. kroner under kap. 846, post 70.
Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile
Løyvinga går til tilskotsordninga for betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.
Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Ordninga omfattar også driftstilskot til lhbt-organisasjonar og permanente aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten blant lhbt-personar. Ordninga blir forvalta av Bufdir.
Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:
Mål
Ordninga skal medverke til mangfald og skape auka aktivitet blant organisasjonar som arbeider innanfor dette området. Det kan bli gitt driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar. Det overordna målet er å betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for lhbt-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.
Kriterium for tildeling
Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt). For organisasjonar som får driftsstøtte, vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for lhbt-personar og arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa som dei organiserer.
Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i måla for ordninga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 10,4 mill. kroner under kap. 846, post 72.
Post 73 Tilskot til likestillingssenter
Løyvinga har gått til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord. Sentera får òg tilskot som regionale likestillings- og mangfaldssenter over kap. 846, post 70. Regjeringa føreslår å vidareføre tilskota til KUN – senter for kunnskap og likestilling og Likestillingssenteret fram til dei nye statlege kompetansemiljøa for likestilling er etablert. Jf. nærmare omtale under kap. 846, post 70.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 6,0 mill. kroner under kap. 846, post 73.
Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast
Løyvinga dekkjer Noregs deltaking i EU-program på BLD sitt ansvarsområde.
Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inkluderer desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.
Løyvinga har dekt ein del av kostnadene for Noreg si deltaking. Programmet er forankra både i Arbeidsdepartementet og i BLD. Bidraga blir fastsett etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtala.
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har i fleire år motteke midler frå PROGRESS til prosjekt mellom anna om likeverdige offentlige tenester og om aktivitets- og rapporteringspliktane for offentlege styresmakter som tenesteytarar.
Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning. NKVTS har rolla som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til Daphne III.
EU har lansert nye og reviderte program for perioden 2014–2020. Det nye programmet for rettigheter og EU-borgarskap (Rights, Equality and Citizenship Programme) vil avløyse det noverande Daphne III og delar av det noverande PROGRESS.
Noreg har signalisert til EFTA-sekretariatet at det er interesse for deltaking i programmet. Når programma er endeleg vedteke i EU, vil innlemming i EØS-avtala skje ved vanleg prosedyre. Stortinget tek endeleg avgjerd om deltaking.
Løyvinga blir føreslått nytta til tilskot til Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS), som får støtte til gjennomføring av kvinnekonferansen Nordisk Forum 2014 i Malmö.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 8,2 mill. kroner under kap. 846, post 79.
Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Prosjektinntekter | 226 | 517 | |
Sum kap. 3846 | 226 | 517 |
Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 16 692 | 15 515 | 16 058 |
50 | Forsking | 5 774 | ||
70 | Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar | 166 402 | 171 894 | 171 894 |
71 | Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 17 904 | 20 229 | 18 937 |
72 | Tilskot | 8 140 | 14 000 | 14 490 |
Sum kap. 0847 | 214 912 | 221 638 | 221 379 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Løyvinga blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak og bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.
Departementet føreslår ei løyving på 16,1 mill. kroner under kap. 847, post 21.
Post 50 Forsking
Posten er avvikla frå 2013
Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar
Løyvinga går til tilskotsordninga for organisasjonane for funksjonshemma. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Det er utarbeida nytt regelverk for ordninga i samråd med funksjonhemma sine organisasjoner. Regelverket trer i kraft 1. januar 2014, jf. nærmare omtale under delmål 4.1 Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne.
Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for dei funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine mellom anna i form av lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gi paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) betre høve til å drive velferdspolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å gi organisasjonane til dei funksjonshemma betre høve til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.
Kriterium for tildeling
Søknadene blir vurdert etter desse kriteria:
For å bli godkjent må organisasjonen ha meir enn 250 medlemmer. Det er unntak for organisasjonar som organiserer 50 personar med nedsett funksjonsevne med ein sjeldan diagnose. Organisasjonen må ha medlemmer i minst fem fylke. Organisasjonen må ha vedtaksfesta at personar med nedsett funksjonsevne sjølv, eller deira pårørande, skal ha fleirtall i dei styrande organa.
Oppfølging og kontroll
Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som gjer vedtak om godkjenning som tilskotsrettskomen organisasjon og vedtak om tilskot.
Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 171,9 mill. kroner under kap. 847, post 70. Det inneber at løyvinga blir vidareført nominelt frå 2013 til 2014.
Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast
Løyvinga skal nyttast til målretta tiltak på tvers av sektorar i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge. Handlingsplanen for perioden 2009–2013 hadde mellom anna som mål å støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming, mellom anna på områda utdanning, transport og IKT. Det var òg eit mål for denne planen at styresmaktene skulle implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Femten departement deltok med tiltak i planen.
Ei ekstern evaluering av sentrale tiltaksområde i handlingsplanen låg føre våren 2013. Ein sentral konklusjon var at handlingsplanen svarte bra til regjeringa sin visjon om eit universelt utforma samfunn innan 2025. Det blei anbefalt at ordninga med handlingsplan blei vidareført.
Regjeringa vil leggje fram ein ny handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge i 2014. Planen vil gjelde for perioden 2014–2018. Regjeringa vil våren 2014 ta stilling til innhaldet i planen og spørsmålet om det også skal leggjast fram ein framdriftsplan for visjonen om Noreg universelt utforma 20025, som Stortinget har bedt om
Arbeidet med ein ny handlingsplan blei sett i gang våren 2013 med breie innspelsprosessar der offentlege instansar, fagmiljø og interesseorganisasjonar deltok. Alle relevante departement involverest i prosessen med utvikling av ein ny handlingsplan.
I 2013 blei det gitt tilskot til Standard Noreg for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk designråd for kompetanseheving av designarar og Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) til prosjekt for universell utforming i kommunesektoren. Departementet føreslår å føre desse tiltaksområda vidare i ny handlingsplan frå 2014.
KS fekk i 2013 eit ekstra tilskot til eit utgreiingsprosjekt. Utgreiingsprosjektet blei iverksett i forlenginga av KSs røynsler med prosjekt for universell utforming i kommunane.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 18,9 mill. kroner under kap. 847, post 71.
Post 72 Tilskot
Løyvinga går til tilskotsordninga for å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga blir forvalta av Bufdir.
Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.
Kriterium for tildeling
Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne. Ein kan gi støtte til tiltak som er retta inn mot å medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking, generere og spreie kunnskap. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan òg få støtte gjennom ordninga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsforvaltar og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.
Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 14,5 mill. kroner under kap. 847, post 72.
Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Basisløyving | 54 347 | 54 140 | 54 035 |
Sum kap. 0849 | 54 347 | 54 140 | 54 035 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, administrativt knytt til BLD. Formålet til ombodet og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.
Hovudoppgåva til LDO er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i lovverket, gir rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald. Ei fråsegn frå ombodet er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel gjere bindande vedtak om å stanse diskriminerande handlingar dersom eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan handsame saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4.
LDO skal føre tilsyn med og handheve likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølova sitt ikkje-diskrimineringskapittel og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet skal vere eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering og vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane.
I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og konvensjon om rettighetene til menneske med nedsett funksjonsevne (CPRD).
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i strategiar og tiltak som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Høg kvalitet i lovhandhevinga
Talet på handsama klagesaker
I 2012 registrerte LDO 1 540 rettleiingssaker og 174 klagesaker. Totalt er dette 1 714 saker mot 1 727 totalt i 2011. Talet på klagesaker er redusert med 65, medan talet på rettleiingssaker har auka med 52. Ei av årsakene er at LDO har endra praksis ved handsaming av førespurnader om mogleg ulovleg diskriminering.
Ombodet legg i større grad enn før vekt på god rettleiing, slik at førespurnader til LDO blir løyst før dei blir ei klagesak. Diskriminerande handlingar kjem ofte av mangel på kunnskap om lovverket. Rettleiing til arbeidsgivarar eller andre kan føre til at saka blir løyst på ein enklare måte, og til endra praksis.
Reduksjonen i talet på klagesaker kombinert med auken i talet på rettleiingssaker i 2012 tyder på at ombodet til ein viss grad har lykkast med å gi rettleiing framfor å klagebehandle ei sak med ein gong. Av dei 174 klagesakene LDO registrerte i 2012, omhandla 13 saker fleire enn eitt diskrimineringsgrunnlag. Funksjonsevne (55 klager) og kjønn (47 klager) er dei grunnlaga ombodet fekk flest klager på i 2012, slik det òg har vore i tidlegare år.
Ombodet handsama ferdig 250 klagesaker i 2012 (mot 261 i 2011). I desse sakene gav ombodet fråsegner i 197 saker, 52 saker blei lagt bort, og ei sak blei avvist. Nokre saker blir lagt bort fordi dei er blitt løyst. Det kjem enten av at verksemda har retta opp forholda, eller at partane er blitt einige etter at ombodet har handsama saka.
Talet på saker som er handsama etter hasteparagrafen
Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi pålegg om å rette opp eller stanse ein diskriminerande praksis. Ombodet kan òg i enkelte tilfelle fatte vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4, jf. § 7. Formålet er å stanse ei diskriminerande handling eller ein diskriminerande praksis raskt.
I 2012 er ingen saker handsama etter hasteparagrafen. Resultatet speglar i stor grad at ombodet har lagt om praksis slik at dei gir meir rettleiing til verksemder enn tidlegare. Da er det ikkje like nødvendig å handsame saker etter hasteparagrafen.
Sakshandsamingstid
Dei som vender seg til LDO gjennom e-post eller brev med spørsmål om rettleiing, får normalt svar etter nokre dagar, godt innanfor den forvaltingsrettslege fristen på tre veker. For klagesaker er gjennomsnittleg sakshandsamingstid 353 dagar. Dette er ein nedgang frå 2011. Forklaringane på at sakshandsaminga likevel tek lang tid, er mellom anna at gamle saker trekkjer opp den gjennomsnittlege sakshandsamingstida.
I nokre tilfelle har LDO lagt saka på vent, slik at verksemda får sjansen til å rette opp manglane. I ei rekkje saker må ombodet minne verksemdene på saka fordi dei ikkje svarer på brev frå ombodet.
Den parten som ikkje er samd i ombodet si fråsegn i ei klagesak, kan bringe saka inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda (LDN) til overprøving. Ombodet bringa 51 saker til nemnda i 2012 (mot 53 saker i 2011).
LDN har ikkje ferdighandsama alle desse sakene i 2012. 28 av sakene var framleis under handsaming ved starten av 2013. LDN handsama 19 av sakene i 2012, medan fire av sakene fall bort.
Av sakene nemnda handsama i 2012, blei fråsegna frå LDO gjort om i om lag 20 prosent av sakene.
Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering
Talet på saker som er tekne opp på eige initiativ
I 2012 kontrollerte LDO ni likestillingsutgreiingar til verkemder (mot fem i 2011). Vidare registrerte ombodet 11 rettleiingssaker og fire klagesaker på eige initiativ.
I tillegg tek LDO initiativ overfor styresmakter og andre for å fremme likestilling og hindre diskriminerande praksis. Dette gjeld rettleiing av kommunar og andre verksemder og dessutan dialog med verksemder der det gjennom media eller andre kanalar har kome fram at dei har hatt ein diskriminerande praksis.
Informasjon og rettleiingsmateriell
I 2012 utarbeidde LDO ei refleksjonshandbok for offentlege tenesteytarar. Ombodet satsar i hovudsak på rettleiing og informasjon via ldo.no. Bloggserien Signert Sunniva blei lansert i mai 2012 og hadde på det meste nær 1 000 besøkande.
Mange arbeidsgivarar har liten kjennskap til aktivitets- og rapporteringspliktene. Ein stor del av rettleiinga av LDO blir gitt i samband med rettleiing om aktivitets- og rapporteringspliktene og kontrollen av utgreiingane frå kommunane i årsrapportane.
Medieoppslag og sosiale medium
Ombodet ønskjer å bruke Facebook og Twitter på ein slik måte at folk synest det er lett å ta kontakt med ombodet. I 2012 innførde LDO «dagens eksempel» som hashtag. Målet er å gi informasjon om rettar og pliktar til enkeltpersonar og verksemder og gi eit innblikk i sakene til ombodet og korleis ombodet arbeider.
Konvensjonsarbeidet
Ombodet fører tilsyn med FN-konvensjonane kvinnekonvensjon (CEDAW) og rasediskrimineringskonvensjon (CERD). Ombodet leverte ein supplerande rapport til FNs kvinnekomité i januar 2012 og deltok på eksaminasjonen av Noreg i Genève i mars.
Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane
Folk kan ta kontakt med ombodet via e-post, telefon og ved oppmøte i ombodet sine lokale. Stadig fleire bruker også sosiale medium for å få rettleiing. LDO strømmer konferansar og møte for å gjere dei tilgjengelege for fleire. Vidare samarbeider LDO med interesseorganisasjonar og organisasjonar og rettsorganisasjonar, slik at dei lettare fangar opp saker som dreier seg om diskriminering, og kan vise personar vidare til LDO.
Talet på registrerte og behandla rettleiingssaker
Av dei 1 540 rettleiingssakene LDO oppretta i 2012, kom meir enn 1 400 via telefon eller e-post. 20 personar møtte opp hos LDO. LDO tar òg opp saker på eige initiativ. Saker som omhandlar kjønn og funksjonsevne, som dei to største kategoriane, utgjer 33 prosent og 26 prosent. Førespurnader om arbeidsliv utgjer meir enn 45 prosent av sakene (697 av 1 540 saker).
I tillegg til dei 1 540 sakene som blei oppretta i 2012, er det òg gitt rettleiing i 136 saker oppretta før 2012. Av dei 1 676 sakene som blei handsama i 2012, var 1 310 avslutta per 31. desember 2012. For å berekne kor lang tid det tek før ei sak er handsama, har ein nytta datoen for siste dokument i saka. Gjennomsnittet for alle avslutta saker er 25 dagar (mot 23,3 dagar i 2011). Det er variasjonar mellom sakstypane.
Rettleiinga som blir gitt, er av svært ulik karakter, frå enkle faktaspørsmål til komplekse saker.
Strategiar og tiltak for 2014
For å oppnå ei jamnare fordeling av likeverd, makt og medverknad arbeider LDO for å sikre individet sin rett til informasjon om eigne plikter og rettar. Alle som blir diskriminert, og som ønskjer hjelp, skal få prøvd saka si hos ombodet. Ombodet gir rettleiing til personar som ønskjer informasjon om lovverket. Det er eit mål for ombodet at enkeltpersonar får god rettleiing, slik at dei får hjelp før førespurnader blir formelle klagesaker.
Det er òg eit mål for ombodet at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til desse og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis. For å oppnå dette gir LDO rettleiing til verksemder, handhevar diskrimineringsforboda i lovverket og er ein pådrivar for likestilling og mangfald.
LDO skal føre tilsyn med at norsk rett og forvaltingspraksis samsvarer med rasediskrimineringskonvensjonen, kvinnekonvensjonen og konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne til FN. Ombodet arbeider kontinuerleg med at både handsaming av klager og rettleiing til enkeltpersonar skal vere effektiv og ha god kvalitet. Dette vil vere eit viktig mål òg i 2014.
I 2014 vil LDO særleg satse på fire hovudområde:
Aktiv bruk av konvensjonane i arbeidet for likestilling og ikkje-diskriminering,
Arbeid med den nye lova som gir vern mot diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk,
Arbeidsliv
Vald mot kvinner og jenter.
Ombodet vil òg gjennomføre eit prosjekt med midlar frå EU og BLD for å fremme likeverdige tenester i skolesektoren.
Tilsynet med FNs konvensjonar skal vere uavhengig, tilgjengeleg og effektivt. LDO vil i 2014 styrkje arbeidet med tilsyn med FN-konvensjonane. Dette gjeld ei forsterking av tilsynet med FNs rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW) og FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Ombodet vil leggje opp til eit godt samarbeid med sivilt samfunn når det gjeld tilsyn med konvensjonane.
Ombodet vil ha handhevings- og tilsynsansvar for den nye diskrimineringslova. LDO vil, i tillegg til departementet og andre aktørar, ha ei rolle når det gjeld å nå ut med informasjon til dei som blir utsett for diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, og dei som har plikter etter lova.
Diskriminering og manglande likestilling er ofte eit resultat av strukturelle forhold og haldningar som arbeidsgivarar ikkje er seg medvitne. LDO ser at det er eit stort behov for å skape økt medvit og kunnskap om korleis likestilling kan nåast i praksis.
Ombodet vil i 2014 særleg arbeide for å hindre vald mot kvinner og jenter. Ombodet vil sjå dette i krysning mellom kjønn og andre diskrimineringsgrunnlag, særleg etnisitet og nedsett funksjonsevne. Dette arbeidet vil vere ein viktig del av LDO sitt tilsyn med CEDAW og dei andre konvensjonane.
Post 50 Basisløyving
Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av at oppgåver knytt til dokumentasjon av situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne blei flytta til Bufdir i 2013. Departementet føreslår etter dette ei løyving på 54,0 mill. kroner.
Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge
Hovudinnhald og prioriteringar
Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å sikre at barn og unge har gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet for å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep, motverke marginalisering, bidra til å jamne ut skilnader i levekår og fremme medverknad og deltaking for barn og unge på ulike område i samfunnet.
Departementet har ansvar for utforminga og samordninga av den generelle barne- og ungdomspolitikken. Politikkutforminga skjer i samspel mellom ulike departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige organisasjonar.
Departementet har vidare eit samordningsansvar for utviklinga av barneverns- og adopsjonspolitikken, og ansvaret for Noreg si oppfølging av FNs barnekonvensjon om barnerettane.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar det statlege barnevernet. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Direktoratet har òg ulike oppgåver på adopsjonsfeltet, mellom anna handsaming av søknader om adopsjon. Direktoratet forvaltar òg tilskotsordningar og har ansvar for at Noreg følgjer opp EUs nye ungdomsprogram Erasmus+, som samlar alle noverande program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.
Talet på barn som får hjelp frå barnevernet har auka over fleire år. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet, har barn med behov for hjelp auka meir enn talet på nye stillingar. Rapportar frå fylkesmennene sitt tilsyn viser at mange av kommunane framleis ikkje oppfyller alle lovkrava. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. Regjeringa føreslår å styrkje det kommunale barnevernet med 85 mill. kroner i 2014. Saman med satsinga frå 2011–2013, vil om lag 600 mill. kroner vere øyremerkte det kommunale barnevernet i 2014. Det kommunale barnevernsløftet vil i perioden 2010–2014 gi om lag 1 000 nye stillingar i kommunalt barnevern.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i saker etter barnevernlova, mellom anna saker om overtaking av omsorg og plassering av ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Løyvinga blei styrkt i 2012 og 2013. Auken blir nytta til å handsame fleire saker gjennom å auke kapasiteten og å betre styringa, for med dette å redusere handsamingstida i fylkesnemnda.
Barneombodet arbeider for at det skal takast nødvendig omsyn til barns behov, rettar og interesser på alle område i samfunnet. Barneombodet følgjer med på at lovgivinga til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane.
Mål
For 2014 blir desse måla prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
5: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom | 5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og ungdom |
5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge | |
5.3: Tiltak mot fattigdom blant barn og unge | |
5.4: Makt og påverknad for barn og unge | |
6: Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar livet sitt og utviklar evnene sine | 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern |
6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira | |
6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester | |
6.4: Tilstrekkeleg kapasitet i det kommunale barnevernet |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unge sine behov
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2011–2012).
Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor
Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei ført vidare gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med mellom anna handlingsplanar, felles strategiar og forsøks- og utviklingsarbeid. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir eit oversyn over mål- og innsatsområde i statsbudsjettet, kom ut i februar 2012.
Stavanger kommune blei kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2012.
Barnekomiteen i FN gav i 2010 ei rekkje merknader og tilrådingar til norske styresmakter. Aktuelle departement har følgt opp desse, og ein rapport som viser korleis merknadene er følgt opp, blei lagt fram i 2011. Dialogen mellom frivillige organisasjonar, barneombod og politikarar frå aktuelle departement om ytterlegare oppfølging blei ført vidare i 2012. Fylkesmannen i Troms lanserte i 2009 satsinga Sjumilssteget – for barn og unges beste. Gjennom arbeid med sju sentrale rettar i barnekonvensjonen har fylkesmannen funne ein reiskap for å kvalitetssikre tilboda kommunane har til barn og unge. BLD har i 2012, saman med Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, gitt midlar til Fylkesmannen i Troms for å formidle Sjumilssteg-modellen til fleire fylkesmenn.
Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD har ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Det er òggitt midlar til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar.
Departementet har ført vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om forskingsprogrammet Virtuelt senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. I 2013 er programmet i sitt femte og siste år. Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utarbeide aktuell statistikk om barn og ungdom blei ført vidare. SSB har òg på oppdrag frå BLD utarbeidd ein ny statistisk analyse om levekåra til ungdom. Rapporten blei lagt fram i juni 2013. Rapporten tar særleg for seg situasjonen til ungdom utanfor opplæring og arbeid.
Trygg bruk av digitale medium
Departementet tek del i ei tverrdepartemental kontaktgruppe for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD har, saman med andre aktuelle departement, ført vidare arbeidet med oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).
BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett. Her blir barn og foreldre sine haldningar til og bruk av Internett jamleg kartlagt. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-senteret, som blir koordinert av Medietilsynet. Nettsidene til prosjektet (tryggbruk.no) er utvikla til nytte for barn, foreldre og skolen.
Strategiar og tiltak for 2014
Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor
BLD vil arbeide for at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom gir ei oversikt over mål- og innsatsområde i statsbudsjettet, og syner breidda i innsatsen regjeringa gjer for barn og unge.
Som ledd i arbeidet med å stimulere kommunane til å auke satsinga på barn og ungdom har BLD sidan 2003 kåra Årets barne- og ungdomskommune på Barne- og ungdomskonferansen, som er ein årleg konferanse for kommunetilsette, ungdommar og politikarar frå heile landet. BLD tar sikte på å kåre ein ny kommune i 2014.
Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar spelar ei viktig rolle, både som ein arena for læring om demokrati og som tilbydarar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. BLD vil òg i 2014 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor.
BLD har samordningsansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. Dei aktuelle departementa har eit kontaktforum for oppfølginga av konvensjonen. Departementa har òg ein dialog med frivillige organisasjonar i arbeidet med oppfølginga av konvensjonen. Regjeringa har så langt ikkje teke stilling til om Noreg skal slutte seg til tilleggsprotokollen til FNs konvensjon om barnerettane om ei individklageordning. Det har vore gjennomført ei ekstern juridisk utgreiing om fordelar og ulemper ved ei eventuell norsk tilslutning til tilleggsprotokollen. Utgreiinga blei overlevert UD våren 2013 og blei sendt ut til høyring med frist september 2013.
Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) blir ført vidare.
Departementet tar sikte på vidare samarbeid med Kulturdepartementet om forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, spesielt overfor barn og unge og personar med minoritetsbakgrunn.
BLD fører vidare samarbeidet med Statistisk sentralbyrå om statistikk på barn og ungdom.
Trygg bruk av digitale medium
BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett. Saman med aktuelle departement, vil BLD føre vidare arbeidet med sikrare Internett for barn og unge.
Gjennomgang av oppvekst- og levekåra til barn og ungdom
BLD vil i 2014 starte eit arbeid med ein gjennomgang av barne- og ungdomspolitikken. Målet er å vidareutvikle politikken slik at ein betre kan møte dei utfordringane barn og ungdom står overfor. Det vil bli lagt opp til ein brei gjennomgang av oppvekst- og levekåra til barn og ungdom. Arbeidet skal skje i samarbeid med aktuelle departement. Det vil òg bli lagt opp til ein dialog med barn og ungdom, fagfolk og forskarar.
Delmål 5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2011–2012).
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn
BLD forvalta tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2012 omfatta 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2012 auka løyvinga til ordninga med 12,5 mill. kroner. Av desse bidrog Kulturdepartementet med 5 mill. kroner for å styrkje barn og unge si deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Ordninga er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskilt satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Satsinga retta mot ungdom utgjorde 22 mill. kroner, og fattigdomssatsinga utgjorde 40,5 mill. kroner i 2012. Fattigdomssatsinga er nærmare omtalt under resultatrapporten for delmål 5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge.
Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilte behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Om lag 80 prosent av midlane blei fordelt mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo fekk samla om lag 61 prosent av midlane.
BLD fekk i 2012 utarbeidd ei eksempelsamling frå storbyarbeidet Åpne møteplasser for barn og ungdom. Samlinga viser gode metodar og døme på korleis kommunane kan leggje til rette for aktivitet og deltaking i lokalmiljøa.
Informasjon til barn og ungdom
Nettportalen ung.no gjekk i 2012 frå å vere eit prosjekt til å bli innlemma i det ordinære informasjonsarbeidet til Bufdir. Nettportalen har som målsetjing å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. Ung.no fungerer særs godt og har ein halv million brukarar per månad. Nettportalen har innleidd samarbeid med fleire offentlege etatar og nettsider, noko som sikrar ungdom tilgang til relevant informasjon gjennom fleire kanalar.
Bufdir administrerer òg det norske Eurodesk-kontoret, som publiserer informasjon og svarer på spørsmål om stipendordningar og moglegheiter for å jobbe og studere i Europa.
Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering
BLD har teke del i arbeidet med handlingsplanen Felles trygghet – felles ansvar, handlingsplan for å forebygge radikalisering og voldelig ekstremisme,som blei lagt fram i desember 2010. BLD har òg ansvar for fleire tiltak i Gode krefter – kriminalitetsforebyggende handlingsplan (2009–2012). Alle BLD sine tiltak i handlingsplanen er gjennomført eller sett i gang. Utsette unge er ei viktig målgruppe for handlingsplanane.
Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er det gitt stønad til prosjekt som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom. Det er òg gitt stønad til fleire strakstiltak på feltet. Dette har mellom anna bidrege til å løyse akutte problem i lokale ungdomsmiljø i dei større byane.
BLD er partnar i Manifest mot mobbing (2011–2014) og har arbeidd særskilt med mobbing i fritidsmiljøa.
BLD har samarbeidd med Helse- og omsorgsdepartementet og andre departement om ein heilskapleg og samordna ruspolitikk. Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk blei lagt fram i juni 2012.
BLD har gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støtta opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Tilskotsordninga blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og målgruppa for ordninga er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø. Femti prosjekt fekk støtte i 2012. Dette er 13 fleire enn i 2011.
Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom
BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet for å styrkje tilknytinga til skole og arbeid blant ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. BLD har ført vidare innsatsen retta mot ungdom som treng særskilt oppfølging, gjennom Losprosjektet, som starta hausten 2010. Gjennom prosjektet får ungdom i alderen 14–23 år ein kontaktperson, ein los, som skal følgje dei opp og i samarbeid med skolen og andre instansar sørgje for at dei får den hjelpa dei treng. Prosjektet varer ut 2013. Til saman 15 kommunar deltek. Kommunane rapporterer om positive erfaringar med arbeidet. Nær 400 ungdommar fekk eller hadde fått hjelp gjennom prosjektet ved utgangen av 2012. NOVA har fått i oppdrag å evaluere prosjektet, og ein endeleg evalueringsrapport vil vere klar sommaren 2014.
Det er vedteke endringar i forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling og forskrift om fosterheim. Formålet med endringane er å gjere det tydeleg at det skal førast tilsyn med at rettane til samiske barn til å vareta språk og kultur blir følgt opp i fosterheim og barnevernsinstitusjonar. Endringane tredde i kraft 1. mai 2012.
BLD har òg i 2012 støtta opp om arbeidet retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Det har vore halvårlege kontaktmøte med Unge funksjonshemmede, og organisasjonen har fått driftstilskot til nasjonalt og internasjonalt arbeid.
EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom
Ei omtale av programmet finst i del III, Omtale av særlege tema, Internasjonalt arbeid.
Strategiar og tiltak for 2014
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn
Mange barn og unge veks opp i større byar og omlandskommunane deira. Sjølv om dei aller fleste barn og unge greier seg bra, er delen som blir råka av dårlege oppvekst- og levekår høgare i storbyane enn på landsbasis. Det er derfor behov for ei særskilt satsing retta mot barn og unge i større byar.
Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil i 2014 bli innretta mot opne møteplassar for barn og ungdom. Ordninga blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og omfattar 23 kommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10–20 år med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Målet er å medverke til å skape og utvikle opne møteplassar for målgruppa og bidra til deltaking for barn og ungdom som i liten grad tar i bruk eksisterande kultur- og fritidstilbod. Innsatsen mot barnefattigdom, som har vore ein del av tilskotsordninga, vil bli lagt inn i den nye nasjonale ordninga mot barnefattigdom. Sjå omtale under delmål 5.3. Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge. Sjå òg omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
Informasjon til barn og ungdom
Det er viktig for styresmaktene å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og ungdom. Nettportalen ung.no, som blir drifta av Bufdir, gir ungdom mellom 14 og 20 år informasjon. Dette bidreg til å sikre rettane og interessene til barn og ungdom på informasjons- og medieområdet. Ung.no skal vere den offentlege nettstaden offentlege instansar nyttar for å nå ut til ungdom.
Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering
Innsats for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, diskriminering, radikalisering og andre negative trekk i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil det òg i 2014 bli gitt stønad til tiltak som har som mål å motverke slike negative trekk i ungdomsmiljøa. BLD deltek i samarbeid med aktuelle departement i den nye handlingsplanen til Justis- og beredskapsdepartementet om å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.
BLD fører vidare samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet, som har hovudansvaret for ruspolitikken, og andre departement om ein heilskapleg og samordna ruspolitikk.
BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking.
Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom
Barnevernet handterer nokre av dei mest utfordrande sakene det offentlege står overfor. For å kunne gjere ein god jobb for alle barn som oppheld seg i Noreg, er barnevernsmyndigheitene avhengige av å ha tilstrekkeleg tillit i befolkninga. Regjeringa jobbar derfor kontinuerleg for å styrke barnevernet sin kompetanse i møte med barn og familiar med innvandrarbakgrunn. Sjå nærmare omtale av barnevernet i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk.
BLD fører vidare den særskilte innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv. Innsatsen vil bygge på erfaringar frå Losprosjektet, som blir avslutta i 2013. Dette arbeidet inngår som ein del av regjeringa sin innsats for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring og skjer i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet.
Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle, og sikre at rettane til barn og unge blir innarbeidd i kommunale planar.
BLD vil òg i 2014 støtte opp om arbeid retta mot barn og unge med nedsett funksjonshemming, mellom anna gjennom jamleg dialog med samanslutninga Unge funksjonshemmede.
Delmål 5.3: Tiltak mot fattigdom blant barn og unge
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2011–2012).
Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn
Den særskilte satsinga retta mot barn, ungdom og familiar råka av fattigdomsproblem blei ført vidare i 2012 gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Innsatsen blei styrkt i 2012. 40,5 mill. kroner blei fordelt på om lag 180 tiltak i dei 23 bykommunane og 8 prioriterte bydelane som er omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til tiltak som fremmer deltaking i kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar for barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem, og til tiltak som bidreg til kvalifisering og inkludering mellom anna gjennom etablering av alternative meistringsarenaer. Det blei òg gitt støtte til meir langsiktige og samordnande tiltak som bidreg til å motverke marginalisering av barn og unge.
BLD si tilskotsordning retta mot fattigdom inngår i regjeringa si samla satsing mot barnefattigdom. Tilskotsordninga er sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar og satsingar. Her kan det særleg visast til Arbeidsdepartementet si tilskotsordning Kompetanse og utviklingstiltak for å forebygge og redusere fattigdom blant barn, unge, og barnefamilier som er i kontakt med sosialtjenesten. Sjå omtale under Arbeidsdepartementet sin Prop. 1 S (2013–2014).
Strategiar og tiltak for 2014
BLD vil leggje til rette for at barn og unge får moglegheiter til å delta og utvikle seg i samfunnet uavhengig av foreldra sin økonomiske og sosiale situasjon. Det vil i 2014 bli etablert ei ny nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Den nasjonale ordninga mot barnefattigdom skal bidra til at fattige barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar og familiane tilgang til ferieopplevingar. Innsatsen mot barnefattigdom, som har vore ein del av tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, vil bli lagt inn i den nye nasjonale ordninga.
Den nye nasjonale tilskotsordninga inngår i regjeringa si samla satsing mot barnefattigdom. Tilskotsordninga blir sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar og satsingar. Her kan ein særskilt vise til Arbeidsdepartementet si tilskotsordning Kompetanse og utviklingstiltak for å forebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamilier som er i kontakt med sosialtjenesten. Det er eit mål at det skal bli enklare for søkjarane å få ei heilskapleg oversikt over ordningane. Arbeidsdepartementet gir i sin Prop. 1 S (2013–2014) ei samla oversikt over regjeringa si innsats mot fattigdom. Sjå òg omtale under kap. 857, post 61.
Delmål 5.4: Makt og påverknad for barn og unge
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane
BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordninga for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Midlane blir fordelt av Fordelingsutvalet. Det var i 2012 ein liten nedgang i talet på organisasjonar som søkte om støtte gjennom denne ordninga, frå 97 til 95. Det blei fordelt 95,7 mill. kroner i nasjonal grunnstønad til 88 organisasjonar. Vidare blei det fordelt 3,5 mill. kroner i internasjonal grunnstønad til 28 organisasjonar.
I tillegg fordelte Bufdir 10,7 mill. kroner i nasjonalt driftstilskot og 3,1 mill. kroner i internasjonalt driftstilskot til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede.
Unge si makt og deltaking
Utgreiinga Ungdom, makt og medvirkning (NOU 2011: 20) blei sendt ut til brei offentleg høyring våren 2012. Utvalet drøfta korleis ordningane som skal sikre ungdom høve til å seie kva dei meiner, og at dei blir høyrt og representert, fungerer. Utvalet la fram 49 forslag for å styrkje ungdom si makt og deltaking i samfunnet, fordelt på 7 område.
Departementet har vurdert anbefalingane frå utvalet i lys av fråsegnene frå 128 høyringsinstansar. Departementet har innleidd eit samarbeid med andre departement om oppfølging av fleire av forslaga til utvalet.
Strategiar og tiltak for 2014
Det er behov for eit kontinuerleg søkjelys på den retten barn og ungdom har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Departementet vil stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og ungdom, slik at dette blir ein viktig og innarbeidd del av verksemda til kommunane.
Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD vil føre vidare tilskotsordninga for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar grunnstønad til både nasjonalt og internasjonalt arbeid, jf. forskrifta om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge.
Unge si makt og deltaking
Departementet vil i 2014 halde fram å arbeide med forslag frå eit offentleg utval som har levert ei utgreiing om ungdom si makt og deltaking, NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medvirkning. Regjeringa har vedteke å lovfeste eit medverknadsorgan for ungdom i kommunar og fylkeskommunar. Departementet deltek i lovprosjektet, som er leidd av Kommunal- og regionaldepartementet. Eit høyringsnotat med frist i november 2013 er sendt alle kommunar.
Delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon
Samarbeidet med Bufdir om tilrettelegging og utvikling av foreldrerettleiingsprogram i kommunane blei ført vidare. Direktoratet har hovudansvaret for å følgje opp Program for foreldrerettleiing. Målet er å få til ei god spreiing av tilbodet på landsbasis. Per 31. desember 2012 hadde om lag 155 kommunar (inkludert 14 bydelar i Oslo) fått, eller var i ferd med å få, foreldrerettleiingskompetanse for foreldregrupper. På same tidspunkt var det 85 utdanna trenarar innanfor Bufetat (i familievern og fagteam) og rundt 2 622 sertifiserte rettleiarar.
Kunnskapsutvikling i barnevernet
BLD og Bufdir arbeidde i 2012 med å styrkje kunnskapsgrunnlaget i barnevernet. Støtte til barnevernsforsking blei vidareført. Satsinga bygde på den langsiktige forskings- og utviklingsstrategien (2009–2012) frå departementet og direktoratet på området. Forskingsinnsatsen har gitt viktige innspel til arbeidet på fosterheimsområdet og til utvikling av barnevernet.
I 2012 starta eit nytt treårig forskingsprosjekt om hjelpetiltak i barnevernet, sett i gang av Bufdir på vegne av BLD. Formålet er å gi meir presis kunnskap om kven som får hjelpetiltak frå barnevernet, kva tiltaka inneheld, kva mål dei skal oppnå, og korleis resultata av tiltaka blir vurdert, òg samfunnsøkonomisk. Prosjektet skal òg gi innsikt i korleis barnevernstenesta arbeider med hjelpetiltaka, med vekt på evaluering av tiltaka og resultat av evalueringa.
KS har saman med Oslo kommune sett i gang prosjektet Evaluering av hjelpetiltak. Prosjektet skal gi grunnlag for å styrkje kvaliteten på tenestene i barnevernet og sikre at tiltaksplanane blir utarbeidd på brukarane sine premissar. Det er utvikla ein metodikk til bruk for tilsette i barnevernet når dei skal evaluere hjelpetiltak. Involverte kommunar har vore Oslo (fire bydelar), Bergen, Trondheim og Asker. Frå gjennomføringa i desse kommunane er det utgitt ein rettleiar: Nå vet vi bedre hva vi gjør – Evaluering av hjelpetiltak i barnevernet – med tiltaksplaner som praktisk forankring (oktober 2012). KS vil fortsette prosjektet med nye kommunar i 2013. Departementet vil følgje den vidare utviklinga av prosjektet nøye.
For å skipe meir heilskaplege forskings- og kompetansemiljø knytt til barn og unge si utvikling og behovet deira for samansette tenester, har Helse- og omsorgsdepartementet og BLD arbeidd for å slå saman utviklingssentera i barnevernet og regionsentera for barn og unge si psykiske helse. Slike samanslåingar er tidlegare år sett i verk i region Nord og region Vest. Barnevernets utviklingssenter i Midt-Noreg og Regionsenter for barn og unge si psykiske helse i Midt-Noreg blei slått saman til Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) i Midt-Noreg frå og med januar 2013.
Departementet har mellom anna gjennomført tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2012. Som ledd i handlingsplanen gjekk departementet hausten 2011 inn for å vidareføre Alarmtelefonen for barn og unge i 2012 og 2013. Det blei sett i gang eit arbeid for å utforme eit strategidokument om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge for perioden 2014–2017. Strategien blei lansert i september 2013, og er eit samarbeid mellom BLD, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet og inneheld rundt 40 tiltak. Dokumentet inneheld både ein strategidel med tiltak og ein kunnskapsdel.
Departementet har i 2012 tinga og fått statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om einslege mindreårige flyktningar i barnevernet. Statistikken gir nyttig innsikt i kva tiltak einslege mindreårige flyktningar tek imot frå barnevernet, fordelt etter alder, kjønn og fødeland. Ein slik statistikk vil mellom anna bli brukt til å vidareutvikle omsorgstilbodet til einslege mindreårige.
Utviklingsarbeid i barnevernet
Utgreiinga om det biologiske prinsippet i barnevernet, NOU 2012: 5 Om bedre beskyttelse av barns utvikling, blei sendt ut til offentleg høyring i 2012. Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven inneheld ei vurdering av oppfølginga av nokre av forslaga frå denne utgreiinga, og departementet sette i gang eit arbeid for å følgje opp desse. Dette gjeld mellom anna å vurdere om, og i tilfelle korleis, prinsippa om barnets beste, tilknytings- og relasjonskvalitet, biologiske band, mildaste effektive inngrep og barnet sin medverknad kan presiserast ytterlegare i barnevernlova.
Gjennom arbeidet med Prop. 106 L (2012–2013) vurderte også departementet mellom anna innspela frå barnevernspanelet, Raundalenutvalet og Befringutvalet og innspel frå barn og unge med erfaring frå barnevernet.
NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet (Befringutvalet)inneheld forslag om kvalitetsutvikling av studium og studiemiljø i lys av det framtidige kompetanse- og kvalifiseringsbehovet i barnevernet. Rapporten viste mellom anna til behov for å styrkje det faglege innhaldet i grunnutdanningane, kvalitetskrav til studieopplegg og til etablering av eit nasjonalt fagråd. Departementet har i 2012 hatt tett samarbeid med mellom anna Kunnskapsdepartementet om å følgje opp desse tilrådingane i samarbeidet om Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om utdanning for yrka i velferdsstaten.
Befringutvalet tilrår òg å etablere ei turnusordning etter avslutta barnevernsutdanning. BLD har i 2012 sett i gang eit arbeid med å etablere ei vidareutdanning i rettleiing, der erfarne tilsette i barnevernet skal bli kvalifisert til å gi profesjonell rettleiing til nyutdanna, nytilsette kollegaer. BLD sette i 2011 òg i gang eit forsøksarbeid i Bærum kommune der nyutdanna og nytilsette får rettleiing i sitt første år som tilsette i barnevernstenesta. Høgskolen i Oslo og Akershus og Diakonhjemmet Høgskole deltar i prosjektet, og skal mellom anna evaluere arbeidet. Forsøket blei ført vidare i 2012.
Departementet har følgt opp utvalet si tilråding i 2012 om eit nasjonalt fagråd. I 2012 fekk Bufdir i oppdrag å etablere eit samarbeidsorgan for styresmaktene på barneverns- og utdanningsområdet, praksisfeltet og utdanningane som kvalifiserer for arbeid i barnevernet. Samarbeidsorganet består av representantar frå Statens helsetilsyn, det statlege barnevernet, kommunar, BLD, utdanningsinstitusjonar og nasjonalt råd for helse- og sosialfagutdanning. Formålet med organet er å styrkje samarbeidet mellom deltakarane og å bidra til å vidareutvikle gode, relevante og likeverdige utdanningstilbod for arbeid i barnevernet.
Utvikle tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle tilbod til barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke foreldre
Bufetat har sett i gang opplæring av barnevernstilsette i bruk av kartleggingsverktøy, der målet er å kartleggje ungdom sine rusproblem og livssituasjon. I 2012 har Bufetat prøvd ut tre kartleggingsverktøy i fagteam, mellom anna EuroADAD. Erfaringa med utprøvinga er god, og er eit viktig bidrag i det vidare arbeidet med fagleg standardisering i etaten.
Som ledd i regjeringa si satsing på barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre er det sett i gang forsøk i 26 kommunar i perioden 2007–2014. Målet er å utvikle gode modellar for tidleg intervensjon, samarbeid og systematisk oppfølging av målgruppa. Forsøket blir evaluert av konsulentselskapet Deloitte. Ein delrapport for 2012 peiker på at kommunane har tatt i bruk kartleggingsverktøy som gjer sentrale instansar betre i stand til å fange opp barn/familiar med utsett psykisk helse og rusmisbruk. Målretta kompetanseheving har økt kunnskapen om målgruppa i hjelpeapparatet. Særleg er samarbeidet mellom barnevern, barnehage og helsestasjon blitt betre.
Utvikle tiltaka i det statlege barnevernet
Forsking viser at for dei fleste barn som ikkje kan bu i eigen familie, er fosterheim det beste tilbodet. I 2012 har opphaldsdagar i både statlege og private institusjonar gått ned, og fleire barn blir plassert i fosterheim. Den totale endringa i prosent er litt større i dei statlege institusjonane.
For nokre barn vil institusjon likevel vere det beste plasseringstilbodet. Undersøkingar viser at det er nødvendig med eit godt utbygt og differensiert institusjonstilbod. I 2012 har Bufetat fått ein klarare definert målgruppeprofil i ei rekkje statlege institusjonsavdelingar, og gjort institusjonstiltaka meir spesialiserte. Bufdir arbeider vidare med å differensiere institusjonstilbodet gjennom å målrette institusjonsavdelingar for dei ulike målgruppene.
Bufetat har det nasjonale ansvaret for koordinering og drift av arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Sett i lys av svingingane i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg, ønskjer departementet ei meir fleksibel organisering av dette tilbodet. I 2012 blei det bestemt å leggje ned Skiptvet omsorgssenter.
I tråd med Kompetanseplan 2011–2013 for Bufetats arbeid med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar har Bufdir i 2012 gjennomført kompetansehevande tiltak for alle omsorgssentera. Tema var flyktningfagleg kompetanse og resiliensfremmande arbeid med barna. Det blei teke sikte på at alle barna i omsorgssentera skulle få eit skoletilbod i tråd med opplæringslova.
Menneskehandel
Regjeringa har utarbeidd ein ny handlingsplan mot menneskehandel, Saman mot menneskehandel, som gjeld i perioden 2011–2014. Departementet og Bufdir har følgt opp barnetiltaka i handlingsplanen. Dette gjeld mellom anna vidareutvikling av omsorgstilbodet for mindreårige ofre, og styrking av innsatsen for å forhindre at barn forsvinn frå omsorgssenter og asylmottak.
Strategiar og tiltak for 2014
Kunnskaps- og tiltaksutvikling
I 2014 vil departementet arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Eit av dei sentrale måla er å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte. Departementet er oppteken av at kvaliteten på tiltaka i barnevernet er god, slik at barn og familiar som treng det, i størst mogleg grad får verksam hjelp. Det vil mellom anna seie at hjelpa må tilpassast ut frå behova til det enkelte barnet, og at hjelpa må vere tilgjengeleg for dei som treng ho. Barnevernet skal gi tiltak med best mogleg kvalitet og god kompetanse i tråd med det brukarane sjølve seier, erfaringane tilseier og forskinga viser at barn og unge treng.
Bufdir vil mellom anna halde fram med å systematisere erfaringar frå bruken av hjelpetiltak gjennom forsking for å få eit meir kunnskapsbasert barnevern. Hjelpetiltak frå barnevernet skal tilpassast livssituasjonen til det enkelte barn og familie, og barn skal få hjelp som fører til positive endringar i livet deira. Statleg barnevern skal framleis utvikle forskingsbaserte hjelpetiltak. Målet er å vidareutvikle fagleg kompetanse og bidra til eit likeverdig barnevern. Omfanget av tilbodet skal vurderast på eit heilskapleg grunnlag og ut frå omsynet til kommunane sine ulike føresetnader for å vareta tilsvarande tiltak.
BLD vil halde fram arbeidet med å styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet, mellom anna gjennom finansiering av vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv. Høgskolane i Finnmark, Lillehammer, Oslo og Telemark tilbyr utdanninga.
Som ein del av oppfølginga av Meld. St. 27 (2011–2012) Barn på flukt, blir det no sett i gang eit prosjekt som skal innhente meir kunnskap om livssituasjonen til barn som søkjer asyl. Målet med kartlegginga er å identifisere og finne nærmare ut korleis tenestene til barn i mottak og omsorgssenter fungerer, og korleis offentlege tenester – som barnehage, skole, helsetenester og barnevern – følgjer opp barn som søkjer asyl. Barn sine eigne synspunkt og erfaringar med tilbodet skal vere ein del av levekårsundersøkinga. Det blir lagt opp til at undersøkinga skal gjerast jamleg, slik at utviklinga over tid kan dokumenterast og samanliknast. Den første undersøkinga blir gjennomført i løpet av 2014.
Gjennom eit kvalitetsutviklingsprogram blir det arbeidd med å styrkje kvaliteten i tilbodet. Dei viktigaste tiltaka her er:
Å halde fram arbeidet med eit differensiert institusjonstilbod for å redusere risiko for negativ sosial læring
Utvikle kompetansen til dei tilsette i institusjonane. Nyutdanna og nytilsette i institusjonane skal få profesjonell rettleiing av erfarne kollegaer.
Opplæring for tilsette i institusjonane om barn si psykiske helse. Mange barn i barnevernsinstitusjonane har psykiske vanskar, og dei tilsette treng difor god kunnskap om behova til desse barna.
Starte eit arbeid med å utvikle eit vidareutdanningstilbod på mastergradsnivå for leiarar i barnevernsinstitusjonane i 2014. Dette er eit viktig tiltak for å ha gode leiarar i institusjonane.
Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar vil òg halde fram i 2014, og Bufdir vil setje i verk tiltak for å auke kunnskapen om korleis rekrutteringa av fosterheimar kan bli betre. Direktoratet vil rette særleg merksemd mot å rekruttere fleire fosterfamiliar frå grupper som er underrepresenterte i dag, mellom anna minoritetar og lesbiske og homofile.
Satsinga på FoU vil byggje på ein ny langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsområdet som mellom anna trekkjer fram kva område det skal satsast på dei neste åra. Dette gjeld til dømes å få oppdatert kunnskap om barnevernsbarn sin psykiske og fysiske situasjon og skolegang.
Departementet er oppteken av å utvikle kompetansen og tiltaka på fleire område i det kommunale barnevernet. Særleg vil departementet styrkje utgreiingskompetansen og vurderinga av uromeldingar i barnevernet. Betre utgreiingar vil gi betre føresetnader for riktig tiltak for det einskilte barn.
Som ledd i arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet, føreslår regjeringa å styrkje finansieringa av barnevernspedagogutdanninga gjennom ei kategoriendring frå F til E i finansieringssystemet for universitet og høgskolar frå hausten 2014. Målet med styrkinga av utdanninga er å utvikle kvaliteten i utdanninga, blant anna gjennom meir robuste fagmiljø og tettare samarbeid med arbeidslivet. Sjå nærmare omtale av løyvingsforslaget i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.
Innsats mot vold mot barn er eit særskilt satsingsområde i 2014, kor styrking av kompetansen til dei tilsette er viktig. Eit tiltak i strategien mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge er for eksempel at vald og seksuelle overgrep skal inkluderast i prosessen med å utarbeide felles innhaldsdel i helse- og sosialfagutdanningane. Vald og seksuelle overgrep skal òg inkluderast i prosessen med styrking av den samla, sosialfaglege kompetansen i barnevernspedagog- og sosionomutdanninga, i tråd med kompetansebehova.
Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon
Departementet ønskjer framleis å styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak, og på den måten unngå problemutvikling. Det gjeld til dømes å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra, for å unngå plassering i fosterheim og på institusjon. Det er òg behov for at det i lokalmiljøa finst førebyggjande tilbod til utsette familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. På bakgrunn av ovannemnde vil departementet prøve ut programmet Nurse Family Partnership. Vidareutvikling av dette arbeidet skal skje i fagmiljøa i Bufdir.
Direktoratet held på å lage ei rettleiing om funksjonshemma barn i barnevernet. Rettleiinga skal betre barnevernet sin kompetanse på omsorgssvikt i kombinasjon med funksjonsnedsetting. I 2014 vil direktoratet leggje til rette for at kunnskapen og tilrådingane blir tekne i bruk.
I NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling er det kome fram forslag som mellom anna skal bidra til at utsette barn får hjelp tidlegare i livet, og som skal bidra til ein meir stabil omsorgssituasjon. Departementet vil prioritere nokre av forslaga frå utgreiinga. Desse er omtalt i Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven. Departementet er mellom anna oppteken av at barn som ikkje er fødd skal ha betre vern, og vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet setje i gang ei utgreiing av tiltak knytta til vern av barn som ikkje er fødd. Barnevernet skal òg ha eit betre grunnlag for å vurdere omsorgsovertakingar, der det beste for barnet framleis skal vere grunnregelen for alt arbeid. Det beste for barnet skal vere basert på følgjande faglege prinsipp: tilknytings- og relasjonskvalitet, biologiske band, mildaste effektive inngrep og barnet sin medverknad. Medverknad og tilknytings- og relasjonskvalitet er nye prinsipp. Departementet vil vurdere om det er hensiktsmessig at desse prinsippa blir lovfesta, og korleis dette eventuelt skal kunne gjerast. Like viktig er det å styrkje kompetansen i barnevernet om prinsippa. Dette som ein del av regjeringa si satsing på å styrkje rettleiing og opplæring av tilsette i barnevernet.
Arbeid mot vald og overgrep
BLD lanserte i september 2013 Barndommen kommer ikke i reprise – strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom(2014–2017) saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Strategien gir retning for arbeidet mot vald og seksuelle overgrep nasjonalt, regionalt og lokalt dei neste åra, og viser kor viktig førebyggjande og tidleg innsats er for å hindre krenkingar, vald og overgrep barn og ungdom kan bli utsett for, òg digitalt. Det er behov for god og tilpassa informasjon, effektive tiltak og eit tettare samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser for å gi rask, god og heilskapleg hjelp. Eksempel på tiltak i strategien er gjennomgang av dagens informasjons- og kursverksemd til barn og ungdom om vald og seksuelle overgrep og ei tydeliggjering i 2014 av rolla til dei fem regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og selvmordsførebygging (RVTS) i etableringa av gode samarbeidsformer i arbeidet mot vald i nære relasjonar.
Departementet har lagt fram ein handlingsplan mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap for perioden 2013–2016. Eitt av tiltaka i planen er kompetanseheving i barnevernstenesta på tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Eit anna tiltak er informasjonstelefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Bufdir følgjer opp desse tiltaka i 2014.
BLD vil i samarbeid med andre departement og direktorat følgje opp og settje i verk dei barneretta tiltaka i handlingsplanen Saman mot menneskehandel (2011–2014). Dette gjeld mellom anna å innhente forskingsbasert kunnskap om situasjonen til mindreårige offer i Noreg, og å settje i gang arbeidet med å revidere rundskrivet Barnevernets ansvar for mindreårige som er utsette for menneskehandel.
Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
BLD vil føre vidare ordninga med statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar utover ein eigendel. Utgiftene til formålet har auka svært mykje dei siste åra. Dette skuldast mellom anna at fleire barn har blitt omfatta av ordninga, og at dei einskilde tiltaka kostar meir enn tidlegare. Regjeringa føreslår at delen av utgiftene som skal refunderast, reduserast frå 100 prosent til 90 prosent av utgiftene som overstig den kommunale eigendelen. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar blir ført vidare.
Endringar i finansieringsansvaret ved bruk av barnevernsinstitusjon
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslag i Prop. 106 L (2012–2013) om gradvis å auke kommunane si eigenbetaling ved bruk av institusjonsplassar. Eigenbetalinga vil dermed i større grad spegle dei faktiske kostnadene til tiltaket. Målet er å leggje til rette for barnevernsfaglege vurderingar for å finne riktige tiltak og for å betre samhandlinga mellom statleg og kommunalt barnevern. Departementet føreslår å auke kommunane sine eigendelar med 5 prosentpoeng frå dagens eigendel, som tilsvarar om lag 15 prosent for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn.
Departementet vil vurdere endringar i den statlege refusjonsordninga for utgifter til fosterheim når evalueringa av fosterheimsområdet er klar i 2014.
Tydelegare ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om tydelegare ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern i samsvar med ansvarsdelinga etter barnevernlova. Utgreiing av barnet sitt behov for tiltak høyrer til ansvarsområdet til kommunane. Statleg barnevern skal derfor ikkje lenger bidra med å greie ut barn som ei teneste til kommunar som har behov for slik fagleg støtte. Statleg barnevern skal i ein overgangsperiode på tre år tilby slike tenester mot kommunal eigenbetaling.
Fagråd
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om å etablere eit nasjonalt fagråd for kommunalt og statleg barnevern. Fagrådet skal vere ein arena for generelle drøftingar av tiltaksapparatet mellom dei to forvaltingsnivåa i barnevernet. Utforming og utvikling av fagrådet som samhandlingsarena må skje i nært samarbeid mellom kommunane og statleg barnevern. Fagrådet vil bli etablert i 2014.
Fagdirektoratsoppgåver til Bufdir
Stortinget slutta seg våren 2013 til regjeringa sitt forslag i Prop. 106 L (2012–2013) om å tildele Bufdir fagdirektoratsoppgåver for barnevernsfeltet. I dag har Bufdir denne rolla for institusjonsbarnevernet, men ikkje for det kommunale barnevernet. Målet er å fremme kvalitet og kunnskapsbasert praksis gjennom faglege anbefalingar til støtte for arbeidet i barnevernet. Direktoratet skal på sikt vere koordinator og ha ansvar for utarbeiding av faglege anbefalingar. Direktoratet vil òg få ansvar for å utvikle indikatorar på barnevernsområdet, og å spreie kunnskap og vere ein pådrivar for at alle delar av barnevernet tar i bruk nasjonale kvalitetsmål. Arbeidet vil bli starta i 2014.
Delmål 6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Barnevern
Nye reglar i barnevernlova om mellombels plassering i institusjon utan samtykke av barn utsett for menneskehandel blei vedtatt 22. juni 2012 og tredde i kraft 1. august 2012. Endringa inneber at desse barna har fått eit særleg tilrettelagt institusjonstilbod som gir eit nødvendig vern mot menneskehandel.
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013). Formålet med lovendringane er å sikre høg kvalitet i arbeidet til barnevernet gjennom krav til rettstryggleik, forsvarlege tenester, barn sin medverknad og god samhandling mellom forvaltingsnivåa. Proposisjonen inneheld ein meldingsdel som mellom anna omhandlar behovet for god kvalitet og kompetanse, samt behovet for samarbeid mellom tenester. Meldingsdelen inneheld òg ei vurdering av oppfølging av nokre av forslaga i NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling. Barn sin rett til medverknad blir føreslått styrkja gjennom ei overordna bestemming i barnevernlova, og ved å lovfeste at barn som barnevernet har overtatt omsorga for, skal kunne ha med seg ein tillitsperson i møte med barnevernet. Hjelpetiltak skal bidra til positiv endring hos barnet og familien, og det blir føreslått at dette formålet går fram av loven. Proposisjonen inneheld òg forslag om å lovfeste krav til forsvarlege tenester, å gje barnevernstenesta plikt til å halde kontakt med barn under 18 år i fengsel for å leggje til rette for høvelege barnevernstiltak etter soning, samt forslag som skal styrkje tilsynet med barn i fosterheim, og å innføre heimel for tilsyn med statlege tenester og tiltak. I tillegg omhandlar proposisjonen forslag til endringar og presiseringar i ansvarstilhøva mellom stat og kommune på barnevernsområdet. Dette gjeld òg den økonomiske ansvarsfordelinga. Lovendringane vil tre i kraft når det blir løyvd midlar til desse endringane.
Ny forskrift om barnet sin talsperson i saker som skal behandlast i fylkesnemnda blei sett i kraft 1. mars 2013. Formålet med ordninga med talsperson er å leggje til rette for at barnet skal få fram sitt syn i saka. Endringane vil bidra til å styrkje barna sine rettar til medverknad, og sikrar at forskrifta er meir i samsvar med FNs barnekonvensjon.
I samband med ein prinsipiell gjennomgang av Stortingets rettferdsvederlagsordning har BLD konkludert med at beviskrava i fosterheimssakene etter St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar framleis skal handsamast i tråd med noværande praksis. Dette av tungtvegande personvernomsyn. For nærmare omtale av den prinsipielle gjennomgangen, sjå Justis- og beredskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2013–2014).
Effektivt og målretta tilsyn
Forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling er endra slik at kravet om årleg systemrevisjon av barnevernsinstitusjonar er erstatta med ei plikt til regelmessig å vurdere behovet for tilsyn med den enkelte institusjonen. Forslaget blei sendt ut til høyring hausten 2012 og fekk brei støtte. Endringa tredde i kraft 1. juli 2013.
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om å endre systemet for tilsyn med barn i fosterheimar. Lovendringa går ut på at dagens tilsynsførarordning blir erstatta av eit meir profesjonalisert og tydelegare kommunalt forankra tilsynsansvar.
Adopsjon
Som ledd i å følgje opp utgreiinga frå det regjeringsoppnemnte utvalet som leverte si innstilling i 2009 (NOU 2009: 12), sette regjeringa hausten 2012 ned eit lovutval som skal utarbeide eit forslag til ei heilt ny adopsjonslov. Lovutvalet skal leggje fram si innstilling 15. august 2014. Departementet la òg fram ein lovproposisjon for Stortinget om enkelte endringar i adopsjonslova våren 2013.
Talet på søknader om adopsjon og talet på adopsjonar har dei siste åra gått vesentleg ned. Ventetida for adoptivsøkjarar har auka. Som følgje av dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytt til mellom anna finansieringa av verksemda. Det er viktig at organisasjonane på ein formålstenleg og effektiv måte heile tida er i stand til å ta hand om dei særskilte omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet med adopsjonsformidlinga av barn frå utlandet. Løyvinga til dei 3 godkjente adopsjonsorganisasjonane auka med 0,8 mill. kroner i 2011 og var i 2012 på 2 mill. kroner.
Strategiar og tiltak for 2014
Oppfølging av Prop. 106 L (2012–2013) om endringar i barnevernlova
Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) til forslaga om endringar i barnevernlova. Lovendringane om tilsyn med barn i fosterheim, barn sin medverknad, tillitsperson og om institusjonar med heim krev utvikling av reglar i forskrift.
Effektivt og målretta tilsyn
Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) til forslaget om å endre dagens reglar om tilsyn med barn i fosterheim. Lovendringa går ut på at dagens tilsynsførarordning blir erstatta av eit meir profesjonalisert og tydelegare kommunalt forankra tilsynsansvar. Departementet vil i samsvar med føresetnadene i proposisjonen utvikle nærmare reglar om innhaldet i dette tilsynet. Lovendringa blir først sett i kraft 15. juli 2014 for å gi kommunane tilstrekkeleg tid til å forberede seg til den nye tilsynsplikta. Heilårseffekten av lovendringa er berekna til 32 mill. kroner i 2015.
Stortinget slutta seg òg til forslaget om å gi fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med alle statlege tenester og tiltak etter barnevernloven, ikkje berre institusjonane. Endringa betyr at det no kan førast tilsyn med heile tiltakskjeda i barnevernet.
Barnesakkunnig kommisjon
Barnesakkunnig kommisjon (BSK) har vore i drift i fire år ved starten av 2014. Kommisjonen skal kvalitetssikre alle rapportar levert av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane, jf. barnevernlova § 2-5 med tilhøyrande forskrift.Målet er å kvalitetssikre sakkunnige rapportar i barnevernet. Ei evaluering av kommisjonen er sett i gang i 2013.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Fylkesnemnda har vedtaksrett for dei såkalla tvangssakene i barnevernet, og over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova. Det er av avgjerande betyding for kvaliteten og omsynet til dei aktuelle partane at sakene blir handsama og avgjort så raskt som mogleg.
For å sikre målet om god, forsvarleg og effektiv sakshandsaming skal nemnda handsame fleire saker, redusere restansane og sakshandsamingstida, samt halde fram arbeidet med å utjamne skilnadene i sakshandsamingstid mellom dei ulike nemndene. Dette skal ein gjere gjennom auka kapasitet og framleis å effektivisere.
Det er sett av over 19 mill. kroner til utvikling av nytt sakshandsamingssystem i fylkesnemndene, da det noverande er utrangert og lite effektivt. Total budsjettramme for sakshandsamingssystemet er anslått til 32 mill. kroner. Det vil alltid vere knytt usikkerheit til anslag av slike anskaffingar. Eit meir sikkert anslag vil vere klart når ein detaljert kravspesifikasjon er ferdigstilt. Eit fungerande sakshandsamingssystem i fylkesnemndene er nødvendig for å oppnå effektivitet i sakshandsaminga, og for å vareta rettstryggleiken og personvernet i saker om tvang i barnevernet. Nytt sakshandsamingssystem vil i tillegg gi betre oversikt og utnytting av ledig kapasitet, òg på tvers av nemndene, samt gi langt betre statistikk over fylkesnemndene sin aktivitet.
Utdanningsprogram for barnevernsfagleg sakkunnige
BLD vil føre vidare støtta til Norsk Psykologforening til å arrangere utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova.
Adopsjon
BLD legg vekt på å følgje Noregs plikter internasjonalt på adopsjonsfeltet. Det er viktig å sikre eit forsvarleg og effektivt tilsyn med dei tre godkjende organisasjonane som er involvert ved adopsjon av barn frå utlandet. Organisasjonane skal på ein formålstenleg og effektiv måte heile tida vere i stand til å ta hand om dei særskilte omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet med adopsjonsformidlinga av barn frå utlandet. Som følgje av nedgangen i talet på adopsjonar og auka ventetid for adoptivsøkjarar, har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytt til mellom anna finansieringa av verksemda. Departementet gav dei tre godkjente adopsjonsorganisasjonane ei driftsstøtte og ei støtte til å drive generelt informasjonsarbeid om internasjonal adopsjon.
Departementet har følgt opp enkelte av forslaga i NOU 2009: 21 Adopsjon – til barnets beste ved å fremme ein lovproposisjon for Stortinget våren 2013 om enkelte endringar i adopsjonslova. Forslaga går mellom anna ut på å flytte ansvaret for å greie ut adoptivsøkjarar frå kommunen til regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten, og å gjere tydelege dei krava som bør stillast til søkjarar ved adopsjon av barn frå utlandet. Departementet legg til grunn at desse forslaga på ein betre måte vil sikre lik handsaming av søknader om adopsjon av barn frå utlandet. I tillegg føreslår departementet å opne for at sambuarar skal kunne bli vurdert som adoptivforeldre på lik linje med gifte. Fleire av forslaga inneber at det må utarbeidast forskrifter før eventuelle lovendringar blir sett i kraft.
Departementet vil òg følgje opp lovutvalet si utgreiing med forslag om ei ny adopsjonslov når denne er klar i august 2014.
Departementet vil òg sørgje for å kartleggje kva for nokre land som tillet adopsjon til homofile og lesbiske par.
Delmål 6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Vidareutvikle samarbeid med KS
BLD har ført vidare samarbeidet med KS om utvikling av barnevernet i kommunane. Samarbeidet med KS skjer i regi av ei eiga Samarbeidsavtale om barnevernet, som gjeld for perioden 2011–2013. BLD har gitt økonomisk støtte til KS sitt effektiviseringsnettverk for barnevern og har samarbeidd med KS om Barnevernet si tvisteløysingsnemnd (BTN). Nemnda handsamar saker der det er usemje mellom statleg og kommunalt barnevern om løysingar og betalingsansvar.
Betre samordning av tenester for barn og unge
BLD har i samarbeid med andre departement vurdert forslaga i NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt. Om bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge (Flatøutvalet). Oppfølginga av forslaga er nærmare omtalt i Prop. 106 L (2012–2013). Departementet har mellom anna saman med Helse- og omsorgsdepartementet gitt Bufdir og Helsedirektoratet felles oppdrag for å styrkje samarbeidet mellom barnevern og psykisk helsevern for barn og unge. Direktorata skal utarbeide felles retningslinjer for samarbeidet og leggje til rette for forpliktande samarbeidsavtaler mellom helsetenester og barnevern på både kommunalt og statleg nivå.
Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet
Departementet førte i 2012 vidare den økonomiske stønaden til organisasjonar som Norsk Fosterhjemsforening, Landsforeningen for barnevernsbarn, Norsk Barnevernsamband, Vaksne for barn, Norsk barnevernlederorganisasjon (NOBO), PAG-stiftelsen og Røde Kors sitt samtaletilbod for barn og ungdom, Kors på halsen.
Frå 2012 blei ansvaret for støtte og oppfølging av Home-Start Familiekontakten, ein frivillig organisasjon som tilbyr hjelp i kvardagen til familiar med barn under skolealder, overført frå departementet til Bufdir. Ein stor del av familiane er einslege foreldre og/eller minoritetsspråklege. Home-Start har i mange år òg hatt ein eigen innsats retta mot familiar med kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne.
Barn som gjer kriminelle handlingar
Det er innført ei plikt i barnevernlova for barnevernstenesta til å møte i fengslingsmøte. Eit tverretatleg team er i 2012 etablert ved sonings- og varetektseininga for ungdommar som har gjort kriminelle handlingar. Teamet skal sørgje for ei fleirfagleg tilnærming til barna sine behov for å sikre at relevante forvaltingsstyresmakter følgjer opp den innsette både under og etter opphaldet i eininga.
Strategiar og tiltak for 2014
Betre oppfølging av biologiske foreldre
BLD vil styrkje tilbodet til oppfølging av biologiske foreldre som mistar omsorga for barn, mellom anna med samtale- og rettleiingstilbod, og vil sjå på modellar for å betre oppfølginga.
Betre samordning av tenester for barn og unge
BLD vil følgje opp tiltak i Prop. 106 L (2012–2013) for å betre samarbeidet mellom barnevernet og andre tenester. Departementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet starte ei utarbeiding av eit felles kunnskapsgrunnlag for korleis ein best kan oppdage og hjelpe utsette barn i førskolealder. Dette skal bidra til å betre samarbeidet mellom tenester som møter dei yngste barna, slik at fleire får rett hjelp på eit tidleg tidspunkt. Departementet vil saman med andre departement arbeide særskilt for å betre samarbeidet mellom barnevern, skole, NAV og psykiske helsevern for barn og unge, mellom anna i form av rettleiingar for samhandling og ansvarsdeling.
Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet
Brukar- og interesseorganisasjonar innanfor barnevern og tilgrensande område har alltid vore ein viktig del av det samla tilbodet til utsette barn, unge og familiane deira. Organisasjonane har kunnskap, nettverk og arbeidsmetodar som utfyller dei andre aktørane på feltet. Det er òg eit gode i seg sjølv for utsette barn og unge at nokon kan representere deira interesser i politikkutforminga. Departementet ønskjer brukarmedverknad og at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrt, og støttar òg samarbeid med organisasjonar på feltet. Støtte til organisasjonane vil bli lyst ut gjennom tilskotsordninga Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet, jf. òg omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern, og postomtala under kap. 854, post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid o.a.
Delmål 6.4: Tilstrekkeleg kapasitet i det kommunale barnevernet
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Satsinga på kommunalt barnevern inneber ei satsing på styrkt kompetanse. Nytilsette treng god oppfølging og rettleiing for å kunne takle utfordringane arbeid i barnevernet fører med seg. Regjeringa har i 2012 følgt opp tilrådinga i NOU 2009: 8 om å etablere eit turnusår etter avslutta utdanning. Sjå nærmare omtale under delmål 6.1 Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg slik at dei meistrar livet sitt og utviklar evnene sine.
I 2012 var det 53 200 barn og unge som tok imot tiltak frå det kommunale barnevernet. Det er 2 prosent fleire enn året før, og den lågaste veksten på 10 år. Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet: 55 prosent gutar mot 45 prosent jenter tok imot tiltak i 2012.
Åttitre prosent av barn og unge som var i barnevernet i 2012, tok imot hjelpetiltak. Vedtak om råd og rettleiing er det mest nytta tiltaket, og heile 21 200 slike tiltak blei registrert. Nesten 40 prosent av alle barn med tiltak i løpet av 2012 fekk råd og rettleiing. Andre tiltak som er mykje brukt er besøksheim og økonomisk hjelp, som høvesvis 20 og 19 prosent av barna nytta seg av i 2012. Veksten i delen barn og unge under omsorg var heile 6 prosent, som er meir enn 500 fleire barn enn året før. Dette er den kraftigaste oppgangen på fem år. Talet på påbegynte undersøkingssaker har hatt ein svak nedgang på vel 1 prosent til 34 600 frå 2011 til 2012. Dette utgjer 30 undersøkingar per 1 000 barn i alderen 0–17 år. Dei siste 5 åra har det vore ein auke i talet på påbegynte undersøkingar på mellom 7 og 11 prosent. 2012 skil seg derfor ut med ein nedgang.
Halvparten av alle meldingane som førte til undersøking kom frå barnevernstenesta, skole, foreldra (mor/far/føresette) og politi/lensmann. Den andre halvparten av meldingane kom frå 16 andre ulike instansar, som til dømes barnet sjølv, naboar, barnevernvakt, helsestasjon/skolehelseteneste, barnehage osv. Frå 2011 til 2012 hadde barnevernstenesta ein markant auke på 17 prosent i talet barnevernstenesta sjølv meldte frå om, og dei stod for 12 prosent av meldingane i 2012.
Talet på barn som får hjelp frå barnevernet har auka over fleire år. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet, har barn med behov for hjelp auka meir enn auka på nye stillingar. Rapportar frå fylkesmennene sitt tilsyn viser at mange av kommunane framleis ikkje oppfyller alle lovkrava. For å bidra til at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. For å betre kommunane si evne til å gi barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, øyremerkte derfor regjeringa i 2011, 2012 og 2013 til saman nær 0,5 mrd. kroner til det kommunale barnevernet. Hovuddelen av løyvinga har gått til nye stillingar, men kommunane har òg fått midlar til enkelte andre tiltak som styrkjer barnevernet lokalt, mellom anna kompetanse- og samhandlingstiltak. Måla med øyremerkinga er å styrkje barnevernstenestene i dei mest utsette kommunane. Medrekna satsing frå 2010 har det kommunale barnevernet auka med 850 nye stillingar frå 2010–2013.
Rapporteringar frå kommunane viser at satsinga i 2011 og 2012 har den ønskte effekten og har medverka til å snu ei negativ utvikling. Dei siste rapporteringane for 2012 viser ein nedgang i delen fristbrot. Fleire fosterbarn har tilsynsførar, og ein større del av barna har tiltaks- eller omsorgsplan. Samstundes er det framleis kommunar som ikkje klarer å overhalde alle krava i barnevernlova, og det er framleis store skilnader mellom kommunar. Statens helsetilsyn har summert opp funn frå det landsomfattande tilsynet med kommunalt barnevern i 2011 og 2012. Fylkesmennene, som utførte tilsyna, peikte på brot på barnevernlova i 87 av 99 kommunar. Riksrevisjonen leverte hausten 2012 Dokument 3:15 (2011–2012) Riksrevisjonens undersøking om det kommunale barnevernet og bruken av statlige virkemidler til Stortinget. Riksrevisjonen har vurdert i kva grad dei kommunale barnevernstenestene sikrar at barn som treng det, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og vurdert kva som kan vere moglege årsaker til svakheitene i det kommunale barnevernet.
Riksrevisjonen konkluderte med at mange barn som treng hjelp frå barnevernet ikkje blir fanga opp tidleg nok. Oppfølginga av barn med hjelpetiltak og barn i fosterheim er heller ikkje god nok, og tilbodet av hjelpetiltak er ikkje tilstrekkeleg. Undersøkinga viser òg at det manglar kunnskap om bruken og effekten av hjelpetiltak. Vidare er det behov for klarare krav til barnevernstenesta i sakshandsaminga i arbeidet med meldingar og undersøkingar, samt at det er nødvendig med meir bistand til kommunane for å styrkje leiarkompetansen og internkontrollen deira. Riksrevisjonen seier òg at direktoratet i større grad bør få fleire oppgåver knytt til barnevernet i kommunane, og at departementet bør skaffe seg betre styringsinformasjon om hjelpetiltak for å følgje utviklinga i tiltaksbruken. Riksrevisjonen meiner det er viktig at kommunane bruker hjelpetiltak som er basert på kunnskap frå forsking og erfaring, slik at det enkelte barn får best mogleg hjelp.
Strategiar og tiltak for 2014
Styrkt kapasitet og kompetanse i det kommunale barnevernet
Regjeringa føreslår å styrkje det kommunale barnevernet med ytterlegare 85 mill. kroner i 2014. Kommunane skal kunne søkje om midlar til 150 nye stillingar, samt kompetanse- og samhandlingstiltak. Saman med satsinga frå 2011–2013 vil om lag 600 mill. kroner vere øyremerkt det kommunale barnevernet i 2014. Medrekna satsinga i 2010, vil dette gi til saman 1 000 nye stillingar. Fylkesmannsembeta vil handsame søknadene frå kommunane.
Regjeringa si satsing på det kommunale barnevernet har ført til at fleire barn med behov for hjelp er blitt oppdaga. Dette har òg gitt auka vekst i det statlege barnevernet. Det er knytt usikkerheit til korleis utviklinga vil bli for det statlege barnevernet. Dersom ikkje kommunane lukkast med det førebyggjande arbeidet sitt, er det risiko for at behovet for statleg hjelp held seg på eit høgt nivå. I kva grad ein greier å utvikle stabile fagmiljø, spesielt i små kommunar, vil òg kunne påverke etterspurnaden etter statlege barnevernstenester.
Satsinga på kommunalt barnevern gir auka aktivitetsvekst i det statlege barnevernet på kort sikt. Barneverntjenester med få tilsette vil gjerne ha mindre kapasitet enn store tenester til å drive fagleg utvikling. Godt tverrfaglig samarbeid og eit samordna tenestetilbod vil derfor vere nødvendig for å gi et breiare fagleg fellesskap i kommunen. På den måten kan samarbeid kompensere for eit lite fagmiljø i små barnevernstenester. Kommunen kan søke om midlar til kompetanse- og samhandlingstiltak gjennom fylkesmannen.
