Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om miljøutfordringane

Miljøutfordringane våre kan synast små samanlikna med andre land. Vi har god plass, eit rikt naturmangfald og eit velutvikla forvaltningsapparat til å gjennomføre miljøpolitikken og til overvaking av miljøtilstanden. Sjølv om vi har fått god kontroll over fleire tradisjonelle miljøproblem, slik som industriutslepp til luft og vatn, står mange utfordrande oppgåver att. Nye problemstillingar kjem òg til. Dei største utfordringane framover er knytt til klima, til bruk og utslepp av miljøgifter og til truslar mot naturmangfaldet. I fleire byar og tettstader er det til tider dårleg luftkvalitet, særleg vinterstid. Desse miljøutfordringane går på tvers av samfunnsområda og er knytt til produksjons- og forbruksmønstra i samfunnet. Auka inntektsnivå er ein driver til auka forbruk. Meir fritid gir auka pågang etter fleire og lengre reiser. Ei veksande befolkning fører til større etterspurnad etter dei fleste typar varer og tenester. Endringane i verdsøkonomien dei siste tiåra har i tillegg sett nye miljøproblem og utfordringar på dagsordenen.

Miljøutfordringene er i stor grad internasjonale, og løysingane ligg i eit tettare samarbeid landa imellom. Miljøutfordringane i vårt land er på denne måten ein del av dei samla globale utfordringane. Vi gir våre bidrag til dei internasjonale problema, og vi blir utsette for mange av dei same miljøverknadane som andre land. Derfor må vi òg ta del i arbeidet for å løyse dei. Vårt land er ikkje ein isolert plass på jorda.

Noreg har lenge hatt som mål å vere i fremste rekkje i det internasjonale miljøarbeidet. Som eit rikt og velutvikla land kan og bør vi vere ambisiøse på vegner av miljøet, både her heime og i samarbeidet mellom landa. I utlandet ser mange på Noreg som eit miljøpolitisk føregangsland. Skal vi lukkast i miljøpolitikken, må vi framleis følgje dei prinsippa og retningslinjene vi lenge har bygd på: Vi skal leggje til grunn «føre-var-prinsippet» som inneber at mangel på kunnskap skal komme naturen til gode, prinsippet om at forureinaren skal betale, og prinsippet om samla belastning, som inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både økosystem og arter, når planar skal utformast og vedtak fattast. Gjennom forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er desse prinsippa omsette i gode lov- og regelverk til sikring av natur og miljø.

Miljøpolitikken må vere forankra i solid fagleg kunnskap. Forsking og systematisk overvaking av natur- og miljøtilstanden dannar grunnlaget for utvikling av miljøpolitikken og utforming av verkemiddel. Det er viktig at vi nytter miljøvennleg teknologi, og at vi utformar skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk.

Miljøproblema oppstår i dei ulike økonomiske sektorane i samfunnet: i transportsektoren, i landbruket, i industrien, og i offshoresektoren, for å nemne nokre av dei viktigaste. Det betyr at det er i dei same sektorane løysingane må finnast. Alle samfunnssektorane har eit sjølvstendig miljøansvar på eige område.

Klimaendringar og global oppvarming er den største utfordringa i vår tid. Regjeringa har sett ambisiøse mål om å redusere klimagassutsleppa og å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn fram mot 2050. Noreg arbeider saman med ei rekkje andre land for å hindre ei global oppvarming ut over 2°C samanlikna med førindustrielt nivå. Sjølv ein slik temperaturauke vil skape følbare endringar og nye problemstillingar. Alvorlege flaumar og skred dei seinare åra, både her heime og i andre land, gir oss ein peikepinn på kva vi kan vente oss meir av. Nedbørmangel og tørke er òg eit aukande problem fleire stader på jorda. Noreg har betre føresetnader for å tilpasse seg konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Dei globale økonomiske, sosiale og økologiske konsekvensane av eit endra klima vil derimot vi òg få merke.

Kampen mot klimaendringane må førast parallelt med at vi utformar tiltak for å tilpasse oss dei endringane som vi ser kjem. Bustadområde, vegar, jernbaner og andre viktige samfunnsfunksjonar må sikrast mot auka påkjenningar frå vêr og vind. Klimapolitikk er såleis ikkje berre ei miljøsak men ei samfunnssak. Klimaendringane er òg ei global økonomisk utfordring. Det er samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive og ambisiøse tiltak no, samanlikna med å vente og å ta større kostnadar seinare.

Den observerte temperaturstiginga i Arktis og svekkinga av sjøisen har lenge gitt grunn til uro. I følgje delrapporten frå FN sitt klimapanel som blei lagt fram i september, kan havet fra Arktis bli nærast isfritt i periodar mot midten av århundre om ein ikkje reduserar utsleppa frå dagens nivå.

Den minkande sjøisen i Arktis vil truleg føre til auka økonomisk aktivitet i området. Nye sjøruter er i ferd med å bli opna, og det vil òg bli mogeleg å hente ut naturressursar i større omfang enn hittil. Frå å vere ein fjern og lite brukt utkant i verda, vil Arktis etter kvart få ei langt viktigare rolle i internasjonal politikk og økonomi. Sjølv om det kan hentast ut økonomiske gevinstar frå Arktis når havisen trekkjer seg tilbake, er slike gevinstar truleg små samanlikna med dei globale økonomiske kostnadane og miljøproblema som vil kunne oppstå som følgje av klimaendringane i desse områda. Særleg land og regionar lenger sør vil kunne bli hardt råka av vidare global oppvarming, havnivåstiging og endra vêrmønster. Dei fordelane som enkelte land kan oppnå, vil ikkje kunne vege opp for dei globale ulempene som issmeltinga fører med seg.

For vårt land er utviklinga i nord av stor betydning. Nordområda og Arktis er blant våre viktigaste satsingsområde. For Noreg er det eit overordna omsyn å hindre negative miljøkonsekvensar av den nye interessa for Arktis. Vi skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nord. Det internasjonale miljøsamarbeidet innanfor Arktisk Råd er i så måte svært viktig og høgt prioritert frå norsk side.

Naturmangfald. Om lag 2500 arter er klassifisert som truga på Norsk rødliste for arter 2010. Vidare er om lag 40 naturtypar klassifiserte som truga på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Arealbruksendringar er framleis den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter og naturtypar vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima. I Arktis vil eit mildare klima og mindre is endre livsvilkåra for ei rekkje arter og økosystem. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar spreier seg til nye område. Langs delar av norskekysten står tareskogen i fare for å bli borte. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar mange økosystem og livsformer. Endringane i økosystema vil òg kunne få konsekvensar i form av dårlegare grunnlag for matproduksjon, spreiing av dyre- og plantesjukdomar og nye helseutfordringar. Mangfaldet i naturen er med på å halde oppe både økonomiske og sosiale strukturar. Blir naturmangfaldet svekt, fører det òg til at økonomi og samfunn blir svekte. For å medverke til å sikre naturmangfaldet i landet vårt, er det oppretta ulike kategoriar verneområde som til saman dekkjer nesten 17 prosent av Noregs landareal.

Naturens mangfald og dei tenestene naturen gir oss – økosystemtenestene – har stor økonomisk verdi. Det internasjonale prosjektet «The Economics of Ecosystems and Biodiversity» (TEEB) har konkludert med at utnyttinga av naturen no har gått så langt at økosystema si evne til å levere slike tenester globalt sett er redusert. Dei sosiale og økonomiske kostnadane vil komme til å vekse stadig raskare dersom vi ikkje reduserer belastninga på miljøet. Dette krev mellom anna at vi i langt større grad greier å integrere omsynet til økosystem og miljøverdiar i dei politiske og økonomiske avgjerdsprosessane i samfunnet.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar på marknaden er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.

Langtransportert luftforureining fører til vassforsuring og til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon og partiklar som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist i 2012 gjennom revisjon av Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Hovudinnsatsen framover innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er å redusere utsleppa av NOx og ammoniakk i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen.