Nærmare om budsjettforslaget
Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
850 | Barneombodet | 14 283 | 13 625 | 13 812 | 1,4 |
852 | Adopsjonsstønad | 11 494 | 15 865 | 12 694 | -20,0 |
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 149 013 | 162 500 | 183 879 | 13,2 |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 1 493 710 | 1 776 247 | 1 932 796 | 8,8 |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | 5 682 929 | 5 557 187 | 5 957 630 | 7,2 |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 256 516 | 197 703 | 200 139 | 1,2 |
857 | Barne- og ungdomstiltak | 224 569 | 222 525 | 258 506 | 16,2 |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 304 811 | 275 615 | 292 156 | 6,0 |
859 | EUs ungdomsprogram | 9 281 | 7 702 | 7 798 | 1,2 |
Sum kategori 11.20 | 8 146 606 | 8 228 969 | 8 859 410 | 7,7 |
Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
3850 | Barneombodet | 681 | |||
3853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 1 413 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | 1 037 140 | 945 243 | 1 096 570 | 16,0 |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 113 370 | 104 874 | 93 240 | -11,1 |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 18 288 | 433 | 433 | 0,0 |
3859 | EUs ungdomsprogram | 4 016 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 11.20 | 1 174 908 | 1 052 850 | 1 192 543 | 13,3 |
Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Drift | 6 112 650 | 6 106 594 | 6 539 069 | 7,1 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 26 325 | 19 052 | ||
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 9 588 | 25 274 | 27 459 | 8,6 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 1 767 216 | 1 841 601 | 2 035 338 | 10,5 |
70-98 | Overføringar til private | 230 827 | 255 500 | 238 492 | -6,7 |
Sum kategori 11.20 | 8 146 606 | 8 228 969 | 8 859 410 | 7,7 |
Kap. 850 Barneombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 14 283 | 13 625 | 13 812 |
Sum kap. 0850 | 14 283 | 13 625 | 13 812 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Barneombodet er uavhengig, sjølvstendig og partipolitisk nøytralt, oppretta gjennom lov 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Barneombodet si hovudoppgåve er omhandla i § 3 i lova, der det mellom anna går fram at Barneombodet har til oppgåve å fremme barn sine interesser overfor det offentlege og private og skal følgje med på utviklinga av barn sine oppvekstvilkår. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for Barneombodets arbeid.
Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt og handsamar derfor ikkje enkeltsaker etter forvaltingslova. Ombodet har ikkje makt til å avgjere saker eller gjere om vedtak i forvaltinga. Barneombodet handhevar ingen lover, men har ansvar for heile det barnefaglege feltet.
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2012/2013
Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i dei strategiar og tiltak som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Lovendringar for å sikre barn sine rettar
I 2012 har det kome fleire lovendringar og forslag til endringar for å sikre barn sine rettar. Barneombodet har vore pådrivar for å få gjennomført endringane:
Utdanningsdirektoratet endra forslaget i forskrift § 1-4 a om elevrådsarbeid til òg å omfatte retten til elevdemokrati og deltaking.
Arbeidsdirektoratet laga ein ny rettleiing for tolking av folketrygdloven § 9-11 som gjer det tydelegare at òg ME er ein sjukdom som gir rett til pleiepengar for foreldre som må passe ME-sjuke barn.
Kunnskapsdepartementet sende i 2012 forslag om delt bevisbyrde i mobbesaker ut til høyring.
Arbeide for at dei generelle prinsippa i barnekonvensjonen blir sikra i Noreg
Barn som tolk
Arbeidet på tolkefeltet har halde fram i 2012. BLD har mellom anna sett ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere korleis ein kan fremme eit lovforslag om forbod mot å bruke barn som tolk. Barneombodet har mellom anna heldt innlegg for arbeidsgruppa og argumenterte for eit forbod i forvaltingslova.
Ungdommen si nasjonalforsamling
Barneombodet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo (BURO) tok i 2010 saman initiativ til å arrangere eit forsøk med ei eiga nasjonalforsamling for ungdom. Det første Ungdommen si nasjonalforsamling blei halde på Stortinget i mai 2012. Barneombodet er nøgd med at Stortinget har innført eit slikt høve for ungdom til å kome til tals i Stortinget. Barneombodet vil følgje med på at ordninga fungerer etter intensjonen i åra framover.
Barn og unge tek del i eiga sak
Etter råd frå Barneombodet oppretta BLD eit barnepanel, som vinteren 2012 deltok i arbeidet med å utnemne eit nytt barneombod. Dette var Barneombodet nøgd med, da det er viktig at barn sjølve får høve til å påverke kven som skal tale saka deira og arbeide for rettane deira.
Arbeide for at barn sine sivile rettar blir sikra i Noreg
Barneombodet leverte i 2010 ei høyringsfråsegn om endringar i lov om personopplysningar. Det ombodet mellom anna var uroleg for, var foreldre som legg ut sensitiv informasjon om barna sine på nett i samband med samlivsbrot eller barnevernssaker. Lovforslaget blei behandla i Stortinget i 2012, og det blei vedtatt endringar i lova som sikrar barn betre mot at foreldra offentleggjer denne typen informasjon.
Arbeide for å sikre barn sine rettar i familien og under alternativ omsorg
Barn sine rettar i familien
Barneombodet har anbefalt at barneavdelingane bør få ansvar for å etablere tverrfaglege team for utgreiing av barnemishandling ved alle sjukehus, og at det bør vere ein fagperson som har eit spesielt ansvar for å vareta denne problematikken ved alle avdelingar som gjer utgreiingar om barn og behandlar barn. Helse- og omsprgsdepartementet har no lagt ein styringsparameter inn i oppdragsbrevet til helseføretaka om at det må vere tilstrekkeleg kompetanse i helseføretaka og gode rutinar for å vareta barn som kan ha vore utsett for seksuelle overgrep og anna mishandling.
Barn under alternativ omsorg
I 2012 utarbeidde Statens helsetilsyn ei rettleiing om korleis fylkesmennene bør snakke med barn ved tilsyn på barnevernsinstitusjonar. Rettleiinga viser både til råd frå Barneombodet si ekspertgruppe frå 2010 om å bu på barnevernsinstitusjon og til rapporten Makteslaust tilsyn frå Barneombodet frå 2010.
Arbeide for betre helse for barn
Handtering av barn som har vore utsett for katastrofe
Barneombodet arbeidde i 2012 med ei ekspertgruppe med overlevande frå Utøya. Det blei publisert ein rapport frå arbeidet, Katastrofeekspertene – Å leve videre etter Utøya 22.07.11. Rapporten inneheld konkrete råd om korleis unge som har opplevt ein katastrofe i livet, kan få ei best mogleg oppfølging og tilrettelegging. Rapporten fekk mykje merksemd og blei mellom anna sendt til alle helseregionane.
Familiebasert nyføddsomsorg og barn sin rett til nærvær av to foreldre
Barneombodet har bedd Helse- og omsorgsdepartementet om å arbeide for at alle intensivseksjonar for nyfødde blir bygt etter prinsippa om ei familiebasert omsorg, med einerom for foreldre og barn.
Arbeide for betre tilgang til utdanning, fritid og kulturelle aktivitetar
Betre fritidstilbod for barn
Barneombodet ser at det jamt over er blitt eit større medvit rundt at barn og unge har rett til eit tilbod om fritid, kunst og kultur både som utøvarar og som deltakarar, og at barn og unge si eiga stemme er viktig. Barneombodet har lagt vekt på kommunen sitt ansvar for å vareta artikkel 31 i FNs konvensjon om barnerettane overfor alle under 18 år og oppfordra til å bruke den kompetansen som ligg hos brukarane, nemleg barn og unge sjølve.
Arbeide for at barn får spesielle forsvarstiltak
Migrerande barn og fridomstap
Barneombodet har gjennom året fått informasjon om at det mellom anna er lite tilgjengeleg statistikk over talet på fengsla barn etter utlendingslova og tida dei sit fengsla. Barneombodet har i 2012 retta eit spørsmål til Politiets utlendingsenhet om dette temaet og vore i kontakt med Hordaland politidistrikt. Informasjon ombodet har innhenta i 2012 og vil fortsetje å innhente i 2013, skal gi betre oversikt over eventuelle problem på dette området og omfanget av dei.
Barn i konflikt med lova
Barneombodet arbeider for å sikre best mogleg forhold for barn i arrest og barn i fengsel. Barneombodet har lenge argumentert for at barn skal få eigne soningseiningar, og er derfor nøgd med at det no er løyvt midlar til å setje i gang etablering av ei slik eining i tilknyting til Bjørgvin fengsel.
Arbeide for å vidareutvikle og styrkje det internasjonale engasjementet hos Barneombodet
Betty Williams, som fekk Nobels fredspris i 1976, har stifta ein pris til personar/organisasjonar som jobbar for barn sine rettar. Barneombodet var dei første til å ta imot denne prisen i 2012, for det internasjonale arbeidet Barneombodet har gjort for å sikre barn sine rettar.
Rett til eit godt psykososialt skolemiljø
Barneombodet fekk i 2012 midlar for å styrkje arbeidet med psykososialt skolemiljø og tilsette to fagrådgivarar og ein sekretær på deltid for desse midlane. I tillegg hadde Barneombodet allereie ein jurist som arbeider med skolesaker. Skolemiljø står derfor høgt på arbeidslista til Barneombodet, og ombodet ser allereie resultat av denne styrkinga av personalet. Fram til sommaren 2012 arbeidde skolerådgivarane med å samle inn informasjon til rapporten Bekymringsmelding om krenkelser i skolen – Brudd på elevenes rettigheter til et godt skolemiljø. Rapporten er ei oppsummering og vurdering basert på informasjon ombodet har fått frå elevar, foreldre, skolar, fylkesmenn og Utdanningsdirektoratet.
Rapporten inneheld mange tilrådingar om forbetringar i tilsynssystemet for å sikre retten til eit godt skolemiljø.
Barneombodet har brukt hausten 2012 til å gjere desse tilrådingane tydelege overfor fylkesmenn, Kunnskapsdepartement og Utdanningsdirektoratet.
Barneombodet fekk 139 saker om skolemiljø i 2012. I dei fleste sakene er ombodet ikkje riktig klageinstans, jf. § 4 i instruksen. Ombodet gir likevel utgreiing av lovverket og klagesystemet for å hjelpe foreldre til å få barna sine rettar oppfylt. Etter lova § 3 og instruksen § 7 kan Barneombodet ta saker ombodet meiner det er grunn til å sjå nærmare på opp til behandling, og kome med ei utsegn. Dette kan vere problemstillingar ombodet blir kjent med frå publikum eller andre. I 2012 har Barneombodet teke ein del saker opp til behandling ved å be om innsyn i alle dokumenta i saka og gått igjennom saksgangen.
Strategiar og tiltak for 2014 for Barneombodet
Barneombodet har følgjande prioriteringar:
å arbeide for at barn ikkje blir utsette for tvang i nokon offentleg institusjon
å sikre barn tilgang til eit godt kommunalt helsetilbod og at barn med psykiske og fysiske helseproblem får den hjelpa dei har behov for:
Barneombodet vil følgje opp tilrådingane frå Helse på born sine premissar, som var hovudprosjektet i Barneombodet i 2013.
å arbeide for at rettsapparatet er barnesensitivt:
Barneombodet vil fortsetje arbeidet med å føreslå tilrådingane i rapporten Barnets stemme stilner i stormen – en bedre prosess for barn i konfliktfylte samlivsbrudd.
å gjere barn kjent med barnekonvensjonen og Barneombodet:
Barneombodet er med i programmet for Grunnlovsjubileet 2014 med prosjektet Barneombuss, der barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skolar. Ombodet informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet. Prosjektet starta som ein pilot i 2013 og blir vidareutvikla i 2014.
å arbeide for at alle barn i Noreg får oppfylt retten dei har til utdanning i ein trygg og inkluderande skole:
Barneombodet vil fortsetje arbeidet med psykososialt skolemiljø. Ombodet vil ha særleg merksemd på lovendringar, elevmedverknad, mandatet og kompetansen til fylkesmennene.
å sikre at barn har reell tilgang til nasjonale og internasjonale klageorgan:
Barneombodet vil arbeide for signering og ratifisering av tilleggsprotokollen til barnekonvensjonen. I tillegg vil ombodet arbeide for at barn skal få betre tilgang til nasjonale klageorgan, slik at dei kan få oppfylt rettane sine i praksis.
å styrkje barn sine rettar internasjonalt gjennom Barneombodets engasjement:
Barneombodet vil arbeide vidare med det internasjonale engasjementet for å fremme barn sine rettar og barneombodsordninga internasjonalt.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombodet.
Departementet føreslår ei løyving på 13,8 mill. kroner i 2014.
Kap. 852 Adopsjonsstønad
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving | 11 494 | 15 865 | 12 694 |
Sum kap. 0852 | 11 494 | 15 865 | 12 694 |
Post 70 Stønad til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Eingongsstønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet var i 2012 på 43 880 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar stønadsordninga, tok imot 264 søknader om adopsjonsstønad i 2012, mot 280 søknader i 2011. 239 adopsjonar er formidla i 2012.
Om tildelinga av eingongsstønad
Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldra sin økonomi pga. dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.
Stønaden blir ytt adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha motteke rette dokument frå opphavslandet til barnet før dei kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busett i Noreg da dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busett her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.
Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet blir auka til 46 920 kroner per barn i 2014 tilsvarande prisjustering.
Departementet føreslår ei løyving på 12,7 mill. kroner i 2014.
Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 149 013 | 162 500 | 164 827 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 19 052 | ||
Sum kap. 0853 | 149 013 | 162 500 | 183 879 |
Status for verksemda
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har vedtaksrett i dei såkalla tvangssakene i barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova. Resultatrapport strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalt i programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre utgifter mellom anna knytt til drift, opplæring, leige av lokale og kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i sentraladministrasjonen for fylkesnemndene. Om lag ein tredjedel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter i nemndene.
Departementet føreslår ei løyving på 164,8 mill. kroner i 2014.
Post 45 Større anskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Sakshandsamingssystemet i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker skal fornyast. Det blir derfor føreslått ei løyving på 19,1 mill. kroner til nytt IKT-system i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker i 2014.
Departementet føreslår ei løyving på 19,1 mill. kroner i 2014.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 62 802 | 70 773 | 84 083 |
22 | Barnesakkunnig kommisjon | 6 475 | ||
50 | Forsking og utvikling | 5 155 | 25 274 | 27 459 |
60 | Kommunalt barnevern | 286 008 | 464 755 | 573 356 |
61 | Utvikling i kommunane | 26 446 | 29 219 | |
65 | Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving | 1 070 052 | 1 100 000 | 1 122 100 |
71 | Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21 | 24 821 | 31 555 | 30 149 |
72 | Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet | 44 872 | 57 444 | 59 955 |
Sum kap. 0854 | 1 493 710 | 1 776 247 | 1 932 796 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, adopsjon, arbeid retta mot barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke, barn utsett for omsorgssvikt, vald og overgrep, oppfølging av biologiske foreldre, familieråd og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane, anskaffingar på forskingsfeltet, refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard og internasjonale forpliktingar. Regjeringa ønskjer å styrkje kompetansen om vald og seksuelle overgrep mot barn for barnevernstilsette. Som ein del av oppfølginga av Meld. St. 27 (2011–2012) Barn på flukt skal det gjennomførast ei levekårsundersøking for barn som søkjer asyl.
Departementet føreslår å flytte 0,4 mill. kroner til kap. 853, post 45 i samband med intern flytting. Departementet føreslår å flytte på 2 mill. kroner til Noregs forskingsråd til kap. 854, post 50. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Departementet føreslår vidare å flytte 0,6 mill. kroner til kap. 43, post 01. Dette er knytt til heilårsutgifta til Sivilombodsmannens verksemd som nasjonal førebyggjande mekanisme knytt til norsk ratifikasjon av valfri protokoll til FNs torturkonvensjon, som blir sett i gang mot slutten av 2013.
Departementet føreslår òg å flytte 4,1 mill. kroner til kap. 721, post 01 til styrking av Statens helsetilsyn med stillingar på barnevernsområdet. Regjeringa styrkte Statens helsetilsyn med 4 mill. kroner i 2013 til stillingar som skal jobbe med tilsyn på barnevernsområdet. Satsinga skal no vidareførast som ei permanent ordning.
Departementet føreslår vidare å flytte 6,5 mill. kroner til kap. 854, post 22 i samband med oppretting av eigen post for drift av Barnesakkunnig kommisjon.
Departementet føreslår å flytte 2,67 mill. kroner til kap. 855, post 21 i samband med at Bufdir i 2013 tok over ansvaret frå departementet for å følgje opp forskingsprosjektet Effektevaluering av MultifunC. Flyttinga vil ikkje påverke bruken av midla.
Departementet føreslår å flytte 8,3 mill. kroner til kap. 854, post 60. Midlane blei i 2013 nytta til fylkesmennenes administrasjon av satsinga på det kommunale barnevernet. I 2014 skal midlane nyttast til å dekkje heilårseffekten av dei øyremerkte stillingane til kommunalt barnevern.
Departementet føreslår òg å flytte 0,75 mill. kroner til kap. 858, post 01 i samband med overføring av tilskotsordningar til Bufdir i 2013. Beløpet utgjer eitt årsverk.
Departementet føreslår i tillegg å flytte 0,1 mill. kroner frå kap. 854, post 61 til kap. 854, post 21 i samband med omdisponering av midlar til prosjektet Barn av rusmisbrukande/psykisk sjuke, som blir forvalta av Bufdir.
Regjeringa har satsa på ei kraftig styrking av det kommunale barnevernet, mellom anna gjennom nye stillingar og nye krav til kommunane sitt tilsyn med barn i fosterheimar. I samband med satsinga er det òg for 2014 sett av midlar til kompetansehevande tiltak, Fylkesmennenes tilsyn og deira administrasjon av stillingsmidlane. Departementet føreslår å setje av 31 mill. kroner til dette.
Regjeringa ønskjer å prøve ut program for familierettleing, Nurse Family Partnership, i Noreg. Programmet skal mellom anna bidra til førebygging av psykososiale problem blant barn og ungdom gjennom å støtte og styrkje foreldre med særskilte utfordringar i foreldrerolla. Regjeringa føreslår å setje av 8,5 mill. kroner til dette. Bufdir skal få ansvar for å setje i gang utprøvingen av programmet.
Regjeringa ønskjer å etablere eit nasjonalt opplæringstilbod i handtering av undersøkingar i barnevernet. Barnevernsregionane skal i samarbeid med aktuelle lokale høgskolar/universitet, fylkesmannen og Regionale kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) gjennomføre opplæring i kartlegging av barn i samband med undersøkingssaker i barnevernet. Alle kommunar/bydelar skal få invitasjon til å delta. Fylkesmannsembeta skal organisere og administrere kursa. Regjeringa føreslår å setje av 9,5 mill. kroner til dette.
Regjeringa ønskjer at barn sin medverknad skal bli ein naturleg og integrert del av hjelpeapparatet sine arbeidsmetodar og holdningar. Regionale ressurssentre om vald og traumatisk stress (RVTS) skal, i samarbeid med andre relevante kompetansemiljø, utarbeide eit felles opplæringsprogram og halde felles opplæring for ulike faggrupper i kommunane. Kommunane kan søkje om midlar til å delta på dette via kompetansemidlane til barnevernet, som administrerast av fylkesmannen. Regjeringa føreslår å setje av 5,5 mill. kroner til dette, kor 0,5 mill. kroner skal brukast til etablering av tiltaket.
Regjeringa ønskjer at alle nyutdanna og nytilsette i barnevernsinstitusjonar skal få profesjonell og individuell rettleiing av ein erfaren kollega gjennom sitt første år som tilsett på institusjonen. Midlane skal dekkje studieplassar ved universitet og høgskolar. Tilbodet vil få halvårseffekt i 2014. Regjeringa føreslår å setje av 5 mill. kroner til dette.
Regjeringa ønskjer å gjere regelmessige omfangsundersøkingar over fleire år for å overvake utviklinga av vald og overgrep mot barn. Prosjektet er venta å koste 7 mill. kroner per år og vil bli lyst ut. I 2014 vil 0,5 mill. kroner bli brukt til anskaffing av prosjekta. På grunn av halvårseffekt i 2014 vil berre 3 mill. kroner kome på i 2014, i tillegg til kostnadene knytt til anskaffing.
Regjeringa ønskjer ein forskingsbasert gjennomgang av dei mange ulike kurs- og informasjonsopplegga knytt til vald og overgrep. Det skal settast ned ei ekspertgruppe i regi av Bufdir som får i oppdrag å lage ein rapport til departementa. Det blir føreslått 0,5 mill. kroner til dette i 2014.
Regjeringa ønskjer å tilby opplæring av tilsette i institusjonar i barn og unge si psykiske helse. Opplæringa skal gi tilsette kompetanse, slik at barn som har ei psykisk liding får god omsorg og støtte av barnevernet og av andre tenester. Regjeringa føreslår å setje av 0,5 mill. kroner til dette.
Departementet føreslår ei løyving på 84,1 mill. kroner i 2014.
Post 22 Barnesakkunnig kommisjon
Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre alle rapportar gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilt av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.
Barnesakkunnig kommisjon består av 15 medlemmer og 1 leiar.Kommisjonen er sett saman av personar med høg akademisk og barnefagleg kompetanse, mellom anna erfaring frå sakkunnig arbeid i barnevernssaker. Kommisjonsmedlemmene skal ha kompetanse og innsikt til å gjere kvalitetskontroll av sakkunnige rapportar.
Ei evaluering av kommisjonen er sett i gang i 2013, og på bakgrunn av resultata frå evalueringa vil det kunne vere aktuelt å gjere endringar i kommisjonsarbeidet og -samansetjinga.
Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2014.
Post 50 Forsking og utvikling
Løyvinga på posten blir nytta av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og forsking på barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga til VAM skal dekkje både barnevernsområdet og den generelle barne- og ungdomspolitikken. Noregs forskingsråd får òg løyving til arbeid med program for praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene.
Posten blir òg nytta til finansiering av ulike program og prosjekt som er utvikla i samarbeid mellom departementet og høgskolar og universitet innanfor barnevernsutdanningane, mellom anna Nattergalen, rettleidd praksis av nyutdanna i barnevernet og vidareutdanning i eit kultursensitivt barnevern.
Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget for deira arbeid med barnevern.
Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner til posten frå kap. 854, post 21 for å gjere postbruken korrekt. Departementet føreslår å flytte 0,7 mill. kroner til kap. 853, post 45 i samband med at enkelte tiltak blir avslutta i 2013.
Departementet føreslår ei løyving på 27,5 mill. kroner i 2014.
Post 60 Tilskot til kommunalt barnevern
Mål
Løyvinga skal dekkje særskilt tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.
Tildelingskriterium
Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil òg vere mogleg å søkje om midlar til enkelte andre tiltak, til dømes kompetanse- og samhandlingstiltak, som styrkjer barnevernet lokalt.
Oppfølging og kontroll
Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollert gjennom kommunane si rapportering til fylkesmannen.
Budsjettforslag for 2014
Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 85 mill. kroner til å dekkje utgifter i kommunane til 150 nye stillingar i barnevernet, samt kompetanse og samhandlingstiltak. Heilårseffekten av stillingane er sett til 100 mill. kroner.
Departementet føreslår å flytte 8,3 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til posten. Midlane blei i 2013 nytta til fylkesmennene sin administrasjon av satsinga på det kommunale barnevernet. I 2014 skal midlene nyttast til å dekkje heilårseffekten av dei øyremerkte stillingane til kommunalt barnevern som blei oppretta i 2013.
Departementet føreslår ei løyving på 573,4 mill. kroner i 2014.
Post 61 Utvikling i kommunane
Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar.
Midlane skal nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet. Løyvinga blir retta inn mot kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge. Innsatsen vil mellom anna byggje på erfaringar frå Losprosjektet og omfatte støtte til kommunale tilbod retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv.
Tilskot til kommunane i modellkommuneprosjektet for oppfølging og hjelp til barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke blir fordelt av Bufdir.
Delar av løyvinga blir fordelt etter søknader frå kommunar og fylkeskommunar i tråd med utlysing av prosjektmidlar. Prosjektmidlar blir lyst ut på departementet sine og/eller Bufdir sine heimesider.
Delar av løyvinga blir fordelt i tråd med avtaler som er inngått mellom departementet og aktuelle kommunar i oppfølging av følgjande tiltak og prosjekt: Alarmtelefonen for barn og unge til Kristiansand kommune, og til Kristiansand kommune for eit forsøk i akuttenesta. Etter å ha vurdert eventuelle organisasjonsmessige endringar i 2013 blir Kristiansand kommune frå 2014 permanent driftsansvarleg for Alarmtelefonen for barn og unge. Med permanent meiner ein her at drifta vil bli basert på ei ny gjensidig avtale mellom kommunen og statlege styresmakter.
Barnevernvakta, som i 2014 blir arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernvakter og politi, vil òg bli tildelt midlar over posten.
Prisen til Årets barne- og ungdomskommune ligg òg på posten.
Posten blir auka med 2 mill. kroner til stimuleringsmidlar til foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak. Formålet er å styrkje foreldra sin omsorgskompetanse. Midlane vil bli forvalta av Bufdir og blir kunngjort på direktoratet sin nettstad.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår å flytte 0,1 mill. kroner til kap. 854, post 21 i samband med omdisponering av midlar til prosjektet Barn av rusmisbrukande/psykisk sjuke, som blir forvalta av Bufdir.
Posten blir auka med 2 mill. kroner til stimuleringsmidlar til foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak.
Departementet føreslår ei løyving på 29,2 mill. kroner i 2014.
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Mål
Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (til dømes bukollektiv). Bufetat har ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal 90 prosent av utgiftene bli refundert av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.
Kriterium for tildeling
Kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler ut refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernutgifter for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger (Q-05/2004).
Oppfølging og kontroll
BLD har tilgang til å setje i verk kontroll av at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. løyvingsreglementet § 10. Bufdir, som forvaltar ordninga, har sett i gang arbeid med å utvikle rutinar for å få betre kontroll med refusjonsutbetalingane.
Budsjettforslag 2014
Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er ei svært heterogen gruppe barn, og tiltaka må tilpassast den enkelte sitt behov. Det er føreslått å auke eigendelen frå 15 524 kroner per barn per månad i 2013 til 16 050 kroner, tilsvarande prisjustering. Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 1 740 barn i 2014 mot 1 671 barn i 2013. Utgiftene på posten har auka svært mykje dei siste åra. Dette skyldast mellom anna at fleire barn er blitt omfatta av ordninga, og at dei enkelte tiltaka kostar meir enn tidlegare. Regjeringa føreslår å redusere delen av utgiftene som skal refunderast, frå 100 prosent til 90 prosent av utgiftene utover den kommunale eigendelen. Det vil kunne innebere ein reduksjon i refusjonsutbetalingane på 120 mill. kroner.
Departementet føreslår ei løyving på 1 122,1 mill. kroner i 2014.
Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 21
Målet for løyvinga er eit betre barne- og ungdomsvern. Løyvinga på posten blir nytta til dei to tilskotsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. I tillegg får nokre enkelte mottakarar øyremerkt løyving frå posten; sjå tabell 3.22. Prisen til årets forbilde blir òg løyvd over posten.
Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar ordninga på vegner av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil framkome i årleg kunngjering av tilskotsordninga.
Mål
Ordninga skal bidra til å utvikle barnevernet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar innanfor feltet til å styrkje sitt engasjement og å vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira.
Målgruppa for tilskotsordninga er utsette barn, unge og familiane deira.
Kriterium for tildeling
Potensielle tilskotsmottakarar er brukarorganisasjonar og ideelle, ikkje-kommersielle interesseorganisasjonar. Organisasjonen må vere av og/eller for utsette barn, unge eller deira familiar. Organisasjonar som har som hovudarbeidsområde å arbeide for utsette barn, unge eller deira familiar sine interesser, er òg omfatta av ordninga. Støtte kan bli gitt til organisasjonar som representerer målgruppa eller arbeider for målgruppa sine interesser.
Det vil bli nytta betydeleg grad av skjønn i vurderinga både av om søkjarar skal få tilskot, og av storleiken på tilskotsbeløpa.
Oppfølging og kontroll
Bufdir har ansvaret for å følgje opp at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene.
Oppfølging og kontroll skal skje i tråd med Bufdir sine rutinar for tilskotsforvalting.
Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar ordninga på vegner av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil framkome i årleg kunngjering av tilskotsordninga.
Enkelte tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting vil lysast ut med eigne tildelingskriterium. Det kan òg vere aktuelt å lyse ut midlar innanfor Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
Mål
Målet for ordninga er å bidra til eit betre barnevern gjennom å førebyggje problemutvikling og å medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp til å meistre sitt liv og å utvikle sine evner. Ordninga skal bidra til å nå målet gjennom å støtte kunnskapsutvikling og spreiing av informasjon, førebyggjande arbeid og utprøving av modellar og å utvikle samhandlinga mellom tenester som har grenseflater mot barnevernet.
Målgruppa for tiltaka er utsette barn og unge.
Kriterium for tildeling
Tiltaket skal kunne gi ny kunnskap, systematiserte erfaringar eller innovasjon på området. Tiltaket kan òg formidle kunnskap om forskingsresultat til relevante aktørar.
Tiltaket skal fremme dialog og samhandling mellom aktørar, tenester og/eller brukarar som har kontaktflater mot utsette barn og unge, eksempelvis gjennom økt nyttegjering av felles tenestetilbod.
I behandlinga av søknadene vil det bli brukt betydeleg grad av skjønn i vurderinga både av om søkjarar skal få tilskot, og av storleiken på tilskotsbeløpa.
Oppfølging og kontroll
Bufdir har ansvaret for å følgje opp at tilskotsmidlar blir nytta etter føresetnadene. Oppfølging og kontroll skal skje i tråd med Bufdir sine rutinar for tilskotsforvalting.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår å flytte 2,5 mill. kroner til kap. 853, post 45 i samband at enkelte tiltak blir avslutta i 2013.
Departementet føreslår ei løyving på 30,1 mill. kroner i 2014.
Tabell 3.22 Mottakarar som får øyremerkt løyving
Mottakar | Formål |
---|---|
Norsk Psykologforening | Støtte til sakkunnig opplæring |
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress | Driftsstønad |
Regionsenter for barn og unges psykiske helse, Helse Aust og Sør | Driftsstønad til sped- og småbarnsnettverket |
Inoradopt | Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad |
Verdens barn | Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad |
Adopsjonsforum | Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad |
Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet
Løyvinga på denne posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetanse og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Ein del av midlane dekkjer departementet sitt tilskot til Adferdssenteret. Senteret skal òg gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. Atferdssenteret har fått eit nasjonalt ansvar for dette. Midlane blir òg nytta til forsking på og utvikling av nye metodar retta mot barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar og implementering av dei. Tilskotet blir forvalta av Bufdir i samarbeid med andre løyvande styresmakter, og Bufdir utarbeider eit felles tilskotsbrev. Tilskotsbrevet presiserer krava til resultat og rapportering.
Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt). Kunnskapssentera har som oppgåve å utvikle, kvalitetssikre og forvalte vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeid med barn og unge si psykiske helse og barnevern. Dei skal òg leggje til rette for at slik kunnskap er tilgjengeleg. Bufdir forvaltar midlane på vegner av departementet, og Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med tilskotsbrev.
Regjeringa føreslår at det blir oppretta ein modul retta mot leiing i barnevernsinstitusjonar på mastergradsnivå. Regjeringa føreslår å setje av 0,5 mill. kroner til dette.
Regjeringa føreslår ei løyving på om lag 60 mill. kroner i 2014.
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60 | 3 571 558 | 3 685 960 | 4 018 612 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 24 290 | 19 113 | 22 452 |
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01 | 1 712 669 | 1 666 047 | 1 724 359 |
45 | Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 26 325 | ||
60 | Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01 | 348 087 | 186 067 | 192 207 |
Sum kap. 0855 | 5 682 929 | 5 557 187 | 5 957 630 |
Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester har vore betydeleg i dei siste åra. Stadig fleire barn og unge har behov for hjelpetiltak, fosterheim eller institusjonsplass. Denne auken kan ikkje handterast innanfor gjeldande løyving på posten. Utviklinga i det kommunale barnevernet har vore tilsvarande. Auken i talet på barn og talet på opphaldsdagar frå 2009 til 2012 har vore større enn den reelle auken i dei samla utgiftene i det statlege barnevernet. At fleire barn får hjelp frå det statlege barnevernet og at dei reelle utgiftene per barn går ned, viser ein betydeleg effektivisering i etaten.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60
Barnevernsvedtak blir fatta av kommunen eller fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Dette styrer inntaket i statleg barnevern. Bufetat er etter barnevernlova pålagt å gi eit tilbod til desse barna. Som følgje av dette er det usikkerheit knytt til aktiviteten innanfor dei budsjettrammer som er gitt, sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge som det er bestemt skal ha hjelp frå det statlege barnevernet.
Det statlege regionale barnevernet har hovudansvar for barnevernsinstitusjonar. Ved utgangen av 2012 var det om lag 2 500 årsverk i desse institusjonane. Løyvinga på posten omfattar i hovudsak lønnsutgifter til tilsette i barneverninstitusjonane. Andre vesentlege utgifter er leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring, samt andre utgifter til varer og tenester. Posten dekkjer òg drift av andre statlege barnevernstiltak, der rekruttering og oppfølging av fosterheimar er det viktigaste.
Dei samla budsjettrammene til det statlege barnevernet føreset gjennomføring av omstillingstiltak, og etaten må framleis leggje stor vekt på å redusere utgifter gjennom omstillings- og effektiviseringstiltak. Etaten har i dei siste åra gjennomført eit betydelig omstillingsarbeid. Regjeringa legg til grunn at det statlege barnevernet skal fase ut finansieringa av oppgåver som kommunane etter barnevernlova har ansvar for. Delen barn med behov for plass i fosterheim har gjennom mange år auka meir enn for institusjon. Departementet føreset at denne utviklinga vil halde fram. For å nytte ressursane best mogeleg er det er avgjerande å betre utnyttinga av kapasiteten i eige tiltaksapparat. I dette arbeidet skal det statlege barnevernet framleis tilby tenester av høg kvalitet som er tilpassa barna sine behov. Høg kvalitet betyr i denne samanheng òg god rettstryggleik og medverknad for barn som må bli høyrte om sin eigen situasjon.
I tråd med utviklinga dei seinare åra er det forventa at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram. Regjeringa føreslår at det statlege barnevernet blir kompensert for meirutgifter som følgje av samla aktivitetsnivå i 2014. Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 275 mill. kroner.
Regjeringa ønskjer å styrkje dei statlege fosterheimstenestene med nye stillingar, slik at dei i større grad kan tilby grupperettleiing for fosterforeldre, mellom anna for å gjere fosterforeldra tryggare i si rolle som omsorgspersonar, styrkje motivasjonen deira og redusere risikoen for at fosterbarn opplever nye brot og ein framleis ustabil omsorgssituasjon. Departementet føreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til dette føremålet.
Departementet føreslår ei løyving på 4 018,6 mill. kroner i 2014.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i barnevernet sitt arbeid, slik at brukarane får eit betre tilbod.
Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 2,67 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 854, post 21 i samband med at Bufdir i 2013 tok over ansvaret frå departementet for å følgje opp forskingsprosjektet med effektevaluering av MultifunC. Flyttinga vil ikkje påverke bruken av midlane.
Departementet føreslår ei løyving på 22,5 mill. kroner i 2014.
Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.
Regjeringa føreslår ei løyving på 1 724,4 mill. kroner i 2014.
Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Refusjonane er regulert i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.
Departementet føreslår ei løyving på 192,2 mill. kroner i 2014.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 22 764 | 13 404 | 13 873 |
02 | Barnetrygd | 3 655 | 3 703 | 3 833 |
15 | Refusjon av arbeidstiltak | 535 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 37 564 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 144 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 97 312 | ||
60 | Kommunale eigendelar | 875 166 | 928 136 | 1 078 864 |
Sum kap. 3855 | 1 037 140 | 945 243 | 1 096 570 |
Post 01 Diverse inntekter
Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den enkelte bebuaren, ved plassering i statlege tiltak når utgiftene ikkje er knytt til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærmare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsført på posten.
Departementet føreslår ei løyving på 13,9 mill. kroner i 2014.
Post 02 Barnetrygd
På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsført på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.
Departementet føreslår ei løyving på 3,8 mill. kroner i 2014.
Post 60 Kommunale eigendelar
På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar eller fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Stortinget har slutta seg til departementet sitt forslag om gradvis å auke kommunane si eigenbetaling ved bruk av institusjonsplassar, jf. Prop. 106 L (2012–2013). Eigenbetalinga vil dermed i større grad spegle dei faktiske kostnadene til tiltaket. Målet er å leggje til rette for barnevernsfaglege vurderingar for å finne riktige tiltak og for å betre samhandlinga mellom statleg og kommunalt barnevern. Samanfallande økonomiske insentiv mellom stat og kommune er viktig for å betre samhandlinga mellom forvaltningsnivåa ved val av tiltak for det enkelte barn.
Det blir føreslått å auke kommunane sine eigendelar med 5 prosentpoeng av dagens eigendel, som utgjer om lag 15 prosent, og ei prisjustering i 2014 frå inntil 36 523 kroner per barn per månad til inntil 50 304 kroner for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 28 541 kroner per barn per månad til inntil 29 483 kroner. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 120 mill. kroner som følgje av endringa i kommunane sine eigendelar. Kommunane blir kompensert for auke i eigendelane ved ein auke i rammetilskotet.
Departementet føreslår ei løyving på 1 078,9 mill. kroner i 2014.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 256 516 | 197 703 | 200 139 |
Sum kap. 0856 | 256 516 | 197 703 | 200 139 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for barn og eventuelt til kjøp av plassar i private tiltak, og til arbeidet med busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.
Løyvinga skal dekkje drift av 89 plassar. Prognosane for talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år tilseier at det i gjennomsnitt vil vere 60 barn i omsorgssentera i 2014. Det er usikkerheit knytt til talet på barn som til ei kvar tid bur i omsorgssentera. Det kan derfor vere store svingingar rundt dette gjennomsnittet i løpet av året. Kapasiteten som er i statlege omsorgssenter gir rom for slike svingingar. Departementet føreslår ei løyving på 200,1 mill. kroner i 2014.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 425 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 101 010 | 104 874 | 93 240 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 830 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 9 105 | ||
Sum kap. 3856 | 113 370 | 104 874 | 93 240 |
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa føreslår at 93,24 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapportert inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningstiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten. Regjeringa ventar at det i gjennomsnitt vil vere 60 barn i omsorgssentra i 2014.
Departementet føreslår ei løyving på 93,2 mill. kroner i 2014.
Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 7 427 | 7 556 | 4 356 |
50 | Forsking | 4 433 | ||
60 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast | 63 069 | 64 333 | 22 456 |
61 | Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom | 96 000 | ||
70 | Barne- og ungdomsorganisasjonar | 107 897 | 112 328 | 114 259 |
71 | Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21 | 6 950 | 3 809 | 3 942 |
79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast | 34 793 | 34 499 | 17 493 |
Sum kap. 0857 | 224 569 | 222 525 | 258 506 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Det vil òg bli brukt midlar frå posten til samlingar, forsking og evalueringar.
Det vil bli løyvt midlar frå posten til Medietilsynet sitt arbeid med barn, unge og Internett.
Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner som følgje av at enkelte tiltak blir avslutta i 2013.
Regjeringa føreslår ei løyving på 4,4 mill. kroner i 2014.
Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast
Mål
Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (og 8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.
Tildelingskriterium
Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe. Formålet er å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10 til 20 år med særskilte behov, utsette ungdomsgrupper og miljø.
Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilte utfordringar, og arbeid og innsats som fremmer integrering, er høgt prioritert.
Ordninga blir regulert av eit eige rundskriv. Bufdir forvaltar tilskotsordninga. BLD er klageinstans.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane til Bufdir.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår å flytte 44 mill. kroner frå posten til kap. 857, post 61 til ny nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.
Departementet føreslår ei løyving på 22,5 mill. kroner i 2014.
Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom
Mål
Posten blir nytta til ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet er å gi fleire fattige barn og unge høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Formålet er å betre moglegheitene for at barn og ungdom skal få delta og utvikle seg uavhengig av om foreldra slit sosialt og økonomisk.
Kriterium for tildeling
Ordninga rettast mot alle landets kommunar. Søknader frå kommunar med store levekårsproblem og tiltaksutvikling i samarbeid med frivillig sektor og førebyggjande tenester blir prioritert.
Ordninga vil bli regulert av eit eiga rundskriv.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 96 mill. kroner til ei ny nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom i 2014.
Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
Mål
Formålet er å leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i ungdomspolitikken, dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei bidreg til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.
Kriterium for tildeling
Kriteria for tildeling går fram av Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner av 29. november 2007 med endringer av 15. september 2009, som blei gjeldande frå tilskotsåret 2010. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak gjort av Fordelingsutvalet.
Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og har eigne retningslinjer.
LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til sitt nasjonale arbeid. Dette tilskotet blir forvalta av Bufdir.
Det vil òg bli vurdert å gi tilskot frå posten til forsking på barne- og ungdomsorganisasjonar.
Oppfølging og kontroll
Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir ytt gjennom denne posten blir kontrollert gjennom rapportering og rekneskap.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner til kap. 846, post 21 i samband med tiltak mot seksuell trakasering.
Departementet føreslår ei løyving på 114,3 mill. kroner i 2014.
Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21
Posten blir nytta til å støtte utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Løyvinga blir òg retta inn mot tiltak som skal motverke marginalisering blant barn og unge og sikre gode og trygge oppvekstvilkår.
Delar av løyvinga på posten er øyremerkt tilskot til Ferie for alle i regi av Røde Kors. Departementet vil òg handsame søknader om tilskot frå Ungdom mot vold, Oslo Røde Kors og Organisasjonen BarneVakten.
Oppfølging og kontroll
Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollert gjennom rapportering og rekneskap.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 3,9 mill. kroner i 2014.
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid o.a., kan overførast
Mål
Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.
Posten kan nyttast til Noregs bidrag til deltaking i EU-program. Europakommisjonen har fremma forslag til program på barne- og ungdomsområdet for perioden 2014–20. Programma er til handsaming i EU sine organ. I Programmet for rettane til borgarane er det ein del som skal fremme rettane til barn og dei økonomiske og sosiale tilhøva for barn i samfunnet. Programmet Erasmus + erstattar programmet Aktiv Ungdom. Kostnadene ved deltaking i dette programmet blir dekt over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. Posten dekkjer òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet og Noreg sine kostnader i samband med tiltak i regi av partnarskapet mellom Europarådet og Europakommisjonen.
Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noreg si deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til drift av informasjons- og rettleiingskontoret (BYCO) i Murmansk. Posten skal òg dekkje tilskot til eit fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Posten kan òg nyttast til departementet si deltaking i mellomstatleg samarbeid om generell barne- og ungdomspolitikk.
Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstøtte til sitt internasjonale arbeid. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til sitt internasjonale arbeid.
Tildelingskriterium
Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsett etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium som er fastsett i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.
Oppfølging og kontroll
Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg deltar i. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet departementet gir blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap.
Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede og Ungdom & Fritid og tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.
Budsjettforslag 2014
Hovuddelen av løyvinga blir nytta til dei pliktene Noreg har gjennom internasjonale avtaler, spesielt EØS-avtala.
Departementet føreslår å redusere posten med 18,2 mill. kroner i samband med at utgiftene til deltaking i Erasmus + (EUs program for utdanning, ungdom og idrett) frå 2014 vil dekkast over Kunnskapsdepartementets budsjett. Samstundes vil det over posten bli gitt løyving til etterbetalingar i samband med Aktiv Ungdom i 2014.
I tillegg skal løyvinga dekkje Noregs plikter overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området, kostnader i samband med gjennomføringa av avtaler om samarbeidet i nærområda og kostnader til departementet sitt internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet.
Departementet føreslår ei løyving på 17,5 mill. kroner i 2014.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01 | 226 726 | 224 474 | 246 470 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 27 756 | 19 082 | 12 505 |
22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar | 50 329 | 32 059 | 33 181 |
Sum kap. 0858 | 304 811 | 275 615 | 292 156 |
Status for verksemda
Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) er etatsleiar for Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Frå og med 2014 skal Bufdir òg vere fagdirektorat for både kommunalt og statleg barnevern.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er eit fagorgan for barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering samt vald og overgrep i nære relasjonar. Bufdir er underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD), og blir styrt gjennom årlege tildelingsbrev. Direktoratet etatsstyrer dei fem regionane i Bufetat, som yter tenester på barneverns-, familieverns- og adopsjonsområdet.
Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.
Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:
kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
kap. 840 Krisetiltak
kap. 841 Samliv og konfliktløysing
kap. 842 Familievern
kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot o.a.
kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne
kap. 852 Adopsjonsstønad
kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
kap. 859 EUs ungdomsprogram
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01
Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytt til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.
Regjeringa ønskjer å etablere Bufdir som fagdirektorat med oppgåver retta mot kommunane. I dag har Bufdir denne rolla for institusjonsbarnevernet, men ikkje for det kommunale barnevernet. Fagorganet skal samanstille og formidle forsking og utvikle faglege anbefalingar om god praksis i ulike delar av barnevernet sitt arbeid. Bufdir blir gitt i oppgåve å fungere som nasjonal koordinator for arbeidet med utvikling av nye faglege anbefalingar på barnevernsområdet.
Departementet føreslår å auke posten med 11,9 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 21 og 70 og kap. 847, post 70 og 71. Midlane vil gå til etablering av eit regionalt apparat for gjennomføring av likestillingspolitikken, under Bufdir.
Posten blir foreslått auka med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 846, post 21, til drift av ressurssenteret for lhbt-spørsmål i Bufdir. Drifta har vore ein del av handlingsplanen Bedre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. Handlingsplanperioden går ut i 2013, og departementet føreslår derfor at ressurssenteret blir vidareført som ein del av Bufdirs ordinære verksemd.
Departementet føreslår å auke posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 849, post 50. Dette skjer i samband med at oppgåver knytt til situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne blei flytta til Bufdir frå 2013.
Departementet føreslår å auke posten med 0,8 mill. kroner for å styrkje mannsperspektivet i arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846 post 70.
Departementet føreslår å flytte 0,75 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til posten.
Departementet føreslår ei løyving på 246,5 mill. kroner i 2014.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjering for medlemmene av Fordelingsutvalet.
Delar av løyvinga skal dekkje utvikling av eit nytt fag- og rapporteringssystem for Bufetat (BIRK). Prosjektplanen tilseier at utgiftene til prosjektet blir fordelt over ein periode fram til 2016. Løyvinga i 2013 til BIRK var på 19 mill. kroner. Departementet føreslår å redusere løyvinga til BIRK i 2014 med 7 mill. kroner.
Departementet føreslår ei løyving på 12,5 mill. kroner i 2014.
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
Departementet føreslår ei løyving på 33,2 mill. kroner.
Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 11 890 | 433 | 433 |
15 | Refusjon av arbeidstiltak | 36 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 879 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 62 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 421 | ||
Sum kap. 3858 | 18 288 | 433 | 433 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytt til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Kor store desse inntektene er, varierer frå år til år.
Departementet føreslår ei løyving på 433 000 kroner i 2014.
Kap. 859 EUs ungdomsprogram
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 9 281 | 7 702 | 7 798 |
Sum kap. 0859 | 9 281 | 7 702 | 7 798 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. I 2014 vil dette nasjonale kontoret ha ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i programmet Erasmus +, som etter planen skal tre i kraft frå 1. januar 2014, samt ha ansvaret for avslutting av programmet Aktiv Ungdom.
Departementet føreslår ei løyving på 7,8 mill. kroner i 2014.
Kap. 3859 EUs ungdomsprogram
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Tilskot frå Europakommisjonen | 4 007 | 2 300 | 2 300 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 6 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 | ||
Sum kap. 3859 | 4 016 | 2 300 | 2 300 |
Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen
Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus +.
Bufdir skal utarbeide ein arbeidsplan for det nasjonale kontoret som skal godkjennast av departementet og Europakommisjonen. Departementet har ansvar for å kontrollere korleis det nasjonale kontoret forvaltar den delen av programbudsjettet som tilkjem Noreg for nasjonal avgjersle av søknader om tilskot.
Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner i 2014.
Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken
Hovudinnhald og prioriteringar
Forbrukarpolitikken skal sikre forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet og medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.
Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande kjøpekraft og velstand. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk og økonomisk utvikling. Samtidig gjer kompleksiteten og mangfaldet som forbrukarane står overfor i marknaden, at risikoforhold knytt til varer eller tenester blir vanskelege å få oversikt over. I dei seinare åra er det til dømes blitt utvikla bank-, finans- og forsikringsprodukt som det ofte er vanskeleg for forbrukarane å vurdere og velje mellom.
Det er viktig å sikre forbrukarane gode rettar og god informasjon når dei skal gjere val som har store konsekvensar for privatøkonomien. Dette gjeld til dømes i samband med kjøp og sal av bustader. Ofte oppstår det konfliktar etter kjøp som kunne vore unngått om informasjonsgrunnlaget hadde vore betre. Meir skriftleg dokumentasjon både i samband med bodgiving og ved kjøp av handverkartenester på bustader kan gi færre konfliktar.
Trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er ein føresetnad for godt fungerande marknader. Gode informasjonsløysingar er ein viktig del av forbrukarpolitikken. Det er særleg aktuelt å sjå på løysingar for nettbasert informasjon i marknaden for daglegvarer.
Talet på inkassosaker har auka i dei seinare åra, samtidig som talet på gjeldsordningssaker framleis er svært høgt. Regjeringa vil etablere eit offentleg gjeldsregister som skal gi bankar og andre som yter kreditt tilgang til informasjon om gjelda enkeltpersonar har hos andre kredittføretak ved kredittvurderingar. Ordninga skal gjelde kreditten til enkeltpersonar som ikkje går fram av andre register. Dette er typisk kredittkortgjeld og forbrukslån. Formålet er å motverke alvorlege gjeldsproblem ved å forhindre at enkeltpersonar får ta opp større låne- og kredittforpliktingar enn dei kan betene.
Nivået på det materielle forbruket i Noreg medfører ei belasting på naturgrunnlaget. Det er nødvendig med kollektive tiltak dersom ein skal redusere miljøbelastinga av forbruket. Samtidig er det viktig at den enkelte forbrukar tenkjer igjennom og korrigerer forbruksvanane sine ut frå omsyn til miljøet. Eit vilkår for dette er at det finst relevant informasjon som gjer det mogleg å gjere opplyste val.