Miljøvern der folk bur og arbeider. Mange store miljøutfordringar finn vi i òg omkring dei større byane, mellom anna knytt til transport og luftkvalitet, bu- og bustadmiljø og område for rekreasjon og friluftsliv. Den sterke auken i folketalet i byane gjer slike problemstillingar ekstra aktuelle. Det er særleg viktig å få til samordna løysingar, som til dømes at byutvikling og bustadbygging skjer i tilknyting til miljøvennleg, skinnegåande transport. Vi må syte for at byutviklinga skjer på ein måte som sikrar gode bumiljø, som løyser transportutfordringane gjennom meir og betre kollektivtrafikk og som ikkje går på kostnad av bynære natur- og rekreasjonsområde. Prosjektet «Framtidas byar» har her gitt oss gode erfaringar som vi må byggje vidare på. Regjeringa ønskjer òg å følgje opp erfaringane med områdesatsingar i utsette byområde og vil rette innsatsen mot nye område i Oslo og Drammen.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Dei gir kontinuitet og karakter til dei fysiske omgjevnadene og skapar tilhøyrsle. Kulturminne og kulturmiljø er mange stader også viktige for reiseliv og turisme og kan nyttast som ein ressurs i nærings- og distriktsutviklinga. I ei tid med raske endringar og omstillingar på mange felt er det ekstra viktig å ta vare på verdiane kulturarven representerer. Mellom anna er det viktig å forvalte dei kulturhistoriske verdiane og ressursane i dei store byane på ein god måte, for å sikre gode bymiljø og ei berekraftig utvikling.

Målsetninga er at ein skal ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping, både for dagens og framtidas generasjonar. Endringar i klima, næringsstruktur, busetjingsmønster og livsstil er faktorar som skapar store utfordringar i arbeidet med å ta vare på desse miljøverdiane.

Miljø og samfunn

Eit miljøvennleg samfunn er eit betre samfunn: Mindre forureining av luft og vatn gir betre folkehelse. Ein meir effektiv og miljøvennleg kollektivtransport gir enklare og lettare arbeidsreiser. Mindre biltrafikk i byane gir meir innbydande fysiske omgivnader. Initiativ for ein grøn økonomi og grøn vekst viser korleis ei omlegging av økonomien kan sikre langsiktig vekst og velferd gjennom ei stadig meir effektiv utnytting av miljø- og naturressursar innanfor naturens tolegrenser. Rein og urørd natur blir stadig meir etterspurd. Vi må nytte naturen både til auka livskvalitet, kunnskapshenting og verdiskaping, men på ein slik måte at vi ikkje reduserer eller skader viktige naturverdiar. Naturen skal brukast på ein berekraftig måte, ikkje forbrukast.

I utforminga av miljø- og klimapolitikken kjem vi av og til opp i dilemma. Korleis skal vi skaffe fornybar energi samstundes som vi tek omsyn til urørd natur? Kor mykje tilrettelegging trengst det i friluftsområda? Kor mange rovdyr skal vi ha, og kvar skal dei vere? Er det rett å samle fleire miljøbelastningar på eitt, mindre område, eller bør dei spreiast? Slike spørsmål har ikkje alltid enkle svar. Val som blir gjort og vedtak som blir fatta, får følgjer både for einskildmenneske og for organiserte interesser og vil ofte ha langvarige verknader. Derfor er det viktig at alle syn kan komme fram i avgjerdsprosessane og at alle partar blir høyrde og tekne omsyn til. Miljøsaker skapar ofte stor merksemd og debatt, og dette gjer det ekstra viktig at vedtak er godt forankra i demokratiske prosessar. Frivillige og ideelle organisasjonar er viktige støttespelarar som i mange tilfelle har sett miljøproblem på dagsorden. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom miljøstyresmaktene, næringslivet og miljøorganisasjonane.

Internasjonalt samarbeid og ansvar

Dei største miljøproblema i vår tid er globale og må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar og arbeide for ambisiøse og forpliktande internasjonale miljøavtaler. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene av sur nedbør og utslepp av ozonskadelege gassar. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klimaendringane, har opphav i den rike og industrialiserte delen av verda, som Noreg er ein del av. Våre land har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar og effektive verkemiddel.

Dei internasjonale klimaforhandlingane har vist at det er vanskeleg å bli einige om felles bindande mål og tiltak. Derfor må vi samarbeide med land og organisasjonar som kan og vil gå saman om å finne løysingar, også utanfor dei formelle FN-forhandlingane. Alle land kan gjere meir på eiga hand. Mange land kan bli flinkare til å samarbeide internasjonalt. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til grøne økonomiar, med høg livskvalitet og auka velferd innanfor naturen sine tolegrenser, slik at andre land lettare kan følgje etter. EUs satsing på ressurseffektivitet er eit forsøk på å realisere dette. Fleire land veljer no ein grønare utviklingsstrategi med blant anna større vekt på nasjonale, fornybare ressursar. Dette har vist seg å gi både lettare tilgang på investeringar frå ulike kjelder og betre makroøkonomisk balanse. Veksten i globale utslepp av klimagassar skriv seg no frå raskt vaksande økonomiar, spesielt utviklingsland i Asia. Løysinga på klimautfordringa krev nytenking der alle land tek ansvar i tråd med den reelle kapasiteten og styrken landa har. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei landa som har vilje, men ikkje kapasitet til å gjere grøne val. Dette vil på same tid medverke til å løyse miljøutfordringar og til ei berekraftig utvikling. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid, saman med det breiare miljøsamarbeidet med India, Kina, Sør-Afrika og Brasil. Noreg støttar fleire internasjonale initiativ for å hjelpe u-landa med kompetanse og erfaringar og søkjer på ulike vis å oppnå meir berekraftig produksjon og forbruk i eige land. Oppfølging av vedtaka frå Rio+20-konferansen handlar om å løyse desse utfordringane saman. FNs miljøprogram spelar ei sentral rolle i mange av desse tiltaka.

Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole og ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde òg i andre delar av det internasjonale samarbeidet, til dømes internasjonal handel.

2 Resultat for Regjeringa i perioden 2005 til 2014

Den raudgrøne Regjeringa har i perioden 2005 til 2014 gjennomført eit betydeleg løft for norsk miljøpolitikk.

Det er lagt eit godt grunnlag for framhaldne reduksjonar i klimagassutsleppa, for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminna. Ein viktig del av dette grunnlaget er dei nye lovene naturmangfaldlova og markalova, og den nye plan- og bygningslova - ei lov som er heilt sentral for å sikre berekraftig arealpolitikk og reduserte utslepp av klimagassar. Ny lov om geografisk infrastruktur er sentral for å sikre tilgang til og deling av data for miljø- og arealforvaltning.

I denne budsjettproposisjonen er det føreslått ei løyving på 6 004,1 mill. kroner til Miljøverndepartementet. Det er ein auke på 119 prosent frå Bondevik II-regjeringas budsjett for 2005. Miljøprofilen i statsbudsjettet har òg auka med meir enn det dobbelte frå 19,2 mrd. kroner i 2005 til 49 mrd. kroner i 2014.

Regjeringa har lagt fram to klimameldingar – i respektive 2007 og 2012 – som begge la grunnlaget for breie klimaforlik i Stortinget. Klimameldingane la fram ei rekkje nye verkemiddel og tiltak i klimapolitikken både internasjonalt og nasjonalt, og sikrar ein langsiktig klimapolitikk. Nokre av dei viktigaste tiltaka i klimameldinga frå 2012 er eit nytt klima- og energifond, auka CO2-avgift og satsing på kollektivtrafikk. Klimamåla slik dei vart nedfelte i det første klimaforliket, står fast.

Regjeringas klima- og skoginitiativ (regnskogsatsinga) vart lansert under klimatoppmøtet på Bali i 2007. Sidan starten i 2008 er det løyvd inntil 3 mrd. kroner årleg til arbeid for å redusere avskoging i utviklingsland. Initiativet har gitt gode resultat både ved å medverke til reduserte utslepp frå avskoging i utviklingsland og til at slike utslepp blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale. Satsinga medverkar òg til kampen mot fattigdom og berekraftig økonomisk utvikling. Det er inngått ambisiøse og innovative partnarskap med strategisk viktige skogland, under dette nøkkellanda Brasil og Indonesia som til saman står for meir enn 50 prosent av årlege utslepp frå avskoging. Noreg var den første og er den største internasjonale bidragsytaren for Brasils reduserte avskoging. Nedgangen i avskoging i Brasil er det største enkeltståande klimatiltaket verda har sett. Regjeringa har òg medverka til at meir enn 40 utviklingsland no er i gang med førebuingar for å redusere avskoging.

Noreg har vore ein aktiv og offensiv aktør i dei internasjonale klimaforhandlingane. Vi medverka blant anna aktivt til å få på plass ei vidareføring av Kyoto-avtala. Noreg har òg gitt eit avgjerande bidrag for å få på plass ei avtale om redusert avskoging under klimakonvensjonen.