Det same gjeld sosiale og etiske forhold knytt til produksjon, bruk og avhending av forbruksvarar. Mange forbrukarar engasjerer seg når det kjem fram opplysingar om uakseptable forhold til dømes ved produksjonen av varer som vi omgir oss med til dagleg. Det er eit viktig prinsipp i alt forbrukarretta arbeid at forbrukarane har krav på openheit, ikkje berre om pris og kvalitet, men òg om standardane som blir nytta i produksjonen av varer og tenester. Utan slik openheit er det vanskeleg å halde dei som sel varer ansvarlege for uakseptable forhold i verdikjedene, og for forbrukarane å ta medvitne val.
Frivillige merkeordningar kan vere viktige for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil arbeide vidare med å styrkje dei offisielle miljømerka i Noreg, Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).
Regjeringa vil at offentlege innkjøparar i større grad skal ta omsyn til etikk og samfunnsansvar ved innkjøp. Ved å stille krav til tilbydarar om at varer skal vere tilverka under forsvarlege forhold, kan offentlege verksemder tene som førebilete og medverke til større etterspørsel etter varer frå tilbydarane som oppfyller krava. Over tid kan dette medverke til eit betre tilbod av varer som er produsert under forsvarlege forhold, og til at det blir enklare for forbrukarane å velje slike varer.
BLD har hovudansvaret for å fremme forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet forvaltar viktige forbrukarlover og har ansvar for fleire sjølvstendige institusjonar som varetek rettane og interessene til forbrukarane. Forbrukarpolitikken er elles prega av at ansvaret for viktige tiltak og regelverk er fordelt på mange departement og tilsynsorgan, som ofte må samarbeide for å vareta omsynet til forbrukarane.
Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet, Stiftelsen Miljømerking, forbrukarpolitiske tiltak og deltaking i rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk.
Forbrukarrådet skal som offentleg finansiert interesseorgan for forbrukarane arbeide for auka forbrukarinnverknad i samfunnet, medverke til ei forbrukarvennleg utvikling og fremme tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.
Forbrukarombodet har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande ikkje er villeiande eller på annan måte er i strid med marknadsføringslova.
SIFO har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.
Både Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO medverkar vesentleg til å setje forbrukarinteresser på den offentlege dagsordenen og til å skape debatt om viktige forbrukarspørsmål.
Forbrukartvistutvalet (FTU) avgjer mellom anna klagesaker i samband med forbrukarkjøp og kjøp av handverkartenester når handsaminga til Forbrukarrådet ikkje fører fram.
Marknadsrådet (MR) avgjer mellom anna saker etter marknadsføringslova når forhandlingar mellom Forbrukarombodet og næringsdrivande ikkje fører fram.
Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er i tillegg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).
Mål
For 2014 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
7: Ei sterk stilling for forbrukarane | 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane |
7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet | |
7.3: Informerte og opplyste forbrukarar | |
7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken | |
8: Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk | 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane
Resultatrapport 2012/2013
Gjeldsordningslova skal hjelpe personar med alvorlege gjeldsproblem å få tilbake kontrollen med økonomien. Saksmengda etter gjeldsordningslova har lenge vore stor. I 2012 blei det opna 3 236 gjeldsordningssaker, mot 3 403 saker i 2011.
BLD la våren 2013 fram ein lovproposisjon om endringar i gjeldsordningslova (Prop. 155 L (2012–2013) Endringer i gjeldsordningsloven og dekningsloven mv.). I proposisjonen blei det føreslått å leggje handsaminga av gjeldsordningssakene til færre namsmenn enn i dag. Mange namsmenn har i dag få gjeldsordningssaker og derfor vanskar med å opparbeide tilstrekkeleg kompetanse til å handsame sakene. Vidare blei det føreslått å etablere nye standardiserte satsar for livsopphald for både dei som har gjeldsordning og dei som har lønnstrekk. Satsane BLD årleg utarbeider for kor mykje ein skyldnar kan behalde til eige livsopphald ved gjeldsordning, har vore knytt til utviklinga i minstepensjonen, og dei er over tid blitt svært høge. Ved lønnstrekk er det ikkje utarbeidd satsar frå sentralt hald, og her er det derfor store forskjellar i kor mykje skyldnaren får behalde til eige underhald. I proposisjonen blei det òg føreslått at nordmenn som er busett i utlandet, skal kunne søkje om gjeldsordning frå landet dei bur i.
Kjøp av deltidsbruksrett (timeshare) og langtidsferieprodukt (ferieklubbar mv.) har vore eit vanskeleg område for forbrukarar som ferierer i utlandet. Ei ny lov om slike produkt (tidspartlova) tok til å gjelde 1. juli 2012. Lova gjennomfører timesharedirektivet til EU frå 2009 og erstattar tidspartlova frå 1997. Gjennom at den nye lova omfattar avtaler om deltidsbruksrett som gjeld for kortare tid enn tre år, langtidsferieprodukt, vidaresal av deltidsbruksrett og langtidsferieprodukt og byte av deltidsbruksrett, er rettane til forbrukarane knytt til slike produkt blitt styrkt.
Ei ny prisopplysingsforskrift som er heimla i marknadsføringslova, tredde i kraft 1. januar 2013. Den nye forskrifta erstattar seks forskrifter som stilte krav til prisopplysing frå næringsdrivande som sel varer eller tenester til forbrukarar. Nytt er mellom anna ei plikt for næringsdrivande som sel tenester, til å leggje prislister ut på heimesidene sine. Forskrifta stiller òg krav om at bankar må registrere prisopplysingane sine i Finansportalen. Alle som sel tannhelsetenester, må registrere prisopplysingane sine i den nye prisportalen for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no. Den nye forskrifta sikrar forbrukarane betre prisinformasjon og legg slik grunnlag for meir velfungerande marknader.
BLD og Helse- og omsorgsdepartementet sende i mai 2013 ut til høyring eit forslag til regulering av marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn under 16 år. Forslaget er ei revidert utgåve av eit liknande forslag frå 2012. I høyringsrunden til forslaget frå 2012 kom det fram at bransjen og styresmaktene er samde om at det er nødvendig å regulere marknadsføringa av usunn mat overfor barn. Bransjen ønskjer ei form for sjølvregulering.
Bransjen presenterte i juni 2013 eit forslag til sjølvreguleringssystem. BLD og Helse- og omsorgsdepartementet har etter dette gått med på at sjølvreguleringssystemet skal få verke i to år før ein eventuelt går inn med lovregulering.
Stadig nye område i samfunnet blir regulert med forskjellige standardar utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, til dømes gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO. For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad i arbeidet. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og BLD om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2012. Vidare gav BLD tilskot til reisestøtte til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Saman medverka desse tiltaka til at forbrukarrepresentantar deltok i fleire nasjonale og internasjonale standardiseringsprosjekt.
Arbeidet med standardisering er ofte både komplisert og tidkrevjande. Det er derfor vanskeleg å måle effekten av større deltaking frå forbrukarsida i arbeidet.
Strategiar og tiltak for 2014
Talet på inkassosaker har auka i dei seinare åra, samtidig som talet på gjeldsordningssaker framleis er svært høgt. Regjeringa vil etablere eit offentleg gjeldsregister som skal gi bankar og andre som yter kreditt tilgang til informasjon om gjelda enkeltpersonar har hos andre kredittføretak ved kredittvurderingar. Ordninga skal gjelde kreditten til enkeltpersonar som ikkje går fram av andre register. Dette er typisk kredittkortgjeld og forbrukslån. Formålet er å motverke alvorlege gjeldsproblem ved å forhindre at enkeltpersonar får ta opp større låne- og kredittforpliktingar enn dei kan betene. Registerløysinga skal etablerast i Løsøreregisteret i Brønnøysundregistera.
EU-kommisjonen er i ferd med å evaluere direktivet om urimeleg handelspraksis, som er gjennomført i marknadsføringslova. Hovudformålet med direktivet er å skape eit sterkt forbrukarvern og medverke til å gjere den indre marknaden fullstendig ved å fjerne hindringar som kjem av ulikskapar i nasjonale rettslege reguleringar av urimeleg handelspraksis. BLD vil i 2014 følgje evalueringa tett ved å delta på møte i EU og ved å ha dialog med Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og andre interessentar. Deretter vil departementet vurdere om det er grunnlag for å gi innspel i den vidare prosessen, til dømes i form av ei fråsegn frå EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.
På oppdrag frå BLD har Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) sidan den nye marknadsføringslova tredde i kraft i 2009, gjennomført årlege undersøkingar om korleis reglane for telefonmarknadsføring verkar og blir etterlevd. SIFO skal levere ein sluttrapport i 2014. Med bakgrunn i denne vil BLD endeleg evaluere korleis regelverket blir etterlevd. Evalueringa vil òg byggje på opplysingar frå Forbrukarombodet, som sidan 2010 har utarbeidd årlege rapportar om reglane for telefonsal.
Eit nytt EU-direktiv om forbrukarrettar blei vedtatt i oktober 2011 (Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/83/EU). Direktivet, som er tatt inn i EØS-avtala og må vere gjennomført i norsk rett innan 13. juni 2014, inneheld reglar om krav til informasjon ved forbrukarkontraktar, opplysingsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanfor den faste forretningsstaden til den næringsdrivande, overgangen av risiko i forbrukarkjøp og enkelte andre forbrukarrettar. Direktivet byggjer på prinsippet om totalharmonisering, det vil seie at landa ikkje har høve til å ha avvikande reglar på området direktivet gjeld for. Det er mogleg å ha andre reglar berre der direktivet uttrykkeleg seier det er høve til det. Direktivet grip slik inn i reglane til fleire norske lover. BLD arbeider med forslag til ei ny lov om angrerett som skal gjennomføre den delen av direktivet som gjeld fjernsal (til dømes Internett- og telefonsal) og sal utanfor fast forretningsstad. Gjennomføringa av resten av direktivet vil Justis- og beredskapsdepartementet ta hand om.
Pakkereiselova sikrar forbrukarane særskilte rettar ved kjøp at pakkereiser. Dersom reisa er betalt på førehand, er mellom anna betalinga sikra gjennom Reisegarantifondet om reiseselskapet skulle gå konkurs. Pakkereiselova byggjer på eit EU-direktiv frå 1990. Sidan dette direktivet kom, har måten forbrukarane inngår avtaler om slike reiser på, endra seg. I dag lagar og bestiller dei reisande i stort omfang sine eigne reisepakker på Internett. Også reisearrangørane set saman slike pakkar for kundane sine på Internett. Sommaren 2013 la EU-kommisjonen fram forslag til eit nytt pakkereisedirektiv (COM (2013) 512) som klargjer og oppdaterer det gjeldande direktivet etter den faktiske og rettslege utviklinga som har vore på området. Direktivforslaget har nyleg vore ute til høyring. Det nye pakkereisedirektivet er venta vedtatt tidlegast i 2014.
For å følgje opp rapporten til Matkjedeutvalet (NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat) blei det i 2012 sett ned eit lovutval til å greie ut korleis prinsippet om god handelsskikk og omsynet til forbrukarane best kan varetakast i daglegvaresektoren. Utgreiinga blei lagt fram våren 2013. I denne blei det, i tillegg til nye lovreglar, føreslått at det skal opprettast eit eige handelstilsyn med Marknadsrådet som klageorgan. Utgreiinga har vore ute til høyring. BLD vil følgje opp saka i samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Eit av hovudmåla i regjeringa sin handlingsplan Likestilling 2014 er å motverke kjønnsstereotypiar. På oppdrag frå BLD gjennomfører SIFO i 2013 ei utgreiing om kroppspress og erfaringane med retusjert reklame. BLD vil i 2014 følgje opp utgreiinga og ha dialog med mellom andre forskarar og representantar for reklamebransjen, ungdomsorganisasjonar og media om korleis omfanget av reklame (inkludert retusjert reklame) som medverkar til kroppspress og uoppnåelege kroppsideal hos unge gutar og jenter, kan reduserast.
Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle som ønskjer å delta. Næringslivet er ofte sterkt representert. Det er viktig å leggje til rette for at forbrukarinteressene òg blir varetekne i arbeidet, slik at standardane blir gode og balanserte.
BLD har i samarbeid med Forbrukarrådet og Standard Norge oppretta eit fagråd som skal fremme interessene til forbrukarane og stimulere til forbrukardeltaking i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid. I fagrådet deltek BLD, Forbrukarrådet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Standard Norge. Sekretariatsfunksjonen ligg i Standard Norge. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringsarbeid. Sekretariatet spelar òg ei viktig rolle i arbeidet med å lære opp og rettleie deltakarane i slikt arbeid.
For å stimulere til større forbrukarrepresentasjon i standardiseringsarbeid gir BLD òg tilskot til reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsprosjekt. Reisestøtte kan tildelast etter kriterium som er fastsett av Fagrådet for forbrukarsaker.
Delmål 7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet
Resultatrapport 2012/2013
Forbrukarrådet fekk i 2012 inn 4 986 klagesaker frå forbrukarar som var misnøgde med varer eller tenester dei hadde kjøpt. 75 prosent av desse sakene blei løyst ved mekling av Forbrukarrådet. Handsamingstida var i snitt 97 dagar. Fordi Forbrukarrådet i 2011 gjekk over til eit nytt saks- og arkivsystem, kan handsamingstida for 2012 ikkje samanliknast med handsamingstida for dei føregåande åra.
Det kom i 2012 inn 1 480 saker til Forbrukartvistutvalet (FTU), mot 1 302 i 2011. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 85 dagar, mot 84 dagar i 2011. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under fem månader blei dermed oppfylt. Både talet på og typane saker til FTU gjer at det ikkje er grunnlag for å vente at handsamingstida skal bli særleg kortare.
Til Marknadsrådet kom det i 2012 inn 15 saker, mot 19 i 2011. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 67 dagar, mot 34 dagar i 2011. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad for sakene som gjeld brot på marknadsføringslova, blei dermed oppfylt. Sidan sakene til Marknadsrådet er ulike i omfang, vil handsamingstida variere ein del frå år til år.
For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor (EEC Net) i dei fleste europeiske landa. Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 2610 førespurnader i 2012, ein auke på 31,7 prosent frå 2011. Av dei 2610 førespurnadene kom 2150 frå forbrukarar som ønskte hjelp i samband med klage. Resten (460) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn.
NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister, om utanrettsleg tvisteløysing, var ute til høyring våren 2011. Etter den opphavlege planen skulle dei første forslaga om oppfølging av utgreiinga leggjast fram i 2012. EU-kommisjonen la seint i 2011 fram ei forslagspakke om utanrettsleg tvisteløysing. Forslaga legg føringar for korleis det norske tvisteløysingssystemet kan utformast. Det vidare arbeidet med oppfølginga av NOU 2010: 11 blei derfor utsett til EU-reglane om utanrettsleg tvisteløysing var vedtekne våren 2013 (nærmare omtalt under strategiar og tiltak).
Strategiar og tiltak for 2014
Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål å gi forbrukarane tilgang til effektiv og rimeleg tvisteløysing. Forbrukartvistar handlar ofte om mindre beløp, og domstolshandsaming kan derfor vere uforholdsmessig kostbart og ressurskrevjande. Norske forbrukarar handlar mykje i utlandet, både ved hjelp av Internett og på reiser. Det er derfor viktig å leggje til rette for tvisteløysing når forbrukaren og den næringsdrivande held til i kvar sine land.
EU vedtok våren 2013 eit nytt regelverk om alternativ tvisteløysing. Etter regelverket må alle EU- og EØS-landa ha eit tilbod om tvisteløysing utanfor domstolane for kjøp av alle typar varer og tenester. Regelverket set minimumskrav til mellom anna kvaliteten på tvisteløysingsorgana. I tillegg er EU-kommisjonen i ferd med å lage ei nettbasert ordning for løysing av tvistar over landegrensene ved elektronisk handel. Ordninga skal gjere det enkelt for forbrukarane å klage til den rette instansen i det landet seljaren eller tenesteytaren er etablert. BLD tek sikte på å sende ut til høyring forslag til endringar i det norske regelverket som varetek det nye EU-regelverket, i 2014.
Viktige mål for Forbrukartvistutvalet (FTU) er at tilbodet om kostnadsfri og forenkla tvisteløysing er allment kjent, at sakshandsaminga er rask og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik blir tekne vare på. Handsamingstida for sakene skal i snitt vere på under fem månader. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit og blir oppfatta som uavhengig og nøytralt.
Saker for Marknadsrådet som gjeld klage på brot på marknadsføringslova, skal i snitt handsamast på under tre og ein halv månad. For saker om alkohol- og tobakksreklame er det ikkje sett noko mål for handsamingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore oppe hittil, har vore store og hatt omfattande innlegg frå partane. Ein må derfor rekne med noko lengre handsamingstid for desse.
Delmål 7.3: Informerte og opplyste forbrukarar
Resultatrapport 2012/2013
Forbrukarrådet hadde i 2012 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 75 000 telefonsamtaler, 23 200 e-postar og 2,6 mill. besøk på nettsidene sine (forbrukerradet.no). Forbrukarrådet venta på førehand å ha kontakt med om lag 90 000 forbrukarar via e-post og telefon og 3 mill. besøk på nettsidene. Nedgangen i bruken av nettsidene kan ha samanheng med at Forbrukarrådet i 2012 la om desse.
Det var i 2012 ingen større endringar i kva forbrukarane vende seg til Forbrukarrådet om. Dei fleste spørsmåla handla om kjøp/sal av bil, husleige, handverkartenester og elektronikk.
I ei brukarundersøking i 2012 svarte 80 prosent at dei var svært tilfredse eller tilfredse med telefontenesta til Forbrukarrådet. 60 prosent svarte det same om e-posttenesta. Resultata var på linje med tala frå dei seinare åra og i tråd med måla for desse tenestene på høvesvis 75 og 60 prosent. Svært få svarte at dei var misnøgde med hjelpa frå Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet gjennomførte fleire informasjonskampanjar for å gi forbrukarane betre kjennskap til rettane deira. Mellom anna blei det gjennomført to kampanjar om rettane til flypassasjerar.
Etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) lanserte Forbrukarrådet våren 2013 ein marknadsportal for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no. Portalen, som er finansiert av HOD, er utvikla av Forbrukarrådet i samarbeid med Den norske tannlegeforening, Norsk Tannpleierforening og Helsedirektoratet. Forbrukarane får på portalen oppdatert informasjon om prisane, dei vanligaste tannbehandlingane og servicefasilitetane til tannlegar.
Ved utgangen av 2012 hadde Finansportalen prisar og vilkår for meir enn 520 bustadlån, 1180 bankinnskot, meir enn 470 prislister for daglegbank og kredittkort og 675 produktpakkar. Gjennom året hadde portalen i snitt 10 600 brukarar kvar veke. Reknar ein med samanlikningsløysingar (portable kalkulatorar) på andre nettstader som baserer seg på innhald frå Finansportalen, var talet på brukarar omtrent det doble. Målet for 2012 var at portalen i snitt skulle ha om lag 9 500 brukarar kvar veke.
Da Finansportalen i 2011 blei utvida med ein kalkulator for skadeforsikringar, var berre fire forsikringsselskap kopla til løysinga. Ved slutten av 2012 hadde 11 selskap som saman representerer meir enn 90 prosent av den norske forsikringsmarknaden, kopla seg til. Portalen hadde informasjon om prisar og vilkår for mellom 40 og 50 bil-, hus-, innbu- og reiseforsikringsprodukt.
Finansportalen utvikla i 2012 òg ein kalkulator for forsikringspakkar, der selskapa kan synleggjere rabattane som kundane får om dei teiknar fleire forsikringar. Det blir for tida arbeidd med å utvide tenestene på portalen med fleire typar forsikringar.
Prissamanlikningstenesta Sende-penger-hjem (SPH) på Finansportalen omfatta ved slutten av 2012 prisane på 520 betalingsoverføringstenester til 29 land frå til saman 16 bankar og betalingsføretak. Den primære målgruppa for tenesta er dei over 400 000 innvandrarane som jamleg sender pengar heim til opphavslandet. Trass i SPH-tenesta indikerer prisdata at kostnadene for betalingsoverføringar til utlandet auka litt frå 2011 til 2012.
Forbrukarrådet har gjort overslag som indikerer at norske hushald sidan 2008 har spart rundt 150 mill. kroner på at dei ved hjelp av informasjon på Finansportalen har fått betre bankavtaler. Størst vinst har hushalda fått på marknaden for bustadlån.
Digital teknologi og nettbaserte løysingar gjer det mogleg å hente inn store mengder informasjon og samanlikne denne på ein måte som gir forbrukarane betre oversikt. Som ein del av oppfølginga av eit forslag i NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjedene for mat gav BLD hausten 2012 Forbrukarrådet i oppdrag å greie ut om det bør opprettast ei nettbasert informasjonsløysing for forbrukarane i daglegvaremarknaden som kan formidle prisar og annan informasjon om produkt. Målet er å stimulere konkurransen mellom daglegvarekjedene, slik at det kan bli større mangfald og lågare prisar i butikkane. Rapporten frå Forbrukarrådet blei lagt fram i juni 2013 og konkluderer med at det er mogleg å utvikle ein daglegvareportal innanfor ein periode på to–tre år.
BLD gav i 2012 Forbrukarrådet i oppdrag å utarbeide ei informasjonsløysing som skal gi forbrukarane betre rettleiing om merkeordningane som blir nytta på norske forbruksvarer. Bakgrunnen var ei undersøking frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) som viste at det er behov for betre informasjon om kva dei ulike merkeordningane betyr. Informasjonsløysinga (Merkeoversikten) blei oppretta på heimesida til Forbrukarrådet (forbrukerradet.no) i mars 2013.
BLD frikjøpte i 2012 standardkontraktar for handverkartenester på bustader frå Standard Norge. Formålet var å auke bruken av skriftlege kontraktar ved å gjere desse gratis tilgjengelege på Internett, for slik å redusere talet på tvistar mellom forbrukarar og handverkarar/entreprenørar, redusere førekomsten av svart arbeid og auke tryggleiken for forbrukarar og tilliten til byggjebransjen.
BLD vidareførte i 2012 arbeidet med å fremme undervisinga i forbrukaremne. På oppdrag frå departementet gjennomførte Stiftelsen Idébanken fagdagar om forbrukartema ved lærarutdanningane i Stavanger og Bergen. Samarbeidet med Høgskolen i Hedmark (HIHM), som mellom anna leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising, blei ført vidare. Det blei òg samarbeidd med Skolemagasinet om å gjere informasjon og materiell om forbrukaremne tilgjengeleg for lærarar.
Strategiar og tiltak for 2014
Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Informasjon fremmer forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta medvitne val. For det offentlege forbrukarapparatet er det ei viktig oppgåve å medverke til at forbrukarane får slik informasjon.
Forbrukarrådet møter dagleg forbrukarar gjennom ulike kanalar: heimesida (forbrukerradet.no), Finansportalen (finansportalen.no), Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no), Forbrukar Europa (forbrukereuropa.no), Forbrukartelefonen, e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt, besøk på regionkontora og nærvær i media. I 2014 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med mellom 80 000 og 90 000 forbrukarar gjennom e-post og Forbrukartelefonen. Forbrukarrådet ventar òg kvar veke å få om lag 40 000 unike besøk på nettsidene sine og gjennom heile året om lag 10 000 mediesaker. Regionkontora vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å informere forbrukarane om gjeldande rett og om viktige forbrukarpolitiske saker. Forbrukarrådet vil gjennomføre fleire informasjonskampanjar for å gjere forbrukarane medvitne om aktuelle forbrukarspørsmål.
Betre kunnskapar om forbrukarrett blant seljarar kan sikre forbrukarane betre informasjon både før og etter kjøp og medverke til raskare klagehandsaming og færre konfliktar. I tråd med dette vil Forbrukarrådet i 2014 vidareføre samarbeidet med næringslivet og bransjeorganisasjonane om å informere om reglane som gjeld i samband med handel.
Gjennom mange år har undersøkingar vist at brukarane er godt nøgde med tenestene til Forbrukarrådet. Målet for 2014 er at Forbrukarrådet skal ha like mange nøgde brukarar som tidlegare.
Finansportalen til Forbrukarrådet er den største leverandøren av marknadsdata til forbrukarane om bank og forsikringsprodukt (sjå nærmare omtale under resultatrapporten). Forbrukarrådet vil i 2014 arbeide for at fleire bankar og forsikringsselskap skal følgje plikta dei har til å rapportere inn data til portalen, slik at denne dekkjer mest mogleg av marknaden.
Nettsidene til Finansportalen har i snitt besøk av 10 000–11 000 brukarar kvar veke. Like mange blir eksponert for informasjonen frå portalen gjennom papirbaserte og digitale media som har distribusjonsavtale med denne. Målet er å nå fram til minst like mange brukarar i 2014.
Etter at Finansportalen har vore i drift i fem år, er det få teikn på at forbrukarane reforhandlar vilkår eller byter bank i særlig større grad enn tidlegare. I følgje ei undersøking som Forbrukarrådet har gjennomført, peikar mange på produktpakkar og samlerabattar som hindre for å ta initiativ til byte. Forbrukarrådet vil i 2014 arbeide for å fremme kundemobilitet i bankmarknaden gjennom informasjon og ved å gjere det enklare å byte bank.
Forbrukarrådet lanserte i februar 2013 ein ny portal for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no (omtalt under resultatrapporten). For å auke nytteverdien av portalen vil det i 2014 bli arbeidd med å utvikle betre søkjefunksjonar på sidene, og fleire prispakkar som er tilpassa spesialisttenestene. Forbrukarrådet vil òg arbeide for å utvikle analysar som kan seie noko om effekten portalen har på konkurranse og prisar.
BLD vil arbeide vidare med forslaget som er fremt av Matmaktutvalet (NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjedene for mat) og Forbrukarrådet om å opprette ein informasjonsportal for daglegvarer (nærmare omtalt under resultatrapporten).
Regjeringa arbeider for at fleire forbrukarar skal inngå skriftlege kontraktar når dei kjøper handverkartenester. I tråd med dette føreslår BLD å vidareføre frikjøpet av Standard Norge sine standarkontraktar for handverkartenester på bustader (omtalt under resultatrapporten).
Forbrukaremne er tema i læreplanmåla for mellom anna mat- og helsefag, kunst- og handverksfag, natur-, geografi- og samfunnskunnskap. Det er eit forbrukarpolitisk mål å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Forbrukaremne skal gi elevane kunnskapar om blant anna berekraftig forbruk, personleg økonomi, forbrukarrett, digitale medium og teknologi. Undervisinga i desse emna skal gjere barn og unge i stand til å opptre som sjølvstendige og medvitne forbrukarar.
Departementet vil òg arbeide vidare med å leggje grunnlag for kritiske haldningar til reklame og marknadsføring. Både elevar, lærarstudentar og lærarar vil vere målgrupper for arbeidet.
Departementet vil arbeide med å etablere eit kompetansemiljø ved Høgskolen i Hedmark som kan utføre praktiske oppgåver i samband med undervising i forbrukaremne.
Delmål 7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken
Resultatrapport 2012/2013
På fagområda til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) blei det i 2012 sett i gang ti nye prosjekt med ekstern finansiering. Det blei publisert 22 tidsskriftsartiklar og 13 bokartiklar.
SIFO studerte i 2012 ei rekkje ulike tema, frå problemstillingar knytt til gjelds- og betalingsproblem, miljøpåverknaden av ulike typar forbruk og føresetnadene for ein berekraftig praksis til korleis forbruk kan vere uttrykk for haldningar, livsstil, verdiar og smak.
SIFO-surveyen i 2012 gav mellom anna viktig kunnskap om kjøp av handverkartenester på bustader. Til dømes kom det fram at relativt få forbrukarar hadde nytta annonsar eller Internettportalar for å skaffe seg slike tenester. Dei fleste hadde nytta handverkarar dei kjente.
Ein studie om digital meistring viste at den digitale kompetansen til befolkninga aukar på alle område. Delen som sjølv vurderer at dei meistrar navigering på Internett og bruk av nettbank, er svært høg.
På oppdrag frå BLD gjennomførte SIFO i 2012 ein studie over låne- og kredittåtferda til unge vaksne (personar i alderen 18 til 25 år). Studien var ei vidareføring av ein kvalitativ studie frå 2011. Mellom anna kom det fram at mange i den aktuelle aldersgruppa hadde fått hjelp av foreldra til å handtere betalingsproblem, og at mange ønskjer meir opplæring om personleg økonomi i skolen. Dei fleste som deltok i studien, gav òg uttrykk for at det er for lett å få kreditt.
Denne typen funn og kunnskapar er verdifull som grunnlag for avgjerder om forbrukarpolitiske tiltak og prioriteringar.
SIFO vidareførte i 2012 arbeidet med å utvikle kvaliteten og nytteverdien av referansebudsjettet (tidlegare standardbudsjettet) for forbruksutgifter. Referansebudsjettet blir mellom anna nytta ved fastsetjing av bidragssatsar og når finansnæringa skal handsame lånesøknader.
SIFO skårar bra på forskarkompetanse. Av totalt 32 forskarårsverk hadde 22 ved utgangen av 2012 doktorgrad. Åtte av forskarane hadde forskar I-kompetanse. I 2012 blei det fullført to doktorgrader ved instituttet. Elleve doktorgradsprosjekt var under arbeid. Høg forskarkompetanse er ein viktig føresetnad for god kvalitet på og gjennomslag for forbrukarforskinga.
I tillegg til å drive med forsking skal SIFO etter vedtektene ha ei aktiv rolle i å gjere forskingsresultata kjent. I tråd med dette formidla instituttet forskingsresultat gjennom føredrag, populærvitskapelege artiklar og kronikkar. Medieomtala var òg omfattande. Instituttet deltok i og var arrangør av seminar og konferansar om ulike forbrukartema. SIFO la på denne måten grunnlag for at forskingsresultata kan kome til nytte som kunnskapsgrunnlag for politiske prioriteringar og tiltak, og for at vanlege forbrukarar skal bli orientert om sentrale forbrukaremne.
EU-kommisjonen legg stor vekt på å overvake og dokumentere tilhøva for forbrukarane. Dei fleste undersøkingane dekkjer heile EØS-området og inneheld dermed data for Noreg. I 2012 synte ei kartlegging at nordmenn er dei som hyppigast nyttar Internett til å kjøpe varer og tenester. Medan 73 prosent i Noreg hadde kjøpt varer eller tenester via nettet det siste året, var snittet i Europa 43 prosent. Norske forbrukarar gav ikkje uttrykk for at dei er spesielt miljømedvitne. Medan 24 prosent av dei spurte i Noreg svarte at dei blir påverka av miljøomsyn i vala som forbrukarar, var det tilsvarande snittet i EU-medlemslanda 29 prosent. I ei anna undersøking, Consumer Market Scoreboard, blei forbrukarane spurt om å evaluere tilhøva i ulike vare- og tenestemarknader. Samanlikna med snittet for heile Europa kom marknadskategoriane alkoholomsetnad, drivstoff, brukskonti, bustadlån o.a. kreditt godt ut blant norske forbrukarar. Kategoriane kafear og restaurantar, frukt- og grønsaker, handverkartenester, Internett-tilknyting, eigedomsmekling og investeringsprodukt kom dårleg ut. Funn og samanlikningar som dette er viktige for arbeidet med å identifisere innsatsområde i forbrukarpolitikken.
Strategiar og tiltak for 2014
Ein aktiv og målretta forbrukarpolitikk føreset god kunnskap om tilhøva til forbrukarane.
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har ei sentral rolle i arbeidet med å få fram, forvalte og formidle kunnskap om tilhøva til forbrukarane. Kunnskapen instituttet bringar fram, er til nytte for både styresmakter, politikarar, næringslivet, ulike organisasjonar og forbrukarane.
I den gjeldande strategiplanen til SIFO er hushaldsøkonomi og gjeld, forholdet mellom forbruk og miljø, forbrukskultur, maktforhold i verdikjeda og moglegheitene for forbrukarmedverknad trekt fram som forskingsområde instituttet vil prioritere og bli leiande på.
Referansebudsjettet til SIFO har i over 20 år vore til stor nytte for styresmakter, næringsliv, frivillige organisasjonar og hushald. Det blir kontinuerleg arbeidd med å vidareutvikle kvaliteten på og nytteverdien av dette budsjettet. I arbeidet inngår både teoriutvikling om samanhengen mellom livsstil og forbruk og nødvendige tilpassingar av budsjettet til ulike bruksområde. I 2014 vil det mellom anna bli arbeidd for at budsjettet kan bli eit meir effektivt verktøy for kredittvurderingane til bankar.
Åtferdsøkonomisk teori og metode kan medverke til ei betre forståing av korleis forbrukarar faktisk gjer val. Slik teori og metode kan òg gi ei betre forståing av korleis institusjonar bør utformast og regulerast for å sikre at individ gjer mest mogleg fornuftige val. I 2014 er det aktuelt for SIFO mellom anna å gjennomføre felteksperiment om åtferda til brukarane av butikkar og restaurantar og sjå nærmare på vala forbrukarane gjer ved kjøp av bustader, kreditt- og spareprodukt.
På marknadsføringsområdet har SIFO som mål å undersøkje kva som kjenneteiknar møtet forbrukarane har med marknadsføring, kva slags utviklingstrekk marknadsføringsstrategiane vil ha i framtida, og kva som eventuelt er problematisk med reguleringane og måla som finst på dette området i dag.
I 2014 vil SIFO òg styrkje kompetansen sin på økonomisk vekst, slik at instituttet blir betre i stand til å delta i den faglege og politiske debatten om vekst og berekraft.
BLD har jamleg dialog med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO om å initiere undersøkingar av felles interesse om viktige forbrukarspørsmål. I 2014 vil merksemda mellom anna bli retta mot utfordringane som eldre forbrukarar står overfor.
Under EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk deltek Noreg i ein serie undersøkingar av forbrukarmarknadene og tilhøva for forbrukarane i heile Europa. Resultata blir publisert av EU-kommisjonen i fleire rapportar. Rådata frå undersøkingane blir lagt ut på Internett, slik at dei kan nyttast av nasjonale styresmakter og forskingsmiljø. Datamaterialet gjer det mogleg å samanlikne tilhøva i ulike land. Ei sentral undersøking er den årlege Consumer Market Scoreboard. I denne blir om lag 50 vare- og tenestemarknader målt ved at representative utval av forbrukarar i kvart land blir spurt om sine erfaringar med desse marknadene gjennom det siste året. Marknadene som peiker seg ut, blir ofte undersøkt nærmare. I 2014 vil EU-kommisjonen arbeide med å identifisere kjenneteikn på spesielt sårbare forbrukargrupper.
Delmål 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval
Resultatrapport 2012/2013
Stiftelsen Miljømerking i Norge (Miljømerking) oppdaterer og produserer ny informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen. For å fremme gode miljøvanar hos nye generasjonar retta Miljømerking kommunikasjonsarbeidet særleg mot barn og deira omgivnader. Hausten 2012 starta første sesong av den nye barne-TV-serien om Blekkulf og Svanhild, som er barnefiguren til miljømerket Svana. I snitt såg 101 000 barn mellom 2 og 11 år Blekkulf-episodane.
Mange produkt med miljømerke, og god kjennskap til merka er viktige føresetnader for at forbrukarane skal ta omsyn til etikk og miljø når dei gjer forbruksval. I 2012 blei det innvilga 81 nye lisensar og registreringar for Svana. 19 av desse blei innvilga som nordisk lisens av miljømerkingskontor i andre nordiske land. Sidan fleire lisensar og registreringar gjekk ut som følgje av reviderte og skjerpte kriterium, blei nettoauken i lisensar og registreringar 15. Ved utgangen av 2012 var det såleis totalt 609 gyldige lisensar og registreringar i Noreg, mot 594 ved utgangen av 2011.
For 2012 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svana. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar 2013) viste at kjennskapen var på 93 prosent. Kjennskapen til EU Ecolabel var på 11 prosent, mot 9 prosent i undersøkinga for 2011. Målet er at kjennskapen til EU Ecolabel skal ligge på 30 prosent.
BLD deltok i arbeidsgruppa under Nordisk ministerråd som følgjer opp tiltak i visjonen for Svana 2015 (vedtatt av miljøministrane i 2010). Arbeidet skal medverke til at Svana forsterkar posisjonen sin som det mest relevante miljømerket i Norden, samstundes som det blir utvikla samspel med andre miljøinformasjonssystem. Oppfølginga av visjonen så langt skal evaluerast i løpet av 2013.
BLD arbeider for å auke medvitet til forbrukarane om dei etiske og miljørelaterte aspekta av forbruket. I 2012 fekk særleg tekstilområdet merksemd. Departementet støtta mellom anna det bransjeretta prosjektet Tekstilpanelet, som arbeider for at den norske klesbransjen i større grad skal ta etikk- og miljøomsyn i produksjonsverksemda si. Organisasjonen Grønn Hverdag fekk støtte frå departementet til å kartleggje dei etiske og miljømessige retningslinjene til aktørane i klesbransjen. Kartlegginga blei ferdig i august 2013 og synte at dei fleste kjedene har ein stor jobb å gjere for å handtere etikk- og miljøomsyn i produksjonsverksemdene sine på ein tilfredsstillande måte.
BLD vidareførte arbeidet med å utvikle verktøy og å heve kompetansen hos offentlege innkjøparar om sosiale omsyn i offentlege innkjøp. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har det operative ansvaret for dette arbeidet. Undersøkingar viser at sjølv om interessa rundt temaet aukar blant verksemdene, er det framleis få som stiller sosiale krav i innkjøpa sine. For å styrkje arbeidet gav BLD i 2012 tilskot til Oslo kommune for å utvikle ei rammeavtale for innkjøp av sosiale revisjonar i leverandørkjeder til offentleg sektor. Målet er å gjere det enklare for offentlege verksemder å samarbeide om å etterprøve dei sosiale krava som blir stilt i innkjøpa. 47 verksemder har knytt seg til rammeavtala, som blei lyst ut våren 2013.
Høgskolen i Hedmark fekk i 2012 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i meir enn 50 land som arbeider med å utvikle kompetanse og undervising om berekraftig forbruk, sosial innovasjon og ansvarleg levesett. PERL-partnarane driv med forsking og debatt og utviklar undervisingsmetodar og materiell. I 2012 omsette, trykte og distribuerte PERL læringsverktøy om personleg økonomi og personleg forbruk og klimaendring til norske brukarar. Læringsverktøyet Tid som ressurs blei òg distribuert. Dette er nyttige verktøy som kan bli brukt i undervising i forbrukaremne og gjere elevane i stand til å opptre som sjølvstendige og kritiske forbrukarar. PERL-prosjektet har kome godt ut i EU-kommisjonen sine evalueringar og er innvilga midlar frå EU for ein ny prosjektperiode (2012–2015).
Som eit ledd i oppfølginga av den nordisk-estiske strategien «Teaching Consumer Competences» arrangerte BLD i 2012 ein fagkonferanse («Learning to Live Wisely: Education for Sustainable Living») om undervising i berekraftig forbruk. Høgskolen i Hedmark og PERL stod for den praktiske førebuinga og gjennomføringa.
Forbrukarombodet såg i 2012 til at næringsdrivande ikkje nytta miljø- og etikkinformasjon i marknadsføringa si som var feilaktig eller villeiande. Ein kontrollaksjon der miljørelaterte bilannonsar blei gjennomgått, avdekte ingen brot på retningslinjene for slik marknadsføring. Dette indikerer at arbeid gjort i tidlegare år med dette emnet har vore vellykka.
Strategiar og tiltak for 2014
BLD arbeider for å auke medvitet om etiske og miljømessige aspekt ved forbruket og å gjere det enklare for forbrukarane å søkje produkt som er tilverka etter etiske og miljøforsvarlege standarar. Dette fordrar at forbrukarane mellom anna får større innsyn i produksjonshistoria til produkta, og at dei næringsdrivande er opne om verdikjedene sine. Forbrukarane har rett til å få vite om produkta dei kjøper, til dømes er tilverka av underbetalte arbeiderar eller har skadelege konsekvensar for miljøet eller helsa. Større openheit om desse spørsmåla vil medverke til at produsentar innrettar produksjonen på ein meir etisk og miljøforsvarleg måte.
Den nordiske Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er dei offisielle miljømerka i Noreg. Desse merkeordningane blir nytta til å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om produkt og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. BLD meiner det er viktig at Miljømerking held fram med å spreie informasjon om miljømerkte produkt og tenester, og å auke talet på miljømerkte produkt. Arbeid retta mot tekstil- og klesbransjen er eit særleg viktig område. Arbeidet med miljømerking er føreslått styrkt i 2014.
BLD vil i 2014 gjennom enkelttilskot støtte opp om tiltak som blir sett i verk for at fleire produkt skal bli tilverka etter høge etiske og miljørelaterte standardar. Departementet vil rette merksemd mot tekstilbransjen og andre bransjar som opererer i marknader med særleg store miljøutfordringar og høg risiko for brot på grunnleggjande arbeids- og menneskerettar. Det kan søkjast om midlar til å gjennomføre enkelttiltak gjennom tilskotsordninga for forbrukarretta tiltak.
I Noreg blir det kvart år kasta over 300 000 tonn mat som kunne vore eten. Den største delen av matavfallet kjem frå private hushald. Derfor er matsvinn også ei forbrukarpolitisk problemstilling med både miljømessige, etiske og økonomiske aspekt. BLD vil i 2014, saman med Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og Kystdepartementet, styrkje innsatsen for å redusere matsvinnet i samfunnet. Gjennom eit forpliktande samarbeid mellom styresmaktene, varehandelen og næringsmiddelprodusentane skal prosjektet ForMat, som næringa har sett i gang, utvidast til og å omfatte storhushald og bransjeorganisasjonane for primærnæringane.
Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø-, klima- og ressursproblem og for å skape sunne haldningar til forbruk. I tråd med dette vil BLD i 2014 gå inn i eit prosjektsamarbeid med Miljøverndepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremme forståinga til elevane i ungdomsskolen om berekraftig forbruk.
Som ein stor innkjøpar av varer og tenester har offentleg sektor gode føresetnader for å påverke marknaden til å ta sosiale omsyn. Det er derfor viktig å leggje til rette for at offentlege innkjøparar kan stille miljømessige og sosiale krav i samband med innkjøpa sine.
BLD arbeider for at offentlege verksemder i større grad skal stille og følgje opp sosiale krav i innkjøp i varegrupper med høg risiko for brot på grunnleggjande arbeids- og menneskerettar. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har det operasjonelle ansvaret for å utvikle verktøy, styrkje kompetansen og hjelpe offentlege innkjøparar som ønskjer å stille slike krav. Arbeidet til Difi på dette området er for 2014 føreslått vidareført på same nivå som i 2013. I tillegg vil departementet søkje å støtte opp om enkeltprosjekt i regi av offentlege verksemder med formål om å fremme sosialt ansvarlege innkjøp. Samla sett blir innsatsen på dette området med dette føreslått styrkt i 2014.
Nærmare om budsjettforslaget:
Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
860 | Forbrukarrådet | 114 131 | 117 897 | 123 024 | 4,3 |
862 | Positiv miljømerking | 6 002 | 6 200 | 6 917 | 11,6 |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak | 13 394 | 14 385 | 15 374 | 6,9 |
866 | Statens institutt for forbruksforsking | 27 879 | 28 799 | 29 307 | 1,8 |
867 | Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet | 7 939 | 8 199 | 9 428 | 15,0 |
868 | Forbrukarombodet | 23 828 | 23 703 | 23 037 | -2,8 |
Sum kategori 11.30 | 193 173 | 199 183 | 207 087 | 4,0 |
Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
3867 | Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet | 183 | |||
3868 | Forbrukarombodet | 1 115 | |||
Sum kategori 11.30 | 1 298 |
Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Drift | 41 156 | 39 473 | 40 287 | 2,1 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 142 010 | 146 696 | 152 331 | 3,8 |
70-98 | Overføringar til private | 10 007 | 13 014 | 14 469 | 11,2 |
Sum kategori 11.30 | 193 173 | 199 183 | 207 087 | 4,0 |
Kap. 860 Forbrukarrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Basisløyving | 102 278 | 105 653 | 107 351 |
51 | Marknadsportalar | 11 853 | 12 244 | 15 673 |
Sum kap. 0860 | 114 131 | 117 897 | 123 024 |
Status for verksemda
Forbrukarrådet er eit uavhengig interesseorgan som skal gjere forbrukarane dyktigare og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremme ei klage.
Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Som forvaltingsorgan med særskilte fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3 fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulert i tenestemannslova. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.
Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for lokale tenester til forbrukarane og har ein viktig funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Det forbrukarpolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.
Post 50 Basisløyving
Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret, utgifter til kontordrift og politiske aktivitetar og husleige i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader med å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader med å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklart kva som er gjeldande forbrukarrett. Forbrukarrådet gir eit tilskot over posten til å dekkje utgifter til drifta av eit forbrukarsekretariat i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). Løyvinga på posten skal òg dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket. Det er føreslått løyvd 1 mill. kroner for 2014 til å dekkje eingongsutgifter i samband med at houvedkontoret har flytta til nye lokale.
Departementet føreslår ei løyving på 107,4 mill. kroner i 2014.
Post 51 Marknadsportalar
Posten dekkjer kostnadene til drift av Finansportalen og prisportalen for tannhelsetenester (hvakostertannlegen.no) og til arbeid med å utvikle betre informasjonsløysingar for forbrukarane.
Departementet føreslår å flytte 3 mill. kroner frå post 50 Basisløyving til denne posten for å styrkje arbeidet med å vidareutvikle nøytrale informasjonskanalar for pris og kvalitet, til dømes gjennom prisportalar o.l. Det skal arbeidast vidare med forslaget som er fremt av Matmaktutvalet (NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat) og Forbrukarrådet om å opprette ein informasjonsportal for daglegvarer.
Departementet føreslår ei løyving på 15,7 mill. kroner på posten.
Kap. 862 Positiv miljømerking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking | 6 002 | 6 200 | 6 917 |
Sum kap. 0862 | 6 002 | 6 200 | 6 917 |
Status for verksemda
Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og å rettleie forbrukarar og innkjøparar.
Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).
Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnt av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen (LO), Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.
Miljømerking fekk i 2012 6,0 mill. kroner i statleg driftstilskot frå BLD. Av desse blei om lag 1 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1 mill. kroner i tilskot frå Miljøverndepartementet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 33,4 mill. kroner. Hovuddelen av desse var knytt til lisensiering av Svana.
Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking
Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. Departementet føreslår å styrkje posten med 0,5 mill. kroner.
Departementet føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner på posten.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 9 389 | 7 571 | 7 822 |
70 | Tilskot | 2 000 | 2 570 | |
79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast | 4 005 | 4 814 | 4 982 |
Sum kap. 0865 | 13 394 | 14 385 | 15 374 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midla på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.
Departementet går inn for å opprette eit offentleg gjeldsregister og føreslår at det blir sett av 3 mill. kroner til dette tiltaket i 2014.
Midlar vil bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Departementet har eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark (HIHM), som leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising. Departementet vil òg vidareføre samarbeidet om å etablere eit kompetansesenter ved høgskolen, som kan utføre praktiske oppgåver knytt til undervising i forbrukaremne.
Løyvinga på posten vil dekkje utgifter til frikjøp av standardkontraktar frå Standard Online for handverkartenester på bustader.
Løyvinga vil òg bli nytta til å finansiere marknadsundersøkingar som skal gi kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknaden tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt arbeid med å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane på ulike marknader. Posten dekkjer òg utgifter til ein ekspert i EU-kommisjonen knytt til rammeprogrammet om forbrukarpolitikk.
Departementet føreslår å rammeoverføre 1,25 mill. kroner til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), kap. 1605, post 01. Midla skal finansiere rettleiings-, opplærings- og rådgivingstiltak retta mot offentlege innkjøparar. I tillegg føreslår departementet å overføre 1,1 mill. kroner frå posten til kap. 867, post 01 for å styrkje drifta ved Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet.
Departementet føreslår ei løyving på 7,8 mill. kroner på posten i 2014.
Post 70 Tilskot
Midla på posten vil bli nytta til tiltak og enkeltprosjekt som medverkar til å fremme måla for regjeringa sin forbrukarpolitikk.
Det er flytta 500 000 kroner frå post 21 til denne posten for å styrkje arbeidet for at offentlege verksemder skal gjere sosialt ansvarlege innkjøp. Departementet føreslår at desse midla blir øyremerkt til enkeltprosjekt i regi av offentlege verksemder som skal fremme sosialt ansvarlege innkjøp.
Midlane vil bli brukt til å finansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). Departementet føreslår å setje av 500 000 kroner til tilskot til Standard Norge i 2014. Departementet vil òg ta del i eit prosjektsamarbeid med Miljøverndepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg i ungdomsskolen om berekraftig forbruk. Det vil bli gitt eit tilskot til dette arbeidet i 2014. Vidare vil departementet delta i eit samarbeid med andre departement og bransjeorganisasjonar om å redusere matsvinn (nærmare omtalt under delmål 8.1). Det vil bli sett av tilskotsmidlar på posten for å finansiere tiltak innanfor dette samarbeidet.
Ut over dette vil midla på posten bli nytta til å finansiere eksterne prosjekt gjennom ei tilskotsordning etter søknad. Departementet vil i 2014 særleg støtte opp om tiltak og prosjekt som tar opp etiske og miljørelaterte problemstillingar.
Mål
Det er oppretta ei tilskotsordning for forbrukarretta tiltak. Målet med ordninga er å stimulere interessa for forbrukarpolitiske problemstillingar og å løyse aktuelle forbrukarpolitiske utfordringar. Ordninga skal leggje til rette for at frivillige og ideelle organisasjonar og andre aktørar kan supplere det offentlege forbrukarpolitiske arbeidet. Departementet vil òg kunne gi tilskot til næringslivet, særleg om det kan visast til medfinansiering derifrå eller frå andre samarbeidspartnarar.
Kriterium for tildeling
For å få tilskot må tiltak kunne knytast til eit eller fleire forbrukarpolitiske mål, ha ei klar tidsavgrensing og ein realistisk plan for gjennomføringa og måloppnåinga.
Det er laga regelverk for tilskotsordninga, og midla blir lyst ut på heimesida til departementet (bld.dep.no).
Oppfølging og kontroll
BLD har ansvar for å følgje opp at tilskotsmidla blir nytta etter føresetnadane. Tilskotsmottakaren må sende inn rekneskap og rapport som viser at midla er brukt i samsvar med vilkåra. Departementet vil vurdere å evaluere tilskotsordninga i samsvar med regelverket for økonomistyring i staten.
Budsjettforslag 2014
Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner på posten.
Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast
Mål
Noreg deltek i det fleirårige forbrukarprogrammet til EU. Det er lagt fram forslag til eit nytt forbrukarprogram for perioden 2014–2020. Det nye programmet er i hovudsak ei vidareføring av det gjeldande programmet for perioden 2007–2013. Det har som mål å medverke til å beskytta helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane så vel som arbeidet for rett til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga medfører blant anna at Forbrukarombodet og andre tilsyn er med i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbruker Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.
Kriterium for tildeling
Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsett etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala.
Oppfølging og kontroll
Revisjonsretten i EU og EU sin internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til programma Noreg deltek i.