Våren 2013 la Regjeringa fram stortingsmeldinga Klimatilpasning i Norge. Meldinga gjer greie for konsekvensar av klimaendringar for Noreg og legg overordna, felles rammer og verkemiddel for at sektorar, fylke, kommunar og andre aktuelle aktørar kan ivareta behovet for å tilpasse verksemda si til eit endra klima.

Miljøvernministeren er òg planminister. Gjennom å handheve plandelen av plan og bygningslova blir det lagt føringar for ein langsiktig berekraftig arealpolitikk. Ny plan- og bygningslov vart sett i verk i 2009 og la grunnlaget for ei betre arbeidsdeling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Regjeringa samordna i 2011 dei arealpolitiske føringane sine i dokumentet Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging. Regjeringa har vidare gitt føringar for kommunane si planlegging gjennom statlege planføresegner for kjøpesenter og gjennom fleire statlege planretningslinjer, blant anna for tema klima- og energiplanlegging og differensiert strandsoneforvaltning.

Det er teke initiativ for fleire tiltak for å effektivisere kommunale planprosessar, blant anna ved innskjerping av motsegnsordninga og krav til at statlege og regionale styresmakter må delta aktivt og tidlig i prosessane. Det er sett i gang forsøk i seks fylke med samordning av statlege motsegner til kommunale arealplanar.

Regjeringa har satsa sterkt på byutvikling, og gjennomfører fleire utviklingsprogram i samarbeid med dei største bykommunane. Groruddalssatsinga har gått føre seg i heile åtteårsperioden og Framtidasbyar vart starta i 2008, eit breitt samarbeidsprogram mellom fire departement, Kommunanes Sentralforbund, 13 byar og tre næringslivsorganisasjonar. Ei lang rekkje tiltak er gjennomført i tråd med måla. Den særskilte plansatsinga for dei store byområda vart starta i 2013 og har særleg fokus på bustadbygging og samordna areal- og transportplanlegging. I august 2013 vart dokumentet Den bærekraftige byen lansert, ei samla framstilling av Regjeringas bypolitikk.

Med løyvingar frå Miljøverndepartementet er ein i gang med å byggje eit nytt geodetisk observatorium i Ny Ålesund på Svalbard. Observatoriet medverkar gjennom målingar og fastsetjing av jordas posisjon og endringar til eit felles, stabilt utgangspunkt for målingar av klima, havnivå, flaum, ras, jordskjelv og issmelting.

Ein strategi for opne kart- og eigedomsdata vart lagt fram av Miljøverndepartementet i 2013 og legg opp til at dei viktigaste nasjonale kartdata blir opna og gratis tilgjengelege som eit første steg for betre tilgang til og deling av kart- og eigedomsdata til bruk i offentleg forvaltning og for næringsutvikling.

Den raudgrøne Regjeringa har sytt for at Noreg som første industriland ratifiserte Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av inntektene som stammar frå utnyttinga av slike ressursar. Protokollen vil kunne medverke til ei meir rettferdig fordeling av inntektene frå genressursane i verda. Mesteparten av genressursane finst i utviklingsland, mens det er i-landa som i hovudsak har den teknologiske kapasiteten til å gjere seg nytte av dei.

I 2009 vart naturmangfaldlova vedteken og sett i verk. Naturmangfaldlova gir reglar om berekraftig bruk og vern av naturen. Med lova har Noreg fått nye verkemiddel for å kunne ta vare på natur òg utanfor verneområda. Berebjelken i naturmangfaldlova er at Noreg skal ha ei kunnskapsbasert forvaltning av naturen. Dei siste åra er det sett i gang mykje innhenting av ny kunnskap, blant anna Artsprosjektet og Artsobservasjonar, Mareano, Seapop og Rovdata. Samanstillinga og systematiseringa av kunnskap er òg betra, gjennom blant anna Naturindeks, Norsk raudliste for arter, Norsk raudliste for naturtypar, Framande arter i Noreg – med norsk svarteliste. Også kvalitetsnorma for villaks, vedteken med heimel i naturmangfaldlova, er eit godt eksempel på eit verktøy for eit omforeina kunnskapsgrunnlag.

I 2009 vart òg markalova for naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar vedteken og sett i kraft. Markalova lovfestar grensene til Marka som 1,2 millionar menneske har som næraste, større turområde. Formålet med lova er å fremje og leggje til rette for friluftsliv, naturoppleving og idrett.

Sidan regjeringsskiftet i 2005 er det verna eit areal på ca. 15 000 km2. Det svarar til storleiken på Buskerud fylke. Det er oppretta tolv nye nasjonalparkar: Reinheimen, Varangerhalvøya, Seiland, Hallingskarvet, Lomsdal/Visten, Ytre Hvaler, Breheimen, Sjunkhatten, Rhokunborri, Fulufjellet, Láhko og Færder. I tillegg er to eksisterande nasjonalparkar utvida: Langsua/tidlegare Ormtjernkampen og Øvre Dividalen. Det er oppretta sju store landskapsvernområde: Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, Sylane, Skardsfjella og Hyllingsdalen, Sølen, Kvænangsbotn og Navitdalen. I tillegg ei rekkje mindre naturreservat og landskapsvernområde i tilknyting til nasjonalparkane.

Ein ny modell for lokal forvaltning av verneområde er etablert. Lokal forvaltning gir auka lokalt eigarskap og ansvar til dei aktuelle kommunane. Det er no etablert 41 lokale nasjonalpark-/verneområdestyre som har forvaltningsmynde for nasjonalparkane og dei andre store verneområda våre. Det er òg tilsett ca. 39 nasjonalparkforvaltarar som har sekretariatsansvar for styra og som medverkar til at vi forvaltar områda i samsvar med regelverket og nasjonale målsetjingar slik at verneverdiane blir tekne vare på.

Dei tre første marine verneområda i landet - Tauteryggen, Framvaren, Saltstraumen – vart oppretta i 2013.

Det er oppretta over 350 naturreservat. 214 av dei oppretta naturreservata er skogreservat, og det er her verna totalt 567 km2 produktiv skog. Blant skogreservata er Trillemarka – Rollagsfjell i Buskerud. Med sine 147 km2 er dette Noregs største skogreservat. Området inneheld store naturverdiar, bl.a. viktige område med svært gammal og lite påverka naturskog, ei rekkje truga og sårbare arter og kjerneområde med bl.a. bekkekløfter og sørboreal blandingsskog. Dette er ei av dei mest konfliktfylte vernesakene som er gjennomført. Det vart gjennomført ein omfattande dialog med kommunane om utforming av verneføresegnene, og verneområdet blir forvalta av lokale styresmakter.

I dag skjer skogvern i all hovudsak gjennom frivillig vern av privateigd skog og vern av offentleg eigd skog. Om lag 2,5 prosent av produktiv skog er verna, mens ulike faglege tilrådingar om skogvern ligg betydeleg høgare. Det er brei politisk semje om å auke skogvernet i Noreg. Løyvinga til skogvern var på 231,1 mill. kroner i 2013. For 2014 er det føreslått ei ytterlegare styrking på 100 til 331,1 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at auken held fram med 100,0 mill. kroner årleg fram til 2017.

For å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktigare ressurs i samfunnsutviklinga har Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i perioden 2009-2013 gjennomført verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskaper. Det har resultert styrking av eksisterande bedrifter og etablering av nye rundt verneområda. Prosjektet har òg medverka til auka gjensidig forståing mellom forvaltarane av naturen og næringsliv og lokalbefolkning. Av same grunn har Regjeringa dobla satsinga på Nasjonalpark- og naturinformasjonssentra og autorisert ni nye senter.

Arbeidet med å ta vare på dei fire store rovdyra ulv, bjørn, jerv og gaupe er styrkt, samtidig som det er gjennomført fleire tiltak for å redusere konfliktnivået. Eit uavhengig overvakingsorgan for rovvilt, Rovdata, vart oppretta i 2010. I 2011 vart det vedteke eit rovviltforlik der alle partia på Stortinget for første gong er samde om å sikre overlevinga til alle dei store rovviltartene i norsk natur.

For å beskytte villaksen er det gjennomført ein kraftinnsats mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. I Vefsn-regionen er verdas største rotenonbehandling gjennomført til ein pris av 150 mill. kroner. Det er òg innført strenge reguleringar i fiske etter laks i sjø og elv og oppretthalde ein stabil og føreseieleg innsats på kalking.

I 2007 implementerte Noreg EUs vassdirektiv. Dette er eit viktig verktøy for å fastsetje og nå miljømål for vatn, vassdrag og kystvatn. Det er sidan då lagt ned eit stort arbeid for å vurdere miljøtilstanden i heile 30 000 elvar, innsjøar og fjordar over heile landet. Dette skal liggje til grunn for vassforvaltningsplanane som blir utarbeidde fram mot 2016. Kvar region skal i dette arbeidet fastsetje mål og tiltak for å betre vassmiljøet. Det har i løpet av denne perioden blitt sett i gang og utført ei heil rekkje tiltak for å betre vassmiljøet.

Den raudgrøne Regjeringa har sytt for at alle norske havområde er omfatta av heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar. Planane balanserer omsynet til verdiskapning og behovet for å ta vare på økosystema i havet. Dei heilskaplege rammene for petroleumsverksemda blir fastlagde i forvaltningsplanane. Særleg verdifulle og sårbare havområde som områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, Mørebankane, rundt Bjørnøya, ved iskanten og polarfronten og langs Finnmarkskysten skal det ikkje setjast i gang petroleumsverksemd. Det same gjeld Skagerrak. Det er heller ikkje opna for petroleumsverksemd ved Jan Mayen.

Det er dei siste åra gjennomført oppryddingstiltak i ei rekkje norske hamneområde, blant desse Oslo hamn, Kristiansandsfjorden, Tromsø hamn, Harstad hamn og Drammen hamn. Regjeringa føreslår å auke fullmakta på oppryddingspostane til 182,2 mill. kroner for 2014 for å gi rom for planlagde oppryddingstiltak, blant anna i Trondheim hamn.

Ei stortingsmelding med tiltak for å redusere utsleppa av miljøgifter vart lagt fram i 2006. Dette er følgt opp gjennom konkrete reguleringar og internasjonalt arbeid for å stanse bruk og utslepp av miljøgifter. Blant anna har Noreg gått føre internasjonalt ved å forby miljøgifta PFOA.

I 2013 la Regjeringa fram ein avfallsstrategi med fleire nye tiltak. Kommunane skal no få høve til å bruke avfallsgebyr til å rydde opp i parkar og på strender. I strategien er det òg tiltak for å ta hand om kasserte fritidsbåtar, redusere matavfall og samle inn meir plast frå næringslivet. Det skal òg bli enklare å byggje ut røyrbasert infrastruktur for å samle inn avfall – såkalla avfallssug – ved at kommunane kan påleggje næringslivet å knyte seg til ordninga.

Ein nasjonal strategi for friluftsliv vart lagt fram av Miljøverndepartementet i 2013. For at fleire skal drive aktivt friluftsliv er det ein ambisjon at dei som bur i byar og tettstader skal ha maksimalt 500 meter frå bustaden til eit samanhengande nettverk av ferdselsårer. Barn, unge, folk med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og personar som er lite fysisk aktive er dei viktigaste målgruppene i statens arbeid med friluftsliv i åra framover.

Den raudgrøne Regjeringa har styrkt arbeidet med å sikre friluftsområde og å leggje dei til rette for friluftsliv. I alt har Regjeringa medverka til å sikre ca. 350 nye friluftslivsområde i perioden frå 2006 til 2013. I 2013 la Miljøverndepartementet fram ein nasjonal handlingsplan for statleg sikra friluftsområde. Eit viktig tiltak i handlingsplanen er å stimulere til å kartleggje og verdsetje friluftslivsområde i alle kommunar i landet. På den måten vil det bli lettare å sikre dei viktigaste friluftslivsområda. I tillegg legg handlingsplanen føringar om at område i og ved byar og tettstader skal prioriterast for sikring i åra fram mot 2020. Allemannsretten er styrkt gjennom endringar i friluftslova som tredde i kraft frå januar 2012.

Regjeringa la i 2013 fram kulturminnemeldinga Framtid med fotfeste. Meldinga legg vekt på faste kulturminne som ein del av ei samla miljø- og ressursforvaltning og verdifull ressurs i by- og tettstadsutvikling. Meldinga legg vekt på kunnskap og kompetanse. Gjennom prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltningen skal det bl.a. utviklast gode register, rapporterings- og saksbehandlingsverktøy som skal medverke til likebehandling, standardiserte og forenkla arbeidsprosessar på tvers av forvaltningsnivåa. Dei ti etablerte bevaringsprogramma er den viktigaste satsinga for å nå 2020-måla. Arbeidet innanfor programma blir ført vidare.

Den raudgrøne Regjeringa har auka løyvingane til kulturminne og kulturmiljø frå 250,3 mill. kroner i 2005 til 620,1 mill. kroner i budsjettforslaget for 2014. Eit av satsingsområda har vore tekniske og industrielle kulturminne der tilskota er auka frå 14,7 mill. kroner i 2005 til 58,8 mill. kroner i budsjettforslaget for 2014.

Fire nye kulturmiljøfredingar er gjennomførte av den raudgrøne Regjeringa: Sogndalstrand i Rogaland (2005), Birkelunden i Oslo, som er det første byområdet som er freda (2006), Sør-Gjæslingan (2010) og Bygdøy i 2012.

Norske miljø-, friluftslivs- og kulturminneorganisasjonar gjer ein viktig jobb for å auke medvitet på området, medverke til konkrete idear, prosjekt og resultat, og ved å vere eit korrektiv til styresmaktene. For å sikre organisasjonane føreseieleg støtte har Miljøverndepartementet innført ei eiga forskrift for grunnstøtte til allmennyttige organisasjonar. Støtta er auka frå 30,0 mill. kroner i 2005 og til 58,0 mill. kroner i forslaget til budsjett for 2014.

3 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementets budsjett for 2014

Regjeringa styrkjer miljøsatsinga ytterlegare i 2014. Det er Regjeringas ambisjon at dette budsjettet skal medverke til å nå miljø- og klimamåla i Soria Moria-erklæringa. Prioriteringane i Miljøverndepartementets budsjett for 2014 speglar dette. I tillegg til den sterke miljøsatsinga over Miljøverndepartementets eige budsjett, er det mange og viktige miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Regjeringas miljøpolitikk vert såleis gjennomført på brei front, i tråd med prinsippet om sektorane sitt ansvar for å medverke til at miljømåla kan bli nådde, jf. kapittel 3.

Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet i 2014 er på 6 004,1 mill. kroner, mot 5 452,7 mill. kroner i 2013. Dette er ein auke på 10,1 prosent. Veksten på Miljøverndepartementets budsjett i 2014 kan vi særleg sjå igjen mellom anna i arbeidet med å sikre naturmangfaldet, auka innsats til klima- og klimatilpassingstiltak, og vern av kulturminne og kulturmiljø. Det blir òg auka innsats for planarbeid i byområda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving i 2014 på 2 902,7 mill. kroner til programområdet Klima, naturmangfald og forureining. Ei av dei største satsingane er ei ny CO2-kompensasjonsordning for industrien. Ordninga skal kompensere auka kraftprisar som følgje av EUs klimakvotesystem. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 243 mill. kroner til dette tiltaket. Regjeringa gjer òg framlegg om auka løyving på 25 mill. kroner til klimatilpassing og reduksjon i utslepp av kortliva klimadrivarar.

Klimaendringane utgjer ei av dei aller største internasjonale utfordringane i vår tid. Er vi ikkje i stand til å stoppe den globale oppvarminga vil miljøkonsekvensane globalt og nasjonalt vere formidable. Av den grunnen ønskjer Regjeringa å vere ein pådrivar for å heve ambisjonsnivået i den internasjonale klimapolitikken. Klima- og skogprosjekt er Noregs viktigaste satsing på dette feltet. Klima- og skoginitiativet har blant anna medverka til svært gode resultat i land som Brasil og Indonesia og i FNs klimaforhandlingar. Initiativet byggjer opp under ein klimapolitikk der alle land tek ansvar, men der vi i den rike delen av verda tek på oss ei større finansiell bør. Dette gjer mogleg ei breiare internasjonal deltaking i dei felles utfordringane verda står overfor. Måla for satsinga er ambisiøse og krevjande, like fullt viser resultata så langt at det er mogleg å sikre ein heilskapleg og integrert klimapolitikk samstundes som omsynet til utviklingslanda sine behov blir teke vare på. Budsjettet for satsinga er føreslått ført vidare i 2014, og Regjeringa rår Stortinget til å slutte seg til intensjonen om at klima- og skogprosjektet blir ført vidare på minst dette budsjettnivået fram til 2020. På den måten sikrar vi initiativet på lengre sikt, noko som gjer det mogleg å integrere det fullt ut i dei samla klimapolitiske initiativa våre over tid.