Budsjettforslag 2014
Hovuddelen av posten skal dekkje kontingentkostnadene ved deltakinga i EU-programmet om forbrukarrettar. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med aktiviteten under programmet og størrelsen på EØS-budsjettet.
Løyvinga på posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land (Interoptability Solutions for European Public Administrations – ISA), der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet dekkjer 50 prosent av utgiftene til programmet og 10 andre departement dekkjer resten.
Departementet føreslår ei løyving på 5 mill. kroner på posten.
Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Basisløyving | 27 879 | 28 799 | 29 307 |
Sum kap. 0866 | 27 879 | 28 799 | 29 307 |
Status for verksemda
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til rolla forbrukarane har i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringslivet, organisasjonar og forbrukarar.
SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar. Som forvaltingsorgan med særskilte fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3 fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulert i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.
Driftsinntektene til SIFO var i 2012 på vel 46,6 mill. kroner, mot 47,5 mill. kroner i 2011. Av desse var 27,8 mill. kroner basisløyving frå BLD. Resten, 17,7 mill. kroner, var inntekter frå ulike eksterne oppdrag. I 2011 var basisløyvinga frå BLD på 27,1 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag på 23,7 mill. kroner.
I ei evaluering av SIFO som Forskingsrådet gjennomførte i 2006, blei det mellom anna konkludert med at det innan nokre år burde bli gjort ei separat og inngåande vurdering av om laboratorieverksemda ved instituttet bør bestå.
BLD sette i 2011 i verk ei ekstern evaluering av testverksemda. Oppdraget blei gitt til Oxford Research. I rapporten deira, som kom i desember 2011, blei det konkludert med at ein bør søkje å overføre og integrere laboratoriet i ein annan organisasjon. Dersom dette ikkje let seg gjere, bør laboratoriet leggjast ned. Departementet har bedt SIFO vurdere om utstyr og kompetanse eventuelt kan nyttast innanfor ein ny modell, der testverksemda blir knytt til eksterne interessentar. I samråd med styret til SIFO vil departementet trekkje ein endeleg konklusjon i saka i 2014.
Post 50 Basisløyving
Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda til instituttet.
Departementet føreslår ei løyving på 29,3 mill. kroner for 2014.
Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 7 939 | 8 199 | 9 428 |
Sum kap. 0867 | 7 939 | 8 199 | 9 428 |
Status for verksemda
Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (FTU) har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og FTU. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.
Marknadsrådet, som består av ein leiar, nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagt fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er òg klageinstans for vedtak som Statens medieforvaltning har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.
FTU, som i 2014 består av ein leiar, fire nestleiarar og tolv medlemmer, handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukar, eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet. Posten dekkjer òg godtgjering og utgifter til medlemene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.
Posten er føreslått auka med 1,1 mill. kroner. Midla skal dekkje auka driftskostnader. 0,5 mill. kroner skal nyttast til å dekkje eingongsutgifter i samband med at sekretariatet har flytta til nye lokale.
Departementet føreslår ei løyving på 9,4 mill. kroner under kap. 867, post 01.
Kap. 3867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 173 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 10 | ||
Sum kap. 3867 | 183 |
Kap. 868 Forbrukarombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 23 828 | 23 703 | 23 037 |
Sum kap. 0868 | 23 828 | 23 703 | 23 037 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at dei næringsdrivande si marknadsføring og standardkontrakten sine vilkår er i samsvar med marknadsføringslova, jf. Markedsføringsloven §§ 32 og 34.
Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar og fører tilsyn med reglar gitt i medhald av kringkastingslova og finansavtalelova. Forbrukarombodet er òg nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling av sjukdom. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet òg tilsyn med anna lovverk (til dømes angrerettlova og svartebørslova) som vernar forbrukarinteresser.
Saker som Forbrukarombodet ikkje løyser gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet, som kan gjere forbodsvedtak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel òg gjerast vedtak om tvangsmulkt, som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter marknadsføringslova gjerast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie har skjedd.
Forbrukarombodet arbeider for å betre vernet for sårbare forbrukargrupper.
Vidare arbeider Forbrukarombodet internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet tek del i eit system der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa samarbeider i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. I tillegg er Forbrukarombodet aktivt i arbeidet i OECDs forbrukarkomité og ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network).
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2012/2013
Rapporteringa tek utgangspunkt i strategiar og tiltak som blei presentert i Prop. 1 S (2011–2012).
Reduksjon av førekomsten av lovstridig marknadsføring
Forbrukarombodet nytta i 2012 store ressursar på å redusere lovstridige marknadsføringsmetodar innanfor marknader som har stor økonomisk påverknad på forbrukarane, slik som finans, bustad og IKT.
På finansområdet gjennomførte Forbrukarombodet fleire kontrollaksjonar for å følgje opp ei tidlegare framforhandla bransjenorm. Bransjenorma seier noko om kva opplysingar som må gis ved marknadsføring av lån og kreditt til forbrukarar. Det blei samstundes aksjonert mot marknadsføring av raske kredittar på Google og Facebook og i trykte medium. Forbrukarombodet undersøkte i løpet av året prisopplysingar på bankane sine heimesider og sende brev til alle bankar med informasjon om korleis ein skal opplyse om prisar. Mange bankar gjorde endringar på nettsidene sine.
Forbrukarombodet tok opp fleire saker der prisantydninger på bustad har vore sett urealistisk og villeiande lågt (òg kalla «lokkepriser«), og saker der det er gitt villeiande opplysingar om felleskostnader og fellesgjeld i bustadannonser. Fleire meklarar har endra praksis, men problemet er enno ikkje løyst.
Ombodet har, i samarbeid med dei andre forbrukaromboda i Norden, utarbeidd eit fellesnordisk standpunkt til marknadsføring i sosiale medium. Ombodet har innleidd ein dialog med Facebook om ulike problemstillingar, som til dømes marknadsføring av falske merkevarer, spam og marknadsføring til barn og unge.
Forbrukarombodet arbeidde med prismarknadsføring og prismerking i 2012. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarombodet hadde i 2012 ei rekkje saker der ein såg på marknadsføring av sal, billigstpåstandar, prissamanlikningar m.m. Fleire prisgarantiar blei stansa. Aktørar i mellom anna gullkjøpar-, møbel-, og sportsbransjen blei bedt om å endre marknadsføringa. Alle aktørane i gullkjøparbransjen har endra marknadsføringa si. I møbel- og sportsbransjen har det vore nødvendig å hente inn fleire skriftlege stadfestingar og fatte forbodsvedtak med tvangsmulkt for å endre marknadsføringa. Det er òg arbeidd mykje med prismarknadsføringssaker i mobil-, fly- og ferjebransjen. Også her ser ein forbetringar i marknadsføringa til dei ulike selskapa.
På helseområdet gjennomførte Forbrukarombodet to aksjonar mot marknadsføring av slankeprodukt og alternativ behandling. Det blei fatta fleire vedtak mot udokumenterte påstandar i marknadsføringa om slankande effekt.
Forbrukarombodet får framleis mange klager frå forbrukarar som reagerer på uønskte oppringingar frå telefonseljarar. Trass i innstramminga av regelverket i 2009 fekk Forbrukarombodet i 2012 om lag 1 000 skriftlege klager på oppringing til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Klagetalet i 2012 er stort sett på same nivå som føregåande år sjølv om Forbrukarombodet har nytta store ressursar på å gripe inn mot brot på regelverket og dialog med aktørar i bransjen om kva endringar dei må gjere for å unngå å bryte forbodet mot oppringing til reserverte forbrukarar. Bakgrunnen for klagene har endra seg noko sidan innstramminga i regelverket i 2009. Forbrukarombodet ser til dømes færre klager på negativt sal på dei områda som er dekt av kravet om skriftleg stadfesting i angrerettlova.
Vernet for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet har arbeidd mykje med å få i stand rimelege og sikre vilkår for brukarar av nye betalingsmetodar, og da særleg betaling med mobil. Ombodet har lagt ned store ressursar både nasjonalt og gjennom internasjonalt arbeid.
Innanfor finansområdet er forhandlingar avslutta med Finans Norge om vilkåra i alle konto-, kort-, kreditt- og låneavtaler som bankane nyttar overfor forbrukarar (med unntak av mindreårige). Forbrukarombodet har òg forhandla om vilkår med fleire finansføretak mellom anna om kredittavtaler og betalingsavtaler. Forbrukarombodet har sørgt for at desse kontraktane er rimelege, balanserte og i tråd med mellom anna reglane i finansavtalelova.
Ombodet har handsama ei rekkje kontraktar om oppføring av ny bustad. 13 utbyggarar og prosjektmeklarar har endra avtalene sine og har no mellom anna klarare vilkår om ferdigstilling og kjøpar sine rettar. Arbeidet held fram i 2013.
Mobiloperatørane innførte i desember 2012 det som blir kalla dobbel opt-in, ved kjøp av mobile innhaldstenester etter krav frå Forbrukarombodet. Dette inneber at forbrukarar må stadfeste bestilling av mobile innhaldstenester ved å sende ei stadfestingsmelding frå mobiltelefonen, noko som er viktig for å verne forbrukarar mot å bli fakturert for tenester dei ikkje har bestilt.
Vern av barn og unge vaksne som forbrukarar
Forbrukarombodet har i 2012 særleg sett på marknadsføring av kreditt mot målgruppa unge vaksne (18 til 25 år). Det blei gjort ein grundig gjennomgang av kva type marknadsføring målgruppa møter i sosiale medium. Bankane sin praksis med utferding av kredittkort og bankpakker til forbrukarar som fyller 18 år, blei kartlagt, og fleire enkeltsaker som gjeld marknadsføring av finansielle tenester til unge forbrukarar, blei handsama.
Saman med Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) utarbeidde ombodet ei felles tilråding til FNO sine medlemsbankar. Denne inneheld tilrådingar om kva informasjon bankane skal gi til sine unge vaksne kundar, og korleis denne informasjonen skal bli gitt. Formålet er å redusere omfanget av betalingsproblem innanfor denne aldersgruppa.
Fleire privatskolar har endra skolekontraktane sine etter dialog med Forbrukarombodet. Merksemda frå ombodet si side har særleg vore å sikre gode forbrukarrettar dersom skolen ikkje held avtala, høve til å kome seg ut av kontrakten ved sjukdom, erstatningsansvar og å forby forskotsbetaling.
Forbrukarombodet har teke opp og kravd endringar i problematisk marknadsføring på blogg. Det er òg gjennomført fleire kartleggingar av falske merkevarer på nett og tatt opp fleire saker mot treningssenter med vekt på problemstillingar som er særleg aktuelle for unge vaksne.
Leverandørane av russeutstyr har etter ein lengre dialog med ombodet endra praksis slik at ein ikkje lenger har forskotsbetaling som einaste alternativ ved kjøp av russeutstyr. Det er no òg mogleg å betale ved hjelp av kort eller fakturaløysingar.
Forbrukarombodet har drive utstrekt informasjonsarbeid til unge vaksne i 2012. Ombodet har òg hatt informasjon på Facebook-sida si (U-lurt) og Twitter og fleire innlegg på nettsida ung.no.
Å arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern
Forbrukarombodet deltok aktivt i det europeiske nettverket for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land (CPC).
Forbrukarombodet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og deltek i eit verdsomspennande nettverk av organ tilsvarande ombodet (ICPEN) og i forbrukarkomiteen i OECD.
Strategiar og tiltak for 2014
Å redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring
Forbrukarombodet vil i 2014 halde fram med å verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane.
Alle forbrukarar inngår avtaler om finansielle tenester. Dette er ofte store og viktige avtaler for den enkelte forbrukaren, og det er viktig at opplysingar som blir gitt i marknadsføringa, er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. I 2014 vil Forbrukarombodet særleg bidra til at marknadsføringa av nye spareprodukt ikkje er villeiande for forbrukarane. Arbeidet mot villeiande marknadsføring av kreditt vil òg halde fram.
Kjøp av bustad er ei stor investering for den enkelte forbrukaren. Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføringa av bustader gir god informasjon om til dømes alle kostnadene som kjøparen er forplikta til å betale, og at ho heller ikkje på annan måte er villeiande.
IKT-marknaden er òg eit område som har mykje å seie for forbrukarane sin økonomi med til dømes avtaler om breiband, telefoni og abonnement på TV-kanalar. Prisstrukturane i mobiltelefonibransjen er i stor endring, og Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å gjere marknadsføringa og prisinformasjonen betre og lettare tilgjengeleg for forbrukarane.
God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Ofte blir forbrukarane villeidd av usanne påstandar om sal, førprisar og prisgarantiar, og Forbrukarombodet skal bidra til å avdekkje når slike påstandar ikkje er sanne. Problemet finn ein i dei fleste bransjar, og Forbrukarombodet vil i 2014 prioritere nokre utvalde bransjar som er viktige for forbrukarane.
Å betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet vil gjere ei vurdering av standardkontraktar på ulike livsområde, og særleg kontraktar på område som er økonomisk viktige for forbrukarane. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege.
Forbrukarombodet vil i 2014 halde fram med arbeid både nasjonalt og internasjonalt for å bidra til å gi forbrukarar betre rettar og større tryggleik ved kjøp av varer og tenester på mobil og Internett. Forbrukarombodet vil søkje å få til endringar i avtalevilkåra til mobiloperatørane, slik at forbrukarar får den same tryggleiken ved bruk av mobil som betalingsmiddel som dei har ved bruk av bank- og kredittkort.
TV-marknaden er i stor endring, mellom anna ved at fleire nye strømmetenester kjem inn og konkurrerer med dei tradisjonelle TV-tilbydarane. Forbrukarombodet vil arbeide for at kontraktane, for både dei nye og dei tradisjonelle tilbydarane, er rimelege, og at dei mellom anna ikkje inneheld urimelege innelåsande mekanismar, til dømes bindingstid, lange oppseiingstider og høge oppseiingsgebyr.
Bustad er eit stort og viktig økonomisk prosjekt for dei fleste forbrukarar, enten dei kjøper eller leiger. Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å bidra til at kontraktane som blir nytta overfor forbrukarane, ikkje er urimelege.
Å betre vernet for sårbare forbrukargrupper
Forbrukarombodet har dei siste åra retta særskild merksemd mot marknadsføring og kontraktar retta mot unge vaksne. Forbrukarombodet vil i 2014 halde fram arbeidet med forbrukarutfordringar for barn, unge vaksne, eldre eller andre grupper forbrukarar som lettare blir råka av villeiande marknadsføring eller har eit særleg behov for vern.
Eit av måla er å arbeide for at sårbare forbrukarar ikkje skal få betalingsproblem.
Å arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern
Marknadsføringslova frå 2009 er delvis ei implementering av eit totalharmonisert europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Det er derfor viktig at Forbrukarombodet arbeider kontinuerleg med å påverke tolkinga av direktivet, slik at terskelen for kva som er villeiande eller urimeleg, ikkje blir sett lågare enn det vi ønskjer i Noreg.
Ombodet vil arbeide for best mogleg forbrukarvern i EU-direktiv på ulike livsområde.
Forbrukarombodet tek del i eit system der tilsynsmaktene i alle dei europeiske landa har ei plikt til å samarbeide i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. Forbrukarombodet skal nytte dette samarbeidet aktivt til å stoppe ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg til norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg til forbrukarar i andre europeiske land.
Forbrukarombodet vil òg i 2014 vere aktivt i samarbeidet mellom dei nordiske forbrukaromboda og i internasjonale forum som OECD, ICPEN og London Action Plan.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet. Departementet føreslår ei samla løyving på 23,0 mill. kroner.
Kap. 3868 Forbrukarombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Diverse inntekter | 300 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 383 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 432 | ||
Sum kap. 3868 | 1 115 |
Programområde 28
Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon
Mål
Regjeringa sitt mål er ei foreldrepengeordning som støttar opp under dei overordna måla for likestillingspolitikken. For å sikre ei samla framstilling av politikkområdet kjem derfor hovudprioriteringane knytt til foreldrepengeordninga fram i innleiinga til programkategori 11.10 Tiltak for familie-, likestilling og ikkje-diskriminering.
For 2014 blir følgjande mål prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
3: Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv | 3.5: Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 3.5: Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap
Resultatrapport 2012/2013
Utvida rettar for fedrar og tredeling av foreldrepengeordninga
Med verknad for fødslar og adopsjonar frå 1. juli 2013 er fedrekvoten utvida med 2 veker til 14 veker og stønadsperioden for foreldrepengar forlenga med 2 veker til 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent kompensasjon. Frå same tidspunkt er foreldrepengeperioden blitt tredelt ved at det er innført ein eigen kvote for mor, mødrekvoten, lik fedrekvoten. Stønadsperioden etter fødsel er etter dette delt i tre delar: 14 veker er sett av til kvar av foreldra, og 18 eller 28 veker, avhengig av valt dekningsgrad, må foreldra fordele seg imellom. I tillegg har mor tre veker før fødselen. Ettersom foreldrepengane kan takast ut fram til barnet fyller tre år, kan ein først i 2017 sjå full verknad av endringane.
Omfanget av fedreuttak av foreldrepengar
Tabell 3.23 syner at fleire fedrar tek ut foreldrepengar. 58 426 fedrar tok ut minst ein dag med foreldrepengar i 2012. Dette er ein auke frå 45 521 i 2009. Foreldrepengane kan nyttast fram til barnet fyller tre år; mødrer og fedrar som tok ut minst ein dag med foreldrepengar i 2012, kan ha fått barnet i 2009, 2010, 2011 eller 2012.
Om ein ser på alle dagar med foreldrepengeutbetalingar i 2012, blei 79,3 prosent av dagane tekne ut av mødrer og 20,3 prosent av fedrar. Til samanlikning tok fedrar ut 17,8 prosent av alle dagane med foreldrepengar i 2011 og 11,6 prosent av alle dagane i 2009. Auken har truleg samanheng med at fedrekvoten er blitt utvida i perioden. For fedrar til barn fødd før 1. juli 2009 var fedrekvoten seks veker. Fedrekvoten blei auka frå 1. juli 2009 med fire veker til ti veker og med ytterlegare to veker til 12 veker frå 1. juli 2011. Nokre av fedrane som tok ut foreldrepengar i 2012, hadde derfor berre seks veker fedrekvote. Full verknad av at fedrekvoten blei utvida frå seks til ti veker i 2009, kan ventast først i 2013, og full verknad av at fedrekvoten blei utvida frå 10 til 12 veker i 2011, kan ventast først i 2015. Ei anna årsak til at fedrar tar ein større del av foreldrepengedagane, er at fleire fedrar har fått rett til foreldrepengar. Fedrar hadde tidlegare ikkje rett til fedrekvote dersom mor arbeidde under halv stilling før fødselen, dette blei endra frå 1. juli 2010. Vidare har fedrar fått rett til å ta ut foreldrepengar i eit veketall tilsvarande fedrekvoten når mor har uførepensjon, utan aktivitetskrav til mor. At arbeidsavklaringspengar gir oppteningsrett til foreldrepengar, har òg gitt fleire fedrar rett til fedrekvote.
Tabell 3.23 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2009–2012
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | Endring 2011/2012 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på fødslar | 60 931 | 60 608 | 59 417 | 59 403 | 14 |
Talet på levandefødde barn | 61 807 | 61 422 | 60 220 | 60 255 | 35 |
Talet på foreldrepengedagar ved fødsel og adopsjon | 12 431 050 | 12 518 257 | 12 739 344 | 12 514 314 | -255 030 |
Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon): | |||||
| 88,4 | 85,3 | 82,2 | 79,7 | -2,7 |
| 11,6 | 14,7 | 17,8 | 20,3 | 2,5 |
Talet på kvinner med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel | 89 198 | 90 593 | 89 522 | 88 626 | -896 |
| 57 829 | 52 376 | 44 328 | 38 133 | -6 915 |
Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel | 123 | 117 | 116 | 112 | -4 |
Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel | 45 521 | 49 193 | 55 184 | 58 426 | 3 242 |
Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel | 31 | 37 | 41 | 43 | 2 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr) | 305 434 | 317 103 | 323 715 | 333 654 | 9 939 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr) | 368 347 | 374 464 | 378 538 | 383 820 | 5 282 |
Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepenger ved fødsel | 4 147 | 4 639 | 5 307 | 5 330 | 23 |
Talet på menn med gradert uttak av foreldrepenger ved fødsel | 4 704 | 7 074 | 10 784 | 13 239 | 2 455 |
Talet på kvinner med svangerskapspengar | 3 329 | 3 958 | 4 421 | 4 892 | 471 |
Talet på kvinner med minst ein dag med foreldrepengar ved adopsjon | 526 | 592 | 536 | 448 | -88 |
| 341 | 355 | 297 | 234 | -63 |
Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon | 107 | 111 | 104 | 99 | -5 |
Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved adopsjon | 291 | 375 | 424 | 393 | -31 |
Gjennomsnittleg uttak av foreldprepengedagar av menn ved adopsjon | 40 | 48 | 41 | 46 | 5 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnla for kvinner ved adopsjon (kr) | 340 175 | 350 334 | 357 395 | 373 600 | 16 205 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnla for menn ved adopsjon (kr) | 375 433 | 385 236 | 400 731 | 408 518 | 7 787 |
Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad) | 1 125 | 1 299 | 1 181 | 1 063 | -118 |
Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote | 79 | 86 | 83 | 80 | -3 |
Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel | 12 189 | 11 294 | 10 177 | 9 375 | -802 |
Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel | 17 | 18 | 30 | 25 | -5 |
Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon | 1 | 1 | 1 | 1 | - |
Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon | 0 | 0 | 0 | 0 | - |
Det er innført ein ny definisjon på fedreuttak i NAVs statistikk. Fedreuttak blir rekna som dei tilfella der far tek ut minst ein dag med foreldrepengar, mot tidlegare talet på avslutta periodar med foreldrepengar. Tabell 3.23 byggjer på ny definisjon. Tala i tabellen er derfor ikkje samanliknbare med tilsvarande tal frå tidlegare år.
Strategiar og tiltak for 2014
Det at fedrar tek del i omsorga for barnet det første leveåret, er viktig for tidleg å etablere god kontakt mellom far og barn. Auka fedreuttak av foreldrepengar kan òg skape eit godt grunnlag for foreldra si omsorgsdeling når barnet blir større, og legg grunnlag for auka yrkesaktivitet blant mødrer og for eit meir likestilt foreldreskap. Departementet vil følgje utviklinga med den tredelte foreldrepengeordninga og sjå korleis mødrer og fedrar fordeler fellesdelen av stønadsperioden mellom seg.
BLD har i august 2013 lagt fram ein lovproposisjon med forslag til forenklingar i foreldrepengeordninga, sjå Prop. 184 L (2012–2013) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen). I proposisjonen er det føreslått å gjere ordninga meir fleksibel for foreldra. Foreldra skal fritt kunne utsetje uttak av foreldrepengar uavhengig av årsaka til utsetjinga. Foreldre skal vidare kunne ta ut graderte foreldrepengar utan å vere i arbeid i motsvarande stillingsprosent, slik kravet er i dag. Desse endringane inneber at foreldra ikkje treng dokumentere og NAV ikkje treng kontrollere kva stønadsmottakaren gjer når ho/han ikkje mottek foreldrepengar. Kravet om at foreldrepengeuttaket må vere avslutta innan barnet fyller tre år, og at den som mottek foreldrepengar, har omsorg for barnet og ikkje er i arbeid, ligg fast. Det same gjer vilkåret om at mor må vere i aktivitet for at far skal kunne ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote. Departementet har også føreslått at tidspunktet for NAVs vurdering av retten til foreldrepengar og berekning av foreldrepengane blir felles for mødrer og fedrar tre veker før termin. Dei føreslåtte endringane vil gi eit regelverk som er enklare for NAV å forvalte.
Nærmare om budsjettforslaget
Kap. 2530 Foreldrepengar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving | 15 580 788 | 17 200 000 | 17 610 000 |
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving | 352 311 | 358 200 | 360 000 |
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving | 408 874 | 420 000 | 440 000 |
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving | 88 510 | 85 000 | 72 000 |
Sum kap. 2530 | 16 430 483 | 18 063 200 | 18 482 000 |
Mål
Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.
Tildelingskriterium
Tildelingskriterium er omtalt under dei enkelte budsjettpostane nedanfor og går også fram av folketrygdlova kap. 14.
Oppfølging og kontroll
Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.
Budsjettforslag 2014
Det er ikkje føreslått endringar i regelverket, heller ikkje i satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.
Utgiftsanslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå og andreårsverknaden av utvidinga av fedrekvoten og stønadsperioden med to veker frå 1. juli 2013.
Departementet føreslår ei løyving på 18 482 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73.
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Foreldrepengar ved fødsel blir betalt ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilt med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.
Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2013 utgjer grunnbeløpet 85 245 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 481 962 kroner per stønadstilfelle.
Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 14 veker øyremerkt til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). I tillegg til mødrekvoten må mor ta ut tre veker av stønadsperioden før fødsel. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkt til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 18/28 veker avhengig av valt dekningsgrad.
Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Far kan ta ut inntil 14 veker med foreldrepengar (fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til mors aktivitet når mor har uførepensjon, jf. folketrygdlova § 14-14.
Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg avtale med arbeidsgivar om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir også rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.
Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir ytt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Stønaden er på 35 263 kroner og er føreslått vidareført med same beløpet frå 2013 til 2014. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Feriepengar av foreldrepengar blir ytt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Foreldrepengar ved adopsjon blir ytt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker ved 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt utbetalast 452 454 kroner per stønadstilfelle. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 14 veker øyremerkt til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).
Sjå elles omtalen under post 70.