Regjeringa føreslår vidare å auke løyvinga til nytt skogvern med 100 mill. kroner opp til 331,1 mill. kroner i 2014. Satsinga gjer det mogleg å fatte vernevedtak for mange område der det alt er inngått avtaler om frivillig vern. Basert på behovet for auka skogvern i åra framover, vil regjeringa trappe opp løyvingane til frivillig skogvern med 100 mill. kroner i året fram mot 2017. Løyvinga til arbeidet med nasjonalparker- og naturinformasjonssenter er føreslått auka med 25 mill. kroner. Vidare er det føreslått ei satsing på friluftsliv og folkehelse med 15,8 mill. kroner. Ein aktiv friluftslivspolitikk er den beste investeringa i ei god folkehelse. Særleg prioriterte er aktivitetstiltak retta mot barn, unge, barnefamiliar, personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og lågterskeltilbod for grupper som ikkje allereie er aktive.

Regjeringa gjer framlegg om ei auka løyving på samla 8 mill. kroner knytta til endringar i regulering av bruk av snøskuter. Av dette er 3 mill. kroner budsjettert under Miljøverndepartementet si budsjettramme og 5 mill. kroner under Justisdepartementet.

Som oppfølging av St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid og Handlingsplan for opprydding i forurenset sjøbunn føreslår Regjeringa å auke fullmakta på oppryddingspostane til 182,2 mill. kroner. Dette vil gi rom for å setje i verk fleire planlagde oppryddingstiltak. Det største oppryddingsprosjektet er Trondheim hamn.

I revidert nasjonalbudsjett 2013 løyvde Stortinget 32,5 mill. kroner ekstra for å heve vrakpanten på bilar med 500 kroner frå 2 500 kroner til 3 000 kroner frå 1. juli 2013. Heilårsverknaden av dette tiltaket i 2014 er på 65 mill. kroner.

Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar difor vidare på miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting. Regjeringa føreslår at dei samla løyvingane under Miljøverndepartementet til klima- og miljøforsking vert auka med 43 mill. kroner i 2014. Mellom anna vert det føreslått ein auke på 12 mill. kroner til klimaforsking, samt ei særskilt styrkt norsk miljø- og klimaforsking i nord- og polarområda med 19 mill. kroner. Resten av løyvinga vil gå til miljøforsking på ulike område.

Regjeringa har vedteke at nytt Framsenter skal byggjast og gjer framlegg om 25 mill. kroner i oppstartsløyving under budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Regjeringa føreslår òg ei ny områdesatsing retta mot utsette byområde i Oslo og Drammen der fysiske og sosiale levekår har vorte forverra dei seinare åra. Viktige grep i satsinga er stadsutvikling, forbetring av bustader og bustadområde, og tiltak for vanskelegstilte, oppgradering av grøne uteområde, folkehelsetiltak og andre tiltak retta mot barn og unge og betre tilhøve for gang-, sykkel og kollektivtransport. Regjeringa legg fram forslag om ei løyving på til saman 20 mill. kroner til tiltak i indre Oslo Aust på Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sine budsjett, samt 15 mill. kroner til tiltak i Fjell i Drammen. I tillegg vil 5 mill. kroner av spelemidlane som Kulturdepartementet har ansvar for, gå til idrettstiltak i Oslo Indre Aust.

Regjeringa føreslår vidare å auke innsatsen på programområdet Kulturminne og kulturmiljø til 620,1 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på om lag 49,6 mill. kroner, eller 8,7 prosent frå 2013. Det er føreslått ein auke på til saman 20 mill. kroner til satsingane Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga og Bevaringsprogramma. Vidare er det oppretta ein ny post 80 Tilskotsordning for avgiftskompensasjon på 7,0 mill. kroner, som skal kompensere for bortfall av fritak for utsleppsreduserande avgifter.

Til området Kart, geodata og eigedomsinformasjon føreslår Regjeringa ei løyving på 790,3 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på 57,3 mill. kroner, eller om lag 7,8 prosent frå 2013. Regjeringa føreslår ei kostnadsramme til bygging av jordobservatoriet i Ny-Ålesund på 355 mill. kroner. For 2014 føreslår Regjeringa ei løyving på 65 mill. kroner til dette tiltaket. Vidare vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett 2014 løyvd 10 mill. kroner til å frigi enkelte sentrale kartdata med særleg tanke på betre tryggleik og beredskap. Heilårsverknaden av dette tiltaket er 25 mill. kroner. Regjeringa gjer framlegg om å redusere tinglysingsgebyr for fast eigedom ytterlegare, slik at inntektene vert reduserte med 310 mill. kroner ned til 320 mill. kroner. Då er gebyret på nivå med dei utgiftene som må dekkjast for å drive ordninga. Vidare gjer Regjeringa framlegg om å auke løyvinga med 6,8 mill. kroner til frivillige miljøorganisasjonar. Regjeringa føreslår òg ein auke på 4 mill. kroner til enkelte spesifikke miljøtiltak.

Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til jernbane og annan kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme. Løyvinga til statlege kjøp av klimakvotar ligg på Finansdepartementets budsjett. Framlegg til endring i dei miljørelaterte avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Under kap. 3 vert miljøpolitiske satsingar under andre departement omtala.

4 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område

Dette kapitlet omtalar Regjeringas samla miljøpolitiske satsingar slik dei kjem til uttrykk i departementa sine budsjett, sjå tabellen på neste side. Tabellen er basert på departementa sine vurderingar av kva som reknast som miljøtiltak, jamfør definisjonen nedanfor. Det er ikkje enkelt å avgrense miljøtiltak eller utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Ein bør òg vere merksam på at tiltaka her ikkje vert vekta mot kvarandre, tiltak der alle utgiftene går til miljøtiltak blir vekta likt med tiltak som ikkje fullt ut er miljømotiverte. Tabellen må difor tolkast med varsemd og bør sjåast som ei omtrentleg oversikt over Regjeringa sine samla miljøpolitiske løyvingar. Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:

  • utgiftene må fullt ut nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomførd, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Det er òg viktig å vere klar over at miljøpolitikk ikkje først og fremst handlar om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Vidare er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon, forbruk o.a. eit heilt vesentleg verkemiddel som ikkje kjem fram i tabellen over Regjeringas utgifter på miljøvernområdet. Endringar i skatt og avgifter for 2014 med verknad på miljøvernområdet er gjennomgått til slutt i dette kapitlet.

Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas miljøpolitikk

Regjeringas miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betaler-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljøvern- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tekne vare på.

Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for å kunne nå måla i miljøpolitikken. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av, og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførde miljøtiltak.

Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.

Dei miljøpolitiske løyvingane

I 2014 er dei samla miljøpolitiske løyvingane anslagsvis 49,0 mrd. kroner, som er ein auke på om lag 4,7 mrd. kroner frå 2013. Det har vore ein betydeleg auke over tid til dei samla miljøpolitiske løyvingane. Til samanlikning var det i statsbudsjettet for 2006 ei samla miljøpolitisk løyving berekna til 20,6 mrd. kroner. Samanlikna med 2014 er dette ein auke på 28,5 mrd. kroner.

Blant miljøtiltaka som blir førde vidare og prioriterte i 2014 er:

  • tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland

  • kollektivtrafikk og jernbaneutbygging

  • fornybar energi og energieffektivisering

Tabell 4.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2014 (i mill. kroner)

Departement

2013

Forslag 2014

Arbeidsdepartementet

-

-

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

6,2

6,9

Finansdepartementet

632,0

522,0

Fiskeri- og kystdepartementet

1 530,5

1 534,0

Forsvarsdepartementet

1 161,3

1 144,6

Helse- og omsorgsdepartementet1

-

-

Justis- og beredskapsdepartementet

133,0

177

Kommunal- og regionaldepartementet

95,0

95,0

Kunnskapsdepartementet

300

300

Kulturdepartementet

1 067,8

1 120,6

Landbruks- og matdepartementet

5 493,2

5 597,1

Miljøverndepartementet2

5 122,7

5 892,8

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet3

212,1

260

Nærings- og handelsdepartementet

762,2

507,9

Olje- og energidepartementet4

4 950,0

4 165,0

Samferdselsdepartementet

15 595,1

20 300,0

Utanriksdepartementet5

7 300,0

7 400,0

Sum alle departementa

44 361,1

49 022,9

1 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne i tabellen.

2 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.

3 Denne posten omfattar utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling og er basert på ressursrapportering i ettertid. Det oppgitte budsjettalet er derfor eit overslag og svært usikkert. MD har for 2014 rammeoverført 46 mill. kroner til Fylkesmannen.

4 Løyving til TCM DA knytt til tilbakebetaling av lån er inkludert her.

5 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Tabellen over viser at mange departement nyttar store økonomiske midlar til miljøgrunngitte tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig, men avgrensa del av dei samla miljøløyvingane, slik desse er definerte her.

Nedanfor er nokre av departementa sine miljørelaterte tiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang. Her finn ein òg ei omtale av:

  • utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde

  • mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2012

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2014.

Olje- og energidepartementet sitt budsjett vert det føreslått 4 165 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, mot 4 950 mill. kroner i 2013. Endringa samanlikna med 2013 heng i hovudsak saman med Regjeringa si avgjerd om å avslutte planlegginga av fullskala CO2-handtering på Mongstad. Regjeringa si satsing på CO2-handtering held likevel fram. Regjeringas samla framlegg til løyving til CO2-handtering over Olje- og energidepartementets budsjett er i overkant av 2,4 mrd. kroner, av dei er i overkant av 2 mrd. kroner knytte til drift og vidare utvikling av teknologisenteret på Mongstad (TCM). Regjeringa føreslår å investere inntil 450 mill. kroner i TCM i perioden 2014–2017, av dei 150 mill. kroner i 2014. Investeringane skal gå til modifikasjonar på eksisterande anlegg og vidareutvikling av ledig areal. Regjeringa føreslår vidare at CLIMIT-programmet styrkast med 100 mill. kroner i 2014 og 2015, av dei 30 mill. kroner i 2014. Regjeringa føreslår òg 38 mill. kroner til CCS moglegheitsstudie og 1 mill. kroner til internasjonalt CCS-arbeid over Olje- og energidepartementets budsjett. Regjeringa si satsing på energiomlegging og energi- og klimateknologi gjennom Enova og Energifondet vert ført vidare. Samla framlegg til løyving til Energifondet i 2014 er på vel 1,2 mrd. kroner. Løyvinga er ei overføring av avkastinga frå Fondet for Klima, fornybar energi og energiomlegging. Det er føreslått å auke fondskapitalen i sistnemnde fond med 5 mrd. kroner i 2014. Dette gir ein samla fondskapital på 40 mrd. kroner og vil auke overføringane til Energifondet frå 2015. Til forsking på miljørelevant teknologi blir det gjort framlegg på om lag 400 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. I denne summen inngår òg 234 mill. kroner til forskingsprogrammet ENERGIX, som er Noregs forskingsråds nye hovudaktivitet innan miljøvennleg energi. Programmet overtok prosjektporteføljen etter forløparen RENERGI. Vidare blir det gjort framlegg om 9,4 mill. kroner knytt til Noregs deltaking i Nordisk energiforsking og 10 mill. kroner til å dekke forpliktingar knytte til Noregs deltaking i Intelligent Energy Europe som er eit forskingsprogram i regi av EU. Olje- og energidepartementet vil medverke i samarbeidsprogrammet Framtidas byar også i 2014..

Samferdselsdepartementets oppgåver omfattar både tiltak for å endre transportstrukturen i miljøvennleg retning og tiltak som i seg sjølve kan ha negative miljøkonsekvensar som må reduserast. Det er eit hovudmål i Nasjonal transportplan 2014-23 at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutsleppa, redusere miljøskadelege verknader frå transport og medverke til å nå nasjonale mål og innfri internasjonale plikter Noreg har på miljøområdet.

Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte om lag 20,3 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, Dette er ein auke på 4,7 mrd. kroner frå saldert budsjett 2013. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 15 577,8 mill. kroner i 2014, mot 11 372,7 mill. kroner i saldert budsjett 2013. Desse tiltaka skal auke kapasiteten for togframføring, betre driftsstabiliteten i trafikkavviklinga og på den måten leggje til rette for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. I 2014 går det føre seg to store nybyggingsprosjekt på Vestfoldbana: Det gjeld det omlag 14 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet, og arbeidet med det 23 kilometer lange dobbeltsporet Farriseidet (ved Larvik)-Porsgrunn. Arbeidet med Fellesprosjektet E6-Dovrebana, med dobbeltspor for jernbana frå Langset (Minnesund) og 17 kilometer nordover langs Mjøsa til Kleverud, vil gå for fullt i 2014 med sikte på driftsstart i 2015. Ei rad med infrastrukturtiltak for å gjennomføre eit nytt og betre togtilbod på Austlandet med nye tog, held fram med sikte på å setje i verk ruteendringa i desember 2014. Planlegginga av og førebuande arbeid med nytt dobbeltspor Oslo S-Ski (Follobana) held fram neste år. Det blir òg starta opp to nye jernbaneprosjekt i 2014: Ny Ulriken tunnel mellom Bergen og Arna og dobbeltspor Hell-Værnes mellom Trondheim og Stjørdal. Løyvinga til persontransport med tog aukar med 126 mill. kroner til 3047 mill. kroner. Det er vidare føreslått ei løyving på 441 mill. kroner til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet, og 73,8 mill. kroner til kollektivtiltak på vegområdet. Påskjøningsordninga for auka kollektivtrafikk i dei større byområda får ei løyving på 945,3 mill. kroner, som er ein auke på 272,2 mill. kroner. Samferdselsdepartementet vil medverke i samarbeidsprogrammet Framtidas byar også i 2014.

Det er berekna at Justis- og beredskapsdepartementet vil nytte 177 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2013. For departementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. Omfanget av miljøkriminalitet er venta å auke i tida framover sidan presset på naturen aukar i takt med den økonomiske velstanden. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. Justis- og beredskapsdepartementet har òg det administrative ansvaret for Sysselmannen på Svalbard. Den faglege styringa på miljøområdet skjer direkte frå Miljøverndepartementet. Sysselmannen sine oppgåver endrar seg som følgje av veksande aktivitet på øygruppa og fordi Longyearbyen blir meir likt eit vanleg lokalsamfunn. Sysselmannen prioriterer førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og anna verksemd. For 2014 føreslår Regjeringa å auke løyvinga med 8 mill. kroner til auka kontroll med motorferdsel i utmark. 5 mill. kroner av desse blir løyvde over Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, jf. omtale under resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. I svalbardbudsjetta for 2012 og 2013 er det løyvd midlar til reinseanlegg ved kolkraftverket i Longyearbyen. Etter anbodsrunden har det vist seg at anlegget er blitt ein del dyrare enn tidlegare berekna, og Regjeringa føreslår at det i 2014-budsjettet vert løyvd ytterlegare 42 mill. kroner som ei sluttfinansiering av anlegget. Reinseanlegget skal etter planen stå ferdig i 2015.

Fiskeri- og kystdepartementets budsjett blir det gjort framlegg om 1 534 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2014, mot 1 531 mill. kroner i 2013. Departementet sine budsjettmidlar som i hovudsak er grunngitt med miljøomsyn, omfattar mellom anna: Ressursforsking og forvaltning for berekraftig forvaltning av fiskeressursane, tiltak for berekraftig havbruk, kartlegging av biologisk mangfald og beredskap mot akutt forureining.

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til Havforskingsinstituttet med 4 mill. kroner for å styrkje arbeidet med overvaking av lakselus og rømt oppdrettslaks. Det blir òg fremja forslag om å auke løyvinga til Veterinærinstituttet for å styrkje arbeidet mot lakselus og spreiing av lakselus mellom fisk i oppdrett og ville bestandar. For å følgje opp Kystverkets miljørisiko- og beredskapsanalyse blir det føreslått å auke løyvinga til oljevern med 20 mill. kroner. Slepebåtkapasiteten i Nord-Noreg blir redusert frå tre til to fartøy.

Kommunal- og regionaldepartementet vil nytte om lag 95 mill. kroner på miljørelaterte tiltak i 2014, det meste relatert til bustader, bumiljø og bygg. Dette er det same som i 2013-budsjettet. I tillegg gir Husbanken grunnlån til oppføring og utbetring av bustader og bygg med miljøkvalitetar. God byggjeskikk og auka kunnskap om stadsutvikling skal medverke til attraktivt bygde omgivnader med eit godt miljø. Områdesatsing skal fremje gode bumiljø og levekår i byane. I 2014 vil også Direktoratet for byggkvalitet styrkjast. Noko av styrkinga vil bli innretta mot miljøtiltak. Regjeringa følgjer opp tiltak i Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn – Ein framtidsretta bygningspolitikk og Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Oppfølging av meldingane krev både forsking, utvikling og informasjonsarbeid. Viktige tiltak er at Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020 og innføre komponentkrav for eksisterande bygningar. Krav til energiforsyning og -effektivitet medverkar til reduksjon i bruk av energi og til mindre bruk av fossilt brensel i bygg. Vidareutvikling av energikrava blir gitt høg prioritet. Departementet vil medverke i samarbeidsprogramma Framtidas byar og FutureBuilt også i 2014.Videre har Kommunal- og regionaldepartementet det statlege finansieringsansvaret for Lågenergiprogrammet.

Utanriksdepartementet sitt budsjett er anslagsvis 7 400 mill. kroner føreslått til miljørelaterte tiltak i 2014. Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda.

Noreg har eit omfattande tosidig samarbeid med Russland for å møte felles miljøutfordringar, for kompetanseheving i miljøforvaltninga og for å fremje russisk deltaking i internasjonale miljøvernavtaler. Arbeidet vil bli ført vidare i eit treårig samarbeidsprogram med særleg vekt på vern av havmiljøet, samarbeid i grenseområda, naturmangfald og tiltak mot forureining. Atomtryggleikssamarbeidet med Russland skal blant anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort, og styrkje russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2014 vil framleis vere å sikre og å fjerne brukt kjernebrensel frå den nedlagde marinebasen i Andrejevbukta, 60 kilometer frå norskegrensa. Vidare vil vi styrkje myndigheitssamarbeidet om tilsyn, varsling, beredskap og miljøovervaking. Prosjekt for auka tryggleik ved russiske kjernekraftverk går vidare. Det norske engasjementet på dette viktige miljøfeltet har eit langsiktig perspektiv.

Då Arktisk råd vart etablert i 1996 var hovudoppgåva samarbeid om forureining i nord. Etter kvart har samarbeidet også omfatta klimaendring og klimatilpassing. Noreg vil vere ein pådrivar for at havforsuring, naturmangfald og reduksjon av kortliva klimadrivarar blir prioriterte i arbeidet i Arktisk råd. Kortliva klimadrivarar som sot og metan er partiklar og gassar med kort atmosfærisk levetid og står for heile 30-40 pst. av dei menneskeskapte klimaendringane. Tiltak for å redusere slike utslepp vil gi positiv klimaeffekt, også på kort sikt. Dette vil spesielt vere viktig i Arktis, der temperaturen stig dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Noreg vil arbeide for at medlemslanda i Arktisk råd skal bli samde om ei avtale som forpliktar medlemslanda til å redusere utsleppa sine av kortliva klimagassar.

Regjeringa fører vidare innsatsen mot avskoging og skogforringing i utviklingsland, på om lag 3 mrd. kroner i 2014, som er same nivået som saldert budsjett 2013. Innsatsen for rein energi og klimatilpassing med særleg vekt på mattryggleik aukar. Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda med å utnytte fornybare energiressursar (vasskraft, sol og vind) i staden for å auke bruken av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling og det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy+ utgjer sentrale delar av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. Noreg støttar òg FNs initiativ Sustainable Energy for All (SE4ALL); Berekraftig energi for alle. Noreg aukar òg satsinga på tiltak retta mot kortliva klimadrivarar.

I tillegg til klima- og miljøsatsinga innanfor bistandsbudsjettet, vil Regjeringa gjennom EØS-midlane 2009–2014 styrkje arbeidet med miljø, klima og karbonfangst og lagring. EØS-midlane er totalt på 1 788,5 mill. euro. Samla sett vil om lag 645 mill. euro bli nytta til desse formåla i programperioden 2009–2014.

Forsvarsdepartementets budsjett er det rekna at vel 1 145 mill. kroner går til ulike miljøtiltak i 2014. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer om lag halvdelen av denne summen. Gjennom mange år har Forsvarets skyte- og øvingsaktivitetar medført belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedommar som blir avhenda, mellom anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2014. Prosjektet for tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile føremål vil venteleg vare til 2020. Og området skal då kunne tilfredsstille krava til vern etter naturmangfaldlova og bli ein del av tilgrensande verneområde. Tidlegare forsvarsområde blir mange stader tekne i bruk til friluftsliv. Ombygging av varmesentralar frå olje- og elektrisitet til fornybar energi og tiltak formeir effektiv bruk av energi i Forsvarets bygg og anlegg blir ført vidare i 2014.

Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitkken og Stortingets handsaming synleggjer miljømåla i jordbrukspolitikken. På Landbruks- og matdepartementets område vert det gjort framlegg om 5 597,1 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014. Den langt største delen av desse midlane (90 pst.) går over Jordbruksavtala. Verkemidlane på Jordbruksavtala på miljøområdet er knytte til Nasjonalt miljøprogram. Det nasjonale miljøprogrammet inneheld ei verkemiddelpakke beståande av areal- og kulturlandskapstilskot (AK-tilskotet), tilskot til økologisk produksjon, tilskot til dyr på utmarksbeite, tilskot til dyr på beite, tilskot til bevaringsverdige storferasar, midlar over Klima- og miljøprogrammet og miljøplankrav. Vidare er miljørelaterte tiltak over jordbruksavtala knytt til Regionale miljøprogram (RMP). RMP får ei auka løyving på 20 mill. kroner. RMP med tilliggjande tilskotsordningar skal gi ei betre samordning av miljøinnsatsen i jordbruket utover det som kan gjerast gjennom nasjonale ordningar. Det er eigne program i kvart fylke som omfattar ei lang rekkje miljøområde. Kulturlandskap, kulturminne, biologisk mangfald, redusert plantevernbruk, reduksjon av næringsstoffavrenning og erosjon er hovudområda i programma. Over Jordbruksavtala høyrer òg miljøverkemiddel over Landbrukets utviklingsfond (LUF). Der finn ein mellom anna ordninga SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap), drenering, investeringsstøtte til organisert beitebruk, utvalde kulturlandskap og verdsarvområda.

Nærings- og handelsdepartementets områder blir det føreslått 507,9 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, mot 762,2 mill. kroner i 2013. Hovuddelen av denne summen går til ulike tiltak innanfor området forsking, nyskaping og internasjonalisering. I tillegg løyver Nærings- og handelsdepartementet midlar til opprydding og forureiningsavgrensande tiltak i tidlegare gruveområde. Noreg deltek blant anna i EUs Competitiveness and Innovation Programme (CIP). CIP består av tre ulike delprogram som alle skal fremje berekraftig innovasjon. Nærings- og handelsdepartementet har koordineringsansvaret for CIP i Noreg og ansvaret for å ivareta innovasjons- og entreprenørskapsdelen av programmet. Store delar av Nærings- og handelsdepartementets miljørelaterte løyvingar er kanaliserte gjennom Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Desse midlane blir blant anna nytta til å forske på, utvikle og implementere nye løysingar og produkt som er meir miljøvennlege. Løyvingane er blant anna retta mot berekraftig energi og miljøteknologi.

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag. Direkte miljøløyvingar på Finansdepartementets eige driftsbudsjett i 2014 er rekna til 2 mill. kroner. I tillegg har Finansdepartementet det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Avgifter utgjer, saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minke utsleppa der det er billegast og sikrar at forureinarane betaler. Det vert lagt stor vekt på miljø- og energirelaterte avgifter. I alt har slike avgifter auka med om lag 1,8 mrd. kroner frå 2005 til 2013. For endringar i skatte- og avgiftsopplegget med verknader på miljøområdet viser ein til oversikta under. Finansdepartementet har òg ansvar for Noregs handel med klimakvoter. Det er vedteke at Noreg skal overoppfylla Kyoto-avtala for perioden 2008–2012 med 10 pst., noko som tilsvarer 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringa valt å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO2 årleg gjennom å avstå frå å bruke kvotar som kjem av skogtilvekst. På denne måten fører statens kvotekjøp til ein netto reduksjon i dei globale utsleppa av klimagassar. På FN-klimakonferansen i Doha i 2012 vart det vedteke ein ny periode under Kyoto-protokollen. For 2014 føreslår departementet ei løyving på 520 mill. kroner til kjøp av klimakvotar og ei fullmakt til å gjera avtaler om kjøp av utsleppskvotar innanfor ei samla ramme på 2 000 mill. kroner.

Helse- og omsorgsdepartementet sitt område er Nasjonalt folkehelseinstitutt ein pådrivar for å betre folkehelsa. Instituttet har mellom anna eit ansvar for beredskap mot akutte helsetruslar. Instituttet arbeider òg med luftforureining og støy, vasshygiene, og verknader av forbrukarkjemikaliar. Statens strålevern er fagstyresmakt på områda strålevern og atomtryggleik. Statens strålevern har ansvar for forvaltning og tilsyn og overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv. Statens strålevern arbeider for å auke kunnskapen om førekomst, risiko og effekt av stråling.

Kunnskapsdepartementets løyvingar til miljørelatert forsking i 2014 blir om lag på same eller noko høgare nivå enn i 2013, det vil seie i storleiksordning 300 mill. kroner. Midlane går til forsking på blant anna fornybar energi og karbonfangst og -lagring og til klima- og polarforsking i regi av Noregs forskingsråd. Mykje av forskinga inneber internasjonalt samarbeid.

For 2014 blir det på Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslått løyvd 6,9 mill. kroner til Stiftelsen Miljømerking (Miljømerking). Stiftelsen forvaltar Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester, og er ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Endringar i skatte- og avgiftsopplegget med verknader på miljøområdet

  • CO2-avgifta på mineralolje til fiske og fangst i nære farvatn blir auka til 98 kroner pr. tonn CO2.

  • Dei generelle satsane i CO2-avgifta på mineralolje og gass og avgifta på HFK/PFK blir auka til 330 kroner pr. tonn CO2-ekvivalentar. Satsane i CO2-avgifta for innanriks luftfart blir auka med om lag 50 kroner pr. tonn CO2. Mineralolje som er pålagt vegbruksavgift på drivstoff er ikkje omfatta av avgiftsauken.

  • Verneverdige fartøy, museumsjernbaner og tekniske anlegg og kulturminne med stor kulturhistorisk verdi er i dag fritekne for CO2-avgift, svovelavgift, grunnavgift på mineralolje, smøreoljeavgift, el-avgift og NOx-avgift. Fritaket blir oppheva frå 2014, som kompenserande tiltak blir det oppretta ei tilskotsordning over Riksantikvarens budsjett.

  • Eingongsavgifta på køyretøy blir justert frå 2014. Det blir lagt meir vekt på miljø og mindre vekt på motoreffekt i avgifta. Innslagspunkta i CO2-komponenten blir reduserte med 5 gram pr. km frå og med 110 gram og oppover, mens dei to høgaste satsane for CO2-utslepp blir auka. Satsen for NOx-utslepp i eingongsavgifta blir auka med 30 pst. For varebilar aukar CO2- og NOx-delen av eingongsavgifta frå 25 pst. av avgifta på personbilar til 30 pst., med unntak av den høgaste CO2-satsen som blir halden uendra. Vidare blir dei to høgaste satsane for CO2-utslepp frå drosjer reduserte ned til nivået med tredje høgaste sats. Dette for ikkje å hindre eit godt tilbod av drosjer som er eigna for rørslehemma og større grupper personar. Alle endringane i eingongsavgifta blir gjennomførte innanfor ei provenynøytral ramme ved å redusere effektkomponenten.

  • Den miljødifferensierte delen av vektårsavgifta på køyretøy over 7 500 kg blir auka med 25 pst.

  • Biodiesel som er pålagt redusert sats i vegbruksavgifta må frå 2014 oppfylle berekraftskriteria som følgjer av EUs fornybardirektiv(2009/28/EF) som skal innarbeidast i norsk rett frå 1. januar 2014.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 6 004,115 mill. kroner på utgiftssida og 670,932 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1400

Miljøverndepartementet

608 038

596 332

662 654

11,1

1406

Miljøvennleg skipsfart

4 132

1407

Miljøhensyn i offentlige innkjøp

10 000

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

12 599

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

550 361

621 253

661 042

6,4

Sum kategori 12.10

1 158 399

1 217 585

1 350 427

10,9

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1420

Miljødirektoratet

2 817 997

1425

Vilt- og fisketiltak

84 713

85 400

84 700

-0,8

1426

Statens naturoppsyn

224 794

209 197

-100,0

1427

Direktoratet for naturforvaltning

1 355 330

1 514 492

-100,0

Sum kategori 12.20

1 664 837

1 809 089

2 902 697

60,5

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1429

Riksantikvaren

268 453

509 050

556 519

9,3

1432

Norsk kulturminnefond

59 480

61 440

63 590

3,5

Sum kategori 12.30

327 933

570 490

620 109

8,7

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

745 569

784 969

-100,0

1445

Miljøvennleg skipsfart

3 807

4 132

-100,0

1447

Miljøomsyn i offentlege innkjøp

17 545

14 000

-100,0

1448

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

11 363

12 512

-100,0

Sum kategori 12.40

778 284

815 613

-100,0

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1465

Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

625 040

720 994

775 033

7,5

2465

Statens kartverk

17 555

12 000

15 288

27,4

Sum kategori 12.50

642 595

732 994

790 321

7,8

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1471

Norsk Polarinstitutt

259 390

257 334

275 943

7,2

1472

Svalbard miljøvernfond

14 701

12 320

12 320

0,0

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning

42 801

37 253

52 298

40,4

Sum kategori 12.60

316 892

306 907

340 561

11,0

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4400

Miljøverndepartementet

5 093

1 893

1 959

3,5

Sum kategori 12.10

5 093

1 893

1 959

3,5

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4420

Miljødirektoratet

102 671

4426

Statens naturoppsyn

1 396

664

-100,0

4427

Direktoratet for naturforvaltning

24 551

18 190

-100,0

5578

Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

88 400

93 900

93 200

-0,7

Sum kategori 12.20

114 347

112 754

195 871

73,7

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4429

Riksantikvaren

7 211

4 800

5 159

7,5

4432

Norsk kulturminnefond

59 480

1 400 000

-100,0

Sum kategori 12.30

66 691

1 404 800

5 159

-99,6

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4441

Klima- og forureiningsdirektoratet

80 524

76 529

-100,0

Sum kategori 12.40

80 524

76 529

-100,0

Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4465

Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

1 105 009

663 000

377 900

-43,0

5465

Statens kartverk

367

Sum kategori 12.50

1 105 376

663 000

377 900

-43,0

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

4471

Norsk Polarinstitutt

83 269

75 095

77 723

3,5

4472

Svalbard miljøvernfond

2

5578

Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

14 699

12 320

12 320

0,0

Sum kategori 12.60

97 970

87 415

90 043

3,0

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

01-01

Driftsutgifter

1 502 079

1 550 913

1 580 810

1,9

11-25

Varer og tenester

1 255 453

1 253 177

1 294 743

3,3

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

540 175

647 226

700 238

8,2

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

438 162

488 733

520 965

6,6

60-69

Overføringar til kommunar

86 014

104 750

129 345

23,5

70-89

Overføringar til private

1 067 057

1 407 879

1 778 014

26,3

Sum under departementet

4 888 940

5 452 678

6 004 115

10,1

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

01-29

Sal av varer og tenester m.v.

1 303 829

835 873

565 412

-32,4

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

165 805

1 510 518

105 520

-93,0

Sum under departementet

1 469 634

2 346 391

670 932

-71,4

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49:

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2013

Forslag 2014

1400

61

Framtidas byar og bærekraftig byutvikling

37 000

1400

65

Områdesatsing i byar

47 000

1400

74

Tilskot til AMAP

4 000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

36 050

1400

81

Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming

12 557

1420

69

Oppryddingstiltak

39 845

1420

70

Tilskott til vassmiljøtiltak

20 800

1420

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

64 600

1420

78

Friluftsformål

103 588

1420

79

Oppryddingstiltak

1 264

1420

81

Verdensarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv

24 100

1420

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar

28 089

1420

85

Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter

52 700

1425

70

Tilskot til fiskeformål

11 500

1425

71

Tilskot til viltformål

27 600

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

30 005

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

120 402

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

58 821

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

41 997

1429

74

Tilskot til fartøyvern

51 712

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

6 726

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

8 264

1429

79

Tilskot til verdsarven

49 202

1465

21

Spesielle driftsutgifter

487 334

1471

21

Spesielle driftsutgifter

69 542

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

20 000

1474

70

Tilskot til private mottakarar

28 000

6 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 665, 20. juni 2013

«Stortinget ber Regjeringa vurdere korleis friluftsliv i større grad kan prioriterast for å oppfylle Statens mål i folkehelsepolitikken og dei idrettspolitiske måla om «idrett og fysisk aktivitet for alle»»

Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2013:

«Regjeringen vil legge fram «Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv» og «Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder» Hovedpunktene vil bli omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) under resultatområde 8 – Aktivt friluftsliv.»
Til forsida